Prop. 1 S (2011–2012)

FOR BUDSJETTÅRET 2012 — Utgiftskapittel: 1100–1162 Inntektskapittel: 4100–4162, 5576, 5651 og 5652

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiande del

1 Oversikt over budsjettframlegget på programområde 15 Landbruk og mat

1.1 Overordna mål og prioriteringar for landbruks- og matpolitikken

Regjeringa sine ambisjonar for landbruks- og matpolitikken er nedfelte i Soria Moria-erklæringa. Hovudmålet er å halde ved lag eit levande landbruk over heile landet. Politikken skal gi grunnlag for auka verdiskaping og livskvalitet basert på ei berekraftig og klimariktig forvaltning av landbruket og bygdene sine ressursar.

Norsk landbruk si viktigaste rolle er å produsere trygg mat for eiga befolkning på ein berekraftig måte. Matkriser dei siste åra viser betydinga av dette. Folkemengda i verda aukar, og det er nødvendig å auke den globale matproduksjonen framover. FN sin organisasjon for mat og landbruk (FAO) legg til grunn at produksjonen av mat må auke med 70 pst. innan 2050. Den globale matsituasjonen er òg eit viktig bakteppe i vurderinga av den framtidige matproduksjonen i Noreg. Det er derfor ei klar plikt òg for Noreg å forvalte areala godt for å produsere mat til eiga befolkning. Prognosane for den norske folketalsutviklinga seier at det er ein million fleire innbyggjarar i Noreg i 2030. For å møte auka etterspørsel vil landbruks- og matpolitikken leggje til rette for auka produksjon av landbruksvarer som det er naturgitt grunnlag for å produsere i Noreg.

Landbruks- og matsektoren har eit breitt samfunnsansvar, og spelar ei viktig rolle for enkeltmenneske og næringsliv over heile landet. Jordbruk, skogbruk, reindrift og tenesteproduksjonen i landbruket elles er viktig for økonomisk aktivitet og for å halde oppe hovudtrekka i busetjingsmønstret og utvikle lokalsamfunna. Norsk landbruk er i utvikling, og gardane sine ressursar blir brukte på stadig nye måtar. For å kunne skape verdiar innanfor tenesteproduksjonen i landbruket, må landbruket vise seg fram for publikum og forbrukarar som ei open og spennande næring.

Eit aktivt landbruk bidreg òg til å halde oppe viktige verdiar. Trygg og kortreist mat, vakre kulturlandskap, friluftsliv, jakt og fiske, hagestell og parkanlegg, reiselivopplevingar og nærleik til sports- og kjæledyr er eksempel på verdiar som betyr svært mykje for livskvaliteten for mange. Desse verdiane er nært knytte til eit aktivt landbruk, og auka forståing for dette er viktig for å sikre rekruttering til og interesse for sektoren.

Verdikjedene med utspring i landbruk er blant dei mest komplette verdikjedene i norsk næringsliv, og omfattar alt frå forsking, produksjon av innsatsvarer og næringsmiddelindustri til forbrukar.

Jordbruket sysselsette i 2010 om lag 55 000 årsverk. Matindustrien er Noregs nest største industribransje. Matindustrien, eksklusive fiskevarer, hadde i 2008 ein brutto produksjonsverdi på om lag 131 milliardar kroner og ei sysselsetjing om lag 39 000 årsverk.

Skogbruket sysselsette i 2009 om lag 26 000 årsverk. Skogindustrien hadde ein samla brutto produksjonsverdi på om lag 40 milliardar kroner, og eksporterte for om lag 12 milliardar kroner. Skogbruket og relaterte verksemder hadde samla inntekter på om lag 5 milliardar kroner. Skogsektoren er uskjerma og følsam for endringar i verdsmarknaden. Risikoen for ny nedgang i oppdragsverksemda gir derfor grunn til auka merksemd kring aktiviteten i skogbruket.

Landbruket og ressursane på landbrukseigedommane spelar ei viktig rolle for sysselsetjing og busetjing i store delar av landet, og er berebjelken i mange bygder. Regjeringa vil bidra til auka verdiskaping for primærprodusentane og verksemder som vidareforedlar råvarer frå norsk landbruk. Samstundes vil regjeringa leggje til rette for ny næringsverksemd og styrkje lokalsamfunna gjennom utnyttinga av heile breidda av ressursar i landbruket. For å nå dei landbrukspolitiske, matpolitiske og distrikts- og regionalpolitiske måla, må sektoren ha høg innovasjonsevne. Dette gjeld både eksisterande produksjonar og nye næringar i landbruket, som teneste- og energiproduksjon. Regjeringa vil derfor halde fram med å vidareutvikle ein målretta og langsiktig innovasjonspolitikk for landbruks- og matsektoren, som omfattar heile den norske landbruks- og matsektoren, frå primærledd til industri.

Regjeringa vil bidra til å sikre utøvarane i landbruket ei inntektsutvikling og sosiale vilkår på linje med andre grupper. Jordbruksavtalen for 2011-2012 fører vidare kursendringa som denne regjeringa har starta, mellom anna ved å leggje til rette for ein klar nivåheving i inntektene. Mjølkeproduksjon og grasbasert husdyrhald blir prioritert for å bidra til eit landbruk med ein variert bruksstruktur, oppretthalde eit levande landbruk over heile landet og ha særskilt merksemd på område med svakare utvikling i produksjon og arealbruk. Oppgjeret sørgjer vidare for gode velferdsordningar og skal sikre og styrkje distrikts- og strukturprofilen i verkemidla. Samstundes styrkast landbrukets miljøprofil og klimatiltak. Avtalen inneber ei vidareføring av innsatsen for det økologiske jordbruket, med sikte på å auke produksjon og forbruk.

I samband med forhandlingane om jordbruksavtalen annonserte regjeringa òg framlegg om å avvikle matproduksjonsavgifta i statsbudsjettet 2012, jf. Prop. 1 LS (2011-2012). Totalt blir avgiftsletta på om lag 615 mill. kroner totalt, for norskproduserte jordbruksvarer blir letta på om lag 280 mill. kroner. Dette er eit viktig bidrag til å sikre ein konkurransedyktig matvareindustri. For å stimulere til auka investeringar og auka produktivitet og lønnsemd i landbruket, foreslår regjeringa òg fleire andre justeringar av skatteregelverket som vil gjelde frå inntektsåret 2011. Saldoavskrivingane for husdyrbygg blir auka frå 4 til 6 pst., og avskrivingane for enkle bygningskonstruksjonar blir auka frå 8 til 10 pst. Desse justeringane er ikkje baserte på konkrete vurderingar av bygningane si levetid, men har som hovudformål å fremje produktivitet og lønnsemd i landbruket. Innafor det distriktspolitiske verkeområde vil inngangsverdiane for investeringar med BU-tilskott ikkje lenger bli redusert med tilskottet. Grensa for å levere årsoppgave landbruk ved bruk av driftsmidlar i landbruket til tenester for andre, eller ved utleie, blir auka frå 20 pst. til 40 pst.

Regjeringa vil leggje til rette for at det norske landbruket kan dekkje etterspørselen etter varer det er naturleg grunnlag for å produsere i Noreg. Den aller største delen av jordbruksareala i Noreg blir nytta til produksjon av gras og korn, og det er desse produksjonane som legg grunnlaget for dei største delane av verdiskapinga. Det må sikrast lønnsemd i desse produksjonane, samstundes som matvareindustrien må få råvareprisar som er med på å trygge konkurransekrafta. I nokre delar av landet er det gode vilkår for produksjon av grønsaker og potet, og det er viktig at dette produksjonspotensialet blir utnytta.

Regjeringa vil bidra til at landbrukssektoren kan utvikle betre og fleire tiltak for å redusere utsleppa av klimagassar og forsterke dei positive klimabidraga som sektoren allereie gir. Samanhengane mellom klimautfordringane og sikker tilgang til nok og trygg mat er viktige her. Utfordringa er å produsere maten med lågast mogleg klimagassutslepp og å utnytte fornybare ressursar på ein måte som bidreg til så store kutt i klimagassutsleppa som mogleg. Landbruks- og matpolitikken skal medverke til eit meir miljøvennleg landbruk. Det er derfor viktig å fremje og forsterke gode klimatiltak i landbruket.

Meldinga til Stortinget om landbruks- og matpolitikken vil bli lagt fram for Stortinget hausten 2011. Målet med meldinga er å utvikle ein framtidsretta landbruks- og matpolitikk, der landbruksnæringane har ei viktig rolle i framtidig verdiskaping i heile landet, og på den måten forsterke grunnlaget for vekst og utvikling innan bioproduksjon og foredling. Sikker tilgang til nok og trygg mat vil stå sentralt.

Som omtalt i Prop. 1 S (2010-2011), har Landbruks og matdepartementet starta ein gjennomgang av departementet sine ytre verksemder med tanke på struktur, rollefordeling og organisering. Departementet bad i 2010 Noregs forskingsråd om å foreta ein gjennomgang av forskingsinstitutta Bioforsk, Bygdeforskning, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking, Norsk institutt for skog og landskap og Veterinærinstituttet med omsyn til struktur, rollefordeling, organisering, grenseflater og tilknyting til andre forvaltningsorgan under departementet. Forskingsrådet blei òg bede om å vurdere moglegheiter for synergiar i sektoren. Ei breitt samansatt gruppe sto for arbeidet og utforma rapporten En robust instituttsektor som blei overlevert departementet i desember 2010, med høyringsfrist i februar 2011. Departementet arbeider med oppfølging av rapporten.

I april 2011 la Matkjedeutvalet, oppnemnt av Landbruks- og matdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, fram NOU 2011:4 Mat, makt og avmakt. Utvalet konkluderer med at det har skjedd ei betydeleg maktforskyving i favør av paraplykjedene i daglegvarehandelen, og at endringane er varige. Blant leverandørane har dei med dei største og sterkaste merkevarene størst innflytelse, mens mindre leverandørar og svakare merke opplever mindre eller liten innflytelse over eigne vilkår. Ytterpunkta i verdikjeda, kjøpmannen og primærprodusenten, har liten innsikt i og påverknad på prissetjinga og -grunngjevinga, og liten eller ingen innverknad på eigne vilkår. Rapporten frå Matkjedeutvalet er på høyring fram til 1. desember 2011.

1.2 Delmål og strategiar for landbruks- og matpolitikken

Hovudmålet for landbruks- og matpolitikken er å halde ved lag eit levande landbruk over heile landet. Politikken skal gi grunnlag for auka verdiskaping og livskvalitet basert på ei berekraftig og klimariktig forvaltning av landbruket og bygdene sine ressursar. Hovudmålet er utgangspunktet for den gjeldande målstrukturen, som inneheld åtte delmål og tre strategiar for landbruks- og matpolitikken. Delmåla og strategiane nedanfor, blir nytta i oppbygginga av budsjettproposisjonen, og er utgangspunkt for tilstandsvurderingane og den overordna resultatrapporteringa i kategoriomtalane. Med utgangspunkt i den varsla meldinga til Stortinget om landbruks- og matpolitikken, og Stortinget si behandling av denne, vil departementet starte opp arbeidet med operasjonalisering av mål og systematisering av resultatindikatorer som skal innarbeidast i framtidige budsjettproposisjonar.

1.2.1 Delmål

Delmål 1. Sikre trygg mat og trygt drikkevatn

Maten skal vere trygg når den når forbrukarane, uavhengig av om den er framstilt innanlands eller er importert. Ansvaret for å sikre trygg mat ligg hos verksemdene i matproduksjonskjeda. Mattilsynet har hovudansvaret for å føre tilsyn med at regelverket blir etterlevd.

Noreg har ein gunstig situasjon samanlikna med andre land når det gjeld matboren sjukdom. Dette kjem mellom anna av at førekomsten av smittestoff i mat og hos husdyr er relativt liten. Ein stor del av dei melde tilfella av matborne infeksjonar skuldast smitte som har skjedd i utlandet.

Sjølv om mattryggleiken i Noreg generelt er god, opplever vi kvart år fleire større og mindre utbrott av matborne infeksjonar. I 2010 blei det varsla om 53 utbrott der det var mistanke om matboren smitte. Norovirus stod for nesten halvparten av dei varsla utbrota.

Mykje bruk av overflatevatn som råvasskjelder, mange små vassverk med varierande grader av vassbehandling og dårlege leidningsnett gjer at drikkevatnet sannsynlegvis er ei viktigare smittekjelde i Noreg enn i land vi kan samanlikne oss med. Statistikk for perioden 2004-2010 viser ein positiv utvikling i vasskvaliteten i vassverka, men det er framleis utfordringar med å sikre god kvalitet ute hos brukarane.

Hendingar i utlandet skaper òg i visse tilfelle stor merksemd blant forbrukarane og i media, sjølv om dei har hatt avgrensa verknad for Noreg. Aktuelle eksempel er radioaktivitet i matvarer etter øydeleggingane ved atomkraftverket i Japan og det store sjukdomsutbrotet i Europa på grunn av bønnespirer som var ureina med E. coli.

I 2012 blir arbeidet i eSporingsprosjektet sluttført. Prosjektet er eit samarbeid mellom styresmaktene og næringane, og skal leggje til rette for elektronisk sporing og informasjonsutveksling i matproduksjonskjeda. Departementet vil prioritere sluttføring av prosjektet og arbeidet med å førebu at næringa kan overta driftsansvaret for løysinga.

Sjå nærare omtale under kat. 15.10 Matpolitikk.

Delmål 2. Fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn

Merking av mat er eit viktig forbrukaromsyn som har stor merksemd frå forbrukarane, matbransjen og styresmaktene. Merking er viktig for at forbrukarane skal få rett informasjon om matvarene, mellom anna om næringsinnhald, kva dei inneheld, korleis dei skal handterast og kor dei kjem frå, og for at dei lettare skal kunne velje sunn mat.

Ei ordning med frivillig sunnheitsmerking av matvarer (Nøkkelholet) blei sett i verk i 2009. Helsedirektoratet og Mattilsynet følgjer opp med informasjon og tilsyn. Ordninga omfattar no om lag 700 ulike produkt. I følgje ei undersøking våren 2011 har 96 pst. hørt om ordninga, mens ein av to meiner ordninga har gjort det enklare å velje sunn mat. Undersøkinga tyder på at forbrukarane er positive til ordninga, men meiner at utvalet i Noreg er for lite.

Interesser for lokal mat og matprodukt med særpreg aukar. Gjennom ordninga Beskytta nemningar får produsentane eit rettsleg vern mot kopiering av produktnamnet. Ved utgangen av 2010 var det 18 norske produkt i ordninga.

Sjå nærare omtale under kat. 15.10 Matpolitikk.

Delmål 3. Fremje god plantehelse og god helse og velferd hos landdyr og fisk

Plantehelsa er generelt god i Noreg samanlikna med mange andre europeiske land. Det har likevel dei siste åra vore fleire tilfelle av skadegjerarar i eple- og potetproduksjon.

Norsk dyrehald skal vere kjenneteikna av god dyrevelferd og god dyrehelse. Dette skal gjelde for alt dyrehald, produksjonsdyr så vel som sports- og familiedyr. Å halde oppe den gode norske dyrehelsa, eit resultat av systematisk arbeid gjennom mange år, er derfor òg viktig for mattryggleiken.

Helsesituasjonen i norske husdyrpopulasjonar er god. I april 2011 melde Mattilsynet at Noreg igjen kan reknast som fritt for drøvtyggarsjukdommen blåtunge etter at smitten blei påvist i fire buskapar på Sørlandet i 2009.

Generelt er dyrevelferda i Noreg god samanlikna med situasjonen i mange andre land. Det er stor offentleg merksemd rundt dyrevelferdsspørsmål. Sjølv om dyrevelferda generelt er god, er det framleis utfordringar knytt til dyrevelferd både hos produksjonsdyr og hos sports- og familiedyr.

Det har vore særleg merksemd på velferd i pelsdyrhaldet. Tilsynet med pelsdyrproduksjonen er intensivert, og næringa har sett i verk fleire tiltak, mellom anna ei eiga sertifiseringsordning. Ei ny forskrift om hald av pelsdyr tredde i kraft 1. mai 2011.

Tap av dyr på utmarksbeite er eit viktig velferdsproblem. Arbeid for å redusere rovviltskadar på beitedyr har vist seg å vere utfordrande. Det nye rovviltforliket i Stortinget sommaren 2011 legg til rette for reduserte tap i prioriterte beiteområde.

Sjå nærare omtale under kat. 15.10 Matpolitikk.

Delmål 4. Ei berekraftig og klimariktig ressursforvaltning med eit sterkt jordvern, bevaring og vedlikehald av kulturlandskapet og sikring av det biologiske mangfaldet

Klimautfordringa er ei av dei største utfordringane i vår tid. Landbruket arbeider i stor grad på naturen sine premissar og kan bli meir påverka av eit varmare klima enn mange andre næringar. Alle sektorar må bidra til å redusere utsleppa av klimagassar. Klimautfordringane og tiltak i landbruket for reduserte klimagassutslepp og auka opptak av CO2 vil vere eit sentralt innsatsområde for departementet i åra framover. St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen ligg til grunn for gjennomføring av klimatiltak i landbruket. Regjeringa meiner at miljøomsyn og langsiktig ressursforvaltning må vere integrert i den samla næringspolitikken. Landbruket er ein viktig produsent av miljøgode. Miljøarbeidet omfattar tiltak for auka opptak og reduserte utslepp av klimagassar innan landbruket, vern om jordbruksareal gjennom eit sterkt jordvern, bruk og vern av dei genetiske ressursane, vern og forvaltning av kulturlandskap og ivaretaking av biologisk mangfald og kulturminne i jord- og skogbruk. Kulturlandskapet er viktig som ei ramme for satsing på kultur, lokal mat og friluftsliv og for busetjing og turisme. For regjeringa er det derfor viktig å møte utfordringane med gjengroing, oppsplitting og nedbygging av verdifulle kulturlandskap i mange delar av landet.

Departementet vil leggje vekt på arbeid med reduksjon av forureining, auka satsing på økologisk landbruk, auka skogproduksjon og produksjon av bioenergi og auka satsing på miljøvennleg landbruksproduksjon med omsyn til mellom anna opplevingar og friluftsliv. Departementet vil gjere ein offensiv miljøinnsats som set krav til landbruket og industrien og gir konkrete resultat i form av mellom anna redusert forureining og betre omsyn til biologisk mangfald.

Departementet er i gang med oppfølginga av St.meld. nr. 39 (2008-2009). Gjennom jordbruksavtalen og statsbudsjettet har departementet auka løyvingane til klimatiltak. Det er mellom anna sett i gang forskingsaktivitet for å redusere metanutslepp gjennom produksjon av biogass frå husdyrgjødsel, og det er gjennomført utgreiingar i Utviklingsprogrammet for klimatiltak i jordbruket om korleis ein kan redusere tap av klimagassar frå jordbruket gjennom meir optimal jordbruksdrift. Regjeringa vil òg vidareføre ei satsing på skogen som eit verktøy i arbeidet med klimautfordringane og arbeider for at skog skal få ein sentral plass i eit framtidig internasjonalt klimaregime.

Det er etablert eigne tiltak for særleg verdifulle kulturlandskap og forvaltning og skjøtsel i verdsarvområda.

Sjå nærare omtale under kat. 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak.

Delmål 5. Berekraftig skogbruk som grunnlag for auka verdiskaping gjennom trebruk, bioenergi og utmarksnæring

Regjeringa vil leggje til rette for auka produksjon og bruk av fornybar energi og auka trebruk i staden for meir energikrevjande materialar, noko som vil gi viktige bidrag til energiforsyninga og minske utsleppa av klimagassar. Skogbruket er ei viktig distriktsnæring, og det er trebasert næringsverksemd i dei aller fleste kommunane i Noreg. I St.meld. nr. 39 (2008-2009) legg regjeringa til grunn at verdiskapinga og dei positive klimabidraga frå skogsektoren kan aukast ytterlegare innanfor rammene av norske miljømål. Skogen har ei viktig rolle både som karbonlager og som kjelde til råstoff til auka trebruk og produksjon av bioenergi.

Det er viktig å forvalte skogressursane berekraftig slik at viktige miljøverdiar blir tekne vare på samstundes som ressursane blir tekne i bruk for auka aktivitet og verdiskaping til nytte både lokalt og nasjonalt

Sjå nærare omtale under kat. 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak.

Delmål 6. Eit aktivt landbruk som medverkar til sysselsetjing og busetjing over heile landet og som gir grunnlag for auka verdiskaping gjennom ny næringsverksemd

Regjeringa har som mål at heile landet skal takast i bruk for å auke verdiskapinga, gi grunnlag for ny næringsverksemd og styrkje lokalsamfunna. Landbruks- og matdepartementet vil leggje til rette for at heile breidda av landbruket sine ressursar blir utnytta til beste for heile landet. Landbruksnæringa betyr relativt sett meir for sysselsettinga i område med spreidd busetjing og småsenterregionar enn i meir sentrale strok av landet. I perioden 1999-2010 er det estimert ein reduksjon i totalt jordbruksareal på om lag 3 pst. Nedgangen kan i hovudsak forklarast av overgangen til meir presist digitalt kartgrunnlag.

Departementet vil stimulere til rekruttering i landbruket, styrkje verdiskapinga og innovasjonsevna i alle delar av næringa og leggje til rette for ei vidare satsing på utvikling av nye næringar i landbruket. Eigedoms- og busetjingspolitikken skal støtte opp om det tradisjonelle familielandbruket med garden som senter for busetjing og næringsverksemd, men samstundes òg leggje til rette for at dei som har ønskje om å drive nye næringar får god anledning til å utvikle ny aktivitet. Gode samarbeidsløysingar er viktige for å skape gode produsentmiljø.

Landbruks- og matdepartementet arbeider kontinuerleg med endringar, forenkling og oppdateringar i juridiske og økonomiske verkemiddel for å gjennomføre regjeringa sin landbruks- og matpolitikk.

Endringane som er gjort i eigedomslovene dei siste åra har gjort reglane enklare og meir målretta med tanke på å leggje til rette for auka aktivitet og busetjing i distrikta.

Nærare omtale av eigedoms- og busetjingspolitikken står under kat. 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak.

Delmål 7. Nasjonal matforsyning, ein konkurransedyktig matvareindustri og nyskapande og berekraftig produksjon av varer og tenester

Målet for det norske landbruket er at det skal dekkje etterspørselen etter varer det er naturleg grunnlag for å produsere i Noreg. Det må sikrast lønnsemd i desse produksjonane, samstundes som matvareindustrien må sikrast råvareprisar som er med på å sikre konkurransekrafta. Vidare har denne forvaltninga eit verkeområde som er nært knytt opp til ei rekkje internasjonale prosessar og avtaler.

Regjeringa legg vekt på nyskapingsevne og høgt kvalitetsnivå på varer og tenester for å sikre god konkurranseevne og marknadstilgang for landbruks- og distriktsnæringane. Det er store unytta moglegheiter når det gjeld å ta i bruk landbruket og bygdene sine samla ressursar på nye måtar, gjerne i samarbeid med andre sektorar. For å sikre ei god langsiktig utvikling av landbruks- og matsektoren, er det nødvendig med forsking av høg kvalitet og relevans. Både naturressursane på det enkelte bruket, dei menneskelege ressursane og samarbeidet mellom ulike sektorar inneber nye moglegheiter. Regjeringa vil leggje større vekt på næringsutvikling og innovasjon gjennom eit godt samarbeid mellom dei offentlege aktørane på dette området, forskingsmiljøa og næringa.

Kunnskap og kompetanse er viktige faktorar for den framtidige konkurranseevna i landbruket. Å sikre rekruttering til landbruket er derfor sentralt. Det er sett i gang fleire prosjekt som skal stimulere til rekruttering til næringa og landbruks- og matfagleg utdanning. Etter- og vidareutdanning i landbruket er i tillegg viktig ettersom mange tek over gardsdrifta i vaksen alder, og då ofte med utdanning og arbeidserfaring frå andre sektorar.

Innovasjon i landbruket er ein føresetnad for auka mangfald og lønnsemd i sektoren. Departementet vil føre ein kunnskapsbasert innovasjonspolitikk som tek utgangspunkt i regionale fortrinn og moglegheiter. Det er mogleg å ta i bruk landbruket og bygdene sine samla ressursar på nye måtar, både når det gjeld bruk av naturressursane og dei menneskelege ressursane.

Sjå òg omtale under kat. 15.20 Forsking og innovasjon og kat. 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak.

Delmål 8. Ei livskraftig reindriftsnæring i balanse med beiteressursane og som medverkar til å holde oppe samisk eigenart

Målet for reindriftspolitikken er ei reindrift som er økonomisk, økologisk og kulturelt berekraftig. For at reindrifta òg framover skal vere eit fundament for samisk kultur, må ho bli anerkjent og forvalta som ei næring med økonomisk verdiskaping og effektiv produksjon. Regjeringa vil bidra til ei slik utvikling av reindrifta, blant anna gjennom reindriftsavtalen. Det viktigaste målet i reindriftsavtalen er å stimulere næringa til å auke slakteuttaket og verdiskapinga.

Talet på rein og andre vilkår som beitegrenser og beitetider blir no følgte opp i reindriftslova sine bruksreglar. I løpet av 2011 skal alle distrikt ha godkjent bruksreglane sine og talet på rein.

Tal frå totalkalkyla sitt regnskap viser ein nedgang i resultatoppnåinga dei seinare åra. Reduksjonen skyldast i hovudsak ein nedgang i kjøttinntektene grunna ein reduksjon i produsentprisen. I tillegg har det vore ein auke i kostnadene. Framover vil departementet ha auka merksemd på tiltak som kan auke salet av kjøtt. Inngrep og uro innanfor reinbeiteområda har akselerert dei siste tiåra, og det er behov for å få ei betre sikring av reindrifta sine areal. Sjå nærare omtale under kat. 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak.

1.2.2 Strategiar

Strategi 1. Ei open, brukarretta og effektiv landbruks- og matforvaltning med høg kvalitet og stor grad av medverknad

Landbruks- og matdepartementet skal gjennomføre og utvikle landbruks- og matpolitikken på ein måte som skaper størst mogleg grad av måloppnåing og tillit hos innbyggjarane. Å gjennomføre politikken krev ei open, brukarretta og effektiv landbruks- og matforvaltning som legg vekt på fornying og som er tilpassa innbyggjarane og næringsverksemdene sine behov. Målsetjinga er mindre administrasjon og meir lokal fridom som sikrar innbyggjarane betre kunnskap om, og innverknad på, politikkutforminga. Det er viktig med tiltak som minkar rapporteringsbyrda og sikrar betre kontroll og høgare servicenivå for dei næringsdrivande i sektoren, samstundes som den informasjonen forvaltninga spør etter i stor grad skal vere data som kan gjenbrukast.

Departementet har 7 underliggjande verksemder som har ansvar for ulike delar av landbruks- og matpolitikken. Aktiv etatsstyring er eit viktig arbeidsområde for departementet. Fleire av dei underliggjande verksemdene har dei seinare åra gjort organisasjonsendringar for å styrkje effektiviteten. Sjå òg del 3.

Regjeringa har i 2011 bestemt at organiseringa av den offentlege forvaltninga av reindrifta skal bli endra. Den sentrale forvaltninga blir vidareført med lokalisering i Alta og får namnet Statens reindriftsforvaltning. Reindriftstyret blir vidareført som i dag. Forvaltningsstrukturen blir forenkla ved at områdestyra blir avvikla. Det blir vidare gjennomført ei administrativ verksemdoverføring frå Landbruks- og matdepartementet til Fornyings- administrasjons- og kyrkjedepartementet ved at områdekontora under dagens reindriftsforvaltning i Alta blir overførte til Fylkesmannen. Det faglege ansvaret for reindriftsforvaltninga vil framleis liggje under Landbruks- og matdepartementet. Avviklinga av områdestyra skal skje parallelt med at områdekontora blir overførte til fylkesmannen. Siktemålet er at endringane skal vere gjennomførte i løpet av 2012.

Strategi 2. Handlingsrom for ein nasjonal landbruks- og matpolitikk innanfor internasjonale avtalar og eit sterkt importvern for norsk matvareproduksjon

Eit sterkt importvern for landbruksvarer er ein føresetnad for å halde oppe norsk matvareproduksjon, mellom anna på grunn av eit høgare pris- og kostnadsnivå i Noreg enn mange matvareeksporterande land. I internasjonale forhandlingar om handel, som til dømes forhandlingar innan WTO og EØS, blir det lagt til grunn at avtalane framleis skal sikre handlingsrom for utforming av ein nasjonal landbruks- og matpolitikk.

WTO-forhandlingane har ikkje hatt vesentleg framgang sidan 2008, men departementet vil halde fram med sikte på å komme fram til ein ny avtale.

I januar 2010 kom Noreg og EU fram til ein avtale om utvida handel med landbruksvarer etter artikkel 19 i EØS-avtalen. Avtalen blei underteikna i april 2011, og blir behandla av Europaparlamentet i løpet av året. Regjeringa reknar med at den kan tre i kraft 1. januar 2012.

Forhandlingene med Sverige om en ny reinbeitekonvensjon ble tekne opp att i desember 2005. Forhandlingsresultatet blei underteikna av landbruks- og matministeren og den svenske jordbruksministeren 7. oktober 2009. Begge landa jobbar no med oppfølging fram mot ratifikasjon og ikrafttredelse.

Noreg har leia det skogpolitiske samarbeidet i Europa, Forest Europe, sidan 2008. Leiarskapen blei avslutta i 2011 med ein ministerkonferanse i Oslo, der landa blei einige om å starte forhandlingar om ein ny juridisk bindande avtale om berekraftig skogbruk i Europa. Arbeidet med denne avtalen er allereie starta, og blir svært krevjande. Frå Noreg si side vil det bli lagt vekt på at ein slik avtale bør bygge opp under arbeidet med eit bærekraftig skogbruk i Europa og dekkje alle deler av bærekraftig skogforvaltning – miljø, økonomi og sosiale forhold.

Klimaforhandlingane går vidare i 2012. Det er så langt ikkje semje om ein ny avtale, men det ligg føre utkast til tekst som det skal forhandlast om. Landbruks- og matdepartementet er aktivt med i førebuingane til forhandlingane og tek del i Noregs delegasjon. Skog er ein sentral del av klimaforhandlingane, både i arbeidet med regelverket for ei ny perioden for Kyotoprotokollen og i forhandlingssporet som tek for seg dei andre delane av eit framtidig klimaregelverk. Forhandlingane om ei ny klimaavtale vil vere særs viktig for utforminga av nasjonal klimapolitikk og skogpolitikk. Departementet legg òg i 2012 stor vekt på deltaking i arbeidet Noreg gjer på dette feltet. Noreg har og støtta forslag om å styrkje kunnskapsutvikling og arbeid med jordbruk, mat og klima i klimaforhandlingane. Departementet vil føre arbeidet på dette feltet vidare i 2012, i samarbeid med ulike land, Verdsbanken, FAO og andre.

Sjå nærare omtale under kat. 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak.

Strategi 3. Forskingsinnsats av internasjonal kvalitet som fremjar ein innovativ og berekraftig landbruks- og matsektor med høg tillit i samfunnet

Forsking er blant dei viktigaste verktøya for auka konkurransekraft og verdiskaping, og for å sikre ei god og framtidsretta forvalting av landbruks- og matsektoren. I arbeidet med å styrkje innovasjonsevna i landbruket ytterlegare skal det gjennomførast ein langsiktig og målretta innsats som resulterer i styrkt konkurranseevne i alle næringar i landbruket. Departementet vil vidareføre satsinga på forsking på klima og fornybare energikjelder og næringsretta forsking på matområdet. I tråd med St.meld. nr. 30 (2008-2009) Klima for forskning er tilgang på trygg og nok mat for Noreg og verda òg eit viktig innsatsområde.

For å halde oppe høg kvalitet i norske forskings- og innovasjonsmiljø må miljøa søkje seg til internasjonale forskingsarenaer og styrkje det internasjonale samarbeidet.

Landbruks- og matdepartementet sin Strategi for forskning og forskningsbasert innovasjon (2007-2012) legg grunnen for departementet sin forskingsinnsats.

     

mill. kr

Nemning

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

Programområde 15 Landbruk og mat

15.00 Landbruks- og matforvaltning m.m.

133,2

148,0

11,1

15.10 Matpolitikk

1 336,2

1 341,7

0,4

15.20 Forsking og innovasjon

402,8

409,5

1,7

15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

14 235,7

14 615,7

2,7

Sum før

16 107,9

16 514,9

2,5

Sum før lånetransaksjoner

16 107,9

16 514,9

2,5

Lånetransaksjoner

0,0

0,0

0

Sum Landbruk og mat

16 107,9

16 514,9

2,5

Sum Landbruks- og matdepartementet

16 107,9

16 514,9

2,5

Innanfor budsjettrammene prioriterer departementet viktige satsingar på landbruks- og matområdet, mellom anna styrking av inntektene i landbruket og satsing på trebasert innovasjonsprogram. Landbruks- og matforvaltninga har vore gjennom store omstillingar dei seinare åra. Landbruks- og matdepartementet legg til grunn at verksemdene i forvaltninga held fram med arbeidet med effektivisering innanfor budsjettrammene.

Regjeringa legg opp til eit budsjett under programområde 15 landbruk og mat på 16 514,9 mill. kroner. Dette er ein auke på 2,5 pst. samanlika med saldert budsjett for 2011. Auken følgjer i hovudsak av satsingar innanfor jordbruksavtalen som følgje av jordbruksoppgjeret 2011, jf. Prop. 126 S (2010-2011) Om jordbruksoppgjøret.

Regjeringa gjer framlegg om eit budsjett under programkategori 15.00 Landbruks- og matforvaltninga på om lag 148 mill. kroner. Auken på 11,1 pst. samanlikna med saldert budsjett 2011 har i hovudsak å gjere med høgare husleigeutgifter fordi departementet flyttar til det nye regjeringsbygget R6 i juli 2012.

Regjeringa legg opp til eit budsjett under programkategori 15.10 Matpolitikk på 1 341,7 mill. kroner. Dette er ein auke på 0,4 pst. samanlikna med saldert budsjett 2011.

Regjeringa gjer framlegg om eit budsjett på 409,5 mill. kroner under programkategori 15.20 Forsking og innovasjon. Dette tilsvarer ein auke på 1,7 pst. Det meste av auken er knytt til auka basisløyving for forskingsinstitutta.

Regjeringa gjer framlegg om eit budsjett under programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak på om lag 14 615,7 mill. kroner. Dette svarar til ein auke på 2,7 pst. Auken skuldast i hovudsak satsingar innanfor jordbruksavtalen.

Dei økonomiske ordningane retta mot skogbruket kjem både frå jordbruksavtalen og statsbudsjettet. Med framlegget i budsjettet vil samla ramme til skog, klima- og energitiltak auke med 22 mill. kroner frå 2011 til 2012 til 317 mill. kroner. Av dette må 10 mill. kroner av auken på jordbruksavtalen sjåast i samanheng med endringa i trygdeavgifta for landbruket.

Regjeringa gjer framlegg om å avvikle sektoravgiftene i matforvaltninga frå 1. januar 2012, jf. omtale i Prop. 126 S (2010-2011). Kap. 5576 post 70 er derfor redusert med 510 mill. kroner til 117 mill. kroner. Dette er avgifter frå 2011 som blir betalte inn først i 2012.

Utgifter fordelte på postgrupper

         

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

01-24

Driftsutgifter

1 595 988

1 510 889

1 535 641

1,6

30-49

Investeringar

16 235

9 553

9 553

0,0

50-59

Overføringar til andre statsrekneskap

1 866 965

1 797 776

1 770 388

-1,5

60-69

Overføringar til kommunesektoren

118 879

122 445

126 118

3,0

70-89

Overføringar til private

12 125 413

12 667 209

13 073 193

3,2

90-99

Lånetransaksjonar

1 714 900

Sum under departementet

17 438 380

16 107 872

16 514 893

2,5

Utgifter fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

Landbruks- og matforvaltning m.m.

1100

Landbruks- og matdepartementet

142 188

133 181

147 971

11,1

Sum kategori 15.00142 188133 181147 97111,1

Matpolitikk

1112

Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

168 260

168 214

167 783

-0,3

1115

Mattilsynet

1 238 893

1 167 996

1 173 933

0,5

Sum kategori 15.101 407 1531 336 2101 341 7160,4

Forsking og innovasjon

1137

Forsking og innovasjon

409 781

402 771

409 514

1,7

Sum kategori 15.20409 781402 771409 5141,7

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

1138

Støtte til organisasjonar m.m.

27 491

37 520

28 826

-23,2

1139

Genressursar, miljø- og ressursregistreringar

32 810

39 584

37 670

-4,8

1141

Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket

118 112

118 112

118 112

0,0

1143

Statens landbruksforvaltning

328 955

357 218

348 386

-2,5

1144

Regionale og lokale tiltak i landbruket

6 471

6 592

6 592

0,0

1147

Reindriftsforvaltninga

62 163

60 353

61 787

2,4

1148

Naturskade – erstatningar

47 679

90 000

88 000

-2,2

1149

Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket

100 724

65 756

73 248

11,4

1150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

12 912 474

13 337 606

13 729 102

2,9

1151

Til gjennomføring av reindriftsavtalen

103 510

101 000

102 000

1,0

1161

Statskog SF – forvaltningsdrift

23 969

21 969

21 969

0,0

1162

Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap

1 714 900

Sum kategori 15.30

15 479 258

14 235 710

14 615 692

2,7

Sum utgifter

17 438 380

16 107 872

16 514 893

2,5

Inntekter fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

Landbruks- og matforvaltning m.m.

4100

Landbruks- og matdepartementet

14 759

100

103

3,0

Sum kategori 15.0014 7591001033,0

Matpolitikk

4112

Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

18 416

18 656

18 850

1,0

4115

Mattilsynet

140 566

135 346

127 024

-6,1

Sum kategori 15.10158 982154 002145 874-5,3

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

4138

Støtte til organisasjonar m.m.

2 137

7 194

-100,0

4143

Statens landbruksforvaltning

45 858

35 622

36 726

3,1

4147

Reindriftsforvaltninga

682

36

37

2,8

4150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

38 023

10 000

27 700

177,0

4162

Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap

10 000

5576

Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet

738 342

738 767

242 000

-67,2

Sum kategori 15.30825 043791 619316 463-60,0

Forretningsdrift

5651

Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet

6 092

750

5 000

566,7

5652

Renter og utbytte – Statskog SF

5 000

29 900

498,0

Sum kategori 15.40

6 092

5 750

34 900

507,0

Sum inntekter

1 004 876

951 471

497 340

-47,7

1.3 Oppmodingsvedtak

Det er ikkje fatta oppmodingsvedtak på Landbruks- og matdepartementet sitt område i stortingssesjonen 2010-2011.

1.4 Oversikt over stikkordet «kan overførast»

**Under Landbruks- og matdepartementet blir stikkordet foreslått knytta til desse postane utanom postgruppe 30-49

       

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2011

Forslag 2012

1100

21

Spesielle driftsutgifter

1 000

1115

23

Særskilde prosjekt

10 260

3 000

1138

70

Støtte til organisasjonar

23 647

1138

71

Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar

3 635

5 179

1139

70

Tilskott til miljø- og ressurstiltak

3 139

16 741

1139

71

Tilskott til genressursforvaltning

3 359

20 929

1143

70

Tilskott til beredskap i kornsektoren

711

361

1143

74

Tilskott til prosjekt innan planteforedling og oppformering

3 774

1144

77

Regionale og lokale tiltak i landbruket

695

6 592

1147

71

Omstillingstiltak i Indre Finnmark

554

8 904

1147

82

Radioaktivitetstiltak

2 317

2 500

1149

71

Tilskott til verdiskapings- og klimatiltak i skogbruket m.m.

102 828

69 977

1150

70

Marknadsregulering

190 900

1150

74

Direkte tilskott

8 351 319

1150

77

Utviklingstiltak

233 526

1150

78

Velferdsordningar

1 584 604

1151

75

Kostnadssenkande og direkte tilskott

60 000

Løyvingar blir i stor grad tildelte prosjekt som ikkje blir avslutta ved årsskiftet. Det kan dermed komme utbetalingar i påfølgjande år.

Løyvingane under kap. 1150 og 1151 inngår i den samla ramma som blir fastsett i næringsavtalane mellom staten og næringsorganisasjonane. Ein mindre del av desse løyvingane kjem normalt ikkje til utbetaling i budsjettåret utan at det bryt med kravet om realistisk budsjettering innanfor budsjettåret. Dette skyldast dels at ein på førehand ikkje med full visse kan rekne ut når tilskotta kjem til utbetaling, og dels at departementet fastset satsane slik at risikoen for å overskride budsjettet blir redusert. Fordi midlane utgjer ein del av den samla ramma for næringsavtalane, finn departementet det mest rett å føre desse over til avtaleforhandlingane komande år. Stortinget blir såleis i proposisjonane om jordbruksoppgjeret og reindriftsavtalen orientert om størrelsen på midlane som er ubrukte i budsjettåret som var, og korleis partane ønskjer å nytte desse i den nye avtaleperioden.