Prop. 1 S (2012–2013)

FOR BUDSJETTÅRET 2013 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 1
Oversikt over budsjettforslaget frå Kunnskapsdepartementet

1 Hovudinnleiing

1.1 Kunnskapsnasjonen Noreg

Regjeringa har som visjon at Noreg skal vere eit leiande kunnskapssamfunn der ulike menneske får like moglegheiter. I formålsparagrafen for barnehagane og skolane ligg eit breitt samfunnsmandat og eit tydeleg verdigrunnlag. Kunnskap, kritisk refleksjon, kjeldekritikk, vitskapleg metode og meiningsbryting er kjerneverdiar i høgre utdanning og forsking. Utdanning og forsking stimulerer også til demokratisk deltaking, kulturell utvikling og til auka sjølvkjensle og identitet hos enkeltmennesket. Dette er verdiar som skapar motvekt mot fordommar og kunnskapsløyse som kan ende i frykt og hat.

Utdanningssystemet skal gi alle likeverdige moglegheiter til å utvikle evnene sine og medverke til å jamne ut sosiale forskjellar. Det norske samfunnet er prega av små forskjellar, høg grad av likestilling, inkludering og sterke prinsipp om deltaking. Det er viktig å ikkje ta det gode samfunnet vi har, for gitt. Regjeringa har som ei av sine viktigaste prioriteringar å satse på utdanning og kunnskap, og å styrkje den evna utdanningssystemet har til å motverke sosiale forskjellar gjennom å leggje vekt på tidleg innsats og livslang læring.

Regjeringa har satsa sterkt på å gi eit godt barnehagetilbod til alle barn, gjennom rett til plass i barnehage og betre kvalitet i barnehagane. Alle barn skal oppleve meistring og utfordringar i skolen og tileigne seg grunnleggjande dugleikar. Regjeringa har sett i verk tiltak mot fråfall i vidaregåande opplæring, slik at fleire unge kan gå inn i arbeidslivet eller ta høgre utdanning. Vaksne som treng det, skal få sjansen til å skaffe seg nødvendig kompetanse for å tilpasse seg omstillingar i arbeidslivet eller fullføre opplæring.

Menneske er Noregs viktigaste ressurs. I Noreg utgjer den menneskelege kapitalen om lag 80 pst. av nasjonalformuen. Å gi kvar enkelt moglegheit til å utvikle seg heile livet er viktig både for den einskilde og for den vidare utviklinga av kunnskapssamfunnet. Dette er òg heilt sentralt for å sikre eit kunnskapsbasert arbeids- og næringsliv, særleg i økonomisk urolege tider.

Utdannings- og forskingssektoren må svare på dei behova arbeids- og samfunnslivet har for kunnskap og kompetanse. Vi har eit kunnskapsintensivt arbeidsliv der det er stadig fleire jobbar som krev vidaregåande eller høgre utdanning. Noreg vil trenge fleire personar både med relevant fagopplæring og med høgre utdanning i framtida. Vidareutvikling av velferdssamfunnet er avhengig av arbeidskraft med god og oppdatert kompetanse. Kunnskap vil vere avgjerande for å kunne møte globale og nasjonale utfordringar knytte til miljø og klima, helse og velferd og verdiskaping. Forskinga skal utvide grensene for erkjenninga vår, skaffe fram kunnskap som kan auke verdiskaping og velferd, og svare på samfunnsutfordringane.

Ein utdannings- og forskingssektor av høg kvalitet er ein av dei viktigaste føresetnadene for utviklinga av kunnskapssamfunnet. Den norske utdannings- og forskingssektoren skal

  • gi alle like moglegheiter til læring, utvikling og deltaking, og medverke til sosial utjamning

  • svare på samfunnets behov for kunnskap og arbeidskraft

  • medverke til eit kunnskapsbasert arbeids- og næringsliv og til å løyse globale utfordringar

Gi alle like moglegheiter til læring, utvikling og deltaking, og medverke til sosial utjamning

Dei sosiale forskjellane i Noreg er små samanlikna med i andre land. Utdanningssystemet speler ei avgjerande rolle for å medverke til sosial utjamning og like moglegheiter for alle uavhengig av sosial bakgrunn. Trass i dette er det gjennomgåande sosiale forskjellar i utdanningssystemet som ikkje kan aksepterast. Det er forskjellar i læringsutbytte i grunnskolen, fråfall i vidaregåande opplæring og sosialt skeiv rekruttering til høgre utdanning. Regjeringa vil styrkje den evna utdanningssystemet har til å motverke sosiale forskjellar, gjennom å leggje grunnlaget for livslang læring, og legg derfor vekt på kvalitetsutvikling og tidleg innsats i alle ledd i utdanningssystemet.

Regjeringa har som mål å sikre eit likeverdig barnehagetilbod av høg kvalitet som skal vere tilgjengeleg for alle. Regjeringas satsing på barnehageområdet har ført til at mange mål er nådd i dei siste åra: Rett til plass i barnehage vart innførd i 2009, det er full barnehagedekning, og prisen er redusert med 33 pst. sidan 2005. Barnehagen er første del av utdanninga, og desse endringane medverkar til sosial utjamning og er viktige for inkludering og læring.

Førskolealderen er ein læringsintensiv fase. Grunnlaget for deltaking i sosiale fellesskap, for vennskap og for vidare utvikling og læring blir lagt i tidlege barneår. For at barnehagen skal vere ein lærande og utviklande arena for alle barn, er det nødvendig at barnehagen har nok tilsette med god kunnskap og kompetanse om barn, barndom og utvikling hos barn. Den sterke veksten i barnehagesektoren fører med seg eit auka behov for fleire pedagogiske leiarar og styrarar med pedagogisk utdanning.

GLØD er regjeringas satsing for å styrkje kompetansen til alle tilsette, auke rekrutteringa til førskolelærarutdanninga og bidra til å heve statusen for arbeid i barnehagane. Som ledd i denne satsinga vart rekrutteringskampanjen Verdas finaste stilling ledig lansert på nyåret i 2012. Tal frå Samordna opptak per 19. juli 2012 viser at talet på søkjarar som har førskolelærarutdanning som førsteval, har auka med heile 18 pst. frå året før. Dette er ei gledeleg utvikling.

Regjeringa vil vinteren 2013 leggje fram ei stortingsmelding om barnehagen i framtida. Meldinga skal gi ei tydeleg retning for barnehagepolitikken når det gjeld både kvaliteten og innhaldet, kompetansen til personalet i barnehagen og styringsutfordringane i sektoren. Samtidig skal meldinga presentere eit oppdatert kunnskapsgrunnlag for utviklinga av politikken på området. Saman med meldinga vil det bli lagt fram ein ny kompetansestrategi for barnehagane som skal gjelde frå 2014.

Overgangen til rammefinansiering har vore ei utfordring for barnehagesektoren, der både kommunar og ikkje-kommunale barnehageeigarar må rette seg etter eit nytt system. Opptrappinga mot full likeverdig behandling av alle barnehagar i Noreg vil halde fram. Dei kommunale tilskotta skal gi økonomisk grunnlag for eit godt barnehagetilbod, og det er derfor ein føresetnad at midlane blir brukte i barnehagane, og ikkje går til urimeleg høge vederlag til eigarane. Stortinget vedtok 31. mai 2012 ei lovendring, jf. Innst. 352 L (2011–2012) og Prop. 98 L (2011–2012), som skal sikre at midlane kjem barna til gode. Lovendringane med utfyllande forskrifter skal tre i kraft 1. januar 2013.

Grunnleggjande dugleikar har stor betydning for prestasjonar i alle fag og er vesentlege for å klare seg godt seinare i livet. Regjeringa har derfor sett i verk fleire tiltak som skal sikre at alle barn lærer å lese og rekne i løpet av dei første skoleåra, og at elevane utviklar desse dugleikane vidare i utdanninga. Frå hausten 2009 vart det innført ei plikt for kommunane til tidleg innsats i norsk, samisk og matematikk på 1.–4. trinn særleg retta mot elevar med svake dugleikar i lesing og rekning. Skoledagen er utvida, og det er lagt til rette for ein meir heilskapleg skoledag for å oppnå meir og betre læring for alle elevar uavhengig av sosial bakgrunn. Frå 2008 er timetalet utvida med fem veketimar på dei fire lågaste trinna, i kjernefaga norsk, matematikk og engelsk, og frå 2010 er det innført eit tilbod om åtte veketimar gratis leksehjelp til elevar på 1.–4. trinn. Frå 2010 er timetalet utvida med ytterlegare ein veketime for 1.–7. trinn.

Boks 1.1 GLØD – Auka kompetanse i barnehagen og auka rekruttering av førskolelærarar

Den overordna målsetjinga er å styrkje kompetansen til dei tilsette, og auke rekrutteringa av tilsette med høg kompetanse til barnehagane. Eit tilleggsmål er å auke statusen for arbeid i barnehage, slik at vi får større verdsetjing av det viktige arbeidet dei tilsette i barnehagen utførar.

Delmåla i GLØD er:

  • auka kvalitet i førskolelærarutdanninga

  • auka rekruttering av førskolelærarar til barnehagen

  • auka rekruttering av personar med relevant høgre utdanning til barnehagen

  • auka rekruttering av barne- og ungdomsfagarbeidarar til barnehagen

  • å behalde og utvikle vidare kompetansen i barnehagen

GLØD har ei nasjonal referansegruppe som består av ei rekkje sentrale aktørar i sektoren. Det er også etablert regionale nettverk i alle fylke som skal støtte opp under det regionale rekrutterings- og kompetansearbeidet.

Kompetansen til lærarane er den enkeltfaktoren som har mest å seie for læringa til elevane dersom ein ser bort frå den sosiale bakgrunnen deira. GNIST-partnarskapen er etablert for å gi dei ulike tiltaka retta mot lærarutdanninga og læraryrket ein felles overbygning. Det er skoleeigar som har hovudansvaret for kompetanseutvikling i sektoren. Det er likevel nødvendig at staten tek ansvar gjennom statleg støtte til etter- og vidareutdanning. Eit system for vidareutdanning for lærarar er etablert og vil bli utvikla vidare i samråd med partar i GNIST-partnarskapen. Eit anna sentralt verkemiddel er å forbetre den lokale kapasiteten til kvalitetsutvikling gjennom statlege støttetiltak.

Strategien Kompetanse for kvalitet – vidareutdanning av lærarar (2009–2012) fikk svært positiv vurdering frå lærarar som har gjennomført studium som del av denne ordninga (Rambøll 2010). Regjeringa fører vidare strategien og satsinga på vidareutdanning for lærarar. Vidareutdanninga skal vere målretta mot fagområde og emne som det på landsbasis særleg er behov for å styrkje.

Regjeringa registrerer ein gledeleg auke i kvalifiserte søkjarar til lærarutdanningane i dei seinare åra. Sidan starten av GNIST-partnarskapen i 2008 har talet på kvalifiserte søkjarar med lærarutdanning som førsteval stige med heile 54 pst. Dei gledelege resultata for søkning og attraktivitet må sjåast i samanheng med både satsinga på ny grunnskolelærarutdanning, betre tilbod om vidareutdanning og rekrutteringskampanjen som har vore gjennomført.

Våren 2011 la regjeringa fram Meld. St. 22 (2010–2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter om ungdomstrinnet. Meldinga syner at det er ein låg og fallande motivasjon på ungdomstrinnet. Mangelfulle grunnleggjande dugleikar frå grunnskolen er den viktigaste årsaka til fråfall i vidaregåande opplæring. Styrking av ungdomstrinnet har ein verdi i seg sjølve for dei som går der, og inneber tidleg innsats mot fråfall i vidaregåande opplæring.

Den sentrale bodskapen i meldinga er at eit meir praktisk, variert, relevant og utfordrande ungdomstrinn skal auke motivasjonen og læringa til elevane. Dette skal gjerast gjennom innføringa av valfag og større fleksibilitet gjennom endring i fag- og timefordelinga. Hausten 2012 vart det innført valfag på 8. trinn, og regjeringa foreslår å innføre valfag på 9. trinn frå og med hausten 2013. Vidare tek regjeringa sikte på å innføre valfag for 10. trinn hausten 2014.

For å nå målet om ei meir praktisk, variert og relevant opplæring har Kunnskapsdepartementet våren 2012 utarbeidd ein strategi for ungdomstrinnet. Strategien handlar om ei satsing på klasseleiing, lesing, skriving og rekning, der kompetanseheving og erfaringsutveksling om praktiske og varierte metodar blir eit viktig element. Ambisjonen er at alle skolar med ungdomstrinn skal delta i satsingane i løpet av dei neste fem åra.

Våren 2011 la regjeringa fram Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap om tidleg innsats og betre læring for elevar med særskilde behov. Det sentrale målet i meldinga er å forbetre oppfølginga av barn og unge som treng hjelp og støtte, og å fange opp fleire som treng hjelp. Eit av tiltaka er ei omorganisering av Statped til ein fleirfagleg, regionalisert organisasjon. Det er eit mål i meldinga at samarbeidet mellom barnehagane og den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) skal styrkjast. I meldinga lanserte regjeringa òg ein kompetansestrategi for dei tilsette i PP-tenesta.

Eit mangfaldig samfunn gir mange moglegheiter, og oppfølging av minoritetsspråklege barn og elevar er eit viktig tiltak som inngår i mange politikkområde. Østbergutvalet leverte i juni 2010 NOU 2010: 7 Mangfold og mestring om flerspråklige barn, unge og voksne i opplæringssystemet. Regjeringa vil leggje fram ei melding om integrering og inkludering der opplæring for minoritetsspråklege vil vere eit tema. Bevaring av og opplæring i samisk språk og kultur er også ei viktig oppgåve for barnehagane og skolen.

Forskingsbasert kunnskap er avgjerande for at utdannings- og opplæringssektoren skal utvikle seg vidare i tråd med krava og behova i sektoren og i samfunnet. Regjeringas satsing på utdanningsforsking skal medverke til å styrkje læringa og kvalitetsutviklinga i sektoren, gi meir kunnskap om tiltak og verkemiddel, og stimulere til betre kunnskapsoverføring frå forskinga til praksisfeltet i barnehage, skole og høgre utdanning. Eit aktivt samvirke mellom forskinga og praksisfeltet skal medverke til fornying og nytenking i sektoren. Satsinga vil leggje grunnlaget for å utvikle vidare den vitskaplege kvaliteten, særleg ved institusjonane for lærarutdanning.

Moglegheita til å lære gjennom heile livet er viktig for at menneske skal ha kontroll over sitt eige liv og meistre kvardagen sin. Livslang læring finn stad på mange arenaer. Mange vaksne har dårlege grunnleggjande dugleikar i lesing, skriving, rekning og IKT, noko som gjer det vanskeleg å fungere i arbeidslivet og i samfunnet. Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) medverkar til at dei som treng det mest, får opplæring i grunnleggjande lesing, skriving, rekning og IKT på arbeidsplassen sin. Sidan starten i 2006 har om lag 28 000 vaksne fått tilbod om slik opplæring gjennom BKA. Evalueringa av BKA viser at deltakarane i stor grad er nøgde med kursa, og at bedriftene meiner at deltakarane gjer ein betre jobb som følgje av å ha delteke på BKA-kurs.

Det er eit mål for regjeringa at alle skal ha ein reell lik rett til utdanning. Grunnutdanninga ved statlege universitet og høgskolar i Noreg skal vere gratis. Støtteordningane gjennom Statens lånekasse for utdanning skal sikre at alle har moglegheit til å ta utdanning, uavhengig av mellom anna økonomiske forhold. Utdanningsstøtta gjer det mogleg for enkeltmenneske å nytte retten til vidaregåande opplæring og ta høgre og anna utdanning. Ho er òg eit sentralt verkemiddel for å nå visjonar og mål for regjeringa. Utdanningsstøtta medverkar til dømes til å sikre utdanna personale i barnehagen, skolen og i andre viktige sektorar.

Studentvelferd er òg viktig for å sikre at alle har ei reell lik moglegheit til utdanning. I Soria Moria II-erklæringa er det sett som mål å byggje 1 000 studentbustader i året. Regjeringa har i dei seinare åra prioritert bygging av studentbustader og det er løyvt midlar slik at dette målet er nådd.

På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har Statistisk sentralbyrå gjennomført undersøkinga Levekår blant studenter 2010. Resultatet blir presentert i to ulike rapportar. Den første rapporten vart lagd fram i november 2011. Undersøkinga viser mellom anna at talet på studentar med avbrot i studia har gått ned, og at fleire studentar planlegg å fullføre utdanninga på meir enn fire år i 2010. 95 pst. av studentane trivst svært bra eller bra ved studiestaden sin. Spørsmål knytte til den økonomiske situasjonen til studentane og deira arbeid ved sida av studia vil bli utdjupa i ein rapport som etter planen kjem i desember 2012. Levekårsundersøkinga vil gi eit betre kunnskapsgrunnlag for studentvelferda i Noreg.

Svare på samfunnets behov for kunnskap og arbeidskraft

Statistisk sentralbyrås framskriving av kunnskapsbehovet i framtida viser at behovet for ufaglært arbeidskraft har falle kraftig sidan 1970-åra, og at delen ufaglærte i arbeidsstyrken ligg an til å bli redusert frå 27 pst. i 2007 til 18 pst. i 2030. Fullført og bestått vidaregåande opplæring er normalt ein føresetnad for opptak til høgre utdanning, gir ei god utrusting for arbeidslivet, og kan medverke til å hindre utstøyting frå arbeidslivet i økonomiske nedgangstider.

Ny GIV – Gjennomføring i vidaregåande opplæring vart lansert i statsbudsjettet for 2011. Ny GIV er ein nasjonal dugnad som har som mål å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring frå i underkant av 70 pst. i 2011 til 75 pst. i 2015 definert som fullført og bestått i løpet av fem år. Dei viktigaste verkemidla er tettare oppfølging av dei svakaste elevane på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring gjennom intensivt samarbeid mellom kommune og fylkeskommune, utvikling av etterutdanningsopplegg for lærarar i grunnskole og vidaregåande skole, i mellom anna grunnleggjande dugleikar, klasseleiing og praksisretting, meir relevant og praksisnær fag- og yrkesopplæring, og samarbeid med partane i arbeidslivet om å skaffe fleire læreplassar. Regjeringas satsing på ungdomstrinnet er òg ein viktig del av arbeidet med å få fleire elevar til å fullføre vidaregåande opplæring.

I samband med Ny GIV-prosjektet vart det gjennomført kompetanseheving for rundt 1 950 lærarar frå våren 2011 til våren 2012. I tillegg fekk 380 tilsette i oppfølgingstenesta og NAV kompetanseheving i 2011. Evalueringa viser at lærarane er nøgde med det faglege innhaldet og med sitt eige utbytte av skoleringa, både for arbeidet med Ny GIV-elevane og i anna undervisning.

Eit av prosjekta i Ny GIV, oppfølgingsprosjektet, legg vekt på oppfølging av ungdom som ikkje er i vidaregåande opplæring eller i arbeid. Målet er å motivere ungdom i målgruppa tilbake til vidaregåande opplæring eller inn på arbeidsmarknaden. Prosjektet kan vise til gode resultat, færre ungdommar er registrerte hos oppfølgingstenesta, og langt fleire ungdommar har no komme i aktiviteteller er under oppfølging og rettleiing av oppfølgingstenesta.

Styrking av kvaliteten i fag- og yrkesopplæringa er avgjerande for å svare på behova i samfunnet for kunnskap og arbeidskraft. Etterspurnaden etter faglært arbeidskraft er aukande. Samtidig er det berre 15 pst. av eit ungdomskull som endar med fag- eller sveinebrev, sjølv om halvparten av eit ungdomskull vel fag- og yrkesopplæring. Regjeringa har derfor sett i verk fleire tiltak for å gjere fag- og yrkesopplæringa meir relevant og yrkesretta. Det er mellom anna gitt støtte til etterutdanning og hospitering for lærarar på yrkesfaglege utdanningsprogram samt for faglege leiarar og instruktørar i lærebedriftene.

Mange av dei som startar på yrkesfag, har svake grunnleggjande dugleikar, og liten motivasjon for å arbeide med fag som matematikk, norsk og engelsk. Kunnskapsdepartementet har derfor sett i gang eit delprosjekt innanfor Ny GIV for å gjere opplæringa i norsk-, engelsk- og matematikkfaget meir relevant og yrkesretta. Dei nasjonale sentra har det nasjonale ansvaret og følgjer opp fylkeskommunane.

For at gjennomføringa av vidaregåande opplæring skal auke må fleire få læreplass. Kunnskapsdepartementet har derfor saman med alle arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonane skrive under på ein eigen samfunnskontrakt for å skaffe læreplass til fleire lærlingar. Målet er at talet på godkjende lærekontraktar skal auke med 20 pst. frå utgangen av 2011 og fram til 2015.

Utdanning er eit godt verkemiddel mot arbeidsløyse og utstøyting frå arbeidslivet. Regjeringa arbeider derfor for å leggje betre til rette for at fleire vaksne kan fullføre vidaregåande opplæring. Det er ei utfordring at om lag 20 pst. av dei vaksne i alderen 25–66 år har grunnskole som den høgste fullførte utdanninga si. Departementet har mellom anna sett i gang forsøk med vidaregåande opplæring for arbeidssøkjarar, og utprøving av vidaregåande opplæring på arbeidsplassen for tilsette i helse- og omsorgssektoren og i barnehagesektoren. Det er òg sett i gang arbeid for å leggje betre til rette for at vaksne kan få opptak til utdanning på bakgrunn av realkompetanse.

Internasjonalisering er ein viktig del av norsk utdanningspolitikk. Kunnskap om språk og kultur er nødvendig for at det norske samfunnet, og spesielt næringslivet, skal kunne fungere i ein open verdsøkonomi. Gjennom deltaking i EUs program for livslang læring (LLP) legg departementet til rette for at elevar, studentar og tilsette ved lærestadene får høve til å skaffe seg internasjonal kompetanse.

Talet på søkjarar til høgre utdanning har stige med om lag 20,3 pst. frå 2008 til 2012, viser tal frå Samordna opptak. Framskrivingar frå Statistisk sentralbyrå viser at ungdomskulla vil halde fram med å vekse i åra framover. Det er òg venta at delen innbyggjarar som ønskjer å ta høgre utdanning, framleis vil auke. For å møte utviklinga har regjeringa i dei seinare åra prioritert å auke kapasiteten i høgre utdanning gjennom fleire studieplassar. Seinast i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2012 tildelte regjeringa midlar til 1 000 nye studieplassar.

Større ungdomskull gir Noreg eit unikt høve til å møte utfordringar i samband med omstillingar som tvingar seg fram med ei aldrande befolkning og nye næringar som skal erstatte petroleumsnæringa i framtida. I dei siste åra har det vore større søkning innanfor sentrale, prioriterte fagområde, som lærar- og førskolelærarutdanning, realfag og teknologi, økonomi og helsefag.

Formålstenlege bygg er ein føresetnad for forsking og utdanning av høg kvalitet. Fleire byggjeprosjekt blir no stilte ferdig. Auken i studenttala er venta å halde fram i fleire år, og det aktualiserer dermed behova for å tilpasse bygningsmassen til gjeldande krav og situasjon i universitets- og høgskolesektoren. Rehabilitering og nye bygg er nødvendig for å føre vidare god kvalitet i høgre utdanning og forsking.

Med ein kapasitetsauke som følgje av større ungdomskull er det viktig å samtidig satse på kvalitet i høgre utdanning. Samarbeid, arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon (SAK) er eit sentralt tiltak for regjeringa for å heve kvaliteten på utdanning og forsking gjennom meir profilerte institusjonar og meir robuste fagmiljø. Norsk høgre utdanning blir òg stadig meir internasjonal. Internasjonalisering og internasjonalt samarbeid er viktige verkemiddel for betre kvalitet i norsk utdanning og forsking.

Det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket for høgre utdanning vart vedteke i 2009. Institusjonane skal i løpet av 2012 innføre kvalifikasjonsrammeverket, det vil seie skildre faga og studieplanane ut frå kva studentane skal ha av kunnskap, ferdigheiter og generell kompe-tanse etter avslutta utdanning. Rammeverket vil såleis gi eit betre utgangspunkt for å vurdere kvaliteten i ulike utdanningar, og for at arbeidslivet betre kan forstå kompetansen til kandidatane. Gode kandidatar som kjem ut frå lærestadene, er særs viktige formidlarar av ny og oppdatert kunnskap i samfunns- og arbeidsliv.

Relevans er eit viktig aspekt for kvalitet. For å sikre relevante utdanningar skal institusjonane vere i tett dialog med samfunns- og arbeidsliv. Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA) er eit verkemiddel for å sikre slik dialog. Samfunnet har stadig større behov for kunnskap og høg kompetanse. Utdanningane skal gi studentane evne til sjølve å utvikle seg etter at dei er gått ut i arbeidslivet. FoU-basert høgre utdanning gir kunnskap og metodar for å nå dette målet.

Regjeringa la fram Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd. Samspill i praksis i februar 2012. NAV-reforma, samhandlingsreforma og reforma i barnevernet har ført til endra kompetansebehov og krev derfor òg endringar i velferdsutdanningane. Meldinga viser eit behov for betre samspel med arbeidslivet og auka samarbeid på tvers av utdanningar og fagområde. Utdanningane må tilpassast behova i dag og i framtida, og koplinga mellom utdanning, forsking og yrkesutøving må bli betre.

Medverke til eit kunnskapsbasert arbeids- og næringsliv og til å løyse globale utfordringar

Forsking gir oss ny kunnskap om oss sjølve og omgivnadene våre og medverkar til å utvikle kulturen og sivilisasjonen vår. Samstundes bringer forsking også fram kunnskap og løysingar som gjer det mogleg å forbetre samfunnet, løyse problem og medverke til økonomisk vekst. Forsking er ei langsiktig investering. Det at forskinga legg vekt på openheit, resultat som kan etterprøvast, og kritisk tenking, er med på å sikre eit velfungerande demokrati og ein konstruktiv samfunnsdebatt. Ny kunnskap har derfor ein klar verdi i seg sjølv.

Krava om at forsking skal utnyttast til det beste for samfunnet, aukar stadig. Fattigdom, behov for energi, klimaendringar, tap av biologisk mangfald, migrasjon og stadig større press på matvareressursane i verda er dei største utfordringane i vår tid. Norsk forsking har gode føresetnader på fleire av desse felta og skal særleg medverke til å løyse globale utfordringar innanfor klima, miljø, energi, hav og mattryggleik.

I 2011 lanserte Kunnskapsdepartementet Forskningsbarometeret – eit årleg barometer med 24 indikatorar som viser tilstanden for norsk forsking og innovasjon. Tala frå Forskningsbarometeret 2012 viser at forskarar i Noreg publiserer stadig meir. Veksten i publiseringar, målt som talet på artiklar per 1 000 innbyggjarar, har vore på 65 pst. i perioden 2001–10. Talet på siteringar av norske artiklar ligg over snittet samanlikna med andre land. I 2012 var den totale innsatsen innanfor forsking og utvikling (FoU) over statsbudsjettet på 26 mrd. kroner, inkludert Skattefunn. Den offentlege innsatsen over statsbudsjettet har sidan 2005 hatt ein realvekst på om lag 29,3 pst.

Norsk forskarutdanning vart evaluert av Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) i 2011–12. Evalueringa slår fast at forskarutdanninga held høg kvalitet. Finansieringa og organiseringa er god, og utdanninga gir kandidatane gode moglegheiter for karriere. Om lag 80 pst. fullfører innan ti år. Rekrutteringa til utdanninga er stort sett god, og 60 pst. av avhandlingane held framifrå eller høg kvalitet. Institusjonane har i dei seinare åra følgde doktorgradsstudentane mykje tettare opp enn før. Det har ført til at fleire fullfører doktorgradsutdanninga, og at fleire fullfører raskare.

Det vart i 2011 avlagt fleire doktorgradar i Noreg enn nokon gong før, og dobbelt så mange som for ti år sidan. Noreg ligg no rett bak Sverige og Finland når det gjeld talet på doktorgradar samanlikna med folketalet. Sjølv om talet på doktorgradar har auka kraftig, vurderer departementet at det framleis er behov for fleire doktorandar, særleg i MNT-fag (matematikk, naturfag, teknologi).

Fri prosjektstøtte (FRIPRO) er eit av dei største verkemidla som Kunnskapsdepartementet finansierer, og regjeringa har styrkt dette verkemiddelet monaleg i dei seinare åra. Evalueringa av FRIPRO i 2011–12 konkluderte med at FRIPRO er eit godt verkemiddel for å fremme forsking av høg vitskapleg kvalitet, men at ordninga i større grad kan støtte opp om innovativ og banebrytande forsking.

Satsinga på Senter for framifrå forsking (SFF) skal bidra til høg kvalitet i forskinga gjennom langsiktig og stabil finansiering av dei beste forskingsmiljøa. I 2011 vart tredje runde i ordninga lyst ut. Kven som får status som SFF vil bli avgjort hausten 2012, med start i 2013. Ordninga med Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) styrkjer innovasjonsevna gjennom å finansiere forskingssamarbeid mellom forskingsintensive bedrifter og framifrå forskingsmiljø. I 2011 vart det etablert sju nye SFI-senter. Slike kvalitetsfremmande verkemiddel vil framleis vere ein avgjerande del av norsk forskingspolitikk.

Noreg skal vere ein attraktiv kunnskapsnasjon og samarbeidspartnar, og internasjonalisering av forsking er eit hovudmål i norsk forsking. Deltaking i EUs 7. rammeprogram, den felles europeiske satsinga på forskingsinfrastruktur og utviklinga av Det europeiske forskingsområdet (ERA) er ei sentral prioritering for internasjonalisering av norsk forsking. Horisont 2020 er EUs neste rammeprogram for forsking og innovasjon, og vil vare frå 2014 til 2020. Kunnskapsdepartementet vil gje ein omtale av Horisont 2020 i den varsla stortingsmeldinga om forskingspolitikken.

Fleire internasjonale evalueringar av fagområder viser at ei utfordring framover blir å stimulere til meir samarbeid og betre arbeidsdeling på tvers av institusjonar. Fagområda biologi, medisin og helsefag (livsvitskap) vart evaluerte i 2011. Evalueringa viser at kvaliteten på forskinga er god, og at fleire forskargrupper og miljø held internasjonal standard. Samstundes viser evalueringa at det er mange små forskingsfelt, og at forskingsaktiviteten blir lite konsentrert. Våren 2012 vart det òg lagt fram ei internasjonal evaluering av norsk klimaforsking. Denne viste at Noreg har særs gode klimaforskingsmiljø, men at den faglege breidda samstundes bør bli større, og at den samfunnsvitskaplege klimaforskinga bør styrkjast.

Samfunnstryggleik og beredskap

Kunnskapsdepartementet sitt hovudmål for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i kunnskapssektoren er å førebyggje uønskte hendingar og minske konsekvensane dersom slike hendingar skulle oppstå.

Barnehagetilsette, lærarar, vitskapleg personale og andre tilsette i sektoren kjem opp i meir enn 150 000 årsverk. Totalt omfattar kunnskapssektoren om lag 1,5 millionar barn og vaksne. Obligatorisk 10-årig grunnskole og høg dekningsgrad i barnehage og vidaregåande opplæring gjer at ein svært stor del av årskulla frå 1–19 år held seg i barnehage eller skole mange timar dagleg. Både barnehagar, grunnskolar, vidaregåande skolar og lærebedrifter har eit ansvar for at barna og ungdomane er trygge der dei er. Dette handlar både om personleg tryggleik med tanke på liv og helse og om tryggleik for at til dømes personopplysningar ikke kjem i feil hender. Dette inneber ei beredskapsmessig utfordring både for den einskilde barnehage- og skoleeigar og for den einskilde barnehage og skole. Tilsvarande vil det vere store samlingar av studentar og tilsette ved universitet og høgskolar. Vidare forvaltar universitet og høgskolar store verdiar, som historiske bygningar, forskingsdata og samlingar, særleg ved universitetsmusea i Oslo, Bergen, Trondheim, Tromsø og Stavanger.

Dei store menneskesamlingane innanfor avgrensa område gjer at kunnskapssektoren har samfunnstryggleiks- og beredskapsutfordringar innanfor ulike scenario, som smittefare, ulykker, vald og terror.

Verksemdene i kunnskapssektoren har mykje ulik eigartilknyting. Det finst mellom anna kommunale og private barnehagar og skolar, og statlege universitet og høgskolar. I tillegg kjem fagskolar, private høgskolar, folkehøgskolar med meir. Kunnskapsdepartementet styrer barnehageområdet, grunnopplæringsområdet og høgare utdanning med både juridiske og økonomiske styringsmiddel, og styringslinjene varierer. Arbeidet i Kunnskapsdepartementet med samfunnstryggleik og beredskap må sjåast i samanheng med styringsskilnadene mellom områda, og med utfordringane som finst innanfor kvart område. Til dømes har Kunnskapsdepartementet eit særskilt ansvar for samfunnstryggleik og beredskap ved dei statlege høgre utdanningsinstitusjonane, medan kommunane har det operative ansvaret for samfunnstryggleik og beredskap i skolar og barnehagar. Justis- og beredskapsdepartementet skal gjennom samordningsrolla si sikre eit koordinert og heilskapleg arbeid med samfunnstryggleik og beredskap på tvers av sektorgrenser.

For å oppfylle hovudmålet for samfunnstryggleik og beredskap i kunnskapssektoren om å førebyggje uønskte hendingar og minske konsekvensane dersom dei skulle oppstå, er det viktig at verksemder på alle nivå i kunnskapssektoren:

  • utarbeider heilskaplege risiko- og sårbarheitsanalysar, og delanalysar av særskilde utfordringar i den einskilde verksemda,

  • utarbeider krise- og beredskapsplanar som sikrar ei god krisehandtering og som styrkjer krisehandteringsevna i organisasjonen,

  • gjennomfører øvingar for å teste eigen beredskap, og for å setje tilsette i stand til å takle utfordringane som kan kome ved kriser.

Kunnskapsdepartementet vil i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i 2013 leggje stor vekt på å følgje opp tilrådingar i NOU 2012: 14 Rapport fra 22. juli-kommisjonen, og på å ha god oversikt over risiko og sårbarheit i sektoren.

1.2 Hovudprioriteringar

Barnehagar

Hovudmåla til regjeringa på barnehagefeltet i 2013 er at retten til barnehageplass blir innfridd, at det er likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar, at alle barnehagar skal vere ein god arena for omsorg, leik, læring og danning, at alle barn skal få delta aktivt i eit inkluderande fellesskap, og at prisen skal vere så låg at alle som ønskjer det, skal ha råd til å ha barn i barnehage.

Målet om full barnehagedekning er nådd, og finansieringsansvaret for barnehagane er overført til kommunane. Regjeringa vil likevel føre vidare den statlege satsinga på barnehagar. I statsbudsjettet for 2013 foreslår regjeringa å auke løyvingane med 764 mill. kroner, som mellom anna skal gå til lågare pris og likeverdig behandling av kommunale og ikkje-kommunale barnehagar.

Det er eit mål for regjeringa at foreldrebetalinga skal vere så låg at alle som ønskjer det, skal ha råd til å betale for ein barnehageplass. Kunnskapsdepartementet foreslår å føre vidare maksimalgrensa for foreldrebetalinga på same nominelle nivå som i 2012. Det er foreslått å løyve 273 mill. kroner til dette formålet i 2013. Inkludert heilårseffekten av nominell vidareføring av maksimalprisen i statsbudsjettet for 2012, foreslår regjeringa ei samla løyving på 336 mill. kroner til lågare pris i barnehagen. Ein familie med to barn i barnehage har spart om lag 23 600 kroner årleg som følgje av at maksimalprisen har blitt redusert sidan regjeringa tiltredde i 2005.

Regjeringa vil sikre ikkje-kommunale barnehagar gode driftsvilkår i ein rammefinansiert sektor. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å auke minimumstilskottet til ikkje-kommunale barnehagar frå 92 til 94 pst. frå 1. august 2013. Det er foreslått å løyve 58 mill. kroner til formålet i 2013. Inkludert heilårseffekten av opptrappinga av minimumstilskottet i statsbudsjettet for 2012, foreslår departementet ei samla styrking av ikkje-kommunale barnehagar på 99 mill. kroner. Auka tilskott til ikkje-kommunale barnehagar vil leggje til rette for å jamne ut skilnadene i lønns- og arbeidsvilkår mellom tilsette i kommunale og ikkje-kommunale barnehagar.

Satsinga på å auke kompetansen til tilsette i barnehagane vil bli styrkja i 2013. Departementet foreslår å auke løyvinga til kompetanseheving i barnehagen med 20 mill. kroner i 2013. Midlane vil bli nytta til ei mellombels ordning med etter- og vidareutdanning for barnehageassistentar. Totalt vil det i 2013 bli nytta over 154 mill. kroner til tiltak for å fremme kvaliteten i barnehagane.

Grunnopplæringa

Regjeringa arbeider for ei grunnopplæring av høg kvalitet. Målsetjinga er betre læring for alle elevar, slik at skolen kan medverke til å jamne ut sosiale forskjellar. I statsbudsjettet for 2013 foreslår regjeringa ei samla styrking av grunnopplæringa på 483 mill. kroner.

Regjeringa foreslår å løyve 68,4 mill. kroner til innføring av valfag på 9. trinn, jf. Meld. St. 22 (2010–2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter. I meldinga blir det foreslått å innføre valfaga gradvis. Hausten 2012 vart valfag for 8. trinn innført, og departementet tek sikte på å utvide tilbodet til 10. trinn i 2014. Vidare foreslår regjeringa å auke løyvinga til ein eigen strategi for ungdomstrinnet for betre klasseleiing og å auke elevanes grunnleggjande dugleikar i rekning, lesing og skriving. Forslaget aukar løyvinga med 30 mill. kroner, slik at den samla løyvinga til gjennomføringsstrategien for ungdomstrinnet blir på 80 mill. kroner.

For å styrkje lærartettleiken på ungdomstrinnet og på den måten bidra til å gi tilpassa opplæring, ei meir praktisk, variert og relevant opplæring, samt å styrke dei grunnleggjande dugleikane, foreslår regjeringa å løyve 157 mill. kroner til ei fireårig tilskottsordning som eit forsøk med auka lærartettleik på ungdomstrinnet. Kommunar som skoleåret 2011-2012 har skolar med ein gjennomsnittleg gruppestorleik på over 20 elevar per lærar på ungdomstrinnet og grunnskolepoeng under snittet for landet kan søke om midlar til formålet. Den fireårige tilskottsordninga skal nyttast til å hauste erfaring og kunnskap om effekten av auka lærarressursar. Dette kan vere eit grunnlag for eventuelt seinare å forskriftsfeste eit forholdstal mellom talet på lærarar og talet på elevar.

Regjeringa foreslår å nytte 30 mill. kroner til fag- og yrkesopplæringa i 2013, for å følgje opp staten sine forpliktingar i Samfunnskontrakten for flere læreplasser. Det er eit mål å betre gjennomføringa i vidaregåande skole, og Ny GIV er eit prosjekt som held fram ut 2013.

I budsjettet for 2009 vart det innført ei åtteårig ordning med rentekompensasjon for rehabilitering av og investering i skole- og symjeanlegg med sikte på ei investeringsramme på 15 mrd. kroner. Investeringsramma blir gradvis fasa inn i budsjettet gjennom perioden. Frå 2009 til 2012 er 9 mrd. kroner fasa inn i budsjettet. I 2013 foreslår regjeringa å fase inn ytterlegare 1 mrd. kroner med ein budsjetteffekt på 20 mill. kroner.

I Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap er det mellom anna foreslått ein omorganisering av Statped og ein kompetansestrategi for dei tilsette i PP-tenesta. Stortinget slutta seg til dette i Innst. 405 S (2010–2011) og Innst. 50 S (2011–2012). Regjeringa foreslår å løyve ytterlegare 10 mill. kroner til oppfølging av dette arbeidet.

Regjeringa foreslår å løyve 73,8 mill. kroner til innføring av ein veketime med kulturskoletilbod i skole- eller SFO-tida på barnetrinnet (1.–4.trinn) frå hausten 2013. Skoleeigar blir kompensert for tiltaket tilsvarande ein ny veketime med lærarlønn inkludert for- og etterarbeid. Tilbodet skal vere frivillig for elevane. Departementet tek sikte på å lovfeste plikt for skoleeigar til å gi elevane eit slikt tilbod.

Tilskottet til opplæring i kriminalomsorga blir foreslått styrka med 6,4 mill. kroner. Løyvinga er knytt opp til etablering av forsøk med ungdomseiningar for barn og unge i Bergen og Oslo, samt auka soningskapasitet ved Hustad fengsel.

Regjeringa foreslår å løyve 30 mill. kroner til kompetansehevande tiltak knytte til opplæring av minoritetsspråklege. Dette blir finansiert over Kunnskapsdepartementet sitt budsjett til oppfølging av den kommande meldinga om inkludering frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til dei regionale vitensentra med 8,8 mill. kroner og å løyve 1,2 mill. kroner til Newtonrom. Delar av midlane til Newtonrom skal gå til evaluering av prosjektet.

Vaksenopplæring m.m.

Lærarar i vaksenopplæringa deltek i liten grad i den vidareutdanningsordninga som er ein del av strategien Kompetanse for kvalitet. Departementet vil derfor setje av 20 mill. kroner over fire år til å utvikle tiltak som skal leggje betre til rette for at fleire lærarar i vaksenopplæringa skal kunne ta etter- og vidareutdanning.

Aktiviteten ved folkehøgskolane har auka i dei siste åra. Departementet foreslår derfor å auke tilskottet til folkehøgskolane med 10 mill. kroner i 2013.

Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) skal medverke til å styrkje grunnleggjande dugleikar i lesing, skriving, rekning og IKT blant vaksne arbeidstakarar og arbeidssøkjarar. Bedrifter og offentlege verksemder kan søkje om å få tilskott til å gi tilsette opplæring i grunnleggjande dugleikar. Departementet foreslår å løyve 86,6 mill. kroner til tilskottsordninga i 2013.

Høgre utdanning

God og stabil finansiering er avgjerande for at universitet og høgskolar skal kunne drive langsiktig kunnskapsutvikling og kunnskapsforvaltning av høg kvalitet innanfor eit breitt spekter av fagtilbod.

Talet på søkjarar til høgre utdanning held fram med å auke. Regjeringa foreslår å løyve 114,7 mill. kroner i 2013 til opptak av nye kull for om lag 1 000 nye studieplassar som vart oppretta i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2012. I tillegg foreslår regjeringa å løyve 178,9 mill. kroner til opptak av nye kull for studieplasser oppretta i samband med budsjetta for 2009 og 2011. Samla vil dette gi om lag 3 250 fleire studieplasser i 2013, og totalt over 22 000 fleire plassar i 2017. Fleire studentar samla sett gir ein auke i talet på avlagte studiepoeng, og den resultatbaserte utteljinga til universitet og høgskolar aukar med om lag 260 mill. kroner i 2013.

Formålstenlege bygg, god og effektiv infrastruktur og tilgang til vitskapleg utstyr er ein føresetnad for å kunne tilby og utvikle forsking og utdanning av høg kvalitet. Regjeringa foreslår 18,5 mill. kroner i startløyving for rehabilitering av Urbygningen ved Universitetet for miljø- og biovitskap. Samla kostnadsramme for prosjektet er 368,6 mill. kroner, og bygget vil primært bli nytta til utdanningsverksemd når det står ferdig. I tillegg foreslår regjeringa om lag 940 mill. kroner til vidareføring av seks i gangsette byggjeprosjekt i universitets- og høgskolesektoren, og 147,5 mill. kroner til utstyr og inventar for tre av desse byggjeprosjekta.

Regjeringa foreslår ei løyving på 30 mill. kroner over tre år for å sikre dei unike vikingsamlingane ved Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo.

Regjeringa er oppteke av god kvalitet i høgre utdanning, og foreslår å løyve om lag 70 mill. kroner til ulike tiltak for å medverke til dette, inkludert oppretting av tre nye senter for framifrå utdanning og styrking av tilsynet gjennom Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT).

Det har vore ein kraftig auke i søkjartal til ingeniør- og teknologiutdanningane, parallelt med at regjeringa i dei siste åra har prioritert meir forsking i desse faga. Regjeringa foreslår i 2013 å styrkje teknologi- og ingeniørmiljøa ved universitet og høgskolar med om lag 27 mill. kroner til eingangsinvesteringar i vitskapleg utstyr.

Samarbeid, klarare arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon (SAK) er nødvendig for å medverke til auka berekraft og betre kvalitet i utdanning og forsking. Regjeringa vil føre vidare 50 mill. kroner til regionale og nasjonale SAK-prosessar.

eCampus er eit prosjekt for å byggje ut og oppgradere IKT-infrastrukturen knytt til desentralisert og fleksibel utdanning i universitets- og høgskolesektoren. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til eCampus til totalt 15 mill. kroner.

Forsking

Regjeringa held fram med å satse på forsking, og held fast ved målet om å auke forskingsløyvingane i tråd med dei forskingspolitiske måla i St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima forforskning. FoU-innsatsen i budsjettforslaget til regjeringa for 2013, inkludert Skattefunn, er førebels anslått til 27,4 mrd. kroner. Dette er ein auke på 1,4 mrd. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2012; ein realvekst på 2,2 pst. Sidan 2005 har det vore ein realauke i den offentlege FoU-innsatsen på 32,1 pst.

Klimaendringane er omfattande og skjer raskt. Det er nødvendig med ei brei satsing på klimaforsking og mekanismar for effektivt å ta i bruk ny kunnskap og innsikt. Regjeringa foreslår ei satsing på 47 mill. kroner til klimaforsking i statsbudsjettet for 2013, jf. omtale i kap. 5 i del III av proposisjonen. Satsinga byggjer på tilrådingane i Klima21-strategien og den internasjonale evalueringa av norsk klimaforsking som vart lagd fram våren 2012. 25 mill. kroner av dette vil bli tildelt Noregs forskingsråd over budsjettet til Kunnskapsdepartementet med særleg vekt på samfunnsvitskapleg og humanistisk klimaforsking og grunnleggjande forsking knytt til klimasystemet og klimaendringane i Arktis. Som ein del av satsinga, foreslår regjeringa å auke tildelinga til Senter for klimadynamikk (SKD) ved Bjerknessenteret med 5 mill. kroner over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Dette er eit internasjonalt leiande klimaforskingsmiljø ved Universitetet i Bergen og med Havforskingsinstituttet, Nansensenteret og Uni Research som jamstilte partnarar.

I statsbudsjettet 2013 foreslår òg regjeringa ei startløyving på 75 mill. kroner til bygging av eit nytt isgåande forskingsfartøy. Fartøyet vil vere svært viktig for polar- og miljøforskinga og ressurskartlegging i nordområda. Samla kostnadsramme for fartøyprosjektet er om lag 1,42 mrd. kroner.

St.meld. nr. 30 (2008–2009) peikte ut internasjonalisering som eitt av dei fire tverrgåande måla. Det europeiske samarbeidet er ein hovudarena for internasjonalt samarbeid og ein hovudprioritet for norsk forsking. Noreg har med stort utbytte delteke i EUs rammeprogram for forsking sidan 1994. Deltakinga er viktig for å auke kvaliteten i norsk forsking. Forskingssamarbeidet gjennom rammeprogramma har vorte stadig meir omfattande. 2013 er det siste programåret for det sjuande rammeprogrammet, og EU har foreslått ein auke i utbetalingsbudsjettet for programmet på 28 pst. Noregs kontingent til rammeprogramma er i 2013 berekna til å bli om lag 1,7 mrd. kroner. Dette er ein auke på 318 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2012.

Ordninga med Senter for framifrå forsking (SFF) har til formål å leggje til rette for at forskingsinstitusjonane kan utvikle forskingsmiljø i verdsklasse, og ordninga skal slik bidra til å nå måla i St.meld. nr. 30 (2008–2009) om auka kvalitet i norsk forsking. Styrkt forskarrekruttering og styrkt internasjonalt samarbeid er ein viktig del av dette. I tillegg verkar ordninga strukturerande ved at ho legg til rette for auka samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon i forskingssektoren. I 2011 hadde ordninga eit budsjett på om lag 250 mill. kroner, og sidan 2008 har 21 senter fordelte på åtte vertsinstitusjonar vore i full drift. Sentra varer i inntil ti år, og dei første sentra som hadde oppstart i 2003, er no i ferd med å bli avslutta. Midlane frå den første runden er derfor lyste ut på nytt, og til den første fristen mottok Forskingsrådet 139 søknader. I november 2012 vil det bli klart kven som får status som SFF i 2013. For å sikre gode rammevilkår for sentra som blir tildelt midlar frå 2013, foreslår Kunnskapsdepartementet ei styrking av ordninga med 35 mill. kroner innanfor tildelinga til Forskingsrådet.

Kavli Institute for Systems Neuroscience (KISN) ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim er eit av dei mest framifrå forskingsmiljøa i Noreg. For å sikre dette unike forskingsmiljøet stabile rammevilkår, foreslår Kunnskapsdepartementet 12,5 mill. kroner til senteret.

Det er behov for å styrkje forskinga for helse- og velferdstenestene og samtidig bidra til å auke forskingsforankringa i fagmiljøa som gir helse- og sosialfagleg utdanning. I 2012 vart Forskingsrådets program for praksisretta FoU i helse- og velferdstenestene etablert. Programmet er ei oppfølging av Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd. Samspill i praksis. Kunnskapsdepartementet foreslår å auke tildelinga til programmet med 7 mill. kroner innanfor tildelinga til Forskingsrådet.

Departementet vil halde fram med å styrkje satsinga på utdanningsforsking gjennom utdanningsforskingsprogramma i Noregs forskingsråd. Departementet foreslår å auke den samla rammeløyvinga til utdanningsforskingsprogramma Utdanning2020 og PRAKUT med 3,4 mill. kroner til 61,1 mill. kroner i 2013. For å få meir kunnskap om effektar av spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning vil departementet i tillegg setje av 3 mill. kroner årleg i ein femårsperiode til forsking på dette feltet. Tiltaket er ei oppfølging av Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap.

Sjølv om kvinner innanfor dei fleste fagområde gjennomfører doktorgradsutdanning i like stor grad som menn, går utviklinga når det gjeld kjønnsbalanse på toppnivå svært langsamt. BALANSE er ei satsing for å fremme kjønnsbalansen i faglege toppstillingar og i forskingsleiing. Kunnskapsdepartementet foreslår å auke tildelinga til BALANSE med 7 mill. kroner innanfor tildelinga til Forskingsrådet.

Kunnskapsdepartementet foreslår at det skal byggjast ein vêrradar på Helgelandskysten i Nordland. Kostnaden er berekna til 25 mill. kroner over to år, og departementet foreslår å løyve 12,5 mill. kroner til formålet i 2013. Når radaren kjem i drift, vil heile den norske kysten vere dekka av vêrradarnettet. Dette vil betre varslinga av farleg vêr langs kysten og vil kunne medverke til å betre tryggleiken for ferdsel til havs, både for fiskefartøy og for den aukande skipstrafikken langs kysten av Nord-Noreg. Radaren vil òg medverke til betre varsling av flyvêret i området, og dermed til betre flytryggleik.

Studentvelferd

Ei av dei viktigaste studentvelferdsoppgåvene til studentsamskipnadene er å tilby studentbustader. Regjeringa foreslår å løyve 250 mill. kroner til bygging av om lag 1 000 nye studentbustader i 2013. Departementet vil inn mot 2014 vurdere regelverk knytt til oppføring av studentbustadene, inkludert nivå på kostnadsramme og tilskott.

I statsbudsjettet for 2012 vart det vedteke at kapitalinntekter skal reknast med i grunnlaget for behovsprøving av stipend. Sommaren 2012 varsla departementet at det ville ta initiativet til å endre reglane slik at renteinntekter frå Bustadsparing for Ungdom (BSU) ikkje skal føre til redusert stipend. For 2013 foreslår departementet derfor ein auke i løyvinga med 4,1 mill. kroner.

Regjeringa meiner det er viktig å halde oppe kjøpekrafta til elevar, studentar og lærlingar gjennom utdanningsstøtta, og foreslår å auke satsane i støtteordningane til Lånekassen for å kompensere for prisutviklinga elles i samfunnet. Det blir foreslått å auke basisstøtta frå 92 500 kroner for undervisningsåret 2012–13 til 94 400 kroner for undervisningsåret 2013–14.

Ordninga med omgjering av lån til utdanningsstipend ved gjennomførd utdanning (konverteringsordninga) er innretta slik at ein kan ta igjen fagleg forseinking i inntil åtte år. Ein kan òg bruke «overskottspoeng» til omgjering i inntil åtte år framover i tid. Kunnskapsdepartementet foreslår å redusere desse fristane frå åtte til fire år. Fire år er ei rimeleg grense som gir tilstrekkeleg moglegheit til å hente inn fagleg forseinking og til å bruke ekstra studiepoeng ved seinare forseinking. For søkjarar som er forseinka i utdanninga, vil ei grense på fire år gi sterkare insentiv til å fullføre utdanninga raskare. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 36,2 mill. kroner.

2 Oversikt over forslaget til budsjett for Kunnskapsdepartementet

Utgifter fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

Pst. endr. 12/13

Administrasjon

200

Kunnskapsdepartementet

266 598

257 374

264 950

2,9

Sum kategori 07.10

266 598

257 374

264 950

2,9

Grunnopplæringa

220

Utdanningsdirektoratet

304 673

311 062

320 752

3,1

221

Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

12 402

13 887

14 322

3,1

222

Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

107 943

86 430

89 468

3,5

223

Sametinget

35 420

36 518

37 723

3,3

224

Senter for IKT i utdanninga

90 980

87 558

89 565

2,3

225

Tiltak i grunnopplæringa

1 125 261

1 140 048

1 156 681

1,5

226

Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

1 151 001

1 221 045

1 458 992

19,5

227

Tilskott til særskilde skolar

64 333

72 579

114 074

57,2

228

Tilskott til private skolar o.a.

3 086 151

3 091 206

3 284 125

6,2

229

Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

27 413

22 669

23 528

3,8

230

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

740 725

718 545

687 147

-4,4

Sum kategori 07.20

6 746 302

6 801 547

7 276 377

7,0

Barnehagar

231

Barnehagar

447 853

342 236

331 316

-3,2

Sum kategori 07.30

447 853

342 236

331 316

-3,2

Vaksenopplæring m.m.

252

EUs program for livslang læring

174 627

210 207

242 402

15,3

253

Folkehøgskolar

664 581

685 582

718 206

4,8

254

Tilskott til vaksenopplæring

211 700

212 537

219 951

3,5

255

Tilskott til freds- og menneskerettssentra

63 417

65 383

67 856

3,8

256

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

68 815

64 296

65 346

1,6

257

Program for basiskompetanse i arbeidslivet

74 175

88 953

91 888

3,3

258

Tiltak for livslang læring

49 278

51 408

52 968

3,0

Sum kategori 07.50

1 306 593

1 378 366

1 458 617

5,8

Høgre utdanning og fagskoleutdanning

260

Universitet og høgskolar

25 022 073

26 087 058

27 538 941

5,6

270

Internasjonal mobilitet og sosiale formål for studentar

302 392

329 784

340 667

3,3

276

Fagskoleutdanning

55 158

56 868

71 236

25,3

280

Felles einingar

343 627

364 681

391 794

7,4

281

Felles tiltak for universitet og høgskolar

419 913

364 445

364 911

0,1

Sum kategori 07.60

26 143 163

27 202 836

28 707 549

5,5

Forsking

283

Meteorologiformål

287 594

327 609

336 463

2,7

284

Dei nasjonale forskingsetiske komitéane

16 300

285

Noregs forskingsråd

1 440 422

2 688 103

2 773 611

3,2

286

Forskingsfond

4 427 981

219 000

-100,0

287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

235 090

251 298

476 817

89,7

288

Internasjonale samarbeidstiltak

1 322 113

1 634 782

1 945 993

19,0

Sum kategori 07.70

7 713 200

5 120 792

5 549 184

8,4

Utdanningsstøtte

2410

Statens lånekasse for utdanning

29 249 913

30 841 858

31 402 494

1,8

Sum kategori 07.80

29 249 913

30 841 858

31 402 494

1,8

Sum utgifter

71 873 622

71 945 009

74 990 487

4,2

Utgifter fordelte på postgrupper

         

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

Pst. endr. 12/13

01-29

Driftsutgifter

3 647 858

3 497 802

3 594 130

2,8

30-49

Nybygg, anlegg o.a.

157 967

182 951

227 555

24,4

50-59

Overføringar til andre statsrekneskapar

32 360 214

33 640 233

35 480 440

5,5

60-69

Overføring til kommunesektoren

1 431 545

1 364 804

1 474 469

8,0

70-89

Overføring til private

12 387 090

13 564 135

13 983 908

3,1

90-99

Utlån, avdrag o.a.

21 888 948

19 695 084

20 229 985

2,7

Sum under departementet

71 873 622

71 945 009

74 990 487

4,2

Inntekter fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

Pst. endr. 12/13

Administrasjon

3200

Kunnskapsdepartementet

7 470

Sum kategori 07.10

7 470

Grunnopplæringa

3220

Utdanningsdirektoratet

9 199

4 651

4 805

3,3

3221

Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

6

3222

Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

7 727

4 581

4 732

3,3

3224

Senter for IKT i utdanninga

6 653

2 352

1 500

-36,2

3225

Tiltak i grunnopplæringa

57 352

50 423

42 858

-15,0

3229

Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

6 729

2 534

2 617

3,3

3230

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

82 552

68 326

70 581

3,3

Sum kategori 07.20

170 218

132 867

127 093

-4,3

Vaksenopplæring m.m.

3256

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

12 857

11 282

10 654

-5,6

Sum kategori 07.50

12 857

11 282

10 654

-5,6

Høgre utdanning og fagskoleutdanning

3280

Felles einingar

1 382

1 172

1 211

3,3

3281

Felles tiltak for universitet og høgskolar

10

10

0,0

Sum kategori 07.60

1 382

1 182

1 221

3,3

Forsking

3286

Forskingsfond

3 946 432

80 219 000

-100,0

3287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

21 509

209 100

419 000

100,4

3288

Internasjonale samarbeidstiltak

4 094

4 618

4 492

-2,7

Sum kategori 07.70

3 972 035

80 432 718

423 492

-99,5

Utdanningsstøtte

5310

Statens lånekasse for utdanning

12 340 284

13 291 758

11 099 458

-16,5

5617

Renter frå Statens lånekasse for utdanning

3 866 019

4 824 471

3 377 934

-30,0

Sum kategori 07.80

16 206 303

18 116 229

14 477 392

-20,1

Sum inntekter

20 370 265

98 694 278

15 039 852

-84,8

Inntekter fordelte på postgrupper

         

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

Pst. endr. 12/13

01-29

Sal av varer og tenester o.a.

250 907

198 446

192 041

-3,2

50-89

Skatter, avgifter og andre overføringar

7 917 011

5 144 583

3 686 819

-28,3

90-99

Utlån, avdrag o. a.

12 202 347

93 351 249

11 160 992

-88,0

Sum under departementet

20 370 265

98 694 278

15 039 852

-84,8

3 Oppfølging av oppmodingsvedtak

I denne proposisjonen omtaler Kunnskapsdepartementet følgjande oppmodingsvedtak:

Vedtak nr. 171, 16. februar 2010. Vedtaket blir omtalt under innleiinga til programkategori 07.70.

«Stortinget ber Regjeringen fremme forslag som på egnet måte tydeliggjør den akademiske frihet for forskere ved institusjoner som ikke omfattes av universitets- og høyskoleloven.»