Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 1 S Tillegg 2 (2011–2012)

FOR BUDSJETTÅRET 2012 Endringar av Prop. 1 S om statsbudsjettet for 2012 under Landbruks- og matdepartementet

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Etter at Prop. 1 S (2011-2012) blei lagt fram for Stortinget, har det komme nye anslag på kap. 1148 post 71 og kap. 1150 post 71. Over postane finansierer staten regelstyrte erstatningsordningar for natur- og avlingsskade. Begge postane er overslagsløyvingar.

Store nedbørsmengder kombinert med snøsmelting i pinsehelga førte til omfattande flom- og skredskadar i Gudbrandsdalen og nordlege delar av Østerdalen. Òg etter pinsehelga har store nedbørsmengder ført til naturskadar mange stader i landet, særleg i Oppland, Hedmark, Sør-Trøndelag og Buskerud. Dette har resultert i langt fleire meldingar om naturskadar som samla sett har eit betydeleg større skadeomfang enn eit gjennomsnittleg år, som forslaget til løyvinga på 88 mill. kroner i 2012 er basert på.

Vêrforholda førte òg til skadar på avlingane i det same området. Desse skadane gir grunnlag for utbetaling av erstatning for avlingsskadar over kap. 1150 post 71. I tillegg førte vedvarande store nedbørsmengder ut over sommaren og hausten til nye avlingsskadar i område som Akershus, Hedmark, Oppland, Buskerud, Vestfold, Østfold, Telemark og delvis i Møre og Romsdal. I desse områda er det omfattande avlingsskadar, særleg på korn, men òg potet, grønsaker, frukt og bær er ramma. Samla gir dette betydeleg høgare utbetalingar over ordninga enn i eit normalår, som er utgangspunktet for løyvingsforslaget i Prop. 1 S på 40 mill. kroner.

Som følgje av skadar på avlingar forventes det òg auka import av matkorn. Regjeringa kjem tilbake til eventuelle endra anslag for tollinntekter i samband med revidert nasjonalbudsjett 2012.

Til toppen
Til forsida av dokumentet