Prop. 108 S (2010–2011)

Pensjonar frå statskassa

Til innhaldsliste

1 Innleiing

I samsvar med § 75 bokstav i) i Grunnlova, legg departementet med dette fram for Stortinget ei liste over dei pensjonane som gjeld mellombels, og som ikkje vart reviderte av det førre Stortinget.

Ordninga med pensjon frå statskassa gjeld grupper som ikkje kan tene opp pensjonsrettar i Statens pensjonskasse på vanleg måte. Etter praksis er det gjeve slike pensjonar til lokalt tilsette arbeidstakarar ved norske utanriksstasjonar, til arbeidstakarar med tidlegare statleg teneste der stillinga ikkje var omfatta av medlemskap i Statens pensjonskasse og etter særlege retningsliner for krigsteneste. I tillegg kan det verte gjeve pensjon frå statskassa i særlege høve.

Heile summen av pensjonar som vart ut-betalt i 2010 var på kr 19 772 781. Det er løyvd kr 20 900 000 på kap. 611, Pensjoner av statskassen, Post 01 Driftsutgifter, på statsbudsjettet for 2011. Proposisjonen no gjeld berre pensjonar til lokalt tilsette arbeidstakarar ved norske utanriksstasjonar.

Til forsida