Prop. 108 S (2012–2013)

Nybygg for Nasjonalmuseet på Vestbanen

Til innhaldsliste

1 Samandrag

Kulturdepartementet legg med dette fram proposisjon om å reisa eit nybygg på Vestbanen for Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design. Proposisjonen presenterer resultatet av ein prosess som starta i 2004-2005. Prosjektet har vore utvikla og evaluert gjennom utgreiingsregimet for store statlege investeringar, dvs. KS 1 og KS 2. Forslaget er å reisa eit museumsbygg med eit bruttoareal på 54 600 rutemeter innanfor ei kostnadsramme på 5 327 mill. kroner og med ei styringsramme på 4 690 mill. kroner, i prisnivå juli 20131.

Parallelt med utvikling av forprosjektet har Statsbygg utarbeidd forslag til ny reguleringsplan for Vestbanetomta. Reguleringsplanen for sjølve museumstomta vart vedteken av Oslo bystyre 30. januar 2013.

Nybygget til Nasjonalmuseet er eit krevjande prosjekt med høge funksjons- og kvalitetskrav på ei rekkje felt. Bruk av solide materialar som naturstein utvendig og tregolv i utstillingsareala gjev nybygget eit markant preg. Den lysande «Alabasthallen» gjev bygningskomplekset eit særprega uttrykk. Det er sett strenge og omfattande krav til tryggingstiltak i bygningen. Fleire hendingar både heime og i utlandet dei seinaste åra har understreka kor overlag viktig det er å ta tryggingstiltak i museum på stort alvor. Strenge klimakrav medfører behov for VVS-løysingar som er meir kostnadskrevjande enn i vanlege kontorbygningar. Det er lagt stor vekt på ein energi- og klimapositiv profil for bygget.

Nybygget på Vestbanen inneber at Nasjonalmuseet får bygningsmessige rammevilkår som styrkjer institusjonen som forvaltar og formidlar av viktige nasjonale samlingar av visuell kunst. Innanfor eit samla bygningskompleks skal museet kunna formidla ulike sider ved den visuelle kunsten både i eit historisk perspektiv og i eit meir reindyrka samtidsperspektiv. For første gong vil museet vera i stand til å visa publikum dei lange historiske linene i det visuelle kunstfeltet, og det på ein måte som kan kombinera ulike delar av dei rike samlingane.

Fotnotar

1.

Alle tal i forprosjektet var rekna i prisnivå februar 2012. Det same er KS 2-rapporten. Statsbygg har justert tala til prisnivå juli 2013, korrigerte for dei kostnadene som har gått med til forprosjektet. Dei justerte tala er brukte i denne proposisjonen. Tala i forprosjektet var: P 50 = 4 450 mill. kroner; P 85 = 5 300 mill. kroner; kuttliste = 250 mill. kroner; tilrådd kostnadsramme = 5 050 mill. kroner.