Prop. 125 L (2010–2011)

Endringar i offentleglova

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Justisdepartementet legg med dette fram eit framlegg om endringar i offentleglova. Framlegget går ut på å innføre høve til å gjere unntak frå innsyn for to nye kategoriar informasjon. For det fyrste skal det etter framlegget kunne gjerast unntak frå innsyn for fødselsnummer og liknande identifikasjonsnummer. For det andre skal det kunne gjerast unntak for lønnsoppgåver dersom innsyn i bruttoutbetalingane vert gjeve på annan måte.

Framlegget gjeld mindre endringar som ikkje rokkar ved dei vesentlege elementa i innsynsretten. Av omsyn særleg til at det den siste tida er sett fram omfattande innsynskrav som set problema med innsyn i fødselsnummer og lønnsoppgåver på spissen, har departementet sett det naudsynt å fremje framlegget utan at det har vore på alminneleg høyring.

Til forsida