Prop. 137 LS (2010–2011)

Lov om pågriping og overlevering til og frå Noreg for straffbare forhold på grunnlag av ein arrestordre (arrestordreloven) og om samtykke til inngåing av avtale 28. juni 2006 mellom EU, Island og Noreg om overleveringsprosedyre mellom partane

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Regjeringa legg i proposisjonen fram forslag til lov om pågriping og overlevering for straffbare forhold på grunnlag av ein arrestordre (arrestordreloven). Forslaget gjennomfører avtale 28. juni 2006 mellom Den europeiske unionen og Island og Noreg om overleveringsprosedyre mellom partane (frå no av avtalen eller parallellavtalen). Lovforslaget tek også opp i seg lov 19. september 2008 nr. 77 om pågriping og overlevering mellom dei nordiske statar på grunn av straffbare forhold (lov om nordisk arrestordre, ikkje i kraft). Ein legg dermed opp til ein felles lov om arrestordre som skal gjelde overlevering både innan Norden og mellom statane i Den europeiske unionen (EU) og Noreg.

I proposisjonen vert det også foreslått at Stortinget samtykkjer til inngåing av ovanfor nemnde avtale. Avtalen inneber forenkla reglar og prosedyrar for overlevering av personer for straffbare forhold.

Avtalen som Island og Noreg har inngått med EU er ein såkalla parallellavtale til EU si rammeavgjerd om den europeiske arrestordren og overleveringsprosedyrar mellom medlemsstatane 13. juni 2002 (2002/584/RIA), frå no av kalla den europeiske arrestordren, som gjeld mellom EU sine medlemsstatar. Parallellavtalen er basert på den europeiske arrestordren og er på dei fleste punkt tilnærma likelydande med denne. Det er samtidig enkelte prinsipielt viktige skilnader mellom dei to instrumenta, sjå nedanfor.

Gjennomføringa av arrestordreavtalen er eit ledd i regjeringa sitt arbeid for utvida justispolitisk samarbeid med EU, og må sjåast i samanheng med Noregs strafferettslege samarbeid med EU elles gjennom blant anna Schengen-avtalen, samarbeidsavtalane med Europol og Eurojust, tilknytingsavtalen til EU sin konvensjon om gjensidig bistand i straffesaker, og avtalen om forsterka politisamarbeid (Prüm-avtalen).

Lovforslaget vil, i tillegg til å erstatte lov om nordisk arrestordre, erstatte lov om utlevering av lovbrytarar mv. 13. juni 1975 nr. 39 (utleveringsloven) kapittel I til IV når det gjeld utlevering til og frå Noreg og medlemsstatane i EU. Utlevering til EU-statar vil med dette bli erstatta av overlevering, som er eit tilsvarande, men vesentleg forenkla institutt. Omgrepet «utlevering» er i avtalen bytt ut med «overlevering» nettopp for å markere eit systemskifte. Ei tilsvarande omlegging er gjort både i den europeiske og den nordiske arrestordren. Den europeiske arrestordren bruker «surrender» i staden for «extradition», noko som er blitt omsett til høvesvis «overlevering» og «utlevering». I lovforslaget her er det på tilsvarande måte skilt mellom overlevering og utlevering.

Lovforslaget legg opp til løysingar som gjer at reglane for overlevering mellom Noreg og EU-statane utanfor Norden i det vesentlege vil svare til dei som følgjer av den europeiske arrestordren innanfor EU. Dette inneber blant anna at det for visse handlingar og på visse vilkår blir foreslått å fjerne kravet til dobbel strafflegging: norske styresmakter skal i nokre tilfelle late vere å prøve om handlinga som arrestordren gjeld er straffbar også etter norsk rett, og den ettersøkte skal i desse tilfella overleverast sjølv om han ikkje kunne vorte straffa her til lands for handlinga. Ein legg vidare opp til at det ikkje lenger skal vere noko forbod mot å overlevere for politiske lovbrot eller mot overlevering av norske borgarar til EU-statar. Men ein legg samtidig opp til enkelte særreglar i samband med overlevering av norske borgarar og personar som er busette her i landet.

I proposisjonen er det også gjort greie for status for gjennomføringa av avtalen mellom Noreg, Island og Sveits om Sveits si tilknyting til Schengen- og Dublin-samarbeidet (Trepartsavtalen). Ein foreslår dessutan ei ny føresegn i straffeprosessloven om fastsetjing av straffa etter utlevering eller overlevering til Noreg for fullbyrding av norsk straffedom i tilfelle der utlevering eller overlevering er nekta for eitt eller fleire av forholda som den norske dommen gjeld. Det blir også foreslått mindre endringer i utleveringsloven, panteloven og enkelte andre lover.

Til forsida