Prop. 156 L (2009–2010)

Endringar i folketrygdlova mv. (enkelte ­presiseringar i samband med pensjonsreforma)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i og bakgrunnen for proposisjonen

1.1 Innleiing

Arbeidsdepartementet gjer med dette framlegg om endringar i folketrygdlova og lova om statstilskott til arbeidstakere som tar ut avtalefestet pensjon i privat sektor (AFP-tilskottslova).

Arbeidet med å reformere pensjonssystemet starta i 2001 da regjeringa Stoltenberg I sette ned Pensjonskommisjonen. Hovudprinsippa for ny alderspensjon vart avgjorde gjennom to breie pensjonsforlik i Stortinget i 2005 og 2007. Desse prinsippa vart konkretiserte og lovfesta ved endringslov til folketrygdlova 5. juni 2009 nr. 32 (ny alderspensjon), jf. Ot.prp. nr. 37 (2008–2009). Det vart innført nye reglar for opptening av alderspensjon, levealdersjustering, fleksibelt uttak frå 62 år og regulering av alderspensjon frå folketrygda.

Reglane for opptening av ny alderspensjon (inntektspensjon) gjeld heilt eller delvis for personar fødde frå og med 1954. Desse reglane tok til å gjelde frå 1. januar 2010, og er no innarbeidde i folketrygdlova, jf. folketrygdlova kapittel 20. Endringane i dagens alderspensjon (levealdersjustering, fleksibelt uttak og ny regulering) tek til å gjelde frå 1. januar 2011, jf. endringslova av 5. juni 2009 nr. 32.

Ved endringslov 11. desember 2009 nr. 112 (tilpasninger i folketrygdens regelverk som følge av pensjonsreformen), jf. Prop. 15 L (2009–2010), er det gjort naudsynte tilpassingar i reglane om pensjon til gjenlevande ektefelle frå folketrygda. Det er òg gjort tilpassingar i reglane om alderspensjon ved langvarige opphald på visse institusjonar, forsørgingstillegg og fristar for å setje fram krav om alderspensjon frå folketrygda. Endringane gjeld frå 1. januar 2011.

Gjennom lov 19. februar 2010 nr. 5 (AFP-tilskottslova), jf. Prop. 17 L (2009–2010), vart avtala om AFP i privat sektor frå lønnsoppgjeret 2008 lovfesta, og ordninga er no tilpassa pensjonsreforma. Lova gjeld for pensjon utbetalt i 2011 og seinare.

Forslaga i denne proposisjonen gjeld hovudsak­leg presisering, utfylling og oppretting i folketrygdlova, dei to endringslovene til folketrygdlova, og dessutan AFP-tilskottslova. Departementet viser til at forslaga som gjeld folketrygdlova har vore på høyring, sjå Ot.prp. nr. 37 (2008-2009) og Prop. 15 L (2009-2010). Forslaget til ny AFP-tilskottslov var ikkje på høyring, fordi det var ei lovfesting av AFP-avtala frå lønnsoppgjeret i privat sektor i 2008, og vart utarbeidt i samråd med partane. Sjå nærare Prop. 17 L (2009-2010).

Det blir i tillegg foreslått ei endring i reglane for pensjon til gjenlevande ektefelle frå folketrygda som følgje av ny AFP i privat sektor. Sidan endringa er til gunst for dei ho gjeld, og er ei naudsynt tilpassing til ny AFP, meiner departementet at det ikkje er naudsynt med alminneleg høyring av dette forslaget, jf. utgreiingsinstruksen punkt 5.4 første avsnitt bokstav c.

1.2 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Kapittel 2 handlar om endringar i folketrygdlova og i dei to endringslovene. Det blir foreslått:

  • å presisere kva for reglar i dagens alderspensjon dei ulike årskulla skal vere omfatta av når det gjeld særtillegg, pensjonstillegg og minste pensjonsnivå.

  • å føre vidare dagens minste pensjonsnivå for personar med ektefelle som mottek AFP frå offentleg sektor eller AFP etter gamle reglar frå privat sektor.

  • ei presisering i reglane for uttak av dagens alderspensjon slik at einslege og gifte personar med same pensjonsopptening skal vere sikra same retten til tidleguttak.

  • at trygdetid til og med det året som sist vart likna skal leggjast til grunn når garantipensjon, grunnpensjon og pensjonstillegg blir rekna ut, slik at oppteningsperioden blir den same som for inntektspensjon i ny alderspensjon og tilleggspensjon i dagens alderspensjon. Vidare opptening blir lagd til pensjonen ved årlege omrekningar.

  • å presisere i lova at det er det gjennomsnittlege grunnbeløpet i kalenderåret som skal leggjast til grunn ved årleg opptening av inntektspensjon.

  • at den nye avtalefesta pensjonen i privat sektor frå 2011 skal inngå i inntektsprøvinga av pensjon til gjenlevande ektefelle og tidlegare familiepleiar, på lik linje med andre inntekter.

  • at pensjonstillegget, som erstattar særtillegget, skal kunne betalast ut til personar busette utanfor Noreg på same måte som særtillegget kan i dag.

  • at departementet i forskrift kan gje nærare reglar om kravet til samanhengande periode for pensjonsopptening ved førstegongsteneste.

  • at pensjonistar som før 2011 har forsørgingstillegg eller får pensjonen avkorta på grunn av visse institusjonsopphald, av administrative omsyn får ytinga rekna om etter dei nye reglane frå 2011 i samband med den årlege reguleringa frå 1. mai 2011.

  • at personar som ikkje er omfatta av dei nye fleksible uttaksreglane i folketrygda, framleis skal kunne få alderspensjon etterbetalt etter dei reglane som gjeld i dag (for opptil tre år tilbake i tid).

  • nokre språklege opprettingar i reglane for forsørgingstillegg som tek til å gjelde frå 1. januar 2011. Dette gjeld retten til ektefelletillegg om ektefellen har eigen alderspensjon, ektefelletillegg til uførepensjonistar og fastsetjing av fribeløpet når forsørgingstillegg blir inntektsprøvt.

Kapittel 3 gjeld reglane for avtalefesta pensjon i privat sektor (AFP-tilskottslova). Departementet foreslår:

  • visse presiseringar av utrekningsgrunnlaget for ny AFP slik at det samsvarar med inntektspensjonen i ny alderspensjon. Dette gjeld grunnlaget for år med uførepensjon frå og med 2010 og regulering av grunnlaget i 2010.

  • å presisere 70-prosentsregelen for AFP etter gamle reglar, slik at han skal kunne brukast på nytt dersom sivilstanden blir endra etter AFP-uttaket og at tilhøvet til ektefelletillegg blir klarare.

  • at reglane for gammal AFP ved institusjonsopphald blir tekne ut av lova, fordi det i dag berre er LO/NHO-ordninga som har reglar om at pensjonen skal setjast ned ved institusjonsopphald. Dei to andre ordningane har ikkje hatt slike reglar, og det var ikkje intensjonen å endre på dette.

Til forsida