Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 175 S (2012–2013)

E6 Halselv – Møllnes i Finnmark – styrings- og kostnadsramme

Til innhaldsliste

1 Omtale

Prosjektet er m.a. omtalt i St.meld. nr. 16 (2008-2009), side 263, som del av E6 vest for Alta, Prop. 1 S (2012-2013), side 119, og Meld. St. 26 (2012-2013), side 320.

Prosjektet omfattar delvis bygging av ny veg og delvis utbetring av eksisterande veg på ein om lag 13 km lang strekning. I prosjektet inngår bygging av to tunnelar på til saman om lag 3,6 km. Prosjektet vil føre til at E6 blir innkorta med om lag 2 km.

I Prop. 1 S (2012-2013) er det lagt til grunn at det skal gjennomførast ekstern kvalitetssikring (KS2) av prosjektet. Det er derfor føresett at Samferdselsdepartementet skal komme tilbake til styrings- og kostnadsramme for prosjektet så snart det ligg føre nærare avklaringar, og før anleggsstart.

Konsulenten foreslår ei styringsramme på 880 mill. 2012-kr og ei kostnadsramme på 970 mill. 2012-kr. Statens vegvesen er samd i vurderingane til konsulenten, og Samferdselsdepartementet legg desse rammene til grunn. Omrekna til 2013-prisnivå blir styringsramma 900 mill. kr og kostnadsramma 992 mill. kr.

Det er lagt opp til anleggsstart på prosjektet hausten 2013/våren 2014.

Til toppen
Til forsida av dokumentet