Prop. 182 S (2012–2013)

Finansiering av prosjekt og tiltak på fv 714 Stokkhaugen – Sunde i Sør-Trøndelag, trinn 1

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om finansiering av planlagt utbygging av delar av fv 714 mellom Stokkhaugen i Orkdal kommune og Sunde i Snillfjord kommune. Finansieringa er basert på bompengar og fylkeskommunale midlar.

Fv 714 er hovudvegen for kommunane Snillfjord, Hitra og Frøya til Orkdal og Trondheim. Ein stor del av oppdrettsnæringa i Sør-Trøndelag er lokalisert i dette området. Dette gjer at vegen er viktig for utvikling og verdiskaping i regionen.

Eksisterande veg mellom Stokkhaugen og Sunde har ei samla lengde på i underkant av 58 km. Den har låg standard med svingar, problematiske stigningar og smal veg. Dette gjer at køyreforholda blir vanskelege, spesielt om vinteren. I tillegg er det få høve til omkøyring. Dette gjer at strekninga er sårbar for trafikkuhell. Som ein konsekvens av dette har vegen dei siste åra vore stengt omlag 30 gonger årleg som følgje av bilberging. Statistikk viser også at strekninga er overrepresentert med utforkøyringar samanlikna med andre fylkesvegar i Sør-Trøndelag. Frå 1997 til 2011 er det registrert 75 ulykker med personskade på strekninga. I desse ulykkene blei 3 personar drepne og 23 hardt skadde.

Til toppen
Til forsida av dokumentet