Prop. 194 S (2012–2013)

Utbygging og finansiering av E134 på strekninga Seljord – Åmot i kommunane Seljord, Kviteseid, Tokke og Vinje i Telemark

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag utbygging og finansiering av fire delstrekningar på E134 mellom Seljord og Åmot i kommunane Seljord, Kviteseid, Tokke og Vinje i Telemark. Finansieringa er basert på bompengar og statlege midlar.

E134 er eit viktig vegsamband mellom delar av Austlandet og Vestlandet og hovudferdselsåra i Vest-Telemark. Mellom Seljord og Åmot har strekninga låg standard og er prega av forfall. Med utgangspunkt i ynskje om forsering av ei utbetring har lokale styresmakter vedteke eit opplegg for utbygging og finansiering av dei fire delstrekningane finansiert med bompengar. Utbygginga er ikkje omtalt i Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023.

Utbetringa vil gi ein einsarta standard, med mellom anna gul midtstripe på dei fire delstrekningane. Det ligg føre godkjente reguleringsplanar, og det er lagt opp til at utbetringa kan starte i 2015, med fullføring i 2018.