Prop. 20 S (2010–2011)

Samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av eit støtteprogram for audiovisuelt samarbeid med fagfolk frå tredjestatar (MEDIA Mundus)

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Støtteprogrammet for audiovisuelt samarbeid med fagfolk frå tredjestatar, (MEDIA Mundus) 2011-2013, vart formelt vedteke i EU 21. oktober 2009 ved europaparlaments- og rådsavgjerd 1041/2009/EF.

Noreg har gjennom EØS-avtala teke del i tre tidlegare EU-program om utvikling av den audiovisuelle sektoren: MEDIA 95 (1991-1995), MEDIA II (1996-2000) og MEDIA Pluss (2001-2006). For tida tek Noreg del i det fjerde av desse programma, Media 2007, som varer frå 2007 til 2013. MEDIA Mundus kan sjåast på som eit supplement til MEDIA 2007-programmet, ved at det opnar for samarbeid med statar utanfor EU-EØS-området («tredjestatar»).

Ettersom den norske deltakinga i programmet inneber økonomiske utgifter av ein viss storleik som skal finansierast over fleire år, er Stortinget sitt samtykke til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen naudsynt etter § 26 andre leddet i Grunnlova.

For at Noreg skal kunne ta del i programmet allereie frå oppstarten i 2011, legg departementet fram ei tilråding om at Stortinget samtykkjer i deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av eit støtteprogram for audiovisuelt samarbeid med fagfolk frå tredjestatar (MEDIA Mundus), før EØS-komiteen har teke den endelege avgjerda si. Det er venta at komiteen tek ei avgjerd i saka i desember 2010.

Utkast til avgjerd i EØS-komiteen og europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1041/2009/EF om MEDIA Mundus i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som vedlegg til proposisjonen.