Prop. 25 L (2009-2010)

Endringar i lov om Statens pensjonsfond

Til innhaldsliste

1 Innhaldet i proposisjonen

I proposisjonen gjer Finansdepartementet framlegg om endringar i lov om Statens pensjonsfond. Endringane er i hovudsak av redaksjonelt slag.

Den ordinære generalforsamlinga i Statoil­Hydro ASA 2009 har vedteke å endre namn på føretaket til Statoil ASA. Det nye namnet skal brukast frå og med 1. november 2009. Namneendringa krev endring i lov om Statens pensjonsfond, som har fleire tilvisningar til føretaksnamnet.

Vidare gjer departementet framlegg om ei mindre justering av namna til dei to delane av Statens pensjonsfond, Statens pensjonsfond – Utland og Statens pensjonsfond – Noreg. Bruk av bindestrek og stor forbokstav i «utland» er ikkje i samsvar med korrekt norsk rettskriving. Departementet føreslår derfor å justere omgrepa til «Statens pensjonsfond utland» og «Statens pensjonsfond Noreg».

Statens pensjonsfond utland og Statens pensjonsfond Noreg er lange omgrep, noko som kan være lite føremålstenleg i dagleg omtale. Som eit praktisk grep føreslår departementet å innføre SPU og SPN som offisielle forkortingar i lova.

Det har frå tid til anna oppstått høve der det er ønskeleg at staten gir lån eller skyt inn eigenkapital i selskap der SDØE har eigedelar. I lovteksten slik den er i dag er det ikkje heilt klart om slike transaksjonar skal kome til fråtrekk i netto finanstransaksjonar i petroleumverksemda. I proposisjonen føreslår departementet å klargjere at slike transaksjonar skal trekkast frå i berekninga av netto finanstransaksjonar.

Etter lov om Statens pensjonsfond § 8 andre ledd gjeld føresegner om Folketrygdfondet gitt med heimel i folketrygdlova § 23-11 fjerde ledd inntil anna blir fastsett etter § 7 i lova. Det er ikkje lenger nokre gjeldande føresegner gitt i medhald av folketrygdlova § 23-11 fjerde ledd og departementet føreslår derfor å oppheve det nå overflødige § 8 andre leddet.

Da forslaga i hovudsak er av redaksjonelt slag, har dei ikkje vore på høyring.

Til forsida