Prop. 26 L (2010–2011)

Endringar i mineralloven (innkrevjing av tvangsmulkt og lovbrotsgebyr)

Til innhaldsliste

1 Proposisjonens hovudinnhald

Nærings- og handelsdepartementet legg med dette fram forslag til endringar i lov 19. juni 2009 nr. 101 om erverv og utvinning av mineralressurser (mineralloven). Forslaget er ei teknisk endring som er nødvendig for at Statens innkrevingssentral (SI) skal ha heimel til å foreta tvungen innkrevjing av tvangsmulkt og lovbrotsgebyr (overtredelsesgebyr) etter mineralloven §§ 66 og 67, til fordel for staten.