Prop. 26 S (2011–2012)

Endringar i statsbudsjettet for 2011 under Arbeidsdepartementet

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Arbeidsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar av løyvingane under enkelte kapittel under programområde 09 Arbeid og sosiale formål, programområde 29 Sosiale formål, folketrygda, programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda, samt enkelte av inntektene for 2011.

Dei reviderte overslaga for folketrygdas utgifter og inntekter i 2011 bygger i hovudsak på tal frå rekneskapen per 30. september 2011.

Arbeidsdepartementet fremmar forslag om å redusere løyvingane under utgiftskapitla under programområde 09 Arbeid og sosiale formål utanom lånetransaksjonar med 94,5 mill. kroner, å redusere løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda med 1 778,6 mill. kroner og å redusere løyvingane under programområde 33 Arbeidsliv med 660 mill. kroner. Samla gjer Arbeidsdepartementet framlegg om at løyvingane under utgiftskapitla utanom lånetransaksjonar vert nedsett med om lag 2 533,1 mill. kroner.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga for inntekter utanom lånetransaksjonar under inntektskapitla med om lag 25,3 mill. kroner.

Til forsida