Prop. 29 L (2011–2012)

Endringar i helsepersonellova om pliktig fråhald m.m.

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Denne proposisjonen inneheld forslag til endringar i lov 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v. (helsepersonelloven). Endringane gjeld § 8 om pliktig fråhald og er for det første ei tydeleggjering av det generelle forbodet mot å vere rusa i arbeidstida. Ved å endre ordlyden i § 8 slik det her blir foreslått, kan det gjevast forskrift om at Helsetilsynet i fylket eller arbeidsgjevar kan påleggje helsepersonell å avleggje rusprøve ved arbeidsstart i dei tilfelle der det er mistanke om at det har vore nytta rusmiddel før vedkomande kjem på jobb.

Vidare inneheld proposisjonen eit forslag om at arbeidsgjevar eller Helsetilsynet i fylket kan be politiet om hjelp til å framstille helsepersonell for prøvetaking i dei tilfella helsepersonellet nektar å avleggje prøver eller på anna vis forsømer å avleggje prøve. Forslag til endringar i helsepersonellova § 8 var på høyring samstundes med forslag til forskrift om pliktig fråhald hausten 2010.

Lovforslaget her handlar også om ei teknisk endring i spesialisthelsetenestelova § 2-3 om bruk av nemninga «nasjonale tjenester i spesialisthelsetjenesten». Framlegget til denne endringa var på høyring hausten 2010 samstundes med framlegg til endringar i forskrift 18. desember 2001 nr. 1539 om godkjenning av sykehus og om landsfunksjoner og nasjonale medisinske kompetansesenterfunksjoner ved sykehus.

Til forsida