Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 30 S (2012–2013)

Endringar i statsbudsjettet 2012 under Utanriksdepartementet

Til innhaldsliste

1 Samandrag

Under programområde 02 Utanriksforvaltning blir det gjort framlegg om ein netto reduksjon i løyvingane på 986,9 mill. kroner. Endringane har i hovudsak samanheng med endra utbetalingstidspunkt for deler av løyvingane under EØS-finansieringsordningane og mindrebehov knytta til kontingentar i internasjonale organisasjonar som Noreg er medlem i.

Under programområde 03 Internasjonal utviklingshjelp blir det gjort framlegg om å omfordele 149,8 mill. kroner som følgje av mindrebehov på enkelte postar, m.a. er det rekna med mindre utgifter til opphald for flyktningar i Noreg enn budsjettert.

Til toppen
Til forsida av dokumentet