Prop. 39 S (2011–2012)

Samtykke til at Noreg tek del i påfyllinga av Det afrikanske utviklingsfondet (AfDF-XII)

Til innhaldsliste

1 Innleiing

I denne proposisjonen ber Regjeringa om samtykke frå Stortinget til å ta del i påfyllinga av Det afrikanske utviklingsfondet (AfDF-XII). AfDF er utviklingsfondet som Afrikabankgruppa har for dei fattigaste landa i Afrika, det vil seie for dei som på grunn av manglande betalingsevne ikkje kan få lån i Den afrikanske utviklingsbanken (AfDB). Fondet låner ut på såkalla «mjuke» vilkår og gjev gåvefinansiering til fattigdomsreduserande tiltak. Nye ressursar blir hovudsakeleg tilførte fondet frå givarland som resultat av påfyllingsforhandlingar og gjennom tilbakebetalingar frå tidlegare lån. Påfyllinga gjeld for ein treårsperiode. Førre påfyllinga av fondet (AfDF-XI) blei gjord i 2007 for perioden 2008-2010.

Sentrale spørsmål under forhandlingane er kva slags utlånspolitikk fondet har, kva slags prioriteringar det gjer, og storleiken på påfyllinga. Forhandlingane har gått føre seg parallelt med påfyllingsforhandlingar i utviklingsfondet for Verdsbanken (IDA). Totalt kom påfyllinga for AfDF-XII på om lag 5,8 milliardar Special Drawing Rights1 (SDR) med ein auke i givarbidraget på ca. 3 prosent i forhold til førre påfyllinga. Etter kursen i dag vil det seie omtrent 53 milliardar kroner.

Noreg gav tilsegn om 1,5 milliardar kroner over tre år med atterhald om samtykke frå Stortinget, det same som ved førre påfyllinga. Men Noreg har òg foreslått at innbetalinga kan gå fortare enn tidlegare, og det aukar verdien for Afrikabanken på dei 1,5 milliardane med om lag 134 millionar kroner. Noreg er ein relativt stor bidragsytar – den niande største totalt – og jamstor med Sverige. Vår relative del av påfyllinga vert 4,4 %, om lag det same som ved førre påfyllinga. Som vedlegg følgjer ein tabell over tilskota frå dei ulike landa. Tilskot til AfDF går over kap. 0171 «Multilaterale finansinstitusjonar, post 71 Regionale bankar og fond, kan overførast».

Fotnotar

1.

Special Drawing Rights (SDR) er valutaeininga til IMF og enkelte andre finansinstitusjonar, og verdien er basert på ei rekkje internasjonale valutaer. Valutaeininga fungerer som global reservevaluta.
Til forsida