Prop. 42 S (2009–2010)

Endringar i statsbudsjettet for 2009 under Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Arbeids- og inkluderingsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar av løyvingane under enkelte kapittel under program­område 09 Arbeid og sosiale formål, programområde 29 Sosiale formål, folketrygda, programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda, samt inntektene under folketrygda for 2009.

Dei reviderte overslaga for folketrygdas utgifter og inntekter i 2009 bygger i hovudsak på tal frå rekneskap per 30. september 2009. Berekningsgruppa for folketrygda gjer anslag for regelstyrte ordningar under Arbeids- og inkluderings­departementet sine programområde 09, 29 og 33, program­område 30 Helsevern, folketrygda under Helse- og omsorgs­departementet, kontant­støtte, barnetrygd, fødsels­pengar og adopsjonspengar under Barne- og likestillings­departementet. Gruppa har sett på overslaga i møte 22. oktober 2009. Forslag til endringar i løyvingar som vedkjem Arbeids- og inkluderings­departementet sine område, er med mindre avrundingar m.m. basert på overslag i Berekningsgruppa for folketrygda. Dei andre departementa fremmar eventuelle forslag om endringar i sine proposisjonar.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet fremmar forslag om å redusere løyvingane under utgiftskapitla under programområde 09 Arbeid og sosiale formål med 227,4 mill. kroner, å auke løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda med 3 550 mill. kroner og å redusere løyvingane under programområde 33 Arbeidsliv med 450 mill. kroner. Samla gjer Arbeids- og inkluderingsdepartementet framlegg om at løyvingane under utgiftskapitla blir auka med i overkant av 2 872,5 mill. kroner.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga for inntekter under inntektskapitla med om lag 173,3 mill. kroner.

Til forsida