Prop. 42 S (2010–2011)

Endringar i statsbudsjettet for 2010 under Arbeidsdepartementet

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Arbeidsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar av løyvingane under enkelte kapittel under programområde 09 Arbeid og sosiale formål, programområde 29 Sosiale formål, folketrygda, programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda, samt inntektene under folketrygda for 2010.

Dei reviderte overslaga for folketrygdas utgifter og inntekter i 2010 bygger i hovudsak på tal frå rekneskap per 30. september 2010. Berekningsgruppa for folketrygda gjer anslag for regelstyrte ordningar under Arbeidsdepartementet sine programområde 09, 29 og 33, kontantstøtte, barnetrygd og fødselspengar og adopsjonspengar under Barne- og likestillingsdepartementet og programområdet 30 Helsevern, folketrygda under Helse- og omsorgsdepartementet. Gruppa har sett på overslaga i møte 28. oktober 2010. Forslag til endringar i løyvingar som vedkjem Arbeidsdepartementet sine område, er med mindre avrundingar m.m. basert på overslag i Berekningsgruppa for folketrygda. Dei andre departementa fremmar eventuelle forslag om endringar i sine proposisjonar.

Arbeidsdepartementet fremmar forslag om å redusere løyvingane under utgiftskapitla under programområde 09 Arbeid og sosiale formål utanom lånetransaksjonar med 92,8 mill. kroner, å redusere løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda med 4 223,2 mill. kroner og å redusere løyvingane under programområde 33 Arbeidsliv med 150,0 mill. kroner. Samla gjer Arbeidsdepartementet framlegg om at løyvingane under utgiftskapitla utanom lånetransaksjonar vert auka med i overkant av 4 466,0 mill. kroner.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga for inntekter utanom lånetransaksjonar under inntektskapitla med om lag 69,4 mill. kroner.

Til forsida