Prop. 44 S (2012–2013)

Samtykke til å setje i kraft ein protokoll til endring av skatteavtala mellom Kongeriket Noreg og Republikken Sør-Afrika, underskriven i Cape Town 16. juli 2012

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Den 16. juli 2012 blei det i Cape Town skrive under ein protokoll til endring av skatteavtala mellom Noreg og Sør-Afrika. Formålet til protokollen er å betre muligheitene for utveksling av opplysningar for skatteformål mellom dei to statane.

Samtykke til underskriving blei gitt i kongeleg resolusjon av 29. april 2011. Protokollen blei på vegner av Noreg skriven under av ambassadør Kari Bjørnsgaard og på vegner av Sør-Afrika av finansminister Pravin Gordhan.

Protokollen vil trå i kraft når begge statane har gitt kvarandre melding om at nødvendige skritt er tekne for at protokollen kan tre i kraft. Protokollen får verknad frå denne datoen.