Prop. 46 L (2011–2012)

Endringar i straffelova mv. (internasjonal barnebortføring mv.)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

I proposisjonen gjer Justisdepartementet framlegg om å utvide straffansvaret for internasjonal barnebortføring.

Foreldreansvaret er avgjerande for om ein lovleg kan reise eller flytte med barnet sitt til utlandet. Har foreldra delt foreldreansvar, kan den eine ikkje lovleg ta med barnet til utlandet utan samtykke frå den andre (med unntak av kortare utanlandsopphald). Ei ulovleg barnebortføring er likevel berre straffbar når samværsforelderen bortfører barnet til utlandet, jf. straffelova 1902 § 216. I proposisjonen går departementet inn for å utvide straffansvaret slik at ei ulovleg barnebortføring til utlandet sett i verk av han eller ho som barnet bur fast hos, også blir omfatta på visse vilkår. Det blir ikkje gjort framlegg om å innføre eit slikt utvida straffansvar for bortføring innanfor Noreg sine grenser.

Det blir i tillegg gjort framlegg om å endre påtaleregelen i straffelova 1902 § 216 tredje ledd slik at påtale også kan reisast dersom allmenne omsyn tilseier det.

I proposisjonen blir det også gjort framlegg om å endre straffeprosesslova § 323 og tvistelova § 30-3, slik at ankeutvalet i Høgsterett får utvida kompetanse til å treffe realitetsavgjerder under ankeprøvinga.

Departementet gjer også framlegg om nokre lovtekniske endringar som gjeld politiet sin påtalekompetanse. Bakgrunnen for desse framlegga er at ein ved nokre tidlegare endringar i straffelova 1902 har oversett eit behov for å oppdatere tilvisingar i straffeprosesslova om påtalekompetansen til politiet.

Til forsida