Prop. 49 L (2011–2012)

Endringar i kommunelova m.m. (samkommune mv.)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

I denne proposisjonen fremmar Kommunal- og regionaldepartementet forslag til endringar i lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner m.m.

I del I (kapittel 2-8) føreslår departementet å lovfeste ein ny modell for interkommunalt samarbeid i form av ein samkommune. Hovudtrekka ved samkommunemodellen kan summerast opp slik:

  • Samkommunen er ein frivillig samarbeidsmodell som byggjer på ein avtale mellom deltakarkommunane.

  • Samkommunen er eit nytt felles interkommunalt forvaltningsorgan som får myndigheit overført frå deltakarkommunane.

  • Samkommunen er ein eigen juridisk person.

  • Samkommunen har eit felles overordna styringsorgan (samkommunestyret) vald av og blant kommunestyra i deltakarkommunane (minimum tre frå kvar kommune).

  • Samkommunestyret opprettar underliggjande organ.

  • Samkommunen har eigen administrasjonssjef og eigne tilsette.

  • Samkommunen er indirekte finansiert av deltakarkommunane.

  • Deltakarkommunane heftar proratarisk for sin del av forpliktingane til samkommunen.

I del II (kapittel 9-13) følgjer departementet opp St.meld. nr. 33 (2007-2008) Eit sterkt lokaldemokrati (lokaldemokratimeldinga) med enkelte forslag for å styrkje lokaldemokratiet ytterlegare. Departementet foreslår å:

  • Innføre krav om at kommunestyret i kvar valperiode skal vedta nytt delegeringsreglement.

  • Innføre krav om at kommunestyret i kvar valperiode skal avgjere kven som skal gi innstilling i saker.

Etter initiativ frå Oslo kommune foreslår departementet også å lovfeste ei alternativ føresegn om danning av kommuneråd i kommunar med parlamentarisk styringsform.

Der noko anna ikkje går uttrykkjeleg fram, blir omgrepet ”kommune” frå no av brukt som felles nemning på kommune og fylkeskommune.

Til forsida