Prop. 5 L (2010–2011)

Endringar i einingsregisterlova og føretaksregisterlova

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Nærings- og handelsdepartementet fremjar med dette forslag til endringar i lov 3. juni 1994 nr. 15 om Einingsregisteret (einingsregisterlova) og i lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering av føretak (føretaksregisterlova). Forslaget er eit ledd i regjeringa sitt forenklingsarbeid.

Forslaga inneber at reglane om kven som skal signere elektroniske meldingar til Einingsregisteret og Føretaksregisteret, blir enklare. Konkret foreslår departementet følgjande:

  • Dagens forskriftsfullmakt (høve til å gjere unntak frå signeringskrava ved endring av adresse- og kontaktdata) blir utvida slik at ho gjeld alle typar elektroniske meldingar. I forskriftsføresegner vil Nærings- og handelsdepartementet leggje til rette for at alle som i dag er pålagde meldeplikt til Brønnøysundregistra, kan signere åleine. Gjennom forskriftsføresegnene vil departementet òg leggje til rette for at fullmakta til å signere meldinga elektronisk kan delegerast til ein fysisk person føretaket peikar ut ved hjelp av administratorrettane i Altinn.

  • Personkretsen som har meldeplikt til Einingsregisteret, blir utvida. For å få einsarta reglar i registerregelverket blir kretsen som kan signere både papirmeldingar og elektroniske meldingar til Einingsregisteret, utvida tilsvarande.

Kapittel 2 og 3 inneheld bakgrunn og gjeldande rett og dessutan ei vurdering av behovet for lov- og forskriftsendringane.

I kapittel 4 tek departementet opp spørsmålet om å utvide eksisterande forskriftsfullmakt til å gjelde alle typar elektroniske meldingar. I kapittelet er også dei planlagde forskriftsføresegnene skisserte. Kapittel 4 omhandlar også forslaget om å utvide retten til å signere meldingar til Einingsregisteret.

Økonomiske og administrative konsekvensar er behandla i kapittel 5.