Prop. 57 S (2010–2011)

Utbygging og finansiering av ny E39 mellom Astad og Knutset i Gjemnes kommune i Møre og Romsdal

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om utbygging og finansiering av ny E39 mellom Astad og Knutset i Gjemnes kommune. Prosjektet er føresett finansiert med bompengar og statlege midlar. Prosjektet er ei vidareføring av prosjektet E39 Knutset – Høgset (jf. St.prp. nr. 41(2007-2008)).

Prosjektet er omtalt i Prop. 1 S (2009-2010) side 87.