Prop. 62 L (2009–2010)

Endringar i sjølova mv. (innkrevjing av gebyr og tvangsmulkt)

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Nærings- og handelsdepartementet legg med dette fram forslag om endringar i den maritime lovgjevinga og i meisterbrevlova. Endringane i maritimt lovgjeving gjeld lov 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten (sjølova) og lov 12. juni 1987 nr. 48 om norsk internasjonalt skipsregister (NIS-lova). Endringane følgjer av at ein skal gå vekk frå eit system med forskotsbetaling av gebyr til Skipsregistera og over til eit system med etterskotsbetaling. Lovendringane er tekniske endringar som er nødvendige for at Statens Innkrevingssentral (SI) skal ha heimel for tvungen innkrevjing av uoppgjorte gebyr til Skipsregistera. I tillegg føreslår departementet at Statens Innkrevingssentral får heimel til tvangsinnkrevjing av tvangsmulkt etter lov 26. juni 1998 nr. 47 om fritids- og småbåter og lov 16. februar 2007 nr. 9 om skipssikkerhet (skipssikkerheitslova).

Lovendringa i meisterbrevlova er óg ei teknisk endring som er nødvendig for at SI skal ha heimel til å foreta tvungen innkrevjing av lovbrotsgebyret (overtredelsesgebyret) etter meisterbrevlova § 1, til fordel for staten.