Prop. 63 S (2009–2010)

Rettferdsvederlag frå statskassa (Einskildsaker der utbetalt vederlag går ut over Rettferdsvederlags­utvalet si fullmakt)

Til innhaldsliste

1 Stortinget si rettferdsvederlagsordning

Stortinget si rettferdsvederlagsordning er Stortinget si eiga vederlagsordning, der einskildpersoner som har kome særleg uheldig ut, kan søkje om ein skjønnsmessig kompensasjon. Ordninga er basert på sedvane og er ikkje nærmare regulert i formelle reglar. I St.prp. nr. 65 (2006-2007) Rettferdsvederlag frå statskassa (Om Stortinget si rettferdsvederlagsordning, arbeidet i rettferdsvederlagsutvala m.m.) blei det gitt ein nærmare omtale av heile ordninga.

Stortinget sine rettferdsvederlagsutval gjer vedtak i saker om rettferdsvederlag. I saker der det er aktuelt å tilkjenne ein kompensasjon på over kr 200 000, eller over kr 300 000 i saker etter St.meld. nr. 24 (2004-2005), er det Stortinget sjølv som gjer vedtak.

I proposisjonen her blir det lagt fram for Stortinget to saker der det er aktuelt å tilkjenne rettferdsvederlag som overstig beløpsgrensane.