Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 75 S (2010–2011)

Kostnadsramme for prosjektet rv 70 Oppdølstranda i Møre og Romsdal

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Prosjektet rv 70 Oppdølstranda omfattar bygging av ein veg på om lag 9 km, inkludert ein tunnel på om lag 7,6 km, i Sunndal kommune i Møre og Romsdal. Prosjektet skal sikra ein rassikker veg på den rasfarlege strekninga mellom Sunndalsøra og Oppdøl. Prosjektet er nærare omtalt i St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019 side 252-253, Prop. 1 S (2009-2010) side 94-95 og Prop. 1 S (2010-2011) side 108. I Prop. 1 S (2010-2011) vert det opplyst at Samferdselsdepartementet vil komma tilbake til styringsramme og kostnadsramme for prosjektet så snart ekstern kvalitetssikring (KS2) er gjennomført og før anleggsstart.

Til toppen
Til forsida av dokumentet