Prop. 76 L (2011–2012)

Lov om bustøtte (bustøttelova)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Proposisjonen inneheld framlegg til lov om bustøtte. Kommunal- og regionaldepartementet følgjer med det opp St.prp. nr. 11 (2008–2009) Ei styrkt bustøtte, der regjeringa lova å kome tilbake til Stortinget med framlegg om endringar i den rettslege forankringa av bustøtta.

Reglane om bustøtte er i dag spreidde på lov 29. mai 2009 nr. 30 om Husbanken, retningsliner vedtekne av Stortinget 17. mars 2009 og ulike forskrifter. Føremålet med lovframlegget er å få eit regelverk som er oversiktleg og brukarvenleg. Departementet gjer difor framlegg om å samle dei føresegnene i husbanklova som gjeld bustøtte, og dei retningslinene Stortinget har gjeve om bustøtte, og skipe ei eiga lov om bustøtte. Lova skal gje dei overordna prinsippa for bustøtte, medan dei meir detaljerte reglane blir samla i ei forskrift.

Framlegget er hovudsakleg ei lovfesting av gjeldande rett, og endringane er av meir teknisk karakter. Dei hovudprinsippa for bustøtte som Stortinget vedtok 17. mars 2009, er uendra. Det blir i tillegg gjort framlegg om materielle endringar i enkelte av dei administrative føresegnene. Det er hovudsakleg endringar som vil sikre omsynet til rettstryggleiken og personvernet til dei som søkjer om bustøtte.

I kapittel 2 i proposisjonen omtaler departementet høyringa og dei generelle merknadene til framlegget.

I kapittel 3 blir det gjeve ein generell omtale av bustøtteordninga.

I kapittel 4 går departementet gjennom gjeldande regulering av bustøtta og gjer framlegg om å regulere bustøtta i ei eiga lov om bustøtte.

Lov om bustøtte gjev søkjaren ein rett til bustøtte dersom han eller ho fyller vilkåra i lova eller ei forskrift gjeve med heimel i lova. Kapittel 5 gjev ein nærare gjennomgang av dei enkelte føresegnene i den nye lova. Paragrafane 1 til 7 er ei lovfesting av hovudprinsippa i gjeldande retningsliner, vedtekne av Stortinget 17. mars 2009. Det gjeld føremålet, verkeområdet, vilkåra for rett til bustøtte med visse unntak, krava til bustaden og utrekninga, finansieringa og administreringa av bustøtte.

I punkt 5.7 gjer departementet framlegg om å lovfeste heimelen for Husbanken til å påleggje offentlege styresmakter o.a. å gje opplysningar som har verknad for rettar eller plikter som følgjer av lova.

Vidare gjer departementet framlegg i punkt 5.8 om å lovfeste at Husbanken og kommunane ikkje skal hente inn og handsame personopplysningar om søkjaren og dei andre i husstanden utan samtykke frå den det gjeld. Det gjeld ikkje dersom det er uhøveleg vanskeleg å få samtykke, og det er klart at den som opplysningane gjeld ville ønskt ei slik handsaming.

Departementet tilrår i punkt 5.9 òg å vidareføre ein heimel for departementet til å kunne gje andre offentlege styresmakter opplysningar frå bustøtteregisteret.

I punkt 5.10 tilrår departementet å vidareføre den eksklusive retten kommunane har til å kunne overta krav som mottakarar har på bustøtte (frivillig transport). Departementet gjer framlegg om å oppheve heimelen om tvungen transport, det vil seie at kommunen ikkje lenger skal kunne tre inn i retten til bustøtte når mottakaren ikkje samtykkjer til det.

I punkt 5.11 gjer departementet framlegg om å vidareføre gjeldande rett som gjev Husbanken rett til å krevje for mykje utbetalt bustøtte tilbake i visse høve. For å sikre at bustøtta berre blir gjeve til dei som har krav på støtte, gjer departementet framlegg om systematisk etterkontroll av den inntekta og den formuen som blei lagde til grunn då bustøtta til søkjaren blei utrekna.

Då talet på tilbakekrav vil auke som følgje av etterkontroll, tilrår departementet i punkt 5.12 at Statens innkrevjingssentral skal få oppgåva med å drive inn krav på tilbakebetaling av bustøtte. Det gjeld både utanrettsleg innkrevjing og tvangsinnkrevjing.

I punkt 5.13 gjer departementet framlegg om å avvikle ordninga med at Husbanken sjølv avgjer klager på vedtak om bustøtte. Det blir tilrådd å gje departementet fullmakt til å fastsetje forskrift om særskild klagenemnd for enkeltvedtak etter lov om bustøtte.

I kapittel 6 blir dei økonomiske og administrative konsekvensane omtalt.

Kapittel 7 inneheld merknader til dei enkelte paragrafane i lova.

Til forsida