Prop. 77 L (2010–2011)

Endringar i aksjelova mv.

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

I denne proposisjonen legg Justisdepartementet fram forslag om endringar i lov 13. juni 1997 nr. 44 om aksjeselskaper § 16-16 første ledd og § 16-17 første ledd.

Aksjelova § 16-16 omhandlar sakshandsaminga i saker om tvangsoppløysing etter orskurd frå tingretten, jf. aksjelova § 16-15 (nr. 1 til 5). Endringsforslaget gjeld Brønnøysundregistra si plikt til å sende varsel til eit selskap som står i fare for å bli løyst opp. Justisdepartementet foreslår òg ei presisering av kva som er avgjerande for at tingretten skal ha kompetanse til å handsame ei sak om oppløysing, jf. aksjelova § 16-17. Proposisjonen omhandlar ikkje reglane om oppløysing av aksjeselskap etter vedtak av generalforsamlinga eller ved dom etter krav frå ein aksjeeigar.

Justisdepartementet foreslår også endringar i dei liknande føresegnene til aksjelova §§ 16-16 og 16-17 i lov 13. juni 1997 nr. 45 om allmennaksjeselskaper §§ 16-16 og 16-17, lov 6. juni 2003 nr. 38 om bustadbyggjelag §§ 10-15 og 10-16 og lov 29. juni 2007 nr. 81 om samvirkeforetak §§ 142 og 143.

Justisdepartementet foreslår dessutan retting av nokre inkuriar. Dette gjeld aksjelova § 1-5, § 5-19, overskrifta til kapittel 11, § 13-6 og § 13-18, allmennaksjelova § 1-5, § 5-19 og § 8-10 og lov 13. mai 1988 nr. 26 om inkassovirksomhet og annen inndriving av forfalte pengekrav § 5 femte ledd andre punktum.