Prop. 84 L (2011–2012)

Endringar i opplæringslova og privatskolelova (undervisningskompetanse m.m.)

Til innhaldsliste

2 Høring

Høringsnotat om å innføre krav om relevant kompetanse for å undervise, samt forslag om tilsetjing på vilkår, vart sendt på høring 20. oktober 2010 med høringsfrist 10. januar 2011. Det kom inn 120 høringssvar.

Høringsnotat med forslag om nasjonal føresegn om lærartettleik, om regulering av innføringstilbod og om innføring av ei føresegn om opplæring ved behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK), vart sendt på høring 4. oktober 2011, med høringsfrist 3. januar 2012. Det kom inn 192 høringssvar. Lovforslaget om lærartettleik er ikkje omtalt i denne lovproposisjonen. Departementet arbeider vidare med denne saka i ein eigen prosess.

Høringsnotat med forslag om føresegner i privatskolelova om godkjenning av skolar som tilbyr opplæring i små og verneverdige handverksfag vart sendt på høring 26. oktober 2011 med høringsfrist 3. januar 2012. Det kom inn 52 høringssvar.

Høringsnotat med forslag om føresegner om organiseringa av skoleåret på tredje trinn på studieførebuande utdanningsprogram vart sendt på høring 2. november 2011, med høringsfrist 3. januar 2012. Det kom inn 65 høringssvar. Dette lovforslaget er ikkje omtalt i denne lovproposisjonen. Departementet arbeider vidare med denne saka i ein eigen prosess.

Synspunkta frå høringsinstansane til dei einskilde forslaga er nærmare oppsummerte under omtalen av kvart forslag.

Høringsnotata vart sende til desse høringsinstansane:

  • Departementa

  • Kommunane

  • Fylkeskommunane

  • Fylkesmennene

  • Akademikerne

  • Aktive foreldre

  • Antirasistisk senter

  • Arbeidsgiverforeningen Spekter

  • Barneombodet

  • CULCOM v/ UiO (Kulturell kompleksitet i det nye Norge)

  • Datatilsynet

  • Det utdanningsvitskaplege fakultet, UiO

  • Dysleksiforbundet

  • Elevorganisasjonen

  • FAFO

  • Faglege råd v/ Utdanningsdirektoratet

  • Fellesforbundet

  • Fellesorganisasjon for barnevernspedagoger, sosionomer og vernepleiere

  • Folkekulturforbundet (FKF)

  • Forbrukarombodet

  • Forbrukarrådet

  • Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG)

  • Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO)

  • Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH), nå skiftet namn til Hovedorganisasjonen Virke

  • Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede (Unio)

  • Håndverkbedriftenes Landsforening

  • Innvandrernes Landsorganisasjon (INLO)

  • Institutt for samfunnsforsking (ISF)

  • Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

  • ISAAC Norge (International Society For Augmentative And Alternative Communication)

  • Kontaktutvalget mellom innvandrerbefolkningen og myndighetene (KIM)

  • KS (Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon)

  • Kunst i skolen

  • Kunst og design i skolen

  • Landslaget Fysisk Fostring i Skolen

  • Landsorganisasjonen i Noreg (LO)

  • Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar

  • Likestillings- og diskrimineringsombodet

  • Longyearbyen lokalstyre

  • LUFS - Landslaget for nærmiljøskolen

  • Lærernes Yrkesforbund

  • Mesterbrevnemnda

  • Minoritetsspråklig ressursnettverk (MiR)

  • Musikernes fellesorganisasjon (MFO – forbundet for utøvende kunstnere og pedagoger)

  • Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT)

  • Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO)

  • Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa

  • Nettverket av samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

  • NIFU Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning, tidl. NIFU STEP

  • Noregs forskingsråd

  • Noregs Handicapforbund

  • Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU)

  • Norsk foreldrelag for funksjonshemmede

  • Norsk forbund for fjernundervisning og fleksibel utdanning (NFF)

  • Norsk handverksutstilling

  • Norsk Innvandrerforum

  • Norsk Kulturråd

  • Norsk kulturskoleråd

  • Norsk Lektorlag

  • Norsk senter for flerkulturell verdiskaping

  • Norsk Skolelederforbund

  • Norsk studentorganisasjon (NSO)

  • NOVA (Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring)

  • Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)

  • Opplysningstenesta for heimeundervisning

  • Private Barnehagers Landsforbund (PBL)

  • Private grunnskolar

  • Private vidaregåande skolar

  • Privatskoleorganisasjonane

  • Riksarkivet

  • Riksrevisjonen

  • Rådet for psykisk helse

  • Samarbeidsforum for estetiske fag

  • Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO)

  • Sametinget

  • Samnemnda for NF og NKF

  • Samordna opptak

  • SEFIA, Høgskolen i Oslo

  • Senter for interkulturell kommunikasjon

  • Senter mot etnisk diskriminering

  • Sivilombodsmannen

  • Skolenes landsforbund

  • Språkrådet

  • Samarbeidsrådet for yrkesopplæring (SRY) v/ Utdanningsdirektoratet

  • Statens lånekasse for utdanning

  • Statens råd for funksjonshemma

  • Statistisk sentralbyrå (SSB)

  • Statlege grunnskolar og vidaregåande skolar

  • Sysselmannen på Svalbard

  • Tekna (Teknisk-naturvitenskapelig forening)

  • Ungt Entreprenørskap Norge

  • Universitet/Høgskolar

  • Universitets- og høgskolerådet

  • Utdanningsdirektoratet

  • Utdanningsforbundet

  • Utdanningsgruppenes hovedorganisasjon

  • Utlendingsdirektoratet (UDI)

  • VOX – vaksenopplæringsinstituttet

  • Voksenopplæringsforbundet (VOFO)

  • Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS)

Departementet har vore i kontakt med Sametinget. Det har ikkje vore nødvendig med konsultasjon.

Til forsida