Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 84 L (2011–2012)

Endringar i opplæringslova og privatskolelova (undervisningskompetanse m.m.)

Til innhaldsliste

4 Forslag om å lovfeste høve til å tilsetje på vilkår

4.1 Bakgrunnen for forslaget

Forskrift til opplæringslova § 14–5 opnar for at ein søkjar i visse tilfelle kan tilsetjast på vilkår om at utdanning blir fullførd. Departementet er kjent med at det også elles i grunnopplæringa enkelte stader har utvikla seg ein tilsvarande praksis. Tilsetjing skjer da sjølv om søkjarane manglar ein del av utdanninga på tilsetjingstidspunktet, fordi det er vanskeleg å fylle stillingane med fullt kvalifiserte søkjarar.

4.2 Gjeldande rett

Opplæringslova har i dag inga generell føresegn som opnar for å tilsetje på vilkår. Forskrift til opplæringslova har likevel ei særføresegn om dette i § 14–5, som seier at dersom det ikkje er søkjarar som fyller kompetansekrava, kan ein søkjar som berre fyller dei faglege krava, tilsetjast som lærar i yrkesfag eller morsmål på det vilkår at utdanninga blir fullførd. Arbeidsgivar og arbeidstakar skal avtale lengda på slik tilsetjing på vilkår, og dei må da ta omsyn til omfanget av stillinga, lengda på utdanninga og kor tilgjengeleg utdanningstilbodet er.

4.3 Høringa

4.3.1 Høringsforslaget

Departementet foreslo at det også ved tilsetjing i andre undervisningsstillingar enn stillingar i yrkesfag eller morsmål skal kunne tilsetjast søkjarar på vilkår om at utdanninga blir fullførd. Departementet meinte det kan vere behov for ein slik utveg der det er vanskeleg å fylle stillingane med fullt kvalifiserte søkjarar. Dette skal gjelde uansett kva kompetanse søkjaren manglar: fagkompetanse, pedagogisk kompetanse eller andre typar utdanning det er stilt krav om for å kunne bli tilsett i undervisningsstilling.

I høringsnotatet foreslo departementet at ei slik føresegn om tilsetjing på vilkår bør vere ein del av opplæringslova, og at denne nye lovføresegna vil erstatte § 14–5 i forskrift til opplæringslova.

Det vart foreslått at slik tilsetjing berre skal være mogleg dersom det ikkje er søkjarar som fyller kompetansekrava. Arbeidsgivar og arbeidstakar skal avtale lengda på tilsetjinga ut frå kor mykje tid som er nødvendig for å få fullført den påbyrja utdanninga. Departementet foreslo vidare at for den som er tilsett på vilkår, skal kravet om kompetanse for undervisning ikkje gjelde. Skoleeigaren bør likevel sørgje for at den som er tilsett på vilkår, så langt mogleg underviser i det den det gjeld har kompetanse i, eller er i ferd med å opparbeide seg kompetanse i.

4.3.2 Høringsfråsegner

Dei fleste av høringsinstansane som har uttalt seg om dette, støttar forslaget frå departementet.

Skolenes landsforbund skriv dette i si høringsfråsegn:

”Skolenes landsforbund ser på vilkårstilsetting som et svært egnet middel for skolene til å skaffe seg tiltrengt lærerkompetanse. En allmenngjøring av denne ordningen vil være et positivt, fornuftig og kompetansefremmende tiltak vi gir varm støtte til.”

I ei felles høringsfråsegn frå kommunane i Nord-Gudbrandsdal (Dovre, Lesja, Lom, Sel, Skjåk og Vågå) blir det sagt at tilsetjing på vilkår vil kunne vere til hjelp for å rekruttere lærarar til små skolar.

Buskerud fylkeskommune støttar forslaget, men føreset

”at den som er tilsatt på vilkår, sies opp på ordinær måte under henvisning til denne paragrafen”.

Foreldreutvalet for grunnopplæringa meiner at tilsetjing på vilkår bør gjelde i maksimum tre år, og skriv:

”På den måten hindrer en spekulasjoner i å utvide denne tilsettingen. I dag er det ingen problemer å fullføre en utdanning, uansett hvor en er i verden.”

Utdanningsdirektoratet påpeiker at det ikkje er sett noka nedre grense for kva ein kan sjå som ”påbegynt” utdanning. Direktoratet meiner at dette bør presiserast nærmare og skriv at det f.eks. kan stillast krav om at et visst antall studiepoeng er oppnådd.

Utdanningsforbundet og Unio støttar ikkje forslaget, men skriv:

”For å skaffe nødvendig lærerdekning er det riktig å videreføre muligheten til å tilsette lærere med fagutdanning, men med manglende pedagogisk og yrkesteoretisk utdanning i yrkesfaglige utdanningsprogram, samt morsmålslærere uten pedagogisk utdanning, på vilkår om fullført utdanning. [Utdanningsforbundet/Unio] meiner det er uheldig at forskriftsstridig praksis enkelte steder skal føre til utvidelse av muligheten til å tilsette på vilkår. Vi kan ikke se behovet for å utvide denne ordningen til også å omfatte studieforberedende utdanningsprogram, og går imot forslaget til ny lovparagraf om tilsetting på vilkår.”

4.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet foreslår ein ny § 10–6a i opplæringslova som vil opne for å tilsetje på vilkår om at påbyrja utdanning blir fullførd. Dette kan berre gjerast dersom det ikkje er søkjarar som fyller alle kompetansekrav for tilsetjing. Forslaget er ei utviding av § 14–5 i forskrift til opplæringslova, og vil erstatte denne.

Departementet er kjent med at det enkelte stader har utvikla seg ein praksis med tilsetjing på vilkår, og da også i andre tilfelle enn det som er regulert i § 14–5 i forskrifta. Departementet meiner at det kan vere behov for ei slik føresegn også i andre delar av grunnopplæringa. Føresetnaden for slik tilsetjing må i alle tilfelle vere at det ikkje er søkjarar som oppfyller tilsetjingskrava.

For å kunne bli tilsett på vilkår må søkjaren alt verei gang med relevant utdanning. Departementet ser ikkje nokon grunn til å setje ei nedre grense for kva som kan vurderast som påbegynt utdanning. Det må vere skoleeigaren sitt ansvar å sørgje for at slik tilsetjing berre skjer der søkjaren faktisk er i gang med ei utdanning som, når fullførd, vil kunne oppfylle kravet til å kunne bli tilsett i undervisningsstilling.

Arbeidsgivar og arbeidstakar skal avtale lengda på tilsetjinga. Det går fram av lovteksten at dei da må ta omsyn til omfanget av stillinga, lengda på utdanninga og kor tilgjengeleg utdanningstilbodet er. Departementet meiner derfor at forslaget inneheld ei tilstrekkeleg avgrensing av kor lenge ei slik tilsetjing kan vare, og ønskjer ikkje å foreslå ei grense for maksimal lengd.

Ei tilsetjing på vilkår skal avsluttast ved utløpet av det avtalte tidsrommet. Dersom vilkåra i mellomtida er oppfylte, vil arbeidsforholdet gå over til fast tilsetjing. Dersom vilkåra ikkje er oppfylte, vil arbeidsforholdet i utgangspunktet ta slutt ved utløpet av det avtalte tidsrommet. Av omsyn til arbeidstakaren meiner departementet at reglane i arbeidsmiljølova om avslutting av mellombels tilsetjing bør gjelde så langt dei høver. Det inneber at ein arbeidstakar som har vore tilsett i meir enn eitt år, har krav på skriftleg varsel om tidspunktet for fråtreding seinast ein månad før fråtredingstidspunktet, jf. arbeidsmiljølova § 14–9 fjerde ledd. Ettersom det er viktig at tilsetjingsreglane er så klare som mogleg, meiner departementet at dette også bør gå fram av lovføresegna om tilsetjing på vilkår. Forslaget som vart sendt til høring er derfor justert i samsvar med dette, ved at ei tilvising til arbeidsmiljølova er teken inn i departementet sitt forslag til ny lovføresegn.

Femte ledd andre punktum i arbeidsmiljølova § 14–9 seier at arbeidstakar som har vore samanhengande mellombels tilsett i meir enn fire år etter første ledd bokstav a og b, skal reknast som fast tilsett, slik at reglane om oppseiing av arbeidsforhold vil gjelde. Etter ordlyden og forarbeida, Ot.prp. nr. 54 (2008–2009), gjeld denne føresegna berre for mellombels tilsetjing etter arbeidsmiljølova § 14–9 første ledd bokstav a og b. Ho vil derfor ikkje gjelde ved tilsetjing på vilkår etter opplæringslova § 10–6a.

Departementet meiner at dei nye krava om relevant kompetanse i undervisningsfaget ikkje skal gjelde dei som er tilsette på vilkår. Dette heng saman med at dei i utgangspunktet fyller eit behov der skoleeigaren ikkje får tak i nødvendig kompetanse. Departementet viser til omtalen under kapittel 3.5.2 i proposisjonen.

Ny føresegn om tilsetjing på vilkår i opplæringslova § 10–6a skal gjelde tilsvarande for private grunnskolar og private skolar med rett til statstilskot. Departementet foreslår derfor at opplæringslova § 2–12 og privatskolelova § 4–2 andre ledd blir endra slik at det her også blir vist til opplæringslova § 10–6a.

Til toppen
Til forsida av dokumentet