Prop. 86 S (2010–2011)

Endringar i statsbudsjettet for 2011 under Fiskeri- og kystdepartementet (oljevernaksjon i samband med Godafoss-grunnstøytinga)

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Det Antigua Barbuda-registrerte containerskipet ”Godafoss” grunnstøytte om lag klokka 20.00, torsdag 17. februar 2011, på Kvernskjær, mellom Asmaløy og Kirkøy i Hvaler i Østfold. Skipet hadde truleg rundt 800 tonn tungolje om bord ved grunnstøytinga. Det vart registrert lekkasje i to tankar midtskips, kvar med 265 tonn olje. Mannskapet vart ikkje skada.

Som følgje av omfanget av hendinga vart det i løpet av kvelden same døgn sett i verk ein statleg aksjon i regi av Kystverket. Det lokale interkommunale utvalet mot akutt forureining (IUA) vart mobilisert, og fleire statlege fartøy og ressursar vart kalla inn.

Store sjøgåande ressursar med ulikt oljeopptaksutstyr vart mobiliserte. Kystverket nytta den såkalla København-avtalen for å be om hjelp frå Sverige. Tre svenske fartøy var med i den sjøgåande operasjonen.

Kystverket forsøkte tidleg i operasjonen å peile oljen i tankane, for å sjå kor mykje som hadde leke ut. På grunn av låg temperatur i tankane var oljen blitt så tjukk at det ikkje var råd å komme til med peilingsutstyr. Det var derfor vanskeleg å seie noko eksakt om kor mykje olje som hadde leke ut. Men ein rekna tidleg med at det truleg ikkje var store mengder. Kystverket gav skadevaldar pålegg om å setje i verk tiltak for å avgrense forureininga frå havaristen.

Den 23. februar vart ”Godafoss” dregen av grunnen, og slept til ankringsplass ved Kjerringholmen for nødlossing av drivstoff og last. Eigaren av ”Godafoss” ønskte å segle fartøyet til Danmark for reparasjon. Med utgangspunkt i pålegg frå både Sjøfartsdirektoratet og Kystverket leverte reiarlaget Eimskip ei risikovurdering for overfarten, i forkant av seglasen. Denne vurderinga skisserte også tiltak for å avgrense risikoen for vidare forureining. Opplysningane og risikovurderingane som var gjort gav ikkje Kystverket eller Sjøfartsdirektoratet grunnlag for å gi ytterlegare pålegg til reiarlaget. Etter å ha gjennomført ei stabilitets- og styrkevurdering av skipet, godkjende klasseselskapet Det Norske Veritas (DNV) overfarten til Danmark.

Under overfarten vart det ikkje registrert oljeutslepp, men det oppstod oljeforureining frå olje som satt fast på utsida av skroget til Godafoss. Reiarlaget hadde ansvaret for å gjennomføre dei tiltaka som var skisserte, og for at operasjonen vart gjennomført slik det var framlagt for ansvarlege styresmakter. Kystverket har på denne bakgrunn bedt Eimskip om ei utgreiing om oljeforureininga under overfarten.

Til forsida