Prop. 87 L (2012–2013)

Endringar i helsepersonellova m.m. (utsending av epikrisar og utlevering av teiepliktige opplysningar til bruk i læringsarbeid og kvalitetssikring m.m.)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Helse- og omsorgsdepartementet foreslår i denne proposisjonen å endre lov 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v. (helsepersonellova) slik at det blir opna for eit avgrensa høve til å utlevere teiepliktige opplysningar til bruk i læringsarbeid og kvalitetssikring, jf. kapittel 4 i proposisjonen. Ei slik endring vil vere eit viktig tiltak for pasienttryggleiken.

Vidare blir det foreslått å flytte gjeldande regulering av epikriseutsending frå helse- og omsorgstenesta frå forskrift 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal (pasientjournalforskrifta) og inn i helsepersonellova, jf. kapittel 3 i proposisjonen. Endringa er i all hovudsak regelteknisk og ei rettskjeldemessig forsterking ved at føresegna blir flytta frå forskriftsnivå til lovnivå.

I kapittel 5 er dei personvernmessige konsekvensane av forslaga vurderte, og i kapittel 6 er det gjort greie for administrative og økonomiske konsekvensar av forslaga.

Vidare foreslår departementet i kapittel 7 nokre omgrepsmessige og tekniske endringar i lov 23. juni 2000 nr. 56 om helsemessig og sosial beredskap (helseberedskapslova), lov 18. mai 2001 nr. 24 om helseregistre og behandling av helseopplysninger (helseregisterlova) og lov 24. juni 2011 nr. 29 om folkehelsearbeid (folkehelselova). Desse endringane har ingen samanheng med dei lovendringsforslaga som er diskuterte i kapittel 3 og kapittel 4. Som følgje av at det her berre er snakk om lovendringar av omgrepsmessig og teknisk art, har det ikkje vore gjennomført høyring av forslaga.

Spesielle merknader til forslaga er tekne inn i kapittel 8 i proposisjonen.