Prop. 94 L (2011–2012)

Lov om Patentstyret og Klagenemnda for industrielle rettar (patentstyrelova)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Nærings- og handelsdepartementet fremjar med dette eit forslag til lov om Patentstyret og Klagenemnda for industrielle rettar (Patentstyrelova). Lova skal erstatte lov 2. juli 1910 nr. 7 om Styret for det industrielle Retsvern.

Bakgrunnen for forslaget er eit generelt behov for revisjon og modernisering av den gjeldande lova. I tillegg er det ønskjeleg å gjere nokre endringar i organiseringa av Patentstyret og regulere nokre tilhøve som ikkje er regulerte i gjeldande lov. I St.meld. nr. 7 (2008-2009) Et nyskapende og bærekraftig Norge blir behovet for å revidere lova av 1910 omtala på side 63.

Forslaget til ny lov regulerer organiseringa av og saksbehandlinga i Patentstyret.

Det blir foreslått at Patentstyrets direktør skal tilsetjast som tenestemann på åremål for inntil seks år, med høve til å fornye åremålsperioden éin gong. Etter gjeldande lov blir direktøren utnemnd som embetsmann utan tidsavgrensing.

Det blir vidare foreslått å opprette ei eiga Klagenemnd for industrielle rettar som skal behandle klager over avgjerdene tekne av Patentstyret. Klagenemnda skal erstatte Patentstyrets andre avdeling som er klageinstans i dag. Klagenemnda skal vere eit eige uavhengig organ.

For å tydeleggjere at munnlege forhandlingar mellom partar og møte med ein part kan vere eit viktig verkemiddel for å sikre ei best mogleg opplysning av ei sak, blir det foreslått særskilte reglar om munnlege forhandlingar og møte. Etter forslaget skal Patentstyret og Klagenemnda på alle trinn i saksbehandlinga av eige tiltak vurdere om det er føremålstenleg å halde munnlege forhandlingar eller møte. Dersom ein part, som har sakleg grunn for det, krev at det skal haldast møte eller munnlege forhandlingar, skal Patentstyret eller Klagenemnda etterkome kravet i den grad ei forsvarleg utføring av tenesta tillèt det.

For å sikre at ordninga med administrativ overprøving av registrerte industrielle rettar i Patentstyret skal vere eit godt alternativ til å reise rettssak for domstolane blir det foreslått reglar som gir høve til å tilkjenne sakskostnader i slike saker.