Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 1 S (2018–2019)

FOR BUDSJETTÅRET 2019 — Utgiftskapitler: 61, 400–491 Inntektskapitler: 3400–3490

Til innholdsfortegnelse

Del 3
Særlege tema

3 Forenklingsarbeid, modernisering og betre gjennomføringskraft

3.1 DSB

3.1.1 Nødmeldingssentralar

Nasjonalt nødmeldingsprosjekt dokumenterte i 2014 at det er lønnsamt å redusere talet på sentralar i kvar etat og i størst mogleg grad lokalisere desse saman. Felles geografiske verkeområde har praktiske og beredskapsmessige fordelar, og vil kunne leggje til rette for meir effektiv handtering av hendingar og færre feil og mistydingar i samvirket mellom etatane. Fleire av operasjonssentralane i politiet og 110-sentralane i brannvesenet er derfor i ferd med å bli lokaliserte vegg i vegg i dei nye politidistrikta, som har samanfallande geografiske grenser med 110-regionane. Det blir òg lagt til rette for at AKM-sentralane til helsetenestene kan bli plasserte same stad på eit seinare tidspunkt, dersom dei sjølv ønskjer det. Den første samlokaliserte nødmeldingssentralen opna i distrikt Innlandet på Hamar 30. mars 2017, etterfølgd av Bodø 6. juni 2017, Ålesund 12. desember 2017 og Ski 3. mai 2018. Ein tek sikte på å opne i Tønsberg til hausten og i Tromsø til vinteren.

3.1.2 Nødnett

Utbygginga av Nødnett har vore ei stor statleg investering i kritisk infrastruktur og er eit døme på eit omfattande tverrsektorielt digitaliseringsprosjekt. Eit felles robust digitalt radiosamband i heile Noreg gjer at nødetatane og andre beredskapsaktørar kan kommunisere meir effektivt i det daglege virket og ved kriser, og gir styrkt beredskap. Nød- og beredskapsaktørar kan med Nødnett samverke betre på tvers av sektorar, organisasjonar og geografiske grenser og såleis yte befolkninga betre tenester. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) overtok ansvar og funksjonar frå Direktoratet for nødkommunikasjon, som vart avvikla som sjølvstendig verksemd 1. mars 2017. DSB forvaltar statens eigarskap til Nødnett, arbeider strategisk med nød- og beredskapskommunikasjon, neste generasjons nødnett og IKT-utvikling på samfunnstryggleiksfeltet.

3.2 Politiet

3.2.1 Digitalisering – fornye, forenkle og forbetre

Situasjonsskildring

IKT-området i politiet har gjennomgått store endringar dei siste åra. Det er gjennomført ei profesjonalisering, bl.a. gjennom etablering av Politiets IKT-tenester (PIT) som felles leverandør av IKT-tenester. Lokale IKT-medarbeidarar og IKT-løysingar i distrikta er overførte til PIT for å gi betre organisering og styring av heile IKT-funksjonen.

Dei siste åra er det gjennomført store og viktige tiltak for å sikre og forbetre politiets IKT-infrastruktur og tilpassing av IKT-løysingane til ny distrikts- og organisasjonsstruktur som følgje av nærpolitireforma. I heile perioden er det òg levert endringar og ny funksjonalitet både gjennom prosjekt og fortløpande forvaltning. Det er framleis eit stort behov for å modernisere dagens IKT-løysingar i politiet (ta inn etterslepet frå 2000-talet) og for å utvikle nye digitale løysingar for å forbetre og effektivisere oppgåveløysinga i politiet.

I Prop. 61 LS (2014–2015) om nærpolitireforma vart det slått fast at det ikkje var mogleg å utvikle norsk politi til ein effektiv leverandør av gode polititenester utan å styrke føresetnadene for å ta i bruk moderne teknologi. Det var behov for nye arbeidsprosessar og -metodar i nesten alle ledd i organisasjonen, og det må understøttast av moderne IKT-verktøy. Eit langsiktig arbeid for å einast om nasjonale strategiar og løysingar vart sett i gang. Dei økonomiske rammene til IKT-området vart auka noko slik at politiets IKT-infrastruktur kunne oppgraderast, og at informasjonstryggleiken betre kunne varetakast. Det har blitt gjennomført ei rekkje tiltak for å auke tilgjengelegheita og unngå at uvedkommande får tilgang til politiets informasjon. Det har blitt laga ein digitaliseringsstrategi og ein IKT-strategi for korleis ein kan modernisere slik at datamaskiner kan nyttast til det dei er gode til i dag, og ikkje det dei var gode til for tjue år sidan.

Det store etterslepet

Dei siste tjue åra har ikkje utviklinga av politiets IKT-løysingar følgt ein heilskapleg plan eller arkitektur basert på ei samla forståing av politiets behov for IKT-løysingar. Utviklinga har vore prega av at større og mindre funksjonelle behov har blitt løyste ved å vidareutvikle eksisterande applikasjonar eller ved å etablere nye enkeltløysingar. Dette har ført til at politiet no har eit fragmentert informasjons-, applikasjons- og teknologi- og infrastrukturlandskap som ikkje støttar morgondagens behov.

Vegkart framover

Teknologiutviklinga skaper eit handlingsrom, men opnar òg opp for nye sårbarheiter. Ny teknologi kan, om han blir utnytta, gi politiet heilt andre moglegheiter til å løyse samfunnsoppdraget. Men han gir òg heilt nye moglegheiter for kriminelle, og vi ser at den moglegheita blir nytta på fleire og fleire kreative måtar. Denne utviklinga stiller store krav til korleis politiet utnyttar informasjon og teknologi. Gjennom reforma er det laga planar om at etterretning og førebygging skal vere retningsgivande for måten politiet jobbar på, slik at dei kan vere i forkant av kriminaliteten, levere tilgjengelege polititenester med høg kvalitet og vere til stades og skape tryggleik i det digitale rommet. For å klare dette må dei vere eit moderne og kompetent politi.

Alle delar av oppgåveløysinga til politiet er avhengige av gode digitale løysingar om dei skal kunne leverast på ein god måte, men spesielt oppgåver knytte til det å vere «i forkant av kriminaliteten» og å skape «tryggleik i det digitale rommet» stiller krav til dei digitale løysingane til politiet, som skil seg frå det mange andre verksemder står overfor. Dette er behov som det i liten grad kan kjøpast ferdige IKT-løysingar til i marknaden, og som marknaden generelt har lite kompetanse på. Dette er i kjernen av politiets verksemd og dermed område der politiet sjølv må ha kompetanse og kapasitet til å utvikle digitale løysingar. Andre delar av oppgåvene til politiet kan i større grad løysast med hjelpemiddel som òg andre verksemder bruker. Då vil det kunne finnast løysingar i marknaden som kan gjenbrukast, og den private marknaden vil i større grad ha kompetanse som kan nyttast i utviklingsarbeidet på ein effektiv måte.

Utgifter til IKT i politiet utgjer litt over 10 pst. av budsjettet til etaten. Politiet har mange, ueinsarta og kompliserte oppgåver, så det er ikkje unaturleg at det kostar å halde etaten med løysingar. Det er likevel mogleg å nytte ressursane smartare slik at politiet får meir att for pengane. Nye måtar å levere IKT på skal innførast. Det vil likevel vere krevjande å ta igjen etterslepet som har opparbeidd seg, innanfor rimeleg tid, samstundes som dei gamle systema må vere tilgjengelege.

3.2.2 Byggjesaker i politiet

Politihøgskolen

Politihøgskolen (PHS) er i dag lokalisert i Oslo, Stavern, Bodø og Kongsvinger. I den politiske plattforma heiter det at regjeringa vil vurdere å plassere ein ny politihøgskule utanfor Oslo sentrum. Behovet for nye lokale må sjåast i samband med andre behov i justissektoren. Av omsyn til meir prekære byggje- og investeringsprosjekt vil ikkje regjeringa setje i gang ei utgreiing om investeringar for nye lokale til Politihøgskolen på noverande tidspunkt. Når det er grunnlag for å starte ei slik utgreiing, vil vurderinga av lokalisering utanfor Oslo sentrum setjast i verk.

Politihus i Bergen

Det er blitt gjennomført ei konseptvalutgreiing for nytt politihus i Bergen. Med bakgrunn i tilrådinga frå konseptvalutgreiinga blir det arbeidd vidare med utgreiing som grunnlag for kvalitetssikring trinn to KS1. Det er usikkert om tomta på Nygårdstangen er eigna for eit nytt politihus, og utgreiinga vil gi svar på dette. Når utgreiinga er ferdigstilt, skal ho kvalitetssikrast av eksterne konsulentar.

Politihus i Oslo

Departementet har sett i gang ei konseptvalutgreiing for politihus i Oslo. Politihuset på Grønland er nedslite, og i utgreiinga vil ein sjå på alternativ for korleis politiet skal få areal som støttar opp under tenestene til politiet. Utgreiinga skal vere ferdig innan utgangen av 2018, og vil deretter bli kvalitetssikra.

3.2.3 Bemanninga i politi- og lensmannsetaten

Det er eit mål å heve grunnbemanninga i politi- og lensmannsetaten. Regjeringa har ei målsetjing om to polititenestepersonar per 1 000 innbyggjarar på nasjonalt nivå innan 2020. Vi er i rute til å nå dette målet. Det vil vere variasjonar i dekningsgrad mellom politidistrikta ut frå kriminalitetsbilete og særskilde utfordringar i ulike distrikt. Per første kvartal 2018 var politidekninga 1,91 per 1 000 innbyggjarar på nasjonalt nivå.

Bemanninga i politi- og lensmannsetaten har frå utgangen av 2013 til og med august 2018 auka med om lag 2 600 årsverk, der over 1 500 er politiårsverk. Per 31. august 2018 er det over 10 200 politiårsverk i etaten, og over 17 300 årsverk totalt sett.

Figur 3.1 Årsverk totalt for politi- og lensmannsetaten på nasjonalt nivå, fordelte på ulike stillingsgrupper (inkl. PST) i perioden 2013–2018

Figur 3.1 Årsverk totalt for politi- og lensmannsetaten på nasjonalt nivå, fordelte på ulike stillingsgrupper (inkl. PST) i perioden 2013–2018

Grafen viser talet på årsverk ved utgangen av året. 2018* viser talet på årsverk per 31. august 2018.

Kilde: POD

Tal frå POD viser at per 31. august 2018 hadde om lag 95 pst. av studentane som hadde bestått alle eksamenane frå kulla våren 2013, 2014, 2015 og 2016, jobb i politiet. På same tidspunkt hadde i underkant av 90 pst. av dei som hadde bestått alle eksamenane frå 2017-kullet, jobb i politiet.

3.3 Domstolane

3.3.1 Digitalisering og struktur

Modernisering og effektivisering av domstolane skjer i hovudsak gjennom digitalisering og tiltak knytte til organisering og lovprosessar.

Når det gjeld digitalisering, skjer det gjennom prosjekta Digitale domstolar og Elektronisk samhandling i straffesakskjeda (ESAS), og gjennom etablering av nye, felles saksbehandlingssystem. Prosjektet Digitale domstolar omfattar i første omgang dei tolv største tingrettane, lagmannsrettane og Høgsterett og domstolar der det er avgjort å innføre permanent felles leiing eller er gjort avgjerd om samanslåing. Domstolane som er omfatta av prosjektet, skal få på plass ein fulldigital rettsprosess innan seks år. I 2018 er arbeidet med å utvikle nye digitale arbeidsformer som støttar ein heildigital rettsprosess, intensivert. Det er òg investert mykje i utstyr for å støtte saksbehandlinga i domstolane og i rettssalane for å auke kapasiteten til å gjennomføre digitale rettsmøte. Dette vil halde fram i 2019 og i åra framover.

Elektronisk samhandling er avgjerande for å realisere ambisjonen om ein heildigital rettsprosess, også på sivilsakssida. I 2018 vart det obligatorisk for advokatar og advokatfullmektigar å bruke Aktørportalen for digital kommunikasjon med domstolane. Vidareutviklinga av Aktørportalen held fram og skal etter planen opnast for fleire sakstypar i 2019. Andre prioriterte aktivitetar som skal startast opp i 2019, er løysingar for digital forkynning og løysingar for digital kommunikasjon mellom borgar og domstol.

Felles saksbehandlingssystem legg til rette for å effektivisere saksbehandlinga både i straffesaker og i sivile saker. Gjennom prosjektet «Nye saksbehandlingssystemer» har alle domstolane fått eit felles saksbehandlingssystem: Lovisa. Dette er ein viktig grunnstein i arbeidet med å digitalisere rettsprosessane og å kunne tilby digitale tenester og digital kommunikasjon til partar og interessentar. Saksbehandlingssystemet har blitt vesentleg modernisert, og det er tilrettelagt for digitale arbeidsmåtar.

Ei budsjettprioritering for 2019 er investering i teknisk utstyr for å sikre effektiv og stabil drift i domstolane. Domstolane har hatt eit betydeleg etterslep på investeringar i teknisk utstyr.

Utviklinga av organiseringa av domstolane er eit anna sentralt grep som blir teke for å effektivisere domstolane. Regjeringa sette ned eit utval i august 2017 for å greie ut om korleis domstolane bør organiserast for å vere best mogleg rusta til å vareta forventningar om effektivitet og kvalitet i tillegg til uavhengnad gjennom endra samfunnstilhøve. Utvalet vil framskunde utgreiinga om struktur, og fristen for denne delutgreiinga er sett til 1. oktober 2019. Utvalet skal leggje fram ferdig utgreiing innan 11. august 2020.

Endringar i dagens domstolsstruktur blir gjorde gjennom oppfølging av lokale initiativ til å slå saman tingrettar. I mars 2018 vedtok regjeringa å slå saman Nordre Vestfold tingrett, Larvik tingrett, Sandefjord tingrett og Tønsberg tingrett til éin tingrett: Vestfold tingrett. Endringa vil ta til å gjelde fyrste del 2019. Frå 2017 har det blitt etablert fleire faste ordningar med felles leiing, som inneber at ein domstolleiar leier meir enn éin domstol. Evaluering av gjennomførte prøveordningar i tingrettar og jordskifterettar viser at felles leiing gir redusert sårbarheit, potensial for betre ressursutnytting og meir effektiv saksavvikling, samstundes som kontorstadene kan oppretthaldast. Per juni 2018 er det vedteke felles leiing for til saman tretten tingrettar med seks sorenskrivarar og fem faste felles jordskifterettsleiarar for til saman ti jordskifterettar. Når domstolleiarstillingar i tingrettar og jordskifterettar blir ledige, vurderer Domstoladministrasjonen om vilkåra for felles leiing er til stades.

Lovendringar kan òg bidra til effektivisering. Regjeringa oppnemnde 20. juni 2014 eit offentleg utval som skulle lage ei utgreiing om ny straffeprosesslov, som er betre tilpassa vår tid, og som legg til rette for å avvikle straffesaker rettssikkert og effektivt. Utgreiinga NOU 2016: 24 Ny straffeprosesslov har vore på høyring og er no til oppfølging i departementet. Vidare har departementet sommaren 2018 sendt på høyring forslag til endringar i tvistelova. Forslaga i høyringsnotatet er gjennomgåande grunngitt i å fremme formålet med tvistelova, det vil seie ei forsvarleg og effektiv saksbehandling.

3.3.2 Byggjeprosjekt i domstolane

Utfordringar med dagens bygningsmasse

Fleire domstolar har lokale som ikkje er formålstenlege. Dette påverkar både brukarar og tilsette, og dermed saksavviklinga i domstolane Større saksmengd fører òg til kapasitetsutfordringar i enkelte domstolbygg. Dette gjeld særleg tinghusa i Bergen, Stavanger og Drammen.

Rehabilitering av Bergen tinghus

Regjeringa har i juni 2017 avgjort at Bergen tinghus skal rehabiliterast, og bruk av lokale i tilstøytande bygning skal leggjast til grunn som konseptval for det vidare arbeidet med ny tinghusløysing i Bergen. Det vart i januar 2018 oppretta ei prosjektgruppe sett saman av DA, domstolane, Statsbygg og arkitektar, som i første halvår 2018 vidareutvikla prosjektet fram til KS1 trinn 2. KS1 trinn 2 blir utført i løpet av hausten 2018.

Nytt tinghus i Drammen

I 2016 og 2017 er det òg løyvd midlar til utgreiing og forprosjektering av nytt tinghus i Drammen. Departementet vil i samarbeid med Domstoladministrasjonen vidareføre arbeidet med ny tinghusløysing i Drammen i 2018 i ein prosjektavklaringsfase.

Andre byggjeprosjekt i domstolane

KVU for Stavanger tinghus er utarbeidd, og det er gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS1). KS1-rapporten vart ferdigstilt i september 2017. Regjeringa avgjorde i mars 2018 å utsetje konseptvalet i fem år og vil vurdere å sikre det beste tomtealternativet gjennom ein kjøpsopsjon for eit framtidig nytt tinghus i Stavanger.

Lokala for Romsdal tingrett, Frostating lagmannsrett og Romsdal jordskifterett i Molde bør utbetrast. Domstoladministrasjonen arbeider saman med noverande utleigar om rehabilitering av dei noverande lokala for domstolane. Det er venta ei avklaring av dette alternativet i løpet av 2018. Vi viser til følgjande fleirtalsmerknad frå finanskomiteen på Stortinget i Innst. 401 S (2016–2017): «Flertallet understreker at Tingretten i Molde skal videreføres og mener Domstoladministrasjonen må sørge for å stille formålstjenlige lokaler til rådighet snarest mulig.»

3.4 Kriminalomsorga

Ved behandlinga av Prop. 105 L (2015–2016) Endringer i straffegjennomføringsloven mv. (omorganisering av kriminalomsorgen m.m.), jf. Innst. 80 L (2016–2017), 2. desember 2016, gjorde Stortinget dette oppmodingsvedtaket:

«Stortinget ber regjeringen foreta en evaluering av kriminalomsorgen ut fra de mål som er beskrevet i proposisjonen og de alternative modeller for organisering som har vært drøftet, samt en trenivåmodell. Samarbeidende instanser, frivillige organisasjoner, ansatte- og brukerorganisasjoner bør involveres i evalueringen.»

Direktoratet for forvaltning og IKT, Difi, har på oppdrag frå departementet gjennomført evalueringa. Evalueringsrapporten vart levert i september 2017.

Difi meiner det er gode grunnar til å endre dagens organisering og at ein tonivåmodell bl.a. kan gi tydelegare og meir einskapleg leiing av etaten og sikre rettslikskap og likebehandling. På oppdrag frå departementet har KDI levert et forslag til ny modell for organiseringa. Departementet vurderer forslaget frå KDI og vil komme tilbake til saka på eigna måte.

Regjeringa har prioritert både å redusere soningskøen og auka kvalitet i kriminalomsorga. Eit viktig tiltak har vært å auke bruken av straffegjennomføring med elektronisk kontroll. Kapasiteten er auka med 255 plasser i løpet av regjeringsperioden og utgjer i dag om lag 500 plassar. Auka bruk av straffegjennomføring med elektronisk kontroll har bidratt til å redusere behovet for fengselsplasser med lågare tryggingsnivå. Prognosar viser ein overkapasitet på om lag 250 fengselsplasser med lågare tryggingsnivå. Ressursane i kriminalomsorga må brukast mest mulig effektivt. Regjeringa planlegg derfor å leggje ned om lag 250 fengselsplasser med lågare tryggingsnivå, jf. nærmare omtale under programkategori 06.30.

3.5 Utlendingsforvaltninga

Utlendingsforvaltninga inkluderer ei rekkje ulike verksemder, som har ulike oppgåver og roller. God samhandling på tvers av dei ulike verksemdene er ein føresetnad for effektivitet i forvaltninga. I etatsstyringa si legg departementet derfor vekt på at etatane samordnar innspela sine til departementet, og vidare at det er tett dialog og gjensidige tilpassingar undervegs i gjennomføringa av ulike tiltak. Dette gjeld særleg forenklings- og moderniseringsarbeidet.

3.5.1 Modernisering av IT-løysingane til utlendingsforvaltninga

Regjeringa foreslår å vidareføre investeringsmidlar på 53,2 mill. kroner i 2019 til utvikling og modernisering av IT-løysingane til UDI. Systema til utlendingsforvaltninga har utfordringar med mangelfull datakvalitet, vanskeleg tilgjengeleg informasjon og ein veksande tryggleiksrisiko. Sentrale prosessar er prega av manuelle rutinar og delvis manglande funksjonell støtte. IT-moderniseringa skal bidra til betre oversikt over og kontroll med asylsøkarar, andre tredjelandsborgarar og til effektivisering i forvaltninga.

I 2019 vil det bli utvikla ei ny systemløysing for mottaksfeltet. Dette systemet vil leggje til rette for meir effektiv bruk av mottaksplassane, betre kontroll med utbetalingar til mottak og søkarar og å understøtte arbeidet med integrering og retur. I tillegg til å gi betre funksjonalitet vil dei nye løysingane bli utvikla i tråd med vedtatte prinsipp innanfor digitaliseringspolitikken, slik at arbeidet understøttar ei stegvis modernisering av systema i utlendingsforvaltninga.

Videre vil løvinga bli nytta til meir effektivisering og modernisering gjennom å utvikle løysingar for automatisert saksbehandling av opphaldssaker. Ein stor del av desse sakene kan automatiserast heilt eller delvis og dermed frigjere saksbehandlingskapasitet. I tillegg vil løysinga vere det første store steget for å kunne sanere dagens aldrande systemportefølje. Løysinga vil danne grunnlag for automatisering av andre saksporteføljar.

Den nye mottaksløysinga vil vere basert på standard programvare/hyllevare. Utover dette vil UDI i samarbeid med politiet og skatteetaten utvikle løysing for automatisert rekvirering av D-nummer til EØS-borgarar. Det vil i tillegg bli gjort arkitekturtiltak som tillèt framtidig endring, betre datakvalitet og vidare modernisering.

Som klageorgan har UNE eigne teknologiløysingar, samstundes som verksemda nyttar fellesløysingar i utlendingsforvaltninga. UNE vil i 2019 fokusere på å forvalte eigne løysingar slik at dei harmonerer med dei andre løysingane i utlendingsforvaltninga, særleg innanfor området samhandling og tenestegrensesnitt. UNE vil primært tilpasse seg og ta del i det felles utviklingsløpet i utlendingsforvaltninga og utover dette berre utvikle og forbetre eigne system på enkeltområde som gir god effekt, og som kan leverast med relativt låg ressursinnsats.

3.5.2 Betre registrering av asylsøkjarar og ID-forvaltning

Meir effektiv organisering av innleiande asylsaksbehandling

UDI og POD/PU arbeider med å innføre ny saksflyt for å effektivisere asylsaksbehandlinga i den innleiande tilkomstfasen, òg medrekna innkvarteringslogistikken. Ny saksflyt legg til grunn at UDI og PU skal vere samlokaliserte på Ankomstsenter Østfold i den innleiande tilkomstfasen. Drifta ved Ankomstsenter Østfold har sidan oppstarten seint i 2015 gitt eit godt praktisk erfaringsgrunnlag ved at ein har prøvd ut og evaluert ulike nye arbeidsmodellar, først gjennom handteringa av dei store tilkomstane av asylsøkarar, som varte ved dei første månadene etter opprettinga, og seinare i 2017 i samband med mottaket av store puljar av relokaliserte asylsøkarar.

Regjeringa legg i løyvingsforslaget til grunn vidareutvikling av innkomstsenterfunksjonen for å leggje til rette for samlokalisering av UDI og politiet i den innleiande asylfasen. Ombyggingstiltaka og samlokaliseringa av verksemd i PU og UDI på Ankomstsenter Østfold er planlagt ferdigstilte mot slutten av 2019, og etter planen vil då utrullinga av den nye asylsaksflyten starte for fullt.

Etatane har identifisert viktige kvalitative gevinstar av å forbetre saksflyten gjennom betre samarbeid om asylsaksregistrering og innleiande asylsaksbehandling. Dei viktigaste elementa er at UDI utfører asylintervjuet og gjer fleire av vurderingane samordna med arbeidet til politiet som ein integrert del av den innleiande fasen. Eit anna viktig grep har vore å finne fram til metodar for å unngå å bruke tid på å unødig lukke og opne saker. Vidare har ein vurdert forbetringar i organisering og bruk av felles støttetenester og andrelinjeekspertise i alle delar av saksflyten.

Vidare vil samarbeidet mellom etatane føre til høgare kvalitet i saksbehandlinga, særleg knytt til tidlegare ID-avklaring og dermed fleire riktige vedtak. Tidlegare avklaring av identitet vil òg lette arbeidet med busetjing for personar som får innvilga opphald, og retur av personar som får avslag. Ny saksflyt vil òg kunne gi kortare saksbehandlingstid, som vil redusere talet på mottaksdøgn. Vidare vil ny saksflyt redusere samla samtaletid med søkaren, og dermed òg andre følgjekostnader som t.d. bruk av tolk. I ny saksflyt blir òg oppgåvene i den innleiande asylssaksbehandlinga delte på ein måte som er meir robust ved store svingingar og massetilkomstar, og slik vil ny saksflyt sikre betre tilkomstberedskap.

Meir utstrekt opptak og lagring av biometri til bruk i saksbehandlinga i utlendingsforvaltninga

Tilgang til biometrisk informasjon som ansiktsfoto og fingeravtrykk er sentralt for å kunne gjennomføre ei effektiv og brukarvennleg utlendingsforvaltning, og det gir myndigheitene betre føresetnader for å føre kontroll med identiteten til søkarane. Ein kan sjå på slik informasjon som faste bakgrunnsdata om søkarane, som kan brukast om att til ulike formål, på føresetnad av at informasjonen blir behandla på ein formålstenleg og tryggande måte. Større opptak og lengre tids langring av biometrisk informasjon for dei aktuelle søkargruppene for opphald i Noreg vil derfor kunne bidra til forenklingar.

Ved søknader om visum og opphald i Noreg har fingeravtrykk tidlegare berre blitt lagra i avgrensa grad. Stortingets vedtak av 10. juni 2016 gav derimot heimel i utlendingslova til utvida nasjonal lagring og bruk av dei biometriske dataa. Ein del søkarar som skulle forlenge opphalda sine i Noreg, har måtta møte opp på nytt for å få teke fingeravtrykk hos politiet når dei har levert søknad og nye utferda nye opphaldsdokument. For mange betyr dette unødvendig ressursbruk bl.a. til reising. Mangel på høve for å samanlikne dei biometriske dataa til utlendingar over tid, som eit kontrollverkemiddel, fører òg til risiko for ID-juks på ulike vis. Dette kan skje gjennom at same personen tidlegare har søkt andre typar løyve under andre namn/identitetar, og/eller at personar har lagt fram falske ID-dokument utan at dette blir oppdaga.

Stortinget løyvet midlar i 2017 for nødvendige investeringar i systemløysingar innanfor utlendingsforvaltninga, under dette UDI, politiet og utanrikstenesta, for å kunne gjennomføre utvida opptak, lagring og bruk av biometri. Fullføringa av løysinga, som inneber behov for endringar i systema til både politiet og UDI, må på grunn av nødvendige prioriteringar av knappe, felles utviklingsrsessursar på ID- og biometriområdet i politiet, bli utsett til første kvartal 2019. Fellesløysingane til politiet for lagring og gjenfinning av biometriske data blir gjenbrukte og vidareutvikla, noko som sikrar høg kvalitet og riktig tilgang til opplysningane òg til regulerte politiformål som kriminalatitetsnedkjemping og for kontroll i samband med utferding av norsk ID-kort til utlendingar, jf. lov om nasjonalt ID-kort.

Betre samhandling mellom utlendingsforvaltninga og modernisert folkeregister

UDI og Skattedirektoratet har dei siste åra samarbeidd om felles løysingar for automatisk tildeling av d-nummer og fødselsnummer i folkeregisteret ved registrering og innvilging av opphald i saker etter utlendingslova. Delar av løysinga er no i drift, og heile løysinga for automatisk tildeling vil etter planen ferdigstillast i 2019. Dette har effektivisert rekvireringsarbeidet og bidratt til høgare kvalitet i folkeregistreringa, ettersom ho skjer på ein standardisert måte gjennom utlendingsforvaltninga og ikkje som tidlegare frå mange ulike etatar på det tidspunktet utlendingen fekk behov for d-nummeret. Samla sett er tiltaket derfor òg ei forenkling for brukaren.

Folkeregisteret har no òg førebudd at utlendingsmyndigheitene skal kunne leggje inn ei ytterlegare opplysning om ID er kontrollert ved at biometri er samanlikna mellom ulike kjelder. Utfyllande regelverk og rutinar for dette er no til utgreiing. Tilgang til å ta opp og lagre biometri over lengre tid for fleire grupper utlendingar vil etter kvart gi stadig betre grunnlag for å fastslå ID-en til utlendingar på ein best mogleg måte, og vil bidra til å forhindre eller luke ut feilaktige/misvisande registreringar i folkeregisteret. Planen er òg at utlendingar som oppfyller visse krav, skal bli tilbodne nasjonalt ID-kort i 2020.

4 Redningstenesta

4.1 Redningsteneste – vurdering av status og tilstand

I Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et trygt samfunn jf. Innst. 326 S (2016–2017) og i Justis- og beredskapsdepartementet sin Prop. 1 S er 14 tverrsektorielle samfunnsfunksjonar som er kritiske for samfunnstryggleiken, presenterte. Det er samfunnsfunksjonar der fleire departement kan ha ansvar, der samfunnsfunksjonane kan vere avhengige av kvarandre, og der departementa må samarbeide for å ta vare på samfunnstryggleiken. For kvar av dei 14 samfunnsfunksjonane er det utpeika eit hovudansvarleg departement, som skal sikre nødvendig koordinering og samordning.

Inndelinga i 14 samfunnskritiske funksjonar og plassering av ansvar hos eit hovudansvarleg departement er eit sentralt verkemiddel for å styrke den tverrsektorielle samordninga i arbeidet med samfunnstryggleik. Det er gjennom ny samfunnstryggleiksinstruks1 etablert eit system for å utarbeide status- og tilstandsvurderingar for dei 14 samfunnskritiske funksjonane, som skal vurdere kva for evne samfunnet har til å halde funksjonane ved like dersom dei blir utsette for ulike påkjenningar. Dei hovudansvarlege departementa er ansvarlege for at vurderingane blir gjorde, og skal presentere desse i sine respektive budsjettproposisjonar. I budsjettet for 2019 er det utarbeidd status- og tilstandsvurderingar for dei tre samfunnskritiske funksjonane elektroniske kommunikasjonsnett og -tenester (Samferdselsdepartementet), finansielle tenester (Finansdepartementet) og redningsteneste (Justis- og beredskapsdepartementet).

4.2 Om redningstenesta

Det offentlege har ei redningsplikt overfor personar i nød. Organisering, ansvar og oppgåver for redningstenesta er fastsette i kgl.res. 19. juni 2015 Organisasjonsplan for redningstjenesten. Organisasjonsplanen definerer redningstenesta som:

«Offentlig organisert øyeblikkelig innsats fra flere samvirkepartnere for å redde mennesker fra død eller skade som følge av akutte ulykkes- eller faresituasjoner, og som ikke blir ivaretatt av særskilt opprettede organer eller ved særskilte tiltak. Redningstjenesten utøves som et samvirke mellom offentlige organer, frivillige organisasjoner og private virksomheter og personer, under ledelse og koordinering av to hovedredningssentraler og underordnede lokale redningssentraler.»

Redningstenesta er ikkje ein organisasjon, men ei nemning på eit samvirke mellom offentlege, frivillige og private aktørar. Redningstenesta tek hand om ein funksjon som ingen enkeltorganisasjon har kapasitet til å ta hand om sjølv. Kva for aktørar som blir mobiliserte i kvar enkelt søk- og redningsaksjon, avheng av typen hending og kva for ressursar som trengst og er tilgjengelege i området. Redningstenesta er ei integrert teneste, noko som inneber at ho omfattar alle typar redningsaksjonar knytte til land-, sjø- og luftredning. Verdien og nytteverknaden av redningstenesta strekker seg utover det å redde menneske frå skade og død. Redningstenesta medverkar til tryggleik for folkesetnad og næringsliv og er viktig for næringar som fiskeri og petroleumsverksemd.

Samvirket er grunnleggjande for redningstenesta, jf. kgl.res. 19. juni 2015. Alle offentlege organ som har kapasitet, informasjon eller kompetanse som er eigna til redningsformål, pliktar å bidra i redningstenesta med tilgjengelege kapasitetar, kompetansar og fullmakter. Samvirkeprinsippet inneber at alle aktørar har eit sjølvstendig ansvar for å sikre eit best mogleg samvirke både i det førebuande arbeidet og ved redningsaksjonar. For private aktørar er dette eit samfunnsmessig ansvar, ikkje eit juridisk ansvar.

Redningstenesta blir administrativt koordinert av Justis- og beredskapsdepartementet. Leiing og koordinering av redningsaksjonar blir utført av to hovudredningssentralar i høvesvis Bodø og Sola, og av 13 underliggjande lokale redningssentralar, som utfører verksemda si frå politidistrikta og frå Sysselmannen på Svalbard. Hovudredningssentralane leier og koordinerer sjø- og luftredningsaksjoner, medan leiing og koordinering av landredningsaksjonar normalt blir delegert til ein av dei lokale redningssentralane. Ansvarsområdet til hovudredningssentralane er delt på breiddegrad 65° N til sjøs og ved grensa mellom Trøndelag og Nordland fylke på land.2 I tillegg til den operative verksemda har hovudredningssentralane eit pådrivaransvar for å halde ved like og vidareutvikle samvirket i redningstenesta. Ved kvar hovudredningssentral er det etablert ei redningsleiing på strategisk nivå, som er sett saman av sentrale samvirkepartnarar, og som skal varslast ved redningshendingar som krev leiing og koordinering på overordna nivå.3 Redningsleiinga skal elles bidra til å utvikle den samverkande redningstenesta. Dei fleste representantane er dei same i nord og sør. Når redningsleiinga er innkalla, handlar medlemmene etter fullmakter frå verksemdene sine. Redningsleiingar er òg etablerte ved dei lokale redningssentralane.

Det geografiske ansvarsområdet for redningstenesta er i tillegg til norsk territorium med Svalbard dei områda der Noreg, i samråd med nabostatar og på grunnlag av internasjonale overeinskomstar, har forplikta seg til å yte redningsteneste.4

Avgrensinga til vurderinga

Status- og tilstandsvurderinga baserer seg på definisjonen av redningstenesta slik han går fram av kgl.res. 19. juni 2015, Organisasjonsplan for redningstjenesten, og er med det avgrensa til å vurdere evna til augeblikkeleg innsats frå fleire samvirkepartnarar, under leiing av hovudredningssentralane og underordna lokale redningssentralar, for å redde menneske frå død eller skade som følgje av akutte ulukkes- eller faresituasjonar.

Alle tilgjengelege ressursar i samfunnet er potensielt ein del av redningstenesta. Det er derfor nødvendig å avgrense kva for aktørar som blir gjenstand for nærmare vurdering i status- og tilstandsvurderinga. I tillegg til hovudredningssentralane og dei lokale redningssentralane, er nødetatane, dei frivillige organisasjonane, Forsvaret og Sivilforsvaret vurderte til å ha spesielt sentrale roller, både med omsyn til kapasitetane dei representerer, og på bakgrunn av kor ofte dei deltek i redningstenesta. Vurderinga vil følgjeleg fokusere på desse aktørane.

Innanfor kjemikalie- og eksplosivberedskapen er vern av liv og helse eit primæromsyn. Tilstanden knytt til kjemikalie- og eksplosivberedskap blir greidd ut i samband med aktivitetane som følgjer av Nasjonal strategi for CBRNE-beredskap 2016–2020 og Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et trygt samfunn jf. Innst. 326 S (2016–2017). Kjemikalie- og eksplosivberedskap vil derfor ikkje bli særskilt omtalt i denne status- og tilstandsvurderinga.

Status- og tilstandsvurderinga vil avgrense mot hendingar i krigstid.

4.3 Overordna risikobilete

Spennet av moglege hendingar som kan utfordre funksjonsevna i redningstenesta, er stort. Ytre drivkrefter som kan utfordre redningstenesta, er bl.a. endringar i ferdsels- og aktivitetsmønster med omsyn til omfang og risikoeksponering. Det har vore ein auke i ferdselen til sjøs og til lands, og dertil for aktivitetar som kan innebere stor ulukkesrisiko, til dømes offpiste skikøyring og vass-sport. Dette er faktorar som kan medføre auka behov for redningsteneste. Framover kan òg klimaendringar føre til fleire naturhendingar som kan medføre redningsbehov.

Risikobiletet fokuserer på situasjonar som utfordrar funksjonsevna til redningstenesta, og vurderinga vil vere på eit aggregert nivå. Status- og tilstandsvurderinga tek utgangspunkt i følgjande situasjonar som kan utfordre funksjonsevna: ekstraordinære hendingar, samanfallande hendingar, svingingar i operativ redningskapasitet og hendingar som rammar kritiske innsatsfaktorar.

Ekstraordinære hendingar

Ekstraordinære hendingar er kjenneteikna av at dei ikkje kan handterast rutinemessig, grunna behov for utvida redningsinnsats, leiing og samvirke. Dei kan vere valda av naturen, av tilsikta handlingar eller ulukker. Ulike forhold som talet på nødlidande, storleiken på søkeområdet og kompleksiteten i hendinga kan gi behov for ekstraordinær innsats. Ekstraordinære hendingar vil kunne utfordre både evna til redningsleiing og evna til dei operative redningsressursane. Luft- og sjøfartsulukker har særleg potensial til å omfatte eit stort tal nødlidande på område med få redningsressursar. Dette er hendingar som kan involvere store søkeområde og inntreffe på område med vanskeleg framkomst. Døme på krevjande scenario til sjøs er brann om bord i cruiseskip eller eksplosjonsulukker på oljeplattformer. Ein annan kategori er hendingar valda av tilsikta handlingar. Dette er hendingar som ofte inneber stor uvisse, både med omsyn til redningsbehovet og med omsyn til gjennomføringa av redningsaksjonen, der risiko for innsatspersonell må handterast ved sida av redningsinnsatsen. Hendingar som involverer CBRNE, vil òg innebere handtering av risiko for innsatspersonell ved sida av redningsinnsatsen.

Samanfallande hendingar

Behovet for redningstenesta reflekterer aktivitetsmønsteret i samfunnet. Dette gjer at behovet har ein tendens til å bli konsentrert i enkelte tidsrom, og ei stor mengd samanfallande hendingar vil kunne utfordre kapasiteten til redningstenesta. Det er t.d. auka risiko for at kapasiteten til hovudredningssentralane blir utfordra i juli, som er den månaden i året med flest redningshendingar. Samanfallande hendingar vil spesielt kunne utfordre kapasiteten til den operative redningsleiinga, som er sett til å koordinere alle hendingar innanfor eit større geografisk ansvarsområde. Kapasiteten til dei operative redningsressursane kan òg bli utfordra dersom fleire hendingar skjer i eit område med få redningsressursar.

Svingingar i operativ redningskapasitet

Redningstenesta baserer seg i stor grad på dei ressursane som til ei kvar tid er tilgjengelege, noko som gir svingingar i den operative redningskapasiteten. Risikoen er størst i område med få alternative ressursar tilgjengeleg og der ein er avhengig av ressursar som har unike søke- eller redningsevner. I Nord-Noreg er det t.d. færre redningsressursar samanlikna med i Sør-Noreg, noko som kan føre til større svingingar i den operative redningskapasiteten. Til dømes vil den operative redningskapasiteten variere betydeleg i takt med tilgjengelegheita til Forsvarets ressursar. Dette gjeld særleg ved hendingar langt til havs der Kystvakta er ein unik ressurs, både til søk og i funksjonen som stadleg koordinator for hovudredningssentralane.

Hendingar som rammar kritiske innsatsfaktorar

Kontinuitet i kritiske innsatsfaktorar er avgjerande for funksjonsevna til redningstenesta. Redningstenesta er avhengig av fleire kritiske innsatsfaktorar, som straum, ekom, satellittenester, drivstoff og transportevne. Hendingar som rammar kritiske innsatsfaktorar, kan vere valda av naturhendingar, ulukker eller tilsikta handlingar. Både evna til å leie og koordinere søk- og redningsaksjonar og evnene til dei operative redningsressursane er i stor grad avhengige av dei nemnde innsatsfaktorane. Det er derfor viktig at aktørane i redningstenesta planlegg for å kunne vere operative òg med svikt i tilgangen på desse innsatsfaktorane, dvs. har god kontinuitetsplanlegging.

4.4 Status- og tilstandsvurdering

Status- og tilstandsvurderinga vurderer, i lys av det overordna risikobiletet, evna redningstenesta har til straks å gi innsats for å redde menneske frå død eller skade som følgje av akutte ulukkes- eller faresituasjonar. Vurderingane byggjer på dokumentanalysar og intervju med sentrale aktørar. Dokumentanalysane har danna grunnlag for intervjua, som er utførte med høvesvis hovudredningssentralane i Sør-Noreg og i Nord-Noreg, Frivillige organisasjoners redningsfaglige forum (FORF), Politidirektoratet, Helsedirektoratet, Forsvarets operative hovudkvarter og Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap (DSB). I intervjua er det bl.a. innhenta informasjon om desse forholda:

  • Kva kjenneteiknar hendingar som utfordrar funksjonsevna?

  • Kva moglegheit finst det for å skalere opp innsatsen for å handtere ekstraordinære hendingar og fleire samanfallande hendingar?

  • Korleis fungerer samvirket mellom dei sentrale samvirkeaktørane?

  • Kva er status knytt til kritiske innsatsfaktorar og andre aktivitetar som understøttar funksjonsevna, deriblant planverk, øvingsaktivitet og system for erfaringslæring?

I status- og tilstandsvurderinga er funksjonsevna delt inn i fire underliggjande evner, som dannar utgangspunktet for analysen: evne til redningsleiing, operativ redningsevne, evna til samvirke mellom redningsressursar og utviklingsevna til redningstenesta. Fleire av evnene er gjensidig avhengige av kvarandre, t.d. er evna til redningsleiing og operativ redningsevne avhengig av evna til samvirke. Kvar enkelt evne er likevel avhengig av nokre grunnleggjande føresetnader, som blir skildra.

4.4.1 Evne til redningsleiing

Følgjande faktorar er vurderte som sentrale med omsyn til evna til redningsleiing:

  • kompetanse

  • kapasitet

  • kontinuitet i kritiske innsatsfaktorar som støttar oppgåveløysinga

Desse forholda blir i det følgjande vurderte nærmare for høvesvis hovudredningssentralane og dei lokale redningssentralane.

4.4.1.1 Hovudredningssentralane

Kompetanse

Funksjonane som redningsleiarane skal vareta, legg føringar for kompetansebehovet. Ein redningsleiar skal raskt kunne fastsetje alvorsgrad, identifisere posisjon og mobilisere og koordinere innsatsen til relevante ressursar. Redningsleiaren skal vedlikehalde eit oppdatert situasjonsbilete og avgjere eventuelle søkemønster og søkeområde. Effektiv koordinering og utnytting av tilgjengelege redningsressursar føreset at redningsleiaren har god kunnskap om, og oversikt over, tilgjengelege og relevante ressursar.

Ved hovudredningssentralane blir den operative redningsleiinga utført av sertifiserte redningsleiarar, som utgjer om lag tre fjerdedelar av dei tilsette ved hovudredningssentralane. Å bli sertifisert som redningsleiar tek om lag 12–16 md. og gir kompetanse til å leie og koordinere luft- sjø-, og landredningsaksjonar. Redningsleiarane får omfattande mengdetrening gjennom dagleg handtering av hendingar. Det er liten gjennomtrekk, og redningsleiarane står lenge i jobben. Dette har stor verdi ettersom erfaring er ein viktig faktor i kompetanseutviklinga. Fleire av redningsleiarane har variert operativ bakgrunn frå sjøfart, luftfart eller nødetatar, og i rekrutteringa blir operativ leiarerfaring vektlagd.

Operasjonsromma er til ei kvar tid bemanna med to redningsleiarar. Dette styrker grunnlaget for kollegasjekk og kvalitetssikring, og gjer evna til redningsleiing meir robust og påliteleg.

Fleire redningsleiarar vil gå av med pensjon dei nærmaste åra. Ved hovudredningssentralen i Sør-Noreg vil 40 pst. av redningsleiarane ha nådd pensjonsalder i 2020. Det er etablert eit krav om beredskapsteneste for operativt personell med frammøtetid på éin time, som inneber at redningsleiarane må vere busette i nærområdet til hovudredningssentralane. Det er vurdert å vere god tilgang til relevant kompetanse på arbeidsmarknaden på Sola og i Bodø, og det er sett i gang rekrutteringsprosessar for å erstatte redningsleiarar som vil gå av med pensjon dei neste åra.

Kapasitet

Kvar hovudredningssentral er til ei kvar tid bemanna med to redningsleiarar. Det er i tillegg alltid éin redningsleiar på ekstravakt med frammøtetid på éin time. Ved behov skal sentralane støtte kvarandre, så framt det er overskotskapasitet til dette. Det er tilrettelagt for operativ samhandling gjennom tekniske løysingar og prosedyrar, og kvar månad øver hovudredningssentralane på å overta for kvarandre. I dei tilfella sentralane samhandlar ved faktiske hendingar, skjer det oftast i form av delegering av enkeltoppgåver, t.d. å rekne ut eit søkeområde i sjøen. Sentralane samhandlar sjeldan i form av å overføre enkelthendingar til kvarandre, men dersom den eine sentralen blir sett ut av spel, kan den andre sentralen overta koordineringa av alle hendingar. Dette har skjedd ved nokre høve, men berre i kortare episodar.

På grunn av auken i talet på redningshendingar i samband med ferieavviklinga i sommarmånadene har hovudredningssentralen i Sør-Noreg hatt behov for å skalere opp kapasiteten i operasjonsrommet med ein tredje redningsleiar. Talet på hendingar i juli kan vere to–tre gonger høgare enn i vintermånadene. Hovudredningssentralane må ta alle førespurnader like seriøst inntil dei får verifisert alvorsgraden. Dei sesongmessige variasjonane er noko mindre ved hovudredningssentralen i Nord-Noreg. Variasjonane følgjer også eit anna mønster, der sesongfisket i februar – april ofte medfører eit auka redningsbehov.

Figur 4.1 Sesongvariasjonar i talet på redningshendingar. Tal frå både hovudredningssentralar og lokale redningssentralar

Figur 4.1 Sesongvariasjonar i talet på redningshendingar. Tal frå både hovudredningssentralar og lokale redningssentralar

Kilde: Hovudredningssentralane

Sidan 2000-talet har talet på redningshendingar auka jamt, jf. Figur 4.2. Ein større del av tida til redningsleiarane går med til operativ redningsleiing.

Figur 4.2 Utvikling i talet på hendingar registrerte ved Hovudredningssentralen i Sør-Noreg 1984–20171

Figur 4.2 Utvikling i talet på hendingar registrerte ved Hovudredningssentralen i Sør-Noreg 1984–20171

1 Reduksjon i sjøhendingar mellom 2016 og 2017 er som følgje av ny rutine for innrapportering.

Kilde: Hovudredningssentralen i Sør-Noreg

Nærleik til situasjonen er ein suksessfaktor for effektiv redningsleiing, og ved behov kan hovudredningssentralen delegere delar av det lokale søk- og redningsarbeidet til eit fartøy. Ein såkalla On Scene Coordinator er hovudredningssentralens forlengde arm og representant på staden og koordinerer innsatsen lokalt. Det er primært Forsvarets fartøy som er i stand til å ta denne rolla fullt ut i tråd med oppgåvene som er skildra i det internasjonale SAR-planverket.5 Kystvakta blir ofte nytta og er øvd i rolla.

Redningsleiinga til hovudredningssentralane skal varslast ved hendingar som vil kunne krevje at dei blir involverte. Dette er gjerne hendingar som varer over lengre tid. Eitt av læringspunkta frå evalueringa av skredulukka i Longyearbyen i 2015 var at redningsleiinga bør bli involvert på strategisk nivå ved større hendingar. Redningsleiinga har i liten grad øvd på hendingar som krev omfattande samvirke og koordinering på strategisk nivå, etter at ny organisasjonsplan for redningstenesta vart sett i kraft 2. november 2015.

Avhengnad av kritiske innsatsfaktorar

Operasjonsromma til hovudredningssentralane er utstyrte og dimensjonerte til å handtere større hendingar med samtidig innsats frå fleire redningsleiarar. Lokala har òg kapasitet til å ta imot medlemmer frå den samverkande redningsleiinga og ved behov faglege rådgivarar som kan bistå med spesialkompetanse. Redningsleiarane har eigne fagsystem der situasjonsbiletet blir oppdatert og utviklinga i hendinga blir loggført. Eit felles ressursregister (FRR) er integrert med IKT-systema til hovudredningssentralane og støttar opp under den operative samhandlinga mellom hovudredningssentralane.6 Hovudredningssentralane bruker Nødnett.

Innan sjøredning utgjer kystradiostasjonane eit bindeledd mellom fartøyet i nød og hovudredningssentralane når kommunikasjonen går over maritim VHF. Kystradiostasjonane er samlokaliserte med hovudredningssentralane og bidrar til redundans ved at stasjonane kan vere operative reservelokasjonar for kvarandre.

I tilfelle svikt i kritiske innsatsfaktorar, slik som straum, tilgang til internett og ekom, bidrar organiseringa med to hovudredningssentralar til redundans ved at den eine sentralen kan overta for den andre dersom éin av sentralane blir sett ut av drift. Felles rutinar og system skal sikre rask og effektiv overtaking ved behov. I tillegg har kvar hovudredningssentral sett i verk tiltak som reduserer risiko knytt til svikt i kritiske innsatsfaktorar. Begge hovudredningssentralane har nødstraumsaggregat og avbrotsfri straumforsyning (UPS-batteri) som gir straum i ein avgrensa periode ved svikt i kraftforsyninga. Ved bortfall av ekstern straum blir nødstraum prioritert til operasjonskritisk infrastruktur. Fleire av dei operative systema er knytte til internett, men har lokalt plasserte serverar, som skal sikre funksjonsevna til dei operative systema dersom tilgangen til internett fell ut. Ved bortfall av ekom, medrekna Nødnett, har hovudredningssentralane fleire alternative kommunikasjonsmiddel.

Hovudredningssentralane er avhengige av ein velfungerande IKT-infrastruktur, og kompleksiteten i IKT-porteføljen har over tid auka som følgje av behova for effektiv kommunikasjon og samhandling med andre beredskapsaktørar.

4.4.1.2 Lokale redningssentralar

Kompetanse

Funksjonen som lokal redningssentral er det operasjonssentralen i politidistriktet som varetek. Operasjonssentralen har ansvar for operativ styring og leiing av ressursane til politiet. Ved redningshendingar leier lokal redningssentral innsatsen med ei kommandolinje frå operasjonssentralen til innsatsleiaren på staden. Operasjonssentralane samhandlar dagleg med dei andre nødetatane, og operasjonsleiarane opparbeider betydeleg mengdetrening.

Gjennom nærpolitireforma har talet på lokale redningssentralar og operasjonssentralar på fastlandet blitt redusert frå 27 til 12. I samband med reforma har oppgåveløysinga ved operasjonssentralane blitt standardisert, og kompetansekrava har blitt heva. Standardiserte funksjonar gir betre føresetnader for erfaringslæring mellom lokale redningssentralar, og legg til rette for kontinuerleg utvikling av tenesta. Større operasjonssentralar gir større fagmiljø, meir mengdetrening og større kapasitet til å handtere hendingar. Eit miljø der fleire personar med overlappande kompetanse jobbar saman, legg òg til rette for styrkt organisatorisk redundans i form av kollegasjekk og kvalitetssikring.

Det pågår eit arbeid med å samlokalisere operasjonssentralane til politiet med nødmeldesentralane til brann- og redningsvesenet. Dei førebelse erfaringane frå dei første sentralane er at samlokaliseringa har styrkt evna til å utveksle kompetanse, dele erfaringar og til å vidareutvikle samvirket på operativt nivå, særleg ved større hendingar der alle nødetatane er involverte. I løpet av 2018 vil fem sentralar vere samlokaliserte.

Kapasitet

Nærpolitireforma har gitt færre og større operasjonssentralar. Dette er venta å auke kapasiteten til dei lokale redningssentralane.

Avhengnad av kritiske innsatsfaktorar

Alle operasjonssentralane har nødstraumsaggregat og avbrotsfri straumforsyning (UPS-batteri) som sikrar kontinuitet i tenesta ved brot i kraftforsyninga. Nødstraumen er dimensjonert til oppetidskravet på 99,95 pst. og dekker både kommunikasjonsløysingar og IT-system som blir nytta ved operativ leiing. Operasjonssentralane kommuniserer med nødetatar og andre redningsressursar over Nødnett. Politiet har dei siste åra styrkt robustheita i IKT-infrastrukturen. Felles ressursregister skal innførast i politiet, og ein pilot er sett i drift i tre politidistrikt.

Departementets vurdering

Departementet vurderer at evna til redningsleiing i redningstenesta i all hovudsak er god. Organiseringa av den operative redningsleiinga i spesialiserte funksjonar for leiing og koordinering gir spesialiseringsgevinstar og har tilrettelagt for utvikling av spisskompetanse. Samarbeidet mellom hovudredningssentralane og dei lokale redningssentralane er godt.

Det er viktig at hovudredningssentralane er førebudde på å overta eller støtte den andre sentralen. Justis- og beredskapsdepartementet har spesielt påpeika dette i instruksane til politimestrane for hovudredningssentralane, og vil følgje opp dette i styringsdialogen.

4.4.2 Operativ redningsevne

Den operative redningsevna vektlegg innsatsevnene til dei ulike aktørane, der sentrale parametrar er materiell og utstyr, kompetanse, kapasitet og responstid.

Responskapasitetar

Helikopterberedskapen er ein berebjelke i den operative redningsevna til redningstenesta, og helikopter har unike evner til å raskt nå over store delar av norsk redningsansvarsområde.

Redningshelikoptera er ein dedikert beredskap for redningstenesta og er til disposisjon for hovudredningssentralane. Dagens flåte av 12 Sea King redningshelikopter er for tida i beredskap på fem basar7 og har måltal for reaksjonstid8 på 15 minutt, med unntak av basen på Rygge, som har måltal på 25 minutt etter normal arbeidstid. Redningshelikoptera har høg medisinsk kapasitet med lege og medisinsk utstyr om bord. På Florø-basen er det for tida ein mellombels sivil redningshelikopterkapasitet, der frigjorde ressursar frå Forsvaret blir nytta i innfasingsprogrammet for dei nye redningshelikoptera. Forsvaret skal vere operatør på Florø-basen når dei nye redningshelikoptera er fasa inn.

Redningshelikoptera har i all hovudsak overhalde måltalet til reaksjonstid og har dei siste fem åra halde ein beredskap på 98,3 pst. i gjennomsnitt. Sjølv om beredskapen har vore god, har redningshelikoptera hatt ein utfordrande driftssituasjon som følgje av omfattande vedlikehaldsbehov. I enkelte tilfelle blir ikkje måltalet til reaksjonstid etterlevd. Det er likevel sjeldan meir enn éin base som har redusert reaksjonsevne og beredskap samstundes, slik at nabobasen i nokon grad kan kompensere. Redningshelikoptera er i aukande grad etterspurde for andre oppgåver, som luftambulanse og støtte til politiet.

Dagens flåte av Sea King redningshelikopter blir erstatta av 16 nye redningshelikopter (AW101), som er under innfasing. Dei nye helikoptera har langt betre rekkjevidde, større hastigheit og betre evne til å operere i dårleg vêr. Med 16 nye redningshelikopter kan òg alle basane vere betente av to helikopter, noko som ikkje er mogleg med dagens flåte av Sea King helikopter, der bl.a. vedlikehaldsbehov reduserer helikoptertilgangen. I samsvar med regjeringas redningsambisjon skal dei nye redningshelikoptera kunne redde 20 nødlidande 150 nautiske mil frå dei ytste punkta langs kysten innan to timar, og 2 nødlidande i ytterkanten av redningsansvarsområdet.

På Svalbard disponerer Sysselmannen to redningshelikopter. Kvart helikopter kan redde inntil 18 personar i nød innanfor ein radius på 140 nautiske mil. Dei to redningshelikoptera har krav til reaksjonstid på høvesvis éin og to timar. Helikoptera har i all hovudsak overhalde krava, og erfaring viser at reaksjonstida i praksis ofte er kortare. For å auke rekkjevidda på helikopterberedskapen i områda rundt Svalbard er det etablert fuel-depot ulike stader på Svalbard og ved dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen.

Dei frivillige beredskapsorganisasjonane har eit mannskap på om lag 10 000. Fleire av dei største organisasjonane, så vel som dei mindre og meir spissa organisasjonane, er representerte i Frivillige Organisasjoners Redningsfaglige Forum (FORF). Blant dei frivillige er det grupper med ulike spesialiserte evner, som redning i alpint terreng, i grotter og med søk med hund og småfly. I tillegg til menneskelege ressursar med høg kompetanse innanfor redningsfaglege disiplinar, inngår materielle ressursar i form av terrenggåande køyretøy, båtar, sambandsutstyr og ulike typar spesialutstyr, t.d. til alpin redning. Dei frivillige organisasjonane speler ei særleg sentral rolle innanfor søk og redning i vanskeleg terreng. Langs kysten er Redningsselskapet ein avgjerande ressurs, der om lag halvparten av skøytene er bemanna av frivillig mannskap.

Dei frivillige er ein desentralisert ressurs med kort reaksjonstid. Til vanleg er frivillige ressursar hovudsakleg på heimevakt, noko som inneber at vedkommande må kle seg om og ta med relevant utstyr. I den nasjonale rettleiaren Søk etter savnet person på land er det sett ein ambisjon om at det skal gå 10 minutt frå ein mottek alarmen, til ein skal vere på veg. Frivillige som er varsla på førehand, vil kunne vere klare for umiddelbar innsats.

Evna til rekruttering er grunnleggjande for dei frivillige organisasjonane. Med nokre lokale variasjonar melder sentrale frivillige organisasjonar frå om tilfredsstillande rekruttering.

Nødetatane har redning av liv og helse som ein del av primæroppdraga sine og er dimensjonerte og innretta for døgnkontinuerleg beredskap. Gjennom dagleg handtering av hendingar, og evne til å skalere opp innsatsen etter behov, har nødetatane ei betydeleg operativ redningsevne og kapasitet til å stå i hendingar over tid.

Politiet har auka den operative kapasiteten sin dei siste åra. I perioden 2013–2017 har talet på politiårsverk auka med 1 200.9 Politiet har òg blitt styrkt på materiellsida. Politiet har krav til responstid ved hendingar der det er akutt fare for liv og helse. I politiet er responstida eit mål på tida frå melding er motteken, og til politiet er på staden. I 2017 varierte median responstid mellom 7 og 16 minutt avhengig av tettstadskategori.

Helsetenesta har ansvar for koordinering av akuttmedisinske ressursar. Ambulansetenesta er den sentrale operative ressursen for akuttmedisinsk bistand utanfor sjukehus og blir koordinert gjennom 16 akuttmedisinske kommunikasjonssentralar (AMK). Ambulansetenesta har betydelege transportevner og har ein flåte av bilar, båtar, helikopter og fly. Ambulansetenesta har ei rettleiande norm for utrykkingstid for akuttoppdrag på mellom 12 og 25 minutt avhengig av tettstadskategori. Utrykkingstida måler tida frå innringaren ringer 113, til ambulansen er framme på staden. I perioden 2013–2017 har gjennomsnittleg utrykkingstid for ambulansetenesta vore høvesvis 18 og 32 minutt for tettbygde og spreiddbygde strøk. Ambulansehelikoptertenesta opererer til saman 13 ambulansehelikopter frå 12 basar og kan ved høve brukast til søk og redning. Alle helikopterbasane har døgnkontinuerleg beredskap og er innretta for å oppretthalde ei reaksjonstid på 15 minutt, som er tida frå alarmering til helikopteret er i lufta.

Brann- og redningsvesenet er lokalt forankra og er anten kommunalt eller interkommunalt organisert. DSB er nasjonal brannmyndigheit og sentral tilsynsmyndighet for det kommunale brann- og redningsvesenet. Brann- og redningsvesenet skal ha ei innretning og dimensjonering som er i samsvar med krava i Forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen og brann- og eksplosjonsvernlova. Brann- og redningsvesenet skal vere utrusta og dimensjonert til lokale risiko- og sårbarheitsforhold. Enkelte brann- og redningsvesen har spesialkompetanse og kan ved behov yte støtte til andre lokale brann- og redningsvesen. Til dømes er det utpeika sju brann- og redningsvesen som har særlege evner til å yte redningsinnsats til sjøs (RITS). Ved brann har brann- og redningsvesenet eit forskriftsfesta krav til innsatstid på mellom 10 og 30 minutt avhengig av tettstadskategori. Innsatstid er definert som tida frå innsatsstyrken er alarmert, til han er på skadestaden. Innsatstida blir i all hovudsak etterlevd.

Ved skogbrannar kan brann- og redningsvesenet be om bistand frå den statlege skogbrannhelikopterberedskapen. Skogbrannhelikopterberedskapen er administrert av DSB, og bruken blir koordinert av Hovudredningssentralen i Sør-Noreg. Den statlege skogbrannhelikopterberedskapen har vist stor evne til å skalere opp kapasiteten etter behov. Gjennom avtalar om internasjonalt redningssamarbeid kan kapasiteten bli ytterlegare styrkt.

Forsvaret er ein sentral aktør i redningstenesta med fleire unike operative evner, både knytte til operative ressursar og til å byggje oppdaterte situasjonsbilete gjennom overvaking av havområde og skipstrafikk, inkludert militære fartøy. I sjøredningsaksjonar bidrar Forsvaret med ressursar i form av marinefartøy, overvakingsfly og helikopter. I tillegg til materielle ressursar har Forsvaret betydelege mannsskapsstyrkar som kan støtte i søk- og redningsaksjonar, deriblant styrkar frå Heimevernet. Heimevernet er ein betydeleg beredskapsressurs ved større eller langvarige søke- og redningsaksjonar på land. Forsvaret har auka kapasitetane sine i Nord-Noreg, deriblant på område der det er få andre redningsressursar. På desse områda bidrar Forsvaret vesentleg til den operative redningsevna. Fleire sentrale ressursar i Forsvaret gjennomgår no ein moderniseringsprosess. Dette kan innebere redusert tilgjengelegheit til enkelte ressursar. Eitt døme er den svekte helikopterberedskapen til Kystvakta. Forsvaret har i utgangspunktet klartider tilpassa Forsvarets behov, men vil likevel ofte kunne mobilisere ressursar raskare enn fastsette klartider. Dette inneber svingingar i den operative redningskapasiteten.

Sivilforsvaret er ein del av totalforsvaret og gir støtte til nød- og beredskapsetatane i heile krisespekteret. Sivilforsvaret er underlagt DSB og er delt inn i 20 distrikt og har ein styrke på 8 000 tenestepliktige. I redningstenesta er Sivilforsvaret ein sentral ressurs i leiteaksjonar på land, som ofte er mannskapskrevjande. Sivilforsvaret har store materielle og personellmessige ressursar som stiller krav til investeringar og kontinuerleg kompetanseutvikling. På materiellsida er det eit investeringsetterslep innanfor enkelte område. Når det gjeld personellsituasjonen, er det behov for å auke oppfyllinga av befal, som på nasjonalt nivå er på 67 pst. DSB vil framover gjennomføre fleire befalskurs for å auke oppfyllinga. Dekninga av tenestepliktige er i samsvar med målsetjinga, men oppfyllinga per distrikt varierer.

Særleg vurdering av redningsberedskapen på Svalbard

Dei arktiske delane av Noregs redningsansvarsområde spenner over store område med få ressursar og krevjande framkomst. På Svalbard er det få alternative ressursar utover den faste redningsberedskapen til Sysselmannen. Eksisterande satellittkommunikasjonssystem har begrensa dekning nord for 75 gradar. Velfungerande kommunikasjonssystem er viktig for sikker navigasjon og for effektiv og sikker redningsteneste og nødkommunikasjon. Redning og beredskap er ei av primæroppgåvene til Sysselmannen. Større hendingar på Svalbard vil kunne krevje behov for støtte av ressursar frå fastlandet, og det er tett dialog mellom lokal redningssentral på Svalbard og hovudredningssentralen i Nord-Noreg ved hendingar der det er behov for koordinering av ressursar frå fastlandet. Tenestefartøyet til Sysselmannen, MS «Polarsyssel», har sidan 2014 vore ein sentral beredskapsressurs. Fartøyet har kapasitet til å ta imot ei stor mengd nødlidande og er utrusta med søkeutstyr og medisinske fasilitetar. For redningshelikoptera gir MS «Polarsyssel» høve til å etterfylle drivstoff. Fartøyet var ei sentral plattform for leiinga av rednings- og søksarbeidet etter helikopterulukka i Isfjorden i 2017.

Forsvaret har ei særleg tilgjengelegheit i nordområda. Det er normalt eitt kystvaktfartøy i fiskevernsona i havområda utanfor Svalbard. Kystvaktfartøya kan tilføre drivstoff til redningshelikoptera, og nødlidande kan plasserast om bord, noko som gjer at redningshelikoptera i samspel med kystvaktfartøya får styrkt yteevne. Dei maritime patruljeflya til Forsvaret har unike søkeevner og kapasitet til å rekke over store søkeområde. Flya kan bli utrusta med redningsflåtar som kan droppast til nødlidande. Ved hendingar langt til havs eller under krevjande vêrforhold kan dei maritime patruljeflya bidra med avgjerande situasjonsrapportering til hovudredningssentralane. Avgjerdene om ein kan nytte redningshelikopter, kan vere avhengige av denne typen rapportering. Ved spesielle risikoforhold kan Kystvakta posisjonerast for å styrke redningsberedskapen.

Departementets vurdering

Samla sett vurderer departementet at den operative redningsevna til redningstenesta er god, men departementet er innforstått med at den operative redningsevna varierer med tilgangen til operative redningsressursar. Fleire beredskapsaktørar har styrkt dei operative evnene sine, noko som har styrkt redningsberedskapen. Den operative redningsevna vil bli ytterlegare styrkt med dei nye redningshelikoptera. Kapasiteten på Svalbard er vurdert som god med omsyn til handtering av ordinære hendingar, men ved ekstraordinære hendingar eller fleire samanfallande hendingar er det avgjerande med rask bistand frå fastlandet.

4.4.3 Samvirke

Redningstenesta er innretta med utgangspunkt i prinsippet om samvirke. Effektivt samvirke føreset avklarte roller og avklart ansvarsforhold mellom aktørane, nødvendig kunnskap om eigne og andre sine ressursar og kapasitetar og moglegheiter for å kommunisere effektivt på tvers av sektorar, etatar og geografiske grenser. Grunnlaget for eit effektivt samvirke blir lagt mellom hendingane. Pådrivaransvaret til hovudredningssentralane og ansvaret redningsleiinga har for å medverke til samvirket, er regulert i kgl. res. Organisasjonsplan for redningstjenesten.

Samvirke under hendingane

Eit robust samvirke avheng av tilstrekkeleg formalisering av handlingsmønster gjennom planverk som er oppdaterte, harmoniserte og gjennomøvde. Planverket i redningstenesta har blitt styrkt dei siste åra. Eit nytt overordna redningsplanverk i redningstenesta, Håndbok for redningstjenesten, er nyleg ferdigstilt. Handboka gir ein overordna omtale av sentrale roller, oppgåver og kapasitetar i redningstenesta og er utarbeidd av ei arbeidsgruppe leidd av hovudredningssentralane på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet. Målgruppa er alle som har ei rolle i redningstenesta. Vidare er Veileder for planverk og samvirke i redningstjenesten under fullføring, og nye felles planverk for sjø- og luftredningshendingar og landredningar er nyleg ferdigstilte. Fleire tverretatlege planverk er òg utarbeidde, deriblant Nødetatenes samvirke ved pågående livstruende vold (PLIVO) og Felles sambandsreglement for Nødnett. Helsedirektoratet har på bakgrunn av erfaringar frå reelle hendingar gitt ut nasjonale retningslinjer i Nasjonal veileder for helsetjenestens organisering på skadested og Nasjonal veileder for masseskadetriage. Retningslinjene bidrar til å avklare ansvar og hovudoppgåver når fleire nødetatar samverkar, ved både mindre og større hendingar.

Sambandsløysingar er ein kritisk innsatsfaktorar for samvirket under hendingar. Innføringa av Nødnett har styrkt kommunikasjonen og samvirket i og mellom samvirkeaktørar i redningstenesta. Gjennomsnittleg tilgjengelegheit i Nødnett for 2017 var 99,83 pst. Dei vanlegaste årsakene til utfall av Nødnett i 2017 var straumbrot og brot på telelinjer. Nødnett er ikkje bygd ut på Svalbard. Fastlandsressursar er ein viktig forsterkingsressurs for Svalbard, og alternative sambandsløysingar må vere øvde på ved søk- og redningsaksjonar på Svalbard. Ved skredulukka på Svalbard i 2015 vart det identifisert eit forbetringspotensial knytt til kommunikasjonsflyten mellom ressursar på Svalbard og enkelte fastlandsressursar.

Hovudredningssentralane implementerer nasjonalt avgrensa nett i 2018, noko som vil styrke samhandlingsevna knytt til gradert informasjon.

Til sjøs er maritim VHF primærsambandet, der Kystradioen er bindeleddet mellom fartøyet i nød og hovudredningssentralane. Kystradioen består av to døgnbemanna stasjonar, som er samlokaliserte ved dei to hovudredningssentralane, og om lag 120 fjernstyrte VHF-stasjonar. Samlokaliseringa legg til rette for gevinstar i form av effektiv samhandling og informasjonsdeling.

Ved søk- og redningsaksjonar i kystnære strøk, der sjø- og landressursar samverkar i innsatsen, vil to ulike primærsamband ved høvesvis maritim VHF og Nødnett vere i bruk. Ulike ressursar som nyttar ulike samband, vil kunne utfordre samvirket.

Det er identifisert eit forbetringspotensial knytt til deling av digital informasjon mellom aktørane i redningstenesta, t.d. posisjonar og situasjonsbilete. Ulike standardar knytte til teknologiske løysingar, deriblant kart, kan vere til hinder for eit effektivt samvirke mellom ulike aktørar i ein redningsaksjon.

I ein nødssituasjon er det avgjerande at dei operative etatane har tilgang til informasjon om tilgjengelege ressursar. I regi av BarentsWatch har eit felles ressursregister (FRR) blitt utarbeidd. FRR bidrar til å effektivisere den operasjonelle innsatsen knytt til søk og redning. Informasjon om ein ressurs blir hovudsakleg halden ved like av ressurseigaren eller den som disponerer ressursen til dagleg.

Samarbeidet og kommunikasjonen mellom hovudredningssentralane og dei operative kontaktpunkta deira, blir skildra som godt.

Samvirke mellom hendingane

Det er omfattande samvirkeaktivitet på ulike nivå mellom aktørane i redningstenesta. Hovudredningssentralane har eit særskilt pådrivaransvar for å vedlikehalde og vidareutvikle samvirket mellom hendingane og bidrar til dette på fleire arenaer. Sentrale aktivitetar er:

  • tilsyn med lokale redningssentralar

  • arrangering av erfaringsseminar og redningskonferansar

  • deltaking i øvingar

  • utvikling av planverk

  • deltaking i nasjonale og internasjonale forum

Det operative personellet ved hovudredningssentralane jobbar med desse aktivitetane i tillegg til å leie og koordinere hendingar i operasjonsrommet, som er førsteprioritet. Dette reduserer tilgjengeleg kapasitet til aktivitetar knytte til vedlikehald og vidareutvikling av samvirket i redningstenesta. For at ressursane til hovudredningssentralane skal bli brukte der behova er størst, er det nødvendig at hovudredningssentralane prioriterer mellom samvirkeaktivitetar.

På strategisk nivå er redningsleiinga ved høvesvis hovudredningssentralane og dei lokale redningssentralane sentrale samvirkearenaer. Redningsingsleiinga sitt ansvar for å utvikle samvirket er utdjupa i eige mandat for redningsleiingane ved hovudredningssentralane og dei lokale redningssentralane. Redningsleiingane til hovudredningssentralane har felles møter to–tre gonger i året. Det er stor grad av kontinuitet i kven som deltek frå dei ulike sektorane. Redningsleiinga i dei lokale redningssentralane er omstilt frå ein struktur med 27 lokale redningsleiingar til 13, inkludert redningsleiinga ved den lokale redningssentralen på Svalbard. Ved enkelte lokale redningssentralar har det vore lågt aktivitetsnivå i dei lokale redningsleiingane. Dette er dels eit resultat av omstillinga i politiet som følgje av nærpolitireforma. I samband med reforma er det etablert lokale rednings- og beredskapsråd i kvart politidistrikt, der aktørar med oppgåver innan beredskap møtest éin til to gonger i året.10

Øvingar bidrar til å halde ved like planverk og kompetansen og styrker evna til å handtere framtidige hendingar. Hovudredningssentralane deltek årleg på fleire øvingar, både med nasjonale samvirkeaktørar og utanlandske samarbeidsaktørar. I tilsyna med dei lokale redningssentralane går det fram at øvingsaktiviteten til dei lokale redningssentralane gjennomgåande er god, men med nokre lokale variasjonar. Ved fleire lokale redningssentralområde er det etablert lokale samvirkeutval som strukturerer samvirkeaktivitetar som tverretatleg øvingsplanlegging og -gjennomføring. Hovudredningssentralane har tilrådd å etablere øvingsutval i alle distrikta og at dei er forankra i den lokale redningsleiinga. Sivilforsvarsdistrikta gjennomfører òg øvingar og tverrfagleg samvirketrening med nødetatane, frivillige organisasjonar og Forsvaret.

Departementets vurdering

Samvirket i redningstenesta fungerer, slik Justis- og beredskapsdepartementet vurderer det, i all hovudsak godt. Aktørane jobbar gjennomgåande systematisk med samvirket mellom hendingane og samverkar i all hovudsak godt under hendingane. Departementet understrekar at alle samvirkeaktørar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje til rette for eit best mogleg samvirke, og at redningsleiingane ved redningssentralane har eit ansvar for å medverke til utviklinga. Det overordna planverket i redningstenesta har blitt styrkt og legg til rette for auka harmonisering av ulike planverk. Hovudredningssentralane har eit pådrivaransvar for å vedlikehalde og vidareutvikle samvirket i redningstenesta mellom hendingane, men har avgrensa kapasitet i høve til pådrivaransvaret. Departementet følgjer opp dette i styringsdialogen med hovudredningssentralane. Ved enkelte lokale redningssentralar er det identifisert eit behov for å auke aktivitetsnivået i redningsleiingane. Det er identifisert eit forbetringspotensial knytt til deling av digital informasjon mellom aktørane i redningstenesta.

4.4.4 Utviklingsevne

Funksjonen til hovudredningssentralane føreset eit nært samspel med relevante ressursar i samfunnet, og pådrivaransvaret gjer dei til premissgivarar for utviklinga av redningstenesta.

Utviklingsevne føreset at ein har kapasitet til å drive med utvikling og endring utan at dagleg drift blir skadelidande.

Hovudredningssentralane har eit sterkt operativt miljø og kultur for erfaringslæring og kvalitetssikring. Ressurskrevjande aktivitetar, som det å utvikle planverk, får likevel ofte utfordringar med framdrifta ettersom arbeidet i stor grad blir utført av redningsleiarar på turnus. Hovudredningssentralane er i all hovudsak bemanna og innretta for å vareta operative oppgåver, med avgrensa kapasitet innanfor andre fagområde. Det er t.d. låg analysekapasitet og -kompetanse til å utnytte datamaterialet som ligg føre i form av redningsstatistikk og erfaringsdata. Dei administrative oppgåvene blir handterte i tett dialog med departementet.

Avgrensa ressursar i organisasjonen kan òg gjere det krevjande å implementere eksterne krav og føringar. Ofte inneber nye løysingar auka ressursbehov eller behov for ny kompetanse. I samband med kjøpet av nye redningshelikopter vil ny teknologi knytt til kommunikasjon og informasjonsdeling krevje høgare kompetanse og kapasitet i driftsfasen. Innføringa av Nødnett ved hovudredningssentralane har òg gitt eit større ressursbehov knytt til bl.a. drift av samtalegrupper.

Departementets vurdering

Gjennom daglege erfaringar har redningsleiarane unik tilgang på kunnskap som gir grunnlag for kontinuerleg utvikling av den operative verksemda. Det er eit forbetringspotensial knytt til utnytting av erfaringsdata som blir innrapportert til hovudredningssentralane.

4.5 Oppsummering og tiltak

Funksjonsevna til redningstenesta er vurdert gjennom fire underliggjande evner: evne til redningsleiing, operativ redningsevne, evne til samvirke og utviklingsevne. Evna til redningsleiing ved hovudredningssentralane og dei lokale redningssentralane er vurdert som god. Den operative redningsevna er òg vurdert som god, men redningsevna varierer med tilgangen til ressursar. Samvirket i redningstenesta fungerer i all hovudsak godt, men departementet vil understreke at eit effektivt samvirke føreset kontinuerleg vedlikehald. Det er identifisert eit forbetringspotensial for utviklingsevna i redningstenesta, bl.a. knytt til utnytting av statistikk og erfaringsdata som blir innrapportert til hovudredningssentralane. Samla sett er funksjonsevna til redningstenesta vurdert som god.

Det er sett i verk og planlagt ei rekkje tiltak som er venta å styrke funksjonsevna til redningstenesta. Redningsberedskapen til redningshelikoptera vil bli vesentleg styrkt med innfasinga av 16 nye AW101 redningshelikopter.

Fleire beredskapsaktørar har dei siste åra styrkt dei operative evnene sine, og samlokaliseringa av operasjonssentralane til politiet med nødmeldesentralane til brann- og redningsvesenet er venta å styrke samvirket. Fleire av dei lokale redningssentralane har vore gjennom ei større omstilling som følgje av nærpolitireforma. Hovudredningssentralane skal i tråd med instruks frå Justis- og beredskapsdepartementet føre tilsyn med dei lokale redningssentralane og rapportere alvorlege avvik til departementet. I styringsdialogen med hovudredningssentralane vil departementet kunne følgje opp korleis redningsleiingane ved dei lokale redningssentralane blir re-etablerte i ny struktur. Innfasinga av felles ressursregister gir beredskapsaktørane betre oversikt over tilgjengelege ressursar. Verktøyet er teke i bruk av hovudredningssentralane og er under innfasing i politiet. For brann- og redningsvesenet er ei ny forskrift for brann- og redningsvesenet under utarbeiding. Forskrifta skal leggje til rette for eit brann- og redningsvesen med betre evne til å handtere store og komplekse hendingar. Blant dei foreslåtte endringane er krav til heiltidsleiing i alle brann- og redningsvesen og tydelegare krav til risiko- og sårbarheitsanalyser som grunnlag for organisering, utrusting og bemanning. Ein ny fagskule for utdanning av brann- og redningspersonell er òg i ferd med å bli etablert. Fagskulen skal styrke kompetanseutviklinga og auke den operative handteringsevna til brann- og redningsvesenet.

Dei frivillige er ein viktig berebjelke i redningstenesta. FORF og Nasjonalt Redningsfagleg Råd er viktige kontaktpunkt og arenaer for vidareutvikling av det frivillige elementet i redningstenesta. Departementet har gitt Nasjonalt Redningsfaglig Råd i oppdrag å greie ut om rolla til dei frivillige rednings- og beredskapsorganisasjonane i lys av dagens utfordringsbilete. Utgreiinga vil bli ein del av kunnskapsgrunnlaget til departementet. Kunnskap om redningstenesta er eit prioritert FoU-tema i Justis- og beredskapsdepartementets FoU-strategi.

Redningsberedskapen rundt Svalbard har blitt styrkt gjennom utvidinga av seglingssesongen til MS «Polarsyssel» i 2016. På Svalbard har utbygginga av landbaserte AIS-basestasjonar styrkt oversikta over kommersiell skipsfart og fritidsfartøy utstyrte med AIS i området. Det pågår eit arbeid med å greie ut tiltak for å styrke kommunikasjonskapasiteten i nordområda ytterlegare.

Med omsyn til deling av digital informasjon er det identifisert eit forbetringspotensial knytt til deling av digital informasjon mellom aktørane i redningstenesta, t.d. posisjonar og situasjonsbilete. Neste generasjon Nødnett vil vere basert på 4G og den kommande 5G-standarden. Dette vil gi betre og raskare overføring av data enn i dagens Nødnett, som primært er eit talesamband.

5 FNs berekraftsmål – rapportering

FNs berekraftsmål nr. 16: Fremme fredelege og inkluderande samfunn for berekraftig utvikling, sørge for tilgang til rettsvern for alle og byggje velfungerande, ansvarlege og inkluderande institusjonar på alle nivå.

Delmåla fell i stor grad saman med nasjonale prioriteringar og nasjonal politikk. Å styrke den internasjonale innsatsen er i tråd med norske interesser. Det fagleg retta arbeidet blir følgt opp i Justis- og beredskapsdepartementet, og i andre relevante fagdepartement, og vil såleis bli rapportert om i respektive bidrag til nasjonalbudsjettet.

Berekraftsmål nr. 16 er peika ut som tema for FNs High-level Political Forum on Sustainable Development (HLPF) sommaren 2019 og vil bli gått grundig gjennom òg i Noreg. Justis- og beredskapsdepartementet er peika ut som koordinerande departement i Noreg og er i ferd med å kartleggje datagrunnlaget for å måle dei underliggjande delmåla i berekraftsmålet med tilhøyrande indikatorar. I internasjonal samanheng ligg Noreg godt an på ei rekkje av delmåla. Nokre kan òg seiast å vere kvitterte ut. På andre delmål må og skal vi gjere meir, eller vi manglar talgrunnlag for å fastsetje statusen. Dette kartleggingsarbeidet blir intensivert i 2019.

6 Likestilling

Under følgjer omtale av og oversikt over arbeidet med likestilling i Justis- og beredskapsdepartementet og dei underliggjande og tilknytte etatane. Vi viser òg til årsrapportane for etatane.

6.1 Justis- og beredskapsdepartementet

Tabell 6.1 Oversiktstabell for departementet

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Kvinner si lønn i pst. av menn si lønn

Deltid (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

20181

440

39

61

96,0

1,7

3,0

1,8

3,8

2016

436

37

63

99,6

0,0

5,0

2,0

4,0

2015

410

37

63

96,8

N/A

N/A

2,2

5,0

1 Tala for 2018 er frå DFØ per 1. feb.18.

Tabell 6.2 Fordeling av stillingar 2017 og 2018

Februar 2017

Februar 2018

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Dep.råd og eksp.sjef

3

8

3

8

Avdelingsdirektør

25

24

23

23

Direktør

3

Fagdirektør

17

14

19

16

Underdirektør

3

4

2

4

Spesialrådgivar

2

2

2

2

Lovrådgivar

15

4

14

4

Prosjektleiar

3

4

2

2

Seniorrådgivar

129

68

137

68

Rådgivar

49

26

39

25

Seniorkonsulent

14

2

12

1

Førstekonsulent

13

7

12

16

Konsulent

3

Sum

273

163

268

172

Talet inkluderer både tilsette lønte på kap. 400 og dei som er lønte over andre kapittel under Justis- og beredskapsdepartementet.

DFØ per 1. feb. 2017 og 2018.

Departementet har frå 2017 til 2018 ein netto auke i talet på tilsette på fire stillingar. Oversikta viser at delen av kvinner i departementet er på 61 pst., mot 63 pst. i 2017. Delen kvinner i høgaste leiarnivå er i 2018 uendra frå 2017 med 27 pst. Delen kvinner på mellomleiarnivå er i 2018 47 pst., mot 51 pst. i 2017. Kvinner er underrepresenterte i leiarstillingar samanlikna med samansetjinga av kjønn totalt. I stillingar som fagdirektør er delen kvinner uendra frå 2017.

Departementet har fleire kvinner i saksbehandlarstillingar som seniorrådgivar, rådgivar og førstekonsulent. Blant seniorrådgivarar har delen kvinner auka frå 66 pst. i 2017 til 67 pst. i 2018. Delen kvinner blant rådgivarar er redusert frå 65 pst. i 2017 til 61 pst. i 2018. I førstekonsulentstillingar er det i 2018 43 pst. kvinner, mot 65 pst. i 2017.

Tabell 6.3 Lønn (i 1 000 kroner)

Februar 2017

Februar 2018

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Dep.råd og eksp.sjef1

1 248

1 342

1 248

1 342

Avdelingsdirektør

907

898

927

921

Direktør

858

Fagdirektør

794

794

794

792

Underdirektør

713

721

734

730

Spesialrådgivar

1 115

1 031

1 118

1 033

Lovrådgivar

804

771

808

791

Prosjektleiar

799

993

994

1 107

Seniorrådgivar

629

652

636

653

Rådgivar

522

515

530

527

Seniorkonsulent

519

462

521

479

Førstekonsulent

471

468

470

467

Konsulent

419

1 Tala for 2018 inkluderer ikkje lønnsauken for 2018.

DFØ per 1. feb. 2017 og 2018

Forskjellane i lønn på toppleiarnivå er i nokon grad knytt til tyngda til stillinga, dvs. ansvar, omfang og kompleksitet jf. leiarlønnssystemet.

Justis- og beredskapsdepartementet er oppteke av å ha mest mogleg lik kjønnsbalanse i alle stillingar og lik lønn for samanliknbare stillingar. Det er relativt små lønnsforskjellar mellom kjønna på saksbehandlar- og mellomleiarnivå. Det er nokre fleire kvinner enn menn som arbeider deltid. Bruk av deltid er i stor grad knytt til omsorgspermisjonar.

Ved tilsetjingar i ledige stillingar skal minst éin kvalifisert søkar med minoritetsbakgrunn eller nedsett funksjonsevne kallast inn til intervju. Dette skal omtalast i innstillinga.

6.2 Utlendingsdirektoratet

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Kvinner si lønn i pst. av menn si lønn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2017

1 092

30,4

69,6

84,9

3,4

8,6

24,4

21,2

2,2

4,8

2016

1 517

32,8

67,2

95,8

1,7

7,4

38

34,7

2,5

4,4

2015

1 187

30,1

69,9

93,7

4,8

16,5

17

16,5

2,9

4,7

Kilde: UDI

Det var langt færre tilsette ved utgangen enn ved inngangen av 2017, då mange mellombelse arbeidskontraktar gjekk ut 31. januar 2017. I løpet av 2017 vart talet på asyltilkomstar redusert, og prognosane for 2018 vart også reduserte. Av den grunnen vart mykje turnover i løpet av året ikkje erstatta.

6.3 Utlendingsnemnda (UNE)

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Kvinner si lønn i pst. av menn si lønn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2017

353

28

72

95,1

3

10

0

0,5

3,1

4,8

2016

337

29

71

95,8

2

12

0,3

0,5

4,2

3,5

2015

338

30

70

93,6

5

14

0

0,3

4,4

2,6

Kilde: UNE

Kjønnsfordelinga i UNE har dei siste åra vore om lag 70 pst. kvinner og 30 pst. menn. Blant leiarar var fordelinga per 31. desember 2017 56 pst. kvinner og 44 pst. menn. Gjennomsnittslønna for kvinner er 6 pst. lågare for kvinner enn menn i UNE. Fleire menn i dei høgare stillingskategoriane forklarer ein vesentleg del av denne forskjellen.

UNE har utarbeidd ein tiltaksplan for likeverd og mangfald. Eit av tiltaka som er starta opp, er å forbetre lønnsstatistikkane slik at eventuelle lønnsmessige forskjellar enklare kan bli identifiserte/analyserte.

6.4 Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB)

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Kvinner si lønn i pst. av menn si lønn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2017

684

56,4

43,6

94,0

2,9

9,6

2,4

1,9

2,1

2,4

2016

639

56,6

43,4

91,5

1,9

6,7

2,5

2,4

2,1

2,6

2015

561

56,5

43,5

89,5

1,8

8,8

2,8

2,5

0,5

0,7

Kilde: DSB

Blant leiarar i DSB i 2017 utgjer kvinner totalt 40 pst, nok som er ein klar auke frå 2016, og som betyr at målet om 40 pst. kvinner blant leiarar er nådd.

Det er i dag stor forskjell innanfor dei ulike leiarnivåa, med 67 pst. kvinnedel på direktørnivå, mot 36 pst. kvinnedel i mellomleiarsjiktet.

I mellomleiarsjiktet finn vi dei tradisjonelt mannsdominerte delane av verksemda med sivilforsvarsdistrikt og regionskontor innanfor eltryggleik. Her er berre 2 av 23 leiarar kvinner, og rekrutteringsgrunnlaget består i hovudsak av menn.

DSB jobbar for likestilling og ei balansert kjønnssamansetjing gjennom rekrutteringsprosessar, og legg særleg vekt på at kunngjeringstekstane skal utformast slik at verksemda kan tiltrekkje seg begge kjønn og samstundes stimulere til betre mangfald i verksemda. DSB arbeider for likelønn mellom kjønna og å redusere uønskte forskjellar i lønn mellom nytilsette og tilsette som har arbeidd i DSB i fleire år. Likelønnsprinsippet er nedfelt i DSBs lønnspolitiske dokument.

6.5 Hovudredningssentralane (HRS)

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Kvinner si lønn i pst. av menn si lønn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2017

48

83,3

16,7

66,7

0

0

0

1

2,8

2016

48

83,3

16,7

66,7

0

0

0

0

1

2,8

2015

48

77,6

22,4

63,9

0

0

0

0

1,1

2,6

Kilde: HRS

Av seks leiarar ved dei to hovudredningssentralane var fem menn ved utgangen av 2017. Ved nyrekruttering blir kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning og arbeids- og livserfaring alltid oppmoda til å søke stillinga. Det blir likevel ikkje praktisert noka form for kvotering. Til stillingane som redningsleiar er det eit krav om såkalla operativ erfaring. Dette inneber at kandidatane ofte kjem frå mannsdominerte yrke, som Forsvaret, politiet eller sivil luft- og sjøfart. HRS har ei forventning om at prosentdelen kvalifiserte kvinnelege søkarar vil auke i takt med at kvinneprosenten aukar i desse yrkesgruppene. Per 31. desember 2017 var 4 av 36 redningsleiarar ved dei to hovudredningssentralane kvinner.

Personellet blir lønt likt i dei enkelte stillingane uavhengig av kjønn og bakgrunn. Derfor blir det ikkje jobba aktivt med å jamne ut forskjellar mellom kjønna. Det er viktig å nemne at dei lågast lønte stillingane (konsulentstillingane) ved Hovudredningssentralen berre er opptekne av kvinner.

6.6 Spesialeininga for politisaker

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Kvinner si lønn i pst. av menn si lønn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2015

37

38

62

89

0

4,3

5,3

3,6

0,9

1,3

2016

36

36

64

86

7,7

8,7

0

4,4

1,52

2,69

2017

36

39

61

79

2,8

5,6

0

5,6

1

1,6

Det er fleire kvinnelege enn mannlege tilsette i Spesialeininga for politisaker. Eininga har 35 fast tilsette medarbeidarar, og 15 av desse er etterforskarar. Dei tilsette er lokaliserte med nitten tilsette på Hamar, ni i Oslo, tre i Trondheim og fire i Bergen. I tillegg til fast tilsette medarbeidarar har Spesialeininga for politisaker utnemnt tolv advokatar på verv. Av desse er ni menn og tre kvinner. Leiinga består av to menn (33,3 pst.) og fire kvinner (66,6 pst.), og ein av mennene og éi av kvinnene er advokatar på verv. Dersom ein gjer berekningar med utgangspunkt i fast tilsette leiarar, er kvinnedelen i leiinga 75 pst.

Personell blir lønt likt i dei enkelte stillingskategoriane uavhengig av kjønn. Årsaka til at statistikken viser lågare lønn for kvinner, er at dei lågast lønte stillingane (administrasjon) i verksemda berre har kvinnelege tilsette.

Spesialeininga for politisaker har som mål å ha eit inkluderande arbeidsliv der medarbeidarar skal spegle mangfaldet i befolkninga og ha ein variert erfaringsbakgrunn med omsyn til kjønn, funksjonsevne og etnisk bakgrunn. Dette er tydeleg i stillingsannonsane til spesialeininga. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med minoritetsbakgrunn til nye stillingar, skal minst éin av dei bli kalla inn til intervju.

6.7 Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Kvinner si lønn i pst. av menn si lønn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2015

14

22

78

85,6

0

21

0

14,2

0

2,79

2016

13

23

77

87,5

0

23

0

7,7

0

0,96

2017

12

25

75

93,3

8

25

0

0

0

0,46

Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker hadde per 31. desember 2017 tolv tilsette. Dette utgjorde 10,9 årsverk. Kvinner utgjorde 75 pst. av staben. Alle leiarposisjonar var tekne av kvinner, og statens målsetjing om 40 pst. kvinner i leiarposisjonar er derfor oppfylt. Lønnsforskjellane mellom kvinner og menn er redusert noko i perioden 2015 til utgangen av 2017, men med få mannlege tilsette gir små endringar store utslag.

6.8 Domstoladministrasjonen

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Kvinner si lønn i pst. av menn si lønn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2015

2116

37

63

67,3

0,9

10,5

2,5

5,2

0,5

2,3

2016

2075

36

64

69,6

3,9

13

6,2

7,5

1,6

4

2017

2073

36,5

63,5

73,3

2,8

12,2

7,7

7,0

2,1

4,8

Per 31. desember 2017 var det 2073 tilsette i domstolane, tilsvarande 2 011,3 årsverk. Det er ei overvekt av kvinnelege tilsette i Domstoladministrasjonen og domstolane. Dette kjem i hovudsak av at kvinner er overrepresenterte i saksbehandlarstillingar, som utgjer om lag halvparten av talet på medarbeidarar i domstolane. Turnoveren i administrative stillingar i domstolane er låg. Endring i kjønnsfordelinga vil derfor ta tid, uavhengig av tiltak som blir sette i verk. Domstolane jobbar for balansert kjønnsfordeling i arbeidet med rekrutterings- og personalpolitikken. Dette gjeld både saksbehandlar- og dommarfullmektigstillingar, dommarstillingar og leiarar. Innstillingsrådet for dommarar praktiserer moderat kjønnskvotering.

Det blir sett i verk tiltak for å betre situasjonen for medarbeidarar som av helsemessige årsaker har behov for tilpassingar. Domstolane fokuserer på god seniorpolitikk. Det er få medarbeidarar med innvandrarbakgrunn i domstolane.

Lønnsforskjellane mellom kvinner og menn må sjåast i samanheng med at kvinner er overrepresenterte i saksbehandlarstillingar, og at menn er overrepresenterte i dommarstillingar, som er vesentleg høgare lønte.

6.9 Statens sivilrettsforvaltning

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Kvinner si lønn i pst. av menn si lønn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2015

74

35

65

89

0

4,3

5,3

3,6

0,9

1,3

2016

72

35

65

92

0

7

1,4

5,6

0,1

3,3

2017

61

39,3

60,7

96,3

0

13,5

12,5

8,1

0,2

2,2

Statens sivilrettsforvaltning hadde per 1. desember 2017 61 tilsette. Dette svarer til om lag 60,65 årsverk. Fordelinga mellom kvinner og menn var høvesvis 60,7 og 39,3 pst. På leiarnivået – direktør, assisterande direktør og avdelingsdirektør – er kvinnedelen på 60 pst.

Statens sivilrettsforvaltning har som mål å ha eit inkluderande arbeidsliv der medarbeidarane skal spegle mangfald i befolkninga og ha ein variert erfaringsbakgrunn med omsyn til kjønn, alder, nedsett funksjonsevne og etnisk bakgrunn. Desse forholda blir vektlagde i rekrutteringsprosessane i verksemda. Statens sivilrettsforvaltning jobbar kontinuerleg med å auke delen menn i samband med rekruttering.

6.10 Kontoret for valdsoffererstatning

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Kvinner si lønn i pst. av menn si lønn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2015

55

36

64

104,3

50

20

0

8,6

0,2

3,2

2016

51

35

66

105,6

16,7

15,2

16,7

12,1

0,2

2,8

2017

31

32

68

95,4

0

0

0

0

1

3,5

Endringane som har skjedd frå 2015 og 2016 til 2017, heng saman med at ansvaret for Rådgivingskontora for valdsoffererstatning vart overførte til Kontoret for valdsoffererstatning til politiet i 2017. Rådgivingskontora blir no kalla Støttesentera for kriminalitetsutsette. Mange stillingar ved dei tidlegare rådgivingskontora var deltidstillingar og i hovudsak bemanna av kvinner med høgare utdanning. Endringane i kvinner si lønn i forhold til menn si lønn kan delvis tilskrivast den same forklaringa, men heng òg saman med at Kontoret for valdsoffererstatning har jamn turnover av juristar, derav flesteparten er nyutdanna kvinner som får startlønn som akademikarar.

6.11 Politiet

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Kvinner si lønn i pst. av menn si lønn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2017

17 242

54

46

96,1

0,9

7,6

3,5

4,3

2,6

5,8

2016

16 595

55

45

95,1

1

8,7

2,3

3,6

2,3

5,5

Tabellen inkluderer Politidirektoratet og alle underliggjande einingar og er basert på data frå personal- og lønnssystemet i etaten. Tala inkluderer ikkje PST.

Ekskl. timelønte, medarbeidarar på pensjonistvilkår, eksterne og medarbeidarar i permisjon utan lønn.

Kjønnsbalanse: Totalt er talet på tilsette som får lønn, inkl. medarbeidarar i foreldrepermisjonar (ikkje årsverk)

Lønn: Berekna av gjennomsnittleg grunnlønn per månad for alle tilsette (ekskl. faste tillegg). Lønn for deltidstilsette er omrekna til tilsvarande 100 pst. stilling.

Deltidstilsette inkluderer ikkje medarbeidarar i delvis omsorgspermisjonar. Mellombelse: Tala for tidlegare år er endra som følgje av at vikarar tidlegare var inkluderte i berekningane. Ein del fast tilsette er mellombels i ei anna stilling og kan vere koda som mellombelse.

God kjønnsbalanse i politiet er eit politisk og strategisk mål, og eit viktig bidrag til å levere på samfunnsoppdraget vårt. Det er per 31. desember 2017 totalt 46 pst. kvinner i politiet. Det er ein auke med 1 prosentpoeng frå 2016. Som eit ledd i dette arbeidet vart det i 2016 utarbeidd ein overordna plan for kjønnsbalanse i leiarstillingar. I løpet av planperioden (2017–2022) er målet 30 pst. kvinnelege leiarar i politistillingar og 40 pst. kvinnelege leiarar totalt. I politistillingar har delen kvinnelege leiarar auka frå 18 pst. i 2016 til 20 pst. i 2017. For leiarstillingar totalt har delen kvinner auka frå 30 til 32 pst. i same periode.

Fleire distrikt har utnytta moglegheitene i samband med omorganiseringa til å betre kjønnsbalansen i leiarstillingar. Ved utgangen av 2017 har 7 av 12 politidistrikt ein kvinnedel på over 30 pst. i leiargruppa til politimeisteren.

Våren 2017 starta POD opp eit sentralt mentorprogram som rettar seg både mot tilsette som er motiverte for å ta leiaransvar, og mot tilsette som i dag er leiarar og motiverte for å ta eit større leiaransvar. To kull blir sluttførte i løpet av 2018, og det er planlagt oppstart for to nye kull. Mentorprogrammet har fått gode tilbakemeldingar, og målet på sikt er å få ei meir mangfaldig leiing. Målet om 40 pst. kvinner blant dei nye studentane på Politihøgskolen vart oppnådd i 2012, og delen har auka gradvis dei siste åra. I opptaket for 2017 har Politihøgskolen den høgste kvinnedelen gjennom tidene, med heile 46 pst. kvinnelege studentar. Det er ein auke på 4 prosentpoeng frå 2016.

For å fremme likestilling og hindre diskriminering har profesjonalisering av rekrutteringsprosessane vore prioritert. Dette arbeidet er òg følgt opp i regi av mangfaldnettverket med samarbeidsprosjektet «Profesjonell rekruttering er likestilt rekruttering». Fafo vart i 2017 valt ut til å gjere ei kartlegging av rekrutteringspraksisen i fleire av verksemdene for å undersøke korleis ein lukkast med likestilt rekruttering. Resultata er no publiserte, og arbeidet vil bli følgt opp i 2018.

Politihøgskolen har over fleire år arbeidd aktivt med å rekruttere fleire studentar frå minoritetsgrupper til politiutdanninga. Tala viser ein gradvis auke av studentar med minoritetsbakgrunn, frå 12 pst. i 2015 til 14 pst. i 2017. I 2016 var det berre 25 pst. kvinner i denne gruppa. I 2017 har delen kvinner blant minoritetsstudentane auka til 43 pst.

Tal frå SSB viser at i 2017 hadde 5,26 pst. av dei tilsette i politiet innvandringsbakgrunn – ein auke frå 5,1 pst. i 2015. Av desse hadde 565 bakgrunn frå Asia, Tyrkia, Afrika, Latin-Amerika, Europa utanom EU/EFTA og Oseania utanom Australia og New Zealand. Dei gjenverande 304 hadde bakgrunn frå EU/EFTA, Nord-Amerika, Australia og New Zealand.

Det har over fleire år blitt presisert at det er nulltoleranse for seksuell trakassering og anna utilbørleg åtferd i politiet. I medarbeidarundersøkinga i år svarte 2 pst. at dei hadde opplevd uønskt seksuell merksemd i løpet av dei siste tolv månadene. Etaten jobbar med ulike førebyggjande tiltak. Meir merksemd om risiko og sårbarheit i arbeidsmijløet i politiet, opplæring i handtering av varsel, styrkt bevisstheit kring kva som er akseptabel åtferd, og betre kjønnsbalanse i leiarstillingar er døme på tiltak.

Gjennomsnittleg brutto grunnlønn per månad for alle stillingskategoriar i politi- og lensmannsetaten var 41 645 kroner i 2017, derav 40 752 kroner for kvinner og 42 392 kroner for menn. Gjennomsnittleg grunnlønn pluss faste tillegg per månad for alle stillingskategoriar i politi- og lensmannsetaten var 44 213 kroner i 2017, derav 42 475 kroner for kvinner og 45 668 kroner for menn. Lønnsforskjellar kan forklarast ut frå variablar som bl.a. ansiennitet og kjønnsfordeling over tid. Det er òg fleire menn i leiarstillingar.

Det totale sjukefråværet har over fleire år lege kring 5 pst. Det er høgare for kvinner enn menn. Det er høgare for kvinner enn for menn. Det totale sjukefråværet for 2017 var på 5,3 pst.

6.12 Kriminalomsorga

År

N

Kjønnsbalanse

Kvinnene si lønn i pst. av menne sin

Deltid (pst.)

Kortvarige stillinger (pst.)

M

K

M

K

M

K

2018

4 837

2 609

2 228

97

7

17

9

11

2017

4 833

2 617

2 216

97

6

16

12

13

Tala er per 1. mars 2018 og inkluderer aspirantar ved KRUS. Lønna viser avtalt fastlønn.

Kilde: KDI

Kjønnsfordelinga blant tilsette i kriminalomsorga viser 46 pst. kvinner og 54 pst. menn i 2018. Det er same nivå som føregåande år. Det er fleire kvinner som jobbar deltid samanlikna med menn. Delen deltidstilsette utgjer ca. 11 pst. av dei tilsette. Delen kortvarige tilsette auka i årene fram til 2015, men har gått ned dei siste åra. Kvinnene si gjennomsnittlege månadslønn utgjer om lag 97 pst. av menna si lønn. Kjønnsfordeling hos aspirantar ved KRUS var 55 pst. menn og 45 pst. kvinner ved siste opptak i 2017. Justis- og beredskapsdepartementet er tilfreds med ein så vidt høy del kvinnelege aspirantar.

6.13 Sekretariatet for Konfliktråda

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Kvinners lønn i pst. av menns lønn

Deltid (pst.)

Midlertidige stillinger (pst.)

Legemeldt fravær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

20171

134

27

73

103,3

0

8,9

16,2

18

4,07

6,84

2016

131

31

69

96,3

0,8

7,6

4,7

4,4

1

3,8

2015

124

30

70

90,4

0,8

8

1,6

1,6

N/A

N/A

1 Om 2017-tala: I rapporteringa på kjønnsbalanse, løn, deltid og førebelse er det brukt tal frå første halvår 2018. Tala for antal (N), foreldrepermisjon og legemeldt fråver er tal frå 2017.

Kilde: Sekretariatet for Konfliktråda

1. juli 2018 utgjorde bemanninga i konfliktråda (SfK) 124,4 årsverk. Kvinner er overrepresentert blant dei tilsette. Sekretariatet vert leia av ein kvinneleg direktør, og assisterande direktør er kvinne. 15 av 18 konfliktrådsleiarar er kvinner. SfK har som mål å ha eit inkluderande arbeidsliv der medarbeidarane skal spegle mangfald i befolkninga med tanke på kjønn, nedsatt funksjonsevne og etnisk bakgrunn. Dette vert spegla i verksemdene sine stillingsannonsar.

7 Tekniske endringar i kontostrukturen og bruk av stikkord kan overførast

Det blir foreslått å avvikle kap. 3400 Justis- og beredskapsdepartementet, post 02 Refusjon av ODA-godkjente utgifter som følgje av at utgiftene frå 2019 ikkje lenger vert ført som utviklingshjelp.

Det blir foreslått å opprette ein ny inntektspost: kap. 3445 Den høyere påtalemyndighet, post 02 Refusjoner.

Det blir foreslått at stikkordet kan overføres blir fjerna frå kap. 451, post 21, på føresetnad av at forslag til vedtak om fullmakta til å overskride i romartalsvedtak XII blir vedteken.

Det blir foreslått å opprette ein ny post under kap. 455 med post 73 Tilskudd til Redningsselskapet.

Det blir foreslått å opprette kap. 3470 Fri rettshjelp, post 02 Fri rettshjelp, ODA-godkjente utgifter, der det blir ført midlar til fri rettshjelp til asylsøkarar, som er godkjende som utviklingshjelp.

Det blir foreslått at kap. 490 Utlendingsdirektoratet, post 71 Tilskudd til aktivitetstilbud til barn i asylmottak byter namn til post 71 Tilskudd til aktivitetstilbud til barn i asylmottak, og veiledning for au pairer, for å betre gjere synleg kva for type utgifter som blir løyvde på posten.

Det blir foreslått at kap. 490 Utlendingsdirektoratet, post 72 Retur av asylsøkere med avslag og tilbakevending for flyktninger byter namn til post 72 Internasjonalt migrasjonsarbeid, og assistert retur og reintegrering i hjemlandet, for å betre gjere synleg kva for type utgifter som blir løyvde på posten.

Det blir foreslått å opprette kap. 3490 Utlendingsdirektoratet, post 07 Tolk og oversettelse, ODA-godkjente utgifter, der det blir ført inntekter til dette formålet som er godkjende som utviklingshjelp.

Det blir foreslått å opprette kap. 3490 Utlendingsdirektoratet, post 08 Internasjonalt migrasjonsarbeid og reintegrering i hjemlandet, ODA-godkjente utgifter, der det blir ført inntekter til dette formålet som er godkjende som utviklingshjelp. Programkategori 06.95 Integrering og mangfold og tilknytta kapittel utgår som følge av at ansvaret er flytta til Kunnskapsdepartementet, jf. Prop 48 S (2017–2018) og Innst. 230 S (2017–2018).

Under Justis- og beredskapsdepartementet blir stikkordet kan overføres foreslått knyttet til disse postene utenom postgruppe 30–49

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Betegnelse

Overført til 2018

Forslag 2019

Begrunnelse for stikkordet

400

23

Spesielle driftsutgifter, forskning, evaluering og kunnskapsinnhenting

19 443

30 280

410

22

Vernesaker/sideutgifter, jordskiftedomstoler

3 777

6 735

430

60

Refusjoner til kommunene, forvaringsdømte mv.

11 792

69 000

440

22

Søk etter omkomne på havet, i innsjøer og vassdrag

4 454

9 189

474

60

Tilskudd til kommuner

19 808

475

21

Spesielle driftsutgifter

14 452

7 620

490

23

Spesielle driftsutgifter, kunnskapsutvikling

819

4 511

490

75

Reiseutgifter for flyktninger til og fra utlandet

11 337

Fotnoter

1.

Instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet, fastsett av Justis- og beredskapsdepartementet, 1. september 2017.

2.

Fastsett av Justis- og beredskapsdepartementet 5. november 2015 i Instruks til politimester for Hovedredningssentralen Sør-Norge og instruks til politimester for Hovedredningssentralen Nord-Norge.

3.

I redningsleiinga til hovudredningssentralane deltek representantar frå Forsvaret, Luftfartstilsynet, Kystverket, Sjøfartsdirektoratet, Nasjonal kommunikasjonsmyndighet, Helsedirektoratet og DSB. Følgjande blir tilbodne å delta på nærmare fastsett måte av Justis- og beredskapsdepartementet: Avinor, Telenor Kystradio, Frivillige Organisasjoners Redningsfaglige Forum og Redningsselskapet.

4.

Ansvarsområdet strekker seg frå 57 gradar nord, i Skagerrak, til 90 gradar nord (Nordpolen). Vest–aust-aksen er avgrensa av Greenwich-meridianen, med ei viss tillemping i Nordsjøen på grunn av oljeverksemda, til omtrent 35 gradar aust utanfor Varanger.

5.

IAMSAR Manual Volume III.

6.

Sjå også omtalen av FRR under punkt 4.4.3.

7.

Redningshelikopterbasane er plasserte ved Rygge, Sola, Ørland, Bodø og Banak.

8.

Reaksjonstida er tida frå alarm til helikopteret lettar.

9.

Gjennomsnittstal. Ikkje medrekna PST.

10.

Rammene for rådet famnar vidare enn redningstenesta og omfattar òg oppgåvene som følgjer av politilova § 27 tredje ledd.

Til toppen
Til dokumentets forside