Prop. 1 S (2018–2019)

FOR BUDSJETTÅRET 2019 Svalbardbudsjettet

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing

1 Innleiing

1.1 Generelt om Svalbard

Svalbard omfattar Spitsbergen, Prins Karls Forland, Nordaustlandet, Kong Karls Land, Barentsøya, Edgeøya, Hopen, Bjørnøya og alle holmar og skjer innanfor koordinatane 10° og 35° austleg lengde og 74° og 81° nordleg breidde. Svalbard har eit landareal på 61 022 km2 og utgjer ca. 16 pst. av Kongeriket Noreg sitt totale landareal. Spitsbergen er den største øya i Noreg og er omtrent på størrelse med fylka Nordland og Troms til saman. Rundt 60 pst. av Svalbard er dekt av isbrear og under 10 pst. av Svalbard har vegetasjon.

Svalbardtraktaten blei underteikna 9. februar 1920 og tredde i kraft 14. august 1925. Frå same dag blei Svalbard ein udeleleg og uavhendeleg del av Kongeriket Noreg gjennom ei eige lov, Svalbardlova 17. juli 1925 nr. 11. Svalbardtraktaten er open for tiltreding og har i dag i overkant av 40 partar. Sysselmannen er regjeringa sin øvste representant på Svalbard og tek vare på statens interesser på øygruppa.

Etter Svalbardlova § 2 gjeld norsk privatrett, strafferett og lovgivinga om rettspleia utan vidare for Svalbard om ikkje anna er fastsett. Andre lover gjeld ikkje utan når det er fastsett særskilt. Det kan òg givast særskilte forskrifter for Svalbard.

Størsteparten av busetjinga på Svalbard ligg på øya Spitsbergen. Longyearbyen er det administrative senteret på Svalbard og er det største lokalsamfunnet. Utanom Spitsbergen bur det folk ved dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya.

Lokalsamfunnet i Barentsburg er bygd opp rundt koldrifta til det russiske selskapet Trust Arktikugol. Det er registrert om lag 450 fastbuande i Barentsburg. I Ny-Ålesund er all verksemd knytt til forsking og forskingssørvis. Det er registrert om lag 40 heilårsbusette der. Ved den polske forskingsstasjonen i Hornsund er det registrert 11 busette.

1.2 Bakgrunnen for eit eige svalbardbudsjett

Behovet for å synleggjere inntekter og utgifter på Svalbard er bakgrunnen for at det kvart år blir fremja eit eige svalbardbudsjett. Justis- og beredskapsdepartementet fremjar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samstundes med statsbudsjettet.

Kvart år blir det gitt eit tilskot frå statsbudsjettet til dekning av underskotet på svalbardbudsjettet, jf. Prop. 1 S (2018–2019) Justis- og beredskapsdepartementet kap. 480. Tilskotet er inntektsført på svalbardbudsjettet kap. 3035.

I hovudsak er det den statlege administrasjonen av Svalbard som er finansiert over svalbardbudsjettet. Dette er mellom anna verksemd på Svalbard som er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet, og verksemd underlagt andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre får òg løyvingane sine over svalbardbudsjettet.

Svalbardbudsjettet gir òg ei samla oversikt over statlege løyvingar til svalbardformål. Slike utgifter blir dekte over det ordinære statsbudsjettet under kapitla til dei enkelte fagdepartementa. Forslag til løyvingar for 2019 er omtalt nærare under pkt. 4 nedanfor, jf. òg vedlegg 1.

1.3 Oversikt over Svalbardsatsingar 2018–2019

Forslag 2019

  • Nytt reservekraftverk Longyearbyen 19 mill. kroner

  • Skredsikring Longyearbyen 45 mill. kroner

  • Tilskot til folkehøgskule i Longyearbyen, 7,1 mill. kroner

  • Norsk Polarinstitutt – Ny Ålesund, 10 mill. kroner

Vedtak 2018

  • Bustadbygging og arealutvikling i Longyearbyen, 273 mill. kroner

  • Miljøtiltak og opprydding i Lunckefjell/Svea 167 mill. kroner

  • Sikring og istandsetting av administrasjons- og servicebygget i Ny-Ålesund, 25 mill. kroner.

  • Reparasjon Svalbard globale frøkvelv, 100 mill. kroner

  • Vaktordning for anestesilege knytt til Sysselmannens helikopter, 16 mill. kroner

  • Oppgradering av vitskapeleg utstyr ved UNIS, 6 mill. kroner

Tala er uttrykk for auka løyving og ikkje den totale løyvinga til føremålet. Tala viser heller ikkje fleirårsverknader. Tiltaka er nærare omtala seinare i proposisjonen.

Dei totale løyvingane som dei einskilde departementa foreslår til svalbardformål går fram av vedlegg 1 og 2.

1.4 Offentlege aktørar på Svalbard

1.4.1 Sysselmannen

Sysselmannen på Svalbard er øvste representant for regjeringa på øygruppa og har rolle både som politimeister og fylkesmann. Sysselmannens kjerneoppgåver er rednings- og beredskapsarbeid, ansvar for politi- og påtalestyresmakt og miljøforvaltning.

Det at både politifagleg og miljøfagleg ekspertise er samla i Sysselmannens organisasjon, mogleggjer ei god fagleg forvalting av plan- og enkeltsaker, eit godt informasjonsarbeid og ei effektiv etterforsking av miljøkriminalitet. Turisme og ferdsel på Svalbard krev at ein held godt oppsyn slik at ein kan avdekkje moglege brot på føresegna om vern av natur- og kulturmiljø på Svalbard.

Sysselmannen har i kraft av rolla som politimeister same ansvar og mynde som politimeistrane på fastlandet. Sysselmannen er dermed både leiar av påtalemyndigheita i politiet og for verksemda elles i politiet.

Sysselmannen har, som leiar for redningsleiinga ved den lokale redningssentralen (LRS) ansvaret for redningstenesta.

Sysselmannen har ei sentral rolle for å handtere oppståtte hendingar innan samfunnstryggleiks- og beredskapsområdet. Sysselmannen skal vere pådrivar og rettleiar i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap, jf. Instruks for fylkesmannens og Sysselmannen på Svalbards arbeid med samfunnssikkerhet, beredskap og krisehåndtering (fastsett ved kgl. res. 19. juni 2015). Hendingane kan vere både ikkje-planlagde hendingar som til dømes naturkatastrofar, og planlagde hendingar som til dømes kriminalitet og terrorisme. Sysselmannen vektlegg samarbeidet med dei lokale beredskapsaktørane og overordna styresmakter. Målet er ein beredskap som gir befolkninga på Svalbard størst mogleg tryggleik.

Sysselmannen, som fylkesmann, leiar beredskapsrådet for Svalbard. Rådet skal medverke til eit felles risiko- og sårbarheitsbilete og ei felles plattform for planlegging av samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeid på Svalbard. Rådet skal òg vere førebudd på å hjelpe Sysselmannen ved krisehandtering. Sysselmannen utgjer ein statleg ressurs for oljevernberedskapen.

Sysselmannen er, som fylkesmann, regional, statleg miljøvernmyndigheit på Svalbard og har ansvaret for handhevinga av miljøregelverket og oppsynet med at regelverket blir følgt. Sysselmannen sine miljøvernoppgåver spenner over eit breitt spekter av oppgåver innanfor områdevern, artsforvaltning, kulturminne, naturinngrep og forureining. I tillegg kjem planarbeid der planansvaret ikkje er delegert til Longyearbyen lokalstyre. Saksførebuing og søknadshandsaming, regelverksarbeid og utarbeiding av forvaltningsplanar er viktige oppgåver for Sysselmannen på miljøvernsida.

Sysselmannen hjelper fleire statlege styresmakter i samband med informasjons- og tilsynsverksemd. Sysselmannen møter fast i Det interdepartementale polarutvalet.

1.4.2 Longyearbyen lokalstyre

Longyearbyen lokalstyre har som formål å leggje forholda til rette for eit funksjonsdyktig lokalt folkestyre i Longyearbyen. Lokalstyret skal sikre ei rasjonell og effektiv forvaltning av fellesinteressene innanfor ramma av norsk svalbardpolitikk, med sikte på ei miljøforsvarleg og berekraftig utvikling av lokalsamfunnet.

Lokalstyret får tilskot til drift via ei rammeløyving frå Justis- og beredskapsdepartementet.

Justis- og beredskapsdepartementet og Longyearbyen lokalstyre har kontaktmøte to gonger i året. Dialogen lokalstyret har med departementa er viktig for å sikre ei utvikling av samfunnet i Longyearbyen i tråd med dei overordna måla i svalbardpolitikken.

Lokalstyret har ansvar for forvaltninga av nærare definerte saksområde innanfor Longyearbyen arealplanområde. Oppgåvene er på fleire felt tilsvarande dei oppgåvene ein kommune på fastlandet er tillagt. Lokalstyret har i tillegg eit lovpålagt ansvar for infrastruktur i Longyearbyen som ikkje er tillagt staten eller andre, dette gjeld mellom anna energiforsyning. Lokalstyret har derimot ingen oppgåver eller utgifter til eldreomsorg sidan Longyearbyen ikkje er eit livsløpssamfunn. Longyearbyen lokalstyre har heller ikkje ansvar for eller utgifter til andre helse- og omsorgstenester.

Longyearbyen lokalstyre er planmynde i Longyearbyen arealplanområde. Revidert arealplan blei vedteken av Longyearbyen lokalstyre 13. februar 2017.

Longyearbyen lokalstyre har ei generell beredskapsplikt, jf. sivilbeskyttelsesloven §§ 14, 15 og 29 som gjeld på Svalbard jf. forskrift om sivilbeskyttelseslovens anvendelse på Svalbard og om beredskapsplikt for Longyearbyen lokalstyre. Formålet med ei generell beredskapsplikt er at kommunar, og lokalstyret, skal sjå arbeidet med tryggleik i samanheng og planleggje ut frå dette. Forskrifta pålegg lokalstyret sjølv å ta ansvar for eit systematisk, kontinuerleg og kvalitetsvist godt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap, og vurdere behovet for eventuelle særskilte førebuingar. Sysselmannen på Svalbard fører tilsyn med lokalstyret si oppfølging av pliktene i forskrifta.

1.4.3 Andre aktørar

Over svalbardbudsjettet blir det løyvd midlar til fleire statlege aktørar, som er fagleg styrt av respektive fagdepartement:

  • Svalbard kyrkje. Den norske kyrkja er eit sjølvstendig rettssubjekt som Svalbard kyrkje er ein del av. Løyvinga til Svalbard kyrkje er eit øyremerkt tilskot som vert overført til Den norske kyrkja ved Kyrkjemøtet.

  • Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) administrerer Bergverksordninga for Svalbard

  • Kystverket held ved like og gjer naudsynte utskiftingar av navigasjonsinnretningar i farvatna ved Svalbard. Innretningane er etablerte for sjøtrafikk.

  • Statsbygg Svalbard har bl.a. ansvar for forvaltning av ei bustadpool i Longyearbyen som leiger ut bustadar til statleg tilsette. I tillegg har Statsbygg Svalbard ansvar for ein rekkje bygg og utbyggingar på Svalbard.

  • Skattekontoret Svalbard har ansvar for å fastsetje skatt etter svalbardskattelova, administrere register over befolkninga på Svalbard, refundere til fastbuande innbetalt avgift til Svalbards miljøvernfond, og rekne ut kolavgift.

  • Norsk Polarinstitutt er den sentrale statsinstitusjonen for kartlegging, miljøovervaking og forvaltningsretta forsking i arktiske strøk. Norsk Polarinstitutt er fagleg rådgivar for den sentrale forvaltninga, miljødirektorata og Sysselmannen i polarspørsmål og har permanent nærvær i Longyearbyen og Ny-Ålesund.

2 Mål for norsk svalbardpolitikk

2.1 Overordna mål

Heilskaplege stortingsmeldingar til Stortinget om Svalbard blir lagt fram med nokre års mellomrom. Regjeringa la 11. mai 2016 fram Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard. Regjeringa stadfesta i denne meldinga at dei overordna måla for svalbardpolitikken ligg fast:

  • ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten

  • overhalde Svalbardtraktaten på korrekt måte og føre kontroll med at traktaten blir etterlevd

  • bevaring av ro og stabilitet i området

  • bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området

  • halde oppe norske samfunn på øygruppa

Behandlinga i Stortinget, jf. Innst. 88 S (2016–2017), viste at det er brei politisk semje om hovudlinjene i svalbardpolitikken. Regjeringa legg vekt på at forvaltninga av øygruppa er føreseieleg og ber preg av kontinuitet. Ei framhalden føreseieleg forvaltning av Svalbard, i tråd med måla, medverkar både til tryggleik for folk i Longyearbyen og vil medverke til stabilitet og ei føreseieleg utvikling i regionen.

2.2 Justis- og beredskapsdepartementets mål for polarpolitikken

Måla for svalbardpolitikken, den auka aktiviteten på øygruppa og det at fleire aktørar er til stades, gjer det naudsynt med ei sterk koordinering og samordning av svalbardpolitikken. Mange departement har roller på Svalbard og er involverte i arbeidet med å nå måla, jf. òg omtala under pkt. 4. Polarområda har ei politisk betyding som gjer det naudsynt å sjå dei enkelte fagetatane si verksemd i samanheng og i eit breiare perspektiv. Justis- og beredskapsdepartementet er tildelt eit eige ansvar for koordineringa av norsk svalbardpolitikk. Justis- og beredskapsdepartementet, har difor følgjande mål for politikken i Arktis, i tillegg til måla fastsett i stortingsmeldinga:

Tabell 2.1 

Mål

  • 1. Styrkje samhandlinga i beredskap og krisehandtering

  • 2. Styrkje samordninga og koordineringa av norsk polarpolitikk

  • 3. Utvikle vidare lokalsamfunnet i Longyearbyen

2.2.1 Justis- og beredskapsdepartementets mål 1: Styrkje samhandlinga i beredskap og krisehandtering

2.2.1.1 Generelt

Sysselmannen er, som politimeister, leiar for redningsleiinga ved den lokale redningssentralen (LRS) på Svalbard. Redningsleiinga består i tillegg av representantar frå Longyearbyen lokalstyre, Longyearbyen brann og redning, Telenor Svalbard, Universitetssjukehuset i Nord-Noreg avdeling Longyearbyen, Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS, Avinor/Svalbard Lufthamn, Sysselmannens helikopteroperatør og frivillige v/Longyearbyen Røde Kors Hjelpekorps. Faglege rådgivarar kan gi fagleg spesialkompetanse under ein redningsaksjon eller under førebuingar/planarbeid, etter organisasjonsplan for redningstenesta.

Resultat

Sysselmannen samverkar med alle aktørane på ulike nivå og på ulike arenaer gjennom møteverksemd, samarbeid i enkeltsaker, foredrag, trening og øvingar og handsaming av hendingar. I 2017 koordinerte lokal redningssentral (LRS Svalbard) 78 redningsoppdrag mot 67 i 2016. Auke i tilreisande turistar og auka aktivitet i havområda rundt Svalbard har medverka til auke i talet på redningsoppdrag. I 2017 var den største redningsoperasjonen knytt til det russiske helikopteret som styrta utanfor Barentsburg 26. oktober 2017.

Sysselmannen disponerer to Super Puma-helikopter med avansert utstyr. Helikoptra blir nytta til søk og redning på Svalbard og i nærliggjande område. Kvart helikopter kan plukke opp inntil 18 personar i naud innanfor ein radius på 120 nautiske mil. Utrykkingstida er to timar. I sommarhalvåret opererer òg Lufttransport AS og andre helikopter for ulike oppdragsgivarar på Svalbard.

Sysselmannen disponerer ni månadar i året fartøyet «Polarsyssel» med eit helikopterdekk som er stort nok for Sysselmannens helikopter. Tenestefartøyet er ein sentral ressurs i samanheng med redning og beredskap, ved mellom anna fare for skipsforlis, grunnstøyting, oljeutslepp, personskadar m.m. I tillegg blir tenestefartøyet nytta i dei årlege inspeksjonane av øygruppa og generelt i Sysselmannens utøving av mynde.

Auke i cruisetrafikken og annan skipstrafikk gir auka behov for inspeksjon, redningsberedskap og oppsyn. I 2017 hadde «Polarsyssel» 204 aktive seglingsdøgn samanlikna med 160 i 2016.

Forlenga seglingssesong har styrkt kapasiteten til Sysselmannen til å drive myndeutøving på øygruppa og medverka til ytterlegare styrking av beredskapen.

Sysselmannen fekk i 2017 tildelt tre nye politistillingar, mellom anna for å auke nærværet ved Svalbard lufthamn. I 2017 vart feltinspektørtenesta utvida med eit eige vinterfeltlag.

Utfordringar

Regjeringa har som mål at befolkninga skal oppleve stor grad av tryggleik for liv, helse og materielle verdiar. Den geografiske plasseringa til Svalbard, store avstandar og krevjande klima gir særskilte utfordringar på samfunnstryggleik- og beredskapsområdet. Den lokale beredskapen er ikkje dimensjonert for å handtere større eller samtidige hendingar over lang tid. I tilfelle større hendingar, er det difor lagt til rette for tilførsel av ressursar frå fastlandet.

Dersom alvorlege hendingar skjer, er det viktig å ha system for å halde oppe samfunnet si grunnleggjande funksjonsevne. Det er vidare viktig å vere godt øvd og førebudd på å handtere situasjonar som kan oppstå.

Auka aktivitet, i farvatna rundt Svalbard og i nordområda generelt, har følgjer for sjøtryggleiken på Svalbard. Det er venta at talet på redningsaksjonar vil auke i takt med auke i turismen, fiskeria og generelt meir aktivitet i farvatna rundt Svalbard.

Å styrkje samhandlinga i beredskap og krisehandtering er eit viktig verkemiddel for å redusere sårbarheita i samfunnet. Øvingar er sentralt i dette arbeidet.

Beredskapen på Svalbard blir vurdert fortløpande, i lys av aktiviteten på øygruppa og endringar i risikobildet, jf. Innst. 88 S (2016–2017) og Meld. St. 32 (2015–2016).

Tiltak

Frå 2018 er det etablert vaktordning for anestesilege knytt til Sysselmannens helikopter, kombinert med styrking av medisinteknisk utstyr i Longyearbyen. Tiltaket er mellom anna ei oppfølging av evalueringa av beredskapen ved skredet i 2015. Sjå pkt. 4.4 og omtale i Prop. 1 S (2017–2018) Svalbardbudsjettet.

Noreg sitt nye isgåande forskingsfartøy «Kronprins Haakon» vart overteke frå verftet og sett i operativ drift i 2018. Eigarskapen til båten skal overførast til Norsk Polarinstitutt. Havforskingsinstituttet skal ha ansvar for den daglege drifta. Fartøyet vil ha heimehamn i Tromsø. Fartøyet har isbrytarklasse og skal dekkje både eksisterande og nye behov for nærvær, overvaking og datainnsamling i islagte og opne farvatn til alle årstider.

2.2.1.2 Skred og flaum – førebygging og beredskap

Resultat

I februar 2017 gikk det eit stort skred i Longyearbyen som medførte store skadar på bygg i bustadområdet Lia. Ingen personar blei skadd. Skredet kom uventa og vart ikkje pårekna av den lokale skredvarslinga. I 2017 blei det i tillegg gjennomført fleire evakueringar i same bustadområde.

NVE gjennomførte frå 2016 regional snøskredvarsling for regionen Nordenskiöld Land. I tillegg blei det etablert lokal varsling for Longyearbyen. Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) er samarbeidspartnar for observasjonar.

Regjeringa foreslo i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2017 å auke løyvinga på Olje- og energidepartementets kap. 1820 Post 22 Flom- og skredførebygging med 20 mill. kroner for å framskunde arbeidet med skredsikringstiltak i Longyearbyen. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 401 S (2016–2017). NVE har på den bakgrunnen i 2017 detaljprosjektert og starta bygging av eit sikringsanlegg. Det var utfordringar med permafrost, grunnforhold og fundamentering av sikringstiltak mot snøskred. Nye grunnundersøkingar måtte derfor gjennomførast.

Utfordringar

Klimaendringar har ført til større fare for skred i Longyearbyen. Bustadområda Lia og Nybyen er særskilt utsette.

Fleire bygg i Longyearbyen blei i 2016 vurdert å liggje innafor faresonegrensene for 100-års skred (rød sone). NVE leia ei brei samansett ekspertgruppe som i 2018 la fram nye skredvurderingar. Gruppa vurderte skredfaren i området der skred gjekk i 2015 og 2017 under Sukkertoppen (Lia). Den nye farevurderinga viser at skredfaren er vesentleg større enn det kartlegginga frå 2016 synte. Fleire bustader i Lia let seg ikkje sikre med fysiske tiltak som vollar, skjermar eller liknande.

Tiltak

Regjeringa foreslår å løyve 45 mill. kroner i 2019 til sikringstiltak i Longyearbyen på kap. 480, post 50.

Det er foreslått å auke løyvinga til Sysselmannen med 0,3 mill. kroner for å sikre større beredskap av lavinehundar i Longyearbyen.

Fram til skredsikringstiltak og nye bustadar er på plass, er dei viktigaste tiltaka varsling og evakuering. Den lokale varslinga blir ført vidare vinteren 2018/2019. Longyearbyen lokalstyre skal etter planen overta denne varslinga på sikt. Sysselmannen, i rolla som politimeister, er den som tek avgjersla om evakuering ved snøskredfare, basert på skredfaglege råd frå NVE.

Sysselmannen på Svalbard, NVE og Longyearbyen lokalstyre samarbeider om korleis flaum- og skredskadar kan førebyggjast på Svalbard.

2.2.2 Justis- og beredskapsdepartementets mål 2: Styrkje samordninga og koordineringa av norsk polarpolitikk

Regjeringa har som mål å ha ein samordna og koordinert svalbardpolitikk. I dag har fleire departement ei rolle i utforminga av svalbardpolitikken enn tidlegare. Forvaltninga og administrasjonen av Svalbard har endra seg og er mellom anna blitt meir desentralisert. Desentralisering av mynde fører til auka behov for koordinering mellom ansvarlege myndigheiter. Auka aktivitet på Svalbard har medført at stadig fleire lover gjeld for øygruppa. Longyearbyen har òg vakse dei siste åra med auke og meir variasjon i privat næringsdrift og meir omfattande aktivitet i felt, spesielt innan turisme og forsking. Krav til koordineringa av svalbardsaker har blitt meir omfattande.

Det interdepartementale polarutvalet

Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for å koordinere og samordne polarsaker i statsforvaltninga. Det interdepartementale polarutvalet (Polarutvalet) er eit viktig verkemiddel i så høve. Polarutvalet er eit koordinerande og konsultativt organ for sentraladministrasjonen si behandling av polarsaker. Utvalet arbeider etter «Instruks for behandling av polarsaker og for Det interdepartementale polarutvalg (polarutvalgsinstruksen)» fastsett ved kgl. res. 18. oktober 2002. Utvalet skal vere eit særleg rådgivande organ for regjeringa i slike saker. Samstundes gjeld framleis fagdepartementa si avgjerdsmynde og vedkommande fagstatsråd sitt konstitusjonelle ansvar for dei ulike sakene. Utvalet har møte om lag ti gonger i året. I 2018 har Helse- og omsorgsdepartementet og Olje- og energidepartementet inngått som faste deltakarar på møter i polarutvalet.

Lovgiving

Svalbardlova § 2 slår fast at norsk privatrett og strafferett og norsk lov om rettspleie gjeld for Svalbard, når ikkje anna er fastsett. Andre lover gjeld ikkje for Svalbard, utan når det er fastsett særskilt.

Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard gir ein gjennomgang av status for lovgiving på Svalbard. I meldinga slår ein fast at det rettslege rammeverket for Svalbard skal vere mest mogleg likt fastlandet. Ny lovgiving for fastlandet skal som hovuddregel takast i bruk for Svalbard, med mindre særlege forhold talar mot dette, eller det er behov for unntak eller tilpassingar. Lovverket skal gjelde og bli handheva likt for heile øygruppa, med mindre det er behov for overgangsordningar eller andre former for innfasing. Stortinget har slutta seg til desse føringane.

All lovgiving blir likevel ikkje automatisk gjort gjeldande for Svalbard, jf. Svalbardlova § 2 ovanfor. På nokre område er det òg gitt eigne lover eller forskrifter som er spesielt tilpassa forholda på Svalbard. Eksempel på dette er svalbardmiljølova og skattelova for Svalbard. Det kan òg vere nødvendig med andre former for innfasing, m.a. for å gi høve til omstilling for enkelte verksemder. I særskilte tilfelle vil det kunne vurderast unntaksheimlar for visse typar aktivitet. Administrative forhold kan gjere det naudsynt med tilpassingar, for eksempel fordi det ikkje finst motsvarande lokale instansar eller forvaltningsnivå på Svalbard som på fastlandet. I tillegg kan det vere hensiktsmessig å innføre lov som av praktiske og økonomiske årsaker berre gjeld for Longyearbyen arealplanområde.

Arktisk råd

I Arktisk råd samarbeider alle dei arktiske landa på regjeringsnivå. Rådet vart etablert i 1996. Medlemmane deler på å ha formannskapet med to år av gongen. Frå 2017 til 2019 har Finland formannskapet. Utanriksdepartementet har ansvar for å koordinere den norske deltakinga i Arktisk råd med dei ansvarlege sektordepartementa.

Forsking og utdanning

Forsking er ein viktig del av nordområdesatsinga for Svalbard generelt og Longyearbyen spesielt. Forskingsverksemda medverkar til å skape eit stabilt, heilårleg samfunn i Longyearbyen og er grunnleggjande for aktiviteten i Ny-Ålesund.

Tiltak

Regjeringa la 9. mai 2018 fram ein overordna strategi for forsking og høgare utdanning på Svalbard. Strategien er ei langsiktig plattform og fastset rammer og prinsipp for forsking og høgare utdanning. Strategien skal formidle kva for forventningar norske styresmakter har til forskingsaktørar på Svalbard, bidra til ei meir tydeleg rolle som norsk vertskap og fremje koordinering av forskingsaktivitet på Svalbard. Noregs forskingsråd har fått i oppdrag å utarbeide ein eigen forskingsstrategi for Ny-Ålesund, med utgangspunkt i den overordna strategien.

Regjeringa foreslo i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2018 å løyve 6 mill. kroner til å oppgradere vitskapeleg utstyr ved UNIS, jf. Prop. 85 S (2017–2018) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2018. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 400 S (2017–2018).

2.2.3 Justis- og beredskapsdepartementets mål 3: Utvikle vidare lokalsamfunnet i Longyearbyen

Regjeringa har som eitt av hovudmåla i svalbardpolitikken å halde ved lag norske samfunn på Svalbard. Målet vert oppfylt i hovudsak gjennom familiesamfunnet i Longyearbyen og til dels gjennom busettinga i Ny-Ålesund. Regjeringa har som mål at Longyearbyen skal vere eit levedyktig lokalsamfunn som er attraktivt for familiar og eit samfunn som medverkar til å oppfylle og understøtte dei overordna måla i svalbardpolitikken.

2.2.3.1 Befolkning, skred og bustadbygging

Resultat

Regjeringa har bestemt at Forbrukarrådet skal ha ei hospiteringsordning med tre–fem medarbeidarar på Svalbard. Kontoret blei etablert i 2017. Fire medarbeidarar er no tilsette på kontoret til Forbrukarrådet i Longyearbyen.

Tabell 2.2 Befolkningstal 2010–2018 (Befolkningsregisteret – Svalbard skattekontor)

2010

2011

2012

2013

2014

2015

2016

2017

2018

Longyearbyen

2041

2084

2173

2125

2097

2169

2156

2140

2288

Utfordringar

Nedbemanninga i kolverksemda til Store Norske har medført stor omstilling for Longyearbyen. Nedbemanninga har samstundes ikkje hatt særleg innverknad på talet på sysselsette og talet på innbyggjarar i Longyearbyen. Reiselivet er i vekst. Dette er i tråd med føringane i Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard. Samansetninga av befolkninga er derimot i endring på fleire måtar.

Ein viser til merknaden frå utanriks- og forsvarskomiteen i samband med behandlinga av svalbardbudsjettet 2018, jf. Innst. 17 S (2017–2018): «Komiteen fremhever at et av hovedmålene i svalbardpolitikken er opprettholdelse av norske samfunn på øygruppen, og at kulldriften tradisjonelt har vært en viktig bærebjelke for dette samfunnet. Komiteen viser til at tallet på norske statsborgere har gått noe ned, og mener tiltak for å understøtte opprettholdelsen av norske samfunn er svært viktig.»

Longyearbyen er og skal vere eit levedyktig norsk lokalsamfunn og administrasjonssenter. Det er viktig at det er ein god balanse mellom talet på norske og utanlandske statsborgarar i dette samfunnet. Det er difor grunn til å følgje med på utviklinga i Longyearbyen.

For å sikre at Longyearbyen skal vere eit robust norsk familiesamfunn, er det nødvendig å leggje til rette for at folk kjenner seg trygge og at bustadane har ein akseptabel standard. Rammene for ei god samfunnsutvikling som var tilpassa eit gruvesamfunn må justerast. Det er derfor viktig å tilpasse regelverk og rammer i forhold til utfordringar i framtida.

Longyearbyen har mangel på bustadar, mellom anna på grunn av skredsituasjonen. Bustadmangelen har gjort at ein i noen tilfelle ikkje har kunna tilsette folk i det offentlege, fordi ein ikkje har bustad å tilby.

Tiltak

Regjeringa sine tiltak for å sikre Longyearbyen mot skred er omtalt i pkt. 2.2.1.2.

Det er foreslått å auke løyvinga med 0,8 mill. kroner på kap. 0022 Skattekontoret, Svalbard. Styrkinga vil gjere skattekontoret i betre stand til å oppdatere befolkningsregisteret, m.a. sett i lys av at befolkningen i Longyearbyen har auka dei siste åra.

Regjeringa foreslår å løyve 7,1 mill. kroner til oppstart av folkehøgskule på Kunnskapsdepartementet sitt kap. 253 post 70.

Regjeringa foreslo i samband med revidert nasjonalbudsjett 2016 å løyve 10 mill. kroner til bustadbygging og arealutvikling i Longyearbyen, jf. Prop. 122 S (2015–2016). Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 400 S (2015–2016). Løyvinga er nytta til grunnundersøkingar og utbygging av infrastruktur (veg, vatn og kloakk).

Regjeringa foreslo i samband med revidert nasjonalbudsjett 2017 å løyve 28 mill. kroner til Statsbygg til grunnundersøkingar av aktuelle tomter og prosjektering av bustader i Gruvedalen og Nedre Skjæringa. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 401 S (2016–2017). Statsbygg fikk difor i oppdrag å planlegge bygging av opp til 100 bustader i Longyearbyen.

Statsbygg er på den bakgrunnen i ferd med å byggje bustadar til Statsbygg sin eigen utleigepool. Styringsramma for bustadprosjektet er på 291 mill. kroner. Statsbygg tek sikte på at dei første 30 bustadene skal vere innflyttingsklare i løpet av 2018. Bustadane skal bestå av 3-, 4- og 5-roms leilegheiter.

Regjeringa foreslo i samband med revidert nasjonalbudsjett i 2018 at bygging av ovannemnde bustada blei dekt av Statsbyggs reguleringsfond ved at post 24.6 Til reguleringsfondet blei redusert med 150 mill. kroner. Post 24.5 Til investeringsformål og kap. 5445 Statsbygg, post 39 aukar tilsvarande. Stortinget slutta seg til forslaget.

Regjeringa foreslo vidare i samband med revidert nasjonalbudsjett 2018 å løyve 123 mill. kroner til andre bustadtiltak i Longyearbyen. Stortinget slutta seg til forslaget. 20 mill. kroner av løyvingane er tildelt for å dekke utgifter til infrastruktur som Longyearbyen lokalstyre har i samband med utbygging i bustadfeltet Gruvedalen (kap. 480, post 50). 70 mill. kroner av løyvinga er til å dekkje Statsbygg sine infrastrukturtiltak (kap. 530, post 31).

Regjeringa foreslår å setje av 113 mill. kroner i 2019 til Statsbygg for bygging av bustadar i Longyearbyen i 2019 på kap. 2445, post 32.

Tabell 2.3 Oppsummering bustadtiltak i samband med revidert nasjonalbudsjett 2018

Kap. og post

Departement

Bygging av 60 bustadar i Longyearbyen Omdisponering av Statsbyggs reguleringsfond

2445/32

KMD

150 mill. kroner

Statsbyggs utgifter til infrastruktur

530/31

KMD

70 mill. kroner

Longyearbyen lokalstyre sine utgifter til infrastruktur

480/50

JD

20 mill. kroner

Andre bustadformål

480/50

JD

33 mill. kroner

Regjeringa foreslo i statsbudsjettet for 2018 å doble tilskotssatsen for bygging av studentbustader på Svalbard i 2018, jf. Prop. 1 S (2017–2018) for Kunnskapsdepartementet. Årsaka til auka tilskot for studentbustadar på Svalbard er ekstraordinært høge kostnader ved oppføring og drift av bygg på Svalbard. Regjeringa foreslo vidare, i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2018, ein generell auke av tilskotssatsen for bygging av nye studentbustadar. Stortinget slutta seg til forslaga. Tilskotssats for studentbustadar på Svalbard utgjorde etter dette 680 000 kroner i 2018.

I 2018 blei det over ovannemnde tilskotsordning gitt tilsegn om tilskot til 100 hybeleiningar i Longyearbyen. Hyblane skal erstatte dagens studentbustadar i det rasutsette området i Nybyen på Svalbard. Den auka tilskotssatsen vil bli ført vidare i 2019.

Sysselmannen har bede lokalstyret om ei heilskapleg utgreiing av bustadsituasjonen i Longyearbyen. Sysselmannen ber om oversikt over behov på kort sikt, med ulike forslag til løysingar. Utgreiinga skal òg vise behovet på lang sikt, inkludert forslag til betre utnytting av eksisterande bustadområde, transformasjon av område og eventuell utbygging av nye område. Utgreiinga må framstille konsekvensane av dei ulike alternativa, både med omsyn til økonomi, natur og kulturminneverdiar, bustadkvalitet og andre relevante samfunnsmessige element. Lokalstyret er òg bede om å konkludere med kva alternativ lokalstyret vurderer som mest hensiktsmessig.

Regjeringa har pålagt Norsk Helsenett SF å etablere verksemd på Svalbard knytt til deira oppdrag om å etablere eit felles senter for tenester til den sentrale helseforvaltninga. Norsk Helsenett vil etablere inntil fem stillingar i Longyearbyen. Tiltaket er forseinka grunna mangel på bustadar.

Nærings- og fiskeridepartementet tek sikte på å leggje fram ein innovasjons- og næringsstrategi for Longyearbyen i 2019.

2.2.3.2 Energiforsyning og annan infrastruktur

Longyearbyen lokalstyre er som eigar av Longyearbyen energiverk ansvarleg for leveranse av varme og elektrisitet i Longyearbyen.

Resultat

Regjeringa foreslo i Prop. 1 S (2014–2015) å medverke med ekstraordinære løyvingar til Longyearbyen lokalstyre til ekstraordinært vedlikehald av kolkraftverket i Longyearbyen. I perioden 2015–2018 har Stortinget på den bakgrunn løyvd til saman 58 mill. kroner for oppgradering av kraftverket. 2018 var det siste året med statleg ekstratilskot (8,3 mill. kroner). Oppgraderinga av kraftverket gir verket ei forlenga levetid på om lag 20 år.

Rehabiliteringa har gjort at utslepp av SO2 og støv frå kraftverket er nesten borte. Kolkraftverket har derimot framleis høge utslepp av CO2 i høve til den mengda energi kraftverket produserer.

Utfordringar

Forsyningstryggleik for energi er grunnleggjande for alle samfunnsfunksjonar. For Longyearbyen, som ikkje er knytt saman med eit større energisystem, og der tilgang på energi er kritisk for annan grunnleggjande infrastruktur, er forsyningstryggleik for elektrisitet spesielt viktig.

NVE har etter oppdrag frå Olje- og energidepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet vurdert lokalstyret sitt forslag til nytt reservekraftanlegg. NVE meiner på den bakgrunnen at det er eit tydeleg behov for eit nytt reservekraftverk for å gi tilfredsstillande forsyningstryggleik i Longyearbyen. Reservekraftverket i Longyearbyen kan berre levere omtrent halvparten av effektbehovet i Longyearbyen, og situasjonen kan bli prekær. Spisslaststasjonen, som har fungert som delvis reserve for kolkraftverket, blei permanent stengt i 2018.

Forsyningstryggleiken for elektrisitet i Longyearbyen er difor ikkje tilfredsstillande, og det er naudsynt med større kapasitet for reservekraft innan kort tid.

Kolkraftverket i Longyearbyen vil etter vedlikehaldsplanen framleis ha høge utgifter til vedlikehald. For å kunne finansiere vedlikehaldet vil prisen for elektrisk kraft i Longyearbyen måtte aukast.

Enkelte straumkundar i Longyearbyen produserer sjølve straum til eige bruk gjennom eigne solcellepanel. Minska etterspørsel etter elektrisitet frå kolkraftverket vil kunne medføre at straumprisen blir endå høgare, då det blir færre å dele utgiftene på.

Drift og vedlikehald av infrastruktur i Arktis er spesielt krevjande. Infrastrukturen i Longyearbyen er i stor mon frå 1970-talet. Ein ser i aukande grad eit behov for å oppgradere til det som er vanleg standard på fastlandet. Dette gjeld både vegar, bustadar, røyrframføringar og liknande. Middeltemperaturen og nedbørmengda på Svalbard har auka. Varmare klima medfører at meir av nedbøren kjem som regn og ikkje som snø. Auka temperatur i permafrosten fører til eit djupare aktivt lag, meir ustabil grunn under bygningar og i skråningar, auka potensiale for erosjon og stor massetransport i elvane. Dette skaper utfordringar for infrastrukturen.

Tiltak

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Longyearbyen lokalstyre med 19 mill. kroner i 2019 som statleg tilskott for delvis å finansiere bygging av eit nytt reservekraftverk i Longyearbyen. Kostnadsramma for prosjektet er estimert til 55,5 mill. kroner. Regjeringa legg opp til at staten finansierer halvparten av kostnadene til eit nytt reservekraftverk i Longyearbyen.

I samband med behandlinga av Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard bad Stortinget regjeringa om å setje i gang ei brei utgreiing av moglegheitene for framtidig energiforsyning på Svalbard, basert på berekraftige og fornybare løysingar, jf. Innst. 88 S (2016–2017). Utgreiinga blei lagt fram 5. juli 2018. Studien vil bli følgt opp med grundigare vurderingar av samfunnsøkonomiske nytte- og kostnadsverknadar. Andre alternativ eller kombinasjonar av løysingar for framtidig energiforsyning på Svalbard vil òg bli undersøkte. I arbeidet framover vil det vere nødvendig å vurdere omsyn utover dei teknisk-økonomiske eigenskapane ved ulike energiløysingar. Kunnskap om dei lokale forholda på Svalbard er viktig i arbeidet. Lokalstyret vil bli involvert i prosessen framover på ein eigna måte.

2.2.3.3 Endringar i Svalbardlova jf. ny kommunelov

Regjeringa la 16. mars 2018 fram forslag til ny lov om kommunar og fylkeskommunar, jf. Prop. 46 L (2017–2018). Stortinget vedtok på den bakgrunnen ny kommunelov 22. juni 2018. Lova er ikkje trådd i kraft. Svalbardlova kapittel 5 Longyearbyen lokalstyre byggjer på kommunelova. Justis- og beredskapsdepartementet sende derfor 5. juli 2018 på høyring forslag om endringar i Svalbardlova – tilpassing til ny kommunelov. Høyringsfristen var 16. september 2018. Saka er til behandling i Justis- og beredskapsdepartementet

Endringane i Svalbardlova skal etter planen tre i kraft samstundes med ny kommunelov. Forslaget er i stor grad ei vidareføring av reglar som gjeld i dag, der Svalbardlova tek opp i seg og viser til kapitla i kommunelova. Det gjeld til dømes kapitla om folkevalde organ og administrasjonen, val og valbarheit, saksbehandling, økonomiforvalting, internkontroll, kontrollutval, revisjon, statleg kontroll og tilsyn. Forskrifta om saksbehandling og rettar og plikter for dei folkevalde i Longyearbyen lokalstyre er foreslått stroken, i staden foreslår ein i større grad å vise direkte til kommunelova. Føremålsparagrafen og nokre andre basisreglar i Svalbardlova §§ 29-34, er foreslått ført vidare som i dag med enkelte justeringar.

2.2.3.4 Reiseliv

Resultat

Talet på gjestedøgn held fram med å auke. Veksten var monaleg i åra 2012–2016, men har flata noko ut det siste året, jf. tabell under. Frå 2016 til 2017 har det vore ein auke i talet på gjestedøgn på 4,1 pst. 30 oversjøiske cruiseskip hadde anløp i Longyearbyen i 2017. Skipa hadde i overkant av 44 000 cruisepassasjerar, ein auke på 2 700 passasjerar sidan 2016. Talet på kommersielle gjestedøgn i Longyearbyen i 2017 var 147 600. Utviklinga har gjort reiseliv til den største næringa på Svalbard.

Tabell 2.4 Gjestedøgn i Longyearbyen pr. år

2011

2012

2013

2014

2015

2016

2017

Gjestedøgn

86 000

84 000

107 000

119 000

131 000

142 000

147 600

Kjelde:  Visit Svalbard AS, innhenta frå kommersielle, statistikkpliktige overnattingsbedrifter i Longyearbyen, inkl. camping.

Utfordringar

Reiseliv er ei av basisnæringane på Svalbard. Longyearbyen og områda rundt byr på store opplevingsverdiar knytt til den unike naturen og kulturminna som finst der. Utviklinga av reiselivet må vere berekraftig og skje innafor dei fem overordna måla for svalbardpolitikken. Auka turisme medfører samstundes nye utfordringar på Svalbard. Det er derfor viktig å følgje med på denne utviklinga.

Cruisetrafikken i farvatna rundt Svalbard har auka dei seinare åra. Nye område har blitt tilgjengelege i stadig større delar av året som følgje av mindre sjøis. Det er venta at talet på redningsaksjonar vil auke i takt med auke i turismen, fiskeria og generelt meir aktivitet i farvatna rundt Svalbard.

Tiltak

Regjeringa vil bidra til at reiselivsnæringa – og næringsutvikling – skal ha gode og føreseielege rammetilhøve for å sikre ei stabil norsk busetjing på Svalbard. På den andre sida er det viktig å syte for at veksten i næringa skjer i tråd med de føresetnadene som er lagt til grunn i Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard.

Regjeringa er merksam på utviklinga når det gjeld belastning på miljøet på grunn av auka ferdsel, ikkje minst i form av forstyrring av plante- og dyreliv.

Arbeidstilsynet arbeider for eit seriøst, trygt og fleksibelt arbeidsliv, mellom anna ved å følgje opp at verksemdene tek vare på arbeidsgjevaransvaret sitt. Arbeidstilsynet følgjer opp private vekstnæringar, slik at innsatsen for eit seriøst, trygt og fleksibelt arbeidsliv blir tilpassa ny næringsstruktur i Longyearbyen.

2.2.3.5 Hamn

Utfordringar

Skipstrafikken rundt Svalbard består hovudsakleg av cruise- og godstrafikk, forskingsrelatert skipsfart og noko trafikk knytt til fiskeriaktivitet. Trafikken har auka dei siste åra. Det er avgrensa kapasitet ved hamneanlegga i Longyearbyen. Relativt stor trafikk skal betenast over ein kort sesong. Hamneinfrastrukturen i Longyearbyen vil, i lys av ein større kommersiell og industriell aktivitet i Polhavet, få auka verdi som base for rednings- og forureiningsberedskap, og som base for tilbod av maritime tenester. Dei siste åra har behovet for større hamnekapasitet i Longyearbyen auka. Utviklinga dei seinare åra syner at skipstrafikken til dei arktiske områda aukar både i tal og omfang, særleg cruisetrafikken. I tillegg har staten sjølv behov for tilfredsstillande hamnefasilitetar til eiga verksemd og skip som staten disponerer.

Tiltak

Regjeringa legg gjennom Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029 opp til å setje av 300 mill. kroner til utbetring av hamneinfrastrukturen i Longyearbyen. Utbetringa er planlagd i første del av planperioden.

3 Forslag til svalbardbudsjett for 2019

Forslaget til budsjettramme for svalbardbudsjettet for 2019 er på 533,7 mill. kroner samanlikna med 519,9 mill. kroner i vedteke budsjett for 2018. Dette er ein auke på 13,8 mill. kroner, dvs. ein auke på 2,7 pst.

Underskotet på svalbardbudsjettet for 2019 er stipulert til 360,5 mill. kroner og blir dekt inn gjennom eit tilskot på Justis- og beredskapsdepartementet sitt kap. 480 post 50 Tilskot. Tilskotet til svalbardbudsjettet i 2018 var 291,4 mill. kroner. For å oppnå balanse i svalbardbudsjettet er tilskotet på kap. 480 post 50 auka med 69,1 mill. kroner i 2019. Storleiken på tilskotet har variert frå år til år og er blitt auka ved ekstraordinære tilskotsbehov.

Bortsett frå statstilskotet er skattar og avgifter frå Svalbard den største inntektsposten, jf. omtala på kap. 3030. Skatteinntektene for 2019 er budsjetterte til 169,6 mill. kroner. Anslaget for 2018 var på 224,9 mill. kroner. Reduksjon i anslag for skatteinntekter er på 55,3 mill. kroner, som er ein nedgang på 25 pst. frå 2018. Inntekta frå skattar og avgifter utgjer 31,8 pst. av dei samla inntektene på svalbardbudsjettet.

Ei oversikt over inntekter og utgifter og ei oversikt over utgiftene fordelte på postnivå, er gitt i pkt. 5 nedanfor. I del II er det ein nærare omtale av dei enkelte budsjettkapitla.

4 Forslag til løyvingar til svalbardformål frå andre departement over statsbudsjettet (jf. vedlegg 1 og 2)

For 2019 er det foreslått løyvd netto 1 329,4 mill. kroner over statsbudsjettet til svalbardformål. Dette talet omfattar tilskotet til svalbardbudsjettet over Justis- og beredskapsdepartementets kap. 480 og utgiftene til Svalbard som blir dekte over budsjetta til dei andre departementa, jf. vedlegg 1. Inntektene frå Svalbard som går inn på budsjetta til dei andre departementa, er trekte frå, jf. vedlegg 2. Tilsvarande tal i 2018 var 843,5 mill. kroner.

4.1 Arbeids- og sosialdepartementet

4.1.1 Helse, miljø og tryggleik

Arbeids- og sosialdepartementet har på arbeidsmiljø- og tryggleiksområdet mellom anna ansvaret for forvaltninga av arbeidsmiljølova med tilhøyrande helse-, miljø- og sikkerheitsforskrifter, og etatsstyringsansvaret for Arbeidstilsynet.

Arbeidstilsynet skal arbeide for eit seriøst, trygt og fleksibelt arbeidsliv, mellom anna ved å følgje opp at verksemdene tek vare på sitt arbeidsgjevaransvar og arbeider systematisk for å syte for forsvarlege arbeidsmiljøforhold. Arbeidstilsynet følgjer opp verksemder i Longyearbyen, Barentsburg og Ny Ålesund, der sysselsetjing av norske og utanlandske arbeidstakarar er underlagt lover og forskrifter som gjeld på Svalbard. Aktivitetane til etaten blir gjort gjeldande på same måte som for verksemder på fastlandet, men blir tilpassa verksemdene på Svalbard. Arbeidstilsynet har i 2017 i hovudsak retta sin aktivitet mot gruvedrift. Tilsyn vil bli ført vidare i 2019.

Arbeidstilsynet har òg følgt opp offentlege verksemder og private vekstnæringar, slik at innsatsen for eit seriøst, trygt og fleksibelt arbeidsliv blir tilpassa ny næringsstruktur.

4.2 Barne- og likestillingsdepartementet

4.2.1 Barnevernet

Forskrift av 1. september 1995 nr. 772 om lov om barneverntenesta på Svalbard regulerer fordelinga av ansvar og dekning av utgifter til barnevernstiltak for barn og unge som oppheld seg på Svalbard. Barneverntenesta sine oppgåver etter barnevernlova blir utførte av Sysselmannen med mindre oppgåvene er delegerte til representativt folkevald organ, jf. § 3 i forskrifta. Barneverntenesta sine oppgåver etter barnevernlova for Longyearbyen planområde blir utførte av Longyearbyen lokalstyre for Longyearbyen planområde, jf. delegasjonsvedtak frå departementet av 21. desember 2001. Statleg regional barnevernstyresmakt ved region nord har ansvaret for å yte tenester til barn i samsvar med lova § 8-2.

Fylkesmannen i Troms skal føre tilsyn med barneverntenesta på Svalbard og elles utføre dei oppgåvene som følgjer av barnevernlova § 2-3 tredje ledd. Staten gir refusjon for dekning av utgifter til barneverntiltak som vert sette i verk på fastlandet, då barn på Svalbard ikkje kan plasserast utanfor heimen på Svalbard. Barn som mottek institusjons- eller fosterheimstiltak blir plasserte på fastlandet. Lokalstyret må betale Bufetat for opphaldet, men får opphaldsutgiftene refunderte av Fylkesmannen i Troms.

Utgiftene til refusjon for barnevernutgifter for Svalbard er i 2019 rekna til 1,6 mill. kroner på kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet, post 21 Spesielle driftsutgifter.

4.2.2 Barnetrygd

Barnetrygd blir utbetalt til personar som oppheld seg på Svalbard og som er medlem av folketrygda, jf. barnetrygdlova og folketrygdlova §§ 2-3. Det vart i 2017 utbetalt barnetrygd til om lag 400 barn busette på Svalbard.

I 2019 er det venta at utgifter til barnetrygd for barn busette på Svalbard vil utgjere om lag 5,2 mill. kroner på kap. 845 Barnetrygd, post 70 Tilskot.

4.2.3 Kontantstønad

Kontantstøttelova gjeld for personar busette på Svalbard og som er medlem i folketrygda. Det er i 2019 venta 0,6 mill. kroner i utgifter til kontantstønad på kap. 844 Kontantstøtte, post 70 Tilskot, for barn busette på Svalbard.

4.3 Finansdepartementet

4.3.1 Skatt

Det er ei eiga skattelov for Svalbard, jf. lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard (svalbardskattelova). Svalbardskattelova gjer Svalbard skatteteknisk til eit eige skatteområde. På Svalbard gjeld to former for skattlegging; lønstrekk og ordinær skattlegging. Etter ordninga med lønstrekk, skal arbeidsgjevaren halde tilbake ein prosentvis del av brutto løn og pensjon som endeleg skatteoppgjer. Anna inntekt enn løn og pensjon vert skattlagt på ordinært vis, etter mange av dei same reglane som gjeld på fastlandet, men med lågare satsar. På Svalbard blir løn og pensjon skattlagt etter ein sats på 8 pst. opp til 12G, og med 22 pst. for inntekt over 12G. I tillegg kjem trygdeavgift for tilsette som er medlem av den norske folketrygda. Anna inntekt som til dømes kapital- og næringsinntekt, vert som utgangspunkt skattlagt med 16 pst. Det er viktig at skattesystemet på Svalbard er tilpassa forholda på øygruppa og byggjer på løysingar som sikrar konkurransedyktige rammevilkår.

Selskap med monaleg overskot som ikkje er avkastning av aktivitet eller investering på Svalbard, blir skattlagde etter same skattesats som gjeld på det norske fastlandet (23 pst.) for slike overskot. Føremålet er mellom anna å hindre at det gunstige skattenivået på Svalbard vert utnytta for å spare skatt på avkastning av investeringar som er gjorde utanfor Svalbard, og som ikkje gir aktivitet og sysselsetjing i øygruppa.

4.3.2 Svalbard skattekontor

Løyvingane til skattekontoret går over svalbardbudsjettet, sjå omtale under kap. 0022 Skattekontoret, Svalbard.

Svalbard skattekontor har mellom anna følgjande oppgåver:

  • Fastsetje skatt etter svalbardskattelova.

  • Administrere register over befolkninga på Svalbard, jf. forskrift av 4. februar 1994 nr. 111.

  • Refusjon til fastbuande av innbetalt avgift til Svalbards miljøvernfond, sjå omtale i pkt. 4.1.

  • Rekne ut kolavgift etter lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kol, jordoljer og andre mineral og bergarter som blir førte ut frå Svalbard.

Det er foreslått å auke løyvinga med 835 000 kroner til ei ny stilling på Skattekontoret på Svalbard. Styrkinga vil gjere Skattekontoret i betre stand til å oppdatere befolkningsregisteret, m.a. sett i lys av at befolkninga i Longyearbyen har auka det siste året.

4.3.3 Statistisk sentralbyrå

God statistikk er viktig for å kunne gi regjeringa tilstrekkeleg oversikt over den raske utviklinga på Svalbard. Som eit ledd i dette blei statistikklova for Svalbard innført i 2007. Statistisk sentralbyrå (SSB) har i perioden etter dette etablert offisiell statistikk for fleire område som dekkjer Svalbard særskilt, og ein har etablert tidsseriar som jamleg vert oppdaterte for befolknings- og næringsutvikling. I tillegg er Svalbard dekt som eigen region i ei rekkje regionalfordelte statistikkar. Statistikkane som dekkjer Svalbard, er samla under eit eige emne på ssb.no (www.ssb.no/svalbard), og brukarane får tilgang til eit breitt spekter av statistikk om svalbardsamfunnet frå denne sida. SSB leiar statistikkarbeidet gjennom rådgivande utval for svalbardstatistikk.

4.4 Helse- og omsorgsdepartementet

4.4.1 Sjukehus

Helse Nord RHF og Universitetssjukehuset i Nord-Noreg HF har ansvar for helsetenestene og helseberedskapen på Svalbard. Helse Nord får løyving over Statsbudsjettet kap. 732, post 75. Dette inneber at Universitetssjukehuset Nord-Noreg HF ved Longyearbyen sjukehus skal syte for naudsynte helsetenester i Longyearbyen og Ny Ålesund. Det vert òg ytt akuttmedisinske tenester til andre som er på øygruppa og havområda omkring. Det same gjeld vern mot smittsame sjukdommar. I Barentsburg er det eiga helseteneste. Longyearbyen sjukehus kan hjelpe til ved behov.

Longyearbyen sjukehus har akuttberedskap 24 timar i døgnet for akutte skadar og sjukdomar som krev observasjon, diagnostikk og behandling. I tillegg blir det utført poliklinisk utgreiing og behandling og enkelte små og mellomstore kirurgiske inngrep. Sjukehuset har sju senger for innlegging og observasjon. Innleggingar blir vanlegvis avgrensa frå nokre timar eller dagar til ei veke slik at situasjonen anten blir avklart for utskriving eller at pasienten må overførast til sjukehus eller anna medisinsk tilbod på fastlandet.

Longyearbyen sjukehus yter òg nokre tenester som på fastlandet er tillagt primærhelsetenesta, mellom anna allmennlegeteneste, jordmor- og helsesøsterteneste og fysioterapiteneste og smittevern. Sjukehuset har òg tannlegeteneste. Sjukehuset kan gjennom avtale med verksemder tilby bedriftshelseteneste. I 2018 vil det bli oppretta ei stilling for psykolog ved Longyearbyen sjukehus.

Svalbard er ikkje eit livsløpssamfunn. Det inneber mellom anna at Longyearbyen sjukehus ikkje har pleie- og omsorgsfunksjonar eller andre tenester innan den kommunale omsorgstenesta. Dei som har behov for slike tenester vil få desse i heimkommunen sin på fastlandet.

Det akuttmedisinske tilbodet på Svalbard består av medisinsk naudmeldeteneste, omgåandehjelp, ambulanseteneste, og bemanning med helsepersonell på Sysselmannens redningshelikopter og flyambulanse til fastlandet ved behov. Longyearbyen sjukehus har samarbeid med Universitetssjukehuset Nord-Noreg HF om mellom anna videobasert akuttmedisinsk konferanse (VAKE) som gjer det mogleg med medisinsk konsultasjon og bistand.

Styrkt helseberedskap

Universitetssjukehuset Nord-Noreg og Helse Nord RHF har gjort vurderingar for å styrkje beredskapen på Svalbard i etterkant av skredulykka i 2015 og snøskuterulykka i 2017.

Frå februar 2018 er det etablert vaktordning for anestesilege knytt til Sysselmannens helikopter, kombinert med at det blei plassert meir medisinteknisk utstyr i Longyearbyen. Kostnadene ved å etablere vaktordninga med anestesilege er utrekna til 16 mill. kroner årleg.

4.4.2 Sal av alkohol

I behandlinga av Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard bad utanriks- og forsvarskomiteen om ein gjennomgang av regelverket for sal av øl på Svalbard, med utgangspunkt i avgrensingane for sal og skjenking av alkohol som inneheld over 7 volumprosent alkohol, jf. Innst. 88 S (2016–2017).

Helse- og omsorgsdepartementet har på den bakgrunnen oppheva volumprosentforbodet for øl frå 1. januar 2018, gjennom endring av forskrift om alkoholordninga for Svalbard. Det er no lovleg å selje og skjenke sterkøl på Svalbard. Helse- og omsorgsdepartementet fjerna vidare frå 1. mars 2018 den særlege kvoten for kjøp av sterkøl. Sterkøl blir no behandla på same måten som svakare øl og er omfatta av den alminnelege ølkvoten.

4.4.3 Norsk Helsenett – nye stillingar

Norsk Helsenett SF vil etablere ei avdeling med fem stillingar i Longyearbyen, jf. omtale under pkt. 2.2.3 og omtale i Prop. 1 S (2017–2018) Svalbardbudsjettet. Avdelinga vil bli etablert når det er ledige bustader til dei nytilsette.

4.5 Klima- og miljødepartementet

Regjeringa har som eitt av dei overordna måla for svalbardpolitikken å ta vare på den særeigne villmarksnaturen på Svalbard. Dei spesifikke miljømåla for Svalbard går fram av Innst. 88 S (2016–2017) og Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard. Der er det slått fast at innanfor dei rammene traktats- og suverenitetsmessige omsyn set, skal miljøomsyn vege tyngst ved konflikt mellom miljøvern og andre interesser. Klima- og miljødepartementet har i Prop. 1 S (2018–2019) følgjande mål for miljøpolitikken på Svalbard:

  • Omfanget av villmarksprega område skal haldast ved lag, og naturmangfaldet skal bevarast tilnærma upåverka av lokal aktivitet.

  • Dei 100 viktigaste kulturminna og kulturmiljøa på Svalbard skal sikrast gjennom ei føreseieleg og langsiktig forvaltning.

Svalbardmiljølova med forskrifter er det viktigaste verkemiddelet for å nå miljømåla på Svalbard. Føremålet med lova er å halde ved lag eit tilnærma urørt miljø på Svalbard. Miljøregelverket og miljømåla set rammer for all verksemd. Innanfor desse rammene er det rom for verksemd knytt til m.a. reiseliv, forsking og høgare utdanning.

4.5.1 Miljøforvaltninga på Svalbard

Klima- og miljødepartementet, Miljødirektoratet, Riksantikvaren og Sysselmannen på Svalbard er miljøvernmyndigheitene på Svalbard. Sysselmannen på Svalbard er lokal miljøvernstyresmakt. Klima- og miljødepartementet har det faglege styringsansvaret for Sysselmannens miljøvernoppgåver. Norsk Polarinstitutt er fagleg rådgivar for forvaltninga i polare spørsmål. Longyearbyen lokalstyre har fått delegert kompetanse etter svalbardmiljølova på nokre avgrensa område for Longyearbyen arealplanområde.

Utfordringar og resultat

Raske klimaendringar er ei monaleg og aukande utfordring for miljøvernet og lokalsamfunna på Svalbard. I Arktis stig temperaturen rundt dobbelt så raskt som det globale gjennomsnittet. Arktiske arter og økosystem er spesielt sårbare for klimaendringar. Klimaendringane dei siste åra har ført til mindre fjordis særleg på vestkysten av Svalbard, noko som reduserer leveområda til isavhengige arter som ringsel og isbjørn. Fjordområde med beskyttande brefrontar som framleis har stabil fjordis vinterstid, slik som Van Mijenfjorden, blir difor stadig viktigare for desse artene samstundes som slike område blir meir attraktive for m.a. reiselivet.

Klimaendringane og auka ferdsel gjer at kulturminna blir meir utsette enn tidlegare. Eit konkret problem er at klimaendringane fører til erosjon på strendene, slik at det er ein reell fare for at kulturminne kan rase i havet. Mindre permafrost inneber at mange bygg får skadar på grunn av at grunnen tiner. Endringar i permafrosten endrar òg stabiliteten i gamle deponi og påverkar korleis forureining spreier seg i grunnen. Klimaendringane fører til auka fare for flaum og skred. Dette har ein sett fleire døme på dei seinare åra. Dette fører med seg utfordringar for arealplanlegginga i lokalsamfunna. Det er behov for bustader i skredsikre område. Samstundes må ein utnytte eksisterande bustadmasse så langt det let seg gjere og sikre areal som i dag har verdi som grøntområde og kulturminneområde.

Reiselivet på Svalbard aukar raskt og er i mange samanhengar ei utfordring for miljøet. Det gjeld særleg ferdsel i område som er viktige for dyrelivet i sårbare periodar av året, då auka ferdsel fører til forstyrring av plante- og dyreliv. Mange turistar ønskjer å sjå isbjørn, men det er forbode å oppsøke isbjørn slik at han kan bli forstyrra. Sysselmannen brukte i 2017 mykje ressursar på informasjon, rettleiing og oppsyn for å unngå forstyrring av isbjørn.

Framande arter er ein miljøtrussel globalt. I Arktis er miljøet sårbart, og klimaendringane har gjort det lettare for framande arter å finne fotfeste der. Fleire nye arter kjem på naturleg vis med havstraumane og kan etablere seg som følgje av varmare hav og generelt varmare klima. Andre arter blir introduserte gjennom menneskeleg aktivitet, og forsking viser at dei fleste som kjem til Svalbard tek med seg frø og mosefragment på skoa – uansett om dei kjem med fly eller båt. I tillegg blir ein del organismar innført med frakt av varer. I havområda rundt Svalbard er snøkrabben ein ny art som er i ferd med å spreie seg frå russisk del av Barentshavet. Korleis denne arten har kome til Barentshavet veit ein ikkje sikkert.

Regjeringa foreslo hausten 2017 avvikling av koldrifta i Svea/Lunckefjell og iverksetjing av ei omfattande opprydding. Sjå nærare omtale under pkt. 4.10 Nærings- og fiskeridepartementet. Oppfølging av oppryddingsarbeidet blir ei omfattande og viktig oppgåve for miljøforvaltninga på Svalbard i åra framover. Det blir foreslått å tilføre to nye stillingar til Sysselmannen for å følgje opp arbeidet med oppryddinga og andre miljøsaker på Svalbard framover.

Sysselmannen har i 2017 saman med Miljødirektoratet gått gjennom forureiningsregelverket på Svalbard. Arbeid med forureining og aktivitet i planområda har òg stått sentralt. Miljøstyresmaktene har m.a. følgt opp pålegg som blei gitt til fleire aktørar i 2016 om å gjennomføre tiltak i område med forureina grunn.

Marin forsøpling og mikroplast i havet og på strendene rundt Svalbard er identifisert som eit aukande problem. Søppelet finst i strandsona, på sjøbotnen og flytande i og under havoverflata – ofte som fragment og mikropartiklar. Det kan føre til alvorlege skadar på dyr. I regi av Sysselmannen blei det i 2017 rydda 60 kubikkmeter søppel. Dette var noko mindre enn i føregåande år grunna vanskelege istilhøve.

Sysselmannen har over fleire år utarbeidd forvaltningsplanar for verneområda på Svalbard, som dekkjer omlag 65 pst. av landarealet. Forvaltningsplanane er eit verktøy for å balansere bruks- og verneinteressene innanfor ramma av verneformålet. Dei siste åra har arbeidet med slik plan for Nordvest-Spitsbergen, Forlandet og Sør-Spitsbergen nasjonalparker, og fuglereservata stått sentralt. Ein tek sikte på å ferdigstille denne forvaltningsplanen i 2018.

Tiltak

Det er foreslått å løyve 2,1 mill. kroner til to ekstra stillingar hos Sysselmannen mellom anna for å kunne følgje opp arbeidet med miljøtiltak knytt til oppryddinga i Svea/Lunckefjell, på Svalbardbudsjettet kap. 0005. Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS har ansvar for å utarbeide ein plan for opprydding i Svea/Lunckefjell. Sysselmannen som miljøvernmyndigheit må saksbehandle planane etter svalbardmiljølova. Tiltaket er nødvendig for å unngå forseinkingar i saksbehandlinga som gjer at oppryddinga blir dyrare enn naudsynt.

Sysselmannen gav i 2018 løyve til etablering av næringshytter til bruk i reiselivssamanheng.

Sysselmannen har gjennomført fleire tiltak med bakgrunn i ein handlingsplan mot framande arter på Svalbard. I 2018 tildelte Miljødirektoratet kr 500 000 til Sysselmannen sitt arbeid med å følgje opp handlingsplanen.

Klima- og miljødepartementet har revidert rettleiaren for arealplanlegging og konsekvensutreiingar på Svalbard. Ny rettleiar blei publisert 14. mai 2018.

Hovudprioriteringane for miljøvernarbeidet på Svalbard i 2019 er arbeidet med forvaltningsplanar for verneområda, inkludert arbeid med besøksforvaltning både i og utanfor verneområda og å følgje opp det omfattande og komplekse arbeidet med opprydding etter koldrifta i Lunckefjell og Svea. Vidare skal miljøforvaltinga arbeide for å sikre at den samla belastninga av menneskeleg aktivitet på sårbare natur- og kulturminneverdiar ikkje aukar, særleg når det gjeld isavhengige arter og andre natur- og kulturminneverdiar som er meir sårbare som følgje av klimaendringar

Miljøvernarbeidet på Svalbard skal i 2019 ha fokus på å beskytte villmarksområda på Svalbard i ein situasjon med omstilling av samfunnet i Longyearbyen og raske endringar i klimaet. Forvaltninga vil sjå til at ferdsel og anna lokal verksemd skjer innanfor rammer som sikrar at den samla miljøbelastninga ikkje blir for stor. Samstundes vil forvaltninga av Svalbards natur- og kulturminne ta omsyn til at samfunna og miljøet på Svalbard er i endring slik at nødvendig omstilling kan skje i samsvar med dei måla som er sette i Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard.

Arbeidet med forvaltningsplanar for verneområda på Svalbard, inkludert arbeid med besøksforvaltning både i og utanfor verneområda, vil halde fram for å medverke til lokal verdiskaping og gode opplevingar for dei tilreisande. Samstundes som dei tek vare på verneverdiane og aukar forståinga for Svalbard sine unike miljøkvalitetar.

Den minkande fjordisen på Svalbard, som skuldast klimaendringar, gjer at dei fjordane som framleis har stabil is vinterstid, som Van Mijenfjorden, blir særs viktige for isavhengige arter som isbjørn og ringsel. Miljøforvaltninga følgjer med på situasjonen og vil vurdere eventuelle tiltak.

Naturverdiar og kulturminne som ligg nær lokalsamfunna er viktige for reiselivet og lokalbefolkninga og må sikrast. Miljøstyresmaktene er i nær dialog med lokale aktørar om dette. Prioriterte kulturminne skal sikrast med utgangspunkt i Kulturminneplan for Svalbard 2013–2023.

Miljøforvaltinga vil halde fram arbeidet med å ta vare på det biologiske mangfaldet, m.a. gjennom oppfølging av strategiar som er utarbeidd.

Det vil også framover vere viktig å følgje opp arbeid knytt til forureining, avløp og avfall både på regelverksida og ved konkret tiltak i felt.

Klimaendringane fører til auka fare for flaum og skred. Dette vil påverke kor folk kan bu og fører med seg utfordringar for arealplanlegginga i lokalsamfunna. Ei viktig oppgåve framover blir difor å sjå til at areal- og samfunnsplanlegging i planområda tek omsyn til klimaendringane og til natur- og kulturminne innanfor planområda.

Den strenge praksisen når det gjeld løyve og vilkår for verksemd som medfører inngrep utanfor dei eksisterande busetjings- og gruveområda vil bli ført vidare.

4.5.2 Svalbards miljøvernfond

Svalbards miljøvernfond gir tilskot til tiltak for å beskytte naturmiljø og kulturminne på Svalbard, dvs. at heile øygruppa inkl. alle lokalsamfunna i utgangspunktet skal få nytte av midlane. Fondet får i hovudsak inntekter frå ei miljøavgift på 150 kroner for reisande til Svalbard, jf. forskrift om miljøavgift for tilreisande til Svalbard. Sysselmannen er sekretariat for fondet. Vedtak om tildelingar blir fatta av eit styre oppnemnt av Klima- og miljødepartementet. Midlane blir nytta til skjøtsel, vedlikehald og gransking av kulturminne, informasjons- og opplæringstiltak og prosjekt med formål å undersøkje eller gjenreise miljøtilstanden. Fondet skal ikkje brukast til å dekkje forvaltninga sine ordinære administrative utgifter, oppgåver eller drift. Fondet hadde i 2017 vore i drift i ti år. Dette blei markert med ei rekkje arrangement i Longyearbyen i juni. I tiårsperioden har fondet gitt støtte til 570 prosjekt med ein samla sum på 127 mill. kroner.

I 2017 vart det tildelt 21,8 mill. kroner over fondet. Oversikt over tildelingar er å finne på nettsidene til Sysselmannen.

4.5.3 Norsk Polarinstitutt

Norsk Polarinstitutt er underlagt Klima- og miljødepartementet. Norsk Polarinstitutt er fagleg rådgivar for den sentrale forvaltninga, miljødirektorata og Sysselmannen i polarspørsmål. Instituttet har ei omfattande verksemd på Svalbard, med mellom anna forsking, miljøovervaking, topografisk og geologisk kartlegging, forskingsservice, drift av forskingsstasjonar, oppdrag knytte til ettersyn av fyr, miljøretta kunnskapsformidling og informasjon. Instituttet skal skaffe og leggje til rette miljøfagleg kunnskap som grunnlag for vidare utvikling av verkemiddel og tiltak i miljøvernforvaltinga på Svalbard. Norsk Polarinstitutt produserer fortløpande nye og oppdaterte digitale kart som mellom anna gjer redningsaksjonar sikrare og meir effektive. I tillegg mogleggjer karta betre overvaking av brear, noko som er eit viktig bidrag til norsk klimaforsking.

Norsk Polarinstitutt varetek den norske vertskapsrolla i Ny-Ålesund og har ansvar for å implementere og følgje opp forskingsstrategien for Ny-Ålesund. Vidare skal Norsk Polarinstitutt vere kontaktpunkt i Ny Ålesund for forskinga og aktivitet knytt til forskinga, jf. Overordna strategi for forsking og høgare utdanning på Svalbard. Sjå òg omtale i Prop. 1 S (2018–2019) for Klima og miljødepartementet for ytterlegare informasjon om Norsk Polarinstitutt.

Regjeringa foreslår å løyve 10 mill. kroner til å styrke Norsk Polarinstitutt sitt samarbeid, forsking- og miljøovervåking i Ny-Ålesund.

Noreg sitt nye isgåande forskingsfartøy «Kronprins Haakon» blei overteke frå verftet og sett i operativ drift i 2018. Eigarskapen til båten skal overførast til Norsk Polarinstitutt og Havforskingsinstituttet skal ha ansvar for den daglege drifta. Fartøyet vil ha heimehamn i Tromsø. Fartøyet har isbrytarklasse og skal dekkje både eksisterande og nye behov for nærvær, overvaking og datainnsamling i islagte og opne farvatn til alle årstider. Fartøyet kosta 1,5 mrd. kroner og blei finansiert på kap. 926 Havforskingsinstituttet, fartøy, post 45.

For 2019 er om lag 123,5 mill. kroner av løyvinga til Norsk Polarinstitutt på Klima- og miljødepartementets kap. 1471 Norsk Polarinstitutt, relatert til Svalbard, jf. vedlegg I. I tillegg kjem tilskotet frå svalbardbudsjettet, jf. omtale av kap. 0017.

4.5.4 Kings Bay AS og Ny-Ålesund

Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard slår fast at Ny-Ålesund skal vere ein plattform for internasjonalt forskingssamarbeid i verdsklasse, der Noreg har ei tydeleg vertskapsrolle. Regjeringa la 9. mai 2018 fram ein overordna strategi for forsking og høgare utdanning på Svalbard, jf. omtale i pkt. 2.2.2. og pkt. 4.8.4. Ein forskingsstrategi for Ny-Ålesund er under utarbeiding. Forskingsstrategien for Ny-Ålesund skal gi grunnlag for betre koordinering og klare prioriteringar for forskingsverksemda i Ny-Ålesund for å få auka kvalitet, meir samarbeid og deling av ressursane på tvers av institusjonar og nasjonalitetar.

Kings Bay AS eig grunnen og dei fleste bygningane i Ny-Ålesund og har ansvar for drift og utvikling av infrastruktur på staden. Selskapet er 100 pst. eigd av staten. Klima- og miljødepartementet utøver statens eigarinteresser. Målet med den statlege eigarskapen er å syte for at Ny-Ålesund blir utvikla vidare som ei norsk plattform for internasjonalt arktisk naturvitskapeleg forskingssamarbeid i verdsklasse, der Noreg har ei tydeleg vertskapsrolle med fagleg tyngde og leiarskap på relevante område. Selskapet sitt driftskonsept er å leige ut fasilitetar til forskarar og tilby kost og losji i tillegg til ei rekkje andre tenester under opphaldet. Rundt 20 institusjonar har kvart år forskingsprosjekt i Ny-Ålesund.

Administrasjons- og servicebygget i Ny-Ålesund er den viktigaste felles møteplassen for forskarane i Ny-Ålesund og dei tilsette i Kings Bay AS. Eit fungerande servicebygg må til for å oppfylle målet som er nemnt over. Klimaendringane og opptining av permafrosten påfører bygget store skadar. Istandsetjing av servicebygget er estimert til 44 mill. kroner. Regjeringa foreslo i samband med revidert nasjonalbudsjett i 2017 å løyva 12 mill. kroner til istandsetjing av servicebygget på kap. 1473, post 70. Regjeringa foreslo vidare i samband med revidert nasjonalbudsjett i 2018 å løyve 25 mill. kroner til Kings Bay AS for reparasjon av dette bygget. Stortinget slutta seg til forslaga. Regjeringa foreslår å løyve 8 mill. kroner til tiltaket i 2019.

4.5.5 Meteorologiske tenester

Klima- og miljødepartementet finansierer drifta av dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen over budsjettet til Meteorologisk institutt (kap. 1412, post 50). Utgifter til Meteorologisk institutt sin del av husleige for statens bygningar på Bjørnøya og Hopen blir finansiert på kap. 19 på svalbardbudsjettet.

4.6 Kommunal- og moderniseringsdepartementet

4.6.1 Bygg og eigedomar

Hovuddelen av dei statlege eigedomane som Statsbygg forvaltar i Longyearbyen inngår i den statlege husleigeordninga på kap. 2445 Statsbygg. Desse eigedomane er sysselmannsgarden, post- og bankbygget, nokre lagerbygg, bustader, Kjell Henriksen-observatoriet, Svalbard globale frøkvelv, Svalbard forskingspark, Sysselmannen sitt administrasjonsbygg og Svalbard kyrkje. Dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya, og Norsk Polarinstitutt sitt forskingsbygg (Sverdrupstasjonen) i Ny-Ålesund inngår også i husleigeordninga.

Statsbygg Svalbard har kontor i Longyearbyen. Løyvinga til drift av Statsbygg Svalbard skjer over svalbardbudsjettet, kap. 0020. Kontoret har fem tilsette.

Statsbygg fekk våren 2018 i oppdrag å byggje 60 bustader i Gruvedalen på Svalbard og ny infrastruktur for utbygginga, jf. Prop. 85 S (2017–2018 Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2018 og Innst. 400 S (2017–2018). Statsbygg vil ferdigstille bustadene i 2018 og 2019. Sjå omtale under pkt. 2.2.3.

Statsbygg starta opp arbeidet med ny inngangstunnel for Svalbard globale frøkvelv i 2018. Arbeidet vil bli ferdigstilt i 2019, jf. Prop. 44 S (2017–2018) og Innst. 220 S (2017–2018). Sjå omtale under pkt. 4.9.1.

Statens kartverk opna 6. juni 2018 eit nytt geodetisk jordobservatorium i Ny-Ålesund på Svalbard. Observatoriet rommar geodetiske instrument som skal gjere nøyaktige tidsmålingar, målingar mot kvasarar og måle endringar i lokalt tyngdefelt og nøyaktig avstand til satellittar i polare baner. Dette gir betre kunnskap om mellom anna endringar på kloden, landheving og havnivå. Nytt laserinstrument for måling mot satellittar er under utvikling i samarbeid med NASA. Dette skal stå ferdig i 2022.

4.6.2 Sjømåling

Statens kartverk har òg ansvaret for sjømåling rundt Svalbard. I 2017 vart det sjømålt farlei gjennom Storfjorden og sideleier inn mot land. I 2018 vert det publisert nye sjøkart over området. Det vert òg gjennomført sjømålingar i utvalde område rundt Svalbard i tilknyting til Mareanoprogrammet.

4.7 Kulturdepartementet

4.7.1 Svalbard Museum

Svalbard Museum er eit natur- og kulturhistorisk museum lokalisert i Svalbard forskingspark i Longyearbyen. Svalbard Museum er innlemma i det nasjonale museumsnettverket. I tillegg til løyvinga over svalbardbudsjettets kap. 0004 Svalbard Museum vert det tildelt midlar til Svalbard Museum på Kulturdepartementets kap. 328 post 70 Det nasjonale museumsnettverket. Svalbard Museum får i statsbudsjett for 2019 ei løyving på 1,895 mill. kroner over Det nasjonale museumsnettverket, jf. Vedlegg 1.

I 2017 hadde Svalbard Museum om lag 47 000 besøk, ein auke på 5 pst. frå 2016.

4.7.2 Nordnorsk Kunstmuseum

Nordnorsk Kunstmuseum opna Kunsthall Svalbard i Longyearbyen i 2015, som eit utstillingslokale og prosjektrom for internasjonal samtidskunst. Kunsthallen er lokalisert saman med Svalbard Museum.

4.7.3 Stiftinga Artica Svalbard

Kulturdepartementet skipa hausten 2016, i lag med Fritt Ord og kulturnæringsstiftinga SpareBank 1 Nord-Noreg, stiftinga Artica Svalbard. Føremålet med stiftinga er mellom anna å utvikle det norske kunst- og kulturfeltet, styrkje den kulturelle og kreative næringa på Svalbard og setje søkjelys på kor viktige nordområda er. Våren 2017 vart det opna ein kunstnarverkstad og kunstnarbustader i Longyearbyen. I kjerneverksemda inngår residensprogram for kunstnarar innanfor alle sjangrar; desse skal skape og formidle kunst og medverke til ordskifte om nordområda om tema som kultur, geopolitikk, klima, migrasjon og minoritetar. Artica Svalbard inngår i ein aktiv nordområdepolitikk, er eit ledd i satsinga frå regjeringa på kulturturisme og ei oppfølging av Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard. Det vert lagt vekt på å knyte verksemda til lokalsamfunnet på Svalbard og å samarbeide om utviklinga vidare. Det er gjort framlegg om 2,6 mill. kroner i driftstilskot til stiftinga over Kulturdepartementets budsjett.

4.7.4 Anna tilskot

Kulturdepartementet foreslår å sette av 170 000 kroner til kulturtiltak på Svalbard på kap. 325 Allmenne kulturformål, post 78 Ymse faste tiltak. Tilskotet blir kanalisert gjennom Longyearbyen lokalstyre.

Svalbardposten får mediestøtte frå Medietilsynet på kap. 335, post 71 etter reglane i forskrift om produksjonstilskot til nyhende- og aktualitetsmedium. Tilskotet blir rekna ut etter opplagstala til avisene og blir fastsett i oktober same året. Svalbardposten fekk 480 997 kroner i produksjonstilskot i 2017.

4.8 Kunnskapsdepartementet

4.8.1 Universitetssenteret på Svalbard

Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) er eit statleg eigd aksjeselskap. Senteret er ein viktig del av nordområdesatsinga, som gjeld Svalbard generelt og særleg Longyearbyen. Det medverkar òg til å skape eit stabilt, heilårleg samfunn i Longyearbyen, med fastbuande studentar og forskarar.

Regjeringa foreslår å løyve 136,2 mill. kroner til UNIS i 2019 på budsjettet til Kunnskapsdepartementet på kap. 280, post 71.

Tabell 4.1 UNIS, utvikling av budsjettildeling, talet på tilsette og studentar

2011

2012

2013

2014

2015

2016

2017

Tildeling (mill. kroner)

97,2

105,2

112,2

117,9

125,4

124,4

128,9

Tilsette (i parentes, tilsette i mindre stillingsbrøkar)

69 (28)

84 (28)

99 (34)

106 (38)

110 (43)

113 (50)

106 (43)

Studentar (årsverk)

150

160

175

190

203

214

222,5

UNIS tilbyr høgare utdanning og driv forsking med utgangspunkt i at Svalbard ligg i eit høg-arktisk område. UNIS skal vere eit supplement til lærestadane på fastlandet. UNIS har utvikla kvalitetssikringssystem som skal sikre at utdanningsaktiviteten lever opp til krav sett av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). UNIS tilbyr forskings- og feltbasert undervisning og eit læringsmiljø prega av stor samhandling mellom studentar og tilsette.

UNIS har som mål å vere ein trygg og kjent samarbeidspartnar for både den einskilde studenten og dei norske universiteta og høgskulane. Studia ved UNIS skal ha ein internasjonal profil. Det er eit mål at studentmassen fordeler seg om lag likt på norske og utanlandske studentar. UNIS skal utøve forsking og undervisning med minst mogeleg negativ påverknad på miljøet. Senteret spelar òg ei sentral rolle i å føre vidare den norske polarforskingstradisjonen, i utviklinga av Svalbard som forskingsplattform og i å representere og sikre norske interesser i Arktis.

4.8.2 Noregs forskingsråd

Polarforskinga spenner vidt og omfattar ulike fagdisiplinar. I underkant av 20 pst. av norsk polarforsking (ca. 290 mill. kroner i 2017) vert finansiert gjennom ulike generelle verkemiddel og handlingsretta program i Forskingsrådet. Av dette er i underkant av 40 prosent svalbardrelevant forsking. Polarforskingsprogrammet (POLARPROG) får målretta midlar til polarforsking frå Kunnskapsdepartementet (om lag 60 mill. kroner i 2017, kap. 285, post 53) og Klima- og miljødepartementet (3,2 mill. kroner, kap. 1410, post 51). I underkant av halvdelen av prosjekta i POLARPROG er svalbardrelevante. Regjeringa foreslår ei løyving på 56 mill. kroner i 2019.

Noregs forskingsråd har eit særskilt ansvar for å koordinere og informere om forskingsverksemd på øygruppa. Svalbard Science Forum (SSF) er eit samarbeidsorgan organisert av Forskingsrådet, der dei viktigaste forskingsmiljøa på Svalbard er medlemmer. SSF er ein viktig reiskap for fagleg og praktisk koordinering, informasjon og rådgiving for den internasjonale forskingsverksemda på Svalbard og gir støtte til internasjonalt samarbeid på Svalbard.

Databasen Research in Svalbard (RiS) (http://www.researchinsvalbard.no), inneheld oversikt over norsk og utanlandsk forskingsaktivitet på Svalbard og havområda rundt.

4.8.3 Ny forskingsstrategi

Regjeringa la 9. mai 2018 fram ein overordna strategi for forsking og høgare utdanning på Svalbard. Strategien er ei langsiktig plattform som fastset rammer og prinsipp for forsking og høgare utdanning på Svalbard. Strategien skal formidle kva for forventningar norske styresmakter har til forskingsaktørar på Svalbard, bidra til ei meir tydeleg rolle som norsk vertskap og fremje koordinering av forskingsaktivitet på Svalbard. Noregs forskingsråd har fått i oppdrag å utarbeide ein eigen forskingsstrategi for Ny-Ålesund, med utgangspunkt i den overordna strategien.

4.8.4 Folkehøgskule på Svalbard

Regjeringa foreslo i Prop. 52 L (2017–2018) å endre folkehøgskulelova slik at ho òg gjeld på Svalbard. Stortinget slutta seg til forslaget jf. Innst. 290 L (2017–2018). Lovendringa fekk verknad frå 1. august 2018. Endringa er ei oppfølging av oppmodingsvedtak nr. 462, 21. februar 2017.

Regjeringa foreslår å løyve 7,1 mill. kroner til oppstart av folkehøgskule i Longyearbyen på kap. 253, post 70.

4.8.5 Bygging av studentbustader

Regjeringa foreslo i Statsbudsjettet 2018 å doble tilskotssatsen for bygging av studentbustadar på Svalbard over tilskotsordninga Tilskudd til studentboligbygging. Sjå omtale i pkt. 2.2.3.1.

4.8.6 Barnehagar

Lov 17. juni 2005 nr. 64 om barnehagar (barnehagelova) gjeld ikkje for Svalbard. I praksis er det likevel intensjonane i barnehagelova som er styrande for drifta av barnehagane. Det er ingen vesentlege skilnader mellom drift av barnehagar i Longyearbyen og på fastlandet. Fylkesmannen i Troms gjennomfører synfaring og tilsyn med Longyearbyen lokalstyre som barnehagestyresmakt.

Midlar til drift av barnehagar på Svalbard er innlemma i svalbardbudsjettets kap. 3 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre.

4.8.7 Integrated Earth Arctic Observing System (SIOS)

Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIOS) er eit norskleia samarbeid mellom institusjonar med relevant forskingsinfrastruktur på Svalbard (laboratorium, observatorium, feltutstyr mv.). Målet er å leggje til rette for tverrvitskaplege studium av jordsystemet, der havstraumar, atmosfæriske og geologiske tilhøve, is- og snødekke, planter og dyr heng saman i kompliserte mønster. Ei rekkje institusjonar med infrastruktur for jordsystemforsking på Svalbard tek del i samarbeidet. Samarbeidet inneber deling, koordinering, vidareutvikling og utnytting av infrastruktur, utstyr og data. I 2016 blei SIOS AS etablert som eit dotterselskap under UNIS, for å fungere som juridisk eining for SIOS-samarbeidet. Partnarane i SIOS signerte ei juridisk ikkje-bindande avtale (MoU) 26. januar 2018. I 2018 vil utgifta bli dekt over eit interimsprosjekt finansiert av Noregs forskingsråd. Det norske bidraget for perioden 2019–21 vil bli dekt av dei ordinære rammene til Noregs forskingsråd.

4.8.8 EISCAT

EISCAT er ein vitskapeleg internasjonal stiftelse som driv tre store radaranlegg for atmosfæreforsking mellom anna på nordlys. EISCAT er eigd av forskingsråd og institutt i medlemslanda Finland, Japan, Kina, Noreg, Storbritannia, Sverige, og Tyskland. Stiftelsen sitt kontor ligg i Sverige (Kiruna). Radaranlegga er lokaliserte i Noreg, Sverige og Finland. Noregs forskingsråd dekkjer årleg kontingent til EISCAT på i underkant av 5 mill. kroner.

EISCAT har gitt Universitetet i Tromsø i oppdrag å drive dei norske anlegga som ligg i Tromsø og på Svalbard.

4.9 Landbruks- og matdepartementet

4.9.1 Svalbard globale frøkvelv

Landbruks- og matdepartementet driftar Svalbard globale frøkvelv. Frøkvelvet er bygd inn i permafrosten i fjellet på Svalbard. Frøkvelvet er verdas største sikkerheitslager for frø. Ti år etter at frølageret blei etablert, er ein million frøprøvar deponerte for langtidslagring. Dette er meir enn ein tredel av det mangfaldet av frø som i alt er lagra i alle verdas frøbankar, ifølgje FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO). Den store internasjonale merksemda frøkvelvet har fått frå internasjonale medium og myndigheiter i andre land, har medverka til å auke forståinga for kor viktig det er å ta vare på landbrukets biologiske mangfald, medverka til å auke det internasjonale medvitet om Svalbard, og har gitt besøkande til Svalbard eit ekstra interessepunkt.

Statsbygg eig og forvaltar bygningane til frøkvelvet. Statsbygg er i ferd med å utføre tekniske utbetringar i samband med vassinntrenging i ytre del. Dette gjer at tunnelen må skiftast ut med ein ny permanent, stabil og vasstett konstruksjon.

Regjeringa foreslo i Prop. 44 S (2017–2018) Endringer i statsbudsjettet 2018 under Kommunal- og moderniseringsdepartementet (Svalbard globale frøhvelv- ny adkomsttunnel) ei kostnadsramme på 203 mill. kroner (prisnivå pr. 1. juli 2018) og ei startløyving på kap. 2445, post 31 på 100 mill. kroner for 2018. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 220 S (2017–2018). Regjeringa foreslo i samband med revidert nasjonalbudsjett 2018 at 65 mill. kroner av løyvinga skulle vere definert som bistandsmidlar og bli flytta til kap. 166, post 45 på budsjettet til Utanriksdepartementet, jf. Prop. 85 S (2017–2018) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2018. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 400 S (2017–2018).

Prosjektet inkluderer ny inngangstunnel i betong, eit servicebygg for å flytte naudstraums- og kjøleaggregat og anna elektrisk utstyr som gir varme ut av tunnelen, og naudsynt sikrings- og styringssystem.

4.10 Nærings- og fiskeridepartementet

4.10.1 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) administrerer Bergverksordninga for Svalbard, fastsett ved kgl. res. 7. august 1925, og utfyllande reglar for petroleumsverksemda. Desse reglane regulerer tilgangen til mineralressursane på Svalbard. DMF har ei viktig rolle i samband med konsekvensutgreiingar i saker som gjeld bergverks- og gruvedrift, jf. forskrift 28. juni 2002 nr. 650 om konsekvensutgreiing og avgrensing av planområda på Svalbard. I slike saker skal DMF, i samråd med Sysselmannen, fastsetje utgreiingsprogram og sluttdokument.

DMF tildeler utmål og gir råd, rettleiing og oversikt over funn og førekomstar av geologisk art på Svalbard, og har tilsyn med opningar etter nedlagde gruver. Følgjande verksemdsidé er utarbeidd for DMF: Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard skal arbeide for at Noregs mineralressursar blir forvalta og utnytta til beste for samfunnet.

Ut frå denne verksemdsideen er eit av hovudmåla at DMF skal syte for forsvarleg og berekraftig forvaltning av mineralressursar på Svalbard. Dei andre hovudmåla er at DMF skal bruke sine verkemiddel overfor mineralnæringa slik at forvaltninga av mineralressursar er forsvarleg og berekraftig, DMF skal arbeide for størst mogleg samla verdiskaping i mineralnæringa, DMF skal arbeide for best mogleg kommunikasjon og brukarorientering på alle sine verksemdsområde og DMF skal redusere miljøkonsekvensar av tidlegare mineralverksemd og syte for forsvarleg sikring etter slik verksemd.

Dei viktigaste oppgåvene til DMF er saksbehandling og tilsyn. DMF vil informere om miljøregelverket og sjå til at undersøkingar og uttak av mineral blir gjennomførte slik at også ressurs- og miljøaspekt blir tekne vare på. Det blir elles vist til nærare omtale av DMF under kap. 906 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard i Nærings- og fiskeridepartementet sin Prop. 1 S (2018–2019).

4.10.2 Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS – miljøtiltak i Svea og Lunckefjell

Regjeringa foreslo i samband med Stortinget si behandling av statsbudsjettet for 2018 at Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) si kolverksemd i Svea og Lunckefjell skulle avviklast, jf. Prop. 1 S (2017–2018). Stortinget slutta seg til vedtaket, jf. Innst. 8 S (2017–2018). Det vart samtidig bestemt å setje i gang opprydding i området. Infrastrukturen i Svea skal skalerast ned til eit minimum, og det er ikkje aktuelt å legge til rette for bruk av Svea til annen aktivitet når oppryddinga er gjennomført. Dette utelukkar ikkje at enkelte attståande «kalde bygg» kan stillast til disposisjon for reiseliv eller forsking på linje med forlatne bygg andre stader på Svalbard.

Etter tilrådingar frå SNSK og etter vurdering frå ekstern kvalitetssikrar (KS2) legg Nærings- og handelsdepartementet til grunn at oppryddingsarbeidet blir delt inn i to delprosjekt, Lunckefjell og Svea. Opprydding i Lunckefjell kan starte i 2019 samtidig med at planarbeidet for Svea held fram. Opprydding i Svea kan etter planen startast opp i 2020 slik selskapet og kvalitetssikrar indikerer. Gjennomføringsperioden for oppryddinga i Svea er usikker, og avheng av framdrifta i planarbeid og omfanget av oppryddinga i Svea.

Nærings- og fiskeridepartementet foreslår ei kostnadsramme for delprosjekt Lunckefjell på 706,6 mill. 2019-kroner, og ei løyving for 2019 på 331,1 mill. kroner. Tala er utreda av SNSK og er kvalitetssikra eksternt. Nærings- og fiskeridepartementet fremjar forslag om fullmakt til å forplikte staten for inntil 375,5 mill. kroner ut over budsjettåret 2019 for gjennomføring av miljøtiltak i Lunckefjell. Budsjett for Svea vil etter planen bli fremja i samband med statsbudsjettet for 2020. Nærings- og fiskeridepartementet vil understreke at det er usikkerheit knytt til kostnadene. For ytterlegare omtale av Miljøtiltak i Svea og Lunckefjell viser ein til budsjettproposisjonen til Nærings- og fiskeridepartementet.

4.10.3 Visit Svalbard AS

Visit Svalbard AS er eigd av og opererer på bakgrunn av handlingsplanar vedtekne av Svalbard Reiselivsråd, som er ei samanslutning av eit breitt spekter av aktørar med interesser knytte til reiselivet på Svalbard. Målet med tilskotet til Visit Svalbard AS er å medverke til auka verdiskaping og betre lønsemd for reiselivet ved å ta vare på fellesoppgåver som kompetansebygging mellom aktørane, opplæring av guidar og turleiarar og drift av heilårleg turistinformasjon inkludert formidling av informasjon om miljø og sikkerheit. For omtale av reiseliv sjå pkt. 2.2.3.3

Regjeringa foreslår å løyve 2,3 mill. kroner til Visit Svalbard AS på Nærings- og fiskeridepartement sitt budsjett, kap. 900, post 74.

4.10.4 Romverksemd

Svalbard har ei sentral rolle innan norsk romverksemd. Svalbard si geografiske plassering er god både for utforsking av atmosfæren og for å lese ned satellittdata. Plasseringa er òg årsaka til at EU har valt å plassere sentral bakkeinfrastruktur for satellittnavigasjonsprogrammet Galileo og jordobservasjonsprogrammet Copernicus ved Svalbard Satellittstasjon (SvalSat). Noreg deltek i begge dei store romprogramma i EU, noko som er med på å gi gode navigasjonstenester i nordområda. Deltakinga medverkar til å støtte opp under berekraftig ressursforvaltning, tryggleik og beredskap, klima og miljø. Regjeringa foreslår å løyve 487,3 mill. kroner mill. kroner til norsk deltaking i EUs romprogram i 2019.

4.10.5 Svalbard Satellittstasjon

Svalbard Satellittstasjon (SvalSat) vart offisielt innvigd i juni 1999. Kongsberg Satellite Services AS, som er eigd 50 pst. av Staten gjennom Space Norway AS og 50 pst. av Kongsberg Defence & Aerospace AS, eig infrastrukturen og står for drifta av SvalSat og Tromsø Satellittstasjon.

Stasjonen ligg i nærleiken av Longyearbyen. SvalSat les ned data for sivile føremål frå satellittar i polare baner og styrer også desse satellittane. Svalbard er ein av få stader i verda der ein kan lese ned data frå satellittar i polar bane kvar gong satellitten passerer Nordpolen.

4.10.6 Svalbard Rakettskytefelt

Svalbard Rakettskytefelt (SvalRak) i Ny-Ålesund vart oppretta i 1997. Infrastrukturen på SvalRak er eigd av Andøya Space Center A/S, som igjen er eigd av Nærings- og fiskeridepartementet (90 pst.) og Kongsberg Gruppen (10 pst.). Føremålet med SvalRak er oppskyting av forskingsrakettar. Lokaliseringa nær den magnetiske nordpolen gir målingane frå rakettane resultat av stor vitskapleg verdi. Det er utført fleire oppskytingar.

4.10.7 Landingsforskrifta

Nærings- og fiskeridepartementet har endra landingsforskrifta slik at den også gjeld på Svalbard. Endringa tredde i kraft 1. september 2018.

Formålet med forskrifta er å sikre berekraftig forvaltning av livet i havet. Den inneber ei rekkje krav til alle som leverer, tek imot og kjøper fisk. Forskrifta set krav om at aktørane må registrere opplysningar om fangsten. Opplysningane blir brukt ved ressurskontroll, kvotekontroll og til statistikkformål. Forskrifta gjeld òg for fisk som blir landa og blir omsett direkte frå fritidsfiskarar eller fritidsfartøy til restaurantar og butikkar.

4.11 Olje- og energidepartement

4.11.1 Førebygging av flaum- og skredskadar

Olje- og energidepartementet har det statlege forvaltningsansvaret for flaum og skred. NVE kan gje fagleg og økonomisk bistand innan kartlegging, arealplanlegging, sikring, overvaking/varsling og beredskap. NVE må kvart år prioritere kva tiltak og kva område som kan få støtte innanfor gjeldande løyving. NVE sitt ansvarsområde på Svalbard vart avklart som ei oppfølging av Meld. St. 15 (2011–2012) Hvordan leve med farene — om flom og skred.

NVE har fått på plass betre kartlegging av naturfarar i Longyearbyen. NVE støttar lokale myndigheiter med å vurdere kva sikringstiltak som kan vere aktuelle basert på kartleggingsrapporten. NVE samarbeider også med myndigheitene på Svalbard om flaum- og sørpeskred i Longyearelva og Vannledningsdalen.

NVE oppretta i 2016 regional varsling for regionen Nordenskiöld Land. Det er også etablert ei lokal varsling for Longyearbyen. Den lokale varslinga vil bli ført vidare vinteren 2018/2019. Longyearbyen Lokalstyre skal etter planen overta denne varslinga.

Longyearbyen lokalstyre har i følgje beredskapsforskrifta ansvaret for tryggleiken til innbyggjarane i Longyearbyen. Når det blir varsla om fare for naturleg utløyste skred, blir Longyearbyen lokalstyre kontakta for vurdering av oppfølgingstiltak. Oppfølging kan vere auka overvaking eller evakuering. Sysselmannen støttar ved behov Longyearbyen lokalstyre i å gjennomføre dette, i tillegg til å vedta og setje i verk eventuelt ferdselsforbod.

Det vart løyvd 20 mill. kroner til skredsikring i 2017. Skredsikringstiltaka vil beskytte attverande bustader rundt spisshusa som blei tekne av skredet i desember 2015. I 2017 vart det gjennomført detaljprosjektering og ein starta arbeidet med sikring. Det var utfordringar med permafrost, grunnforhold og fundamentering av sikringstiltak mot snøskred. Nye grunnundersøkingar måtte derfor gjennomførast. Ifølgje NVE blir desse sikringstiltaka sluttført i 2018. Sjå for øvrig omtale i pkt. 2.2.3.1.

4.11.2 Utgreiing om framtidig energiforsyning

I samband med behandlinga av Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard bad Stortinget Regjeringa om å setje i gang ei brei utgreiing av moglegheitene for framtidig energiforsyning på Svalbard, basert på berekraftige og fornybare løysingar, jf. Innst. 88 S (2016–2017).

Utreiinga blei lagt fram 5. juli 2018. Studien vil bli følgt opp med grundigare vurderingar av samfunnsøkonomiske nytte- og kostnadsverknadar. Andre alternativ eller kombinasjonar av løysningar for framtidig energiforsyning på Svalbard vil også bli undersøkt. I arbeidet framover vil det vere nødvendig å vurdere omsyn utover dei teknisk-økonomiske eigenskapane ved ulike energiløysningar. Kunnskap om dei lokale forholda på Svalbard er viktig i arbeidet. Lokalstyret vil bli involvert i prosessen framover på ein eigna måte.

4.12 Samferdselsdepartementet

Posten Norge AS utfører samfunnspålagte posttenester på Svalbard med same krav til levering som i resten av landet. Posten budsjetterer med at tenestene vil gå i balanse.

Svalbard lufthamn AS er eit heileigd dotterselskap av Avinor AS. Svalbard lufthamn blir finansert som ein del av Avinor-konsernet.

4.12.1 Satellittforskrift

Samferdselsdepartementet fastsette i 2017 ny forskrift om etablering, drift og bruk av jordstasjon for satellitt på Svalbard. Forskrifta trådde i kraft 1. mai 2017. Tilsvarande forskrift er òg fastsett for Antarktis. Forskriftene legg til rette for samfunnsnyttig drift av jordstasjonar i polare område innanfor rammene av Noregs folkerettslege plikter.

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit skal føre tilsyn etter dei nye forskriftene og har i 2018 oppdatert tilsynsrutinar og inngått samarbeidsavtalar med mellom anna Sysselmannen på Svalbard.

5 Oversikt over forslag til løyvingar på svalbardbudsjettet 2019

Følgjande oversikt viser rekneskapstal for 2017, vedteke budsjett for 2018 og forslag til løyving over svalbardbudsjettet for 2019. Inntektene er eksklusive tilskotet frå statsbudsjettet. Tala for 2018 viser ikkje endringane i samband med revidert nasjonalbudsjett 2018.

(i 1 000 kr)

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Utgifter

473 357

519 907

533 687

Inntekter

201 825

228 537

173 203

Utgifter på programkategori 06.80 fordelt på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

0001

Tilskot til Svalbard kyrkje

5 234

5 350

5 500

2,8

0003

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

153 506

150 190

165 000

9,9

0004

Tilskot til Svalbard Museum

12 250

12 520

12 900

3,0

0005

Sysselmannen (jf. kap. 3005)

72 590

66 640

70 400

5,6

0006

Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006)

200 973

202 867

205 000

1,1

0007

Tilfeldige utgifter

1 227

1 100

46 100

4 091,1

0009

Kulturminnetiltak (jf. kap. 3009)

1 963

2 020

2 100

4,0

0011

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

1 796

1 840

1 900

3,3

0017

Norsk Polarinstitutt – refusjon

3 520

3 600

3 700

2,8

0018

Navigasjonsinnretningar

7 200

7 360

6 200

-15,8

0019

Meteorologisk institutt – husleige Bjørnøya og Hopen

6 813

7 190

7 700

7,1

0020

Statsbygg, Svalbard (jf. kap. 3020)

2 227

2 110

2 150

1,9

0022

Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 3022)

4 057

4 120

5 037

22,3

Sum kategori 06.80

473 357

466 907

533 687

14,3

Utgifter på programkategori 06.80 fordelt på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

01-23

Driftsutgifter

297 619

294 147

299 927

2,0

30-49

Nybygg, anlegg m.v.

--

45 560

-

50-58

Overføringar til andre statsrekneskapar

3 520

3 600

3 700

2,8

70-89

Overføringar til private

172 217

189 160

184 500

-2,5

Sum under departementet

473 357466 907

533 687

14,3

Inntekter på programkategori 06.80 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

3005

Sysselmannen (jf. kap. 0005)

8 633

3 300

3 300

-

3006

Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 0006)

1 083

-

-

-

3009

Kulturminnetiltak (jf. kap. 0009)

-

-

-

-

3020

Statsbygg Svalbard (jf. kap. 0020)

-

-

-

-

3022

Skattekontoret Svalbard (jf. kap. 0022)

305

330

330

0

3030

Skattar og avgifter

191 803

224 907

169 573

-24,6

3035

Tilskot frå statsbudsjettet

268 186

238 370

360 484

4,7

Sum kategori 06.80

470 012

466 907

533 687

51,2

Til forsida