Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 1 S (2019–2020)

FOR BUDSJETTÅRET 2020 — Utgiftskapittel: 1400–1482 Inntektskapittel: 4400–4481 og 5578

Til innhaldsliste

Del 3
Omtale av særlege tema

8 Omtale av særskilte sektorovergripande klima- og miljøsaker

8.1 Klima- og miljøpolitikk i departementa

8.1.1 Arbeids- og sosialdepartementet

Miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

Regjeringa sin klima- og miljøpolitikk byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvtsendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til at dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla kan bli nådde. For omtale av regjeringa sine samla klima- og miljørelevante saker, sjå Klima- og miljødepartementet sin fagproposisjon.

Eit sikkert og seriøst arbeidsliv er eit av hovudmåla for ansvarsområda til Arbeids- og sosialdepartementet, under dette å redusere risiko for storulykker i petroleumssektoren. Førebygging av forureining frå petroleumsverksemda utgjer eit viktig bidrag frå Arbeids- og sosialdepartementet til regjeringa sitt heilskaplege arbeid med klima og miljø. Hovudtyngda av Arbeids- og sosialdepartementet sin klima- og miljøinnsats ligg på resultatområdet for forureining. Arbeidsmiljø- og sikkerheitsstyresmaktene fører tilsyn med at verksemdene følger opp sitt HMS-ansvar.

Petroleumsverksemda er strengt regulert når det gjeld helse, miljø, sikkerheit og sikring. I regelverket er det stilt krav til robust utforming av utstyr og anlegg, som mellom anna inneber krav til barrierar mot ulykker og uønskte hendingar som kan føre til akutt forureining.

Arbeidsmiljø- og sikkerheitsstyresmaktene sitt tilsyn med petroleumsverksemda på norsk kontinentalsokkel og på enkelte landanlegg blir utført av Petroleumstilsynet.

Petroleumstilsynet si oppfølging medverkar til sikkerheit og førebygging mot ulykker, for å forhindre, avgrense og stanse ulykker inkludert akutt forureining. Det er dei enkelte petroleumsselskapa som sjølve er ansvarlege for at helse, miljø, sikkerheit og sikring er teke vare på. Dette bidreg til å førebygge akutt forureining til sjø og til luft og samtidig bygge opp om dei nasjonale målsettingane i klima- og miljøpolitikken.

Rapport 2018

Petroleumstilsynet gir årleg ut Risikonivå i norsk petroleumsvirksomhet Akutte utslipp (RNNP-AU). Gjennom dette arbeidet overvakar Petroleumstilsynet trendar for uønskte hendingar og ulykker i petroleumsverksemda som har eller kunne ha ført til akutt forureining. Dette arbeidet gir viktig informasjon for å kunne betre effekten av sikkerheitsarbeid og dermed kunne førebygge hendingar som kan gi akutt forureining på norsk sokkel. Rapporten for 2018 blir publisert i oktober 2019.

Med bakgrunn i totalbiletet frå RNNP-rapportar kombinert med erfaringar frå tilsyn har Petroleumstilsynet dei siste åra retta merksemda særleg på tre område: førebygging av brønnkontrollhendingar, førebygging av akutte utslepp av kjemikaliar og førebygging av akutt forureining frå innretningar på havbotnen. Dei to første prioriteringane har bakgrunn i trendutviklinga, mens prioriteringa av innretningar på havbotnen gjer synleg Petroleumstilsynet sine forventningar til oppfølging på dette området.

RNNP-AU viser at det samla sett ikkje er nokon tydeleg betring når det gjeld førebygging av brønnkontrollhendingar med potensiale for forureining på norsk sokkel dei seinare åra. Læring frå brønnkontrollhendingar med potensiale for forureining er viktig fordi det gir kunnskap om barrierar som har innverknad på førebygging av alle typar brønnkontrollhendingar, både dei med potensiale for personellskadar og dei med potensiale for forureining.

Kjemikalieutslepp har sidan 2009 variert rundt eit høgt nivå, og står for om lag 80 pst. av alle akutte utslepp på norsk sokkel med utsleppsmengde over ein kubikkmeter. Denne typen utslepp er slik den mest dominerande, både når det gjeld talet på utslepp og årleg utsleppsmengde. Petroleumstilsynet si oppfølging av selskapa bidreg mellom anna til ei meir effektiv førebygging av akutte utslepp av kjemikaliar.

Det er ofte dei same faktorane som reduserer risiko for menneske, som og førebygger forureining. Det er generelt framleis behov for merksemd på førebygging av akutt forureining i arbeidet med sikkerheit i norsk petroleumsverksemd.

Plan for vidare arbeid

Petroleumstilsynet vil arbeide vidare med å utvikle og forvalte tryggleiksregelverket slik at krav til teknologi, operasjonar og styring av verksemdene i petroleumssektoren underbyggjer nasjonale og regionale miljømål og klimapolitikken. Førebygging av akutt forureining er slik eit positivt miljøbidrag, som blir følgt opp i tilsyn, i trepartsfora og i samarbeid med andre styresmakter. Petroleumstilsynet vil òg føre vidare eit aktivt samarbeid med andre etatar i samanheng med utvikling og oppfølging av heilskaplege forvaltingsplanar for dei norske havområda.

8.1.2 Barne- og familiedepartementet

Omtale av miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

Alt forbruk har direkte eller indirekte konsekvensar for miljø og klima. Dei siste tiåra har det samla forbruket til norske hushald auka betydeleg.

Det er eit mål at forbrukarane skal kunne gjere medvitne val i dei marknadane dei handlar. Informasjon om miljømessige og sosiale aspekt ved varer og tenester kan gjere det enklare for forbrukarane å velje produkt som gir mindre belasting på miljøet og ressursane.

Gjennom etterspørsel av slike produkt kan forbrukarar påverke næringsdrivande til i større grad å ta omsyn til berekraft ved avgjersler om investeringar og produksjon. Barne- og familiedepartementet (BFD) arbeider for å leggje til rette, forenkle og standardisere informasjon om miljømessige og etiske aspekt ved forbruket. Verkemidla er dei offisielle miljømerka den nordiske Svana og EU-miljømerket (EU Ecolabel).

Rapport for 2018

I 2018 var det ein solid auke i talet på svanemerkte produkt, frå 18 400 ved utgangen av 2017 til 23 998 ved utgangen av 2018. Arbeidet til Miljømerking har medverka til at fleire produkt blir produserte etter strenge miljøkrav. Utvalet av svanemerkte produkt auka innan mange produktgrupper i 2018. Størst auke var det for tonarkassettar, kopi- og trykkpapir, golv, tekstilar, møblar, kjemiske byggprodukt, innandørs maling og lakk. BFD er nøgd med ei utvikling der forbrukarane får større tilbod av miljøtilpassa produkt å velje blant.

Skulen er ein viktig arena for å skape forståing for ressurs- og klimaproblem og reflekterte haldningar til forbruk. BFD førte i 2018 vidare arbeidet med å fremje undervisning i forbrukaremne som også tok opp spørsmål knytt til dette.

Det er tverrpolitisk semje om å arbeide for å redusere matsvinnet i Noreg, og den største delen av matsvinnet (om lag 60 pst.) kjem frå private hushald. I 2017 blei det inngått ei bransjeavtale om matsvinn mellom styresmaktene og dei største organisasjonane i matbransjen. Per oktober 2018 hadde 79 enkeltbedrifter skrive under på eigne tilslutningsavtaler til bransjeavtala. BFD deltek i arbeidet, som KLD koordinerer, og støttar opp om forbrukarretta tiltak.

I juni 2019 la BFD fram Meld. St. 25 (2018–2019) Framtidas forbrukar – Grøn, smart og digital. Berekraftig forbruk er eit tema i meldinga.

Plan for vidare arbeid

BLD vil halde fram med arbeidet for å gjere det enkelt for forbrukarar å gjere miljømedvitne val. Miljømerkene Svanen og EU Ecolabel er dei fremste verkemidla for å formidle standardisert og kvalitetssikra informasjon om varer og tenester som er blant dei minst miljøskadelege på marknaden. Miljømerking, som forvaltar desse ordningane i Noreg, skal arbeide for at talet på miljømerkte produkt på den norske marknaden framleis aukar.

BFD vil i 2020 arbeide vidare med å redusere matsvinnet i samfunnet gjennom bransjeavtala om matsvinn.

Departementet vil i 2019 også arbeide vidare med å fremje undervisning i forbrukaremne, medrekna undervisning om berekraftig forbruk og berekraftig utvikling

8.1.3 Finansdepartementet

Hovudverkemidla i norsk klimapolitikk er, og skal vere, sektorovergripande verkemiddel i form av klimagassavgifter og omsettelege utsleppskvotar. Over 80 pst. av Noregs samla utslepp av klimagassar er allereie ilagt avgift eller kvoteplikt. Det generelle avgiftsnivået på ikkje-kvotepliktige utslepp av klimagassar er vel 500 kroner per tonn CO2 og kvoteprisen er no rundt 300 kroner per tonn CO2. Både delen utslepp som er prisa og den karbonprisen forureinarane står overfor, er høg samanlikna med andre land.

I Granavolden-plattforma er det varsla ei vidare opptrapping av CO2-avgifta fram mot 2025.

8.1.4 Forsvarsdepartementet

Miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

Det er eit overordna mål for Forsvarsdepartementet (FD) at forsvarssektoren si verksemd ikkje skal føre til vesentleg skade på miljøet. Etatane i forsvarssektoren arbeider blant anna med opprydding i forureina sjøbotn, opprydding av miljøgifter og redusert lekkasje av tungmetall frå skytefelt, ivaretaking av naturmangfald ved bruk og utvikling av område, Kystvaktas miljø- og ressursoppsyn, bevaring av kulturminne i skyte- og øvingsfelt og av nasjonale festningsverk, avfallshandtering, kartlegging av støy og redusert klimagassutslepp.

All militær aktivitet vil påverke miljøet i større eller mindre grad. Det er ein ambisjon å skape eit godt øvingsutbytte samtidig som ein unngår store, negative konsekvensar for miljøet. Tiltak er baserte på fagleg kunnskapsgrunnlag og vurdering av effekt samt kostnadseffektivitet.

Rapport for 2018

Forureiningar ved Forsvarets brannøvingsfelt på flystasjonane er kartlagt. Det er påvist forureining etter tidlegare bruk av brannskum som inneheld perfluorerte sambindingar (PFOS og PFAS) på alle felt, men med forskjellig alvorsgrad. Det går føre seg arbeid med kartlegging og tiltak for opprydding i forureining på fleire flystasjonar. Arbeidet vil halde fram i åra framover. Sektoren samarbeider med Miljødirektoratet for utvikling av nye tiltaksmetodar og har lagt fram faglege tilrådingar for tiltaksstrategiar. Arbeidet med å fase ut fossil olje til oppvarming vart ført vidare i 2018. Forbruket av fyringsolje var i 2018 redusert med 82 pst. sidan 2006, og utgjorde 2,8 pst. av det totale energiforbruket til bygg og anlegg. Det blir i hovudsak planlagt for at all bruk av fossil fyringsolje til oppvarming i bygg og anlegg skal fasast ut i 2020, men ved to basar blir utfasinga forseinka på grunn av koordinering med omfattande infrastrukturtiltak. Forsvarssektoren vil ha enkelte anlegg som framleis brukar mineralolje, men som ikkje er omfatta av forbodet i forskrift som trer i kraft 1. januar 2020.

Det har over mange år blitt gjort undersøkingar av sjøbotnen og på land i Horten med sikte på miljøsanering av tungmetall og andre miljøgifter for eit område på 460 000 kvadratmeter. Det blir i 2019–2020 gjennomført felles oppryddingsprosjekt med Horten kommune, Miljødirektoratet og private aktørar for å sikre best mogleg effekt av tiltaket i området sett under eitt. Sektoren gir eit viktig bidrag til samfunnet ved å ta vare på kulturminne og kulturmiljø, og formidle verdiar til samfunnet. Talet besøkande på nasjonale festningsverk var totalt 4,1 mill. kroner i 2018. Forsvarssektoren har gjennomført kartlegging og sikring av kulturminner i naturområder/skyte- og øvingsfelt.

Plan for vidare arbeid

I Forsvarsdepartementets budsjett for 2020 er det foreslått å nytte 23,6 mill. kroner til kulturminnearbeid og 165 mill. kroner til tiltak knytte til fossilt brensel, sanering og anna miljørelatert verksemd.

Tilbakeføring av Hjerkinn skytefelt er noregshistorias største naturrestaureringsprosjekt. Prosjektet starta i 2006 med planlagt sluttføring i 2020 i tråd med Stortingets vedtak i 1999 om nedlegging av skytefeltet. Den 20. april 2018 vedtok regjeringa formelt å verne Hjerkinn og innlemme området i nasjonalparken og verneområda på Dovrefjell som var ein viktig milepæl for tilbakeføringa. I tillegg blir det ført vidare miljørydding av utrangerte skyte- og øvingsfelt som blir ført tiltak til sivile formål samt i aktive felt for hindre spreiing av forureining til grunn og vassdrag.

Gjennomføring av resterande tiltak for å fase ut fossil olje til oppvarming blir ført vidare i 2020. Arbeidet vil i hovudsak rette seg mot ferdigstilling av større tiltak på Evenes og Haakonsvern som ledd i utskifting av infrastruktur.

8.1.5 Helse- og omsorgsdepartementet

Miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og fylkesmennene er rådgivarar for sentrale og lokale helsemyndigheiter, utgreier og tek del i overvaking av miljøforureining. Etter folkehelselova har kommunane ansvar for å sikre befolkninga mot skadelege faktorar i miljøet.

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) har direktoratsoppgåver for Klima- og miljødepartementet innanfor området radioaktiv forureining og anna stråling i det ytre miljø. DSA har vidare ansvar for fagleg utgreiingsarbeid, tilsyn med radioaktiv forureining og for å koordinere nasjonal overvaking av radioaktiv forureining i det ytre miljø, og internasjonale oppgåver.

Mattilsynet arbeider for miljøvennleg produksjon av trygge næringsmiddel og trygt drikkevatn. For å få størst mogleg samfunnsvis verdiskaping ut av avgrensa ressursar er det vesentleg å leggje vekt på kvalitet, plante- og dyrehelse og omsynet til miljøet.

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) forvaltar statens eigarskap av dei regionale helseføretaka. Departementet har i sin styringsbodskap til dei regionale helseføretaka bedt om at spesialisthelsetenesta har ei heilskapleg tilnærming til klima- og miljøutfordringane. Miljøarbeidet i spesialisthelsetenesta er koordinert gjennom eit samarbeidsutval mellom dei fire helseregionane. Alle dei regionale helseføretaka er representerte med eit medlem i samarbeidsutvalet. I tillegg har Sjukehusbygg HF, Sjukehusinnkjøp HF og vernetenesta og tillitsvalte ein representant kvar. Dei fire regionane har også kvar si miljøfaggruppe der alle helseføretak er representerte.

Rapport for 2018

For 2018 er det for første gong utarbeidd ein felles årsrapport for samfunnsansvar i spesialisthelsetenesta, «Spesialisthelsetjenestens rapport for samfunnsansvar 2018». Rapporten handlar om klima og miljø, menneskerettar, arbeidstakarrettar og antikorrupsjon. Rapporten er utarbeidd av interregionalt samarbeidsutval for klima og miljø i spesialisthelsetenesta og omfattar helseføretaka i dei fire regionane og dei felleseigde selskapa (Sjukehusbygg HF, Sjukehusinnkjøp HF, Luftambulansetenesta HF, Nasjonal IKT HF, Helsetenesta sin driftsorganisasjon for naudnett HF og Pasientreiser HF).

I 2018 er alle helseføretak i landet miljøsertifiserte i medhald av NS-EN ISO 14001. Det inneber at ei samla spesialisthelseteneste arbeider systematisk med å betre eigen miljøprestasjon. Gjennom rapporten for samfunnsansvar er det første gang det er framstilt ein felles klimarekneskap for helseføretaka i landet. Klimarekneskapen medverkar til å setje søkelyset på å redusere forbruk av ressursar.

Plan for vidare arbeide

I føretaksmøtet i januar 2019 vart dei regionale helseføretaka bedne om, i samarbeid med Sjukehusinnkjøp HF og Sjukehusbygg HF, å leggje auka vekt på klima og miljø ved innkjøp og ved bygge- og vedlikehaldsprosjekt. Det er viktig at helseføretaka, som ein betydeleg samfunnsaktør, er leiande i arbeidet med å redusere miljøbelastningar gjennom miljøvennlege og framtidsretta bygg og innkjøp.

I føretaksmøtet i januar 2019 vart det òg vist til forskrift om forbod mot bruk av mineralolje til oppvarming av bygningar gjeldande frå 1. januar 2020, som vart vedteken 28. juni 2018. Her er sjukehusbygningar med døgnkontinuerleg pasientbehandling unnatekne fram til 1. januar 2025. For andre bygningar i spesialisthelsetenesta gjelder forbodet frå 1. januar 2020, med mindre ein søkjer og får godkjent unntak dersom særlege grunnar ligg føre. Dei regionale helseføretaka vart i føretaksmøtet bedne om å planleggje for utfasing av oljefyring slik at spesialisthelsetenesta overheld forbodet.

8.1.6 Justis- og beredskapsdepartementet

Svalbard

Regjeringas mål om å bevare Svalbards særeigne villmarksnatur ligg til grunn for miljøvernpolitikken på Svalbard. Svalbardmiljølova av 15. juni 2001 med tilhøyrande føresegner tek vare på denne målsetjinga. Ein stor del av Sysselmannen på Svalbard si verksemd er knytt til miljøvernrelatert arbeid. I Sysselmannens organisasjon er det samla både politifagleg og miljøvernfagleg ekspertise. Dette legg til rette for ei effektiv etterforsking av miljøkriminalitet og for eit godt fagleg informasjonsarbeid.

Lokalt er svalbardmiljølova med føresegn er viktige verktøy for å ta vare på miljømåla. Sysselmannen skal i si miljøforvalting ta omsyn til endringar i klima, aktivitet og tilførsel av forureining, og sikre at lokal verksemd skjer innafor rammer som sikrar at den samla belastninga på arter og økosystem ikkje blir for stor. Samstundes skal det leggjast til rette for bruk som er i samsvar med måla for bevaring av naturen på Svalbard.

Sysselmannen skal vidare leggje betre til rette for reislivet innanfor forvaltingsområde 10, som mellom anna omfattar Isfjordområdet og nærområda rundt lokalsamfunna. Dette skal skje i dialog med aktørane på Svalbard. Samstundes skal arbeidet med forvaltingsplanar for verneområda på Svalbard førast vidare. Eit aktivt førebyggjande arbeid vil kunne påverke haldningar og skape forståing for dei reguleringane som gjeld øygruppa. Aukande turisme og ferdsel på Svalbard viser at det er behov for å halde oppsyn med og avdekkje eventuelle brot på føresegnene om vern av Svalbards natur- og kulturmiljø. Klimaendringane fører til stadig mindre utbreiing av sjøis, som er leveområde for arter som er avhengige av is, som isbjørn og sel. Dokumentasjon av utviklinga innan ferdsle og anna verksemd er viktig for å målrette tiltaka.

Sysselmannen legg vekt på rask og effektiv etterforsking og oppklaring av moglege straffbare forhold. Svalbard og Longyearbyen vil på grunn av auka aktivitet få større betydning som base for beredskap mot forureining. Kystverket har ansvaret for oljevernberedskapen i området, med Sysselmannen som lokal ressurs. Lange avstandar og arktisk klima gjer det vanskeleg å handtere oljeutslepp i området. Førebyggjande tiltak for å unngå slike hendingar er derfor svært viktig. Det er forbod mot bruk av tungolje som drivstoff i dei store verneområda på Svalbard. For å redusere risikoen for hendingar med miljøskade til følgje, er det ei statleg losteneste for all skipsfart i farvatna på Svalbard på same måte som på fastlandet. Ut frå lokale forhold er det gjort enkelte tilpassingar i reglane.

Miljødirektoratet påla Longyearbyen lokalstyre eit reinsekrav på kolkraftverket i Longyearbyen (ikkje for CO2). Arbeidet med å etablere reinseanlegget vert fullført med venta heilårseffekt i 2016. Prosjektet er fullfinansiert over svalbardbudsjettet i perioden 2012–2014. Utviklinga i utslepp frå kolkraftverket er som følgjer: Utslepp av SO2 og støv frå kraftverket gått dramatisk ned. Forbruk av kol har auka årleg sidan 2012 og medfører auka CO2-utslepp.

Miljødirektoratet har gitt pålegg om å utgreie reinsing av utsleppa til luft for kolkraftverket i Barentsburg.

Politi- og lensmannsetaten

Politiets viktigaste oppgåver innafor miljøvern er å kjempe mot miljøkriminalitet gjennom førebyggjande verksemd, etterforsking med høg kvalitet og adekvat reaksjon. Økokrim har ei særleg nasjonal rolle i kampen mot miljøkriminalitet, både gjennom etterforsking og iretteføring i særleg alvorlege prinsipielle saker, og som rettleiar og bistandsorgan for politidistrikta. Politidistrikta har ei sentral rolle i arbeidet med å kjempe mot miljøkriminalitet. Det er etablert samarbeidsrutinar og -avtaler med oppsyns og tilsynsmynde som skal utviklast vidare.

I samband med etablering av nye politidistrikt er det etablert ein eigen funksjon som skal ha eit overordna fagansvar for etterforsking av økonomiske straffesaker og miljøkriminalitet og eit sjølvstendig ansvar for etterforsking av alvorleg økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet. Politidistriktet sin miljøkoordinator er organisatorisk plassert i funksjonen.

Kontroll- og tilsynsmynde har blitt styrkt dei siste åra, noko som fører til fleire administrative sanksjonar, mellom anna gebyr for mindre brot på miljølovgivinga. Dei alvorlegaste forholda skal som hovudregel etterforskast av politidistriktet, i nokre tilfelle av ØKOKRIM.

Politiet og kontrolletatane har samanfallande overordna målsetjingar for sitt arbeid. Etatane kan dele informasjon, bli samde om eit felles trusselbilde og samordne kontrollaktivitetane, slik at offentlege ressursar blir nytta best mogleg. Sentralt miljøforum og Fylkesmiljøforum, som begge vert leia av politiet, legg mellom anna til rette for dette. Det enkelte politidistrikt og særorgan er pålagt, som ein integrert del av dei ordinære planprosessane, å følgje opp retningsliner gitt for rådgiving overfor politidistrikta og særorgana innafor eigedom, bygg og anlegg. Mellom anna vert energieffektivitet i bygg vektlagt.

Politidistrikta og særorgana kan gjere innkjøp frå rammeavtaler inngått av Politiets fellestenester på vegne av etaten. I den grad miljøomsyn ikkje er tekne omsyn til i inngåtte avtaler, vert dette teke inn ved inngåing av nye avtaler så langt dette er i samsvar med dei tekniske krava som er stilte til dei produkta som skal nyttast av politiet.

8.1.7 Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Beskriving av miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

Kommunal- og moderniseringsdepartementet arbeider for berekraftig planlegging og byutvikling med utgangspunkt i plan- og bygningslova. Dette inneber blant anna å sikre ein berekraftig bystruktur gjennom effektiv arealbruk, høg kvalitet i byrom og uteareal, og klima- og miljøvennleg transport. Grunnleggjande infrastruktur i form av gode kart- og geodata er viktig i arbeidet med å sikre god arealbruk, og for å møte utfordringane med auka flaumar og tilrettelegging for betre handtering av overvatn.

Bygningsregelverket skal syte for at bustadar og bygg er sikre, energieffektive og miljøvennlege. Energieffektivisering i bustadar og andre bygg er viktig for å redusere det totale energibehovet.

Byggjesektoren står for ein stor del av energibruken, ressursbruken og avfallsmengda i Noreg. Det er store miljøgevinstar å hente i byggje- og eigedomsbransjen. Miljøtiltak i samband med statlege byggeprosjekt kan omhandle redusert energibruk, mindre bruk av fossil energi til oppvarming, redusert lokal forureining ved sanering, redusert bruk av miljøskadelege material, men òg lokalisering, gjenbruk og godt vedlikehald. Statsbygg skal vere eit førebilete og medverke til å utvikle bransjen innanfor klima og miljø.

Målet med regjeringas regional- og distriktspolitikk er regional balanse gjennom vekstkraft, likeverdige levekår og berekraftige regionar i heile landet. Ein berekraftig region har ei balansert befolkningssamansetjing og forvaltar menneskelege ressursar og naturressursar for utvikling og verdiskaping no og i framtida. Næringsliv og samfunnet elles skal kunne tilpasse seg endra føresetnader i økonomiske, sosiale, klima- og miljøvise rammevilkår ved hjelp av regional- og distriktspolitiske verkemiddel. Å utvikle og ta i bruk ny teknologi er ein føresetnad for å nå klimamåla, både nasjonalt og globalt. Det finst betydelege moglegheiter innan IKT for å medverke til mindre klimagassutslepp og betre miljø. Smart bruk av digital teknologi kan blant anna gjere mogleg ei betre ressursutnytting og meir effektiv energibruk1.

Rapport for 2018

Frå tilskotsordninga Bærekraftig byutvikling vart det i 2018 tildelt midlar til kommunar og fylkeskommunar som er påverka av arbeidet med byutviklingsavtaler og bymiljøavtaler. Det vart gitt tilskot til prosjekt som har medverka positivt til framtidsretta by- og regionutvikling.

Regjeringa utvida statlege planretningslinjer for klima- og energiplanlegging til også å omfatte klimatilpassing. Dei nye retningslinjene vart fastsette 28. september 2018. Rettleiing til planretningslinjene er under utarbeiding.

Kartverket har utvikla eit digitalt verktøy som gjer at kommunane og næringslivet enklare kan

planleggje for klimaendringane og vere betre førebudd på konsekvensane av havnivåstigning og ekstrem vasstand. I tenesta «Se havnivå i kart» kan ein hente ut statistikk over bygningar, areal og vegar i kystkommunar som er utsette for overfløyming frå havet.

Ulike låne- og tilskotsordningar i Husbanken medverkar til fleire bustadar og bygg med kvalitetar utover krava i byggteknisk forskrift, blant anna på energi. Eit hovudmål med grunnlånet er å fremje viktige bustadkvalitetar som energieffektivitet og tilgjenge i ny og eksisterande bustadmasse.

Statsbygg har i 2018 gjennomført ei rekkje klima- og miljøtiltak. I juni vart blant anna eit av landets største solcelleanlegg opna ved Universitetet i Søraust-Noreg, Campus Vestfold.

Klimakorrigert og driftsnormert kWh per kvm. er redusert frå 2017. Dette er oppnådd gjennom betydeleg satsing på ENØK, god energileiing og systematisk oppfølging i eigedomsforvaltninga. Statsbygg har i 2018 installert automatiske måleravlesarar på om lag 100 eigedommar. Dette gir eit betre grunnlag for energianalysar, og gjer det enklare å prioritere energieffektiviseringstiltak.

For miljøet er det ofte betre å utvikle og tilpasse eksisterande eigedom framfor å byggje nytt. Statsbygg arbeider derfor med å redusere behovet for nye bygg, blant anna gjennom arealeffektivisering og optimalisering av løysingar i eksisterande bygningsmasse. I 2018 resulterte Statsbyggs vurdering av behov og ombrukspotensial i eksisterande bygg ved Universitetet i Nord, Bodø, i ein reduksjon av arealbehovet for nybygget Blått Bygg frå 12 080 til 8 000 kvm.

Fylkeskommunane og kommunane har gitt tilsegn for vel 100 mill. kroner til ulike typar miljøfremjande tiltak frå dei distrikts- og regionalpolitiske tilskota over programkategori 13.50 i 2018.

Innovasjon Noreg (IN) forvaltar bedriftsretta låne- og tilskotsordningar i distrikta på oppdrag av fylkeskommunane. Prosjekt som søkjer finansiering frå IN blir vurderte opp mot tre berekraftsdimensjonar; økonomi, miljø og samfunnseffektar av prosjektet. Divisjon Berekraft i Innovasjon Noreg skal utvikle selskapet sitt strategiske arbeid med å styrkje næringslivets overgang til ein meir berekraftig økonomi. IN har laga ein rettleiar for heilskapleg vurdering av berekraft i finansieringssaker. Dersom eit prosjekt er vurdert å ha negativ miljø- eller samfunnseffekt, får ikkje prosjektet finansiering. Delen miljøretta prosjekt var 42 pst. for oppdraga frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet i 2018.

Bioraffineringsprogrammet i IN skal medverke til auka verdiskaping og berekraftig omstilling av norsk næringsliv ved å utnytte det marknadspotensialet som bionæringane representerer basert på ressursar frå hav, jord og skog. Ordninga er ei oppfølging av regjeringas bioøkonomistrategi. IN rapporterer at det er stor etterspørsel etter verkemiddel innanfor Bioøkonomi, og at programmet har resultert i fleire prosjekt som utnyttar biologiske ressursar betre.

Noreg tek del i EUs grenseoverskridande samarbeid gjennom Interreg-programma. Alle Interreg-programma Noreg tek del i har smart, berekraftig og inkluderande vekst som overordna mål. Ca. 30 pst. av dei norske Interregmidlane blir nytta til innsatsområde knytte til lågkarbonøkonomi, risikohandtering ved klimaendringar, vern av miljø og berekraftig transport.

Plan for vidare arbeide

Klimatilpassing og reduserte klimagassutslepp må få større vekt i samfunnsplanlegginga. Regjeringa har i 2019 vedteke nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging. Det blir stilt forventningar til fylkeskommunar og kommunar om at det blir planlagt for eit trygt samfunn med låge klimagassutslepp, og som er tilpassa klimaendringane. Det skal utarbeidast rettleiing til dei statlege planretningslinjene for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing.

Arbeidet med nasjonal detaljert høgdemodell held fram med mål om full dekning i 2022. Til saman skal 230 000 kvadratkilometer lasermålast før høgdemodellen av Noreg er komplett. Høgdemodellen styrkjer grunnlaget for klimatilpassing, ressurskartlegging og flaum- og skredvern i planarbeidet i kommunar og statlege etatar. Det blir òg mogleg å effektivisere og forbetre arbeidet på ei rekkje andre område, frå plassering av vindmøller til kulturminnevern og detaljplanlegging av vegar og jernbane.

Samferdselsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i 2017 og 2018 hatt eit nært samarbeid for å utvikle byvekstavtaler for dei ni største byområda. På arealsida skal avtalene sikre ei effektiv og føreseieleg oppfølging av regionale og interkommunale areal- og transportplanar, og forpliktande samarbeid om utvikling av kollektivknutepunkt, samtidig som by- og bukvaliteten blir teken vare på.

Våren 2019 hadde departementet forslag til ny forskrift om lån frå Husbanken på høyring. Forslaget legg opp til at lån til bustadkvalitet skal fremje miljø og tilgjenge i nye bustader. I eksisterande bustader er det foreslått å framleis fremje energieffektivisering og tilgjenge. Det er teke sikte på at endringane vil tre i kraft 1. januar 2020.

Energikrava i TEK17 skal skjerpast til nesten nullenerginivå i 2020. Avgjerda om kravsnivå skal skje på bakgrunn av utgreiingar av samfunnsøkonomiske og helsevise konsekvensar og kompetansen i næringa. Det er allereie strenge energikrav, og på enkelte område kan det nærme seg ei grense der ytterlegare innskjerping kan vere uføremålstenleg i høve til dagens kostnadsnivå og teknologiar. Det er ei rekkje omsyn som må vurderast når energikrava skal utviklast vidare, som blant anna byggjekostnader, driftskostnader, miljøkonsekvensar, energikrava sin påverknad på andre byggkvalitetar og samspelet med energisystemet.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Klima- og miljødepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet skal grei ut kva som er barrierar for auka bruk av lågutsleppsmaterialar i byggjeprosjekt, og tiltak som kan redusere barrierane og fremje bruken.

Lokalisering har stor påverknad på eit byggs totale klimagassrekneskap, og transport, lokalklima og tomten sine grunnforhold er viktige faktorar i denne samanhengen. Statsbygg skal leggje dei statlege planretningslinjene til grunn i sine lokaliserings- og tomteanalysar, og søkjer etter tomter som vil gi minst mogleg miljøbelastning.

I tillegg har Kommunal- og moderniseringsdepartementet gitt Statsbygg mandat til å medverke til innovasjonar og utvikling av bruk av tre og andre lågutsleppsmaterialar til bruk i statlege byggjeprosjekt dersom det er konkurransedyktig og at materialbruken tek vare på nødvendig tryggleik.

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi), frå 1. januar 2020: Digitaliseringsdirektoratet skal medverke til ei heilskapleg og effektiv IKT-utvikling, slik at offentleg sektor kan samhandle elektronisk og levere brukarvennlige og sikre tenester med god kvalitet. Å gå frå papirbasert til digitalisert saksbehandling vil medføre redusert bruk av papir. Digital postkasse til innbyggarane gjer det mogleg for det offentlege å sende post til innbyggarane digitalt i staden for på papir. Samtidig får det offentlege reduserte kostnader til utsending av brev.

Difi har fram til 1. januar 2020 eit særskilt ansvar for arbeid med miljø- og klimaomsyn og livssykluskostnader i offentlege anskaffingar. Frå 1. januar 2020 vil Direktoratet for økonomistyring overta ansvaret for offentlege anskaffingar, under dette miljøomsyn i offentlige anskaffingar. I dette ligg rådgiving og rettleiing, der det blir tilbode fagsider, verktøy og kompetanseutviklingstiltak. I 2019 har Difi utarbeidd rettleiarar for sirkulære anskaffingar og for korleis offentleg sektor gjennom anskaffingar kan redusere bruk av unødvendig plast. Det blir også fortløpande utvikla nye krav og kriterium for prioriterte produktgrupper. Desse blir publiserte på Kriterieveiviseren.no. Difi, og frå 1. januar 2020 DFØ, arbeider tett med Miljødirektoratet på dette området.

Vidare vil bruk av e-handel i offentleg sektor medverkar til ein digitalisert marknadsplass der innkjøparar og leverandørar kan effektivisere anskaffingsprosessen gjennom mindre papirbruk og gjere det enklare å stille og følgje opp krav til miljø- og samfunnsansvar.

8.1.8 Kulturdepartementet

Beskriving av miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

God forvalting av kulturminne i form av bygningar og anlegg, i hovudsak enkeltbygningar og bygningsmiljø, men òg tekniske og industrielle kulturminne, bergkunst og kulturlandskap, og kulturminne i form av kyrkjer og gravplassar utgjer Kulturdepartementets bidrag til regjeringas samla klima- og miljøpolitikk.

Kulturdepartementet føreset at mottakarar av spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet ser til at føresegnene i plan- og bygningslova og aktuelle forskrifter, òg når det gjeld klima- og miljørelaterte saker, blir følgde.

Rapport for 2018

Det nasjonale museumsnettverket rapporterer om i alt ca. 5 000 kulturhistoriske bygningar i 2018. Museas bevarings- og formidlingsarbeid medverkar til å spreie kunnskap om, og oppleving av, desse miljøverdiane. Over Kulturdepartementets budsjett blir det no gitt driftstilskot til 52 konsoliderte museum i det nasjonale museumsnettverket.

Norsk kulturråd forvaltar òg tilskotsordninga for sikringstiltak ved musea. Over ordninga vart det i 2018 innanfor ei ramme på 8,9 mill. kroner gitt tilskot til 52 sikringstiltak ved 29 museum.

8.1.9 Kunnskapsdepartementet

Målet for Kunnskapsdepartementets (KD) arbeid på klima- og miljøarbeidet er at utdanning og forsking skal bidra til berekraftig utvikling og omstilling til lågutsleppssamfunnet gjennom utvikling og formidling av kunnskap som bidrar til ny innsikt, gode løysingar og folk med gode dugleikar.

Formidling av kunnskap og gode haldningar til miljøet er ein integrert del av det pedagogiske opplegget i barnehagane og skulane. Grunnlaget for gode haldningar blir skapt i oppveksten og det er derfor viktig at natur og miljø òg er ein naturleg del av barnehagane og skulane si verksemd. Miljøforsking er støtta gjennom ulike satsingar og program i Forskingsrådet. I tillegg finansierer òg universiteta og høgskulane mykje miljø- og klimarelevant forsking over grunnløyvinga si.

Rapport for 2018

Forskrifta om rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen gjeldande frå 1. august 2017 tydeleggjer at barnehagen har ei viktig oppgåve i å fremje verdiar, haldningar og praksis for meir berekraftige samfunn, og at barnehagen skal bidra til at barna kan forstå at handlingar i dag har konsekvensar for framtida. Natur, miljø og teknologi er framleis eitt av sju fagområde i rammeplanen.

I oppfølginga av Meld St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet skal Kunnskapsdepartementet fornye læreplanane ved å gjere dei meir relevante for framtida. Berekraftig utvikling skal bli eitt av tre tverrfaglege tema i fagfornyinga, og elevane skal lære om berekraftig utvikling med utgangspunkt i fleire fag. Elevane skal utvikle kompetanse som gjer dei i stand til å ta ansvarlege val og handle etisk og miljøbevisst. Utkast til nye læreplanar blei utarbeidd i 2018 og har vore på brei høyring våren 2019. Skulane skal ta dei nye læreplanane i bruk hausten 2020.

I samarbeid med KLD har KD òg i 2018 ført vidare arbeidet med Den naturlege skulesekken. Prosjektet medverkar til å styrkje kvaliteten i opplæringa og auke forståinga for nytten og bruken av naturfaga og fremjar undervisning om berekraftig utvikling. Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa har ansvar for den daglege drifta og oppfølginga av deltakarskulane. I skuleåret 2018/2019 er 17 700 elevar frå 114 skular omfatta av prosjektet.

I 2018 er KDs samla finansiering av forsking på miljøområdet gjennom Forskingsrådet anslått til 1 072 mill. kroner. Tala omfattar forsking finansiert gjennom alle Forskingsrådets verkemiddel, òg dei som ikkje er særskilt retta mot miljø og klima. I tillegg får Senter for klimadynamikk ved Bjerknessenteret 25 mill. kroner årleg. Bidrag til EUs rammeprogram Horisont 2020 er òg viktig, der klima og berekraftig utvikling er eit gjennomgangstema. 60 pst. av budsjettet i Horisont 2020 skal gå til forsking som medverkar til berekraftig utvikling.

Ved behandling av statsbudsjettet for 2019, (Innst. 12 S (2018–2019), løyvde Stortinget 10 mill. kroner til Senter for klimaomstilling i Sogndal. Av dette er 5 mill. kroner oppstartsmidlar og 5 mill. kroner er årlege driftsmidlar.

Norsk klimaservicesenter (KSS) legg til rette og formidlar klima- og hydrologiske data slik at dei kan brukast til klimatilpassing og i vidare forsking om effekten av klimaendringar på natur og samfunn. Senteret er eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt, Noregs vassdrags- og energidirektorat og Uni Research / Bjerknessenteret, og der Miljødirektoratet er representert i styringsgruppa.

Stortinget godkjente startløyving til nytt bygg for livsvitskap ved Universitetet i Oslo i budsjettet for 2018. Livsvitskapsbygget skal sertifiserast som eitt berekraftig bygg i klassen BREEAM Excellent (Building Research Establishment Environment Assessment Method). Det er den nest høgste klassifiseringa for eit klimavennleg bygg.

Plan for vidare arbeid

Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning 2015–2024 gir dei politiske føringane for KDs satsing på dette området. Langtidsplanen har tiårige mål og prioriteringar, men meir konkrete mål for innsatsen i den første fireårsperioden, der regjeringa forpliktar seg til å følgje opp prioriteringane i dei årlege statsbudsjetta. Utdanning, forsking og innovasjon som kan hjelpe oss å nå klimamåla er prioritert vidare framover. I den reviderte langtidsplanen er derfor klima, miljø og miljøvennleg energi ein av dei fem langsiktige prioriteringane. Eit anna prioritert område i denne planen er at universitets- og høgskulebygg skal vere kostnadseffektive og bidra til innovative og klima- og miljøvennlege løysingar. I planen varslar regjeringa at det skal arbeidast med å utvikle grøne indikatorar for å synliggjere og overvake klima- og miljøeffektar i campusutvikling. Oppdraget vart lyst ut våren 2019 og rapport og forslag til indikatorar er venta innan utgangen av 2019.

I statsbudsjettet for 2019 har regjeringa gitt 161 mill. kronar til oppgradering av forskings- og utdanningsareal. Dette skal stimulere til betre bruk av eksisterande bygg framfor å byggje nytt. Prosjektet «Arven etter Nansen» blir finansiert over Forskingsrådets budsjett. Raske klima- og miljøendringar i nord aukar behovet for kunnskap om sentrale og nordlege delar av Barentshavet. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom dei sentrale norske forskingsinstitusjonane på feltet, og er venta å gi kartlegging og forsking av høg kvalitet. «Arven etter Nansen» er Noregs største marine forskingsprosjekt med eit totalbudsjett på 740 millionar kroner.

I samarbeid med Klima- og miljødepartementet vil Kunnskapsdepartementet føre vidare arbeidet med Den naturlege skulesekken i 2020.

Kunnskapsdepartementet følgjer opp Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse – En fornying av Kunnskapsløftet gjennom fagfornyinga i grunnskulen og dei gjennomgåande faga i vidaregåande opplæring. Berekraftig utvikling blir eitt av tre tverrfaglege tema som elevane skal få kompetanse i gjennom arbeid med problemstillingar i ulike fag. Temaet skal leggje til rette for at elevane kan forstå grunnleggande dilemma og utviklingstrekk i samfunnet og korleis ein kan handtere dette. Gjennom arbeid med temaet skal elevane utvikle kompetanse som gjer dei i stand til å ta ansvarlege val og handle etisk og miljøbevisst. Temaet rommar problemstillingar rundt miljø, klima, fattigdom, fordeling av ressursar, konfliktar, helse, likestilling, demografi og utdanning. Dei nye læreplanane blir tekne i bruk frå hausten 2020.

8.1.10 Landbruks- og matdepartementet

Beskriving av miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

Norsk landbruk tilbyr forbrukarane mat som er produsert på ein helse- og miljøvennleg måte, forvaltar store innmarks- og utmarksområde med tilhørande natur-, kultur- og friluftsverdiar og forsyner samfunnet med fornybare byggjemateriale og energi. Berekraftig landbruk er eit av hovudmåla i Landbruks- og matdepartementets (LMDs) politikk. Miljøsatsinga i jordbruket skal medverke til å redusere miljøbelastninga frå jordbruket og til å halde ved lag jordbrukets kulturlandskap.

Berre 3 pst. av arealet i Noreg er jordbruksareal. Det er viktig å ta vare på gode jordbruksareal og matjord. Samstundes må jordvernet balanserast mot storsamfunnet sine behov. Regjeringa la i 2015 fram ein nasjonal jordvernstrategi for å redusere omdisponeringa av dyrka jord, og omdisponeringa har gått ned dei siste åra. Aktiv drift i landbruket er den viktigaste føresetnaden for å ta vare på kulturlandskapet. Kulturlandskap forma av landbruket er viktige for identitet og tilknyting. Kulturlandskapet gir ei ramme for satsingar på kultur, lokal mat, friluftsliv, busetjing og turisme, og er leveområde for mange artar av planter og dyr.

Jordbrukslandskapet sitt mangfald og kombinasjon av natur- og kulturverdiar er ein karakteristisk og viktig del av landskapet i Noreg. Variasjonen i kulturlandskapet må haldast ved like, og ei målretta forvaltning kan bidra til å nå målet om å stoppe tapet av biologisk mangfald og ta vare på kulturminne. Dei kommunale miljøverkemidla og dei regionale miljøprogramma over jordbruksavtalen skal bidra til å halde det biologiske mangfaldet og kulturminna i kulturlandskapet ved lag. I tillegg er det viktig at kommunane forvaltar landskapsverdiane i den kommunale planlegginga og lagar planar som kan liggje til grunn for god forvaltning.

Reduksjon av vassforureining frå mellom anna avrenning av jord, næringsstoff og plantevernmiddel er ein viktig del av miljøarbeidet i landbruket. Samla gjennomføring av ulike jordarbeidingstiltak, grasdekte areal m.m. i kornområda, har redusert erosjonsrisikoen på dei dyrka areala, men ikkje tilsvarande det som har vore den venta verknaden av tiltaka. Undersøkingar frå NIBIO viser at meir nedbør og ustabile vintrar har gitt auka avrenning som reduserer verknaden av tiltaka.

All matproduksjon startar med fotosyntesen. I utgangspunktet er derfor alt jordbruk basert på opptak av CO2. Jordbruksaktivitetar, særleg husdyrhald, er òg opphav til utslepp av klimagassar, hovudsakleg i form av metan (CH4) og lystgass (N2O). Det meste av metanutsleppa kjem frå dyra si fordøying, særleg drøvtyggarane. Resten kjem frå lagring og spreiing av husdyrgjødsel.

Skogbruket gir grunnlag for næring og arbeidsplassar over heile Noreg, samstundes som skogen er ein del av løysinga på klimautfordringane. Skogen tek opp omtrent halvparten av dei samla norske klimautsleppa. Tilveksten i skogen er mykje større enn hogsten, noko som både gir karbonbinding og auka moglegheiter til bruk av ein miljøvennleg og fornybar ressurs.

Mange raudlista artar lever i skog og kulturlandskap. God kunnskap og oversikt over det biologiske mangfaldet er nødvendig, og skog- og miljøkunnskapen gjennom skogbruksplanlegging med miljøregistreringer er hovudplattforma for eit langsiktig og miljøvennleg skogbruk.

Rapport for 2018

Miljøsatsinga i jordbruket er organisert under Nasjonalt miljøprogram, med nasjonale, regionale og lokale tiltakspakkar. Om lag 20 200 føretak fekk utbetalt midlar innanfor dei regionale miljøprogramma (RMP) for gjennomførte tiltak i vekstsesongen 2018 for å redusere erosjon og avrenning av næringsstoff, hindre gjengroing eller ta vare på verdifulle kulturlandskap og naturtypar. Totalt blei det løyvd 490 mill. kroner under RMP i 2018, med utbetaling i februar 2019. Om lag 59 pst. av dei lokale midlane (Spesielle miljøtiltak i jordbruket) blei løyvde til tiltak for å fremje verdiar i jordbrukets kulturlandskap, kulturmiljø, naturmangfald og friluftsliv i 2018, mens 39 pst. av midlane gjekk til tiltak for å redusere forureining til vatn. I tillegg samfinansierer landbrukssektoren og miljøsektoren satsinga Utvalde kulturlandskap i jordbruket. 41 område som er eit representativt utval av verdifulle jordbrukslandskap som inneheld særskilde verdiar knytte til naturmangfald og kulturmiljø er peikte ut. Liknande samfinansiering er det for verdsarvområda Vestnorsk fjordlandskap og Vegaøyan, der verdiane i områda m.a. er knytte til jordbrukets kulturlandskap og er avhengige av aktiv jordbruksdrift og skjøtsel.

Jordbruket sitt utslepp av klimagassar var i 2018 på 4,5 millionar tonn CO2-ekvivalentar og utgjorde om lag 8,4 pst. av dei samla norske utsleppa. Utsleppet frå jordbruket har blitt redusert med 4,0 pst. frå 1990 til 2018. Samstundes har det vore ein auke i dei nasjonale utsleppa samla sett i perioden 1990–2018. Redusert bruk av gjødsel og færre storfe grunna auka effektivitet i mjølkeproduksjonen er hovudårsakene til nedgangen i utsleppa frå jordbruket.

Stortinget har fastsett det årlege målet for omdisponering av dyrka mark til 4 000 dekar, og har bede regjeringa om at målet blir nådd gradvis innan 2020. For 2018 viser KOSTRA-tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) at det blei omdisponert 3 561 dekar dyrka jord til andre formål enn landbruk. Dette er ein nedgang på 12 pst. frå 2017, då 4 025 dekar dyrka jord ble rapportert omdisponert. Talet på dekar godkjent nydyrka mark gikk opp med om lag 10 prosent frå 22 702 dekar i 2017 til 24 855 dekar i 2018, og ligg på eit høgt nivå samanlikna med tala på 2000-talet. I alt blei 964 søknader behandla i 2018.

Bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar er nødvendig for å sikre variasjon og unngå tap av sortar, arter og rasar. Svalbard globale frøkvelv er etablert av den norske regjeringa for sikker lagring av sikringskopiar av frøa i verdas genbankar. Ved utgangen av 2018 romma frøkvelvet sikkerheitskopiar av over 1 million frøprøvar frå 76 institusjonar verda over. Dette talet omfattar òg tilbakesending av oppformera frø til frøkvelvet frå The International Centre for Agricultural Research in Dry Areas (ICARDA), i Aleppo, Syria òg deira andre uttak av frø frå frøkvelvet august 2017. Det blei deponert 76 330 nye frøprøvar i frøkvelvet frå 23 genbankar i samband med 10-årsmarkeringa i februar 2018.

Det blir òg løyvd særleg tilskot til bevaringsverdige husdyrrasar. Tal frå 2018 viser at det er ein auke i talet avlsdyr av dei bevaringsverdige husdyrrasane innan storfe, sau, hest og geit.

Landbruks- og matdepartementet gav også i 2017 støtte til vidare arbeid med prosjektet Miljøregistreringer i Skog (MiS), som har utvikla eit standardisert og godt dokumentert opplegg for registrering av areal som er spesielt viktige for biologisk mangfald i skog. Det blei løyvd 4,550 mill. kroner til dette arbeidet for 2018. Registreringane gir grunnlag for miljøomsyn i skogbruket. For å sikre eit mest mogleg objektivt, verdinøytralt kunnskapsgrunnlag som kan etterprøvast vedtok Stortinget ved behandlinga av Dokument 8:89 S (2013–2014) at det er typesystemet Natur i Noreg (NiN) hos Artsdatabanken som skal brukast ved offentleg kartlegging av natur. Landbruksdirektoratet har arbeidd med å innpasse NiN i opplegget for Miljøregistreringar i skog (MiS).

Areal i økologisk drift utgjorde i 2018 om lag 4,2 pst. av det totale jordbruksarealet i Noreg. Omsetnaden av økologiske matvarer i norsk daglegvarehandel aukar fortsatt. Samla for alle produktgrupper auka omsetnaden av økologiske produkt i daglegvarehandelen med om lag 8 pst. frå 2017 til 2018. Totalt vart det omsett økologisk mat for om lag 2,8 mrd. kroner i 2018, tilsvarande 2 pst. av totalmarknaden.

I 2016 starta regjeringa ei ordning med gjødsling av skog som klimatiltak, og ei ordning for tettare planting etter hogst på eksisterande skogareal. I 2018 blei det gitt tilskot til tettare planting på nesten halvparten av det totale tilplanta arealet.

Det blei i 2018 gjødsla om lag 56 000 daa med tilskot, som er ein reduksjon på 36 % i høve til 2019. Årsaka til dette er at det av omsyn til miljøet er sett eit tak for gjødsling av skog på 25.000 dekar på områder med direkte avrenning til Oslofjorden/Skagerak over en femårsperiode. I løpet av 2016 og 2017 er det til saman gjødsla over 21 000 daa i dei områda som har restriksjonar. Løyvinga til Stiftelsen Det norske Skogfrøverk for å styrkje skogplanteforedlinga vart oppretthalde på om lag same nivå som i 2017.

Plan for vidare arbeid

Jordbrukspolitikken skal leggjast om i ei meir miljø- og klimavennleg retning. I jordbruks-oppgjeret 2019 vart omlegginga av miljø- og klimainnsatsen frå 2018 ført vidare, ved å prioritere ordningar som skal bidra til å redusere utsleppa per produsert eining og tilpasse produksjonen til eit klima i endring. Lågare utslepp per produsert eining vil bidra til å redusere klimaavtrykket frå den norske matproduksjonen. Teknisk berekningsutval for klimagassutslepp frå jordbruket som skal gje råd om korleis ein kan forbetre metodikken for jordbruket i utsleppsrekneskapen, avslutta sitt arbeid 1.7.2019. Rapporten ligg her: https://www.regjeringen.no/contentassets/0f1af0ca7efe493e8e48b46b6fba5ffd/rapport-tbu-jordbruk_siste.pdf

Den 21. juni 2019 underteikna regjeringa og organisasjonane i jordbruket ei intensjonsavtale om kutt i klimagassutslepp og auka opptak av karbon frå jordbruket. Denne avtalen skal bidra til å halde frem det gode klimaarbeidet som gjerast i sektoren.

Departementet vil i 2020 særleg rette merksemda mot kunnskap som set oss i stand til å tilpasse matproduksjon til eit klima i endring, og med det meir kostnadseffektiv produksjon av nok og trygg mat. Teknologiutvikling og auka kunnskap om plante- og dyrehelse i eit endra klima vil vere ein viktig del av dette. Knytt til oppfølginga av Regjeringas langtidsplan for forsking og høgare utdanning vil det bli prioritert 10 mill. kroner retta mot desse områda. I tillegg skal 5 mill. kroner innrettast mot langsiktig kunnskaps- og kompetansebygging, infrastruktur og nettverksbygging for å støtte opp under langsiktige prioriteringar i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. Løyvinga skal sjåast i samanheng med prioritering av midlar retta mot klimatilpassa og effektiv matproduksjon. Midlane skal tildelast Veterinærinstituttet

Departementet vil følgje opp arbeidet med genetiske ressursar, Svalbard globale frøkvelv, og delta aktivt i dei aktuelle internasjonale prosessane under FNs organisasjon for mat og landbruk, FAO (Food and Agriculture Organization) og den Internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og jordbruk.

Det er tverrpolitisk semje i Noreg om å arbeide for å avgrense matsvinnet. LMD vidarefører arbeidet med å førebyggje og redusere matsvinn, blant anna gjennom bransjeavtala om reduksjon av matsvinn med fire andre departement og matbransjen. I jordbruksoppgjeret 2019, blei det sett av 1 mill. kroner til å følgje opp arbeidet med statistikk for matsvinn i landbrukssektoren. Dette er òg i tråd med tilrådingane frå arbeidsgruppa som vart sett ned i jordbruksoppgjeret 2018.

LMD har vidareført verdsarvsatsinga Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap med 7,5 mill. kroner over Jordbruksavtalen medan ordninga med utvalde kulturlandskap i jordbruket er styrkt med 4,5 mill. kroner for 2020, grunna at tal utvalde kulturlandskap skal auke.

Departementet følgjer òg opp Nasjonal pollinatorstrategi på fleire måtar i verkemiddelsystemet i jordbruket. Frå og med 2019 er det tilrettelagt for tilskott for tilsåing og skjøtsel av soner med pollinatorvenlege frøblandingar på jordbruksareal gjennom dei regionale miljøprogramma. Element frå strategien blir følgt opp gjennom ordningane Utvalde kulturlandskap, Handlingsplan for plantevernmiddel, SMIL og Klima- og miljøprogrammet. Norsk Landbruksrådgiving skal formidle kunnskap om gode tiltak for pollinerande insekt til bønder i heile landet.

Kunnskapsoppbygging i MiS-prosjektet om biologisk mangfald og miljøregistreringar i skogbruksplanlegginga held fram i 2020. Slikt arbeid er avgjerande for å ta i bruk ny kunnskap i registrering, overvaking og forvaltning av naturmangfaldet. LMD vil halde fram satsinga på Landsskogtakseringa. Statistikk frå Landsskogtakseringa viser aukande volum av tre i alle dimensjonar og aldersklasser for både granskog, furuskog og lauvskog. Målingar dei seinaste åra viser også at mengda daud ved aukar i norsk skog. Miljøomsyna i skogbruket kan bli styrkt gjennom verkemidla naturmangfaldlova og skogbrukets verkemiddel, mellom anna miljøregistreringar, kunnskapsutvikling og Norsk PEFC Skogstandard, slik at uttaket av biomasse frå skog kan aukast samstundes som vi tek vare på det biologiske mangfaldet.

Regjeringa vil i 2020 føre vidare ordningane med tilskot til tettare planting ved forynging av skog, gjødsling av skog og skogplanteforedling på om lag same nivå som i 2019. Klimatiltaka i skog vil medverke til å styrkje ressursgrunnlaget, og dermed grunnlaget for verdiskaping i skog- og trenæringa, i eit langsiktig perspektiv.

8.1.11 Nærings- og fiskeridepartementet

Næringsverksemd kan ha miljøkonsekvensar som naturinngrep, tap av naturmangfald, forureining av jord, luft og vatn og utslepp av klimagassar til atmosfæren. Ein god nærings- og miljøpolitikk vil søkje å avgrense miljøkonsekvensane av næringsverksemd innanfor rammene av ei berekraftig utvikling der òg omsynet til langsiktig verdiskaping blir teke vare på.

Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) arbeider for at norsk næringsliv kan utnytte moglegheitene som ligg i auka vektlegging av klima- og miljømål i politikkutforming og marknader. Ein aktiv innovasjonspolitikk for å fremje utvikling og kommersialisering av meir miljøvennlege teknologiar og tenester er ein viktig del av dette arbeidet. Utfordringa med å utvikle og ta i bruk meir miljøvennleg teknologi er hovudsakeleg ei oppgåve for næringslivet. Myndigheitenes oppgåve er først og fremst å utforme riktige rammevilkår.

Hovuddelen av klima- og miljøinnsatsen innanfor NFD sitt ansvarsområde går til miljørelatert ressurs- og næringsforsking, tiltak for å stimulere til utvikling av klima- og miljøteknologi, opprydding etter gruvedrift og industri, tiltak for berekraftig forvalting av fiskeressursar og berekraftig havbruk, tiltak for sunn og trygg sjømat og til oppbygging av kunnskap om marine ressursar.

Rapport for 2018

I 2018 gjekk 49 pst. av Innovasjon Noreg sine tilsegner om lån og tilskot, om lag 3,5 mrd. kroner, til miljøretta prosjekt. Tilsvarande tal for 2017 var 3,4 mrd. kroner. Døme på miljøretta prosjekt er kommersialisering av miljøteknologi, betring av miljøkvaliteten på produkt eller at prosjektet fører til at verksemda blir miljøsertifisert. I 2018 lanserte Innovasjon Noreg ei teneste for profilering av norske, grøne løysinger, kalt The Explorer. Tenesta skal gi bedrifter som leverer klima- og miljøvennlege løysingar, ekstra drahjelp for å lykkas i internasjonale marknader. Tenesta skal òg bidra til å trekkje internasjonale investorar til Noreg.

Miljøretta forsking er utbreidd i satsingar som har andre hovudformål og inngår i mange av programma som blir finansierte under NFD sitt budsjett. I Forskingsrådet sin totale portefølje i 2018 utgjorde forsking som kan føre til reduserte klima- og miljøavtrykk i alt 2,5 mrd. kroner, ei auke frå 2,1 mrd. kroner i 2017. lnnanfor marin og maritim sektor er det forsking både på miljøkonsekvensar av påverknad i marine økosystem og korleis verksemder innanfor desse sektorane kan drivast meir miljøvenleg. Det er òg omfattande forsking på konsekvensen av klimaendringar for marine økosystem og ressursar.

Det nye investeringsselskapet Nysnø Klimainvesteringar AS vart oppretta i 2017 og vart operativt i 2018. Selskapet skal medverke til reduserte klimagassutslepp gjennom sine investeringar, som i hovudsak er retta mot ny teknologi i overgangen frå teknologiutvikling til kommersialisering. Selskapet gjorde sine to første investeringar i 2018.

Direktoratet for mineralforvalting arbeider med tiltak for å avgrense forureininga etter tidlegare gruvedrift på Løkken, i Folldal og i Sulitjelma. NFD finansierer òg miljøtiltak i Raufoss Industripark.

Det vart gjennomført eit forskingstokt til Antarktis vinteren 2018 – 2019. Hovudformålet med toktet var å styrkje kunnskapsgrunnlaget for forvaltinga av kril i Antarktis gjennom kunnskapsinnhenting om kril og økosystemet krilen lever i.

I februar 2018 vart forvaltingsorganet Norsk nukleær dekommisjonering etablert. Etaten er nasjonalt organ for opprydding etter den nukleære verksemda og sikker handtering av nukleært avfall. Utgreiingar bereknar at oppryddinga vil koste meir enn 20 mrd. kroner i investeringar over fleire tiår. Regjeringa vil leggje fram ei melding til Stortinget om saka i løpet av 2020.

Noreg har saman med dei andre EFTA-landa utarbeidd og blitt samde om reglar om handel og berekraftig utvikling som no blir lagt fram i alle forhandlingar om frihandelsavtalar. Kapitlet om berekraftig utvikling inneheld mellom anna nye føresegner om naturmangfald, klimaendringar, fiskeri og havbruk.

Plan for vidare arbeid

NFD vil medverke til å utvikle og ta i bruk miljøteknologi og meir miljøvennlege varer og tenester, mellom anna gjennom miljøteknologiordninga til Innovasjon Noreg.

Innan Noregs forskingsråds program vil det bli gitt støtte til prosjekt som er venta å ha positiv effekt for klima og miljø. Forskinga på konsekvensar av klimaendringar for marine økosystem og ressursar vil bli ført vidare. Den systematiske overvakinga av hav- og kystområde for å kartleggje eventuelle uønskte stoff blir ført vidare. Det er òg lagt vekt på å styrkje kunnskapsgrunnlaget om forureining med plast og mikroplast i havet.

Regjeringa vil bidra til berekraftig vekst i prosessindustrien gjennom å følgje opp strategiarbeidet i Prosess 21. Dette er eit strategisk samhandlingsforum der industrien, akademia og partane i arbeidslivet er representert.

Nysnø Klimainvesteringer AS («Nysnø») skal gjennom sine investeringar finansiere ny teknologi som bidrar til det grøne skiftet og til å byggje framtidas lavutslippssamfunn. Nysnø har i åra 2017–2019 fått tilført til saman 725 mill. kroner i kapital. For 2020 gjer regjeringa framlegg om at selskapet vart tilført ytterlegare 700 mill. kroner.

Miljø er eit av dei prioriterte områda i regjeringas maritime strategi. Handlingsplanen for grøn skipsfart som vart lagt fram i 2019, vil vere eit sentralt verktøy for å nå regjeringas mål om å halvere utsleppa frå sjøfart og fiske innan 2030. Sjøfartsdirektoratet samarbeider med næringa i prosjekt for å utvikle ny miljøvenleg teknologi og er ein pådrivar for strengare internasjonalt klima- og miljøregelverk i FN sin maritime organisasjon IMO.

Direktoratet for mineralforvalting skal arbeide for at Noregs mineralressursar blir forvalta og utnytta til det beste for samfunnet. Dette omfattar òg å syte for forsvarleg og berekraftig forvalting av mineralressursar og redusere miljømessige konsekvensar av tidlegare mineraluttak.

Nærings- og fiskeridepartementet vil prioritere å leggje til rette for framhalden miljømessig berekraftig vekst i havbruk. Det nye produksjonsreguleringsregimet i havbruksnæringa skal sikre at den ønskja auken i havbruksproduksjonen skjer innanfor miljømessig akseptable rammer. Det vil bli prioritert å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag for estimat av fiskebestandar, og det må sikrast ein tilstrekkeleg kontroll med bestandsuttaket. Det er viktig å utvikle og ta i bruk fiskemetodar som reduserer utkast av fisk og bifangst og gjer mindre skade på botnhabitat. Innsatsen mot ulovleg urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske) er særleg viktig for å sikre ei berekraftig hausting av fiskeressursane. Det er òg sentralt å kontinuerleg overvake innhaldet av uønskt stoff og næringsstoff for å sikre at sjømaten er trygg og sunn, og sikre oppdatert kunnskap om samanhengen mellom inntak av sjømat og helse.

8.1.12 Olje- og energidepartementet

Klima- og miljøutfordringar i olje- og gassutvinning er utslepp til luft og til sjø. Vassdragsutbyggingar og andre energirelaterte utbyggingar kan føre med seg inngrep i natur- og kulturmiljø. Omsynet til miljø og berekraftig utvikling er ein integrert del av den norske petroleums- og energiverksemda. Ei rekkje reguleringar medverkar til at det blir teke omsyn til miljøet i alle fasar av petroleumsverksemda og ved utbygging og produksjon av fornybar energi. Olje- og energidepartementet (OED) vil i 2020 følgje opp innsatsområda i klimapolitikken og halde fram arbeidet for å følgje opp og forsterke regjeringa sin klima- og miljøpolitikk gjennom satsing på forsking og teknologiutvikling, uttesting og energiomlegging på petroleums- og energiområdet.

Rapport for 2018

Departementet medverka i 2018 til effektiv og miljøvennleg forvalting av energiressursane, ein effektiv og velfungerande kraftmarknad, og ei betring av samfunnet si evne til å handtere risiko for flaum og skred. Førebygging av flaum- og skredskadar er gode klimatilpassingstiltak. Arbeidet skjedde i eit nært samarbeid med Noregs vassdrags- og energidirektorat, og statsføretaka Enova og Statnett.

Departementet arbeidde i 2018 med Prop. 35 S (2018–2019) Om vern av Øystesevassdraget som vart lagt fram i desember.

Olje- og energidepartementet har i 2018 følgt opp regjeringa sin strategi for arbeidet med CO2-handtering slik den er presentert i departementet sin Prop. 1 S (2016–2017). Dette inkluderer forsking, utvikling og demonstrasjon, arbeidet med å realisere fullskala demonstrasjonsanlegg, transport, lagring og alternativ bruk av CO2, samt internasjonalt arbeid for å fremje CO2-handtering. Departementet har ivareteke eigaroppfølginga av Gassnova SF, under dette føretaket si forvalting av staten sine eigarinteresser i teknologisenteret for CO2-fangst på Mongstad (TCM). Departementet har òg hatt tett dialog med føretaket om oppfølginga av arbeidet med å studere aktuelle prosjekt for fullskala CO2-handtering i Noreg. Ambisjonen om å realisere eit demonstrasjonsanlegg for fangst og lagring av CO2 er følgt opp gjennom idéstudiar, moglegheitsstudiar og konseptstudiar. Konseptstudiar for fangst og transport vart ferdigstilte hausten 2017, medan konseptstudien for lagring vart ferdigstilt hausten 2018. Norcem og Fortum Oslo Varme har fått tilskot til forprosjektering av sine fangstprosjekt. Equinor har fått tilskot til å gjennomføre forprosjektering av transport og lager, i samarbeid med Shell og Total.

Olje- og energidepartementet har i 2018 jobba vidare med modninga av fullskala CO2-handtering i Noreg og dei overordna rammene for investering og drift av eit norsk demonstrasjonsprosjekt og har gjennomført forhandlingar med industriaktørane. Når forprosjektering er fullført og ekstern kvalitetssikring er gjennomført, vil regjeringa vurdere om eit demonstrasjonsprosjekt bør realiserast. Regjeringa si vurdering vil bli lagt fram for Stortinget. Stortinget slutta seg gjennom behandlinga av RNB 2018 til tilrådinga frå Regjeringa om å vidareføre planlegginga av fullskalaprosjektet fram til ei avgjerd om investering i 2020/21.

Gassnova har i 2018 arbeidd vidare med å rekruttere nye industrielle eigarar til TCM og nye brukarar til anlegget. I 2017 vart TCM omorganisert med ny eigarstruktur og nye eigarar. Det nye avtaleverket regulerer og tydeleggjer ei mogleg deltaking av nye industrielle partnarar.

Regjeringa si satsing på forsking og utvikling i energi- og petroleumssektoren er avgjerande for at Noreg skal vere ein føregangsnasjon innan miljøvenleg energibruk og -produksjon.

Departementet har delteke som observatør i Forskingsrådet sine program PETROMAKS 2, DEMO 2000, ENERGIX og CLIMIT. I tillegg har departementet følgt utviklinga i forskingssentra (PETROSENTER) for arktiske utfordringar og auka utvinning samt dei ulike sentra for miljøvennleg energi (FME).

Det var stor aktivitet i ENERGIX i 2018. Det store tilfanget av søknadar frå bedrifter til programmet viser at næringslivet er villig til å investere meir enn nokon gong i forsking for å utvikle nye løysingar for lågutsleppssamfunnet. Tredje runde av PILOT-E blei og gjennomført i 2018. Seks prosjekt nådde opp i konkurransen. Desse skal utvikla løysingar for utsleppsfri maritim transport og framtidas klimanøytrale industri. Forskingssentera for miljøvennleg energi (FME) hadde sitt andre driftsår i 2018 etter tildelinga i 2016. Dei har alle bygd sterke partnarskap, både innanfor akademia og med relevant næringsliv.

Det har òg vore stor interesse for å søke midlar frå CLIMIT i 2018. Regjeringa sine ambisjonar for fullskala CO2-handtering har vore ei viktig årsak til dette, i tillegg til den fornya interessa frå industriaktørar. Den fornya interessa frå industriaktørar har vore spesielt merkbar i CLIMIT-FOU der det har komme langt fleire søknadar om prosjekt for kompetanse for næringslivet og innovasjon enn tidlegare.

Hausten 2018 blei rapporten som dokumenterte samfunnseffektar av Forskingsrådet si målretta satsing på miljøvennleg energi i perioden 2008–2017 ferdig. Rapporten, som vart skrive av Impello og Menon, viser at energiforsking lønner seg og at samfunnet får igjen meir pengar enn dei investerer. Dette kjem i tillegg til andre dokumenterte effektar som mellom anna reduserte kostnader, lågare utslepp og auka rekruttering.

Enova er eit sentralt verktøy i regjeringa sin politikk for å redusere norske utslepp av klimagassar og utvikle framtidas energisystem. Frå 1. mai 2018 er eigaroppfølginga av Enova SF overført frå Olje- og energidepartementet til Klima- og miljødepartementet (KLD). KLD følgjer opp den fireårige avtala om forvaltinga av Klima- og energifondet som gjeld til utgangen av 2020.

Plan for vidare arbeid

Departementet vil bidra til ei heilskapleg og miljøvennleg forvalting av dei fornybare energiressursane. Dette gjeld miljøomsyn ved utbygging av vind- og vasskraftanlegg og ved nettutbygging. Departementet vil òg leggje til rette for miljøforbetring i allereie regulerte vassdrag. Departementet vil prioritere arbeidet med revisjon av konsesjonsvilkår i 2020.

Noregs vassdrag- og energidirektorat (NVE) sitt arbeid med nasjonal ramme for vindkraft på land har styrkt kunnskapsgrunnlaget om ulike verknader av vindkraft. I tett samarbeid med Miljødirektoratet er fleire ulike miljøomsyn gjennomgått. NVE har føreslått område som er mest eigna for vindkraft, men det er ikkje eit forslag til ein utbyggingsplan med talfesta mål. Departementet har sendt NVE sitt forslag på høyring, og har bedt om innspel til forslaget og til om det bør fastsetjast ei slik nasjonal ramme for vindkraft i Noreg. I juli 2019 sendte departementet på høyring eit forslag om å opne område for vindkraft til havs.

Departementet vil følgje opp NVE sitt arbeid med å betre samfunnet si evne til å handtere risiko for flaum og skred.

Regjeringa satsar breitt på å utvikle kostnadseffektiv teknologi for fangst og lagring av CO2. Arbeidet med fullkjedeprosjektet for CO2-handtering held fram i 2020, og arbeidet for å fremje CO2-handtering som eit klimatiltak internasjonalt held fram.

Det går no føre seg forhandlingar mellom staten og dei industrielle partnarane Equinor, Shell og Total om vidare drift ved TCM etter 2020.

Når forprosjektering er fullført og ekstern kvalitetssikring er gjennomført, vil regjeringa vurdere om eit demonstrasjonsprosjekt bør realiserast. Regjeringas vurdering vil bli lagt fram for Stortinget. Ei avgjerd om investering kan etter den gjeldande framdriftsplanen bli fatta hausten 2020.

Offentleg støtte til energiforsking skal medverke til ei effektiv og berekraftig utnytting av nasjonale energiressursar og til ei effektiv, robust og miljøvennleg kraft- og energiforsyning i Noreg. Satsinga skal vere med på å utvikle miljøvennlege produkt, tenester og prosessar, mellom anna nye teknologiar for fornybar energi, energieffektivisering og CO2-handtering. Den offentlege satsinga på energiforsking skal òg medverke til næringsutvikling og til å byggje opp samfunnsfagleg kunnskap til dømes om effektar av klimaendringar på energiområdet (auka nedbør, flaum, redusert oppvarmingsbehov etc.).

Regjeringa si satsing på miljøvennleg energiforsking vil byggje vidare på FME-ordninga, ENERGIX og CLIMIT. Den reviderte FoU-strategien Energi21 blei lagt fram i juni 2018. Den gir styresmaktene og industrien råd på innretninga av satsinga. Den nye strategien tilrår å prioritere satsinga på seks område:

  • Digitaliserte og integrerte energisystem

  • Klimavenlege energiteknologiar til maritim transport

  • Solkraft for ein internasjonalt marknad

  • Vasskraft som ryggrada i norsk energiforsyning

  • Havvind for ein internasjonalt marknad

  • Klimavennleg og energieffektiv industri inklusive CO2-handtering

Offentleg støtte til FoU og kompetansebygging i petroleumssektoren er viktig for å sikre ei effektiv og miljøvenleg utnytting av petroleumsressursane og samtidig medverke til utvikling av den norske petroleumsnæringa som vår fremste høgteknologiske kunnskapsindustri. Redusert miljøpåverknad og lågare klimagassutslepp er viktige mål for forskingsprogramma PETROMAKS 2 og DEMO 2000. På slutten av 2018 vart det òg tildelt eit tredje PETROSENTER som skal arbeide med teknologi for lågare utslepp frå norsk sokkel.

8.1.13 Samferdselsdepartementet

Eitt av hovudmåla i Nasjonal transportplan 2018–2029 er at transportpolitikken skal medverke til å redusere klimagassutsleppa i tråd med omstillinga mot eit lågutsleppsamfunn og redusere andre negative miljøkonsekvensar. Samferdseldepartementet legg stor vekt på eit taktskifte for å ta i bruk meir miljøvennleg transportmiddelteknologi og alternative drivstoff. Samferdselsdepartementet skal bidra til at det blir lagt til rette for arealbruk som reduserer transportbehovet, og utforme verkemiddel som merverkar til meir klima- og miljøvennlege løysingar for personar og gods.

Regjeringa forslår om lag 5,4 mrd. kroner til bymiljøavtalene/byvekstavtalene, belønningsordninga og eit nytt tilskot til reduserte billettprisar på kollektivtrafikk i 2020. Dette er ein auke på om lag 46 pst. frå 2019. Av dette blir det foreslått 2 070 mill. kroner i tilskot til store kollektivtransportprosjekt i dei fire største byområda, der staten dekker inntil 50 pst. av kostnadene. I tillegg er det sett av om lag 850 mill. kroner slik at regjeringa kan tilby lokale styresmakter å auke det statlege bidraget til 66 pst. Vidare foreslår regjeringa om lag 700 mill. kroner til kollektivtransport, sykkel- og gangetiltak langs riksvegar, 1 500 mill. kroner til belønningsmidlar og 300 mill. kroner til reduserte billettprisar på kollektivtrafikk i dei store byane. Til jernbaneformål er det foreslått om lag 26,8 mrd. kroner. Kjøp av persontransport med tog er styrka med 210 mill. kroner for å fase inn 9 nye tog i Austlandsområdet, forbetre togtilbodet med mellom anna fleire avgangar og betre mobildekning, og byggje om vanlege sittevogner til vogner med liggestoler for å gjere nattoga meir attraktive for pendlarar og forretningsreisande. For tilskotsordninga for effektive og miljøvennlege hamner er det gjort framlegg om 51,3 mill. kroner, og for tilskotsordninga for overføring av gods frå veg til sjø foreslår regjeringa 50 mill. kroner. Løyvinga til kjøp av riksvegferjetenester skal sikre oppfølging av inngåtte kontraktar for drift av riksvegferjesambanda. I nye kontraktar som startar opp i 2020 er det stilt krav til låg- og nullutsleppsløysingar der teknologien tilseier det. Vidare er det foreslått å løyve 27,3 mill. kroner til Senter for oljevern og marint miljø. Senteret skal være eit nasjonalt og internasjonalt leiande kompetansesenter for arbeidet med oljevern og mot marin plastforsøpling.

Rapport for 2018

Førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå for 2018 viser at klimagassutsleppa frå vegtrafikken var 9,0 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Dette utgjer 17 pst. av dei nasjonale klimagassutsleppa. Utsleppa auka med 2,8 pst. frå 2017 til 2018. Utsleppsauken i 2018 kjem i hovudsak av at omsetninga av palmeoljebasert biodrivstoff blei redusert frå 2017 til 2018. Samstundes viser statistikken at det har vore ein stabil trafikkvekst på mellom 1,5 og 2,5 pst. for både lette og tunge køyretøy frå 2017 til 2018. Andelen elbilar i nybilsalget i 2018 var på over 31 pst., og ved årskiftet var meir enn 7 pst. av alle norske personbilar el-bilar.

For sivil luftfart er det berre utslepp frå innanriks luftfart som inngår i Noregs utsleppsforpliktingar som er meldt inn til FN som Norges bidrag under Parisavtalen og lovfesta i klimaloven. Innanriks luftfart i Noreg slapp i 2017 ut om lag 1,3 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Det utgjorde 2,4 pst. av samla innanriks utslepp. Utsleppa har vore relativt stabile sidan 2005. Klimagassutslepp frå utanrikstrafikken, det vil seie frå norske flyplassar til første destinasjon i utlandet, var i 2017 på 1,67 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Dette var ein liten auke frå 2016.

Meir enn 80 pst. av togtrafikken i Noreg skjer med elektriske tog, og jernbanen har låge klimagassutslepp per transportert eining samanlikna med andre motoriserte transportformar.

Jernbanetransporten slepp årleg ut om lag 0,05 mill. tonn CO2, noko som i 2017 svarar til om lag 0,3 pst. av samla innanriks utslepp. Jernbanedirektoratet arbeider med eit prosjekt som ser på om det er mogeleg med nullutsleppsløysingar for dagens dieselstrekningar som er meir lønnsame enn å bygge kontaktledningsanlegg.

Klimagassutsleppa frå innanriks sjøfart og fiske var i 2017 på 3,0 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Det er ein reduksjon på 9,6 pst. samanlikna med 2016. Utsleppa er redusert med om lag ein tredel i perioden 2012–2017. Mogelege årsaker til utsleppsreduksjonen er lågare aktivitet i petroleumssektoren og blant offshore-skipa, og introduksjon av fleire nye og meir energieffektive ferjer som nyttar låg- eller nullutsleppsdrivstoff.

Noreg har eit mål om at utsleppa frå nye personbilar ikkje skal overstige eit gjennomsnitt på 85 g CO2/km i 2020. Målet blei nådd i 2017, tre år før tida. Utsleppa var i 2006 177 g CO2/km, medan dei var reduserte til 82 g CO2/km i 2017 og 71 g CO2/km i 2018.

I Nasjonal transportplan 2018–2029 la regjeringa fram sine måltal for låg- og nullutsleppskøyretøy. Det er føresett at dei ulike kjøretøysegmenta vil ha ei teknologisk modning slik at nullutsleppskøyretøy blir meir konkurransedyktige samanlikna med konvensjonelle løysingar. Ein syner til Samferdsledepartementet sin Prop. 1 S (2019–2020) for rapportering av desse måltala.

Plan for vidare arbeid

Samferdselsdepartementet har utarbeidd fleire handlingsplanar om auka bruk av låg- og nullutsleppsteknologi og biodrivstoff. Handlingsplan for fossilfri kollektivtrafikk og Handlingplan for infrastruktur for alternative drivstoff for transportsektoren, blei lagt fram før sommaren 2019. Desse planane følgjer m.a. opp Nasjonal transportplan 2018–2029. Regjeringa sin plan for infrastruktur for alternative drivstoff for transportsektoren blei utarbeidd ut frå at utbygging av infrastruktur for nullutsleppsdrivstoff på eit så tidleg stadium som mogeleg skal gjennomførast utan tilskot. Dei verkemidla som styresmaktene har, t.d. Enova, skal byggje opp under dette. Planen for fossilfri kollektivtrafikk innen 2025 viser at fossilfri kollektivtrafikk er i ferd med å bli konkurransedyktig samanlikna med konvensjonell kollektivtrafikk i nokre segment. I planen varslar regjeringa m.a. ei vidareført satsing på Enova og vurdering av krav til fossilfri kollektivtrafikk.

Alle infrastrukturprosjekt vil kunne påverke naturmangfaldet. På same måte som det er vanskeleg å reversere klimapåverknaden, kan det vere vanskeleg å reversere negativ påverknad på naturmangfaldet. Transportetatane og verksemdene skal prøve å unngå inngrep i verna naturområde, tyngre inngrep i større samanhengande naturområde, sårbare naturtypar og verdifulle kulturområde. Det skal òg takast omsyn til naturmangfald og økologisk og kjemisk vasskvalitet i planleggingsfasen, byggjefasen og gjennom drift og vedlikehald, slik at god økologisk tilstand blir halde ved lag. Når styresmaktane skal gjere tiltak som vil forringe verneområde eller verdifulle naturområde må det så langt som mogeleg veljast ein annan trasé, før avbøtande, restaurerande og kompenserande tiltak blir vurdert.

Statens vegvesen har gjennomført forprosjekt der ein greier ut om det er mogeleg å planleggje og byggje ein naturnøytral veg. Dette arbeidet held fram i 2019 saman med oppdraget transportetatane og Avinor har fått frå departementet om å greie ut ein ny indikator for naturmangfald.

Statens vegvesen og Jernbanedirektoratet bidreg i ulike tverrsektorielle arbeid, som blir leia av Miljødirektoratet, med m.a. økologisk grunnkart, nasjonal tiltaksplan mot framande skadelege artar og nasjonale tiltaksplan for pollinatorar. I 2020 vil det tverrsektorielle samarbeidet bli vidareført. Det er gjennomført eit samarbeidsprosjekt mellom Statens vegvesen og det dåverande Jernbaneverket om metodar for før- og etterundersøkingar i samferdselsprosjekt. Vidareutvikling og innføring av dette held fram i 2020 og Jernbanedirektoratet, Banenor og Statens vegvesen deltar i arbeidet.

Nasjonale prinsipp for økologisk kompensasjon er vedtatt. Etatene samarbeider med Miljødirektoratet om rettleiing etter desse prinsippa. Arbeidet med pilotprosjekta for økologisk kompensasjon blir vidareført.

Samferdselsdepartementet sine etatar og verksemder skal utvikle vidare tverretatlege verkemiddel på klima- og miljøområdet, t.d. indikatorar, metodikk for før- og etterundersøkingar, og bruk av avbøtande tiltak ved bygging av ny infrastruktur og utvikling av felles gjennomføringsmetode for drift og innkjøp. Kostnadseffektivitet er sentralt i arbeidet med å utvikle verkemiddel.

Samferdselsdepartementet og transportetatane held fram med å auke fokus på å nytte innkjøpssregelverket for å auke tilbodet av meir miljø- og klimavennlege transport. Etatane og Avinor arbeider med å redusere utsleppa frå bygging, drift og vedlikehald. Til dømes vurderer Jernbanedirektoratet tilbydarar bl.a. etter miljø i konkurranseutsetjinga av persontrafikkavtaler. Kystverket medverkar til reduserte klimagassutslepp ved mellom anna miljøkrav i innkjøp til eiga verksemd, blant anna betre tilgang til landstraum for slepebåtberedskapen. Statens vegvesen har etablert eit utviklingsprosjekt for ei delvis hydrogendriven ferje med planlagt driftsstart i 2021.

Etatane og underliggjande verksemder skal arbeide for å redusere utsleppet av plast og unngå at mikroplast blir spreidd til naturen og spesielt til vassførekomstar. Regjeringa halde fram å satse på Senter for oljevern og marint miljø (SOMM) ved å foreslå å løyve 27,3 mill. kroner over Samferdselsdepartementets budsjett. SOMM skal vere eit nasjonalt og internasjonalt leiande kompetansesenter for arbeidet med oljevern og mot marin plastforsøpling. SOMM vil samarbeide med transportetatene i arbeidet med å avgrense marin forsøpling

Forureiningsforskrifta si grenseverdi for svevestøv (PM10) blei overskriden i 2 av byane med målestasjon i 2018 (Hamar og Elverum). Det var ingen overskridingar av grenseverdiane for NO2 (verken årssnitt eller timesmidling) i 2018 ved nokon av målestasjonane. I 2016 blei ei ny forskrift for lågutsleppssonar for bilar fastsett. Forbod mot bruk av person-dieselkøyretøy blei sett i verk ein dag i Oslo, i januar 2017. Regjeringa la i 2017 til rette for at byområde kan ta i bruk bompengetakstar som m.a. varierer ut frå miljøeigenskapane til dei ulike køyretøya. Dette blei innført i Oslo i 2017 og i Bergen i 2018. Innførde avgasskrav, den aukande delen elektriske køyretøy og lågare utslepp frå nye tunge køyretøy med Euro VI teknologi vil venteleg redusere framtidig risiko for overskriding av NO2-grenseverdiane.

Det trengst eit breitt samarbeid for å betre den lokale luftkvaliteten, både med tanke på NO2 og svevestøv. Krava i forskrifta om lokal luftkvalitet for NO2 kan ved ugunstig vêr bli brotne enno nokre år om det ikkje blir sett i verk tiltak. Lågutsleppssoner, tids- og miljødifferensierte bompengetakstar og mellombelse auka bompengetakstar i akuttsituasjonar (såkalla «beredskapstakstar») er verkemiddel som kommunane kan nytte for å forhindre brot på grenseverdiane for NO2. Lokale myndigheiter kan nytte ei rekkje ulike tiltak og det er framleis naudsynt med generelle tiltak retta mot svevestøv som t.d. piggdekkgebyr, setje ned fartsgrensene om vinteren, og bruke saltløysing og auka reinhald for å dempe at støv kvervlar opp frå vegbana. Det er piggdekkgebyr i Bergen, Stavanger, Trondheim og Oslo. Statens vegvesen vil arbeide vidare med å undersøke utslepp frå bilar i verkeleg trafikk og ved låge vintertemperaturar. Resultata så langt viser at NOx- og NO2-utslepp frå tunge køyretøy, som bussar og lastebilar, er om lag på nivå med krava i EURO VI køyretøy ved køyring i verkeleg trafikk, mens diesel personbilar har vesentleg høgare utslepp ved køyring i verkeleg trafikk enn kravet ved typegodkjenninga for EURO 6.

Samferdslesektoren står for nesten 90 pst. av dei berekna støyplagene, og vegtrafikken aleine for nærmare 80 pst. Det er derfor eit særleg behov for tiltak innanfor denne sektoren og spesielt retta mot vegtrafikken. Samferdsleministeren, eldre- og folkehelseministeren og klima- og miljøministeren har gitt etatane sine i oppdrag å utgreie ein ny måleindikator for støy. Etatane skal svare på oppdraget med å tilrå dei mest kostnadseffektive tiltaka som reduserer støy og vurdere effekten av desse. Dei skal fokusere på støy som gir søvnproblem. Utgreiinga skal vere ferdig innan hausten 2019.

8.1.14 Utanriksdepartementet

Klimatilpassing og førebygging av klimarelaterte katastrofar

Konsekvensane av klimaendringane rammar utviklingslanda og dei mest sårbare statane særleg sterkt. Hyppigare tørke- og flaumkatastrofar fører til sviktende avlingar i landbruket og øydelagt infrastruktur. Klimaendringane kan medverke til å undergrave det som hittil er oppnådd for å nedkjempe fattigdom og for å nå berekraftsmåla.

Regjeringa har derfor gjort klimatilpassing, forebygging og kamp mot svolt til eit sentralt element i den norske utviklingspolitikken. Innsatsen på området skal trappast opp i åra framover. Samtidig vil arbeidet med reduksjon av utslepp av klimagassar og luftforureining halde fram. Slik vil Regjeringa styrkje det norske bidraget til gjennomføringa av Parisavtala, arbeidet for berekraftsmåla og gjennomføringen av det globale Sendai-rammeverket for katastrofeforebygging.

Den norske støtta i 2018 vart gitt på nasjonalt, regionalt og globalt nivå. Det grøne klimafondet (GCF) under FNs klimakonvensjon var ein av dei største mottakarane av norsk klimafinansiering (400 mill. kroner i 2018). Halvparten av fondets investeringar går til utsleppsreduksjonar, og den andre halvparten skal gå til klimatilpassing. Det vart òg gitt betydeleg klimabistand gjennom kjernebidrag og øyremerkte tilskot til dei multilaterale utviklingsbankane. Noreg medverka til styrka vêrvarslingstenester i Afrika og Sør-aust Asia gjennom Verdas meteorologiorganisasjon og Meteorologisk Institutt. Støtta til førebygging av klimarelaterte katastrofar gjennom Verdsbanken og FNs organ for katastrofeførebygging vart styrkt.

I 2020 vil arbeidet med klimatilpassing og førebygging av klimarelaterte katastrofar intensiverast. Dette vil bli sett i samanheng med handlingsplanen for berekraftige matsystem som òg vil vere eit viktig bidrag til klimatilpassing.

Globale miljøavtaler

Eit reint og sunt miljø er ein føresetnad for å nå berekraftsmåla for utvikling. Regjeringa har auka innsatsen for globale miljøtiltak. Norske bistandsmidlar støttar tiltak i utviklingsland for gjennomføring av globale avtaler på miljøområdet, som avfallshandtering og kompetansebygging. Nokre hovudkanalar for dette er FNs miljøprogram (UNEP) og Den globale miljøfasiliteten (GEF). Vi medverkar òg til å styrkje internasjonal forvalting av biodiversitet gjennom Konvensjonen om biodiversitet, og fremje samanhengane mellom miljø og helse gjennom samarbeid med mellom anna Verdas helseorganisasjon (WHO).

Hav

Hav er ei sentral interesse i norsk utanrikspolitikk, og regjeringa har styrkt det internasjonale samarbeidet om havpolitiske spørsmål. Berekraftig forvaltning og bruk av verdas hav er avgjerande for vår felles framtid og er ein føresetnad for implementering av dei fleste berekraftsmåla, under dette kamp mot svolt, jobbskaping, kamp mot klimatrusselen, ivaretaking av biologisk mangfald m. fl. Statsministeren har oppretta eit høgnivåpanel beståande av 14 sitjande stats- og regjeringssjefar som vil leggje fram konkrete tilrådingar for utvikling av ein berekraftig havøkonomi globalt. Klima- og miljøtruslane er eit hovudtrugsmål for å realisere vekstmoglegheiter i den blå økonomien. Det er derfor sterke koplingar mellom regjeringas klima, miljø og havinnsats.

Marin forsøpling

Noreg har aktivt medverka til at innsats mot marin forsøpling, mikroplast og miljøkriminalitet er høgt på den internasjonale dagsorden. Regjeringa arbeider for å få på plass ei avtale for å kjempe mot marin forsøpling. Vidare har Regjeringa oppretta eit eige bistandsprogram mot marin forsøpling som skal hjelpe utviklingsland i å forhindre og redusere marin forsøpling. I 2018 vart ca. 250 mill. kroner utbetalt til 14 organisasjonar. Blant desse organisasjonane er det både multilaterale organisasjonar som FN og Verdsbanken, ikkje-statlege organisasjonar (NGOar) og forskingsinstitutt. Dei fleste av desse samarbeider med myndigheiter, privat næringsliv, sivilsamfunnsorganisasjonar og/eller lokalbefolkning. I perioden 2019–2022 har regjeringa sett av 1,6 mrd. kroner til programmet.

Fornybar energi

Tilgang til energi er ein sentral føresetnad for økonomisk og sosial utvikling. Stabil forsyning av elektrisitet er òg ein føresetnad for næringsutvikling og jobbskaping. Energisektoren er den største kjelda til utslepp av karbondioksid. Det er derfor avgjerande at eksisterande energiproduksjonen går over frå fossil energi til fornybar, og at ny energiproduksjon er basert på fornybare kjelder som vasskraft, sol og vind og at innsatsen på energieffektivisering blir styrkt. Regjeringa vil også styrkje innsatsen på å medverke til utfasing av kol.

Talet på personar utan tilgang til elektrisitet har sidan år 2000 blitt redusert frå 1,7 milliardar til 840 millionar i 2017. Vellykka program i fleire land medfører at talet på personar som får tilgang til elektrisitet aukar, men innsatsen må aukast for å nå berekraftmål 7. Nesten all auke i tilgangen på elektrisitet sidan 2000 er basert på tilkoplingar til det nasjonale straumnettet, og det er venta at tilkopling til nettet vil halde fram med å vere den føretrekte løysinga. I område med spreidd busetnad vil desentraliserte løysingar ofte vere ei rimelegare løysing. Framleis manglar omtrent 3 milliardar menneske tilgang til gode kokeløysingar, med omfattande utviklingsmessige konsekvensar. Omtrent 4 millionar menneske dør årleg som følgje av innandørs luftforureining. Regjeringa vil halde fram med å prioritere tilgang til trygge og gode kokeløysingar.

Løyvinga til fornybar energi dekkjer støtte til tiltak som medverkar til tilgang til elektrisitet, utbygging av fornybar energi og mobilisering av privat sektor til å delta i slik utbygging. Dette skjer gjennom tiltak som betrar investeringsklimaet, slik som kapasitets- og institusjonsbygging, tiltak som reduserer risikoen i tidleg prosjektfase, utbygging av straumnettet og støtte til lokale straumløysingar. Løyvinga er særleg retta mot land i Afrika.

Vatn og sanitær

Mangel på tilgang til trygt drikkevatn og gode sanitærløysingar trugar oppnåinga av berekraftsmåla og kampen mot fattigdom. I 2017 hadde 71 pst. av verdas befolkning tilgang til trygt drikkevatn mens berre 45 pst. hadde tilgang til gode sanitærløysingar. Framleis manglar 785 millionar menneske tilgang til basis vassforsyning og 673 millionar har ikkje tilgang til toalettfasilitetar. 3 milliardar menneske har ikkje tilgang til gode fasilitetar for handvasking med omfattande konsekvensar for hygiene. Det vil bli utfordrande å nå måla for vatn og sanitær, spesielt i Afrika. Måla om vasskvalitet og reinsing av avløpsvatn vil heller ikkje bli nådd. Klimaendringane forsterkar problema knytte til manglande tilgang til vatn og sanitær. Omtrent 4 milliardar menneske bur i område som har knapt med vatn til tider av året. Ein tredel av landa har knapt med vatn, spesielt i Midtausten og i Nord-Afrika. I følgje FN vil omtrent 700 millionar menneske måtte flytte i 2030 på grunn av knapp tilgang på vatn.

Volumet på den norske vassbistanden har lege fast på omlag 200 mill. kroner pr. år sidan rundt tusenårsskiftet. Hovudinnsatsen skjer i første rekkje gjennom humanitær bistand, helse, utdanning, støtte til sivilt samfunn og bilaterale samarbeid. Noreg støttar UNICEFs arbeid med vatn, sanitær og hygiene (har aktivitet i ca. 80 land). Bilateralt er det aktiviteter bl.a. i Afghanistan og i Myanmar. Vidare er det støtta tiltak som legg til rette for samarbeid om felles forvaltning av grenseoverskridande mattryggleik.

Klimaendringar og landbruk er prosessar som påverkar kvarandre. Endringar i gjennomsnittleg temperatur, nedbørnivå, ekstremvêr, nivå på havet, konsentrasjonen av ozon og CO2 i atmosfæren er blant dei mange elementa som påverkar landbruket. Så mykje som 95 pst. av landbruksarealet i Afrika sør for Sahara er avhengig av naturleg nedbør og dermed svært sårbart for svingingar i vêr og endringar i klima (IWMI).

På den andre sida står landbruk for rundt 24 pst. av dei totale utsleppa av klimagassar (IPCC). Dette er behov for å tenke nytt når det gjeld reduksjon av klimagassar frå landbruket.

Noreg lanserte våren 2019 ein handlingsplan for berekraftige matsystem i norsk utanriks- og utviklingspolitikk. Systemtankegangen i handlingsplanen gjer at alle koplingar må vurderast nøye, inkludert verknad av landbrukstiltak på klima og miljø. Klimatilpassing vil gjere landbruket meir robust og styrke kapasiteten for lokale samfunn til å stå imot klimarelaterte kriser.

EØS-midlane

Mange europeiske klima- og miljøutfordringar er grenseoverskridande og krev samarbeid på tvers av landegrensene. Gjennom EØS-midlane er støtta tiltak som fremjar klima, miljø og fornybar energi i 15 europeiske land. Midlane medverkar til at landa skal kunne oppfylle sine nasjonale og internasjonale forpliktingar, inkludert oppfylling av EU-direktiva. EØS-midlane styrkjer òg dei bilaterale relasjonane mellom Noreg og mottakarlanda, og innanfor miljø og klima er miljøforvaltningas etatar, under dette Miljødirektoratet, og ei rekkje forskingsaktørar og institusjonar aktive i fleire land. Samarbeidet mellom norske aktørar og partnarar i mottakarlanda er svært positivt for vårt nasjonale miljøarbeid, ettersom forvaltninga får ny kunnskap gjennom europeisk samarbeid.

Rapport 2018 på miljøforvaltning og biologisk mangfald og klimatilpassing og fornybar energi

Dei fleste programma under EØS-midlane for 2018 var i programutviklingsfasen, og nokre var i tidleg oppstartsfase.

Plan for vidare arbeid

Miljø, energi, klima og lågutsleppsøkonomi er ein av tre prioriterte hovudsektorar under EØS-midlane 2014–2021. Etter at rammeavtaler med 14 av 15 land er signerte, er i underkant av 409 mill. euro planlagt nytta til miljø, energi, klima og lågutsleppsøkonomi i 13 land. Detaljerte planar, inklusive konkrete mål, er venta ferdigstilte i løpet av 2019.

8.2 FNs berekraftsmål

Noregs statsminister underteikna Agenda 2030 med universelle berekraftsmål i september 2015, og har med dette forplikta seg til gjennomføring og implementering av måla. Regjeringa stadfester dette oppdraget i Granavolden-plattforma 2019 ved å slå fast at «Regjeringen anser FNs bærekraftmål som sentrale for å løse vår tids største globale utfordringer».

Allereie i juli 2016 la Noreg fram frivillig nasjonal rapportert til FN om framdrifta, og var med dette blant den første gruppa av land til å rapportere. Noreg har sidan følgt opp med oppdatert rapport «One year closer» som blei lagt fram i juli 2018. Rapporten synte at politikk og regelverk i Noreg i stort er i samsvar med måla, men at det òg er mål som utfordrar oss til å gjere meir. Noregs modell for oppfølging av berekraftsmåla nyttar det årlege arbeidet med statsbudsjettet som ein godt utvikla og innarbeidd arena for å avklare politikk.

Behovet for ei meir integrert tilnærming til økonomiske, sosiale og miljømessige omsyn i politikkutfoming går klart fram av Agenda 2030, og er understøtta av utviklinga i dei store miljøkonvensjonane, til dømes Konvensjonen om bevaring av biomangfald. Regjeringa ser at berekraftsmåla kan fremje eit breiare samfunnsansvar hos alle aktørar, engasjere fagmiljø på nye vis og betre samarbeidet mellom dei.

Berekraftsmåla framhevar miljø og klima både som eigne mål og prioriterte felt, og som tverrgåande omsyn. Både dei mest sentrale miljømåla og eit utval mål og delmål som er sentrale for miljøtilstanden er omtala her. Meir omtale finst i proposisjonane til andre departement og i nasjonalbudsjettet. Styrkt koherens i oppfølginga av måla er eit hovudpoeng.

Mål 16 om betre styresett og mål 17 om finansiering og gjennomføringsmidlar er òg svært relevante for klima- og miljøpolitikken, men blir ikkje omtalt av Klima- og miljødepartementet

Mål 6 Sikre berekraftig vassforvalting og tilgang til vatn og gode sanitærforhold for alle

Nasjonalt nivå

Norske innbyggarar har universell tilgang på trygt og rimelig drikkevatn, tilstrekkelege og likeverdige sanitærforhold og god kloakkhandtering. Delen av befolkninga som har tilgang på trygge drikkevatntenester utgjer 100 pst.

Den norske vassektoren er godt regulert og av høg teknisk standard. Identifiserte utfordringar er hovudsakleg knytt til aldrande distribusjonssystem, udokumenterte mindre vassforsyningssystem og uvisse knytt til beredskap. Noreg har forplikta seg til WHO og UNECEs protokoll om vatn og helse, og arbeider for å oppnå berekraftmål 6 ved å setje nasjonale mål. I dei seinare åra har det blitt utført fleire viktige tiltak, blant anna revisjon av drikkevassforskrifta med auka fokus på å styrkje område som sikrar drift og forvaltning av distribusjonssystemet, registrering av mindre vassforsyningssystem og auka risikobasert tilnærming for å betre overvaking (delmål 6.1).

Gammalt og dårleg leidningsnett utgjer ei utfordring både på vatn- og avløpssida, og ei viktig målsetjing for Noreg er derfor å auke fornyingsraten av leidningsnettet. Utslepp av farlege stoff som kan påverke drikkevatnet er strengt regulert og avfallsdumping er nesten eliminert. Det ligg føre nasjonale system for avfallshandtering og lovgiving for å beskytte vatn mot forureining. Det meste av avløpsvatnet og kloakken blir behandla, og 85 pst. av befolkninga er kopla til avløpsanlegg over 50 personekvivalentar og har tilgang på sikre sanitærfasilitetar. Den resterande delen av befolkninga har tilgang på grunnleggjande handterte sanitærfasilitetar. Arbeid som står att består i utfasing av anlegg med ureinsa utslepp, og oppgradere mekaniske anlegg til primærreinseanlegg som er knytte til større tette busetnader langs kysten og omfatta av EUs avløpsdirektiv (delmål 6.2 og 6.3).

Det blir arbeidd med å få implementert ei integrert forvaltning av vassressursane på alle nivå i Noreg, og det er under indikator 6.5.1 rapportert ei måloppnåing på 63 pst.. Graden av måloppnåing henger saman med Noregs gjennomføring av EUs vassdirektiv. Direktivet blir gjennomført ved nasjonal lovgiving og dei første vassforvaltningsplanane ble vedtekne i 2016. I tråd med vassforvaltningsplanane vil det bli sett i verk tiltak for å oppnå god økologisk og kjemisk status i dei fleste vassførekomstane, innan 2033 eller tidlegare. Norsk måloppnåing er venta å auke i 2021 når vassforvaltningsplanane for neste planperiode blir vedtekne. Norsk måloppnåing knytt til indikator 6.5.2 er 59,5 pst., tilsvarande dei delane av den norsk-finske vassregionen som drenerer til den norske kysten, og som er underlagt ei formell, bilateral avtale om felles norsk-finsk vassforvaltning. Dei resterande 40 pst. tilsvarer fleire grenseoverskridande nedbørsfelt, som hovudsakleg drenerer frå norsk til svensk territorium. Noreg og Sverige har eit nært vassforvaltningssamarbeid, men med utgangspunkt i eit meir uformelt strategidokument og ikkje ei bilateral avtale (delmål 6.5).

Internasjonalt nivå

I 2018 gav Noreg ca. 150 mill. kroner til støtte av aktivitetar under berekraftmål 6. Økonomisk støtte er primært gitt gjennom sektorprogram, slik som helse, utdanning, landbruksutvikling og humanitær bistand. Gjennom Kyrkas Naudhjelp fekk ca. 1,5 mill. menneske tilgang på vatn og ca. 350 000 menneske fekk tilgang på sanitærfasilitetar. Noreg søkjer å fremje samarbeid om grenseoverskridande vassressursar og betra forvaltning av vassressursar, også med sikte på utvikling av vasskraft. Noreg bistår med å etablere eit samarbeid om felles styring av grenseoverskridande vassressursar, spesielt i elveområde som Nilen, Eufrat, Tigris og Himalaya. Gjennom FNs miljøprogram (UNEP) støttar Noreg også aktivitetar for å betre handtering og behandling av avløpsvatn i utviklingsland. Noreg spelar også ei aktiv rolle for europeisk samarbeid under protokollen for vatn og helse.

Mål 12 Sikre berekraftige forbruks- og produksjonsmønster

Målet inneber at produsentar og forbrukarar må ta omsyn til kostnader for miljøet av produksjon og forbruk. Regjeringa vil utvikle ein nasjonal strategi for sirkulær økonomi. Norske myndigheiter brukar avgifter og andre reguleringar for å fremje berekraftig forvaltning og effektiv bruk av naturressursar. Regjeringa prioriterer høgt utviklinga av en grøn, sirkulær økonomi i Noreg, jf. indikator 12.1.1. Norske myndigheiter vil derfor utvikle ein nasjonal strategi for ein sirkulær økonomi, for å medverke til å beskytte miljøet, redusere klimagassutslepp og sikre berekraftig produksjon. Den vil vidare bidra til økonomisk vekst og betre konkurranseevne for norsk næringsliv.

Eit særleg viktig område for den nasjonale gjennomføringa av berekraftsmål 12 (i tillegg til mål 2 og 14) er å redusere matsvinn. Norske myndigheiter signerte i 2017 ein intensjonsavtale med aktørane i matverdikjeda om å halvere matsvinn innan 2030. I perioden 2010–2016 vart matsvinnet redusert med 14 pst. i Noreg. Som ei oppfølging av avtala utviklar Noreg eit rapporteringssystem frå heile matverdikjeda, som vil gi grunnlag for betre statistikk.

I Noreg har utslepp av farlege kjemikaliar og avfall blitt sterkt redusert gjennom fleire tiår. Det er eit mål å lausrive veksten i avfallsmengda frå veksten i økonomien, noko som er vanskeleg å oppnå. Mengda farleg avfall som ikkje blir samla inn og behandla særskilt har blitt betydeleg redusert. I 2017 produserte Noreg 289 kg farleg avfall per person, inkludert industriavfall. 18,5 pst. vart resirkulert, 23 pst. energigjenvunne og 58,5 pst. sendt til deponering eller anna sluttbehandling, jf. indikator 12.4.2.

Materialgjenvinning har auka betydeleg dei siste tiåra og medverka til å redusere miljøkonsekvensane av avfall. Noreg vurderer ytterlegare tiltak for å auke materialgjenvinningsgraden. Angåande indikator 12.5.1 var materialgjenvinningsgraden i 2017 om lag 35 pst. Vidare blir det òg utvikla eit nasjonalt program for avfallsførebygging, jf. mål 12.4 og 12.5.

Offentlege instansar er underlagt eit krav om 30 pst. miljøvekting ved offentlege anskaffingar der det er relevant, jf. mål 12.7.1. Regjeringa skal vidare utarbeide ein handlingsplan for å auke delen klima- og miljøvennlege offentlege anskaffingar og grøn innovasjon.

Angåande indikator 12.b.1 tilbyr Innovasjon Noreg sertifiseringssystemet «Bærekraftig reisemål» for turistdestinasjonar. Sertifiseringa er eit verktøy for reisemål som ønskjer å arbeide langsiktig for ei meir berekraftig lokal reiselivsutvikling. I 2019 vart 15 destinasjonar sertifiserte, og 23 nominert i vente av sertifisering. Programmet er i tråd med Global Sustainable Tourism Council (GSTC) og inneheld 42 kriterium og 104 indikatorar. Reisemåla oppdaterer jamleg ein offentleg tilgjengeleg database med status.

Utdanning for globalt medborgarskap og berekraftig utvikling, inkludert klimaendringar, har vore ein del av undervisninga i Noreg i mange år, jf. mål 12.8.1. Frå hausten 2020 skal berekraftig utvikling, demokrati og medborgarskap, og folkehelse og livsmestring vere tre tverrgåande tema i læreplanar der det er fagleg relevant i grunnopplæringa. Dei endelege læreplanane blir fastsette hausten 2019.

I eit internasjonalt perspektiv har Noreg høge avgifter på bruk av fossile brensler. Meir enn 80 pst. av norske klimagassutslepp er underlagt EUs kvotesystem og/eller nasjonal CO2-avgift. CO2-avgifta varierer noko avhengig av sektor. Noreg er aktivt involvert i ein internasjonal innsats for å fase ut subsidiar til fossile brensler for å sikre ein overgang til meir berekraftig konsum. Program støtta av Noreg hjelper utviklingsland å innføre ein rein og effektiv energisektor og unngå at dei låser seg til fossil infrastruktur.

Noreg støttar utviklingsland i arbeidet med å betre teknisk kapasitet og styrkje institusjonar gjennom Millenium Ecosystem Assessment, the Global Green Growth Insititute og UN Partnership for Action on Green Economy. Desse programma støttar utviklingsland i å utarbeide strategiar som blir til sektorvis politikk, lover og budsjett. Eksempelvis kan land som deltek i programma få støtte til å oppgradere system for avfallshandtering og resirkulering.

Mål 13 Handle straks for å stoppe klimaendringane og motarbeide konsekvensane.

Oppfølginga av Parisavtala dannar grunnlag for oppfylling av FNs berekraftsmål 13. Noreg har ambisiøse klimamål. For ein kort omtale av korleis Noreg skal nå sine klimamål, inkludert klimatilpassing, sjå programkategori 12.20. For ei breiare gjennomgang, sjå klimalovrapporteringa i Del IV i Klima- og miljødepartementets Prop. 1 S (2018–2019). Sjå òg resultatområde og nasjonale mål i klima- og miljøpolitikken i Del I.

Delmål 13.2 går på å innarbeide tiltak mot klimaendringar i politikk, strategiar og planlegging. Noreg har innført eit breitt sett med politikk og tiltak for å redusere utslepp. Norske klimagass-utslepp ville ha vore rundt 40 pst. høgare enn anslått utslepp i 2020 utan klimapolitikk og tiltak.

Noreg har ei forplikting på vilkår om å redusere utslepp av klimagassar i 2030 med minst 40 pst. samanlikna med 1990. Noreg skal nå målet saman med EU. Det betyr betydelege utsleppskutt, også i Noreg.

Dei viktigaste verkemidla for å redusere utslepp av klimagassar i Noreg er avgifter på utslepp, og deltaking i EUs kvotehandelssystem. Over 80 pst. av norske utslepp er prisa, anten gjennom kvoteplikt eller avgift. Noreg er blant landa med dei høgaste avgiftene på fossil energi. I tillegg til prising er det òg nytta direkte reguleringar, standardar og stønader for å redusere utsleppa.

Delmål 13.1 og 13.2 handlar om å spreie kunnskap om, og tilpasse seg klimaendringane. Noreg har eit nasjonalt mål om at samfunnet skal førebuast på og tilpassast klimaendringane. Det blir kontinuerleg arbeidd med å leggje til rette kunnskap til bruk både av kommunane og andre. Nettstaden Klimatilpasning.no skal medverke til å spreie kunnskap og rettleie om klimaendringar og klimatilpassing, spesielt for dei som rettleier, planlegg og tek avgjerder lokalt og regionalt.

Samarbeid over landegrensene om tiltak for å redusere utslepp av klimagassar er ein viktig del av berekraftsmål 13. Slikt samarbeid står sentralt i den norske klimainnsatsen. Frå norsk side er det lagt særleg vekt på Klima- og skoginitiativet, kjøp av klimakvotar, fornybar energi og støtta til Det grøne klimafondet for tiltak for utsleppsreduksjonar og klimatilpassing. For klimatilpassingsarbeidet er klimasmart landbruk og matsikkerheit viktige innsatsområde.

Noregs internasjonale Klima- og skoginitiativ er sentralt i arbeidet med å redusere utslepp frå tropisk skog (REDD+), noko som òg medverkar globalt til berekraftsmål 15 (sjå omtale av mål 15 for meir informasjon). Langsiktig og effektiv skogbevaring er berre mogleg dersom den òg medverkar til positiv utvikling for menneska som lever i og av skogen.

For meir informasjon om Noregs internasjonale klimainnsats, sjå Programkategori 12.70 internasjonalt klimaarbeid og Prop. 1 S (2019–2020) for Utanriksdepartementet.

Mål 14 Bevare og bruke hav og marine ressursar på ein måte som fremjar berekraftig utvikling

Noregs omfattande bruk av havet og havets ressursar fører med seg eit ansvar for å forvalte havområda på ei langsiktig og ansvarlig måte. Noreg baserer bruken av havet på bærekraft og økosystembaserte tilnærmingar.

Forvaltingsplanane for Barentshavet-Lofoten, Norskehavet og Nordsjøen-Skagerrak er verktøy for ei heilskapleg og økosystembasert forvalting som fremjar både berekraftig bruk og bevaring av økosystema, og har eit heilskapleg perspektiv på miljøtilstand, påverknader og samla belastning på havområda. Forvaltingsplanane blir oppdaterte kvart fjerde år og revidert som minimum kvart tolvte år. Det er utarbeidd eit tverrsektorielt faktagrunnlag for revidering og oppdatering av forvaltningsplanane i 2020. Det blir arbeidd vidare med oppfølging av tiltak for berekraftig bruk og vern av økosystema. Deling av erfaring og kunnskap fra systemet med forvaltningsplanar for havområda er ein viktig måte Noreg kan bidra til integrert og økosystembasert forvalting internasjonalt.

Framtidig verdiskaping basert på bruk av marine ressursar er avhengig av god miljøtilstand og eit rikt naturmangfald i havet, og å halde ved lag naturmangfald og produktivitet i økosystema er sentralt for at dei marine naturverdiane skal halde fram med å vere fornybare. Forvaltingsplanane for havområda er derfor òg eit viktig verktøy for verdiskaping og matsikkerheit.

Kystområda forvaltast med mål om å oppnå god økologisk og kjemisk tilstand for alle vassførekomstar innan 2021. For dette formålet er 11 regionale vassforvaltningsplanar vedtatt. Overvaking av den økologiske og kjemiske tilstanden til kystfarvatn er styrkt.

Det er etablert marine beskytta område og marine verneområde i norske farvatn. Arbeidet med å etablera nye marine verneområde er i gang for ei rekke område.

Klimaendringar og havforsuring er vesentlege påverknadsfaktorar som aukar den samla belastninga på arter og økosystem, og kan føre til betydelige endringar i grunnlaget for berekraftig bruk av havet og dei marine ressursane. Dette er ei utfordring for forvaltinga av aktivitet som kan påverke miljøverdiane. Noreg vil styrkje kunnskapen om korleis forvaltinga av havområda best kan ta vare på omsynet til å gjere marint naturmangfald og økosystem motstandsdyktige mot negative verknader av klimaendringar og havforsuring.

Forvaltinga får viktig kunnskap gjennom miljøovervaking, forsking og kartleggingsprogram for blant anna havbotn (MAREANO-programmet) og sjøfugl (SEAPOP/SEATRACK). Desse programma har gitt verdifull ny kunnskap om naturtypar og arter, så vel som påverknad frå menneskeleg aktivitet. Denne kunnskapen vert brukt til å forbetra forvaltinga av havområda. Regjeringa har i sin langtidsplan for forsking varsla at den vil prioritere forsking som grunnlag for god forvalting av økosystem og ressursar i hav- og kystområda.

Noreg har eit strengt regelverk for regulering av forureining gjennom forureiningslova. Utslepp av miljøgifter frå punktkjelder på land er redusert, men det er framleis tilførsler av miljøfarlege stoff til havområda. Kunnskapen om samla effekt av dei ulike miljøgiftene er avgrensa. Nasjonalt blir det arbeidd med å redusere utslepp frå hav- og landbaserte kjelder.

Regjeringa held fram med å utvikle ytterlegare tiltak for å forhindra og redusera marin forsøpling og mikroplast frå identifiserte kjelder. Eit nasjonalt kompetansesenter – Senter for oljevern og marint miljø – er oppretta i Lofoten. Dette skal vere eit nasjonalt og internasjonalt ledande kompetansesenter for arbeidet med oljevern og mot marin forsøpling. Plastavfall i verdshava er eit globalt problem. Den fjerde sesjonen i FNs miljøforsamling, i mars 2019, vedtok å styrka tiltak for å bidra til å realisera visjonen om å stansa tilførsel av plastavfall til havet. Å styrka vitskapleg og teknologisk kunnskap, med særleg vekt på å utvikla indikatorar, er eit slikt tiltak. Det norske bistandsprogrammet for å kjempe mot marin forsøpling og mikroplast ble økt i 2019 til 400 mill. kroner.

Internasjonalt går det føre seg viktige prosessar som vil vere avgjerande for dei havrettslege og institusjonelle rammene for implementeringa av berekraftsmål 14. Dette knyter seg til regelverk for å beskytte biodiversitet og fordeling av genressursar på ope hav, samspelet mellom globale og regionale mekanismar for implementering, globale mekanismar for tema som til dømes marin forsøpling og mikroplast. Med ei tradisjonelt leiande rolle i det internasjonale arbeidet innan havrett, miljø- og fiskeriforvalting er det viktig at Noreg aktivt søkjer å påverke dei pågåande prosessane på ein mest mogleg einsarta og løysingsorientert måte. FNs sjøfartsorganisasjon utviklar internasjonale standardar for tryggleik og miljø i den globale skipsfarten, og Noreg er ein aktiv pådrivar òg i dette arbeidet. Norge legg vidare vekt på miljøsamarbeidet med andre land blant anna gjennom arbeidet i OSPAR (Konvensjonen for vern av det marine miljø i nordaust-Atlanteren).

Mål 15 Beskytte, atterreise og fremje berekraftig bruk av økosystem, sikre berekraftig skogforvalting, motarbeide ørkenspreiing, stanse og reversere landforringing og stanse tap av artsmangfald

Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – norsk handlingsplan for naturmangfold og Stortingets behandling av denne, er Noregs viktigaste virkemiddel i arbeidet for å nå Aichi-måla frå 2010 om å ta vare på naturmangfaldet. Berekraftmål nr. 15 er harmonisert med Aichimåla. Det er derfor viktig å følgje opp naturmangfaldmeldinga for å oppfylle berekraftmål 15. Noreg deltek òg aktivt i forhandlingane om eit nytt globalt rammeverk for bevaring av natur. Dette skal vedtakast av Konvensjonen om biologisk mangfald hausten 2020.

Dei tre nasjonale måla for naturmangfald er knytt til god tilstand i økosystema, til sikring av truga arter og til langsiktig vern av eit representativt utval av norsk natur.

Vi har starta arbeidet med å gjennomføre handlingsplanen for naturmangfald. Det blir arbeidd med å få på plass ei forvaltning basert på tilstanden i økosystema, mål for tilstanden som skal oppretthaldast eller bli nådd, og ei innretning av den samla verkemiddelbruken med sikte på å nå desse måla. Det blir òg utgreidd konsept for heilskaplege forvaltningsplanar for natur.

Når det gjeld truga natur har Miljødirektoratet, som eit første steg, utgreidd verkemiddel for den mest truga naturen i Noreg. Regjeringa vurderer no korleis tilrådingane skal følgjast opp. Det er òg vedteke ein nasjonal strategi for å ta vare på ville, pollinerande insekt. Denne vil bli følgd opp med tiltaksplanar i aktuelle sektorar.

Regjeringa vil framleis prioritere arbeidet med skogvern og marint vern. For andre økosystem er det sett i gang arbeid med begrensa supplerande vern. Eit representativt utval av økosystem til fjells er verna. Det er viktig å sikre verneverdiane framover, mellom anna i form av forvaltningsplanar for fjellområda.

Regjeringa arbeider med ein strategi for å styrkje arbeidet mot miljøkriminalitet, mellom anna handel med truga arter.

Det er ei utfordring å nå målet om å hindre spreiing av framande arter. Ein tiltaksplan for å utrydde, kjempe mot og kontrollere framande arter er planlagd å bli vedteke i løpet av 2019.

Regjeringa si politikk for berekraftig forvaltning av skog vart presentert i ei melding til Stortinget i 2016. Auka skogbruksaktivitet skal kombinerast med større vekt på miljøomsyn i skogbruket. Berekraftig skogbruk vil medverke til klimatilpassing, gi grunnlag for å fase ut fossile produkt og til å sikre område som er viktige for både naturmangfald, friluftsliv og kulturminne.

Noreg vil òg arbeide for eit styrkt internasjonalt samarbeid om grensekryssande utfordringar på skogområdet og for å sikre berekraftig forvaltning av skog internasjonalt, mellom anna FN. FN-strategien for skog representerer ein milepæl i dette arbeidet. Noreg støttar måla i planen.

Klima- og skoginitiativet har som mål å redusere avskoging og skogdegradering i utviklingsland og er Noregs viktigaste internasjonale bidrag for å nå berekraftsmål nr. 15. Tropisk avskoging er også sentralt for å oppnå mål nr. 13 Klima og indirekte for alle berekraftsmåla. Sidan Klima- og skoginitiativet vart lansert i 2007 er det inngått ei rekkje partnarskapsavtaler, blant anna med Brasil, Indonesia, Colombia, Guyana, Peru og Etiopia. Noreg betaler her for verifiserte reduksjonar av utslepp frå skog i løpet av avtaleperioden, eller for investeringar som har slike utsleppsreduksjonar som mål. Sidan starten i 2008 har initiativet betalt for til saman meir enn 270 mill. tonn reduserte utslepp av CO2, og medverka til ei rekkje reformer for betre skogforvaltning i landa. Gjennom initiativet samarbeider Noreg også med næringslivsaktørar, sivilsamfunnsorganisasjonar og kunnskapsmiljø som medverkar i innsatsen for å bevare regnskogen. Gjennom Meld. St. 24 (2016–2017) Felles ansvar for felles framtid er det vedteke at klima- og skoginitiativet skal førast vidare på eit høgt nivå fram til 2030.

8.3 Anna klima- og miljøarbeid i staten

Gode, enkle og effektive miljøleiingssystem, til dømes ISO 14001, EMAS (Eco Management and Audit Scheme) eller Miljøfyrtårn, sikrar at verksemda har oversikt over dei mest vesentlege miljøbelastningane og har målsetjingar og rutinar for kontinuerleg å redusere desse. For dei fleste statlege verksemdene vil tema som anskaffingar, energibruk i bygg, IKT, transport og avfallshandtering stå sentralt. Miljøleiingsystemet skal medverke til kontinuerleg forbetring av den totale klima- og miljøpåverknaden frå departementsfellesskapet. I tillegg til ei meir klima- og miljøvennleg departementsverksemd, medverkar arbeidet òg til modernisering og effektivisering.

Departementsfelleskapet har eit miljøleiingssystem sertifisert etter EMAS krava. Departementas tryggleiks- og serviceorganisasjon (DSS) koordinerer felles miljømål for departementsfelleskapet og har hovudansvaret for oppfølginga av styringssystemet, men departementa er sjølve ansvarlege for å nå måla i eiga verksemd.

Fleire underliggjande etatar og andre statlege verksemder har miljøleiingssystem og arbeider systematisk med å redusere miljøbelastningar gjennom anskaffingar og dagleg drift.

9 Samfunnstryggleik og beredskap

Dei mål og prioriteringar som er gitt i Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et trygt samfunn, Meld. St. 21 (2012–2013) Terrorberedskap, og Instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet er utgangspunktet for Klima- og miljødepartementets arbeid med samfunnstryggleik og beredskap. Ei systematisk og heilskapleg tilnærming er sentralt for å vidareutvikle beredskapsarbeidet i sektoren. I denne samanhengen er evaluering av hendingar og øvingar eit viktig moment. Det medverkar til å avdekke veikskapar og læringspunkt som er avgjerande for departementet sine risiko- og sårbarheitsvurderingar. Resultatet av arbeidet dannar grunnlag for dei vala, prioriteringane og avgjerdene som blir tekne med omsyn til sikring av viktige verdiar og tryggleik i samfunnet.

9.1 Ansvarsområde

Klima- og miljødepartementet skal bidra til å førebyggje at det skjer uønskte hendingar, samt redusere konsekvensar av uønskte hendingar innanfor klima- og miljøsektoren. Arbeidet med risiko- og sårbarheitsanalysar, overordna risikobilete for sektoren, beredskapsplanverk og øvingar er derfor prioriterte oppgåver. Kvar enkelt etat medverkar i dette arbeidet ved blant anna å gjennomføre eigne analysar over risiko og sårbarheit innanfor sitt område.

Meteorologiske tenester

Meteorologisk institutt (MET) har ei viktig rolle innanfor samfunnstryggleik og beredskap i Noreg. MET forvaltar kritisk infrastruktur og meteorologiske tenester utgjør ein kapabilitet som inngår i den kritiske samfunnsfunksjonen Natur og miljø. Dei er ein aktiv del av totalforsvaret ved at dei leverer utvida meteorologisk støtte etter avtale med dei aktuelle einingane i Forsvaret ved krise og krig, og under større militære øvingar. MET overvakar, varslar vêret og bereknar klimaet i notid og framtid for at styresmaktene, næringslivet, institusjonar og ålmenta kan sikre liv og verdiar, planleggje og verne miljøet. MET sine tenester er forskingsbaserte. Dei operasjonelle tenestene tar i bruk resultata frå ny forsking, og instituttet driv forsking og utvikling på alle sine fagområde. Sjå omtale av MET i Del II, side 84 og i kap 9.2. Den kritiske samfunnsfunksjonen Natur og miljø – status og tilstandsvurdering.

Akutt forureining- og atomberedskap

Det er nasjonale mål at forureining ikkje skal skade helse og miljø, og at utslepp av farlege stoff skal stansast. Dei nasjonale måla for forureining omfattar òg radioaktiv forureining.

Klima- og miljødepartementet har ansvar etter forureiningslova dersom eit uhell eller ei ulykke medfører radioaktive utslepp og avfall. Det operative ansvaret ligg hos Direktoratet for strålevern og atomtryggleik. Direktoratet treffer òg tiltak for utslepps- og avfallshandtering, og bidreg med utvikling av planverk for miljøforvaltinga på atomberedskapsområdet. Eventuelle klager blir behandla av departementet. Miljødirektoratet kan bistå med målingar og gi råd om konsekvensar nedfall kan ha på det ytre miljøet. Norsk Polarinstitutt kan bistå med avgjerdsgrunnlag som spreiingsmodellering og kunnskap om Arktis, blant anna iskart.

Ved atomulykker har Helse- og omsorgsdepartementet det overordna ansvaret for beredskapen, mens Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet er fag- og forvaltingsmyndigheit. Den nasjonale atomberedskapen er organisert gjennom Kriseutvalet for atomulykkeberedskapen som er leia av Direktoratet for strålevern og atomtryggleik.

Ansvaret for å stille krav til kommunar og private verksemder sin beredskap mot akutt forureining, og kontrollere at krava blir overhaldne, er lagt til miljømyndigheitene. Miljødirektoratet stiller beredskapskrav og følgjer opp desse gjennom tilsyn. Miljødirektoratet har etablert ein plan for kriseberedskap og spesifikke rutinar for handtering av etatens oppgåver knytte til større tilfelle av akutt forureining.

Ansvaret for den statlege beredskapen mot akutt forureining er lagt til Samferdselsdepartementet med Kystverket som utøvande etat. Ved ein statleg aksjon mot akutt forureining har miljøforvaltinga ei rådgivarrolle, og ansvar for å skaffe fram informasjon om miljøverdiar og miljøkonsekvensar. Sjå omtale i kap … Den kritiske samfunnsfunksjonen Natur og miljø – status og tilstandsvurdering.

Norsk Polarinstitutt stiller krav om beredskap for akutt forureining og tiltak for å ta vare på tryggleiken for liv og helse ved gjennomføring av aktivitetar i Antarktis, og forsikring for å dekkje aktivitetane.

Beredskapsmessige utfordringar knytte til klimaendringar

Det er eit nasjonalt mål at samfunnet skal førebuast på og tilpassast klimaendringane. Kvart enkelt departement har ansvar for å ta vare på omsynet til klimaendringar innanfor eigen sektor. Klima- og miljødepartementet har eit spesielt ansvar for å leggje til rette regjeringas heilskaplege arbeid med klimatilpassing. Miljødirektoratet støttar departementet i arbeidet med klimatilpassing. Miljødirektoratet har blant anna eit ansvar for at departementet har tilgang til det naturvitskaplege kunnskapsgrunnlaget gjennom nasjonal og internasjonal klimaforsking. Dette kunnskapsgrunnlaget skal brukast i gjennomføringa av departementet sitt arbeid med klimatilpassing medrekna overvatn, sjå oppmodingsvedtak nr. 914 frå 14. juni 2017 side 56.

Beredskap mot skadar på kulturminne og -miljø

Det er eit nasjonalt mål at tap av verneverdige kulturminne og -miljø skal minimerast. Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for forvaltinga av kulturminne og -miljø i Noreg, og samarbeider tett med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap og kommunane om beredskap og sikring av kulturminne. Samarbeidet handlar blant anna om branntryggleiken i verneverdig tett trehusbestand og stavkyrkjer. Auka førekomst av ekstremvêrhendingar som flaum, skred, storm og kraftige nedbørsmengder må òg takast omsyn til i samband med forhindring av skadar framover.

Beredskap mot utslepp av GMO

Genmodifiserte organismar er mikroorganismar, plantar og dyr der den genetiske samansetjinga er endra ved bruk av gen- eller celleteknologi. Klima- og miljødepartementet behandlar søknader om omsetjing og utsetjing av levande GMO i naturen. Miljødirektoratet har koordineringsansvar og ansvar for vurdering av miljørisiko. Mattilsynet har ansvaret for vurderingar knytte til helserisiko.

Etter genteknologilovas føresegner skal verksemdene syte for naudsynte sikkerheitstiltak for å hindre helse- og miljømessige skadeverknader. Dersom utslepp skjer, skal verksemda straks setje i verk tiltak for å avgrense skadeverknadene. På grunn av rask teknologiutvikling kan det ventast at òg privatpersonar på sikt kan genmodifisere og endre mikroorganismar på ein måte som gjer at samfunnet potensielt kan påførast ny helse- og miljørisiko. Kartlegging av omfanget av ein slik framtidig privat aktivitet er såleis eit viktig tiltak.

9.2 Den kritiske samfunnsfunksjonen Natur og miljø – status og tilstandsvurdering

9.2.1 Innleiing

I Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et trygt samfunn jf. Innst. 326 S (2016–2017) og i Justis- og beredskapsdepartementetsin Prop. 1 S er 14 tverrsektoriellesamfunnsfunksjonar som er kritiske forsamfunnstryggleiken, presenterte. Det er samfunnsfunksjonarder fleire departement kan haansvar, der samfunnsfunksjonane kan vere avhengigeav kvarandre, og der departementa må samarbeidefor å ta vare på samfunnstryggleiken. Forkvar av dei 14 samfunnsfunksjonane er detutpeika eit hovudansvarleg departement, somskal sikre nødvendig koordinering og samordning.Inndelinga i 14 samfunnskritiske funksjonarog plassering av ansvar hos eit hovudansvarlegdepartement er eit sentralt verkemiddel for åstyrke den tverrsektorielle samordninga i arbeidetmed samfunnstryggleik. Det er gjennom nysamfunnstryggleiksinstruks etablert eit systemfor å utarbeide status- og tilstandsvurderingar fordei 14 samfunnskritiske funksjonane, som skal vurdere kva for evne samfunnet har til å halde funksjonane ved like dersom dei blir utsette for ulike påkjenningar. Dei hovudansvarlege departementa er ansvarlege for at vurderingane blir gjorde, og skal presentere desse i sine respektive budsjettproposisjonar. Klima- og miljødepartementet er hovudansvarleg departement for den kritiske samfunnsfunksjonen Natur og miljø.

I budsjettet for 2019 er det i tillegg til Natur og miljø utarbeidd status- og tilstandsvurderingar for dei tre samfunnskritiske funksjonane Transport (Samferdselsdepartementet), Forsyningssikkerhet (Nærings- og fiskeridepartementet) og Lov og orden (Justis- og beredskapsdepartementet).

Status- og tilstandsvurderinga blir gjort i lys av det overordna risikobiletet.

9.2.2 Om den kritiske samfunnsfunksjonen Natur og miljø

Kort beskriving av Natur og miljø og kapabilitetane

Den kritiske samfunnsfunksjonen Natur og miljø inneheld kapabilitetane: forureiningsberedskap, meteorologiske tenester og overvaking og varsling av flaum og skred.

Naturfarar utgjer ein viktig del av det nasjonale risikobiletet. Kraftig vind og flygande gjenstandar kan påføre bygningar og annen infrastruktur betydeleg skade, og store mengder nedbør kan utløyse skred og medverke til flaum. Overvaking av meteorologiske og hydrologiske forhold og varsling av ekstremvêr og flaum- og skredfare har derfor stor betydning for samfunnstryggleiken. Akutt forureining som skader naturen kan både vere eit resultat av naturhendingar, og av menneskeleg aktivitet som uønskte utslepp av fast stoff, væske eller gass til luft, vatn eller i grunnen.

Kva aktørar er involverte/berørte

Samferdselsdepartementet, med Kystverket som underliggjande etat, har ansvaret for statens beredskap mot akutt forureining, og for å føre tilsyn med den ansvarlege forureinaren ved akutt forureining. Klima- og miljødepartementet, med Miljødirektoratet som underliggjande etat, har ansvaret for å stille krav til privat og kommunal beredskap2, vidareutvikle beredskapsregelverket og føre tilsyn med den private og kommunale beredskapen. Når det gjeld petroleumssektoren, har Arbeids- og sosialdepartementet, med Petroleumstilsynet som underliggjande etat, myndigheitsansvar for teknisk og operasjonell tryggleik og beredskap samt arbeidsmiljø i petroleumsverksemda, under dette førebygging av akutte utslepp.

Klima- og miljødepartementet overtok styringsansvaret for Meteorologisk institutt (MET) i 2018. MET er gjennom sine vedtekter gitt særskilte oppgåver om å levere til offentlege meteorologiske tenester til sivile og militære formål. I § 1. Formål heiter det:

Instituttet skal arbeide for at myndigheiter, næringslivet, institusjonar og ålmenta best mogleg kan ivareta sine interesser for sikring av liv og verdiar, for planlegging og for vern av miljøet.

Olje- og energidepartementet har ansvaret for Norges- vassdrags og energidirektorat (NVE). NVE har som eit hovudmål å betre samfunnet si evne til å handtere flaum- og skredrisiko. Eit delmål er å redusere konsekvensane av flaum- og skredhendingar gjennom overvaking, varsling og rådgiving3. NVE yter hjelp til samfunnet innanfor kartlegging, arealplanlegging, sikring, overvaking, varsling og beredskap. Det er politiet, lokale beredskapsmyndigheiter og samferdselsetatar som bestemmer og set i verk dei enkelte tiltaka, for eksempel stenging av veg og bane, avsperring og evakuering. Den nasjonale skredvarslinga er blitt ein viktig del av Noregs samfunnstryggleik. Skredvarslinga vart utvikla i eit samarbeid mellom MET, Statens vegvesen og Bane NOR.

Statens vegvesen er ein svær aktiv partnar i skredvarslinga. Statens vegvesen deltek i produksjon og utvikling av skredvarsla, ved å medverke med varslarar, observatørar, vêrstasjonar og finansiering.

Aktørane innanfor dei tre kapabilitetane har eit utstrekt samarbeid både med kvarandre og med andre. Kystverket har ansvaret for å koordinere statleg, kommunal og privat beredskap i eit nasjonalt beredskapssystem. MET samarbeider nært både med andre meteorologiske institutt og private og offentlege aktørar. Forsking skjer i stor grad gjennom nasjonale og internasjonale konsortium der både forskingsinstitutt, akademia og (i aukande grad) private firma deltek. MET og NVE har ei samarbeidsavtale som syter for godt fagleg samarbeid og arbeidsdeling, og sikrar høg kvalitet og effektiv bruk av etatane sine ressursar til beste for utføringa av begge partar sine kjernetenester.

Justis- og beredskapsdepartementet har, i tillegg til sitt sektoransvar, ei generell samordningsrolle i sivil sektor for samfunnstryggleik- og beredskap. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) understøttar denne samordningsrolla. DSB skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet, vere pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulykker, kriser og andre uønskte hendingar, og syte for god beredskap og effektiv ulykkes- og krisehandtering.

Kommunane er i tråd med sivilbeskyttelseslova pålagt ei generell beredskapsplikt. Kommunen skal jobbe systematisk og heilskapleg med samfunnstryggleiksarbeidet på tvers av sektorar i kommunen, for å redusere risiko for tap av liv, helse, miljø og materielle verdiar. Kommunane skal vidare utarbeide ein heilskapleg ROS-analyse som skal medverke til å kartleggje kva uønskte hendingar som kan inntreffe i lokalsamfunnet, vurdere sannsynet for at desse hendingane skjer og korleis dei vil påverke befolkning og infrastruktur.

DSB tek vare på embetsstyringa av fylkesmennene på samfunnstryggleiksområdet, og samarbeider med andre fagetatar for å medverke til at fylkesmennene følgjer opp samfunnstryggleiksarbeidet på ein heilskapleg måte innan førebygging og beredskap. DSB arbeider for eit heilskapleg og systematisk arbeid innan samfunnstryggleik i kommunen, og gir føringar for fylkesmennene si rettleiing og tilsyn med kommunal beredskapsplikt og for bruk av fylkesmannen si motsegnsmynde på samfunnstryggleiksområdet.»

9.2.3 Overordna risikobilete

Den kritiske samfunnsfunksjonen Natur og miljø består av kapabilitetar som er avgjerande for å ta vare på befolkninga sin tryggleik (varsling av vêr og varsling av skred og flaum) og for å ta vare på naturen (akutt forureiningsberedskap).

Risikobiletet legg vekt på situasjonar som utfordrar funksjonsevna til dei tre kapabilitetane og vurderinga vil vere på eit aggregert nivå.

Spennet av moglege hendingar som kan utfordre funksjonsevna er stort. Risikofaktorar knytte til varsling og overvaking av vêr, flaum og skred inkluderer bortfall av straum, internett og telefonnett, eksterne angrep på infrastruktur, manglande tilgang til menneskeleg kompetanse og ressursar, dårleg samhandling og kommunikasjon, uklare ansvarsforhold eller manglande finansiering.

Klimaendringar, med betydeleg fleire og kraftigare nedbørsperiodar, er ein overordna risiko som utfordrar funksjonsevna til alle dei tre kapabilitetane. Gode og treffsikre varslingar av ekstremvêr, med påfølgjande varsling av fare for flaum eller skred (snøskred, jordskred, fjellskred) er avgjerande for befolkninga sin tryggleik.

Vinteren 2018/2019 døydde 13 personar i snøskred. Dei fleste gjekk på toppturar, ein fritidsaktivitet som har blitt svært populær dei siste åra. Auka nedbørsmengder og fleire folk i fjellet utfordrar funksjonsevna til både varsling av ekstremvêr og skred.

Figuren under viser tal på omkomne fordelt på skredtypar for perioden 1900 – 2018.

Figur 9.1 Antall omkomne i skred 1900–2018

Figur 9.1 Antall omkomne i skred 1900–2018

Kjelde: Noregs Geotekniske institutt – NGI

Skred kan få katastrofale følgjer. Tre store fjellskred i Loen og i Tafjord i første halvdel av 1900-talet utløyste flodbøljer og tok til saman 175 menneskeliv. I dag overvakar NVE sju fjellparti, der Mannen/Veslemannen i Rauma kommune er det mest kjente. Som følgje av raudt farenivå har befolkninga som kan rammast av skredet frå Veslemannen blitt evakuert mange gonger det siste året.

Store nedbørsmengder gir også auka risiko for flaum i vassdrag. Storflaumar skader infrastruktur, privat eigedom og kan føre til akutt forureining som skader naturen. Flaum utfordrar alle ledd i forureiningsberedskapen. Flaumen i Ottadalen i 2018 kom som følgje av ekstrem snøsmelting som følgje av høge temperaturar og mykje nedbør. Ei hending som følgde av flaumen var at fleire tusen tonn glasopor vart tekne av vassmassane og ført ned elva, med moglege negative konsekvensar for miljøet.

Styrtregn vil føre til fleire skred- og flaumhendingar slik som i Jølster 30. juli 2019 og i Utvik 24. juli 2017. Det vil også føre til meir overvatn i tettbygde strøk slik vi såg i Oslo både 26. juni og natt til 4. august 2019. Klimaendringar gjer at vi òg kan vente auke i andre typar vêrrelaterte hendingar med stort skadepotensial, som til dømes tørkesommaren 2018 og flaumen i Skjåk 14. oktober 2018 som kom av snøsmelting og nedbør.

Eksempla synleggjer samanhengen mellom kapabilitetane.

Under er det gjort status- og tilstandsvurderingar av dei tre kapabilitetane. Basert på dette blir det gjort ei vurdering av høve til utvikling og aktuelle tiltak for å betre funksjonsevna.

9.2.4 Forureiningsberedskap

Innleiing

Ansvar og roller ved ei ulykke med akutt forureining, eller fare for ei slik ulykke, er beskrive i forureiningslova. Forureiningslova inndeler beredskapen mot akutt forureining i privat, kommunal og statleg beredskap. Forureiningslova fastset at den som driv verksemd som kan medføre akutt forureining, skal syte for nødvendig beredskap for å hindre, oppdage, stanse, fjerne og avgrense verknaden av forureininga.

Beredskapen skal stå i eit rimeleg forhold til sannsynet for akutt forureining og omfanget av skadane og ulempene som kan inntreffe. Lova fastset òg krav til kommunal og statleg beredskap. Kommunar skal syte for nødvendig beredskap mot mindre tilfelle av akutt forureining som ikkje er dekt av privat beredskap. Staten skal syte for beredskap mot større tilfelle av akutt forureining.

På operativt nivå utgjer den samla beredskapen mot akutt forureining eit samspel mellom private, kommunale og statlege aktørar. Lov 15. juni 2001 nr. 79 om miljøvern på Svalbard (svalbardmiljølova) inneheld dei same prinsippa som forureiningslova.

I status- og tilstandsvurderingane inngår ikkje kommunal og privat beredskap, men statlege oppgåver knytte til å sikre rammevilkår for kommunal- og privat forureiningsberedskap inngår.

Status- og tilstandsvurderingar

For å få rett prioritering mellom dei førebyggjande og dei konsekvensreduserande tiltaka bør beredskapen mot akutt forureining sjåast i nær samanheng med førebyggjande sjøtryggleik. Sjøtryggleiken i norske farvatn er gjennomgåande høg. Førebyggjande tiltak er viktige føresetnader for det høge tryggleiksnivået. Vidare medverkar den statlege beredskapen mot akutt forureining til å redusere risikoen som er knytt til sjøtransporten gjennom å setje oss i stand til å handtere akutte forureiningshendingar. Sidan 2005 er det gjennomført ei rekkje førebyggjande tiltak som har styrkt sjøtryggleiken ytterlegare. I same periode har beredskapen blitt betydeleg styrkt gjennom oppgradering av materiell, meir effektiv organisering og kompetanseheving. Samla sett er den statlege beredskapen mot akutt forureining vurdert til å vere godt rusta til å handtere dagens miljørisikonivå.

Samferdselsdepartementet, med Kystverket som underliggande etat, har ansvaret for statens beredskap mot akutt forureining, og for å føre tilsyn med ansvarleg forureinar ved akutt forureining. Statens beredskap mot akutt forureining er risikobasert, og ikkje dimensjonert med utgangspunkt i dei verst tenkelege hendingane. Grunnlaget for dimensjoneringa er miljørisikoanalysar, som tek utgangspunkt i sannsynet for akutt forureining, kunnskap om kor sårbart miljøet i ulike kystområde er og vurderingar av moglege miljøkonsekvensar.

Kystverket utarbeidde i 2015 ein analyse av handtering av verstefallshendingar med akutt forureining, med utgangspunkt i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskaps (DSB) rapport Nasjonalt risikobilde (NRB) for 2013. Analysen peiker på eit behov for å avklare kor omfattande hjelp Kystverket kan rekne med å få frå operatørselskapa og kommunar. Vidare er det peikt på at ein gjennomgang av rutinar ved oppmoding om internasjonal bistand vil kunne medverke til å unngå unødige forseinkingar. Analysen er følgd opp gjennom dialog med operatørselskap og kommunar, og gjennom jamlege øvingar nasjonalt og internasjonalt. Dei internasjonale øvingane har hatt fokus på bistand ved store hendingar.

Kapasitet, operativ evne og kompetanse

Beredskapen har dei siste ti åra blitt betydeleg styrkt; statens oljevernmateriell er fornya og supplert med blant anna naudlosseutstyr, oljevernutstyr er utplassert på kystvaktfartøy og statens slepeberedskap er styrkt med fleire fartøy. Kystverkets overvakingsfly er fornya, flåten av oljevernfartøy er utvida med fire nye multifunksjonsfartøy og etatens avgjerdsstøtteverktøy under aksjonar er vidareutvikla. Vidare har dei interkommunale utvala mot akutt forureining fått tilført statleg oljevernutstyr for å fremje kommunane sin kapasitet til å hjelpe til under statlege aksjonar. Det er òg inngått avtaler med mindre fartøy om å hjelpe til under statlege aksjonar. Under ein statleg aksjon vil fleire aktørar, som kommunar, Sivilforsvaret og private, støtte aksjonsleiinga.

Miljødirektoratet er ein viktig miljøfagleg rådgivar for Kystverket under statlege aksjonar mot akutt forureining. Miljødirektoratet medverkar med brei miljøfagleg kompetanse, inkludert frå miljøvernavdelinga hjå Fylkesmanen, og gir blant anna råd om miljøprioriteringar og miljøundersøkingar. Miljødirektoratet medverkar i tillegg med ressursar frå Statens naturoppsyn i felt til kartlegging og registrering av oljeforureining og oljeskada sjøfugl og vilt. Utover rådgivingsfunksjonen er Miljødirektoratert på nokre område ansvarleg myndigheit, til dømes når det gjeld avgjerd om handtering av oljeskadd sjøfugl og vilt (med unntak av sjøpattedyr). Det er inngått ei samarbeidsavtale mellom Kystverket og Miljødirektoratet om Miljødirektoratets bistand under statlege aksjoner.

For å leggje til rette for god samhandling, blir det gjennomført felles øvingar og trening. For å styrkje samhandlinga, har Kystverket, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og Miljødirektoratet utforma og innført einsarta organisering og leiing av aksjonar. Det er òg laga ein nasjonal læreplan for opplæring i å handtere akutt forureining.

Samordning med andre aktørar

Kystverket gav i 2015 ut Nasjonal beredskapsplan beredskap mot akutt forurensning, som ein sektorovergripande plan. Planen er viktig for å sikre felles forståing blant samvirkeaktørane. Brudokumentet mellom operatørane og Kystverket sine beredskapsplanar beskriv korleis ei eventuell statleg overtaking med samordning av aksjonsleiinga ved ekstreme forureiningshendingar knytte til petroleumsindustrien, skal ivaretakast.

Kystverket arrangerer og deltek i ei rekkje øvingar for eige personell, private og kommunale aktørar og myndigheiter i andre land. Øvingane er viktig reiskap for å styrkje samhandlinga og evna til å handtere akutt forureining effektivt.

I petroleumsverksemda er det operatøren som er ansvarleg for å halde ved lag ein effektiv beredskap og handtere eventuelle fare- og ulykkesituasjonar som måtte oppstå, under dette akutt forureining Petroleumstilsynet fører tilsyn med operatørane sitt beredskapsarbeid knytt til tryggleik og arbeidsmiljø. Miljødirektoratet stiller krav til og fører tilsyn med operatøranes beredskap mot akutt forureining. Petroleumstilsynet har ansvar for å koordinere HMS-myndigheitene sitt arbeid med beredskap, og har etablert ei beredskapsvaktordning som sikrar at etaten blir varsla om fare- og ulykkesituasjonar og kan varsle vidare til andre involverte myndigheiter i medhald av etablerte avtaler og varslingsprosedyrar. Dette kan vere Arbeids- og sosialdepartementet, Oljedirektoratet, Kystverket, Sjøfartsdirektoratet og aktuelt sokkelpolitidistrikt. Petroleumstilsynet varslar òg andre nasjonar om hendingar som kan ha relevans for deira petroleumsverksemd. Ved akutt forureining, også ved hendingar i petroleumsverksemda, er det Kystverket som har ansvar for å varsle Miljødirektoratet.

Petroleumstilsynet og Kystverket gjennomfører blant anna årleg ei øving (Myndex), med vekt på samhandling mellom etatane og rapportering til overordna departement. Miljødirektoratet deltek som observatør på denne øvinga.

Klima- og miljødepartementets vurdering

Basert på ovannemnde rapport vurderer KLD den statlege beredskapen for å handtere akutt forureining som skader natur til å vere på eit tilfredsstillande nivå.

Samhandlinga mellom aktørane er godt utvikla gjennom blant anna årlege samverkeøvingar og etablerte kommunikasjonskanalar. Vidare er Kystverkets nasjonale beredskapsplan viktig for aktørane si felles forståing og samhandling.

Utviklingsmoglegheiter

Utvikling av den nasjonale beredskapen mot akutt forureining

Kystverket og Miljødirektoratet har kontinuerleg dialog om forbetringar basert på erfaringer fra øvelser og hendelser.

Dimensjonering av beredskap mot akutt forureining

Statens beredskap mot akutt forureining er risikobasert. Grunnlaget for dimensjoneringa er miljørisikoanalysar, som tek utgangspunkt i sannsynet for akutt forureining, kunnskap om kor sårbart miljøet i ulike kystområde er og vurderingar av moglege miljøkonsekvensar. Kystverket gjennomførde miljørisikoanalysar i 2011 (fastlandskysten) og 2014 (Svalbard og Jan Mayen). Med utgangspunkt i desse vart det gjennomført analysar av beredskapsbehovet. Desse beredskapsanalysane er utgangspunktet for dimensjoneringa av den statlege beredskapen mot akutt forureining.

Grunnopplæring i handtering av akutt forureining

Det følgjer av Meld. St. 35 (2015–2016) at innføring av grunnopplæring i handtering av akutt forureining vil bli vurdert i arbeidet med ny modell for utdanning av brann- og redningspersonell. Dette blir følgt opp av DSB i samarbeid med Kystverket. Kystverket medverkar med kompetanse og kapasitet inn i dei ulike utdanningsløp, slik at grunnutdanningskrav også til fagområdet beredskap mot akutt forureining blir formalisert.

Beredskap mot akutt forureining på Svalbard og Jan Mayen

Det vart gjennomført ein miljørisiko- og beredskapsanalyse for Svalbard og Jan Mayen 2014.

Sysselmannens fartøy er tilført ytterlegare oljevernutstyr og har fått opplæring i bruk av dette. Fleire nye fartøy i kystnær beredskap inngår i beredskapen på Svalbard. KV Svalbard er tilført ei ny isforsterkt oljevernlense. Kystverket har i samarbeid med Sysselmannen og Telenor bygd ut eit betre sambandsnett for sentrale delar av vestkysten på Svalbard. Forutan eit breibandsamband (breibandsradio) ved aksjonar, vil dette fungere som eit nettverk for å sende AIS-data frå skip til Kystverkets overvakingssystem for skip.

Kystverket har analysert mange av dei nye drivstofftypane som er nytta i norske farvatn og i Arktis, og undersøkt utslepp av gassar og partiklar ved forbrenning av oljer. Dette er viktig bakgrunnsinformasjon når det gjeld miljøfaglege vurderingar av ulike tiltak for å handtere oljeforureining i bl.a. islagte farvatn.

Forsking og utvikling (FoU)

Kystverket har ein eigen handlingsplan for FoU-verksemd innan beredskap mot akutt forureining og sjøtryggleik. Innan beredskap mot akutt forureining er det lagt vekt på analysar av nye drivstofftypar som dukkar opp på marknaden. Dette arbeidet har fått stor merksemd i mange internasjonale fora. Kystverket har hatt eit felles prosjekt med Norsk Oljevernforeining for Operatørselskap (NOFO), Oljevern 2015, der oljeindustrien har kome med midlar, mens Kystverket har medverka med kompetanse og stilt testhallen sin til rådvelde.

Kystverket og Senter for oljevern og marint miljø fekk i 2018 i oppdrag å utgreie etablering av fasilitetar for å teste oljevernteknologi. For å leggje til rette for vidareutvikling av oljevernutstyr som kan handtere utslepp i kaldt klima og farvatn med is, er det ønskeleg å kunne teste utstyr i sjø- og lufttemperaturar under null grader celsius. Etatane sin rapport er til vurdering i Samferdselsdepartementet.

Miljødirektoratet har eit pågåande prosjekt for å oppdatere og vidareutvikle dei såkalla MOB-karta4. Basert på MOB-modellen blir det utvikla ei ny digital kartløysing for prioritering av innsats mot akutt forureining. Kartløysinga skal etter planen lanserast hausten 2019 og skal inngå som eit kartlag i Kystinfo. Kystverket deltar i prosjektets referansegruppe, saman med representantar frå Kartverket, Fylkesmannen og Interkommunale utval mot akuttforurensning.

9.2.5 Meteorologiske tenester

Innleiing

Meteorologisk institutt (MET) overvakar, varslar vêret og bereknar klimaet i notid og framtid for at styresmaktene, næringslivet, institusjonar og ålmenta kan sikre liv og verdiar, planleggje og verne miljøet. MET driv forsking og utvikling på alle sine fagområde. Dei høgast prioriterte operasjonelle tenestene er:

  • Utarbeiding og distribusjon av prognosar og varsel for atmosfære og hav, inkludert farevarsel som er avgjerande for liv og tryggleik, og døgnkontinuerleg meteorologisk overvaking alle dagar.

  • Meteorologiske berekningar og tenester i samband med søk- og redningsoperasjonar, utslepp til luft og vatn, atomhendingar og andre kritiske operasjonar og tryggleikstruande hendingar.

  • Innsamling, kvalitetssikring og tilgjengeleggjering av meteorologiske observasjonar.

  • Utarbeiding og distribusjon av flymeteorologisk informasjon for sivil og militær luftfart, inkludert døgnkontinuerleg meteorologisk overvaking alle dagar.

I samarbeid med Miljødirektoratet, Statens Vegvesen, Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet har MET sett i drift operasjonell varsling av luftkvalitet for heile Noreg.

MET har ansvar for rutinevis utarbeiding av varsel for store havområde der Noreg har ansvar for å sikre navigasjon og ferdsel. På oppdrag frå bransjen leverer MET prognosar og varsel for offshore, i hovudsak for å trygge og sikre effektiv aktivitet.

MET sine tenester er forskingsbaserte. Dei operasjonelle tenestene tar i bruk resultata frå ny forsking og driv forsking framover gjennom tilbakemeldingar frå dei som brukar resultata.

Status- og tilstandsvurderingar

For samfunnsfunksjonen natur og miljø er følgjande faktorar sentrale i MET sitt oppdrag:

  • Innsamling av observasjonar

  • Utarbeiding av prognoser og varsel

  • Samarbeid med andre aktørar

  • Kommunikasjon av prognosar og varsel

  • Klimaframskrivingar og regionale klimaprofilar

MET eig og driv eit meteorologisk observasjonsnettverk i Noreg. Dette omfattar manuelle og automatiske vêrstasjonar og radiosondestasjonar, vêrradarar, lynsensornettverk, havstraumradarar, bøyar og sensorar på skip. Instituttet har òg tilgang til data frå stasjonar eigde av andre aktørar, som Statens Vegvesen, NVE og kommunar, og data frå private vêrstasjonar. I tillegg har instituttet tilgang til satellittdata gjennom EUMETSAT og Copernicus og data frå andre land gjennom samarbeidet i Verdas meteorologiorganisasjon (WMO).

Observasjonsnettverk er krevjande å halde ved like innanfor MET sine økonomiske rammer, noko som fører til periodisk bortfall av observasjonar, og konsekvensane vil variere avhengig av kva for ein del av observasjonsnettverket som fell ut og kor lenge. Dersom MET i oversynleg framtid må halde seg innanfor den økonomiske ramma for observasjonsnettverket i dag, kan MET bli nøydd til avvikle nokre av målestasjonane eller radarane for å sikre ei forsvarleg forvalting og fornying av observasjonsutstyret. Ein reduksjon i målenettet eller langvarig utfall av observasjonar vil òg ha alvorlege følgjer for andre etatar sin bruk av data frå MET, til dømes NVE sin varsling av flaum og skred.

Vêrvarsling er basert på køyringar av vêrmodellar på tungreknemaskinar. Dette er kjent som numerisk vêrvarsling og resultatet av køyringane vert kalla prognosar. Det meteorologiske samarbeidet om operasjonell numerisk vêrvarsling mellom dei nasjonale vêrtenestene i Finland, Noreg og Sverige (MetCoOp) er unikt mellom anna i utvikling og implementering av nye løysingar. Landa deler operative modellsimuleringar, døgnkontinuerleg overvaking, tungreknemaskinar, kompetanse, ressursar og modellutvikling. Samarbeidet er planlagt utvida med fleire europeiske land. MET brukar prognosar frå det europeiske reknesenteret ECMWF som grunnlag for modellsimuleringane i MetCoOp og for vêrvarsel utover tre døgn. MET gjer òg berekningar med modellar for hav, bølgjer og istilhøve.

MET sine observasjonar, prognosar og varsel for atmosfære og hav vert brukt som grunnlag for berekningar og vurderingar knytt til naturfare i andre etatar. Særs relevant for den kritiske samfunnsfunksjonen natur og miljø er flaum- og skredvarsling frå NVE, der MET bidreg aktivt blant anna med ein dagleg brief mellom MET og varslingstenestene. I tillegg inngår meteorologar frå MET i snøskredvarslinga. MET har vidare ansvar for operasjonelle beredskapsmodellar for atmosfæren i tilfelle atomulukker/utslepp og vulkansk oske (i samarbeid med DSA og Avinor), og tilsvarande for hav og kyst i tilfelle oljeutslepp og søk og redning (i samarbeid med Kystverket og Hovudredningssentralen). MET er ein aktiv del av totalforsvaret. Ved krise og krig, og under større militære øvingar, gir MET derfor utvida meteorologisk støtte etter avtale med dei aktuelle einingane i Forsvaret.

MET sin viktigaste formidlingskanal er Yr. Tenesta er eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt og NRK, og er den femte største nettenesta for vêr på verdsbasis. Offentlege samarbeidspartnarar har tilgang til den spesialiserte vêrtenesta Halo. Meteorologar formidlar vêret og farevarsel på TV og radio, og MET er svært aktiv i sosiale medium som Twitter og Facebook. Det offisielle datagrunnlaget og produkta frå MET er fritt tilgjengelege for publikum for bruk, spreiing og vidare bearbeiding.

Observasjonar og prognosar frå modellberekningar ligg til grunn for meteorologen si utarbeiding av varsel, medrekna farevarsel. Dei seinare åra har MET og NVE arbeidd saman om å fornye farevarslinga. Form og innhald har blitt harmonisert, og varsla er standardiserte og i større grad konsekvensbaserte. Ein ny metodikk vart sett i drift sommaren 2018. I samråd med NVE sender MET ut varsel om styrtregn som kan føre til lokal flaum, overvatn og urbanflaum, endringar i bekke- og elveløp, jord- og flaumskred. Denne type varsel er utfordrande fordi det er vanskelig å føresjå presist kvar byenedbøren vil treffe og kor kraftige regnbyene blir. Kor alvorlege følgjene blir, er også avhengig av skadepotensialet der dei kraftigaste regnbyene treffer. Dei to etatane brukar samsvarande fargekodar der fargen (gul, oransje, raud) syner kva grad av aktsemd beredskapsstyresmaktene og publikum skal syne. Varsla blir gjort tilgjengelege på Yr, Halo og i samarbeid med NVE på Varsom.no. Frå hausten 2019 blir Varsom si abonnementsordning på e-post eller SMS for flaum- og skredvarsel utvida til også å dekke MET sine varsel på gult og høgare nivå.

Fornyinga av farevarslinga er nyttig og naudsynt, men ikkje tilstrekkeleg for å møte situasjonen vi ser no. Klimaendringane aukar omfanget av vêr som samfunnet ikkje er budd på og vêrhendingar som er vanskelege å føreseie.

I Noreg har vi dei siste hundre åra observert ein auke i temperatur på om lag ein grad og ein generell auke i nedbør på om lag 18 prosent. Forsking ved MET viser at vi kan vente stadig aukande temperatur og nedbør i heile landet gjennom alle årstidene. Til dømes ventar vi at mengda nedbør i form av styrtregn (kraftig regn som varer tre timar eller kortare) kjem til å auke med 20 prosent fram til midten av hundreåret, og med 40 prosent fram mot slutten av hundreåret (samanlikna med perioden 1971–2000).

MET utarbeider analysar av klimaet i Noreg i fortid, notid og framtid. I dette inngår etablering av kunnskapsgrunnlag for framtidig klima og klimatilpassing i Noreg i samarbeid med partnarane i Norsk Klimaservicesenter (NVE, Bjerknessenteret og NORCE). Norsk klimaservicesenter har mellom anna utarbeidd klimaframskrivingar og regionale klimaprofilar for alle fylka og Longyearbyen. Desse profilane er eit kunnskapsgrunnlag for klimatilpassing og planlegging.

I MET sine ROS-analysar av dei prioriterte operasjonelle tenestene blir det teke utgangspunkt i hendingar som kan få negativ innverknad på funksjonsevna til MET.

Eit scenario i DSB-rapporten «Analyser av krisescenarioer» skildrar eit digitalt angrep på sentral ekom-infrastruktur. I eit slikt scenario vil òg MET sin datakommunikasjon bli ramma, og særleg innsamling av observasjonar og leveransar til aktørar som tek imot observasjonar. Over tid vil kvaliteten på prognosane gradvis bli dårlegare dess lenger tid observasjonane manglar, sidan desse er viktige for berekningane. MET vil heller ikkje klare å overhalde pliktene sine overfor Verdas meteorologiorganisasjon, som òg får ringverknader internasjonalt og kan påverke presisjonen for prognoser frå ECMWF.

Dersom vêrforholda er krevjande og MET ikkje kan levere tenester med tilfredsstillande kvalitet, vil samfunnet si handtering av ei hending, som til dømes brann, forureining eller havari, bli negativt påverka. MET førebur seg mellom anna ved å etablere redundante løysingar for IT-system og modellberekningar, og ved å kunne flytte oppgåver mellom dei tre varslingssentralane i Tromsø, Bergen og Oslo. Det blir gjennomført eigne øvingar, og MET deltek i felles øvingar med samarbeidspartnarar.

Klima- og miljødepartementets vurdering

Basert på ovannemnde rapport vurderer KLD at status for meteorologitenester per i dag i all hovudsak er god. For å halde ved lag kvalitetet i kapabiliteten framover er det viktig å sikre ei forsvarleg forvalting og fornying av observasjonsutstyret.

MET arbeider godt for å utvikle ny kunnskap og formidle tenester til samarbeidspartnarane og til heile befolkninga. I eit samfunnstryggleiksperspektiv er det viktig at informasjon om vêret er ei lett tilgjengeleg og gratis teneste.

Departementet tek til etterretning at det er utfordringar med god varsling av nedslagsfeltet til kraftige regnbyer. Departementet vurderer derfor vidare utvikling av metodikk og formidling av farevarsel som viktig. Samtidig er utvikling og innføring av detaljerte vêrvarslingsmodellar i all hovudsak ein styrke for samfunnstryggleiken.

Utviklingsmoglegheiter

Klimaforsking viser at jordsystemet (atmosfære, jord, vatn, hav, is, økosystem) og menneskeleg aktivitet er kopla saman. Modellane for berekning av klima er jordsystemmodellar, der modellen t.d. for vêret er direkte påverka av prosessane i atmosfæren, jord, vatn, hav, is, økosystem og menneskeleg aktivitet. For operasjonell varsling er det ikkje teke tilstrekkeleg omsyn til korleis vêret påverkar jordsystemet og vekselverknaden mellom elementa i jordsystemet. MET har i dag ikkje eit modellsystem som er tenleg for heilskapleg varsling, og observasjonssystemet som er avgjerande for å berekne ein god starttilstand for prognosane er ikkje utvikla som eit balansert, jordsystemorientert målenett. Forbetra jordsystemvarsling er viktig for å redusere risiko i samfunnet, i samband med jordbruk, naturmiljø, skadar som følgje av vatn osv.

Eit sentralt trekk i utviklinga av vêrvarsling er betre og auka bruk av data og informasjon. Observasjonar frå satellittar, vêrradarar, målestasjonar og «tinga sitt internett» korrigerer fortløpande vêrvarsla. Vêrvarslingsmodellar blir meir detaljerte med omsyn til lokale forhold, blir oppdatert oftare og bereknar òg sannsynet i vêrvarselet. Det siste gir sannsynsbaserte varsel og auka evne til å varsle vêrutviklingar med store konsekvensar. Etatar og andre aktørar som brukar MET sine prognosar og varsel får gjennom dette høve til å gjere sannsynsbaserte vurderingar knytte til hendingar og konsekvensar aktørane har ansvar for.

I sum kan operasjonell jordsystemmodellering, eit godt koordinert observasjonssystem og betre bruk av tilgjengelege data og informasjon, setje oss i stand til å ta store steg i å forbetre kvalitet og spesialisering av varslingstenestene. Først og fremst gjeld det varsling av vêr (medrekna farleg vêr), overflatevatn og avrenning til elvar (medrekna flaum), underjordiske vassreservoar og hav, bølgjer og straum øvst i havet (medrekna risikoforhold til sjøs), og miljøforureining i luft, vatn, jord og hav (medrekna situasjonar med stort skadepotensial for helse og tryggleik). Ei slik modellutvikling må skje i tett samspel med andre etatar med ulike sektoransvar og spisskompetanse. Samfunnet vil gjennom dette bli betre førebudd på typen vêrhendingar vi ventar meir av og med større skadeomfang, som følgje av klimaendringar. For å ta ut potensialet, må det bli etablert tettare samarbeid mellom relevante aktørar. MET og NVE har i dag eit godt operativt samarbeid. Ein bør vurdere å utvide dette til større grad av felles modellar, IT-system og menneskelege vurderingar.

MET sine beredskapsmodellar kan tilpassast nye bruksområde innanfor miljø og tryggleik. Viktige område er radioaktivitet, plast i havet og utslepp av farlege gassar i atmosfæren. I forlenginga av MET sin operasjonelle kapasitet på spreiingsberekningar, er det òg potensial innanfor kategoriane «C» og «E» (i CBRNE), ved at MET kan bidra med døgnkontinuerleg beredskap for køyring av operative spreiingsberekningar for atmosfære og hav, både ved kritiske hendingar eller i ettertid ved køyring av trajektorieberekningar bakover i tid.

Romvêr er eit område MET reknar med å få ei nasjonal rolle i, også på sivil side. På militær side har MET allereie eit delansvar definert av prosedyrar i NATO. Det skjer eit planleggingsarbeid i regi av Norsk Romsenter og Forsvaret der relevante aktørar, inkludert MET, er med i diskusjonane. Det er truleg god samfunnsøkonomi i å varsle romvêr på regionalt nivå basert på den globale varslinga. Samdrift med den døgnkontinuerlege tenesta for vêrvarsling vil gi ei kostnadseffektiv teneste for romvêrhendingar.

Aktuelle tiltak

MET har arbeidd med utvikling av elementa i ein jordsystemmodell i fleire år, i samarbeid med andre meteorologiske institutt i Europa. Eit neste steg kan vere å etablere eit pilotprosjekt med føremål om å etablere ein operasjonell, regional jordsystemmodell der det først blir lagt mest vekt på vêr og vatn, så vêr og hav og etter det vêr og miljø. Denne prioriteringa speglar samfunnsbehova no og i dei næraste åra på grunn av endringa i flaum- og skredsituasjonen som følgjer klimaendringane. NVE og forskingsmiljøa innanfor hydrologi og geologi er naturlege samarbeidspartnarar. Etter kvart vil det vere føremålstenlig at forvaltings- og forskingsinstitutt innanfor oseanografi, luftkvalitet og miljø blir med.

Parallelt bør det vurderast å dreie observasjonssystema for atmosfære, vatn, hav, is og snø og miljø drive av forvaltinga i Noreg, i ei retning slik at starttilstanden i regionale jordystemsberekningar kan etablerast best mogleg, og til å validere slike berekningar.

Dei sannsynsbaserte prognosane som blir rekna ut både med dagens vêrmodellar og jordsystemmodellar i framtida gir auka høve til å varsle vêrutviklingar med store konsekvensar. For å kunne ta ut eit slikt potensial vil MET i tilfelle først betre eigen metodikk for varsling av naturfare og vidareutvikle verktøya for meteorologane. Deretter bør involverte etatar og beredskapsaktørar ta i bruk sannsynsbasert varsling og vurdere konsekvens og tiltak ut frå moglege vêrutviklingar.

MET ynskjer betre koordinering mellom aktørane innanfor beredskap og samfunnstryggleik knytt til naturfare, både for risikovurderingar og varsling. Eit aktuelt tiltak kan vere å initiere ein analyse av kva ein kan oppnå gjennom ei teneste som er betre koordinert for vurdering og varsling av naturfare, og korleis eit slikt samarbeid mellom MET og andre aktørar kan organiserast.

Relevante tiltak frå ROS-analysane for å oppretthalde eiga funksjonsevne

MET gjennomfører årleg ROS-analysar av dei kritiske leveransane i tråd med eit årshjul for risikostyringa. Det blir òg gjennomført øvingar for å teste beredskapsprosedyrane. Øvingane blir evaluerte og det blir utarbeidd tiltak for forbetringar.

MET etablerer no ein ny IT-leveransearkitektur. Denne skal i første omgang fokusere på behova til dei viktige prosjekta til MET i 2018. I tillegg ynskjer instituttet å byggje ned teknisk gjeld og auke takten i modernisering av IT-systema.

MET arbeider kontinuerleg med å betre IT-infrastrukturen og sikre instituttet sine IT-system mot langvarig svikt. Å etablere reserveløysingar og fase ut eldre utstyr er sentralt i dette arbeidet. Instituttet skal setje i drift nytt datalager for alle observasjonar og klimadata som MET forvaltar, som vil gi samfunnet betre tilgang til klimadata.

MET arbeider med å etablere oversikt over alle sentrale tenester med tilhøyrande verdikjeder. Oversikta skal inkludere teknisk tilstand og kritikalitet. Det skal etablerast livssyklusplanar for dei mest sentrale komponentane i verdikjedene.

Andre relevante tiltak i verksemdsplanane/årsrapporten som medverkar til auka samfunnstryggleik og -beredskap

Etter at MET og NVE hadde oppdatert metodikken for farevarsling, har dei to etatane arbeidd saman med NRK for å sikre at brukarane forstår varsla som blir sende ut. Dette aukar sannsynet for at mottakarane av naturfarevarsla kan ta betre og meir informerte avgjerder.

MET og DSB har starta utvikling av ny metodikk for varsling av skogbrannfare. Dette blir gjort i eit nordisk samarbeid, basert på det eksisterande nordiske samarbeidet innanfor numerisk vêrvarsling (MetCoOp).

9.2.6 Overvaking og varsling av flaum- og skredfare

Innleiing

Overvakings- og varslingstenestene for flaum og skred er viktige for tryggleiken i samfunnet. Desse tenestene varslar publikum og beredskapsmyndigheitene i forkant av naturhendingar slik at førebyggande eller skadereduserande tiltak kan setjast i verk. Føremålet er å unngå tap av liv og helse og å unngå skadar på verdiar og infrastruktur. Varslinga er også viktig for ei god risikoforståing og ein generell kompetanse om flaum- og skredfare i samfunnet.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvaret for den nasjonale flaum- og skredvarslingstenesta. Denne inneheld flaumvarsling, jordskredvarsling, snøskredvarsling, isvarsling og overvaking og varsling av store fjellskred.

NVE har utarbeidd vassføringsprognosar og flaumvarsel på regionalt nivå sidan 1989. Flaumvarselet gjev ei regional oversikt over område og vassdrag med fare for flaum basert på dei hydrologiske og meteorologiske tilhøva. NVE varslar publikum og det lokale beredskapsapparatet om flaumfare når det er venta at vassføringa i eit vassdrag eller vasstanden i ein innsjø vil overstige eit visst nivå.

Snø- og jordskredvarslinga starta i 2013, og er utvikla og drifta i samarbeid med Statens vegvesen og Meteorologisk institutt (MET). Varsla gir farenivået i ulike regionar, og er særleg retta mot beredskaps- og transportmyndigheitene. Snøskredvarslinga har også aktørar og enkeltpersonar innan friluftsliv som hovudmålgruppe. Andre viktige målgrupper er redningstenesta, forsvaret, reiselivet, utbyggarar og eigarar av det straumnettet. Ei evaluering av skredvarslinga i 2017 konkluderte med at skredvarslinga bidreg til betre samfunnstryggleik og må utviklast vidare (NVE rapport 38/2017).

Sidan 2015 har NVE hatt ansvar for å overvake og varsle farenivå for store fjellskred.

Det er lokale beredskapsmyndigheiter som avgjer og set i verk eventuelle tiltak ved fare for flaum eller skred. Dei har lokalkunnskap om skadepotensialet og gjerne erfaringar frå tidligare hendingar. Det er venta at lokale beredskapsmyndigheiter og aktørar har oppdaterte ROS-analysar og beredskapsplanar for utsette område og objekt. Det er kommunane, fylket og politi som er ansvarlege for den lokale og regionale krisehandteringa ved ei hending. NVE kan ved behov bidra med faglege råd, rettleiing og eventuelt andre skadereduserande tiltak.

Flaum og skred er saman med storm dei naturfenomena som gjer størst skade og tek flest menneskeliv i Noreg, jf. Meld. St. 15 (2011–2012) Hvordan leve med farene – om flom og skred, ref figur 9.1 (kap. 9.2.3). Det er få dødsulykker knytt til flaum, men flaum forårsakar store økonomiske kostnadar og får ofte konsekvensar for eit større geografisk område enn skred. Erstatning frå naturskadeforsikring og Statens naturskadeordning til flaum og skred i perioden 1980–2018 var 11 mrd. kroner (2018-kroner), av dette utgjer erstatningane dei siste ti åra (2009–2018) 6 mrd. kroner. I tillegg kjem kostnadar som blir dekte av andre erstatningsordningar og skadar på offentlig infrastruktur. Fjellskred er sjeldne, men har ført til nokre av dei største naturkatastrofane i Noreg, slik som i Loen (1905 og 1936) og i Tafjord (1934). I desse tre hendingane omkom 174 menneske. Fjellskredgenererte flodbølgjer kan ramme strandsona fleire kilometer frå sjølve skredet. I DSB sin rapport «Analyser av krisescenarioer 2019» inngår eit varsla fjellskred frå Åkneset på Sunnmøre.

Status- og tilstandsvurderingar

Flaum- og skredvarsling

Varslingstenesta for flaum- og skredfare er avhengig av stabil tilgang til data frå stasjonsnettet til MET, NVE, Statens vegvesen og snøskredvarslinga sitt observatørkorps. I tillegg er tenesta avhengig av relevante IKT-verktøy for å dele data frå felt, køyre modellar og analysar, utarbeide varsel og formidle varsla til målgruppene.

Konsekvensen av for dårlege eller manglande varsel kan bli lågare tillit til varslingstenesta og at skadereduserande tiltak ikkje vert sett inn til rett tid og stad. Ein annan mogleg konsekvens er meir risikofylt ferdsel i skredutsette område. Dette gjeld òg for redningstenesta, både den profesjonelle og den frivillige delen.

MET og NVE har ei samarbeidsavtale som sikrar effektiv utveksling og deling av data, produkt og kompetanse, og har også samordna enkelte farevarsel. Når det er venta kraftig byenedbør om sommaren innanfor eit område, blir dette varsla av MET og NVE i samarbeid i form av eit varsel om kraftige regnbyer (styrtregn). Varselet er utferda av MET og beskriving av konsekvens av varselet er laga i samråd med NVE. Slike regnbyer kan føre til lokal overfløyming, overvatn i tettbygde område, endringar i bekke- og elveløp, jord- og flaumskred der regnbyene treffer.

Både MET og NVE har operative og beredskapsmessige rutinar slik at varslingstenesta er oppdatert, koordinert og operativ. NVE og MET sine varslingstenester har dagleg dialog for å vurdere behovet for flaum- og jordskredvarsel, og MET deltek med meteorologar i snøskredvarslinga. MET og NVE samarbeider med NRK om formidling av vêrdata og flaum- og skredvarsla gjennom NRK sine kanalar. Flaum- og skredvarslinga treng best mulige og oppdaterte vêrvarsel og vêrobservasjonar.

Snøskredvarslinga har om lag 100 observatørar som leverer observasjonar for varslingsregionane 2–3 gonger i veka. NVE har utvikla «Regobs» (mobilapp og web), som er eit registreringsverktøy for observasjonar, fareteikn og hendingar til bruk i varsling og beredskapsarbeid. Regobs kan brukast av alle til å sende inn og dele data frå felt, og er samkøyrd med data frå Statens vegvesen. Regobs har ein open data-policy som gjer det mogeleg for etatar og publikum å dele eit felles situasjonsbilete under kriser.

NVE er i ferd med å ta i bruk Sentinel satellittdata for operativ bruk i flaum- og skredvarslinga i samarbeid med Norsk romsenter, Statens vegvesen, NORCE og Norsk reknesentral. Dette er ein del av Noreg sin innsats i Copernicus-programmet.

NVE sitt målestasjonsnett er omfattande, og utfall av nokre få enkeltstasjonar er sjeldan kritisk. Sanntidsdata frå målestasjonar for snø, grunnvatn, vasstand og vassføring i vassdrag over heile landet er ein viktig føresetnad for jordskred- og flaumvarsling. Desse varslingane brukar data frå om lag 500 målestasjonar. NVE eig og driftar om lag 180, og dei resterande 320 har andre eigarar, for det meste vasskraftselskap. Halvparten av stasjonane som er eigd av andre vert i dag drifta av NVE og data er difor lett tilgjengeleg for NVE. For stasjonar drifta av andre enn NVE, er ein avhengig av at stasjonseigar føretek regelmessig innsending av data. For dei fleste av desse målestasjonane er stasjonseigar pliktig å levere inn data fortløpande etter pålegg i samband med vasskraftkonsesjonar. NVE erfarer at det er naudsynt med auka tilsynsverksemd med slike målestasjonar for å sikre høg kvalitet og stabil leveranse av data.

NVE planlegg fleire nye stasjoner i små nedbørfelt og i urbane område, men utbyggingstakta er låg. Det vert gjort store endringar på dei teknologiske løysingane rundt den automatiserte innhentinga av data frå målestasjonane for å minske tida frå observasjon til data er tilgjengeleg, og for å vere betre rusta ved utfall av kommunikasjonslinjer. Arbeidet med å styrke målestasjonsnettet er eit langsiktig arbeid som vil halde fram i fleire år.

Plattforma Varsom.no har sidan 2013 vore NVE sin hovudkanal for formidling av varsel. Varsom er ei samling av tenester levert av NVE, i samarbeid med MET og Statens vegvesen. Varsom viser også landbaserte naturfarevarsel frå MET, til dømes styrtregn og vind. MET og NVE har dei siste årene jobba med å samordne farevarsel frå etatane, både når det gjeld form, innhald og kommunikasjon av varsel. Det vert brukt internasjonale standardar for farevarsling.

Varsel for flaum- og skredfare vert også publisert på vêrtenesta yr.no og på halo.met.no. Alle kan abonnere gratis på flaum- og skredvarsel på e-post eller SMS. NVE sine varsel vert også vidareformidla av nasjonale og lokale medium og gjennom sosiale medium. Varsel av ein alvorleg situasjon (oransje farenivå) for flaum- og jordskredvarslinga, og snøskredvarsel av stor fare (raudt farenivå) vert i tillegg sendt til relevante fylkesmenn, vegtrafikksentralen, MET og beredskapspersonale i NVE. Fylkesmannen vidareformidlar varsla til relevante kommunar. Ved behov vert sakene òg publisert på NTB, NRK TV og radio, samt DSB sin kriseinfo.no.

Varslingstenestene i NVE er avhengig av stabil og sikker drift av ulike IKT-verktøy. NVE sitt IKT-driftsmiljø er vurdert å ha kompetanse og ressursar til å forvalte IKT-system og store mengder data. IKT-tenesta i NVE har gjennomgått programma som vert brukte i varslinga og har bygd inn mekanismar mot risiko og sårbarheit. Det er innført ei vaktordning for alle dagar heile året for at NVE si varslingsteneste kan få støtte innan IKT.

Varslingsgruppa for flaum- og jordskredvarsling har 20–22 medarbeidarar frå NVE og to frå Statens Vegvesen. Snøskredvarslinga har 32 medarbeidarar inkludert sju frå MET og fem frå Statens Vegvesen. I tillegg er det om lag 100 observatørar rundt omkring i landet. Totalt utgjer dette mange varslarar og observatørar, som er naudsynt for å oppretthalde ei kontinuerleg og landsdekkjande teneste. Kvar einskild arbeider ikkje heiltid med varslinga, dei fleste har andre oppgåver eller jobbar ved sidan av. Varslingstenesta må ha kapasitet til å analysere situasjonen, følgje med på sanntidsdata, observasjonar og modellprognosar, utarbeide, publisere og sende varsel. I tillegg må dei følgje med og ha fortløpande kontakt med regulantar, gi råd til NVE sine regionkontor og beredskapsmyndigheiter og handtere media.

Varslingstenestene er spesielt sårbare ved manglande personalressursar i periodar med ferie, ved langvarige hendingar og i periodar med sjukdom og/eller permisjonar. Ved store flaumar er det eit behov for å styrke bemanninga til flaumvarslinga for å vere betre i stand til å takle krevjande og langvarige situasjonar. Det er etablert ei intern ressursgruppe i NVE for å avlaste varslingstenestene.

Fjellskredovervaking

Erfaringar viser at fjellskred utviklar seg over tid gjennom langvarige, sakte deformasjonar og bevegelsar i fjellet. Dette ligg til grunn for at overvaking, varsling og evakuering utgjer hovudelementa i beredskap mot fjellskred (Figur 1). Ei fjellskredhending stiller store krav til samfunnet si evne til krisehandtering og omstilling. Nasjonal beredskapsplan for fjellskred beskriv rammene for korleis beredskap mot fjellskred skal etablerast og driftast (NVE rapport nr. 44/2015). Planen beskriv også ansvar og roller.

Figur 9.2 Skjematisk framstilling av venta utvikling av fjellskred, med inndeling i farenivå (grønt, gult, oransje og raudt).

Figur 9.2 Skjematisk framstilling av venta utvikling av fjellskred, med inndeling i farenivå (grønt, gult, oransje og raudt).

Grunnlaget for dimensjoneringa av overvakinga og beredskapen vert skaffa gjennom risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS-analysar). Både direkte konsekvensar, for eksempel i nedslagsområde og fareområde for flodbølgjer, og indirekte konsekvensar slik som brot i kritisk infrastruktur må vurderast. Av omsyn til tryggleiken til folk skal beredskapen dimensjonerast slik at det utan rimeleg tvil kan antakast at menneske ikkje vil kome til skade som følge av eit fjellskred. Bygningsteknisk forskrift (TEK17 § 7-4 b) sine krav skal leggast til grunn for design av overvaking, varslingstid og responstid.

NVE har ansvaret for og finansierer kartlegging av fjellskredrisiko i Noreg, eit arbeid som Norges geologiske undersøking (NGU) utfører på oppdrag frå NVE. Dette arbeidet inkluderer ei fare- og risikoklassifisering. Dette er ein kontinuerleg aktivitet. Kartlegginga av Møre og Romsdal vart ferdigstilt i 2019, medan kartlegginga i Sogn og Fjordane og Troms framleis vil ta nokre år til. Vidare er det starta kartlegging i Hordaland og Rogaland, i tillegg til enkelte område i Telemark og Nordland. Det siste året er det også utført kartlegging i Oppland og Finnmark.

NVE har per i dag sju fjellparti under kontinuerleg overvaking, men vidare kartlegging vil kunne avdekke behov for overvaking av fleire fjellparti. Ei rekkje område vert også overvaka periodisk, blant anna ved bruk av satellitt. Det er venta at fleire nye fjellparti vil ha behov for periodisk overvaking. Eit auka tal på overvakingsobjekt vil krevje fleire tilsette og økonomiske ressursar.

Klima- og miljødepartementets vurdering

Basert på ovannemnde rapport vurderer KLD flaum og skredvarsling til i all hovudsak å vere tilfredsstillande. MET og NVE samarbeider tett med å utveksle og dele data. Dette gjer det enklare og meir effektivt når det er behov for å samordne farevarsel.

Endringar i klimaet medfører eit behov for nye målestasjonar og også kartlegging- og overvaking av fjellskredrisiko. KLD støttar OED si vurdering om at utbyggingstakten for målestasjonar er låg, og merkar seg at overvaking av fleire fjellparti vil krevje fleire tilsette og økonomiske ressursar. Departementet merker seg òg at varslingstenestene er sårbare ved manglande personell i periodar med ferie og at NVE har etablert ei ressursgruppe for å sikre varslingstenesta i slike periodar.

Utviklingsmogelegheiter

Flaum- og skredvarsling

Flaum- og skredvarslinga har behov for betre presisjon med hyppigare oppdatering av prognosane. Det er behov for å forbetre modell- og IKT-verktøya, samt datagrunnlaget dei neste åra for å auke kvalitet og effektivitet i arbeidet, samt at formidlinga til brukarane blir endå meir effektiv.

MET, Statens vegvesen og NVE arbeider saman for å betre varslingstenestene. Det må arbeidast kontinuerleg med å få eit betre observasjonsgrunnlag, modellar, prognosar og produksjonssystem for utarbeiding av varsel. NVE si evne til å oppretthalde og betre varslingstenesta er svært avhengig av gode IKT-system og ressursar for å drifte og utvikle nye verktøy. Det er også behov for å utvikle nye produkt og kommunikasjonsformer som treff dei ulike brukargruppene betre.

Hydrologiske og meteorologiske målestasjonar er kostnadskrevjande både å byggje og drifte. For å kunne oppretthalde, vidareutvikle, og effektivisere er det viktig å finansiere både stasjonsdrift og FoU-aktiviteter.

Snøobservasjonane er kritiske for å ha ei nasjonal snøskredvarsling med tilstrekkeleg kvalitet og tillit, og dette krev systematisk arbeid med persontryggleik og kompetanse. På same måte er observasjonar i sanntid av vassføring og vasstand kritisk for flaumvarslinga og krev ei satsing for å bevare tilgang i sanntid til eksisterande målestasjonar, og å opprette nye stasjonar i område som er utsette for flaum.

Også satellittdata vil bli viktigare for flaum- og skredvarslinga framover, og NVE er avhengig av å utvikle og ta i bruk ei operativ produksjons- og distribusjonslinje. Det er behov for tilgang på Sentinel satellittdata i nær sanntid frå Copernicus-programmet.

Fjellskredovervaking

NVE er avhengig av at ein får tilgang på satellittdata gjennom Copernicus-programmet og tenesta som er utvikla i eit samarbeid mellom NGU, NVE og Norsk romsenter. Eit kritisk element i overvakinga er ofte infrastrukturen (straum og samband) i fjellet, og det vert arbeidd med utvikling av feltinstrument med lågt straumforbruk.

Det auka talet på overvakingsobjekt, både når det gjeld kontinuerleg og periodisk overvaking, vil føre til behov for meir personell og auka økonomiske ressursar. Spesielt vil det kunne vere utfordringar med tilstrekkelig personell hos NVE under krisesituasjonar som trekk ut i tid.

I enkelte område kan det vere aktuelt med andre tiltak. Overvakinga og beredskapen fungerer godt så lenge fjellpartia er rolege, men med auka farenivå og eventuell evakuering vil det vere svært krevjande for samfunnet generelt å handtere situasjonen.. Store konsekvensar vil allereie kome med første evakuering. I slike situasjonar vil andre typar tiltak få merksemd.

For fjellpartiet Åkneset vert det no gjennomført omfattande undersøkingar for å vurdere om drenering er eit realistisk tiltak. Dette vil potensielt kunne redusere risiko og store samfunnskostnadar. Det er i alle høve for tidleg å konkludere med om drenering er eit eigna tiltak, og det er framleis mangel på kunnskap omkring vatn i bratte fjellsider.

Fjellskred utgjer ein stor samfunnsrisiko, og det er viktig med forsking og utvikling av ulike løysingar for instrumentering. Dette inkluderer analyser av flodbølgjer og ulike modellverktøy for fjellskred. Vidare er det i dag usikkert korleis klimaendringane påverkar dei ustabile fjellsidene.

Aktuelle tiltak

Vidareutvikling av flaum- og skredvarsling

For å oppretthalde ei varslingsteneste med god kvalitet og stor nytte for samfunnet må tenesta utviklast kontinuerleg. Det kan vere behov for å styrkje observasjonsgrunnlaget, utviklinga av varsel, kommunikasjonsplattformer og fagkompetansen i NVE. Under hendingar kan bemanninga vere sårbar, og interne løysingar for å auke fleksibiliteten må utviklast vidare.

Utnytte teknologisk utvikling

Framover er det viktig å utnytte moglegheitene som teknologisk utvikling gir, for eksempel gjennom ytterlegare digitalisering, til dømes med kunstig intelligens og maskinlæring, for å effektivisere rutinar for å vurdere flaum- og skredfare og utarbeide varsel.

Sikre tilgang på data

Det er særleg utfordrande å sikre stabil tilgang på gode data frå stasjonar som NVE ikkje sjølv eig eller driftar. I tillegg er det viktig å sikre tilgang på radardata frå satellittar. Dette vil truleg også krevje meir ressursar framover.

FoU

Forsking og utvikling bør prioriterast for å lage betre og meir presise datagrunnlag og modellar innan flaum- og skredvarslinga, i tillegg til å styrkje avgjerdsverktøy og -metodar, produksjonssystem og kommunikasjonsverktøy for utarbeiding og kommunikasjon av varsel.

Forsking knytt til ulike problemstillingar innan fjellskred bør prioriterast. Drenering kan vere eit viktig tiltak nokre stader, men det krev ei betydeleg kunnskapsoppbygging om korleis vatn oppfører seg og påverkar stabiliteten i bratte fjellsider.

Samarbeid

Flaum- og skredvarslinga er ein viktig del av Noreg sin samfunnstryggleik, og NVE har med seg Meteorologisk institutt og Statens vegvesen som aktive partnarar i varslinga. Statens vegvesen deltek i produksjon og utvikling av skredvarsla med varslarar, observatørar, vêrstasjonar og finansiering. Det er viktig at etatane også i framtida er godt samordna og koordinert – det gjev effektiv beredskap og krisehandtering.

9.3 Informasjonstryggleik og førebuande tryggleik i miljøforvaltinga

I nasjonal strategi for informasjonstryggleik og handlingsplan er det slått fast at fagdepartementa har eit overordna ansvar for å ta vare på tryggleiken i sektoren sin IKT-infrastruktur. I arbeidet med å følgje opp strategien har departementet gitt underliggjande etatar i oppdrag å få på plass eit styringssystem for informasjonstryggleik, (ISMS), som oppfyller krava i ISO 27001-standarden. Miljødirektoratet, Norsk Polarinstitutt og Riksantikvaren har alle etablert styringssystem for informasjonstryggleik og er no sertifiserte etter ISO-27001-standarden. I 2019 vart det oppretta eit internt revisjonsnettverk i sektoren som kan nyttast i samband med årlege revisjonar av styringssystemet for informasjonstryggleik. Dette nettverket kan frå 2019 nyttast ved interne revisjonar etter ISO-27001-standarden i eigen sektor. Meteorologisk institutt skal etablere eit styringssystem for informasonstryggleik på verksemda sine viktigaste område innan 1. januar 2020 med sikte på ei sertifisering i løpet av 2020. Norsk kulturminnefond og Artsdatabanken har ikkje fått krav om sertifisering etter ISO27001-standarden. Begge etatane skal likevel ha etablert eit styringssystem for informasjonstryggleik som er tilpassa verksemdenes storleik og eigenart i løpet av 2020.

9.4 Førebuande sikkerheitsteneste

Ny lov om nasjonal sikkerheit tok til å gjelde 1. januar 2019. Lova har som føremål å tryggje våre nasjonale sikkerheitsinteresser og å førebyggje, avdekkje og motverke sikkerheitstrugande verksemd. Dei nasjonale tryggingsinteressene skal sikrast gjennom å vareta grunnleggande nasjonale funksjonar (GNF). Slike funksjonar er tenester, produksjon og andre former for verksemd der eit heilt eller delvis bortfall av funksjonen vil få konsekvensar for staten si evne til å vareta dei nasjonale tryggingsinteressene.

For å verne dei nasjonale sikkerheitsinteressene, legg regelverket opp til at vi skal verne verdiar i form av informasjon, informasjonssystem, objekt og infrastruktur (skjermingsverdige verdiar) som er vesentlege for å vareta nasjonale sikkerheitssinteresser. Departementa skal i medhald av sikkerheitslova § 2-1 identifisere GNF og gjere vedtak overfor verksemder som har avgjerande innverknad for GNF. I tråd med kgl. res. 20. desember 2018 pkt. 3 bokstav e skal dette gjerast innan rimeleg tid. Kva som er «rimeleg tid», avheng mellom anna av storleiken på den aktuelle samfunnssektoren, omfanget av skjermingsverdige verdiar, kompleksiteten på verdikjedene og den sikkerheitsfaglege kompetansen i departementa.

Klima- og miljødepartementet tek sikte på å fastsetje GNF i eigen sektor innan utgangen av 2019. I lys av dette vil departementet stadfeste kva for verksemder som er av vesentleg eller avgjerande innverknad for GNF, og deretter gjere vedtak om at lova skal gjelde for bestemde verksemder dersom det er naudsynt. Verksemder som er eller blir omfatta av lova, skal utarbeide skadevurderingar med bakgrunn i dei identifiserte GNF. Skadevurderingane vil danne grunnlaget for departementet si utpeiking og klassifisering av eventuelle skjermingsverdige objekt og skjermingsverdig infrastruktur i sektoren, og fastsetjing av fristar for gjennomføring av naudsynte sikringstiltak. Klima- og miljødepartementet har gjennomført ein betydeleg del av arbeidet i 2019.

Fram til det er gjort vedtak etter ny lov, gjeld alle vedtak som er gjorde etter den gamle lova. Dette inneber mellom anna at objekt som er klassifiserte etter gammal sikkerheitslov, også er klassifiserte etter ny lov, jf. kgl. res. 20. desember 2018, pkt. 2 bokstav d.

10 Fornye, forenkle og forbetre, og likestilling og mangfald i miljøforvaltinga

10.1 Forenklingsarbeid, modernisering og betre gjennomføringskraft

Organisering

Klima- og miljødepartementet er overordna etats- og eigarstyrar for Miljødirektoratet, Riksantikvaren, Enova, Meteorologisk institutt, Norsk Polarinstitutt, Artsdatabanken, Norsk Kulturminnefond, Svalbards miljøvernfond, Kings Bay AS og Bjørnøen AS.

Det statlege miljøarbeidet blir regionalt teke vare på av miljøvernavdelingane hos Fylkesmannen, fylkeskommunane og Sysselmannen på Svalbard. Etatar som NORAD, Sjøfartsdirektoratet, Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet og Folkehelseinstituttet har oppgåver innanfor miljøområdet som Klima- og miljødepartementet styrer.

Forenklingsarbeid, modernisering og betre gjennomføringskraft i departementet

Klima- og miljødepartementet arbeider kontinuerleg med å effektivisere eiga drift.

Regjeringa bestemte at det skulle gjennomførast ein områdegjennomgang av miljøforvaltinga i 2016. Områdegjennomgangen vart gjennomført med deltaking frå Klima- og miljødepartementet, Finansdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og eksterne, og vart ferdigstilt i midten av desember 2016. Områdegjennomgangen resulterte i 32 tilrådingar om korleis miljøforvaltinga kan bli betre og meir effektiv. Tilrådingane inkluderte òg Klima- og miljødepartementets sektorovergripande rolle.

Fleire av tilrådingane omhandla dei administrative systema. Det vart identifisert fleire moglegheiter for å effektivisere dei administrative områda.

Klima- og miljødepartementet har samla IKT-driftsfunksjonane og etablert felles strategisk innkjøpsfunksjon for miljøforvaltninga. Arbeidet med å etablere felles arkivfunksjon i miljøforvaltinga er påbegynt. Vidare skal samvirke maksimerast innan andre administrative funksjonar for å auke kunnskapsgrunnlag for betre planlegging og avgjerder.

Det er i tillegg sett i gang eit strategiarbeid for betre og meir effektive administrative tenester på tvers av departementa der Klima- og miljødepartementet deltek aktivt i arbeidet.

IKT-strategi for miljøforvaltinga

Krava til IKT-løysingar og IKT-tryggleik i offentleg forvalting blir stadig viktigare og meir omfattande. IKT-strategien for miljøforvaltinga legg føringar for korleis IKT skal driftast, sikrast og utviklast vidare i sektoren. Dagens strategi gjeld fram til 2020. Ny strategi som skal gjelde for perioden 2020–2024 er under utarbeiding og skal ferdigstillast innan utgangen av 2019. Fokus i ny strategi vil blant anna vere på digitalisering, dataformidling, IKT-tryggleik og samordning. Som eit ledd i oppfølginga av dagens IKT-strategi vart det etablert ei felles driftseining for miljøforvaltninga som skal ivareta alle IKT-driftstenester for Miljødirektoratet, Riksantikvaren og Norsk Polarinstitutt. Arbeidet med å betre og utvikle vidare desse driftstenestene vil halde fram i 2020. Frå og med 1.1.2020 skal felles IKT-driftseining også drifte dei fleste IKT-systema og tenestene til Norsk kulturminnefond og Artsdatabanken.

Forenklingsarbeid, modernisering og betre gjennomføringskraft i etatane

Miljødirektoratet

Miljødirektoratet har i dag mange digitale løysingar som er utvikla og forbetra gjennom fleire år. Tenestene er på fleire område utvikla med bakgrunn i ambisjonen om å sikre ei effektiv og god brukaroppleving for eksterne brukarar, saman med ein påliteleg og effektiv intern saksbehandling.

Det er mellom anna utvikla heildigitale løysingar for betaling av jeger- og fiskeavgifter, heildigital behandling av søknader for tildeling av fallvilt for preparantar, og lisensiering av ringmerker i Ringmerkbasen. Miljøvedtaksregisteret er ei digital innsynsløysing som gir allmenta fri tilgang til enkeltvedtak og forskrifter på miljøområdet.

Miljødirektoratet jobber kontinuerleg med å vidareutvikle og digitalisere arbeidsprosessane i tilskotsforvaltingssystemet Elektronisk søknadssenter (ESS), som har bidrat til effektivisering både i forvalninga og for søkjar.

Mens Miljødirektoratet er i gevinstrealiseringsfasen for fleire etablerte løysingar, til dømes produktregisteret og grunnforureining, er dei i utviklingsfasen på andre område. Bruk av droneteknologi i overvaking og robotteknologi innanfor regnskap er døme på ny teknologi som det blir arbeidd med framover.

Riksantikvaren

Kunnskapsløftet er Riksantikvarens viktigaste delsatsing for å effektivisere og modernisere kulturminneforvaltinga. Satsinga inkluderer å digitalisere og gjere tilgjengeleg data, blant anna gjennom å digitalisere eigne arkiv, og utvikle gode saksbehandlingssystem. Digitaliserte arkiv gir god tilgang på informasjon for fylkeskommunar og kommunar.

Digitaliseringsprosjektet vart avslutta i 2017, og arbeidet med å digitalisere saksarkiva er dermed ferdigstilt. Prosjektet sin største gevinst er digital tilgang til kjeldene, både for forvalting, forsking og publikum, uavhengig av fysisk plassering. Digitalisering sikrar òg bevaring av forgjengeleg arkivmateriale, og frigjer lokal fordi digitalisert arkivmateriale kan avleverast til Riksarkivet.

Kulturminne i kommunen (KiK) er eit delprosjekt i Kunnskapsløftet, og har som formål å setje kulturarv på den lokalpolitiske dagsordenen og få kommunane til å utarbeide kulturminneplanar. Prosjektet varer ut 2020, og framdrifta i prosjektet er i samsvar med prosjektmål og styringsparameter.

Gjennom samarbeid med Riksarkivet, Statens Kartverk og Kulturrådet om tilgjengeleggjering av opne data kan allmenta enkelt vidarebruke data direkte i sine eigne datasystem.

Kulturminnefondet

Kulturminnefondet saksbehandla 1663 søknadar i 2018, som er ein auke på 16 pst. frå 2017. Kulturminneadministrasjonen skal vidareutvikle og effektivisere arbeidsprosessane, og i samarbeid med Miljødirektoratet innføre nye digitale løysingar i tilskotsforvaltinga. Søkjar skal kunne søkje direkte i portalen og tilskotsmottakar skal rapportere i portalen. Kulturminnefondet tar i bruk miljøforvaltinga si felles IKT-plattform frå 2020.

Nettstader og portalar

Meteorologisk institutt (MET) si viktigaste vêrtjeneste er Yr, som er eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt og NRK. I tillegg formidlar MET vêret på TV og i radio, og i sosiale medium som Twitter og Facebook. For offentlege verksemder leverer instituttet vêrtenesta Halo, som er ei innloggingsteneste med spesialiserte produkt.

Meteorologisk institutt sitt offisielle datagrunnlag og produkt er også fritt tilgjengelig for publikum for bruk, spreiing og vidare bearbeiding. Data kan hentast frå instituttet sine nettstadar eller programmeringsgrensesnitt, som til dømes api.met.no, frost.met.no, threddsmet.no og klimaservicesenter.no.

Både instituttet og samfunnet har gevinst av instituttet sine opne data og tenester. At tenestene blir gitt på opne og standardiserte format gjer det enkelt for andre å integrere vêr- og klimainformasjon i eigne tenester, både bedriftsinterne og til publikum. Dette bidreg på sikt til å forenkle intern tenesteproduksjon ved instituttet.

Miljødirektoratet har lansert nytt hovudnettstad, miljødirektoratet.no. Den nye hovudnettstaden har bidrege til å redusere mengda nettstader, og det støttar opp om målet om meir sjølvbetening gjennom å tilby rettleiing av brukarar.

Miljøforvaltinga har som mål å formidle påliteleg, aktuell og forståeleg miljøinformasjon. Hovudkanalen for informasjon om miljøets tilstand og utvikling er miljøstatus.no, som har ei målsetjing om å vere den viktigaste kjelda til kunnskap om miljøets tilstand og utvikling. I tillegg driftar miljøforvaltinga ei rekkje nettstader for meir spesifikk informasjon og målgruppetilpassing. Døme på dette er askeladden.ra.no, miljokommune.no og klimatilpasning.no.

Askeladden.ra.no inneheld data om kulturminne og kulturmiljø som er freda etter kulturminnelova, verna etter plan- og bygningslova, eller kulturminnefagleg vurdert som verneverdige. Miljokommune.no er ein oversikt over kommunanes myndigheit og plikt, og hjelp til sakshandsaming innan miljøtema. Klimatilpasning.no har samla aktuell kunnskap og informasjon om klimatilpassing på ein stad.

Klima- og miljødepartementet og fleire underliggjande etatar er til stades og kommuniserer aktivt i sosiale medium. På Facebook og Twitter treffer ein både gamle og nye brukarar på nye måtar.

10.2 Rapport om likestilling og mangfald i miljøforvaltinga

Miljøforvaltinga er pålagt å arbeide aktivt, målretta og planvist for likestilling og mot diskriminering innanfor eiga verksemd. Tabellane 10.1, 10.2 og 10.3 viser kvinnedelen i verksemdene, totalt og på ulike stillingsnivå, samanlikning av kvinner og menn si månadlege gjennomsnittsløn på ulike stillingsnivå, statistikk for menn og kvinner sitt sjukefråvær, delen av menn og kvinner på deltid og mellombels stilling for 2018. Norsk kulturminnefond og Artsdatabanken har svært få medarbeidarar og er derfor ikkje med i oversiktene.

Tabell 10.1 Oversikt over del kvinner i pst. i miljøforvaltinga

Totalt

Topplei.1

Mellomlei.

Høgtlønte rådg.2

Saksbeh.

Kontor

KLD

59

33

50

59

68

Miljødirektoratet

55

40

61

56

55

57

NP

39

50

33

47

88

50

RA

63

66

73

63

61

MET3

37

37

25

-

-

-

1 Toppleiar omfattar øvste leiar og leiar av avdelingar (mellomleiarar er leiarar av seksjonar og einingar under avdelingsnivå).

2 Høgtlønte rådg. omfattar seniorrådgivarar, spesialrådgivarar og tilsvarande stillingar. For KLD er spesialrådgivarar, fagdirektørar og seniorrådgivarar klassifiserte som høgtlønte rådgivarar. Rådgivarar, førstekonsulentar og seniorkonsulentar er klassifiserte som saksbehandlarar.

3 Stillingskategoriane til MET let seg ikkje klassifisere til rådgivar, saksbehandlar og kontor. Mellomleiarar er avdelingsleiarar.

Tabell 10.2 Prosentoversikt over kvinnene og mennene si gjennomsnittsløn i miljøforvaltinga

KLD

Miljødirektoratet

NP

RA

MET2

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

Totalt

89,1

100

100

98,9

99

100

100

99

93,2

100

Topplei.1

100

95,4

100

89,5

80

100

100

94

100

98,2

Mellomlei.

97,6

100

100

99,1

100

92

100

94

98,8

100

Høgtlønte rådg.

94,1

100

98,7

100

95

100

99

100

-

-

Saksbeh.

97,6

100

97,7

100

95

100

99

96,0

-

-

Kontor

0

0

100

80,1

100

91

-

-

1 Toppleiarar i KLD inkluderer berre dei som er på leiarlønskontraktar unnateke departementsråd. For KLD er spesialrådgivarar, fagdirektørar og seniorrådgivarar klassifiserte som høgtlønte rådgivarar. Rådgivarar, førstekonsulentar og seniorkonsulentar er klassifiserte som saksbehandlarar. Toppleiinga i RA inkluderer berre avdelingsleiarar.

2 Stillingskategoriene til MET let seg ikkje klassifisere til rådgivar, saksbehandlar og kontor. Mellomleiarar er avdelingsleiarar.

Tabell 10.3 Oversikt over deltid, mellombelse stillingar, foreldrepermisjon og fråvær fordelt på kvinner og menn i miljøforvaltinga

KLD

Miljødirektoratet

NP

RA

MET

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

Deltid

17,1

6,7

14,4

6,8

6,0

6,9

3,9

1,7

11,8

5,7

Mellombelse2

3,6

1,9

4,6

4,2

21,2

19,8

19,4

13,6

9,7

5,7

Legem. fråv. 2018

2,5

2,1

3,9

2,8

6,0

4,9

4,8

3,8

4,2

1,6

1 Pst. del av kvinner/menn på deltid (av totalt tal kvinner eller menn).

2 Pst. del av kvinner/menn i mellombels stilling (av totalt tal kvinner eller menn).

I det følgjande er rapportert status og tiltak i dei enkelte verksemdene.

Klima- og miljødepartementet

Gjennomsnittlig lønnsforskjell mellom kvinner og menn har auka på totalnivået sidan 2017/2018. Grunnen til dette er at det er blitt tilsett fleire kvinner i rådgivar- og førstekonsulentstillingar. Det er no langt fleire kvinner enn menn i rådgivar- og førstekonsulentstillingar, mens det er noko fleire mannlege avdelingsdirektørar, ekspedisjonssjefar og spesialrådgivarar. Dette heng truleg saman med at det er ei klar overvekt av kvinnelege søkjarar til førstekonsulent-/rådgivarstillingar, mens det er jamnare kjønnsvis fordeling blant søkjarar til andre stillingskategoriar. Men innan kvar stillingskategori er lønnsforskjellen mindre, og kvinner har f.eks. høgare lønn enn menn på toppleiarnivå.

Oppfølginga av regjeringas inkluderingsdugnad er eit viktig innsatsområde for departementet. Klima- og miljødepartementet har justert stillingsannonsane, men arbeider framleis med å gjere tekstane endå betre. NAV gir bistand til utforming av stillingannonsar og med å finne aktuelle kandidatar i målgruppa. Det er blitt gjennomført eit internt leiarforum med inkluderingsdugnaden som tema. Våre HR-medarbeidarar deltek fortløpande på Difis kurs for oppfølging av inkluderingsdugnaden.

Departementet arbeider for at traineeordninga for personar med nedsett funksjonsevne blir nytta for å nå 5 pst. målet, og alle departementets stillingar blir no publiserte på https://www.jobbforalle.no/. I rekrutteringsprosessane er det sett fokus på inkluderingsdugnadens mål allereie ved behovsanalysen. Leiarar som rekrutterer blir oppmoda til å ta kvalifiserte søkjarar inn på intervju som har kryssa av på nedsett funksjonsevne eller har hol i CV.

Departementet har ført vidare IA-avtalas ordning med høve til 8 samanhengande eigenmeldingsdagar.

Meteorologisk institutt

Likestillingsarbeidet ved MET har som mål å sikre alle like høve i arbeidsforholdet.

Instituttet praktiserer ein lønnspolitikk som ikkje diskriminerer, der alle medarbeidarar skal ha høve til ei lønnsvis utvikling ut frå den enkelte sine føresetnader. Det skal førast ein lønnspolitikk som sikrar reell likelønn mellom kvinner og menn. For å avdekke misforhold blir ulike lønnsstatistikkar gjennomgått under førebuingane til lokale lønnsforhandlingar.

MET har som mål å auke kvinnedelen i stillingsgrupper der kvinner er underrepresentert. I 2018 var desse identifisert til leiarstillingar, forskarar og ingeniørar.

36,9 pst. av dei tilsette på Instituttet er kvinner. I tre av stillingskategoriane, ingeniørar (hovudsakleg IT-stillingar), leiarar og forskarar er kvinnedelen under 40 pst..

Det vart tilsett 37 medarbeidarar i 2018, av dette 16 kvinner. Ca. 28 pst. av søkarane var kvinner.

Totalt på MET er kvinnelønn 93,2 pst. av mannslønn. Kvinner si lønn i forhold til menn auka frå 2017 til 2018. Dette var også eit spesielt fokus i lønnsforhandlingane i 2018, og gjeld i dei fleste stillingsgrupper. I direktørens leiargruppe, forskargruppene og ingeniørane er kvinnelønn høgare enn mannslønn.

Instituttet har kartlagt og samanlikna tilsette i same stillingskategori ut i frå alder, kompetanse og ansiennitet og har ikkje funne systematiske lønnsforskjellar.

Instituttet har ein handlingsplan for likestilling. Handlingsplanen inneheld overordna mål for rekruttering, lønn, profilering, representasjon i råd og utval, kompetanseutvikling – under dette spesielt for forskarar, nulltoleranse for uønskt kjønnsvis merksemd/trakassering.

Det vart gjennomført ei medarbeidarundersøking i 2018 (Avant). Undersøkinga avdekte ingen signifikante skilnader mellom kvinner og menn.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn skal minst ein av desse innkallast til intervju. Språkkrav og sikkerheitsklarering set nokre avgrensingar i enkelte stillingar. 7 personar med innvandrarbakgrunn vart tilsette i 2018.

Miljødirektoratet

Kjønnsfordelinga på etatsnivå i Miljødirektoratet viser noko overvekt av kvinner – med 55,8 pst. kvinner og 44,2 pst. menn. Kvinnedelen har hatt ein marginal auke, men er på omtrent same nivå som i fjor. Stillingsgruppa med størst avvik i kjønnsbalansen i 2018 er mellomleiarar der det er 39,1 pst. menn og 60,9 pst. kvinner. Med unntak av i toppleiinga har alle andre stillingsgrupper også noko overvekt av kvinner.

Totalt for verksemda er det liten lønnsvis forskjell mellom kjønna, menn har 1,1 prosentpoeng lågare lønn enn kvinner. Dette viser ei utjamning i forhold til 2017 då kvinner låg 2,6 prosentpoeng lågare enn menn. For stillingsgruppene høgare lønna rådgivarar og saksbehandlarar har kvinner høvesvis 1,3 prosentpoeng og 2,3 prosentpoeng lågare lønn enn menn. For mellomleiarar (seksjonsleiarar) er det tilnærma lik lønn mellom kjønna. I gruppene toppleiing (miljødirektør og avdelingsdirektørar) og kontorstillingar er en motsett skeivheit, då menn har høvesvis 10,5 prosentpoeng og 19,9 prosentpoeng lågare lønn enn kvinner. Direktoratet har hatt fokus på arbeidet med å utlikne lønnsforskjellane mellom kjønna og tala viser at forskjellen har minska noko sidan 2017. Vi meiner at dei forskjellane vi har i lønnsnivå mellom kjønna ikkje er resultat av en systematisk forskjellsbehandling og skuldast tilfeldig variasjon.

Det er fleire kvinner enn menn som arbeider deltid, vi ser noko auke hos menn samanlikna med 2017. I 2018 var det 14,4 pst. av kvinnene som arbeidde deltid, 70 pst. av kvinnene som arbeider deltid arbeider 80 pst. eller meir. Blant menn er det 6,8 pst. som arbeider deltid.

Delen kvinner og menn som er mellombels tilsette er tilnærma lik, 4,2 pst. for menn og 4,6 pst. for kvinner.

Når det gjeld legemeldt sjukefråvær har kvinner noe høgare fråvær enn menn, 3,9 pst. mot 2,8 pst.. Dette er liten auke i forskjellen mellom kjønna sidan 2017.

Miljødirektoratet har rutinar for å sikre likestilling og hindre diskriminering ved rekruttering. Vi arbeider aktivt med fysisk tilrettelegging for personar med nedsett funksjonsevne, ved graviditet og ved sjukefråvær, og vi har eit tett samarbeid med bedriftshelsetenesta om dette. I begge byane held vi til i moderne lokale med gode høve til fysisk tilrettelegging.

Miljødirektoratet legg til rette for foreldrefråvær og anna omsorgsfråvær, og følgjer HTAs føresegner med omsyn til seniorpolitikk. Tilpassingsavtala tek var på dei krava som er stilte til verksemda i høve til likestillings- og diskrimineringslova, og skal reviderast og forhandlast på nytt i august 2019.

Det fortløpande arbeidet med å fremje likestilling og hindre diskriminering inngår i vårt HR-, HMS- og Internkontrollarbeid. På vårt intranett oppmodar vi til å seie i frå dersom ein opplever/kjenner til for eksempel diskriminering på arbeidsplassen. Vi har gode, oppdaterte og tilgjengelege rutinar og prosessbeskrivingar for varsling av kritikkverdige forhold. I 2018 var temaet oppe i alle avdelingar, og på verneombodssamlinga, i samband med etatens arbeid knytt til førebygging av seksuell trakassering. Det vart òg gjennomført ei fagleg samling for kvinner i feltstillingar.

Etter at IA-avtala fall bort, er det vedteke nye rammer og prosedyrar for praksisplassar i Miljødirektoratet. Følgjande grupper er vedtekne prioritert:

  • Fall ut av arbeidslivet av ulike årsaker/hol i CV på meir enn 2 år

  • Nedsett funksjonsevne

  • Behov for språktrening (med mål om å bestå Bergenstesten)

Inntak av praksisplasskandidatar skjer alltid via HR som også hjelper leiarar med introduksjonsplan og oppfølging/evaluering.

Miljødirektoratet arbeider aktivt med måla i inkluderingsdugnaden.

Riksantikvaren

Gjennom dei tre føregåande åra var det ingen differanse på gjennomsnittleg månadslønn for kvinner og menn på overordna nivå. I 2018 har det vore ei lita endring av den prosentvise fordelinga på lønn i forhold til tidlegare, slik at gjennomsnittleg lønn for menn no er 99 pst. av gjennomsnittleg lønn for kvinner hos Riksantikvaren. Innanfor kategorien toppleiing (avdelingsdirektørar) er det 33,3 pst. menn og 66,7 pst. kvinner, og gjennomsnittleg månadslønn for menn er 94 pst. av gjennomsnittleg månadslønn for kvinner. Tilsvarande tal for 2017 var 75 pst. På mellomleiarnivå (seksjonssjefar) har det vore ei endring av den prosentvise fordelinga på lønn frå 2017 då kvinnelege mellomleiarar tente 97 pst. av menn. I 2018 tener menn 94 pst. av kvinnelege mellomleiarar. Endringane på både toppleiar- og mellomleiarnivå skuldast i hovudsak at Riksantikvaren har fleire mellombelse avdelingsleiarar og seksjonssjefar i påvente av at omstillinga skal ferdigstillast i løpet av 2019. For høgare lønna rådgivarar (prosjektleiarar, fagdirektørar og seniorrådgivarar) har det vore ei lita endring frå 2017, slik at kvinner no tener 99 pst. av menn. Tilsvarande tal for 2017 var på 98 pst. For saksbehandlarar (rådgivarar og førstekonsulentar) er gjennomsnittleg månadslønn for kvinner i 2018 på 99 pst. Dette er ei endring mellom menn og kvinner frå 2017, der talet for menn var 96 pst. av gjennomsnittleg månadslønn for kvinner.

I handlingsplanen for HMS og IA for 2018, som er behandla i leiargruppa og AMU, er måla frå 2017 for tilsette med nedsett funksjonsevne ført vidare. Resultatmål 2: – Søkjarar til ei stilling hos Riksantikvaren som registrerer seg med redusert funksjonsevne og som er kvalifisert for stillinga skal innkallast til intervju: Dette skal hindre fråfall og auke sysselsetjing av personar med nedsett funksjonsevne. I samråd med ansvarleg leiar sikrar HR at søkjarar til stillingar hos Riksantikvaren som har meldt om nedsett funksjonsevne i rekrutteringssystemet Webcruiter, blir vurderte. Dette skal sikre at kvalifiserte søkjarar med nedsett funksjonsevne blir vurderte i rekrutteringsprosessen.

Tilrettelegging for tilsette blir sette i verk etter behov og er ein del av sjukefråværsoppfølginga hos Riksantikvaren. Tilrettelegging skjer ved å tilpasse arbeidstid og arbeidsmengde, eller i form av tilskotsordninga til NAV Arbeidslivssenter ved behov for hjelpemiddel.

Norsk Polarinstitutt

Tala for 2018 er baserte på grunnlønn. Utarbeidd lønnsstatistikk for 2018 viser ei generell betring i forhold til 2017 når det gjeld lønn for kvinner, då NP var dette bevisst ved hovudoppgjøret 2018, og har medført større grad av likelønn. Vi vil framleis ha fokus på likelønn i mellomoppgjeret no til hausten.

Norsk Polarinstitutt har som overordna mål å være ein arbeidsplass der likestillingsperspektivet er ein integrert del av verksemda på alle nivå. Målet er at erfaringar og kunnskap hos alle tilsette skal nyttiggjerast med det formål å skape ein mest mogleg effektiv arbeidsplass.

Plan for likestilling vart vedteken i leiargruppa den 29/11 2017 for perioden 2018–2021. I instituttet sin nye plan er arbeidet med kjønnsbalanse både ved rekruttering og opprykk, kompetanseutvikling i kjønnsperspektiv, ansvar for mangfald, arbeid mot trakassering og diskriminering og informasjonsarbeid internt spesielt vektlagt.

Det har vore halde kurs i konflikthandtering i januar 2018, der også trakassering/likestilling vart teke opp. Her deltok leiarar, verneombod, tillitsvalte og likestillingskontakt.

NP utarbeidde plan for universell utforming i 2010 for våre lokale. Intensjon med planen er at vi skal vere ein arbeidsplass som fremjar like høve og rettar til samfunnsdeltaking for alle, uavhengig av funksjonsevne, og hindre diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne. I samband med innflytting i Fram 2 var vi merksame på problemstillinga og har ved innreiing og innkjøp av nye møblar lagt vekt på å skape eit godt og inkluderande fysisk arbeidsmiljø i nybygget.

Kap. 1425 post 70 Tilskot til fiskeformål

Grunnlaget for denne posten er inntekter frå fiskaravgifta og jegeravgifta. Tilskot blir tildelt lag og organisasjonar, og kan ytast til tiltak som fremjar auka deltaking av kvinner i fiske. Midlar frå denne posten er blant anna nytta til kurs og opplegg mynta spesielt på kvinner og ikkje minst familiar. Det er innført ei eiga fiskaravgift for familiar som er grunngitt med at fiske er ein fin familieaktivitet.

Internasjonalt klimaarbeid

Noreg arbeider aktivt for å sikre at vedtak under Klimakonvensjonen fremjar likestilling og ikkje-diskriminering. Noreg fremjar i forhandlingane aktivt posisjonar som skal styrkje kvinners og urfolk si involvering og deltaking i klimaarbeidet, særleg knytt til klimatilpassing og skog.

I oppbygging av den internasjonale institusjonelle arkitekturen for klimaarbeid, arbeider Noreg for balansert representasjon av kvinner og menn.

Noregs store satsing på å redusere utslepp frå tropisk skog, Klima- og skoginitiativet, arbeider òg målretta med å legge vekt på likestilling. Særleg viktig i Klima- og skoginitiativet er det å ha ei forståing av korleis likestilling kan inkorporerast i nasjonale utviklingsplanar, for slik å få ein effekt under implementering av tiltak. I samarbeid med partnarland, slik som Indonesia, er likestilling søkt inkludert både i avtaleverk og i utvikling og implementering av tiltak. Departementet har drive kompetanseheving og utviklingsarbeid innan likestilling og REDD+, blant anna i samarbeid med Norad og partnarorganisasjonar som FN.

Kulturminne og kulturmiljø

Riksantikvaren legg vekt på mangfald og likestilling i forvaltninga si og fokuserer på å vere representativ når det gjeld å velje ut kva for kulturminne som blir verna. Intensjonen er å femne livet og historia til både kvinner, menn og minoritetar. Dei fleste kulturminna er kjønnsnøytrale og likestillingsaspektet er derfor knytt til kjønnsfunksjonar og roller i heimen og i samfunnet. På nokre område kan det arbeidet som Riksantikvaren gjer, medverke til at det blir sett større fokus på mangfaldet i befolkninga. Som eksempel kan ein nemne verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet. I verdiskapingsprogrammet har Riksantikvaren arbeidd for at aktørar av begge kjønn er involverte i gjennomføringa av tiltak og deltek i nettverket til programmet. Arbeidet med dei sektorvise landsverneplanane medverkar vesentleg til å redusere tapet av verdifulle kulturminne og til å bevare breidda av dei. Dette inneber òg at omsynet til likestilling blir betre teke vare på, for eksempel gjennom bevaring av anlegg med tilknyting til kvinner sin innsats og profesjonalisering innanfor helse- og omsorgssektoren.

Freda bygningar og anlegg har hatt ulike funksjonar og speglar dermed bl.a. kjønnsrollene i familie og samfunn gjennom tidene. Våningshus, stabbur, seteranlegg og tekstilfabrikkar medverkar til å synleggjere typiske rammer for kvinners arbeid. Dette gjeld i stor grad òg bustader generelt.

10.3 Tilsetjingsvilkår for leiarar i heileigde statlege føretak under Klima- og miljødepartementet

Enova SF

Administrerande direktør Nils Kristian Nakstad hadde ein løn på 2 059 402 kroner i 2018. I tillegg fekk han 103 741 kroner i anna godtgjersle. Kostnadsførte pensjonsforpliktingar var 139 511 kroner.

Administrerande direktør si pensjonsordning er basert på Statens pensjonskasse sine til ei kvar tid gjeldande reglar for pensjonsalder og aldersgrense, og samla kompensasjonsgrad skal ikkje overstige 66 pst. av løna, og då avgrensa til 12 G.

Gjensidig oppseiingstid er seks månader. Han har inga avtale om etterløn.

Kings Bay AS og Bjørnøen AS

Per Erik Hanevold er administrerande direktør for begge selskapa. Administrerande direktør fekk 897 000 kroner i samla godtgjering, av dette 850 000 kroner i fastlønn for 2018. Anna godtgjersle utgjorde kr 65 000. Selskapet har avtale om innskotspensjon for alle tilsette ut frå minimumskrav i lov om obligatorisk tenestepensjon.

Fotnotar

1.

Jf. Meld. St. 27 (2015–2016) Digital agenda for Norge, s. 13

2.

Kommunane er ein del av den offentlege beredskapen. Dei har beredskaps- og aksjonsplikt overfor mindre

Tilfelle av akutt forureining innanfor kommunen sine grenser som ikkje er dekte av privat beredskap, og der forureinar ikkje sjølv er i stand til å aksjonere.

3.

Referanse: OEDs tildelingsbrev til NVE for 2019.

4.

Jf. rettleiar om modell for prioritering av miljøressursar ved akutte oljeutslepp langs kysten (SFT 1765 2000) https://www.miljodirektoratet.no/globalassets/publikasjoner/klif2/publikasjoner/vann/1765/ta1765.pdf

Til toppen
Til forsida av dokumentet