Prop. 1 S (2019–2020)

FOR BUDSJETTÅRET 2020 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4150, 5576, 5652

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiande del

1 Oversikt over budsjettframlegget på programområde 15 Landbruk og mat

1.1 Status og hovudprioriteringar

Norsk landbruk er viktig for å halde oppe matvaresikkerheit, verdiskaping, busetjing og kulturlandskap. Regjeringa vil ta vare på det unike ved norsk matproduksjon, slik som låg medisinbruk, god dyrevelferd og ei lang verdikjede, i tillegg til bruk av norske ressursar for å leggje til rette for landbruk over heile landet. Dette inneber mellom anna ein variert bruksstruktur som er basert på regionale og lokale føresetnader for ulike produksjonar.

Landbrukspolitikken skal framleis byggje på desse fire berebjelkane: eit velfungerande importvern, samvirkebaserte marknadsordningar, forhandlingsinstituttet med årlege jordbruksoppgjer, og ein eigedomspolitikk for å sørgje for den sjølveigande bonden.

Den internasjonale matvaresituasjonen gjer det viktig å sørgje for produksjon av basisvarer, i Noreg så vel som i alle land, i ei tid då klimaendringar endrar på føresetnadene for landbruksproduksjon.

Det er nær samanheng mellom dyrka areal og matvareproduksjon. Noreg er eit av landa i verda med minst dyrka areal per innbyggjar. Regjeringa vil følgje opp jordvernstrategien for å sørgje for nasjonal matforsyning også for framtidige generasjonar. Matvareproduksjonen i Noreg skal baserast på miljø- og ressursvennleg bruk av lokale ressursar. Difor må grovfôrbaserte produksjonar prioriterast i husdyrhaldet.

Viktige delar av dei jordbrukspolitiske verkemidla blir utforma i dei årlege jordbruksforhandlingane. Regjeringa legg vekt på forenkling og målretting av verkemidla slik at dei samla medverkar til auka verdiskaping. Årets jordbruksavtale inneber ei sterk satsing på grøntsektoren og korn. Målet er å møte auken i etterspørselen med mest mogleg norskprodusert vare. Satsinga inneheld tiltak for innovasjon og vekst i grøntsektoren, som mellom anna auke i investeringstilskott, tiltak for fornybar energi og teknologi, presisjonsjordbruk, forsking og utvikling. Vidare tek avtalen vare på omsynet til distrikta og til små og mellomstore bruk, og beiteordningane blei ytterlegare styrkte. Samstundes blei det klima- og miljøarbeidet ytterlegare forsterka.

All matproduksjon startar med fotosyntesen. I utgangspunktet er difor all jordbruksproduksjon basert på opptak av CO2. Gjennom jordbruksaktivitetar, og særleg husdyrhald, oppstår biologiske prosessar som òg fører til utslepp av klimagassar, hovudsakleg i form av metan og lystgass. Jordbruket er samstundes ein viktig bidragsytar til det grøne skiftet, både gjennom binding av karbon og produksjon av fornybar biobasert energi og drivstoff. I juni 2019 underskreiv staten og jordbruksorganisasjonane ein klimaavtale. Jordbruket er ei av dei første næringane i Noreg som inngår ein slik avtale med regjeringa. Det er sett eit mål om at utsleppa skal reduserast med 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar for perioden 2021–2030.

Regjeringa vil stimulere til auka matproduksjon. Den norske matproduksjonen har særskilde utfordringar med ein kort vekstsesong, spreidde landbruksareal, eit kaldt klima og eit høgt kostnadsnivå. Landbruks- og matpolitikken må difor leggje til rette for eit effektivt landbruk, styrkt konkurransekraft for norske jordbruksprodukt og innovasjon og nyskaping i heile sektoren.

Den jordbruksbaserte næringsmiddelindustrien foredlar i hovudsak norskproduserte jordbruksråvarer. Industrien er i aukande grad eksponert for internasjonal konkurranse, særleg den delen av industrien som produserer foredla jordbruksvarer. Heimemarknadsdelen for norsk næringsmiddelindustri utanom fiskeribransjen er om lag 80 pst. målt i verdi.

Regjeringa vil leggje til rette for betre utnytting av skogressursane. Norsk skog- og trenæring er grøn og berekraftig, med gode utsikter til å spele ei viktig rolle i bioøkonomien framover. Eit aktivt skogbruk som tek omsyn til miljøverdiar og friluftsliv, saman med ein lønnsam foredlingsindustri, gir ei rekkje positive nærings-, energi- og klimabidrag. Betre skogsvegnett og tømmerkaier, saman med vidareutvikling av offentlege vegar og jernbane, bidreg sterkt til reduserte transportkostnader, auka lønnsemd og større konkurransekraft i skog- og trenæringa. I perioden 2014–2019 er det løyvd rundt 950 mill. kroner til infrastrukturtiltak i skogbruket, fordelt med om lag 660 mill. kroner til skogsvegar og 290 mill. kroner til tømmerkaier. Regjeringa legg òg i 2020 opp til eit høgt ambisjonsnivå for vidareutvikling av infrastrukturtiltak i skogbruket. Ei ordning for utbetring av flaskehalsar for tømmertransport i det offentlege vegnettet blir ført vidare i 2020. Forynging er avgjerande for å sikre dei framtidige skogressursane og bidreg til større opptak av CO2 i skog. Regjeringa vil leggje vekt på at krava til forynging etter hogst blir oppfylte. Klimatiltaka i skog, slik som tettare planting etter hogst, gjødsling av skog og styrking av skogplanteforedlinga, har vore ei satsing i nokre år, og blir førte vidare i 2020. Desse tiltaka vil bidra til større volumproduksjon og dermed større CO2-opptak, samstundes som dei gir grunnlag for å auke verdiskapinga i skognæringa.

Det er eit potensial for å auke verdiskapinga i dei landbruksbaserte næringane utanom tradisjonelt jord- og skogbruk. Regjeringa har dei siste åra følgt opp Meld. St. 31 (2014–2015) Garden som ressurs – marknaden som mål. Granavolden-plattforma legg opp til vidare satsing på dette feltet, mellom anna gjennom å halde fram med satsinga på lokal mat og drikke og forenkle regelverket for foredling på eigen gard. Politikken skal leggje til rette for vekst og utvikling uavhengig av storleiken på gardsbruket, slik at landbruksgründerar kan utnytte det samla ressursgrunnlaget i inn- og utmark utan unødige hinder. Meldinga er òg følgd opp med ein eigen strategi for reiseliv basert på ressursane i landbruket og reindrifta, Opplevingar for ein kvar smak, der hovudmålet er auka verdiskaping for mat- og reiselivsaktørar i landbruket og reindrifta. For å skape vekst og verdiskaping i mat- og drikkenæringa skal matnasjonen Noreg vere ei sams politisk ramme for arbeidet med å sjå mat og reiseliv i samanheng. Regjeringa vil utfordre aktørane i heile næringskjeda, og andre aktørar som kan vere interesserte, til å delta i bygginga av Noreg som ein matnasjon fram mot 2030.

Regjeringa vil auke verdiskapinga frå haustbare viltressursar. Avsetjinga til Utviklingsprogrammet – landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping under Landbrukets utviklingsfond skal mellom anna nyttast til tiltak som bidreg til næringsutvikling og verdiskaping basert på haustbare viltressursar og andre utmarksressursar. Ei ordning for å stimulere barn og unge til forståing og bruk av utmarksressursane er òg etablert.

Den tredelte målsetjinga om ei økologisk, økonomisk og kulturelt berekraftig reindrift er vidareført i reindriftspolitikken. I delar av Finnmark har ein i lang tid hatt for mange rein i forhold til beitegrunnlaget. Dette har gitt svak produksjon og overbelasta beiter. Gjennom dei siste åra har ein lukkast med å få redusert reintalet i desse områda til eit berekraftig nivå. Eit redusert reintal gir betre kvalitet på produkta og større inntening per dyr. Dette styrkjer òg den kulturelle berekrafta. For å leggje til rette for ei vidare positiv utvikling vil det vere viktig å sikre eit stabilt reintal i samsvar med beiteressursane.

I reinbeiteområda sør for Finnmark er utfordringane særleg knytte til tap av rein på grunn av rovvilt. Framover vil det vere sentralt å få redusert tapa. Det vil òg vere nødvendig med auka merksemd på tiltak som sikrar reindrifta tilgang på nødvendige areal for auka produksjon og lønnsemd.

Regjeringa vil leggje til rette for eit kunnskapsbasert og innovativt landbruk. Forsking, innovasjon og kompetanse er nødvendig for å nå målet om auka berekraftig produksjon av nok og trygg mat og for å ta ut potensialet i bioøkonomien og verdiskaping basert på norske skogressursar. Ny kunnskap og tett kopling mellom forsking og næringsliv skal bidra til eit meir lønnsamt og klimavennleg landbruk. I tillegg vil kunnskap som gjer oss i stand til å tilpasse matproduksjon til eit klima i endring vere sentralt. Ein må tenkje nytt omkring driftsmetodar, og ein treng auka kunnskap om plante- og dyrehelse i eit endra klima. Knytt til regjeringas langtidsplan for forsking og høgare utdanning vil forsking på dette område bli prioritert i 2020. Kunnskap er òg nødvendig for å nå målet om utvida vekstsesong for norskprodusert frukt, grønt og bær. Forsking på dette området blei styrkt i årets jordbruksavtale.

Landbruk er ein kompetansekrevjande sektor. Forventningar om auka produksjon, betre lønnsemd og evne til gründerskap krev rett kompetanse. Rekruttering av kompetente næringsutøvarar til landbruket er viktig, og det er difor nødvendig å ha eit godt tilbod av landbruksfagleg utdanning og etter- og vidareutdanning av god kvalitet. Det er etablert ein nasjonal modell for vaksenagronomen, eit tilbod om agronomopplæring for vaksne, i regi av dei fylkeskommunale naturbruksskolane. Frå 2019 omfattar også vaksenagronomen gartnaropplæring. Det er eit viktig tiltak for å møte utfordringane med svak rekruttering til gartnaryrket. I årets jordbruksavtale blei innsatsen knytt til kompetansehevande tiltak og rekruttering ytterlegare styrkt gjennom ei auka løyving til vaksenagronomen, innføring av ei nasjonal mentorordning i landbruket og løyving av midlar til eit nasjonalt rekrutteringsprosjekt. I årets jordbruksavtale er det òg sett av midlar til ei utgreiing om samanhengen mellom utdanningstilbod og kompetansebehov i landbruket.

Regjeringa vil bruke matpolitikken til å sikre trygg mat og god dyrehelse. Forvaltninga arbeider for å vere førebudd på hendingar som kan utgjere eit trugsmål mot trygg mat og mot matsikkerheita. God dyrehelse og god dyrevelferd er viktig for produksjon av trygg mat og for omdømmet til norsk matproduksjon. For å halde den gode statusen ved lag blir det lagt vekt på kontinuerleg overvaking, slik at tiltak kan setjast inn i tide. Helsesituasjonen i norsk husdyrhald er god. Det er svært få tilfelle av salmonellainfeksjon hos norske husdyr samanlikna med mange andre land. Smitte til menneske frå norskprodusert kjøtt og kjøttprodukt skjer difor svært sjeldan.

Regjeringa har vedteke ein nasjonal strategi mot antibiotikaresistens for perioden 2015–2020. Dei overordna måla i strategien er mindre bruk av antibiotika, meir kunnskap om kva som driv utvikling og spreiing av resistens, og at Noreg skal vere ein pådrivar internasjonalt for utvikling av nye antibiotika og vaksinar. Noreg er blant dei landa som har lågast antibiotikabruk i husdyrproduksjonen. I strategien er det eit mål å redusere forbruket av antibiotika til kjæledyr med minst 30 pst. og til matproduserande dyr med minst 10 pst. i perioden 2013–2020. Desse måla er i hovudsak nådde. Departementet arbeider vidare for redusert og rett bruk av antibiotika i tråd med ein eigen handlingsplan for dette.

Regjeringa vil arbeide for å hindre at hjorteviltsjukdommen chronic wasting disease (CWD) får fotfeste i Noreg. Det er etablert vernetiltak mot spreiing innanlands og mot utlandet. Heile den smitta villreinflokken i Nordfjella sone 1 blei teken ut vinteren 2018, og det blir gjennomført omfattande prøveuttak for å kartleggje om sjukdommen finst andre stader. Det er fram til 1. september 2019 undersøkt meir enn 76 000 prøver frå ulike artar av hjortedyr. Arbeidet med å planleggje reetablering av villrein i dette området etter ein brakkleggingsperiode på minst fem år er godt i gang. Den omfattande kartlegginga er òg viktig for å sikre at dei dyra som blir nytta til å byggje opp ein ny villreinstamme i Nordfjella, er friske.

Utbreiinga av villsvin i Noreg og dei andre nordiske landa uroar landbruksmiljøa, særleg dei som driv svinehald. Den viktigaste årsaka til dette er frykta for utbrott av afrikansk svinepest. Landbruksmiljøa er urolege grunna frykt for afrikans svinepest og avlingsskade. I dag er Russland, store delar av Kina, fleire austeuropeiske land og ni av EUs medlemsland ramma av afrikansk svinepest. Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet har gitt Mattilsynet og Miljødirektoratet i oppgåve å lage ein handlingsplan mot villsvin som etter planen skal vere ferdig hausten 2019. Landbruks- og matministeren tok opp spørsmålet om ei sams nordisk tilnærming for å møte utfordringane med villsvin på eit ministermøte på Island hausten 2019. Ministrane vedtok å følgje opp villsvinproblematikken i Norden fram mot neste ministermøte i Danmark i 2020.

Mattilsynet forvaltar regelverk og har tilsynsansvar langs heile matproduksjonskjeda frå jord og fjord til bord. Mattilsynet gjennomfører årleg 60 000–70 000 tilsyn langs heile matproduksjonskjeda, inkludert tilsyn med dyrevelferd hos dyr som ikkje skal bli mat. Mattilsynet gjer eit viktig arbeid til beste både for forbrukarar og produsentar. Mattilsynet har i fleire år gjort det godt i omdømmeundersøkingar blant offentlege verksemder. Det er stor merksemd på kvaliteten på Mattilsynets tilsynsverksemd. Landbruks- og matdepartementet har difor sett i verk ei uavhengig og ekstern gransking av Mattilsynets tilsynsarbeid i grøn og blå sektor. Granskinga omfattar planlegging, gjennomføring og oppfølging av tilsyn i heile landet. Resultata frå granskinga vil inngå i arbeidet med å styrkje forvaltningskvaliteten i Mattilsynet.

Rovviltpolitikken skal vareta både levedyktige rovviltbestandar og berekraftige beitenæringar. Dei områda som er prioriterte til ein eller fleire rovviltartar, utgjer om lag 55 pst. av landarealet og 60 pst. av jordbruksarealet i Noreg. Halvparten av arealet som blir nytta av samisk reindrift, er òg prioritert for rovvilt. Rovviltbestandane og korleis rovviltet blir forvalta, har difor stor innverknad på jordbruket og reindrifta. Utnytting av utmarksbeite er òg viktig for å ta vare på det biologiske mangfaldet i det beiteskapte kulturlandskapet.

Rammene for rovviltpolitikken er lagde gjennom rovviltforlika i 2004 og 2011, Stortingets handsaming av Meld. St. 21 (2015–2016) og seinare stortingsvedtak. Regjeringa legg vekt på gjennomføring av rovviltpolitikken i tråd med føringane frå Stortinget. Dei dokumenterte tapa av sau og lam til rovvilt er kraftig reduserte dei siste åra, men det er framleis store tap og høgt konfliktnivå i fleire beiteområde for sau og i fleire reinbeitedistrikt. Regjeringa legg vekt på å redusere konfliktnivået ytterlegare og få ned tapa til rovdyr, og har framleis stor merksemd på den todelte målsetjinga i rovviltpolitikken der det òg skal leggjast til rette for levedyktig næringsdrift. For å sikre ei god jordbruks- og reindriftsfagleg vurdering av forvaltningsplanane for rovvilt, har regjeringa vedteke at Landbruksdirektoratet på same måte som Miljødirektoratet skal gi fråsegn før regional rovviltnemnd fastset forvaltningsplanane.

1.2 Målstrukturen for Landbruks- og matdepartementet

Figur 1.1 Målstrukturen for Landbruks- og matdepartementet

Figur 1.1 Målstrukturen for Landbruks- og matdepartementet

I del III er det gjort nærare greie for resultata under dei landbruks- og matpolitiske måla.

Matsikkerheit og beredskap

Sikre forbrukarane trygg mat

Hovudoppgåva til jordbruket er å produsere mat som forbrukarane etterspør. Matsikkerheit inneber at innbyggjarane til kvar tid har fysisk og økonomisk tilgang til nok og trygg mat. Matsikkerheita blir teken vare på gjennom nasjonal produksjon, handel og sikring av produksjonsgrunnlaget. Regjeringa har som mål å auke matproduksjonen og styrkje konkurransekrafta til jordbruket. Dei landbrukspolitiske verkemidla skal innrettast slik at dei innanfor økonomiske, miljømessige og handelspolitiske rammer bidreg til auka produksjon der det er moglegheiter og marknad for det.

All mat som blir seld i Noreg, skal vere trygg. Produksjonen av trygg mat skaper tillit, sikrar omsetnad av varer og gir legitimitet for eit levande landbruk og for næringsmiddelindustrien.

Auka matvareberedskap

Dei viktigaste føresetnadene for matsikkerheita i Noreg er kontinuerleg produksjon av mat, varetaking av produksjonsgrunnlaget og eit velfungerande handelssystem. Gjennom handel på verdsmarknaden er Noreg dermed sikra tilgang til matvarer og innsatsvarer, også i år der norsk produksjon ikkje strekk til. Regjeringa vil betre matvareberedskapen gjennom å medverke til auka innanlands produksjon av landbruksvarer i produksjonar med marknadsmoglegheiter og ved å medverke til å halde ved lag forsyning av nødvendige matvarer gjennom import også i kriser. Matvareberedskapen byggjer på eit samspel mellom departement, myndigheitsorgan og private aktørar.

God dyre- og plantehelse og god dyrevelferd

Noreg har liten førekomst av matboren sjukdom samanlikna med andre land. Regjeringa vil bidra til å halde denne situasjonen ved lag. God plante- og dyrehelse er viktig for mattryggleik, kostnadseffektivitet og berekraftig matproduksjon.

Det er òg gjennomgåande god dyrevelferd i Noreg. Regelverket stiller klare krav til dyrehald, og Mattilsynet prioriterer tilsyn med dyrevelferd. Arbeidet med å fremje god dyrevelferd og gode haldningar til dyr er viktig. Det er nødvendig å rette merksemda mot både produksjonsdyr- og kjæledyrhald og å fremje respekt for eigenverdien til dyra. Utvikling av kunnskap om verknaden av avlstiltak og ulike driftsformer på dyrevelferda er òg viktig.

Ei viktig satsing i arbeidet for god dyrevelferd har vore å etablere prosjekt med ei eiga dyrekrimgruppe i politiet (dyrepoliti) som no omfattar fem politidistrikt. Regjeringa legg opp til å utvide ordninga med endå ei eining i 2020.

Satse på avl, forsking og utdanning for å auke bruken av dei biologiske ressursane

Systematisk avls- og foredlingsarbeid er viktig for ein berekraftig og klimatilpassa landbruks- og matproduksjon. Noreg ligg langt framme innan avlsarbeid på både storfe og svin. Mange års målretta avlsarbeid er årsaka til at Norsk Raudt Fe er i ferd med å markere seg internasjonalt. Kombinasjonen av stor produksjonskapasitet og særs god fruktbarheit og helse skaper merksemd i mange land. Det blir no arbeidd med å ta inn lågt utslepp av metan som ein ny avlseigenskap, noko som på sikt også vil styrkje konkurransekrafta til rasen.

Målretta avlsarbeid kan gi viktige bidrag til klimakutt i landbruket, i tillegg til eit plante- og dyremateriale som er godt tilpassa norske forhold, og som gir god avkastning. Forsking og teknologiutvikling står sentralt i vidareutviklinga av avls- og foredlingsarbeidet og i vidareutviklinga av norsk landbruk for å møte utfordringane i framtida. Ny kunnskap vil òg vere avgjerande for å utvikle nye produksjonsprosessar og produkt frå dei mange biologiske ressursane i landbruket.

Klimaendringar, den raske teknologiutviklinga og krav om større effektivitet og klimakutt i jordbruket gjer at matproduksjonen i framtida må bli endå meir kunnskapsbasert enn i dag. Det er difor viktig å leggje til rette for utdanningstilbod av høg kvalitet på alle nivå, inkludert etter- og vidareutdanning, for å få dekt kompetansebehova i heile verdikjeda.

Landbruk over heile landet

Leggje til rette for bruk av jord- og beiteressursane

Regjeringa ønskjer eit aktivt og lønnsomt jordbruk over heile landet, med produksjonar og næringsverksemd som byggjer på lokale jord-, beite-, skogs- og utmarksareal. Beiting i utmark utnyttar fôrressursane til matproduksjon. Det er eit vesentleg velferdsgode for dyra at dei får gå på utmarksbeite om sommaren. Det kan òg vere positivt for dyrehelsa. Samstundes medverkar det til eit ope og artsrikt kulturlandskap. Beite i utmark har òg eit stort potensial for å binde karbon i jord. Dette skjer ved at plantane bind karbonet i jordsmonet. Landrapporten frå FNs klimapanel i 2019 viser at det er potensial for opptak av karbon frå alle jordbruksareal, og i særleg grad i beitemark. Det trengst meir kunnskap om korleis ein kan få til dette. Prosentdelen av dyr som går på beite, er svært stabil. Regjeringa har i dei siste jordbruksoppgjera auka stønaden til utmarksbeite for å styrkje bruken av beiteressursane over heile landet.

Moglegheiter for busetjing og sysselsetjing

Ressursgrunnlaget i Noreg er spreidd, og vilkåra for jord- og skogbruksdrift varierer. Regjeringa arbeider for eit sterkt og konkurransedyktig landbruk i alle delar av landet. Landbruket bidreg med ei rekkje fellesgode og skaper grunnlag for sysselsetjing, verdiskaping, næringsutvikling og vekstkraftige distrikt. Det er difor viktig å bidra til utnytting av ressursane til landbruksproduksjon over heile landet. Som eit ledd i dette arbeidet vil regjeringa styrkje den sjølveigande bonden ved praktisering av jordlova og konsesjonslova og vidareføre bu- og driveplikta for å sikre at matjorda blir brukt til matproduksjon.

Eit mangfaldig landbruk med variert bruksstruktur og geografisk produksjonsdeling

Føresetnadene for jordbruksproduksjon varierer mellom dei ulike delane av Noreg. Auka produktivitet og styrkt konkurransekraft vil vere avgjerande for å kunne realisere Stortingets mål om auka produksjon. Dei små og mellomstore bruka blei prioriterte i jordbruksoppgjeret i år, utan at produksjonstak og differensiering på areal blei gjeninnført. Desse grepa medverkar til å utnytte ressursane i heile landet. Den geografiske produksjonsfordelinga påverkar måloppnåinga i landbrukspolitikken. Gjennom årets jordbruksoppgjer blei inntektsmoglegheitene for planteproduksjon til mat i kornområdane auka, samstundes som distriktsdifferensieringa i tilskott og fraktordningane blei styrkte. Avtalen styrkjer verkemidla for den geografiske produksjonsfordelinga, som er sentral for å unngå overgang frå korn til gras i kornområda.

Leggje til rette for rekruttering i heile landet

Stabil rekruttering av kompetente næringsutøvarar er viktig for å nå måla i landbrukspolitikken. Jordbruksavtalen er det viktigaste bidraget frå regjeringa si side til å gi gode rammevilkår og grunnlag for auka lønnsemd i landbruket. Avtalen er dermed det viktigaste verktøyet for å leggje til rette for rekruttering i heile landet. Særleg er ordninga med investerings- og bedriftsutviklingsmidlar målretta for å fremje rekruttering til næringa.

For å sikre og utvikle norsk matproduksjon og andre landbaserte næringar treng landbruksnæringa, som andre næringar, kunnskap og kompetanse. Det er difor viktig å leggje til rette for eit godt og fleksibelt opplærings- og utdanningssystem i landbruket. Innsatsen på området blei vektlagd i årets jordbruksoppgjer gjennom å styrkje kompetansehevande tiltak for næringa, i tillegg til å setje av midlar til rekrutterings- og utgreiingsprosjekt. Det er vidare avgjerande for landbruket å ha eit godt omdømme i det norske samfunnet og at omdømmet held seg over tid. Landbruket som heilskap og den enkelte næringsutøvaren er dei viktigaste og beste ambassadørane for rekruttering til næringa.

Ei økologisk, økonomisk og kulturelt berekraftig reindrift

Reindrifta er ei urfolksnæring som er unik i både nasjonal og internasjonal samanheng og ein viktig eksponent for samisk kultur og levesett. Reindrifta forvaltar òg ein sentral nasjonal og samisk kulturarv. I Granavolden-plattforma slår regjeringa fast at den samiske reindrifta er ein viktig kulturberar for det samiske folket. Grunnlaget for reindrifta blir sikra gjennom ein bruk av beiteområda som er berekraftig og gir god dyrevelferd. Regjeringa vil, i samarbeid med reindriftsnæringa, leggje til rette for ei økologisk berekraftig reindriftsnæring som har god lønnsemd og er berekraftig i eit langsiktig perspektiv.

Auka verdiskaping

Utnytte marknadsbaserte produksjonsmoglegheiter

Regjeringa prioriterer inntektsmoglegheiter i produksjonar med marknadsmoglegheiter. I årets jordbruksoppgjer blei særleg inntektsmoglegheitene i produksjon av korn, frukt, grønsaker og bær styrkte. I desse sektorane er det eit stort potensial for å auke norsk produksjon.

Ei konkurransedyktig og kostnadseffektiv verdikjede for mat

Jordbruket skal vere ei effektiv næring som leverer det forbrukarane etterspør, og som tek omsyn til ein stadig meir krevjande nasjonal og internasjonal marknad. Regjeringa har lagt til rette for at næringa kan utvikle seg og få styrkt konkurransekraft gjennom ein enklare verkemiddelstruktur, færre offentlege inngrep i næringsdrifta, auka konkurranse og meir marknadsretting av produksjonen.

Ei effektiv og lønnsam utnytting av garden sine samla ressursar

Landbruket sine ressursar dannar utgangspunkt for eit mangfald av produkt og tenester. Lokale tradisjonar, kreativitet, innovasjon og gründerskap gir grunnlag for auka verdiskaping og sysselsetjing. Ein liten eigedom kan vere eit like godt utgangspunkt for ein forretningsidé som ein større eigedom. Regjeringa arbeider for at det samla ressursgrunnlaget til landbrukseigedommen skal utnyttast betre, og vil stimulere til auka vekst og verdiskaping innan andre landbruksbaserte næringar enn tradisjonelt landbruk. Regjeringa har sett av vesentleg med midlar til dette over jordbruksavtalen, mellom anna til Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping forvalta av Innovasjon Noreg (IN), og gjennomført fleire forenklingar i regelverket for å stimulere til ei positiv utvikling. Innsatsen har medverka til auka profesjonalisering og vekst særleg innan lokalmatområde, men òg innanfor område som reiseliv og Inn på tunet. Omsetnad av lokalmat gjennom daglegvarehandelen har auka med 63 pst. i perioden 2013–2017. Strategien for reiseliv basert på landbruket og ressursane i reindrifta, Opplevingar for ein kvar smak, skal medverke til ein meir heilskapleg og målretta innsats på området.

Vidareutvikle Noreg som matnasjon

Matnasjonen Noreg skal vere ei sams ramme for næringsutvikling og verdiskaping i mat- og drikkenæringa og skal omfatte både grøn og blå sektor. Regjeringa vil nytte ramma aktivt for å engasjere næringa til eit samarbeid om vidare utvikling og mellom anna å sjå mat og reiseliv i samanheng. Her vil det vere viktig å engasjere heile næringskjeda, og andre aktørar som kan vere interesserte, til å delta i bygginga av Noreg som ein matnasjon fram mot 2030. Hausten 2019 vil regjeringa lansere ein meir langsiktig plan for det vidare arbeidet med å byggje Noreg som ein matnasjon.

Leggje til rette for bonden sine inntektsmoglegheiter og evne til å investere i garden

Utviklinga med større jordbruksbedrifter, høgare produktivitet og bruk av ny teknologi krev større investeringar. Nye krav til dyrevelferd, medrekna krav om lausdriftsfjøs, gir eit særleg investeringsbehov innan mjølk- og storfeproduksjon. Regjeringa har prioritert verkemiddel som stimulerer til investering og bedriftsutvikling i landbruket. Investerings- og bedriftsutviklingsmidlane er eit viktig risikoavlastande verkemiddel som medverkar både til modernisering og effektivisering innan tradisjonell landbruksproduksjon og til auka sysselsetjing og utvikling av ny næringsverksemd i andre landbruksbaserte næringar.

Berekraftig skogbruk og konkurransedyktige skog- og trebaserte verdikjeder

Regjeringa vil føre ein skogpolitikk som legg til rette for å skape større verdiar av norske skogressursar, og som bidreg til frivillig vern av skog. Regjeringa vil leggje til rette for skogbruk og trebasert industri gjennom gode generelle rammevilkår for næringslivet, mellom anna gjennom satsing på infrastruktur, forsking og utvikling og lågare skattar og avgifter. I Granavolden-plattforma heiter det at regjeringa vil styrkje grunnlaget for skogbruket gjennom kostnadsreduserande tiltak, fjerning av flaskehalsar i infrastrukturen, utbygging av skogsvegar, tømmerkaier og skogplanting. Regjeringa la fram strategidokumentet Skog- og trenæringa – ein drivar for grøn omstilling 12. mars 2019, jf. oppmodingsvedtak frå Stortinget nr. 445 og 448 (2016–2017). Som ledd i oppfølging av strategien, har Landbruks- og matdepartementet etablert eit forum for dialog mellom skog- og trenæringa, forskings- og utdanningsmiljø og sentrale verkemiddelaktørar. Innanfor investerings- og bedriftsutviklingsmidlane under Landbrukets utviklingsfond (LUF) kan det frå 2020 bli gitt eit ekstra tilskott ved bruk av tre som byggjemateriale.

Berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar

Redusert forureining frå landbruket

Å redusere vassforureininga frå mellom anna avrenning av jord, næringsstoff og plantevernmiddel er ein viktig del av miljøarbeidet i landbruket. Den samla gjennomføringa av ulike jordarbeidingstiltak, grasdekte areal m.m. i kornområda har redusert erosjonsrisikoen på dei dyrka areala, men ikkje tilsvarande det som har vore den venta verknaden av tiltaka. Undersøkingar Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har gjennomført, viser at meir nedbør og ustabile vintrar har gitt avrenning som skjuler verknaden av tiltaka. Miljøprogramsatsinga omfattar viktige verkemiddel for å stimulere til meir miljøvennleg drift. Det er difor viktig å vidareføre denne satsinga.

Reduserte utslepp av klimagassar, auka opptak av CO2 og gode klimatilpassingar

All skog- og matproduksjon startar med fotosyntesen. I utgangspunktet er difor alt skog- og jordbruk basert på opptak av CO2. Netto opptak i skog- og arealbrukssektoren i 2017 utgjorde 25,2 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Dette svarar til nesten halvparten av dei samla norske utsleppa av klimagassar. Skog står for storparten av karbonopptaket i sektoren. I Parisavtalen er det sett eit mål om å oppnå balanse mellom opptak og utslepp av klimagassar i andre halvdel av dette hundreåret. Opptak i skog og jord vil spele ei avgjerande rolle for å kunne nå denne balansen. Jordbruksaktivitetar, særleg husdyrhald, er òg opphav til utslepp av klimagassar, hovudsakleg i form av metan (CH4) og lystgass (N2O). Klimagassutsleppa frå jordbruket utgjorde 8,5 pst. av dei samla utsleppa i 2017. Jordbrukspolitikken skal leggjast om i ei meir miljø- og klimavennleg retning. I jordbruksoppgjeret 2019 blei miljø- og klimainnsatsen styrkt ved å prioritere ordningar som skal medverke til å redusere utsleppa per produsert eining og tilpasse produksjonen til eit klima i endring. Lågare utslepp per produsert eining vil medverke til å redusere klimaavtrykket frå den norske matproduksjonen. Det er likevel stor uvisse når det gjeld berekningane av utslepp frå jordbruket. Eit teknisk berekningsutval for klimagassutslepp frå jordbruket avslutta arbeidet sitt 1. juli 2019. Utvalet har vurdert moglege forbetringar i utsleppsrekneskapen. Klimaavtalen som blei inngått mellom regjeringa og organisasjonane i jordbruket i juni 2019, vil liggje til grunn for klimaarbeidet i sektoren framover. Regjeringa vil føre vidare tiltak i skogforvaltninga som medverkar til auka opptak av CO2 og lagring av karbon.

Berekraftig bruk og eit sterkt vern av landbrukets areal og ressursgrunnlag

Rett bruk og vern av arealressursane er viktig for å nå målet om auka matproduksjon. Både mengda av og kvaliteten på jorda er avgjerande for matproduksjonen. Det er difor viktig å ta vare på gode jordbruksareal og matjord. Samstundes må jordvernet balanserast mot behova storsamfunnet har. Stortinget har fastsett det årlege målet for omdisponeringa av dyrka jord til under 4 000 dekar, og bedt regjeringa om at målet blir nådd gradvis innan 2020. Regjeringa utforma ein eigen strategi for å nå målet, og denne blei handsama av Stortinget i 2015. I 2018 oppdaterte regjeringa denne strategien, og målet for omdisponering blei nådd både i 2017 og 2018.

Klimaendringar og press på ressursgrunnlaget utgjer eit trugsmål mot målet om auka matproduksjon. Desse utfordringane krev gode tilpassingar i landbruket. Dei genetiske ressursane hos husdyr og matvekstar er ein vesentleg del av det biologiske grunnlaget for auka matproduksjon. God forvaltning av dei genetiske ressursane gjennom bruk og vern er viktig for god måloppnåing i landbruket. Departementet arbeider difor med ein strategi for genetiske ressursar for å styrkje forvaltninga av dei.

Vareta kulturlandskapet og naturmangfaldet

Jordbrukslandskapet, med sitt mangfald og variasjon av natur- og kulturverdiar, er ein viktig del av landskapet i Noreg. Kulturlandskapet blir halde ved like ved ei målretta forvaltning som også bidreg til målet om å stoppe tapet av biologisk mangfald og ta vare på kulturminne. Det viktigaste bidraget til eit levande kulturlandskap er å halde oppe eit levande, aktivt landbruk. Dei kommunale miljøverkemidla og dei regionale miljøprogramma over jordbruksavtalen skal særskild bidra til å halde det biologiske mangfaldet og kulturminna i kulturlandskapet ved lag. I tillegg er det viktig at kommunane forvaltar landskapsverdiane i den kommunale planlegginga og utformar planar som kan liggje til grunn for ei god forvaltning.

Frå og med 2020 får dei aktuelle kommunane ansvaret for forvaltning av ordninga med tilskott til verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap og utvalde kulturlandskap i jordbruket.

Ei effektiv landbruks- og matforvaltning

Landbruks- og matforvaltninga skal vere effektiv og brukarvennleg og kjenneteikna av god kvalitet i alle ledd. Forvaltninga legg stor vekt på å gjere forbetringar og effektivisere drifta, og følgjer slik opp regjeringa si reform for avbyråkratisering og effektivisering (ABE-reforma). Effektiv bruk av ressursane inneber både å utføre oppgåvene rett og å prioritere dei rette formåla. Effektiv drift kan gi gevinstar i form av reduserte utgifter over statsbudsjettet, men effekten kan òg vise seg i høgare kvalitet og betre resultat.

Arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i Landbruks- og matdepartementet skal vere sporbart og integrert i planverk og styringssystem og i styringsdialogen med underliggjande verksemder. Departementet og underliggjande verksemder samarbeider godt om samfunnstryggleik og beredskap. Det er eit mål at departementet og underliggjande verksemder i størst mogleg grad kan drive verksemda vidare, uavhengig av uønskte hendingar og kriser. Ansvaret departementet har for samfunnstryggleik og beredskap i eigen sektor, er hovudsakleg knytt til matproduksjon og mattryggleik.

Forsking, innovasjon og kompetanse skal bidra til å nå hovudmåla i landbruks- og matpolitikken

For at vi skal nå dei landbruks- og matpolitiske hovudmåla, må løyvingane til forsking, innovasjon og kompetanse vere så målretta som mogleg. Det er viktig at resultata frå forskinga er tilgjengeleg for næring og forvaltning, og at instituttsektoren er effektiv og har eit godt samspel med andre.

Forsking, innovasjon og teknologiutvikling skal danne grunnlag for effektiv og berekraftig produksjon og utnytting av fornybare biologiske ressursar. Ei tett kopling mellom forsking og næringsliv er sentralt for å utnytte potensialet. Tilsvarande er internasjonalt forskingssamarbeid viktig for å heve kvaliteten på forskinga. Landbruks- og matforskinga må følgjast opp med målretta formidling, slik at ny kunnskap på ein rask og effektiv måte når ut til aktørane som kan ta kunnskapen i bruk. For å lukkast med dette er det nødvendig å sikre eit godt samarbeid mellom dei ulike aktørane i landbruks- og matnæringa.

God rekruttering av fagpersonar med rett kompetanse er viktig for å sikre eit aktivt landbruk, verdiskaping og busetjing i heile landet.

Vareta norske interesser og sikre framgang i internasjonale prosessar

Utviklinga i norsk landbruk og matindustri heng nøye saman med utviklinga internasjonalt. Ei rekkje internasjonale avtalar dekkjer mellom anna handel, plante- og dyrehelse, skog og klima. Mange avtalar blir fornya med jamne mellomrom. Noreg har i fleire av desse særlege nasjonale interesser som må inkluderast i avtaleverket, mellom anna med grunnlag i naturgitte forhold, kostnadsnivå og nasjonale landbruks- og matpolitiske mål.

Regelverket til Verdas handelsorganisasjon (WTO), inkludert landbruksavtalen, legg rammer for utforminga av verkemidla i landbrukspolitikken. Vidare legg EØS-avtalen klare føringar på regelverket for mat og innsatsfaktorar i Noreg. Det norske regelverket er harmonisert med regelverket i EU på matområdet. Regjeringa legg vekt på å ta vare på norske interesser ved å medverke tidlegare i prosessar og politikkutforming i EU enn det dei formelle og uformelle foruma EØS-avtalen gir høve til. Regjeringa vil innanfor gitte rammer for landbrukspolitikken arbeide for ein friare handel med landbruksvarer. Arbeidet med multilaterale avtalar gjennom WTO og innanfor EØS-avtalen vil bli prioritert. Arbeidet med bilaterale frihandelsavtalar for EFTA-landa vil òg ha høg prioritet.

Noreg deltek òg i ei rekkje andre internasjonale forum på landbruks- og matområdet, både globale og regionale, og både innanfor og utanfor FN-systemet. Departementet deltek aktivt i desse foruma, mellom anna for å medverke til berekraftig utvikling, global matsikkerheit, berekraftig skogforvaltning, bevaring av genetiske ressursar og styrking av landbruket og bøndene si stilling i den tredje verda.

1.3 Hovudtrekk ved budsjettframlegget

(i mill. kroner)

Saldert budsjett 2019

Gul bok 2020

Endring i pst.

Programområde 15 Landbruk og mat

15.00 Administrasjon m.m.

180,3

182,2

1,0

15.10 Matpolitikk

1 465,4

1 507,2

2,8

15.20 Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling

820,1

837,3

2,1

15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

17 030,0

17 940,2

5,3

Sum Landbruks- og matdepartementet

19 495,7

20 466,8

5,0

Hovedprioriteringar i budsjettframlegget for Landbruks- og matdepartementet:

  • landbruk over heile landet

  • kompensasjons- og omstillingsordning for pelsdyroppdrettere

  • flytting av Veterinærinstituttet

  • forsking på klimatilpassa og lønnsam matproduksjon

Innretninga av verkemidla over jordbruksavtalen skal leggje til rette for landbruk over heile landet. Som følgje av jordbruksavtalen for 2019–2020 foreslås det 720 mill. kroner i auka budsjettstøtte. Årets avtale gir grunnlag for ein inntektsvekst for jordbruket på 6 ¼ pst. per årsverk frå 2019 til 2020. Avtalen legg mellom anna til rette for ein vesentlig betring av økonomien i kornproduksjonen og frukt- og grøntsektoren.

Regjeringen foreslår ei kompensasjons- og omstillingsordning for pelsdyroppdrettere for dei som avviklar som følgje av forbod mot hald av pelsdyr vedteke av Stortinget.

Veterinærinstituttet etablerer og samlokaliserer seg med NMBU og øvrige forskningsmiljø på Ås i 2020. Flytting av Veterinærinstituttet medfører auka utgifter i ein overgangsperiode. Regjeringa foreslår å auke Veterinærinstituttets budsjett for å handtere utgifter i samband med flyttinga og omstillingsprosessen dette medfører.

Regjeringen foreslår å auke løyvinga til forskning på klimatilpassa og lønnsam matproduksjon.

1.4 Oversiktstabellar

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

01-24

Driftsutgifter

1 847 177

1 850 731

1 860 263

0,5

30-49

Investeringar

24 354

9 032

14 771

63,5

50-59

Overføringar til andre statsrekneskap

2 099 707

2 090 663

2 252 603

7,7

60-69

Overføringar til kommunesektoren

146 373

180 471

170 286

-5,6

70-89

Overføringar til private

16 063 043

15 364 831

16 168 895

5,2

Sum under departementet

20 180 654

19 495 728

20 466 818

5,0

Utgifter fordelte på programkategoriar

(i 1 000 kr)

Kat.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Budsjettets stilling pr 1. halvår

Forslag 2020

15.00

Administrasjon m.m.

190 781

180 259

180 259

182 150

15.10

Matpolitikk

1 488 813

1 465 422

1 495 422

1 507 161

15.20

Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling

842 564

820 056

823 056

837 300

15.30

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

17 658 494

17 029 991

17 597 391

17 940 207

Sum programområde 15

20 180 652

19 495 728

20 096 128

20 466 818

Inntekter fordelte på programkategoriar

(i 1 000 kr)

Kat.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Budsjettets stilling pr 1. halvår

Forslag 2020

15.00

Administrasjon m.m.

19 428

1 071

1 071

1 098

15.10

Matpolitikk

192 899

204 578

204 578

205 790

15.20

Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling

17 658

18 081

18 081

18 533

15.30

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

242 430

301 654

301 654

308 913

15.40

Forretningsdrift

60 031

24 750

80 000

33 750

Sum programområde 15

532 446

550 134

605 384

568 084

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

Administrasjon m.m.

1100

Landbruks- og matdepartementet

190 781

180 259

182 150

1,0

Sum kategori 15.00

190 781

180 259

182 150

1,0

Matpolitikk

1112

Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

97 061

97 976

120 606

23,1

1115

Mattilsynet

1 391 752

1 367 446

1 386 555

1,4

Sum kategori 15.10

1 488 813

1 465 422

1 507 161

2,8

Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling

1136

Kunnskapsutvikling m.m.

233 940

227 909

233 816

2,6

1137

Forsking og innovasjon

608 624

592 147

603 484

1,9

Sum kategori 15.20

842 564

820 056

837 300

2,1

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

1138

Støtte til organisasjonar m.m.

40 577

48 773

48 527

-0,5

1139

Genressursar, miljø- og ressursregistreringar

22 994

29 059

30 205

3,9

1140

Haustbare viltressursar – forvaltning og tilskott til viltformål (Viltfondet) m.m.

82 815

95 791

79 278

-17,2

1141

Haustbare viltressursar – jegerprøve, tilskott til organisasjonar m.m.

11 389

1142

Landbruksdirektoratet

435 096

501 105

674 637

34,6

1148

Naturskade – erstatningar

84 722

152 600

168 000

10,1

1149

Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket

191 687

134 705

122 206

-9,3

1150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

16 659 610

15 920 523

16 645 652

4,6

1151

Til gjennomføring av reindriftsavtalen

116 537

123 100

136 100

10,6

1161

Myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn

24 457

24 335

24 213

-0,5

Sum kategori 15.30

17 658 494

17 029 991

17 940 207

5,3

Sum utgifter

20 180 652

19 495 728

20 466 818

5,0

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

Administrasjon m.m.

4100

Landbruks- og matdepartementet

19 428

1 071

1 098

2,5

Sum kategori 15.00

19 428

1 071

1 098

2,5

Matpolitikk

4115

Mattilsynet

192 899

204 578

205 790

0,6

Sum kategori 15.10

192 899

204 578

205 790

0,6

Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling

4136

Kunnskapsutvikling m.m.

17 658

18 081

18 533

2,5

Sum kategori 15.20

17 658

18 081

18 533

2,5

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

4140

Haustbare viltressursar

4 029

4 500

-100,0

4141

Haustbare viltressursar

4 500

4142

Landbruksdirektoratet

47 179

43 203

44 363

2,7

4150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

1 163

50

50

0,0

4162

Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap

25 000

5576

Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet

165 059

253 901

260 000

2,4

Sum kategori 15.30

242 430

301 654

308 913

2,4

Forretningsdrift

5652

Statskog SF – renter og utbytte

60 031

24 750

33 750

36,4

Sum kategori 15.40

60 031

24 750

33 750

36,4

Sum inntekter

532 446

550 134

568 084

3,3

1.5 Oppfølging av oppmodings- og utgreiingsvedtak

Tabell 1.1 nedanfor viser ei oversikt over oppfølginga av oppmodings- og utgreiingsvedtak under Landbruks- og matdepartementet. Oversikta inkluderer alle vedtak frå stortingssesjonen 2018–2019 og alle vedtaka frå tidlegare stortingssesjonar der rapporteringa ikkje blei avslutta i samband med handsaminga av Prop. 1 S (2018–2019) eller eventuelt i samband med handsaminga av meldinga til Stortinget om oppmodings- og utgreiingsvedtak. I enkelte tilfelle kan oppfølginga av vedtaka vere meir omfattande forklart under det aktuelle programområdet i proposisjonen. Det vil i desse tilfella vere ei tilvising til kvar denne teksten finst.

I kolonne 4 i tabell 1.1 går det fram om departementet planlegg at rapporteringa knytt til oppmodingsvedtaket no blir avslutta, eller om departementet òg vil rapportere konkret på vedtaket i budsjettproposisjonen for neste år. Rapporteringa på vedtak som inneber at departementet skal leggje fram ei konkret sak for Stortinget, til dømes ein proposisjon, ei stortingsmelding, ei utgreiing eller liknande, vil normalt først bli avslutta når saka er lagd fram for Stortinget.

Sjølv om det i tabellen står at rapporteringa blir avslutta, vil det i ein del tilfelle kunne vere slik at oppfølginga av alle sider av vedtaket ikkje er endeleg avslutta. Dette kan til dømes gjelde vedtak med oppmoding til regjeringa om å ta hand om særlege omsyn i politikkutforminga på eit område, der oppfølginga vil kunne gå over mange år. Stortinget vil i desse tilfella bli halde orientert om den vidare oppfølginga på ordinær måte, gjennom omtale av det relevante politikkområdet i budsjettproposisjonar og andre dokument.

Tabell 1.1 Oversikt over oppmodings- og utgreiingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapportering blir avslutta (ja/nei)

2018–2019

155

Generell søknads- og meldeplikt i jordlova

Nei

2018–2019

585

Kompensasjonsordning ved forbod mot pelsdyrhald

Nei

2018–2019

630

Gransking av Mattilsynets tilsynsverksemd

Ja

2017–2018

140

Sikring og finansiering av opplysningsverksemda i landbruket

Nei

2017–2018

141

Framlegging av endringar i verkemidla for marknadsbalansering

Nei

2017–2018

445

Etablering av nasjonale beredskapslager av korn

Ja

2016–2017

108

Forbod mot nydyrking av myr

Ja

2016–2017

445

Etterspørsel etter grøne trebaserte produkt

Ja

2016–2017

448

Forsking, utvikling og innovasjon i skog- og trenæringa

Ja

2016–2017

837

Fjellova i Nordland og Troms

Ja

2016–2017

878

Konsekvensar av liberalisering av konsesjonsplikta

Ja

2016–2017

885

Gjennomgang av hundelova

Nei

Oppmodings- og utgreiingsvedtak i stortingssesjonen 2018–2019

Generell søknads- og meldeplikt i jordlova

Vedtak nr. 155, 11. desember 2018:

«Stortinget ber regjeringen utrede en generell søknads- og meldeplikt i jordloven for å regulere landbrukets egen nedbygging av dyrket og dyrkbar mark.»

Vedtaket blei gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 1 S (2018–2019), med Vedlegg 1Oppdatering av nasjonal jordvernstrategi, jf. Innst. 8 S (2018–2019).

Tiltaket er i samsvar med eitt av to nye tiltak i den oppdaterte jordvernstrategien, jf. Prop. 1 S (2018–2019), vedlegg 1, kap. 3.2Landbruket si eiga nedbygging, der det står at regjeringa vil greie ut ei generell søknads- eller meldeplikt i jordlova for å regulere landbruket si eiga nedbygging.

Departementet har følgt opp vedtaket ved å gi Landbruksdirektoratet i oppdrag å greie ut dette innan 20. desember 2019 og vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Kompensasjonsordning ved forbod mot pelsdyrhald

Vedtak nr. 585, 13. juni 2019:

«Stortinget ber regjeringen følge erstatningsordningen tett, og forventer at ordningen justeres dersom det blir urimelige utslag i samlet utmåling av kompensasjon, inkludert kompensasjonen for bokført verdi av ikke-realiserbar kapital, til enkeltutøvere knyttet til avvikling av næringsdriften. Stortinget holdes orientert om hvordan ordningen i tilfelle vil bli justert i lys av dette.»

Vedtaket blei fatta ved handsaming av innstilling frå næringskomiteen om lov om forbud mot hold av pelsdyr (Innst. 348 L (2018–2019)).

Oppmodingsvedtaket blir følgt opp ved at Landbruks- og matdepartementet i høyringsforslaget til forskrift om kompensasjon etter avvikling av hald av pelsdyr mv. har teke inn ei føresegn som inneber at det kan bli stilt krav om at søknad skal innehalde opplysningar som er nødvendige for å vurdere om den samla kompensasjonen til den enkelte er urimeleg låg, sjølv om opplysningane isolert ikkje er nødvendige for å utmåle kompensasjon etter forskrifta. Departementet har førebels vurdert at dette kan gjerast innanfor forskriftsheimelen i lov om forbod mot hald av pelsdyr § 3. Vidare oppfølging vil skje gjennom ei kontinuerleg og systematisk vurdering av den utmålte kompensasjonen.

Gransking av tilsynsverksemda i Mattilsynet

Vedtak nr. 630, 19. juni 2019:

«Stortinget ber regjeringen om å iverksette en uavhengig gransking av Mattilsynets tilsynsvirksomhet innenfor både grønn og blå sektor.»

Vedtaket blei gjort ved handsaming av Dokument 8:157 S (2018–2019) og Innst. 413 S (2018–2019).

Oppmodingsvedtaket blir følgt opp ved at Landbruks- og matdepartementet har lyst ut eit oppdrag 15. juli 2019 om ei uavhengig gransking av Mattilsynets tilsynsverksemd i grøn og blå sektor. Det er forvaltningskvaliteten i Mattilsynets tilsynsverksemd i heile landet som skal granskast: planlegging, gjennomføring og oppfølging av tilsyn. Oppdraget har i utlysinga ein frist for å levere rapport desember 2019.

Oppmodings- og utgreiingsvedtak i stortingssesjonen 2017–2018

Sikring og finansiering av opplysningsverksemda i landbruket

Vedtak nr. 140, 11. desember 2017:

«Stortinget ber regjeringen sikre opplysningsvirksomheten i landbruket og finansieringen av denne frem til Omsetningsrådet har foretatt den varslede gjennomgangen av virkemiddelbruken.»

Vedtaket blei gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 1 S (2017–2018), jf. Innst. 8 S (2017–2018).

Omsetningsrådet har i brev til departementet av 19. mars 2018 informert om at det legg opp til ein endeleg gjennomgang av regelverk og ordningar innan 31. desember 2019.

Næringskomiteen har i samband med handsaminga av jordbruksoppgjeret 2019 følgjande merknad knytt til marknadsbalansering, jf. Innst. 414 S (2018–2019):

«Komiteen legger til grunn at eventuelle forslag til endringer i regelverket blir sendt på alminnelig høring slik at en ivaretar bred involvering.»

For å sikre omsynet til brei involvering og dei alminnelege høyringsfristane kan det vere at Omsetningsrådet bruker lengre tid på arbeidet enn det såg føre seg i brev av 19. mars 2018.

Mens ein ventar på gjennomgangen til Omsetningsrådet, er det ikkje gjort endringar i opplysingsverksemda eller finansieringa av denne.

Framlegging av endringar i verkemidla for marknadsbalansering

Vedtak nr. 141, 11. desember 2017:

«Stortinget ber om at endringer i virkemidlene for markedsbalansering som ikke er i tråd med Omsetningsrådets anbefalinger, legges frem for Stortinget.»

Vedtaket blei gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 1 S (2017–2018), jf. Innst. 8 S (2017–2018).

Omsetningsrådet har i brev til departementet av 19. mars 2018 informert om at det legg opp til ein endeleg gjennomgang av regelverk og ordningar innan 31. desember 2019.

Næringskomiteen har i samband med handsaminga av jordbruksoppgjeret 2019 følgjande merknad kring marknadsbalansering, jf. Innst. 414 S (2018–2019):

«Komiteen legger til grunn at eventuelle forslag til endringer i regelverket blir sendt på alminnelig høring slik at en ivaretar bred involvering.»

For å sikre omsynet til brei involvering og dei alminnelege høyringsfristane, kan det vere at Omsetningsrådet bruker lengre tid på arbeidet enn det såg føre seg i brev av 19. mars 2018.

Departementet vil komme tilbake til Stortinget ved behov.

Etablering av nasjonale beredskapslager av korn

Vedtak nr. 445, 6. februar 2018:

«Stortinget ber regjeringen fremme en egen sak for Stortinget i løpet av 2019 om etablering av nasjonale beredskapslagre av korn.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaming av Dokument 8:33 S (2017–2018) og Dokument 8:41 S (2017–2028), jf. Innst. 112 S (2017–2018).

I samband med oppmodingsvedtak frå Stortinget i perioden 2013–2017 er det laga tre rapportar, to om beredskapslagring av korn frå dåverande Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF), og ei risiko- og sårbarheitsanalyse av norsk matforsyning frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB). NILF konkluderte med at beredskapslagring av matkorn ikkje er eit målretta og kostnadseffektivt tiltak for å styrkje norsk matsikkerheit. Heller ikkje DSB fann hendingar med høg risiko for norsk matforsyning, men peika på at klimaendringar på lengre sikt kan føre til at føresetnader i rapporten kan bli utfordra.

I Analyser av krisescenarioer2019 presenterer DSB 16 risikoområde som kan utløyse alvorlege hendingar for det norske samfunnet. Under området forsyningssvikt er eit av scenarioa global svikt i produksjonen av korn. DSB viser til at sviktande avlingar globalt vil føre til at kornprisane på verdsmarknaden vil auke, men så lenge verdsmarknaden fungerer, vil ei hending som dette først og fremst ha økonomiske konsekvensar i Noreg. DSB legg til grunn at avsperring av import til Noreg ikkje blir sett på som ein del av trusselbiletet. DSB vurderer dei samla konsekvensane til å vere svært små.

Det er eit viktig samfunnsansvar å sikre at innbyggjarane i landet får mat. Matsikkerheit i Noreg blir teke i vare gjennom nasjonal produksjon, handel og varetaking av produksjonsgrunnlaget. Forsyningsberedskapen innanfor matvaresektoren er basert på at både nasjonal produksjon og import langt på veg kan bli oppretthalde òg i kriser. Ei fullstendig avsperring av forsyningslinjene over noko tid blir ikkje sett på som realistisk. Noreg er avhengig av å importere viktige matvarer, men òg innsatsfaktorar, maskiner og utstyr. Noreg er òg i den heldige situasjonen at vi har ein stor sjømatsektor, som saman med matproduksjon frå landbruket sikrar eit solid fundament for nasjonal matsikkerheit.

Det er viktig å redusere risiko og sikre tilgangen på matkorn i Noreg. Å etablere statleg sentralisert beredskapslagring av matkorn vil innebere vesentlege kostnader til etablering og drift, tilnærma i underkant av 50 mill. kroner i årlege driftskostnader og 200 mill. kroner til innkjøp av korn frå verdsmarknaden for forbruk av matkorn i 3 månader. I tillegg kjem vesentlege kostnader til etablering av ny silokapasitet for dette kvantumet, tilnærma 230 mill. kroner. På bakgrunn av dette meiner Landbruks- og matdepartementet at sentralisert beredskapslagring av matkorn ikkje vil vere eit målretta og kostnadseffektivt tiltak for å styrkje norsk matsikkerheit.

Departementet meiner at det vil vere meir målretta og kostnadseffektivt å bruke ressursar på å redusere risiko og sikre kontinuerleg norsk matkornproduksjon, der dei årlege jordbruksoppgjera vil vere den viktigaste arenaen for å drøfte tiltak på dette området. Som del av ei beredskapstenking vil det framleis vere viktig å leggje til rette for mindre og lokale private kornlager på gardsbruk. Regjeringa har ved dei siste jordbruksoppgjera stimulert til auka norsk kornproduksjon innanfor dei områda der det er rom for dette i marknaden, i hovudsak innan kveiteproduksjon. I tillegg er det i jordbruksoppgjera i 2018 og 2019 vedteke å prioritere tørke- og lageranlegg for korn innanfor LUF-midlane til investering og bedriftsutvikling i landbruket. I jordbruksoppgjeret 2019 blei òg ordninga med tilskott til beredskapslagring av såkorn styrkt vesentleg.

Tidlegare utgreiingar peikar på at nokre forhold, mellom anna forverra vekstforhold på grunn av klimaendringar, kan føre til både auka prisnivå på matkorn og større prisrisiko på lengre sikt. Sjølv om dei internasjonale kornmarknadene synest robuste, må styresmaktene ha merksemd på desse forholda og evna marknadene har til sjølv å handtere pris- og forsyningsrisiko. Landbruks- og matdepartementet har auka merksemd på dette, og har gitt Landbruksdirektoratet i oppdrag å overvake risikoen for internasjonal tilbodssvikt av korn og fôrråstoff.

Kornarealet utgjer ein prosent av arealet i Noreg. Dette er areal det må takast vare på i størst mogleg grad. Tala for 2018 viser ein vesentleg nedgang i nedbygginga av dyrka jord dei siste åra, men det er framleis behov for stor merksemd på jordvern, jf. arbeidet regjeringa gjer med å følgje opp jordvernmålet som Stortinget har vedteke.

På dette grunnlag meiner departementet at vedtak nr. 445 av 6. februar 2018 er følgt opp.

Oppmodings- og utgreiingsvedtak i stortingssesjonen 2016–2017

Forbod mot nydyrking av myr

Vedtak nr. 108, pkt. 17, 5. desember 2016:

«Fremme forslag om forbud mot nydyrking av myr.»

Grunnlaget for vedtaket er innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2017 og forslag til statsbudsjett for 2017, jf. Innst. 2 S (2016–2017).

Regjeringa fremja i desember 2018 forslag om ei endring i jordlova § 11 andre ledd slik at det kan fastsetjast reglar om nydyrking i forskrift som er grunngitt ut frå behovet for reduserte utslepp av klimagassar, jf. Prop. 39 L (2018–2019) Endringer i jordlova mv. (klimahensyn ved nydyrking). Lovforslaget blei vedteke av Stortinget 11. april 2019.

Etterspørsel etter grøne trebaserte produkt

Vedtak nr. 445, 31. januar 2017:

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en strategi som stimulerer etterspørselen etter grønne trebaserte produkter, og komme tilbake med denne i løpet av 2017.»

Grunnlaget for vedtaket er Meld. St. 6 (2016–2017) Verdier i vekst – Konkurransedyktig skog- og trenæring, jf. Innst. 162 S (2016–2017).

Vedtaket er følgt opp gjennom framlegging av strategidokumentet Skog- og trenæringa – ein drivar for grøn omstilling i mars 2019. Strategidokumentet er todelt og følgjer òg opp vedtak nr. 448.

Strategidokumentet skal vise retning for arbeidet med å mobilisere til auka forskings-, utviklings- og innovasjonsaktivitet i skog- og trenæringa. Vidare peikar dokumentet på tiltak som kan bidra til å stimulere etterspørselen etter grøne trebaserte produkt. Dokumentet skal danne grunnlag for at skog- og trenæringa skal kunne gi auka bidrag til samla verdiskaping og grøn omstilling gjennom produktutvikling og større omsetnad i marknadene. Målet er auka sysselsetjing og framtidig verdiskaping, basert på berekraftig bruk av fornybare skogressursar, og bidrag til grøn omstilling i norsk økonomi.

For å mobilisere til auka forskings-, utviklings- og innovasjonsaktivitet i skog- og trenæringa legg strategidokumentet særleg vekt på tiltak og verkemiddel som kan bidra til tettare koplingar mellom dei ulike aktørane i verdikjeda for skog, og god dialog mellom næring og kunnskapsmiljø. Vidare peikar dokumentet på verdien av rett kompetanse på alle nivå og verkemiddel som er tilpassa det næringslivet treng. Landbruks- og matdepartementet vil, gjennom sine føringar overfor verkemiddelaktørane, leggje vekt på verkemiddel som er relevante for skog- og trenæringa. Det blir mellom anna sett på tiltak for å gjere det lettare for små og mellomstore bedrifter å nå fram innanfor Forskingsrådets program for Bærekraftig verdiskaping i mat- og biobaserte næringar (BIONÆR).

Strategidokumentet peikar på fem innsatsområde for å stimulere etterspørsel etter grøne trebaserte produkt. Det er viktig å leggje til rette for eit berekraftig skogbruk for å sikre stabil og effektiv tilgang til trevirke. Auka etterspørsel etter grøne trebaserte produkt er avhengig av at bruks-, klima- og miljøeigenskapane til trevirket er godt dokumenterte. Aktørane i marknaden må ha god kompetanse på bruken av produkta. Standardisering og industrialisering kan medverka til at produkta blir meir kostnadseffektive og konkurransedyktige. Det offentlege kan spele ei viktig rolle som planleggjar, innkjøpar og byggherre og gjennom regulering der det er nødvendig for å sikre fellesgode som marknaden ikkje etterspør.

Verdien av styrkt samarbeid og kunnskapsoverføring blir understreka. I den vidare oppfølginga blir det difor lagt vekt på tiltak som understøttar dette. Landbruks- og matdepartementet har, som oppfølging av strategien, mellom anna etablert eit forum for dialog mellom skog- og trenæringa, relevante forskings- og utdanningsmiljø og sentrale verkemiddelaktørar. I tillegg vil ulike interessegrupper, t.d. byggherrar, arkitektar og rådgivande ingeniørar, bli inviterte til å delta. Formålet med forumet er å bidra til tettare koplingar i og mellom aktørar i heile verdikjeda frå skog til marknad og betre dialog mellom næring og kunnskapsmiljø.

Forsking, utvikling og innovasjon i skog- og trenæringa

Vedtak nr. 448, 31. januar 2017:

«Stortinget ber regjeringen om å utarbeide en strategi for en helhetlig og styrket satsning på forsking, utvikling og innovasjon i skog- og trenæringen.»

Grunnlaget for vedtaket er Meld. St. 6 (2016–2017) Verdier i vekst – konkurransedyktig skog- og trenæring, jf. Innst. 162 S (2016–2017).

Vedtaket er følgt opp gjennom framlegging av strategidokumentet Skog- og trenæringa – ein drivar for grøn omstilling i mars 2019. Strategidokumentet er todelt og følgjer òg opp vedtak nr. 445, jf. nærare omtale ovanfor.

Fjellova i Nordland og Troms

Vedtak nr. 837, 8. juni 2017:

«Stortinget ber regjeringen utrede å gi fjelloven samme anvendelse i Nordland og Troms som sør for Nordland grense. Utredningen skal legge til grunn at Statskog fortsatt skal beholde ansvaret for skogressursene. Utredningen skal videre legge til grunn at gjeldende finnmarkslov videreføres innenfor dagens fylkesgrense for Finnmark, men ikke utvides til nye geografiske områder.»

Vedtaket blei gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 84 S (2016–2017) Ny inndeling av regionalt folkevalt nivå, jf. Innst. 385 S (2016–2017).

Statens grunn i Nordland og Troms blir i dag forvalta av statsføretaket Statskog SF. Statskog SF eig i alt om lag 27 000 kvadratkilometer i dei to fylka. Av dette er om lag 33 pst. verna etter naturmangfaldlova. Eigedommane består av både opphavleg og innkjøpt statsgrunn. Det er ikkje noko særskild lovverk for forvaltninga av desse areala, anna enn reglar for jakt og fiske etter viltlova og innlandsfiskelova med tilhøyrande forskrifter. For areal som er verna etter naturmangfaldlova gjeld i tillegg verneforskrifta for det enkelte verneområdet.

Lov 6. juni 1975 nr. 31 om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane (fjellova) er gjort gjeldande for statsallmenningane i Sør-Noreg, som ligg i Trøndelag fylke og sørover. Statsallmenningane omfattar eit areal på om lag 26 000 kvadratkilometer. Statskog SF er grunneigar i statsallmenningane. Fjellova har mellom anna føresegner om bruksrettane til beite og seter som ligg til jordbrukseigedommar i allmenningsbygdene. Vidare har lova føresegner om retten til jakt og fiske, den lokale forvaltninga av statsallmenningane og oppnemning av fjellstyre. Lova har òg føresegner om utøving av den statlege grunneigarretten og forvaltning av økonomien i statsallmenningane. Statsallmenningslovutvalet leverte i juni 2018 eit forslag til ny fjellov i NOU 2018: 11. Utgreiinga har vore på høyring og departementet arbeider no med den vidare oppfølginga av forslaget.

Fjellova er ikkje gjort gjeldande for statlege eigedommar i Nordland og Troms. Bakgrunnen for dette er at staten har meint at det i dei to fylka ikkje er allmenningar av same karakter som i Sør-Noreg, og at det er ulikt i kva omfang det finst bruksrettar i nord og i sør. Gjennom rettspraksis er det slått fast at det berre finst beiterettar på eit allmenningsrettsleg grunnlag på statens grunn i Nordland og Troms, ikkje andre allmenningsrettar som rett til seter eller trevirke. Ein har òg meint at reglane om jakt og fiske i viltlova og innlandsfiskelova høver betre for Nord-Noreg enn ordninga etter fjellova, der det er større høve til å forskjellshandsame innanbygds- og utanbygdsbuande jegerar og fiskarar.

Diskusjonen om fjellova bør gjerast gjeldande for statens grunn i Nordland og Troms har pågått i fleire tiår. Forvaltninga av statens grunn i dei to fylka har òg blitt greidd ut av Samerettsutvalet, jf. NOU 2007: 13 Den nye sameretten. Utvalet foreslår nye ordningar for forvaltninga av statens grunn i Nordland og Troms.

Etter fjellova § 1 kan Kongen gjere lova gjeldande heilt eller delvis for andre område som høyrer til staten. No i det seinare har fleire kommunar sjølv gjort vedtak om å innføre fjellova. Landbruks- og matdepartementet har i brev til kommunane slått fast at dei ikkje har heimel til å gjere lova gjeldande.

Ei eventuell ny forvaltningsordning for statens grunn må etablerast i samsvar med Noregs folkerettslege plikter. Det er særleg omsynet til pliktene staten har overfor samane som urfolk som er viktig, særleg gjeld det kravet til deltaking, under dette konsultasjonar.

Innføring av fjellova på statens grunn i Nordland og Troms vil få ulike konsekvensar for ulike aktørar. Fordeling av inntektene frå statens grunn etter fjellova vil få økonomiske konsekvensar for Statskog SF. Inntektene frå Nordland og Troms vil dels gå inn i grunneigarfondet, som ikkje er ein del av Statskog SF sin økonomi, og dels til fjellstyra. Statskog SF vil etter det berre ha inntekter frå skogbruk i Nordland og Troms. Statens utbytte frå føretaket vil med det òg bli redusert. Vidare vil Statskog SF sine moglegheiter til å halde oppe den spisskompetansen dei har i dag når det gjeld jakt, fiske og næringsutvikling bli redusert. Statskog SF vil heller ikkje kunne ha den rolla føretaket har i dag som regional samarbeidspartnar for ulike aktørar.

Ved innføring av fjellova vil det bli oppretta fjellstyre i Nordland og Troms. Fjellstyra blir valde av kommunestyret, men er ikkje underlagt kommunen. Fjellstyra administrerer dei jordbrukstilknytte bruksrettane som finst i eit område. Innføring av fjellova gir i seg sjølv ikkje nye rettar. Fjellstyra vil òg administrere og få inntektene frå jakt og fiske. Fjellova gir fortrinnsrett til nokre former for jakt og fiske til dei som er busett innanfor eit gitt område. Innføring av fjellova vil difor i ein viss grad kunne redusere allmenta sin tilgang til jakt og fiske. Reindrifta sine rettar har eit sjølvstendig rettsgrunnlag, og vil ikkje bli endra. Innføring av fjellova kan i ein viss grad bli tilpassa lokale forhold, ved at lova kan innførast heilt eller delvis for nye områder av statsgrunn. Lova har òg reglar om at reindrifta kan givast representasjon i fjellstyra.

Innføring av fjellova vil styrkje lokal innverknad på forvaltninga av statens grunn gjennom fjellstyra, men har mindre å si for kommunane si rolle og for lokal verdiskaping, fordi fjellstyra ikkje er kommunale organ. Fjellstyra betalar ikkje skatt og fjellova gir difor ikkje kommunane auka skatteinntekter.

Regjeringa arbeider med å følgje opp forslaga frå Samerettsutvalet II. Dersom det skal gjerast endringar i forvaltningsordninga for Nordland og Troms, må Sametinget og NRL konsulterast. Spørsmålet om å innføre fjellova i Nordland og Troms vil bli vurdert parallelt med oppfølginga av forslaget frå Samerettsutvalet. Regjeringa meiner dette er avgjerande for å komme fram til løysingar det er semje om. Dette vil òg gi grunnlag for ein betre prosess, som i større grad kan vareta alle dei ulike omsyna.

Regjeringa har følgelig ikkje teke stilling til spørsmålet om å innføre fjellova i Nordland og Troms. Regjeringa vil ta stilling til dette spørsmålet parallelt med at ein tek stilling til forslaget frå Samerettsutvalet II om ny forvaltningsordning for Nordland og Troms i NOU 2007: 13 Den nye sameretten. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Konsekvensar av liberalisering av konsesjonsplikta

Vedtak nr. 878, 13. juni 2017:

«Stortinget ber regjeringen utrede konsekvensen av en videre liberalisering av konsesjonsplikten utover de lovmessige endringer som nå vedtas for rene skogeiendommer.»

Vedtaket blei gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 92 L (2016–2017) Endringer i konsesjonsloven, jordloven og odelsloven mv. (konsesjonsplikt, odlingsjord, priskontroll, deling og driveplikt mv.), jf. Innst. 427 L (2016–2017). I samband med handsaminga av Prop. 1 S (2017–2018), jf. Innst. 8 S (2017–2018), uttalte næringskomiteen at utgreiing av eigedomsregelverket i jord- og skogbruk bør ha som siktemål å gjere omsyna bak lova mest mogleg effektive. Komiteen meinte at det blir feil utelukkande å peike på liberalisering av regelverket, og at utgreiingsarbeidet må få ei brei tilnærming.

Stortinget vedtok fleire endringar i eigedomslovgivinga i 2017. Det er for tidleg å fastslå kva følgjer desse endringane har hatt på eigedoms- og bruksstrukturen. Regjeringa vil difor ikkje gjennomføre ytterligare liberalisering i jord- og konsesjonslovgininga no. Seinare vurderingar vil på vanleg måte bli lagde fram for stortinget.

Gjennomgang av hundelova

Vedtak nr. 885, 13. juni 2017:

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget på egnet måte med en helhetlig gjennomgang av hundeloven av 2003 for å sikre at reglene om hundehold bygger på et godt og velfundert grunnlag.»

Stortinget ba ved oppmodningsvedtak den 13. juni 2017 om ein heilskapleg gjennomgang av hundeloven for å sikre at reglane om hundehald byggjer på eit godt og velfundert grunnlag.

Landbruks- og matdepartementet fekk ved kgl.res. den 15. februar 2019 overført ansvaret for hundeloven fra Justis- og beredskapsdepartementet.

Departementet har starta opp arbeidet, og vil i løpet av høsten 2019 etablere ei arbeidsgruppe og invitere til eit innleiande innspelssmøte med innsending av skriftlege innspel i etterkant.

1.6 Bruk av stikkordet «kan overførast»

Under Landbruks- og matdepartementet blir stikkordet «kan overførast» foreslått knytta til desse postane utanom postgruppe 30–49

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2019

Forslag 2020

1100

21

Spesielle driftsutgifter

3 621

15 738

1137

70

Innovasjonsaktivitet m.m.

1 000

1137

71

Bioøkonomiordninga

4 510

2 908

1138

71

Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar

930

1 298

1139

71

Tilskott til genressursforvaltning og miljøtiltak

13 487

30 205

1140

71

Tilskott til viltformål

4 023

41 278

1141

23

Jegerprøve m.m.

4 500

1142

71

Omstillingstiltak i Indre Finnmark

2 807

4 513

1142

77

Tilskott til kompensasjon ved avvikling av pelsdyrhald

160 000

1142

78

Tilskott til omstilling ved avvikling av pelsdyrhald

20 000

1142

80

Radioaktivitetstiltak

500

1149

71

Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket

24

79 774

1149

73

Tilskott til skog-, klima- og energitiltak

19 645

38 944

1150

21

Spesielle driftsutgifter

7 385

14 533

1150

70

Marknadsregulering

303 747

1150

74

Direkte tilskott

9 404 044

1150

77

Utviklingstiltak

281 980

1150

78

Velferdsordningar

1 547 195

1151

75

Kostnadssenkande og direkte tilskott

5 645

88 200

1151

79

Velferdsordningar

312

4 000

Til forsida