Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 1 S (2015–2016)

FOR BUDSJETTÅRET 2016 — Utgiftskapittel: 800–873, 2530 Inntektskapittel: 3821, 3822, 3842, 3847, 3855, 3856, 3858

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiande del

1 Hovudmål og politiske prioriteringar

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) har eit overordna ansvar for familie og samliv, barn og unges oppvekst og levekår, barnevern, likestilling, ikkje-diskriminering, forbrukarinteresser og integrering av innvandrarar.

Regjeringa har som mål å skape trygge rammer for familiane og barns oppvekst. Regjeringa vil at alle barn og unge skal ha like moglegheiter til å delta i samfunnet, uavhengig av foreldra sin bakgrunn, livssituasjon eller kvar i landet dei bur. Det er òg viktig at barn og unge får høve til å delta og ha innverknad, både i samfunnet og i eigne liv.

Dei fleste barn i Noreg veks opp i trygge familiar med gode økonomiske vilkår. Samtidig er det familiar som fell utanfor på grunn av svak økonomi og dårlege levekår. Dette rammer barna. Det er nødvendig med ein brei og samordna innsats for å motverke den negative verknaden av at barn lever i fattige familiar. Regjeringa har lagt fram ein strategi som vil stå sentralt i det vidare arbeidet: Barn som lever i fattigdom – Regjeringens strategi (2015–2017).

Regjeringa legg stor vekt på førebygging og tidleg innsats. I dette arbeidet er det viktig med sektorovergripande samhandling og kunnskapsutveksling. Der familien ikkje strekk til, har samfunnet ei plikt til å gi barn og unge trygge og gode omsorgstilbod og oppvekstvilkår. Det er eit viktig mål for regjeringa at kommunane over heile landet skal kunne gi rett hjelp til utsette barn og unge tidleg. Barnevernet og familievernet skal saman med andre kommunale tenester førebyggje før tilhøva blir kritiske.

Vald og overgrep i nære relasjonar er eit alvorleg samfunnsproblem, og regjeringa arbeider både for å førebyggje valden og for å gi gode tilbod til personar som er utsette for vald.

Regjeringa har som mål at alle skal ha like moglegheiter og fridom til å treffe eigne val. Arbeidet med å hindre tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege inngrep i unges fridom er viktig i den samanhengen.

Regjeringa har som mål at både kvinner og menn skal kunne delta fullt ut i arbeidslivet og få brukt og utvikla evnene sine på ulike arenaer. Diskriminering er eit brot på menneskerettane som rammar både den enkelte og heile samfunnet. Likestilling tyder at individa skal ha like rettar, plikter og moglegheiter på alle område i livet, uavhengig av mellom anna kjønn, alder, etnisitet, religion, seksuell orientering og funksjonsevne.

Regjeringa stiller krav til, og legg til rette for, at den enkelte innvandraren tek i bruk dei moglegheiter han eller ho har til å forsørgje seg sjølv. På den måten vil regjeringa medverke til eit samfunn der innvandrarar og barna deira har same levekår og kan delta i samfunnet på linje med andre.

Regjeringa har eit mål om rask busetjing av nykomne flyktningar, slik at dei kan få bruke ressursane sine og medverke til fellesskapet. Det er kommunane som vurderer og avgjer kor mange dei vil busetje. Regjeringa oppmodar kommunane om å prioritere dette arbeidet.

Flyktningsituasjonen i verda skaper stor usikkerheit ved planlegginga av busetjing i åra som kjem. I 2016 har Integrerings- og mangfaldsdirektoratet oppmoda om å busetje i overkant av 14 000 personar. Auka flyktninginnvandring vil på kort sikt medføre behov for kapasitetsauke for statlege og kommunale integreringstiltak. Det vil òg vere ei utfordring å busette einslege, mindreårige flyktningar. Dette vil medføre kostnader mange år framover. Regjeringa følgjer situasjonen tett.

Gjennom forbrukarpolitikken vil regjeringa gi forbrukarane ei sterk stilling på marknaden. Det føreset at forbrukarane har gode rammevilkår og rettar, at det finst gode og effektive system for løysing av tvistar mellom kjøparar og seljarar, og at forbrukarane har kunnskapar som gjer det mogleg å ta informerte og ansvarlege val.

Regjeringa har i tråd med dette særleg lagt vekt på å utvikle gode digitale informasjonsløysingar (portalar) for forbrukarane, å betre tilbodet for løysing av forbrukartvistar utanfor rettsapparatet, og å gå gjennom det forbrukarpolitiske verkemiddelapparatet. Nye informasjonsløysingar kan medverke til auka konkurranse og gjere det lettare for forbrukarane å velje mellom produkt frå ulike tilbydarar. Utvidinga av tvisteløysingssystemet gir forbrukarane eit tilbod om tvisteløysing på fleire område enn før. Gjennomgangen av verkemiddelapparatet skal leggje grunnlag for ei mest mogleg effektiv gjennomføring av forbrukarpolitikken til det beste for forbrukaren.

Forslaget til statsbudsjett for 2016 for BLD omfattar programområde 11 Barn, likestilling og inkludering og programområde 28 Foreldrepengar.

BLD har desse hovudmåla for politikkområda sine:

  1. God og effektiv forvalting

  2. Innvandrarar og barna deira skal få bruke ressursane sine og bidra til fellesskapet

  3. Trygge rammer for familiane

  4. Eit samfunn med like moglegheiter og utan diskriminering

  5. Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom

  6. Utsette barn og ungdom får omsorg, tryggleik og høve til utvikling

  7. Ei sterk stilling for forbrukarane

1.1 God og effektiv forvalting

Departementet vil utvikle vidare ei god og effektiv forvalting med god kvalitet gjennom god styring, organisering og drift av sektoren.

Gode og effektive etatar er viktige for å nå måla for sektoren. Departementet har ei målretta styring og oppfølging av underliggjande etatar for å medverke til dette. Departementet arbeider systematisk gjennom den interne og eksterne styringa for å kunne bli enda meir effektivt.

BLD har eit samordningsansvar for fleire viktige område som også gjeld andre departement. Ei god samordning er avgjerande for gjennomføringa og resultata av regjeringa sin politikk.

Hovudmålet for beredskapsarbeidet til BLD er å førebyggje uønskte hendingar og redusere konsekvensane dersom slike hendingar skulle oppstå. Departementet arbeider systematisk for å nå dette målet.

1.2 Innvandrarar og barna deira skal få bruke ressursane sine og bidra til fellesskapet

Dagens flyktningsituasjon fører til store utfordringar på innvandrings- og integreringsfeltet i tida framover. Avtalen inngått på Stortinget om å ta imot 8 000 syriske flyktningar over tre år, saman med stor auke i talet på asylsøkjarar, gjer at regjeringa ser at innsatsen på desse felta må auke. Det er kommunane som er ansvarlege for å leggje til rette for integreringsprosessen og som dermed vil møte utfordringane med auka busetjing. På BLD sitt område er særleg arbeidet med busetjing og integrering av flyktningar og tilstrøyminga av einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år krevjande, og regjeringa vil følgje situasjonen nøye.

Integreringstilskotet er auka med over 300 mill. kroner sidan 2014 for å auke busetjinga i kommunane, og for 2016 føreslår regjeringa ytterlegare 50 mill. kroner til eit ekstratilskot til kommunar ved busetjing av flyktningar. Det blir òg føreslått å styrke det særskilte tilskotet ved busetjing av einslege, mindreårige flyktningar med 25 mill. kroner. Ved busetjing av flyktningar med alvorlege, kjende funksjonshemmingar og/eller åtferdsvanskar, kan kommunane få ekstra tilskot på grunnlag av dokumenterte behov. Regjeringa styrkte tilskotet i 2015.

I 2016 vil Husbanken kunne gi tilsegn til om lag 1 400 utleigebustader. Dette er 400 fleire bustader kvart år samanlikna med 2013. Fleire utleigebustader til flyktningar og andre vanskelegstilte på bustadmarknaden er eit viktig tiltak for å bidra til auka busetjing, sjå omtale i Prop. 1 S for i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Overslaga på løyvingane på BLD sitt budsjett på utlendingsområdet er i hovudsak basert på siste overslag frå Beregningsgruppa for utlendingsforvaltningen (BGU) frå juni 2015. Tilstrøyminga av asylsøkjarar dei siste månadene har vore større enn prognosane tilsa. BGU vil leggje fram nye prognosar primo oktober 2015, og regjeringa vil vurdere om det er behov for å kome tilbake til Stortinget med forslag om løyvingsendringar knytt til utlendingsområdet i eit tilleggsnummer til budsjettforslaget for 2016.

Integreringsprossessen må vere god og tilpassa den enkelte for å nå måla i integreringspolitikken om rask overgang til arbeid og utdanning. Betre og meir arbeidspraksis vil føre til at fleire kan forsørgje seg sjølve. Lokalt næringsliv, NAV og frivillige organisasjonar bør involverast meir i introduksjonsarbeidet. Dei kan vere viktige bidragsytarar for at den enkelte kommune får tilstrekkeleg utval i relevante kvalifiseringstilbod, og kan bidra til at flyktningar får betre fotfeste i lokalmiljøet. Fellesskapet skal ha rom for det mangfaldet innvandringa fører med seg, men samtidig ha ei tydeleg verdiforankring i rettsstaten, demokratiske prinsipp og den kristne og humanistiske kulturarven.

Per 1. januar 2015 var det om lag 669 000 personar i Noreg som hadde innvandra sjølve, og om lag 136 000 som var fødde i Noreg med innvandrarforeldre. Dei utgjer til saman 15,6 prosent av befolkninga. Til samanlikning utgjorde den tilsvarande gruppa om lag 5 prosent for 20 år sidan. Ved inngangen til 2015 hadde om lag fire av ti innvandrarar budd mindre enn fire år i Noreg. I 2014 var om lag 43 prosent av innvandringa til Noreg frå land utanfor Norden arbeidsinnvandring, 33 prosent var familieinnvandring, 14 prosent flyktningar og 10 prosent studentar mv.

Det bur innvandrarar og norskfødde med innvandrarbakgrunn i alle kommunar i Noreg. Flest er det i Oslo med 32 prosent av innbyggjarane.

Det har vore ei auke i talet på busetjingsklare flyktningar i mottak allereie frå 2011. Ved utgangen av 2012 satt det om lag 3 800 personar og venta på busetjing. Dette talet auka så til om lag 5 500 ved utgangen av 2013. I 2014 var det svært høg busetjing av flyktningar, då det blei busett 7 784 flyktningar i kommunane. Busetjinga av flyktningar i første halvår 2015 er 21 prosent høgare enn på same tid i fjor. Det er framleis ei utfordring at flyktningar som har fått opphald i Noreg, ventar i lang tid på å bli busette i ein kommune. Departementet har derfor mellom anna gjennomført møte med kommunar for å sikre ein dialog om busetjings- og integreringsutfordringane. Det blei òg i 2015 sett i gang eit prøveprosjekt med overføring av enkelte busetjingsoppgåver til Fylkesmannen i Hordaland og Fylkesmannen i Østfold.

På viktige område er det systematiske skilnader mellom innvandrarar som gruppe og befolkninga elles. Dette gjeld område som arbeid, utdanning og helse. Det er mange som har utdanning og kompetanse frå heimlandet sitt som ikkje får godkjent, eller i liten grad brukt, kompetansen sin i Noreg. Ei anna utfordring for samfunnet og den enkelte er at mange, både flyktningar og andre innvandrarar, har låg kompetanse og svake grunnleggjande ferdigheiter samanlikna med krava i arbeidsmarknaden.

Det er store skilnader mellom kommunar i måloppnåinga i introduksjonsprogrammet. Departementet har derfor sett i gang ei evaluering av programmet, og resultata er venta å føreliggje ved utgangen av 2016. Sjå òg omtale under delmål 2.2.

Regjeringa sin politikk må møte variasjonane blant innvandrarar og barna deira og skilnadene i deltaking og levekår. Innvandrarar skal møtast med krav om, og høve til, å medverke og delta i samfunnet på linje med andre. Nøklane til integrering i samfunnet ligg i å ha gode norskkunnskapar og delta i arbeidslivet. Arbeid gir høve til å forsørgje seg sjølv, tilhøyrsle, fellesskap og nettverk.

Integreringspolitikken femner om mange samfunnsområde. BLD har ansvar for mellom anna rammene for busetjing av flyktningar, forvalting av introduksjonslova og statsborgarlova og for å leggje til rette for tolking i offentleg sektor. BLD har i tillegg det overordna ansvaret for samordning av integreringspolitikken, medan dei enkelte fagstyresmaktene på eigne ansvarsområde har ansvar for tenestetilbodet til alle innbyggjarar, medrekna innvandrarar og barna deira. Frivillige organisasjonar og sivilsamfunnet speler òg ei viktig rolle for god integrering av innvandrarar.

Boks 1.1 Regjeringa si hovudsatsing på integreringsområdet vil i 2016 vere å

  • styrkje dei økonomiske verkemidla for å auke busetjinga av flyktningar i kommunane ved eit ekstratilskot på 50 mill. kroner

  • styrkje det særskilde tilskotet for busetjing av einslege, mindreårige flyktningar med 25 mill. kroner

  • styrkje løyvinga med 10 mill. kroner til utvidinga av Jobbsjansen , samanlikna med Saldert budsjett 2015

  • styrkje løyvinga med 7 mill. kroner til ei betre og meir systematisk kartlegging av flyktningane sin kompetanse

  • halde fram arbeidet mot radikalisering og valdeleg ekstremisme

  • styrkje ettervernet ved det nasjonale bu- og støttetilbodet for personar over 18 år som er utsette for tvangsekteskap med 2 mill. kroner

  • følgje opp tolkeutvalet si innstilling

  • vurdere endringar i statsborgerlova, mellom anna vurdere om det skal innførast reglar om tap av statsborgarskap, der ein statsborgar opptrer sterkt til skade for staten sine vitale interesser eller frivillig har tenestegjort i ein framand militær styrke

  • styrkje kompetansen for lærarar i opplæring i norsk og samfunnskunnskap

1.3 Trygge rammer for familiane

Familiane er dei sterkaste sosiale fellesskapa vi har, og er viktige berarar av tradisjon, kultur og læring.

Barn og familiar er ulike, og dei har ulike behov. Derfor må ein gi kvar enkelt familie fleksibilitet og fridom til å velje dei løysingane som passar best for dei. Velfungerande familiar gir tryggleik og tilhøyrsle og skaper rom for utvikling.

Regjeringa ønskjer å styrkje familien si stilling i samfunnet. Ei viktig satsing på familieområdet dei siste åra har vore å styrkje familievernet. For 2015 blei det vedteke ein vesentleg auke i løyvinga til det førebyggjande arbeidet i familievernet og tilbodet til valdsutsette familiar og familiar med høgt konfliktnivå. Til saman er løyvinga til familievernet auka med over 70 mill. kroner i budsjetta for 2014 og 2015.

Regjeringa føreslår å auke budsjettet til familievernet ytterlegare i 2016 for å gi fleire barn tilbod om barnesamtalar ved samlivsbrot.

For at barn skal få ein god oppvekst, bør utsette foreldre få god oppfølging og hjelp til å meistre foreldrerolla. Regjeringa føreslår å auke løyvinga til foreldrestøttande tiltak i kommunane i budsjettet for 2016. Arbeidet med førebygging og tidleg innsats vil òg bli styrkt gjennom samarbeid med tenester som til dømes helsestasjonar, familievern, skolar og barnehagar. Sjå nærmare omtale av barnefattigdomsstrategien under avsnitt 1.5.

Regjeringa har sett ned eit offentleg utval som skal gå igjennom overføringsordningane og tenestetilbodet til familiar med barn under 18 år. Det er viktig med gode velferdsordningar for barnefamiliane. Utvalet skal drøfte kva som bør vere målsetjingane med støtta til barnefamiliane, og vurdere behov for endringar i ordningane, mellom anna for å redusere barnefattigdom og medverke til god ressursbruk. Utvalet skal levere utgreiinga si i mars 2017. Det er 20 år sidan sist overføringane til barnefamiliane blei greidde ut av eit offentleg utval i NOU 1996: 13 Offentlige overføringer til barnefamiliene.

Regjeringa har òg oppnemnt eit offentleg utval som mellom anna skal greie ut om behovet for særdomstolar for barne- og familiesaker. Det er eit behov for å greie ut om særdomstolar kan bidra til rettstryggleik, større fagkompetanse og større legitimitet. Utvalet skal levere utgreiinga si i januar 2017.

Regjeringa vil at foreldra skal vere likestilte som omsorgspersonar og ha like rettar. Samtidig skal ein sørgje for at omsynet til det som er best for barnet, alltid veg tyngst i saker om barnefordeling og samvær.

Forslag til endringar i barnelova som tek sikte på å fremme likestilt foreldreskap, blei sende på høyring i juni 2015. Formålet er å fremme likestilt foreldreskap og å dempe konfliktar som rammar barna. Endringsforslaga tek sikte på å styrkje foreldreansvaret, styrkje samvær med barna for begge foreldra og bidra til at samvær blir gjennomført.

Regjeringa vil gjennomføre tiltak i handlingsplanar og strategiar på valdsfeltet og utvikle og styrkje innsatsen mot vald ytterlegare. Stortinget har i Innst. 315 S (2014–2015) bedt regjeringa leggje fram forslag om ein forpliktande og heilskapleg opptrappingsplan som skal redusere vald i nære relasjonar og styrkje ivaretakinga av barn utsett for vald og overgrep. Regjeringa vil greie ut korleis dette kan gjennomførast. Tiltaka som er nedfelte i En god barndom varer livet ut – tiltaksplan for å bekjempe vold og seksuelle overgrep mot barn og ungdom (2014–2017) vil vere eit godt utgangspunkt for opptrappingsplanen.

Departementet tek hausten 2015 sikte på å etablere ei ekspertgruppe som skal analysere eit utval alvorlege saker der barn og ungdom har blitt utsett for vald og seksuelle overgrep. Målet er å avdekkje svikt og utfordringar i det offentlege hjelpeapparatet. Departementet vil vurdere behovet for endringar i lovverket knytt til dette arbeidet.

Regjeringa føreslår å auke løyvinga til programmet Nurse Family Partnership. Målet med programmet er å gi ekstra støtte til utvalde førstegongsforeldre for å få til ei god utvikling av foreldre/barn-relasjonen og gode utviklingsvilkår hos barna.

Regjeringa føreslår òg å løyve midlar til utviklingsprosjekt for å stimulere kommunane til å styrkje tilbodet til utsette grupper som treng eit krisesentertilbod. Evalueringa av krisesentertilbodet viser at valdsutsette som òg har problem knytta til rus og psykisk helse, valdsutsette med funksjonsnedsetjingar og valdsutsette menn og barna deira ikkje får eit godt nok tilbod i mange kommunar.

BLD har ansvar for fleire tiltak i Handlingsplan mot radikalisering og voldelig ekstremisme. Regjeringa føreslår å auke løyvinga for å utvikle og prøve ut rettleiingsopplegg (ICDP) retta mot foreldre og føresette som ledd i arbeidet med å førebyggje radikalisering og valdeleg ekstremisme. Arbeidet mot radikalisering og valdeleg ekstremisme er nærmare omtalt under avsnitt 1.2.

Regjeringa vil leggje fram ei stortingsmelding om familiepolitikken i 2016. Meldinga skal omtale dagens familiemangfald og identifisere og drøfte utfordringar enkelte familiar møter. Meldinga skal gi retning for ein samla offentleg politikk på dei viktigaste områda som gjeld familiane. Det omfattar òg oppvekstpolitikken, som er nærmare omtalt under avsnitt 1.5.

Boks 1.2 Regjeringa si hovudsatsing på familie- og valdsområdet vil i 2016 vere å

  • auke løyvinga til familievernet med 5 mill. kroner for å gi fleire barn tilbod om barnesamtalar ved samlivsbrot

  • auke løyvinga til tilskotsordninga til foreldrestøttande tiltak i kommunane med 10 mill. kroner, samanlikna med Saldert budsjett 2015

  • auke løyvinga til programmet Nurse Family Partnership med 7 mill. kroner

  • styrkje løyvinga med 3 mill. kroner til utviklingsprosjekt for å betre krisesentertilbodet

  • auke løyvinga til rettleiingsopplegget ICDP for å førebyggje radikalisering og valdeleg ekstremisme med 2 mill. kroner, samanlikna med Saldert budsjett 2015

1.4 Eit samfunn med like moglegheiter og utan diskriminering

Regjeringa vil styrkje likestillinga og skape eit betre diskrimineringsvern. Eit samfunn med like moglegheiter og utan diskriminering blir skapt gjennom positive og stimulerande verkemiddel og gjennom eit betre diskrimineringsvern. Fråvær av diskriminering er ein føresetnad for eit inkluderande samfunn og for deltaking. Alle skal ha like rettar og høve til innverknad på eigne liv.

Diskriminering er eit brot på menneskerettane som rammar både den enkelte og heile samfunnet. I dag blir omgrepet «likestilling» nytta i vidare forstand enn berre om likestilling mellom menn og kvinner. Det handlar òg om likestilling når det gjeld funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, alder, etnisitet og religion. BLD har ei koordineringsrolle overfor andre departement i arbeidet med å fremme likestilling og hindre diskriminering på dei ulike grunnlaga.

Regjeringa tek sikte på å sende eit forslag til ei ny, felles likestillings- og ikkje-diskrimineringslov på høyring i 2015. Målet er eit styrkt diskrimineringsvern som er meir brukarvennleg, oversiktleg og samanhengande. Regjeringa har òg sett i gang ei utgreiing av handhevingsapparatet. I utgreiinga skal det leggjast fram forslag til ein ny organisasjonsmodell med sikte på å skilje pådrivar- og handhevingsoppgåvene til ombodet.

Regjeringa legg fram ei melding om likestilling mellom kvinner og menn hausten 2015. Sentrale tema for meldinga er oppvekst, utdanning og arbeid, entreprenørskap, vald og helse. Både manns- og minoritetsperspektiva vil vere gjennomgåande.

Høg yrkesdeltaking blant begge kjønn er viktig for å utvikle velferdsstaten vidare. Den gode økonomiske utviklinga i Noreg er mellom anna eit resultat av målretta satsing på ordningar som gjer det mogleg for både menn og kvinner å kombinere yrkes- og familieliv.

Regjeringa og partane i arbeidslivet vil føre vidare trepartssamarbeidet om likestilling i arbeidslivet.

Frivillige organisasjonar har hatt ei viktig rolle i utviklinga av likestillingspolitikken. Regjeringa føreslår å føre vidare støtta til familie- og likestillingspolitiske organisasjonar, sjå nærmare omtale under programkategori 11.40.

Regjeringa vil arbeide vidare for eit universelt utforma samfunn og tek sikte på å leggje fram ein ny handlingsplan for universell utforming med hovudvekt på IKT og velferdsteknologi.

Stortinget har oppmoda regjeringa om å leggje fram eit forslag til framdriftsplan for å nå visjonen om eit universelt utforma samfunn fram mot 2025, jf. oppmodningsvedtak nr. 106 (2012–2013). Departementet har sett i gang eit utgreiingsarbeid i forbindelse med dette og vil komme tilbake til Stortinget på egna måte i 2016.

Regjeringa har sett ned eit utval om grunnleggjande rettar for menneske med utviklingshemming (Rettighetsutvalget), jf. oppmodingsvedtak nr. 357 (2013–2014). Utvalet skal føreslå tiltak for å ivareta dei grunnleggjande rettane til personar med utviklingshemming, og skal levere utgreiinga innan 1. juni 2016.

Regjeringa vil arbeide for å gi lesbiske, homofile, bifile og transepersonar (lhbt-personar) grunnleggjande rettar og aktivt motarbeide diskriminering på grunnlag av seksuell orientering og kjønnsidentitet. Noreg er, og skal vere, eit føregangsland når det gjeld lhbt-rettar. Regjeringa tek sikte på å leggje fram ein eigen tverrsektoriell handlingsplan for lhbt-politikken. Planen skal gjelde for perioden 2016–2019. Planen skal medverke til eit målretta, godt forankra og godt koordinert arbeid på feltet dei komande åra.

Ytringar som spreier hat mot andre menneske på grunn av kjønn, etnisitet, religion eller livssyn, nedsett funksjonsevne eller seksuell orientering, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk er forbodne etter norsk lov. Regjeringa vil motverke hatefulle ytringar og vurderer korleis ein skal gå fram for å nedkjempe slike ytringar.

Boks 1.3 Regjeringa si hovudsatsing på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet vil i 2016 vere å:

  • følgje opp likestillingsmeldinga gjennom langsiktige og målretta satsingar med 10 mill. kroner

  • fremme forslag til ny, felles likestillings- og ikkje-diskrimineringslov

  • styrkje kunnskapsgrunnlaget om hatefulle ytringar og vidareføre støtten til Stopp hatprat! -kampanjen med samla 1,5 mill. kroner

  • styrkje saksbehandlingskapasiteten i Likestillings- og diskrimineringsnemnda med 1 mill. kroner

  • gjennomføre haldningsundersøkingar om jødar og andre minoritetar

  • iverksetje ein ny handlingsplan for universiell utforming

  • leggje fram ein ny handlingsplan på feltet lesbiske, homofile-, bifile og transpersoner (lhbt)

  • vurdere handhevingsapparatet på likestillings- og ikkje-diskrimineringsfeltet

1.5 Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom

Eit overordna mål for barne- og ungdomspolitikken er å gi barn og unge gode og trygge oppvekst- og levekår. Sentralt står arbeidet for å verne barn mot omsorgssvikt og overgrep. Det er særs viktig å leggje til rette for brei deltaking for å motverke utanforskap og ekstremisme. Aktiv medverknad frå barn og unge bidreg til eit levande demokrati for framtida.

Hovudsatsinga til regjeringa på familie- og oppvekstområdet i budsjettet for 2016 er å gjennomføre Barn som lever i fattigdom – Regjeringens strategi (2015–2017). Barnefattigdomsstrategien er den første i sitt slag.

Strategien tek utgangspunkt i at barnefattigdom er eit samansett problem. Ikkje alle barn i låginntektsfamiliar har nødvendigvis dårlege levekår, men samspelet mellom sosiale, helsemessige og økonomiske utfordringar over tid forsterkar ofte kvarandre og aukar risikoen for marginalisering og fattigdom. Strategien mot barnefattigdom inneheld 64 tiltak for å førebyggje barnefattigdom og dempe negative konsekvensar for barn som veks opp i fattige familiar. Eit viktig mål er å hindre at fattigdom går i arv. Tiltaka i strategien er fordelte på sju innsatsområde:

  1. Førebygging ved å styrkje utsette barnefamiliar

  2. Gjennomføring av utdanningsløp – barnehage og skole

  3. Deltaking og inkludering – fritid, kultur og idrett

  4. Eit godt helsetilbod til alle barn og unge

  5. Tilgang til arbeidslivet for ungdom og foreldre

  6. Forsking og statistikk

  7. Ansvars- og kompetansedeling – stat, kommune og frivillig sektor

BLD sett i verk tiltak som blei vedtekne i samband med stortingsbehandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2015, jf. Prop. 119 S (2014–2015) og Innst. 360 S (2014–2015). Tiltak i strategien er òg fulgt opp i budsjettforslaget for 2016. Regjeringa vil styrkje arbeidet mot barnefattigdom blant frivillige organisasjonar og i kommunane. For å stimulere dette arbeidet føreslår regjeringa mellom anna å auke løyvingane til fleire tilskotsordningar, samanlikna med Saldert budsjett 2015:

Tilskotsordninga Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom har som formål å gi fleire barn og unge i fattige familiar høve til å delta i ferie- og fritidsaktivitetar.

Tilskotsordninga Støtte til oppfølgings- og losfunksjon for ungdom har som formål å redusere fråfallet i vidaregåande skole og/eller arbeidslivet ved hjelp av individuell oppfølging. Målgruppa for tiltaket er ungdom i alderen 14–23 år som er i risikosona.

Tilskotsordninga Utvikling av modeller for identifikasjon og oppfølging av barn av psykisk syke og barn av foreldre som misbrukerrusmidler har som formål å få ei betre oppfølging av desse barna i kommunane.

I tillegg føreslår departementet å auke løyvinga til Grunnleggjande kvalifisering for innvandrarar – utviding av Jobbsjansen med 10 mill. kroner, sjå avsnitt 1.2.

Strategien inneheld ei rekkje tiltak på andre departementer sine ansvarsområde. Det er føreslått ein auke på 10 mill. kroner til tiltak mot barnefattigdom på frivilligheitsfeltet. Sjå nærmare omtale av det under Prop. 1 S (2015–2016) for Kulturdepartementet.

Auka i bostøtteordninga for barnefamiliar og andre store hushald og satsinga på auka tilskot til utleigebustadar på Kommunal- og moderniseringsdepartementets budsjett, er óg tiltak som er sentrale i arbeidet mot barnefattigdom. Det same gjeld styrkinga av helsestasjons- og skolehelsetenesten innanfor kommunanes frie inntekter og den føreslåtte opptrappingsplanen på rusfeltet. Sjå nærmare omtale i Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Helse- omsorgsdepartementet sin Prop. 1 S (2015–2016).

Regjeringa vil hausten 2015 lansere ein plan for barn og unge. Planen skal gi ein brei presentasjon av regjeringa sitt arbeid for å medverke til gode oppvekst- og levekår for alle barn og unge. Planen skal løfte fram konkrete tiltak, både arbeid som alt er i gang, og nye satsingar, og vise regjeringa sine prioriteringar og satsingar i barne- og ungdomspolitikken framover.

Dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane er viktige arenaer for demokratiutvikling, og er eit viktig verkemiddel for å få barn og unge til å delta og engasjere seg. Regjeringa vil halde fram med å støtte det lokale, nasjonale og internasjonale arbeidet til organisasjonane.

Boks 1.4 Regjeringa si hovudsatsing på barne- og ungdomsområdet vil i 2016 vere å

føre vidare satsinga mot barnefattigdom gjennom desse satsingane, samanlikna med Saldert budsjett 2015:

  • auke løyvinga til tilskotsordninga Støtte til oppfølgings- og losfunksjon for ungdom med 20 mill. kroner

  • auke løyvinga til tilskotsordninga til tiltak for å følgje opp barn av psykisk sjuke og rusmisbrukarar (basert på Modellkommuneforsøket) med 19 mill. kroner

  • auke løyvinga til tilskotsordninga Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom med 8 mill. kroner

1.6 Utsette barn og ungdom får omsorg, tryggleik og høve til utvikling

Alle barn i Noreg som treng hjelp på grunn av omsorgssvikt eller overgrep, skal få eit godt tilbod raskt. Barnevernet skal arbeide førebyggjande og vere eit tryggleiksnett for barn og unge når foreldra ikkje greier å gi barna sine den omsorga dei treng. Barnevernet skal møte barn og foreldre med omsorg, og foreldre skal få hjelp til å vere gode og trygge foreldre. Barnevernlova gjeld alle barn som oppheld seg i Noreg.

Kunnskap om behova barn og familiar har, og kompetanse til å gi god hjelp er heilt nødvendig. Eit verdifullt arbeid blir gjort kvar dag av tilsette i barnevernet, og regjeringa har som mål å betre denne tenesta ytterlegare. Regjeringa vil styrkje det førebyggjande arbeidet i barnevernet, og leggje til rette for eit godt samarbeid mellom dei kommunale tenestene.

Regjeringa vil utvikle det kunnskapsbaserte barnevernet, og ønskjer å få meir kunnskap om kva aktivitetar og tenester frå kommunalt og statleg barnevern som fører til positiv endring for barn og familiane deira. Barn og foreldre skal møte ei teneste med høg kvalitet, slik at dei får nyttig hjelp gjennom alle tiltaka frå barnevernet. Kunnskapsutvikling og kompetansestyrking er nødvendig for å nå måla, og eit godt samarbeid mellom utdanning, forsking og praksis skal medverke til eit betre barnevern.

Kommunalt og statleg barnevern må tilby hjelp som er tilpassa behova barn og unge har – anten det gjeld hjelp i heimen, i fosterheim, på institusjon eller under oppfølging der dei bur etter dei har fylt 18 år.

Høg kvalitet inneber god rettstryggleik og brukarmedverknad, slik at barn blir høyrde om sin eigen situasjon, i tillegg til kvalitet i tenestene. Regjeringa vil stimulere til god brukarmedverknad i barnevernet og ei betre forståing og større tillit i møte mellom innvandrarbefolkninga og barnevernet. Det er sett ned eit lovutval som skal gjennomføre ein språkleg, strukturell og teknisk gjennomgang av barnevernlova og vurdere korleis lova kan gjerast enklare. Målet er betre rettstryggleik og eit meir forståeleg lovverk, og å gjere lova meir tidsriktig.

Regjeringa vil styrkje det førebyggjande arbeidet retta mot utsette barn, ungdom og familiane deira, slik at ein kan kome tidleg inn med gode tiltak og unngå problemutvikling. Regjeringa vil i 2016 arbeide vidare med å utvikle tiltak og metodar som kan betre omsorgsevna til foreldra for å unngå omsorgsovertakingar.

Stortinget slutta seg ved behandlinga av Prop. 72 L (2014–2015) Endringer i barnevernloven (utvidet adgang til å pålegge hjelpetiltak), til forslaget om å utvide høvet til å påleggje hjelpetiltak. Formålet med lovendringa er å betre situasjonen for barnet og å førebyggje meir inngripande tiltak som omsorgsovertaking. Vedtak om pålegg er eit tvangsvedtak og skal behandlast i fylkesnemnda. Lovendringa blir sett i kraft 1. april 2016.

I 2014 og 2015 blei det statlege barnevernet styrkja med over 425 mill. kroner. Departementet ventar framleis ein aktivitetsvekst i det statlege barnevernet i 2016. Regjeringa føreslår derfor å styrkje det statlege barnevernet med 87 mill. kroner til kjøp av private barneverntiltak.

Departementet vil i 2016 setje i verk eit forsøk med auka kommunalt ansvar for barnevern i eit lite utval kommunar. Eit meir heilskapleg ansvar vil gi sterkare insentiv til og større handlingsrom for å prioritere førebyggjande tiltak.

Regjeringa skal, ved utgangen av 2015, leggje fram ei stortingsmelding om fosterheimar som skal bidra til ein betre og meir stabil kvardag for både fosterbarn, fosterfamiliar og den biologiske familien til fosterbarna.

Barn i barnevernet har større risiko enn andre barn for ikkje å kome i utdanning eller arbeid, og dei har òg større helseproblem enn andre. Det inneber at barnevernet må samarbeide med andre tenester. Mange førebyggjande hjelpetiltak som blir brukte i barnevernet, er dei same som også andre kommunale tenester, til dømes helsestasjonar, tilbyr. Samarbeid mellom tenester er derfor viktig òg innanfor førebyggjande arbeid og tidleg innsats.

Forsking viser at å meistre skole og utdanning er ein svært viktig føresetnad for at utsette barn og unge skal få ei god utvikling. Regjeringa ønskjer derfor å halde fram arbeidet med å styrkje skole- og utdanningstilbodet for barn og unge med tiltak i barnevernet.

Mange barn og unge i barnevernsinstitusjonar har alvorlege psykiske vanskar og lidingar som krev utgreiing, diagnostisering og behandling. Departementet har saman med Helse- og omsorgsdepartementet sett i gang eit arbeid for at barn i barnevernsinstitusjonar skal få nødvendig hjelp og oppfølging frå barnevernet og helsetenestene.

BLD vil i 2016 følgje opp evalueringa av fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker og Riksrevisjonens forvaltingsrevisjon av saksbehandling i fylkesnemndene. Rapportane gir eit godt grunnlag for det vidare arbeidet med mellom anna å få ned saksbehandlingstida.

Boks 1.5 Hovudsatsingar på barnevernsområdet vil i 2016 vere å

  • gjennomføre forsøk i eit utval kommunar, der kommunane får eit større fagleg og økonomisk ansvar for barnevernet

  • styrkje løyvinga med 30 mill. kroner til å gi høve til å påleggje hjelpetiltak

  • halde fram satsinga på skole- og utdanningssituasjonen for barn med tiltak i barnevernet

  • styrkje arbeidet med å gi barn i barnevernsinstitusjonar betre psykisk helsehjelp med 2 mill. kroner

  • følgje opp Riksrevisjonens forvaltningsrevisjon av saksbehandling i Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker og evalueringa av fylkesnemndene

  • følgje opp fosterheimsmeldinga etter behandlinga i Stortinget våren 2016

  • styrkje det statlege barnevernet med 87 mill. kroner til kjøp av private barnevernstenester

  • opprette ei tilskotsordning for å stimulere til at fleire tilsette i barnevernet tar vidareutdanning

1.7 Ei sterk stilling for forbrukarane

Forbrukarpolitikken skal gi forbrukarane ei sterk stilling i marknaden. Det føreset at forbrukarane har gode rammevilkår og rettar, at det finst gode og effektive system for tvisteløysing, og at det finst informasjon som grunnlag for å ta opplyste og ansvarlege val.

Regjeringa har i forbrukarpolitikken særleg lagt vekt på

  • digitale løysingar

  • tvisteløysing

  • verkemiddelapparatet

  • gjeld og personleg økonomi

Forbrukarane både handlar og hentar informasjon på Internett i større grad enn før. Regjeringa vil medverke til at det blir utvikla fleire gode, digitale informasjonsløysingar om marknadsforhold som er tilpassa behova forbrukarane har. I 2016 skal det – i tråd med oppmodingsvedtak i Stortinget (vedtak nr. 436, 3. mars 2015) – utviklast ein prisportal for daglegvarer. Regjeringa føreslår at Forbrukarrådet skal stå for arbeidet med å utvikle både denne portalen og ein ny portal for handverkartenester som skal samle og formidle kvalitetssikra informasjon om seriøsiteten til føretak i byggjenæringa. I tillegg vil Forbrukarrådet vidareutvikle dei eksisterande offentlege portalane Finansportalen og Tannhelseportalen.

Regjeringa er i gang med å betre tilbodet for løysing av forbrukartvistar utanfor rettsapparatet. Forbrukarrådet fekk frå 1. juli 2015 ansvar for å mekle på fleire saksområde. Regjeringa planlegg å leggje fram ein lovproposisjon om klageorgan for forbrukarsaker. Lova vil regulere dei nye meklingsoppgåvene til Forbrukarrådet og gi reglar for godkjenning av nemnder og meklingsorgan. Det blir òg arbeidd med ei ny lov om Forbrukartvistutvalet (FTU) som skal fylle krava i EU-direktivet om utanrettsleg tvisteløysing. Det vil bli føreslått at FTU kan behandle prinsipielle klagesaker.

Forbrukarombodet får svært mange klager på telefonsal. BLD sende sommaren 2015 på høyring eit forslag om endringar i marknadsføringslova som mellom anna vil avgrensa høvet næringsdrivande har til å drive med telefonsal overfor eksisterande kundar som har reservert seg mot slikt sal.

BLD har sett i gang eit arbeid med å vurdere det forbrukarpolitiske verkemiddelapparatet. I rapporten Gjennomgang av det statlige forbrukerapparatet frå våren 2015, vurderer Direktoratet for forvalting og IKT (Difi) forbrukarapparatet med vekt på den samansette rolla Forbrukarrådet har, og på forholdet mellom Forbrukarrådet og Forbrukarombodet. Difi konkluderer mellom anna med at verksemdene kvar for seg oppnår gode resultat, men at apparatet samla sett verkar fragmentert og lite kostnadseffektivt. Rapporten har vore på høyring. BLD vil i 2016 arbeide vidare med tilrådingane frå Difi-rapporten, sjå omtale under delmål 1.2 i programkategori 11.00.

BLD har vurdert verksemdsområdet til Statens institutt for forbruksforsking (SIFO), og konkludert med at instituttet med dagens tilknytingsform og finansieringsmodell ikkje bør førast vidare. Det blir føreslått å overføre verksemda til Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) 1. januar 2016, sjå omtale under delmål 1.2 i programkategori 11.00.

Som ein del av gjennomgangen av verkemiddelapparatet er det òg sett i gang eit arbeid med å vurdere organiseringa av Marknadsrådet, og om Forbrukarombodet bør styrkjast som tilsynsorgan gjennom å få utvida kompetanse til å treffe vedtak.

Personar med gjeldsproblem har ofte teke opp for mykje forbrukskreditt. I dag kan personar på kort tid ta opp svært mange slike kredittar, fordi kredittytarane ikkje har lov til å undersøkje kor stor gjeld kundane har frå før. Regjeringa vil, som ein del av Strategi for boligmarkedet, utarbeide eit lovforslag som opnar for ei bransjedriven registreringsordning der finansføretak kan gi informasjon om gjelda kundane har, vidare til kredittopplysingsselskap. Ordninga skal medverke til å førebyggje gjeldsproblem i private hushald gjennom at grunnlaget for kredittvurderingar blir betre. Departementet vil ha tett dialog med bransjen, slik at den eventuelle registreringsordninga blir effektiv og velfungerande.

BLD er òg i gang med å greie ut ei nettbasert hjelpeteneste for personar med gjeldsproblem. Tenesta skal vere eit supplement til gjeldsordningslova og den økonomiske rådgivinga i kommunane.

Regjeringa vil arbeide for å skape ein enklare kvardag for folk flest, bidra til større konkurranse som grunnlag for verdiskaping og velferd og til ein meir effektiv bruk av verkemiddel i offentleg sektor. Satsingane i forbrukarpolitikken som er omtalte over, byggjer opp om desse punkta.

Boks 1.6 Regjeringa si hovudsatsing på forbrukarområdet vil i 2016 vere å

  • styrkje løyvinga til Forbrukarrådet med 7,5 mill. kroner til utvikling av ein ny prisportal for daglegvarer og ein ny portal for handverkartenester

  • styrkje basisløyvinga til Forbrukarrådet med 3,9 mill. kroner til heilårsverknaden av at rådet frå 1. juli 2015 fekk ansvar for å mekle i nær alle saker mellom forbrukarar og næringsdrivande som ikkje er omfatta av eit anna tvisteløysingstilbod

  • medverke til å førebyggje gjeldsproblem i private hushald ved å opne for eit bransjedrive gjeldsregister og utvikle ei nettbasert hjelpeteneste for personar med betalingsproblem.

  • utvikle vidare og effektivisere det forbrukarpolitiske verkemiddelapparatet.

Tabell 1.1 Samsvar mellom forbrukarpolitiske satsingar og innsatsområda til regjeringa

Ein enklare kvardag for folk flest

Velfungerande marknader

Ein effektiv offentleg sektor

Gjennomgang av verkemiddelapparatet

X

X

Utvida tvisteløysingstilbod

X

X

X

Digitale informasjonsløysingar

X

X

Gjeld og personleg økonomi

X

X

2 Oversikt over budsjettforslaget

2.1 Forslag til utgifter og inntekter fordelte på kapittel og postgrupper

For statsbudsjettet 2016 føreslår BLD ein ny budsjettstruktur. Det fører til endra kapittelnummer og -namn. For nærmare omtale av den nye budsjettstrukturen, sjå innleiinga til programkategori 11.00 og omtale under den enkelte kategori, kapittel og post.

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

Administrasjon

800

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

177 165

174 473

175 698

0,7

Sum kategori 11.00

177 165

174 473

175 698

0,7

Integrering og mangfald

820

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

204 905

196 995

221 354

12,4

821

Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

6 522 138

7 751 957

8 837 954

14,0

822

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

1 619 101

1 612 436

1 764 455

9,4

823

Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og myndigheitene

1

Sum kategori 11.05

8 346 145

9 561 388

10 823 763

13,2

Familie og oppvekst

840

Tiltak mot vald og overgrep

114 486

121 082

164 064

35,5

841

Samliv og konfliktløysing

27 134

31 567

34 394

9,0

842

Familievern

394 887

461 297

472 156

2,4

843

Adopsjonsstønad

4 593

4 838

13 421

177,4

844

Kontantstøtte

1 382 312

1 751 500

1 510 000

-13,8

845

Barnetrygd

15 138 713

15 235 000

15 170 000

-0,4

846

Familie- og oppveksttiltak

51 091

47 512

409 762

762,4

847

EUs ungdomsprogram

222 690

233 405

8 067

-96,5

848

Barneombodet

13 649

849

Likestillings- og diskrimineringsombodet

54 035

53 981

-100,0

Sum kategori 11.10

17 389 941

17 940 182

17 795 513

-0,8

Barnevernet

850

Barneombodet

13 908

13 607

-100,0

852

Adopsjonsstønad

6 535

16 663

-100,0

853

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

188 242

183 701

197 835

7,7

854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

1 576 152

2 084 880

2 549 675

22,3

855

Statleg forvalting av barnevernet

6 164 955

6 346 718

6 417 205

1,1

856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

184 292

201 677

225 241

11,7

857

Barne- og ungdomstiltak

282 103

309 877

-100,0

858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

285 589

300 343

261 732

-12,9

859

EUs ungdomsprogram

8 964

8 030

-100,0

Sum kategori 11.20

8 710 740

9 465 496

9 651 688

2,0

Forbrukarpolitikk

860

Forbrukarrådet

124 024

140 660

155 517

10,6

862

Positiv miljømerking

6 917

7 145

7 352

2,9

865

Forbrukarpolitiske tiltak

9 990

11 499

19 808

72,3

866

Statens institutt for forbruksforsking

26 557

27 013

-100,0

867

Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet

8 964

10 394

10 465

0,7

868

Forbrukarombodet

24 196

23 243

23 320

0,3

Sum kategori 11.30

200 648

219 954

216 462

-1,6

Likestilling og ikkje-diskriminering

870

Likestillings- og diskrimineringsnemnda

5 860

871

Likestilling og ikkje-diskriminering

44 569

872

Nedsett funksjonsevne

239 701

873

Likestillings- og diskrimineringsombodet

52 964

Sum kategori 11.40

343 094

Sum programområde 11

34 824 639

37 361 493

39 006 218

4,4

Stønad ved fødsel og adopsjon

2530

Foreldrepengar

18 289 325

19 062 700

20 330 000

6,6

Sum kategori 28.50

18 289 325

19 062 700

20 330 000

6,6

Sum programområde 28

18 289 325

19 062 700

20 330 000

6,6

Sum utgifter

53 113 964

56 424 193

59 336 218

5,2

Rekneskap 2014 og Saldert budsjett 2015 gjeld gammal budsjettstruktur.

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

Administrasjon

3800

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

4 123

Sum kategori 11.00

4 123

Integrering og mangfald

3820

Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet

7 489

3821

Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

175 882

238 811

293 418

22,9

3822

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

129 599

121 037

135 159

11,7

Sum kategori 11.05

312 970

359 848

428 577

19,1

Familie og oppvekst

3842

Familievern

6 858

658

677

2,9

3847

EUs ungdomsprogram

2 300

Sum kategori 11.10

6 858

658

2 977

352,4

Barnevernet

3850

Barneombodet

46

3853

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

1 910

3855

Statleg forvalting av barnevernet

1 218 401

1 296 798

1 515 451

16,9

3856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

117 641

112 370

164 588

46,5

3858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

10 732

433

446

3,0

3859

EUs ungdomsprogram

4 228

2 300

-100,0

Sum kategori 11.20

1 352 958

1 411 901

1 680 485

19,0

Forbrukarpolitikk

3867

Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet

126

3868

Forbrukarombodet

1 178

Sum kategori 11.30

1 304

Sum programområde 11

1 678 213

1 772 407

2 112 039

19,2

Sum inntekter

1 678 213

1 772 407

2 112 039

19,2

Rekneskap 2014 og Saldert budsjett 2015 gjeld gammal budsjettstruktur.

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

01-23

Drift

7 319 468

7 806 181

7 919 345

1,4

30-49

Nybygg og anlegg

47 653

54 755

56 233

2,7

50-59

Overføringar til andre statsrekneskap

238 717

244 646

232 022

-5,2

60-69

Overføringar til kommunar

9 950 321

11 479 120

13 306 275

15,9

70-98

Overføringar til private

35 557 806

36 839 491

37 822 343

2,7

Sum under departementet

53 113 964

56 424 193

59 336 218

5,2

Rekneskap 2014 og Saldert budsjett 2015 gjeld gammal budsjettstruktur.

2.2 Postar med stikkordet kan overførast

Under Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet blir stikkordet foreslått knytta til desse postane utanom postgruppe 30-49

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2015

Forslag 2016

821

21

Spesielle driftsutgifter, kunnskapsutvikling

10 143

39 766

821

60

Integreringstilskot

1 881

7 951 588

822

21

Spesielle driftsutgifter, opplæring i norsk og samfunnskunnskap

1 780

31 924

846

60

Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn

28 992

846

79

Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid mv.

7 827

10 171

847

01

Driftsutgifter

8 067

854

72

Tilskot til forsking og utvikling i barnevernet

71 794

855

21

Spesielle driftsutgifter

1 123

20 733

865

21

Spesielle driftsutgifter

6 663

12 660

865

79

Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk

1 444

5 810

871

21

Spesielle driftsutgifter

11 017

871

79

Internasjonalt likestillings- og ikkje-diskrimineringsarbeid

3 449

872

71

Universell utforming og auka tilgjenge

26 784

Overført til 2015 gjeld gammal budsjettstruktur.

2.3 Meirinntektsfullmakter

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet føreslår at departementet i 2016 kan:

overskride løyvinga på

mot tilsvarande meirinntekt under

kap. 820 post 01

kap. 3820 post 01

kap. 842 post 01

kap. 3842 post 01

kap. 847 post 01

kap. 3847 post 01

kap. 855 post 01

kap. 3855 postane 01, 02 og 60

kap. 856 post 01

kap. 3856 post 01

kap. 858 post 01

kap. 3858 post 01

kap. 868 post 01

kap. 3868 post 01

3 Oppmodingsvedtak

3.1 Vedtak nr. 106, 5. desember 2012

I samband med handsaminga av Prop. 1 S (2012–2013) vedtok Stortinget, jf. romertallsvedtak VII i Innst. 14 S (2012–2013):

«Stortinget ber regjeringen legge fram forslag om en fremdriftsplan for å nå den vedtatte visjonen om et universelt utformet samfunn frem mot 2025.»

Oppmodningsvedtaket har bakgrunn i visjonen om eit universielt utforma samfunn fram mot 2025 frå Handlingsplan for universiell utforming og økt tilgjengelighet 20092013. Ekstern evaluering og breie innspelsprosessar i 2013 konkluderte med at den breie satsinga i mange sektorar legg til rette for eit universielt utforma samfunn fram mot 2025.

Regjeringa tek sikte på å fremme ein ny handlingsplan for universiell utforming. Planen vil ha hovudvekt på IKT og velferdsteknologi. I tillegg blir arbeid på sentrale samfunnsområde som bygg, planlegging, uteområde og transport følgt opp. For meir informasjon om handlingsplanane, sjå programkategori 11.40, delmål 4.1.

BLD har sett i gang eit utviklingsarbeid for å følgje opp oppmodningsvedtaket vidare. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på egna måte i 2016.

3.2 Vedtak nr. 357, 25. februar 2014

I samband med handsaminga av Meld. St. 45 (2012–2013) Frihet og likeverd – om mennesker med utviklingshemming vedtok Stortinget jf. Innst. 127 S (2013–2014):

«Stortinget ber regjeringen nedsette et bredt sammensatt utvalg som skal foreslå egnede og konkrete tiltak som styrker grunnleggende rettigheter til personer med utviklingshemming sin autonomi, privatliv, familieliv og samfunnsdeltakelse. Mandatet til utvalget må inkludere mål, tiltak, kompetanse, rettsikkerhet, økonomi og styringssystem som sikrer at nasjonale politiske mål innfris.»

Regjeringa har sett ned eit breitt samansett utval som skal føreslå eigna og konkrete tiltak som styrkjer grunnleggjande rettar for menneske med utviklingshemming med tanke på sjølvstende, privat familieliv og deltaking i samfunnet. Utvalet skal levere innstillinga si 1. juni 2016. For meir informasjon om utvalet, sjå programkategori 11.40, delmål 4.1.

3.3 Vedtak nr. 440, 4. juni 2014

I samband med handsaminga av Dok. 8:30 S (2013–2014) vedtok Stortinget oppmodingsvedtak nr. 440:

«Stortinget ber regjeringen legge frem en egen stortingsmelding om fosterhjemsomsorgen innen utgangen av 2015.»

Regjeringa planlegg innan utgangen av 2015 å leggje fram ei melding til Stortinget om fosterheimsomsorga, sjå omtale under programkategori 11.20 Barnevernet.

3.4 Vedtak nr. 15, 13. november 2014

I samband med handsaminga av Dok. 8: 85 S (2013–2014) vedtok Stortinget oppmodingsvedtak nr. 15:

«Stortinget ber om at det våren 2015 utlyses nytt felles anbud på kjøp av faste barnevernsplasser for kommersielle og ideelle aktører. Forutsetningen for felles anbud er at det avklares en løsning for de ideelle aktørenes historiske pensjonsforpliktelser som følge av tidligere krav for å få levere barnevernstjenester. Dersom dette ikke er på plass, forutsettes det at det utlyses skjermet anbud for de ideelle i en tidsperiode på minimum 4 + 2 år. Hvis pensjonsutfordringene løses i avtaleperioden, gis det en gjensidig oppsigelsesmulighet som gir forutsigbarhet for begge parter.»

BLD viser til Prop. 119 S (2014–2015) der vedtaket er omtalt med følgjande tekst:

«Regjeringen har nedsatt et ekspertutvalg som skal utrede ulike spørsmål knyttet til statlig kompensasjon for ideelle leverandørers historiske pensjonskostnader innenfor de ulike departementers sektoransvar. Spørsmål som gjelder dekning av de historiske pensjonskostnadene til ideelle aktører innenfor barnevernet vil inngå i utvalgets mandat. Regjeringen avventer utvalgets konklusjon om de ideelle aktørenes historiske pensjonskostnader.
Ekspertutvalgets konklusjon vil trolig ikke foreligge før i 2016. Regjeringen vil derfor følge opp anmodningsvedtak nr. 15 ved å legge opp til at Bufdir utlyser skjermet anbud for de ideelle aktørene i en tidsperiode på minimum 4+2 år. Hvis pensjonsutfordringene løses i avtaleperioden, vil det gis en gjensidig oppsigelsesmulighet som gir forutsigbarhet for begge parter.»

BLD viser no til at anbodet er i gang og utvalet er satt ned med mandat som føresett.

3.5 Vedtak nr. 16, 13. november 2014

I samband med handsaminga av Dok. 8:85 S (2013–2014) vedtok Stortinget oppmodingsvedtak nr. 16:

«Stortinget ber regjeringen, når nytt felles anbud på kjøp av faste barnevernsplasser blir utlyst, å legge til grunn at kontraktene gjøres langsiktige/løpende, med jevnlig kontraktsoppfølging og gjensidig oppsigelsesmulighet som ivaretar barnas behov for langsiktighet.»

BLD viser til Prop. 119 S (2014–2015) der vedtaket er omtalt med følgjande tekst:

«Anmodningsvedtak nr. 16 gjelder kontrakter som skal inngås etter at det har vært gjennomført en felles anbudskonkurranse på kjøp av faste barnevernsplasser. Det vises til omtalen over av oppfølgingen av anmodningsvedtak nr. 15 (2013–14). Regjeringen vil komme tilbake til oppfølging av anmodningsvedtak nr. 16.»

3.6 Vedtak nr. 47, 1. desember 2014

I samband med handsaminga av Prop. 1 S (2014–2015) vedtok Stortinget dette oppmodingsvedtaket, jf. Innst. 2 S Tillegg 1 (2014–2015).

«Stortinget ber regjeringen prioritere arbeidet med økt rekruttering av fosterhjem, slik at barn ikke må stå i uforsvarlig lange køer i venting på et hjem.»

Fosterheimsrekruttering er ei av hovudprioriteringane til Bufetat i 2015. Bufdir har i 2015 gjennomført fire nasjonale kampanjeperiodar, med slagordet «Har du rom for ein til?». I kampanjeperiodane har det vore ein betydeleg auke i førespurnader til fosterheimstenestene. Per 31. juli 2015 hadde regionane i Bufetat rekruttert 881 fosterheimar. Dette utgjer ein auke på 11 prosent samanlikna med same tid i fjor.

Trass i auka rekruttering er det framleis barn og unge som ventar lenge på ein fosterheim. Regjeringa planlegg innan utgangen av 2015 å leggje fram ei melding til Stortinget om fosterheimsomsorga, der rekruttering av tilstrekkeleg med riktige fosterheimar vil vere eit sentralt tema.

3.7 Vedtak nr. 48, 1. desember 2014

I samband med handsaminga av Prop. 1 S (2014–2015) vedtok Stortinget dette oppmodingsvedtaket, jf. Innst. 2 S Tillegg 1 (2014–2015):

«Stortinget ber regjeringen om, på egnet måte, å gi en oversikt over den samlede kapasiteten til å ta imot flyktninger i alle landets kommuner.»

BLD viser til omtale i Prop. 119 S (2014–2015), punkt 2.8 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet under Andre saker, der vedtaket er følgt opp.

3.8 Vedtak nr. 55, 1. desember 2014

I samband med handsaminga av Prop. 1 S (2014–2015) gjorde Stortinget dette oppmodingsvedtaket, jf. romartalsvedtak XVIII i Innst. 2 S Tillegg 1 (2014–2015):

«Stortinget ber regjeringen utrede ulike modeller for å kunne kombinere kontantstøtte og barnehage.»

Kontantstøtta blir målt ut etter den avtalte opphaldstida barnet har i barnehage. Å ikkje bruke barnehage gir full kontantstøtte med 6 000 kroner per månad. Bruk av barnehage til og med 19 timar per veke gir halv kontantstøtte med 3 000 kroner per månad. Bruk av barnehage 20 timar eller meir gir inga kontantstøtte. Det vanlege er at foreldra betaler for full tid dei dagane dei bruker barnehage; avtalt opphaldstid vil dermed vere lik opningstida i barnehagen. Slik må det framleis vere av praktiske årsaker; ein kan ikkje måle den faktiske opphaldstida for det enkelte barnet frå dag til dag.

Departementet har vurdert ulike modellar for kombinasjon av deltidsplass i barnehage med kontantstøtte. Eit alternativ kunne vere å gå attende til den modellen ein hadde fram til 2012. Da blei kontantstøtte gitt med 20, 40, 60, 80 eller 100 prosent. Kvart intervall var på åtte timar. Dersom barnehagen er open ni timar per dag, blir den avtalte opphaldstida 18 timar om barnet har plass to dagar i veka. Det gav etter gammal ordning rett til 40 prosent kontantstøtte, og ikkje 60 prosent, som ein del foreldre forventa. Ettersom over 90 prosent av barnehagane no har ei opningstid som er lengre enn åtte timar per dag, vil denne modellen passe særs dårleg i dag. Alle med deltidsplass i desse barnehagane vil få lågare kontantstøtte enn forventa. Kostnadene ved modellen er rekna til om lag 50 mill. kroner (heilårsverknad).

Eit anna alternativ kunne vere å la kvar dag i barnehagen føre til trekk av 20 prosent kontantstøtte. Ei slik løysing ville vere ei svært bra ordning for mange foreldre: Plass to dagar i veka ville gi rett til 60 prosent kontantstøtte, det vil seie 3 600 kroner per månad. Foreldra ville såleis få langt meir i kontantstøtte enn dei betaler til barnehagen. Modellen ville altså gi mange fleire rett til kontantstøtte og dermed vere ei kostbar løysing. Det er vanskeleg å seie kor mykje høgare kostnadene ville bli, for ein har ikkje oversikt over kor mange dagar barn går i barnehage. Dette er også den mest krevjande løysinga administrativt sett for Arbeids- og velferdsetaten. Dersom modellen skulle vere aktuell å vurdere nærmare, må ein òg ta høgd for at det kan vere behov for å leggje om rapporteringa frå barnehagar/kommunar til Nav. Denne rapporteringa går no på timar, ikkje dagar. Departementet vil dessutan leggje til at ordninga vil vere svært ugunstig for foreldre med barn som har ei avtalt opphaldstid i barnehage med få timar kvar dag, men fleire dagar i veka. Dette vil til dømes gjelde korttidstilbod. Dei vil tape mykje på ei slik omlegging.

I dag har familien rett til 50 prosent kontantstøtte dersom den avtalte opphaldstida i barnehage er til og med 19 timar i veka. Departementet vil peike på at 68 prosent av barnehagane har ei opningstid som er mindre enn 10 timar. Dermed ligg det godt til rette for å kombinere barnehage to dagar i veka med kontantstøtte for dei som ønskjer det.

Dersom ein vil forbetre ordninga, kan ei løysing vere å utvide grensa for rett til kontantstøtte. For eksempel kan ein gi rett til kontantstøtte om den avtalte opphaldstida i barnehage er til og med 20 timar i veka, eventuelt til og med 21 timar i veka. Det vil gi fleire rett til kontantstøtte. Departementet meiner at dersom ein skulle forbetre ordninga, ville det vere mest aktuelt å setje grensa ved til og med 21 timar, slik at flest mogleg blir omfatta av ordninga. I så fall kan barnet ha plass to dagar i veka i ein barnehage med opningstid på nesten 11 timar dagleg og samtidig få 50 prosent kontantstøtte. Men framleis vil dei som har ei avtalt opphaldstid på 22 timar eller meir per veke, falle utanfor kontantstøtteordninga. Ein vil altså skape nye tersklar som gjer at nokre foreldre som ikkje får kontantstøtte, kan meine at dette er urimeleg. Å auke grensa slik at avtalt opphaldstid til og med 20 timar i veka gir rett til 50 prosent kontantstøtte er på usikkert grunnlag rekna å koste i underkant av 10 mill. kroner (heilårsverknad). Aukar ein grensa til til og med 21 timar i veka er dette rekna til å koste i underkant av 20 mill. kroner (heilårsverknad). Berekningane er basert på kor mange eittåringar som i dag har ei opphaldstid rundt det timetalet.

Departementet legg til grunn at dersom kontantstøtteordninga blir forbetra, vil nokre foreldre tilpasse seg regelverket og gå frå å bruke barnehage tre dagar i veka til å bruke barnehage to dagar i veka. Dermed kan foreldra redusere betalinga til barnehagen med om lag 500 kroner og samtidig få 3 000 kroner i kontantstøtte per månad. I 2014 var det om lag 1 500 barn med opphaldstid under 33 timar i veka som ikkje hadde rett til kontantstøtte. Dersom foreldra til om lag 500 barn årleg tilpassar seg ved å gå frå å bruke meir enn 22 timer barnehage til å bruke 21 timar eller mindre, aukar kostnadene ved modellen med knappe 20 mill. kroner. Den samla meirkostnaden med å utvide grensa slik at avtalt opphaldstid til og med 21 timar i veka gir rett til 50 prosent kontantstøtte, kan dermed bli i underkant av 40 mill. kroner årleg.

Etter ei samla vurdering vil departementet ikkje tilrå ei slik omlegging.

Departementet har bedt Kunnskapsdepartementet om å vurdere konsekvensane av ei omlegging av kontantstøtteordninga for barnehagane. Kunnskapsdepartementet har kome fram til at eventuelle endringar i satsstrukturen for kontantstøtte ikkje vil få vesentlege konsekvensar for etterspurnaden etter barnehageplassar. Sjølv om ein kan forvente at nokre familiar vil tilpasse seg og til dømes gå frå tre til to opphaldsdagar ved ei omlegging, er det vanskeleg for kommunane å tilpasse tilbodet til såpass marginale endringar i etterspurnaden. Dermed kan ein ikkje vente at auka kostnader til kontantstøtte vil gi ei motsvarande innsparing for barnehagesektoren.

3.9 Vedtak nr. 218, 10. desember 2014

I samband med handsaminga av Prop. 1 S (2014–2015) vedtok Stortinget, jf. romartalsvedtak VII i Innst. 14 S (2014–2015):

«Stortinget ber regjeringen vurdere å fremme forslag for Stortinget om at alle barn skal tilbys en egen samtaletime hos familievernet når foreldrene er inne til mekling etter samlivsbrudd.»

Arbeidet med å gi fleire barn tilbod om samtale i samband med mekling er sett i gang. Ifølgje tal frå Bufdir deltek barn under mekling i om lag 7 prosent av sakene i dag. Departementet har bedt direktoratet om at talet på barn som blir høyrde under mekling, skal auke frå 2014-nivået. I tillegg arbeider direktoratet med å styrkje kompetansen i meklingssaker med høgt konfliktnivå, medrekna samtalar med barn. Bufdir arbeider òg vidare med fagleg standardisering av samtalar med barn og med å styrkje kompetansen i familieverntenesta i å snakke med barn. Målet med arbeidet er å sikre at dei perspektiva barna har, kjem fram, og at behova og interessene til barn blir tekne vare på i saker som gjeld dei.

Departementet føreslår å auke budsjettet til familievernet med 5 mill. kroner for å auke kapasiteten til familievernet på dette området, slik at dei kan gi fleire barn tilbod om barnesamtale ved samlivsbrot. I tillegg kan familievernkontora nytte ordninga med private meklarar for å auke kapasiteten med sikte på å gi fleire barn tilbod om samtaler ved samlivsbrot.

I samarbeid med Bufdir greier departementet ut korleis barns moglegheiter for å bli høyrt ved samlivsbrot skal styrkast. Departementet vil kome tilbake til Stortinget med dette på eigna måte.

3.10 Vedtak nr. 219, 10. desember 2014

I samband med handsaminga av Prop. 1 S (2014–2015) vedtok Stortinget, jf. romartalsvedtak VIII i Innst. 14 (2014–2015):

«Stortinget ber regjeringen prioritere arbeidet med økt rekruttering av fosterhjem, slik at barn ikke må stå i uforsvarlig lange køer i venting på et hjem.»

Sjå omtale under vedtak nr. 47 av 1. desember 2014.

3.11 Vedtak nr. 436, 3. mars 2015

«Stortinget ber regjeringen senest i løpet av 2016 etablere en gratis tilgjengelig informasjonsportal for dagligvarer med nødvendig elektronisk informasjon om varer ment for salg i detaljhandel innen dagligvarer.»

Vedtaket i Stortinget har grunnlag i eit representantforslag om å sikre opphavsmerking på mat og å opprette ein daglegvareportal, jf. Dokument 8:13 S (2014–2015) og Innst. 153 S (2014–2015).

Regjeringa har sett i gang eit arbeid med å etablere informasjonsportalen for daglegvarer. Første fase i arbeidet, som blir gjennomført i 2015, skal avklare grunnleggjande føresetnader for utviklinga av portalen, og utforme kravspesifikasjonen for eit utviklingsprosjekt som skal gjennomførast i 2016. Det blei omprioritert 1,5 mill. kroner til dette arbeidet i Prop. 119 S (2014–2015). Det operative ansvaret for prosjektet er lagt til Forbrukarrådet. Regjeringa føreslår å auke kap. 860 Forbrukarrådet, post 51 med 5,5 mill. kroner til utvikling og oppstart av den nye daglegvareportalen i 2016. For meir informasjon om portalen, sjå programkategori 11.30, delmål 7.3.

3.12 Vedtak nr. 666, 11. juni 2015

I samband med handsaminga av Prop. 72 L (2014–2015) Endringer i barnevernloven (utvidet adgang til å pålegge hjelpetiltak) gjorde Stortinget dette oppmodingsvedtaket:

«Stortinget ber regjeringen vurdere om opplysningsplikten og taushetsplikten i tilstrekkelig grad åpner for nødvendig informasjonsinnhenting i saker etter § 4-4, eller om det bør gjøres endringer i lovverket, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Departementet har sett i gang eit arbeid for å vurdere om opplysningsplikta og teieplikta i tilstrekkeleg grad opnar for nødvendig innhenting av informasjon i saker etter barnevernlova § 4-4, eller om det bør gjerast endringar i lovverket. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

3.13 Vedtak nr. 798, 19. juni 2015

I samband med handsaminga av Dokument 8:135 S (2014–2015) Representantforslag om økt norsk innsats i forbindelse med den humanitære krisen i Syria og nærområdene vedtok Stortinget:

«Stortinget ber regjeringen etablere et ekstratilskudd til kommuner som tek i mot flyktninger og personer med opphold på humanitært grunnlag utover det folketallet i kommunen tilsier og utover IMDIs anmodninger. Tilskuddet tilpasses en økning i bevilgningen på 50 mill. kroner i 2015»

Regjeringa har innført eit todelt ekstratilskot til kommunar ved busetjing av flyktningar. Kommunar som tek imot fleire flyktningar enn oppmodinga frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) får éin sats, medan kommunar som i tillegg tek imot fleire flyktningar enn folketalet i kommunen tilseier får ein høgare sats.

3.14 Vedtak nr. 799, 19. juni 2015

I samband med handsaminga av Dokument 8:135 S (2014–2015) Representantforslag om økt norsk innsats i forbindelse med den humanitære krisen i Syria og nærområdene vedtok Stortinget:

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2016, om å foreslå ytterligere tiltak for å stimulere integrerings- og bosettingsarbeidet i kommunene, herunder vurdere forslag fra KS.»

Regjeringa føreslår 50 mill. kroner til eit ekstratilskot til kommunar i samband med busetjing av flyktningar også i 2016, sjå kap. 821, post 60. Regjeringa føreslår også å styrkje det særskilde tilskotet ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar med 25 mill. kroner i 2016, sjå kap. 821, post 61.

Til toppen
Til forsida av dokumentet