Prop. 1 S (2016–2017)

FOR BUDSJETTÅRET 2017 — Utgiftskapittel: 20–51 og 1600–1670 Inntektskapittel: 3021–3051, 4600–4620, 5341, 5580, 5351, 5605 og 5692–5693

Til innhaldsliste

2 Tilsetjingsvilkåra for leiarane i heileigde statlege føretak

2.1 Noregs Bank

Sentralbanksjefen er tilsett i eit seks års åremål frå 1. januar 2011 til 31. desember 2016. (I statsråd 27. mai 2016 vart noverande sentralbanksjef Øystein Olsen tilsett for ein ny periode på seks år.) Sentralbanksjefen leier òg hovudstyret i Noregs Bank.

Løna til sentralbanksjefen utgjorde 2 188 218 kroner i 2015. Verdien av andre føremoner utgjorde same året 136 692 kroner. Sentralbanksjefen er medlem av Noregs Banks pensjonskasse med dei vilkåra som til kvar tid gjeld for den.

2.2 Folketrygdfondet

Folketrygdfondet er eit særlovselskap, jf. lov 29. juni 2007 nr. 44 om Folketrygdfondet. I 2015 utgjorde løna til administrerande direktør 3 008 000 kroner, pensjonsutgiftene 556 000 kroner og anna godtgjersle 51 000 kroner.

Folketrygdfondet er medlem av Statens pensjonskasse. I tillegg har administrerande direktør ei avtale med Folketrygdfondet som inneber at ho ved fylte 60 år vil ha pensjonsrettighetar tilsvarande full opptening i Statens pensjonskasse. Utgiftene dekkes av Folketrygdfondet.

Den vanlege oppseiingstida er seks månader. Den administrerande direktøren har rett til etterløn tilsvarande 12 månaders pensjonsgjevande løn rekna frå utgangen av oppseiingstida dersom ho vert oppsagd eller sjølv seier opp etter avtale med styret. Etterløna vert fastsett til 18 månaders pensjonsgjevande løn rekna frå utgangen av oppseiingstida dersom oppseiingstida går ut etter fylte 62 år.

Til forsida