Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 1 S (2015–2016)

FOR BUDSJETTÅRET 2016 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 2
Nærmare om budsjettforslaget

4 Nærmare om budsjettforslaget

Programkategori 07.10 Administrasjon

Utgifter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

200

Kunnskapsdepartementet

282 039

268 328

268 626

0,1

Sum kategori 07.10

282 039

268 328

268 626

0,1

Inntekter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

3200

Kunnskapsdepartementet

7 447

Sum kategori 07.10

7 447

Kap. 200 Kunnskapsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter

264 146

254 697

254 662

21

Særskilde driftsutgifter

11 381

10 958

11 219

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

6 512

2 673

2 745

Sum kap. 0200

282 039

268 328

268 626

Post 01 Driftsutgifter, post 21 Særskilde driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga på post 01 skal dekkje lønn og driftsutgifter i departementet. Løyvinga på post 21 dekkjer mellom anna utgifter til den norske UNESCO-kommisjonen og utgreiings- og utviklingsoppgåver i Kunnskapsdepartementet. Løyvinga på post 45 gjeld kjøp av datautstyr, programvare og tenester som blir nytta i utviklinga av IKT-systemet i departementet.

Mål for 2016

Måla her gjeld drift av Kunnskapsdepartementet. Dei faglege måla for departementet er omtalte i dei aktuelle fagkapitla.

Måla for 2016:

  • Departementet skal ha eit godt grunnlag for utforminga av kunnskapspolitikken.

  • Departementet skal sikre at kunnskapspolitikken blir sett i verk.

  • Departementet skal ha god dialog med alle relevante aktørar i samfunnet.

  • Departementet skal vere førebudd på å handtere alle typar kriser i sin eigen sektor.

Rapport for 2014

Kunnskapsdepartementet har ansvaret for å utvikle og setje i verk den overordna politikken for barnehage, grunnopplæring, høgre utdanning, livslang læring og forsking. I 2014–15 har departementet i tillegg til dei faste budsjettproposisjonane utarbeidd desse proposisjonane og meldingane til Stortinget:

  • Prop. 82 L (2014–2015) Endringar i opplæringslova og privatskolelova (krav om relevant kompetanse i undervisningsfag m.m.)

  • Prop. 84 L (2014–2015) Endringer i privatskolelova mv. (nytt navn på loven, nye godkjenningsgrunnlag m.m.)

  • Prop. 60 L (2014–2015) Endringer i lov om utdanningsstøtte (behovsprøving, innhenting av opplysninger)

  • Prop. 19 L (2014–2015) Endringar i opplæringslova og privatskolelova (skolebyte i mobbesaker)

  • Prop. 9 L (2014–2015) Endringer i studentsamskipnadsloven

  • Meld. St. 18 (2014–2015) Konsentrasjon for kvalitet

  • Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024

Tilrettelegginga av kunnskapsgrunnlaget for politikken gjer stor nytte av innspel frå kompetansemiljø utanfor departementet. Ressurspersonar blir trekte inn gjennom ekspertutval med utgreiingsoppdrag for departementet. Eit utval med oppdrag om å vurdere kva kompetansekrav arbeids- og samfunnslivet stiller til skolen i framtida, har vore i arbeid i 2014 og 2015. Utvalet la fram NOU 2014: 7 Elevenes læring i fremtidens skole – et kunnskapsgrunnlag hausten 2014 og NOU 2015: 8 Fremtidens skole – Fornyelse av fag og kompetanser våren 2015. Eit anna utval la fram ei utgreiing med framlegg til tiltak som skal betre læringsmiljøet og motverke mobbing, NOU 2015: 2 Å høre til – Virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø. Sjå kategori 07.20 Grunnopplæring for meir informasjon. Departementet sette i 2014 ned ei ekspertgruppe for å gjennomgå finansieringa av universitet og høgskolar. Ekspertgruppa la vinteren 2015 fram rapporten Finansiering for kvalitet, mangfold og samspill. Nytt finansieringssystem for universiteter og høyskoler. Sjå kategori 07.60 for meir informasjon.

Internasjonalt samarbeid gir viktige impulsar til både utforminga av politikken og iverksetjinga. Departementet legg vinn på å lære av korleis andre land i Europa arbeider med forsking og utdanning, og på å medverke i det europeiske samarbeidet og nytte dei opningane samarbeidet skaper.

Departementet arbeider vedvarande med å effektivisere og forbetre arbeidsprosessane, og ser det i den samanhengen som viktig å utnytte dei føresetnadene teknologi og open arbeidsplassløysing gir til effektivt, fleksibelt, mobilt og digitalt arbeid. IKT-hjelpemidla medarbeidarane disponerer, er fornya og oppgraderte, og departementet har sett i verk opplæringstiltak som skal syte for at teknologien fullt ut blir teken i bruk. Eit anna tiltak i same retninga er at departementet ser på korleis internadministrasjonen kan effektiviserast.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 0,6 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 510 post 01 under Kommunal- og moderniseringsdepartementet, for å dekkje årlege meirutgifter til ei beredskapsordning for IKT i departementsfellesskapet. Departementet foreslår at løyvinga over post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3200, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3200 Kunnskapsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

02

Salsinntekter o.a.

266

16

Refusjon av foreldrepengar

3 636

17

Refusjon for lærlingar

67

18

Refusjon av sjukepengar

3 478

Sum kap. 3200

7 447

Programkategori 07.20 Grunnopplæringa

Utgifter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

220

Utdanningsdirektoratet

491 053

457 575

465 932

1,8

221

Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

14 469

13 845

13 974

0,9

222

Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

101 223

92 916

90 317

-2,8

223

Sametinget

39 043

40 331

41 501

2,9

224

Senter for IKT i utdanninga

102 004

84 646

84 983

0,4

225

Tiltak i grunnopplæringa

1 638 672

1 678 299

1 594 799

-5,0

226

Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

1 948 006

2 621 900

3 120 120

19,0

227

Tilskott til særskilde skolar

125 207

133 798

140 737

5,2

228

Tilskott til frittståande skolar o.a.

3 831 599

3 841 184

4 085 065

6,3

229

Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

27 555

24 296

24 427

0,5

230

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

714 141

705 554

709 278

0,5

Sum kategori 07.20

9 032 972

9 694 344

10 371 133

7,0

Inntekter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

3220

Utdanningsdirektoratet

11 818

5 107

5 228

2,4

3221

Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

24

3222

Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

12 668

5 030

5 150

2,4

3224

Senter for IKT i utdanninga

7 190

1 594

1 632

2,4

3225

Tiltak i grunnopplæringa

51 558

69 297

84 692

22,2

3229

Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

6 241

2 784

2 857

2,6

3230

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

59 504

74 712

76 194

2,0

Sum kategori 07.20

149 003

158 524

175 753

10,9

Innleiing

Gjennom formålsparagrafen for grunnopplæringa har samfunnet gitt grunnopplæringa eit omfattande og viktig mandat, jf. opplæringslova § 1-1. Opplæringa skal gi alle elevar dugleikar, holdningar og verdiar som gjer dei i stand til å meistre sitt eige liv, delta i arbeids- og samfunnslivet og ta vare på seg sjølve og andre i samfunnet. Alle skal ha moglegheit til å realisere læringspotensialet sitt i ein inkluderande skole.

Kommunane, fylkeskommunane og dei frittståande skolane som er godkjende etter friskolelova, har fått i oppdrag å realisere samfunnsmandatet for grunnopplæringa. Grunnopplæringa blir i all hovudsak finansiert gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane, det vil seie rammetilskottet og skatteinntekter. Kommunane og fylkeskommunane har eit sjølvstendig ansvar for å budsjettere midlar til grunnopplæringa etter lokale behov, jf. opplæringslova § 13-10. Dette gjeld til både drift, investering og kvalitetsutvikling av grunnopplæringa ved skolane og i lærebedriftene. For ei samla framstilling av ressursbruken i grunnopplæringa viser departementet til del III kap. 6 Ressursar i grunnopplæringa.

På grunnlag av tilstandsvurderinga av grunnopplæringa vil departementet prioritere tiltak for kvalitetsutvikling retta mot tre mål, jf. figur 1.2:

  • Elevane skal meistre grunnleggjande dugleikar og ha god fagleg kompetanse.

  • Fleire elevar og lærlingar skal gjennomføre vidaregåande opplæring.

  • Elevane skal ha eit godt og inkluderande læringsmiljø.

Under programkategori 07.20 blir drifta av underliggjande verksemder innanfor opplæringssektoren finansiert, jf. kap. 220 Utdanningsdirektoratet, kap. 221 Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane, kap. 224 Senter for IKT i utdanninga og kap. 230 Statleg spesialpedagogisk støttesystem. Sametinget får også tilskott til utdanningsformål over programkategorien, jf. kap. 223 Sametinget. Dei nasjonale satsingane for å styrkje kvaliteten i grunnopplæringa blir finansierte over kap. 226. Kap. 225 Tiltak i grunnopplæringa omfattar ei rekkje tilskottsordningar, særleg øyremerkte tilskott til kommunesektoren. Statlege skolar blir finansierte over kap. 222 Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat og kap. 229 Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar. Enkelte særskilde skolar og frittståande skolar som er godkjende etter friskolelova, blir også finansierte over programkategorien, jf. høvesvis kap. 227 Tilskott til særskilde skolar og kap. 228 Tilskott til frittståande skolar o.a.

Hovudprioriteringar for 2016

Grunnopplæringa blir hovudsakleg finansiert gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane. Regjeringa foreslår ein vekst i dei frie inntektene til kommunesektoren på 4,7 mrd. kroner i 2016. Dette er ein realvekst på 1,4 pst. i høve til 2015. I tillegg foreslår regjeringa eit eingongstilkott på 500 mill. kroner til vedlikehald og rehabilitering av skolar og omsorgsbygg i kommunane, som ein del av tiltakspakka for auka sysselsetting. For nærmare omtale viser departementet til Prop. 1 S (2015–2016) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

I statsbudsjettet for 2016 foreslår regjeringa fleire nye tiltak og styrkingar innanfor grunnopplæringa på budsjettet til Kunnskapsdepartementet:

Regjeringa foreslår å styrkje satsinga på realfag med 20 mill. kroner. Departementet vil utvide ordninga med realfagskommunar, innføre ei satsing på elevar som presterer på høgt nivå og gjennomføre tiltak for betre læring for lågt presterande elevar i grunnskolen. Regjeringa foreslår òg å utvide timetalet i naturfag med ein veketime på 5.-7. trinn frå hausten 2016. Budsjetteffekten utgjer 80 mill. kroner. Timetalsauken er ein del av realfagstrategien til regjeringa.

Regjeringa foreslår å styrkje satsinga på lesing og skriving med 20 mill. kroner gjennom kompetanseutvikling for lærarar i barnehagar og grunnopplæringa. Det skal takast særskilt omsyn til spesifikke målgrupper, mellom anna gutar, minoritetsspråklege barn, barn og elevar som har språkvanskar og/eller lese- og skrivevanskar og høgt presterande elevar.

Regjeringa foreslår å styrkje Yrkesfagløftet med 93 mill. kroner. Departementet vil etablere eit godkjenningsordning for personar med utanlandsk fagutdaning, og det er foreslått 17 mill. kroner til dette. Vidare er det foreslått å styrkje tilskottsordninga til lærlingar og lærekandidatar med særskilde behov med 6 mill. kroner. I tillegg foreslår regjeringa å auke lærlingstilskottet med ytterligare 2 500 kroner per kontrakt. Budsjetteffekten utgjer 50 mill. kroner og midlane vil bli løyvde over rammetilskottet til fylkeskommunane.

Regjeringa foreslår 20 mill. kroner til å styrkje yrkesfaglærarane si kompetanse og stimulere til auka rekruttering av fagarbeidarar til læraryrket.

Regjeringa foreslår 5 mill. kroner til ei prøveordning med valfag på ungdomstrinnet i programmering i utvalde kommunar. Ordninga skal leggje til rette for erfaring- og kunnskapsdeling mellom skolar.

I statsbudsjettet for 2009 vart det innført ei åtteårig ordning med rentekompensasjon til investering og rehabilitering av skole- og symjeanlegg. Regjeringa foreslår å fase inn 1,5 mrd. kroner av investeringsramma i 2015. Budsjetteffekten av forslaget utgjer 7,5 mill. kroner. Med dette forslaget er heile investeringsramma på 15 mrd. kroner fasa inn i budsjettet.

I statsbudsjettet for 2015 løyvde Stortinget 200 mill. kroner til tidleg innsats gjennom auka lærartettleik på 1.-4. trinn. I statsbudsjettet for 2016 foreslår regjeringa å auke løyvinga med 234,4 mill. kroner, som kompensasjon for heilårsverknaden.

Departementet foreslår 15 mill. kroner til prosjektet Et lag rundt eleven for å prøve ut ulike modellar kor andre yrkesgrupper enn lærarar inngår i personalet til skolen for å styrkje læringsmiljøet.

Departementet foreslår å auke løyvinga til landslinjer med 0,7 mill. kroner for å auke kapasiteten i skiskyting ved Meråker videregående skole.

Fleire sentrale satsingar innanfor grunnopplæringa vil i 2016 bli ført vidare. Regjeringa vil vidareføre den historiske satsinga på vidareutdanning av lærarar innanfor strategien Kompetanse for kvalitet i 2016. Hausten 2015 er det 5 050 studieplassar til vidareutdaning for lærarar. Departementet foreslår i 2016 å føre nivået vidare, noko som inneber at det vil bli nytta om lag 1 mrd. kroner til vidareutdanning av lærarar i 2016. I tillegg blir rektorutdanninga ført vidare i budsjettforslaget for 2016. Det blir òg stipendordninga retta mot ikkje-kvalifisert undervisningspersonell, som vart oppretta i statsbudsjettet for 2015.

Departementet vil halde fram med satsinga på ungdomstrinnet gjennom Ungdomstrinn i utvikling 2012–2017. Departementet vil setje av om lag 160 mill. kroner til satsinga i 2016. Satsinga består av skolebasert kompetanseutvikling i klasseleiing, lesing, skriving og rekning.

Departementet vil føre vidare satsinga Kompetanse for mangfold 2013–2017 med 23 mill. kroner. Satsinga omfattar kompetanseutvikling for tilsette som arbeider med opplæring av minoritetsspråklege elevar.

Departementet vil setje av om lag 30 mill. kroner til arbeid for betre læringsmiljø. Midlene inkluderer også oppfølging av NOU 2015: 2 Å høre til Virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø frå Djupedalutvalet.

Regjeringa vil bidra til at fleire fullfører vidaregåande opplæring gjennom Program for bedre gjennomføring i videregående opplæring. Programmet er eit samarbeid med fylkeskommunane. Departementet vil setje av om lag 40 mill. kroner til arbeidet i 2016.

Tilstandsvurdering

Det er sterke samanhengar mellom dei tre måla for grunnopplæringa. Grunnleggjande dugleikar er eit nødvendig fundament for både kompetanse i undervisningsfaga og læringsutbytte i vid forstand. Grunnleggjande dugleikar og kompetanse i undervisningsfaga heng dessutan tett saman med læringsmiljøet i skolen. Eit godt læringsmiljø er både eit mål i seg sjølv og eit middel for betre læringsutbytte. Gjennomføring av vidaregåande opplæring heng vidare svært tett saman med det faglege og det sosiale grunnlaget elevane har frå grunnskolen.

Måla for grunnopplæringa om læringsutbytte, læringsmiljø og gjennomføring av vidaregåande opplæring gjeld for alle elevar og lærlingar, uavhengig av bakgrunnen deira. Det er likevel vesentlege forskjellar i læringsutbytte, læringsmiljø og gjennomføring mellom ulike elevgrupper. Forskjellane er mellom anna bestemde av sosioøkonomisk bakgrunn, kjønn og språkleg bakgrunn. Effekten av bakgrunnsfaktorar kan endre seg, og han varierer til dels mykje mellom kommunar og skolar.

Mål: Elevane skal meistre grunnleggjande dugleikar og ha god fagleg kompetanse

Tilstandsvurderinga for dette målet er i stor grad lik tilstandsvurderinga i fjor fordi resultata frå siste runde av dei internasjonale undersøkingane først blir publiserte mot slutten av 2016.

Grunnleggjande dugleikar er definerte som digitale dugleikar, munnlege dugleikar, å kunne lese, å kunne rekne og å kunne skrive. Grunnleggjande dugleikar er føresetnader for å utvikle kompetanse i undervisningsfag, og er derfor integrerte i kompetansemåla for alle fag i grunnopplæringa. Fagleg kompetanse kan forståast som den kompetansen elevane skal oppnå gjennom arbeid med undervisningsfaga i grunnopplæringa.

Resultat frå internasjonale undersøkingar har vist tydeleg framgang frå midten av 2000-talet. I dei internasjonale undersøkingane er 500 poeng skalamidtpunktet, og noko forenkla svarer om lag 30–40 poeng til den gjennomsnittlege framgangen i prestasjonar til elevane i løpet av eit skoleår. TIMSS 2011 viste tydeleg forbetring av prestasjonane til norske elevar i matematikk og naturfag på 4. og 8. trinn etter 2003, med unntak av naturfag for elevar på 8. trinn, der nivået er stabilt frå 2003 til 2011. Prestasjonane til elevane i matematikk på 4. trinn betra seg med 44 poeng frå 2003 til 2011, og utgjer den største positive endringa i matematikk på 4. trinn blant dei landa som er med i undersøkinga. Som følgje av forskjellar i alder ved skolestart er norske elevar på 5. trinn nærmare i alder elevar på 4. trinn i mange andre land. Norske elevar på 5. trinn er klart betre enn svenske og danske og på nivå med finske jamaldringar i TIMSS 2011. PIRLS 2011 syner tilsvarande ei klar forbetring i leseprestasjonane for 4. og 5. trinn, med ein auke på høvesvis ni og elleve poeng frå 2006 til 2011. Norske elevar ligg over det internasjonale gjennomsnittet for både 4. og 5. trinn.

PISA 2012 viste derimot at den positive utviklinga i førre PISA-undersøking ikkje er ført vidare. PISA testar 15-åringar i naturfag, lesing og matematikk. Leseprestasjonane er stabile frå 2009 til 2012, mens prestasjonane i naturfag og matematikk har vorte reduserte i same periode. Når ein ser heile perioden 2000 til 2012 under eitt, er nivået på læringsutbyttet målt gjennom PISA relativt stabilt, jf. figur 4.1.

Figur 4.1 Gjennomsnittlege elevprestasjonar i PISA

Figur 4.1 Gjennomsnittlege elevprestasjonar i PISA

Kjelde:  Kjærnsli mfl. (2013)

Dei internasjonale undersøkingane synte at avstanden mellom fagleg sterke og fagleg svake elevar vart tydeleg redusert frå midten av 2000-talet. Auken i gjennomsnittlege prestasjonar og reduksjonen i spreiinga mellom elevar i same tidsperiode kunne i stor grad forklarast med betra prestasjonar blant dei fagleg svakaste elevane. PISA 2012 viser derimot at avstanden mellom fagleg sterke og fagleg svake elevar har auka frå 2009. Samanlikna med andre land er det framleis få norske elevar på dei høgste prestasjonsnivåa i dei internasjonale undersøkingane.

I 2013 vart ICILS-undersøkinga, ei internasjonal undersøking om dei digitale dugleikane til elevane, gjennomført blant 18 land og to provinsar i Canada. Norske elevar presterer godt over det internasjonale gjennomsnittet på den digitale prøva, og Noreg ligg blant dei høgst presterande landa i undersøkinga. Undersøkinga deler elevane inn i fem nivå, og omtrent 30 pst. av dei norske elevane ligg på dei to øvste nivåa. Om lag 24 pst. er på nivå 1 eller dårlegare. Desse elevane har så svake dugleikar at dei vil ha problem med å meistre enkle digitale oppgåver som er vanlege i arbeidslivet.

I 2009 vart ICCS, ei internasjonal undersøking om medborgarskap og demokrati, gjennomført. Resultata viste at norske elevar på 8. og 9. trinn har svært gode kunnskapar om, og dugleikar i, demokrati og medborgarskap samanlikna med elevar i dei andre landa. Resultata er om lag på same nivå som i ei tilsvarande undersøking i 1999.

Variasjonen i læringsutbytte mellom norske elevar kan i mindre grad forklarast av sosial bakgrunn samanlikna med andre OECD-land. Avstanden i prestasjonar mellom elevar med høg og elevar med låg sosial bakgrunn ligg likevel om lag på same nivå som gjennomsnittet for OECD-landa. Dette kjem dels av at vi er eit land med små sosiale forskjellar, men også av at mange elevar presterer betre enn den sosioøkonomiske bakgrunnen deira skulle tilseie. Følgjene av sosial bakgrunn for læringsutbyttet har vore stabil på 2000-talet. Grunnskolepoenga til elevane heng til dømes tett saman med utdanningsnivået til foreldra, og det er berre minimale endringar i denne samanhengen over tid, jf. figur 4.2.

Figur 4.2 Gjennomsnittlege grunnskolepoeng til elevane etter utdanningsnivået til foreldra

Figur 4.2 Gjennomsnittlege grunnskolepoeng til elevane etter utdanningsnivået til foreldra

Kjelde: SSB 2015. Grunnskolepoeng er eit samlemål for alle karakterane ved avslutta grunnskole

Mål: Fleire elevar og lærlingar skal gjennomføre vidaregåande opplæring

Fleire elevar og lærlingar skal gjennomføre vidaregåande opplæring. Det er samstundes avgjerande at kompetansen dei oppnår, blir verdsett i høgre utdanning eller på arbeidsmarknaden. Elevar med generell studiekompetanse er i hovudsak utdanningsorienterte etter vidaregåande opplæring. For desse elevane vil fullført høgre utdanning utgjere den viktigaste kvalifikasjonen deira på arbeidsmarknaden. For elevar med yrkesfagleg kompetanse vil vidaregåande opplæring utgjere den viktigaste kvalifikasjonen deira på arbeidsmarknaden. Eit viktig kjenneteikn er samstundes at elevar på yrkesfag orienterer seg mot løp som gir generell studiekompetanse, særleg tilbodet påbygging til generell studiekompetanse. Utdanningsprogramma service og samferdsel, helse- og oppvekstfag og design og handverk har særleg mange elevar som vel påbygging.

Gjennomføring av vidaregåande opplæring

Om lag 70 pst. av elevane som begynner i vidaregåande opplæring, fullfører utdanninga i løpet av fem år. Slik har det vore lenge. For elevane som starta på vidaregåande opplæring i 2009, hadde 70,8 pst. fullført og bestått på normert eller meir enn normert tid i 2014. Det er ein auke på 1,5 prosentpoeng samanlikna med 2007-elevkullet. Det er på yrkesfaglege utdanningsprogram at gjennomføringa har auka.

Det er store forskjellar mellom studieførebuande (83,1 pst.) og yrkesfaglege (57,9 pst.) utdanningsprogram i gjennomføring. Av 2009-kullet, slutta 16 pst. undervegs i opplæringa, 5,7 pst. var i vidaregåande opplæring framleis og 7,6 pst. hadde gjennomført utan å bestå i 2014.

Figur 4.3 Kompetanseoppnåing fem år etter at elevane begynte på vidaregåande opplæring

Figur 4.3 Kompetanseoppnåing fem år etter at elevane begynte på vidaregåande opplæring

Kjelde:  SSB

Ein del av elevane som ikkje fullfører og består i løpet av fem år, kjem tilbake til vidaregåande opplæring på eit seinare tidspunkt. Dersom måletidspunktet blir sett til ti år etter påbegynt opplæring, aukar delen elevar som fullfører og består vidaregåande opplæring, til rundt 80 pst.

Det er store variasjonar mellom fylkeskommunane i graden av gjennomføring av vidaregåande opplæring. Akershus har klart høgst gjennomføring av vidaregåande opplæring (77 pst.) for 2009-kullet. Oslo ligg stabilt høgt, medan Sogn og Fjordane har gått klart tilbake samanlikna med 2008-kullet. Fylkeskommunane i Nord-Noreg har svakast gjennomføring, men har samstundes hatt ein positiv utvikling i løpet av dei seinaste åra og nærmar seg dei andre fylkeskommunane i gjennomføringsgrad.

Figur 4.4 Fullført på normert eller meir enn normert tid fem år etter påbegynt vidaregåande opplæring, på fylkesnivå

Figur 4.4 Fullført på normert eller meir enn normert tid fem år etter påbegynt vidaregåande opplæring, på fylkesnivå

Kjelde: SSB

Gjennomføring av vidaregåande opplæring blir målt også etter overgangar frå kvart trinn i vidaregåande opplæring, jf. figur 4.5. Elevar kan etter kvart trinn ha ordinær progresjon, vere ute av vidaregåande opplæring eller repetere lågare eller same trinn i vidaregåande opplæring. For elevane som starta på Vg1 i skoleåret 2013–14, hadde 84,7 pst. ordinær progresjon frå Vg1 i 2013. Sidan 2007 har det vore ein svak auke i delen elevar med ordinær progresjon frå Vg1. Delen elevar med ordinær progresjon frå Vg2 ligg stabilt rundt 80 pst. i perioden 2007 til 2014. For skoleåret 2013–14, hadde 81,2 pst. ordinær progresjon frå Vg2 i 2014.

Figur 4.5 Overgangar i vidaregåande opplæring

Figur 4.5 Overgangar i vidaregåande opplæring

Kjelde: Utdanningsdirektoratet / Skoleporten 2015

Verdsetjing i høgre utdanning og på arbeidsmarknaden

I 2014 var arbeidsløysa blant ungdom (15–24 år) i gjennomsnitt om lag 7,8 pst. og har sidan midten av 2000-talet variert mellom sju og ni pst. Sjølv om kvaliteten og relevansen på grunnopplæringa i liten grad kan forklare kortsiktige endringar, kan nivået på arbeidsløysa likevel tyde på godt samsvar mellom den arbeidskrafta som ungdom tilbyr, og etterspurnaden frå arbeidsmarknaden, inklusiv kompetansen deira frå grunnopplæringa.

Samtidig fungerer ikkje overgangen frå alle delar av vidaregåande opplæring like godt. Det kjem til uttrykk ved at elevane vel bort yrkesfagleg kompetanse undervegs i opplæringsløpet, og at arbeidsmarknaden verdset kompetansen frå enkelte utdanningsprogram og lærefag lågt. Det kjem også til uttrykk ved at ein del elevar som gjennomfører og består vidaregåande opplæring med generell studiekompetanse, ikkje blir godt nok førebudde på å studere. Karakterar frå vidaregåande opplæring påverkar i stor grad fråfall første studieår, studiepoengproduksjon og fullføringstid ved universitet og høgskolar.

Fordelinga av elevar i oppstarten til vidaregåande opplæring mellom studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram har lenge vore relativt stabil. I 2014 var om lag 49 pst. av elevane på Vg1 i studieførebuande og 51 pst. i yrkesfaglege utdanningsprogram. Samstundes har delen elevar som oppnår yrkeskompetanse, lege på eit vesentleg lågare nivå enn delen elevar som oppnår studiekompetanse over lang tid. Av dei som starta på vidaregåande opplæring i 2009, fullførte berre 15 pst. med yrkeskompetanse innan 2014, anten som fagbrev eller vitnemål. I dei tradisjonelle yrkesfaga innanfor teknikk og industriell produksjon, elektrofag og bygg- og anleggsteknikk er den delen som oppnår yrkeskompetanse, høgre.

Av dei som oppnådde fag- og sveinebrev i skoleåret 2012–13, var om lag 84 pst. i arbeid, 9,3 pst. i utdanning og 6,7 pst. utanfor arbeid og utdanning i november 2013, jf. figur 4.6. Det er variasjonar mellom utdanningsprogramma i delen fagarbeidarar som er i arbeid, frå 75,6 pst. (medium og kommunikasjon) til 88,1 (bygg- og anleggsteknikk). Totalt for yrkesfaga har delen fagarbeidarar som er i arbeid per november i same opplæringsår som dei oppnådde fag-/sveinebrev, auka med om lag to prosentpoeng frå skoleåret 2008–09 til 2012–13, men det er store variasjonar mellom utdanningsprogramma. For service og samferdsel har delen sysselsette fagarbeidarar vorte redusert i 2013 etter fleire år med vekst. For service og samferdsel, teknikk og industriell produksjon, naturbruk og i noko mindre grad helse- og oppvekstfag er det dessutan mange fagarbeidarar som søkjer seg til høgre eller anna utdanning. Det tyder på at mange fagarbeidarar opplever at kompetansen frå enkelte lærefag ikkje er tilstrekkeleg som kompetanse i arbeidsmarknaden.

Figur 4.6 Delen sysselsette fagarbeidarar per november i same opplæringsår som dei oppnådde fag-/sveinebrev

Figur 4.6 Delen sysselsette fagarbeidarar per november i same opplæringsår som dei oppnådde fag-/sveinebrev

Kjelde: Utdanningsdirektoratet / Skoleporten 2015

Samsvaret mellom talet på nye fagarbeidarar og sysselsetjinga i relevante næringar gir informasjon om etterspurnaden i arbeidsmarknaden. I bygg- og anleggsteknikk blir det utdanna om lag 4 500 fagarbeidarar kvart år, jf. figur 4.7. Samstundes rapporterer næringa om underskott på kvalifisert arbeidskraft gjennom bedriftsundersøkinga til Nav frå 2014. Teknikk og industriell produksjon og elektrofag har også hatt eit relativt stabilt nivå på talet nyutdanna fagarbeidarar i dei siste åra. Helse- og oppvekstfag og service og samferdsel har derimot hatt stor vekst i talet på nyutdanna fagarbeidarar. Helse- og oppvekstfag utdanna flest fagarbeidarar i 2013–14 med i overkant 5 400 beståtte fag- og sveineprøver. I same periode har delen sysselsette fagarbeidarar frå helse- og oppvekstfag gradvis vorte redusert, jf. figur 4.6. Bedriftsundersøkinga til Nav frå 2014 viser likevel stort underskott på kvalifisert arbeidskraft på områda helse, pleie og omsorg. Undersøkinga viser også ein viss mangel på kvalifisert arbeidskraft i butikk- og salsarbeid, kontorarbeid og ulike serviceyrke. Samanlikna med talet på sysselsette i relevante næringar for service og samferdsel og restaurant- og matfag er talet på fagarbeidarar særleg lågt.

Figur 4.7 Beståtte fag- og sveineprøver i fag- og yrkesopplæringa

Figur 4.7 Beståtte fag- og sveineprøver i fag- og yrkesopplæringa

Kjelde: Utdanningsdirektoratet / Skoleporten 2014

Mål: Elevane skal ha eit godt og inkluderande læringsmiljø

Læringsmiljø viser til dei samla kulturelle, relasjonelle og fysiske tilhøva på skolen som har innverknad på læring, helse og trivsel.

Elevundersøkinga er ei spørjeundersøking til elevane i grunnopplæringa om korleis dei oppfattar sitt eige læringsmiljø. Undersøkinga er obligatorisk å gjennomføre for skoleeigarane på 7. og 10. trinn i grunnskolen og for elevar i vidaregåande opplæring. Undersøkinga vart revidert i 2013, og dermed kan ein ikkje samanlikne ho direkte med tidlegare undersøkingar. Ein må derfor tolke endringar i 2013 og seinare med varsemd.

Figur 4.8 Rapportering frå elevane om læringsmiljøet på skolen

Figur 4.8 Rapportering frå elevane om læringsmiljøet på skolen

Kjelde:  Elevundersøkinga 2008–14

Trivselen til elevane er i gjennomsnitt høg gjennom heile opplæringsløpet. I 2014 var det rundt 90 pst. av elevane som rapporterte at dei trivst godt eller svært godt på skolen. Delen elevar som trivst godt eller svært godt på 10. trinn, er noko lågare enn både på 7. trinn og på Vg1. Sidan 2008 har det vore ein gradvis auke i delen elevar som trivst godt eller svært godt på alle desse trinna i grunnopplæringa. Den relativt sett større auken i 2013 kan skyldast revideringa av spørjeskjemaet for Elevundersøkinga i 2013.

Sjølv om delen elevar som trivst godt eller svært godt i grunnopplæringa, i gjennomsnitt er stor gjennom heile opplæringsløpet, er det likevel i underkant av fem pst. av elevane på 7. og 10. trinn i 2014 som seier at dei blir mobba to til tre gonger i månaden eller oftare. På Vg1 er det rundt 2,4 pst. som seier at dei blir mobba to til tre gonger i månaden eller oftare. Den relativt store nedgangen i delen elevar som rapporterer om hyppig mobbing i 2013, heng truleg saman med fleire faktorar, og det er vanskeleg å vurdere om nedgangen er reell. Nedgangen i 2013 kan skyldast revideringa av spørjeskjemaet for Elevundersøkinga. Det har vore ein svak nedgang frå 2013 til 2014 og som ikkje kan knyttast til revideringa av undersøkinga.

Sidan 2008 har det vore ein klar framgang i delen elevar som liker skolearbeid godt eller svært godt. På 7. trinn har delen elevar som rapporterer at dei liker skolearbeid godt eller svært godt, auka frå rundt 56 pst. i 2008 til 68 pst. i 2014. For 10. trinn og Vg1 har det også vore ei positiv utvikling frå 2008. Auken i 2013 kan mellom anna skyldast revideringa av spørjeskjemaet for Elevundersøkinga. Det har vore ein auke også frå 2013 til 2014 for 7. trinn, medan delen som liker skolearbeid godt eller svært godt, er stabil for 10. trinn og Vg1.

Delen elevar som liker skolearbeid godt eller svært godt, ligg systematisk lågare på 10. trinn enn på 7. trinn og Vg1.

Samla vurdering av tilstanden

PISA 2012 viste at den positive utviklinga i førre PISA-undersøking i 2009 ikkje har vorte ført vidare. Leseprestasjonane i PISA er stabile frå 2009 til 2012, mens prestasjonane i naturfag og matematikk har gått ned i same periode. Når ein ser heile perioden 2000 til 2012 under eitt, er dermed nivået på læringsutbyttet målt gjennom PISA relativt stabilt. PISA 2012 viser at avstanden mellom fagleg sterke og fagleg svake elevar igjen har vorte større. Regjeringa er ikkje nøgd med resultata frå PISA i naturfag og matematikk. Regjeringa meiner det er behov både for å heve prestasjonane til elevane på dei lågaste nivåa i PISA, og for at fleire elevar presterer på dei høgste nivå i PISA.

Gjennomføringa av vidaregåande opplæring på nasjonalt nivå er i hovudsak stabil, til tross for ein svak auke på 1,5 prosentpoeng for den delen av 2009-elevkullet som fullførte og bestod på normert eller meir enn normert tid innan fem år, samanlikna med 2007-elevkullet. Delen elevar med ordinær progresjon frå Vg1 har auka svakt i perioden 2007 til 2014. Regjeringa meiner gjennomføringa i vidaregåande opplæring er for låg. Regjeringa har samstundes merka seg at fleire fylkeskommunar har hatt ei tydeleg og jamn positiv utvikling i dei siste åra. I Akershus gjennomfører no 77 pst. av elevane vidaregåande opplæring.

Overgangen til arbeidsmarknaden er ikkje god nok for delar av fag- og yrkesopplæringa. Særleg gjeld det for utdanningsprogramma service og samferdsel, restaurant- og matfag, design og handverk og helse- og oppvekstfag. Helse- og oppvekstfag og service og samferdsel har hatt stor vekst i talet på nyutdanna fagarbeidarar, samstundes som delen sysselsette fagarbeidarar har vorte redusert, særleg i helse- og oppvekstfag.

Trivselen til elevane er i gjennomsnitt god gjennom heile grunnopplæringa, og sidan 2008 har det vore ein auke i delen elevar som trivst godt eller svært godt. Delen elevar som liker skolearbeid godt eller svært godt, har også auka gradvis sidan 2008. I 2014 er det likevel i underkant av fem pst. som seier at dei blir mobba to til tre gonger i månaden eller oftare på 7. og 10. trinn.

Strategiar og tiltak

Tilstandsvurderinga viser at grunnopplæringa har mange sterke sider, men at måloppnåinga ikkje er god nok. Regjeringa har høge ambisjonar for den norske skolen, og gjennomfører derfor fleire nasjonale satsingar som skal styrkje lærarane si kompetanseevne til å undervise og læringsutbyttet til elevane.

Lærerløftet

Regjeringa arbeider for at alle barn og unge møter eit utdanningssystem med dyktige lærarar, gode skolar og medvitne skoleeigarar.

Vidareutdanning av lærarar og skjerpa kompetansekrav

Det statlege vidareutdanningstilbodet skal leggje til rette for at skoleeigarane skal vere i stand til å innfri krava til relevant kompetanse i undervisningsfag. I løpet av to år har regjeringa nesten tredobla talet på deltakarar, og med løyvingsforslaget for 2016 vil over 5 000 lærarar få tilbod om vidareutdanning. Regjeringa har skjerpa kompetansekrava for undervisning i grunnskolen for alle lærarar som underviser i faga engelsk, matematikk, norsk, norsk teiknspråk og samisk. Desse faga skal prioriterast i opptak til vidareutdanningstilboda. Gjeldande strategi for vidareutdanning, Kompetanse for kvalitet, held fram til hausten 2016. Departementet har samarbeidd med Utdanningsforbundet, Norsk lektorlag, Skolelederforbundet, Nasjonalt råd for lærerutdanningene, KS og Skolenes Landsforbund om ein ny strategi for vidareutdanning for lærarar og skoleleiarar.

Rektorutdanning

Kompetansen til skoleleiarane er avgjerande for å utvikle skolen som lærande organisasjon. Den nasjonale rektorutdanninga med statleg finansierte studieplassar er ført vidare for ein ny femårsperiode frå hausten 2015.

Undervisningspersonell utan godkjend utdanning

Frå og med hausten 2015 er det etablert ei stipendordning for tilsette i undervisningsstillingar som manglar lærarutdanning, og som er kvalifisert for praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), praktisk pedagogisk utdanning for yrkesfaglærarar (PPU-y) og yrkesfaglærarutdanning (YFL). Både personar som er tilsette i grunnskolen og vidaregåande skole kan søke. Departementet foreslår å føre ordninga vidare i 2016.

Nye karrierevegar for lærarar

Regjeringa vil utvikle nye karrierevegar for lærarar som ønskjer profesjonell utvikling utan å gå over i administrativ stilling. Frå hausten 2015 blir det gjennomført toårige pilotar med funksjon som lærarspesialist. I alt er 37 skoleeigarar valde ut til å delta. Lærarspesialistane skal ha norsk eller realfag som spesialiseringsområde i piloten. Oppgåver for lærarspesialistane vil til dømes vere fagleg vurdering, prosjektleiing, rettleiing av kollegaer og samarbeid med universitets- og høgskolesektoren. Lærarspesialistane vil få ein kompensasjon på inntil 48 000 kroner i året, gjennom lønn eller kombinert lønn og redusert undervisningstid. Staten dekkjer halvparten av kostnaden for pilotane medan skoleeigarane dekkjer resten. Ordninga vil bli evaluert. Det vil i tillegg bli utvikla eit vidareutdanningstilbod for lærarar som ønskjer å kvalifisere seg som lærarspesialist. Rammene for tilbodet vil bli utvikla i samarbeid med representantar frå universitets- og høgskolesektoren og arbeidstakar- og arbeidsgivarpartane. Vidareutdanningstilbodet skal etter planen setjast i verk frå hausten 2016.

Femårig lærarutdanning

Regjeringa vil at lærarar skal ha større fagleg fordjupning og betre innsikt i forskings- og utviklingsarbeid og vitskapsmetode. Ny rammeplan for femårig mastergradsutdanning for lærarar skal fastsetjast våren 2016. Det blir arbeidd med sikte på å innføre dei nye mastergradsutdanningane frå 2017. Prioriterte fag skal vere lærarutdanningsfaga norsk, samisk, norsk teiknspråk, matematikk og engelsk. Sjå nærmare omtale under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Rettleiarkorpset

Regjeringa vil setje inn støttetiltak overfor dei skoleeigarane som treng det mest, og vil derfor endre bruken av rettleiarkorpset. Rettleiarkorpset skal vere ein ressurs som primært er mynta på skoleeigarar som har vist svake resultat over tid, og skal i samarbeid med fylkesmennene stimulere utvalde skoleeigarar til å arbeide målretta for å oppnå betre resultat. Sidan hausten 2014 har Utdanningsdirektoratet og fylkesmennene samarbeidd om å komme fram til indikatorområde og eit sett av kriterium som kan nyttast til å identifisere kommunar og fylkeskommunar som er i målgruppa for rettleiing, jf. Lærerløftet.

Rettleiarkorpset skal hjelpe dei utvalde skoleeigarane med å utvikle seg og oppnå betre resultat baserte på identifiserte behov og definerte utviklingsmål. Måla skal inngå i ein heilskapleg plan. Rettleiinga har som mål å utvikle skoleeigaren og skoleleiinga sin kompetanse i kvalitetsutvikling i eigen organisasjon. Dette kan mellom anna omfatte hjelp til bevisste val av ressursar for å utvikle seg, som å delta i ulike statlege/kommunale satsingar, bruke nasjonale senter og andre eksterne fagmiljø, bruke verktøy i Skoleporten, og anna. Det vil bli lagt vekt på å følgje utviklinga tett i opptil to og eit halvt år, og på å vurdere oppnådde resultat.

Andre kompetanseutviklingstiltak for tilsette i opplæringa

Etter- og vidareutdanning for dei tilsette i den pedagogisk-psykologiske tenesta

Departementet vil føre vidare Strategi for etter- og vidareutdanning for tilsette i den pedagogisk-psykologiske tenesta (2013–2018) i 2016. Strategien skal føre til at PP-tenesta jobbar meir systemretta gjennom auka kompetanse i organisasjonsutvikling og endringsarbeid, læringsmiljø og gruppeleiing, rettleiing og rådgiving. Satsinga skal føre til at skolane blir oppmoda om, og rusta til å gjere meir innanfor ramma av den ordinære tilpassa opplæringa.

Satsing på ungdomstrinnet

Departementet vil halde fram med satsinga på ungdomstrinnet gjennom Ungdomstrinn i utvikling 2012–2017. Satsinga er eit viktig nasjonalt tiltak for å styrkje skolen som lærande organisasjon og auke motivasjonen og læringsutbyttet til elevane.

Skolebasert kompetanseutvikling er eit grunnleggjande element i satsinga. Det inneber at skolen, med leiinga og alle tilsette, tek del i utviklingsprosessar på sin eigen arbeidsplass. Lærarar og leiarar ser i fellesskap på utfordringane i skolen, evaluerer sin eigen praksis og gjer endringar og utviklar opplæringa når det er nødvendig. På den måten blir det bygt eit lag på skolen til beste for elevane. Satsinga handlar om skolebasert kompetanseutvikling i klasseleiing, lesing, skriving og rekning. Departementet legg opp til at om lag 300 nye skolar skal starte opp hausten 2016. Kompetanseutviklinga i klasseleiing blir sett i samanheng med satsinga på betre læringsmiljø i skolen.

Opplæring av minoritetsspråklege

Kompetanse for mangfold 2013–2017 er ei femårig satsing på kompetanse for opplæring av minoritetsspråklege. Regjeringa vil føre vidare arbeidet med å utvikle denne kompetansen i universitets- og høgskolesektoren, hos skoleeigarar og barnehagestyresmakter, hos tilsette i barnehage og skole, og hos andre sentrale yrkesgrupper som er knytte til skolar og barnehagar. Målet for satsinga er at dei tilsette skal vere i stand til å støtte barn, elevar og vaksne med minoritetsbakgrunn på ein måte som fører til at desse i størst mogleg grad fullfører og består utdanningsløpet.

Yrkesfagløftet

For å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring og medverke til å dekkje behovet i arbeidslivet for fagfolk i framtida, gjennomfører regjeringa eit yrkesfagløft, i samarbeid med skoleeigarane og partane i arbeidslivet. For å nå måla skal departementet setje i gang og føre vidare tiltak som aukar fleksibilitet, relevans og kvalitet i fag- og yrkesopplæringa. Eit viktig tiltak er å fortsetje samarbeidet med partane om å utvikle ein tilbodsstruktur for yrkesfaga som er betre tilpassa kompetansebehova i arbeidslivet. Utdanningsdirektoratet vil på grunnlag av dette arbeidet leggje fram forslag til ny struktur i løpet av 2016. Tett samarbeid med arbeidslivet er naudsynt for at ein skal lykkast med tiltak som vekslingsmodellar og praksisbrev. Departementet har løyvt midlar til WorldSkills slik at dei kan samarbeide med fylkeskommunar og arbeidslivet for å prøve ut yrkeskonkurransar som metode i yrkesfaga.

Gode yrkesfaglærarar med oppdatert fagkunnskap bidrar til relevant og praktisk opplæring for elevane, noko som vil kunne føre til at fleire fullfører og består fagopplæringa. Departementet foreslår å setje i gang ei kompetansesatsing for yrkesfaglærarar. Satsinga skal bidra til å rekruttere fleire lærarar, syte for at fleire får ei godkjend lærarutdanning, og at yrkesfaglærarar har gode moglegheiter til å delta i etter- og vidareutdanning. Departementet vil halde fram med å leggje til rette for at lærarar skal hospitere i bedrift, og for at instruktørar skal hospitere i skolen.

Kvart år står mange ungdommar utan læreplass. Departementet vil saman med partane i arbeidslivet føre vidare arbeidet for at fleire skal få læreplass, i både offentleg og privat sektor. Dette omfattar mellom anna skjerping av krava om bruk av lærlingklausular i utlysingar av offentlege anbod, ei merkeordning for verksemder med lærlingar og betre vilkår for læreverksemder. Mellom anna er lærlingtilskottet auka med 10 000 kroner per lærekontrakt under Solberg-regjeringa, og regjeringa foreslår å auke lærlingtilskottet med ytterlegare 2 500 kroner per kontrakt i 2016. Det er behov for å leggje tilrette for at personar med utanlandsk fagutdanning kan få kompetansen sin godkjent. Departementet ønskjer å opprette ei ordning for godkjenning av utanlandsk fagutdanning.

I statsbudsjettet for 2015 vart det løyvt 20 mill. kroner til ei ordning for å stimulere nye bedrifter til å ta inn lærlingar. Midlane vart løyvt over rammetilskottet til fylkeskommunane. Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå, men at fylkeskommunane får høve til å nytte midlane friare for å motverke auka arbeidsløyse blant unge. Dei kan nyttast til auka lærlingtilskott for særleg utsatte fagområde, eller tiltak for å sikre at yrkesfagelevar som ikkje får læreplass og må ta Vg3 i skole får eit kvalitativt godt tilbod.

Satsing på realfag

Kompetansen i realfag til barn og unge etter avslutta grunnopplæring har ikkje vorte forbetra i dei siste 20 åra. Internasjonale undersøkingar, karakterstatistikk, gjennomføringstal i vidaregåande opplæring og undersøkingar av forkunnskapar til høgre utdanning viser på kvar sin måte middels resultat. Samtidig er det større etterspurnad etter realfagleg kompetanse i arbeidslivet. Gjennom realfagsstrategien Tett på realfag for barnehagen og grunnopplæringa vil regjeringa snu den negative trenden og forbetre motivasjon, læring og resultat i realfaga. Strategien skal mobilisere og forplikte barnehagar, skolar og kommunar til endring lokalt. Regjeringa foreslår å styrkje strategien i 2016 ved å løyve ytterlegare 20 mill. kroner.

Regjeringa lanserte i statsbudsjettet for 2015 ei ordning med realfagskommunar som eit sentralt verkemiddel i den nye strategien. Realfagskommunane skal utvikle ein lokal strategi for å arbeide systematisk med å forbetre kompetansen og resultata i realfag frå barnehage til fullført grunnskole, og departementet foreslår at ordninga blir utvida. Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver og læreplaner for fag skal fornyast. Vidare vil det bli starta tiltak for betre læring for elevar som slit i matematikk, og tiltak for at fleire elevar skal prestere på høgt og avansert nivå i realfag.

Noreg har eit lågt timetal i naturfag på barnetrinnet. Det låge timetalet gir lite tid til variert opplæring etter kompetansemåla i læreplanen. Regjeringa foreslår derfor å auke timetalet på 5.–7. trinn med ein veketime.

Ny nasjonal strategi for lesing og skriving

Regjeringa vil i løpet av hausten 2015 leggje fram ein strategi for at dei som arbeider i barnehagar og i grunnopplæringa, skal bli enda betre til å gi språk-, lese- og skriveopplæring til barn og elevar. Det skal takast særskilt omsyn til spesifikke målgrupper, mellom anna gutar, minoritetsspråklege barn, barn og elevar som har språkvanskar og/eller lese- og skrivevanskar, og høgt presterande elevar. Strategien skal bidra til at personalet i barnehagar og skolar får oppdatert kunnskap om behova desse gruppene har, og korleis dei kan sikre best mogleg utvikling for den enkelte eleven og det enkelte barnet.

Gjennomføring i vidaregåande opplæring

Program for bedre gjennomføring i videregående opplæring vart etablert i forlenginga av Ny GIV (2011–14). Programmet rettar seg mot elevar med høg risiko for fråfall og ungdom som står utanfor opplæring og arbeid. Siktemålet er å få fleire ungdommar til å fullføre og bestå vidaregåande opplæring. Departementet finansierer og leier eit nasjonalt nettverk der alle fylkeskommuner er representerte. Departementet har i samarbeid med det fylkeskommunale nettverket identifisert kritiske fasar i vidaregåande opplæring der det er særleg viktig å setje inn tiltak. Fylkeskommunane har meldt inn konkrete tiltak dei meiner har effekt, og departementet har systematisert desse til ei erfaringsbasert kunnskapsoversikt. Vidare har Kunnskapssenteret for utdanning utvikla ei internasjonal forskingsbasert kunnskapsoversikt over tiltak som kan vise til dokumentert effekt på gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Desse to kunnskapsoversiktene vil danne grunnlaget for det vidare arbeidet i Program for bedre gjennomføring i videregående opplæring. Arbeidet i programmet rettar seg dels mot å betre det kontinuerlege utviklingsarbeidet i fylkeskommunane og dels mot å prøve ut ulike tiltak i fylka og å forske på desse for å finne ut kva for tiltak som har best effekt. Tilskottsordninga på kap. 226 post 60, som skal stimulere til at fleire gjennomfører vidaregåande opplæring, blir derfor lagd om for å støtte opp under denne forskinga.

For å styrkje det arbeidet kommunane og fylkeskommunane gjer med utsette barn og unge under 24 år, har Kunnskapsdepartementet innleidd eit arbeid med Arbeids- og sosialdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. 0–24-samarbeidet skal avdekkje felles utfordringar og fremme felles tiltak og strategiar for betre oppfølging av utsette barn og unge. Det overordna målet for samarbeidet er at færre fell utanfor ved at fleire gjennomfører vidaregåande opplæring og kjem i arbeid. Departementa har for andre året gitt eit felles koordinert oppdragsbrev til direktorata sine. Direktorata har fått i oppdrag å samordne sitt eige regelverk og sine eigne verkemiddel for å styrkje tverrfaglege innsatsar som kan bidra til at fleire lykkast i skolen og fullfører vidaregåande opplæring. Innsatsen skal gjere det enklare for kommunane å samarbeide på tvers av fag- og regelverksgrenser. Dei involverte departementa har gitt alle fylkesmennene likelydande oppdrag om å bidra til 0–24-samarbeidet på lokalt nivå.

Vidareutvikling av Kunnskapsløftet

Kunnskapsløftet (2006) har til hensikt å gjere elevar og lærlingar betre i stand til å møte utfordringane i kunnskapssamfunnet, og å skape ein betre kultur for læring. Reforma har ført til eit skifte i merksemd i retning av at ein legg vekt på det utbyttet elevane og lærlingane har av opplæringa. Dei fulle effektane av reforma vil det ta enda fleire år å vurdere.

Det er sett ned eit offentleg utval som skal sjå på tiltak retta mot høgt presterande elevar. Utvalet skal levere innstillinga si i løpet av hausten 2016.

Grunnopplæringa skal ha eit innhald som skal gi barn og unge den kompetansen som er nødvendig i eit framtidig samfunns- og arbeidsliv. Utvalet for skolen i framtida leverte i juni 2015 hovudrapporten sin, NOU 2015: 8 Fremtidens skole. Fornyelse av fag og kompetanser. Rapporten har vore ute til brei høyring.

Departementet arbeider med å utvikle ein fornya generell del av læreplanverket. Rammene for fornyinga er formålsparagrafen og dei verdiane som er nedfelte der, og som alle partia på Stortinget samla seg om i 2008. Ein fornya generell del skal sørgje for at verdiane i formålsparagrafen blir løfte tydeleg fram i opplæringa og skaper samanheng mellom formålet og læreplanar for fag.

Evalueringa av Kunnskapsløftet trekkjer fram at satsinga på elev- og lærlingvurdering har gitt større innsikt i vurderingspraksisen i skolen. Ein god vurderingspraksis og god kompetanse for lærarane er nødvendig for at elevane skal kunne få ei god og tilpassa opplæring og rettferdig sluttvurdering. Eit godt grunnlag for vurdering og rettferd i sluttvurderinga er framleis viktige utfordringar. Departementet har ført vidare den nasjonale satsinga på elevvurdering, jf. Meld. St. 20 (2012–2013) På rett vei. Siste pulje av satsinga blir gjennomført frå 2015 til 2017.

Læringsmiljø og arbeidet mot mobbing

Regjeringa er oppteken av eit trygt og inkluderande barnehage- og skolemiljø. Mobbesaker er komplekse og kan ha store konsekvensar for enkeltpersonar, både i skolen og i barnehagen. Det er nødvendig med ei systematisk tilnærming til mobbeproblematikken, og regjeringa vil leggje vekt på å gjere meir av det som verkar. Innsatsen skal vere målretta og kunnskapsbasert.

Regjeringas arbeid er bygget opp rundt følgjande mål og visjonar:

  • Det skal ikkje skje

  • Det skal nytte å seie ifrå

  • Regelverket skal vere til nytte

  • Kompetansen skal nå heilt ut

  • Barnehage- og skoleeigaren er avgjerande

  • Barn og unge skal stå i sentrum

Djupedalutvalet la i mars i år fram NOU 2015: 2 Å høre til – Virkemidler for et trygt psyko-sosialt skolemiljø. Utvalet hadde som mandat å vurdere dei samla verkemidla for å skape eit godt psykososialt skolemiljø og motverke og handtere mobbing og andre uønskte hendingar i skolen. Utvalet foreslår ei rekkje større regelverksendringar, mellom anna endringar i kapittel 9a i opplæringslova om å sikre det psykososiale miljøet til elevane, etablering av ny klagesaksgang med Barneombodet som første instans og ei ny skolemiljøklagenemnd som andre instans. Utvalet foreslår også ei storskala kompetanseheving i sektoren (skolebasert kompetanseheving).

Utvalet foreslår òg ei rekkje mindre endringar og presiseringar i opplæringslova som truleg krev mindre omfattande vurderingar. Regjeringa ser det ikkje som formålstenleg å høyre desse separat, men tek sikte på å sende eventuelle endringsforslag i ei samla høyring våren 2016.

Regjeringa vil vurdere grundig dei ulike tiltaka, og komme tilbake til Stortinget med forslag til oppfølging.

Alle delar av antimobbearbeidet må på lengre sikt styrkjast, frå å hindre at mobbing oppstår til avdekking og handtering av mobbing. Regjeringa arbeider derfor med å etablere ei meir systematisk tilnærming til arbeidet mot mobbing og for trygge og inkluderande barnehage- og skolemiljø. For å betre førebygginga vil regjeringa blant anna vurdere tiltak for kompetanseheving, og vurdere å endre lova slik at den blir enklare å forstå og enklare å etterleve. Vidare vil regjeringa vurdere tiltak for å oppdage og handtere mobbing. Foreldre, barn og unge skal oppleve at det nyttar å seie frå. Skolar, barnehagar og dei tilsette der skal ha kompetanse og verkemiddel som gjer at det nyttar å handle. Godt førebyggjande arbeid startar tidleg og derfor har regjeringa beslutta å inkludere barnehagane i arbeidet med et godt lærings- og barnehagemiljø.

Spesielt vanskelege saker må handterast betre. Regjeringa vil ha ein enklare og raskare klageprosess enn i dag, og har starta arbeidet med å gå gjennom i dagens klageordning. Regjeringa tek sikte på å etablere ein meir forpliktande partnarskap og vidareutvikle samarbeidet med partane i dagens Manifest mot mobbing.

Grove mobbesaker dei seinare åra har vist at det er nødvendig med rask reaksjon og for regjeringa har det vore viktig å allereie nå sørgje for at informasjon blir enkelt tilgjengeleg for barn og vaksne. Betre tilgjenge og dermed også raskare respons vart også understøtta i utgreiinga frå Djupedalutvalet. I statsbudsjettet for 2016 foreslår derfor regjeringa etablering av ein ny portal på Internett som skal gjere det enklare for barn, unge og foreldre å finne informasjon om tiltak mot mobbing.

Kunst og kultur i opplæringa

Som eit ledd i oppfølginga av rapporten Det muliges kunst (2014) vil regjeringa frå 2016 organisere det statlege arbeidet med Den kulturelle skolesekken (DKS) som ei verksemd under Kulturdepartementet ved at Rikskonsertene får eit nytt og utvida mandat, nye oppgåver og ny styringsstruktur for å ta i vare det nasjonale ansvaret for DKS for alle kunst- og kulturuttrykk. Som ei følgje av omlegginga vil verksemda endre namn. Verksemda vil ha eit fagråd med representantar valde av begge departement og med relevante interessentar for DKS-ordninga. Kulturdepartementet vil ha eit konstitusjonelt ansvar for verksemda, men ho skal styrast i samhandling med Kunnskapsdepartementet. Verksemda skal ha kunstfagleg kompetanse i dei kunst- og kulturuttrykka som er omfatta av DKS-ordninga, og pedagogisk og skolefagleg kompetanse. Målet er å sikre eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod i skolen for barn og unge i heile landet, slik at det betre støttar det pedagogiske arbeidet og er med på å realisere skolens læreplanar. Samstundes skal byråkrati reduserast for både lærarar og utøvarar.

I Det muliges kunst vart det mellom anna etterlyst styrkt fagkompetanse i praktiske og estetiske fag. Frå 2016 blir kulturskolelærarar omfatta av vidareutdanningsstrategien Kompetanse for kvalitet.

Fråværsgrense i vidaregåande skole

Frå og med skoleåret 2016–17 vil det gjelde ei fråværsgrense i vidaregåande skole. Endringa inneber at eleven ikkje vil få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i eit fag ved fråvær i meir enn ti pst. av timane i faget. Det vil likevel bli gjort unntak for fråvær som skyldast mellom anna sjukdom, politisk arbeid eller sjølvstendig studiearbeid etter avtale med læraren. Den nye fråværsgrensa gjer det klart at elevane i vidaregåande skole må delta i opplæringa og vil kunne medverke til redusert fråvær. Elevar som deltek i opplæringa, vil lære meir. Fråværsgrensa vil derfor kunne ha positiv verknad på gjennomføringa i vidaregåande opplæring.

Friare skoleval på tvers av fylkesgrensene

Regjeringa er oppteken av at elevane i vidaregåande opplæring skal ha større fridom ved val av skole. Departementet har sendt på høyring eit forslag om lovendring for å leggje til rette for at alle elevar fritt skal kunne søkje inntak til skolar i andre fylke. Forslaget inneber at elevane skal ha rett til å få skoleplass i andre fylke dersom det er ledig kapasitet. Forslaget vil gi elevane større valfridom samtidig som fylkeskommunane beheld ansvaret for å oppfylle retten til vidaregåande opplæring for elevar som er busett i fylket. Endringa vil gi erfaringar og danne grunnlag for framtidige vurderingar av behovet for eventuelle ytterlegare regelendringar som styrkjer eleven sin rett til å velje.

Byråkrati og rapportering i opplæringssektoren

Arbeidet med å redusere byråkrati og unødig rapportering i opplæringssektoren er omtalt i kap. 11 Forenklingsarbeid, modernisering og betre gjennomføringskraft. I opplæringssektoren er fleire statlege dokumentasjons- og rapporteringskrav i ferd med å bli fjerna eller reduserte i omfang. Mellom anna er vurderingsregelverket forenkla, rapporteringa til Grunnskolens Informasjonssystem (GSI) er forenkla og dei obligatoriske kartleggingsprøvene i Vg1 er erstatta med frivillige læringsstøttande prøver som lærarane kan nytte fritt. Arbeidet med å forenkle det nasjonale tilsynet blir følgt opp hausten 2015. Det er vidare sett i gang eit arbeid for å betre språket og forenkle strukturen i opplæringslova.

Kap. 220 Utdanningsdirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter

281 348

254 753

273 486

21

Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 70

154 495

147 344

135 359

70

Tilskott til læremiddel o.a., kan overførast, kan nyttast under post 21

55 210

55 478

57 087

Sum kap. 0220

491 053

457 575

465 932

Løyvingane under kap. 220 finansierer faste driftsoppgåver i Utdanningsdirektoratet. I tillegg kjem oppgåver som direktoratet har ansvaret for, men som blir finansierte over andre kapittel, til dømes mellombelse oppgåver knytte til kvalitetsutvikling og -vurdering i barnehagen og grunnopplæringa, jf. kap. 226 (grunnopplæring) og kap. 231 (barnehage). Omtale av verksemda til direktoratet er derfor dels plassert under andre kapittel i denne proposisjonen.

Direktoratet er delegert mynde i forvaltningssaker som gjeld

  • etatsstyring av fylkesmannen på barnehageområdet og grunnopplæringsområdet

  • tilsynsarbeid som følgjer av barnehagelova, opplæringslova, friskolelova, vaksenopplæringslova kap. 4 Diverse skolar og folkehøgskolelova

  • tolking av barnehagelova, opplæringslova, friskolelova, vaksenopplæringslova kap. 4 Diverse skolar, og folkehøgskolelova med forskrifter på nasjonalt nivå, og å gi god rettleiing om regelverket for barnehagar og grunnopplæringa

  • etatsstyring av statlege skolar som gir grunnopplæring, jf. kap. 222

  • tilskott til minoritetsspråklege barn i førskolealderen, eksamensavvikling, friskolar, folkehøgskolar og andre formål, jf. kap. 225, 227, 228, 229, 231 og 253

  • etatsstyring av det statlege spesialpedagogiske støttesystemet (Statped), jf. kap. 230

  • styring av den faglege verksemda ved dei nasjonale sentera

Post 01 Driftsutgifter

Mål for 2016

Mål som er omtalte i innleiinga til programkategoriane 07.20 Grunnopplæringa og 07.30 Barnehagar, er førande for arbeidet til Utdanningsdirektoratet.

Mål for verksemda til direktoratet i 2016 er

  • betre kompetanse i barnehagen og grunnopplæringa til å løyse dei prioriterte utfordringane i sektorane

  • betre kvalitet i fag- og yrkesopplæringa

  • eit godt kunnskapsgrunnlag og system for å vurdere og styrkje kvaliteten i barnehagen og i grunnopplæringa

  • at regelverket blir forstått og følgt

  • at barn, unge og vaksne med særskilde behov får eit tilrettelagt tilbod til rett tid

Måla ligg òg til grunn for Utdanningsdirektoratets styring av dei underliggjande og tilknytte verksemdene til direktoratet.

Kunnskapsdepartementet har i dialog med direktoratet utvikla styringsparametrar til alle måla for verksemda til direktoratet for betre å kunne vurdere om måla er nådde i 2016.

Kunnskapsdepartementet har gitt Difi i oppdrag å evaluere Utdanningsdirektoratet. Evalueringa blir ferdig hausten 2015 og skal gi ein gjennomgang og ei vurdering av måloppnåinga og ressursbruken til verksemda.

Rapport for 2014

Kunnskapsgrunnlag og system for å vurdere, følgje med på og styrkje kvaliteten

Direktoratet medverkar i stor grad til ny kunnskap om barnehagar og skolar. Gjennom forsking, statistikk og analysar er eit godt kunnskapsgrunnlag tilgjengeleg for barnehagar, skolar, barnehage- og skoleeigarar og styresmaktene. Det er likevel slik at det framleis ligg føre monaleg meir kunnskap om skolesektoren enn om barnehagesektoren.

For at barnehagar og skolar skal få nytte av forsking og statistikk, har direktoratet lagt vekt på formidlingstiltak. I 2014 har direktoratet hatt spesielt gode røynsler med barnehagemagasinet Vetuva, som formidlar praksisrelevant forsking til barnehagar. Det er mellom anna utvikla verktøy som skal hjelpe skoleeigarar og skolar med å drive kunnskapsbasert kvalitetsutvikling lokalt. I 2014 vart resultata frå nasjonale prøver presenterte på ein ny måte som gjer det enklare å følgje opp resultata.

Forståing og etterleving av regelverk

Etter nokre års forsterka innsats på regelverksområdet ser direktoratet fleire indikasjonar på at forståinga av og etterlevinga av regelverka ute i sektorane har vorte betre. Det er framleis variasjonar i regelverksetterleving i sektorane.

Direktoratet har årlege seminar med embeta som omhandlar regelverksforståing. For skolesektoren er prosjektet Regelverk i praksis eit døme på tiltak som skal auke kompetansen om regelverket og hindre brot på regelverket.

I 2014 har direktoratet utvikla RefLex. Dette er eit verktøy som hjelper offentlege skolar og skoleeigarar med å vurdere om deira eigen praksis er i samsvar med opplæringslova. Verktøyet vart lansert i januar 2015. Det nettbaserte verktøyet gjer det mogleg for skolane å gjennomføre eigenvurderingar på utvalde tema og stille saman resultata på skolenivå eller skoleeigarnivå. Foreløpig er tema frå felles nasjonalt tilsyn tilgjengelege i RefLex. Skolane og skoleeigarane har vore positive til verktøyet, og det er allereie teke i bruk i fleire kommunar og skolar.

Talet på klagesaker knytte til opplæringslova § 9a om å sikre det psykososiale miljøet til elevane har auka i dei siste åra. Direktoratet meiner at dette ikkje nødvendigvis er eit resultat av dårlegare regelverksetterleving, men at nasjonale tilsyn har auka merksemda om regelverket.

Frå 2014 har det vore ein felles metode for tilsyn frå fylkesmannen etter barnehagelova og opplæringslova. Metodearbeidet er stadig i utvikling. I 2014 vart det gjennomført i alt 109 tilsyn med 99 kommunar på barnehageområdet. Det er ført flest tilsyn med vekt på det ansvaret kommunen som lokal barnehagemyndigheit har for å sjå til at regelverket blir etterlevt i høve til barnehagelova § 8 Kommunens ansvar i kombinasjon med kommunen sitt tilsynsansvar etter § 16 Tilsyn. Funna frå tilsyn fylkesmennene har hatt med kommunen som barnehagemyndigheit i 2014, viser at kommunane framleis har ein veg å gå i arbeidet med å gi rettleiing og sjå til at barnehagedrifta er i samsvar med lover og reglar. Den rettslege forståinga kommunane har av rammene for og rolla som barnehagemyndigheit og godkjenningsmyndigheit, kan bli betre. For nærmare omtale, sjå programkategori 07.30 Barnehagar.

På opplæringsområdet er det ført 240 tilsyn med kommunar og fylkeskommunar. I det nye felles nasjonale tilsynet er det ført til saman 121 tilsyn, mens fylkesmennene har ført 119 eigeninitierte tilsyn. Tema for dei felles nasjonale tilsyna har vore arbeidet til skolen med læringsutbyttet til elevane, og skolebasert vurdering og forvaltningskompetanse. I det nasjonale tilsynet som vart gjennomført i 2014, vart det mellom anna avdekt at det i samband med spesialundervisning ikkje alltid er godt nok samsvar mellom enkeltvedtaket om spesialundervisning og den individuelle opplæringsplanen (IOP) som skolen skal utarbeide på grunnlag av enkeltvedtaket. Det vart òg avdekt brot på andre saksbehandlingsreglar i samband med spesialundervisning, noko som viser at forvaltningskompetanse er ei utfordring ei rekkje stader. Dessutan vart det ofte avdekt svikt i rutinane til skolane for å vurdere om opplæringa er eigna til å oppfylle måla i læreplanverket (skolebasert vurdering). Ved det eigeninitierte tilsynet til fylkesmennene er det ført flest tilsyn med det psykososiale miljøet til elevane. Andre tema på dei eigeninitierte tilsyna har mellom anna vore spesialundervisning og spesialpedagogisk hjelp, symjeundervisning, gratisprinsippet og fag- og yrkesopplæring.

Eit felles nasjonalt tilsyn på grunnopplæringsområdet blir gjennomført i perioden 2014–17. Som ein del av dette tilsynet er det innført rettleiingsaktivitetar i forkant av tilsynet, for å gjere skoleeigarar og skoleleiarar kjende med temaa for tilsynet, og for å gi dei høve til å gjere endringar i sin eigen praksis før tilsynsorgana kjem på besøk. I 2014 vart det på landsbasis gjennomført 88 rettleiingssamlingar. På dei fleste samlingane har det vore representantar frå både skoleleiinga og skoleeigarnivået. Til saman har om lag to tredelar av kommunane og fylkeskommunane delteke på samlingar. Utdanningsdirektoratet meiner at funna frå felles nasjonalt tilsyn viser at rettleiing i forkant av tilsyn har hatt ein positiv effekt. Tilbakemeldingane frå kommunane og skoleleiarane har òg vore positive.

Mange brot på regelverket blir retta opp undervegs i tilsynsprosessen. Rettingane skjer i all hovudsak mellom førebels og endeleg tilsynsrapport. I felles nasjonalt tilsyn blir om lag 60 pst. av pålegga som er varsla i førebelse tilsynsrapportar, retta opp før fylkesmannen utarbeider endeleg rapport. Dette viser at tilsyna set i gang ein positiv aktivitet hos skoleeigarar og skolar. Det viser òg at rettleiinga har gjort skoleeigarar og skolar meir medvitne om kva tiltak som kan eller må setjast i verk. I dei eigeninitierte tilsyna og i tilsyn på barnehageområdet er det til samanlikning berre 30 pst. av pålegga som blir retta mellom førebels og endeleg rapport. Dette viser at det er tenleg å ha ei heilskapleg tilnærming til tema for tilsyn og tema for rettleiingsaktivitetar. Da det stadig blir avdekt mange brot på regelverket, er det framleis behov for å halde fram med eit visst tal på tilsyn. Dette er særleg viktig av omsyn til rettsvernet til barn og elevar.

Direktoratet fører òg tilsyn med frittståande skolar. I 2014 vart det gjennomført 80 tilsyn der ulike lovkrav vart kontrollerte. Tilsynet avdekte fleire brot på regelverket. Det vart ført tilsyn med tema som ansvaret til styret, bruk av statstilskott og skolepengar, psykososialt miljø, forvaltningskompetanse, nasjonale prøver, gjennomføring av Elevundersøkinga og skolelokale. Det vart mellom anna avdekt at skolane ikkje alltid arbeider tilstrekkeleg systematisk med arbeidsmiljøet til elevane, og at det òg er ei utfordring å få til god nok oppfylling av saksbehandlingsreglane i forvaltningslova, noko som kan gå ut over rettstryggleiken til elevane. Dessutan ser ein at styret ved dei frittståande skolane ofte ikkje meistrar oppgåva som øvste ansvarlege for skoledrifta, noko som òg fører til mangelfulle ordningar for å følgje opp regelverket. Det vart òg ført tilsyn med fem frittståande skolar der det vart avdekt manglar ved arbeidet til styret med å sørgje for at skolen har ei forsvarleg økonomi- og rekneskapsforvaltning. Ein fann dessutan at to av skolane brukte statstilskottet og skolepengane på ein slik måte at det ikkje kom elevane til gode. Den vanlegaste reaksjonsforma i 2014 var pålegg om retting. Av dei 80 tilsyna vart det varsla pålegg om retting i 72 tilsyn. Talet på pålegg varierte ut frå tilsynstema og funn, men dei fleste skolane fekk fleire enn eitt pålegg. Når det gjeld dei ordinære tilsyna, varsla direktoratet òg to vedtak om tilbakebetaling av statstilskott på totalt om lag 640 000 kroner. Retting av regelbrot i samband med tilsyn viser at dei frittståande skolane endrar praksis dersom tilsynet avdekkjer lovbrot.

Kompetanseutvikling

Direktoratet har i dei siste åra arbeidd mykje med utvikling og forvaltning av tiltak som aukar kompetansen for tilsette i kommunale og ikkje-kommunale barnehagar og i grunnopplæringa. Dette har skjedd i samarbeid med universitet og høgskolar. Stadig fleire får tilbod om kompetanseutvikling. Både talet på tilbod og talet på deltakarar frå barnehagar og skolar har auka i løpet av 2014. For omtale av tiltak for kompetanseutvikling i grunnopplæringa, sjå omtale under kap. 226 postane 21 og 22. For omtale av tiltak for kompetanseutvikling på barnehageområdet, sjå omtale under kap. 231 Barnehagar post 21.

Tilrettelagde tilbod til barn, unge og vaksne med særskilde behov

For at barn, unge og vaksne med særskilde behov skal få den hjelpa dei treng, må det finnast eit solid tilbod lokalt. Derfor arbeider direktoratet systematisk med å styrkje Statped, PP-tenesta og dei nasjonale sentera. Eit mål er auka samarbeid mellom det statlege spesialpedagogiske støttesystemet (Statped) og den pedagogisk-psykologiske tenesta (PP-tenesta) i kommunane. Direktoratet har utarbeidd rettleiarar og støttemateriell til PP-tenesta. Alle leiarar og tilsette i PP-tenesta får tilbod om etter- og vidareutdanning. Samarbeidet mellom Statped og PP-tenesta er utvikla vidare i løpet av 2014. Regionale nettverk for leiarar av PP-tenesta er førte vidare, og nye nettverk er etablerte. I styringa av Statped har det vore lagt vekt på det vidare arbeidet med omorganiseringsprosessen. I mars 2014 fekk Statped på plass eit nytt fag- og tenestetilbod. Dette vil tydeleggjere kva for tenester Statped gir, og kva for rolle Statped har på barnehageområdet og i grunnopplæringa. For nærmare omtale av Statped, sjå kap. 230 Statleg spesialpedagogisk støttesystem.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår ei løyving på 273,5 mill. kroner i 2016. Departementet foreslår å auke løyvinga med 1 mill. kroner til å følgje opp arbeidet med satsing på realfag og 1 mill. kroner til å følgje opp kompetansesatsinga for yrkesfaglærarar, sjå meir omtale av realfagsatsinga under kap. 226 post 21 og yrkesfaglærarsatsinga under kap. 226 post 22. I tillegg foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 15 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 220 post 21. Endringa gjer det mogleg for direktoratet å løyse oppgåver på IT-området med eigne tilsette i staden for innleidde konsulentar.

Departementet foreslår at løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3220 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 70, og post 70 Tilskott til læremiddel o.a., kan overførast, kan nyttast under post 21

Mål for 2016

Måla for Utdanningsdirektoratet er omtalte over. Løyvinga på post 21 er knytt til kostnader direktoratet har til større utviklingsprosjekt og oppdragsverksemd. Målet for dei tiltaka som blir finansierte over posten, er mellom anna god prøveutvikling og -gjennomføring, eit godt kunnskapsgrunnlag når det gjeldt tilstanden i sektoren, og å leggje til rette for god bruk av læreplanane.

Løyvinga på post 70 skal medverke til at det blir utvikla og produsert læremiddel der det ikkje er grunnlag for kommersiell produksjon. Dette gjeld læremiddel for smale fagområde, inkludert nynorske parallellutgåver, særskilt tilrettelagde læremiddel og læremiddel for språklege minoritetar. Utviklinga av læremiddel skal skje i samsvar med prinsippa om tilpassa opplæring og universell utforming, og ta vare på det fleirkulturelle perspektivet. Løyvingane på postane 21 og 70 må sjåast i samanheng.

Rapport for 2014

Frå midlane på post 21 er eit nytt statistikksystem for Utdanningsdirektoratet vidareutvikla i 2014 og blir lansert for ekstern bruk i 2015. For Skoleporten er det gjennomført utvikling av brukargrensesnittet i samband med innføring av trend, og ny skala for nasjonale prøver samt nye indikatorar for fag- og yrkesopplæringa. Arbeid med nasjonale prøver, kartleggingsprøver, læringsstøttande prøver og karakterstøttande prøver har følgt planen for desse.

Utvikling og produksjon av eksamensoppgåvene og materiell for rettleiing til sentralt gitt eksamen i grunnskolen, i vidaregåande opplæring og i den sentralt gitte delen av fag- og sveineprøver innanfor yrkesfaga blir finansierte under denne posten. Dette arbeidet har følgt planen i 2014. Utvikling av nytt eksamens- og prøvesystem for sentralt gitt og lokalt gitt eksamen, nasjonale prøver, kartleggingsprøver og diverse frivillige prøver er finansiert over posten. Systemet krev utvikling av nye IT-løysingar. Det nåverande systemet PAS (prøve- og administrasjonssystem)skal erstattast og PGS (prøvegjennomføringssystemet) må tilpassast.

Frå midlane på post 70 har Utdanningsdirektoratet i 2014 gitt tilskott til 16 ulike læremiddelprosjekt for elevar/lærlingar på smale fagområde. Åtte prosjekt var parallellutgåver på nynorsk, to var nye læremiddelprosjekt, og seks prosjekt gjaldt utvikling av digitalt innhald til eksisterande prosjekt. 18 læremiddelprosjekt på området som har fått tilskott tidlegare år, vart ferdigstilte.

Det vart gitt tilskott til 15 nye læremiddelprosjekt for barnehagebarn, elevar og lærlingar med behov for særskild tilrettelegging. I 2014 vart det prioritert tilskott til læremiddel retta mot elevar med behov for alternativ, supplerande kommunikasjon – ASK. Tilskottet har gitt meir merksemd om ASK blant læremiddelutviklarar, og fleire av dei store forlaga er i gang med ASK-tilretteleggingar. Eit anna prioritert område var spelbasert læring i samband med læreplanane. 19 læremiddelprosjekt som har fått tilskott i tidlegare år, vart ferdigstilte.

Det er vidare gitt tilskott til læremiddel for innføringstilbod på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring. Det er læremiddel i morsmål og i tospråkleg fagopplæring for minoritetsspråklege elevar i heile grunnopplæringa. 17 læremiddelprosjekt på området som har fått tilskott tidlegare år, vart ferdigstilte. Det nordiske ordbokprosjektet LEXIN og det nordiske samarbeidet om den fleirspråklege interaktive bildeordboka Bildetema er førte vidare.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår ei løyving på 135,4 mill. kroner i 2016 på post 21. Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 15 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 220 post 01, jf. omtale under kap. 220 post 01. Departementet foreslår å redusere løyvinga på post 21 med ytterlegare 500 000 kroner.

Departementet foreslår å føre løyvinga på post 70 vidare på same nivå som i 2015. Det nye prøve- og administrasjonssystemet (PAS2) grip funksjonelt og teknisk inn i prøvegjennomføringssystema (PGS) og fører til behov for endringar i desse systema. Framdrift og funksjonalitet i vidare utvikling av PAS- og PGS-systema vil bli tilpassa og må sjåast i samband med andre utviklingsprosjekt som blir finansierte over posten. Det er behov for ei tilsegnsfullmakt på 30 mill. kroner knytt til posten, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Kap. 3220 Utdanningsdirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Inntekter frå oppdrag

3 823

3 948

4 042

02

Salsinntekter o.a.

7 995

1 159

1 186

Sum kap. 3220

11 818

5 107

5 228

Inntektene gjeld oppdragsverksemd, salsinntekter og refusjonar. Departementet foreslår å føre løyvingane vidare på same nivå som i 2015.

Kap. 221 Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter

14 469

13 845

13 974

Sum kap. 0221

14 469

13 845

13 974

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga gjeld drift av Foreldreutvalet for barnehagar, FUB, og Foreldreutvalet for grunnopplæringa, FUG. FUB og FUG har felles sekretariat, og får eitt tildelingsbrev.

FUB er eit sjølvstendig rådgivande organ for departementet i saker som gjeld samarbeidet mellom barnehage og heim. Funksjonstida til det nåverande utvalet er ut 2018.

FUG er eit sjølvstendig rådgivande organ for departementet i saker som gjeld samarbeid mellom skole og heim. Funksjonstida til det nåverande utvalet er ut 2015. Departementet vil oppnemne eit nytt utval frå 2016.

Mål for 2016

Hovudmålet for FUB i 2016 er å arbeide for eit godt samarbeid mellom barnehage og heim og ta i vare interessene til foreldra i barnehagesamanheng. For å nå dette målet skal FUB

  • vere ein høyringsinstans og eit rådgivande organ overfor Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet i saker som gjeld samarbeidet mellom barnehage og heim

  • gi informasjon og rettleiing til foreldre, dei tilsette i barnehagane og barnehageeigarar om verdien av samarbeid mellom barnehage og heim

  • samarbeide med aktuelle aktørar i saker der det er viktig at foreldreperspektivet er til stades

Hovudmålet for FUG i 2016 er å arbeide for eit godt samarbeid mellom heim og skole og ta i vare interessene til foreldra i skolesamanheng. For å nå dette målet skal FUG

  • vere ein høyringsinstans og eit rådgivande organ overfor Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet i saker som gjeld samarbeidet mellom heim og skole

  • gi informasjon, skolering og rettleiing til foreldre og dei tilsette i skolen om verdien av samarbeid mellom heim og skole

  • medverke til å få foreldre engasjerte i opplæringa

  • samarbeide med aktuelle aktørar i saker der det er viktig at foreldreperspektivet er til stades

Rapport for 2014

FUB har halde eit høgt aktivitetsnivå i arbeidet for eit godt samarbeid mellom heim og barnehage. I tillegg til ordinære utvalsmøte har utvalet hatt dialog med relevante organisasjonar og institusjonar, delteke i 18 arbeids- og referansegrupper på nasjonalt nivå og har halde fleire foredrag i ulike forum. FUB har oppfylt oppgåva si som rådgivande organ og høyringsinstans for departementet og Utdanningsdirektoratet gjennom ulike møtepunkt og levering av høyringssvar. FUB har brukt ulike kanalar for å nå ut med informasjon til foreldre og barnehagar, og arrangerte mellom anna hausten 2014 ein nasjonal foreldrekonferanse for 200 foreldre med temaet «Foreldre i barnehage og skole – gode nok?». Konferansen vart arrangert saman med Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG). Utvalet hadde i 2014 ein auke i førespurnader frå foreldre, og har gitt rådgiving og rettleiing tilbake. Dei fleste førespurnadene er knytte til uro for bemanninga i barnehagane, samarbeidsproblem mellom heim og barnehage, retten foreldra har til å medverke og førespurnader om rådsorgana til barnehagen.

FUG har halde eit høgt aktivitetsnivå i arbeidet for eit godt samarbeid mellom heim og skole. I tillegg til ordinære utvalsmøte har utvalet halde ei rekkje foredrag, hatt kontakt med relevante organisasjonar og institusjonar og delteke i 21 arbeids- og referansegrupper på nasjonalt nivå. FUG har delteke i Nordisk Komité beståande av leiarane for dei nordiske foreldreråda, og i European Parents’ Association (EPA). FUG har oppfylt oppgåva si som rådgivande organ og høyringsinstans for departementet gjennom ulike møtepunkt og levering av høyringssvar. FUG får mange førespurnader frå foreldre, og gir rådgiving og rettleiing tilbake. I 2014 fekk FUG 605 førespurnader frå føresette og representantar for føresette. Dei fleste førespurnadene gjeld organiseringa i skolen og rådsorgana, men læringsmiljø, mobbing og problematisk kommunikasjon med rektor kjem òg ofte opp. FUG har brukt ulike kanalar for å nå ut med informasjon til foreldre og skolar som skal bevisstgjere foreldre om kor viktige dei er for læringa til barna.

Budsjettforslag 2016

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2015.

Kap. 222 Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter

99 817

91 464

88 826

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

1 406

1 452

1 491

Sum kap. 0222

101 223

92 916

90 317

Løyvingane under kapitlet gjeld

  • drift av Sameskolen for Midt-Noreg, Hattfjelldal

  • drift av Samisk vidaregåande skole i Karasjok og Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino

  • lønn etter rettsvilkårsavtalen for personale ved nedlagde statlege skolar og ventelønn for personale frå avvikla statsinternat i Finnmark

Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Mål for 2016

Målet for løyvingane til dei samiske skolane er mellom anna å halde oppe og utvikle vidare samisk identitet, språk og kultur. Opplæringa ved skolane følgjer Kunnskapsløftet – Samisk.

Det er fatta vedtak om ombygging/nybygg ved skolen i Karasjok, og byggjeprosjektet starta opp våren 2015. Dette er eit kurantprosjekt under oppføring av Statsbygg, dekt over Kommunal- og moderniseringsdepartementets kap. 2445 post 34. Ferdigstillinga av nytt tilbygg for byggfag og ombygginga av spesialrom er planlagde i januar 2016. Planar for nybygg ved skolen i Kautokeino er under vurdering.

Rapport for 2014

Sameskolen for Midt-Noreg

I skoleåret 2014–15 fekk 45 elevar fjernundervisning ved skolen, mot 60 elevar i 2013–14 og 57 elevar i 2012–13. Elevane som får fjernundervisning på sør-samisk har òg tilbod om språksamlingar på skolen. I språksamlingane får elevane sjå, høyre og bruke det samiske språket, mellom anna gjennom samiske kulturaktivitetar. Skolen fekk i 2014 ei tildeling på 8 mill. kroner over post 01.

Samiske vidaregåande skolar

Hausten 2014 hadde Samisk vidaregåande skole i Karasjok 127 fulltidselevar og 14 deltidselevar. I 2013 var det 130 fulltidselevar. Skolen gir også eksternt finansierte kurs. Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino hadde hausten 2014 78 fulltidselevar og 14 deltidselevar. I 2013 var det 76 fulltidselevar. I tillegg til den ordinære undervisninga gir skolane fjernundervisning i samisk. Skolane gir óg deltidsopplæring til elevar som startar i løpet av skoleåret.

Begge skolane er opne for samiske elevar frå heile landet, og dei held fram med ordninga med vertsfamiliar primært for dei yngste tilreisande elevane.

Ventelønn

I samband med tidlegare nedlegging av statlege skolar og statsinternat i Finnmark er det utbetalt 2,1 mill. kroner i 2014 i ventelønn til tidlegare tilsette ved desse skolane og statsinternata.

Budsjettforslag for 2016

Sameskolen for Midt-Noreg har ikkje hatt faste elevar sidan skoleåret 2010–11. I dei siste åra har skolen fylt ein funksjon ved å gi samisk fjernundervisning og språksamlingar til elevar som går på andre skolar. Elevane kjem frå både Noreg og Sverige. Departementet foreslår å avvikle Sameskolen for Midt-Noreg frå hausten 2016. Elevane sin rett til samiskopplæring følgjer av opplæringslova kap. 6, og blir følgeleg ikkje endra ved avvikling av skolen. Fylkesmannen i Nordland og Fylkesmannen i Finnmark har eit nasjonalt ansvar for koordinering av samisk fjernundervisning, og vil i samarbeid med dei partane det angår, sjå på aktuelle løysingar for den vidare samiskundervisninga til dei norske elevane som har motteke samisk fjernundervisning ved skolen. Som ei følgje av avviklinga foreslår departementet at løyvinga på post 01 blir redusert med 3,3 mill. kroner.

Departementet foreslår at løyvinga til dei to samiske vidaregåande skolane blir ført vidare på same nivå som i 2015, slik at samla løyving på postane 01 og 45 blir 90,3 mill. kroner.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3222 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3222 Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

02

Salsinntekter o.a.

12 668

5 030

5 150

Sum kap. 3222

12 668

5 030

5 150

Post 02 gjeld inntekter frå mellom anna kurs og vaksenopplæring, sal frå kantine, hybelutleige og betaling frå heimeskolane for fjernundervisning. Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2015.

Kap. 223 Sametinget

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

50

Tilskott til Sametinget

39 043

40 331

41 501

Sum kap. 0223

39 043

40 331

41 501

Post 50 Tilskott til Sametinget

Mål for 2016

Målet for tilskottet er å medverke til finansiering av utdanningsformål i Sametinget, inkludert utvikling og produksjon av læremiddel for samiske elevar, medrekna spesialpedagogiske læremiddel, læreplanarbeid og -utvikling og tilskott til råd og rettleiing om samisk opplæring. Det er eit høgt prioritert mål for tilskottet at dei samiske elevane skal få raskare og betre tilgang til læremiddel på sitt eige språk.

Rapport for 2014

Det er stadig mangel på samiske lærarar og samiske læremiddel. Sametinget gir informasjon om samiske læremiddel gjennom læremiddelportalen Ovttas.no og gjennom læremiddelsentralen i Sametinget.

Hovudsatsinga i 2014 for ordinære læremiddel i grunnopplæringa var heildekkjande læremiddel i samisk som andrespråk. Innanfor særskilt tilrettelagde læremiddel har Sametinget prioritert læringsressursar ut frå innrapporterte behov for alternativ og supplerande kommunikasjon.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2015.

Kap. 224 Senter for IKT i utdanninga

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter

63 266

60 733

61 000

21

Særskilde driftsutgifter

38 738

23 913

23 983

Sum kap. 0224

102 004 84 646

84 983

Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter

Måla for grunnopplæring og barnehage, jf. innleiinga til programkategoriane 07.20 Grunnopplæringa og 07.30 Barnehagar, er førande for arbeidet til Senter for IKT i utdanninga.

Mål for 2016

Mål for verksemda til senteret i 2016 er

  • auka digital kompetanse hos tilsette i barnehagen og i grunnopplæringa

  • auka kvalitet i det pedagogiske arbeidet med digitale dugleikar hos barn og unge

  • auka kvalitet i infrastrukturen og dei administrative prosessane i sektorane

Senteret følgjer opp arbeidet med ei nasjonal identitetsforvaltning for utdanningssektoren basert på Feide – Felles elektronisk identitet. Senteret skal arbeide for at Feide skal nyttast på alle personifiserte tenester i opplæringa som krev pålogging. Senteret skal medverke til at Feide blir teke i bruk i alle kommunar. Feide og utvikling av tenester til Feide vil vere ein av grunnkomponentane i å etablere ei plattform for betre samhandling og distribusjon av digitale læringsressursar.

Kunnskapsdepartementet er i dialog med senteret om å utarbeide styringsparametrar for måla for verksemda. Dei er planlagde tekne inn i tildelingsbrevet til senteret for 2016.

Rapport for 2014

For å oppnå betre bruk av IKT for auka kvalitet, styrkt læringsutbytte og betre læringsstrategiar i opplæringa tilbyr senteret mellom anna ei lang rekkje IKT-baserte ressursar og tenester. Eit viktig døme er tenesta IKTplan.no, som både er eit komplett undervisningsopplegg i samband med digitale dugleikar og eit planverktøy for skoleleiarar og skoleeigarar. Eit anna døme er dei gode praksiseksemplane som blir spreidde gjennom tenesta IKT i praksis (iktipraksis.iktsenteret.no). Webtenestene til senteret har òg høge brukartal, og samla bruk var i 2014 om lag 4 millionar brukarsesjonar. I tillegg har senteret aktivitet retta direkte mot barnehagar, skolar og lærarutdanningar, til dømes med ulikt materiell, kurs, foredrag, konferansar og nettverksaktivitetar.

I 2014 har det vore ein betydeleg auke i talet på barnehagar, skolar, barnehagelærarar, lærarar, skoleleiarar og barnehage-/skoleeigarar som har teke del i tilboda til senteret. Mellom anna har fleire enn 15 000 lærarar og skoleleiarar delteke i ulike konferansar, seminar og samlingar i regi av senteret, mot om lag 5 000 deltakarar i 2013. Dette er ein indikasjon på at tiltaka og verkemidla er viktige og relevante. Tala tyder også på at målgruppene til senteret har ei aukande interesse for å styrkje kompetansen i systematisk arbeid med digitale dugleikar.

Senteret har i 2014 styrkt og utvikla vidare kunnskapsgrunnlaget for korleis IKT bør integrerast og brukast i lærarutdanningane.

Senteret sette i 2014 informasjonstryggleik og personvern på dagsordenen i samarbeid med andre sentrale aktørar på nasjonalt nivå. Innføring og bruk av Feide i kommunane har i mange tilfelle ført til ei profesjonalisering av interne administrative prosessar i samband med tryggleik og personvern. Måltalet for 2014 om at 90 pst. av brukarane i grunnopplæringa nyttar Feide, er nådd. Det har vore ein markant auke, på 44 pst., frå 2013 til 2014 i talet på Feide-innloggingar. Det vart gjennomført 57 millionar innloggingar med bruk av Feide i 2014. Feide utviklar stadig nye funksjonar som gjer det lettare å tilpasse digitale tenester til ulike behov og gjere desse tilgjengelege for den einskilde eleven.

Senteret har drifta og utvikla vidare Den virtuelle matematikkskolen (DVM) og starta arbeidet med å etablere ei digital plattform for etter- og vidareutdanning av lærarar, MatematikkMOOC, i 2014. Sjå nærmare omtale under kap. 226 post 21.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår samla løyvingar til senteret på 85 mill. kroner i 2016. Løyvingsforslaget på post 21 er redusert med 500 000 kroner.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3224 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3224 Senter for IKT i utdanninga

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Inntekter frå oppdrag o.a.

7 190

1 594

1 632

Sum kap. 3224

7 190

1 594

1 632

Post 01 gjeld inntekter frå oppdragsverksemd, i hovudsak frå EU-prosjekt og frå Universitetet i Oslo. Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2015.

Kap. 225 Tiltak i grunnopplæringa

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter

24 259

21 865

22 261

21

Særskilde driftsutgifter

93 380

101 166

100 443

60

Tilskott til landslinjer

191 091

202 772

211 531

62

Tilskott til dei kommunale sameskolane i Snåsa og Målselv

22 290

23 003

23 670

63

Tilskott til samisk i grunnopplæringa, kan overførast

50 461

58 551

58 975

64

Tilskott til opplæring av barn og unge som søkjer opphald i Noreg

108 808

160 410

174 622

65

Rentekompensasjon for skole- og symjeanlegg, kan overførast

510 808

465 500

334 218

66

Tilskott til leirskoleopplæring

43 811

46 887

48 247

67

Tilskott til opplæring i finsk

7 368

8 306

8 059

68

Tilskott til opplæring i kriminalomsorga

246 866

256 167

272 918

69

Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma

227 538

222 194

216 826

70

Tilskott til opplæring av lærlingar og lærekandidatar med særskilde behov

53 796

50 408

57 870

71

Tilskott til kunst- og kulturarbeid i opplæringa

17 876

25 594

26 336

72

Tilskott til internasjonale utdanningsprogram og organisasjonar

5 630

6 290

6 290

73

Tilskott til studieopphald i utlandet

10 726

13 754

14 153

74

Tilskott til organisasjonar

23 964

15 432

18 380

Sum kap. 0225

1 638 672

1 678 299

1 594 799

Post 01 Driftsutgifter

Mål for 2016

Målet med løyvinga er å finansiere dei administrative kostnadene som fylkesmannen har ved å administrere sentralt gitt eksamen i grunnskolen og i vidaregåande opplæring.

Rapport for 2014

Sjå omtale under kap. 225 post 21.

Budsjettforslag for 2016

Løyvingsforslaget er ført vidare på same nivå som i 2015.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Posten vart oppretta i budsjettet for 2014. Løyvinga dekkjer utgifter til sensur og klagehandsaming, som er kostnader til lærarar som har teke på seg oppdrag med å vere sensorar ved sentralt gitt eksamen. Midlane blir utbetalte via fylkesmannen. Ordninga er heimla i forskrift til opplæringslova § 3-26 og i Kunnskapsløftet om gjennomføring av eksamen i grunnskolen og i vidaregåande opplæring.

Mål for 2016

Målet for løyvinga er å finansiere gjennomføringa av sentralt gitt eksamen i grunnskolen og i vidaregåande opplæring, og den sentralt gitte delen av fag- og sveineprøva innanfor yrkesfaga.

Rapport for 2014

Våren 2014 vart det gjennomført om lag 77 000 eksamenar i grunnskolen og om lag 180 000 i vidaregåande opplæring. Det vart handsama om lag 9 000 klager i vidaregåande opplæring og 1 500 i grunnskolen. Totalt var det om lag 3 300 sensorar som deltok i sensorarbeidet. Totalt vart om lag 65 pst. av eksamenssvara leverte elektronisk i Prøvegjennomføringssystemet (PGS), men i mange fag er prosentdelen over 90.

Våren 2014 gjennomførte direktoratet forsøk med eksamen med tilgang til Internett i nokre utvalde fag for tredje år på rad. Evalueringa viser at elevar og lærarar som deltok i forsøket, er positive til eksamen med tilgang til Internett, og at Internett langt på veg fungerer som eit hjelpemiddel på linje med andre hjelpemiddel til eksamen. Elevane seier at dei har hatt nytte av tilgang til Internett, uavhengig av fagleg nivå. Lærarar og sensorar er meir delte i synet på om Internett er eit godt hjelpemiddel til eksamen, men lærarane er langt meir positive til ordninga nå enn dei var i 2012. Forsøket vart ført vidare til og med våren 2015.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår å løyve 100,4 mill. kroner på posten i 2016. Løyvingsforslaget er redusert med 3 mill. kroner som følgje av venta nedgang i talet på eksamenskandidatar.

Post 60 Tilskott til landslinjer

Mål for 2016

Målet for tilskottsordninga er å medverke med finansiering til fylkeskommunar med landslinjer slik at elevar frå heile landet kan få eit nasjonalt tilbod i små og/eller kostbare kurs i vidaregåande opplæring. Tilskottet skal gå til drift av landslinjene og innkjøp av utstyr. Kunnskapsdepartementet har i 2015 gjennomgått tilskottsordninga, slik det vart varsla i Prop. 1 S (2014–2015). Departementet ser ikkje behov for endringar i ordninga i denne omgangen, men vil vurdere dette nærmare etter at ein har gjort erfaringar med eit friare skolevalg på tvers av fylkesgrensene.

Rapport for 2014

Kapasiteten i skoleåret 2014–15 var på 1 460 heilårsplassar. Kapasitetsutnyttinga samla for alle landslinjene var på om lag 86 pst. hausten 2014 og om lag 81,6 pst. våren 2015.

Budsjettforslag for 2016

Det er oppretta ei ny landslinje for natur- og miljøfag ved Rjukan videregående skole frå hausten 2015. Landslinja er oppretta med ein kapasitet på 30 elevar per trinn, totalt 90 elevplassar. Departementet foreslår å auke løyvinga med 2,2 mill. kroner i 2016, knytt til våreffekt av Vg1-tilbodet og til oppstart av Vg2-tilbod frå hausten 2016.

Departementet foreslår vidare å auke løyvinga med 650 000 kroner for å auke kapasiteten til landslinja i skiidrett ved Meråker videregående skole med 20 elevplassar frå hausten 2016. Etter dette vil landslinja ha ein kapasitet på 90 elevar, mot dagens 70.

Samla foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 2,9 mill. kroner.

Post 62 Tilskott til dei kommunale sameskolane i Snåsa og Målselv

Sameskolane i Snåsa og Målselv er kommunale. Det blir gitt tilskott til drift av skolane og tilhøyrande internat. Skolane har heile landet som opptaksområde.

Mål for 2016

Målet for tilskottsordninga er å medverke til å halde oppe og utvikle samisk identitet, språk og kultur. Opplæringa ved skolane følgjer Kunnskapsløftet –Samisk.

Rapport for 2014

Skolen i Snåsa hadde tolv elevar hausten 2014, mot elleve elevar året før. I tillegg fekk sju elevar fjernundervisning, mot seks elevar året før. Skolen i Målselv hadde elleve elevar hausten 2014, mot 15 elevar året før. I tillegg fekk elleve elevar fjernundervisning, mot 13 elevar året før. Tre elevar i ein annan kommune fekk undervisning av ein lærar frå skolen.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2015.

Post 63 Tilskott til samisk i grunnopplæringa, kan overførast

Under denne posten er det tre tilskottsordningar: ei ordning for samiskopplæring i grunnskolen, ei ordning for samiskopplæring i den vidaregåande opplæringa og ei ordning med studieheimlar i samisk for lærarar i grunnopplæringa. Frå hausten 2015 er målgruppa for ordninga med studieheimlar for lærarar utvida frå å omfatte lærarar i grunnskolen i dei fire nordlegaste fylka, til å omfatte lærarar i heile grunnopplæringa og i heile landet.

Mål for 2016

Målet med tilskottsordninga er å bidra med finansiering til kommunar, fylkeskommunar og frittståande skolar som tilbyr samiskopplæring i samsvar med § 6-2 og § 6-3 i opplæringslova. Elevane får opplæring i samisk som førstespråk (samisk 1) eller samisk som andrespråk (samisk 2/samisk 3/samisk 4). Samisk 4 er eit tilbod for nybegynnarar i samisk i vidaregåande opplæring. Det er berre elevar som ikkje har hatt samisk i grunnskolen, som kan velje dette alternativet. Eit anna mål med tilskottet er å styrkje kompetansen i samisk til lærarar i grunnopplæringa.

Rapport for 2014

Tabellen under viser at talet på grunnskoleelevar som vel samisk som førstespråk, er om lag uendra frå skoleåret 2013–14 til skoleåret 2014–15. For samisk som andrespråk har det derimot vore ein liten reduksjon, med ni elevar eller om lag 0,7 pst. Samla for samisk som språkval utgjer reduksjonen frå 2013–14 til 2014–15 i alt ti elevar og om lag 0,5 pst.

Tidlegare års statistikk viser at i dei to skoleåra frå 2009–10 til 2011–12 vart elevtalet som valde samisk som språkform, samla sett redusert med om lag 7,8 pst., eller 183 elevar. I høve til dette synest såleis elevtalsreduksjonen for val av samisk språk å ha flata noko ut i dei siste to skoleåra, med ein samla reduksjon på 0,5 pst. eller ti elevar frå 2012–13 til 2014–15, jf. tabellen nedanfor.

Tabell 4.1 Tal på grunnskoleelevar som har samisk som første- og andrespråk

Skoleår

2011–12

2012–13

2013–14

2014–15

Samisk som førstespråk

940

930

916

915

Samisk som andrespråk

1 213

1 196

1 210

1 201

Totalt

2 153

2 126

2 126

2 116

Endring frå året før

–1,3 pst.

0,0 pst.

–0,5 pst.

Kjelde: Grunnskolens Informasjonssystem (GSI)

Ved teljedato 2. mai 2015 var det i alt 255 elevar/lærlingar som fekk opplæring i samisk i vidaregåande opplæring ved fylkeskommunale og frittståande vidaregåande skolar. Dette er ein reduksjon på 19 elevar samanlikna med året før, da 274 elevar/lærlingar fekk opplæring i samisk.

Bruk av studieheimlar var vesentleg høgre i 2014 enn i dei to føregåande åra. Samla tilskottsutbetaling var på ca. 1,7 mill. kroner i 2014, ein auke på om lag 66 pst. i høve til 2013. Dette skyldast særleg at Troms hadde søkjarar til ordninga i 2014, etter at det i dette fylket ikkje vart tildelt studieheimlar i 2013 eller 2012. Etter at ordninga er utvida frå og med 2015 til å gjelde heile landet og også å omfatte vidaregåande opplæring, er det venta at det for seinare år kan bli større søkning om studieheimlar i samisk språk.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår ei løyving på 59 mill. kroner.

Post 64 Tilskott til opplæring av barn og unge som søkjer opphald i Noreg

Ordninga skal finansiere opplæring av barn og unge som søkjer opphald i Noreg. Dette omfattar asylsøkjarar og personar som søkjer om familiegjensameining. Ordninga inkluderer tilskott til tre grupper:

  • barn og unge til og med 15 år som har rett og plikt til grunnskoleopplæring

  • ungdom mellom 15 og 18 år som søkjer opphald, og som har rett til grunnskoleopplæring

  • ungdom mellom 15 og 18 år som søkjer opphald, og som har rett til vidaregåande opplæring

Tilskuddsordninga er begrensa til dei som bur på mottak/omsorgssenter eller oppheld seg lovleg i landet.

Mål for 2016

Målet for tilskottet er å bidra med finansiering til kommunar og fylkeskommunar slik at barn og unge som søkjer opphald i Noreg, får grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring, jf. opplæringslova § 2-1 andre ledd og § 3-1 tolvte ledd.

Rapport for 2014

Våren 2015 fekk 960 barn i grunnskolealderen og 146 i aldersgruppa 16–18 år som er busette i mottak, opplæring. 102 einslege mindreårige asylsøkjarar i omsorgssenter fekk opplæring.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår ei samla løyving på 174,6 mill. kroner. Løyvingsforslaget er auka med 9 mill. kroner som følgje av ein venta auke i talet på barn og unge som søkjer opphald i Noreg.

Post 65 Rentekompensasjon for skole- og symjeanlegg, kan overførast

Mål for 2016

Målet med ordninga er å stimulere kommunar og fylkeskommunar til å byggje nye skoleanlegg, samt rehabilitere og ruste opp gjeldande anlegg. Ordninga omfattar også offentlege symjeanlegg som skolen bruker i undervisninga si.

Tildelingskriterium

Tilsegn om rentekompensasjon gitt før 2015 er fastsett sjablongmessig med utgangspunkt i eit serielån med 20 års løpetid i Husbanken. Kommunane står fritt til å velje om finansiering skal skje med eller utan opptak av lån, og dei vel fritt kva låneinstitusjon som skal nyttast. Husbanken gir ikkje lån til tiltaka. Rentekostnadene for heile 20-årsperioden blir dekte med utgangspunkt i eit tilsvarande lån med flytande rente i Husbanken.

Tilsegn om rentekompensasjon gitt frå og med 2015 blir fastsett med utgangspunkt i eit påslag på 0,5 prosentpoeng på gjennomsnittet av observert marknadsrente over to månader på statspapir (statskassevekslar) med gjenståande løpetid frå null til tre månader.

Tilskott til rentekompensasjon blir i hovudsak utbetalt ein gong per år, i desember. Kommunar og fylkeskommunar kan søkje om midlar til kommunale og fylkeskommunale skole- og symjeanlegg. Ved innføring av ordninga med rentekompensasjon vart det teke sikte på ei investeringsramme på totalt 15 mrd. kroner over åtte år. Den samla investeringsramma vart fordelt på den einskilde kommunen og fylkeskommunen. Innanfor si ramme kan kommunar og fylkeskommunar også søkje om rentekompensasjon på vegner av frittståande grunnskolar og frittståande vidaregåande skolar med rett til statstilskott.

Rapport for 2014

Kommunar og fylkeskommunar har vist stor interesse for ordninga etter at ho vart innført i 2002. Opphaveleg hadde ordninga ei investeringsramme på 15 mrd. kroner. Heile ramma vart fasa inn i budsjetta i løpet av dei seks første åra med ordninga. I statsbudsjettet for 2009 vart ordninga utvida, med sikte på ei investeringsramme på nye 15 mrd. kroner fordelte over åtte år. Frå 2009 til og med 2015 er 14 mrd. kroner av ramma fasa inn i budsjettet.

Totalt omfattar ordninga for perioden 2009 til 2014 2 196 prosjekt ved 1 350 skolar.

Budsjettforslag for 2016

I saldert budsjett for 2015 vart 3 mrd. kroner av investeringsramma fasa inn, slik at det stod att 1 mrd. kroner for å innfri den totale investeringsramma på 15 mrd. kroner. Prognoser frå Husbanken viser at om lag 700 mill. kroner av den auka investeringsramma, ikkje vil bli nytta i 2015. Husbanken sett i verk tiltak for å redusere mindreforbruket. Likevel meiner departement at investeringsramma må reduserast i 2015 av omsyn til realistisk budsjettering. Departementet tek derfor sikte på å foreslå å redusere ramma med 0,5 mrd. kroner i nysalderinga av 2015-budsjettet. For at heile den totale investeringsramma for ordninga skal bli fasa inn, foreslår regjeringa derfor å fase inn 1,5 mrd. kroner i 2016, jf. forslag til vedtak III nr. 3. Budsjetteffekten av forslaget utgjer 7,5 mill. kroner i 2016.

Til saman foreslår departementet å løyve 334,2 mill. kroner på posten. Kompensasjonen er knytt til renteutgifter for investeringar innanfor rammene på til saman 30 mrd. kroner, som det er gitt tilsegn om i perioden 2002–15 (29 mrd. kroner), og som det blir foreslått å gi tilsegn om i 2016 (1,5 mrd. kroner). Endra renteføresetnader for gitte tilsegn før 2016 gir isolert eit redusert løyvingsbehov på 138,8 mill. kroner.

Post 66 Tilskott til leirskoleopplæring

Etter opplæringslova § 2-3 første ledd kan ein del av undervisningstida brukast til leirskoleopplæring. Dette blir i retningslinjene for tilskott til leirskoleopplæring definert som leirskoleopplæring ved bemanna leirskole eller annan aktivitet med ei varigheit på minst tre overnattingar i samanheng.

Mål for 2016

Målet med tilskottsordninga er å bidra til å dekkje utgifter kommunane har til leirskoleopplæring ved leirskoleopphald. Kommunane har ansvaret for å finansiere sjølve leirskoleopphaldet. Kommunane kan søkje om tilskott til å dekkje leirskoleopplæringa. Tilskottet skal fullt ut nyttast til opplæring i samband med leirskoleopphald, eller til annan aktivitet/opplæring som fyller kravet om at opphaldet skal ha ei varigheit på minst tre overnattingar.

Rapport for 2014

Tal frå Grunnskolens Informasjonssystem (GSI) viser at 9,4 pst. av alle elevane i grunnskolen planla å reise på leirskole i skoleåret 2014–15. Dette talet har lege på om lag ti pst. sidan 2001. Ettersom grunnskolen til saman utgjer ti år, og om lag ti pst. planlegg å reise på leirskole kvart år, tyder dette på at dei fleste elevane får eit tilbod om leirskoleopphald i løpet av grunnskolen. I GSI-registreringa per 1. oktober blir det rapportert om gjennomførte og planlagde leirskoleopphald for gjeldande skoleår.

Tilskottet til leirskoleopplæring blir tildelt etter søknad, på grunnlag av faktisk gjennomførte opphald. Registrering og oppsummering av desse opplysningane vart for første gong rapportert elektronisk i tertialrapportar frå fylkesmennene i 2013. Rapporteringa for kalenderåret 2014 viser noko lågare elevtal enn GSI-tala. Sjølv om denne rapporteringsmåten er ny og det enno kan vere noko uvisse kring resultata, kan det tyde på at det var noko færre elevar som fekk opplæring ved leirskolar samanlikna med dei førebelse plantala til kommunane.

Budsjettforslag for 2016

Kunnskapsdepartementet viser til oppmodingsvedtak nr. 273 av 11. desember 2014 i samband med handsaminga av Prop. 1 S (2014–2015) og Prop. 1 S Tillegg 3 (2014–2015), jf. Innst. 12 S (2014–2015):

«Stortinget ber regjeringa om å gjennomgå praktiseringen av gratisprinsippet i leirskoleopplæringen, slik at dette tilbudet kan sikres på en god måte.»

Det følgjer av opplæringslova at offentleg grunnskole skal vere gratis for elevane og foreldra. Gratisprinsippet skal sikre alle barn like moglegheiter til å delta i alle aktivitetar i grunnskolen, uavhengig av økonomien til foreldra.

Regelverket er klart på at kommunen ikkje kan krevje at elevane eller foreldra dekkjer utgifter i samband med grunnskoleopplæringa, til dømes utgifter til leirskoleopphald. Opplæringslova er ikkje til hinder for at skolane kan ta imot ulike former for gåver, til dømes pengegåver, dugnadsinnsats og liknande. For at slike bidrag ikkje skal komme i konflikt med gratisprinsippet, må dei vere reelt frivillige. Det kan ikkje stillast krav om gjengjeld, og midlane må nyttast slik at dei kjem alle elevane til gode. Alle i gruppa skal få delta uavhengig av om foreldra deira har gitt slike bidrag. Fylkesmannen rettleier om regelverket og fører tilsyn.

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2015.

Post 67 Tilskott til opplæring i finsk

Under denne posten er det tre tilskottsordningar: ei for opplæring i finsk som andrespråk i grunnskolen, ei for opplæring i finsk som andrespråk i vidaregåande opplæring og ei ordning for studieheimlar i finsk for lærarar i grunnskolen.

Mål for 2016

Målet for tilskottet til grunnskolen er å bidra med finansiering til kommunar og frittståande skolar i Troms og Finnmark som gir elevar med kvensk-finsk bakgrunn opplæring i finsk som andrespråk i samsvar med dei rettane som går fram av § 2-7 i opplæringslova. Det er òg eit mål å styrkje kompetansen i finsk for lærarar i grunnskolen. Det er vidare eit mål å gi finskopplæring til elevar og lærlingar med kvensk-finsk bakgrunn i vidaregåande opplæring, og det blir gitt tilskott til fylkeskommunar og private skolar som gir slik opplæring.

Rapport for 2014

Tabellen under viser ein nedgang i talet på grunnskoleelevar med finsk som andrespråk i dei siste åra.

Tabell 4.2 Utviklinga i talet på grunnskoleelevar med finsk som andrespråk

Skoleår

2011–12

2012–13

2013–14

2014–15

Tal på elevar

657

600

594

582

Endring frå året før (i pst.)

–8,7

–1,0

–2,0

Kjelde: Grunnskolens Informasjonssystem (GSI)

Ved teljedato 2. mai 2015 var det i alt 21 elevar som fekk opplæring i finsk i vidaregåande opplæring. Dette er ein nedgang på ein elev samanlikna med året før, da 22 elevar fekk opplæring i finsk.

Bruk av studieheimlar har vore om lag uendra i dei siste to åra.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår ei løyving på 8,1 mill. kroner.

Post 68 Tilskott til opplæring i kriminalomsorga

Mål for 2016

Målet for tilskottsordninga er å medverke med finansiering til fylkeskommunane slik at det blir gitt opplæring til innsette og lauslatne som har begynt på opplæring under soning, og som har rett til grunnskole- eller vidaregåande opplæring, eventuelt plikt til grunnskoleopplæring. For å motivere flest mogleg til å ta opplæring, også dei som har kort soningstid eller sit i varetekt, er det eit mål at det òg blir gitt kortare kurs. Kursa skal i størst mogleg grad ta utgangspunkt i kompetansemål frå Læreplanverket for Kunnskapsløftet og opplæring i grunnleggjande dugleikar. Det er vidare eit mål å leggje til rette for god opplæring i dei einingane for soning for barn og unge som er etablerte som forsøk.

Det er ei målsetjing for dei kommande åra at samarbeidet mellom skolen og arbeidsdrifta blir utvikla i samsvar med kriminalomsorga sin strategi for arbeidsdrifta. Dette vil mellom anna styrkje talet på innsette med dokumentert yrkesretta kompetanse. Det overordna målet er å gi fleire innsette høve til å tilby etterspurd kompetanse til arbeidsmarknaden når dei slepp ut av fengsel.

Rapport for 2014

Det er etablert opplæring i alle fengsla som det skal vere opplæring i. I tillegg er det oppfølgingsklassar ti stader i landet. I 2014 var talet på opplæringsplassar 2 339 (542 på heiltid og 1 797 på deltid). Dette er ein auke samanlikna med 2013, da talet var 2 153 (682 på heiltid og 1 471 på deltid). Det er stadig fleire innsette som tek opplæring på deltid.

Nær 9 500 personar (7 257 på deltid og 2 203 på heiltid) tok del i ei eller anna form for opplæring i 2014. Av desse fekk 447 personar tilbod gjennom dei oppfølgingsklassane som er etablerte ti stader i landet for å lette overgangen etter lauslating (122 på heiltid og 355 på deltid). Det var tilsett 136 lærarar i heil stilling, og om lag 140 årsverk var delstillingar fordelte på fleire lærarar.

Gjennom heile året har skolane hatt 190 elevar/deltakarar i grunnskoleopplæring, 3 149 elevar/deltakarar i vidaregåande opplæring, 3 052 elevar/deltakarar på arbeidskvalifiserande kurs og 3 806 elevar/deltakarar på andre typar opplæringskurs. I tillegg var det 200 som studerte ved fagskolar, høgskolar og universitet.

Talet på eksamenar har auka noko, til 1 054 i 2014 mot 942 i 2013. Det samla talet på inngåtte lærekontraktar, praksiskandidatar, fagprøver og lærekandidatar har gått noko ned frå 242 i 2013 til 196 i 2014.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår å løyve 272,9 mill. kroner på posten.

Løyvingsforslaget er auka med 4,8 mill. kroner for å kompensere for heilårsverknaden av at soningskapasiteten er styrkt ved eksisterande fengslar i 2015. I 2016 foreslår regjeringa å løyve midlar til bygging av modulbygg ved Eidsberg og Ullersmo fengsel, jf. omtale i Prop. 1 S (2015–2016) for Justis- og beredskapsdepartementet. Som følgje av dette foreslår departementet å auke løyvinga til opplæring i desse fengsla med til saman 2,5 mill. kroner. I tillegg vil regjeringa gjere straffereaksjon med Narkotikaprogram med domstolskontroll permanent og landsdekkande, jf. omtale i Prop. 1 S (2015–2016) for Justis- og beredskapsdepartementet. Som følgje av dette blir det foreslått å auke løyvinga med 2 mill. kroner i 2016.

Dei nemnde forslaga gir ei samla auke i løyvinga på 9,3 mill. kroner.

Post 69 Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma

Målet for tilskottsordninga er å kompensere kommunane for meirutgifter til nødvendige investeringar i skolebygg i samband med skolestart for seksåringar. Tilskottet dekkjer også meirkostnadene til inventar og utstyr. Den delen av lånet som gjeld inventar og utstyr, hadde ei nedbetalingstid på ti år. Nedbetalinga vart ferdig i 2007. Den samla investeringsramma var fastsett til 5 182,9 mill. kroner. Ordninga med kompensasjon for investeringar i skolebygg vil halde fram til og med våren 2017.

Per 31. desember 2015 er samla restgjeld på 336,1 mill. kroner, og per 31. desember 2016 vil restgjelda vere på om lag 123,9 mill. kroner. Investeringskompensasjonen er basert på den effektive renta på ni månaders statskassevekslar per 1. juli kvart år, med eit tillegg på 0,5 prosentpoeng. I 2015 var rentesatsen for ordninga 1,8 pst., og for 2016 er han fastsett til 1,34 pst.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår ei løyving på 216,8 mill. kroner i 2016. Dette er ein reduksjon på 5,4 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2015 som følgje av endra renteføresetnader.

Post 70 Tilskott til opplæring av lærlingar og lærekandidatar med særskilde behov

Mål for 2016

Målet for tilskottsordninga er å stimulere lærebedrifter til å gi lærlingar og lærekandidatar med særskilde behov høve til å oppnå ei fagutdanning eller delar av ei fagutdanning. Tilskottsordninga skal bidra til å gi ungdommar under 25 år betre høve til å jobbe i det ordinære arbeidslivet. I målgruppa er lærlingar og lærekandidatar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, lærlingar og lærekandidatar med svake norskdugleikar og som har budd kort tid i Noreg, og kandidatar som er omfatta av forsøksordninga med praksisbrev.

Rapport for 2014

Tabell 4.3 viser at talet på søknader har auka monaleg i dei siste åra.

Tabell 4.3 Søknader i perioden 2008–14 fordelte på lærlingar og lærekandidatar

År

Tal på søknader

Lærlingar

Lære- kandidatar

2008

186

129

57

2009

278

159

119

2010

357

176

181

2011

326

122

204

2012

528

194

334

2013

551

214

337

2014

626

226

400

Søknader om tilskott for lærekandidatar utgjorde i 2014 om lag 64 pst. av søknadene. Storleiken på tilskottet vil bli avkorta dersom samla timetal for alle søkjarane overstig budsjettet for ordninga. I 2014 vart tilskottet utbetalt uavkorta til alle tilskottsmottakarane.

Budsjettforslag for 2016

I samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2015 vart løyvinga auka med 6 mill. kroner, jf. Innst. 360 S (2014–2015) og Prop. 119 S (2014–2015). For å imøtekomme den auka søknadsmengda på ordninga foreslår departementet at løyvinga også blir auka med 6 mill. kroner i 2016 i høve til Saldert budsjett 2015

Post 71 Tilskott til kunst- og kulturarbeid i opplæringa

Mål for 2016

Tilskottsmottakarar er Norsk kulturskoleråd, Fellesrådet for kunstfag i skolen og Samarbeidsforum for estetiske fag med medlemsorganisasjonane deira. Målet for tilskottsordninga er å bidra til auka kvalitet i kulturskolen og i arbeidet med kunst og kultur i grunnopplæringa. Tiltak som Norsk kulturskoleråd, Fellesrådet for kunstfagene i skolen og Samarbeidsforum for estetiske fag er med på å finansiere, skal samla sett bidra til kvalitet for elevane og kompetanseheving for dei tilsette i kulturskolen og i grunnopplæringa. Vidare skal arbeidet til tilskottsmottakarane støtte opp om nasjonale satsingar og samarbeid mellom opplæringssektoren og kultursektoren, som Den kulturelle skolesekken er eit døme på. Midlane skal medverke til å finansiere drifta for tilskottsmottakarane og felles utviklingsarbeid på området.

Rapport for 2014

I 2014 var Norsk kulturskoleråd einaste tilskottsmottakar på posten. Midlane vart mellom anna nytta til produksjonar tilpassa grunnlovsjubileet, som «Ja vi elsker» på Den Norske Opera 17. mai og festivalen «UNG 2014» i Trondheim i juni 2014. Pågåande prosjekt, som «KOM! Øst» for Oslo, Akershus og Østfold fylke, «De unges arena» for Buskerud, Telemark, Vestfold, Hedmark og Oppland og «Fargespill», som er eit treårig integreringstiltak på det fleirkulturelle området, har fått prosjektstøtte. I tillegg har midlane mellom anna vorte nytta til Ungdommens musikkmesterskap, Musikkteknologi, Nasjonalt fagforum for dans, teater og visuelle kunstfag, leiarprogram, utlysing av utviklingsmidlar til kommunane og internasjonale samarbeidsprosjekt. For barnehagebarn gjennomførte Norsk kulturskoleråd i samarbeid med Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen og Rikskonsertene konferansen «KYKELIKY» i Tromsø.

Norsk kulturskoleråd har i 2014 arbeidd vidare med ny rammeplan for kulturskolen. Det er halde dialogmøte med regionar og kommunar, og det er gjennomført ein omfattande høyringsprosess. I tillegg vart det starta arbeid knytt til implementering og oppfølging av rammeplanen inn mot eigarane i 419 kommunar i Noreg. Dette arbeidet omfattar både kompetanseheving og organisasjonsmessige endringar.

Den årlege konferansen for kulturskoleleiarar og nettverkskonferansen for kulturskolerelatert forsking vart gjennomført i samarbeid med Noregs musikkhøgskole.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2015.

Post 72 Tilskott til internasjonale utdanningsprogram

Mål for 2016

Gjennom EØS-avtalen deltek Noreg i alle EU-programma på området utdanning og opplæring. Midlane på denne posten skal dekkje bidraget frå Noreg til EUs utviklings- og informasjonssenter for yrkesopplæring (Cedefop), utgifter til nasjonal ekspert ved Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) og nasjonal drift av Det europeiske ungdomsparlamentet (EUP). Tilskottet medverkar til at Noreg tek del i forpliktande samarbeid på tvers av landegrensene for å oppnå internasjonalisering av norsk utdanning. Hovudformålet for samarbeidsaktivitetane er å utvikle kvaliteten, den interkulturelle dialogen og den europeiske dimensjonen i utdanningssystema i deltakarlanda. Posten omfattar også kontingent frå Noreg til Det europeiske språkrådet i Graz.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår ei løyving på 6,3 mill. kroner på posten.

Post 73 Tilskott til studieopphald i utlandet

Mål for 2016

Målet for tilskottsordninga er å leggje til rette for at ungdom frå Noreg kan få skolegang og studieopphald i utlandet. Dette skal gi dei betre kunnskap om kultur og språk i andre land og auka identitetsforståing. I tillegg skal ordninga gi fransklærarar frå Noreg høve til fagleg og kulturell oppdatering gjennom studieopphald i Frankrike. Vidare skal ordninga leggje til rette for internasjonale mobilitetsordningar i framandspråka fransk, tysk og spansk. Frå 2015 er forvaltninga av tilskottsordninga overført til Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU).

Rapport for 2014

Franske lycé

I 2014 gjekk til saman 62 norske elevar på dei skoletilboda som er omfatta av ordninga. Det kom inn 75 nye søknader for hausten 2014, og 20 elevar fekk plass. Noreg har kvart år høve til å sende totalt 22 elevar per årskull til skoletilboda i Frankrike.

Tyske stipend

I 2014 vart det gitt tyske stipend til 17 elevar fordelte på fem heilstipend og tolv delstipend. Det var ein norsk følgjelærar med delstipendiatane.

United World Colleges (UWC)

Hausten 2014 gjekk 80 elevar på United World Colleges (UWC) fordelte på to årskull. Det kom inn 132 nye søknader for hausten 2014, og 40 elevar fekk plass. Noreg har kvart år høve til å sende 40 elevar per årskull til skolane – 30 elevar til utlandet og ti til skolen i Noreg.

Trollstipend

I 2014 vart 25 søknader om gruppereise til Frankrike godkjende. Desse stipenda førte til at 480 elevar frå grunnskolen og den vidaregåande skolen fekk reise saman med 60 lærarar på studieopphald og skoleutveksling i Frankrike med støtte frå Trollstipend. Individuelle Trollstipend vart gitte til 23 lærarar.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2015.

Post 74 Tilskott til organisasjonar

Mål for 2016

Formålet med tilskottsordninga for private og frivillige organisasjonar er å stimulere organisasjonane til å setje i verk tiltak, anten innanfor ordinær drift eller som prosjektretta tiltak, som på ulike måtar kan bidra til å nå sektormåla for grunnopplæringa, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Tilskottsmottakarar er frivillige og private organisasjonar, irekna ideelle aksjeselskap. Verksemda til organisasjonen må ha ein nasjonal verdi, og aktivitetar/tiltak må nå flest mogleg elevar og skolar.

Tilskottsposten omfattar frå og med 2015 også prosjektstøtte til interesseorganisasjonar for funksjonshemma. Formålet med tilskottsordninga er å utvikle, løfte fram og formidle ny kunnskap på det spesialpedagogiske området i barnehage og grunnopplæring. Ordninga skal medverke til betre tilpassa opplæring og utdanning for barn, unge og vaksne med særskilde opplæringsbehov.

Rapport for 2014

Følgjande organisasjonar har fått tildelt midlar over denne posten i 2014: Landslaget for nærmiljøskolen, Noregs Mållag, Kristent Pedagogisk Forum, Dissimilis kultur- og kompetansesenter, Norsk håndverksinstitutt, Elevorganisasjonen, Landslaget for Norskundervisning, Landslaget Fysisk Fostring i Skolen, Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Friluftsrådenes Landsforbund, Magasinett, Pirion, Foreningen Norden, Fellesrådet for kunstfagene i skolen (med medlemsorganisasjonar), Samarbeidsforum for estetiske fag (med medlemsorganisasjonar), Redd Barna, First Scandinavia – Newtonrommene og First LEGO League, WorldSkills Norway, Ungt Entreprenørskap Norge, Skeiv Ungdom, Sex og Politikk, MOT, LLH – Rosa kompetanse skole, Flis – Forum for ledere i institusjonsskoler, Norsk Pedagogisk Dataforening, Religionslærerforeningen i Norge, Foreningen !les, Antirasistisk Senter og Norges Røde Kors – Leksehjelp.

Budsjettforslag for 2016

I samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2015 vart løyvinga på posten auka med 2,5 mill. kroner til First Scandinavia, jf. Innst. 360 S (2014–2015). Departementet foreslår å føre denne auken vidare i 2016. Vidare vil departementet sikre at Elevorganisasjonen og Operasjon Dagsverk får eit grunntilskott i 2016. Utover dette foreslår departementet å prioritere tilskott til organisasjonar som kan bidra til å styrkje dei grunnleggjande dugleikane til elevane, og til organisasjonar som arbeider mot mobbing.

Kap. 3225 Tiltak i grunnopplæringa

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

51 558

69 297

84 692

Sum kap. 3225

51 558

69 297

84 692

Visse innanlandske utgifter til flyktningar kan i høve til statistikkdirektiva til OECD bli definerte som offentleg utviklingshjelp. Ein del av løyvinga på kap. 225 post 64 blir rapportert som utviklingshjelp. Kunnskapsdepartementet foreslår ei tilsvarande løyving på kap. 3225 post 04. Refusjon av ODA-godkjende utgifter er berekna til 84,7 mill. kroner i 2016.

Kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast

803 250

766 307

824 930

22

Videreutdanning for lærarar og skoleleiarar

586 520

1 083 944

1 274 132

50

Nasjonale senter i grunnopplæringa

93 558

91 069

92 121

60

Tilskott til kommunar og fylkeskommunar

38 432

39 662

40 812

62

Tilskott for auka lærartettleik

372 168

384 077

395 215

63

Tidleg innsats i skolen gjennom auka lærarinnsats på 1.–4. trinn

200 000

434 420

70

Tilskott til NAROM

7 668

7 921

8 151

71

Tilskott til vitensenter

44 090

48 920

50 339

72

Tilskott til utviklingsprosjekt i grunnopplæringa

2 320

Sum kap. 0226

1 948 006

2 621 900

3 120 120

Skoleeigarane har hovudansvaret for kvalitetsutvikling av opplæringa i sine eigne skolar og i lærebedrifter. For å bidra til høg kvalitet på grunnopplæringa i heile landet legg regjeringa stor vekt på å støtte og rettleie skolar og skoleeigarar gjennom kompetanse- og utviklingstiltak. Kap. 226 omfattar statlege løyvingar til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa.

Løyvinga på post 21 finansierer kompetanseutvikling i grunnopplæringa, tiltak for betre læringsmiljø, tiltak for auka gjennomføring i vidaregåande opplæring og utvikling av læreplanverket for grunnopplæringa. Løyvinga på posten dekkjer òg element i kvalitetsvurderingssystemet for grunnopplæringa, mellom anna internasjonale undersøkingar, brukarundersøkingar, utdanningsstatistikk og forsking og evaluering. Offentlege utval og ekspertutval som departementet har sett ned, får også dekt sine utgifter på denne posten.

Løyvinga på post 22 finansierer vidareutdanninga for lærarar og rektorutdanninga innanfor strategien Kompetanse for kvalitet, stipendordninga for tilsette i undervisningsstillingar som manglar lærarutdanning og rekrutteringstiltak for yrkesfaglærarar.

Delar av løyvingane på post 21 og 22 dekkjer utgifter til lønn og administrasjon i Kunnskapsdepartementet, Utdanningsdirektoratet og hos andre statlege aktørar som er knytte til drift av dei ulike prosjekta og tiltaka.

Løyvingane på postane 50, 60, 62, 63, 70 og 71 finansierer tilskott til underliggjande statlege einingar, kommunesektoren eller andre mottakarar. Ansvaret for forvaltninga av midlane på kapitlet og gjennomføringa av tiltaka er i stor grad delegert til Utdanningsdirektoratet.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Omtalen av rapport, mål og budsjettforslag under kap. 226 post 21 må ein sjå i samanheng med omtalen av rapport, mål og budsjettforslag under kap. 220 postane 01 og 21. Drift av Utdanningsdirektoratet og faste oppgåver som direktoratet har fått delegert, sikrar og støttar tiltak for å utvikle kvaliteten i grunnopplæringa.

Mål for 2016

Midlane på posten skal medverke til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa slik at sektormåla blir nådde, jf. omtale av desse i kategoriinnleiinga. Tilstandsvurderinga viser at grunnopplæringa har mange sterke sider. For å oppnå ytterlegare betring er det behov for å føre vidare tiltak som er sette i gang, og ta nye grep for å styrkje kvaliteten i grunnopplæringa. For å nå sektormåla vil departementet i 2016 særleg prioritere kompetanseutvikling for tilsette i sektoren og statleg støtte til lokal kvalitetsutvikling.

Rapport for 2014

Kompetanseutvikling i grunnopplæringa

Skoleeigarane har ansvaret for å sikre nødvendig kompetanseutvikling for sine tilsette i grunnopplæringa, jf. § 10-8 i opplæringslova. Den statlege støtta til kompetanseutvikling i sektoren kjem i tillegg, til dømes når det blir gjort endringar i kompetansekrav, ved implementering av reformer og for å møte nasjonale utfordringar. I samband med omlegginga av allmennlærarutdanninga og krav til sterkare fagleg fordjuping i grunnskolelærarutdanninga vart det vedteke nye krav i opplæringslova og i forskrift til lova om kompetanse for å undervise, jf. Innst. 352 L (2014–2015) og Prop. 82 L (2014–2015) Endringar i opplæringslova og privatskolelova (krav om relevant kompetanse i undervisningskompetanse m.m.). Staten følgjer opp dette med støtte til kompetanseutvikling for tilsette i sektoren.

For omtale av strategien Kompetanse for kvalitet, sjå post 22.

Plan for lesesatsing 2010–2014 er gjennomført. Formålet med planen var å halde trykket oppe på dei mange tiltaka som har vorte sette i gang frå 2003 og fram til 2010 for å styrkje elevanes ferdigheiter i lesing. Tiltaka har omfatta etterutdanning i lesing, tverrfagleg lesing, lesing i yrkesfaglege utdanningsprogram, lesing i SFO og diverse tilbod om leksehjelp. Når det gjeld lesestimulering, har Lesesenteret hatt ansvaret for gjennomføringa av desse tiltaka i samarbeid med Foreningen !les.

Realfagsstrategien Realfag for framtida gjaldt for perioden 2010–14. Formålet med strategien har vore å styrkje realfaga frå barnehage og grunnopplæring til høgre utdanning, forsking og arbeidslivet. Fleire av måla i strategien om auka interesse og styrkt rekruttering er nådd. For eksempel har talet på elevar som valde fysikk på høgste nivå i vidaregåande opplæring, auka frå 3 553 til 4 650 i perioden frå 2011 til 2014. For kjemi på høgste nivå er dei tilsvarande tala 4 311 elevar i 2011 og 5 338 elevar i 2014. Vitensentera har hatt ein stor auke i talet på gjestar, noko som tyder på at interessa for realfag har auka. Men elevane har ikkje styrkt kompetansen sin i realfag, og dette målet er derfor ikkje nådd.

Strategi for etter- og vidareutdanning av tilsette i PP-tenesta (2013–2018) har til formål å styrkje kompetansen til tilsette og leiarar i den pedagogisk- psykologiske tenesta (PPT) og bidra til systemretta arbeid. Prioriterte område er organisasjonsutvikling og endringsarbeid, læringsmiljø og gruppeleiing, rettleiing og rådgiving, og leiarutdanning. I studieåret 2014–15 vart det gitt vidareutdanningstilbod på dei prioriterte områda ved åtte universitet og høgskolar og leiarutdanningar ved tre institusjonar. Til saman 135 tilsette og leiarar fekk tilbod om studieplass i 2014. På oppdrag frå Utdanningsdirektoratet har Statped gjennomført nettverksaktivitetar i alle fylka og nasjonal nettverkskonferanse for leiarar i PPT.

Det vart nytta totalt 18,5 mill. kroner til strategien i 2014. Det meste av dette har gått til vikarmidlar og kostnader ved universitet og høgskolar for vidareutdanning og leiarutdanningstilbod. Om lag 2 mill. kroner av løyvinga har gått til etterutdanning.

Dei lokale PPT-kontora har gjennomført etterutdanning, ut frå både statlege prioriteringar og lokale behov. Rapporteringar frå fylkesmannen viser at ca. 900 tilsette i PPT har delteke på etterutdanning som er heilt eller delvis finansiert av desse midlane i perioden 2013–14.

Det er inngått avtalar med Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) og Nordlandsforskning om å følgjeevaluere strategien. Første delrapport er planlagd hausten 2016, og sluttrapporten kjem våren 2018.

Kompetanse for mangfold (2013–2017) er ei kompetansesatsing på det fleirkulturelle området. I 2014 vart det nytta om lag 28 mill. kroner til prosjektet. Satsinga er bygd på barnehage- og skolebasert kompetanseutvikling i tema som andrespråksdidaktikk, vaksenpedagogikk, fleirspråklegheit og fleirkulturell pedagogikk. Målgruppa er tilsette i barnehage, grunnskole, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring i tillegg til barnehageeigarar, barnehagemyndigheiter og skoleeigarar. Dessutan er universitets- og høgskolesektoren ei viktig målgruppe. I perioden frå 2013 til 2014 deltok til saman 160 barnehagar og skolar frå sju fylke. Tre universitets- og høgskolemiljø har fått eit særleg ansvar for kompetanseutviklinga i lærarutdanningane.

Den virtuelle matematikkskolen (DVM) vart følgt opp og vidareutvikla av Senter for i IKT i utdanninga i 2014 ved bruk av midlar på posten. Vidare har senteret dokumentert erfaringane og spreidd kunnskap om DVM i sektoren. Det er mellom anna opparbeidd verdifull kunnskap om tilpassa opplæring gjennom arbeidet med DVM.

Senter for IKT i utdanninga etablerte i 2014 eit nært samarbeid med Universitetet i Tromsø og Høgskolen i Sør-Trøndelag for å etablere ei digital plattform for etter- og vidareutdanning av lærarar, MatematikkMOOC. Den tekniske plattforma og den pedagogiske oppbygginga testar ut ein modell som aukar kapasitet, fleksibilitet og tilgjengelegheit i etter- og vidareutdanninga.

Ungdomstrinn i utvikling (2013–2017) er ei nasjonal satsing for ungdomstrinnet for å medverke til lagbygging og for å styrkje dei grunnleggjande dugleikane til elevane. Det er eit mål at elevane skal oppleve meistring, motivasjon og auka læring. Skolebasert kompetanseutvikling er ein viktig del av satsinga og skal medverke til deling av kunnskap og samarbeid. Måloppnåinga med omsyn til deltaking er svært tilfredsstillande. Den første av totalt fire puljar av skolar med ungdomstrinn avslutta sine tre semester i slutten av 2014. Rapportar frå fylkesmennene viser at skolane har hatt stor nytte av satsinga, og har planar om å arbeide vidare med satsingsområda og skolebasert kompetanseutvikling på eiga hand. I den første puljen deltok 252 skolar. 22 universitet og høgskolar har samarbeidd med skoleeigarar/skolar om skolebasert kompetanseutvikling i klasseleiing, rekning, lesing og skriving. Den siste delrapporten frå NIFU, som evaluerer satsinga, viser at skoleleiarar og skoleeigarar generelt er positive til satsinga, og viser til måloppnåing, spesielt knytt til auka lærarsamarbeid og meir refleksjon rundt praksis. Rapportering viser òg at universiteta og høgskolane i stor grad støttar skolane i den skolebaserte kompetanseutviklinga.

Tilbakemeldingar frå samlingar viser at deltakarane stort sett opplever det faglege innhaldet og erfaringsdelinga som nyttige og relevante. Fleire nasjonale senter har medverka til å utvikle pedagogiske nettressursar. Rapporteringar tyder på at ressursane er relevante og har gitt auka medvit om klasseleiing, og om rekning, lesing og skriving som grunnleggjande dugleikar i alle fag. NIFU, som evaluerer ordninga, vil levere ein delrapport i januar 2016. I 2014 vart det nytta om lag 160 mill. kroner til Ungdomstrinn i utvikling.

Ny GIV vart avslutta ved utgangen av 2013, men fylkeskommunane vart inviterte til å vidareutvikle og forsterke arbeidet med å auke gjennomføringa også i perioden 2014–16. Alle fylkeskommunane takka ja til å delta i det vidare samarbeidet. I 2014 har tiltaka vore knytte til skolering av lærarar, auka yrkesretting og relevans av fellesfaga for yrkesfaglege studieprogram (FYR-prosjektet) og finansiering og leiing av eit nasjonalt nettverk der alle fylkeskommunane deltek. Det vart samla nytta om lag 100 mill. kroner til dei ulike tiltaka i Ny GIV i 2014. Hausten 2014 vart Program for bedre gjennomføring i videregående opplæring lansert som regjeringas tiltak for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring, og dei ulike elementa i Ny GIV vart inkluderte i programmet frå og med 2015.

I 2014 var det gjennomført skolering for 470 lærarar i dei vidaregåande skolane for å setje lærarane betre i stand til å undervise svakt presterande elevar i grunnleggjande dugleikar. Det vart òg gjennomført skolering for lærarar på 5.–7. trinn i dei tre nordlegaste fylka. Skoleringa for lærarane på mellomtrinnet vart ikkje ført vidare i 2015, og skoleringa på vidaregåande vart skalert ned i tråd med noe lågare etterspurnad. FYR-prosjektet (Fellesfag, yrkesfag, relevans) har som mål å betre yrkesrettinga av og relevansen i undervisninga i fellesfaga på dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Prosjektet starta i 2011 og skal vare ut 2016, og det rettar seg mot alle elevar på yrkesfaglege utdanningsprogram. For at auka yrkesretting skal vere mogleg, har aktiviteten vore knytt til følgjande fire element: kompetanseutvikling for fellesfaglærarar og programfaglærarar, utvikling av læringsressursar, organisasjonsutvikling og erfarings- og kunnskapsdeling. Tiltaket får gode tilbakemeldingar frå deltakarane.

Statleg støtte til lokal kvalitetsutvikling

Løyvinga finansierer statleg støtte til lokal kvalitetsutvikling i skolen. Dette gjeld ulike statlege kvalitetsutviklingsprogram og stimuleringstilskott.

Det overordna målet for den nasjonale satsinga Vurdering for læring (2010–2014) har vore å vidareutvikle ein vurderingskultur og ein vurderingspraksis som har læring som mål. I løpet av den første fireårsperioden (2010–14) har 187 kommunar og alle fylkeskommunane og 47 private skoleeigarar delteke puljevis. I 2014 vart det nytta om lag 18 mill. kroner til prosjektet. Satsinga har oppnådd gode resultat. Forskingsrapportar, resultat frå Utdanningsdirektoratets spørjeundersøkingar til skolar og skoleeigarar og Elevundersøkinga, samt tilbakemeldingar frå deltakarar i satsinga, viser mellom anna at arbeidet med elev- og lærlingvurdering fører til betre forståing av læreplanar, og at fleire skoleeigarar og skolar har utvikla ein felles vurderingskultur.

Samfunnskontrakten for fleire læreplassar vart underteikna av utdanningsmyndigheitene og partane i arbeidslivet i april 2012. Partane hadde tre hovudresultatmål for perioden 2012–15: Talet på godkjende lærekontraktar skulle auke med 20 pst. i 2015 samanlikna med nivået ved utgangen av 2011. Vidare skulle talet på vaksne som tek fag- og sveinebrev, auke, og den delen av lærlingane som fullfører og består med eit fag- eller sveinebrev, auke. Utviklinga til og med 2014 viser at det har vore ein vekst på fem pst. sidan 2011 i talet på lærekontraktar. Det er store forskjellar fylka og utdanningsprogramma imellom, og mellom offentleg (16 pst.) og privat sektor (fire pst.). I statleg sektor har talet auka med 16 pst., mens det i kommunal sektor har auka med 14 pst. Talet på vaksne som tek eit fag- eller sveinebrev, har auka med 17 pst. Om lag 80 pst. av lærlingane tek fagbrev innan fem år. Den delen av lærlingane som gjennomfører med fagbrev, har auka med eit par prosentpoeng frå 2008-kullet til 2009- og 2010-kulla.

Utprøvinga av vekslingsordningar der elevar i større grad kan veksle mellom opplæring i skole og opplæring i bedrift, vart utvida til å gjelde fleire fag og fylke i 2014. 13 fylke deltek i utprøvinga med totalt 21 prosjekt. Alle fylkeskommunane har delteke i vidareføring og utprøving av hospitering for fellesfaglærarar og programfaglærarar på yrkesfaglege utdanningsprogram og for faglege leiarar og instruktørar i lærebedrifter. Nokre fylkeskommunar har i tillegg valt å la rådgivarar og karriererettleiarar hospitere. Det var totalt 1 032 deltakarar i 2014.

Elevar som ikkje får læreplass, har rett til alternativt Vg3 i skole, men erfaringa så langt syner at tilbodet ikkje fungerer godt nok. På bakgrunn av dette vart det i 2013 sett i gang ei utprøving av eit forsterka alternativt Vg3 med minst eit halvt år ekstra tid, i samarbeid mellom skole og arbeidsliv. Fem fylkeskommunar deltek i utprøvinga, som vart avslutta våren 2015. Fafo har fått i oppdrag å evaluere utprøvinga, og ein sluttrapport vil kunne bli publisert hausten 2015. Målet med utprøvinga er å finna betre måtar å gjennomføre det alternative Vg3-tilbodet på, med sikte på å auke gjennomføringa i fag- og yrkesopplæringa.

I 2014 vart det lyst ut midlar til samarbeid mellom skole og bedrift der måla var å skape varige samarbeidsarenaer/-prosessar mellom skole, skoleeigar og lokalt arbeidsliv, meir velfungerande dimensjoneringsprosessar og fleire læreplassar og å bidra til at bedriftene i større grad blir brukte som læringsarena. 33 prosjekt fekk til saman om lag 15 mill. kroner, der alle fylka er representerte med minimum eitt prosjekt. Prosjekta har merksemd på blant anna at skolar og lokale bedrifter skal samarbeide tettare om faget prosjekt til fordjuping, og om faget kan vere med på å styrkje elevanes moglegheit for ein læreplass seinare i utdanningsløpet, skolens formidlingsprosess og utvikling av nye IT-verktøy og prognosar.

Rettleiarkorpset er eit tilbod til skoleeigarar og skolar som treng rettleiing for å betre læreprosessane i skolen. Målet med ordninga er å gjere skoleeigarar og skolane betre rusta til sjølve å drive utviklingsarbeid ut frå kjende behov. Med bakgrunn i evalueringa av ordninga frå Rambøll i 2013 og oppdragsbrevet frå Kunnskapsdepartementet om ei ny meir kompensatorisk innretning, er rettleiingsperioden utvida med inntil to og eit halvt år. I 2014 vart det nytta om lag 34 mill. kroner til prosjektet.

I 2014 vart om lag 10 mill. kroner nytta til å styrkje rettleiarutdanninga, medan 5 mill. kroner vart nytta til lærarutdanningsinstitusjonane til tiltak knytte til rettleiing av nytilsette, nyutdanna lærarar. Ei kartlegging som vart utført av Rambøll i 2014, viser at ni av ti skolar med nyutdanna lærarar har innført ei rettleiingsordning. Midlane til arbeid med rettleiing av nyutdanna vart nytta i samanheng med midlar frå kap. 231 post 21 til rettleiing av nyutdanna barnehagelærarar. Hausten 2014 starta evalueringa som undersøkjer i kva grad rettleiingsordninga medverkar til å sikre ein god overgang mellom utdanning og yrke, og til å rekruttere, utvikle og halde på dyktige barnehagelærarar og lærarar.

Betre læringsmiljø vart i perioden 2009–14 etablert som den nasjonale strategien på læringsmiljøfeltet. I påvente av utgreiinga frå Djupedalutvalet valde regjeringa å føre vidare strategien også i 2015. Satsinga har utvikla og formidla forskingsbasert kunnskap og nettressursar som skolar og skoleeigarar kan bruke i det praktiske arbeidet med læringsmiljøet til elevane. Oppsummeringa så langt syner at satsinga er godt kjend i landet, og at svært mange skolar og skoleeigarar har nytta materiell og hjelpemiddel som er utvikla. Dei lokale prosjekta har bidratt til ein betre skolekvardag for mange elevar og gitt nyttig informasjon til styresmaktene om korleis ein best skal utforme nettressursar. Evalueringa til Uni Research frå 2014 syner at skoleeigarar og skolar nå er knytte tettare saman, og at dei lettare kan sjå samanhengen i dei nasjonale satsingane. Satsinga har vist at det framleis står att mykje arbeid på læringsmiljøfeltet. Ein må byggje ut kunnskapsgrunnlaget enda meir, ein må arbeide meir med verdiar og normer i skolen, skoleleiinga må bli enda betre, og samarbeidet med heimen må betrast. Dei aller fleste skoleeigarar, skoleleiarar og lærarar innser den verknaden skoleleiing, klasseleiing og rolla til lærarane har på kvaliteten på læringsmiljøet til elevane, og fleire er interesserte i kompetanseutvikling på desse områda. Betre læringsmiljø og nasjonalt tilsyn med det psykososiale miljøet til elevane har medverka til å setje læringsmiljøet til elevane på den lokale dagsordenen. Satsinga kan òg ha gjort at mange skoleeigarar nå inkluderer læringsmiljøet i sine strategiar og handlingsplanar, men det varierer korleis planane blir følgde opp i praksis.

Manifest mot mobbing består av sentrale nasjonale partar og gjaldt for perioden 2010–14. I påvente av utgreiinga frå Djupedalutvalet valde regjeringa å føre vidare manifestet også i 2015. Totalt 386 kommunar er med i samarbeidet, og 64 nye kommunar signerte lokale manifest i 2014. Gjennom kampanjen Voksne skaper vennskap – på nett vart det halde lokale arrangement over heile landet. Kampanjen har bidratt til at arbeid mot digital mobbing, og for eit godt og inkluderande læringsmiljø på nettet, har stått høgt på den lokale dagsordenen i 2014.

Det vart i 2014 løyvt 10 mill. kroner ekstra til læringsmiljøarbeid og innsats mot mobbing. Midlane vart fordelte mellom tre prosjekt: prøveordning med mobbeombud, beredskapsteam mot mobbing og lokale tiltak for å betre læringsmiljøet til elevane. I alt 30 søknader om lokale tiltak vart innvilga. Fire fylke fekk godkjent søknaden om mobbeombud, og om lag 20 nye kommunar fekk prosjekt med beredskapsteam i regi av KS/FUG.

Læringsmiljøprosjektet rettar seg særskilt mot kommunar og skolar som har høge mobbetal. I pulje ein av dette prosjektet, som starta opp i 2013, og som vart avslutta ved utgangen av 2014, har 23 skolar frå ti kommunar over heile landet vore med. Skolane vart valde ut etter ein analyse av resultata frå Elevundersøkinga og ei vurdering frå fylkesmannen om kva for skolar som ikkje hadde kapasitet til å handtere utfordringane på eiga hand. Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking har fått i oppgåve å leie rettleiinga av kommunane. Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) og Læringsmiljøsenteret har sjølve evaluert piloten og leverte ein rapport våren 2015. Dei konkluderer med at tiltaket bør halde fram, og at det gir ein del gode resultat, men dei peiker òg på ein del svake sider, som alt er retta opp for pulje 2 i prosjektet. Deltakarane i den nye pulja, 40 skolar frå 18 kommunar, vart valde ut gjennom siste del av 2014 og starta arbeidet ved inngangen til 2015.

I 2014 vart forsøket med gratis deltidsplass på aktivitetsskolen ved Mortensrud skole i Oslo ført vidare. Forsøket skal leggje til rette for at fleire elevar får betre føresetnader for å lykkast på skolen og for å delta i nærmiljøet og oppleve nærmiljøet som attraktivt å bu i. Forsøket blir gjennomført innanfor ramma av områdesatsinga i Oslo Sør-satsinga, og målet er om lag lik deltaking av elevar på aktivitetsskolen som gjennomsnittet for Oslo kommune. Statusrapporten for 2014 syner god måloppnåing. Før prosjektet starta hadde aktivitetsskolen på Mortensrud skole ein dekningsgrad på 30 pst. I skoleåret 2014–15 var dekningsgraden på 99 pst.

Som ein del av Groruddalssatsinga (2012–2016) gjennomfører Oslo kommune eit skoleutviklingsprosjekt i Groruddalen. Også i bydel Søndre Nordstrand blir det gjennomført tilsvarande prosjekt. Målet med prosjekta er å skape ei stabil utvikling som gir betring av elevresultata. Prosjektskolane har sett i verk rettleiings- og kompetansetiltak på bakgrunn av ståstadsanalysar, og dei har utarbeidd standardar for god undervisning. I 2014 har skolane arbeidd vidare med desse tiltaka og målsetjingane. Oxford Research gjennomfører ei evaluering av prosjektet, og sluttrapporten kjem i 2017.

GNIST er eit samarbeidsforum mellom utdanningsmyndigheitene og organisasjonane i sektoren med mål om høgre status for og auka rekruttering til læraryrket, samt betre kvalitet i lærarutdanningane, lærarprofesjonen og skoleleiinga. I dei åra satsinga har pågått (2008–14), har talet på kvalifiserte førstevalssøkjarar til lærarutdanningane gått opp med 65 pst. Det prosjektorganiserte sekretariatet i departementet vart lagt ned frå 1. august 2014, og arbeidet blir no koordinert internt i Kunnskapsdepartementet. Samarbeidet med GNIST er ført vidare på sentralt nivå, og det er framleis aktivitet i dei lokale partnerskapa.

Struktur, læreplanar og vurdering

I 2014 har det vore arbeidd med tiltaka i Meld. St. 20 (2012–2013) På rett vei. Ein revidert læreplan i faget utdanningsval er fastsett. Den nye planen skal tydeleggjere eigenarten i faget og gi elevane betre innsikt i arbeidslivet, i moglegheiter for og krav til utdanning.

Forsøk med arbeidslivsfag som eit alternativ til framandspråk/språkleg fordjuping på ungdomstrinnet omfatta 82 kommunar og 133 skolar i 2014. Tilbodet om arbeidslivsfag har ført til at fleire elevar vel dette faget framfor fordjuping i norsk/samisk og engelsk på dei skolane som tilbyr arbeidslivsfag. Evalueringa av forsøket syner at faget er ønskt av både skoleleiarar, lærarar, elevar og foreldre, og at arbeidslivsfaget langt på veg er utvikla i tråd med intensjonen.

Departementet har i 2014–15 revidert kompetansemåla for symjing i kroppsøvingsfaget. Revideringa har vore ute til brei høyring, og det var stor oppslutning om dei nye kompetansemåla som tydeleg beskriv kva det vil seie å vere symjedyktig.

Forslag til eit nytt tredje ledd i forskrifta til opplæringslova § 1-3 som opnar for fleksibel fag- og timefordeling i vidaregåande opplæring, er utarbeidd. Det har vore høyring om og fastsetjing av fag- og timefordeling for, innhald i og namn på det nye studieførebuande utdanningsprogrammet for kunst, design og arkitektur (tidlegare formgivingsfag). Det har òg vore høyring knytt til omgjering av utdanningsprogrammet for medium og kommunikasjon frå eit yrkesfagleg til eit studieførebuande utdanningsprogram. Arbeidet med nye læreplanar for det studieførebuande tilbodet har starta, medan tilbodet for elevar i dei tre faga fotograf, mediegrafikar og mediedesignar som fører til yrkesfag, skal vurderast i samband med gjennomgangen av tilbodsstrukturen.

Utdanningsdirektoratet har utvikla nye og revidert eksisterande læreplanar i fag- og yrkesopplæringa i tråd med råda frå partane i arbeidslivet.

Kvalitetsvurderingssystemet for grunnopplæringa

Det nasjonale prøve- og vurderingssystemet omfattar nasjonale prøver, kartleggingsprøver, læringsstøttande prøver og karakterstøttande prøver. Dei nasjonale prøvene gir styringsinformasjon til nasjonale utdanningsmyndigheiter, skolar og skoleeigarar, og blir nytta som eit pedagogisk verktøy av lærarane. Kartleggingsprøvene, læringsstøttande prøver og karakterstøttande prøver skal avdekkje behov for oppfølging og tilrettelegging på elev- og skolenivå og vere til støtte for lærarane i vurderingsarbeidet.

I dei siste åra har Utdanningsdirektoratet arbeidd med å leggje grunnlaget for trendmålingar i dei nasjonale prøvene. Hausten 2014 starta desse målingane i rekning og engelsk. Dei første resultata av berekning av endring over tid blir rapporterte hausten 2015, men det er viktig å vere merksam på at det trengst tal for fleire år for å kunne fastslå ein trend. Trendmålingar i dei nasjonale prøvene i lesing kan starte når leseprøvene har vorte elektroniske. Dette arbeidet er under utvikling.

Det finst lite forsking på kvalitet, innhald og relevans i dei studieførebuande utdanningsprogramma i vidaregåande opplæring, og på forholdet mellom vidaregåande opplæring og høgre utdanning. For å utvikle eit betre kunnskapsgrunnlag har departementet etablert eit forskingsprosjekt om studieførebuande utdanningsprogram og om forholdet mellom vidaregåande opplæring og høgre utdanning. NIFU har fått oppdraget og skal levere sluttrapport i 2016.

Utviklinga av kvalitetsvurderingssystemet i fag- og yrkesopplæringa er ført vidare. Informasjon om gjennomføring, læringsmiljø, kvaliteten på opplæringa i lærebedriftene og overgangen til arbeidsmarknaden for nyutdanna fagarbeidarar skal inngå. Program for forsking på fag- og yrkesopplæringa er ført vidare. Forskinga, som blir gjennomført i samarbeid mellom NIFU, Fafo, Universitetet i Bergen og Høgskolen i Oslo og Akershus, konsentrerer seg om seks tema: læringsmiljø, innhald og vurdering, kvalitetsarbeid, gjennomføring og fråfall, fagopplæringa som inngangsport til arbeidslivet og eit heilskapleg kvalitetsvurderingssystem for fag- og yrkesopplæringa. Sluttrapport vil vere klar hausten 2015.

Budsjettforslag for 2016

Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på 824,9 mill. kroner på kap 226 post 21 i 2016 til ulike tiltak for kvalitetsutvikling i grunnopplæringa. Løyvingsforslaget er auka med 58,6 mill. kroner i høve til Saldert budsjett 2015.

Løyvingsforslaget er redusert med 1,6 mill. kroner som følgje av flytting av midlar til andre postar. Dette gjeld følgjande:

  • Flytting av 0,7 mill. kroner til kap. 260 post 50 til drift av nettstadene Skolebibliotek og Informasjonskompetanse. Flyttinga inneber at midlane blir lagde inn i rammeløyvinga til Universitetet i Agder.

  • Flytting av 0,5 mill. kroner til kap. 280 post 01 som går til finansiering av nasjonalt kontaktpunkt for det europeiske kvalifikasjonsrammeverket (EQF).

  • Flytting av 0,4 mill. kroner til kap. 500 post 21 under Kommunal- og moderniseringsdepartementets budsjett, som skal gå til finansiering av opplæringskontoret i staten.

Det er behov for ei tilsegnsfullmakt på 20 mill. kroner knytt til posten, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Nedanfor følgjer omtale av dei viktigaste prioriteringane innanfor løyvingsforslaget.

Kompetanseutvikling

Regjeringa vil som ein del av Yrkesfagløftet gjennomføre ei satsing på yrkesfaglærarar. Målet med satsinga er å auke kvaliteten på opplæringa gjennom rekruttering og kvalifisering av fagarbeidarar, fagleg oppdatering gjennom etter- og vidareutdanning og auka kunnskap om kompetanseutviklingsbehov i målgruppa. Samfunnskontrakten for fleire læreplassar blir avslutta i 2015, og departementet vil føre vidare samarbeidet med partane om å auke talet på læreplassar. Departementet arbeider med fleire tiltak som skal gi fleire læreplassar: Lærlingklausulen skal skjerpast, det blir innført ei merkeordning for lærebedrifter, og det er lagt fram ein strategi for fleire lærlingar i staten.

Departementet vil halde fram med arbeidet for å sikre kvalitet og relevans i fag- og yrkesopplæringa, mellom anna gjennom forsøk med vekslingsmodellar, praksisbrev og forsterka Vg3 i skole.

Regjeringa lanserte i august 2015 strategien Tett på realfag, som er ein ny nasjonal strategi for realfag i barnehagen og grunnopplæringa, som skal gjelde for perioden 2015–19. Målet med strategien er å styrkje kompetansen til elevane i matematikk og naturfag. Det er også eit mål å redusere delen elevar som slit med matematikk, og å auke delen elevar som presterer på høgt nivå i realfaga. Strategidokumentet gir overordna status og hovudgrepa til departementet for heile strategiperioden. Løyvingsforslaget inneber ein auke av satsinga på 19 mill. kroner på posten til totalt 46 mill. kroner.

Strategien vil bli følgd opp av årlege tiltaksplanar og eit årleg realfagsbarometer. Tiltaksplanane skal fremme nye og gjeldande nasjonale tiltak og gi forslag til lokale tiltak i barnehagar og skolar. Realfagsbarometeret vil innehalde indikatorrapport og omtalar av status for å gi nasjonale og lokale styresmakter grunnlag for å setje mål, vurdere om måla er nådde, velje og vidareutvikle tiltak og justere kursen.

Eit sentralt tiltak i strategien er innføringa av realfagskommunar, eit tiltak som starta i 2015. Realfagskommunane skal utvikle ein lokal realfagsstrategi med avgrensa mål og ei forplikting til å arbeide systematisk og heilskapleg for å forbetre kompetansen til barn og unge i realfag, frå barnehage til fullført grunnskole. Kommunane får samtidig tilført ekspertkompetanse til å nå dei måla dei har sett seg. Regjeringa vil styrkje satsinga og utvide ho for at fleire kommunar skal få hjelp til å arbeide systematisk med å betre kompetansen til elevane i realfag.

Departementet vil føre vidare Lektor2-ordninga der fagpersonar frå arbeidslivet med realfagskompetanse underviser i enkelttimar på ungdomstrinnet i grunnskolen og i vidaregåande opplæring.

Den nye nasjonale strategien for lesing og skriving 2016–2019 i barnehage og grunnopplæring har som mål å styrkje språk-, lese- og skrivekompetansen til alle barn og elevar og på den måten også deira faglege kompetanse. Strategien skal også bidra til å styrkje kompetansen til personalet til å identifisere og leggje til rette for barn og elevar med språk-, lese- og skrivevanskar. Regjeringa vil auke satsinga med 20 mill. kroner på posten.

Strategien legg stor vekt på at kompetanseutvikling i barnehage og skole skal bidra til å gi solid kunnskap om kva som er god språkutvikling og lese- og skriveopplæring. Strategien skal gjelde både barnehage og skole, og det skal leggjast spesielt til rette for ulike målgrupper som minoritetsspråklege barn og elevar, barn og elevar med språkvanskar, elevar med lese- og skrivevanskar, gutar og høgt presterande elevar.

Departementet vil etablere ei ordning for godkjenning av utanlandsk fagopplæring, og foreslår 17 mill. kroner til dette i 2016. Det er eit stort behov for ei nasjonal ordning for godkjenning av utanlandsk fagopplæring. Etablering av ei slik ordning er òg forankra i strategien til regjeringa mot arbeidslivskriminalitet. Ei ordning for godkjenning vil bidra til auka deltaking i arbeidslivet og betre utnytting av kompetansen som finst blant arbeidstakarane. Det vil, slik departementet ser det, vere ein fordel om alle utdanningar, uavhengig av nivå, blir godkjende av same organ. Departementet vil derfor førebels leggje ordninga til NOKUT. Den endelege plasseringa av ordninga vil bli vurdert i samband med vurderinga av framtidig plassering av NOKUTs kompetansesenter for utanlandsk utdanning, som er omtalt i Meld. St. 18 (2014–2015) Konsentrasjon for kvalitet. Tiltaket vil bli nærmare omtalt i meldinga til Stortinget om livslang læring og utanforskap, som kjem våren 2016. Departementet vil òg i løpet av hausten 2015 sende på høyring eit forslag til endring av opplæringslova for å skape heimel i lova for slik godkjenning.

Departementet vil halde fram med satsinga Kompetanse for mangfold 2013–2017 på det fleirkulturelle området. Satsinga omhandlar kompetanse for opplæring av minoritetsspråklege. Frå 2016 blir fem nye fylke involverte i satsinga. Det er sett i gang ei følgjeevaluering av satsinga (NIFU). Sluttrapporten frå evalueringa kjem i 2018. Departementet vil setje av om lag 23 mill. kroner til satsinga i 2016.

Departementet vil halde fram med satsinga på ungdomstrinnet gjennom Ungdomstrinn i utvikling 2012–2017. Satsinga gjeld skolebasert kompetanseutvikling i klasseleiing, lesing, skriving og rekning. Målet er at alle skolar med ungdomstrinn skal delta i løpet av strategiperioden. Departementet legg opp til at 300 skolar skal starte opp hausten 2016, og vil setje av om lag 160 mill. kroner til satsinga.

Strategi for etter- og vidareutdanning for tilsette i PP-tenesta (2013–2018) skal gi til resultat at PP-tenesta jobbar meir systemretta og tettare innpå barnehagar og skolar gjennom tidleg innsats og førebyggjande arbeid. Det er sett i gang ei følgjeevaluering av satsinga. Departementet vil nytte om lag 30 mill. kroner til tiltaket i 2016.

Statleg støtte til lokal kvalitetsutvikling

Departementet sette i verk pilotering av funksjon som lærarspesialist hausten 2015. Fagområda i pilotane er norsk, med hovudvekt på lese- og skriveopplæring, og realfag. Pilotane omfattar både grunn- og vidaregåande skolar. Om lag 200 lærarspesialistar vil vere med i pilotane. Pilotane skal vare i to år og skal evaluerast.

Det vil i tillegg bli utvikla eit vidareutdanningstilbod for lærarar som ønskjer å kvalifisere seg som lærarspesialist. Rammene for tilbodet vil bli utvikla i samarbeid med blant andre arbeidstakar- og arbeidsgivarpartane. Vidareutdanningstilbodet skal etter planen setjast i verk frå hausten 2016

Departementet vil føre vidare det tette samarbeidet med fylkeskommunane for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring gjennom satsinga Program for bedre gjennomføring i videregende opplæring. Programmet rettar seg mot elevar med høg risiko for fråfall og ungdom som står utanfor opplæring og arbeid. Målet for programmet er å få betre kunnskap om kva som er dei gode tiltaka for å auke gjennomføringa i vidaregåande skole. Fylkeskommunane deltek i eit fylkeskommunalt nettverk som blir leidd av departementet. Målet med nettverket er at erfaringsdelinga og kunnskapsoverføringa mellom fylka skal bli betre, slik at tiltaka i eige fylke kan bli utvikla vidare og bli meir treffsikre.

Den omfattande satsinga på yrkesretting og relevans i undervisninga som starta i 2014, er ein del av Program for bedre gjennomføring i videregående opplæring. Om lag 70 mill. kroner vil bli sette av til engasjement av 38 nettverksleiarar i fylkeskommunane, skolering av lærarar i yrkesretting og delvis frikjøp av ressurslærarar i arbeidet med yrkesretting og relevans. Departementet foreslår òg å løyve 40 mill. kroner over kap. 226 post 60 til utprøving og effektevaluering av tiltak i 2016, jf. omtale under denne posten.

Regjeringa har som mål å gi alle elevar ein trygg skolekvardag og eit godt læringsmiljø fritt for mobbing. Vi skal intensivere det førebyggjande arbeidet, det skal nytte for barn og unge å seie frå, regelverket skal verke og vi skal tydeleggjere kommunane si rolle.

Det er ei stor utfordring at elevar og foreldre til barn og unge som opplever mobbing ikkje erfarer at dei får tilstrekkeleg hjelp og informasjon om korleis dei skal nå fram i systemet. Det er viktig at nåverande ressursar, rettleiing og informasjon om klagerettane blir betre kjende og blir tekne i bruk medan regjeringa vurderer og etablerer nye tiltak. For at barn, unge og foreldre skal få rask hjelp og støtte vil regjeringa etablere ein ny portal som samordnar målretta informasjon til elevar og foreldre. Regjeringa vil arbeide for at lenka til den nye portalen blir tydeleg plassert på førstesida på alle relevante nettstader nasjonalt og lokalt.

Lokale vernebuingsteam mot mobbing og kommune- og skoleretta prosjekt frå Senter for læringsmiljø og åtferdsforsking (Læringsmiljøsenteret) skal halde fram.

Den statlege støtta til mobbeprogram blir ført vidare. Departementet vil gi Utdanningsdirektoratet i oppdrag å utvikle nye kriterier for programstøtta, slik at desse kan gjelde for ei ny utlysing av midlar i 2016.

I 2013 starta arbeidet med å systematisere eksisterande kunnskap og utvikle modellar for systematisk bruk av fleire yrkesgrupper i skolen. I prosjektet Eit lag rundt eleven er det nå innhenta eit kunnskapsgrunnlag og det er skissert ulike modellar for bruk av andre yrkesgrupper i skolen. Regjeringa vil nå vurdere korleis ein skal gå vidare. Dette tiltaket må også settast i samanheng med arbeidet for eit godt læringsmiljø og oppfølginga av NOU 2015: 2 Å høre til - Virkemidler for et trygt psykososialt miljø.

Om lag 30 mill. kroner vil bli sette av til arbeidet med Betre læringsmiljø.

Departementet vil føre vidare midlar til samiske tiltak. Det er utvikla eit rammeverk for samisk fjernundervisning som skal medverke til betre kvalitet på og likeverd i fjernundervisningstilboda, styrkt informasjon til skolar, føresette og elevar om fjernundervisningstilboda og auka kompetanse blant fjernundervisningstilbydarar. Midlane vil òg bli nytta til vidare drift av den samiske læremiddeltenesta Ovttas/Aktan/Aktesne.

Departementet foreslår å føre vidare tiltak som kan gi konkret betring av levekår og skolemiljø i Groruddalen og Oslo Sør. Midlane blir tildelte frå Utdanningsdirektoratet til Oslo kommune. Sjå òg omtale i Prop. 1 S (2015–2016) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet, under kap. 590 post 65.

Struktur, læreplanar og vurdering

Frå skoleåret 2015–16 vil arbeidslivsfaget bli eit permanent fag på ungdomstrinnet. Det vil vere frivillig for skolane å tilby arbeidslivsfag som eit alternativ til framandspråk eller språkleg fordjuping.

Ein midlertidig læreplan i fordjuping i matematikk er utvikla. Skolane kan velje om dei vil tilby elevane dette faget i tillegg til språklege fordjupingsalternativ. Det vil i løpet av skoleåret 2015–16 bli gjort undersøkingar blant skolar som har teke i bruk læreplanen, for å sjå om det er behov for justeringar.

Det er fastsett nye kompetansemål for symjing i læreplanen for kroppsøving. Dei nye kompetansemåla er tydelege på kva ein elev skal kunne for å vere symjedyktig. Departementet foreslår at midlar for symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar blir ført vidare. Målet med midlane er å stimulere kommunane til å gi ei sårbar gruppe elevar meir og betre symjeopplæring, slik at risikoen for ulykker blir redusert. Departementet vil setje av 9 mill. kroner til ordninga. Departementet har også gitt i oppdrag til Utdanningsdirektoratet å utarbeide ein handlingsplan for symjing frå 2016.

Eit godt grunnlag for vurdering og rettferd i sluttvurderinga er viktige utfordringar i skolen. I juni 2015 gjorde departementet endringar i forskrifta til opplæringslova. Dei viktigaste endringane er knytte til grunnlaget for fastsetjing av standpunktkarakter og innføring av ei ny maksimumsgrense for fråvær. For å gi skolane god nok tid til å førebu seg vil ikkje fråværsgrensa gjelde før i skoleåret 2016–17, mens dei andre endringane gjelder frå og med skoleåret 2015–16. Formålet med regelverksendringane er å redusere fråværet hos elevane og bidra til at dei yter jamn innsats i skoleåret.

Departementet vil innføre ei prøveordning med valfag i programmering i nokre kommunar. Ordninga skal mellom anna leggje til rette for erfaring- og kunnskapsdeling mellom skolar. Det skal utarbeidast ein midlertidig læreplan for dette valfaget. Den endelege læreplanen vil vere basert på erfaringane frå prøveordninga. Arbeidslivet blir stadig meir automatisert og vil i framtida ha eit stort behov for arbeidstakarar med kompetanse i programmering. Departementet foreslår 5 mill. kroner til prøveordninga med valfag i programmering.

Utdanningsdirektoratet har saman med partane i arbeidslivet starta arbeidet med ein gjennomgang av tilbodsstrukturen i fag- og yrkesopplæringa. Målet er å forbetre kvaliteten på opplæringstilboda, tilpasse tilbodet til kompetansebehova til arbeidslivet og auke verdien av fag- og sveinebreva. Departementet vil føre vidare midlar til dette arbeidet.

Kvalitetsvurderingssystemet for grunnopplæringa

Kvalitetsvurderingssystemet blir forvalta og utvikla vidare i 2016. Løyvinga blir nytta til utvikling av Skoleporten, brukarundersøkingar, statistikk og indikatorar og til deltaking i internasjonale undersøkingar. Vidare blir løyinga nytta til forsking og evaluering i grunnopplæringa. Dette gjeld også ei rekkje mindre kartleggingar, evalueringar og forskingsbaserte analysar av statlege tiltak som er under utprøving eller implementering. Innanfor løyvinga blir det nytta midlar til utvikling av eit kvalitetsvurderingssystem for fag- og yrkesopplæringa. Midlar til drift av systemet blir òg løyvde over kap. 220 postane 01 og 21.

Utdanningsdirektoratet arbeider med å utvikle eit nytt system for administrasjon av eksamen og prøver (PAS). Direktoratet vil arbeide med endringar i prøvegjennomføringssystema (PGS) som følgje av at det blir innført eit nytt prøve- og administrasjonssystem. Arbeidet er også finansiert over kap. 220 post 21.

Andre tiltak

Løyvinga på posten blir òg nytta til drift av sekreteriat for utval, tidsavgrensa prosjekt i den sentrale utdanningsadministrasjonen og tilskott til offentlege aktørar som blir involverte i kvalitetsutvikling i grunnopplæringa. Etter kunngjering blir ein mindre del av posten tildelt private aktørar.

Departementet vil følgje opp arbeidet mot rasisme og antisemittisme. Dembra (Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme) er eit opplegg for etterutdanning av lærarar og skoleleiarar kring temaa antisemittisme, rasisme og handtering av konfliktar i skolen. Prosjektperioden for Dembra-piloten var 2012–15. Frå 2016 startar ein prosess med nasjonal spreiing av læringsressursane som vart utvikla i pilotperioden. Sjå òg del III kap. 8 Likestilling og arbeid mot diskriminering.

Post 22 Vidareutdanning for lærarar og skoleleiarar

Posten vart oppretta i statsbudsjettet for 2014 for å samle løyvingane til satsinga på vidareutdanning av lærarar og skoleleiarar.

For å stimulere lærarar og skoleeiarar til å satse på vidareutdanning er det etablert ei vikar- og stipendordning for vidareutdanning av lærarar. I vikarordninga gir staten eit tilskott på 75 pst. av gjennomsnittleg årsverkkostnad for vidareutdanning på 60 studiepoeng i matematikk og naturfag og 60 pst. av årsverkkostnaden i andre fag. Gjennom stipendordninga får lærarar 100 000 kroner i stipend for vidareutdanning på 30 studiepoeng. Stipendet blir prisjustert. I begge ordningane finansierer staten studieplassar til vidareutdanning ved universitet og høgskolar, mens skoleeiaren dekkjer kostnader i samband med reise, opphald, læremiddel og liknande.

Rektorutdanninga er eit deltidsstudium på 30 studiepoeng. Studieplassane er finansierte av staten. Målsetjinga er at den enkelte rektor skal bli betre i stand til å utføre leiaroppgåver i den praktiske kvardagen og få ei klarare forståing av rolla som leiar. God skoleleiing er ein føresetnad for at skolen skal klare å utnytte kompetansen til lærarane. Rektorutdanninga er ført vidare for ein ny periode frå 2015 til 2020 med i hovudsak det innhaldet og i den forma ho har hatt tidlegare.

Frå og med hausten 2015 er det etablert ei stipendordning for tilsette i undervisningsstillingar som manglar lærarutdanning, og som er kvalifisert til PPU, PPU-y og yrkesfaglærarutdanning (YFL). Både lærarar som er tilsette i grunnskolen og vidaregåande skole er omfatta av ordninga.

Mål for 2016

Målet med løyvinga er å gjennomføre regjeringa si satsing på vidareutdanning for lærarar og skoleleiarar.

Kompetansekrava for undervisning vart skjerpte frå august 2015 for alle lærarar som underviser i faga engelsk, matematikk, norsk, norsk teiknspråk og samisk i grunnskolen, jf. Innst. 352 L (2014–2015) og Prop. 82 L (2014–2015) Endringar i opplæringslova og privatskolelova (krav om relevant kompetanse i undervisningsfag m.m.).

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 654 i samband med handsaminga av Innst. 344 L (2014–2015), jf. Prop. 84 L (2014–2015):

«Stortinget ber regjeringa ikkje utelukke at lærarar som fylte krava for å verte tilsette i undervisningsstilling før 1. januar 2014, får moglegheit til å gå opp til eksamen i kompetansegivande vekttallsstudier, utan å måtte delta i undervisninga.»

Dei nærmare forskriftskrava om relevant kompetanse i undervisningsfag inneber at lærarar må ha eit visst tal på studiepoeng som er relevante for faget. Det er ikkje eit krav om at ein må ha deltatt i undervisning innanfor høgre utdanning, kravet er berre knytt til studiepoeng eller tilsvarande omfang av høgre utdanning. Institusjonane for høgre utdanning avgjer sjølve om det skal stillast krav til deltaking eller liknande, jf. universitets- og høgskolelova §§ 3-3 og 3-10. Dette er viktig for at institusjonane sjølve skal kunne ta ansvaret for å sikre høg kvalitet i utdanninga. Om læraren må delta i undervisning, vil derfor avhenge av kva studium ho eller han har meldt seg til.

Den statlege satsinga på vidareutdanning vil bli ført vidare for å leggje til rette for at skoleeigarane kan nå kompetansekrava i løpet av ein periode på ti år.

Eit nytt samarbeid med partane om vidareutdanning for lærarar og skoleleiarar vil tre i kraft frå hausten 2016.

Rapport for 2014

Strategien Kompetanse for kvalitet. Strategi for etter- og videreutdanning 2012–2015 dekkjer fag og område der det er særleg behov for vidareutdanning nasjonalt. Om lag 1 800 lærarar tok vidareutdanning i studieåret 2013–14, medan om lag 3 400 lærarar deltek i studieåret 2014–15. Av desse er det over 800 som får stipend, medan resten har vikarordning. Samla måltal var 3 550 deltakarar. For studieåret 2014–15 vart godkjende søkjarar i matematikk, naturfag og rekning som grunnleggjande dugleikar prioriterte, men også søkjarar som søkte om vidareutdanning i andre fag, fekk tilbod.

Om lag 500 skoleleiarar deltok på rektorutdanninga i studieåret 2013–14, og om lag 500 byrja på studiet hausten 2014. Evalueringa av rektorutdanninga, som kom i januar 2014, syner at kvaliteten på utdanninga er høg, og at utdanninga har betra leiarkompetansen hos deltakarane, gitt dei større tryggleik i rolla som leiar og gjort dei betre i stand til å utføre leiaroppgåvene. Evalueringa vart gjennomført av NIFU (Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning) og NTNU Samfunnsforskning.

I 2014 vart det nytta 586,5 mill. kroner til vidareutdanning gjennom strategien Kompetanse for kvalitet.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår å løyve 1,274 mrd. kroner på posten i 2016.

I 2016 foreslår departementet å føre vidare talet på plassar i vidareutdanninga for lærarar innanfor Kompetanse for kvalitet med totalt 5 050 plassar, fordelte på 1 750 plassar i stipendordninga og 3 300 plassar i vikarordninga.

I 2016 foreslår departementet å auke løyvinga med 147,8 mill. kroner som følgje av heilårsverknaden av auken i talet på plassar i vikarordninga og stipendordninga frå 2015.

Departementet vurderer dimensjoneringa av vidareutdanningsordninga som tilstrekkeleg for at skoleeigarane skal kunne oppfylle dei nye kompetansekrava i løpet av ein tiårsperiode.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 11 mill. kroner til ei stipendordning som skal stimulere til at fleire fagarbeidarar tek yrkesfaglærarutdanning. Bakgrunnen for forslaget er at talet på søkjarar til yrkesfaglærarutdanning ikkje er høgt nok. Fortsetter utviklinga som nå vil det kunne oppstå mangel på kvalifiserte lærarar i fleire utdanningsprogram.

Nivået på skoleleiarutdanninga blir ført vidare på same nivå som i 2015, det vil seie totalt 500 plassar.

I statsbudsjettet for 2015 vart det løyvt 50 mill. kroner til kompetanseutvikling av ikkje-kvalifisert undervisningspersonell. Midlane vart nytta til å etablere ei stipendordning for tilsette som manglar formell kompetanse, slik at desse kan søkje om stipend til å gjennomføre lærarutdanning eller praktisk-pedagogisk utdanning. Stipendet til ikkje-kvalifisert undervisningspersonell blir utbetalt til skoleeigarane i takt med progresjonen til studenten, som normalt er 60 studiepoeng over to år. Siste halvdel av stipendet til dei som startar i 2015, vil først bli betalt ut i 2017. Departementet foreslår å føre ordninga vidare i 2016.

For å sikre best mogleg bruk av midlane til vidareutdanning er det behov for ein viss fleksibilitet i fordelinga av løyvinga mellom vikarordninga og stipendordningane på posten.

Kvart år er det nokre lærarar som melder frå at dei ikkje tek imot den studieplassen dei har fått tilbod om. Dette fråfallet har vore på om lag fem pst. i dei siste åra. For å unngå underforbruk av midlar til vidareutdanning legg departementet opp til å tilby studieplassar til fem pst. fleire enn talet på studieplassar.

Som følgje av stipendordningane som blir finansierte av løyvinga på posten, der delar av stipendet først blir utbetalt når vidareutdanninga er fullført, er det behov for ei tilsegnsfullmakt på 180,8 mill. kroner knytt til posten, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Post 50 Nasjonale senter i grunnopplæringa

Løyvinga finansierer tilskott til dei nasjonale sentera i grunnopplæringa. Styring og oppfølging av den faglege verksemda ved sentera er delegert til Utdanningsdirektoratet. Vertsinstitusjonane (universitet og høgskolar) har ikkje ansvar for den faglege verksemda, men for dei administrative tenestene dei yter, jf. universitets- og høyskoleloven § 1-4 fjerde ledd.

Mål for 2016

Dei nasjonale sentera skal medverke til at den nasjonale utdanningspolitikken blir sett i verk og gjennomført slik at barn, unge og vaksne kan få ei likeverdig og tilpassa opplæring av høg kvalitet i eit inkluderande fellesskap. Det er oppretta ti senter på sentrale fagområde:

  • Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (Høgskolen i Oslo og Akershus)

  • Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa (Universitetet i Oslo)

  • Nasjonalt senter for matematikk i opplæringa (Noregs teknisk- naturvitskaplege universitet)

  • Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking (Universitetet i Stavanger)

  • Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Høgskulen i Volda)

  • Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa (Høgskolen i Østfold)

  • Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa (Universitetet i Nordland)

  • Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking (Høgskolen i Sør-Trøndelag)

  • Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking (Universitetet i Stavanger)

  • Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet (Høgskolen i Bergen)

Verksemda i sentera er knytt til dei overordna måla for barnehagesektoren og grunnopplæringa. Sentera er nasjonale ressurssenter som skal bidra til å betre kvaliteten på opplæringa innanfor sine fagområde og for sine målgrupper. Sentera for fleirkulturell opplæring, matematikk i opplæringa, leseopplæring og leseforsking samt læringsmiljø og åtferdsforsking har fått utvida målgruppa til òg å gjelde den pedagogisk-psykologiske tenesta. Sentera skal hjelpe universitets- og høgskolesektoren og lærarutdanningsinstitusjonane i arbeidet med satsingar på kompetanseutvikling.

Departementet har hatt ein gjennomgang av de nasjonale sentera. Ordninga med nasjonale senter vil bli ført vidare. Senterstrukturen, mandat og oppgåver vil bli vurdert.

Gjennomgangen syner mellom anna at sentera over fleire år har bygt opp restmidlar, samt at det er eit forbetringspotensial i styring av sentera, mellom anna knytt til vurdering av måloppnåing. For nærmare omtale, sjå rapport for 2014. Departementet viser òg til Riksrevisjonens Dokument 1 (2014–2015) og Innst. 130 S (2014–2015) frå kontroll- og konstitusjonskomiteen.

Årsakene til at nokre av sentera har hatt økonomiske restmidlar gjennom fleire år, er i hovudsak knytt til ei stor mengd tilleggsoppdrag for fleire av sentera. Saman med dei faste oppdraga til sentera, som blir finansierte av grunnløyvinga til sentera, har det ført til ei stor total mengd oppdrag for sentera som dei ikkje har hatt kapasitet til å gjennomføre fullt ut innanfor det einskilde budsjettåret. Restmidlane har vorte reduserte betydeleg i løpet av dei tre siste åra, og det blir arbeidd målretta for ytterlegare reduksjon. I 2015 og 2016 følgjer det ikkje med nye midlar for mange av tilleggsoppdraga. Det vil seie at sentera må finansiere desse oppdraga med restmidlar. Det er eit mål at dei fleste restmidlane skal vere borte innan utgangen av 2016. Departementet vil følgje utviklinga gjennom 2015 og 2016. Departementet og Utdanningsdirektoratet arbeider vidare med å forbetre styringa av sentera. Det er sett søkjelys på god styring av oppdrag og finansiering av desse, samt på å styrkje rapporteringa frå sentera. Direktoratet skal mellom anna fastsetje styringsparametrar til bruk i mål- og resultatstyringa av sentera. Departementet vil følgje med på utviklinga i styring og finansiering av sentera, og vil vurdere behovet for ytterlegare tiltak.

Departementet har saman med Utdanningsdirektoratet sett i gang ein prosess med Universitetet i Nordland for å sjå på den vidare verksemda ved Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa. Eventuelle økonomiske og administrative konsekvensar vil departementet komme tilbake til i budsjettsamanheng.

Rapport for 2014

Fleire av dei nasjonale sentera har medverka i arbeidet med nasjonale satsingar, som Ungdomstrinn i utvikling, satsing mot fråfall i vidaregåande opplæring, ulike satsingar innanfor realfag, grunnleggjande dugleikar, tiltaksplan for nynorsk og for programfag innanfor framandspråk.

Utdanningsdirektoratet sette i gang ei ekstern evaluering (NIFU) av dei nasjonale sentera i 2013. Rapporten «Evaluering av de nasjonale sentrene i opplæringen – Evaluering av åtte nasjonale sentre i et styrings- og brukerperspektiv» vart levert i desember 2014. Formålet med evalueringa var å sjå på om endringar i mandat, oppdrag og ansvarsområde (mandatrevisjon i 2010) har påverka fagleg arbeid, organisering og drift. I 2014 gav departementet Utdanningsdirektoratet i oppdrag å gi ei tilråding til departementet om formål, økonomi og styringsstruktur ved dei nasjonale sentera. Rapporten var klar i utgangen av januar 2015. NIFU-evalueringa og andre mindre utgreiingar låg til grunn for tilrådingane frå direktoratet. Sentera er viktige verktøy for utdanningsstyresmaktene i arbeidet med å realisere statleg utdanningspolitikk. Gjennomgangen av sentera syner at det er høg aktivitet i sentera, og at barnehagesektoren og grunnopplæringa i hovudsak er godt nøgde med dei støtte- og rettleiingstenestene dei får. Det varierer likevel mellom sentera i kor stor grad dei bli nytta i sektoren. Det same gjer grad av samarbeid med universitets- og høgskolesektoren og lærarutdanningane.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår at løyvinga blir auka med 3,9 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på Helse- og omsorgsdepartementets budsjett, kap. 719 post 21, slik at løyvinga til Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet blir samla på ein post.

Løyvingsforslaget er i tillegg redusert med 5 mill. kroner.

Samla medfører desse to endringane at løyvingsforslaget blir redusert med 1,1 mill. kroner.

Post 60 Tilskott til kommunar og fylkeskommunar

Mål for 2016

Målet for løyvinga er å få meir forskingsbasert kunnskap om kva for tiltak som har god effekt på gjennomføringa i vidaregåande opplæring.

Tilskottet inngår som eit element i satsinga for at fleire skal fullføre vidaregåande opplæring, sjå omtale av Program for bedre gjennomføring i videregående opplæring under kap. 226 post 21. Midlane vil bli tildelte til utvalde fylkeskommunar og forskingsmiljø etter konkurranse.

Rapport for 2014

I tråd med St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja har departementet sidan 2009 gitt ei eiga løyving for tettare oppfølging av elevar i vidaregåande opplæring som har svake grunnleggjande dugleikar på kartleggingsprøver i Vg1, og elevar med svake grunnleggjande dugleikar og høgt fråvær allereie på ungdomstrinnet.

Ein suksessfaktor ser ut til å vere tette relasjonar mellom lærar og elev og tett oppfølging av den einskilde. Midlane blir gitte for å styrkje kapasiteten i sektoren til å leggje til rette for overgangen mellom ungdomstrinnet og vidaregåande skole, og i vidaregåande opplæring. Rapportar frå fylkeskommunane viser stort mangfald i dei lokale tiltaka. Det er vanskeleg å vurdere effekten av løyvinga nasjonalt.

Budsjettforslag for 2016

I Prop. 1 S (2014–2015) for Kunnskapsdepartementet vart det varsla at innretninga av midlane på posten frå 2016 skal sjåast i samanheng med Program for bedre gjennomføring i videregående opplæring. Kunnskapsdepartementet foreslår at midlar på posten skal nyttast til å prøve ut tiltak for betre gjennomføring i vidaregåande opplæring ved hjelp av effektevaluering, fortrinnsvis gjennom kontrollerte eksperiment frå og med hausten 2016. For våren 2016 vil fylkeskommunane få midlar til å avslutte gjeldande ordning. Formålet med utprøvinga er å utvikle og formidle meir kunnskapsbaserte tiltak for å førebyggje fråfall i skolen og tilbakeføre ungdom utanfor opplæring og arbeid.

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2015.

Post 62 Tilskott for auka lærartettleik

Løyvinga på posten finansierer ei fireårig forsøksordning med auka lærartettleik på det ungdomstrinnet som starta hausten 2013. Tilskottet går til kommunar med skolar som i skoleåret 2011–12 hadde ein gjennomsnittleg gruppestørrelse i ordinær undervisning på over 20 elevar per lærar på ungdomstrinnet, og som hadde grunnskolepoeng under snittet for landet. Kommunane kan søkje om tilskott, og dei blir tildelte midlar til eitt eller fleire årsverk per skole ut frå storleiken på dei skolane som er omfatta av ordninga. Midlane skal gå til å auke lærartettleiken i ordinær undervisning ved desse skolane ut over ressursnivået slik dette var før tildeling av midlar.

Mål for 2016

Målet med tilskottsordninga er å styrkje lærartettleiken ved skolar som i skoleåret 2011–12 hadde ein gjennomsnittleg gruppestorleik på over 20 elevar per lærar på ungdomstrinnet og med grunnskolepoeng under snittet for landet.

Rapport for 2014

Tilskottet vart utbetalt til alle kommunane som søkte. Ordninga omfattar 573 nye lærarårsverk i 98 kommunar. Tal frå GSI og rapportar frå enkelte av kommunane om bruk av midlar viser at dei er nytta i tråd med formålet.

Departementet følgjer med på ordninga mellom anna gjennom GSI og særskild rapportering frå kommunane.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2015.

Post 63 Tidleg innsats i skolen gjennom auka lærarinnsats på 1.–4. trinn

Ordninga vart oppretta i statsbudsjettet for 2015. Løyvinga på posten skal sette kommunar i stand til å auke lærartettleiken på 1.–4. trinn i grunnskolen. Midlane er øyremerkte lærarstillingar og blir fordelte til kommunar som ligg over landssnittet for berekna gruppestørrelse 2 (ordinær undervisning) på 1.–4. trinn i GSI, med utgangspunkt i gjennomsnittet for skoleåra 2012–13, 2013–14 og 2014–15. Midlane blir fordelte etter det gjennomsnittlege elevtalet på 1.–4. trinn i dei aktuelle kommunane. 100 kommunar deltek i ordninga.

Inntil 25 pst. av løyvinga på posten skal nyttast til forsking på effektar av fleire lærarstillingar på 1.–4. trinn. Forskingsoppdraget er gitt til Noregs forskingsråd og skal gå over fire år. Målet med forskingsprosjektet er å utvikle kunnskap om effektane av ulike former for auka lærartettleik i småskolen. Satsinga skal gi ny kunnskap om kva for effektar ulike måtar å ta i bruk auka lærarressursar på i skolen, har for læringa og læringsmiljøet til elevane. Satsinga skal òg gi informasjon om korleis fleire lærarressursar eventuelt bidrar til å betre læringsutbyttet og læringsmiljøet til elevane.

Mål for 2016

Tilskottsordninga skal setje kommunar i stand til å auke lærartettleiken på 1.–4. trinn i grunnskolen.

Budsjettforslag for 2016

I statsbudsjettet for 2015 vart det løyvt totalt 200 mill. kroner til lærarstillingar og forskingsoppdrag på posten. Heilårsverknaden er 480 mill. kroner i 2015-prisar. Intervensjonane i forskingsprosjektet startar først opp hausten 2016, og løyvinga vart derfor redusert med den delen som skulle gå til forskingsprosjektet i samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2015, jf. Innst. 360 S (2015–2015). Våreffekten av dette inneber ein reduksjon av løyvinga på 59,5 mill. kroner i 2016.

Departementet foreslår dermed ei løyving på 434,4 mill. kroner på posten i 2016. Den samla ramma for forskingsprosjektet ligg fast.

Post 70 Tilskott til NAROM

NAROM AS er eit nasjonalt senter og skolelaboratorium for alle utdanningsnivåa innanfor romrelatert opplæring. NAROM nyttiggjer seg den etablerte infrastrukturen ved Andøya Space Center (ASC) og forskingsstasjonen ALOMAR, som er eit atmosfæreobservatorium på Andøya. ALOMAR blir leidd av eit styre som er nemnt opp av Norsk Romsenter, og drifta er lagd under Andøya Space Center.

Mål for 2016

NAROM skal bidra til rekruttering til norsk romverksemd samt skape større interesse for real- og teknologifaga. Senteret skal òg arbeide med å få ein posisjon for Noreg innanfor internasjonalt samarbeid om romopplæring.

Målgrupper for tilskottsordninga er elevar og lærarar i grunn- og vidaregåande skole, studentar på relevante fagområde på høgre nivå, lærarstudentar, lærarar og lærarutdanningar. Det er også eit mål å bidra i internasjonalt samarbeid og prosjekt innanfor romrelatert opplæring.

Rapport for 2014

I 2014 er det gjennomført i alt 81 ulike opplæringstiltak, derav 48 tiltak for grunnopplæringa. I alt har 3 490 delteke på ulike aktivitetar. Av desse er 2 972 frå grunnopplæringa.

NAROM har medverka til og hatt ansvaret for fleire nettbaserte læringsressursar. NAROM sin nettressurs sarepta.org hadde 5 900 registrerte brukarar i 2014. Sarepta (Using Space in Education) er ein gratis læringsressurs for elevar og lærarar i grunn- og vidaregåande skole for bruk i geografi og natur- og miljøfag.

NAROM har lagt til rette for ekskursjonar til ASC og bruker aktivt «Romskipet Aurora», der film og oppdrag bidrar til spanande visualisering som skal stimulere barn og ungdom til auka interesse for real- og teknologifag.

NAROM har òg delteke på ulike internasjonale aktivitetar og samarbeidstiltak.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2015.

Post 71 Tilskott til vitensenter

Eit vitensenter er eit populærvitskapleg lærings- og opplevingssenter for teknologi, naturvitskap og matematikk der besøkjande lærer ved å eksperimentere. Vitensentera blir nytta i opplæringa av realfag i barnehagar, skolar og lærarutdanninga og i fritida. Saman utgjer dei regionale vitensentera eit heilskapleg nasjonalt tilbod. Vitensentera er eit viktig verkemiddel for auka kunnskap i realfag og bidrar til å skape interesse for og rekruttering til eit kompetanseområde Noreg treng både nå og i framtida. Sentera fungerer som ei støtte og gir verktøy til skolane og lærarane i opplæringa og bidrar til oppfølging av nasjonale strategiar, slik som realfagsstrategien, jf. omtale under post 21. Tilbodet er knytt til læreplanar i realfag. Ni vitensenter er omfatta av Vitensenterprogrammet:

  • Jærmuseet – Rogaland

  • Nordnorsk vitensenter – Tromsø

  • Vitensenteret i Oslo v/Norsk Teknisk Museum

  • Vilvite – Bergen

  • Vitensenter, Vitenlaben – Grenland

  • Vitensenteret i Trondheim

  • Vitensenteret innlandet – Gjøvik

  • Inspiria Science Center – Østfold

  • Sørlandet vitensenter

Mål for 2016

Målet med tilskottet er å medverke til å utvikle og sørgje for kvalitativ god drift av dei regionale vitensentera som eit tilbod til elevar, studentar, lærarar og foreldre samt allmenta.

Rapport for 2014

I 2014 fekk ni regionale vitensenter statleg støtte på 44,1 mill. kroner. I 2014 nådde talet på besøkjande 800 258. Dette er det høgste talet på besøkjande som er registert. Forklaringa ligg i at 2014 er første året da alle ni vitensentera er i full aktivitet.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2015.

Post 72 Tilskott til utviklingsprosjekt i grunnopplæringa

Rapport for 2014

Følgjande organisasjonar har fått tildelt midlar over denne posten i 2014:

The European Wergeland Centre, Leser søker bok, UNICEF Norge, Kirkelig dialogsenter Stavanger, Dans i Skolen, Foreningen !les, Barnevakten og MOT.

Kap. 227 Tilskott til særskilde skolar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

60

Tilskott til Murmanskskolen

2 111

2 179

2 242

61

Tilskott til vaksenopplæring i Andebu kommune

4 797

4 951

5 095

62

Tilskott til Fjellheimen leirskole

5 716

5 899

6 070

70

Tilskott til Den franske skolen i Oslo

7 121

7 356

10 158

71

Tilskott til internatdrifta ved Krokeide vidaregåande skole

24 615

25 427

26 164

72

Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College

31 045

32 069

32 999

73

Tilskott til opplæring i Kenya

763

676

74

Tilskott til Signo grunn- og videregående skole og Briskeby videregående skole

40 049

41 324

42 522

75

Tilskott til opplæring i rusinstitusjonar

8 990

10 330

10 630

76

Tilskott til Foreningen Norden og Norsk håndverksinstitutt

3 587

4 857

Sum kap. 0227

125 207

133 798

140 737

Kap. 227 omfattar i hovudsak tilskott til skolar som ikkje har lovheimla rett til tilskott, men som departementet likevel ønskjer å støtte fordi verksemda ved skolane dekkjer viktige behov.

Post 60 Tilskott til Murmanskskolen

Mål for 2016

Målet med tilskottsordninga er å gi elevar frå Noreg med kompetanse i russisk høve til å ta siste året i vidaregåande opplæring (Vg3) ved norsk-russisk vidaregåande skole i Murmansk (Murmanskskolen). Troms fylkeskommune er ansvarleg for den vidaregåande opplæringa ved Murmanskskolen. Tilskottet går til Troms fylkeskommune og skal nyttast til drift av Murmanskskolen.

Rapport for 2014

I skoleåret 2014–15 var det ni elevar frå Noreg som tok Vg3 ved Murmanskskolen.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2015.

Post 61 Tilskott til vaksenopplæring i Andebu kommune

Stiftelsen Signo har ein institusjon og ein skole for døvblinde og døve med tilleggsfunksjonshemmingar i Andebu kommune. Andebu kommune er ifølgje opplæringslova ansvarleg for å finansiere opplæring for vaksne som har meldt flytting til kommunen. Tilskottet skal dekkje ekstrakostnader kommunen har knytte til dette ansvaret, inkludert kostnadene til sakkunnige vurderingar.

Mål for 2016

Målet med denne ordninga er å medverke til at vaksne som bur ved Stiftelsen Signo i Andebu kommune, får vaksenopplæring dersom dei har behov for det.

Rapport for 2014

Av tilskottet på 4,8 mill. kroner som kommunen fekk overført i 2014, vart om lag 4,1 mill. kroner nytta til kjøp av vaksenopplæringstenester frå Signo og om lag 390 000 kroner til kjøp frå PP-tenesta. Resten gjekk til å finansiere utgifter knytte til administrative meirutgifter for Andebu kommune.

Talet på elevar som fekk opplæring, var 19 i vårhalvåret og 16 i hausthalvåret.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2015.

Post 62 Tilskott til Fjellheimen leirskole

Mål for 2016

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at barn, unge og vaksne med psykisk utviklingshemming eller med lærevanskar kan få eit opphald ved Fjellheimen leirskole. Slik kan dei utviklingshemma få eit meiningsfylt tilbod om rekreasjon med tilpassa friluftsliv og sosial omgang i trygge omgivnader.

Rapport for 2014

Talet på deltakarar ved leirskolen i 2014 var totalt 887 personar. Tilskottet vart avkorta i 2015, da leirskolen ikkje oppnådde aktivitetskravet på 900 personar i 2014.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2015.

Post 70 Tilskott til Den franske skolen i Oslo

Noreg har inngått ein avtale med Frankrike som forpliktar Noreg til å gi eit årleg tilskott til Den franske skolen i Oslo, mot at Frankrike i eige land legg til rette for opplæring av lærlingar frå Noreg. På skolen går det elevar frå både Frankrike og Noreg, samt elevar frå mange andre land.

Mål for 2016

Målet med tilskottsordninga er å styrkje samarbeidet med Frankrike og stillinga til det franske språket i Noreg.

Rapport for 2014

I skoleåret 2014–15 hadde Den franske skolen i Oslo 275 elevar på barnetrinnet, 153 elevar på ungdomstrinnet og 67 elevar i vidaregåande opplæring, totalt 498 elevar.

Dette er ein auke på elleve elevar frå skoleåret 2013–14. I skoleåret 2014–15 var det 15 lærlingar frå Noreg som fekk opplæring innanfor restaurant- og matfaget i Frankrike. På det nye programmet baccalauréat Bac Pro Cuisine var det seks elevar som starta hausten 2014, seks elevar gjekk andre året, medan tre elevar gjekk tredje året.

Budsjettforslag for 2016

Med ny friskolelov er det ikkje lenger grunnlag for å gi tilskott til kompletterande undervisning til elevar som går på skole i Noreg, jf. Innst. 344 L (2014–2015) og Prop. 84 L (2014–2015). Dette inneber at internasjonale og utanlandske grunnskolar som er godkjende etter opplæringslova § 2-12, ikkje lenger kan få slikt tilskott. For at det samla tilskottet til Den franske skolen ikkje skal reduserast, foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 2,6 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 228 post 78. Utover denne endringa blir løyvinga ført vidare på same nivå som i 2015.

Post 71 Tilskott til internatdrifta ved Krokeide vidaregåande skole

Mål for 2016

Målet med tilskottsordninga er å medverke til finansiering av drifta av internatet ved Krokeide vidaregåande skole og det sosialmedisinske hjelpeapparatet ved skolen. Skolen er eigd av Landsforeningen for hjerte- og lungesyke, og tilbyr yrkesretta vidaregåande opplæring for personar med fysiske eller psykiske utfordringar. Skolen er eit landsdekkjande tilbod, som er godkjent for 200 elevar og til og med skoleåret 2014–15 hadde plass til om lag 90 elevar på internatet. Frå hausten 2015 er internatet utvida og har nå plass til om lag 106 elevar.

Rapport for 2014

I 2014 var det 92 elevar på internatet om våren, og 92 elevar om hausten.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2015.

Post 72 Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College

United World Colleges (UWC) er ein internasjonal organisasjon som arbeider for å fremme fred og forståing gjennom utdanning. Stiftinga av den første skolen i Wales i 1962 var inspirert av utfordringar knytte til den kalde krigen. Det eksisterer i alt tolv UWC-skolar, og Røde Kors Nordisk United World College i Fjaler i Sogn og Fjordane (RKNUWC) er ein av desse. Skolen fører elevane fram til ein International Baccalaureate (IB)-eksamen.

Mål for 2016

Målet med tilskottsordninga er å medverke til finansiering av RKNUWC, slik at dei nordiske landa kan halde fram med å ha ein UWC-skole plassert i Noreg. I ei stadig meir globalisert verd er det viktig å leggje til rette for auka forståing mellom folk frå ulike land.

Rapport for 2014

Skoleåret 2014–15 hadde RKNUWC 197 elevar frå 94 land. 58 av elevane kom frå nordiske land, sju elevar frå Nord-Amerika, 20 elevar frå Vest-Europa utanom Norden, 31 elevar frå Afrika, 30 elevar frå Asia, 20 elevar frå Aust- og Sentral-Europa, ti elevar frå Midtausten og 21 elevar frå Latin-Amerika. Elevtalet og fordelinga mellom kva regionar elevane kjem frå, har vore relativt stabile i dei siste åra.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2015.

Post 73 Tilskott til opplæring i Kenya

Misjonærskolen i Kenya driv desentralisert undervisning for barneskoleelevar og har ei samarbeidsordning med internasjonale skolar for ungdomsskoleelevar. Ordninga er avvikla frå og med skoleåret 2015–16.

Rapport for 2014

I skoleåret 2014–15 fekk to elevar på barnetrinnet og tre elevar på ungdomstrinnet undervisning lokalt i Kenya. Dette er ein elev færre enn i skoleåret 2013–14.

Budsjettforslag for 2016

Frå skoleåret 2015–16 blir tilskottsordninga avvikla. Departementet foreslår på denne bakgrunnen at det ikkje blir løyvt midlar på posten i 2016.

Post 74 Tilskott til Signo grunn- og videregående skole og Briskeby videregående skole

Ordninga vart oppretta i 2012 i samband med at Signo grunn- og videregående skole (Signo) og Briskeby videregående skole (Briskeby) vart godkjende som private skolar for funksjonshemma elevar. Skolane får i tillegg til tilskottet over denne posten eit tilskott etter privatskolelova over kap. 228 post 75 i samsvar med elevtalet.

Mål for 2016

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Signo og Briskeby skal kunne gi eit tilbod av høg kvalitet til målgruppene sine. Målgruppene til Signo er døvblinde og døve med tilleggsfunksjonshemmingar, mens målgruppa til Briskeby er høyrselshemma elevar.

Rapport for 2014

Våren 2014 var det sju elevar på grunnskolenivå og ni heiltids- og to deltidselevar på vidaregåande nivå ved Signo, og det var 30 heiltids- og 21 deltidselevar på vidaregåande nivå ved Briskeby. Hausten 2014 var det åtte elevar på grunnskolenivå og 13 heiltidselevar på vidaregåande nivå ved Signo, medan Briskeby hadde 30 heiltids- og 23 deltidselevar på vidaregåande nivå.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår at løyvinga for 2016 blir ført vidare på same nivå som i 2015.

Post 75 Tilskott til opplæring i rusinstitusjonar

Tilskottsordninga skal medverke til å føre vidare det heilskaplege opplæringstilbodet ved dei to rusinstitusjonane Tyrilistiftelsen og Stiftelsen Fossumkollektivet i Østfold og Hedmark. Posten vart oppretta i 2014. Tilskottet skal dekkje kostnader til opplæring som ligg utanfor ramma av opplæringslova, og som derfor ikkje ligg under ansvaret til fylkeskommunane.

Mål for 2016

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at bebuarar på dei to rusbehandlingsinstitusjonane får eit heilskapleg og individuelt til rettelagt skole- og opplæringsførebuande opplæringsløp. Formålet er å gjere dei best mogleg i stand til å gå inn i og fullføre eit ordinært opplæringsløp i skole eller arbeidsliv.

Rapport for 2014

66 elevar frå 17 ulike fylke i 2014 har vore knytte til skoleavdelinga til Fossumkollektivet i Østfold. Ved dei to avdelingane i Hedmark har til saman 25 elevar teke del i ulike opplæringstilbod.

Ved dei to verksemdene Tyrilistiftelsen har i Hedmark, har 55 bebuarar hatt eit opplæringstilbod i regi av Frankmotunet, og 73 bebuarar har delteke på ulike skoletilbod ved Mesnali/Lillehammer i 2014.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår at løyvinga for 2016 blir ført vidare på same nivå som i 2015.

Post 76 Tilskott til Foreningen Norden og Norsk håndverksinstitutt

Foreningen Norden arbeider med å leggje til rette for at nordisk samfunn, kultur og språk får ein tydeleg plass i undervisninga gjennom heile grunnopplæringa. Foreningen Norden har som hovudmålsetjing å gi alle elevar ei nordisk oppleving i løpet av skolegangen, anten det er gjennom undervisning i nordiske tema eller gjennom møte med unge og vaksne frå dei andre nordiske landa.

Norsk håndverksinstitutt arbeider for å ta vare på og halde ved like gammal handverkskunnskap og er ein organisasjon som har eit mandat som strekkjer seg ut over innramminga for grunnopplæringa. Senter for immateriell kulturarv er ein del av Lillehammer museum og rommar Norsk håndverksinstitutt, som er den viktigaste delen av verksemda. I samanheng med at Noreg har ratifisert UNESCO-konvensjonen om immateriell kulturarv, blir det særskilt lagt vekt på levande handverkstradisjonar. Arbeidet til Norsk håndverksinstitutt er eit viktig bidrag for å oppfylle intensjonen med konvensjonen.

Mål for 2016

Tilskottsordninga skal medverke til drift av Foreningen Norden og Norsk håndverksinstitutt.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår å føre tilskottet til Foreningen Norden vidare på same nivå som i 2015. Tilskottet til Norsk håndverksinstitutt er foreslått auka med 1,2 mill. kroner for å styrkje stipendiatordninga frå to til fire stipendiatar til utvikling av gamle handverkstradisjonar.

Kap. 228 Tilskott til frittståande skolar o.a.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

70

Frittståande grunnskolar, overslagsløyving

1 741 937

1 701 414

1 866 052

71

Frittståande vidaregåande skolar, overslagsløyving

1 423 457

1 468 254

1 518 316

72

Frittståande skolar godkjende etter kap. 4 i vaksenopplæringslova, overslagsløyving

147 910

139 306

146 078

73

Frittståande grunnskolar i utlandet, overslagsløyving

110 227

109 555

119 492

74

Frittståande vidaregåande skolar i utlandet, overslagsløyving

22 263

27 166

23 026

75

Frittståande skolar for funksjonshemma elevar, overslagsløyving

238 290

240 682

259 368

76

Andre frittståande skolar, overslagsløyving

45 148

46 533

47 312

77

Den tyske skolen i Oslo, overslagsløyving

14 101

13 780

17 180

78

Kompletterande undervisning

36 831

31 361

23 277

79

Toppidrett

38 964

40 250

41 417

80

Friskoleorganisasjonar

691

714

735

81

Elevutveksling til utlandet

1 780

1 839

1 892

82

Kapitaltilskott til friskolar, kapital- og husleigetilskott

10 000

20 330

20 920

Sum kap. 0228

3 831 599

3 841 184

4 085 065

Lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar (friskolelova) skal medverke til at det kan bli oppretta og drive frittståande skolar i Noreg, slik at foreldre og elevar kan velje andre skolar enn dei offentlege, jf. menneskerettsloven § 2 nr. 2. Lova gjeld godkjenning med rett til statstilskott for frittståande grunnskolar og frittståande vidaregåande skolar, og vilkåra for å få slikt tilskott. Lova stiller mellom anna krav til kvaliteten på opplæringa.

Endringar i privatskolelova («ny friskolelov») tredde i kraft 1. august 2015, jf. Innst. 344 L (2014–2015), jf. Prop. 84 L (2014–2015). Ny friskolelov fører vidare ordninga med krav til særskilt grunnlag for godkjenning, og innfører to nye godkjenningsgrunnlag – profilskolar og skolar som tilbyr vidaregåande opplæring i yrkesfaglege utdanningsprogram. Fråsegna om at alle offentlege tilskott og skolepengar skal komme elevane til gode, og at det er forbode å ta utbytte, er ført vidare og tydeleggjord i ny friskolelov.

Løyvingane under kap. 228 går til tilskottsordningar til frittståande skolar som er godkjende etter friskolelova eller vaksenopplæringslova. I tillegg blir det over dette kapitlet gitt tilskott til kompletterande undervisning, jf. friskolelova § 6-4, Den tyske skolen i Oslo, toppidrett, friskoleorganisasjonar og til elevutveksling i utlandet. Satsane for tilskott til dei fleste frittståande skolane byggjer på dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege skolen, jf. friskolelova kap. 6. Satsane for 2016 er rekna ut på grunnlag av dei ressursane kommunane brukte til skole i 2014, rapporterte gjennom KOSTRA. Tilskottsgrunnlaget er korrigert for utgifter som er rapporterte i KOSTRA, men som ikkje skal vere med i grunnlaget for utrekninga av tilskottet fordi desse utgiftene gjeld kommunesektoren og ikkje dei frittståande skolane. Satsane er justerte for ein venta pris- og lønnsauke fram til og med 2016. Nærmare informasjon om utrekningsmåten ligg på www.utdanningsdirektoratet.no.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 655 i samband med handsaminga av Innst. 344 L (2014–2015), jf. Prop. 84 L (2014–2015):

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til hvordan en kan sikre rekrutteringen til de små og verneverdige håndverksfagene og finansiering av disse utdanningene.»

Regjeringa vil vurdere forslag til korleis ein kan sikre rekruttering til og finansiering av små og verneverdige handverksfag, og komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

I denne samanhengen viser departementet òg til at Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å gå gjennom vilkåra og strukturen for dei små og verneverdige faga i vidaregåande opplæring. Både fagleg råd for design og handverk og eit eige arbeidsutval vil våren 2016 levere forslag til organisering for å sikre betre relevans og kvalitet for desse faga.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 656 i samband med handsaminga av Innst. 344 L (2014–2015), jf. Prop. 84 L (2014–2015):

«Stortinget ber regjeringen utrede krav om at hoveddelen av det pedagogiske personalet må være ansatt i skolen, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Krav om at hovuddelen av det pedagogiske personalet i godkjende friskolar må vere tilsette i skolen, vil bli greidd ut, og eit eventuelt forslag om lovendring vil bli sendt ut til høyring hausten 2016. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 657 i samband med handsaminga av Innst. 344 L (2014–2015), jf. Prop. 84 L (2014–2015):

«Stortinget ber regjeringen utrede et lovfestet krav om en ikke-kommersiell formålsbestemmelse i friskolenes vedtekter og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Eit lovfesta krav om ei ikkje-kommersiell formålsfråsegn i vedtektene til friskolane vil bli greidd ut, og eit eventuelt forslag om lovendring vil bli sendt ut til høyring hausten 2016. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Mål for 2016

Målet med tilskottsordningane er å oppfylle dei finansielle pliktene staten har overfor frittståande skolar som er godkjende etter friskolelova. Frittståande skolar som er godkjende etter § 2-1 i friskolelova og § 17 i kap. 4 i vaksenopplæringslova, har rett til tilskott og til å drive verksemd etter føresegnene i lova.

Rapport for 2014

Tabellen under viser korleis talet på elevar og frittståande skolar som får tilskott, har endra seg frå skoleåret 2012–13 til skoleåret 2014–15. For grunnskolen gjeld tala frå elevteljinga 1. oktober. For vidaregåande skole gjeld gjennomsnittet av talet på elevar frå elevteljingane 1. oktober og 1. april.

Tabell 4.4 Friskolar, tal på skolar og elevar

Skolar

Elevar

Skoletype

2012–13

2013–14

2014–15

2012–13

2013–14

2014-15

Skolar for funksjonshemma elevar

12

14

14

639

666

699

Vidaregåande skolar godkjende etter kap. 4 i vaksenopplæringslova

31

31

31

1 381

1 374

1 324

Andre frittståande skolar

2

2

2

180

179

179

Vidaregåande skolar

74

75

77

12 682

12 901

13 276

Grunnskolar

171

180

192

15 996

16 845

18 078

Grunnskolar i utlandet

13

11

11

847

839

903

Vidaregåande skolar i utlandet

5

5

5

213

214

190

Sum

308

318

203

31 938

33 018

34 649

Hausten 2014 gjekk 2,9 pst. av grunnskoleelevane i frittståande skolar i Noreg. Hausten 2013 var talet til samanlikning 2,7 pst. Hausten 2014 gjekk 6,8 pst. av elevane på vidaregåande nivå i private skolar. Hausten 2013 var talet til samanlikning 6,5 pst. For omtale av Utdanningsdirektoratets tilsyn med private skolar, sjå omtale under kap. 220.

Post 70 Frittståande grunnskolar, overslagsløyving

Frittståande grunnskolar som er godkjende etter friskolelova, får tilskott tilsvarande 85 pst. av tilskottssatsen.

Budsjettforslag for 2016

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar samt kompensasjon for innføring av ein ny naturfagstime foreslår departementet å auke løyvinga på posten med om lag 164,6 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2015.

Post 71 Frittståande vidaregåande skolar, overslagsløyving

Frittståande vidaregåande skolar som er godkjende etter friskolelova, får tilskott tilsvarande 85 pst. av tilskottssatsen.

Budsjettforslag for 2016

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar, samt at ekstra tilskott til Oslo By Steinerskole er ført vidare, jf. Innst. 360 S (2014–2015), foreslår departementet å auke løyvinga på posten med om lag 50,1 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2015.

Posten omfattar eit årleg tilskott til Kongshaug Musikkgymnas som kjem i tillegg til det beløpet skolen får etter privatskolelova, jf. St.prp. nr. 1 (2003–2004) for Utdannings- og forskingsdepartementet og Prop. 1 S (2013–2014) for Kunnskapsdepartementet. For 2016 foreslår departementet at skolen får om lag 3,6 mill. kroner i særskilt tilskott.

Posten omfattar også eit årleg tilskott til Oslo By Steinerskole, jf. Innst. 360 S (2014–2015). For 2016 foreslår departementet at skolen får om lag 2,1 mill. kroner i særskilt tilskott.

Post 72 Frittståande skolar godkjende etter kap. 4 i vaksenopplæringslova, overslagsløyving

Vaksenopplæringslova slår fast at satsane for tilskott til desse skolane skal reknast ut frå eit tilskottsgrunnlag som svarer til kostnader per elev i offentleg skole. Satsane til desse skolane er knytte til tre av satsane for frittståande vidaregåande skolar, med unntak av satsane til Norsk Yrkesdykkerskole. Dei tre satsane er knytte til utdanningsprogram for studiespesialisering, idrettsfag, og musikk, dans og drama. Vidaregåande skolar godkjende etter kap. 4 i vaksenopplæringslova får 75 pst. av tilskottssatsane.

Budsjettforslag for 2016

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å auke løyvinga på posten med om lag 6,8 mill. kroner.

Post 73 Frittståande grunnskolar i utlandet, overslagsløyving

Skolane får tilskott etter same grunnlag som frittståande grunnskolar i Noreg, men satsen blir høgre da desse skolane ikkje er omfatta av ordninga med kompensasjon for meirverdiavgift. Posten omfattar òg avrekning mellom Noreg og Sverige for svenske elevar i norske skolar i utlandet og for norske elevar ved svenske frittståande grunnskolar i utlandet. I tillegg omfattar posten utgifter til spesialundervisning.

Budsjettforslag for 2016

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar samt kompensasjon for innføring av ein ny naturfagstime foreslår departementet å auke løyvinga på posten med om lag 9,9 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2015.

Post 74 Frittståande vidaregåande skolar i utlandet, overslagsløyving

Skolane får tilskott etter same grunnlag som frittståande vidaregåande skolar i Noreg, men satsen blir høgre sidan desse skolane ikkje er omfatta av ordninga med kompensasjon for meirverdiavgift. Posten omfattar òg utgifter til spesialundervisning.

Budsjettforslag for 2016

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 4,1 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2015.

Post 75 Frittståande skolar for funksjonshemma elevar, overslagsløyving

Grunn- og vidaregåande skolar for funksjonshemma elevar får dekt 100 pst. av driftsutgiftene sine med statstilskott etter ein normalsats per elev, jf. friskolelova § 6-1 fjerde ledd. Nokre av skolane får i tillegg statstilskott til husleigeutgifter på same nivå som i 2003, jf. Innst. O. nr. 80 (2002–2003).

Budsjettforslag for 2016

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 18,7 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2015.

Post 76 Andre frittståande skolar, overslagsløyving

Posten omfattar tilskott til Sørlandet Seilende Skoleskibs Institution (MS Sjøkurs) og Unge Sjømenns Kristelige Forening (MS Gann). Skolane får tilskott per elev etter satsen for utdanningsprogram for teknikk og industriell produksjon. Skolane får 85 pst. av tilskottssatsen. I tillegg får desse skolane eit fast tilskott som blir prisjustert kvart år.

Budsjettforslag for 2016

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 0,8 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2015.

Post 77 Den tyske skolen i Oslo, overslagsløyving

Gjeldande avtale mellom Noreg og Tyskland om Den tyske skolen i Oslo vart godkjend av Stortinget 19. november 2009, jf. Innst. 43 S (2009–2010) og St.prp. nr. 92 (2008–2009) Om samtykke til inngåelse av en avtale mellom Norge og Tyskland om omgjøring av Den tyske skolen i Oslo – Max Tau til en tysk-norsk bikulturell skole. Tilskottet blir rekna ut på same måte som tilskottet til frittståande skolar som er godkjende etter privatskolelova, men med 54,4 pst. av tilskottssatsen.

Rapport for 2014

Hausten 2014 var det 277 elevar ved Den tyske skolen i Oslo – 171 elevar på barnetrinnet, 71 elevar på ungdomstrinnet og 35 elevar på studiespesialiserande utdanningsprogram på vidaregåande nivå. Dette utgjer ein auke på 37 elevar samanlikna med hausten 2013, da fordelinga var 115 elevar på barnetrinnet, 107 elevar på ungdomstrinnet og 18 elevar på studiespesialiserande utdanningsprogram på vidaregåande nivå.

Budsjettforslag for 2016

Med ny friskolelov er det ikkje lenger grunnlag for å gi tilskott til kompletterande undervisning til elevar som går på skole i Noreg, jf. Innst. 344 L (2014–2015) og Prop. 84 L (2014–2015). Dette inneber at internasjonale og utanlandske grunnskolar som er godkjende etter opplæringslova § 2-12, ikkje lenger kan få slikt tilskott. For at det samla tilskottet til Den tyske skolen ikkje skal bli redusert, foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 1,4 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon på post 78. I tillegg foreslår departementet å auke løyvinga med 2 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2015 som følgje av oppdaterte satsar og elevtal.

Post 78 Kompletterande undervisning

Tilskottsordninga medverkar til finansiering av kompletterande undervisning i norsk, samfunnsfag og kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE) for elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskolar. Tilskottsmottakarar i ordninga er to sertifiserte nettskolar – Globalskolen og Norskskolen. Til og med 2015 var norske og svenske skolar i utlandet tilskottsmottakarar i ordninga. Til og med 2015 var også internasjonale grunnskolar og utanlandske skolar i Noreg med godkjenning etter opplæringslova § 2-12 tilskottsmottakarar i ordninga.

Rapport for 2014

Tabellen nedanfor viser at elevtala har vore relativt stabile i dei tre siste åra. Av elevar i utlandet er det flest elevar som får undervisning ved ein av dei to nettskolane, medan nokre få elevar får kompletterande undervisning ved svenske grunnskolar i utlandet.

Tabell 4.5 Oversikt over talet på elevar som har fått kompletterande undervisning frå 2012 til 2014, fordelt på ulike skoletypar

Elevtal

2012

2013

2014

Nettskolar

1 952

1 853

1 876

Utanlandske og internasjonale grunnskolar i Noreg

1 399

1 355

1 447

Svenske grunnskolar i utlandet

75

70

75

Undervisning gitt av foreldre eller i organiserte grupper

Sum

3 426

3 278

3 398

Budsjettforslag for 2016

I den nye friskolelova er det gjort endringar i § 6-4 slik at føresegna ikkje lenger gir grunnlag for å gi tilskott til kompletterande undervisning til elevar som går på skole i Noreg, jf. Innst. 344 L (2014–2015) og Prop. 84 L (2014–2015). Endringa fører til at internasjonale og utenlandske skolar i Noreg, av desse Den tyske skolen i Noreg og Den franske skolen i Noreg, ikkje lenger kan få tilskott til kompletterande undervisning. Noreg har inngått bilaterale avtalar med høvesvis Tyskland og Frankrike om blant anna finansieringa av desse skolane. For å føre vidare tilskottet på same nivå i samsvar med forpliktingane i avtalane, foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med om lag 4 mill. kroner mot ein tilsvarande samla auke av dei ordinære tilskottspostane til Den franske skolen i Noreg og Den tyske skolen i Noreg, høvesvis kap. 227 post 70 (2,6 mill. kroner) og kap. 228 post 77 (1,4 mill. kroner).

Departementet foreslår samtidig å avvikle ordninga med kompletterande undervisning for elevar ved norske og svenske skolar i utlandet. Ordninga blir dermed avgrensa til å gjelde nettskolar. På denne bakgrunnen foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 5 mill. kroner.

Departementet foreslår å redusere løyvinga samla sett med om lag 9 mill. kroner.

Departementet vil gjennomgå ordninga med kompletterande undervisning for å vurdere om ho er innretta på ein tenleg måte.

Post 79 Toppidrett

Ordninga gjeld skolar som i tillegg til godkjenninga etter friskolelova er godkjende som toppidrettsgymnas av Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF). Ordninga omfattar følgjande skolar: NTG i Bærum, Geilo, Kongsvinger, Lillehammer og Tromsø, Wang i Oslo, Fredrikstad, Stavanger og Tønsberg, Telemark toppidrettsgymnas og Haugesund toppidrettsgymnas. Det blir gitt eit fast tilskott til kvar av desse skolane. Det er ein føresetnad at skolane har elevar på tilbodet om særskild tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett. Dersom det blir fleire godkjende skolar med tilbod om slik opplæring, og som samtidig blir godkjende av NIF, vil dei ikkje automatisk bli omfatta av ordninga med særskilt toppidrettstilskott. Tilskottsposten blir prisjustert kvart år. Nærmare informasjon om tilskott per skole ligg på www.utdanningsdirektoratet.no.

Mål for 2016

Målet med tilskottet er å medverke til at dei skolane som er omfatta av ordninga, kan leggje til rette for at toppidrettsutøvarar kan kombinere trening med vidaregåande opplæring.

Rapport for 2014

Hausten 2014 var det 2 455 elevar ved desse skolane. Til samanlikning var det 2 385 elevar ved desse skolane hausten 2013.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2015.

Post 80 Friskoleorganisasjonar

Tilskott blir gitt til organisasjonar som har frittståande skolar med rett til statstilskott som medlemmer.

Mål for 2016

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at friskoleorganisasjonane kan drive med samordningsoppgåver for medlemsskolane sine.

Rapport for 2014

I 2014 fekk fem friskoleorganisasjonar tilskott ut frå at dei til saman hadde 249 godkjende medlemsskolar.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2015.

Post 81 Elevutveksling til utlandet

Statstilskott etter friskolelova kan ikkje nyttast til elevutveksling til utlandet. Denne tilskottsordninga gjeld for utveksling til utlandet for elevar i frittståande vidaregåande skolar med rett til statstilskott. Skolane kan søkje om støtte til administrasjon, oppfølging av og til rettelegging for elevutveksling. Tilskottet kan bli gitt til godkjende samarbeidsprosjekt mellom norske frittståande vidaregåande skolar med rett til statstilskott og utanlandske skolar. Følgjande frittståande vidaregåande skolar er godkjende for å kunne bli tildelte slikt tilskott: Danielsen videregående skole i Bergen, Heltberg Private Gymnas i Oslo og Drottningborg videregående skole i Grimstad.

Mål for 2016

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at skolane som er omfatta av ordninga, kan tilby elevutveksling i utlandet.

Rapport for 2014

I 2014 fekk kvar av skolane eit basistilskott på 100 000 kroner. Resten av tilskottsmidlane vart fordelte etter talet på elevar innanfor ordninga. Skolane har mottatt tilskott for totalt 76 elevar for skoleåret 2014–15. Dette er same elevtal som i skoleåret 2013–14.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2015.

Post 82 Kapitaltilskott til friskolar, kapital- og husleigetilskott

Tilskottet vart oppretta i 2014. Frittståande grunn- og vidaregåande skolar i Noreg som får driftstilskott under kap. 228 postane 70 og 71, er omfatta av ordninga. I 2016 blir tilskottet fordelt til desse skolane etter talet på elevar per 1. oktober 2015.

Mål for 2016

Målet med tilskottsordninga er å medverke til å dekkje husleige- og kapitalutgifter for frittståande grunn- og vidaregåande skolar i Noreg som får driftstilskott under kap. 228 postane 70 og 71.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2015.

Kap. 229 Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter

26 847

23 168

23 269

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

708

1 128

1 158

Sum kap. 0229

27 555

24 296

24 427

Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga på posten går til drift av Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar. Fagskolen har elevar og studentar fordelte på tre hovudretningar: blomsterdekoratør-, gartnar- og anleggsgartnarfaglege utdanningsprogram. Vea er NOKUT-godkjend tilbyder innanfor fagområdet grøne design og miljøfag og har i dag ni ulike fagskoletilbod innanfor fagområdet.

Skolen skal framleis gi tilbod på vidaregåande nivå for elevar frå ulike fylke når fylkeskommunen betaler for det, jf. kap. 3229 post 61. I tillegg gir skolen tilbod om vaksenopplæring på vidaregåande nivå.

Mål for 2016

Den fremste målsetjinga til Vea er å utdanne kompetente yrkesutøvarar som bransjen og næringa treng på grøne fagområde.

I 2016 skal Vea halde fram med arbeidet med å utvikle ei fagskoleutdanning med god kvalitet, auke talet på studentar gjennom fleksible og tilpassa studieopplegg, heve kompetansen hos tilsette og utvikle fagleg samarbeid med nasjonale og internasjonale miljø.

Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om fagskolane hausten 2016. Regjeringa vil sjå Vea i samanheng med andre fagskolar, og det statlege eigarskapet til Vea vil bli vurdert i samband med arbeidet med stortingsmeldinga.

Rapport for 2014

Opptaket hausten 2014 viser eit stabilt tilfang av elevar og studentar. Tal for opptaket, med teljedato 1. oktober, viser at Vea samla har 126 elevar og studentar som tek utdanning på heiltid og deltid. Det er like mange elevar og studentar som året før.

I skoleåret 2014–15 var det ingen heiltidsstudentar på fagskolenivå, medan det var 65 deltidsstudentar på dette nivået.

I skoleåret 2014–15 var det 52 deltidsstudentar og åtte heiltidsstudentar som tok vaksenopplæring på vidaregåande nivå. I tillegg tok ein av elevane i vidaregåande opplæring alternativ Vg3 blomsterdekoratør gjennom fylkeskjøpte plassar.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår ei samla løyving til Vea på 24,4 mill. kroner i 2016. Løyvingsforslaget er ført vidare på same nivå som i 2015.

Departementet foreslår at løyvinga over post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3229 postane 02 og 61, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3229 Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

02

Salsinntekter o.a.

5 410

1 681

1 722

15

Refusjon arbeidsmarknadstiltak

83

18

Refusjon av sjukepengar

411

61

Refusjon frå fylkeskommunar

337

1 103

1 135

Sum kap. 3229

6 241

2 784

2 857

Post 02 gjeld inntekter frå mellom anna kurs og vaksenopplæring, sal frå kantine, hybelutleige og betaling frå heimeskolane for fjernundervisning. Post 61 gjeld betaling frå fylkeskommunar for kjøp av opplæringsplassar ved skolen. Departementet foreslår å føre løyvingane vidare på same nivå som i 2015.

Kap. 230 Statleg spesialpedagogisk støttesystem

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter

658 454

636 932

638 992

21

Særskilde driftsutgifter

41 899

59 978

61 409

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

13 788

8 644

8 877

Sum kap. 0230

714 141

705 554

709 278

Statped (Statleg spesialpedagogisk støttesystem) er ei verksemd underlagd Utdanningsdirektoratet og er statens verkemiddel for å støtte kommunar og fylkeskommunar i deira arbeid med å nå sektormåla og realisere samfunnsmandatet for grunnopplæringa for barn, unge og vaksne med særskilde behov. Statped gir spesialpedagogiske tenester på individ- og systemnivå til kommunar og fylkeskommunar og spreier spesialpedagogisk kompetanse og forskingsbasert kunnskap om likeverdig, tilpassa og inkluderande opplæring. I perioden 2012–16 er Statped under omstilling. Omstillinga er ei oppfølging av Stortingets handsaming av Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap, jf. Innst. 405 S (2010–2011).

Post 01 Driftsutgifter, post 21 Særskilde driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga gjeld drift av Statped, inkludert ventelønn og lønn etter rettsvilkårsavtalen for overtalige. I tillegg blir det over post 01 gitt midlar til internasjonalt samarbeid m.m., drift av Utdanningsdirektoratets råd for likeverdig utdanning og utgifter til nasjonal koordinator i Utdanningsdirektoratet for the European Agency for Special Needs and Inclusive Education.

Mål for 2016

Statped skal arbeide etter følgjande mål i 2016:

  • Vere ein tydeleg og tilgjengeleg ytar av spesialpedagogiske tenester til kommunar og fylkeskommunar. Alle kommunar og fylkeskommunar skal få likeverdig tilgang til tenester frå Statped.

  • Vidareutvikle spisskompetanse innanfor spesialpedagogiske fagområde og vere ein bidragsytar til kunnskaps- og kompetansespreiing om likeverdig, tilpassa og inkluderande opplæring på desse områda.

  • Statped skal arbeide ut frå ein heilskapleg FoU-strategi for prioritering av område for forskings- og utviklingsarbeid på det spesialpedagogiske området, forankra i eit samarbeid med universitet og høgskolar.

I 2016 skal arbeidet med omorganiseringa av Statped fullførast. Statped skal vere ein meir einskapleg organisasjon som bruker kompetansen i organisasjonen på ein meir heilskapleg måte, både i tenesteytinga og i kunnskapsutviklinga. Eit viktig arbeid blir å vidareutvikle samarbeidet med kommunar og fylkeskommunar og gjere fordelinga av ansvar og oppgåver tydelegare samt avklare kompetansebehov i kommunesektoren. Statped skal halde fram med å arbeide systemretta mot PP-tenestene i dei respektive regionane og skape eit godt samarbeid med kommunar og fylkeskommunar for å utnytte og utvikle kompetansen i kvar region. Skådalen døvblindeskole i Oslo og A.C. Møller i Trondheim er dei einaste attverande statlege skolane i Statped etter avviklingar og omleggingar i tråd med Meld. St. 18 (2010–2011). Når det gjeld A.C. Møller, er departementet i dialog med brukarorganisasjonane og Trondheim kommune om eit styrkt teiknspråkmiljø i lokal regi.

Rapport for 2014

Tenesteyting

Statped har i 2014 i hovudsak arbeidd vidare med å få den nye organiseringa til å fungere, samstundes med at verksemda har halde oppe tenestene på om lag same nivå som tidlegare. Det har vore eit godt samarbeid med brukarorganisasjonane.

Felles retningslinjer for handtering av oppdrag i Statped tek omsyn til prinsippet om lik tilgang til tenestene frå Statped, og har sikra at sakshandsaminga av søknader skjer på ein meir effektiv og einskapleg måte. Fleire søknader enn tidlegare får fleirfagleg vurdering, og den fleirfaglege organiseringa til regionane bidrar til at brukarane får tenester frå fleire fagområde når det er behov. Dei nye rutinane for registrering fører til at kvaliteten på statistikken på nokre område er usikker, noko som påverkar samanstilling av tal på tenester frå 2013 og 2014 med tidlegare år.

Tabell 4.6 Talet på tenester innanfor kategoriane utgreiing, rådgiving/rettleiing og søknader

2012

2013

2014

Utgreiing

3 607

4 586

4 337

Rådgiving/rettleiing

5 370

5 381

6 075

Søknad om individbaserte tenester

2 122

1 968

1 748

Søknad om systembaserte tenester

143

303

392

Tabellen over viser at tenesteproduksjonen i Statped er halden på tilsvarande nivå som i dei to føregåande åra, samstundes som verksemda har brukt store ressursar på omstilling og tilpassing til ny organisasjon. Tabellen viser at talet på utgreiingar er større enn talet på søknader. Årsakene til differansen er mellom anna at PP-tenestene i kommunane har vorte betre til å greie ut sakene før dei blir sende til Statped, og at utgreiingar kan gå over lengre tid, slik at ein søknad og påfølgjande teneste ikkje alltid kjem i same år. Søknader om systembaserte tenester har auka i dei to siste åra, noko som kan skyldast ei tydelegare deling av oppgåver mellom Statped og kommunar/ fylkeskommunar.

Statped sine skolar for høyrselshemma i Bergen, Oslo og Holmestrand er avvikla etter skoleåret 2013–14, i tråd med Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap. Ni elevar og sju tilsette i Bergen vart overførte til Bergen kommune. Elevane i Oslo ved Skådalen skole fekk tilbod om skoleplass ved Vetland skole i Oslo. Dei siste to elevane frå Nedre Gausen hadde sine siste år på Ekeberg skole i Holmestrand i skoleåret 2013–14. Alle dei fast tilsette fekk tilbod om andre stillingar i Statped Region Sør-Øst. A.C. Møller skole i Trondheim og Skådalen skole for døvblinde i Oslo er førte vidare. Ved skolestart hausten 2014 var det åtte elevar i grunnskolen og to elevar i den vidaregåande skolen ved Skådalen skole for døvblinde i Oslo, og 13 elevar på A.C. Møller i Trondheim. Ved A.C. Møller barnehage var det 23 barn med full plass, og eitt barn med deltidsplass.

På oppdrag frå Utdanningsdirektoratet har Statped frå hausten 2014 arbeidd etter ein ny modell for deltidsopplæring for døve og høyrselshemma elevar som får opplæringstilbod i bustadkommunen/heimefylket. Dette skal auke læringsutbyttet for elevane og leggje til rette for fleire sosiale møteplassar i eit stimulerande teiknspråklege miljø. I 2014 var det 144 elevar som fekk deltidsopplæring i Statped.

Kompetanseutvikling og -spreiing

I 2014 vart arbeidet med ein FoU-strategi gjort ferdig. Han gir grunnlag for å prioritere kva for område Statped skal satse på innanfor forsking og utvikling. Tilsette ved Statped har undervist ved ulike utdanningar ved sju universitet og 19 høgskolar i Noreg i tillegg til universiteta i Groningen og Stockholm. Statped bidrar aktivt med fagartiklar og utvikling av spesialpedagogisk faglitteratur som blir publisert både nasjonalt og internasjonalt. Statped har etablert faglege nettverk og strukturar som sikrar kompetanseutvikling i organisasjonen.

Statped har formidla kunnskap til kommunar og fylkeskommunar, inkludert PP-tenesta, barnehagar, skolar, vaksenopplæring samt einskilde lærarar og førskolelærarar. Arbeidsforma har vore rettleiing, skolering, kurs, rettleiingsmateriell og læremiddelarbeid med vidare. Etterspurnaden etter desse tenestene har vore aukande i løpet av 2014. Når Statped yter tenester til kommunar og fylkeskommunar i enkeltsaker, blir det arbeidd med lokal kompetanseutvikling på den aktuelle skolen, både konkret knytt til den individuelle brukaren og på eit meir generelt nivå.

Nettstaden til Statped er ein viktig kommunikasjonskanal. I 2014 starta oppgraderinga av nettstaden for å styrkje den faglege formidlinga, tilgangen til læringsressursar og oversikten over tenestene til Statped. For å auke kunnskapen om bruk av læringsressursar og teknologi hos tilsette i barnehagar og skolar har Statped utarbeidd ei rekkje artiklar, nyheitssaker og filmar.

Statped har i 2014 arbeidd med utvikling, tilrettelegging og produksjon av læremidlar med særleg vekt på bøker i punktskrift for barn og elevar med synshemmingar, teiknspråkleg materiell for barn og elevar med høyrselshemmingar, og materiell for dei som har behov for alternativ og supplerande kommunikasjon.

Statped har halde fram med arbeidet med å følgje opp Strategi for etter- og vidareutdanning for PP-tenesta. Arbeidet tek utgangspunkt i dei behova PP-tenestene har for kompetanseheving innanfor definerte fagområde. Tilbodet blir gitt i form av etterutdanning, regionale nettverk og nasjonal nettverkskonferanse.

Statped har i 2014 arbeidd vidare med satsinga Vi sprenger grenser, som skal bidra til å auke forventningane til, medvitet om og kompetansen i læring og utvikling hos barn og elevar med store samansette lærevanskar og utviklingshemmingar. Statped har òg bidratt til å spreie kompetanse gjennom aktiv brukarmedverknad, til dømes gjennom Nasjonal brukarkonferanse.

Statped har i 2014 teke del i ei rekkje forskings- og utviklingsprosjekt. Mellom anna har Statped koordinert den norske delen av eit europeisk forskings- og utviklingsprosjekt, INVEST (Inclusive Vocational Education and Specialised Tailor-made Training). Gjennom prosjektet blir det utvikla kunnskap om korleis ein kan leggje til rette for at elevar med særskilde opplæringsbehov kjem ut i det ordinære arbeidslivet.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår ei samla løyving på om lag 709 mill. kroner under kap. 230 postane 01, 21 og 45. Departementet foreslår at løyvinga på post 01 blir redusert med 300 000 kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 3230 post 02, jf. omtale under kap. 3230. I tillegg foreslår departementet at løyvinga på post 01 blir redusert med ytterlegare 2 mill. kroner. Departementet foreslår at løyvinga over post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3230 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3230 Statleg spesialpedagogisk støttesystem

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Inntekter frå oppdrag

41 935

59 978

61 409

02

Salsinntekter o.a.

17 569

14 734

14 785

Sum kap. 3230

59 504

74 712

76 194

Post 01 gjeld oppdragsverksemd som Statped utfører for kommunar, fylkeskommunar, høgskolar, universitet m.m. Post 02 gjeld sal av læremiddel, sal av elevprodukt, sal frå kantine, utleige av lokale, inntekter frå hjelpemiddeltilpassing og inntekter frå kurs.

Løyvingsforslaget på post 02 er redusert med 300 000 kroner for å redusere gebyr på lydbøker. I Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap vart det lagt opp til endringar av praksis for inntekter knytte til til rettelagde læremiddel, til dømes lydbøker. I dag låner Statped ut denne typen bøker til kommunar og fylkeskommunar mot eit gebyr per bok. Det er ønskjeleg å redusere desse gebyra slik at dei på lengre sikt berre dekkjer formidlingskostnadene.

Programkategori 07.30 Barnehagar

Utgifter under programkategori 07.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

231

Barnehagar

369 013

453 226

623 176

37,5

Sum kategori 07.30

369 013

453 226

623 176

37,5

Innleiing

Regjeringa ønskjer at alle barn skal få ein god start i livet og har klare forventningar til barnehagetilbodet og utbyttet for barna. Barnehagen skal gi god omsorg og støtte trivsel, utvikling og læring hos barna. Når barna startar på skolen, skal dei kunne norsk, kunne samarbeide med andre og ha lyst til å lære meir. For å få til dette for alle barn må dei tilsette i barnehagen ha god kompetanse.

Regjeringa vil heve kvaliteten på barnehagetilbodet. Barnehagen er ein viktig barndomsarena for svært mange barn og bidrar til å leggje eit godt grunnlag for vidare utvikling og læring i skolealderen. Gode barnehagar støttar barn ut ifrå dei individuelle føresetnadene hos barna og medverkar til utvikling som er tilpassa alderen og funksjonsevna til barna. Barnehagen kan dermed fange opp barn med særlege utfordringar på eit tidleg tidspunkt. Tidleg innsats kan vere avgjerande for korleis desse barna klarer seg seinare i livet. Barnehagen skal fremme trivsel, leik og læring og vere tilgjengeleg for alle barn. Regjeringa vil arbeide for eit rikt mangfald av barnehagar og sikre openheit om innhald og kvalitet, slik at foreldra og andre kan vurdere kvaliteten på tilbodet. Føreseielege rammevilkår skal medverke til mangfald og likeverd i barnehagesektoren.

Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) har i 2014–15 gått gjennom norsk barnehagepolitikk og leverte i juni 2015 rapporten Early Childhood Education and Care Policy Review – Norway. Rapporten inneheld ein analyse av og tilrådingar på områda styring, finansiering, tilgjengelegheit og kvalitet. Den overordna vurderinga er at svært mykje er positivt i norsk barnehagesektor, men at det er nokre utfordringar Noreg bør gjere noko med, særleg når det gjeld kompetansen til personalet.

Barnehagane er først og fremst finansierte gjennom dei frie midlane til kommunane og foreldrebetalinga. Enkelte tilskott og tildelingar blir finansierte over programkategori 07.30. Dette gjeld tilskott til samiske barnehageformål, jf. kap. 231 post 50, tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealderen, jf. kap. 231 post 63, tilskott for symjing i barnehagane, jf. kap. 231 post 70, og midlar til forsking, undersøkingar, utgreiingar, informasjonsarbeid og kvalitets- og kompetanseutvikling, jf. kap. 231 postane 21 og 51. Nærmare informasjon om statistikk og ressursbruken i barnehagesektoren finst i budsjettkapittel 231 og i del III, kap. 7 Ressursar i barnehagesektoren.

Hovudprioriteringar for 2016

Regjeringa har i si politiske plattform lova å sikre likebehandling av alle barnehagar og foreslår i statsbudsjettet for 2016 å bruke 180 mill. kroner til å auke tilskottet til ikkje-kommunale barnehagar frå 98 pst. til 100 pst. av det dei kommunale barnehagane i gjennomsnitt får i offentleg finansiering. Med denne auken er ein milepæl nådd, og kommunale og ikkje-kommunale barnehagar vil få likeverdige rammevilkår. Auken legg mellom anna til rette for ei styrking av bemanninga i dei ikkje-kommunale barnehagane.

Regjeringa har i si politiske plattform lova å løfte kvaliteten i barnehagane. Kompetansen til personalet i barnehagen er avgjerande for kvaliteten på tilbodet, og regjeringa foreslår å styrkje arbeidet med kompetanse og kvalitet med om lag 160 mill. kroner i 2016. Satsinga skal støtte opp under strategien Kompetanse for framtidens barnehage. Strategi for kompetanse og rekruttering 2014–2020 som inneheld tiltak for å auke kompetansen til dei tilsette i barnehagen. Totalt vil om lag 440 mill. kroner bli nytta til tiltak for å fremme kvaliteten i barnehagane i 2016.

I strategien mot barnefattigdom for perioden 2015–2017 lover regjeringa å vurdere nye tiltak for å nå dei familiane som ikkje har barn i barnehage. Regjeringa foreslår derfor å løyve 10 mill. kroner til kommunane gjennom rammetilskottet til informasjons- og rekrutteringsarbeid på barnehagefeltet. Formålet med løyvinga er å auke barnehagedeltakinga blant barn frå familiar med låg inntekt og barn med minoritetsspråkleg bakgrunn. Løyvinga legg til rette for at kommunane kan styrke sitt arbeid med å informere foreldre om innhaldet i barnehagetilbodet, bistå med søknader og orientere om dei ulike ordningane for redusert pris og gratis kjernetid. Det legg òg til rette for at kommunane kan drive oppsøkjande verksemd for å auke rekrutteringa til barnehage.

Satsingane på 100 pst. likeverdig behandling av kommunale og ikkje-kommunale barnehager, auka kvalitet i barnehagane og informasjons- og rekrutteringsarbeid blir i all hovudsak finansierte gjennom endringar i finansieringsordninga for ikkje-kommunale barnehager. Regjeringa vil gjennomføre endringar, mellom anna i utrekning av tilskott for pensjons- og kapitalkostnader, som samla sett gir ei innsparing for kommunane på 338 mill. kroner. Endringane i finansieringsordninga vil gi betre samsvar mellom kostnadene i dei ikkje-kommunale barnehagane og tilskottet dei får frå kommunen.

Regjeringa har i si politiske plattform lova å arbeide for større fleksibilitet i barnehageopptaket. I statsbudsjettet for 2015 vart det løyvt 333 mill. kroner til kommunane gjennom veksten i dei frie inntektene for å leggje til rette for meir fleksible opptaksløysingar. Regjeringa foreslår å auke løyvingane med 400 mill. kroner i 2016 for å dekkje heilårseffekten av satsinga. Dermed blir den totale summen til kommunane i 2016 for meir fleksibelt barnehageopptak på om lag 740 mill. kroner, justert for auka kroneverdi. Løyvingane for 2015 og 2016 gir rom for etablering av om lag 3 400 fleire småbarnsplassar. Regjeringa legg til grunn at kommunane nyttar løyvinga til å gi fleire barn plass i barnehage.

Regjeringa foreslår å føre vidare maksimalprisen for foreldrebetaling i barnehagar på same reelle nivå som i 2015. For å sikre ein god sosial profil på foreldrebetalinga i barnehagen vil regjeringa føre vidare det nasjonale minstekravet til redusert foreldrebetaling for familiar med låg inntekt som vart innført 1. mai 2015. Denne moderasjonsordninga sikrar at foreldrebetalinga per år for ein heiltidsplass i barnehage maksimalt skal utgjere seks pst. av den samla person- og kapitalinntekta til hushaldet, med maksimalprisen som ei øvre grense. For å dekkje heilårseffekten av tiltaket foreslår regjeringa å auke løyvingane til kommunane med om lag 160 mill. kroner i 2016. I tillegg vart det frå 1. august 2015 innført ei nasjonal ordning med gratis kjernetid i barnehage for alle fire- og femåringar frå familiar med låg inntekt som regjeringa vil føre vidare på same reelle nivå i 2016. I 2016 foreslår regjeringa å kompensere kommunane for heilårseffekten av ordninga på 105 mill. kroner.

Regjeringa vil leggje fram ei stortingsmelding om innhald og kvalitet i barnehagen våren 2016. Meldinga vil danne grunnlaget for revideringa av rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen. Revidert rammeplan skal etter planen tre i kraft i 2017.

Tilstandsvurdering

Mål: Barnehagar med høg kvalitet som fremmer trivsel, leik og læring

Kunnskap om barnehagen

Omfanget av den norske barnehageforskinga har auka mykje i dei seinare åra. Også nordisk forsking har stor overføringsverdi for norske forhold. OECD påpeiker i rapporten sin at det har vore ei positiv utvikling i omfanget av og kvaliteten på forskinga på og for barnehage, men at Noreg bør føre vidare og styrkje forsking som ser på korleis barnehagen påverkar trivselen og utviklinga hos barna. Departementet har merka seg desse råda.

Utdanningsdirektoratet publiserer statistikk og informasjon om forsking på barnehageområdet og gir i tillegg årleg ut publikasjonen Utdanningsspeilet, som inneheld statistikk og anna informasjon om barnehage og grunnopplæring. I 2014 publiserte direktoratet det første nummeret av magasinet Vetuva, der resultata frå skandinavisk barnehageforsking blir formidla til sektoren. Departementet er nøgd med at direktoratet er vorte meir aktivt i å spreie forskingsresultat på barnehageområdet til sektoren.

Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) har i 2015 på oppdrag frå Noregs forskingsråd utgitt rapporten Utdanningsforskning i Norge 2013. Rapporten peiker mellom anna på at barnehageområdet er eit ganske nytt forskings- og utdanningsfelt i Noreg, at første høgre grads eksamen på området vart avlagd i 1980, og at det i perioden 2000–13 er uteksaminert om lag 1 300 kandidatar på hovudfags- eller mastergradsnivå innanfor barnehagepedagogikk. Totalt var 44 fagmiljø og 482 forskarar involverte i barnehageforsking i 2013, og denne forskinga utgjorde elleve pst. av den totale utdanningsforskinga. Det største forskingstemaet på barnehagefeltet var kategorien undervisning, læring og utvikling med 67 pst. av forskings- og utviklingsmidlane, deretter kjem temaet økonomi, organisasjon og leiing med ni pst., følgt av temaet tilhøvet mellom utdanningssystem, heim og arbeidsliv med åtte pst.

Forskingsprogrammet FINNUT (2014–2023) er finansiert av Kunnskapsdepartementet gjennom Noregs forskingsråd og skal støtte forsking og innovasjon for å fornye og styrkje norsk utdanning. FINNUT finansierer ei rekkje forskingsprosjekt på barnehageområdet, og departementet forventar meir kunnskap om barnehagar etter kvart som prosjekta blir ferdigstilte.

Høgskolen i Oslo og Akershus leier eit prosjekt innanfor FINNUT – Gode barnehager for barn i Norge (GoBaN). Dette er Noregs største forskingsprosjekt på barnehagefeltet. GoBaN følgjer 1 600 barn i ein periode på fire år og omhandlar korleis kvaliteten i barnehagen innverkar på barna, kva som kjenneteiknar ein god barnehage, og kva for faktorar som påverkar trivselen og utviklinga til barna. Arbeidet skjer i samarbeid med norske og internasjonale fagmiljø og skal vere ferdig i 2018. Prosjektet skal også utvikle eit forskingsbasert verktøy som barnehagane kan bruke for å arbeide systematisk med vurdering og utvikling av sin eigen prosesskvalitet. Ein delrapport skal liggje føre i oktober 2015.

Agder-projektet er eit FINNUT-prosjekt der universiteta i Agder og Stavanger samarbeider om eit førskoleopplegg basert på leikbasert læring. Opplegget blir testa ut i 50 barnehagar. Gjennom førskoleaktivitetar i minst to timar fire dagar i veka skal femåringane få auka stimulering når det gjeld sosiale ferdigheiter, sjølvregulering, språk og matematikk. Målsetjinga er at barna i større grad har same læringsgrunnlag når dei startar på skolen, og dermed likare moglegheiter for å lykkast i utdanningsløpet. Prosjektet varer til 2019.

I 2014 publiserte Den europeiske unionen (EU) sluttrapporten frå ein omfattande studie med deltaking frå mange land, inkludert Noreg, av korleis barnehage kan førebyggje fråfall seinare i utdanninga, jf. Study on the effective use of early childhood education and care in preventing early school leaving. Studien viser til at det er brei semje i forskinga om at dei erfaringane barn gjer i alderen null til seks år, er svært viktige for den seinare utviklinga, og at eit kvalitativt godt barnehagetilbod legg eit godt grunnlag for seinare læring. Dette gjeld særleg for kognitive ferdigheiter, som lesing/skriving og talforståing.

Folkehelseinstituttet samlar inn store mengder data gjennom Den norske mor og barn-undersøkelsen (MoBa) og publiserte i februar 2015 studien Sårbare barn i barnehagen – betydningen av kvalitet. Studien viser at god kvalitet i barnehagen ser ut til å førebyggje utvikling av språk- og åtferdsvanskar over tid, særleg hos sårbare barn.

Ein rapport frå Rambøll i 2015 omhandlar kva realfag i barnehagen er, kva forsking seier om realfag i barnehagen og korleis det blir arbeidd med realfag i barnehagen. Rapporten peiker på fagområda tal, rom og form og natur, miljø og teknikk som mest relevante i realfagleg samanheng, og at læring av realfag i barnehagen bør innrettast som utforskande læring. Aktiv involvering av personalet, rett bruk av fagomgrep og god fagkompetanse blir framheva som viktige faktorar for å jobbe systematisk og tverrfagleg med realfag i barnehagen.

Fafo gjennomfører på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet undersøkinga Tidsbruk i barnehager – Rapportering, organisering, ledelse. Endeleg rapport skal etter planen liggje føre hausten 2015.

Universitetet i Stavanger har sidan 2007 i samarbeid med Stavanger kommune gjennomført ein longitudinell studie om barn si utvikling og læring. Prosjektet er tverrfagleg og blir avslutta i 2018. Prosjektet skal bidra til meir kunnskap om barn si utvikling frå to og eit halvt til tiårsalder når det gjeld områda språk, matematikk, motorikk og sosial kompetanse i førskolealder og lesing, skriving og rekning i skolealder. Ein rapport frå prosjektet viser at jenter allereie frå toårsalder er meir sosiale og sjølvstendige og meistrer kvardagsaktivitetane i barnehagen betre enn gutar. Ein annan rapport viser at det er samanheng mellom motoriske dugleiker og matematiske dugleiker blant barnehagebarn.

Personaltettleiken i barnehagen

Barnehagelova stiller ikkje konkrete krav til personaltettleiken i barnehagen, men seier: «Bemanningen må være tilstrekkelig til at personalet kan drive en tilfredsstillende pedagogisk virksomhet.» Det er barnehageeigar som er ansvarleg for å sikre ei pedagogisk forsvarleg bemanning, og kommunen som barnehagemyndigheit som er ansvarleg for å føre tilsyn med om lovkravet er oppfylt. Norske barnehagar har høgre personaltettleik enn mange andre land, mellom anna Danmark, Sverige og Finland. Det er fleire årsaker til dette, mellom anna at vi har svært høg barnehagedeltaking for barn under tre år, og at den norske barnehagetradisjonen legg stor vekt på uteleik og turar, noko som krev fleire vaksne.

Personaltettleiken i barnehagen har auka i dei siste åra. I 2014 var det på nasjonalt nivå i gjennomsnitt 6,07 barn per årsverk i barnehagen mot 6,19 barn per årsverk i 2009 (korrigert for alder og opphaldstid). Samtidig som personaltettleiken har auka, er forskjellane mellom dei enkelte barnehagane framleis store. Dei ti prosent barnehagane med lågast personaltettleik har fleire enn 6,8 barn per årsverk, mens dei ti prosent barnehagane med høgst personaltettleik har færre enn 5,1 barn per årsverk. Årsverka omfattar pedagogiske leiarar og både faglærte og ufaglærte assistentar. Det er høgre personaltettleik i kommunale barnehagar (5,93 barn per årsverk) enn i ikkje-kommunale barnehagar (6,22 barn per årsverk).

Kompetansen til personalet i barnehagen

Omtalen nedanfor av personalet i barnehagen omfattar alle tilsettegruppene i barnehagen med unntak av merkantilt/administrativt personale, reingjeringspersonale og vaktmeistrar. Departementet skil mellom såkalla barnehagefagleg kompetanse (utdanning som barnehagelærar eller tilsvarande pedagogisk utdanning med tilleggskompetanse om barnehage) og barnefagleg kompetanse (utdanning som gir kunnskap om utviklinga og behova til barn, som anna pedagogisk utdanning eller fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar). Grunnbemanninga i barnehagen omfattar pedagogiske leiarar og assistentar. Assistentane er ei samansett gruppe som omfattar både personar med pedagogisk utdanning, fagarbeidarar og ufaglærte.

Eit hovudfunn i internasjonal forsking på barnehagekvalitet viser at kompetansen til personalet i barnehagen er den viktigaste enkeltfaktoren for trivselen og utviklinga til barna. I 2014 hadde 60 pst. av personalet barnehagefagleg eller barnefagleg kompetanse. Dette er ein auke frå 57 pst. i 2013. I 2014 utgjorde tilsette med barnehagelærarutdanning 39 pst. av personalet mot 38 pst. i 2013. Dette omfattar både styrarar, pedagogiske leiarar og anna personale som er utdanna barnehagelærarar, men som har stilling som for eksempel barnehagelærar 2.

Barnehagelova set krav om at styraren i barnehagen skal ha utdanning som barnehagelærar eller anna høgskoleutdanning som gir barnefagleg og pedagogisk kompetanse. Kommunen kan gi dispensasjon frå utdanningskravet til styrarar dersom det ikkje er mogleg å skaffe kvalifiserte søkjarar. Delen styrarar utan godkjend utdanning var i 2014 på to pst. mot tre pst. i 2013, så utviklinga går i riktig retning.

I tillegg til krav til styraren set barnehagelova krav til stillinga som pedagogisk leiar. Pedagognorma i barnehagelova seier at det skal vere minimum éin pedagogisk leiar per 14–18 barn når barna er over tre år, og éin pedagogisk leiar per 7–9 barn når barna er under tre år og den daglege opphaldstida for barna er over seks timar. Kommunen kan gi dispensasjon frå utdanningskravet til pedagogiske leiarar dersom det ikkje er mogleg å skaffe kvalifiserte søkjarar. Delen pedagogiske leiarar utan godkjend utdanning var på 9,7 pst. i 2014 mot 13,0 pst. i 2013. Dette er framleis eit høgt tal, men utviklinga går i riktig retning.

I 2014 oppfylte 55 pst. av dei ordinære barnehagane pedagognorma utan å bruke dispensasjon frå utdanningskravet, mot 49 pst. i 2013. Dette er ei svært positiv utvikling sjølv om delen bør bli større på lengre sikt.

Kommunale barnehagar har litt høgre pedagogtettleik enn ikkje-kommunale barnehagar, og store barnehagar oppfyller oftare pedagognorma utan å bruke dispensasjon frå utdanningskravet enn små barnehagar. I 2014 gjekk 57 pst. av barnehagebarna i ein barnehage som oppfylte pedagognorma utan å bruke dispensasjon frå utdanningskravet, noko som er meir enn ei dobling frå 24 pst. i 2009. Dette er ei svært gledeleg utvikling.

Variasjonane i sektoren når det gjeld oppfyllinga av pedagognorma, er store. I 2014 hadde alle dei pedagogiske leiarane godkjend utdanning i 69 pst. av dei ordinære barnehagane (familiebarnehagar og opne barnehagar er ikkje inkluderte). I dei ti pst. barnehagane med lågast pedagogdekning hadde maksimalt 60 pst. av dei pedagogiske leiarane godkjend utdanning. Utrekningar frå Utdanningsdirektoratet viser at barnehagane i 2014 mangla om lag 3 600 barnehagelærarar for å oppfylle pedagognorma utan bruk av dispensasjonar. I tillegg mangla 100 barnehagelærarar for å oppfylle kravet om at styraren skal ha slik utdanning, så totalt mangla det 3 700 barnehagelærarar i 2014. Dette er likevel ei betring frå 2013, da det mangla 150 styrarar og 4 250 pedagogiske leiarar med godkjend utdanning, og regjeringa er svært nøgd med den positive utviklinga.

Assistentane utgjer 53 pst. av personalet. Barnehagelova har ingen krav til kompetansen hos assistentane, og kompetansen varierer frå å vere barnehagelærar utan leiaransvar til ingen formell kompetanse. Stadig fleire barnehagar tilset fagarbeidarar som har fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget. I 2014 hadde sju pst. av assistentane barnehagelærarutdanning eller anna pedagogisk utdanning mot fire pst. i 2013, og 27 pst. av assistentane hadde fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget mot 25 pst. i 2013. Dei øvrige assistentane, som utgjer høvesvis 66 pst. av assistentgruppa og 35 pst. av dei tilsette, har inga formell utdanning for å arbeide med barn. Dette er ei samansett gruppe som varierar mykje både i alder, yrkeserfaring og realkompetanse.

Kompetanseutvikling

I 2014 vart det nytta 179 mill. kroner til kvalitets- og kompetanseutviklingstiltak på barnehageområdet. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for oppfølginga av Kompetanse for framtidens barnehage. Strategi for kompetanse og rekruttering 2014–2020. Strategien omfattar eit system for kompetanseutvikling med ei rekkje tiltak retta mot alle grupper tilsette som arbeider med barna. For meir omtale, sjå kap. 231 Barnehagar post 21 Særskilde driftsutgifter nedanfor.

I tillegg til den ordinære barnehagelærarutdanninga er det to viktige kompetanseutviklingstilbod som kan medverke til å gi fleire barnehagelærarar i barnehagen: Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) og tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk (TIB) for personar med anna pedagogisk utdanning frå før. ABLU er eit tiltak der både faglærte og ufaglærte assistentar får tilbod om å ta utdanninga på deltid mens dei arbeider i barnehagen. Studiet medverkar til å rekruttere studentar som ikkje har høve til å ta utdanninga på heiltid. TIB er eit deltidsstudium på 60 studiepoeng retta mot personale med anna treårig pedagogisk høgskoleutdanning, som allmennlærar/grunnskolelærar, faglærar, spesialpedagog og barnevernspedagog. Fullført studium gir kompetanse som kvalifiserer til stilling som pedagogisk leiar i barnehagen.

Barnehagane har ikkje tidlegare fått statleg støtte til å leggje til rette for at tilsette kan delta i vidare- og etterutdanningstilbod. Manglande tilrettelegging, både økonomisk og praktisk, har vore blant årsakene til låg deltaking og fråfall frå aktuelle studietilbod. Regjeringa har derfor frå hausten 2015 sett i gang ei prøveordning med stipend for tilsette i barnehagen som enten tek arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) eller tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk (TIB). Det er lyst ut totalt 800 stipend for studieåret 2015–16. For å sikre at barnehageeigaren har moglegheit til å leggje systematiske planar for kompetanseutvikling, skal eigaren vere den som søkjer om stipend. Departementet føreset at eigaren tek ansvar for å leggje til rette for og følgje opp at studiet blir gjennomført på ein forsvarleg måte ved sida av jobb, og eigaren må rapportere om gjennomføring og eventuelt fråfall. Om eigaren vil gi støtte ut over det statlege stipendet til eventuelt ytterlegare frikjøp av stillingsprosent, må partane avtale lokalt. Det same gjeld dekning av kostnader til reise og opphald samt studiemateriell.

God leiing av barnehagen er viktig for kvaliteten på tilbodet til barna. For å auke leiarkompetansen har departementet i perioden 2011–13 finansiert eit prøveprosjekt med leiarutdanning for barnehagestyrarar. Studietilbodet vart ført vidare for perioden 2014–17. Tiltaket er eit studium på mastergradsnivå som går over tre semester ved seks universitet og høgskolar. Tal for 2014 viser at det har vore fleire søkjarar enn plassar på tilbodet. Opptak av nye deltakarar frå hausten 2015 viser ein nedgang i søkjertalet. Ei evaluering gjennomført av Oxford Research i samarbeid med Aarhus Universitet vart publisert hausten 2014. Evalueringa viste at eit klart fleirtal av deltakarane meinte utdanninga bidro til betre forståing og utøving av eiga leiarrolle, nye faglege innfallsvinklar og auka refleksjon over eigen praksis. I tillegg peiker rapporten på forbetringspotensial i den vidare utviklinga av studiet, særleg når det gjeld å sette klårare læringsmål, heve nivået på oppgåver og eksamensbesvaringar og betre studentane sin evne til refleksjon. Utdanningsdirektoratet følgjer opp evalueringa.

For å styrkje omfanget av og kvaliteten på rettleiingsordninga for nyutdanna barnehagelærarar har Utdanningsdirektoratet tildelt midlar til drift og vidareutvikling av igangsette tiltak for rettleiing. Tiltaka blir drivne av lærarutdanningane ved universitet og høgskolar og omfattar mellom anna informasjons- og motivasjonsarbeid retta mot leiarar og eigarar. Utdanningsdirektoratet har hausten 2014 sett i gang ei omfattande evaluering av rettleiingsordninga, og endeleg rapport skal liggje føre i desember 2016.

Pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen (såkalla PUB-studium) er ei vidareutdanning på deltid for barnehagelærarar som arbeider i barnehage. PUB-studium er på 30 studiepoeng og skal medverke både til at barnehagelærarane får fagleg påfyll og til å rekruttere og halde på erfarne barnehagelærarar i barnehagen. Tilbodet omfattar mellombelse studieplassar med innretning knytt til prioriterte satsingsområde i kompetansestrategien.

Personalet i grunnbemanninga, unnateke dei pedagogiske leiarane, har i hovudsak enten fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget (27 pst.), og har da ofte stillingsnemninga fagarbeidar, eller ingen formell barnefagleg eller barnehagefagleg kompetanse (66 pst.). Sju pst. av assistentane har barnehagelærarutdanning eller anna pedagogisk utdanning. For å auke delen fagarbeidarar gir departementet midlar til såkalla barnehagebasert fagbrev, der erfarne assistentar får moglegheit til å gå opp til fagprøva i barne- og ungdomsarbeidarfaget for å formalisere realkompetansen sin. Departementet gir òg midlar til tilbod som skal sikre at fleire ufaglærte assistentar får eit minimum av barnehagefagleg grunnkompetanse og betre forståing av innhaldet i og ansvaret i samband med arbeidet. Denne kompetansen blir gitt på ulike vis, dels som korte kurs og dels som studium, gjerne på deltid, ved ein høgskole.

Kompetansehevingsstudiet for assistentar er eit deltidsstudium på 15 studiepoeng. Studiet skal bidra til både å rekruttere nye og halde på erfarne assistentar som allereie arbeider i barnehagen. I tillegg kan studiet motivere assistentar til å ta fagprøva i barne- og ungdomsarbeidarfaget eller starte på arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU).

Fylkesmannsembeta har i 2015 fått tildelt ei ramme på 28 mill. kroner til tiltaka Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget, Kompetansehevingsstudium for assistentar og Barnehagefagleg grunnkompetanse for assistentar og vikarar. Midlane er tildelte gjennom ei fullmakt som skal sikre fleksibilitet og moglegheit for lokale tilpassingar og justeringar. Fylkesmannen disponerer midlane i samsvar med lokale behov og i samarbeid med utdanningsinstitusjonane og eventuelt andre aktørar.

I kompetansetrategien er eit av tiltaka utvikling av fagskoleutdanning i oppvekstfag. Dette er eit tilbod om vidareutdanning for barne- og ungdomsarbeidarar som arbeider i barnehage. Utdanningsdirektoratet legg til rette for igangsetjing av slike fagskoletilbod, og har gitt midlar til utvikling av to nye nasjonale fagplanar. Departementet har tidlegare gitt midlar til utvikling av ein nasjonal fagplan. NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga) må godkjenne utdanninga før utdanningsinstitusjonane kan gi tilbod om fagskoleutdanning.

Arbeidet med minoritetsspråklege barn og fleirkulturalitet er eit område der barnehagepersonalet ofte etterspør meir kompetanse, og departementet finansierer satsinga Kompetanse for mangfold for perioden 2013–17, jf. omtale under kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa post 21 Særskilde driftsutgifter. Satsinga er ei oppfølging av Meld. St. 6 (2012–2013) En helhetlig integreringspolitikk. Mangfold og fellesskap og skal medverke til at tilsette i barnehagane og grunnopplæringa får auka sin kompetanse på det fleirkulturelle området. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for gjennomføringa. Målgruppa omfattar også barnehage- og skoleeigarar og kommunen som barnehagemyndigheit. Lærarutdanningane tilbyr kompetanseheving til målgruppa samtidig som dei utviklar sin eigen kompetanse på det fleirkulturelle området. I 2014 og 2015 har det vore gjennomført erfaringssamlingar med presentasjon av forsking og utviklingarbeid. Barnehagelærarutdanningane har delteke i fleire av desse prosjekta. Ein stor del av Kompetanse for mangfold blir gjennomført som barnehagebasert og skolebasert etterutdanning. I 2015 har om lag 60 barnehagar i Nord-Trøndelag, Nordland, Oppland, Buskerud og Finnmark delteke i satsinga. Det er òg utvikla to tilbod om vidareutdanning retta mot pedagogar i barnehagen. NIFU gjennomfører ei følgjeevaluering av satsinga, og sluttrapport kjem i februar 2018.

Den nye barnehagelærarutdanninga som vart innført i studieåret 2013–14, blir følgt av ei følgjegruppe oppnemnd av departementet. Gruppa har mandat fram til sommaren 2017 og skal både vurdere utviklinga og gi rettleiing til utdanningsinstitusjonane i omleggingsprosessen. Første delrapport kom hausten 2014 og inneheldt omtale av både utfordringar og tilrådingar for det vidare arbeidet på høgskolar og universitet. Delrapporten viser mellom anna at praksislærarane, som skal rettleie studentar som har praksisperiode i barnehage, har behov for kompetanse i rettleiing for å oppfylle dei formelle krava. Ein ny delrapport kjem i oktober 2015. Kunnskapsdepartementet vil følgje utviklinga i kvaliteten på barnehagelærarutdanninga tett framover.

Utdanningsdirektoratet har sidan 2014 publisert eit nettmagasin om kompetanseutvikling for tilsette i barnehagen. Magasinet inneheld informasjon om kompetansetiltak, men òg fagleg påfyll, som artiklar om viktige fagområde og utfordringar dei tilsette kan møte i arbeidskvardagen.

Rekruttering av kompetent personale

Barnehagelærarstudiet er ei treårig utdanning på bachelornivå. Hausten 2014 gjekk om lag 7 830 studentar på barnehagelærarstudiet, mot om lag 7 760 studentar i 2013. Talet på kandidatar som vart uteksaminerte frå barnehagelærarutdanninga, viser ein nedgang frå 2 080 kandidatar i 2013 til 1 862 kandidatar i 2014.

Talet på kvalifiserte søkjarar som har barnehagelærarstudiet som sitt førsteval, var om lag 2 450 personar i 2015, ein liten auke frå 2014. I tillegg kjem søkjarar som har barnehagelærarstudiet lenger ned på si prioriteringsliste. For studieåret 2015–16 er det gitt tilbod om studieplass til 3 435 studentar, ein auke på om lag 190 frå studieåret 2014–15. Det gjenstår å se kor mange av desse som faktisk startar på studiet. Utdanningsinstitusjonane gir tilbod til fleire personar enn det er plass til, dette fordi det av erfaring alltid er ein del som takkar nei til studieplass.

Tal frå Samordna opptak for planlagde studieplassar ved barnehagelærarutdanningane viser at det har vore ein auke frå om lag 2 590 plassar i 2014 til om lag 2 640 plassar i 2015. Desse tala gjeld heiltidsstudiet, plassar innanfor deltidsstudium og nokre ABLU-plassar (arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning). I tillegg kjem desentraliserte studium og ein del andre ABLU-plassar som ikkje er omfatta av Samordna opptak.

Ikkje alle nyutdanna barnehagelærarar arbeider i barnehage etter studiet, men det har vore ei positiv utvikling i overgangen frå utdanninga til arbeid i barnehage. Ein rapport frå NOVA (Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring) våren 2015 omtaler barnehagelærarane som yrkesgruppa som «slutta å slutte», og viser at barnehagelærarane i løpet av dei siste tiåra har gått frå å ha relativt høg turnover til å bli den mest stabile arbeidskrafta i barnehagen. Før 2000 var det assistentane som var den mest stabile arbeidskrafta, men i dei siste femten åra har stabiliteten blant barnehagelærarane stige. Av alle barnehagelærarar som jobba i barnehage i 2007, var det 79 pst. som framleis jobba i barnehage i 2012.

Barn med særlege behov

Barn med særlege behov er ei samansett gruppe. Mange av desse barna har nedsett funksjonsevne, som kan omfatte fysiske funksjonshemmingar, utviklingshemmingar, språk- og talevanskar, åtferdsvanskar og psykiske lidingar. Samtidig treng det ikkje liggje til grunn ein diagnose, for særlege behov kan innebere at barnet har eit behov som er meir omfattande enn vanleg for alderen. Den vide definisjonen gjer det vanskeleg å vurdere kvaliteten på det tilbodet barnehagen gir til barn som kan seiast å ha særlege behov.

Barn med nedsett funksjonsevne har rett til prioritet i barnehageopptaket etter § 13 i barnehagelova. Statistikk frå kommunane for 2014 viser at 4 458 barn fekk barnehageplass i samsvar med prioritering mot 4 808 barn i 2013.

Barn under opplæringspliktig alder som har eit særleg behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp etter § 5-7 i opplæringslova. Retten gjeld uavhengig av om barnet går i barnehage eller ikkje. Det er kommunen som skal oppfylle retten, og den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) er den sakkunnige instansen som skal vurdere behovet. Foreldra må gi samtykke til både vurdering av og tilbod om spesialpedagogisk hjelp. Det er ikkje noko krav om individuell opplæringsplan (IOP) for barn i barnehagealderen sidan det ikkje ligg føre noka opplæringsplikt for desse barna. Det er heller ikkje noko krav at den spesialpedagogiske hjelpa skal bli gitt i barnehagen. Det avgjerande er kva for behov barnet har og korleis dette behovet kan bli møtt på best mogleg vis. Det er viktig at kommunen i sitt enkeltvedtak tek stilling til kven som skal gi hjelpa og korleis hjelpa skal organiserast. Utdanningsdirektoratet har rettleiingsmateriale om spesialpedagogisk hjelp på sine nettsider.

Delen barn i barnehage som får spesialpedagogisk hjelp etter § 5-7 i opplæringslova, har hatt ein liten auke i dei siste åra, frå 2,1 pst. i 2007 til 2,7 pst. i 2014, noko som i 2014 omfattar i underkant av 7 800 barn. Delen elevar med enkeltvedtak om spesialundervisning er høgre i grunnskolen, totalt 8 pst. i skoleåret 2014–15. Delen stig med alderen på barna, frå 3,6 pst. av elevane på 1. trinn til 11,1 pst. for elevar på 10. trinn. Den spesialpedagogiske hjelpa i barnehagen er ofte knytt til utfordringar med språkutvikling og åtferdsvanskar.

Fylkesmannen er klageinstans for klager som gjeld retten til spesialpedagogisk hjelp for barn under skolepliktig alder heimla i opplæringslova § 5-7 og rett til teiknspråkopplæring etter § 2-6 tredje ledd. Fylkesmannen behandla i 2014 totalt 69 klager som gjaldt desse områda, 67 klager etter § 5-7 og to klager etter § 2-6. Dette er ein liten auke frå totalt 58 klager i 2013, men ein reduksjon frå totalt 104 klager i 2011.

Regjeringa er oppteken av å få meir kunnskap for å kunne vurdere om barnehagen gir eit kvalitativt godt tilbod til barn med særlege behov, og Utdanningsdirektoratet har frå og med 2014 gjort forbetringar i statistikkinnhentinga på dette området. I tillegg har direktoratet på oppdrag frå departementet sett i gang ei større undersøking om barn med særlege behov. Oppdraget er gitt til NTNU Samfunnsforskning i samarbeid med Trøndelag Forskning og Utvikling og NIFU, og sluttrapport kjem hausten 2015.

Tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid er viktig for å hjelpe utsette barn. For å styrkje det arbeidet kommunane og fylkeskommunane gjer for utsette barn og unge i alderen 0–24 år, har Kunnskapsdepartementet starta eit samarbeid med Arbeids- og sosialdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. 0–24-samarbeidet skal avdekkje felles utfordringar og fremme felles tiltak og strategiar for betre oppfølging av utsette barn og unge. Direktorata har fått i oppdrag å samordne sine eigne regelverk og verkemiddel for å styrkje tverrfaglege innsatsar. Innsatsen skal gjere det enklare for kommunane å samarbeide på tvers av fag- og regelverk. For meir omtale, sjå programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Støtte til det faglege arbeidet i barnehagane

Utdanningsdirektoratet har utvikla støtteressursar for det faglege arbeidet i barnehagane. Desse byggjer opp under tema både i kompetansestrategien for tilsette i barnehagen og i rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen. Direktoratet lanserte i august 2015 ei filmpakke med korte filmar frå barnehagekvardagen som gir gode eksempel frå praksis. I tillegg kjem skriftleg materiell, som artiklar og forslag til spørsmål til refleksjon over arbeidet i barnehagen. Direktoratet har vidare gitt dei nasjonale sentera i oppdrag å lage støtteressursar for barnehagane på kvart sitt einskilde fagområde.

Ståstadsanalysen for barnehagar er eit refleksjons- og prosessverktøy som Utdanningsdirektoratet har utvikla for at den enkelte barnehagen skal kunne vurdere sin eigen kvalitet. Ståstadsanalysen skal medverke til felles refleksjon blant alle dei tilsette og hjelpe barnehagen til å peike ut område som personalet ønskjer å prioritere i det vidare utviklingsarbeidet. Etter ei pilotering i seks barnehagar våren 2015 ligg ein revidert versjon tilgjengeleg for alle barnehagar på nettsidene til direktoratet.

Barnehagen er ein viktig språkarena for alle barn, særleg for barn som av ulike årsaker er forseinka i språkutviklinga, og for barn med eit anna morsmål enn norsk. Gode språklege dugleiker legg grunnlaget for framtidig læring og deltaking i både grunnopplæringa og samfunnslivet.

Utdanningsdirektoratet forvaltar eit øyremerkt tilskott til kommunane til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealderen, jf. kap. 231 post 63. Rapporteringar frå barnehagane viser at i 2014 fekk 36 pst. av dei minoritetsspråklege barna i barnehage tilbod om særskild språkstimulering mot 35 pst. i 2013. Dette er tilbod som går ut over det ordinære arbeidet med språkutvikling i barnehagen, slik som tospråkleg assistanse. Delen barn som får tilbod om særskild språkutvikling, har halde seg på om lag same nivå i fleire år.

System for å følgje med på og utvikle kvaliteten i barnehagen

Alle barn har krav på gode barnehagar uansett kvar i landet dei bur, og foreldra skal vere trygge på at barna har det godt i barnehagen. Regjeringa vil gjere det enklare for foreldre og andre å følgje med på kvaliteten i tilbodet. Utdanningsdirektoratet er i gang med å utarbeide eit system for å følgje med på og utvikle kvaliteten i barnehagen. Systemet skal leggje til rette for at barnehagar, eigarar og lokale og nasjonale myndigheiter har tilgang både på informasjon om tilstanden i sektoren og på verktøy for kvalitetsutvikling. Nettportalen Barnehagefakta.no opna i august 2015. Nettsida gir informasjon om utvalde nøkkeltal for alle barnehagar i Noreg, mellom anna om bemanninga i barnehagen og utdanningsnivået til dei tilsette, og vil særleg vere relevant for foreldre når dei skal søkje om barnehageplass. Det er barnehagane sjølve som rapporterer inn data i ein eigenrapportering per 15. desember kvart år.

Ulykker i barnehagen

Undersøkinga Kartlegging av hendelser og ulykker som medfører skade på barn i barnehage frå 2013 viste at det er få alvorlege ulykker i barnehagesektoren totalt sett, og at svært få av desse er så alvorlege at dei krev langvarig medisinsk behandling. Undersøkinga viste at to pst. av skadane krev omfattande medisinsk oppfølging av lege eller tannlege. For å få ei betre oversikt over omfanget og alvorsgraden av meir alvorlege skadar på barn i barnehage over tid, har Helsedirektoratet tilpassa Norsk pasientregister (NPR) slik at det er lettare å identifisere alvorlege skadar i barnehagane. Endringane er implementerte i 2015, og første rapportering kjem i 2016. Alle dei somatiske sjukehusa i landet og legevaktene i Oslo, Bergen og Trondheim har plikt til å rapportere skadar. Rapporteringa frå desse institusjonane vil leggje grunnlaget for å estimere talet på alvorlege ulykker på landsbasis.

Samarbeid med barnevernet

Dei tilsette i barnehagen har opplysningsplikt til barnevernet når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen, eller det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt, eller når eit barn har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar. Statistisk sentralbyrå (SSB) fører statistikk over alle undersøkingar som barnevernet har starta og/eller avslutta i løpet av året, og kven som har meldt saka. Tal for 2014 viste at av 11 507 påbegynte undersøkingar for barn i alderen 1–5 år hadde barnehagen meldt 1 970 eller 17 pst. av sakene. Tilsvarande tal for 2013 var 1 788 saker av 11 369, altså 16 pst. Fordelinga på små og store barn viste at barnehagen i 2014 melde 7,3 pst. (291 av 3 991 saker) av påbegynte undersøkingar for barn i alderen 1–2 år og 22 pst. (1 679 av 7 516 saker) av påbegynte undersøkingar for barn i alderen 3–5 år.

Det er viktig at både barnehageeigar, styrar og dei øvrige tilsette i barnehagen er medvitne om det ansvaret dei har for å hjelpe utsette barn. I desember 2014 sende barneministeren, helseministeren, justisministeren og kunnskapsministeren eit felles brev til alle kommunane for å minne om opplysningsplikta til barnevernet.

Mål: Eit tilgjengeleg barnehagetilbod for alle barn

Deltaking i barnehage

Stortinget innførte ein individuell rett til barnehageplass i 2009. Barn som har fylt eitt år innan utgangen av august, har rett til barnehageplass same året dersom foreldra har søkt om plass innan fristen for hovudopptaket. Retten skal oppfyllast innan utgangen av august i det året det blir søkt om plass.

Ved utgangen av 2014 gjekk om lag 286 400 barn i ordinær barnehage eller familiebarnehage. Dette svarer til ein dekningsgrad på 90,2 pst. for eitt- til femåringar. Dekningsgraden for femåringane aleine er på 97,5 pst. i 2014.

Delen minoritetsspråklege barn i barnehage har auka mykje i dei seinare åra. I 2014 gjekk om lag 41 300 minoritetsspråklege barn i barnehage, noko som utgjer 14 pst. av alle barnehagebarn. Dekningsgraden for minoritetsspråklege eitt- til femåringar var 79 pst. i 2014 mot 77 pst. i 2013. Til samanlikning var dekningsgraden for barn i alderen eitt til fem år som ikkje er definerte som minoritetsspråklege, 92 pst. i 2014, det same som i 2013. For fire- og femåringane er barnehagedeltakinga om lag lik for dei to gruppene, men for eitt-, to- og treåringane er forskjellane større. For nærmare statistikk, sjå del III, kap. 7 Ressursar i barnehagesektoren.

Rapportering frå fylkesmannen viser at for hausten 2015 har så godt som alle barn med rett til plass fått tilbod om barnehageplass innan utgangen av august. Fylkesmannen følgjer opp dei få kommunane som er forseinka.

Så framt barnet ikkje har rett til plass av særlege årsaker, har barn som fyller eitt år frå og med 1. september, ikkje rett til plass før neste haust. I 2015 vart rammetilskottet til kommunane auka med 333 mill. kroner for å leggje til rette for meir fleksible opptaksløysingar, slik at foreldre med barn som fyller eitt år 1. september eller seinare, får kortare ventetid på ein barnehageplass, jf. Innst. 2 S Tillegg 1 (2014–2015). Midlane var berekna til å kunne finansiere opp til 3 400 nye barnehageplassar.

11 300 barn som fylte eitt år etter 31. august, gjekk i barnehage ved utgangen av 2014. Dette er om lag på same nivå som i 2013. Av dei som gjekk i barnehage, men ikkje hadde rett til plass, var det 9 200 barn som hadde fylt eitt år i perioden 1. september–31. desember, og 2 100 barn som ennå ikkje hadde fylt eitt år ved årsskiftet.

Ventelistene i kommunane omfattar per 15. desember 2014 om lag 8 300 søknader om barnehageplass. Det er ulike årsaker til at barn står på venteliste. Om lag halvparten har ikkje rett til plass på grunn av alderen til barnet. I ein del tilfelle har ikkje foreldra søkt om plass innan fristen for det kommunale hovudopptaket. Talet inkluderer også barn der foreldra søkjer om plass i fleire kommunar samtidig, slik at barnet står på venteliste fleire stader, og barn som allereie har barnehageplass, men der foreldra søkjer om plass i ein annan barnehage. Det er flest barn på venteliste i Sandnes, Stavanger, Oslo og Bergen.

Gratis kjernetid i barnehage

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet starta i 2006 eit forsøk med gratis kjernetid i barnehage i nokre utvalde område med høg del barn med innvandrarbakgrunn for å auke barnehagedeltakinga i desse områda, jf. nærmare omtale i Prop. 1 S (2015–2016) for Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet. Fafo og SSB har evaluert forsøket og leverte sluttrapport i november 2014. Evalueringa viser mellom anna at av barn med minoritetsspråkleg bakgrunn i dei fem Oslo-bydelane som tilbyr gratis kjernetid, er det 15 pst. fleire som går i barnehage enn i andre bydelar. Barn med innvandrarbakgrunn som har gått i barnehage som fire- og femåringar, gjer det betre på kartleggingsprøver i 1. klasse, særleg i norsk, samanlikna med barn med innvandrarbakgrunn som ikkje har gått i barnehage.

I oppfølginga av statsbudsjettet for 2015 vart det frå 1. august 2015 innført ei ny nasjonal ordning med gratis kjernetid i barnehage for alle fire- og femåringar frå familiar med låg inntekt, uansett språkleg bakgrunn, jf. Innst. 2 S Tillegg 1 (2014–2015). Inntektsgrensa er sett til 405 000 kroner i 2015, og barna får rett til 20 timar gratis barnehage per veke. Ordninga skal sjåast i samanheng med det nasjonale minstekravet til redusert foreldrebetaling for familiar med låg inntekt som vart innført 1. mai 2015.

Foreldrebetaling

SSB har ei årleg undersøking av foreldrebetalinga i barnehagen. Rapporten frå januar 2015 viser at den gjennomsnittlege månadssatsen for eitt barn med fulltidsopphald i kommunal barnehage var 2 416 kroner for hushald med brutto årsinntekt på 500 000 kroner og 2 199 kroner for hushald med brutto årsinntekt på 250 000 kroner. Skilnaden i foreldrebetalinga for hushald med desse inntektene er berre 217 kroner i månaden. I desse beløpa er kostpengar og tilleggsutgifter fjerna i størst mogleg grad. Den gjennomsnittlege årsbetalinga på landsbasis var om lag 25 200 kroner, noko som tilsvarer ei månadsbetaling på om lag 2 290 kroner i elleve månader. Dette er ein nominell auke på 3,2 pst. frå 2014.

Ifølgje forskrifta om foreldrebetaling i barnehagar kan betaling av kostpengar komme i tillegg til månadsbetalinga. Når det blir berekna årsbetaling for eit barn i barnehage, er betalinga avhengig av kostpengar og andre utgifter samt talet på betalingsmånader. I SSB-rapporten frå januar 2015 opplyser rundt 97 pst. av dei kommunale barnehagane at dei krev inn kostpengar separat. I januar 2015 betalte hushald med eitt barn i kommunal barnehage gjennomsnittleg 260 kroner i kostpengar per månad, noko som er ein auke på fire pst. frå januar 2014.

Maksimalprisen for foreldrebetalinga vart frå 1. mai 2015 auka reelt med 100 kroner per månad og utgjer 2 580 kroner per månad og 28 380 kroner for året.

Frå 1. mai 2015 vart det innført eit nasjonalt minstekrav til redusert foreldrebetaling for familiar med låg inntekt. Kravet er at foreldrebetalinga for ein heiltidsplass maksimalt skal utgjere seks pst. av kapital- og personinntekten til hushaldet, med maksimalprisen som ei øvre grense. Reduksjonen i foreldrebetaling for familiar med låg inntekt gir ein betre sosial profil på foreldrebetalinga og legg til rette for at fleire barn kan få delta i barnehage. I revidert nasjonalbudsjett for 2015 vart det løyvt 41,7 mill. kroner som kompensasjon til kommunane for administrative utgifter knytte til innføring av ordninga, jf. Innst. 360 S (2014–2015).

Opne barnehagar

Opne barnehagar er regulerte gjennom barnehagelova, men kommunane er ikkje lovpålagde å gi dette tilbodet. Opne barnehagar har eksistert sidan 1988 og er eit lågterskeltilbod som kommunane kan tilby familiar som ikkje bruker det ordinære barnehagetilbodet. Ein forelder eller annan omsorgsperson er med barnet, og det pedagogiske opplegget er leidd av ein barnehagelærar. I dei seinare åra har det vore ein reduksjon i talet på opne barnehagar, frå 278 opne barnehagar i 2005 med kapasitet til 7 900 barn, til 180 opne barnehagar i 2014 med kapasitet til 4 700 barn.

Undersøkingar viser at opne barnehagar kan vere ein god rekrutteringsarena til ordinær barnehage, særleg for barn med innvandrarbakgrunn. Personalet etterlysar kompetanseheving i det å støtte og rettleie foreldre samt i det å arbeide med kulturelt og språkleg mangfald.

Mål: Føreseielege rammevilkår som medverkar til mangfald og likeverd i barnehagesektoren

Tilsyn med barnehagesektoren

Ei av fylkesmannens hovudoppgåver på barnehageområdet er å føre tilsyn med og gi rettleiing til kommunen som barnehagemyndigheit. Dette er eit viktig verkemiddel for å bidra til å sikre at barnehagelova blir følgt, og at kvaliteten på barnehagetilbodet er høg. Tilsyn, informasjon, rettleiing og klagesaksbehandling skal medverke til å sikre rettstryggleiken til innbyggjarane.

Utdanningsdirektoratet har ansvaret for styringa av fylkesmannen på barnehageområdet, jf. kap. 220 Utdanningsdirektoratet. Direktoratet har i dei siste åra gjort ein innsats for å vidareutvikle tilsynet og sikre eit forsvarleg, einsarta og treffsikkert tilsyn med høg legitimitet. Felles tilsynsmetode skal sikre lik behandling på landsbasis og leggje til rette for at tilsyna inneber ressurseffektive undersøkingar av tilstanden i kommunane, effektiv korrigering av eventuell lovstridig praksis samt at tilsyna skjer i samsvar med forvaltningsmessige krav. Det er òg ei viktig målsetjing at tilsyna skal ha læringseffekt for kommunane.

Oppsummeringa av årsrapportane for 2014 frå dei atten fylkesmannsembeta viser at det vart gjennomført i alt 109 tilsyn med 99 kommunar på barnehageområdet. Dei fleste tilsyna har omfatta kontroll med kommunens verkemiddelbruk (rettleiing og tilsyn) som tilsynsmyndigheit. Til samanlikning vart det i 2013 gjennomført 138 tilsyn med 133 kommunar.

Funna frå fylkesmannens tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit i 2014 viser at kommunane framleis har ein veg å gå i arbeidet med å gi rettleiing og se til at barnehagedrifta er i samsvar med lover og reglar. Den rettslege forståinga kommunane har av rammene for og rolla som barnehagemyndigheit og godkjenningsmyndigheit, kan bli betre.

Fylkesmannens tilsyn med kommunen som godkjenningsmyndigheit har vist at kommunane i for liten grad vurderer konkret om bygningar og uteområde i barnehagen fremmer barnas moglegheiter for leik, livsutfalding og meiningsfylte aktivitetar. I tillegg har fylkesmannen avdekt at fleire kommunar ikkje har treft vedtak om godkjenning dersom bygningar blir endra eller utvida. Desse funna inneber at mange barn dagleg oppheld seg i barnehagar der det ikkje er vurdert om lokala er eigna etter barnehagelova.

Tilsyna i 2014 viser også at kommunane ikkje kontrollerer godt nok (gjennom godkjenning/tilsyn) at barnehagane er tilstrekkeleg bemanna til å gi barna eit tilfredsstillande pedagogisk tilbod. Kommunane har altså ikkje i stor nok grad sikra at barnehagebarna har ei tilfredsstillande pedagogisk ramme rundt kvardagen sin.

Det er i tillegg avdekt eit behov for å auke kompetansen i kommunane på områda forvaltningsrett og saksbehandling. Krava til saksbehandling i forvaltningslova aukar rettstryggleiken for den einskilde barnehagen som det er ført tilsyn med. Til dømes vil manglande opplysningar om klagerett kunne få betydning for om ein barnehage klagar eller ikkje.

Det er gjennomført til saman åtte tilsyn som gjeld likeverdig behandling ved tildeling av offentleg tilskott til ikkje-kommunale barnehagar. Fleire kommunar må bli betre til å utforme vedtaka slik at mottakaren er i stand til å forstå innhaldet og vurdere om kommunen har oppfylt alle dei rettslege krava som gjeld for vedtak om tilskott. Manglar ved dette inneber at dei private barnehagane ikkje får godt nok innsyn i grunnlaget for det tilskottet dei har fått, noko som kan medføre at dei ikkje veit om dei har fått det tilskottet dei skal ha. Vidare kjem det fram at fleire kommunar må bli betre til å opplyse om klagefristar, framgangsmåtar ved klage og den retten partane har til å sjå dokumenta i saken.

Fylkesmannen behandla i 2014 totalt 178 klager etter barnehagelova med forskrifter, noko som er ein reduksjon på 66 klager eller 27 pst. frå 244 klager i 2013. Den viktigaste enkeltårsaka til nedgangen er 69 færre klager etter forskrifta om likeverdig behandling av offentleg tilskott til ikkje-kommunale barnehagar. I 2014 utgjorde denne delen 88 pst. av klagene mot 92 pst. i 2013. Utdanningsdirektoratet meiner at reduksjonen kan komme av både at kommunane har større regelverksetterleving i berekninga av tilskott enn før, og at auken av tilskottet til private barnehagar gjer at dei finn mindre grunn til å klage på vedtaket i kommunen.

Det er som tidlegare stor regional variasjon i talet på klager. Østfold og Oslo og Akershus har flest, Aust-Agder, Oppland og Troms har færrast. Utdanningsdirektoratet har ingen indikasjonar på kvifor klagetalet varierer mellom fylka. Saksbehandlingstida for klagesaker på barnehageområdet har vorte redusert frå 2013 til 2014, og dei fleste sakene har vorte behandla innan fristen på tre månader.

Hausten 2014 hadde regjeringa eit lovforslag ute til høyring om at fylkesmannen skal få heimel til å føre tilsyn med barnehagar direkte, og ikkje berre med kommunen som barnehagemyndigheit. Departementet følgjer opp saka, jf. omtale under Strategiar og tiltak nedanfor.

Økonomiske rammevilkår for barnehagane

I 2014 utgjorde dei ikkje-kommunale barnehagane 53 pst. av alle barnehagar. Det er stor variasjon innanfor denne gruppa, som små einingar med ein enkelt eigar, foreldreeigde barnehagar, sjukehusbarnehagar, studentbarnehagar og store, profesjonelle kjeder med mange einingar. Frå 1. august 2014 har dei ikkje-kommunale barnehagane fått 98 pst. av det dei kommunale barnehagane i gjennomsnitt får i offentleg finansiering.

Departementet har i åra etter overgangen til rammefinansiering i 2011 arbeidd med å gjere finansieringssystemet betre. Også OECD påpeiker i rapporten sin at finansieringssystemet er for komplisert, og at det er store forskjellar i kor mykje kommunane bruker på barnehage. På oppdrag frå departementet leverte Utdanningsdirektoratet i mars 2015 eit forslag til alternative modellar for finansiering av ikkje-kommunale barnehagar, og eit forslag vart sendt ut til offentleg høyring i mai 2015. Departementet tek sikte på å fastsetje ei ny forskrift i løpet av hausten som skal tre i kraft frå 1. januar 2016.

Endringar i barnehagelova

Departementet arbeider med endringar i barnehagelova. Endringane skal bidra til ei enklare og klarare lov og vil vere ein viktig del av arbeidet med å løfte kvaliteten i barnehagane. Hausten 2014 var det fleire lovendringsforslag ute til høyring. Desse gjaldt forslag om at fylkesmannen skal få heimel til å føre tilsyn med barnehagar, forslag om presisering av heimelen for arbeidet i barnehagen med dokumentasjon og vurdering, forslag om at yrkestittelen førskolelærar blir erstatta av barnehagelærar og forslag om presisering av heimelen for departementet til å gi forskrift om rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen.

Samla vurdering av sektormåla

For å nå målet om at barnehagane skal ha høg kvalitet som fremmer trivsel, leik og læring, er det viktig med eit godt kunnskapsgrunnlag for utviklinga av kvalitet. Veksten i barnehageforskinga i dei seinare åra medverkar til dette, og forskinga viser mellom anna at barnehagen gir mange barn ei positiv utvikling, men at variasjonen i tilbodet er stor. OECD tilrår i sitt country policy review av norsk barnehagepolitikk at Noreg fører vidare og styrkjer forsking som ser på korleis barnehagen påverkar trivselen og utviklinga til barna. Departementet meiner at dette er i gang, og viser til at det i åra som kjem, vil komme fleire rapportar frå til dels store forskingsprosjekt. OECD tilrår vidare at Utdanningsdirektoratet, eventuelt også Forskingsrådet, bør ta eit større ansvar for å koordinere barnehageforskinga og for å spreie resultata, slik at kunnskapen om beste moglege praksis blir større i barnehagane. Til det sistnemnde meiner departementet at mykje er gjort allereie ved at direktoratet har oppretta ein eigen portal med statistikk over og informasjon om forsking på barnehageområdet, og ved at direktoratet gir ut publikasjonen Utdanningsspeilet og magasinet Vetuva, der resultata frå skandinavisk barnehageforsking blir formidla til sektoren.

Kompetansen til dei tilsette er svært viktig for kvaliteten på det pedagogiske tilbodet. Statistikken viser at både delen barnehagelærarar og delen assistentar med barnefagleg kompetanse har auka, noko som har betra den samla kompetansen hos dei tilsette. Det er likevel ei utfordring at ein så stor del av personalet som 40 pst. manglar formell kompetanse for å arbeide med barn, og at det manglar 3 700 barnehagelærarar for å oppfylle lovkrava om godkjend utdanning for styrarar og pedagogiske leiarar.

Barnehagen er ein viktig språkarena for alle barn, særleg for barn med eit anna morsmål enn norsk, og språkarbeidet har både høg prioritet og stort omfang. Personalet etterspør kompetansetiltak særleg på dette området.

Kompetansestrategien for perioden 2014–20 gir mange moglegheiter for kompetanseheving på ulike nivå. Det er barnehageeigarane som har ansvaret for at personalet får tilbod om å delta. Manglande tilrettelegging, både økonomisk og praktisk, har vore blant årsakene til låg deltaking og fråfall frå aktuelle studietilbod. Den nye statlege stipendordninga som direktoratet innfører frå hausten 2015, er derfor venta å gjere det enklare å delta.

Talet på søkjarar til barnehagelærarstudiet og talet på studentar og uteksaminerte kandidatar ligg på om lag same nivå som tidlegare, og departementet vurderer at situasjonen er tilfredsstillande. Barnehageeigarane har ansvaret for å oppfylle pedagognorma og rekruttere nok pedagogar til barnehagane.

For å nå målet om eit tilgjengeleg barnehagetilbod for alle barn er det viktig å gjere noko med dei hindringane familiane støter på, enten det er mangel på plassar eller økonomiske årsaker. Barn som fyller eitt år frå og med 1. september, har etter lova ikkje rett til plass i barnehage før neste haust, men mange barn får plass gjennom året sidan det i langt dei fleste kommunane er kapasitet til å gi barnehageplass til nokre barn utan rett. Talet på barn som fylte eitt år frå og med 1. september og som gjekk i barnehage 15. desember, vart redusert frå 9 400 i 2013 til 9 200 i 2014. Forslaget frå regjeringa om ei løyving på om lag 740 mill. kroner i 2016 gir rom for å etablere om lag 3 400 barnehageplassar, og legg dermed til rette for auka fleksibilitet i opptaket og kortare ventetid for ein barnehageplass.

Dei aller fleste barn går i barnehage før dei startar på skolen, men barn frå familiar med låg inntekt og barn frå familiar med innvandrarbakgrunn har noko lågare deltaking. Dette kan tyde på at familieøkonomien er til hinder for at barnet får gå i barnehage.

Målet om føreseielege rammevilkår som medverkar til mangfald og likeverd i barnehagesektoren omfattar økonomisk likebehandling av alle barnehagar. Omfanget av klager til fylkesmannen har gått ned, men viser at det framleis er nokre utfordringar knytte til praktiseringa av forskrifta om likeverdig behandling av ikkje-kommunale barnehagar.

Barnehagesektoren er prega av stort mangfald ved at om lag halvparten av alle barnehagar er private, og ved at det er stor forskjell på barnehagar når det gjeld storleik, organisering og pedagogisk retning. Regjeringa meiner at dette mangfaldet er bra fordi det gir foreldra stor valfridom, og fordi ulike barnehagar kan medverke til å inspirere kvarandre. Samstundes skal tilbodet vere likeverdig på eit overordna plan og i samsvar med formålet i barnehagelova og rammeplanen, sjølv om det varierer i utforming mellom dei enkelte barnehagane. Samla sett er det få klager på barnehageområdet, og brukarundersøkingar viser at foreldra i det store og heile er nøgde med tilbodet. Statistikken viser likevel at det er stor forskjell mellom barnehagar når det gjeld ein del sentrale tilhøve, som pedagogdekninga og talet på barn per vaksen. Det er bekymringsfullt dersom barn i ein del barnehagar over tid ikkje får det tilbodet dei etter rett skulle hatt.

Strategiar og tiltak

Kunnskap om barnehagen

Departementet vil føre vidare styrkinga av barnehageforskinga, mellom anna gjennom utdanningsforskingsstrategien Kvalitet og relevans 2014–19. Fleire store forskingsprosjekt er i gang og vil gi nye resultat i åra som kjem, om meir langsiktige effektar av det å gå i barnehage. Utdanningsdirektoratets publikasjonar Utdanningsspeilet og Vetuva medverkar til å spreie forskingsresultat på barnehageområdet til sektoren.

For omtale av løyvingar til barnehageforsking, sjå kap. 231 postane 21 og 51.

Styrking av kompetanse og kvalitet i barnehagen

Kompetansen til personalet i barnehagen er avgjerande for kvaliteten på tilbodet, og departementet foreslår å styrkje arbeidet med kompetanse og kvalitet med om lag 160 mill. kroner. Satsinga skal støtte opp under strategien Kompetanse for framtidens barnehage. Strategi for kompetanse og rekruttering 2014–2020 som inneheld tiltak for å auke kompetansen til alle dei tilsette i barnehagen. Midlane vil leggje til rette for både å etablere 150 nye ABLU-plassar (arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning) med oppstart hausten 2016 og å styrkje kompetansen til dei tilsette i opne barnehagar. Delar av auken på 160 mill. kroner vil gå til lokale tiltak i barnehagane for å styrkje det pedagogiske arbeidet på ulike fagområde, mellom anna språk og realfag. Dette vil støtte opp under lese- og skrivestrategien og realfagsstrategien som er starta opp.

Regjeringa vil føre vidare øvrige vidare- og etterutdanningstilbod for tilsette i barnehagar. Kompetansestrategien Kompetanse for framtidens barnehage. Strategi for kompetanse og rekruttering 2014–2020 gir føringar for innhald, prioriteringar og ansvarsdeling innanfor kompetanseutviklinga. Strategien omfattar både styrarar, pedagogar, barne- og ungdomsarbeidarar og ufaglærte assistentar, og inneheld eit system for kompetanseutvikling som synleggjer ulike kompetansehevingstiltak for dei ulike gruppene tilsette. Det er viktig at alle aktørar tar ansvar for å følgje opp kompetansestrategien, mellom anna ved at barnehageeigarane legg til rette for deltaking i kompetansetiltaka.

Den femårige satsinga Kompetanse for mangfold for perioden 2013–17 er i 2016 inne i sitt nest siste år, jf. omtale under kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa post 21 Særskilde driftsutgifter. Satsinga er ei oppfølging av Meld. St. 6 (2012–2013) En helhetlig integreringspolitikk. Mangfold og fellesskap, og skal gi tilsette i barnehagar og skolar betre kompetanse på det fleirkulturelle området. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for gjennomføringa. Alle fylke skal med i satsinga i løpet av femårsperioden. I 2016 er det Telemark, Aust-Agder, Vest-Agder, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane som blir med.

Dei opne barnehagane kan vere eit godt supplement til vanlege barnehagar, særleg for einskilde grupper som har problem med å bruke det ordinære tilbodet. Samtidig kan opne barnehagar vere ein rekrutteringsarena til vanleg barnehage, kanskje særleg for barn med minoritetsspråkleg bakgrunn. Tidlegare evalueringar har vist at personalet etterlyser meir kompetanse i foreldrerettleiing og det å arbeide med kulturelt og språkleg mangfald, og regjeringa foreslår at den styrkte løyvinga i 2016 skal omfatte kompetanseheving for personalet i opne barnehagar.

Barnehagen skal vere ein trygg stad å vere, og personalet skal ha kompetanse til å oppdage barn i vanskelege livssituasjonar. Regjeringa la i 2014 fram tiltaksplanen En god barndom varer livet ut for å bekjempe vald og seksuelle overgrep mot barn og ungdom. Tiltaksplanen gjeld for perioden 2014–2017, og eitt av tiltaka er å sørge for at kunnskap om vald og seksuelle overgrep inngår i og blir lagt vekt på i barnehagelærarutdanninga. Forslag om endring i forskrifta om rammeplan for barnehagelærarutdanninga er sendt på høyring hausten 2015.

Rekruttering av kompetent personale

Rekruttering av barnehagelærarar er eit lokalt ansvar som ligg hos barnehageeigarane. For å støtte det lokale arbeidet med rekruttering vil fylkesmannen halde fram med koordineringa av dei regionale rekrutteringsnettverka i kvart fylke. Eit viktig rekrutteringstiltak for å få fleire barnehagelærarar er å stimulere til at erfarne assistentar tek arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU).

Rekruttering av fleire assistentar med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget vil bidra til å auke delen tilsette som har barnefagleg kompetanse. Yrkesfagløftet i vidaregåande opplæring kan medverke til at fleire elevar som avsluttar ungdomsskolen, startar på og gjennomfører denne yrkesutdanninga. For nærmare omtale av Yrkesfagløftet og vidaregåande opplæring, sjå programkategori 07.20 Grunnopplæringa. I tillegg vil kompetansetiltaket barnehagebasert fagbrev bidra til at erfarne assistentar får moglegheit til å gå opp til fagprøva i barne- og ungdomsarbeidarfaget for å formalisere realkompetansen sin.

Barn med særlege behov

Regjeringa er oppteken av å få meir kunnskap for å kunne vurdere om barnehagen gir eit kvalitativt godt tilbod til barn med særlege behov. På oppdrag frå departement og direktorat skal NTNU Samfunnsforskning i samarbeid med Trøndelag Forskning og Utvikling og NIFU hausten 2015 levere ein rapport som vil gi meir kunnskap om barnehagetilbodet til barn med særlege behov.

Støtte til det faglege arbeidet i barnehagane

Regjeringa har i si politiske plattform lova å styrkje bruken av norsk og språkutviklinga i barnehagen for å førebu barna på skole og utdanning og gi nødvendig hjelp til barn som har svake språkferdigheiter.

Regjeringa lanserer hausten 2015 ein nasjonal lese- og skrivestrategi for perioden 2016–19. Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking ved Universitetet i Stavanger har fått ansvaret for å leie arbeidet med strategien, og har i 2015 starta arbeidet med å utvikle kompetansepakker for barnehagar og skolar. Dette arbeidet er delvis finansiert over kap. 231 Barnehager post 21 Særskilde driftsutgifter. Hausten 2015 vil nokre barnehagar og skolar kunne søkje om å delta i utprøvinga av nokre av desse kompetansepakkene.

Strategien har som mål å styrkje tekst- og språkkompetansen til alle barn og elevar, og på den måten også deira faglege kompetanse. Strategien skal òg bidra til å styrkje kompetansen til personalet når det gjeld å identifisere og leggje til rette for barn og elevar med språk-, lese- og skrivevanskar. Strategien legg stor vekt på at kompetanseutvikling i barnehage og skole skal bidra til å gi solid kunnskap om kva som er god språkutvikling og lese- og skriveopplæring. Kartlegging og tidleg innsats på alle nivå skal førebyggje lese- og skrivevanskar, og tiltak skal setjast i verk når ein oppdagar at eit barn eller ein elev ikkje har forventa utvikling. Det skal leggjast spesielt til rette for ulike målgrupper, som minoritetsspråklege barn og elevar, barn og elevar med språkvanskar, elevar med lese- og skrivevanskar, gutar og høgt presterande elevar.

Regjeringa lanserte i august 2015 realfagsstrategien Tett på realfag – Nasjonal strategi for realfag i barnehagen og grunnopplæringen (2015–2019), jf. grundigare omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa og kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa. Strategien skal mobilisere og forplikte barnehagar, skolar, barnehageeigarar og skoleeigarar til endring lokalt. Dei 34 kommunane som i mars 2015 fekk status som realfagskommunar, skal vere viktige forbilde når det gjeld å utvikle ein lokal strategi for å arbeide systematisk med å forbetre kompetansen og resultata i realfag frå barnehage til fullført grunnskole. Hovudgrepa i strategien er mellom anna å gå gjennom og fornye rammeplanen for innhald og oppgåver i barnehagen for å styrkje det realfaglege innhaldet, å auke kompetansen til personalet og å styrkje arbeidsmåtane i barnehagen. I samband med strategien blir ordninga med realfagskommunar ført vidare, og departementet vil setje i verk tiltak for å betre kvaliteten på læremiddel i realfag.

Delar av auken i løyvinga på 160 mill. kroner til kvalitet og kompetanse skal i 2016 gå til lokalt forankra tiltak i barnehagen for å styrkje det pedagogiske arbeidet på fagområde som gjeld språk og realfag. Dette kan dermed understøtte realfagsstrategien og lese- og skrivestrategien. Midlane kan mellom anna gå til utvikling, innkjøp og/eller omsetjing av pedagogisk materiale.

Barnehagen skal gi trygg og god omsorg, og personalet skal medverke til eit godt miljø utan mobbing og krenkingar. Djupedal-utvalget leverte NOU 2015: 2 Å høre til – Virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø våren 2015, men hadde ikkje barnehageområdet inkludert i mandatet sitt. Regjeringa vil likevel vurdere tiltak på barnehageområdet i oppfølginga av rapporten.

System for å følgje med på og utvikle kvaliteten i barnehagen

Nettportalen Barnehagefakta.no opna i august 2015, men Utdanningsdirektoratet skal arbeide vidare med å ferdigstille systemet for å følgje med på utviklinga av kvaliteten i barnehagesektoren og medverke til betre kvalitet. Oppdraget har endeleg frist i 2017.

Meir fleksibelt barnehageopptak

Ein del kommunar har i dag fleire barnehageopptak i året eller løpande opptak. Regjeringa legg til grunn at kommunane følgjer med på endringar i fødselstal, til- og fråflytting og andre faktorar som påverkar dimensjoneringa av barnehagetilbodet. Fylkesmannen skal følgje opp korleis kommunane oppfyller retten til plass i barnehage.

I statsbudsjettet for 2015 vart det løyvt 333 mill. kroner til kommunane gjennom veksten i dei frie inntektene for å leggje til rette for meir fleksible opptaksløysingar. Departementet foreslår å auke løyvingane med om lag 400 mill. kroner i 2016 for å dekkje heilårseffekten av satsinga. Dermed blir den totale summen til kommunane i 2016 for meir fleksibelt barnehageopptak på om lag 740 mill. kroner, justert for auka kroneverdi. Løyvingane for 2015 og 2016 gir rom for etablering av om lag 3 400 fleire småbarnsplassar. Regjeringa har i si politiske plattform lova å arbeide for større fleksibilitet i barnehageopptaket, og legg til grunn at kommunane nyttar løyvinga til å gi fleire barn plass i barnehage.

Rekrutteringstiltak for å auke bruken av barnehage

I strategien mot barnefattigdom for perioden 2015–2017 lover regjeringa å vurdere nye tiltak for å nå dei familiane som ikkje har barn i barnehage. Regjeringa foreslår derfor å løyve 10 mill. kroner til kommunane gjennom rammetilskottet til informasjons- og rekrutteringsarbeid på barnehagefeltet. Formålet med løyvinga er å auke barnehagedeltakinga blant barn frå familiar med låg inntekt og barn med minoritetsspråkleg bakgrunn. Løyvinga legg til rette for at kommunane kan styrke sitt arbeid med å informere foreldre om innhaldet i barnehagetilbodet, bistå med søknader og orientere om ordningane for redusert pris og gratis kjernetid. Det legg òg til rette for at kommunane kan drive oppsøkjande verksemd for å auke rekrutteringa til barnehage.

Midlane til informasjons- og rekrutteringsarbeid vil støtte opp under og forsterke målsetjinga med utviding av det tilbodet om gratis kjernetid som vart vedteke gjennom budsjettforliket for 2015. Satsinga vil også støtte opp under innføringa av den nasjonale ordninga med reduksjon i foreldrebetalinga som vart innført 1. mai 2015.

Gratis kjernetid i barnehage

Den nye nasjonale ordninga frå 1. august 2015 med gratis kjernetid i barnehage for alle fire- og femåringar frå familiar med låg inntekt, uansett språkleg bakgrunn, blir ført vidare i 2016. Regjeringa foreslår at inntektsgrensa frå 1. august 2016 blir sett til 417 000 kroner, og at barna har rett til 20 timar gratis barnehage per veke, jf. forslag til romartalsvedtak IV Diverse fullmakter. I 2016 foreslår regjeringa å kompensere kommunane for heilårseffekten av ordninga på 105 mill. kroner.

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet fører forsøka sine med gratis kjernetid i barnehage vidare som del av områdesatsinga i Groruddalen (ut 2016) og Oslo Sør (ut 2017). I tillegg skal Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet fordele midlar til utviklingsprosjekt som medverkar til aktivitet for foreldre og rekruttering til barnehage av yngre aldersgrupper, jf. Prop. 1 S (2015–2016) for Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Foreldrebetaling

Regjeringa foreslår at maksimalprisen for eit ordinært heiltidstilbod i 2016 blir ført vidare på same reelle nivå som i 2015. Det inneber at maksimalprisen blir fastsett til 2 655 kroner per månad og 29 205 kroner per år, jf. forslag til romartalsvedtak IV Diverse fullmakter.

For å sikre ein god sosial profil på foreldrebetalinga i barnehagen vil regjeringa føre vidare det nasjonale minstekravet til redusert foreldrebetaling for familiar med låg inntekt som vart innført 1. mai 2015. Denne moderasjonsordninga sikrar at foreldrebetalinga per år for ein heiltidsplass i barnehage maksimalt skal utgjere seks pst. av den samla person- og kapitalinntekta til hushaldet, med maksimalprisen som øvre grense. For å dekkje heilårseffekten av tiltaket foreslår departementet å løyve 160 mill. kroner i 2016.

Tilsyn med barnehagesektoren

Tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit vil framleis vere ei viktig oppgåve for fylkesmannen i 2016. Det er Utdanningsdirektoratet som har ansvaret for styringa av fylkesmannen på utdanningsområdet, noko som omfattar tilsynet med både barnehagesektoren og grunnopplæringssektoren, jf. kap. 220 Utdanningsdirektoratet. Nærmare omtale av tilsynet kjem i tildelingsbrevet til fylkesmannen, jf. Prop. 1 S (2015–2016) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Regjeringa har i si politiske plattform lova å innføre eit uavhengig tilsyn med barnehagane og hadde derfor hausten 2014 eit lovforslag ute til høyring om at fylkesmannen skal få heimel til å føre tilsyn med barnehagar direkte, og ikkje berre med kommunen som barnehagemyndigheit. Forslaget inneber at kommunen som i dag skal føre tilsyn med enkeltbarnehagar, men at også fylkesmannen skal kunne føre tilsyn med enkeltbarnehagar i særlege tilfelle. Den foreslåtte endringa vil redusere dei moglege negative følgjene av at kommunen har ei dobbeltrolle som både barnehageeigar og barnehagemyndigheit. Dette vil gi eit betre tilsyn til beste for barna i barnehagane og større rettstryggleik for både barn og foreldre. Høyringa hadde frist i januar 2015, og eit stort fleirtal av høyringssvara gir støtte til forslaget.

Økonomiske rammevilkår for barnehagane

Regjeringa har i si politiske plattform lova å sikre likebehandling av alle barnehagar og forenkle finansieringsordninga, og foreslår i statsbudsjettet for 2016 å løyve 180 mill. kroner til å auke tilskottet til ikkje-kommunale barnehagar frå 98 pst. til 100 pst. av det dei kommunale barnehagane i gjennomsnitt får i offentleg finansiering. Forslaget må sjåast i samanheng med omlegginga av finansieringsordninga for ikkje-kommunale barnehagar. Med denne auken er ein milepæl nådd, og kommunale og ikkje-kommunale barnehagar vil få likeverdige rammevilkår.

For å sikre betre samsvar mellom utgiftene i dei ikkje-kommunale barnehagane og tilskottet dei får frå kommunen, vil regjeringa frå 2016 gjere endringar i forskrifta om finansiering av ikkje-kommunale barnehagar. Regjeringa vil fastsetje eit sjablongtillegg for pensjonsutgifter på 13 pst. av lønnsutgiftene i dei kommunale barnehagane. Samstundes vil regjeringa innføre ei søknadsbasert ordning slik at ikkje-kommunale barnehagar med særleg høge pensjonsutgifter får dekt desse utgiftene. Kapitaltilskottet vil bli differensiert slik at nye barnehagar med høge kapitalkostnader vil få høgre kapitaltilskott enn eldre barnehagar. Regjeringa foreslår også å redusere påslaget for sosiale utgifter i utrekninga av nasjonal tilskottssats for private familiebarnehagar. Totalt vil endringane gi ei innsparing for kommunane på 338 mill. kroner i 2016. Regjeringa foreslår at midlane blir nytta til å finansiere 100 pst. likeverdig behandling, tiltak for auka kvalitet i barnehagane og informasjons- og rekrutteringsarbeid på barnehagefeltet.

ESA, som er overvåkingsorganet til EFTA, uttalte i 2012 at finansieringsordninga for ikkje-kommunale barnehagar ikkje inneber offentleg støtte etter EØS-avtalen, jf. Prop. 98 L (2011–2012) Endringer i barnehageloven (tilskudd og foreldrebetaling i ikke-kommunale barnehager). Departementet meiner at endringane som blir innført frå 2016, ikkje gir grunnlag for ei anna vurdering av finansieringsordninga enn den ESA gjorde i 2012.

Regjeringa har merka seg at det er store variasjonar mellom barnehagar i personaltettleiken, og at tettleiken er lågare i ikkje-kommunale barnehagar. Økonomisk likebehandling av ikkje-kommunale barnehagar er derfor eit tiltak som legg til rette for høgre personaltettleik i dei ikkje-kommunale barnehagane.

Endringar i barnehagelova

Departementet arbeider med endringar i barnehagelova. Endringane skal bidra til ei enklare og klarare lov og vil vere ein viktig del av arbeidet med å løfte kvaliteten i barnehagane.

Stortingsmelding om barnehage

Regjeringa har beslutta å levere ei stortingsmelding om innhald og kvalitet i barnehagen våren 2016. Meldinga skal ikkje ta for seg alle sider ved barnehagane i Noreg, men omhandle hovudtema som støttar opp under regjeringa si satsing på kvalitet i barnehagetilbodet. Vidare skal meldinga leggje eit godt grunnlag for det vidare arbeidet med revidert rammeplan for innhald og oppgåver i barnehagen. Regjeringa tek sikte på at revidert rammeplan trer i kraft frå barnehageåret 2017–18.

Kap. 231 Barnehagar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 51

215 394

284 718

449 825

50

Tilskott til samiske barnehagetilbod

15 160

15 660

16 114

51

Forsking, kan nyttast under post 21

8 286

8 509

8 712

63

Tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealder

130 173

134 339

138 235

70

Tilskott for symjing i barnehagane, prøveprosjekt frivillige organisasjonar

10 000

10 290

Sum kap. 0231

369 013

453 226

623 176

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 51

Midlane på posten blir nytta til forsking, utviklingsarbeid, kartleggingar, utgreiingar, kompetansetiltak, rekrutteringstiltak, informasjons- og erfaringsspreiing i barnehagesektoren og utviklingsbehov som oppstår gjennom året. Ein mindre del av løyvinga kan bli nytta til tilskott til etablering av fagskoletilbod som er relevante for arbeid i barnehage.

Mål for 2016

Målet med løyvinga i 2016 er å medverke til å auke kvaliteten i barnehagane og styrkje kunnskapsgrunnlaget. Det fleirårige arbeidet med å vidareutvikle og styrkje barnehagen som pedagogisk institusjon og som ein lærande organisasjon, skal førast vidare.

Rapport for 2014

I 2014 vart det over kap. 231 post 21 totalt nytta om lag 215 mill. kroner til kvalitetstiltak for barnehagesektoren. Midlane omfatta 36 mill. kroner til å styrkje kunnskapsgrunnlaget gjennom forsking, undersøkingar og kunnskapsoversikter og 179 mill. kroner til kvalitet og kompetanseutvikling.

Kompetansesatsinga i 2014 hadde til formål både å heve kompetansen blant dei tilsette i barnehagane og å rekruttere kvalifisert personale. Satsinga omfatta kompetansetiltak for alle grupper tilsette i barnehagen uansett erfaring og kompetansenivå. Fylkesmannsembeta har vore viktige pådrivarar i arbeidet med kompetansesatsinga og har sikra at kommunale og ikkje-kommunale barnehagar har fått midlar til kompetanseheving. Embeta forvalta i 2014 om lag 90 mill. kroner til kompetanseutvikling i barnehagesektoren. Av desse midlane vart 42 mill. kroner fordelte fylkesvis og nytta til arbeid med oppfølging av kompetansestrategien Kompetanse for framtidens barnehage. Strategi for kompetanse og rekruttering 2014–2020.

Det vart i 2014 nytta om lag 31,6 mill. kroner til vidareføringa av leiarutdanninga for styrarar. Våren 2014 tok 284 av dei opprinnelege 300 deltakarane eksamen. Frå hausten 2014 vart talet på studieplassar auka med 150 plassar, slik at i alt 450 deltakarar starta opp. Desse skal ta eksamen hausten 2015.

Det vart i 2014 nytta om lag 3,1 mill. kroner til stimuleringstiltak i regi av lærarutdanningane for å auke tilbodet om rettleiing for nytilsette, nyutdanna barnehagelærarar. Desse midlane vart nytta i samanheng med midlar frå kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa, post 21 Særskilde driftsutgifter, til rettleiing av nyutdanna lærarar.

Det vart i 2014 nytta om lag 6 mill. kroner til tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk (TIB) for pedagogisk personale som ikkje har barnehagelærarkompetanse, og tilbodet hadde 168 deltakarar.

Det vart i 2014 nytta om lag 3,5 mill. kroner til vidareutdanning i pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen (såkalla PUB-studium). Tilbodet hadde 123 deltakarar i studieåret 2014–15.

Det vart i 2014 nytta 27,5 mill. kroner til arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU). 214 fagarbeidarar og assistentar deltok i deltidsutdanninga for å bli kvalifiserte barnehagelærarar. Ein del av midlane vart nytta til arbeid med ABLU-plassar som starta opp i 2015.

Det vart i 2014 nytta om lag 21 mill. kroner til kompetanseheving for assistentar, og dei ulike tilboda hadde totalt 3 504 deltakarar. Tilbodet til erfarne assistentar om å ta fagprøva i barne- og ungdomsarbeidarfaget for å formalisere realkompetansen sin hadde 904 deltakarar. Tilbodet om kompetansehevingsstudium for assistentar hadde 362 deltakarar. Tilbodet om kurs i barnehagefagleg grunnkompetanse hadde 2 238 deltakarar.

Det vart i 2014 nytta om lag 4,5 mill. kroner til barnehagetiltak i handlingsplanen Likestilling 2014. Tiltaka har omfatta drift av likestillingsteam i alle fylke, ei nettside og ei statusundersøking om likestillingsarbeidet i barnehagen, jf. del III Omtale av særlege tema, kap. 8 Likestilling og arbeid mot diskriminering.

Det vart i 2014 nytta om lag 6 mill. kroner på rekrutteringskampanjen Verdas finaste stilling ledig, før den vart avslutta sommaren 2014. I tillegg vart det tildelt 3,8 mill. kroner til fylkesmennene for å føre vidare regionale GLØD-nettverk knytte til lokalt rekrutteringsarbeid for å få fleire studentar til barnehagelærarutdanninga.

Fylkesmannsembeta mottok 8,5 mill. kroner i 2014 til å dekkje utgifter til administrative oppgåver knytte til kompetanseheving på barnehageområdet.

Dei nasjonale sentera fekk i 2014 tildelt 8,5 mill. kroner til oppdrag på barnehageområdet.

Budsjettforslag for 2016

Regjeringa vil styrkje arbeidet med kompetanseheving i barnehagesektoren. Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med om lag 160 mill. kroner i 2016. Midlane skal gå til oppfølginga av kompetansestrategien, fleire studieplassar til arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning, kompetanseutvikling for barnehagetilsette i opne barnehagar og til lokale tiltak for å støtte opp under lese- og skrivestrategien og realfagsstrategien. Totalt vil det bli nytta om lag 440 mill. kroner over kap. 231 til tiltak for å fremme kvaliteten i barnehagane i 2016.

Forslaget om å løyve midlar til fleire studieplassar til vidareutdanning for tilsette i barnehagane fører til auka utgifter til utdanningsstøtte, jf. omtale under kap. 2410 Statens lånekasse for utdanning postane 50–90, kap. 5310 og kap. 5617.

Post 50 Tilskott til samiske barnehagetilbod

Sametinget forvaltar tilskott til samiske barnehagar, barnehagar med samiske avdelingar og barnehagar med tilbod om samisk språkopplæring. I tillegg kan tilskottet nyttast til utviklingsarbeid og prosjekt i barnehagane. Sametinget og Kunnskapsdepartementet har både faste samarbeidsmøte på administrativt nivå og konsultasjonar etter behov og nærmare avtale.

Mål for 2016

Målet for tilskottsordninga er å medverke til å leggje til rette for at samiske barn skal få utvikle samisk språk og kultur i barnehagen.

Rapport for 2014

I 2014 mottok Sametinget om lag 15,2 mill. kroner i tilskott til samiske barnehagetilbod. Statistikk frå Sametinget viser at det i 2014 var totalt 815 barn som gjekk i barnehagar med eit samisk tilbod mot 822 i 2013. Av desse gjekk 601 barn i samiske barnehagar, 87 barn i barnehagar med samisk avdeling og 127 barn i barnehagar med samisk språkopplæringstilbod. Av dei 815 barna hadde 762 barn nordsamisk bakgrunn mot 780 i 2013, 28 barn hadde lulesamisk bakgrunn mot 18 i 2013, og 25 barn hadde sørsamisk bakgrunn mot 24 i 2013.

I 2014 var det registrert 24 samiske barnehagar mot 23 i 2013, sju barnehagar med samisk avdeling, same tal som i 2013, og 27 barnehagar med samisk språkopplæringstilbod mot 22 i 2013. Dei sistnemnde barnehagane ligg i åtte fylke: Finnmark, Troms, Nordland, Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal, Oslo og Akershus.

Tilbakemeldingar viser at dei tilskottsordningane som Sametinget forvaltar, er til god hjelp for å synleggjere det samiske perspektivet. Midlane blir mellom anna nytta til å lønne kulturbærarar som kan formidle samisk kultur vidare til barna, men også til å synleggjere den samiske kulturen ved gjenstandar og anna materiale i barnehagane, jf. årsmelding frå Sametinget.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2015.

Post 51 Forsking, kan nyttast under post 21

Midlane blir nytta til forsking på og for barnehagar. Løyvinga på posten må sjåast i samanheng med løyvinga til kompetanseutvikling på post 21. Løyvinga blir forvalta av Noregs forskingsråd gjennom ulike forskingsprogram.

Mål for 2016

Målet er å få eit betre kunnskapsgrunnlag for praksis, forvaltning og barnehagepolitikk. Tilskottet skal medverke til å styrkje forskinga på og for barnehagar.

Rapport for 2014

Dei tidlegare forskingsprogramma PRAKUT og UTDANNING2020 vart i 2014 erstatta av det store og langsiktige programmet FINNUT (2014–2023). FINNUT omfattar forsking og innovasjon i utdanningssektoren, frå barnehage og skole til høgre utdanning og vaksnes læring. Heile løyvinga på posten gjekk uavkorta til Noregs forskingsråd, som fordeler midlane til ulike forskingsprosjekt på barnehageområdet.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår at løyvinga på posten blir ført vidare på same nivå som i 2015.

Post 63 Tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealder

Tilskottet skal medverke til at kommunane kan utforme tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealderen både i og utanfor barnehagen, og skal samstundes motivere kommunane til å rekruttere fleire minoritetsspråklege barn til barnehagen. Tilskottet blir delt ut til kommunane ut frå talet på minoritetsspråklege barn som går i barnehage.

Mål for 2016

Målet for tilskottsordninga er å medverke til å leggje til rette for at minoritetsspråklege barn i førskolealderen skal få betre språkforståing.

Rapport for 2014

Totalt vart om lag 130,2 mill. kroner nytta over posten i 2014. Heile summen vart tildelt kommunane ut frå talet på minoritetsspråklege barn som går i barnehage i den enkelte kommune. Ein evalueringsrapport frå 2014 viste høg måloppnåing når det gjeld det overordna målet om at tilskottet skal medverke til at kommunen kan utforme tiltak for minoritetsspråklege barn.

For statistikk om minoritetsspråklege barn i barnehage, sjå del III, kap. 7 Ressursar i barnehagesektoren.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2015.

Post 70 Tilskott for symjing i barnehagane, prøveprosjekt frivillige organisasjonar

I statsbudsjettet for 2015 vedtok Stortinget å løyve 10 mill. kroner til symjeopplæring i barnehagane, jf. Innst. 14 S (2014–2015). Opplæringa skal skje i regi av kommunar eller frivillige organisasjonar. Stortinget viste til at det i dei siste åra har vore mange tragiske drukningsulykker blant barn og unge, særleg i innvandrarbefolkninga, og at symjeferdigheitene blant barn og unge må styrkjast slik at barn blir trygge i vatnet så tidleg som mogleg.

Utdanningsdirektoratet har på oppdrag frå departementet utarbeidd retningslinjer for tilskottsordninga i samsvar med føringane frå Stortinget. Symjeopplæringa skal skje i regi av kommunar eller frivillige organisasjonar. Målgruppa for tilskottet er barn i barnehage i alderen 4–6 år busette i Oslo, Akershus, Buskerud, Rogaland og Hordaland. Tilskottsordninga blir forvalta av fylkesmennene i desse fem fylka.

Mål for 2016

Det overordna målet for ordninga er at barn i barnehage i alderen 4–6 år skal bli trygge i vatnet slik at grunnlaget for å lære å symje blir betre. Dette skal skje gjennom at utvalde barnehagar får tilbod om eit samarbeid om symjeopplæring.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2015.

Programkategori 07.50 Vaksenopplæring m.m.

Utgifter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

252

EUs utdannings- og ungdomsprogram

324 848

439 921

513 780

16,8

253

Folkehøgskolar

744 043

771 297

797 064

3,3

254

Tilskott til vaksenopplæring

230 719

214 903

221 136

2,9

255

Tilskott til freds- og menneskerettssentra

125 791

106 526

99 595

-6,5

256

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

70 703

63 615

64 769

1,8

257

Program for basiskompetanse i arbeidslivet

121 508

168 710

168 834

0,1

258

Tiltak for livslang læring

88 303

100 139

128 725

28,5

Sum kategori 07.50

1 705 915

1 865 111

1 993 903

6,9

Inntekter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

3256

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

15 347

11 323

11 593

2,4

Sum kategori 07.50

15 347

11 323

11 593

2,4

Innleiing

Eit høgt kunnskaps- og kompetansenivå i heile folket er grunnlaget for sosial utjamning og for at norske verksemder skal ha den kompetansen dei treng. Ei kompetent vaksenbefolkning legg grunnlaget for nyskaping, omstilling og vekst i norsk nærings- og arbeidsliv. Utdanning og livslang læring gjer det mogleg for den einskilde å delta i arbeid og samfunnsliv, og stimulerer til produktivitet, omstillingsevne og meistring. Det er derfor viktig å leggje til rette for at fleire vaksne både i og utanfor arbeidslivet skal kunne halde ved like og tileigne seg ny kunnskap, og oppgradere kompetansen sin gjennom utdanning og opplæring.

Hovudmålet for løyvingane under denne programkategorien er kompetanse som trengst i dag og i framtida, jf. figur 1.2 Målbilete for Kunnskapsdepartementet. Dette målet gjeld spesielt for kompetansepolitikken.

Kompetansepolitikken omfattar verkemiddel for å utvikle og bruke kompetansen i det norske folket gjennom betre samsvar mellom arbeidslivets etterspurnad etter arbeidskraft og den einskildes bruk av sin eigen kompetanse. Dette inneber å leggje til rette for at den einskilde kan ta gode utdanningsval, å leggje grunnlaget for læringsprosessar utover opprinneleg utdanning, og å sikre eit system for å anerkjenne kvalifikasjonar og læring. Kunnskapsdepartementet har samordningsansvar, men verkemidla i kompetansepolitikken går på tvers av departement, sektorar og forvaltningsnivå.

I tillegg til ein del tiltak innanfor kompetansepolitikken blir utdanningsforsking, tilskott til folkehøgskolane, tilskott til freds- og menneskerettssentera og utvekslingsprogrammet Erasmus+ finansierte over programkategori 07.50.

Utdanningsforskinga skal, forutan å gi ny kunnskap og erkjenning generelt, medverke til høgre kvalitet i barnehagane, i skolane, i høgre utdanning og i vaksenopplæringa, og gi eit solid grunnlag for politikkutvikling. Gode miljø for utdanningsforsking skal bringe fram eit godt kunnskapsgrunnlag som gir rom for ein meir opplyst debatt om innhald, læring, ressursbruk og resultat.

Internasjonalt samarbeid medverkar til betre kvalitet på og større relevans i norsk utdanning og forsking. Gjennom deltaking i internasjonale utvekslingsprogram legg departementet til rette for at elevar, studentar og tilsette ved lærestadene får høve til å skaffe seg internasjonal kompetanse og fagleg utbytte.

Freds- og menneskerettssentera arbeider med å styrkje fredsarbeid og mellommenneskelig forståing, og gir opplæring i demokratiske verdiar og haldningar, særleg til barn og unge.

Folkehøgskolane i Noreg er eit alternativ og supplement til det formelle utdanningssystemet som skal fremme allmenndanning og folkeopplysning.

Hovudprioriteringar for 2016

Gode grunnleggjande dugleikar og etterspurd kompetanse er nøkkelfaktorar for ei langvarig tilknyting til arbeidslivet. Ei styrkt satsing på dette vil vere samfunnsøkonomisk lønnsamt fordi færre personar da vil stå utanfor arbeidslivet og vere avhengig av offentlege ytingar. Regjeringa vil leggje fram ei stortingsmelding om livslang læring og utanforskap våren 2016. Arbeidet med meldinga har vist at det er tre hovudgrupper med vaksne som slit med å få varig tilknyting til arbeidslivet. Den første gruppa er unge vaksne som verken er i jobb, utdanning eller opplæring. Mange i denne gruppa starta på vidaregåande opplæring eller utdanning, men på grunn av faglege eller sosiale problem fell dei frå. Den andre store gruppa er vaksne som har for svak utdanning og for svake grunnleggjande dugleikar til å få innpass i eller oppfylle krava i arbeidslivet. Den siste store hovudgruppa er innvandrarar med dårlege dugleikar i norsk, som manglar utdanning, eller som ikkje får godkjent den kompetansen dei hadde med seg til Noreg. Meldinga til Stortinget vil omtale og komme med forslag til tiltak som kan bidra til å auke kompetansen hos desse gruppene. Kunnskapsdepartementet foreslår om lag 35 mill. kroner under programkategori 07.50 til oppfølging av meldinga i 2016.

Grunnleggjande dugleikar i norsk språk er viktig for å kunne ta del i det norske samfunnet. Undersøkingar tyder på at det er behov for opplæring i grunnleggjande norsk. Kunnskapsdepartmentet har nå lagt til rette for eit slikt tilbod gjennom Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA). Departementet har i samband med utlysinga av tilskottsmidlar for 2016 utvida BKA-ordninga med opplæring i grunnleggjande norsk. Kunnskapsdepartementet vil òg utvide Program for basiskompetanse i frivilligheita (BKF) med same tilbod. Sjå kap. 257 post 70 for meir informasjon.

For å styrkje konkurransekrafta til norsk næringsliv, sikre økonomisk vekst og medverke til sosial inkludering er det viktig å ta i bruk kompetansen til heile befolkninga. Regjeringa vil utvikle ein nasjonal kompetansepolitisk strategi i dialog med partane i arbeidslivet. Tanken er å leggje til rette for ein framtidsretta kompetansepolitikk som bidrar til styrkt omstillingsevne, auka deltaking i arbeids- og næringsliv og betre tilgang på etterspurd kompetanse. Regjeringa vil leggje fram strategien i 2016.

Ei utfordring i arbeidet med å etablere ein overordna kompetansepolitisk strategi, er å få til samarbeid på tvers av sektorar. I 2016 vil Noreg i samarbeid med OECD invitere til ein internasjonal ministerkonferanse som nett tek opp korleis ein kan få til eit godt sektorovergripande arbeid i kompetansepolitikken. Målet er å leggje til rette for diskusjon og erfaringsutvekslingar som kan gi grobunn for nye og betre løysingar i Noreg og andre land.

Tilstandsvurdering

Mål: Kompetanse som trengst i dag og i framtida

Kompetansepolitikken

Norsk arbeidsliv er prega av høge kompetansekrav, høg produktivitet og høge lønnskostnader. Eit overordna mål for kompetansepolitikken er å medverke til at verksemdene har tilgang til og kan vidareutvikle den kompetansen dei har behov for, og medverke til inkludering i samfunns- og arbeidsliv ved at vaksne som treng det, får opplæring.

Kunnskapsgrunnlaget for kompetansepolitikken har vorte betre i dei seinaste åra, ikkje minst takk vere nasjonale og internasjonale undersøkingar. Vox-spegelen er ein årleg rapport som viser statistikk over vaksne si deltaking i utdanning og opplæring. Saman med data frå Statistisk sentralbyrå (SSB) og internasjonale undersøkingar som OECD Skills Strategy og PIAAC (Programme for the International Assessment of Adult Competencies) gir han eit godt bilete av status og utfordringar i kompetansepolitikken.

I rapporten Skills Strategy Diagnostic Report Norway frå 2014 peiker OECD på at Noreg, trass i gode føresetnader, ikkje godt nok maktar å få ut potensialet i sitt eige folk når det gjeld kompetanse. OECD trekkjer fram fleire, dels kjende, utfordringar for Noreg.

Ei slik utfordring er godt samsvar mellom utdanningsvalet til den einskilde og det behovet nærings- og arbeidslivet har for arbeidskraft. Det er viktig både for individet og for samfunnet. Framskrivingane til SSB av tilbod om og etterspurnad etter arbeidskraft fram mot 2030 er ei viktig kjelde til kunnskap om framtidige kompetansebehov. Det går tydeleg fram av statistikken at jobbmoglegheitene aukar viss ein fullfører vidaregåande opplæring. Har ein så valt eit studieførebuande løp, aukar moglegheitene for jobb om ein held fram med høgre utdanning. Berekningane til SSB syner elles høg vekst i etterspurnaden etter arbeidskraft med yrkesfagleg opplæring fram mot 2030. Denne gruppa inkluderer fagskoleutdanna arbeidskraft. Det er berekna eit overskott av dei med berre grunnskoleutdanning og eit underskott av dei med vidaregåande yrkesfagleg opplæring som høgste fullførte utdanning. Noreg treng betre koordinering mellom ansvar og tiltak, slik OECD tilrår, for å redusere slike mistilpassingar. Det er òg ein klar etterspurnad etter betre tenester innanfor livslang karriererettleiing.

Gode utdanningsval må følgjast opp av livslang læring. Formell etter- og vidareutdanning ved universitet og høgskolar er eit viktig bidrag i kompetansepolitikken, sjå omtale av livslang læring og fleksibel utdanning under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning. Gjennom studieforbunda og andre delar av frivillig sektor får mange vaksne òg tilbod om opplæring utanfor det formelle utdanningssystemet.

Lærevilkårsmonitoren, ei årleg kartlegging av læring og kompetanseutvikling blant vaksne som SSB gjennomfører, syner at det er langt fleire av dei sysselsette som deltek i kurs og anna opplæring, enn det er blant dei som står utanfor arbeidslivet, jf. tabell 4.7. Blant dei sysselsette deltek dei som jobbar i akademiske yrke mest på kurs, konferansar, seminar og i anna uformell opplæring (64 pst.), medan dei i sals- og serviceyrke deltek minst (37 pst.). Gjennomgåande er det dei med høg utdanning som tek mest del i slik opplæring. Ei undersøking frå 2013, gjord av Oxford Research, kjem fram til at gjennomsnittsdeltakaren på kurs i regi av studieforbunda òg har høgre utdanning enn gjennomsnittet i befolkninga. Undersøkinga tydar på at studieforbundsordninga ikkje godt nok treff dei med låg kompetanse og svake grunnleggjande dugleikar.

Tabell 4.7 Vaksnes deltaking i utdanning og opplæring, 2008–15. Alle tal i pst.

Type opplæring

Gruppe

2008

2009

2010

2011

2012

2013

2014

2015

Formell utdanning

Sysselsette

11,0

11,0

9,4

8,6

9,7

10,3

9,5

8,9

Ikkje-sysselsette

15,1

13,5

11,7

10,6

12,4

13,2

13,6

14,4

Kurs og anna opplæring

Sysselsette

55,1

51,8

47,6

49,1

51,3

51,7

49

51,5

Ikkje-sysselsette

14,9

13,2

13

10,1

12,4

12,4

13,7

15,2

Endringar i tala frå dei som har vorte presentert tidlegare år skyldast at vaksne er rekna frå 25 år og oppover, medan vaksne tidlegare har vore rekna frå 22 år.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå (SSB)

I Noreg er det om lag 540 000 vaksne som har grunnskole som si høgste utdanning. Denne gruppa er og vil vere sårbar i eit arbeidsliv som i aukande grad krev høg kompetanse. Den store internasjonale PIAAC-undersøkinga frå oktober 2013 synte at medan Noreg gjer det betre enn det internasjonale gjennomsnittet i lese- og talforståing og problemløysing med IKT blant vaksne, var det òg ei relativt stor gruppe med svake grunnleggjande dugleikar. Om lag 400 000 vaksne mellom 16 og 65 år manglar grunnleggjande dugleikar i lesing, 480 000 manglar grunnleggjande dugleikar i talforståing, og om lag 800 000 vaksne manglar grunnleggjande IKT-dugleikar.

Tala frå PIAAC-undersøkinga er urovekkjande for Noreg, og tyder på at ei relativt stor gruppe vaksne har falle eller står i fare for å falle utanfor utdanning og arbeidsliv. Deira bakgrunn er særs ulik, og speglar eit arbeidsliv i endring. Det kan vere unge vaksne som ikkje er i jobb eller i utdanning. Det kan vere personar som har for svak utdanningsbakgrunn, som manglar grunnleggjande dugleikar og/eller språklege dugleikar til å klare å følgje opp dei auka krava i arbeidslivet. Det kan òg vere innvandrarar som har mangelfull utdanning, eller som ikkje får godkjend kompetansen sin.

Gitt dei mange som PIAAC-undersøkinga synte har svake grunnleggjande dugleikar, er det få vaksne i grunnskole og vidaregåande opplæring. Vaksne som treng det, har rett til grunnskoleopplæring, jf. opplæringslova § 4A-1, og vaksne som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har rett til dette, jf. § 4A-3. Ifølgje tal frå Vox-spegelen var det i skoleåret 2013–14 til saman nær 10 000 vaksne frå 324 kommunar som deltok i ordinær grunnskoleopplæring eller fekk spesialundervisning innanfor grunnskolen sitt område. 91 pst. av dei som var i ordinær grunnskoleopplæring, var minoritetsspråklege. Hausten 2013 var det om lag 16 000 vaksne som deltok i vidaregåande opplæring, og 11 000 vaksne lærlingar. Av dei om lag 10 400 vaksne som avla fag- og sveineprøve i 2013–14, besto om lag 94 pst. prøva. Nær fire av fem som går opp til fag- og sveineprøve er praksiskandidatar. Praksiskandidatordninga inneber at vaksne med minst 25 pst. lengre allsidig praksis i faget enn læretida kan framstille seg til fag- eller sveineprøve.

Det begrensa talet på vaksne i grunnskole- og vidaregåande opplæring er ein indikasjon på at dagens opplæringstilbod til vaksne ikkje framstår som attraktivt nok, særleg sett i samanheng med talet på dei med grunnskole som høgste utdanning og talet på dei med svake grunnleggjande dugleikar. Det er naudsynt med opplegg som tek omsyn til at vaksne er i ein annan livssituasjon enn barn og unge, og som er meir tilpassa behova til den einskilde.

Frå tidlegare arbeid med utdanningsstatistikken er det kjent at det er om lag 134 000 vaksne vi ikkje har utdanningsopplysningar om. Gruppa med ukjend utdanning består i all hovudsak av innvandrarar. Nokre kjem frå land utan eit fungerande utdanningssystem og har ikkje fått grunnleggjande opplæring, men mange har fullført utdanning i utlandet som dei ikkje har registrert i Noreg. For ein del av dei med ukjend eller låg utdanning vil ei kartlegging av deira dugleikar vere naudsynt for å identifisere deira opplæringsbehov. Andre treng rask godkjenning av si utanlandske utdanning for å dra nytte av kompetansen sin og gjere sitt i samfunnet.

Rekommandasjonen om det europeiske kvalifikasjonsrammeverket for livslang læring (EQF) vart tatt inn i EØS-avtalen 17. mars 2009, og er ein del av det europeiske samarbeidet om kompetansepolitikken. Samarbeidet handlar mellom anna om å nytte ein felles mal for å omtale kvalifikasjonar. Målet er å kople dei nasjonale kvalifikasjonsrammeverka i Europa til EQF for å gjere utdanningssystema meir forståelege og lettare å samanlikne på tvers av land. Dette skal vere med å auke mobiliteten i utdannings- og arbeidsmarknaden i Europa.

Utdanningsforsking

I dei siste åra har kunnskap om barnehagen, grunnopplæringa, fagskolen, høgre utdanning og læring blant vaksne auka i omfang. Ein ser òg ei positiv utvikling i kvaliteten på og relevansen i utdanningsforskinga. Forskingsfeltet har vorte rikare og meir variert når det gjeld både metodar og teori. Fleire gode og produktive fagmiljø har vakse fram. Samarbeid, samspel og kunnskapsdeling mellom dei ulike aktørane viser ei utvikling i ønskt retning. Det er viktig at denne utviklinga held fram. Dei utfordringane som sektorane møter, blir stadig meir komplekse, og ein treng derfor ny kunnskap, nye metodar og nye former for samarbeid for å finne betre løysingar på dei utfordringane ein ser i skolane, i forvaltninga og i organiseringa og styringa av utdanningssektoren. For betre å forstå kva som har effekt i læringssituasjonar og undervisning, er det særleg behov for meir forsking som måler effekten av ulike tiltak og intervensjonar på praksisfeltet.

Utdanningsforskinga skal samstundes medverke til vidare utvikling på område der norsk utdanning allereie er god. Det er viktig å halde oppe volumet på utdanningsforskinga slik at ein får bygt fleire gode fagmiljø.

Ifølgje NIFU-rapporten Utdanningsforskningen i Norge i 2013: Ressurser og resultater stod universiteta for 48 pst. av utdanningsforskinga i Noreg i 2013, medan 27 pst. av forskinga vart utført ved dei statlege høgskolane, 15 pst. ved dei vitskaplege høgskolane og ti pst. i instituttsektoren. Litt over halvparten av FoU-utgiftene til utdanningsforsking i 2013 vart brukt ved miljø innanfor pedagogiske fag, medan 23 pst. vart nytta ved samfunnsvitskaplege miljø og tolv pst. ved humanioramiljø. Grunnskolen var det største forskingsområdet innanfor utdanningsforskinga (31 pst.), følgd av forsking på høgre utdanning (19 pst.), vidaregåande opplæring (15 pst.), barnehage (elleve pst.) og vaksenopplæring (fem pst.).

Forskingsprogrammet Kunnskapsgrunnlaget for forskings- og innovasjonspolitikken (FORFI) i Noregs forskingsråd vart evaluert i 2013, og konklusjonen var at det er behov for ei forskingssatsing for å styrkje kunnskapen om forsking og om innovasjonsprosessar. Forskingsrådet har oppretta satsinga Forskning for forsknings- og innovasjonspolitikk (FORINNPOL), som skal vare til 2022. Sjå omtale under programkategori 07.70 Forsking.

Internasjonalt utdanningssamarbeid

Deltaking i EUs utdanningsprogram er eit viktig verkemiddel for å nå utdanningspolitiske mål. Sidan tidleg i 1990-åra har norsk deltaking i EUs utdanningsprogram bidratt til at fleire tusen elevar, lærlingar, studentar, lærarar og andre tilsette ved norske utdanningsinstitusjonar har kunna reise på utvekslingsopphald i Europa. Den auka prioriteringa av internasjonalisering i norsk utdanning er godt illustrert i investeringane i deltaking i EUs utdanningsprogram. I det førre programmet, program for livslang læring (LLP) (2007–13), syner deltakinga frå norske aktører ein kraftig vekst, jf. tabell 4.8.

Tabell 4.8 Deltaking i EUs program for livslang læring (LLP), 2007–13

Gruppe

Deltakarar 2007–13

Endring i perioden

Studentar i mobilitetsprosjekt i høgre utdanning

8 846

48 pst.

Lærarar og tilsette i mobilitetsprosjekt i høgre utdanning

3 530

61 pst.

Deltakarar i partnarskap i grunnskolen

12 108

42 pst.

Deltakarar i partnarskap i vaksenopplæring

1 580

53 pst.

Deltakarar i mobilitetsprosjekt i fag- og yrkesopplæring

5 589

76 pst.

Kjelde: Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU)

Samstundes har mange utanlandske studentar, elevar, lærarar og tilsette vore på utvekslingsopphald i Noreg. Deltakinga har òg gitt norske skolar, universitet og høgskolar tilgang til eit omfattande nettverk med europeiske samarbeidspartnarar. Sidan 1992 har alle norske høgre utdanningsinstitusjonar bygt opp europeiske samarbeidsavtalar. Desse avtalane inkluderer til dømes utveksling, strategiske partnarskapar, utvikling av felles undervisningsopplegg og doble gradar eller fellesgradar.

Stortinget vedtok i april 2014 at Noreg skal delta i EUs program for utdanning, ungdom og idrett, Erasmus+ (2014–20). Budsjettet for programmet er basert på Europakommisjonens langtidsbudsjett, og har ei total ramme på 16,4 mrd. euro. Noregs del er om lag 500 mill. euro gjennom perioden. Sjå omtale av Erasmus+ under kap. 252.

Erfaringa viser at den norske medverknaden i dei europeiske utdanningsprogramma i dei siste åra har to klare hovudutfordringar. Den første er å få fleire studentar i høgre utdanning til å ta delar av eller heile utdanninga si i utlandet. Nivået i dag ligg under eit europeisk gjennomsnitt, og slik har det vore over ei tid. Den andre hovudutfordringa er å auke talet på norske aktørar som deltek i prosjekt som får midlar som er sentralt kunngjorde i EU, og som er opne for konkurranse for aktørar frå alle programland. Her er det potensial for å delta meir.

Det har vore ein kraftig auke i talet på studenter som tek heile graden i utlandet, jf. omtale under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning. Blant studentar i høgre utdanning som vel å ta delar av ein grad i utlandet, gjer nokre det gjennom eigne institusjonsavtalar, medan dei fleste europeiske avtalane skjer gjennom Erasmus+. Talet på alle studentar som har valt å ta ein delgrad i utlandet, hadde ein nedgang i studieåret 2013–14, og ligg under målet om at minst 20 pst. av studentane skal ha eit utenlandsopphald i løpet av utdanninga. Nedgangen blir reflektert også i Erasmus+. Etter nokre år med auke var det ein nedgang på to pst. i 2014. I dei siste åra har tala på innreisande studentar til norske institusjonar vore over to og ein halv gonger så stort som talet på studentar frå Noreg som reiser utanlands. Innreisande studentar, saman med innreisande lærarar og tilsette, er samstundes viktige for internasjonalisering av utdanninga i Noreg.

Folkehøgskolar og freds- og menneskerettssenter

Folkehøgskolane er eit supplement til den opplæringa som finn stad gjennom det ordinære utdanningssystemet og i arbeidslivet. Folkehøgskolar har lange tradisjonar i Noreg, og den første skolen vart oppretta i 1864. Det er 78 folkehøgskolar i Noreg. I dei seinare åra har det totale elevtalet på folkehøgskolane lege på om lag 7 000 årselevar, det vil seie rundt ti pst. av eit årskull 19-åringar. Eit år på folkehøgskole kan for mange unge gi moglegheit til å utvikle seg i ein modningsfase i overgangen til vaksenlivet.

Kunnskapsdepartementet gir tilskott til sju freds- og menneskerettssenter rundt om i landet. Gjennom utstillingar og pedagogiske undervisningsopplegg gir dei kvart år opplæring til om lag 30 000 elevar, studentar og lærarar. Sentera har ulik profil og ulike pedagogiske opplegg. Felles for alle er at dei på bakgrunn av erfaringar frå tidlegare konfliktar og krigar ønskjer å fremme respekt for menneskerettar og fred gjennom dialog og samhandling. I ei tid prega av eit aukande internasjonalt konfliktnivå og store flyktningestraumar er det ei viktig oppgåve.

Strategiar og tiltak

Kompetansepolitikken

Regjeringa vil leggje fram ei melding til Stortinget om livslang læring og utanforskap våren 2016. Meldinga er eit samarbeid med Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet, og arbeidet blir leidd av Kunnskapsdepartementet. I meldinga vil regjeringa leggje vekt på tiltak for vaksne med svake grunnleggjande dugleikar og låg kompetanse, som har auka risiko for å falle ut av utdanning og arbeidsliv, eller for ikkje å komme i arbeid.

Meldinga vil leggje til grunn at tilboda til vaksne med svake grunnleggjande dugleikar må vere fleksible. Behova for opplæring er særs ulike frå individ til individ i målgruppa. Dei offentlege instansane må i større grad enn før tilpasse tiltaka sine til dei behova den einskilde har for kompetanse. Tilboda må òg vere i tråd med livssituasjonen til dei vaksne. Vaksne må ofte kombinere arbeid og utdanning og har forseinkingar eller avbrot på grunn av flytting, barn og anna ansvar. Vidare vil meldinga leggje til grunn at det er naudsynt med betre grunnlag for samarbeid på tvers av ulike sektorar og forvaltningsnivå. For å skape nødvendig samarbeid lokalt er det viktig at det nasjonale nivået klargjer rollar og oppgåver, og uttrykkjer tydelege forventningar til samarbeid.

Det er behov for å fjerne flaskehalsar og å få til betre samordning mellom offentlege instansar med opplæring og utdanning som del av deira aktivitet. Slik kan fleire utsette vaksne tileigne seg den kompetansen dei treng for å få ei varig tilknyting til arbeidslivet. Det er vidare behov for å setje tydelege mål og stake ut ei tydeleg retning for alle aktørane som arbeider for å hjelpe vaksne med svake grunnleggjande dugleikar og låg kompetanse.

I Sundvolden-erklæringa slår regjeringa fast at alle som står utanfor arbeidsmarknaden, og som er i kontakt med hjelpeapparatet, automatisk skal få eit tilbod om kartlegging av deira grunnleggjande dugleikar. Ei slik kartlegging kan avdekkje svake grunnleggjande dugleikar, slik at personane det gjeld, kan få eit tilbod om naudsynt opplæring. I dag finst det ikkje noko kartleggingsverktøy som er felles for aktørane på feltet. Dei verktøya som finst, er også av ulik kvalitet. Det er ein klar fordel om alle som jobbar med vaksne sin kompetanse, får tilgang til felles verktøyløysingar. Ein nasjonal standard vil gjere kartlegginga eins for alle brukerane, noko som i sin tur vil gi betre kommunikasjon på tvers av ulike instansar og geografi. På bakgrunn av dette har regjeringa sett i gang eit arbeid med utvikling av verktøy for kartlegging av grunnleggjande dugleikar.

Regjeringa vil utvikle ein nasjonal kompetansepolitisk strategi i dialog med partane i arbeidslivet. Arbeidet i statsforvaltninga blir leidd av Kunnskapsdepartementet og utført i samarbeid med relevante departement.

Ein nasjonal kompetansepolitisk strategi skal møte utfordringar knytte til tilbod og etterspørsel etter kompetanse, informerte utdannings- og yrkesval, læring i arbeidslivet, og utvikling og bruk av vaksnes kompetanse, inkludert vaksne med svake grunnleggjande dugleikar.

Ei av tilrådingane frå OECD i Skills Strategy-rapporten er å utvikle eit heilskapleg system for livslang karriererettleiing for å sikre betre tilgang til og kvalitet på karriererettleiinga i Noreg. Regjeringa har sett ned eit offentleg utval som skal greie ut korleis den livslange karriererettleiinga for elevar, studentar og vaksne i og utanfor arbeidslivet kan styrkjast. Utvalet skal levere hovudinnstillinga si innan utgangen av april 2016. Kunnskapsdepartementet foreslår om lag 15 mill. kroner til oppfølging av OECD Skills-rapportane og arbeidet med ein ny nasjonal strategi i 2016.

Kunnskapsdepartementet sette i 2013 i gang eit treårig prosjekt som skal etablere eit system for analyse, dialog og formidling av kunnskap om kompetansebehovet i framtida. Målet er å skape møteplassar for diskusjon, og formidle informasjon med sikte på enda betre samsvar mellom det behovet arbeidsmarknaden har for utdanna arbeidskraft, og utdanningsvala til elevar, studentar og vaksne. Prosjektet koordinerer mellom anna eit oppdrag der Statistisk sentralbyrå (SSB) bereknar framtidig tilbod av og etterspurnad etter arbeidskraft, inndelt etter utdanning. Prosjektet supplerer berekningane frå SSB med andre analysar og scenario som kan gi informasjon om kompetansebehova framover. Prosjektperioden varer ut 2016.

Kunnskapsdepartementet fastsette i 2011 eit nasjonalt heilskapleg kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR). Rammeverket klargjer læringsutbyttet på alle utdanningsnivåa, frå grunnskole til doktorgrad. Eit utval har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet greidd ut korleis opplæring utanfor det formelle utdanningssystemet kan inkluderast i det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket. Utvalet leverte rapporten sin våren 2015, og er delt i vurderinga si av behovet for å innpasse kvalifikasjonar frå ikkje-formell opplæring i NKR, og korleis dette kan gjerast. Kunnskapsdepartementet vil i 2016 vurdere korleis arbeidet til utvalet best kan følgjast opp, i samband med den kompetansepolitiske strategien.

Utdanningsforsking

Kunnskapsdepartementet la i 2013 fram Kunnskapsdepartmentets strategi for utdanningsforskning. Kvalitet og relevans (2014–2019), jf. Prop. 1 S (2013–2014) for Kunnskapsdepartementet. Den femårige strategien er eit viktig styringsverktøy for departementet når det gjeld forsking på og for eigen sektor. Han peiker ut retning og prioriteringar, og gir viktige signal til andre aktørar med ansvar, oppgåver og interesser knytte til forsking på barnehagen, grunnopplæringa, fagskolen, høgre utdanning og vaksne si læring.

Kunnskapsdepartementet har ei langsiktig satsing på forsking på utdanning gjennom Program for forskning og innovasjon i utdanningssektoren (FINNUT) i Noregs forskingsråd. FINNUT byggjer på og fører vidare dei to føregåande utdanningsforskingsprogramma PRAKUT og UTDANNING2020, og programperioden er frå 2014 til 2023. Programmet dekkjer forsking frå barnehage og skole til høgre utdanning og læring blant vaksne. FINNUT skal utvikle kunnskap av høg kvalitet og relevans for politikkutforming, forvaltning og praksisfelt, medverke til fornying av forskingsfeltet og til innovasjon i utdanningssektoren. Programmet skal òg medverke til å vidareutvikle utdanningsforskinga som eit fleirfagleg og tverrfagleg forskingsområde og få fram meir kvantitativ og empirisk forsking. Departementet legg opp til at FINNUT får ei rammeløyving på 71,4 mill. kroner i 2016. Programmet vil i 2016 bli finansiert over kap. 226 post 21, kap. 231 postane 21 og 51, kap. 258 post 21, kap. 281 post 50 og kap. 285 post 53.

I 2015 har Kunnskapsdepartementet gitt midlar til å etablere eit fagmiljø for læringsanalyse, jf. Prop. 1 S (2014–2015). Miljøet er etter ein konkurranse lagt til Universitetet i Bergen. Læringsanalyse er eit tverrfagleg forskingsfelt som prøver å forstå korleis læring skjer og korleis ein kan forbetre læring og undervisning ved hjelp av måling, innsamling, analyse og rapportering av data om lærande og læringssamanhanger. Dei store datamengdene frå MOOC og andre læringsplattformer er viktige kjelder innanfor læringsanalyse.

Ved handsaminga av statsbudsjettet for 2015 vart det oppretta ei tilskottsordning til fleire lærarar for dei yngste elevane i grunnskolen, sjå kap. 226 post 63. 25 pst. av løyvinga skal i ein periode på fire år fordelast slik at det kan forskast på effektane av auka lærartettleik. Målet er å utvikle ny kunnskap om effektive former for større lærartettleik på 1.–4. trinn. Forskingsrådet har fått i oppdrag å administrere satsinga, som har ei samla økonomisk ramme på 490,5 mill. kroner for perioden 2016–20. Midlane skal finansiere forsking på intervensjonar som systematisk prøver ut ulike modellar for større lærartettleik i småskolen, og inkluderer midlar til nye lærarstillingar.

I samband med Program for bedre gjennomføring i videregående opplæring skal det gjerast systematiske forsøk med tiltak for å auke gjennomføringa i vidaregående opplæring, jf. kap. 226 post 60. Departementet tek sikte på ei samla ramme for satsinga på om lag 120 mill. kroner over tre år. Kunnskapsdepartementet er oppdragsgivar. Midlane skal både dekkje utgifter til sjølve utprøvinga og til evalueringa av ho. Forskingsmiljø og fylkeskommunar skal levere koordinerte søknader om støtte til utprøvinga.

Internasjonalt utdanningssamarbeid

For å sikre ei god norsk deltaking i alle delar av EUs utdanningsprogram vil Kunnskapdepartementet gi SIU ansvaret for å utvikle ein handlingsplan for norsk deltaking i Erasmus+.

Regjeringa foreslår endringar i finansieringssystemet for universitet og høgskolar frå 2017, jf. omtale under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning, og i kap. 12 i Del III. Regjeringa ønskjer å styrkje insentivet for internasjonal utveksling, og vil kome tilbake til insentivstyrkjen i statsbudsjettet for 2017. Regjeringa tek sikte på at insentivet for utvekslingsstudentar blir styrkt og at utveksling gjennom Erasmus+ får særleg høg vekt.

Kunnskapsdepartementet la hausten 2015 fram ein strategi for høgre utdannings- og forskingssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika (2016–20), jf. omtale under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning og 07.70 Forsking. Departementet foreslår 32,4 mill. kroner til oppfølginga av strategien i 2016, jf. kap. 281 post 01 og kap. 288 post 21. Erasmus+ er òg eit viktig verkemiddel for auka udanningssamarbeid med dei prioriterte landa utanfor EU og Nord-Amerika fram mot 2020.

Innanfor nordisk utdannings- og forskingssamarbeid skal ein ny strategi, utvikla i 2015, leggje grunnlaget for eit framtidig fleksibelt og målretta samarbeid med grunnlag i dei felles nordiske grunnverdiane velferd, demokrati og berekraft.

Som ein del av oppfølginga av regjeringas Tyskland-strategi har Kunnskapsdepartementet auka kontakten med tyske utdannings- og forskingsmyndigheiter. Departementet vurderer også andre konkrete tiltak.

Kap. 252 EUs utdannings- og ungdomsprogram

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

70

Tilskott

324 848

439 921

513 780

Sum kap. 0252

324 848

439 921

513 780

Post 70 Tilskott

Noreg deltek i EUs program for utdanning, ungdom og idrett, Erasmus+ (2014–2020), jf. Innst. 153 S (2013–2014) og Prop. 43 S (2013–2014). Løyvinga på posten dekkjer utgifter for norsk deltaking i programmet. Løyvinga dekkjer også kostnader knytte til prosjekt som ennå ikkje er avslutta i EUs program for livslang læring (LLP), som varte frå 2007 til 2013, samt attståande utbetalingar til Erasmus Mundus og Aktiv ungdom.

Erasmus+ gir moglegheiter til å delta i samarbeidsprosjekt og utveksling i alle land. Programmet omfattar både mobilitet, institusjonssamarbeid, samarbeid med arbeids- og næringsliv og politikkutvikling. Målgruppa er i hovudsak norske elevar, lærlingar, studentar, lærarar og tilsette i utdanningssystemet, barn og unge, tillitsvalde og tilsette i barne- og ungdomsorganisasjonar. Norsk deltaking vil gi norske skolar, universitet, høgskolar og andre aktørar tilgang til eit omfattande nettverk av samarbeidspartnarar av høg kvalitet.

Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) er nasjonale kontor for Erasmus+. Dei administrerer dei midlane som Noreg får tildelt gjennom ein europeisk fordelingsnøkkel. Det er berre om lag ti pst. av midlane i Erasmus+ som blir fordelte sentralt etter konkurranse på europeisk nivå. Sjå omtale av SIU under kap. 280 post 50.

Mål for 2016

Målet med den norske deltakinga i Erasmus+ er å styrkje kvaliteten, relevansen og attraktiviteten til det norske utdanningssystemet. Det er òg eit mål at elevar, studentar og tilsette ved lærestadene skal få høve til å skaffe seg internasjonal kompetanse og fagleg utbytte. På den måten kan dei vere betre kvalifiserte for eit stadig meir internasjonalt samfunns- og næringsliv. Deltaking i programmet er også ein del av norsk utanrikspolitikk. Det er eit mål å sørgje for høg kvalitet på norske søkjarar, og godt tilslag på dei om lag ti pst. av midlane som blir delte ut etter konkurranse sentralt i EU. Statistikkgrunnlaget for deltakinga må vidareutviklast og bli meir tilgjengeleg.

Rapport for 2014

Erasmus+ er det største utdanningssamarbeidet i verda, og norske institusjonar deltek fullt ut. Den første utlysingsrunden i Erasmus+ vart gjennomført våren 2014, og dei første prosjekta som fekk stønad, starta opp same haust.

Det har vore særs stor interesse for Erasmus+ innanfor høgre utdanning, og spesielt for dei nye moglegheitene i programmet, som samarbeid med aktørar utanfor EU/EØS og strategiske partnarskapar. Innanfor grunnopplæringa har det også vore omfattande interesse for Erasmus+, men overgangen frå EUs program for livslang læring (LLP) til det nye programmet har vore utfordrande, særleg for mindre institusjonar. Erasmus+ stiller større krav til både kvalitet og presisjon i søknadene samanlikna med LLP. Det blir også stilt strengare krav til institusjonell forankring og eigarskap.

Innanfor tiltaket mobilitet (Key Action 1) mottok SIU 139 søknader i 2014, fordelte på sektorane skole (59), fag- og yrkesopplæring (73) og vaksne (7). Det at berre 25 pst. av søkjarane innanfor skole og 50 pst. innanfor fag- og yrkesopplæring vart valde ut, viser at det var hardare konkurranse om midlane enn tilfellet var i LLP-programmet, der stort sett 60–70 pst. av søkjarane vart valde ut.

Med overgangen frå LLP til Erasmus+ vart det gjort endringar i mobilitetsordningane for grunnopplæringa, noko som førte til ein kraftig nedgang i talet på elevar og lærlingar som deltok via institusjonspartnarskapar. Ei av hovudårsakene til den store nedgangen er at tiltaket retta mot grunnskolen under LLP (Comenius) fall bort, der den typiske mobiliteten var grupper av elevar som drog på skolegjesting med rundt ei vekes lengd i samanheng med internasjonale prosjekt. I 2014 deltok 786 elevar og lærlingar i partnarskapsmobilitet for grunnopplæringa, mot 1 719 i 2013.

For elevar og lærlingar i individuell mobilitet er Erasmus+ i hovudsak identisk med LLP. Likevel er det ein liten nedgang i talet på deltakarar, men dette skyldast at dei oppgitte mobilitetstala frå 2008 til 2013 omfattar elevar, lærlingar og følgjepersonar, mens det frå og med 2014 berre omfattar elevar og lærlingar. 820 elevar og lærlingar deltok i individuell mobilitet i 2014, mot 922 i 2013 – ein nedgang på omtrent elleve pst. Dersom ein tek høgd for at talet på følgjepersonar under LLP utgjorde anslagsvis 15 pst. av talet på mobilitetar, er det ein auke frå om lag 784 deltakarar til 820.

I studieåret 2013–14 reiste totalt 1 670 studentar på Erasmus+-opphald, og av desse reiste 111 på praksisopphald. Dette er ein nedgang på om lag to pst. frå studieåret før. Sjølv om talet på studentar som hadde praksisopphald ved ei verksemd, ein organisasjon eller institusjon i utlandet, er på same nivå som tidlegare, er det færre institusjonar som nyttar seg av ordninga. Talet på studentar frå Noreg som reiser utanlands, må aukast til over 2 000 studentar årleg for å nå opp på eit europeisk gjennomsnitt over utreisande studentar i høve til folketalet.

Også når det gjeld mobilitet blant lærarar og tilsette i høgre utdanning, er det ein nedgang i høve til tidlegare år. I studieåret 2013–14 reiste totalt 714 tilsette og lærarar på opphald i utlandet. Samanlikna med studieåret før var dette ein nedgang på om lag åtte pst. Det er først og fremst høgskolane som har nytta seg av denne mobiliteten, men i dei siste åra har også universiteta vorte meir aktive. Noko av bakgrunnen for nedgangen er at institusjonane nyttar ordninga meir strategisk og har teke grep for å redusere talet på gjengangarar som nyttar ordninga. Departementet er nøgd med at institusjonane gjer slike vurderingar, men meiner det er potensial for aukt mobilitet også blant lærarar og tilsette.

Det var stor interesse for strategiske partnarskapar innanfor høgre utdanning (Key Action 2), og det kom inn 17 søknader fordelte på 13 institusjonar. Kvaliteten på søknadene var generelt god, men få av prosjekta har samarbeidspartnarar frå arbeids- og næringsliv. Til strategiske partnarskapar innanfor grunnopplæring mottok SIU 53 søknader, fordelte på skole (35), fag- og yrkesopplæring (13) og vaksne (5). Innanfor fag- og yrkesopplæring mottok SIU mange gode partnarskapssøknader, mens søknadene frå skolane vart vurderte som litt svakare. Dei fem partnarskapssøknadene som SIU mottok frå vaksensektoren, var færre enn forventa samanlikna med tala under LLP.

Dei sentraliserte midlane blir forvalta av EU. Det var låg norsk medverknad i søknadsrunden i 2014. Ingen norske institusjonar søkte som koordinator innanfor tiltaka kunnskapsalliansar, sektoralliansar, idrett, samarbeidsprosjekt eller fellesgradar i denne første søknadsrunden. Det var dessutan svært få norske aktørar med som partnarar i prosjekta. Innanfor aktivitetane Jean Monnet (forsking på EU) og idrett var det ingen norsk deltaking i det heile. SIU sette derfor av eigne midlar til prosjektetablering hausten 2014, og fekk inn 14 søknader. Av desse fekk seks stønad. På europeisk nivå er det stor konkurranse om dei sentraliserte tiltaka, og nasjonalkontora har i liten grad fått innsyn i prosessane knytte til forvaltninga av dei sentraliserte tiltaka.

SIU mottok i 2014 ei ekstra løyving frå Kunnskapsdepartementet over kap. 258 post 21 for å stimulere til internasjonal aktivitet innanfor vaksenopplæring. Midlane vart blant anna nytta til å arrangere eit kontaktseminar i Brussel for norske og europeiske vaksenopplæringsinstitusjonar.

Tabell 4.9 Erasmus+ 2014

Tiltak

Talet på mottekne søknader

Innvilga søknader

Tildelings- rate

Key Action 1

Vaksenopplæring – tilsettmobilitet ut

7

6

85 %

Høgre utdanning – student- og tilsettmobilitet ut

47

47

100 %

Høgre utdanning – tilsettmobilitet ut

48

48

100 %

Skole – tilsettmobilitet ut

59

47

80 %

Fag- og yrkesopplæring – lærar- og tilsettmobilitet ut

72

53

74 %

Key Action 2

Vaksenopplæring – strategiske partnarskapar

5

2

40 %

Høgre utdanning – strategiske partnarskapar

17

5

29 %

Skole – strategiske partnarskapar

6

3

50 %

Skole – skolepartnarskapar

29

6

20,5 %

Fag- og yrkesopplæring – strategiske partnarskapar

13

6

46 %

Kjelde: Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU)

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår å auke løyvinga med 73,9 mill. kroner i 2016 for å følgje opp Noregs kontingentforpliktingar knytte til Erasmus+.

Det er satt av 11 mill. kroner for å dekkje kostnadene for fem norske ekspertar på utdanningsområdet til Erasmus+.

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve til saman 513,8 mill. kroner på posten.

Kap. 253 Folkehøgskolar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

70

Tilskott til folkehøgskolar

738 219

766 016

791 630

71

Tilskott til Folkehøgskolerådet

4 533

4 683

4 819

72

Tilskott til nordiske folkehøgskolar

1 291

598

615

Sum kap. 0253

744 043

771 297

797 064

Tilskottet til folkehøgskolane er tredelt gjennom eit basistilskott, eit elevtilskott og husleigetilskott. Basistilskottet er likt for kvar folkehøgskole. Elevtilskottet blir fastsett på grunnlag av gjennomsnittleg elevtal for dei tre åra før det føregåande året. Tilskott til husleige blir fordelt etter innstilling frå Folkehøgskolerådet. I tillegg får fire folkehøgskolar som har ein stor del elevar med redusert funksjonsevne, eit særskilt tilskott for desse elevane. Tilskottsordninga til folkehøgskolane er rammestyrt. Folkehøgskolane gir tilbod om langkurs på 16,5 veker eller meir og kortkurs på minst tolv timar. Langkurs er kjerneverksemda til folkehøgskolane, og etter lova skal minst 50 pst. av den samla verksemda til kvar skole vere langkurs. Føresegner om kursordningar, elevrapportering, tilskottsmodell m.m. er gitt i forskrifta til folkehøgskolelova.

Post 70 Tilskott til folkehøgskolar

Mål for 2016

Målet med tilskottet er å fremme allmenndanning og folkeopplysning gjennom å medverke til at det kan opprettast og drivast folkehøgskolar.

Rapport for 2014

Det er totalt 78 folkehøgskolar spreidde over heile landet. Talet inkluderer Nordnorsk Pensjonistskole og Norsk senter for seniorutvikling, som begge er godkjende som folkehøgskoleliknande tiltak og får tilskott etter folkehøgskolelova. Desse to skolane har dispensasjon til berre å halde kortkurs. Folkehøgskolane har ikkje eksamen, og elevane bur i internat på skolen. Skolane fastset sitt eige verdigrunnlag, og dei har pedagogisk fridom. Folkehøgskolane har ulike typar kurs på ei rekkje område. Størsteparten av kursa er langkurs som varer i 95 dagar eller meir, fordelte over minst 16 og ei halv veke. I tillegg har skolane kortkurs, som varer i minst to dagar og maksimum 94 dagar.

Tabell 4.10 Elevtal i folkehøgskolane

2011

2012

2013

2014

Elevar med langkurs (vår og haust) (16,5–33 veker)

Elevar med kortkurs (3 dagar–16 veker)

14 747

17 039

14 496

18 121

13 948

18 489

13 285

17 710

Sum elevar

31 786

32 617

32 437

30 995

Årselevar langkurs

Årselevar kortkurs

7 077

676

6 957

712

6 777

706

6 774

694

Sum årselevar

Sum godkjende årselevar / fastsett elevtal

Tilskottselevar

7 753

7 695

7 063

7 669

7 595

7 304

7 483

7 429

7 570

7 468

7 383

7 654

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Budsjettforslag for 2016

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 39, 1. desember 2014, jf. Innst. 2 S Tillegg 1 (2014–2015) og Prop. 1 S (2014–2015).

«Stortinget ber regjeringen avklare rammer og finansiering for en ny folkehøgskole, SKAP, i et samarbeid mellom det offentlige og næringslivet i Lindesnesregionen, frem til revidert nasjonalbudsjett for 2015. Endelig godkjenning av ny folkehøyskole avklares i forbindelse med statsbudsjettet for 2016.»

SKAP – kreativ folkehøgskole i Mandal, har søkt om godkjenning som ny folkehøgskole frå hausten 2016. I søknaden tek dei sikte på ei gradvis opptrapping over tre år. Ved full drift vil elevgrunnlaget vere på 100 elevar. Skolen vil ha samarbeid med lokalt næringsliv. Departementet legg til grunn at dette gjeld fagleg samarbeid knytt til aktivitetane ved skolen. Folkehøgskolelova og gjeldande modell for tilskott legg ikkje til rette for å finansiere folkehøgskolar i samarbeid med lokale aktørar.

Kunnskapsdepartementet foreslår å auke løyvinga slik at SKAP – kreativ folkehøgskole i Mandal, kan godkjennast for oppstart hausten 2016. SKAP står for Samfunn, Kommunikasjon, Arkitektur og design og Prosess. Budsjetteffekten av dette utgjer 3,4 mill. kroner i 2016.

Departementet foreslår ei løving på totalt 791,6 mill. kroner.

Post 71 Tilskott til Folkehøgskolerådet

Folkehøgskolerådet er ein interesseorganisasjon for folkehøgskolane. Rådet har eit fast sekretariat.

Mål 2016

Formålet med tilskottet er å medverke til at Folkehøgskolerådet kan ta hand om fellesoppgåver for folkehøgskolane og koordineringsoppgåver for Utdanningsdirektoratet. Vidare er det eit mål å medverke til at Folkehøgskolerådet kan fremme kunnskap om og utvikling av folkehøgskolane.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2015.

Post 72 Tilskott til nordiske folkehøgskolar

Nordiska folkhögskolan i Kungälv vart etablert i 1947 for å styrkje nordisk samkvem. Skolen skal mellom anna medverke til å utvikle dei skapande evnene til elevane og auke solidarisk medverking i samfunnsutviklinga i Norden og elles i verda. Tilskott frå denne posten gjekk tidlegare til å dekkje norsk deltaking på kursa ved Den Nordiske Folkehøgskolen i Genève. Frå 2015 er løyvinga til Genèveskolen avvikla.

Mål 2016

Formålet med tilskottet er å finansiere utgifter til norske lærarressursar ved Nordiska folkhögskolan i Kungälv.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2015.

Kap. 254 Tilskott til vaksenopplæring

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

70

Tilskott til studieforbund

196 671

202 501

208 374

71

Tilskott til nettskolar

15 700

72

Tilskott til studiesenter

6 342

73

Tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar

12 006

12 402

12 762

Sum kap. 0254

230 719

214 903

221 136

Post 70 Tilskott til studieforbund

Livslang læring finn stad på mange arenaer, og opplæring i og gjennom frivillig sektor er ein god læringsarena for mange vaksne. Gjennom tilskott til studieforbund og frivillige organisasjonar ønskjer regjeringa å leggje til rette for at vaksne skal få tilgang til fleksibel og brukartilpassa opplæring også utanfor det formelle utdanningssystemet. Tilskottet medverkar til å finansiere opplæring i regi av frivillig sektor, og skal føre til reduserte opplæringskostnader for deltakarane. Opplæringa skjer i regi av 15 landsdekkjande studieforbund og dei nær 500 medlemsorganisasjonane deira. Desse organisasjonane består av frivillige og ideelle organisasjonar og har til saman tusenvis av lokallag spreidde over heile landet. Blant desse organisasjonane er ideelle opplæringstilbydarar, fagforeiningar, barne- og ungdomsorganisasjonar, samiske organisasjonar, idrettslag, korps, kor, religiøse organisasjonar, og medlemsorganisasjonar for personar med nedsett funksjonsevne. Tilskottsordninga blir forvalta av Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk.

Ein mindre del av tilskottet kan nyttast til å refundere kostnader til opplæring i samisk språk som blir gjennomført av godkjende studieforbund eller nettskolar, jf. forskrift til samelova om rett til opplæring i samisk.

Mål for 2016

Formålet med tilskottet til studieforbund er å fremme livslang læring gjennom å leggje til rette for organiserte læringsaktivitetar på sida av det formelle utdanningssystemet. Tilskottet skal medverke til at studieforbunda og medlemsorganisasjonane deira kan tilby fleksibel og brukartilpassa opplæring for vaksne. I samsvar med vaksenopplæringslova skal studieforbunda drive opplæringsaktivitet på grunnlag av fleire overordna mål, mellom anna å styrke kulturelt mangfold og auke deltakinga i kulturlivet, medverke til inkludering, og til å redusere utanforskap.

Rapport for 2014

16 studieforbund fekk tilskott i 2014. Studieforbunda står fritt i val av innhald og nivå på opplæringa. Den største delen av opplæringa er av ikkje-formell art. Nær 50 pst. av samla tilskott i 2014 gjekk til dei tre største studieforbunda (Studieforbundet Folkeuniversitetet, Studieforbundet Funkis og Musikkens Studieforbund).

Aktiviteten i studieforbunda har samla vore stabil sidan 2011, men det er betydelege årlege variasjonar for einskilde forbund. 15 av dei 16 studieforbunda som fekk tilskott i 2014, har rapportert aktivitet til Statistisk sentralbyrå (SSB) for dette året. Talet på kurstimar har halde seg relativt stabilt i perioden 2010 til 2014. I 2014 var talet på kurstimar nær 1 385 000, som er om lag det same nivået som i 2011. Talet på timar med tilretteleggingstilskott er auka litt frå 2013 til om lag 19 pst., og størstedelen går til studieforbundet Funkis.

Tabell 4.11 Aktivitet og deltaking i studieforbunda, 2010–14

2010

2011

2012

2013

2014

Deltakarar

504 000

471 000

493 200

493 200

509 700

Kurs

40 200

42 600

42 400

43 000

44 000

Kurstimar

1 310 000

1 400 000

1 350 000

1 352 500

1 385 000

Statistikken innheld ikkje unike deltakardata. Same deltakar kan vere registrert på fleire kurs.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå (SSB)

43 pst. av kursdeltakarane var 50 år eller eldre, medan 14–29-åringar utgjorde 30 pst. av deltakarane. Auken i deltakartalet er i dei eldste og yngste aldersgruppene. Som i tidlegare år er det flest kvinner som deltek i kursa til studieforbunda, og kurs i emnegruppa estetiske fag og handverksfag er framleis mest populære. Rapporteringa til SSB viser ein relativt stor auke i talet på deltakarar på kurs med offentleg eksamen i 2014.

Studieforbunda skal i årsmeldinga si rapportere på dei seks overordna måla som er fastsette i vaksenopplæringslova § 4. Som tidlegare år syner rapporteringa for 2014 at det er vanskeleg for studieforbunda å rapportere konkret i høve til dei generelle målformuleringane i vaksenopplæringslova § 4.

Budsjettforslag for 2016

Kunnskapsdepartementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2015.

Departementet har saman med Vox, og i dialog med Voksenopplæringsforbundet (VOFO), arbeidd med å vurdere korleis tilskottsordninga kan utviklast for å betre måloppnåinga og gi ei meir effektiv forvaltning. Fleire av måla i vaksenopplæringslova er knytt til arbeid for inkludering av svake grupper i samfunnet og i arbeidslivet. Detta er oppgåver som er tett knytta til den folkeopplysingstradisjonen som studieforbunda er ein del av, og som frivillig sektor er godt rusta til å løyse. Departementet ønskjer å styrkje studieforbunda sitt arbeid for inkludering og mot utanforskap, og foreslår å øyremerke om lag 10 pst. av midlane i tilskottsordninga til tilskott for å stimulere organisasjonane til ein større innsats retta mot inkludering og å hindre utanforskap. Som ei følgje av måten tilskottsordninga er utforma på vil endringa først få verknad for fordelinga mellom tilskottsmottakarane i eit seinare budsjettår.

Post 71 Tilskott til nettskolar

Tilskottet til nettskolar vart avvikla frå og med 2015.

Rapport for 2014

Det var 20 godkjende nettskolar per 1. januar 2014. Alle dei 18 skolane som søkte om støtte til utviklingsprosjekt i 2014, fekk midlar. Til saman vart det søkt om 27,8 mill. kroner til 41 prosjekt, medan det vart løyvt 15,7 mill. kroner til 30 prosjekt i 2014. Prosjekta omfattar utvikling av undervisningsløysingar, læringsressursar, studentstøtte og studentadministrative tiltak. Dei fleste prosjekta er gjennomførte etter planen.

Post 72 Tilskott til studiesenter

Tilskottet har vore øyremerkt Studiesenteret Finnsnes AS og Studiesenteret.no.

Tilskottet til dei to studiesentera over kap. 254 post 72 vart avvikla frå og med 2015. Tilskottet til Studiesenteret Finnsnes vart i statsbudsjettet for 2015 lagt inn i rammeløyvinga til UiT – Noregs arktiske universitet.

Rapport for 2014

Studiesenteret Finnsnes tilbyr desentralisert og fleksibel utdanning i ytre Midt-Troms. Senteret formidla i 2014 14 desentraliserte studium i samarbeid med tre høgre utdanningsinstitusjonar og ein vidaregåande skole. Studiesenteret rapporterte om til saman 180 studentar i 2014. Studiesenteret Finnsnes skal vere relevant for næringsliv og industri i ytre Midt-Troms og gjennomførte to kurs i samarbeid med verksemder i regionen. Saman med Regionrådet for Midt-Troms starta dei eit prosjekt for å utvikle nye modellar for høgre utdanning tilrettelagde for distrikta. Eit studiebibliotek i samarbeid med biblioteket i kommunen og UiT – Noregs arktiske universitet vart etablert i 2014.

Studiesenteret.no hadde 46 lokale studiesenter knytte til nettverket i 2014. Senteret rapporterer om at dei hadde 1 611 personar registrerte som studentar i 2014, fordelte på 43 studium, ein auke frå 2013.

Post 73 Tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar

Voksenopplæringsforbundet (VOFO) og Fleksibel utdanning Norge (FuN) er fellesorgana for studieforbunda og nettskolane. VOFO og FuN utfører fellesoppgåver for medlemsorganisasjonane knytte til rapportering, forvaltning av tilskott til studieforbund, samt til auka kunnskap om og utvikling av fagområda. Tilskottet skal medverke til drifta av fellesorgana for studieforbund og nettskolar. Administrasjonen av tilskottet er delegert frå Kunnskapsdepartementet til Vox.

Mål for 2016

Tilskottet skal medverke til at studieforbunda og nettskolane kan tilby vaksne god, fleksibel og brukartilpassa opplæring også utanfor det formelle utdanningssystemet.

Rapport for 2014

Alle studieforbunda rapporterer sin studieaktivitet til SSB gjennom eit felles kursadministrasjonsprogram for studieforbunda (KursAdmin), og VOFO kvalitetssikrar denne rapporteringa. I 2014 har VOFO samarbeidd med Vox om åtte kurs for vaksenlærarar og gjennomført ni kurs under konseptet «VOFO læring og kompetanse». VOFO har også vore aktive i fleire nordiske og internasjonale organisasjonar, prosjekt og nettverk på området sitt.

Fleksibel utdanning Norge (FuN) er eit fellesorgan for offentleg godkjende nettskolar og medlemsorganisasjon for andre institusjonar og organisasjonar på feltet fleksibel utdanning og digitale læringsformer. Organisasjonen har til saman 42 medlemmer, medrekna 18 av dei godkjende nettskolane. I tillegg er 15 høgskolar og universitet og tre fylkeskommunale nettskolar medlemmer.

I 2014 har FuN mellom anna arbeidd med fagleg vurdering av bruk og fordeling av utviklingsmidlar frå Vox til nettskolane og med grunnlaget for aktivitetsrapporteringa til SSB frå nettskolane.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2015.

Kap. 255 Tilskott til freds- og menneskerettssentra

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

70

Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter

30 170

31 166

32 070

71

Falstadsenteret

17 064

18 111

18 636

72

Stiftelsen Arkivet

6 831

8 768

24 022

73

Nansen Fredssenter

5 682

5 870

6 040

74

Narviksenteret, kan overførast

55 666

29 890

5 737

75

Det europeiske Wergelandsenteret

7 623

7 875

8 103

76

Raftostiftelsen

2 755

4 846

4 987

Sum kap. 0255

125 791

106 526

99 595

Freds- og menneskerettssentera er stiftelsar som arbeider med dokumentasjon av, forsking på og formidling innanfor områda demokrati, fred og menneskerettar, fangehistorie og folkemord.

Tilskottsforvaltninga under kapitlet er delegert til Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk, med unntak av post 75 Det europeiske Wergelandsenteret, som får tilskott direkte frå departementet.

Post 70 Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter

Mål for 2016

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret) kan drive forsking, dokumentasjon, undervisning og formidling på områda holocaust, folkemord, minoritetsspørsmål og menneskerettar. Tilskottet skal særleg medverke til at senteret kan tilby eit godt opplæringstilbod om fred og menneskerettar til barn og unge.

Rapport for 2014

Senteret tok imot 7 908 elevar og studentar i 2014. Samla registrerte besøkstal ved HL-senteret var på 15 046 personar, ein auke på 30 pst. frå 2013, noko som dels skyldast grunnlovsjubileet.

I 2014 vart «Donau-klokka» overlevert til HL-senteret. Skipet Donau vart blant anna nytta under deportasjonen av 532 norske jødar i november 1942. I samband med grunnlovsjubileet arrangerte senteret ei utstilling om paragraf 2 i grunnlova, «Veien til paragrafen». Utstillinga la fram ny dokumentasjon om bakgrunnen for paragrafen med formuleringa frå 1814: «Jøder ere fremdeles udelukket fra Adgang til Riget.» Arkivet etter Ruth Maier 1933–42 vart innlemma i UNESCO sitt Memory of the World-register, som er eitt av fleire UNESCO-program for synleggjering og bevaring av verdas kulturarv. Ruth Maier kom som flyktning til Noreg i 1939 og døydde i Auschwitz 1. desember 1942.

HL-senteret fekk i samband med revidert nasjonalbudsjett 2013 ei løyving på 20 mill. kroner til vedlikehald, ei mindre utbygging, modernisering og betre utnytting av bygningsmassen. Delar av løyvinga har gått med til å setje i stand bunkeren til Quisling, som vart opna for besøkjande i 2014. Den ferdig renoverte bunkeren vart opna med utstillinga «Det femte rommet», som omhandla misbruken av norrøne symbol i Vidkun Quislings tid på Villa Grande.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2015.

Post 71 Falstadsenteret

Mål for 2016

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Falstadsenteret kan drive eit opplærings- og dokumentasjonssenter om fangehistorie frå den andre verdskrigen, og fremme kunnskap om demokrati, humanitær folkerett og menneskerettane. Tilskottet skal særleg medverke til at senteret kan tilby eit godt opplæringstilbod om fred og menneskerettar til barn og unge.

Rapport for 2014

I 2014 hadde Falstadsenteret 12 284 besøkjande. Av dette var 5 604 elevar, konfirmantar, lærarar og studentar. I høve til tala for 2013 er dette ein liten auke – da var tala høvesvis om lag 11 000 og 5 535. Nettstaden og andre formidlingskanalar har i 2014 hatt om lag 250 000 treff. Dette er ein vesentleg auke i høve til 2013, da nettstaden hadde om lag 50 000 treff. Undervisningstilbodet ved Falstadsenteret omfattar mellom anna eit fire timars dagsopplegg for elevar om Falstad og fangehistorie, menneskerettar og demokrati.

Forskings- og dokumentasjonsverksemda i 2014 vart hovudsakleg knytt til norske og utanlandske fangar i Noreg under den andre verdskrigen, og til utanlandske krigsgraver. Arbeidet inkluderer mellom anna dokumentasjonsinnsamling, oppdatering og kvalitetssikring av fangeregister og systematisering, transkribering og omsetjing av tidsvitnemateriale. Falstadsenteret har fått eit nasjonalt ansvar for forsking og dokumentasjon knytt til krigsgraver i Noreg frå den andre verdskrigen. Dette inneber mellom anna drift og vedlikehald av databasen www.krigsgraver.no. Til dette arbeidet har senteret motteke tilskott frå Utanriksdepartementet og Krigsgravtjenesten.

Forsking og utvikling knytt til undervisning om menneskerettar har vore eit viktig satsingsområde. Samarbeidet med Program for lærarutdanning og Det europeiske Wergelandsenteret vart vidareutvikla i 2014.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2015.

Post 72 Stiftelsen Arkivet

Mål for 2016

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Stiftelsen Arkivet i Kristiansand er eit informasjons- og dokumentasjonssenter om krigshistoria, folkeretten og menneskerettane, og eit senter for demokrati og fredsskapande arbeid. Tilskottet skal særleg medverke til at stiftelsen kan tilby eit godt opplæringstilbod om fred og menneskerettar til barn og unge.

Rapport for 2014

Om lag 5 500 elevar, studentar og lærarar har i 2014 vore med på ulike undervisningsopplegg ved Stiftelsen Arkivet, med tema som rasisme, menneskerettar, barn i krig og mobbing. 3 950 elevar med lærarar har vore på omvising i Gestapokjellaren. Alt i alt hadde senteret meir enn 10 500 besøk på eigne utstillingar og eigne arrangement i 2014. Stiftelsen Arkivet har tidlegare òg inkludert besøkjande på eksterne arrangement i sine besøkstal. Sett i høve til talet på besøkjande på senteret sine eigne utstillingar og arrangement i 2013 auka besøkstalet med sju pst. i 2014.

Senteret samarbeider med Universitetet i Agder om to doktorgradsprosjekt, eitt om kinoen som konfliktarena under den andre verdskrigen, og eitt om krigsseglarane. Stiftelsen Arkivet var i 2014 arena for fleire kulturtiltak, arrangement og markeringar, mellom anna av Holocaust-dagen, russarfangane sin dag og krigsseglarane sin dag.

Stiftelsen Arkivet har i 2014 arbeidd vidare med å utvikle ny permanent utstilling.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår å føre driftsløyvinga vidare på same nivå som i 2015.

Stiftelsen Arkivet i Kristiansand har planlagt fornying og utbygging av dei lokala stiftelsen held til i. Prosjektet har ei kostnadsramme på 30 mill. kroner, og stiftelsen har i 2015 fått tilsegn om til saman 15 mill. kroner til formålet frå Aust-Agder fylkeskommune, Vest-Agder fylkeskommune og Kristiansand kommune. Departementet foreslår å løyve 15 mill. kroner til fornying og utbygging av lokala til Stiftelsen Arkivet i Kristiansand i 2016, slik at prosjektet blir fullfinansiert. Det er ein føresetnad for løyvinga at dei tre regionale aktørane stiller med tilsvarande sum, slik at samla løyving til prosjektet blir 30 mill. kroner.

Post 73 Nansen Fredssenter

Mål for 2016

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Nansen Fredssenter kan tilby kurs og opplæring og drive dokumentasjon og formidling for å fremme arbeidet for dialog, fred, menneskerettar og forsoning som eit alternativ eller supplement til opplæring ved andre institusjonar.

Rapport for 2014

Nansen Fredssenter har i 2014 arbeidd med dialogprosessar i fleire konfliktområde mange stader i verda, og nyttar erfaringar frå desse i arbeid med flyktningar og innvandrarar i norske kommunar, særskilt i høve til den somaliske og den afghanske diasporaen i Noreg. I 2014 heldt senteret fram med leiaropplæring for somaliske kvinner. Målet er å hjelpe kvinnene til å skape nettverk og ressursar som dei treng for å ta del i ulike samfunnsoppgåver.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2015.

Post 74 Narviksenteret, kan overførast

Mål for 2016

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Narviksenteret – nordnorsk stiftelse for historieformidling, menneskerettigheter og fredsbygging kan fremme kunnskap om og forståing for fred og menneskerettar gjennom dokumentasjon og formidling av mellom anna nordnorsk krigs- og okkupasjonshistorie. Tilskottet skal særleg medverke til at senteret kan tilby eit godt opplæringstilbod om fred og menneskerettar til barn og unge.

Rapport for 2014

Narviksenteret har i 2014 drive formidlingsaktivitet i form av seminar, foredrag, artiklar og turar til kamparenaer frå den andre verdskrigen i Narvik og Nord-Noreg. Mykje av arbeidet skjer i samarbeid med Nordland Røde Kors Krigsmuseum. Senteret og museet har avtale om samarbeid, og senteret har overteke ansvaret for museumsdrifta. Til saman har om lag 22 000 personar besøkt Narviksenteret og krigsmuseet i 2014. 2 540 av desse var elevar i grunnopplæringa.

Senteret har samarbeidd med mellom andre universiteta i Tromsø og Nordland, NTNU, Noregs miljø- og biovitskaplege universitet, FN-sambandet, EUs ungdomsprogram Aktiv Ungdom og institusjonar i ei rekkje land. Arbeidet med kartlegging av sovjetiske og jugoslaviske krigsfangar i Noreg under den andre verdskrigen har halde fram. Verksemda har vore konsentrert om dokumentasjon med særleg søkjelys på det materialet som senteret har fått tilgang til frå tidlegare jugoslaviske arkiv.

Narviksenteret fekk i 2013 og 2014 tilsegn om totalt 92,8 mill. kroner til nye lokale for senteret i eit næringsbygg på Narvik Torv. I 2014 løyvde Stortinget 67,5 mill. kroner til å dekkje byggjekostnader.

Budsjettforslag for 2016

Narviksenteret fekk i 2015 løyvt gjenståande tilsegn på 25,3 mill. kroner til byggjeprosjektet. Dei nye lokala til Narviksenteret er planlagde ferdige våren 2016. Kunnskapsdepartementet legg opp til at veggfast inventar og utstillingsinnreiing kan bli dekt innanfor den samla løyvinga til prosjektet.

Departementet foreslår å auke driftstilskottet med 3 mill. kroner for å setje senteret i stand til å flytte inn i nye lokale. Midlane skal medverke til god drift i nye lokale, og gi senteret rom for auka formidlingsaktivitet.

Departementet foreslår å løyve 5,7 mill. kroner på posten i 2016.

I tillegg gjer departementet framlegg om vidareføring i 2016 av 0,7 mill. kroner til oppfølging av byggjeprosjektet som blir løyvt under kap. 258 post 21, jf. omtale under denne posten.

Post 75 Det europeiske Wergelandsenteret

Det europeiske Wergelandsenteret, eit senter under Europarådet etablert i Noreg, tilbyr opplæring i interkulturell forståing, menneskerettar og aktivt medborgarskap, jf. Innst. S nr. 9 (2008–2009) og St. prp nr. 86 (2007–2008)

Mål for 2016

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Wergelandsenteret kan vere eit ressurssenter for opplæring på dei nemnde områda og tilby opplæring til ulike målgrupper på utdanningsfeltet, til dømes lærarutdannarar, lærarar, rektorar, forskarar og politikkutformarar.

Rapport for 2014

Om lag 4 700 lærarar, rektorar og andre personar deltok direkte i program, prosjekt og aktivitetar som vart gjennomførte av Wergelandsenteret i 2014. I tillegg deltok nær 25 000 personar i lokale prosjekt som ei oppfølging av programmet til senteret. Til saman har Wergelandsenteret dermed nådd ut til om lag 30 000 personar i 2014. Det er ein auke på om lag 5 000 personar sidan 2013.

I 2014 arrangerte Wergelandsenteret for femte gong Regional Summer Academies i Polen og for tredje gong i Montenegro. Opplæringsseminara blir arrangerte i samarbeid med Europarådet og polske og montenegrinske myndigheiter, med deltakarar frå fleire europeiske land. Wergelandsenteret har i 2014 hatt auka aktivitet retta mot diskriminering, antisemitisme og hatprat. Senteret har mellom anna fått ei rolle i oppfølginga av regjeringa sin handlingsplan mot radikalisering og valdeleg ekstremisme.

Nettsidene til Wergelandsenteret har vorte ein virtuell møtestad for ulike aktørar som er opptekne av opplæring i demokratisk medborgarskap. I 2014 har nettaktivitetane og nettenestene til senteret nådd ut til fleire personar og vorte viktigare som verkemeddel.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2015.

Post 76 Raftostiftelsen

Mål for 2016

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Raftostiftelsen kan tilby eit godt opplæringstilbod om menneskerettane for elevar, studentar, lærarar og andre grupper.

Rapport for 2014

Raftostiftelsen har i 2014 gitt opplæring i menneskerettar og demokrati til 3 420 elevar og lærarar i grunnskolen. Dette er ein auke på om lag 1,6 pst. frå 2013. I løpet av året har stiftelsen vidareutvikla sine fem undervisningspakker med ulike tema og har starta arbeidet med internasjonalisering av undervisninga. Senteret har òg halde to lærarkurs.

Raftoprisen for 2014 vart gitt til den russiske menneskerettsorganisasjonen Agora, ved leiar Pavel Tsjikov, for deira kamp for å forsvare rettstryggleik og andre menneskerettar i Russland. Også i 2014 var Raftostiftelsen medarrangør av Bergen internasjonale filmfestival og bidrog med eit skoleprogram om vald. Totalt såg ca. 1 500 personar programmet.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2015.

Kap. 256 Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter

54 024

48 735

53 429

21

Særskilde driftsutgifter

16 679

14 880

11 340

Sum kap. 0256

70 703

63 615

64 769

Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter

Vox er det nasjonale kompetansepolitiske fagorganet, og det er underlagt Kunnskapsdepartementet.

Vox har ansvaret for å forvalte tilskott til vaksenopplæring, jf. kap. 254, tilskott til freds- og menneskerettssentra, jf. kap. 255, Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA), jf. kap. 257, tilskott til karriererettleiing, jf. kap. 258 post 60, og nokre av dei prosjektmidlane som blir løyvde over kap. 258 post 21.

Nasjonal eining for karriererettleiing er plassert i Vox og har ansvar for å utvikle og koordinere rettleiingsfeltet i Noreg.

På oppdrag frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har Vox ansvaret for dei faglege og pedagogiske tilhøva i opplæringa i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.

Mål for 2016

Vox skal vere ein pådrivar for ein heilskapleg og effektiv kompetansepolitikk. I det ligg det at Vox skal gi kunnskapsbaserte innspel til kompetansepolitikken, vere synleg på feltet og ha eit godt samarbeid med relevante aktørar.

Vox skal òg medverke til at befolkninga utviklar og tek i bruk den kompetansen samfunnet treng. Det vil seie at fleire vaksne tek del i utdanning og opplæring, at kompetansen til befolkninga blir brukt betre, og at det er kvalitet i opplærings- og utdanningstilbodet til vaksne.

Gjennom Nasjonal eining for karriererettleiing har Vox som mål å auke tilgangen til tenestene, styrkje kvaliteten på karriererettleiinga og medverke til likeverdige tilbod for alle gjennom heile livet og i alle livssituasjonar.

Det er òg eit mål for Vox å forvalte og utvikle tilskottsordningar på ein god måte.

Rapport for 2014

I 2014 har arbeidet til Vox vore prega av dei to store kompetansepolitiske prosessane som regjeringa har sett i verk: Skills Strategy og arbeidet med stortingsmelding om livslang læring og utanforskap.

Vox har arbeidd med oppfølging av resultata frå PIAAC-undersøkinga i samband med arbeidet knytt til Skills Strategy og i deltakinga i departementet sitt arbeid med meldinga om livslang læring og utanforskap. Vox har òg delteke i arbeidet med ein nordisk PIAAC-rapport.

Godt samarbeid mellom dei ulike aktørane på kompetansefeltet er viktig for å få til god kompetansepolitikk, og Vox har i 2014 samarbeidd breitt med ei rekkje aktørar.

På bakgrunn av målsetjinga i Sundvollen-erklæringa om å kunne tilby alle vaksne kartlegging av deira grunnleggjande dugleikar fekk Vox i 2014 i oppdrag å vurdere om det finst formålstenlege verktøy til dette. Oppdraget vart avslutta i april 2015. Arbeidet med kartleggingsverktøy for grunnleggjande dugleikar blir ført vidare som ein del av arbeidet med stortingsmeldinga om livslang læring og utanforskap.

Vox er sekretariat for Nasjonalt fagskoleråd. I 2014 har rådet arbeidd særskilt med å gjere fagskolane synlege.

Det er stor etterspurnad etter og interesse for kurs og materiell for opplæring av vaksne. Vox har medverka til at kommunar kan utvikle og etablere gode og varige opplæringstilbod i grunnleggjande dugleikar, mellom anna gjennom ulike prosjekt og erfaringssamlingar.

Det er òg overført midlar til fylkesmannsembeta, fylkeskommunane og VOFO for å organisere etterutdanningstilbodet for vaksenlærarar i grunnskolen, dei vidaregåande skolane og i studieforbunda. Vox har òg halde kurs for lærarar innanfor Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) og andre lærarar som underviser vaksne.

I 2014 vart det fastsett nye retningslinjer for tilskottet til dei fylkesvise partnarskapane for karriererettleiing. Dette har mellom anna ført til etablering av karrieresenter i fire fylke som ikkje hadde dette tidlegare.

For å auke kunnskapsgrunnlaget for karriererettleiing i Noreg har Vox ført vidare arbeidet med nasjonale brukarundersøkingar ved dei fylkesvise karrieresentera.

Vox er ein av redaktørane for Veilederforum.no, ein nettressurs for karriererettleiarar og utdannings- og yrkesrådgivarar. Forumet har aukande besøkstal og har fått gode tilbakemeldingar frå brukarane. Nettenesta er eit viktig ledd i å heve kvaliteten på karriererettleiinga og medverke til eit meir likeverdig tilbod. Vox har òg medverka til utviklinga av ein eigen fordjupingsmodul om karriereorientert rettleiing i Arbeids- og velferdsdirektoratet si rettleiingsplattform.

Vox sin hovudkanal for formidling er vox.no, og besøkstala der er dobla på eit år, særleg grunna besøk på sider om den nye prøva i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Vox legg òg vekt på sosiale medium og utsending av nyhendebrev. Vox gir ut ei rekkje publikasjonar, mellom anna Vox-spegelen, ein årleg publikasjon som inneheld statistikk over kor mykje vaksne deltek i opplæring innanfor elleve ulike område. Statistikkbanken til Vox held fram med å ha aukande besøkstal. I 2014 lanserte Vox kompetanseindikatorar for kommunar og fylke via vox.no, eit sett nøkkeltal som gir eit samla bilete av kommunane og fylka si investering i kompetansen til innbyggjarane.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår ei samla løyving på postane på 64,8 mill. kroner.

Kunnskapsdepartementet vil disponere om lag 1,3 mill. kroner av løyvinga på kap. 256 post 01.

Departementet foreslår å flytte 3,9 mill. kroner frå post 21 til post 01.

Departementet foreslår å flytte 0,5 mill. kroner knytt til forvaltninga av BKA frå kap. 258 post 21 til kap. 256 post 01 i 2016.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3256 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3256 Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Inntekter frå oppdrag

11 394

10 985

11 247

02

Salsinntekter o.a.

1 233

338

346

16

Refusjon av foreldrepengar

1 015

17

Refusjon lærlingar

60

18

Refusjon av sjukepengar

1 645

Sum kap. 3256

15 347

11 323

11 593

Inntektene på post 01 kjem frå oppdragsverksemd ved Vox. Inntektene på post 02 kjem frå salsinntekter og refusjonar.

Kap. 257 Program for basiskompetanse i arbeidslivet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

5 465

5 192

5 316

70

Tilskott, kan overførast

116 043

163 518

163 518

Sum kap. 0257

121 508

168 710

168 834

Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) vart oppretta i 2006 for å styrkje vaksne sine grunnleggjande dugleikar og tryggje tilknytinga deira til arbeidslivet. Bedrifter og offentlege verksemder kan søkje om tilskott både til motivasjonsarbeid og til opplæring i grunnleggjande dugleikar.

Regjeringa har lagt til rette for at dei frivillige organisasjonane kan stå for både rekruttering av deltakarar og sjølve opplæringa gjennom ein ny komponent, basiskompetanse i frivilligheita (BKF), frå 2015.

Tilskottsordningane blir forvalta av Vox. Vox skal gjennomføre naudsynt tilsyn med tilskuddsmottakarar og rapportere om resultata til departementet.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

Mål for 2016

Løyvinga skal nyttast til å utvikle BKA og BKF, slik at fleire vaksne med svake grunnleggjande dugleikar blir motiverte til og kan få opplæring, og sikre at opplæringa held høg kvalitet. Løyvinga skal òg nyttast til å gjere administreringa av programmet best mogleg og auke kvaliteten på dei tilboda som blir gitte. Løyvinga skal òg kunne nyttast til forsøk som kan gjere BKA betre i stand til å svare på kompetansebehova i arbeidslivet.

Ein mindre del av løyvinga skal gå til å utvikle modellar for samarbeid mellom Nav, fylkeskommunar og verksemder, slik at fleire arbeidssøkjarar kan få opplæring i grunnleggjande dugleikar.

Rapport for 2014

BKA-ordninga omfattar frå og med 2015 òg kurs i grunnleggjande munnleg norsk. Vox har i 2014 sett i gang eit prosjekt for å utvikle og spreie modellar og metodar for opplæring som kan vere nyttige for dei lærarane som skal gi slik undervisning. Modellar og verktøy blir nå prøvde ut i BKA-kurs og gjorde tilgjengelege på vox.no. Vox har òg sett i gang eit prosjekt som skal kartleggje effektane av satsinga på munnleg norsk i BKA. Prosjektet skal kunne dokumentere endring i munnlege dugleikar som følgje av BKA-kurset. Prosjektet tek òg for seg ulike bransjar for å undersøkje om eventuelle effektar av opplæring i munnleg norsk kan variere frå bransje til bransje.

Med dagens omfang er det til kvar ei tid over 1 000 aktive prosjekt i programmet. Vox arbeider kontinuerleg med å effektivisere forvaltninga av ordninga. I tillegg til rutinemessig gjennomgang er to hovudgrep gjennomførte i 2014: (1) Det elektroniske søknadsskjemaet er endra for å inkludere munnlege dugleikar og gjere samansetjinga av kurs enklare og meir fleksible for søkjarane. (2) Det er laga ein modul slik at sakshandsamarane kan behandle søknader direkte i BKA-basen. Ein brukartest av det elektroniske søknadsskjemaet vart gjennomført i 2014, og vidareutviklinga vil ta omsyn til funna i denne.

Som ein del av planen for auka kvalitet i opplæringa i BKA har Vox arrangert kurs særskilt retta mot BKA-lærarar. Vox har òg gjennomført ei spørjeundersøking retta mot lærarar og leiarar hos tilbydarar av BKA-kurs. Undersøkinga synte at vaksenlærarane jamt over er kvalifiserte og har lang erfaring, men at enkelte lærargrupper har behov for vidareutdanning. Undersøkinga gir eit viktig grunnlag for det vidare arbeidet med kvalitet i BKA.

Vox har i 2014 oppsummert evalueringane og dokumentert effektane av BKA. Vox har òg gitt tilrådingar til departementet om korleis ein best kan innhente dokumentasjon som kan medverke til å styrkje kunnskapsgrunnlaget for verknadene av BKA.

Budsjettforslag for 2016

Departmentet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2015.

Post 70 Tilskott, kan overførast

Mål for 2016

Tilskottsordninga skal medverke til å styrkje dei grunnleggjande dugleikane i lesing, skriving, rekning og IKT blant vaksne arbeidstakarar og arbeidssøkjarar. Ordninga skal òg medverke til å styrkje opplæringa i grunnleggjande norsk. Det er eit prioritert mål at opplæringa skal nå vaksne med svake grunnleggjande dugleikar. Opplæringa skal halde høg kvalitet og vere tilpassa behova til dei vaksne, slik at ho gir ein positiv effekt for den einskilde.

Det er eit mål at ulike bransjar er representerte i programmet, særleg dei som sysselset arbeidskraft med låg utdanning og er konjunkturutsette. Programmet skal nå små og mellomstore verksemder.

Rapport for 2014

Sidan BKA-ordninga starta, har den årlege løyvinga til programmet over kap. 257 post 70 auka frå 24,5 mill. kroner i 2006 til 134,1 mill. kroner i 2014.

Det kom inn 388 søknader om midlar ved den ordinære utlysingen for 2014, og 23 søknader om utviklingsmidler. Omsøkt beløp var høvesvis 139,2 mill. kroner og 4,6 mill. kroner. Totalt fekk 331 søknader støtte med til saman 105,8 mill. kroner. 84 pst. av søkjarane i den ordinære utlysingsrunden søkte om standardiserte kurs, mot 75 pst. i 2013. 54 pst. av søkjarane var tilbydarar, mot 38 pst. i 2013.

For 2014 løyvde Stortinget 25 mill. kroner til å utvide BKA til òg å omfatte grunnleggjande dugleikar i munnleg norsk. Det kom inn 189 søknader om til saman 42,4 mill. kroner. Etter omdisponering av ubrukte tilskottsmidlar tildelte Vox til saman 36,1 mill. kroner til dette formålet.

Tabell 4.12 Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA), 2006–15

2006

2007

2008

2009

2010

2011

2012

2013

2014

2015

Omsøkt beløp, i mill. kroner

85,5

78,2

122,5

142,4

169,4

197,6

190,6

182,7

186,2

200,7

Tildelt beløp, i mill. kroner

14,5

20,0

31,6

68,6

80,8

93,4

107,7

104,3

141,9

161,9

Talet på søknader

167

208

282

339

345

410

503

461

600

651

Talet på innvilga søknader

65

70

99

214

209

250

370

348

503

560

Talet på deltakarar

1 205

817

2 095

5 091

6 999

7 527

8 688

7 729

74671

1

Tabellen omfattar søknader og tildelingar knytte til ordinær utlysing og særskilde satsingar. Deltakartala har tidlegare vore basert på alle innmelde deltakarar, mens dei i år er basert på inmelde deltakarar på faktisk avholdne kurs.

1 Talet på deltakarar i 2014 er førebels. Deltakartal for 2015 er ikkje klare.

Kjelde: Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk. Statistikkbanken, juli 2015

Budsjettforslag for 2016

Departmentet foreslår å føre løyvinga vidare på same nominelle nivå som i 2015. Som ein del av løyvinga er det satt av 10 mill. kroner til program for basiskompetanse i frivilligheita (BKF).

Departementet har lagt til rette for at fleire som treng det skal få opplæring i grunnleggjande norsk i arbeidslivet. I samband med utlysninga av BKA-tillskottsmidlane for 2016 har departementet utvida ordningen til også å gjelde opplæring i grunnleggjande norsk. Departementet legg til grunn at utvidinga ikkje vil gå utover løyvinga til anna BKA-opplæring. Kunnskapsdepartementet vil òg utvide Program for basiskompetanse i frivilligheita (BKF) med opplæring i grunnleggjande norsk.

Vox skal i 2016 etablere ei prøveordning for godkjenning av tilbydarar i BKA og i tilknyting til denne ei ordning med rammetilsegner til godkjende tilbydarar.

Kap. 258 Tiltak for livslang læring

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter

4 959

4 812

4 905

21

Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 01

53 344

64 367

91 962

60

Tilskott til karriererettleiing

30 000

30 960

31 858

Sum kap. 0258

88 303

100 139

128 725

Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 01

Mål for 2016

Departementet vil nytte løyvingane over kap. 258 postane 01 og 21 til tiltak for livslang læring, og til statistikk, dokumentasjon, analysar og forsking som kan medverke til politikkutvikling på heile ansvarsområdet til departementet, med særskild prioritering av læring blant vaksne. Målet er mellom anna å utvikle vidare tiltak og satsingar for vaksne med svake grunnleggjande dugleikar og auka innsats for betre utnytting av kompetansen hos alle vaksne til nytte for norsk arbeids- og næringsliv. I tillegg er det eit mål å få ei betre oversikt over kompetansebehova i Noreg framover.

Rapport for 2014

Kompetansepolitikken

For å følgje opp tilrådingane frå OECD og skape større heilskap i arbeidet med den norske kompetansepolitikken starta Kunnskapsdepartementet i 2014 eit arbeid med ein nasjonal strategi for kompetansepolitikken. Strategien blir utforma i samarbeid med Arbeids- og sosialdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Finansdepartementet, og i dialog med partane i arbeidslivet.

OECD peikte i sin rapport OECD Skills Strategy Action Report på at Noreg treng å få meir systematisk kunnskap om behova for kompetanse framover for å unngå kompetanseubalanse både nasjonalt og regionalt. Kunnskapsdepartementet starta hausten 2013 opp eit prosjekt som i ein treårsperiode skal arbeide med å utvikle eit overordna system for analyse og formidling av kompetansebehov i arbeidslivet.

Kunnskapsdepartementet gav hausten 2014 Vox i oppdrag å greie ut og komme med forslag til korleis ein kan utvikle og etablere eit verktøy for kartlegging av dei grunnleggjande dugleikane til vaksne. Arbeidet blir ført vidare av Vox i 2015.

Det er eit stort behov for kompetanseutvikling for vaksenlærarar og betring av vaksenpedagogikken. Fylkesmannsembeta, fylkeskommunane og Voksenopplæringsforbundet fekk i 2014 tildelt midlar frå Vox for å organisere etterutdanningstilbodet for vaksenlærarar innanfor temaa vaksenpedagogikk og grunnleggjande dugleikar. I tillegg har Vox arrangert kurs for BKA-lærarar og kurs retta mot vaksenlærarar generelt. I alt har 900 lærarar delteke på kurs.

Det er stor etterspurnad blant vaksenlærarar etter materiell om metodar for læringa til vaksne, både på nettet og på papir. Vox har i 2014 vidareutvikla digitale læringsressursar og sett i gang prosjekt for å sikre god opplæring i munnlege ferdigheiter.

Tilskott til skolering av tillitsvalde i kompetanseutvikling har sidan våren 2013 vore gitt til 19 prosjekt med i alt 200 deltakarar frå tolv fylke, pluss Svalbard. Av desse fekk sju prosjekt med om lag 85 deltakarar støtte i 2014.

Norsk arbeidsliv treng fleire faglærte arbeidarar. Vox har leidd eit arbeid med utprøvingar av vidaregåande opplæring på arbeidsplassen for ufaglærte retta mot helsefagarbeid og barne- og ungdomsarbeid. Forsøka vart i hovudsak avslutta i 2014. På bakgrunn av erfaringane har Vox i samarbeid med Utdanningsdirektoratet utarbeidd ei skisse til ein mogleg tredje veg til fagbrev for vaksne ufaglærte. Ved utgangen av 2014 hadde 159 av totalt 261 deltakarar bestått fagprøva. Nokre av prosjekta fekk forlengt prosjektperiode og tok inn nye deltakarar som vil fullføre innan utgangen av 2015. Prosjekta er evaluerte av Proba, som vil levere rapporten sin til Kunnskapsdepartementet i løpet av 2015. Resultata av forsøka vil bli omtalte og vurderte i samband med arbeidet med meldinga om livslang læring og utanforskap.

Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR) vart fastsett i 2011, og nivåa i NKR vart i 2014 kopla til nivåa i det europeiske kvalifikasjonsrammeverket for livslang læring (EQF). Ein mindre del av løyvinga på post 21 har vore nytta til dette arbeidet i NOKUT, som er det nasjonale kontaktpunktet for EQF.

Delar av løyvinga på postane har i 2014 vorte nytta til drift av eit ekspertutval som har greidd ut korleis kvalifikasjonar frå ikkje-formell opplæring, kan plasserast inn i det nasjonale kvalifikasjons-rammeverket. Departementet har hatt ansvaret for sekretariatet til utvalet. Utvalet leverte rapporten sin 30. april 2015.

Kunnskapsdepartementet ved Vox har ei fagleg, tverrsektoriell rolle når det gjeld realkompetansevurdering. I 2014 har Vox mellom anna gitt innspel til oppdateringa av Cedefops (EU-kommisjonen) oversikt over dei ulike nasjonale systema for vurdering og dokumentasjon av uformell og ikkje-formell læring, European Inventory on Validation.

Mastergradsutdanninga i karrierettleiing ved Høgskolen i Lillehammer og Høgskolen i Buskerud og Vestfold starta opp hausten 2014. Vox har følgt opp prosessen med etableringa av mastergradsutdanninga. Det har vore god søkning til studiet, og dei 20 studieplassane vart fordelte på 40 deltidsstudentar. Vox har på bakgrunn av søknad frå høgskolane gitt eit tilskott på 1 mill. kroner til forsking og styrking av fagmiljøa.

Kunnskapsdepartementet har i 2014 arbeidd for å utvikle kunnskapsgrunnlaget på kompetansefeltet. Det vart løyvt midlar til den øyremerkte satsinga på forsking om vaksnes læring gjennom utdanningsprogrammet FINNUT i Noregs forskingsråd. På oppdrag frå Vox har NIFU i 2014 undersøkt etter- og vidareutdanningstilbodet i Noreg. NIFU har òg granska i kva grad dei som tilbyr utdanning, satsar særskilt på etter- og vidareutdanning, og har identifisert faktorar som påverkar utviklinga av tilbodet. Vox har også utarbeidd fleire rapportar som styrkjer kunnskapen om vaksnes læring. I 2014 lanserte Vox kompetanseindikatorar for kommunar og fylke via vox.no, eit sett nøkkeltal som gir eit samla bilete av kommunane og fylka sine investeringar i kompetansen til innbyggjarane.

Utdanningsforsking og andre formål

Kunnskapssenter for utdanning skal ha oversikt over og formidle nasjonal og internasjonal forsking som kan gi innsikt i kva som medverkar til kvalitet i utdanninga og opplæringa. Senteret opna offisielt i 2013. I 2014 utarbeidde senteret ei systematisk oversikt over lærarvurdering, ei oppsummering av forsking om forhold ved skolen med betydning for mobbing og ei kartlegging av partnarskapar i lærarutdanningane.

Ein del av utdanningsforskingsprogrammet FINNUT, inkludert forsking på vaksnes læring, har vorte finansiert over denne posten, jf. omtale under Strategiar og tiltak i kategoriinnleiinga.

Delar av løyvinga har vorte nytta til arbeid med utdanningsforsking og -statistikk i OECD.

Ein del av løyvingane på posten har gått til å følgje opp og kvalitetssikre byggjeprosessen ved Narviksenteret, jf. omtale under kap. 255 post 74.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår ei løyving på 96,9 mill. kroner i 2016 på postane 01 og 21.

Regjeringa vil våren 2016 leggje fram ei melding til Stortinget om livslang læring og utanforskap, jf. omtale under Hovudprioriteringar og Strategiar og tiltak i kategoriinnleiinga. Meldinga vil leggje vekt på tiltak for vaksne med svake grunnleggjande dugleikar og låg kompetanse, som har auka risiko for å falle ut av utdanning og arbeidsliv, eller for ikkje å komme i arbeid. Ein større del av løyvinga på post 21 vil i 2016 bli nytta til utvikling, forsøk, etablering og dokumentasjon av tiltak i samband med meldinga til Stortinget om livslang læring og utanforskap.

Eit av desse tiltaka er knytt til fag- og yrkesopplæringa. Ho foregår normalt i den vidaregående skolen og er basert på eit fireårig opplæringsløp med ein toårig praksisperiode. Ikkje alle finn seg til rette innanfor ein slik modell. Departementet foreslår å løyve 7,5 mill. kroner for å utvikle modulbasert opplæring for vaksne i fag- og yrkesopplæringa. Modulbasert opplæring inneber avgrensa kurs med ei avsluttande vurdering som gjer at deltakaren kan kombinere modular og sette saman eit tilpassa utdanningsløp. Dette må også sjåast i samband med ei mogleg modulisering av opplæringa på nivået under vidaregåande opplæring. Målet er å utvikle eit tilbod som er meir tilpassa behova til den einskilde.

Mange vaksne treng ei kartlegging av deira grunnleggjande dugleikar for å komme vidare i opplæring og få ei varig tilknyting til arbeidslivet. Kunnskapsdepartementet vil derfor gi Vox i oppdrag å greie ut korleis eit slikt verktøy kan bli utforma og brukt. Oppdraget skal byggje på den kartlegginga Vox allereie har gjort om kva for verktøy som finst i dag og gjennomførde vurderingar av behov. Vox skal i samarbeid med andre etatar som arbeider med målgruppene, utføre utgreiinga med sikte på eit konkret forslag om eitt eller fleire verktøy som kan brukast av vaksne i ulike livssituasjonar. Utgreiinga skal omfatte økonomiske og administrative kostnader.

Departementet foreslår totalt om lag 35 mill. kroner til ulike tiltak knytt til stortingsmeldinga om livslang læring og utanforskap. Tiltaka vil bli nærmare omtalte i meldinga.

For å auke kvaliteten i vaksenopplæringa har Vox fått i oppdrag å utvikle og setje i gang lokale tilbod om etterutdanning for lærarar og andre som underviser i vaksenopplæringa. For perioden 2013–16 legg departementet opp til å nytte til saman 20 mill. kroner til tiltaket.

Ansvar og oppgåver fordelte på svært mange aktørar er ei av hovudutfordringane for vaksenopplæringa. Livssituasjon og bustad, heller enn individuelle behov, vil i mange tilfelle avgjere kva for tilbod kvar einskild mottek. Spreiing av gode erfaringar vil kunne medverke til at fleire får nytte av gode løysingar. Vox vil i 2016 bruke midlar til vidare spreiing av vellykka forsøk og pilotar til aktørar som har eit ansvar for opplæring av vaksne, mellom anna kommunar, fylkeskommunar, Nav, kriminalomsorga, fylkesmennene, behandlingsinstitusjonar, frivillige organisasjonar og andre som arbeider med vaksne.

Kunnskapsdepartementet vil i 2016 leie arbeidet med ein nasjonal strategi for kompetansepolitikken for å følgje opp tilrådingane frå OECD. Målet for strategien skal vere å medverke til god kompetanse i arbeidslivet gjennom tilgang på kvalifisert arbeidskraft og målretta læring i arbeidslivet.

Det vil bli arrangert ein internasjonal OECD-ministerkonferanse om Skills Strategy i Noreg sommaren 2016.

For å utvikle eit overordna system for analyse, dialog og formidling av kunnskap om kompetansebehov i arbeidslivet vil prosjektet om framtidige kompetansebehov i 2016 halde fram med arbeidet med å arrangere møteplassar for kunnskapsdeling og dialog og avgi sluttleveransen sin.

Programmet FINNUT i Noregs forskingsråd dekkjer utdanningsforsking innanfor barnehage, grunnskole og høgre utdanning. Som ein del av FINNUT er det òg ei øyremerkt satsing på vaksne si læring. Departementet foreslår å føre vidare rammeløyvinga og den øyremerkte satsinga på forsking om vaksnes læring gjennom utdanningsprogrammet FINNUT.

Delar av løyvinga vil nyttast til arbeidet med det offentlege utvalet for livslang karriererettleiing. Utvalet vil greie ut og foreslå tiltak som skal betre karriererettleiinga for elevar, lærlingar, studentar og vaksne i og utanfor arbeid, jf. også merknadene frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i Innst.12 S (2013–2014) om behov for å betre karriererettleiinga. Departementet vil også følgje opp vurderingar og forslag frå utvalet når rapporten blir levert våren 2016.

Direktiv 2005/36/EF om godkjenning av yrkeskvalifikasjoner (yrkeskvalifikasjonsdirektivet) omfattar EØS-borgarar som vil praktisere eit regulert yrke i eit anna EØS-land. I Noreg er om lag 170 lovregulerte yrke omfatta av direktivet. Direktiv 2005/36/EF vart modernisert ved direktiv 2013/55/EU i 2015. Endringane skal gjennomførast i nasjonal rett i 2016 og gir nye avgjerder når det gjeld profesjonskort for utvalde yrke, varslingsmekanismar, elektroniske søknader og delvis tilgjenge til yrke. Ein del av løyvinga vil gå til dette arbeidet.

Delar av løyvinga vil gå til oppfølgjing og vidareutvikling av arbeidet med realkompetansevurdering og kvalifikasjonar frå ikkje-formell læring.

Vox brukte i 2015 midlar til å styrkje forskinga og fagmiljøa innanfor karriererettleiing. Departementet foreslår å føre vidare løyvinga til same formål i 2016 og se dette i samband med forslag frå utvalet for karriererettleiing.

Kunnskapsdepartementet vil nytte ein del av løyvinga til å styrkje kunnskapsgrunnlaget om vaksnes læring og kompetansepolitikken gjennom oppdragsforsking.

Delar av løyvinga vil i 2016 gå til Kunnskapssenter for utdanning, jf. omtale under Strategiar og tiltak.

Departementet foreslår å flytte 0,5 mill. kroner knytt til forvaltninga av BKA frå kap. 258 post 21 til kap. 256 post 01 i 2016.

I 2015 vart eit fagmiljø for læringsanalyse etablert ved Universitetet i Bergen, jf. omtale under Strategiar og tiltak. Kunnskapsdepartmentet foreslår å føre vidare løyvinga til fagmiljøet i 2016.

For at Narviksenteret skal kunne følgje opp byggjeprosjektet, foreslår departmentet å føre vidare løyvinga på 0,7 mill. kroner i 2016 innanfor ramma av kap. 258 post 21.

Kunnskapsdepartementet vil i 2016 nytte ei mindre del av løyvinga til utviklingsoppgåver innanfor kompetansepolitikken og utdanningsforskinga.

Departementet vil la delar av løyvinga bli forvalta av Vox.

Det blir foreslått å samle dei løyvingane NOKUT får som nasjonalt kontaktpunkt for det europeiske kvalifikasjonsrammeverket (EQF), på kap. 280 post 01. 467 000 kroner blir foreslått flytte frå kap. 258 post 21 til kap. 280 post 01 i 2016.

Post 60 Tilskott til karriererettleiing

For å medverke til at alle unge og vaksne skal ha eit tilbod om karriererettleiing, har Kunnskapsdepartementet gjennom tilskottsmidlar stimulert til etablering av fylkesvise partnarskapar for karriererettleiing. Partnarskapane skal medverke til utvikling av tenestetilbodet og til samarbeid mellom ulike rettleiingsaktørar lokalt. Oppretting av karrieresenter i fylka er ei viktig målsetjing for partnerskapane. I tillegg til å tilby karriererettleiing til alle vaksne er karrieresentera faglege ressurssenter for rettleiarar i Nav og i grunnopplæringa. Dei fleste karrieresentera er samlokaliserte med andre institusjonar, som Nav, vidaregåande skolar eller vaksenopplæringssenter. I tillegg til det tilskottet som går frå denne posten til fylkeskommunane via Vox, får karrieresentera finansiering av fylkeskommunane, Nav og kommunane.

Mål for 2016

Formålet med tilskottsordninga er å medverke til utvikling og oppretting av fylkesvise karrieresentera med tilbod til alle vaksne over 19 år. Tilskottet til dei fylkesvise partnarskapane for karriererettleiing skal medverke til å styrkje samarbeidet mellom rettleiingsaktørane lokalt, heve kvaliteten og medverke til at unge og vaksne over heile landet får tilgang til karriererettleiing.

Rapport for 2014

Rapporteringar har vist til dels store skilnader i aktiviteten mellom fylka. For å fremme eit meir likeverdig tilbod i heile landet, medverke til vidare tenesteutvikling og stimulere til oppretting av fleire karrieresenter vart krava som følgjer tildelinga, skjerpte frå 2014. Tilskottet, som før har vore fordelt likt og uavhengig av aktivitetsnivå mellom dei fylkesvise partnarskapane, vart omgjort til eit grunntilskott og eit stimuleringstilskott. Endringa var meint å sikre at kun fylke som har eller skal opprette eit karrieresenter, får tilskott. Etter den nye ordninga er det kun fylke med signert partnarskapsavtale med Nav, med minst eitt karrieresenter med tilbod til alle vaksne over 19 år, og som har ein samordnings- og kompetansestøttefunksjon for rettleiarar i Nav og grunnopplæringa, som får grunntilskott.

Karrieresenter er per september 2014 oppretta i 15 fylke, og til saman er det oppretta 38 karrieresenter i desse fylka.

I 2014 utgjorde tilskottet om lag 30 mill. kroner. Av dette var 22,9 mill. kroner grunntilskott og 7,1 mill. kroner stimuleringstilskott. I 2014 fekk 13 fylke grunntilskott på nær 1,7 mill. kroner, og 13 fylke fekk stimuleringstilskott. Midlane til tilskottsordninga vart fram til 2013 løyvt over kap. 226 post 21, og vart flytte til kap. 258 post 60 i 2014.

På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet har Proba samfunnsanalyse i 2014 sluttført kartlegginga Evaluering av de fylkesvise karrieresentrene – med søkelys på samhandlingen med NAV. Rapporten konkluderer med at det er store skilnader mellom karrieresentera i fylka når det gjeld finansiering, storleik, organisering, målgrupper, innhald og oppgåver. Ikkje minst er det stor variasjon når det gjeld samhandling mellom karrieresentera og Nav. Til saman er det om lag 112 årsverk knytte til karrieresentera. Nav medverkar i finansieringa av halvparten av karrieresentera. Mange karrieresenter samarbeider godt med Nav, og mange Nav-rettleiarar finn at karrieresentera er eit viktig supplement til Nav. Ulik prioritering og holdning i Nav betyr stor variasjon i samhandlinga og oppgåvefordelinga mellom karrieresentera og Nav. Dette medverkar til at tilbodet om karriererettleiing varierer mykje mellom fylka. Kartlegginga finn at samhandling og roller er meir avklarte i fylke der Nav er ein aktiv eigar og deltek i finansieringa og styringa. Kunnskapsgrunnlaget inngår i det arbeidet til ekspertutvalet om karriererettleiing som er omtalt under kap. 258 post 21 ovanfor.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2015.

Programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning

Utgifter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

260

Universitet og høgskolar

29 312 568

31 057 048

32 641 938

5,1

270

Internasjonal mobilitet og sosiale formål for studentar

430 495

505 199

816 950

61,7

276

Fagskoleutdanning

65 376

66 747

68 683

2,9

280

Felles einingar

467 493

493 495

522 744

5,9

281

Felles tiltak for universitet og høgskolar

466 063

399 252

559 489

40,1

Sum kategori 07.60

30 741 995

32 521 741

34 609 804

6,4

Inntekter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

3280

Felles einingar

1 420

1 297

1 328

2,4

3281

Felles tiltak for universitet og høgskolar

10

10

0,0

Sum kategori 07.60

1 420

1 307

1 338

2,4

Innleiing

Regjeringa har høge ambisjonar for høgre utdanning og forsking som skal leggje grunnlaget for vår framtidige vekst, verdiskaping og velferd. Noreg skal vere eit av dei mest innovative landa i Europa. Regjeringa satsar derfor på høg kvalitet i utdanning og forsking og vil leggje grunnlaget for utdannings- og forskingsmiljø som kan hevde seg i verdstoppen. Dei langsiktige planane og ambisjonane er lagde fram i Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024. Dei ligg òg til grunn for dei fire måla for forsking, høgre utdanning og fagskoleutdanning, jf. figur 1.2 i hovudinnleiinga:

  • høg kvalitet i utdanning og forsking

  • forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

  • god tilgang til utdanning

  • effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor og forskingssystem

Tilstandsvurderinga for universitets- og høgskolesektoren er i kategoriomtalen strukturert etter desse måla. Omtala under kap. 276 gir ei tilstandsvurdering av fagskolesektoren. For meir utfyllande informasjon sjå tilstandsrapportane som er utarbeidde av Kunnskapsdepartementet i 2015 for høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Hovudprioriteringar for 2016

Regjeringa ønskjer ein meir formålstenleg struktur med høgre utdannings- og forskingsinstitusjonar som er karakteriserte av solide fagmiljø og utdanningar av høg kvalitet. Regjeringa foreslår å prioritere totalt 175 mill. kroner til gjennomføring av strukturreforma i 2016. Av desse midlane er 100 mill. kroner nye i 2016. Midlane blir foreslåtte fordelte over kap. 260 post 50 og kap. 281 post 50 og post 70.

Finansiering er eit sterkt styringsverkemiddel som skal medverke til at universitet og høgskolar skal nå fastsette mål. Regjeringa foreslår endringar i finansieringssystemet for universitet og høgskolar for å sikre effektiv ressursbruk og betre måloppnåing.

Som oppfølging av Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024 foreslår regjeringa om lag 85 mill. kroner til 238 nye rekrutteringsstillingar. Rekrutteringsstillingane blir tildelte miljø innanfor i hovudsak realfag og teknologi, inkludert maritime fag, og sjukepleie ved universitet og høgskolar. I tillegg blir rekrutteringsstillingane tildelt instituttsektoren og ordningane for nærings-ph.d. og offentleg sektor-ph.d. 113 av rekrutteringsstillingane er knytt til ei særskilt tiltakspakke for auka sysselsetting som regjeringa legg fram. Midlane til desse stillingane blir fasa ut etter ein stipendiatperiode. Midlane blir foreslåtte fordelte over kap. 260 post 50 og post 70, kap. 281 post 50 og kap. 285 post 53 over programkategori 07.70 Forsking.

I Lærerløftet legg regjeringa vekt på solid fagleg og pedagogisk lærarkompetanse som ein føresetnad for eit kvalitetsløft i norsk skole. Regjeringa foreslår om lag 62 mill. kroner for å styrkje lærarutdanninga i tråd med måla i Lærerløftet. Kunnskapsdepartementet foreslår 50 nye rekrutteringsstillingar og andre tiltak i samband med innføringa av ei femårig grunnskolelærarutdanning. Midlane til halvparten av rekrutteringsstillingane blir fasa ut etter ein stipendiatperiode. Midlane til Lærerløftet under programkategori 07.60 blir foreslåtte fordelte over kap. 260 post 50 og kap. 281 post 01. Midlane til rekrutteringsstillingane må òg sjåast i samanheng med langtidsplanen for forsking og høgre utdanning og oppfølging av den langsiktige prioriteringa betre og meir effektive velferdstenester i offentleg sektor.

Kunnskapsdepartementet foreslår 38,3 mill. kroner til 350 nye studieplassar i praktisk-pedagogisk utdanning frå våren 2016. Søkjarar med utdanning i matematikk, naturfag eller teknologi frå område med aukande arbeidsløyse, vil bli prioritert. Midlane er del av ei særskilt tiltakspakke for auka sysselsetting.

For å betre tilgangen på helsepersonale foreslår Kunnskapsdepartementet 6,3 mill. kroner til totalt 55 nye studieplassar i psykologi og medisin.

Kunnskapsdepartementet foreslår 63,7 mill. kroner til vidareføring og opptrapping av studieplassar som oppfølging av revidert nasjonalbudsjett for 2015, jf. Innst. 360 S (2014–2015), der det vart vedteke om lag 500 nye studieplassar.

Oppdaterte bygg og utstyr er ein føresetnad for ambisjonen om fleire framifrå forskings- og undervisningsmiljø. Ifølgje Riksrevisjonens undersøking om forvaltning av statleg eigedomsmasse, Dokument 3:4 (2012–2013), er 40 pst. av bygningsmassen ved dei sjølvforvaltande universiteta i dårleg stand. Regjeringa foreslår totalt 135 mill. kroner i 2016 til oppgradering av bygg ved institusjonar som forvaltar eigen bygningsmasse. Av desse midlane er 60 mill. kroner ei eingongsløyving i 2016 og del av ei særskilt tiltakspakke for auka sysselsetting.

Regjeringa foreslår 40 mill. kroner for å setje i gang fase 2 av rehabiliteringa av Universitetsmuseet i Bergen, over Kommunal- og moderniseringsdepartementets budsjett. Midlane er del av ei særskilt tiltakspakke for auka sysselsetting. Gjennomføring av fase 2 er avgjerande for at universitetet igjen kan opne utstillingsdelen av museet. Fase 2 har ei samla kostnadsramme på 386,2 mill. kroner (prisnivå per 1. juli 2016).

Gode studentvelferdstilbod er viktig for å kunne ta høgre utdanning. Regjeringa vil halde fram med satsinga på studentbustader i 2016 og foreslår å føre vidare nivået frå 2015 på tilsegn om tilskott til 2 200 nye studenthybeleiningar.

Kunnskapsdepartementet foreslår 20 mill. kroner til styrking av MARKOM2020 og 15 mill. kroner til utstyr i maritim profesjonsutdanning. Dette er ei oppfølging av den langsiktige prioriteringa av Hav i langtidsplanen for forsking og høgre utdanning og den maritime strategien til regjeringa.

Kunnskapsdepartementet foreslår 25 mill. kroner for å etablere fleire nye senter for framifrå utdanning. Dette er eit sentralt område i langtidsplanen for forsking og høgre utdanning og særs viktig for å medverke til å utvikle framifrå fagmiljø i Noreg.

Kunnskapsdepartementet ønskjer å styrkje program for kommersialisering av forskingsresultat blant forskarar og foreslår å auke løyvinga til FORNY2020 med 15 mill. kroner.

Departementet foreslår 13 mill. kroner til ulike tiltak for rask arbeidslivsintegrering for personar med utanlandsk høgre utdanning. Midlane er del av ei særskilt tiltakspakke for auka sysselsetting.

Tilstandsvurdering

Mål: Høg kvalitet i utdanning og forsking

Regjeringa vil at utdannings- og forskingsmiljøa i Noreg skal ha høg kvalitet, og at fleire norske forskings- og utdanningsmiljø skal hevde seg internasjonalt.

Utdannings- og forskingsmiljø

I dei siste ti åra har norske universitet og høgskolar handtert ein kraftig vekst i talet på studentar og høge forventningar til forsking og utviklingsarbeid. Sektoren har handtert auken i studentar og stipendiatar godt og har hatt ei god auke i publisering. Trass i positiv utvikling på fleire område tyder ulike evalueringar og indikatorar på at det er nødvendig å arbeide meir med kvaliteten i utdanningane og FoU-aktiviteten. Regjeringa meiner det er nødvendig med ein mindre fragmentert sektor med meir målretta bruk av ressursane til forsking og utdanning for å auke kvaliteten og la derfor våren 2015 fram Meld. St. 18 (2014–2015) Konsentrasjon for kvalitet. I Innst. 348 S (2014–2015) slutta Stortinget seg til måla i meldinga og viser til brei semje om at meir robuste fagmiljø vil styrkje sektoren samla sett.

Mange utdanningsinstitusjonar tilbyr dei same utdanningane, til dømes lærarutdanning, ingeniørutdanning og bachelorutdanning i økonomi og leiing. Mange av institusjonane slit med rekruttering av fagpersonar og studentar til desse utdanningane. Dei har små studentgrupper og eit lågt tal uteksaminerte kandidatar. Sektoren og den enkelte studenten vil vere tente med sterkare konsentrasjon og klarare arbeidsdeling, slik at institusjonane kan utvikle sterkare fagmiljø.

Rapportar og evalueringar tyder på at universitets- og høgskolesektoren framleis har utfordringar med fråfall og gjennomføring, og at det er store forskjellar mellom institusjonar og fag i korleis karakterar blir sette. Vidare er det behov for meir innovative og studentaktiviserande læringsformer og tilstrekkeleg oppfølging og rettleiing av studentar. Resultata frå Studiebarometeret 2015 tyder på at mange studium blir oppfatta som å ha for låge faglege ambisjonar. Kunnskapsdepartementet meiner det er rom for at institusjonane kan ha høgre faglege forventningar til studentane.

Riksrevisjonen viser i rapporten om høgre utdanning frå 2015 til at gjennomføringa framleis er svak etter innføringa av kvalitetsreforma, og at innsatsen for å styrkje gjennomføringa har gitt få resultat. Tal frå Statistisk sentralbyrå frå 2015 viser at unge studentar fullfører oftare enn før. Likevel meiner Kunnskapsdepartementet at for få studentar gjennomfører studia på normert tid. I dei siste åra har om lag 40 pst. av bachelorgradsstudentane og 37 pst. av studentane på toårige mastergradsutdanningar gjennomført på normert tid. I dei siste åra er det avlagt i gjennomsnitt 45,5 studiepoeng per fulltidsstudent per år. Kunnskapsdepartementet meiner Noreg bør ha større ambisjonar for gjennomføring i høgre utdanning.

Det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket omtaler læringsutbytte på dei ulike nivåa i utdanningssystemet. Førebels har vi for liten kunnskap om studentane får det læringsutbyttet som er definert for studieprogramma. Kunnskapsdepartementet har gitt NOKUT i oppdrag å kartleggje korleis institusjonane faktisk har utarbeidd læringsutbytteskildringar for studieprogramma, og korleis samanhengen til det nasjonale rammeverket er teke i vare. Kunnskapsdepartementet ser det som viktig at institusjonane held fram med arbeidet med å utforme gode læringsutbytteskildringar for studieprogramma og legg opp undervisninga slik at studentane kan nå dei fastsette læringsutbytta.

Evalueringa av norsk doktorgradsutdanning som Nordisk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) gjennomførte i 2012, viser at norsk doktorgradsutdanning held eit høgt nivå, men at stipendiatane framleis bruker for lang tid. Det nasjonale målet for gjennomføringa av eit doktorgradsprogram innan seks år er mellom 75 pst. og 85 pst., avhengig av fagområde. 65 pst. av kandidatane som var tekne opp på doktorgradsprogram i 2008, hadde disputert innan seks år. Trass i betring over tid er gjennomføringa i doktorgradsutdanninga framleis ikkje tilfredsstillande.

Det har vore ein sterk vekst i den vitskaplege publiseringa i universitets- og høgskolesektoren i dei siste åra. Målt i publiseringspoeng har auken vore på 72 pst. frå 2005 til 2014. Auken heng saman med fleire fagleg tilsette og meir kompetanse i denne gruppa. Auken må òg sjåast i samanheng med publiseringsinsentivet i finansieringssystemet for universiteta og høgskolane. Talet på publiseringspoeng per fagleg tilsett har auka med 40 pst. i tiårsperioden, men i dei siste fire åra har talet vore nokså stabilt. Noreg har passert Finland i dei siste ti åra målt i talet på artiklar per 1 000 innbyggjarar, men ligg framleis bak Danmark og Sverige, jf. Forskningsbarometeret 2015. Forskinga frå norske universitet blir gjennomgåande mindre sitert enn forskinga frå dei beste svenske og danske universiteta. Mange forskingsmiljø og forskarar har nå eit volum på publiseringa som tilseier at dei bør prioritere å betre kvaliteten i kvar publikasjon framfor å produsere fleire publikasjonar. Andre miljø bør framleis prioritere å auke publiseringsvolumet. Det er eit leiaransvar å ta del i denne vurderinga.

Internasjonalt samspel

Noreg er i stadig større grad ein del av det internasjonale utdannings- og forskingssamarbeidet, særleg i EU. Noreg er eit attraktivt land for utanlandske studentar, og det framandspråklege studietilbodet ved norske universitet og høgskolar er aukande. Det har gjort det enklare for studentar frå andre land å studere i Noreg. I internasjonal samanheng har Noreg mange studentar som tek ein heil grad i utlandet, men relativt færre som tek delstudium. Talet på norske delstudentar har stagnert, og delen er fallande. Trass i nedgangen i talet på delstudentar gjer den høge gradsmobiliteten at Noreg i dei siste åra har vore rett over Bologna-målet om at minst 20 pst. av alle studentar som tek ein grad, skal ha eit studieopphald i utlandet. Men siste studieår har vi vore under Bologna-målet, og Noreg vil ikkje nå dette målet dersom talet på studentar på delstudium held fram med å falle.

Norske forskarar er meir internasjonalt orienterte enn tidlegare, og internasjonalt forskingssamarbeid har auka mykje gjennom fleire år. Norske forskarar publiserer mest saman med forskarar frå USA og Storbritannia, deretter med forskarar frå nordiske land og andre europeiske land. Den prosentvise auken er størst med land som Australia, Kina og Sør-Afrika. Artiklar med internasjonale medforfattarar blir siterte over verdsgjennomsnittet, medan artiklar med berre norske forfattarar blir siterte under verdsgjennomsnittet. Dette viser at internasjonalt samarbeid har ein tett samanheng med gjennomslagskrafta til forskinga.

Deltaking i EU-samarbeidet kan tene ulike formål: å byggje opp vitskapleg kvalitet gjennom samarbeid og konkurranse, styrkje innovasjon og konkurranseevne innanfor den europeiske og den globale marknaden, og utvikle løysingar på samfunnsbehov som gode helse- og velferdstenester og berekraftig energiforsyning. Deltaking gir oss òg høve til å dele kostnader og gi betre tilgang til kostbar forskingsinfrastruktur. Det er òg viktig å utvikle forskarnettverk og mogleggjere karriereutvikling for den enkelte forskar. Aktørar som deltek, er i tillegg meir synlege og meir attraktive som samarbeidspartnarar internasjonalt.

I dag bruker ikkje dei norske miljøa det europeiske forskings- og innovasjonssamarbeidet og Erasmus+ godt nok. Deltakinga i universitets- og høgskolesektoren i EUs rammeprogram for forsking, Horisont 2020, er førebels på om lag same nivå som i det sjuande rammeprogrammet. Dei norske universiteta mottek færre stipend frå Det europeiske forskingsrådet enn dei fremste universiteta i Danmark, Finland og Sverige. Delar av det europeiske utdanningssamarbeidet gjennom Erasmus+ er dårleg utnytta av norske institusjonar. Institusjonane har potensial for å auke deltakinga.

Bygg og infrastruktur

Kvaliteten i utdanning og forsking er avhengig av god infrastruktur, som inneber gode, funksjonelle arbeidsplassar for studentar og tilsette. Oppgraderte, funksjonelle bygg og moderne vitskapleg utstyr er nødvendig for å auke kvaliteten og for å kunne lykkast i den internasjonale konkurransen om dei beste studentane og forskarane og om konkurranseutsette forskingsmidlar.

Veksten i talet på studentar, endringar i undervisnings- og læringsformer og auka forskingsaktivitet har ført til at behovet for oppgradering, vedlikehald og nybygg i universitets- og høgskolesektoren er stort. Sektoren disponerer eit samla areal på 3,4 mill. kvm. Over halvparten av dette er areal som er eigde og forvalta av dei sjølvforvaltande institusjonane, som er universiteta i Oslo, Bergen og Tromsø, Noregs miljø- og biovitskaplege universitet, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Noregs handelshøgskole og Noregs idrettshøgskole. Resterande areal er leigde av Statsbygg eller private.

Samla areal for sektoren har stige med om lag ti pst. i dei siste ti åra. Dette har ført til at institusjonane bruker meir ressursar på investeringar, drift, vedlikehald og husleige. Areal per brukar har likevel vorte noko redusert i perioden 2005–15, jf. Kunnskapsdepartementets tilstandsrapport 2015 for høgre utdanning. Det kjem av at talet på studentar og tilsette har stige med høvesvis 20,7 pst. og 21,6 pst. i same periode. Kostnadene til investeringar, husleige og drift svarer til om lag ein tredel av totale inntekter til institusjonane og er dei største kostnadene etter lønn.

Riksrevisjonen peiker i Dokument 3:4 (2012–2013) på at to tredelar av bygningane ved dei sjølvforvaltande institusjonane har god teknisk standard, medan den siste tredelen er for dårleg.

Ei vurdering av budsjett- og rekneskapstal tyder på at institusjonane har dobla innsatsen til vedlikehald og oppgradering sidan omlegginga til nettobudsjettering i 2003. Trass i det har fleire institusjonar framleis store utfordringar med delar av bygningsmassen, både teknisk og funksjonelt. Den største utfordringa for institusjonane er storleiken på investeringsbehova til fornying og rehabilitering av bygningsmassen frå 1950- og 60-åra og tidlegare, inkludert universitetsmusea. Bygningar med god teknisk standard må òg etter nokre tiår byggjast om for å tilfredsstille nye krav til indre og ytre miljø, universell utforming og endra krav til funksjonalitet.

Institusjonane har i liten grad fått særskilde løyvingar til forvaltning, drift og vedlikehald (FDV) av eigedommane. Institusjonane med ansvar for eigne bygningar får om lag 16 mrd. kroner i året i direkte løyvingar. Institusjonane dekkjer utgifter til FDV innanfor denne ramma, og FDV må prioriterast og sjåast i samanheng med andre oppgåver. I Riksrevisjonens rapport frå 2013 er behovet for oppgradering av eksisterande bygningsmasse grovt estimert til å ha ein kostnad på mellom 10 mrd. kroner og 15 mrd. kroner. Sjølv om institusjonane i nokon større grad kan prioritere FDV, vil dette måtte gå ut over anna aktivitet knytt til forsking og undervisning.

Situasjonen for sikring og bevaring av samlingane har betra seg ved musea i dei seinare åra, grunna både tiltak i eksisterande lokale og leige av eksterne magasinlokale. Fleire av utfordringane med sikring og bevaring av samlingane ved universitetsmusea kan ikkje løysast innanfor den bygningsmassen som musea har i dag, jf. St.meld. nr. 15 (2007–2008) Tingenes tale. Det er derfor i samarbeid med Statsbygg laga planar for utbetring av eksisterande bygg og nye bygg ved alle dei fem institusjonane som har universitetsmuseum. Dei bygningane universitetsmusea rår over i dag, er mindre eigna for fysisk utstillingsverksemd. Både permanente og mellombelse utstillingar treng stor plass for moderne formidling av kultur- og naturarven.

Mål: Forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

Regjeringa har ambisjonar om at Noreg skal bli eit av dei mest innovative landa i Europa. Da treng vi utdanning, forsking og fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid som samspeler med omverda. Langtidsplanen for forsking og høgre utdanning, Meld. St. 7 (2014–2015), peiker på seks prioriterte område: hav, klima, miljø og miljøvennleg energi, fornying i offentleg sektor, mogleggjerande teknologiar, innovasjon og omstilling i næringslivet og utvikling av verdsleiande fagmiljø. Dette er område som òg universitet og høgskolar må prioritere.

Profesjonsutdanning

Det første kullet frå dei fireårige grunnskolelærarutdanningane vart uteksaminert vårsemesteret 2014. Følgjegruppa for denne utdanninga viser til at det har vore ei sterk og jamn utvikling av forskingsbasering i den nye utdanninga, men at det er nødvendig å auke talet på lærarutdannarar med førstekompetanse. Samarbeidet mellom lærestader og praksisfeltet er styrkt. Følgjegruppa framhevar at det må arbeidast med å betre rekrutteringa og redusere fråfallet. Fleire element som gruppa har gått særskilt inn på, mellom anna differensiering, IKT, internasjonalisering, samisk og fleirkulturelt perspektiv, må bli betre. Studiebarometeret til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) viser at grunnskolelærarstudentane er blant dei minst nøgde med studietilbodet. Kunnskapsdepartementet ser det som viktig å styrkje arbeidet med ei forskingsbasert utdanning ytterlegare for å utvikle ei vesentleg meir krevjande profesjonsutdanning som førebur kandidatane for eit givande, men òg krevjande yrke. Dette set høgre krav til studentane og særleg til arbeidet til institusjonane.

Studiebarometeret til NOKUT for 2014 viser at 44 pst. av ingeniørstudentane er misnøgde med oppfølginga på studia. I underkant av 50 pst. av heiltidsstudentane på treårig ingeniørutdanning som vart tekne opp i 2009, fullførte på normert tid. Etter ytterlegare to år hadde om lag 63 pst. fullført. Universitets- og høgskolerådet ved Nasjonalt råd for teknologisk utdanning og Det nasjonale fakultetsmøte for realfag har i 2014 utarbeidd ein rapport om arbeidet institusjonane har med teknologiske og realfaglege utdanningar. God dugleik i matematikk blir framheva som sentralt for å redusere fråfall og auke gjennomstrøyminga i MNT-faga. Det blir lagt vekt på å dele erfaringane som institusjonane har med å styrkje matematikkfaget. Dette gjeld mellom anna innovativ utdanning i matematikk, samarbeid med vidaregåande skolar om overgangsproblematikk og bruk av digitale hjelpemiddel i undervisninga. Kunnskapsdepartementet ser det som viktig at institusjonane held fram med samarbeidet om tiltak som kan medverke til auka kvalitet i teknologiske og realfaglege utdanningar.

I Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024 har regjeringa sagt at betre og meir effektive velferds-, helse- og omsorgstenester skal vere ei langsiktig prioritering. Utfordringane i den kommunale helse- og omsorgstenesta er mange, mellom anna tilstrekkeleg tilgang på personell med riktig kompetanse for behova i dag og framover. For å nå måla i samhandlingsreforma og Meld. St. 26 (2014–2015) Fremtidens primærhelsetjeneste ser Kunnskapsdepartementet det som viktig å gjere praksisopplæringa i kommunesektoren betre og styrkje samspelet mellom utdanningsinstitusjonane og tenestene. Vidare skal det leggjast betre til rette for arbeid meir på tvers av utdanningsgrupper og tenester, jf. Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd.

Innovasjon, verdiskaping og samspel med omverda

Samarbeidet mellom universitets- og høgskolesektoren og omverda er omfattande, med mange grenseflater. I dei siste åra har Kunnskapsdepartementet lagt meir vekt på tiltak som kan styrkje relevansen i utdanningane og forskinga og skape betre kunnskapsdeling mellom utdannings- og forskingssektoren og samfunnet.

Institusjonane har sjølve ansvaret for å lage ein strategi for samspelet med relevante aktørar i Råd for samarbeid med arbeidslivet. Departementet ser at det framleis er rom for å utvikle vidare råda så dei kan bli ein god arena for strategisk arbeid og dialog.

Fagleg tilsette i universitets- og høgskolesektoren formidlar resultata av forskinga i stort omfang og gjennom eit breitt spekter av kanalar. Mediebidrag er den formidlingsaktiviteten som er registrert hyppigast, deretter kjem tidsskriftpublikasjonar. Universitetsmusea er òg ein viktig formidlingsarena.

Bidrags- og oppdragsinntekter (BOA) i sektoren gir ein indikasjon på relevansen for samfunns- og arbeidslivet og koplinga mellom forsking, høgre utdanning og innovasjon. BOA-inntektene har hatt ein lågare vekst enn den direkte statlege løyvinga og totale driftsinntekter i sektoren i perioden 2005–14. Universitet og høgskolar bør kunne auke BOA-inntektene ut over forskingsfinansiering frå Noregs forskingsråd og EU.

Samarbeidet som universitet og høgskolar har med omverda, har svært ulike former. Det er vanskeleg å måle omfang, kvalitet og resultat for dette arbeidet. NIFU-rapporten, Noder i kunnskapsnettverket, frå 2014 viser at dei fleste akademikarar medverkar til ulike former for spreiing av kunnskap. Rapporten viser òg at det framleis er eit lågt nivå på samarbeid med næringsliv og på kommersialisering, trass i auka satsing på dette i dei seinare åra. Rapporten viser at det er små forskjellar mellom lærestadene, men at dei vitskaplege høgskolane og dei nyaste universiteta er best på samarbeid med næringslivet.

Arbeidet til universitets- og høgskolesektoren med kommersialisering av forsking kjem mellom anna til uttrykk gjennom patentsøknader, lisensieringskontraktar og forretningsidear. Denne aktiviteten er størst ved universiteta. FORNY2020 er eit program i Noregs forskingsråd som mellom anna skal stimulere institusjonane til kommersialisering av forskingsresultat. Programmet finansierer i vesentleg grad òg teknologioverføringskontora, Technology Transfer Office (TTO), som er knytte til universiteta. Sjå kap. 281 post 50. Evalueringa til NIFU av ordningane for kommersialisering i universitets- og høgskolesektoren, Virkemiddelapparatet for kommersialisering av forskning – status og utfordringer, frå 2015, viser at det er utvikla eit relativt godt fungerande system for kommersialisering rundt fleire av universiteta. Det er utvikla eit profesjonelt apparat og meir effektive mekanismar for seleksjon i TTO-ane, slik at ressursane i større grad blir brukte på dei mest lovande prosjekta. Evalueringa viser likevel at det er potensial for å auke kommersialiseringa, gjennom mellom anna betre organisering og utvida kapasitet.

Mål: God tilgang til utdanning

Regjeringa vil at alle skal ha tilgang og høve til å ta høgre utdanning, uavhengig av kjønn, etnisk, sosial, geografisk og økonomisk bakgrunn. Utdanningstilbodet skal leggje til rette for god tilgang på arbeidskraft og kompetanse over heile landet. Livslang læring er viktig for å medverke til nødvendig omstilling og fornying for den einskilde og for samfunns- og arbeidslivet.

Behov for kompetanse i samfunnet

Behovet i samfunnet for utdanning og arbeidskraft blir påverka av endringar i teknologi, økonomisk utvikling, arbeidsmarknad og næringsstruktur. Sjå kap. 1 Hovudinnleiing og programkategori 07.50 Vaksenopplæring m.m. for omtale av framskrivingane til Statistisk sentralbyrå av etterspurnad etter og tilbod av arbeidskraft etter utdanningsbakgrunn. Det er viktig at institusjonane har god kontakt med arbeidslivet for å kunne dimensjonere studietilboda mest mogleg i tråd med framtidig behov.

For å møte det framtidige arbeidskraftbehovet har Kunnskapsdepartementet i dei siste åra auka utdanningskapasiteten, særleg innanfor lærar-, ingeniør-, teknologi- og helsefagutdanningane. I tillegg har institusjonane teke opp fleire studentar på utdanningsprogram som har god søkning. Det er løyvt midlar til rekrutteringsstillingar med særleg vekt på matematiske, naturvitskaplege og teknologiske (MNT) fag. Departementet vil òg framover følgje utviklinga nøye med omsyn til framtidige kompetansebehov nasjonalt og regionalt.

Doktorgradsutdanning er viktig for å tilføre alle delar av arbeidslivet høg kompetanse og på den måten utvikle kunnskapssamfunnet. Avlagde doktorgradar har vakse med nesten 70 pst. for alle fagområda sidan 2005. I tillegg har interessa for ordningane med nærings-ph.d. og offentleg sektor-ph.d. auka mykje i dei siste åra. Noreg har nå ein doktorgradsproduksjon på linje med dei andre nordiske landa, og som ligg høgt i høve til folketalet. Veksten har vore størst i medisin og samfunnsvitskap, men lågare i MNT-fag trass i satsing på desse fagområda i dei siste ti åra. Noreg skil seg frå dei andre nordiske landa med ein låg del doktorgradar i teknologiske fag. Sidan teknologifaga er særleg viktige for å etablere og utvikle nytt kunnskapsintensivt næringsliv, bør det bli fleire teknologar i Noreg med utdanning på doktorgradsnivå.

NIFU viste i rapporten Satsing på MNT-fag – Hvordan følges de politiske føringene opp ved universiteter og høgskoler? frå 2014 at institusjonane satsar på MNT-fag. Veksten vart forklart med høgre studenttal, meir ekstern finansiering og øyremerkte midlar til studieplassar og rekrutteringsstillingar.

Figur 4.9 Utvikling i talet på studentar per fagområde 2005–14

Figur 4.9 Utvikling i talet på studentar per fagområde 2005–14

Livslang læring og fleksibel utdanning

Livslang læring er avgjerande for omstillingsevna til den enkelte og for å sikre at private og offentlege verksemder har tilsette med nødvendig kompetanse. Sjå programkategori 07.50 Vaksenopplæring m.m.

Fleksibel utdanning omfattar desentralisert og nettbasert undervisning. Dette er studietilbod som ofte er tilrettelagde slik at dei kan kombinerast med arbeid, eller slik at studentane ikkje treng å vere på campus. Sidan 2006 har talet på fleksible utdanningsprogram auka med om lag 28 pst. Det siste året har nettbaserte tilbod auka, og er for første gong større enn desentraliserte tilbod. På grunn av utviklinga i teknologien vil truleg dei nettbaserte tilboda auke i åra framover. Meir målretta bruk av digitale verktøy kan betre tilgangen til høgre utdanning og medverke til auka kvalitet. Noregsuniversitetets kartlegging av bruk av IKT i høgre utdanning, sist i Digital tilstand 2014, viser at det framleis er mest tradisjonell campusundervisning, med plenumsforelesingar og tradisjonelle eksamensformer. Det er lite av felles institusjonsbasert opplæring i fagleg bruk av digitale verktøy.

Ifølgje NOU 2014: 5 MOOC til Norge. Nye digitale læringsformer i høyere utdanning bør institusjonane utvikle og prøve ut Massive Open Online Courses (MOOC) i større grad enn det som førebels er gjort. Rapporteringa frå institusjonane viser at stadig fleire brukar MOOC.

Studenten

Det har vore ein jamn og klar vekst i talet på søkjarar til høgre utdanning i dei siste åra. I 2015 var det om lag 128 000 søkjarar. Dette er ein auke på om lag 38 pst. frå 2008. I 2014 var det registrert om lag 250 000 studentar ved norske universitet og høgskolar, noko som er ein auke på 21 pst. sidan 2008, jf. tal frå Database for statistikk om høgre utdanning (DBH). Departementet ser det som viktig at norske institusjonar held fram med arbeidet med å rekruttere studentar til høgre utdanning. Tala frå Samordna opptak viser samla sett at det er god tilgang på utdanningstilbod for dei som ønskjer å studere.

I dei ti siste åra har talet på studietilbod på mastergradsnivå (1–2-årig) og bachelorgradsnivå auka med høvesvis ni pst. og 19 pst. Auken i studenttalet har i same tidsrom vore høvesvis 48 pst. og 22 pst.

I 2014 var om lag halvparten av studentane registrerte på eit bachelorprogram og 27 pst. på eit mastergradsprogram. 21 pst. av studentane var registrerte på ulike kortare studieprogram eller årskurs. Ei rekkje studieprogram har låg søkning, få studentar og eit lågt tal uteksaminerte kandidatar. Ved fleire institusjonar er det derfor nødvendig å vurdere studietilbodet for å få meir solide og stabile fagmiljø, jf. Meld. St. 18 (2014–2015) Konsentrasjon for kvalitet. Utdanningsinstitusjonane må arbeide for å finne ein god balanse mellom bachelor- og mastergradstilbod i samsvar med framtidig behov på arbeidsmarknaden.

Menn er i mindretal blant studentane på alle nivå. Det er viktig å utnytte talenta fullt ut, uavhengig av kjønn. Betre kjønnsbalanse i høgre utdanning og forsking er ei utfordring framover. Det er relativt få menn i helse- og sosialfagutdanningar, lærarutdanningar og pedagogikk, medan matematiske, naturvitskaplege og teknologiske fag har ei overvekt av menn. Det har ikkje vore store endringar i kjønnsbalansen på dei ulike fagfelta i dei siste åra.

Studentvelferd

Fleirtalet av studentane nyttar støtteordningar gjennom Lånekassen. Gode støtteordningar er eit sentralt verkemiddel for sosial utjamning i rekrutteringa til høgre utdanning. Sjå programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Studentsamskipnadene har som samfunnsoppdrag å yte god studentvelferd. Av dei mange tenestene som studentsamskipnadene tilbyr, er særleg studentbustader viktig. Studentsamskipnadene kan tilby bustader til om lag 16 pst. av studentane i Noreg. Det er eit stort behov for fleire studentbustader. Regjeringa vil halde fram satsinga på studentbustadbygging.

Frå juli 2015 er det 20 studentsamskipnader i Noreg. Nokre yter studentvelferd til ein institusjon, men dei fleste studentsamskipnadene i dei store byane gir velferdstenester til studentar ved fleire utdanningsinstitusjonar. Talet på studentsamskipnader blir vurdert i samanheng med endringar i strukturen i universitets- og høgskolesektoren. Kunnskapsdepartementet meiner at studentsamskipnadene er den beste leverandøren av studentvelferd.

Mål: Effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor og forskingssystem

Ein effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor og forskingssystem skal medverke til best mogleg måloppnåing på dei tre første måla for universitets- og høgskolesektoren. Universitet og høgskolar forvaltar ein betydeleg del av midlane til fellesskapet og skal bruke ressursane effektivt og til beste for samfunnet. Institusjonane skal utvikle profilen sin i tråd med styrkje og eigenart og medverke til ein differensiert sektor med høg kvalitet. Vidare skal dei møte behova i samfunnet på ulike område og medverke til at Noreg kan hevde seg internasjonalt som ein framifrå kunnskapsnasjon.

Struktur i universitets- og høgskolesektoren

I Meld. St. 18 (2014–2015) Konsentrasjon for kvalitet. viser regjeringa til at strukturen i norsk universitets- og høgskolesektor ikkje er tilpassa dei krava som kjem i framtida når det gjeld utdanning og forsking. Hovudutfordringane i sektoren er små, sårbare fagmiljø og mange spreidde, små utdanningstilbod med låg rekruttering. Nokre institusjonar har problem med å rekruttere fagfolk og studentar, har få studentar på campus og uteksaminerer få kandidatar. Ved nokre institusjonar og fagmiljø er det lite forsking og publisering, både totalt og av kvar forskar. Nokre institusjonar har avgrensa evne til å hente ekstern finansiering og låg samla deltaking i internasjonalt samarbeid om forsking og høgre utdanning. Desse elementa har gitt behov for strukturelle endringar i sektoren. Måla for strukturreforma er utdanning og forsking av høg kvalitet, robuste fagmiljø, god tilgang til utdanning og kompetanse over heile landet, regional utvikling, verdsleiande fagmiljø og effektiv ressursbruk.

Sidan 2009 har det vore fleire samanslåingar av statlege universitet og høgskolar. Desse prosessane har fått midlar frå Kunnskapsdepartementet til samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon (SAK). SAK-politikken har i hovudsak ført til samarbeid, og i mindre grad til arbeidsdeling og konsentrasjon. Ein god del av utfordringane som låg til grunn for SAK-politikken, er der framleis, særleg knytt til små institusjonar og fagmiljø. Manglande arbeidsdeling og konsentrasjon er framleis ei betydeleg utfordring, og arbeidet med å betre dette må halde fram i sektoren.

Rekruttering, kompetanse og karriere

Arbeidsmarknaden for akademisk personale er stadig meir internasjonal. Noreg deltek i det europeiske forskingsområdet (ERA), som har som mål at det ikkje skal vere nasjonale barrierar for vitskapleg personale i Europa. Dette gjer at konkurransen om arbeidskrafta blir større, og at institusjonane må lyse ut stillingar internasjonalt og arbeide meir systematisk med å skape attraktive karrierevegar for det faglege personalet.

Delen fagleg personale med ikkje-norsk statsborgarskap i universitets- og høgskolesektoren og instituttsektor er 20 pst. og ser ut til å auke. Dette viser at det er internasjonal konkurranse om stillingar i sektorane, noko som også medverkar til kvalitet.

På grunn av mellom anna auken i studentar og stipendiatar har årsverk i universitets- og høgskolesektoren vakse med nær 22 pst. i det siste tiåret. Dei fleste nye stillingane er faglege. Blant fagpersonalet er det eit stadig aukande formelt kompetansenivå. Frå 2005 til 2014 auka talet på årsverk i førstestillingar som del av faglege årsverk frå om lag 58 pst. til nesten 69 pst.

Det var ein nedgang i talet på mellombels tilsette i sektoren fram til og med 2013, medan talet er uendra frå 2013 til 2014. Universitets- og høgskolesektoren har høgre del mellombels tilsette enn andre sektorar. Det heng saman med mange tilsette på tidsavgrensa ekstern finansiering, og at det er mogleg å tilsette mellombels på kvalifikasjonsvilkår. Kunnskapsdepartementet vurderer at delen mellombels tilsette framleis er for høg i sektoren, og det er sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå nærmare på dette.

Institusjonane må styrkje arbeidet med kompetanse- og karriereutvikling for dei tilsette. Regjeringa har sett i verk ei ordning med tilsetjing på innstegsvilkår. Ordninga skal gjere det lettare for institusjonane å rekruttere fagleg personale med stort potensial for fagleg utvikling. Innstegsstillingane skal gjere det lettare å leggje til rette for ein føreseieleg karriereveg. Det er opna for at institusjonane med doktorgradsrett kan gjere om nokre av stipendiatstillingane til postdoktorstillingar når sterke faglege omsyn tilseier det, jf. Prop. 1 S (2009–2010). Departementet har lagt til grunn at dette òg gjeld dei tre første åra av tilsetjingar som postdoktor på innstegsvilkår.

Kjønnsbalansen varierer mykje mellom dei ulike stillingsgruppene og fagområda. Kvinnedelen i faglege stillingar minkar med stigande stillingsnivå. Delen kvinner på professornivå har i gjennomsnitt auka med eit prosentpoeng per år sidan 2005 og var i 2014 på 26 pst. Delen kvinner blant nytilsette professorar har auka betydeleg sidan 2008 og har variert mellom 30 pst. og 36 pst. Kvinnedelen blant professorane vil truleg halde fram med å auke, mellom anna fordi kvinnedelen i stillingsgruppa under, førsteamanuensane, no er over 43 pst. og framleis aukar. Sjå del III kap. 8 Likestilling og arbeid mot diskriminering.

Styring, leiing og administrasjon

Det er stor merksemd på styring og leiing av institusjonane i sektoren, og det blir lagt vekt på godt styrearbeid og profesjonell leiing. Styra er i aukande grad opptekne av strategiutvikling og måloppnåing, jf. NIFU-rapporten Styring og strategi frå 2013.

Dei fleste statlege institusjonane arbeider med å utvikle eit fungerande og dokumentert internkontrollsystem, og særleg dei store institusjonane har etablert tilfredsstillande og gode løysingar. Fleire mindre institusjonar med liten administrasjon og kompetanse har utfordringar med å følgje opp kompliserte og til dels omfattande regelverk, jf. Meld. St. 18 (2014–2015) Konsentrasjon for kvalitet. Det er framleis rom for å styrkje det administrative samarbeidet på områda innkjøp, lønn og eksternt finansiert verksemd. Tre av institusjonane har etablert internrevisjon for å følgje opp og sikre kvaliteten i den interne administrative forvaltninga og drifta. Etablering av internrevisjonsløysingar for dei andre institusjonane vil bli vurdert i samanheng med oppfølging av Finansdepartementets rundskriv R-117, der alle statlege verksemder med inntekter over 300 mill. kroner må vurdere om dei skal etablere internrevisjon. Departementet har oppfordra institusjonane til administrativt samarbeid og arbeidsdeling for å få ei meir effektiv ressursutnytting og betre kvalitet i forvaltninga.

Driftsinntekter, overføringar, produktivitet

Dei statlege institusjonane har hatt ein realvekst i driftsinntektene på om lag 36 pst. i den siste tiårsperioden og om lag fire pst. i det siste året. I hovudsak er dette ei følgje av større tildelingar frå Kunnskapsdepartementet, særleg til fleire studieplassar for å auke kapasiteten i høgre utdanning. Delen lønnskostnader har auka, men berre delar av han kjem av auke i talet på tilsette. I den siste tiårsperioden har talet på tilsette auka med 24,3 pst., medan resten av auken i lønnskostnadene kjem av reallønnsvekst og endring i samansetjing av stillingar. Frå 2013 til 2014 auka lønnskostnadene med 6,5 pst., medan talet på tilsette auka med 2,8 pst.

Universitet og statlege høgskolar har fullmakt til å overføre midlar mellom budsjettåra. Avsetningane gjer at institusjonane kan planleggje strategiske tiltak og investeringar i eit fleirårig perspektiv. Berekninga av avsetninga er lagt om frå og med 2014 og omfattar no alle avsetningar uansett inntektskjelde, medan berekninga tidlegare berre omfatta avsetningar i løyvinga frå Kunnskapsdepartementet. Ved utgangen av 2014 var dei akkumulerte avsetningane, inkluderte den frie verksemdskapitalen, på 5,5 mrd. kroner. Ei viktig årsak til avsetningar er at institusjonar får løyvingar til pågåande eller kommande investeringar i bygg, utstyr og inventar, som først blir tekne i bruk i seinare budsjettår.

Rapporteringa frå institusjonane tyder på at dei fleste av dei statlege institusjonane har stor merksemd på langsiktig planlegging og økonomistyring. Om lag halvparten av dei statlege institusjonane har innført langtidsbudsjett. Avsetningane ligg på eit nivå som kan forsvarast i høve til det finansielle behovet knytt til driftsrisiko og strategiske satsingar ved institusjonane.

Dei fleste institusjonane har hatt ein sterk vekst i produksjonen i høve til ressursbruken. Produksjonen er målt gjennom talet på studiepoeng, publiseringspoeng og doktorgradar. Ressursinnsatsen er faglege årsverk og andre årsverk (bortsett frå reinhald). Produktivitetsveksten i universitets- og høgskolesektoren har i dei ti siste åra vore 20–25 pst., jf. Produktivitetsanalyse av universitets- og høgskolesektoren 2004–2013, som vart utført av Frischsenteret i 2014.

Tilskott til private

Statstilskott er den viktigaste inntekta for fleirtalet av dei private høgskolane, og utgjorde meir enn 60 pst. av driftsinntektene for 16 av dei 21 private høgskolane som fekk statstilskott i 2014. Riksrevisjonen gjennomførte i 2013 ein revisjon av Kunnskapsdepartementets tilskottsforvaltning av private høgskolar og fagskolar. I Dokument 1 (2014–2015) viser Riksrevisjonen at departementet si oppfølging av tilskottsforvaltninga kan betrast. Riksrevisjonen tilrår departementet å vurdere tiltak som i enda større grad kan sikre at regelverket for tilskottsforvaltninga blir følgt opp, slik at departementet mellom anna blir betre i stand til å vurdere måloppnåing.

Ei ekspertgruppe som er nemnd opp av departementet, foreslår i rapporten Private høyskoler og fagskoler i samfunnets tjeneste frå 2014 tydelegare og strengare økonomisk regulering av og meir tilsyn med private fagskolar og private høgskolar. Sjå kap. 276.

Digitalisering

Samla sett har sektoren komme langt i å bruke felles databasar og system for administrative funksjonar, som til dømes Felles studieadministrativt tenestesenter (FSAT), Samordna opptak, Database for statistikk om høgre utdanning (DBH), Current Research Information System in Norway (CRIStin), BIBSYS og UNINETT AS. Institusjonane er opptekne av effektiv ressursforvaltning og har gitt uttrykk for at dei ønskjer meir bruk av felles einingar.

Det er eit potensial i universitets- og høgskolesektoren for å nytte IKT i utdanning og forsking for å få betre kvalitet og betre tilgang til kunnskap, samt auka verdiskaping. Saman med strukturendringar er digitalisering og standardisering av den administrative forvaltninga eit viktig verkemiddel for å få ned dei administrative kostnadene samstundes som kvaliteten i støttefunksjonane og forvaltninga ikkje blir dårlegare. Regjeringa meiner Noreg bør vere i front internasjonalt med å utvikle ei digital forvaltning, jf. Meld. St. 18 (2014–2015) Konsentrasjon for kvalitet.

Digitalisering av samlingane ved universitetsmusea gjer dei lettare tilgjengelege for forsking og formidling. Stadig større delar av samlingane blir digitaliserte, men musea har framleis store samlingar som ikkje er digitaliserte.

Strategiar og tiltak

Tilstandsvurderinga av universitets- og høgskolesektoren viser at det er mange positive utviklingstrekk, men at det òg er behov for betring på fleire viktige område. Regjeringa har utarbeidd sju punkt som er førande for arbeidet med å nå måla for universitets- og høgskolesektoren, jf. Prop. 1 S (2014–2015) frå Kunnskapsdepartementet. Dei sju punkta gjeld arbeidet med struktur, finansiering av universitet og høgskolar, lærarutdanning, rekruttering og karrierevegar, satsinga på Horisont 2020, verdsleiande utdannings- og forskingsmiljø og langtidsplanen for forsking og høgre utdanning. I det følgjande blir det gjort greie for korleis regjeringa vil arbeide framover for å nå måla for universitets- og høgskolesektoren.

Oppfølging av langtidsplanen for forsking og høgre utdanning

Investeringsplan for byggje- og vedlikehaldsprosjekt

Kunnskapsdepartementet viser til oppmodingsvedtak nr. 375 i samband med handsaminga av Meld. St. 7 (2014–2015), jf. Innst. 137 S (2014–2015).

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med rulleringen av langtidsplanen i 2018 utarbeide en investeringsplan, køordning for investeringer og større bygge- og vedlikeholdsprosjekter av bygg i universitets- og høyskolesektoren.»

Gjennom styringsdialogen melder institusjonane om behov for og ønske om større tiltak knytte til nybygg og til vedlikehald og rehabilitering. Departementet har derfor god informasjon om kva institusjonane meiner er behova deira. Samla er det meldt inn behov for 50–55 mrd. kroner. Departementet foreslår å auke løyvinga til oppgradering av bygg for dei institusjonane som forvaltar bygningane sjølv.

Statsbygg er i ferd med å gå gjennom behova til leigetakarar gjennom utvikling av campusplanar. Dei sjølvforvaltande institusjonane har òg laga planar for vedlikehald, oppgraderingar og nybygg. Departementet må vurdere dei ulike ønska opp mot kva den einskilde institusjonen alt rår over, og i kva grad det er mogleg å nytte betre det ein alt har.

Departementet ser det som formålstenleg å få fram planar som ser ombygging og opprusting av bygningar i samband med planar for nybygg, slik at utvikling av forsking og undervisning og bygging av fysisk infrastruktur blir sett i samanheng. Konseptvalutgreiinga for NTNU er eit døme på ein slik overordna plan. Campusplanane til Statsbygg og masterplanen til Universitetet i Oslo er andre døme. Planane må bli vurderte opp mot framtidig struktur og utvikling av institusjonslandskapet, jf. Meld. St. 18 (2014–2015) Konsentrasjon for kvalitet. Regjeringa vil i samband med neste langtidsplan vurdere ein investeringsplan og ei køordning for universitets- og høgskolebygg.

Livsvitskapsbygget

Eit nytt bygg for livsvitskap, farmasi og kjemi ved Universitetet i Oslo er under prosjektering. Livsvitskapsbygget er eitt av to særleg prioriterte byggeprosjekt i langtidsplanen for forsking og høgre utdanning.

Opptrapping av rekrutteringsstillingar

Det er framleis behov for fleire kandidatar med avlagd doktorgrad. Ein stor del av kandidatane må rettast inn mot næringslivet for å dekkje behova i dei verksemdene og sektorane som særleg treng høg kompetanse. Som oppfølging av Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024 foreslår regjeringa å opprette 238 nye rekrutteringsstillingar i 2016. 178 av desse rekrutteringsstillingane blir tildelte miljø innanfor i hovudsak realfag og teknologi, inkludert maritime fag, og sjukepleie. 40 rekrutteringsstillingar blir tildelte ordningane for nærings-ph.d. og offentleg sektor-ph.d. 20 rekrutteringsstillingar blir fordelte til instituttsektoren for å styrkje institutta si rolle i doktorgradsutdanninga. Midlane til 113 av rekrutteringsstillingane blir fasa ut etter ein stipendiatperiode. I tillegg foreslår regjeringa totalt 50 nye rekrutteringsstillingar knytte til Lærerløftet, jf. omtale nedanfor.

Styrking av maritim utdanning

Regjeringa la våren 2015 fram strategien Maritime muligheter – blå vekst for grønn fremtid. Tilgangen på kompetanse av høg kvalitet er avgjerande for å halde oppe og utvikle konkurranse- og verdiskapingsevna i maritim næring. Kunnskapsdepartementet vil derfor satse vidare på maritim utdanning ved å styrkje samarbeidsprosjektet MARKOM2020 og løyve midlar til utstyr og rekrutteringsstillingar i maritim profesjonsutdanning.

Horisont 2020 og Erasmus+

Utviklinga i det europeiske forskings- og innovasjonssamarbeidet og EU-programmet for utdanning, ungdom og idrett, Erasmus+, skjer raskt. Det er viktig at norske forskingsmiljø og bedrifter, og Noreg som samfunn, ikkje går glipp av dei moglegheitene som ligg i samarbeidet. Regjeringa har nyleg lagt fram ein overordna strategi som fastset ambisjonsnivået for norsk deltaking i det europeiske forskingsområdet (ERA) og Horisont 2020 og beskriv tiltak for å nå ambisjonane. Der er det mellom anna sett mål og formulert tiltak for at universitet og høgskolar skal bli betre i stand til å nytte potensialet i Horisont 2020.

Innanfor høgre utdanning omfattar Erasmus+-programmet òg samarbeid med land utanfor EU- og EØS-området. Budsjettet til Erasmus+ er auka med rundt 40 pst. samanlikna med tidlegare utdannings- og ungdomsprogram. Mobilitet er ein av hovudaktivitetane. Departementet forventar at institusjonane styrkjer aktivitetane i Erasmus+, særleg når det gjeld student- og lærarutveksling, men òg i samband med institusjonssamarbeid, som fellesgradar og innovative prosjekt. Sjå programkategori 07.50 Vaksenopplæring m.m.

Rekruttering, kompetanse og karriere

ERA set større krav til nasjonal politikk og til universiteta og høgskolane når det gjeld rekruttering, kompetanseutvikling og karriere for fagleg personale. Eit norsk ERA-vegkart som mellom anna skal formulere tiltak for open rekruttering av forskarar, er under utarbeiding og skal fastsetjast innan utgangen av 2015.

Hovudansvaret for kompetanseutvikling, rekruttering og karriere ligg hos institusjonane, men departementet ønskjer å gi institusjonane fleire verkemiddel for å utvikle gode fagmiljø og gode karrierevegar for personalet. Kunnskapsdepartementet har endra forskrifta om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar. Universitet og høgskolar får mellom anna større påverknad på kva for kompetansekrav som skal stillast til stillingar, og meir kontroll over prosessen for bedømming ved opprykk til høgre stilling. Institusjonane får betre høve til å utøve fagleg leiarskap når kompetansen blir meir tilpassa eigne mål og visjonar.

Departementet vil gjennomføre ei nærmare kartlegging av tre stillingsgrupper med høg del mellombels tilsette for å kunne vurdere meir målretta verkemiddel for desse gruppene. Departementet vil arbeide vidare med sikte på å innføre ein forskriftsheimel for å kunne fastsetje reglar om berekning av tenestetid for stipendiatar for å lette overgangen til arbeidslivet for dei som nyleg har avlagt doktorgrad.

Lærerløftet

Lærerløftet til regjeringa inneheld fleire tiltak for å styrkje lærarutdanninga. Regjeringa innfører hausten 2017 femårig grunnskolelærarutdanning på mastergradsnivå. Det vil bli utarbeidd forskrift som saman med kriterium for akkreditering frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) vil stille ei rekkje kvalitetskrav til dei institusjonane som skal tilby den nye utdanninga. Ei forskingsbasert lærarutdanning på mastergradsnivå føreset at fleire lærarutdannarar enn i dag har førstestillingskompetanse. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor 50 nye rekrutteringsstillingar, som vil bli fordelte på grunnlag av mellom anna NOKUTs kriterium for akkreditering og utkast til forskrift for femårig grunnskolelærarutdanning. Kompetansen til fagpersonalet er viktig for å heve kvaliteten, og for å utvikle og skjerpe læringstrykket og krava i utdanninga. Midlane til halvparten av rekrutteringsstillingane blir fasa ut etter ein stipendiatperiode.

For opptak til lærarutdanninga vil det frå studieåret 2016–17 vere krav om karakteren fire i matematikk frå vidaregåande skole. Dette kan på kort sikt svekkje rekrutteringsgrunnlaget. Departementet vil derfor medverke til at institusjonane kan tilby forkurs for studentar som manglar tilstrekkeleg kompetanse.

Departementet vil ta i bruk nasjonal deleksamen i utvalde fag i den nye grunnskolelærarutdanninga. Nasjonal deleksamen gjer det mogleg å sjå eventuelle samanhengar mellom opptakskrav til utdanninga, arbeidet i studiet og det faglege nivået til studentane.

Departementet vil setje ned ei følgjegruppe som skal vurdere innføringa av den nye grunnskolelærarutdanninga og den faglege og pedagogiske utviklinga av utdanninga.

Sjå omtale av Lærerløftet under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 658 i samband med handsaminga av Dokument 8:98 S (2014–2015), jf. Innst. 339 S (2014–2015).

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for at utdanningsinstitusjoner som ønsker det, får muligheten til å gjennomføre opptaksintervjuer for kandidater til lærerutdanningen.»

Kunnskapsdepartementet vil endre opptaksforskrifta til høgre utdanning for å leggje til rette for at institusjonar som ønskjer det, kan gjennomføre intervju for opptak til lærarutdanninga.

Finansieringssystem for universitet og høgskolar

Regjeringa ønskjer finansiering som stimulerer til god måloppnåing i høgre utdanning og forsking, og foreslår derfor endringar i finansieringssystemet for universitet og høgskolar med budsjetteffekt frå 2017. For nærmare omtale av forslaga til endringar i finansieringssystemet sjå kap. 260 og del III kap. 12 Endringar i finansieringssystemet for universitet og høgskolar.

Utviklingsavtalar

Ekspertgruppa som i 2014 vurderte finansieringssystemet, foreslo fleirårige utviklingsavtalar mellom departementet og det einskilde universitet eller den einskilde høgskole, jf. rapporten Finansiering for kvalitet, mangfold og samspill. Vidare foreslo ekspertgruppa at avtalane blir kopla til finansieringssystemet gjennom ein omfordelingsmekanisme.

Kunnskapsdepartementet er positiv til ei ordning med utviklingsavtalar og meiner at slike avtalar kan medverke til tydelegare profil på institusjonane og betre arbeidsdeling i sektoren. Regjeringa legg stor vekt på at institusjonane skal ha betydeleg autonomi. Samstundes er det viktig at prioriteringane ved institusjonane òg gir optimale prioriteringar for sektoren samla sett. Utviklingsavtaler kan vere eit verkemiddel for betre koordinering av utviklinga i sektoren.

Å kople avtalane til den resultatbaserte delen av finansieringssystemet vil krevje oppbygging av eit system for å administrere ordninga, mellom anna i samband med rapportering og resultatevaluering. Det må vere ein føresetnad at avtalane blir retta inn på ein slik måte at dei ikkje fører til auka byråkrati.

Kunnskapsdepartementet ønskjer at utviklingsavtalane skal kunne styrkje styringsdialogen mellom departementet og institusjonane. Avtalane bør vere resultat av ein prosess mellom departementet og den einskilde institusjonen. Avtalane bør innehalde mål partane er einige om på prioriterte utviklingsområde, etter initiativ frå institusjonane.

Nytta på ein god måte bør avtalane kunne medverke til at forventningane til sektoren blir konkretiserte for den einskilde institusjon. Avtalane kan bli knytte til langsiktige strategiar, slik som til dømes langtidsplanen for forsking og høgre utdanning, jf. Meld. St. 7 (2014–2015). Ein utviklingsavtale mellom departement og institusjon kan gi auka styrings- og gjennomføringskraft internt ved den einskilde institusjonen. Figur 4.10 viser korleis utviklingsavtalar kan passe inn som del av dagens styringsdialog.

Departementet vil gå i dialog med universitets- og høgskolesektoren om korleis slike avtalar best kan bli utvikla. Det kan vere aktuelt å starte med nokre av institusjonane. Slik kan ein hauste erfaringar før ordninga blir utvida til å omfatte alle. Omsynet til strukturendringane i sektoren er òg eit argument for at ordninga bør bli utvikla gradvis.

Figur 4.10 Utviklingsavtalar i styringsdialogen

Figur 4.10 Utviklingsavtalar i styringsdialogen

Struktur i universitets- og høgskolesektoren

Som ei oppfølging av Meld. St. 18 (2014–2015) Konsentrasjon for kvalitet er det beslutta fleire samanslåingar frå januar 2016:

  • Høgskolen i Narvik og Høgskolen i Harstad blir slåtte saman med Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet.

  • Høgskolen i Nesna blir slått saman med Universitetet i Nordland (UiN).

  • Høgskolen i Gjøvik, Høgskolen i Sør-Trøndelag og Høgskolen i Ålesund blir slåtte saman med Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

  • Høgskolen i Buskerud og Vestfold og Høgskolen i Telemark blir slåtte saman til Høgskolen i Søraust-Noreg.

Diakonhjemmet høgskole, Misjonshøgskolen, Haraldsplass diakonale høgskole og Høgskolen Betanien har beslutta å slå seg saman til VID vitenskapelige høgskole. Det er dialog mellom UiN og Høgskolen i Nord-Trøndelag om mogleg samanslåing.

Det er framleis behov for konsentrasjon av ressursane og strukturelle endringar for å få betre kvalitet. Departementet vil ha dialog om dette med fleire institusjonar, og det er aktuelt med fleire samanslåingar.

I tillegg vil departementet halde fram arbeidet med samarbeid, arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon. I arbeidet med auka kvalitet og mangfald i sektoren med tydeleg profilerte institusjonar er ikkje fusjonar tilstrekkeleg. Både innanfor og mellom institusjonane er det nødvendig å byggje sterkare fagmiljø og sikre ei betre arbeidsdeling. Departementet vil følgje opp dette ovanfor institusjonane i universitets- og høgskolesektoren.

Regjeringa meiner at ekstern styreleiar og tilsett rektor bør vere hovudmodellen for styring og leiing, men legg opp til at institusjonane sjølve kan velje om vald rektor skal vere styreleiar. Styret og leiinga for institusjonar som er i ein prosess for å slå seg saman, må utnytte dei moglegheitene dette gir, gjennom strategiske val og prioriteringar.

I samarbeid med sektoren har Kunnskapsdepartementet sett ned ei arbeidsgruppe for å utarbeide ein nasjonal strategi for organisering og bruk av IKT. Målet er å få betre kvalitet og effektivitet i universitets- og høgskolesektoren. Arbeidsgruppa skal sjå på tiltak for å sikre at sektoren bruker moglegheitene ny teknologi gir for undervisning og forsking, standardisere og digitalisere dei administrative prosessane og utgreie om det er mogleg å samle fleire oppgåver i felles tenestesenter. Arbeidsgruppa skal levere forslag til departementet innan 1. juli 2016.

Kvalitet i høgre utdanning

Nasjonalt og internasjonalt er det for lite kunnskap om korleis ein kan måle kva som er god utdanningskvalitet. Det er derfor vanskeleg å samanlikne kvalitet i studietilbod mellom institusjonar og internt ved institusjonar. Resultata frå Studiebarometeret 2015 tyder på at mange studium har for låge faglege ambisjonar og at for mange studentar bruker for lite tid på studia.

Kunnskapsdepartementet viser til oppmodingsvedtak nr. 528 i samband med handsaminga av Meld. St. 18 (2012–2013), jf. Innst. 372 S (2012–2013).

«Stortinget ber regjeringen legge frem en stortingsmelding om studiekvalitet i høyere utdanning.»

Regjeringa har starta arbeidet med ei stortingsmelding om kvalitet i høgre utdanning. Siktemålet er mellom anna å styrkje kvaliteten i høgre utdanningar på alle nivåa og samstundes stimulere til at det blir utvikla fleire framifrå utdanningar. Meldinga vil bli lagd fram i 2017.

Det er førebels etablert fire senter for framifrå utdanning (SFU). Erfaringane så langt tyder på at ordninga støtter opp om innovative og studentaktive undervisnings- og læringsformer forankra i forsking. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å etablere fleire nye SFU-ar i 2016.

Studentvelferd

God studentvelferd er viktig for å leggje til rette for å ta høgre utdanning. Særleg er tilbodet om rimelege studentbustader avgjerande. Regjeringa vil halde fram med satsinga på studentbustader i 2016 og foreslår å føre vidare nivået frå 2015 på tilsegn om tilskott til 2 200 nye studenthybeleiningar. For å få oppdatert informasjon om levekåra til studentane tek departementet sikte på å få gjennomført ei ny levekårsundersøking.

Kommersialisering av forsking

Kunnskapsdepartementet vil vurdere tilrådingane frå evalueringa av verkemiddelapparatet for kommersialisering av offentleg finansiert forsking. Viktige element i ei oppfølging vil vere styrking av prosjektmidlane til teknologioverføringskontora, Technology Transfer Office (TTO) ved institusjonane slik at dei kan følgje opp fleire lokale prosjekt, og styrking av verifiseringsmidlane for å kunne ta ut potensialet for kommersialisering. Departementet foreslår å auke løyvinga til FORNY2020-programmet i Noregs forskingsråd for å styrkje verksemda til TTO-ane.

Universitetsmuseum

Kunnskapsdepartementet har i samarbeid med Statsbygg laga planar for utbetring av eksisterande bygg og nye bygg ved alle dei fem institusjonane som har universitetsmuseum. Dette skal medverke til betre sikring og bevaring av museumssamlingane og gi meir eigna utstillingslokale. Byggjeprosjekta er i ulike fasar, og regjeringa foreslår startløyving for fase 2 av rehabiliteringa av Universitetsmuseet i Bergen. Det er òg lyst ut ein internasjonal plan- og designkonkurranse for eit nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy, for Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. Museet skal sikre vikingtidsamlingane for framtida og skal inkludere dagens vikingskipshus.

Framtidig lokalisering av campus NTNU

Som del av ein langsiktig strategisk plan for bygningsmassen ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) legg regjeringa til grunn ei samla framtidig campusløysing for universitetet i området rundt Gløshaugen. Ein samla campus for NTNU er tilrådd i konseptvalutgreiinga og kvalitetssikringa av denne. Ny infrastruktur skal leggje til rette for at samla infrastruktur kan nyttast best mogleg for undervisning og forsking for det nye fusjonerte universitetet i Trondheim. Ny infrastruktur ved NTNU vil leggje til rette for nye studieprogram og forsking på tvers av fagdisiplinar. Dette vil vere viktige bidrag til samfunnsutviklinga og ei berekraftig utvikling.

Strategi for samarbeid med prioriterte land utanfor EU og Nord-Amerika

Kunnskapsdepartementet la hausten 2015 fram ein strategi for høgre utdannings- og forskingssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika. Hovudtiltak under strategien vil knytte seg til samarbeidsprogramma UTFORSK og INTPART. Sjå kap. 281 post 01 og programkategori 07.70 Forsking.

Kap. 260 Universitet og høgskolar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

50

Statlege universitet og høgskolar

28 161 968

29 829 046

31 365 176

70

Private høgskolar

1 150 600

1 228 002

1 276 762

Sum kap. 0260

29 312 568

31 057 048

32 641 938

Post 50 Statlege universitet og høgskolar og post 70 Private høgskolar

Mål for 2016

Følgjande mål gjeld frå 2015 for universitet og høgskolar som får løyving frå Kunnskapsdepartementet:

  • høg kvalitet i utdanning og forsking

  • forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

  • god tilgang til utdanning

  • effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor og forskingssystem

Departementet legg til grunn at måla skal vere langsiktige og gi ei ramme som institusjonane kan utvikle sine eigne strategiar og planar innanfor. Måla er nærmare omtalte i kategoriomtalen.

Statlege universitet og høgskolar skal innanfor måla sette sine eigne mål for verksemda. I tillegg fastset Kunnskapsdepartementet styringsparametrar innanfor kvart mål på område der institusjonane ut frå nasjonale omsyn skal ha særleg merksemd på resultatutviklinga. I tillegg til desse nasjonale styringsparametrane skal institusjonane sjølve fastsetje sine eigne styringsparametrar. Etter dialog med universitets- og høgskolesektoren har departementet revidert dei nasjonale styringsparametrane for 2016.

Rapport for 2014

Stortinget løyvde til saman 29,3 mrd. kroner til universitet og høgskolar i 2014 over kap. 260 post 50 og post 70. Nedanfor følgjer oversikt over resultata av den totale løyvinga til sektoren, innanfor dei fem sektormåla som var gjeldande for 2014.

Mål: Universitet og høgskolar skal gi utdanning av høg internasjonal kvalitet i samsvar med behov i samfunnet

Kapasitet

Kunnskapsdepartementet tildelte i 2014 midlar til om lag 400 nye studieplassar, noko som gir om lag 1 400 plassar i 2019 når dei er fullt utbygde. Det vart òg løyvt midlar til vidare utbygging av studieplassar tildelte i 2009, 2011 og 2012. Tal frå Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) viser at talet på avlagde 60-studiepoengseiningar i perioden 2008–14 er høgre enn talet på tildelte studieplassar skulle tilseie. Dette viser at sektoren samla har auka aktiviteten og effektiviteten i tråd med føresetnadene.

Figur 4.11 Utvikling i talet på studentar (eigenfinansierte) og studiepoeng 2005–14

Figur 4.11 Utvikling i talet på studentar (eigenfinansierte) og studiepoeng 2005–14

Det var om lag 122 000 søkjarar til høgre utdanning gjennom Samordna opptak (SO) i 2014. Det er ein auke på 1,7 pst. frå 2013. Ifølgje tal frå DBH var det hausten 2014 registrert 250 500 studentar totalt, eigenfinansierte og eksterntfinansierte, ved statlege og private høgre utdanningsinstitusjonar. Det er ein auke på 5 500 studentar frå 2013.

Talet på uteksaminerte kandidatar har òg auka. I 2014 vart 44 663 kandidatar uteksaminerte, noko som er om lag 2 400 fleire kandidatar enn året før. Dei tre fagområda med flest kandidatar var framleis økonomi og administrasjon, samfunnsvitskap og sjukepleie.

Tal frå DBH viser at det er stor variasjon mellom institusjonar og utdanningar når det gjeld gjennomføring. På bachelorstudium fullfører godt over halvparten av fulltidsstudentane på sjukepleiar- og førskolelærarutdanninga på normert tid. Studentane på historisk-filosofiske fag er dei som i minst grad fullfører bachelorstudium på normert tid, men her har det vore ei positiv utvikling i dei siste åra. Når det gjeld dei femårige mastergradsutdanningane, viser tal for 2009-kullet at 75 pst. av psykologistudentane fullførte på normert tid, mot 24,7 pst. av lærarutdanningsstudentane. Gjennomstrømminga i doktorgradsutdanninga viser ei betring. 74 pst. av 2002–03-kullet fullførte innan åtte år, mot 64 pst. av 1992–93-kullet.

Figur 4.12 Gjennomføring på normert tid og fråfall for treårige bachelorgradsutdanningar på opptakskull hausten 2009

Figur 4.12 Gjennomføring på normert tid og fråfall for treårige bachelorgradsutdanningar på opptakskull hausten 2009

Utdanningskvalitet

I 2014 avla studentane i gjennomsnitt 45,5 studiepoeng, ifølgje DBH. Det er om lag det same som i 2013. Det var flest avlagde studiepoeng per student ved kunsthøgskolane, medan det var færrast avlagde studiepoeng per student ved dei private vitskaplege høgskolane. Blant statlege institusjonar varierte avlagde studiepoeng per student frå 39,6 til 59,4. I 2014 avla studentane i gjennomsnitt 85 pst. av planlagde studiepoeng i samsvar med avtalt utdanningsplan. Dette er ein svak nedgang frå 2013.

Arbeidet til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) medverkar til å utvikle kvalitetssikringssystema og utdanningane ved institusjonane og styrkje kunnskapsgrunnlaget for sektoren. Vidare følgde NOKUT opp ordninga med senter for framifrå utdanning (SFU) og starta utvikling av nasjonal deleksamen, internasjonal samanlikning av mastergradsprogram og kombinerte fagevalueringar av utdanning og forsking. Sjå kap. 280 post 01 for omtale av NOKUT.

NOKUTs studiebarometer for 2014 viser at studentane i snitt er nøgde med sitt eige studieprogram, men det er store variasjonar mellom ulike utdanningar og institusjonar. Arbeidslivsrelevans og læringsutbytte får best vurdering av studentane. Studentane er minst nøgde med individuell oppfølging og rettleiing. Universitet og høgskolar har ansvar for å vurdere korleis tilbakemeldingane frå studentane bør følgjast opp ved den einskilde institusjonen.

MNT- og profesjonsfag

Tal frå DBH viser at det i 2014 vart teke opp fleire studentar til grunnskolelærarutdanning 5.–10. trinn, treårig yrkesfaglærarutdanning og femårig program for lærarutdanning enn i 2013. Det var ein nedgang for barnehagelærarutdanning, grunnskolelærarutdanning 1.–7. trinn, faglærarutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning. Opptaket til ingeniørutdanning og matematiske, naturvitskaplege og teknologiske (MNT) fag held i 2014 fram med å auke. Det vart derimot teke opp færre studentar til sjukepleiarutdanning i 2014 enn i 2013. Det er likevel god søkning til sjukepleiarutdanninga.

Våren 2014 vart dei første kandidatane uteksaminerte frå dei nye grunnskolelærarutdanningane, jf. omtale under kategoriinnleiinga. For fleire av dei andre lærarutdanningane fastsette departementet nye forskrifter i 2013, og frå hausten 2014 følgjer institusjonane desse.

Fleire reformer i helse- og sosialsektoren fører med seg behov for ny kompetanse. Kunnskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, utdanningsinstitusjonane og sektoren samarbeider for å styrkje kvalitet og relevans i helse- og sosialfaga i samsvar med Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd. Fleire oppfølgingstiltak er tverrdepartementale og blir gjennomførte i samarbeid med Universitets- og høgskolerådet (UHR). I 2014 fekk UHR mellom anna i oppdrag å gjennomføre eit nasjonalt utviklingsprosjekt for å styrkje kvaliteten og relevansen i praksisstudium. Prosjektet blir avslutta ved årsskiftet 2015/16.

Internasjonalisering

I 2014 kom det langt fleire utvekslingsstudentar til Noreg enn det reiste ut. Dette kjem av vekst i talet på innreisande studentar til Noreg og ein nedgang i talet på utreisande studentar frå Noreg. Det var 23 000 utanlandske studentar i Noreg i 2014, og det er om lag ni pst. av studentmassen. Svenskar er framleis den største gruppa av studentar med utanlandsk statsborgarskap ved norske lærestader, følgde av tyskarar, russarar og kinesarar. USA, Australia og Storbritannia er framleis dei mest populære studiestadene for norske utvekslingsstudentar.

Profilerte institusjonar og solide fagmiljø

I statsbudsjettet for 2014 løyvde Stortinget til saman 50 mill. kroner i midlar til samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon. Kunnskapsdepartementet fordelte hovuddelen av midlane til fusjonsprosessar som no er gjennomførte, som fusjonsprosessane til Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet, Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og Høgskolen i Buskerud og Vestfold.

Mål: Universitet og høgskolar skal i tråd med eigenarten sin utføre forsking, kunstnarleg og fagleg utviklingsarbeid av høg internasjonal kvalitet

Forskingskvalitet

Om lag 68 pst. av utgiftene til forsking og utvikling ved universitet og høgskolar blir finansierte over grunnbudsjetta, medan Noregs forskingsråd står for 15 pst. Dei resterande 17 pst. blir finansierte av andre kjelder. Universitet og høgskolar i Noreg har ein høg del grunnløyving samanlikna med i andre land. Løyvinga legg eit godt grunnlag for forskings- og utviklingsarbeid ved institusjonane. Utvikling av forskingsmiljø av høg kvalitet føreset òg finansiering frå eksterne kjelder.

Institusjonane bruker grunnbudsjettet strategisk, mellom anna til å fremme søknader om forskingsmidlar frå Noregs forskingsråd og EU. Samla tildeling frå Noregs forskingsråd til universitet og høgskolar var i 2014 i overkant av 2,4 mrd. kroner. Frå EUs rammeprogram for forsking, Horisont 2020, fekk institusjonane 314 mill. kroner. EU-tildelingane er den største utanlandske kjelda til finansiering for norske universitet og høgskolar. Noregs forskingsråd og EUs rammeprogram er konkurransearenaer som sett høge krav til kvalitet. Departementet bruker derfor rapport på tildelte midlar som indikatorar på forskingskvalitet ved den einskilde institusjonen.

Tildelinga frå Det europeiske forskingsrådet (ERC) til norske universitet og høgskolar har vakse, og i 2014 fekk universiteta ni ERC-stipend. Dei norske universiteta får færre stipend enn dei fremste universiteta i Danmark, Finland og Sverige. Sjå programkategori 07.70 Forsking.

Talet på publiseringspoeng i universitets- og høgskolesektoren auka i 2014 med 2,2 pst. etter ein liten nedgang året før. Ein sentral indikator på internasjonalt forskingssamarbeid er delen internasjonalt samforfatta vitskaplege publikasjonar. Delen internasjonalt samforfatta artiklar auka frå om lag 45 pst. i 2013 til 47 pst. i 2014. USA er framleis det viktigaste landet for norske forskarar når det gjeld samforfattarskap.

MNT-fag skårar godt i konkurransar baserte på kvalitetskriterium. Til dømes er nesten halvparten av alle sentera for framifrå forsking innanfor MNT-fag. Det same gjeld stipend frå ERC. Samanlikna med andre OECD-land er ein forholdsvis liten del av FoU-utgiftene i den norske universitets- og høgskolesektoren knytt til MNT-fag.

Doktorgradsutdanning

Totalt 1 448 personar avla doktorgraden i 2014, ein nedgang på fem pst. frå 2013. Nedgangen heng mellom anna saman med at Noregs forskingsråd har auka satsen for stipendiatstillingar for å følgje opp auken i den kostnadsnorma som er fastsett av departementet. Dette fører til at dei kan finansiere færre stipendiatar innanfor same budsjettramme. Totalt 22 universitet og høgskolar tildelte doktorgradar i 2014. Som for åra før var det flest som avla doktorgrad i medisin, følgt av matematiske og naturvitskaplege fag. Noreg skil seg ut frå dei andre nordiske landa med ein låg del doktorgradar i teknologiske fag. I Noreg utgjorde teknologidoktorgradane 13 pst. av alle doktorgradane i 2013, mot 20–24 pst. i resten av Norden.

I 2014 vart 38 pst. av dei avlagde doktorgradane finansierte over grunnbudsjetta til institusjonane, 20 pst. av Noregs forskingsråd og 42 pst. av andre eksterne finansieringskjelder, mellom anna helseføretaka. Sjå kap. 281 post 50 for omtale av ordningane med nærings-ph.d. og offentleg sektor-ph.d.

I 2014 var det for første gong sidan 2007 ein svak tilbakegang i delen utanlandske statsborgarar som disputerer i Noreg, til 35 pst. Nær halvparten av desse hadde europeisk bakgrunn. Delen utanlandske doktorgradskandidatar er størst innanfor teknologiske fag med nesten 65 pst.

Kvinnedelen blant dei som disputerte i 2014, passerte for første gong 50 pst. Dette heng saman med at det har vore kvinnefleirtal blant stipendiatane sidan 2008. Det er store variasjonar mellom fagområda, frå 27 pst. i teknologiske fag til 60 pst. i medisin og i samfunnsvitskaplege fag.

Mål: Universitet og høgskolar skal vere tydelege samfunnsaktørar og medverke til internasjonal, nasjonal og regional utvikling, formidling, innovasjon og verdiskaping

Universitet og høgskolar som samfunnsaktørar

Universitet og høgskolar samarbeider med eit breitt spekter av aktørar innanfor arbeids- og samfunnsliv. Rapport frå NIFU, Noder i kunnskapsnettverket, frå 2014 viser at formidlings- og opplæringsaktivitet er dei vanlegaste formene for kunnskapsoverføring.

Omfanget av bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet (BOA) utanom midlar frå EU, Noregs forskingsråd og regionale forskingsfond gir ein indikasjon på i kva grad institusjonane er etterspurde FoU-aktørar og attraktive leverandørar av etter- og vidareutdanning. For dei statlege institusjonane var BOA-inntektene 7,5 pst. av dei totale inntektene i 2014. Sjå tabell 4.8 i vedlegg 4, som viser inntekter etter inntektskjelde for universitet og høgskolar.

Departementet har fått ulike tilbakemeldingar på kva Råd for samarbeid med arbeidslivet har medverka til. Departementet har bedt institusjonane om å bruke råda aktivt, slik at utdanningstilbod og FoU-innretning blir utvikla i samråd med aktørane i arbeidslivet.

Fleksibel utdanning

Talet på studentar i fleksible utdanningar har auka frå om lag 12 000 i 2006 til om lag 16 000 i 2014, noko som er ein liten nedgang frå 2013. Dei nettbaserte tilboda aukar mest, medan desentralisert utdanning har gått noko ned samanlikna med i tidlegare år. Medan færre enn fem pst. av studentane tek fleksibel utdanning ved dei store institusjonane, er 20–35 pst. av studentane på fleksible tilbod ved enkelte institusjonar.

Innovasjon og verdiskaping

Langtidplanen for forsking og høgre utdanning, jf. Meld. St. 7 (2014–2015), slår fast at kunnskap og kompetanse er viktig for den internasjonale konkurransen og for utvikling av samfunnet. Det vart i 2014 ført vidare mange verkemiddel for å nå måla for forsking, utdanning og innovasjon. Dei omfattar mellom anna verkemiddel for regional FoU og innovasjon, FORNY-programmet, Strategisk høgskoleprosjekt, som har styrkt kompetansen og den faglege kvaliteten til forskinga ved mange høgskolar. I tillegg omfatter det regionale forskingsfond, som har fått gode evalueringar, Den norske forskarskolen i innovasjon og 17 nye senter for forskingsdriven innovasjon (SFI-III) med til saman om lag 260 stipendiatar og 100 post-doktorar i 2014 (totalt for alle SFI-ane). Programmet FORNY har saman med norsk universitets- og høgskolesektor mellom anna medverka til den kommersielle suksessen Kahoot. Det norske læringsspelet har om lag 50 mill. brukarar i over 180 land og er nå ein av dei største leverandørane av nettbaserte læringsverktøy globalt. Sjå kap. 281.

Frå 2013 til 2014 har talet på patentsøknader og inngåtte lisensieringskontraktar i sektoren auka, medan det har vore ein relativt stor nedgang i talet på mottekne forretningsidear, sistnemnde på grunn av overrapportering i 2013.

I 2014 sette departementet i gang ei evaluering av verkemiddelapparatet for kommersialisering av offentleg finansiert forsking. Ho viser at det er utvikla betre system for kommersialisering ved fleire institusjonar, men at det er potensial for forbetring sektoren sett under eitt. Sjå kategoriomtalen for nærmare omtale av resultata av evalueringa.

Formidling og ope tilgjengeleg forsking

I 2014 var det registrert om lag 20 400 formidlingsbidrag i sektoren i dokumentasjonssystemet CRIStin, noko som er ein nedgang på tre pst. frå 2013. Mediebidrag er den formidlingsaktiviteten som framleis er mest registrert blant fagleg tilsette, etterfølgt av tidsskriftpublikasjonar.

Open tilgang til vitskaplege artiklar inneber at lesaren får kostnadsfri tilgang til artiklane via Internett. Talet på ope tilgjengelege artiklar var om lag 1 600 i 2014, tilsvarande om lag elleve pst. av det totale talet på publiserte artiklar. Dette er ein auke på over 25 pst. frå 2013. Tala er noko usikre på grunn av underrapportering av artiklar i ope tilgjengelege tidsskrift og noko dobbeltrapportering frå sampublisering.

Mål: Universitet og høgskolar skal ha effektiv forvaltning av verksemda, kompetansen og ressursane i samsvar med samfunnsrolla si

Økonomistyring

Universitet og høgskolar finansierer verksemda gjennom direkte løyvingar frå Stortinget, forskingsfinansiering frå Noregs forskingsråd og EU, annan bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet og andre inntekter, til dømes sals- og leigeinntekter, eller studieavgifter for dei private høgskolane. Løyvinga over kap. 260 utgjer hovuddelen av finansieringa for universiteta og høgskolane, med 29,3 mrd. kroner i 2014. Den resultatbaserte delen av løyvinga på kap. 260 utgjer om lag 30 pst.

Statlege universitet og høgskolar hadde 38,5 mrd. kroner i samla inntekter i 2014. Det er ein auke på om lag 2,6 mrd. kroner frå 2013. Om lag 84 pst. av inntektene er tildeling frå Kunnskapsdepartementet, andre departement og statlege etatar. Sjå tabell 4.8 i vedlegg 4, som viser inntekter etter inntektskjelde.

Ved utgangen av 2014 var dei samla avsetningane inkluderte fri verksemdskapital på 5,5 mrd. kroner, noko som svarer til åtte pst. av tildelinga frå Kunnskapsdepartementet i 2014. Av dette var dei økonomiske avsetningane til planlagde tiltak i framtidige budsjettår på 2,5 mrd. kroner. Det er ein nedgang på 0,2 mrd. kroner frå 2013. Andre avsetningar og fri verksemdskapital var på 3 mrd. kroner, ein vekst på 0,2 mrd. kroner frå 2013 til 2014. Sjå tabell 4.9 i vedlegg 4, som viser tilhøvet mellom kontantbehaldning, kommande kostnader og avsetningar.

Private høgskolar som får tilskott over budsjettet til Kunnskapsdepartementet, hadde 2,8 mrd. kroner i bokførte inntekter i 2014. Tilskott frå staten utgjorde 1,1 mrd. kroner i 2014, ein auke på om lag 63 mill. kroner frå året før. Økonomien til private høgskolar er samla sett om lag det same i 2014 som i 2013. Nokre høgskolar har framleis utfordringar med å sikre berekraftig drift og er avhengige av tilskott frå eigarane for å halde fram med drifta.

Forvaltning og intern kontroll

Ein institusjon fekk vesentlege merknader i Dokument 1 (2014–2015), Riksrevisjonens rapport om revisjon og kontroll for budsjettåret 2013. Merknadene er knytte til etterleving av regelverket for offentlege anskaffingar. Kunnskapsdepartementet har i 2014 følgt institusjonen tett opp.

Institusjonane rapporterer eigarskap i selskap til Selskapsdatabasen i DBH. I 2014 forvalta universitet og statlege høgskolar eigarinteresser i om lag 100 selskap. I om lag 30 av selskapa har staten dominerande påverknad, normalt ved å eige 50 pst. eller meir av aksjane. I tillegg forvaltar Kunnskapsdepartementet sjølv eigarskapet i dei fem statsaksjeselskapa Universitetssenteret på Svalbard AS, UNINETT AS, Norsk samfunnsvitskapleg datateneste AS, Simula Research Laboratory AS og Cessda AS.

Mellombels tilsette og likestilling

Mange institusjonar har framleis ein høg del mellombels tilsette i 2014, med 16 pst. i dei tre kategoriane undervisnings- og forskarstillingar, saksbehandlar- og utgreiingsstillingar og støttestillingar. Delen mellombels tilsette er uendra frå året før. Størst er delen mellombels tilsette i undervisnings- og forskarstillingar, med om lag 18 pst.

Kjønnsbalansen i universitets- og høgskolesektoren har vorte betre over tid, men det er framleis store skilnader i dei ulike stillingsgruppene, mellom fagområda og mellom institusjonane. Skilnad i fagprofil forklarer mykje av desse variasjonane. Delen kvinner i professorstilling har auka frå 25 pst. i 2013 til 26 pst. i 2014. Kvinnene utgjer om lag ein tredel i nytilsettingar. Sjå kap. 8 Likestilling og arbeid mot diskriminering i del III Omtale av særlege tema.

Bygg og infrastruktur

I 2014 var sju ordinære byggjeprosjekt og fleire kurantprosjekt under oppføring i universitets- og høgskolesektoren.

Fire større byggjeprosjekt vart òg stilte ferdige og tekne i bruk i 2014: nytt samlokaliseringsbygg for Høgskolen i Bergen, nytt teknologibygg for Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet, rehabilitering av sentrumsbygningane ved Universitetet i Oslo og nytt laboratoriebygg for Universitetet i Stavanger.

Institusjonar som sjølve eig areala sine, har lågare husleigekostnader enn andre institusjonar, men bruker meir på drift, vedlikehald og investeringar. Sjølv om dei sjølvforvaltande institusjonane har ein liten nedgang i desse utgiftene frå 2013 til 2014, har dei brukt om lag 35 pst. meir på forvaltning av eigne areal i 2014 samanlikna med 2007. Husleiga utgjer frå elleve pst. til 36 pst. av total løyving for andre institusjonar i 2014, med eit gjennomsnitt på 16 pst. Dei betaler reelt seks pst. meir i husleige i 2014 samanlikna med i 2013.

Departementet har gjennom eit eksternt oppdrag fått vurdert internhusleigeordningane ved universiteta og vil saman med institusjonane sjå på endringar i desse. Målet er å få til ei internhusleigeordning, som saman med eit forbetra system for vurdering av tilstanden til bygningane fører til rasjonell bruk av areal og sikrar ressursar til verdibevarande vedlikehald. Samla må systema òg identifisere behov for oppgradering og i kor stor grad dette kan takast innanfor ramma til institusjonane.

Alle institusjonane har utarbeidd planar for avhending av fossil grunnlast innan 2018. Dei fleste institusjonane har allereie fasa ut bruk av fossil grunnlast. Dei resterande to institusjonane vil vere ferdige innan 2016.

Mål: Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, Universitetet i Stavanger og Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet skal byggje opp, drive og halde ved like museum med vitskaplege samlingar og utstillingar for publikum

Universitetsmusea har ei sentral rolle i dokumentasjon av og forsking på natur- og kulturarven. Denne kunnskapen er avgjerande for miljø- og kulturforvaltninga i Noreg, særleg i handteringa til styresmaktene av naturmangfaldslova og kulturminnelova.

Universitetsmusea er mottakarar av store mengder innsamla biologisk og geologisk materiale frå andre forskingsmiljø, forvaltninga og frivillige organisasjonar. Samlingane ved dei seks universitetsmusea inneheld no 18,6 mill. objekt, og mange av desse har stor nasjonal og internasjonal verdi. Det er forskinga og dei vitskaplege prioriteringane som skal setje rammene for samlingsplanane til universitetsmusea, når det gjeld både avhending og tilvekst.

Forskinga ved musea tek utgangspunkt i dei vitskaplege samlingane med tilhøyrande dokumentasjon. Publisering per vitskaplege årsverk ligg noko under gjennomsnittet for universiteta, men det er stor forskjell mellom musea.

Universitetsmusea er òg viktige arenaer for å profilere universiteta mot eit breiare publikum. Om lag 1,6 mill. personar besøkte universitetsmusea i 2014, ein auke på fire pst. frå 2013. Formidlinga skjer i form av fysiske utstillingar, foredrag, faglege artiklar og stadig meir nettbasert formidling. Faste og mellombelse utstillingar treng stor plass og er kostbare å produsere. Det er utstillingslokala og økonomien som set grenser for omfanget av denne formidlinga. Musea har ambisjonar om å auke den digitale formidlinga i tråd med at samlingane blir digitaliserte. Digital formidling skal ikkje erstatte dei fysiske utstillingane, men vil vere eit viktig supplement.

Sjå kap. 281 post 50 for omtale av strategisk FoU-program for universitetsmusea i 2014. Departementet har ført vidare finansieringa av dei to forskarskolane i arkeologi og biosystematikk som vart etablerte gjennom FoU-programmet.

Budsjettforslag for 2016 for post 50 og post 70

Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på 32,6 mrd. kroner over kap. 260 i 2016, fordelte med 31,4 mrd. kroner til universitet og statlege høgskolar over post 50, og 1,3 mrd. kroner til private høgskolar over post 70.

Den resultatbaserte utteljinga for forsking utgjer 1,8 mrd. kroner av den samla løyvinga til universiteta og høgskolane i 2016. For utdanningsinsentiva inneber den resultatbaserte utteljinga ein auke på 247,7 mill. kroner frå 2015 til 2016.

Strukturreform

Regjeringa vil gjennomføre samanslåingar av universitet og høgskolar for å styrkje kvaliteten i høgre utdanning og forskings- og utviklingsarbeid. Samanslåing av institusjonar krev ressursar, både til gjennomføringa av samanslåingar og til andre tiltak for å auke kvaliteten. Regjeringa foreslår 150 mill. kroner på kap. 260 til gjennomføring av strukturreforma. 75 mill. kroner av desse midlane er nye i 2016. Sjå kap. 281 postane 50 og 70.

Finansieringssystem for universitet og høgskolar

Finansiering er eit viktig verkemiddel i utviklinga av høgre utdanning og forsking. I Meld. St. 18 (2014–2015) Konsentrasjon for kvalitet foreslo regjeringa at hovudtrekka i finansieringssystemet blir førte vidare, og varsla at regjeringa ville komme tilbake til endringar i resultatindikatorane i forslaget til budsjett for 2016.

Regjeringa foreslår følgjande endringar i finansieringssystemet frå 2017:

  • Ny indikator for bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet (BOA) blir innført. Indikatoren får lukka budsjettramme.

  • Ny indikator for tal på uteksaminerte kandidatar blir innført. Indikatoren får open budsjettramme.

  • Indikatoren for tal på doktorgradskandidatar blir ført vidare og får open budsjettramme.

  • EU-indikatoren blir utvida til å gjelde alle EU-inntektene, i hovudsak utdanningssamarbeid og interregionalt samarbeid. Indikatoren får framleis lukka budsjettramme.

  • Beregning av publiseringspoeng blir justert. Indikatoren får framleis lukka budsjettramme.

Regjeringa presenterer alle endringane samla i budsjettforslaget for 2016. Å varsle endringane i god tid gir grunnlag for god heilskap og samanheng i systemet og gjer det mogleg for institusjonane å planleggje. I budsjettet for 2016 er den resultatbaserte utteljinga rekna ut frå dagens finansieringssystem.

Sjå del III kap. 12 Endringar i finansieringssystemet for universitet og høgskolar for nærmare omtale av dei foreslåtte endringane i finansieringssystemet og måla regjeringa har for endringane.

Rekrutteringsstillingar

Som oppfølging av Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024 foreslår regjeringa midlar til nye rekrutteringsstillingar ved universitet og høgskolar. Kunnskapsdepartementet foreslår om lag 69 mill. kroner over kap. 260 til 178 rekrutteringsstillingar innanfor i hovudsak realfag og teknologi, inkludert maritime fag, og sjukepleie. Midlane til 93 av rekrutteringsstillingane blir fasa ut etter ein stipendiatperiode. Sjå kap. 281 post 50 og programkategori 07.70 Forsking.

Som del av Lærerløftet vil regjeringa etablere ei femårig mastergradsutdanning for grunnskolelærarar. Utdanninga skal vere av høg kvalitet. Dette føreset at fleire fagpersonar som utdannar lærarar, har førstestillingskompetanse enn tilfellet er i dag. Kunnskapsdepartementet foreslår om lag 20 mill. kroner til 50 nye rekrutteringsstillingar knytte til lærarutdanning. Midlane til halvparten av rekrutteringsstillingane blir fasa ut etter ein stipendiatperiode. Sjå kap. 281 post 01 og programkategori 07.20 Grunnopplæringa for omtale av Lærerløftet. Midlane til rekrutteringsstillingane må òg sjåast i samanheng med langtidsplanen for forsking og høgre utdanning og oppfølging av den langsiktige prioriteringa betre og meir effektive velferdstenester i offentleg sektor.

Departementet foreslår heilårseffekt i 2016 av midlar som vart løyvde i 2015 til nye rekrutteringsstillingar til universitet og høgskolar.

Studieplassar

Universitet og høgskolar har i 2015 hatt ein betydeleg vekst i søkninga til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Kunnskapsdepartementet foreslår 28,4 mill. kroner over kap. 260 til 350 nye studieplassar innanfor PPU frå våren 2016. Søkjarar med utdanning i matematikk, naturfag eller teknologi frå område med aukande arbeidsløyse, vil bli prioritert. I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte over programkategori 07.80 Utdanningsstøtte. Satsinga har ei varig totalramme på 57,6 mill. kroner inkludert ein venta auke i resultatbasert utteljing.

Regjeringa meiner det er behov for nye studieplassar i helsefaglege utdanningar for å betre helsetenestene og tilgang på helsepersonale. Kunnskapsdepartementet foreslår 5,5 mill. kroner over kap. 260 til 25 studieplassar i psykologi og 30 studieplassar i medisin. I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte over programkategori 07.80 Utdanningsstøtte. Når alle studieplassane er ferdig utbygde i 2024, utgjer dette ein varig auke på 118,8 mill. kroner, inkludert ein venta auke i resultatbasert utteljing.

I samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2015, jf. Innst. 360 S (2014–2015), vart det vedteke å opprette om lag 500 nye studieplassar ved universitet og statlege og private høgskolar. For å følgje opp dette foreslår Kunnskapsdepartementet 63,7 mill. kroner over kap. 260. I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte over programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Departementet foreslår òg midlar for at institusjonane kan føre vidare og ta opp nye kull for studieplassar som er oppretta i statsbudsjett før revidert nasjonalbudsjett for 2015. Samla gir dette om lag 590 fleire studieplassar i 2016 samanlikna med i 2015.

Bygg

Oppdaterte bygg er ein føresetnad for å skape leiande forskings- og utdanningsmiljø. Riksrevisjonens undersøking om forvaltninga av statleg eigedomsmasse peiker på at 40 pst. av bygningsmassen ved dei sjølvforvaltande universiteta er i dårleg stand. Regjeringa foreslår derfor totalt 135 mill. kroner i 2016 til oppgradering av bygg ved institusjonar som forvaltar eigen bygningsmasse. Av desse midlane er 60 mill. kroner ei eingongsløyving i 2016.

Oppgraderinga inneber rehabilitering og tilpassing av eksisterande bygg og lokale, slik at dei kan møte byggtekniske krav og forventningar til forsking og utdanning av høg kvalitet. Kunnskapsdepartementet forventar at tildelingar frå departementet skal utløyse eit tilsvarande beløp til same formål frå dei institusjonane som mottar midlane.

Regjeringa foreslår å løyve 227,8 mill. kroner over kap. 260 post 50 i 2016 til utstyr og inventar til fire igangsette byggeprosjekt. Det omfattar nytt teknologibygg ved NTNU, samlokaliseringsbygget for Kunst- og designhøgskolen i Bergen, rehabiliteringa ved Noregs idrettshøgskole og nybygg for medisin og helsefag ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. Regjeringa foreslår òg 65 mill. kroner til utstyr til nybygget for Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og Veterinærinstituttet på Ås og 7 mill. kroner til prosjektering av utstyr for nybygg for livsvitskap, farmasi og kjemi ved Universitetet i Oslo. Sjå kap. 530 i Prop. 1 S (2015–2016) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Sjå òg vedlegg 3 Byggtabellar for universitet og høgskolar for oversikt over byggeprosjekta i sektoren som Statsbygg har til prosjektering eller gjennomføring i 2016

Universitetsmuseum

Stortinget vedtok i 2013 å auke ramma over kap. 260 post 50 med 10 mill. kroner til sikring og bevaring av samlingane til universitetsmusea. I dei tre første åra har midlane vore øyremerkte tiltak for å sikre og bevare vikingskipa og tilhøyrande samlingar ved Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. Universitetet i Oslo har fått desse midlane i tre år. Kunnskapsdepartementet foreslår å nytte midlane frå 2016 til ei styrking av universitetsmusea for å følgje opp St.meld. nr. 15 (2007–2008) Tingenes tale.

Andre saker

Regjeringa foreslår 13,9 mill. kroner i 2016 til vidare planlegging av framtidig campus for Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. For å føre vidare prosjektering av nytt helse- og sosialfagsbygg ved NTNU er det forslag om ei løyving på 15 mill. kroner på kap. 2445 post 30 under Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Dette er oppfølging av vedtak i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2015, jf. Innst. 360 S (2014–2015).

Kunnskapsdepartementet foreslår 5,1 mill. kroner til Center for High North Logistics og at midlane blir lagde til rammeløyvinga til Universitetet i Nordland. Dette er oppfølging av vedtak i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2015, jf. Innst. 360 S (2014–2015).

Departementet foreslår 2 mill. kroner til Høgskolen i Hedmark for samarbeidet i den blå-grøne bioteknologiske næringsklynga på Hamar for å etablere innovasjonssenteret Biosmia. Dette er oppfølging av vedtak i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2015, jf. Innst. 360 S (2014–2015).

Departementet foreslår å flytte 4,2 mill. kroner til Høgskolesenteret i Kristiansund til kap. 281 post 70 mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 260 post 50, jf. omtale under kap. 281 post 70. Dette er oppfølging av vedtak i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2015, jf. Innst. 360 S (2014–2015).

I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2015, jf. Innst. 360 S (2014–2015), vart det vedteke å overføre midlar til ei professorstilling ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet til Samisk høgskole og Internasjonalt reindriftssenter, sistnemnde organisert under Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å overføre 1,2 mill. kroner frå kap. 260 post 50 til kap. 563 post 01 under Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA), Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR) og Statens institutt for forbruksforskning (SIFO) ønskjer at institutta blir ein del av HiOA. HIOA, NIBR og SIFO viser til at forskings- og utdanningsmiljøa bør samlast i færre og større einingar, jf. Meld. St. 18 (2014–2015) Konsentrasjon for kvalitet. SIFO blir ein del av høgskolen 1. januar 2016. Regjeringa foreslår å flytte 19,7 mill. kroner til SIFO til kap. 260 post 50 mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 866 post 50 under Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Klima- og miljødepartementet og Kunnskapsdepartementet tek sikte på at NIBR blir innlemma i HiOA 1. januar 2016, gitt nødvendige avklaringar av økonomiske og administrative konsekvensar. Løyvinga til NIBR vil så leggjast inn i budsjettramma til HIOA i 2017.

EU har vedteke eit nytt regelverk for klinisk utprøving av legemiddel til menneske. Alle slike studium i Noreg må godkjennast av Statens legemiddelverk (SLV) og regional etisk komité (REK). Det nye regelverket vill krevje kortare fristar og betydeleg nasjonal koordinering mellom SLV og REK. Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet foreslår 2,2 mill. kroner til REK på kap. 260 post 50.

Regjeringa foreslår å opprette ei eining som skal inngå og forvalte sentrale rammeavtalar på vegner av statlege forvaltningsorgan. Dette skal gi meir effektive innkjøp i staten. Ordninga vil bli finansiert innanfor eksisterande rammer gjennom rammeoverføringar frå departementa. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 260 post 50 med 1,3 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av løyvinga på kap. 540 post 01 under Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet er samde om overføring av driftsmidlane til Rettsgenetisk senter frå Folkehelseinstituttet til Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (UiT). Departementa foreslår derfor å flytte 6,2 mill. kroner til budsjettramma til UiT på kap. 260 post 50 mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 719 post 79 under Helse- og omsorgsdepartementet.

Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet foreslår å overføre biblioteket frå Helse Stavanger HF til Universitetet i Stavanger. Departementet foreslår derfor å flytte 4,6 mill. kroner til kap. 260 post 50 mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 732 post 73 under Helse- og omsorgsdepartementet.

Kulturdepartementet gir tilskott til praktikantplassar ved Noregs musikkhøgskole. Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet foreslår å flytte 1,2 mill. kroner til praktikantplassar til Noregs musikkhøgskole på kap. 260 post 50 mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 323 post 78 under Kulturdepartementet.

I statsbudsjettet for 2015 vart Universitetet i Oslo (UiO) tildelt 10 mill. kroner til samarbeid med Simula Research Laboratory (Simula) og University of California, San Diego som ein del av satsinga på verdsleiande miljø. UiO og Simula er samde om å overføre midlane til Simula via Noregs forskingsråd. Kunnskapsdepartementet foreslår å flytte 10,3 mill. kroner til kap. 285 post 52 under programkategori 07.70 Forsking mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 260 post 50.

Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) har ikkje lenger ansvaret for forvaltninga av sekretariatet for den nasjonale nemnda for politiattestar. Departementet foreslår derfor å flytte 113 000 kroner frå budsjettramma til HiOA på kap. 260 post 50 til kap. 281 post 01.

Utdanningsdirektoratet tildeler i dag Universitetet i Agder (UiA) midlar til drift av nettstadene Skolebibliotek og Informasjonskompetanse. Kunnskapsdepartementet foreslår å flytte 702 000 kroner i driftsmidlar for desse nettstadene til budsjettramma til UiA på kap. 260 post 50 mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 226 post 21 under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Statstilskottet til Høyskolen for Ledelse og Teologi for 2016 og framover vil bli særskilt vurdert. Departementet har dialog med høgskolen om dette.

Statstilskottet til Den norske Eurytmihøyskole er avvikla frå og med andre halvår 2015. Det er derfor foreslått ein reduksjon av løyvinga på kap. 260 post 70 tilsvarande statstilskottet til Den norske Eurytmihøyskolen. Det særleg låge talet på studentar som er lagt til grunn for hausten 2015, inneber at høgskolen ikkje vil ha aktivitet i samsvar med formålet med tilskottsordninga for private høgskolar over kap. 260 post 70. Høgskolen har hatt ein særleg låg produktivitet i utdanninga og forskinga, og det er vesentlege manglar i rapporteringa til høgskolen om disponering av tidlegare utbetalt statstilskott.

Kap. 270 Internasjonal mobilitet og sosiale formål for studentar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

71

Tilrettelegging for internasjonal mobilitet

16 174

16 708

17 193

74

Tilskott til velferdsarbeid

77 436

79 991

82 311

75

Tilskott til bygging av studentbustader, kan overførast

336 885

408 500

717 446

Sum kap. 0270

430 495

505 199

816 950

Post 71 Tilrettelegging for internasjonal mobilitet

Posten omfattar midlar til Fulbright-programmet og Association of Norwegian Students Abroad (ANSA).

Mål for 2016

Tilskottet skal medverke til internasjonal mobilitet for studentar og forskarar.

Rapport for 2014

I 2014 tildelte Kunnskapsdepartementet 7,7 mill. kroner til Fulbright-programmet. Midlane omfattar driftstilskott og midlar til stipendprogrammet. Fulbright-programmet er eit stipendprogram som støttar særleg kvalifiserte søkjarar til studium på mastergrads- og doktorgradsnivå i USA, og tilsvarande studentar frå USA som vil studere i Noreg. I tillegg blir det gitt stipend til forskarar frå Noreg og USA. 44 nordmenn fekk i 2013–14 stipend over dette programmet for å studere eller forske i USA.

Departementet tildelte 8,5 mill. kroner til ANSA i 2014. ANSA er studentsamskipnaden for norske studentar i utlandet. I tillegg til velferdstenester og -tiltak har midlane gått til informasjonstiltak retta mot norske studentar i utlandet og utgifter til tilrettelegging for studium i utlandet.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår å løyve 17,2 mill. kroner over kap. 270 post 71. Beløpet omfattar 8,1 mill. kroner til Fulbright Foundation og 9,1 mill. kroner til ANSA.

Post 74 Tilskott til velferdsarbeid

Posten omfattar tilskott til det generelle velferdsarbeidet til studentsamskipnadene og tilskott til landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar.

Mål for 2016

Tilskottsordninga skal medverke til studentvelferd ved utdanningsinstitusjonane og til å fremme interessene til studentane.

Rapport for 2014

Studentsamskipnadene gir rimelege og tilgjengelege velferdstilbod til studentane på campus. Tilskottet for 2014 har gått til velferdsarbeid. Velferdsarbeidet til studentsamskipnadene supplerer det generelle velferdstilbodet elles i samfunnet og er ein integrert del av det heilskaplege læringsmiljøet ved utdanningsinstitusjonane. Studentsamskipnadene har velferdstilbod som kantine, bokhandel, idrettstilbod, helse- og rådgivingstenester, studentbustader, barnehage m.m.

I 2014 fusjonerte studentsamskipnadene i Buskerud og Vestfold. Studentvelferda er frå 1. januar 2015 organisert gjennom dei 21 studentsamskipnadene ved lærestadene i Noreg.

I fordelinga av midlar til studentsamskipnadene vart det teke særskilt omsyn til studentbarnehagane, i tråd med tidlegare fordelingsnøkkel. Det vart utbetalt 71,8 mill. kroner i tilskott til 22 studentsamskipnader med til saman 225 000 medlemmer.

Departementet utbetalte i 2014 5,7 mill. kroner til landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar. Desse var International Students' Union of Norway, Norsk studentorganisasjon, BI studentsamfunn, Organisasjon for norske fagskolestudenter og Stipendiatorganisasjonene i Norge. Tilskottet har gått til å fremme interesser for studentane.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår å løyve 82,3 mill. kroner over kap. 270 post 74. Departementet vil føre vidare ordninga som tek omsyn til studentbarnehagar i tråd med tidlegare fordelingsnøkkel. Tilskott til landsomfattande interesseorganisasjonar vil bli gitt etter søknad. Som tidlegare vil tilskottsordninga ikkje omfatte mindre organisasjonar der medlemmane òg er representerte gjennom dei landsomfattande interesseorganisasjonane.

Post 75 Tilskott til bygging av studentbustader, kan overførast

Posten omfattar midlar til studentsamskipnadene, og i særskilde tilfelle studentbustadstiftingar for bygging av studentbustader. Husbanken forvaltar tilskottsordninga for Kunnskapsdepartementet. Studentbustadene er eit supplement til den private bustadmarknaden.

Mål for 2016

Tilskottsordninga skal sikre bygging av studentbustader og medverke til å sikre ein rimeleg bustadsituasjon for studentar.

Rapport for 2014

Etter justering av løyvinga for 2014, jf. Innst. 109 S (2014–2015) og Prop. 25 S (2014–2015), vart løyvinga på posten om lag 300 mill. kroner. Det vart gitt tilsegn om tilskott til bygging og rehabilitering av 1 259 hybeleiningar i 2014. I 2014 vart 2 019 hybeleiningar stilte ferdig. Ved utgangen av 2014 disponerte studentsamskipnadene 37 069 hybeleiningar.

Budsjettforslag for 2016

Regjeringa foreslår å føre vidare nivået frå 2015 når det gjeld talet på tilsegner om tilskott til studentbustader for 2016. Dette er oppfølging av vedtak i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2015, jf. Innst. 360 S (2014–2015). For å kunne gi tilsegn om tilskott til 2 200 nye studenthybeleiningar i 2016 og for å dekkje opp for tidlegare tilsegner foreslår regjeringa at det blir løyvt 717,4 mill. kroner til studentbustader i 2016 over kap. 270 post 75.

Departementet foreslår å føre vidare den øvre kostnadsramma i pressområda Oslo, Bergen, Trondheim, Tromsø, Stavanger, Drammen, Kristiansand og Bodø på 800 000 kroner per hybeleining, der 300 000 kroner er fast statstilskott. Den øvre kostnadsramma i landet elles er på 700 000 kroner per hybeleining, der 240 000 kroner er fast statstilskott.

Departementet føreset at husleiga for bustader for studentar med nedsett funksjonsevne ikkje skal vere høgre enn det andre studentar betaler for ei hybeleining tilpassa éin person.

Det er behov for ei tilsegnsfullmakt på 617,2 mill. kroner knytt til posten, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Kap. 276 Fagskoleutdanning

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

72

Annan fagskoleutdanning

65 376

66 747

68 683

Sum kap. 0276

65 376

66 747

68 683

Fagskolelova stadfestar at fagskoleutdanning skal vere av høg kvalitet og sikre gode vilkår for studentane. Fagskoleutdanningane må vere kvalitetssikra, fleksible og arbeidsmarknadsretta. I tillegg skal dei vere korte og yrkesretta og tilpassa ny teknologi og nye trendar i arbeidslivet. Fagskoleutdanningane må vere godkjende av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT).

Tilstandsvurdering

Det er i dag tre kjelder til finansiering av fagskoleutdanning: gjennom inntektssystemet for fylkeskommunane, som øyremerkt tilskott frå Helsedirektoratet til helse- og oppvekstfagleg fagskoleutdanning, og over kap. 276 post 72 til fagskoleutdanning i fag som kunst og film, dans, design, kristent livssyn, byggfag og jordbruk.

Kunnskapsdepartementets tilstandsrapport 2014 for fagskoleutdanning viser at det i 2014 var til saman 103 offentlege og private fagskolar. Fordelinga mellom dei private og dei offentlege fagskolane held seg stabil, med rundt 60 pst. private fagskolar og 40 pst. offentlege fagskolar. Mange av fagskolane er svært små, og om lag 40 pst. av dei har under 50 studentar. Over halvparten av fagskolane er lokaliserte på det sentrale austlandsområdet.

Det var 16 222 fagskolestudentar i 2014, og av desse var 61 pst. menn. 47 pst. av studentane gjekk på offentlege fagskolar, noko som er ein auke på tre prosentpoeng frå 2013. Talet på utdanningstilbod har auka med 22 pst. i perioden 2012–14, noko som er mykje meir enn auken i studenttal skulle tilseie.

Dei offentlege fagskolane har hatt ein vekst i studenttalet på tolv pst. i perioden 2012–14, medan talet på studentar ved dei private fagskolane i same periode gjekk ned med 2,6 pst., mellom anna på grunn av ein reduksjon i talet på private fagskolar. Delen fagskolestudentar med bakgrunn frå høgre utdanning har auka i dei siste åra, til elleve pst. i 2014. Om lag 5 500 personar fullførte fagskoleutdanning i 2014.

Kunnskapsdepartementet nemnde i 2013 opp eit offentleg utval for å vurdere rolla og plassen til fagskoleutdanninga både i utdanningslandskapet og i høve til arbeidslivet. Eit av grunnlaga for fagskoleutvalet var ei utgreiing frå 2014 frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning, Fylkeskommunene og fagskolen: til rettelegging for fagskoletilbud og kostnader ved fagskoledrift. Utvalet leverte rapporten NOU 2014:14 Fagskolen – et attraktivt utdanningsvalg ved utgangen av 2014. I rapporten til utvalet vart det fremma til saman 49 forslag til tiltak for myndigheita, fagskolane og arbeidslivet. Forslaga til utvalet gjeld mellom anna finansieringa av fagskolane, sikring av studentrettar, strukturtiltak og dimensjonering av fagskolesektoren. Innan høyringsfristen 25. mars 2015 har departementet motteke innspel frå 121 høyringsinstansar.

Departementet nemnde i 2013 opp ei ekspertgruppe for å greie ut regelverket for bruk av offentlege tilskott og eigenbetaling, i tillegg til tilsyn med private høgskolar og fagskolar. Ekspertgruppa overleverte rapporten Private høyskoler og fagskoler i samfunnets tjeneste i desember 2014. Ekspertgruppa foreslår tydelegare og strengare økonomisk regulering av og meir tilsyn med private høgskolar og fagskolar. Innan høyringsfristen 1. juni 2015 har departementet fått innspel frå 25 høyringsinstansar. Departementet vil vurdere oppfølging av rapporten og høyringsinnspela.

Strategiar og tiltak

Regjeringa vil etter planen leggje fram ei stortingsmelding om fagskoleutdanning hausten 2016 for å følgje opp råda frå fagskoleutvalet og høyringsinnspela til rapporten.

Departementet har i august 2015 sendt ut til høyring forslag til endringar i fagskolelova, mellom anna med siktemål å styrkje rettane til studentane. Høyringsfristen er 10. november 2015. Departementet foreslår meir detaljerte lovreglar om gjennomføring av eksamen, sensur, utestenging og bortvising av studentar. Departementet foreslår òg krav til politiattest og vurderingar av dugleik. Vidare blir det foreslått å opprette heimel til å etablere nasjonal klagenemnd for fagskolestudentar og krav til klagenemnda for fagskolane. Departementet foreslår òg at NOKUT får ansvaret for godkjenning av utanlandsk fagskoleutdanning. Målet for forslaga er mellom anna å skape like rettar for studentar ved fagskolar og universitet og høgskolar.

Departementet arbeider òg med å vurdere og følgje opp innspela og råda i rapporten Private høyskoler og fagskoler i samfunnets tjeneste og høyringsinnspela til denne.

Post 72 Anna fagskoleutdanning

Posten omfattar tilskott til fagskolar med utdanningstilbod i fag som kunst, film, design, kristent livssyn, byggfag og jordbruk.

Mål for 2016

Målet med tilskottet er å medverke til gode utdanningstilbod ved dei fagskolane som får tilskott over posten.

Rapport for 2014

I 2014 fekk 16 fagskolar tilskott på totalt 73,7 mill. kroner over kap. 276 post 72, og dei hadde til saman 652 studentar. To av fagskolane som tidlegare har fått tilskott over posten, vart avvikla i 2014. Den eine fagskolen vart avvikla på grunn av manglande rekruttering av studentar, medan NOKUT fjerna godkjenninga frå den andre fagskolen.

Dei resterande 14 fagskolane er geografisk spreidde, med ein fagskole i høvesvis Hordaland, Nordland, Møre og Romsdal og Rogaland, to fagskolar i Vest-Agder, tre i Oslo og fem i Akershus. Nær 90 pst. av studentane ved desse fagskolane tek utdanningar innanfor kunst og kristent livssyn, medan dei resterande studentane tek utdanningar innanfor film, dans, design, byggfag og jordbruk.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår å løyve 68,7 mill. kroner til 14 fagskolar over denne posten. Sjå vedlegg 2 for tabell med fordeling mellom dei 14 fagskolane.

Kap. 280 Felles einingar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter

82 220

79 392

80 614

21

Særskilde driftsutgifter

444

10

10

50

Senter for internasjonalisering av utdanning

67 016

70 082

81 254

51

Drift av nasjonale fellesoppgåver

146 896

171 018

174 914

71

Tilskott til UNIS

117 935

121 827

125 360

72

Tilskott til UNINETT

25 626

26 472

27 240

73

Tilskott til NORDUnet, kan overførast

27 356

24 694

33 352

Sum kap. 0280

467 493

493 495

522 744

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar løyving til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT).

Mål for 2016

NOKUT skal medverke til at alle utdanningar ved norske universitet, høgskolar og fagskolar har tilfredsstillande kvalitet, at flest mogleg utdanningar er framifrå, og at samfunnet er godt informert om tilstanden i sektoren. NOKUT skal òg medverke til at personar med utanlandsk utdanning effektivt kan nytte kompetansen sin i Noreg, og at arbeidsliv og utdanningsinstitusjonar har god informasjon om kva utanlandsk kompetanse svarer til i Noreg. NOKUT skal ha ei effektiv forvaltning av verksemda, kompetansen og ressursane i samsvar med samfunnsoppdraget og internasjonale standardar på området.

Rapport for 2014

NOKUT hadde ei driftsløyving på til saman 82,2 mill. kroner i 2014 over kap. 280 post 01. Kunnskapsdepartementet auka driftsløyvinga til NOKUT med 5 mill. kroner frå og med 2014 for å setje NOKUT betre i stand til å møte veksten i talet på søknader om godkjenning av utanlandsk utdanning i dei siste åra. I tillegg tildelte departementet 32,3 mill. kroner til NOKUT for 2014 over kap. 281 post 01. Av desse var 15,9 mill. kroner til ordninga med senter for framifrå utdanning (SFU), 5 mill. kroner til godkjenningsordninga for personar utan verifiserbar dokumentasjon, 1,5 mill. kroner til arbeidet med Studiebarometeret, 9 mill. kroner til utvikling av nytt IKT-system og 900 000 kroner til å følgje opp kartlegging av læringsutbytteskildringar. Departementet tildelte òg 4,5 mill. kroner over kap. 281 post 45 til NOKUTs utvikling av IKT-systemet. Vidare tildelte departementet 660 000 kroner over kap. 258 post 21 til arbeidet til NOKUT med nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring og det europeiske kvalifikasjonsrammeverket. Desse tilleggsløyvingane heng tett saman med den ordinære driftsløyvinga og blir derfor rapporterte om nedanfor.

Organisasjonen har utvikla seg mykje i 2014, med mange nye oppgåver, nytilsetjingar og flytting til nye lokale. NOKUT gjennomførte akkreditering av nye utdanningar, evalueringar av kvalitetssikringssystema ved institusjonar og etablerte i 2014 ei ny ordning for tilsyn med eksisterande verksemd og evalueringar utan sanksjonar. NOKUT har lagt vekt på eit meir målretta og effektivt tilsyn, større vekt på å stimulere til kvalitetsutvikling og betre brukarservice. NOKUT har òg publisert analysar og rapportar og har halde seminar om ulike tema. Dette har auka merksemda på kunnskapsgrunnlaget for kvaliteten i universitets- og høgskolesektoren.

I 2014 har NOKUT styrkt arbeidet som nasjonalt kontaktpunkt for det europeiske kvalifikasjonsrammeverket. På vegner av departementet forvaltar NOKUT ordninga med SFU. NOKUT rapporterer at dei fire SFU-ane kan vise til gode erfaringar i arbeidet med kvalitet og spreiing av resultata. NOKUT mottok til saman 6 572 søknader om godkjenning av utanlandsk utdanning i 2014. Samstundes har NOKUT arbeidd godt med å redusere restansane og har i 2014 redusert gjennomsnittleg sakshandsamingstid frå 3,1 månader til 1,3 månader.

NOKUT har arbeidd med kartlegging av arbeidsprosessar og utvikling av ulike løysingselement til det nye IKT-systemet. Prosjektet har vorte forseinka samanlikna med opprinneleg tidsplan, og NOKUT arbeider for å sikre gode løysingar for prosjektet. Framover arbeider NOKUT med å få på plass dei sentrale søknadsprosessane innanfor godkjenning av utanlandsk utdanning, norsk høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Studentundersøkinga Studiebarometeret vart gjennomført for andre gong hausten 2014. 58 000 studentar deltok i undersøkinga, og svarprosenten auka frå 32 pst. i 2013 til 42 pst. i 2014. Sjå omtale under kategoriinnleiinga.

Departementet vurderer at NOKUT samla sett hadde god måloppnåing i 2014.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår ei samla driftsløyving på 80,6 mill. kroner til NOKUT over kap. 280 post 01.

Nasjonalt kontaktpunkt for Det europeiske kvalifikasjonsrammeverket (EQF) vart etablert ved NOKUT våren 2010. Oppgåva knytt til EQF skal vere ein del av det faste oppdraget til NOKUT. Departementet foreslår derfor å flytte totalt 934 000 kroner til kap. 280 post 01 mot ein reduksjon på 467 000 kroner på høvesvis kap. 226 post 21 under programkategori 07.20 Grunnopplæringa og på kap. 258 post 21 under programkategori 07.50 Vaksenopplæring m.m.

Departementet foreslår at løyvinga over post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3280 post 01 og post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Posten omfattar mellom anna kostnader til det nasjonale arbeidet med kvalifikasjonsrammeverket, som NOKUT er eit kontaktpunkt for.

Rapport for 2014

Det var i 2014 ei meirutgift på 434 266 kroner på posten som skal sjåast i samanheng med meirinntekta på kap. 3280 post 01, jf. Meirinntektsfullmakta.

Sjå òg kap. 3280 post 01.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår ei løyving på 10 000 kroner, som kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3280 post 01 og post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1 og nr. 2.

Post 50 Senter for internasjonalisering av utdanning

Posten omfattar driftsmidlar til Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) og midlar til program og tilskott som SIU forvaltar.

Mål for 2016

SIU skal medverke til at internasjonalisering styrkjer kvalitetsutviklinga i norsk utdanning. SIU skal medverke til betre samordning og utvikling av arbeidet med internasjonalisering i samarbeid med relevante nasjonale og internasjonale aktørar. SIU skal ha ei effektiv forvaltning av verksemda, kompetansen og ressursane i samsvar med samfunnsoppdraget sitt.

Rapport for 2014

Kunnskapsdepartementet tildelte 67 mill. kroner til SIU over kap. 280 post 50 i 2014. I tillegg tildelte departementet 8,3 mill. kroner til SIU over kap. 281 post 01, og av dette 1 mill. kroner til forvaltning i 2014 av strategien for høgre utdanningssamarbeid med Nord-Amerika og til saman 7,3 mill. kroner knytte til UTFORSK og andre internasjonaliseringstiltak. Desse løyvingane heng tett saman med driftsløyvinga til SIU og blir derfor rapporterte om nedanfor. Frå Kunnskapsdepartementet fekk SIU i tillegg tildelt midlar over programkategori 07.50 Vaksenopplæring m.m. og programkategori 07.70 Forsking.

Hovudverkeområdet til SIU er forvaltning av internasjonale samarbeidsprogram. SIU forvaltar program for mellom andre Kunnskapsdepartementet, Utanriksdepartementet, Norad, Nordisk ministerråd og EU-kommisjonen. Det er god aktivitet innanfor dei fleste programma.

SIU gjorde i 2014 ei omfattande vurdering av verkemiddelapparatet for internasjonalisering av høgre utdanning og internasjonalt høgre utdanningssamarbeid. Rapporten gir ein systematisk oversikt og viser at det eksisterer mange verkemiddel som støttar opp om studentmobilitet og den internasjonale orienteringa til institusjonane, frå studiefinansieringsordningane gjennom Statens lånekasse for utdanning, til partnarskapsprogram og omfattande multilaterale program. Rapporten gir eit godt grunnlag for vidareutvikling av verkemiddelapparatet.

SIU har ei viktig rolle som kompetansesenter for internasjonalisering. SIU har òg ei viktig rolle i å profilere Noreg i utlandet som eit attraktivt samarbeids- og studieland. SIU gjer ein god jobb på dette området.

SIU er frå 2014 nasjonalt kontor for EU-programmet Erasmus+, og Stortinget har i samband med dette vedteke å styrkje grunnløyvinga til SIU med 10 mill. kroner frå og med 2014. SIU har sidan lanseringa av programmet sett i gang ei rekkje tiltak for å spreie informasjon om moglegheitene i programmet og lette overgangen frå EUs handlingsprogram for livslang læring (LLP), som frå 2014 vart avløyst av Erasmus+. Den praktiske implementeringa av det nye programmet har vore krevjande. I tillegg er det særlege utfordringar med for lågt tal på utgåande studentar frå Noreg i Erasmus+ (og tidlegare i LLP), og at den norske delen av midlar frå dei sentrale utlysingane under Erasmus+ (og LLP) gjennomgåande har vore for låg. Det er viktig at det er stor merksemd på desse hovudutfordringane i arbeidet framover.

UTFORSK er eit pilotprogram i samarbeid mellom SIU og Noregs forskingsråd og skal medverke til å styrkje koplinga mellom høgre utdannings- og forskingssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika. Programmet hadde første utlysing i 2013. Det vart gjennomført ei ny utlysing i 2014, og åtte av 28 søknader fekk innvilga støtte. I tillegg er det gjennomført fleire andre aktivitetar knytte til UTFORSK og dei tildelte midlane i 2014. Sjå programkategori 07.70 Forsking.

Det har òg vore god søkning til utlysing av prosjektmidlar under strategien for auka høgre utdanningssamarbeid med Nord-Amerika.

Departementet vurderer at SIU samla sett hadde god måloppnåing i 2014.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår ei samla løyving på 81,3 mill. kroner til SIU over kap. 280 post 50. Løyvinga er redusert med 500 000 kroner.

Strategien for auka høgre utdanningssamarbeid med Nord-Amerika blir avvikla i 2015, men departementet vil føre vidare løyvinga til høgre utdanningssamarbeid med USA og Canada. SIU vil få ansvaret for vidare oppfølging. Kunnskapsdepartementet foreslår å flytte 10 mill. kroner til arbeidet inn i budsjettramma til SIU mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 281 post 01.

Kunnskapsdepartementet foreslår at midlane i grunnløyvinga til SIU til administrasjon av kvoteordninga gradvis blir omdisponerte til forvaltning av eit nytt program for samarbeid med institusjonar i utviklingsland og strategien for høgre utdannings- og forskingssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika. Sjå kap. 281 post 01 og programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Avtalen til SIU under Trollavtalen med Université Toulouse 1 Capitole i Frankrike om Action Norvège gjeld ut 2015. Dersom avtalen ikkje blir fornya, vil SIU disponere frigjorte administrative midlar på om lag 300 000 kroner per år til andre tiltak for å stimulere til at norske studentar tek høgre utdanning i Frankrike.

Post 51 Drift av nasjonale fellesoppgåver

Posten omfattar løyvingar til Artsdatabanken, BIBSYS, CRIStin (Current Research Information System in Norway), Felles studieadministrativt tenestesenter (FSAT), Nasjonalt senter for realfagsrekruttering, Noregsuniversitetet (NUV) og Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU). Dette er einingar for drift av nasjonale fellesoppgåver som er organiserte etter § 1-4 fjerde ledd i lov om universitet og høgskolar.

I 2014 vart det oppretta eit nytt Felles studieadministrativt tenestesenter (FSAT) gjennom å samorganisere sekretariatet for Felles studentsystem (FS), Samordna opptak (SO) og Seksjon for utvikling av nasjonale informasjonssystemer ved Universitetet i Oslo. Rapporteringa for 2014 er under omtalen av SO, medan mål og budsjettforslag for 2016 blir gitte for det nye FSAT.

Mål for 2016

Artsdatabanken skal gi offentleg forvaltning, organisasjonar og andre brukarar oppdatert og lett tilgjengeleg informasjon om biologisk mangfald. Artsdatabanken skal òg vere ein pådrivar i utviklinga av infrastruktur for innsamling og formidling av data om det biologiske mangfaldet i Noreg.

BIBSYS skal gi universitet og høgskolar gode og kostnadseffektive bibliotektenester gjennom samarbeid om bibliotekfaglege fellessystem.

CRIStin skal gi forskinga auka verdi for samfunnet ved at forsking i fleire sektorar blir sett i samanheng. CRIStin skal òg dokumentere, presentere og gjere ope tilgjengeleg kvalitetssikra data om vitskapleg publisering i ein felles nasjonal database. Publiseringsdata blir nytta mellom anna i finansieringssystema for universitets- og høgskolesektoren, instituttsektoren og dei regionale helseføretaka.

FSAT skal forvalte, utvikle og halde ved like studieadministrative system og tenester for universitet og høgskolar. Tenestesenteret skal leggje til rette for og gjennomføre eit effektivt og korrekt studentopptak til grunnutdanningane ved universitet og høgskolar.

Nasjonalt senter for realfagsrekruttering skal i samarbeid med arbeidslivet og utdanningsinstitusjonane medverke til å styrkje dei matematiske, naturvitskaplege og teknologiske (MNT) faga. Senteret skal arbeide for å betre rekrutteringa til MNT-fag og for å auke kvinnedelen i MNT-retta fag og yrke.

NUV skal stimulere til utvikling og bruk av teknologi for læring og fleksible studietilbod i høgre utdanning. Vidare skal NUV fremme utdanningssamarbeid mellom høgre utdanning og arbeidsliv gjennom bruk av læringsteknologi.

PKU skal gjennom stipendiatprogrammet og prosjektprogrammet verke for at universitet og høgskolar utfører kunstnarleg utviklingsarbeid på høgt, internasjonalt nivå. Programmet skal medverke til å fremme refleksjon og innsikt basert på kunstnarleg praksis, og stimulere til tverrkunstnarleg kommunikasjon og møtestader for dei relevante fagmiljøa.

Rapport for 2014

Artsdatabanken

Kunnskapsdepartementet tildelte 25,8 mill. kroner til Artsdatabanken i 2014. Artsdatabanken har ført vidare arbeidet med Artskart, og ved siste årsskifte var det registrert 19 mill. artsfunn fordelte på over 30 000 artar frå totalt 126 databasar og 34 dataeigarar. Artsdatabanken samarbeider med norske forskingsinstitusjonar om DNA-sekvensering og kuratering av data for norske artar (NorBOL). Dette arbeidet fekk eit løft i 2014, etter at Noregs forskingsråd innvilga støtte til etablering av ein nasjonal infrastruktur for DNA-strekkoding i 2013.

BIBSYS

Kunnskapsdepartementet tildelte 3,5 mill. kroner til BIBSYS i 2014. BIBSYS har i 2014 arbeidd vidare med det nye biblioteksystemet, som etter planen skal vere innført ved årsskiftet 2015–16. BIBSYS har samstundes drifta det nåverande biblioteksystemet og den felles søketenesta Oria for medlemsinstitusjonane i biblioteksystemkonsortiet.

CRIStin

Kunnskapsdepartementet tildelte 24,5 mill. kroner i driftsløyving til CRIStin over kap. 280 post 51 i 2014. I tillegg tildelte departementet 1,6 mill. kroner over kap. 281 post 01 til utvikling av den nye tekniske plattforma og søketenesta.

Systemet for rapportering av vitskaplege publikasjonar verkar tilfredsstillande. Arbeidet med å fremme open tilgang til vitskaplege publikasjonar heldt fram i 2014. I 2014 har CRIStin arbeidd med å utvikle ein ny versjon av systemet for å betre brukargrensesnittet og søketenesta. Første delen av det nye systemet var på plass i 2014, og fleire av dei nye funksjonane er tekne i bruk i løpet av 2015.

Nasjonalt senter for realfagsrekruttering

Nasjonalt senter for realfagsrekruttering vart i 2014 finansiert gjennom løyvinga til Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet over kap. 260 post 50. I tillegg tildelte departementet 6 mill. kroner over kap. 281 post 01 og 2,6 mill. kroner over kap. 226 post 21 til det arbeidet senteret har med ENT3R-prosjektet. Rapporteringa for tildelingane til senteret over høvesvis kap. 260, kap. 281 og kap. 226 er gitt samla nedanfor.

Rapportering frå Nasjonalt senter for realfagsrekruttering viser at i perioden 2010–14 har hovudopptaket til realfag og teknologiske fag auka med 40 pst. Det har òg vore ein auke i talet på kvinnelege søkjarar til desse studia i dei siste åra. Samstundes er det høgt fråfall i enkelte matematisk- naturvitskaplege fag.

Målet med ENT3R er å sikre kvalifiserte søkjarar til MNT-fag og ingeniørutdanning. Elevundersøkinga 2014 viser at ENT3R medverkar til auka meistring, sjølvtillit og interesse for realfag. Det er ønskeleg med fleire jenter i realfaglege og teknologiske utdanningar, og ENT3R er eit tiltak som appellerer til jenter. Det er positive tilbakemeldingar frå samtlege studiestader som tilbyr ENT3R.

Noregsuniversitetet

Kunnskapsdepartementet tildelte 25,5 mill. kroner i drifts- og prosjektmidlar til NUV i 2014, og i tillegg 3 mill. kroner over kap. 281 post 01 for koordinering av tiltak for å fremme entreprenørskap i utdanning. Sistnemnde har medverka til å auke kvaliteten på undervisning i emne knytte til entreprenørskap i høgre utdanning.

Frå 2013 til 2014 har talet på søknader om støtte til utviklingsprosjekt for fleksibel og IKT-støtta utdanning auka med om lag 50 pst., og 50 av totalt 141 søknader fekk tildelt støtte. I 2014 har NUV på ny kartlagt bruken av IKT i høgre utdanning, Digital tilstand 2014. Kartlegginga viser at det framleis er eit stort unytta potensial i sektoren når det gjeld å ta i bruk digitale verktøy i undervisning og læring. NUV har i samarbeid med Senter for IKT i utdanninga ført vidare arbeidet med den juridiske rettleiingstenesta, DelRett.

Program for kunstnarleg utviklingsarbeid

I 2014 tildelte Kunnskapsdepartementet 33,8 mill. kroner til PKU, inkludert midlar til programdrift. 13 stipendiatar fullførte i 2014. Prosjektprogrammet fekk tolv søknader, og fem av prosjekta fekk støtte.

Samordna opptak

Kunnskapsdepartementet tildelte 33,9 mill. kroner til SO i 2014 over kap. 280 post 51. I tillegg tildelte departementet 1,7 mill. kroner over kap. 281 post 01 for arbeidet med å utvikle sakshandsaminga av søkjarar med opptaksgrunnlag frå utlandet. SO hadde ansvaret for studentopptak gjennom den nasjonale opptaksmodellen og handterte i 2014 om lag 122 000 søknader til høgre utdanning. SO hadde òg administrativt ansvar for drift av Nasjonal vitnemålsdatabase, felles klagenemnd for studentsaker og nasjonal klagenemnd for opptakssaker. SO handsama i tillegg saker frå særskilde grupper søkjarar, mellom anna søkjarar med utanlandsk utdanning.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår ei samla løyving på 174,9 mill. kroner over kap. 280 post 51.

Departementet foreslår ei løyving på 27,1 mill. kroner til Artsdatabanken, 3,7 mill. kroner til BIBSYS, og 25,8 mill. kroner til CRIStin.

Departementet foreslår ei samla løyving på 38,3 mill. kroner til FSAT. Det omfattar ei flytting av 1,5 mill. kroner til budsjettramma til FSAT på kap. 280 post 51 mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 281 post 01. Midlane blir tildelte i samband med samorganiseringa av FSAT. På bakgrunn av ny finansieringsordning for eID på nivå 4 blir 216 000 kroner flytte frå kap. 541 post 22 over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet til budsjettramma til FSAT.

Vidare foreslår departementet ei løyving på 15,7 mill. kroner til Nasjonalt senter for realfagsrekruttering. Løyvinga er redusert med 500 000 kroner.

Departementet foreslår 25,4 mill. kroner til NUV. Løyvinga er redusert med 1,4 mill. kroner. Departementet vil i 2016 vurdere mellom anna om NUV kan organiserast saman med andre aktørar i sektoren, jf. Meld. St. 18 (2014–2015) Konsentrasjon for kvalitet.

Departementet foreslår 39 mill. kroner til PKU. Dette inkluderer 22,9 mill. kroner til stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid og 5,6 mill. kroner til drift av stipendprogrammet, i tillegg til 10,5 mill. kroner til prosjektprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid.

Post 71 Tilskott til UNIS

Posten omfattar tilskott til Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS).

Mål for 2016

UNIS skal tilby høgre utdanning og drive forsking av høg internasjonal kvalitet med utgangspunkt i at Svalbard ligg i eit høgarktisk område.

Rapport for 2014

Departementet tildelte 117,9 mill. kroner til UNIS i 2014. UNIS er ei aktiv og utoverretta verksemd som leverer utdanning og forsking av høg internasjonal kvalitet, og som har nedslagsfelt nasjonalt og internasjonalt. UNIS har ein vesentleg plass på kunnskapsplattforma Svalbard. I 2014 vart det gjennomført om lag 190 studentårsverk ved UNIS, mot 175 i 2013. 45 pst. av studentane var norske i 2014. Studentar og tilsette ved UNIS utgjer ein viktig del av lokalsamfunnet på Svalbard. UNIS fekk òg finansiering frå Noregs forskingsråd og næringslivet.

Budsjettforslag for 2016

Kunnskapsdepartementet foreslår eit tilskott til UNIS på 125,4 mill. kroner.

Post 72 Tilskott til UNINETT

Posten omfattar driftstilskott til UNINETT AS.

Mål for 2016

UNINETT AS skal utvikle eit landsomfattande datanett og tilby avanserte tenester for forsking, formidling, forvaltning og utdanning, i samspel med internasjonale forskingsnett i Europa og verda elles.

Rapport for 2014

Departementet tildelte 25,6 mill. kroner i driftsmidlar til UNINETT AS over kap. 280 post 72. I tillegg tildelte departementet 15 mill. kroner over kap. 281 post 70 til vidare utvikling av eCampus. Arbeidet med eCampus heng tett saman med arbeidet elles i UNINETT og blir rapportert om nedanfor saman med det ordinære driftstilskottet.

I 2014 har UNINETT halde fram med utbygginga av forskingsnettet, mellom anna med oppgraderingar av kapasiteten. Ved utgangen av året hadde over 82 pst. av statlege universitet og høgskolar ei tilknyting på minst ti gigabit per sekund. Kapasitetskrava aukar stadig, og UNINETT viser til at det er nødvendig å halde fram med utbygging av reservevegar og -utstyr. Innanfor e-Campus-programmet har etablering av nasjonale tenester gått som planlagt, og med auka bruk av tenestene. Det er særleg brei deltaking og innsats i prosjektet om digital eksamen.

Budsjettforslag for 2016

Kunnskapsdepartementet foreslår eit tilskott på 27,2 mill. kroner til UNINETT AS over kap. 280 post 72. Departementet foreslår i tillegg midlar til UNINETT over kap. 281 post 70 til eCampus.

Post 73 Tilskott til NORDUnet AS, kan overførast

Posten omfattar tilskott til NORDUnet AS.

Mål for 2016

NORDUnet AS skal medverke til å sikre felles nettverksinfrastruktur for dei nordiske universitets- og høgskolesektorane og knyte dei til internasjonale nett og nett-tenester. Målet med tilskottet er å sikre norsk tilgang til det nordiske samarbeidet om ein IKT-infrastruktur i verdsklasse.

Rapport for 2014

Kunnskapsdepartementet tildelte 27,4 mill. kroner til NORDUnet AS i 2014. NORDUnet AS har i dei siste åra gjennomført ei stor nettverksoppgradering, og nettverket er nå på internasjonalt toppnivå. Samarbeidet om NORDUnet AS gjer det mogleg for dei nordiske landa å påverke utforming av og teknologiske løysingar i det internasjonale akademiske nettet og å oppnå meir kostnadseffektive løysingar enn om kvart land skulle operert aleine.

Budsjettforslag for 2016

Kunnskapsdepartementet foreslår eit tilskott på 33,4 mill. kroner til NORDUnet AS.

Kap. 3280 Felles einingar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Eksterne inntekter NOKUT

444

10

10

02

Salsinntekter o.a.

976

1 287

1 318

Sum kap. 3280

1 420

1 297

1 328

Post 01

Løyvinga på post 01 gjeld eksterne inntekter NOKUT får i løpet av året, knytte til ulike prosjekt dei tek del i.

Post 02

Løyvinga på post 02 gjeld inntekter til NOKUT frå kurs og konferansar.

Kap. 281 Felles tiltak for universitet og høgskolar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

156 544

121 853

209 703

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

61 500

11 857

24 867

50

Tilskott til Noregs forskingsråd

101 849

135 731

167 846

70

Andre overføringar, kan nyttast under post 01

52 728

46 388

66 475

73

Tilskott til internasjonale program

77 687

67 148

73 351

78

Tilskott til Universitets- og høgskolerådet

15 755

16 275

17 247

Sum kap. 0281

466 063

399 252

559 489

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Posten omfattar midlar til ulike tiltak og prosjekt for å medverke til kvalitetsutvikling, samordning og andre fellestiltak på prioriterte område for å nå måla for universitets- og høgskolesektoren. Posten femner om dei fire måla for politikkområdet for høgre utdanning og forsking. Løyvinga kan nyttast under kap. 281 post 01 når midlane er til statlege aktørar, og under kap. 281 post 70 for tilskott til ikkje-statlege aktørar.

Mål for 2016

Midlane skal støtte opp under måla for universitets- og høgskolesektoren og prioriterte politikkområde.

Rapport for 2014

Kunnskapsdepartementet tildelte i 2014 til saman 210 mill. kroner over kap. 281 post 01 og post 70. Av desse vart om lag 157 mill. kroner utbetalte over post 01 og om lag 53 mill. kroner over post 70. Rapporteringa er gitt i høve til hovudsatsingsområda på posten for 2014: kvalitet i utdanning, internasjonalt samarbeid, maritim strategi, likestilling og andre tiltak.

Kvalitet i utdanning

Kunnskapsdepartementet tildelte i 2014 til saman 88 mill. kroner over kap. 281 post 01 til ulike tiltak for å fremme kvalitet i utdanning.

Ei hovudsatsing i 2014 var arbeidet med vidare utvikling av lærarutdanningar, og departementet tildelte 57,2 mill. kroner til ulike tiltak og prosessar i tilknyting til dette. Hovuddelen av midlane gjekk til arbeidet ved universitet og statlege høgskolar for å betre kompetanse og kapasitet for etter- og vidareutdanning for lærarar. Midlane er frå 2015 lagde inn i rammeløyvinga til institusjonane. Følgjegruppene for grunnskolelærarutdanningane og barnehagelærarutdanning vart òg førte vidare. Sjå kategoriomtalen.

I tillegg tildelte departementet 15,9 mill. kroner til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) for å koordinere og følgje opp ordninga med senter for framifrå utdanning. Sjå rapportering for NOKUT under kap. 280 post 01.

Departementet tildelte til saman 9,6 mill. kroner til realfags- og entreprenørtiltak mellom anna til Nasjonalt senter for realfagsrekruttering og Noregsuniversitetet. Sjå rapportering under kap. 280 post 51.

I tillegg tildelte departementet midlar til arbeidet med Studiebarometeret og læringsutbytteskildringar, utdanningskvalitetsprisen, talentutviklingsprogrammet ved Noregs musikkhøgskole, nasjonal rekrutteringsstrategi for samisk høgre utdanning og andre mindre tiltak.

Internasjonalt samarbeid

Departementet tildelte 8,3 mill. kroner til internasjonalt samarbeid, i hovudsak til tiltak forvalta gjennom Senter for internasjonalisering av utdanning. Sjå rapportering under kap. 280 post 50.

Maritim strategi

Departementet tildelte 18,5 mill. kroner til MARKOM2020-prosjektet i 2014. Midlane har lagt grunnlaget for å betre kvaliteten gjennom mellom anna eit styrkt samarbeid om læremidlar, undervisning og rekruttering. I 2014 starta arbeidet med å byggje ein nasjonal fellesgrad for forskarutdanning innanfor maritime operasjonar. Erfaringar med delprosjektet MARFAG2020 er at samarbeid har medverka til større samspill og effektivitet i fagskolane.

Likestilling

Departementet tildelte til saman 6,8 mill. kroner til utteljing i insentivordninga for tilsetjing av kvinner i høgre vitskaplege stillingar i MNT-fag og til likestillingsprisen, som vart tildelt Simula Research Laboratory.

Andre tiltak

Departementet tildelte i overkant av 36 mill. kroner over kap. 281 post 01 til andre tiltak for å medverke til å nå måla for sektoren.

Det omfatta til saman 14 mill. kroner til NOKUT til arbeidet med oppgradering av IKT-systemet og godkjenning av utanlandsk utdanning. Sjå rapportering under kap. 280 post 01.

Departementet gav i 2014 tilleggsløyvingar til CRIStin og Samordna opptak. Sjå rapportering under kap. 280 post 51.

Ein del av løyvinga i 2014 er tildelt oppdrag i samband med analysar og konsekvensutgreiingar, NOU-arbeid og ulike ekspertgrupper som er sette ned av regjeringa. Ekspertgruppa som har vurdert finansiering av universitet og høgskolar, la fram rapporten Finansiering for kvalitet, mangfold og samspill i januar 2015. Ekspertgruppa som har vurdert regelverket for tilsyn og kontroll med private høgskolar og fagskolar, la fram rapporten Private høyskoler og fagskoler i samfunnets tjeneste i desember 2014. Fagskoleutvalet leverte innstillinga Fagskolen – et attraktivt utdanningsvalg i desember 2014, og MOOC-utvalet leverte innstillinga MOOC til Norge. – Nye digitale læringsformer i høyere utdanning i juni 2014.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår ei samla løyving på 276,2 mill. kroner på kap. 281 post 01 og post 70 i 2016. Av desse foreslår departementet å løyve 209,7 mill. kroner over post 01 og 66,5 mill. kroner over post 70. Departementet foreslår ein auke samanlikna med 2015 mellom anna for å følgje opp ny femårig mastergrad i grunnskolelærarutdanninga, nye senter for framifrå utdanning og nasjonal nettskyteneste i sektoren. Departementet foreslår å flytte nokre midlar frå kap. 281 post 01 til andre kapittel og postar. Det gjeld midlar til høgre utdanningssamarbeid med Nord-Amerika som blir forvalta av Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) over kap. 280 post 50 og midlar til Felles studieadministrativt tenestesenter (FSAT) over kap. 280 post 51.

Departementet foreslår at løyvinga over post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3281 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Høg kvalitet i utdanning og forsking

Senter for framifrå utdanning (SFU) er eit viktig verkemiddel for å stimulere til kvalitetsutvikling i høgre utdanning. Etablering av fleire senter vil skape meir merksemd om kunnskapsbasert arbeid med kvalitet i utdanninga i fleire fagmiljø og institusjonar. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga til SFU-ordninga med 25 mill. kroner til om lag 45 mill. kroner i 2016 for å kunne opprette fleire senter.

Læraren er den viktigaste ressursen i skolen og avgjerande for god kvalitet i opplæringa. For å følgje opp Lærerløftet foreslår Kunnskapsdepartementet ei samla løyving på 38,8 mill. kroner over kap. 281 post 01. Sjå kap. 260 post 50 og omtale av Lærerløftet under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

I tillegg kjem midlar til å leggje til rette for nasjonale deleksamenar innanfor profesjonsutdanningar, herunder den nye grunnskolelærarutdanninga. Vidare foreslår departementet midlar til utdanningskvalitetsprisen, Studiebarometeret, følgjegruppa for barnehagelærarutdanninga og midlar til arbeid i regi av OECD, evalueringar av og oppdrag om utvikling av kvalitet i sektoren.

Forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

Kunnskapsdepartementet foreslår om lag 9 mill. kroner til ei ordning som legg til rette for at norske universitet og høgskolar kan etablere og vidareutvikle institusjonelle partnarskapar med institusjonar i utviklingsland. Programmet skal støtte institusjonelt samarbeid mellom norske institusjonar og institusjonar i sør, og studentmobilitet skal vere eit element i programmet. SIU skal forvalte programmet. Regjeringa foreslår å avvikle støtteordninga for studentar frå utviklingsland, land på Vest-Balkan, i Aust-Europa og i Sentral-Asia (kvoteordninga), jf. omtale under programkategori 07.80 Utdanningsstøtte. For regjeringa er det viktig at kvoteordninga blir erstatta av partnarskapsprogrammet for samarbeid med institusjonar i eit utval utviklingsland. Kunnskapsdepartementet vil derfor bruke om lag halvparten av midlane frå kvoteordninga til partnarskapsprogrammet for samarbeid med institusjonar i eit utval utviklingsland. Løyvinga til programmet vil auke etter kvart som kvoteordninga blir fasa ut, og vil etter kvart òg omfatte midlar frå Utanriksdepartementet.

Departementet foreslår at resten av midlane frå kvoteordninga, om lag 9 mill. kroner, vil bli brukt til tiltak under strategien for forskings- og høgre utdanningssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika, som vil gjelde for perioden 2016–20. I tillegg blir løyvinga til UTFORSK-programmet og andre internasjonaliseringstiltak foreslått ført vidare. Til saman utgjer det om lag 19 mill. kroner. Sjå nærmare omtale av samarbeidsstrategien under programkategori 07.70 Forsking.

Regjeringa ønskjer å styrkje den maritime utdanninga for å medverke til fleire høgt kvalifiserte kandidatar og til at norsk maritim næring hevdar seg i den internasjonale konkurransen. Kunnskapsdepartementet foreslår å auke løyvinga til MARKOM2020 med 20 mill. kroner til 38,5 mill. kroner. Sjå kap. 281 post 45 for forslag om midlar til utstyr i maritim høgre utdanning.

I tillegg foreslår departementet midlar til FSAT for å utvikle vidare ein nasjonal vitnemålsdatabank og midlar til analysar av og oppdrag om korleis forsking og utdanning møter behova for å fremme velferd, verdiskaping og omstilling.

God tilgang til utdanning

Departementet foreslår 13 mill. kroner til ulike tiltak for at flyktningar og andre innvandrarar som nyleg har komne til Noreg, skal kunne bruke kompetansen dei har til å kome raskt ut i arbeidslivet.

I tillegg foreslår departementet å løyve midlar for å stimulere til utvikling av Y-vegar innanfor fleire fagområde og å føre vidare stipendordninga under samarbeidsavtalen med Russland.

Effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor og forskingssystem

Departementet foreslår 7,8 mill. kroner til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) for å gjennomføre IKT-prosjektet som vart sett i gong i 2014. Departementet foreslår eingongsløyvingar til samlokaliseringsarbeida i FSAT og CRIStin, og i SIU. I tillegg foreslår departementet midlar for å føre vidare arbeidet med å integrere CRIStin-systemet med andre informasjonssystem og midlar til utgreiingar og oppdrag i samband med utvikling av ein effektiv og mangfaldig sektor.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Posten omfattar midlar til investeringar i utstyr og vedlikehald i sektoren.

Mål for 2016

Midlane skal medverke til gode fasilitetar og utstyr i universitets- og høgskolesektoren.

Rapport for 2014

Kunnskapsdepartementet tildelte 61,5 mill. kroner i 2014 over kap. 281 post 45.

Departementet tildelte 50 mill. kroner i ei eingongsløyving til vitskapleg utstyr til ingeniør- og teknologiutdanningane ved 16 universitet og høgskolar for å heve kvaliteten i utdanningane.

Departementet tildelte 7 mill. kroner til oppgradering av datasystemet ved Samordna opptak. Sjå rapportering under kap. 280 post 51.

Departementet tildelte NOKUT 4,5 mill. kroner til investering i nytt IKT-system over kap. 281 post 45, i tillegg til 9 mill. kroner over kap. 281 post 01. Sjå kap. 280 post 01.

Budsjettforslag for 2016

Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på 24,9 mill. kroner over kap. 281 post 45.

Auken i talet på studentar på mastergradsnivå i maritim utdanning gjer det nødvendig med ei auka satsing på utstyr. Departementet foreslår 15 mill. kroner i 2016 til utstyr i maritim profesjonsutdanning. Satsinga følgjer opp den maritime strategien til regjeringa. Sjå kap. 281 post 01 for forslag om ein auke i løyvinga til MARKOM2020.

Noregs idrettshøgskole må leige lokale til undervisning i samband med rehabilitering av bygningsmassen ved høgskolen. Departementet foreslår 4,9 mill. kroner i 2016 til Noregs idrettshøgskole til husleige av mellombelse lokale.

Departementet foreslår 3 mill. kroner til Noregs miljø- og biovitskaplege universitet til samfinansiering med Agri og Landbruks- og matdepartementet av nytt reiskapshus og silo.

Universitetet i Nordland har flytt inn i nybygg. Departementet foreslår 2 mill. kroner til innreiing og utstyr til universitetet i samband med flyttinga.

Post 50 Tilskott til Noregs forskingsråd

Posten omfattar strategiske midlar kanaliserte gjennom Noregs forskingsråd til ulike forskingsprogram og satsingar på og for universitets- og høgskolesektoren for å styrkje både kvalitet og kvantitet på forsking og forskarutdanning, mellom anna innanfor profesjons- og praksisretta utdanningar.

Mål for 2016

Tilskottet skal styrkje universitet og høgskolar som innovasjonsaktørar, gi meir og betre forsking i høgskolane og i profesjonsfaga, og fremme forsking ved universitetsmusea.

Rapport for 2014

Kunnskapsdepartementet tildelte 101,8 mill. kroner til ulike program gjennom Noregs forskingsråd over kap. 281 post 50 i 2014.

Departementet tildelte 13 mill. kroner til FORNY2020 i 2014. Programmet er ei viktig kjelde til finansiering av verksemda ved norske kommersialiseringsaktørar, særskilt TTO-ane (Technology Transfer Office) ved universiteta. I 2014 kom det inn 740 kvalifiserte idear frå forskingsmiljøa til TTO-ane. Det er ei utfordring at TTO-ane har større tilfang på forretningsidear og prosjekt enn dei har ressursar til å følgje opp. Sjå Prop. 1 S (2015–2016) frå Nærings- og fiskeridepartementet for meir informasjon om FORNY2020.

Strategiske høgskoleprosjekt (SHP) vart tildelt 40 mill. kroner i 2014. Programmet har auka merksemda på FoU og har styrkt forskingskvaliteten og forskingskompetansen ved høgskolane. Programmet har òg stimulert til betre samspel mellom forskingsmiljøa på høgskolane og næringsliv og offentleg sektor. Innanfor SHP vart det utført 23 stipendiatårsverk og avlagt fire doktorgradar i 2014. Inneverande programperiode er 2012–17.

Kunnskapsdepartementet finansierte forskingsprogramma Praksisretta utdanningsforsking og Utdanning2020 med høvesvis 8 mill. kroner og 7,5 mill. kroner over kap. 281 post 50 i 2014. Dei to programma vart slåtte saman til eitt program for forsking og innovasjon i utdanningssektoren, FINNUT, for perioden 2014–23. FINNUT har lyst ut og gitt løyving til 16 forskarprosjekt, åtte kompetanseprosjekt og tolv forprosjekt til innovasjonsprosjekt i 2014. Det er registrert 19,2 stipendiatårsverk.

Kunnskapsdepartementet tildelte 5 mill. kroner til Nasjonal forskarskole for lærarutdanning (NAFOL) i 2014. Programmet har medverka til å auke rekrutteringa og styrkje kvaliteten på forskarutdanninga innanfor lærarutdanningane. Frå og med 2016 blir NAFOL finansiert gjennom FINNUT.

Strategisk FoU-program for universitetsmusea vart tildelt 5,8 mill. kroner i 2014. Midlane har gått til tre prosjekt: arkeologi (forsking i fellesskap), forskarskole i biosystematikk og museumsvitskap/museologi. Prosjekta har ført til meir fagleg samarbeid om forsking, mellom anna gjennom tilslag på fleire eksternt finansierte forskingsprosjekt og styrkt rekruttering. Programmet blir avslutta i 2015 med utstillingar ved alle musea under den felles tittelen Kolonisering.

Verkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI) vart tildelt 3 mill. kroner frå departementet i 2014. VRI har medverka til å styrkje dialogen mellom FoU-miljø, næringsliv og fylkeskommunane. Programmet har finansiert 15 regionale samhandlingsprosjekt, seks innovasjonsforskings- og synteseprosjekt og ein forskarskole (Norwegian Research School in Innovation) i 2014. VRI er nå inne i siste periode, VRI3 (2014–16), der prosjekta er færre og større.

Kunnskapsdepartementet tildelte 2 mill. kroner til kunnskapsgrunnlaget for forskings- og innovasjonspolitikken (FORFI) i 2014. Det er innrapportert i alt 22 publiserte artiklar i periodika, seriar og antologiar, samt ein monologi. Programmet hadde avslutningskonferanse i februar 2015. Sjå programkategori 07.70 Forsking.

PRAKSISVEL vart tildelt 9,8 mill. kroner frå departementet i 2014 for å styrkje grunnlaget for kunnskapsbasert utdanning og yrkesutøving i helse- og velferdstenestene. Programmet har vore finansiert av fleire departement. Det vart tildelt midlar til ni forprosjekt og fire forskarprosjekt. Satsinga har ført til ei styrking av praksisretta FoU innanfor helse- og sosialfaga. Programmet går inn i ei større satsing (HELSEVEL) frå 2015.

Departementet tildelte 7,8 mill. kroner til 50 nye rekrutteringsstillingar i ordninga for nærings-ph.d. og ei tilsvarande ordning for offentleg sektor-ph.d. I ordninga for nærings-ph.d. var det i 2014 totalt 174 aktive prosjekt, og det vart avlagt 19 doktorgradar. Sjå Prop. 1 S (2014–2015) frå Nærings- og fiskeridepartementet. Ordninga for offentleg sektor-ph.d. hadde første utlysing i 2014, og det vart tildelt midlar til 24 prosjekt.

Budsjettforslag for 2016

Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på 167,8 mill. kroner over kap. 281 post 50.

Departementet foreslår midlar til vidareføring av SHP, VRI, FORFI, FINNUT, HELSEVEL og forskarskolane i arkeologi og biosystematikk ved universitetsmusea.

Verkemiddelapparatet for kommersialisering av offentleg finansiert forsking, særleg TTO-ane, har behov for betre finansielle rammer for prosjekt- og infrastrukturutvikling. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga til FORNY2020 med 15 mill. kroner for å styrkje finansieringa av kommersialisering av offentleg finansiert forsking.

Kunnskapsdepartementet ønskjer ei ordning der forskingsinstitutta kan søkje om midlar i Noregs forskingsråd til fusjonar og tettare samarbeid mellom institusjonar i institutt-, universitets- og høgskolesektoren og innanfor instituttsektoren. Departementet foreslår 10 mill. kroner til ordninga, som vil bli forvalta av Noregs forskingsråd. Sjå kap. 260 post 50 og kap. 281 post 70.

Som del av langtidsplanen for forsking og høgre utdanning, Meld. St. 7 (2014–2015), foreslår Kunnskapsdepartementet 7,8 mill. kroner til 40 rekrutteringsstillingar til ordningane for nærings-ph.d. og offentleg sektor-ph.d. over kap. 281 post 50. Midlane til halvparten av desse rekrutteringsstillingane blir fasa ut etter ein stipendiatperiode. Sjå kap. 260 og programkateogri 07.70 Forsking.

Post 70 Andre overføringar, kan nyttast under post 01

Midlar over kap. 281 post 01 kan vere retta mot statlege og ikkje-statlege aktørar. Løyvinga blir nytta under kap. 281 post 70 når det er tilskott til ikkje-statlege aktørar. Sjå kap. 281 post 01 for omtale av mål for 2016.

Rapport for 2014

Kunnskapsdepartementet tildelte i 2014 til saman 52,7 mill. kroner over kap. 281 post 70. Rapporteringa er gitt i høve til hovudsatsingsområda for 2014: kvalitet i utdanning, internasjonalt samarbeid, likestilling og andre tiltak.

Kvalitet i utdanning

UHR vart tildelt 2 mill. kroner til arbeid med nasjonale retningslinjer for lærarutdanningane ved Nasjonalt råd for lærarutdanning og til saman 5 mill. kroner for å følgje opp Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd. Midlane har gått til å koordinere eit nasjonalt arbeid for å auke kvaliteten på og styrkje relevansen av dei eksterne praksisstudia i helse- og sosialfagutdanningane og utvikle innhaldet i utdanningane. Sjå kap. 281 post 78.

Departementet tildelte 1 mill. kroner til NLA Høgskolen i samband med utvikling av etter- og vidareutdanning for lærarar. Sjå rapportering om tilsvarande tiltak under kap. 281 post 01.

Internasjonalt samarbeid

Tilskottet til International Council for Open and Distance Education (ICDE) vart i 2014 ført vidare med 2,4 mill. kroner. ICDE har fått auka medlemsmasse i 2014. Midlane har medverka til å styrkje det internasjonale arbeidet innanfor fjernundervisning og fleksibel læring.

Likestilling

Departementet tildelte 2,7 mill. kroner til Komité for kjønnsbalanse og mangfold i forskning. Komiteen har brukt det første året til å utvikle og operasjonalisere ein strategi for arbeidet i hele komitéperioden 2014–17. Komiteen har arbeidd særskilt med etnisk mangfald i høgre utdanning og forsking.

Andre tiltak

Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) ved Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste AS er ei sentral informasjonskjelde til og om sektoren. I 2014 var driftstilskottet til DBH på 15,1 mill. kroner.

UNINETT fekk tildelt 15 mill. kroner for å føre vidare arbeidet med oppgradering av nettinfrastrukturen i sektoren gjennom eCampus. Sjå kap. 280 post 72.

Departementet utbetalte 6,25 mill. kroner i 2014 til Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) for arbeidet i det strategiske forskingsprogrammet for perioden 2013–14. Kvalitet og samspel var det sentrale temaet i analysane i 2014.

Departementet gav til saman 1,3 mill. kroner i tilskott til NIFU i 2014 for arbeidet med kandidatundersøkinga. Undersøkinga gir kunnskap om overgangen frå utdanning til arbeidsliv og vurderinga kandidatane har av utdanningane.

Publiseringsutvalet, som Universitets- og høgskolerådet (UHR) har etablert på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, har fagleg ansvar for utvikling og fagleg drift av System for dokumentasjon av vitskapleg publisering. Departementet tildelte 1,7 mill. kroner til arbeidet i 2014.

Departementet tildelte UHR 250 000 kroner til oppretting av eit fagstrategisk organ for samisk høgre utdanning og forsking i 2014. Dette er ei oppfølging av rapporten Langs lange spor – om samisk forskning og høyere utdanning, som vart overlevert Kunnskapsdepartementet i 2012.

Budsjettforslag for 2016

Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på 66,5 mill. kroner over kap. 281 post 70 i 2016. Tiltaka er kategoriserte etter dei fire måla for politikkområdet for høgre utdanning og forsking.

Departementet foreslår å flytte 500 000 kroner frå kap. 281 post 70 til kap. 281 post 78 i samband med at midlar til eit fagstrategisk organ for samisk høgre utdanning og forsking blir lagte inn i budsjettramma til UHR. Sjå kap. 281 post 78.

Høg kvalitet i utdanning og forsking

Departementet vil i samband med Lærerløftet vurdere prosessar for å utvikle og fastsetje nye nasjonale retningslinjer for lærarutdanningane, som til dømes den nye grunnskolelærarutdanninga. Som del av arbeidet foreslår departementet å føre vidare tilskottet på 2 mill. kroner til UHR for å halde fram med arbeidet med nasjonale retningslinjer for lærarutdanningane.

Departementet foreslår 2,1 mill. kroner i 2016 til Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) for å gjennomføre den årlege kandidatundersøkinga.

Departementet foreslår i tillegg midlar til andre tiltak for å medverke til høg kvalitet i utdanning og forsking.

God tilgang til utdanning

Departementet foreslår å føre vidare tilskottet til International Council for Open and Distance Education (ICDE) med 2,55 mill. kroner for å følgje opp forpliktingar i samband med det internasjonale arbeidet innanfor fjernundervisning og fleksibel læring.

Det har vore lagt til grunn eit tilskott frå Kunnskapsdepartementet til UNINETT for utvikling av eCampus på til saman 70 mill. kroner i perioden 2011–16. I tråd med dette foreslår departementet eit tilskott på 9,5 mill. kroner til UNINETT til dette arbeidet i 2016.

Som oppfølging av revidert nasjonalbudsjett for 2015 foreslår departementet å flytte tilskottet til Høgskolesenteret i Kristiansund frå budsjettramme til Høgskolen i Molde, vitskapleg høgskole i logistikk, til høgskolesenteret, jf. Innst. 360 S (2014-2015). Dette inneber ein auke på 4,24 mill. kroner på kap. 281 post 70 mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 260 post 50.

Effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor og forskingssystem

I samband med strukturreforma er det behov for å utvikle sikre løysingar for nettskyteneste for universitets- og høgskolesektoren og etablere felles systemløysingar og digitale brukartenester der dette ikkje allereie er på plass. Departementet foreslår eit tilskott til UNINETT på totalt 15 mill. kroner for å etablere ei felles nasjonal nettskyteneste og til tiltak for betre administrative tenester for sektoren. Sjå kap. 260 post 50 og kap. 281 post 50.

Departementet foreslår eit tilskott på 17,2 mill. kroner til Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste, som forvaltar DBH.

Tilskottet til Komité for kjønnsbalanse og mangfold i forskning vart auka og samla på éin post i 2015. Departementet foreslår å føre vidare tilskottet på 5 mill. kroner til UHR for arbeidet til komiteen.

Kunnskapsdepartementet foreslår eit tilskott på 1,75 mill. kroner til arbeidet i Publiseringsutvalet i regi av UHR.

Post 73 Tilskott til internasjonale program

Posten omfattar tilskott til den nordiske avtalen om tilgang til høgre utdanning.

Mål for 2016

Målet er å auke det internasjonale samarbeidet i høgre utdanning gjennom ein nordisk avtale om tilgang til høgre utdanning.

Rapport for 2014

Samla vart det tildelt om lag 77,7 mill. kroner over posten i 2014. 64,7 mill. kroner vart i 2014 tildelt Nordisk ministerråd for avtalen om gjensidig tilgang til høgre utdanning på tvers av dei nordiske landa. Avtalen sikrar at norske søkjarar til høgre utdanning i andre nordiske land blir handsama likt med nasjonale søkjarar ved opptak. Det same gjeld andre nordiske statsborgarar som søkjer opptak til høgre utdanning i Noreg. Avtalen vart frå 2013 forlengd med tre år. Det er vedteke at avtalen blir forlengd inntil vidare. I studieåret 2013–14 studerte 3 513 norske studentar i andre nordiske land, noko færre enn året før. I det same studieåret var det totalt 982 studentar frå nordiske land i Noreg, ein auke frå året før.

13 mill. kroner over kap. 281 post 73 gjekk i 2014 til å betale delar av det beløpet som er igjen knytt til deltaking i EUs utdanningsprogram Erasmus Mundus. Erasmus Mundus har mellom anna ført til vekst i talet på internasjonale fellesgradar i Noreg. Institusjonane som har teke del i programmet, vurderer at fellesgradane har medverka til å betre den faglege utdanningskvaliteten og omdømmet til norsk høgre utdanning.

Frå 2014 tek Noreg del i EUs utdannings- og ungdomsprogram Erasmus+, som slår saman og byggjer på EUs program for livslang læring (LLP), Aktiv Ungdom og Erasmus Mundus. Midlar til prosjekt som allereie er i gang under Erasmus Mundus, vart frå 2015 løyvde over kap. 252 post 70 under programkategori 07.50 Vaksenopplæring m.m.

Budsjettforslag for 2016

Kunnskapsdepartementet foreslår 73,4 mill. kroner til den nordiske avtalen om tilgang til høgre utdanning.

Post 78 Tilskott til Universitets- og høgskolerådet

Posten omfattar driftstilskott til Universitets- og høgskolerådet (UHR) og til aktivitet som er koordinert gjennom rådet, inkludert tilskott til utgiving av lærebøker.

Mål for 2016

UHR skal fremme samordning mellom universitet og høgskolar innanfor høgre utdanning, forsking, formidling og ressursforvaltning.

Rapport for 2014

Kunnskapsdepartementet tildelte 15,8 mill. kroner til UHR i 2014 over kap. 281 post 78. Dette inkluderer 5,1 mill. kroner til støtte for utgiving av norskspråklege lærebøker for høgre utdanning. Kunnskapsdepartementet gav i tillegg tilskott til UHR over kap. 281 post 70 til koordinering og prosjekt innanfor lærarutdanning, helse- og sosialfagutdanningane, publiseringsutvalet og oppfølging av samisk høgre utdanning og forsking. Sjå kap. 281 post 70.

I 2014 vart Nasjonal fagstrategisk eining for helse- og sosialutdanningane etablert, og i tillegg vart faga organiserte i 14 nasjonale profesjonsråd. Det er etablert tre nasjonale samarbeidsorgan mellom universitets- og høgskolesektoren, helsesektoren, barnevernet og arbeids- og velferdstenestene. Formålet med samarbeidsorgana er å vere ein møteplass for å drøfte felles problemstillingar innanfor utdanning og forsking. UHR har i 2014 arrangert seminar og fellesmøte for sektoren, noko som har vore gode møteplassar for erfaringsutveksling for aktuelle fag og problemstillingar.

Tilskottet til UHR har vore med på å fremme koordinering og samordning mellom universitet og høgskolar innanfor høgre utdanning, forsking, formidling og ressursforvaltning.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår ei samla løyving på 17,2 mill. kroner. Beløpet omfattar 5,5 mill. kroner til støtte for utgiving av norskspråklege lærebøker for høgre utdanning.

UHR har fått midlar til oppretting av eit fagstrategisk organ for samisk høgre utdanning og forsking over kap. 281 post 70. Ettersom dette er ei varig oppgåve, foreslår Kunnskapsdepartementet å flytte midlane inn i budsjettramma til UHR. Departementet foreslår derfor å flytte 500 000 kroner til kap. 281 post 78 mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 281 post 70.

Kap. 3281 Felles tiltak for universitet og høgskolar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

02

Salsinntekter o.a.

10

10

Sum kap. 3281

10

10

Programkategori 07.70 Forsking

Utgifter under programkategori 07.70 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

283

Meteorologiformål

360 478

379 191

434 086

14,5

284

Dei nasjonale forskingsetiske komitéane

17 871

18 132

17 025

-6,1

285

Noregs forskingsråd

2 986 629

3 259 895

3 614 730

10,9

287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

501 508

498 155

518 833

4,2

288

Internasjonale samarbeidstiltak

1 845 653

2 348 719

2 695 185

14,8

Sum kategori 07.70

5 712 139

6 504 092

7 279 859

11,9

Inntekter under programkategori 07.70 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

3287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

219 022

6 000 000

-100,0

3288

Internasjonale samarbeidstiltak

4 717

4 599

5 578

21,3

Sum kategori 07.70

223 739

6 004 599

5 578

-99,9

Innleiing

Kunnskapsdepartementet har sett fire mål for forsking og høgre utdanning, jf. figur 1.2. Mål for Kunnskapsdepartementet. Programkategori 07.70 omhandlar forsking, og korleis løyvingane under denne kategorien bidrar til måla for Kunnskapsdepartementet. Tre av måla til departementet er relevante for løyvingane under denne programkategorien:

  • høg kvalitet i utdanning og forsking

  • forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

  • effektiv, mangfaldig og robust høgre utdanningssektor og forskingssystem

Størstedelen av programkategorien omfattar løyvingar til forsking gjennom Noregs forskingsråd. Forskingsrådet speler ei sentral rolle i det norske forskingssystemet. Løyvingane til Forskingsrådet over denne programkategorien utgjer i underkant av 40 pst. av dei samla løyvingane frå departementa til Forskingsrådet. Løyvingane finansierer i hovudsak langsiktig, grunnleggjande forsking, strategiske satsingar og forskingsinfrastruktur. Grunnløyvinga til universitet og høgskolar dekkjer òg forsking og forskarutdanning. Dette er nærmare omtalt under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning. Norsk samarbeid med EU om forsking og innovasjon og norsk deltaking i internasjonale grunnforskingsorganisasjonar blir òg finansierte innanfor programkategori 07.70. Programkategorien omfattar også basisløyvingar til dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta, løyvingar til dei regionale forskingsfonda, dei nasjonale forskingsetiske komiteane og Meteorologisk institutt.

Regjeringa la i fjor fram ein langtidsplan for forsking og høgre utdanning, Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024. Måla og prioriteringane i langtidsplanen er konsistente med målbileta i tidlegare forskingsmeldingar, men er òg ei utdjuping og ei sterkare prioritering av kva for område regjeringa vil styrkje innsatsen på. Status for langtidsplanen er nærmare omtalt i del III kap. 5 Oppfølging av langtidsplanen for forsking og høgre utdanning.

Tilstandsvurdering

Tilstandsvurderinga er strukturert etter måla for Kunnskapsdepartementet.

Mål: Høg kvalitet i utdanning og forsking

Høg kvalitet i forskinga er eit sentralt mål i forskingspolitikken. I dei siste åra har fleire rapportar og evalueringar av det norske forskingssystemet konkludert med at norsk forsking gjennomgåande er god, men ho kan bli betre. Vi har òg for få fagmiljø som hevdar seg i verdstoppen. I tillegg til ei gjennomgåande satsing på kvalitet i forsking og høgre utdanning prioriterer derfor regjeringa ei eiga satsing på verdsleiande fagmiljø.

Midlane under denne programkategorien som skal bidra til høg kvalitet i forskinga, er i hovudsak midlar til deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid, langsiktig grunnleggjande forsking, strategiske satsingar på prioriterte område, investeringar i forskingsinfrastruktur og senterordningar. Midlar til høg kvalitet i utdanninga og andre verkemiddel for kvalitet blir omtalte under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid, til dømes EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020, er viktig for å betre kvaliteten på norsk forsking. Norske forskarar deltek på lik linje med forskarar frå EU i Horisont 2020. Vi har nokre fagmiljø som lykkast godt på den europeiske konkurransearenaen, til dømes innanfor klima- og miljøområdet, tryggleiksforsking, energiforsking og mat. Det er likevel for få som nyttar dei moglegheitene som ligg i rammeprogrammet. Det er eit mål for regjeringa å stimulere til høgre norsk deltaking i Horisont 2020.

Det europeiske forskingsrådet (ERC) og mobilitetsprogrammet Marie Skłodowska-Curie Actions (MSCA) løyver midlar til forskarar og framifrå forsking uavhengig av tema eller fagfelt. Det er særs sterk konkurranse om midlane i ERC, og støtte frå ERC er eit kvalitetsstempel for både forskarane som får midlar, og for den institusjonen forskarane høyrer til. Samanlikna med Sverige, Danmark og Finland har Noreg svak deltaking i ERC. Norsk deltaking i MSCA under sjette og sjuande rammeprogram har òg vore låg.

Regjeringa har høge ambisjonar for norsk deltaking i Horisont 2020, jf. strategi for samarbeidet med EU om forsking og innovasjon. Ambisjonen er at Noreg skal hente heim to pst. av midlane som blir lyste ut i programmet. Dei siste tala syner at Noreg no har ein returdel på 1,86 pst. (per juli 2015). I Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024 la regjeringa fram ein opptrappingsplan for stimuleringsordningar som skal få norske fagmiljø til å vinne fram i Horisont 2020. I langtidsplanen lova regjeringa å auke løyvingane til slike stimuleringsordningar med 400 mill. kroner innan 2018. I budsjettet for 2015 vart løyvingane til stimuleringsordningar auka med 115 mill. kroner.

For å betre kvaliteten på norsk forsking og høgre utdanning er det òg avgjerande å styrkje kontakten med strategisk viktige land utanfor EU. Dette gjeld både etablerte kunnskapsnasjonar som USA og Japan, og land som Kina, India og Brasil, som står for ein stadig større del av verdas kunnskapsproduksjon. Eit systematisk og langsiktig samarbeid med desse landa er eit viktig supplement til deltakinga i samarbeidet med EU i arbeidet med å utvikle fleire framifrå fagmiljø i Noreg.

Kunnskapsdepartementet har eit særleg ansvar for å støtte langsiktig, grunnleggjande forsking. Fri prosjektstøtte (FRIPRO) er det største verkemiddelet for langsiktig, grunnleggjande forsking som Kunnskapsdepartementet finansierer gjennom Forskingsrådet. Ordninga er finansiert av Kunnskapsdepartementet aleine, og er ein open, nasjonal konkurransearena. Målet er å få fram forsking av høg vitskapleg kvalitet ved å finansiere dei beste forskingsprosjekta og bidra til grunnleggjande teori- og metodeutvikling og vitskapleg fornying av faga. Evalueringa av FRIPRO frå 2012 konkluderte med at ordninga innfrir målet om å støtte forsking av høg kvalitet, men at det er få dristige prosjekt på nye område som får støtte. For å bøte på dette vedtok Forskingsrådet i 2013 mellom anna nye målformuleringar med sterkare vektlegging av dristigheit og fagleg fornying og oppretta ein ny søknadstype for unge forskartalent og eit mobilitetsstipend. Gjennom utlysingane i Unge forskartalent har til no meir enn 100 unge forskarar fått finansiering til å prøve ut sine eigne idear og få røynsle med å leie eigne forskargrupper. Mobilitetsstipendet vart lyst ut første gong i 2014. Stipendet er medfinansiert frå EU gjennom Marie Skłodowska-Curie Actions. Så langt har 14 unge forskarar fått moglegheit til å opphalde seg i to år utanlands hjå framifrå forskingsmiljø. Stipendet inkluderer eit år i Noreg.

Den nasjonale satsinga på infrastruktur er sentral i arbeidet med å sikre høg kvalitet i forskinga. Investeringane i infrastruktur og i norsk deltaking i internasjonalt infrastruktursamarbeid skal styrkje kvaliteten på og auke effektiviteten i norsk forsking. I april 2014 lanserte Forskingsrådet eit oppdatert norsk vegkart for forskingsinfrastruktur. Vegkartet blir oppdatert etter kvar større utlysing og gir ei oversikt over investeringsklare, kvalitetssikra forskingsinfrastrukturprosjekt, over nasjonal infrastruktur som er under etablering eller i drift, og over norsk deltaking i prosjekt på det europeiske vegkartet for forskingsinfrastruktur, ESFRI Roadmap. Til saman har norske fagmiljø delteke i den førebuande fasen av om lag halvparten av forskingsinfrastrukturprosjekta på ESFRIs vegkart, og fleire av dei er sentrale for forsking på store samfunnsutfordringar som helse, klima og miljø, hav og energi. EU har oppretta ei eiga organisasjonsform til bruk for felles europeiske forskingsinfrastrukturar, ERIC (European Research Infrastructure Consortium). ERIC-forordninga er våren 2015 teke inn i EØS-avtalen, slik at Noreg kan delta fullt ut i desse samarbeida. Forslag til lov om bruk av ERIC-forma i Noreg vart lagd fram for Stortinget hausten 2015. Forskingsrådet tek sikte på å leggje fram ei ny oppdatering av det nasjonale vegkartet før årsskiftet.

Senterordningane senter for framifrå forsking (SFF) og senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) bidrar til høg kvalitet gjennom langsiktig finansiering av framifrå forskingsmiljø. SFF-ordninga er det fremste verkemiddelet i Forskingsrådet for å støtte verdsleiande fagmiljø. Langsiktig finansiering i inntil ti år (to påfølgjande femårsperiodar) gir forskingsmiljøa rom for konsentrert og langsiktig forskingsinnsats. Til saman er det 21 aktive senter for framifrå forsking (SFF) i Noreg. SFI-ordninga skal fremme innovasjon gjennom ei satsing på langsiktig forsking i nært samarbeid mellom FoU-aktive bedrifter og framifrå forskingsmiljø. SFI-senter kan få støtte i maksimalt fem pluss tre år. Dei 14 første SFI-sentera som vart oppretta i 2006, blir avvikla i 2015. 17 nye SFI-senter blir starta opp i 2015. Dei kjem i tillegg til sju senter som vart starta opp i 2010. Desse sju sentera vart midtvegsevaluerte våren 2015. Forskingsrådet forvaltar òg ordninga med forskingssenter for miljøvennleg energi (FME). Ordninga er hovudsakleg finansiert over budsjettet til Olje- og energidepartementet. FME-ane skal drive konsentrert og langsiktig forsking på høgt internasjonalt nivå for å møte utfordringar på miljø- og energiområdet. Senterordningane medverkar til fornying, auka kvalitet og mindre fragmentering av det norske forskingssystemet.

Norsk klimaforsking er i verdstoppen, og norske forskarar speler mellom anna ei sentral rolle i klimapanelet til FN. Ved siste hovudrapport frå klimapanelet deltok heile 18 forskarar og ekspertar frå Noreg. Noreg er òg verdsleiande mellom anna når det gjeld forsking på miljøvennleg havbruk, utnytting og forvaltning av marine ressursar, mattryggleik og dyrehelse. Dei gode forskingsmiljøa gir Noreg eit konkurransefortrinn på desse områda, og her gjer vi det bra i EUs rammeprogram. Forskingsarbeidet ved Meteorologisk institutt står også sterkt innanfor klimaområdet.

Alt i alt meiner regjeringa at tilstanden i norsk forsking er god, og at utviklinga er positiv. Kvaliteten på norsk forsking er gjennomgåande god, men det er framleis eit mål å auke kvaliteten i breidda. Ei av prioriteringane i Meld. St. 7 (2014–2015) er verdsleiande fagmiljø. Noreg har nokre miljø som hevdar seg i toppen, men målet er at fleire norske fagmiljø skal bli verdsleiande. Det har vorte arbeidd målretta med å utvikle dei store verkemidla i Forskingsrådet, som Fri prosjektstøtte og senterordningane. Dette arbeidet må halde fram dersom vi skal lykkast med å utvikle fleire framifrå forskingsmiljø.

Mål: Forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

Noreg står overfor store omstillingsutfordringar. Det må bli meir lønnsamt å investere i norske arbeidsplassar, og vi må bli betre til å skape nytt. For å vere førebudd på desse utfordringane er det viktig med langsiktige satsingar på kunnskap og kompetanse som medverkar til å styrkje næringslivet, som gir betre offentlege tenester og høgre produktivitet. I langtidsplanen for forsking og høgre utdanning har regjeringa sett tre overordna mål: å styrkje konkurransekraft og innovasjonsevne, møte store samfunnsutfordringar og utvikle framifrå fagmiljø. Regjeringa legg til grunn at kunnskap og kompetanse er viktige konkurransefaktorar for norsk økonomi, og at dei medverkar til å forstå samfunnsutfordringane og korleis vi kan møte desse på best mogleg måte. I likskap med andre land har Noreg utfordringar knytte til demografisk utvikling, klimaendringar, verdiskaping, nye sjukdommar og sikker tilgang til mat. Innrettinga på investeringar i forsking og utdanning er viktig for at Noreg skal kunne halde oppe eit høgt nivå på inntekter og levestandard, og for at vi møter dei store samfunnsutfordringane på ein måte som skaper moglegheiter og som gir grobotn for vekst.

Næringsutvikling og omstilling skjer på initiativ frå verksemdene, men kunnskap som er utvikla ved forskingsinstitusjonar, kan spele ei viktig rolle. Forskingsinstitutta utfører om lag ein firedel av forskinga i Noreg, og er viktige for å bringe fram kunnskap for privat og offentleg sektor. Forskingsinstitutta skårar godt både i nasjonale program og i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon.

Dei fleste av dei målretta forskingsprogramma for verdiskaping, velferd og omstilling blir finansierte over budsjetta til andre departement. Under programkategori 07.70 er senterordningane og dei store programma i Forskingsrådet som blir finansierte av Kunnskapsdepartementet, relevante for dette målet. Løyvinga til EUs rammeprogram er òg eit viktig bidrag til å nå denne målsetjinga. Innovasjon, verdiskaping og å møte store samfunnsutfordringar er viktige mål i Horisont 2020, og norsk deltaking i EU-samarbeidet kan vere eit viktig bidrag til at vi når måla våre på området. Resultata frå dei første utlysingane i Horisont 2020 syner at norske fagmiljø har høg utteljing innanfor program som er retta inn mot å møte samfunnsutfordringane, som til dømes tryggleiksforsking, energiforsking og miljø- og klimaforsking, men har låg deltaking innanfor helseforskingsprogrammet.

Dei store programma i Forskingsrådet er breie, langsiktige satsingar som er viktige for framtidig verdiskaping og for omstilling i næringslivet spesielt og i samfunnet generelt. For eksempel er satsingane på teknologiområda IKT, nanoteknologi og bioteknologi sentrale i utviklinga av tenester, produkt og løysingar på viktige samfunnsområde. Dei ulike senterordningane som Forskingsrådet finansierer, har ei heilskapleg tilnærming som bidrar til fornying og omstilling. Senter for forskingsdriven innovasjon er ei ordning som mellom anna finansierer mykje næringsrelevant forsking. SFI-ordninga styrkjer innovasjon gjennom satsing på langsiktig forsking i nært samarbeid mellom FoU-aktive verksemder og framifrå forskingsmiljø. Kunnskapsdepartementet finansierer òg eit eige program under denne kategorien for å styrkje kunnskapsgrunnlaget for forskings- og innovasjonspolitikken.

Dei regionale forskingsfonda skal supplere dei nasjonale forskings- og utviklingsverkemidla og styrkje regional forsking og forskingsbasert innovasjon.

Mål: Effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor og forskingssystem

Noreg har i all hovudsak eit godt utvikla forskingssystem, men det er behov for å utvikle verkemiddel som bidrar til meir konkurransedyktige og robuste fagmiljø. Forskingsrådet har ei sentral rolle i det norske forskingssystemet. Kunnskapsdepartementet har etatsstyringsansvar for Forskingsrådet og ansvar for at rådet når dei måla som er sette for heile verksemda.

Eit effektivt, mangfaldig og solid forskingssystem er ein viktig føresetnad for å nå måla om høg kvalitet i forskinga, og forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling. Midlane som blir løyvde over denne programkategorien, skal nyttast effektivt og til beste for samfunnet. Det skal vere tilstrekkeleg forskingskapasitet i heile landet, gode system for kunnskapsoverføring og -deling, mangfald og høg etisk standard i forskinga.

Løyvingane gjennom Noregs forskingsråd og kontingenten til EUs rammeprogram bidrar til eit effektivt, mangfaldig og solid forskingssystem. Løyvingane til dei forskingsetiske komiteane bidrar til eit solid forskingssystem. Forskingsinstitutta speler òg ei viktig rolle for å sikre eit mangfaldig og solid forskingssystem. For omtale av ein effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor, sjå programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Om lag ein firedel av dei offentlege midlane til forsking går gjennom Forskingsrådet. Desse midlane er med på å strukturere og utvikle det norske forskingssystemet. God styring av Forskingsrådet er derfor sentralt for å sikre eit effektivt forskingssystem. Riksrevisjonens forvaltningsrevisjon av Kunnskapsdepartementets koordinering av forskingspolitikken (2013) og evalueringa av Forskingsrådet (Technopolis 2012) understreka behovet for å styrkje koordineringa av forskingspolitikken. Kunnskapsdepartementet, i samarbeid med departementa og Forskingsrådet, utviklar eit nytt styringssystem for Forskingsrådet. Element i det nye styringssystemet er tekne i bruk i styringa av Forskingsrådet frå 2015, sjå nærmare omtale under kap. 285.

Den nasjonale ordninga for forskingsinfrastruktur er eit av dei viktigaste verkemidla i Forskingsrådet for å sikre eit effektivt, mangfaldig og solid forskingssystem (sjå omtale av forskingsinfrastruktur under målet Høg kvalitet i utdanning og forsking).

Open tilgang til forskingsresultat bidrar òg til eit effektivt forskingssystem. Open tilgang til vitskaplege artiklar inneber at lesarane fritt kan lese dei på Internett. Current Research Information System in Norway (CRIStin) har det nasjonale hovudansvaret for å drive fram og koordinere arbeidet med open tilgang til vitskaplege artiklar. Sjå òg omtale under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning. Forskingsrådet har òg ei viktig rolle i å sikre open tilgang. Mellom anna krev Forskingsrådet at alle vitskaplege artiklar som er resultat av forsking som heilt eller delvis er finansiert av Forskingsrådet, skal vere ope tilgjengelege. Dette har òg høg prioritet i EUs forskingssamarbeid, mellom anna i Horisont 2020.

Kunnskap frå offentlege forskingsinstitusjonar blir også overført gjennom kommersialiseringsaktivitetar som patentering og etablering av føretak baserte på forskinga. Forskningsbarometeret 2015 viser at det er ein ikkje ubetydeleg kommersialiseringsaktivitet ved norske universitet, høgskolar og forskingsinstitutt, og at aktiviteten har auka i dei siste åra. Samanlikna med andre land har vi framleis mykje å gå på, særleg når det gjeld patentering.

Deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid er ein viktig føresetnad for eit effektivt, mangfaldig og solid forskingssystem. Norsk deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020, er eit særleg viktig bidrag. Kunnskapsdepartementet løyver årleg midlar til norsk deltaking i rammeprogrammet, og strategien for Noregs forskings- og innovasjonssamarbeid med EU legg til rette for at norske forskarar skal samarbeide og konkurrere internasjonalt. Kunnskapsdepartementet finansierer òg tiltak for å styrkje samarbeidet med strategisk viktige land utanfor EU. Sjå omtale av internasjonalt samarbeid under målet Høg kvalitet i utdanning og forsking.

Noreg har eit omfattande system for å sikre god forskingsetisk praksis og har godt etablerte system for opplæring i forskingsetikk, førebygging av ureielegheit i forsking og handsaming av forskingsetiske saker. Dei nasjonale forskingsetiske komiteane og Nasjonalt utval for gransking av reielegheit i forsking er fagleg uavhengige organ for forskingsetiske spørsmål og gransking innanfor alle fagområde. Det er likevel noko ulik praksis hos forskingsinstitusjonane når det gjeld handsaming av forskingsetiske saker og opplæring i forskingsetiske normer.

Strategiar og tiltak

Langtidsplanen for forsking og høgre utdanning: Opptrappingsplanar

I del III kap. 5, Oppfølging av langtidsplan for forsking og høgre utdanning, er det ei samla framstilling av regjeringa si oppfølging av langtidsplanen. Dette kapitlet omtalar tiltak som blir finansierte under programkategori 07.70.

I langtidsplanen for forsking og høgre utdanning har regjeringa varsla at ho innan 2018 vil trappe opp løyvingane til forskingsinfrastruktur med 400 mill. kroner, til stimuleringsverkemiddel til god norsk deltaking i Horisont 2020 med 400 mill. kroner, og gjennomføre ein opptrappingsplan for rekrutteringsstillingar med 500 nye stillingar. Rekrutteringsstillingane blir omtalte under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Forskingsinfrastruktur

Ordninga til Forskingsrådet for forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse skal bidra til å styrkje kvaliteten og effektiviteten på investeringane og har gjort det mogleg å realisere prosjekt som enkeltinstitusjonar ikkje hadde klart aleine. Satsinga på infrastruktur er også viktig for å delta i europeiske fellesprosjekt av strategisk verdi for norsk forsking. I 2015 auka Stortinget løyvinga til infrastruktur med 100 mill. kroner. For 2016 foreslår regjeringa ein ytterlegare auke på 25 mill. kroner. Den varsla opptrappinga i langtidsplanen gjorde det mogleg å lyse ut eit rekordstort beløp til infrastruktur i 2014. Forskingsrådet kunngjorde i juni 2015 at dei vil invitere 29 prosjekt til kontraktsforhandlingar med sikte på å tildele nærmare 1,3 mrd. kroner. Satsinga på forskingsinfrastruktur er eit viktig bidrag til å nå målet til regjeringa om å utvikle verdsleiande fagmiljø. Samtidig bidrar infrastruktur av høg kvalitet til auka internasjonalisering og rekruttering, og vidare vil godt utvikla forskingsinfrastruktur vere avgjerande for å fremme innovasjon og kunnskapsproduksjon.

Stimuleringsmidlar til god norsk deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020

Deltaking i Horisont 2020 er ein indikator på kvaliteten i norsk forsking og innovasjon. Horisont 2020 er verdas største internasjonale forskings- og innovasjonsprogram og Noregs viktigaste verkemiddel for internasjonalisering av forsking og innovasjon. Programmet starta i 2014. I strategien for samarbeid med EU om forsking og innovasjon har regjeringa som ambisjon at to pst. av dei midlane som blir lyste ut i Horisont 2020, skal gå til norske miljø. I langtidsplanen varsla regjeringa ei styrking av løyvingane til ordningar som bidrar til betre deltaking i Horisont 2020. Desse verkemidla bør vere på plass tidleg i rammeprogrammet for å skape føreseielegheit og sikre høg deltaking i heile programmet. I 2015 vart tildelinga auka med 115 mill. kroner, som mellom anna vart brukte til å styrkje STIM-EU-ordninga med 85 mill. kroner og til ordninga med nasjonale kontaktpunkt. I 2016 foreslår regjeringa å trappe opp løyvinga ytterlegare med 135 mill. kroner. Midlane skal gå til å styrkje etablerte verkemiddel og andre målretta tiltak som fremmer norsk deltaking i forskingssamarbeidet. Eit eksempel på ei ordning som vi veit har effekt på ulike sektorar, er prosjektetableringsstøtte (PES).

Strategi for samarbeid med prioriterte land utanfor EU og Nord-Amerika

Kunnskapsdepartementet la hausten 2015 fram Panorama – strategi for høgre utdannings- og forskingssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika. Desse landa står for ein stadig større del av verdas kunnskapsproduksjon. Tilgang på denne kunnskapen er avgjerande for å styrkje norsk konkurransekraft og innovasjonsevne, møte store samfunnsutfordringar og utvikle fleire gode fagmiljø. Det kan vere krevjande for norske institusjonar å etablere og utvikle samarbeidet med desse landa, mellom anna på grunn av store geografiske og kulturelle avstandar. Strategien skal leggje til rette for eit meir målretta og langsiktig samarbeid innanfor høgre utdanning og forsking, og vil gjelde for perioden 2016–20, jf. nærmare omtale under kap. 288 post 21 og programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning. Departementet foreslår å løyve totalt 32,4 mill. kroner til oppfølging av strategien i 2016.

Verdsleiande fagmiljø: FRIPRO

Fri prosjektstøtte (FRIPRO) er eit av våre viktigaste verkemiddel for å betre kvaliteten på og gjennomslagskrafta i norsk forsking. FRIPRO er mellom anna viktig for å kvalifisere norske forskarar til å søkje finansiering frå Det europeiske forskingsrådet (ERC) og andre internasjonale konkurransearenaer. I dei siste åra har Forskingsrådet vidareutvikla FRIPRO til ei samanhengande kjede av støtte frå unge forskartalent, gjennom forskarprosjekt og til sterke forskargrupper. Det siste leddet i kjeda, det nye verkemiddelet FRIPRO Toppforsk, skal mellom anna hjelpe sterke forskingsmiljø på vegen mot å bli verdsleiande. Det vil til dømes vere eit viktig trinn på vegen for forskargrupper som vil søkje om senter for framifrå forsking (SFF). FRIPRO Toppforsk blir realisert gjennom det såkalla Fellesløft III. I Fellesløft III har universiteta og forskingsinstitutta (ved Forskningsinstituttenes fellesarena (FFA)) gått saman med Forskingsrådet om eit spleiselag. Fellesløft III, trinn ein, vil vere på totalt 1 mrd. kroner over fem år med oppstart i juli 2016, det vil seie ei årleg ramme på 200 mill. kroner. For 2016 legg institusjonane inn 50 mill. kroner, og regjeringa foreslår å auke løyvinga til FRIPRO med tilsvarande. Regjeringa følgjer med dette opp sin del av Fellesløft III for 2016. Sjå òg kap. 285 post 52 for omtale av fri prosjektstøtte.

Mogleggjerande teknologiar

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT), bioteknologi og nanoteknologi er eksempel på mogleggjerande teknologiar. Desse teknologiane er viktige for fornying og omstilling i næringslivet og offentleg sektor, og satsinga på desse teknologiområda er viktige bidrag for å følgje opp langtidsplanen. Regjeringa foreslår å auke løyvingane til mogleggjerande teknologiar med 30 mill. kroner i 2016.

Regionale forskingsfond

Dei sju regionale forskingsfonda skal styrkje regional forsking og forskingsbasert innovasjon. For å bidra til omstilling i nærings- og arbeidslivet foreslår regjeringa ein eittårig auke i løyvinga til dei regionale forskingsfonda i Agder og på Vestlandet med totalt 19 mill. kroner i 2016.

Instituttsektoren

Institutta har ei sentral rolle i det norske forskings- og innovasjonssystemet. Regjeringa ser positivt på samanslåingar og tettare samarbeid som kan føre til meir konkurransedyktige og robuste einingar, både innanfor instituttsektoren og mellom universitet og høgskolar og forskingsinstitutt. For å stimulere til dette foreslår regjeringa å opprette ei ordning der forskingsinstitutta kan søkje om midlar i Forskingsrådet for å leggje til rette for fusjonar og tettare samarbeid mellom institusjonar i institutt- og universitets- og høgskolesektoren og innanfor instituttsektoren. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor 10 mill. kroner til ordninga i 2016. For nærmare omtale, sjå kap. 281 post 50.

Regjeringa ønskjer også å styrkje institutta si rolle i doktorgradsutdanninga og foreslår 20 nye rekrutteringsstillingar til institutta. I tråd med langtidsplanen skal matematiske, naturvitskaplege og teknologiske (MNT) fag prioriterast. For å konsentrere midlane i tråd med bodskapet i Meld. St. 18 (2014–2015) Konsentrasjon for kvalitet vil rekrutteringsstillingane gå til teknisk-industrielle institutt. Sjå òg kap. 285 post 53 for nærmare omtale.

Frå 2016 blir Uni Research fullt ut innlemma i basisfinansieringssystemet for institutta, og «Retningslinjer for statlig basisfinansiering av forskningsinstitutter» vil gjelde også for dette instituttet. Finansieringa av Uni Research skjer på tre ulike «fordelingsarenaer»: den teknisk-industrielle arenaen, miljøarenaen og den samfunnsvitskaplege arenaen.

Som ei følgje av endringar i finansieringssystemet for universitet og høgskolar (jf. kap. 12, Del 3, Strategiar og oversiktar) vil publiseringsindikatoren bli justert for universitet og høgskolar og for helseføretaka frå 2017. Forskingsrådet vil bli bedd om å vurdere om endringa i publiseringsindikatoren òg bør gjelde for instituttsektoren.

Forskingsetikk

For ytterlegare å forbetre det forskingsetiske systemet arbeider departementet med ein omfattande lovrevisjon av forskingsetikklova. Lovendringa vil styrkje og synleggjere ansvaret til den enkelte forskar og til institusjonane for at all forsking i Noreg skal skje i tråd med forskingsetiske normer. Departementet vil også vurdere rolla til Nasjonalt utval for gransking av reielegheit i forsking.

Gåveforsterkingsordninga

Den nye gåveforsterkingsordninga vart oppretta 1. januar 2014. Private gåver til langsiktig, grunnleggjande forsking kan utløyse eit tillegg frå staten på 25 pst. av gåvebeløpet. Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS) vil bli inkludert i ordninga frå 2016. DKNVS held til i Trondheim og er det eldste vitskapsakademiet i Noreg. DKNVS har til formål å fremme og formidle vitskap. DKNVS mottek tilskott frå Kunnskapsdepartementet, sjå kap. 287 post 71.

Forskingsinfrastruktur på Svalbard

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 34, 25. november 2014 i samband med handsaminga av undersøkinga til Riksrevisjonen om utnytting av infrastruktur til forsking i norske område i Arktis, Dokument 3:13 (2013–2014).

«Stortinget ber regjeringen vurdere tiltak for økt utnyttelse av forskningsinfrastrukturen på Svalbard, herunder tiltak for økt norsk forskningsaktivitet i Ny-Ålesund.»

Riksrevisjonen sitt mål med undersøkinga var å vurdere om forskingsinfrastrukturen i Arktis blir nytta på ein god måte og i tråd med Stortinget sine vedtak og føresetnader, og å kartleggje årsaker til ei eventuell mangelfull utnytting. Rapporten viste at det er rom for å nytte delar av forskingsinfrastrukturen betre. Han viste òg at talet på norske registrerte forskardøgn i Ny-Ålesund har gått ned med vel 20 pst. sidan 2011. Samstundes har talet på norske registrerte forskardøgn på Svalbard sett under eitt auka i den same perioden.

Svalbard Integrated Arctic Observing System (SIOS) er det viktigaste tiltaket for auka utnytting av forskingsinfrastrukturen på Svalbard. Det er eit norskinitiert, internasjonalt samarbeid mellom mange norske og utanlandske institusjonar på Svalbard. Målet er at dei samarbeidande institusjonane skal koordinere, dele og gjere infrastruktur og forskingsdata tilgjengeleg for kvarandre, slik at dei kan nytte det breie tilfanget av infrastruktur til meir heilskapleg jordsystemforsking. SIOS vil nytte kapasiteten ved både norsk og utanlandsk infrastruktur på Svalbard og skape samarbeid og openheit mellom institusjonar og forskarar frå ulike land. Eit forprosjekt vart avslutta i 2014, og ført vidare i eit interimsprosjekt frå 2015, finansiert av Noregs forskingsråd. Prosjektet skal førebu dei viktigaste fellestenestene i SIOS og leggje grunnlaget for samarbeidsorganisasjonen. Regjeringa vil leggje til rette for at SIOS kan bli formelt etablert innan utgangen av 2016 og kjem attende til Stortinget om dette.

Når det gjeld spørsmål om spesifikke tiltak for å styrkje norsk forskingsverksemd i Ny-Ålesund, legg regjeringa opp til å handsame problemstillinga i den varsla stortingsmeldinga om Svalbard.

Kap. 283 Meteorologiformål

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

50

Meteorologisk institutt

298 289

284 957

306 741

72

Internasjonale samarbeidsprosjekt

62 189

94 234

127 345

Sum kap. 0283

360 478

379 191

434 086

Post 50 Meteorologisk institutt

Meteorologisk institutt står for den offentlege meteorologiske tenesta for sivile og militære formål i Noreg. Meteorologisk institutt har ein samfunnskritisk funksjon.

Instituttet lagar vêrvarsel for samfunnet generelt gjennom vêrvarslingssentralane i Tromsø, Bergen og Oslo. I tillegg er observasjonsstasjonar spreidde over heile landet og i Arktis. Instituttet har folk i arbeid på Jan Mayen, Bjørnøya, Hopen og Svalbard. Observasjonane frå nordområda er òg med på å dokumentere klimaendringar. Meteorologisk institutt er dessutan aleine om å ha personell på Bjørnøya og Hopen, og sikrar i så måte norsk nærvær.

Mål for 2016

Meteorologisk institutt skal overvake og varsle vêret med høg kvalitet og regularitet, slik at styresmaktene, næringslivet, institusjonar og befolkninga skal kunne sikre liv og verdiar, planleggje og verne miljøet. Varsling av ekstreme vêrtilhøve har aller høgste prioritet. Meteorologisk institutt skal òg varsle farlege utslipp til luft og hav.

Meteorologisk institutt skal vidare studere klimaet, drive forskings- og utviklingsarbeid med høg internasjonal kvalitet og formidle resultata av arbeidet.

Rapport for 2014

Departementet er svært godt nøgd med måloppnåinga til Meteorologisk institutt i 2014.

Varsla for vêr, hav og miljø held høgt kvalitetsnivå, og Meteorologisk institutt auka kvaliteten på vêrvarsla i 2014. Verifikasjonar av modellane viser at kvaliteten på varsla for perioden 2012–14 er betre enn for perioden 2009–11.

Instituttet har utarbeidd gode rutinar for varsling av ekstremvêr. Alle hendingar med farleg vêr har vore godt varsla gjennom 2014, inkludert fire ekstremvêr. Ekstremvêr har fått auka merksemd ved instituttet i seinare år, og bemanninga er auka for å hjelpe statlege samarbeidspartnarar, kommunar og samfunnet elles. Meteorologisk institutt har òg ansvar og oppgåver ved andre potensielle kriser og gjennomfører faste rutineoppgåver, deltek i øvingar og samarbeider med andre offentlege etatar som for eksempel Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), Statens strålevern og redningssentralane.

Yr.no er rekna som verdas femte største vêrteneste på nettet, men det er norske brukarar som er målgruppa for tenesta. Norske brukarar av yr.no på stasjonære plattformer går ned. Samtidig har bruken av mobile plattformer auka kraftig frå 2012 til 2014.

Meteorologisk institutt arbeider for å få ei full vêrradardekning av det norske fastlandet. I 2014 var det ti vêrradarar i full drift. Radaren i Sømna på Helgelandskysten vart bygd ferdig og sett i full drift hausten 2014. Da manglar det tre vêrradarar for å oppnå full dekning i Noreg. Desse er ein radar på Hafjell i Oppland, ein på Monsbunuten på Hardangervidda og ein i Karasjok. Observasjonssystemet til instituttet blir vidare kontinuerleg utvida, blant anna i samarbeid med statlege etatar som NVE, Statens vegvesen og Jernbaneverket.

Halo, vêrtenesta til dei store offentlege samarbeidspartnarane til instituttet, er no i full drift. Tenesta er ein produkt- og tenesteportal som inkluderer kuling-, obs- og ekstremvêrvarsel. I 2014 vart det etablert ei ordning for å måle kor nøgde brukarane er. Arbeidet med Halo held fram i 2015 for å nå ut til brukarane med ytterlegare relevant informasjon.

Instituttet arbeider breitt innanfor klimafeltet. Arbeidet vart meir synleg i 2014. Relevant klimainformasjon er gjord tilgjengeleg gjennom datakanalane eKlima og Arctic Data Center. På lengre sikt vil data bli gitte ut via ein ny felles datakanal hos Klimaservicesenteret. Senteret er eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt, NVE og UNI Research.

Også i 2014 vart Meteorologisk institutt kåra til den statsetaten som har best omdømme i Noreg.

Budsjettforslag for 2016

I 2015 starta Meteorologisk institutt med bygginga av ein ny vêrradar på Hafjell i Oppland. For at Meteorologisk institutt skal kunne byggje ferdig vêrradaren på Hafjell i 2016, foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 15 mill. kroner.

Vêrradaren på Hafjell vil dekkje det indre austlandsområdet og tilhøyrande nordlege fjelltrakter. Radaren vil medverke til betre varsling av farleg vêr i området og vil derfor vere av verdi for tryggleiken, ferdsla og vernebuingsarbeidet i dekningsområdet.

Ut over dette foreslår departementet at løyvinga på posten blir ført vidare på same nivå som i 2015.

Post 72 Internasjonale samarbeidsprosjekt

Løyvinga på posten går i hovudsak til å innfri dei forpliktingane Noreg har til å betale kontingentutgifter i samband med norsk deltaking i følgjande internasjonale meteorologiorganisasjonar:

  • Den europeiske organisasjonen for utnytting av meteorologiske satellittar (EUMETSAT). Eventuelle overskott av kontingentinnbetalingar til EUMETSAT blir overførte til eit fond, Working Capital FUND (WCF). Fondet er heimla i EUMETSATs statuttar og består av akkumulert budsjettoverskott

  • Det europeiske senteret for mellomlange vêrvarsel (ECMWF)

  • Europeiske samarbeidsprosjekt mellom dei meteorologiske institutta (EUMETNET, ECOMET, EuroGOOS, IUGG og HIRLAM)

  • Den meteorologiske verdsorganisasjonen (WMO)

Mål for 2016

Målet for løyvinga er å medverke til at Meteorologisk institutt kan ta del i internasjonale meteorologiske organisasjonar og prosjekt, og på den måten bidra til og dra nytte av utvikling og forbetring av meteorologiske tenester.

Rapport for 2014

I samsvar med løyvinga var totalt bidrag til internasjonale samarbeidsprosjekt 62,2 mill. kroner i 2014.

EUMETSAT er den største og viktigaste samarbeidsorganisasjonen, og i 2014 var bidraget frå Noreg på om lag 44,2 mill. kroner. EUMETSAT drifta fire geostasjonære satellittar og to polarbanesatellittar i 2014. Organisasjonen drifta òg ein satellitt for oseanografiske data. Dei meteorologiske satellittane har i dei seinare åra ført til ei monaleg kvalitetsforbetring av vêrvarslinga. ECMWF kan til dømes vise til ein klar betring i prognosekvaliteten på grunn av data frå satellittane, og ECMWF har i dag dei beste tidøgnsvarsla i verda. Polarbanesatellittane er spesielt viktige for kvaliteten av vêrvarslinga i Noreg. Eit nytt forprogram for polarbanesatellittprogram (EPS-SG) vart vedteke i 2014, medan hovudprogrammet skal vedtakast i 2015. Programmet skal sørgje for nye satellittar frå 2020–21.

EUMETNET driv felles program innanfor det europeiske meteorologiske observasjonssystemet. Siktemåla er særleg å dekkje geografiske område som elles ville hatt svært få observasjonar, og å ta i bruk moderne metodar for observasjon. ECOMET sørgjer for at observasjonane og dei numeriske prognosane frå dei nasjonale meteorologiske institutta i Europa er tilgjengelege for private kommersielle aktørar, og for at den kommersielle aktiviteten i dei nasjonale meteorologiske institutta oppfyller konkurranselovgivinga.

EUMETNET, saman med EUMETSAT og ECMWF, speler ei viktig strategisk rolle som overbygning for den meteorologiske infrastrukturen i Europa, og som kontaktpunkt overfor EU når det gjeld meteorologi.

WMO sørgjer for global utveksling av meteorologiske observasjonar i nær sanntid mellom dei 190 medlemslanda. Vitskaplege nyvinningar innanfor varsling av vêr blir òg i stor grad gjorde tilgjengelege for alle verdas meteorologiske institutt gjennom WMO. WMO starta i 2012 ei ny satsing spesielt retta mot å utnytte sesongvarsling og klimaprognosar betre i u-land som er sårbare for tørke og flaum (Global Framework for Climate Services). Satsinga vart ført vidare i 2014. Tilskottet frå Noreg til WMO i 2014 var på om lag 6,9 mill. kroner.

Budsjettforslag for 2016

Noreg er medlem i EUMETSAT, ECMWF og WMO gjennom å ha tiltredd internasjonale konvensjonar. Budsjettvedtak i dei styrande organa er dermed forpliktande for Noreg. Det prosentvise bidraget frå eit land til budsjettet er proporsjonalt med brutto nasjonalinntekta i landet. Når det gjeld dei andre internasjonale organisasjonane, er det Meteorologisk institutt som er medlem.

Storleiken på løyvinga på posten er òg avhengig av svingingar i valutakursane og aktivitetsnivået i dei ulike organisasjonane. Mesteparten av utgiftene er knytte til den europeiske organisasjonen for utnytting av meteorologiske satellittar (EUMETSAT). Det nye polarbanesatellittprogrammet (EPS-SG) vil føre til ein auke i bidraget frå Noreg til EUMETSAT i åra framover. Vidare skal JASON-programmet under EUMETSAT forlengjast. JASON-programmet er eit satellitt-jordobservasjonsprogram for overvaking av verdshava. Dette programmet vil også medverke til auka utgifter til EUMETSAT i dei nærmaste åra. I tillegg er kontingentdelen frå Noreg til EUMETSAT og ECMWF justert opp. Vidare har valutakursutviklinga det siste året gitt ein auke i bidraga frå Noreg.

Den foreslåtte løyvinga for 2016 er derfor monaleg høgre enn løyvinga i 2015.

Kap. 284 Dei nasjonale forskingsetiske komitéane

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter

17 871

18 132

17 025

Sum kap. 0284

17 871

18 132

17 025

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga gjeld drift av Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK), og dekkjer arbeidet i Nasjonal forskingsetisk komité for medisin og helsefag, Nasjonal forskingsetisk komité for samfunnsvitskap og humaniora, Nasjonal forskingsetisk komité for naturvitskap og teknologi, Nasjonalt utval for gransking av reielegheit i forsking (Granskingsutvalet) og det felles sekretariatet. Også Patentnemnda og Skjelettutvalet ligg til FEK.

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane er ein viktig del av det norske forskingssystemet, og skal fremme god og etisk forsvarleg forsking. Oppgåvene er fastsette i forskingsetikklova, som også slår fast at komiteane og utvala er fagleg uavhengige organ. Sekretariatet skal leggje til rette for at komiteane kan gjennomføre oppgåvene sine med god ressursbruk og høg kvalitet.

Mål for 2016

  • FEK skal vere ein sentral kunnskapsformidlar overfor forskarar, forskingsinstitusjonar, styresmaktene og allmenta om forskingsetiske spørsmål og ein pådrivar for debatt på området.

  • FEK har ansvaret for at dei forskingsetiske retningslinjene til kvar ei tid er gode verktøy for å fremme god og etisk forsvarleg forsking.

  • FEK skal styrkje samarbeidet med dei forskingsutførande institusjonane.

  • FEK skal behandle og gjere vedtak i enkeltsaker med høg kvalitet og innan rimeleg tid.

Rapport for 2014

Departementet si vurdering er at FEK i all hovudsak oppfyller dei måla som var sette for verksemda for 2014. FEK har styrkt arbeidet med system og rutinar for slik å fylle krava til eit sjølvstendig forvaltningsorgan.

Det faglege arbeidet i FEK er i hovudsak ei vidareføring av dei tidlegare oppgåvene. I tillegg til omfattande arbeid i fagkomiteane har FEK mellom anna relansert nettstaden sin som ein viktig informasjonskanal for brukarane. Omlegginga har gitt auka bruk. Generelle forskingsetiske retningslinjer vart offentleggjorde i juni. Ei forskingsetisk vurdering av petroleumsforsking frå Nasjonal forskingsetisk komité for naturvitskap og teknologi (NENT) skapte debatt både i media og ved institusjonane om forskingsetikk og samfunnsansvaret til universiteta. Oppdraget frå Helsedirektoratet om å vere sekretariatet for gruppa som koordinerer forsking etter terrorhendinga 22. juli 2011, vart avslutta ved utgangen av 2014.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår at løyvinga til drift blir ført vidare om lag som for 2015. Løyvinga på posten er redusert med 1,2 mill. kroner som følgje av innsparingar på grunn av endra modell for premiebetaling til Statens pensjonskasse.

Kap. 285 Noregs forskingsråd

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

52

Langsiktig, grunnleggjande forsking

1 414 725

1 523 564

1 604 018

53

Strategiske satsingar

1 003 605

1 004 814

1 241 757

54

Forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse

299 363

455 364

487 227

55

Administrasjon

268 936

276 153

281 728

Sum kap. 0285

2 986 629

3 259 895

3 614 730

Forskingsrådet er eit sentralt verkemiddel for regjeringa for å utvikle forskingssystemet og for å gjennomføre forskingspolitiske prioriteringar. Forskingsrådet har tre hovudoppgåver: å finansiere forsking, gi forskingspolitiske råd og skape møteplassar.

Ei av dei viktigaste oppgåvene for Forskingsrådet er å sikre kvalitet i den forskinga som blir finansiert, gjennom å nytte nasjonal konkurranse i fordelinga av forskingsmidlar. Kvaliteten blir sikra ved at søknadene blir vurderte av internasjonale fagfellar. Berre dei prosjekta som får best vurdering, får støtte. Relevans blir sikra mellom anna gjennom brei involvering av aktørar og samfunnsinteresser i utarbeidinga av programplanar, og gjennom verkemiddel med brukarinvolvering. Forskingsrådet har vidare ei viktig rolle i å sjå ulike forskingsområde i samanheng, mellom anna ved å knyte saman anvend forsking og grunnforsking og sikre samanheng mellom nasjonal forsking og internasjonalt forskingssamarbeid. Ei oversikt over dei største tildelingane til Forskingsrådet frå andre departement i 2015 og 2016 er presentert i del III, kap. 5 Oppfølging av langtidsplanen for forsking og høgre utdanning.

I tillegg til midlane over kap. 285 tildeler Kunnskapsdepartementet midlar til Forskingsrådet til basisfinansiering av dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta over kap. 287 post 57; til forskingsprogrammet om forsking og innovasjon over kap. 287 post 21; til utdanningsforsking over kap. 226 post 21, kap. 231 postane 21 og 51 og kap. 258 post 21; til særskilde satsingar retta mot universitets- og høgskolesektoren over kap. 281 post 50.

Mål for 2016

Regjeringa har fastsett nye mål for Forskingsrådet som gjeld frå 2015. Måla er

  • auka vitskapleg kvalitet

  • auka verdiskaping i næringslivet

  • møte store samfunnsutfordringar

  • eit velfungerande forskingssystem

  • god rådgiving

Dei nye måla inngår i arbeidet med å utvikle eit nytt styringsssystem for Forskingsrådet. Bakgrunnen er at både evalueringa av Forskingsrådet (Technopolis, 2012) og Riksrevisjonen i forvaltningsrevisjonen av Kunnskapsdepartementets koordinering av forskingspolitikken peikte på utfordringar knytte til det daverande mål- og resultatstyringssystemet for Forskingsrådet. 2015 er oppstartsår for det nye styringssystemet der nokre nye element er tekne i bruk. Kunnskapsdepartementet fører vidare arbeidet med å utvikle styringssystemet for Forskingsrådet i samarbeid med dei andre departementa og Forskingsrådet. Hensikta er å sikre eit system med meir strategisk og overordna styring av Forskingsrådet, med meir vekt på verknaden av verksemda til Forskingsrådet, og der Forskingsrådet får større fridom til å forvalte program og aktivitetar på tvers av departementsgrensene.

Det nye systemet fører til ei systematisering og forenkling i styringa av Noregs forskingsråd. Systematiseringa inneber blant anna ei klargjering av rolla til Kunnskapsdepartementet som etatsstyrande departement. Det er òg langt tettare dialog enn tidlegare mellom Kunnskapsdepartementet og sektordepartementa i etatsstyringa av Forskingsrådet.

Løyvingane frå Kunnskapsdepartementet over kap. 285 postane 52, 53 og 54 bidrar til å nå alle måla til Forskingsrådet. Delar av administrasjonsutgiftene til Noregs forskingsråd blir finansierte over ein eigen post, kap. 285 post 55.

Rapport for 2014

Mål for tilskotta til Noregs forskingsråd

Følgjande tre hovudmål gjaldt for Forskingsrådet til og med 2014:

  • auka kvalitet, kapasitet og relevans i norsk forsking i heile landet

  • god ressursutnytting og formålstenleg arbeidsdeling, samhandling og struktur i forskingssystemet

  • resultata av forskinga blir tekne i bruk i næringsliv, samfunnsliv og forvaltning i heile landet

Vurdering av måloppnåinga

Kunnskapsdepartementet har ansvar for forsking og kunnskapsutvikling om og for eigen sektor. Departementet har eit særleg ansvar for å finansiere grunnforsking og sektorovergripande verkemiddel som er sentrale for eit velfungerande forskingssystem.

Forskingsrådet arbeider strategisk for å utvikle verkemiddel for å understøtte utviklinga av fleire verdsleiande fagmiljø og leggje til rette for utvikling av framifrå forskarar og yngre talentfulle rekruttar. Desse verkemidla skal bidra til å kvalifisere og mobilisere norske forskarar til å lykkast på internasjonale konkurransearenaer. Kunnskapsdepartementet er godt nøgd med dette arbeidet. Departementet er òg nøgd med det systematiske arbeidet som Forskingsrådet gjer for å sikre godt samspel mellom den nasjonale infrastrukturordninga og det europeiske infrastrukturarbeidet og det nasjonale og det europeiske vegkartet for infrastruktur.

Midlane over dette kapitlet er sentrale for å følgje opp det ansvaret departementet har for forskingskoordinering. Midlane er også viktige for å følgje opp prioriteringane til regjeringa i langtidsplanen for forsking og høgre utdanning. Departementet er nøgd med at Forskingsrådet har fått på plass ein ny generasjon av store program.

Måloppnåinga kan òg sjåast i lys av ressursinnsatsen knytt til dei einskilde måla. Forskingsrådet klassifiserer bruken av midlane dei blir tildelte, etter måla i mål- og resultatstyringssystemet. Det er overlapp mellom måla, og det er ikkje uproblematisk å knytte kvar krone til eit bestemt mål. Klassifiseringa til Forskingsrådet viser likevel at det meste av tildelinga frå Kunnskapsdepartementet er knytt til målet om auka kvalitet, kapasitet og relevans i norsk forsking i heile landet. Det største enkeltverkemiddelet som blir finansiert over budsjettet til Kunnskapsdepartementet, er Fri prosjektstøtte (FRIPRO). I 2014 utgjorde FRIPRO 22 pst. av tildelinga frå Kunnskapsdepartementet. I tillegg finansierer løyvinga over kap. 285 sentersatsingane, forskingsinfrastruktur og verkemiddelet Store program. Figuren nedanfor viser korleis løyvingane over budsjettet til Kunnskapsdepartementet er fordelte på ulike verkemiddel. Figuren viser samanhengen mellom korleis løyvingane over budsjettet til Kunnskapsdepartementet blir nytta, og det særskilde ansvaret departementet har for grunnforsking og tiltak som er knytte til heile forskingssystemet.

Figur 4.13 Fordeling av midlane Noregs forskingsråd blir tildelte frå Kunnskapsdepartementet, etter verkemiddel (2014)

Figur 4.13 Fordeling av midlane Noregs forskingsråd blir tildelte frå Kunnskapsdepartementet, etter verkemiddel (2014)

I kategorien «anna» ligg mellom anna nettverkstiltak og formidlingsaktivitetar.

Vurdering av korleis løyvingane over kap. 285 bidrar til å nå måla til Forskingsrådet

Kunnskapsdepartementet finansierer ei rekkje program og aktivitetar i Noregs forskingsråd. Dei ulike programma og tiltaka som er nærmare omtalte under, bidrar til måloppnåing på fleire av måla.

Fri prosjektstøtte

Fri prosjektstøtte (FRIPRO) er ein open, nasjonal konkurransearena som skal få fram forsking av høg vitskapleg kvalitet uavhengig av fagområde og disiplinar. Ordninga finansierer forskarprosjekt, inkludert doktor- og postdoktorstipend, utanlandsopphald og arrangement og er i heilskap finansiert over budsjettet til Kunnskapsdepartementet.

Løyvinga til FRIPRO i 2014 var på 702,5 mill. kroner. I tillegg bidrog universiteta med 150 mill. kroner gjennom dei to Fellesløfta som vart lanserte i 2012 og 2014. Tildelinga i 2014 var rekordstor og innebar at 15 pst. av beløpet det vart søkt om, vart innvilga. I tillegg vart det tildelt ytterlegare 58 mill. kroner til åtte søknader knytte til IKT, som ei oppfølging av fagevalueringa etter IKT og som ein del av Forskingsrådets nye satsing IKTPLUSS.

Store program

Store program er eit sentralt programverkemiddel i Forskingsrådet for å følgje opp nasjonale forskingspolitiske prioriteringar. Dei store programma er langsiktige, breie satsingar med finansiering frå fleire departement. Dei bidrar til samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon i forskingssystemet, til internasjonalt samarbeid og koordinering av den nasjonale og den internasjonale forskingsinnsatsen. Både grunnleggjande forsking, anvend forsking og innovasjon inngår i programma. I 2014 var det sju store program: NANO2021, BIOTEK2021, PETROMAKS2, ENERGIX, KLIMAFORSK, HAVBRUK og IKTPLUSS. IKTPLUSS (IKT og Digital innovasjon) overtok etter VERDIKT, som gjekk ut i 2014.

Det samla budsjettet for dei store programma var på om lag 1 380 mill. kroner i 2014. Alle dei store programma vart delfinansierte over budsjettet til Kunnskapsdepartementet, medan den resterande finansieringa kom over budsjetta til dei ulike fagdepartementa. Delen frå Kunnskapsdepartementet utgjorde i 2014 24 pst.

Grunnforskingsprogram

Grunnforskingsprogramma i Forskingsrådet skal sikre kompetanse og fagleg fornying innanfor prioriterte fagområde. Grunnforskingsprogramma blir òg sette i gang for å styrkje enkelte fagområde. Dei åtte grunnforskingsprogramma dekkjer eit vidt spekter av fagområde og tema. Det største fagområdet i porteføljen var matematikk og naturvitskap (53 pst.). Deretter kjem humaniora (20 pst.), samfunnsvitskap (18 pst.) og medisinske fag (to pst.). Universiteta og høgskolane er hovudmottakarar av midlar frå grunnforskingsprogramma. I 2014 gjekk over 70 pst. av prosjektmidlane til universitets- og høgskolesektoren. I 2014 finansierte Kunnskapsdepartementet åtte grunnforskingsprogram med eit samla budsjett på 235 mill. kroner, alle finansieringskjelder inkluderte. Kunnskapsdepartementet stod i 2014 for 132,6 mill. kroner av løyvinga til grunnforskingsprogramma.

Gåveforsterkingsordninga

Den nye gåveforsterkingsordninga vart oppretta 1. januar 2014. Private gåver til langsiktig, grunnleggjande forsking kan utløyse eit tillegg frå staten på 25 pst. av gåvebeløpet. Gåva må vere på minimum 3 mill. kroner og må givast til eit universitet eller ein høgskole med doktorgradsrett, til Forskingsrådet eller Det Norske Videnskaps-Akademi. Frå 2015 er ordninga utvida til å omfatte høgskolar utan doktorgradsrett når gåva er eit gåveprofessorat. I 2014 vart det betalt ut gåveforsterking for 18 ulike gåver. Til saman vart det betalt ut om lag 34 mill. kroner i gåveforsterking i 2014.

Handlingsretta program

Dei handlingsretta programma gir kunnskapsgrunnlag for politiske vedtak og for planlegging på forskjellige forvaltningsnivå. Kunnskapsdepartementet finansierer fleire handlingsretta program saman med andre departement. I 2014 stod Kunnskapsdepartementet for 228 mill. kroner av løyvinga til dei handlingsretta programma, noko som svarer til 29 pst. av midlane. Den største delen frå Kunnskapsdepartementet gjekk til programma Forsking og innovasjon i utdanningssektoren (89 mill. kroner), Polarforskingsprogrammet (52 mill. kroner), Humane biobankar og helsedata (20 mill. kroner) og Praksisretta FoU for helse- og velferdstenestene (10 mill. kroner).

Brukarstyrte innovasjonsprogram

Brukarstyrte innovasjonsprogram er retta mot verksemder som vil utvikle si eiga bedrift eller næring, og brukarane er i førersetet. Programma blir delfinansierte av næringslivet. Den offentlege forskingsinnsatsen gjennom Forskingsrådet skal bidra til at føretaka styrkjer sin eigen forskingsinnsats og kan gjere seg nytte av den store mengda forskingsbasert kunnskap som blir utvikla globalt. Kunnskapsdepartementet delfinansierer nokre av dei brukarstyrte innovasjonsprogramma. I 2014 stod Kunnskapsdepartementet for 55 mill. kroner av løyvinga til dei brukarstyrte programma Auka verdiskaping frå naturgass (25 mill. kroner), Brukarstyrt innovasjonsarena (20 mill. kroner) og Berekraftig verdiskaping i mat- og biobaserte næringar (10 mill. kroner). Nærings- og fiskeridepartementet har den største tildelinga til brukarstyrte innovasjonsprogram.

Sentersatsingane

Senter for framifrå forsking (SSF) er Forskingsrådets ypparste verkemiddel for å fremme høg vitskapleg kvalitet i norsk forsking. Kunnskapsdepartementet finansierer ordninga, og budsjettet til sentera var på 276 mill. kroner i 2014. Løyvinga til sentera varer i fem år med høve til nye fem år basert på ei god midtvegsevaluering. Sentera rekrutterer og utdannar yngre framifrå forskarar og har ein høg grad av internasjonalisering. 13 senter starta i 2013, medan åtte senter er i full drift på åttande året. Ni av sentera forskar på naturvitskap og teknologi, åtte av sentera er innanfor medisin og biovitskapane, og fire innanfor humaniora og samfunnsvitskap. Sentera har ein høg vitskapleg aktivitet og står for ein stor del av dei norske bidraga til leiande tidsskrift som Nature og Science. Ekteparet May-Britt og Edvard Moser, som fekk nobelprisen i medisin i 2014, leier eitt av sentera.

Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) er eit viktig, strategisk innovasjonsverkemiddel. Hovudmålet for SFI er å styrkje innovasjonevna i næringslivet gjennom satsing på langsiktig forsking i eit nært samarbeid mellom forskingsaktive bedrifter og framståande forskingsmiljø. Ordninga medverkar blant anna til fornying og kvalitet i forskingssystemet og bidrar godt til forskarutdanninga. Sentera verkar strukturerande på strategien til vertsinstitusjonane og gjer at ressursinnsatsen blir konsentrert. I 2014 var det 21 senter i drift. Totalbudsjettet til sentera var i 2014 på 606 mill. kroner, inkludert bidrag frå forskingsinstitusjonar og bedrifter. SFI-ordninga var i 2014 finansiert med 205 mill. kroner frå Kunnskapsdepartementet og 10 mill. kroner frå Nærings- og fiskeridepartementet. Ein ny utlysingsrunde vart gjennomført i 2014, og 17 nye senter kjem i gang i 2015 til erstatning for dei 14 sentera som blir avvikla våren 2015.

Forskingssenter for miljøvennleg energi (FME) skal gjennom langsiktig forskingsinnsats på høgt internasjonalt nivå bidra til å møte utfordringar på energi- og miljøområdet. Det er åtte senter innanfor teknologisk energiforsking og tre senter innanfor samfunnsvitskapleg energiforsking. Ein viktig effekt av FME-ordninga er at ho har medverka til å styrkje samarbeidet og gitt ei klarare arbeidsdeling mellom dei miljøa som forskar på energi. Ordninga blir i hovudsak finansiert av Olje- og energidepartementet med 145 mill. kroner i 2014, og Kunnskapsdepartementet bidrog med 5 mill. kroner.

Internasjonale stimuleringstiltak

Internasjonale stimuleringstiltak er tiltak som har internasjonalisering som hovudmål. Kunnskapsdepartementet finansierte i 2014 fleire stimuleringsordningar med om lag 170 mill. kroner. Midlane gjekk til stimulering av deltaking i EUs rammeprogram for forsking, bilaterale tiltak, internasjonale stipend og mobilitetsordningar. Internasjonalt samarbeid er ein integrert del av alle program og aktivitetar i Forskingsrådet. Den internasjonale innsatsen til Forskingsrådet er derfor langt høgre enn det som blir finansiert gjennom dei internasjonale stimuleringstiltaka aleine.

Nasjonal satsing på infrastruktur

I St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning vart finansieringsansvaret for ulike typar infrastruktur presisert. På bakgrunn av meldinga vart det bestemt at den einskilde forskingsinstitusjonen skal ha ansvaret for investeringane i såkalla basisutstyr, definert som utstyr som det er naturleg at mange institusjonar har, og som har ein investeringskostnad på opptil 2 mill. kroner. Infrastrukturordninga i Forskingsrådet vart oppretta i 2009 og skal støtte etablering av forskingsinfrastruktur som er av nasjonal, strategisk interesse, og som har ein investeringskostnad på mellom 2 mill. kroner og 200 mill. kroner. Ansvarsdelinga inneber at Forskingsrådet skal syte for å samordne investeringar i tilfelle der fleire miljø har behov for infrastruktur, men der kostnadene er så høge at det er mest tenleg med samarbeid. Forskingsrådet tildeler midlane etter konkurranse.

Ordninga medverkar til auka vitskapleg kvalitet og internasjonalisering og til samhandling, arbeidsdeling og konsentrasjon i forskinga på nasjonalt prioriterte område der Noreg har sterke forskingsmiljø. Investeringane i nasjonal forskingsinfrastruktur byggjer opp under sterke forskingsbaserte næringar som maritim industri, havbruk og IKT. Ordninga bidrar også til etableringar og styrking av infrastruktur som er avgjerande for Noregs deltaking i prosjekt på det europeiske vegkartet for forskingsinfrastruktur (ESFRI Roadmap).

Sidan ordninga vart etablert i 2009, har det vore lyst ut midlar fire gonger, seinast i 2014. I juni 2015 kunngjorde Forskingsrådet at dei vil invitere 29 ulike infrastrukturprosjekt til kontraktsforhandlingar med mål om å dele ut nærmare 1,3 mrd. kroner. Dette blir den største tildelinga til forskingsinfrastruktur i historia til Forskingsrådet. Over halvparten av beløpet vil gå til forskingsanlegg som er særskilt relevante for den næringsretta forskinga. Denne store tildelinga har vorte mogleg fordi det har vore satsa stort på forskingsinfrastruktur i dei seinare åra, ikkje minst i langtidsplanen for forsking og høgre utdanning, der det vart varsla ein opptrappingsplan for infrastruktur på 400 mill. kroner fram til 2018.

Post 52 Langsiktig, grunnleggjande forsking

Løyvinga over kap. 285 post 52 skal finansiere langsiktig, grunnleggjande forsking på alle fagområde.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår å løyve 1 604 mill. kroner på posten i 2016. Løyvinga finansierer mellom anna Fri prosjektstøtte (FRIPRO), senter for framifrå forsking, løyvingar til grunnforskingsprogram og strategisk institusjonsstøtte.

I dei siste åra har Forskingsrådet vidareutvikla FRIPRO til ei samanhengande kjede av støtte til unge forskartalent, forskarprosjekt og sterke forskargrupper. Forskingsrådet har i 2015 oppretta ein ny søknadskategori, FRIPRO Toppforsk, som skal gi ekstra romsleg og langsiktig finansiering til sterke forskargrupper. FRIPRO Toppforsk blir realisert gjennom det såkalla Fellesløft III (sjå òg omtale under Strategiar og tiltak). Regjeringa foreslår derfor å styrkje FRIPRO med 50 mill. kroner i 2016. Auken skal nyttast til å oppfylle Kunnskapsdepartementets del av Fellesløft III og etableringa av det nye verkemiddelet FRIPRO Toppforsk.

I statsbudsjettet for 2015 vart det som ein del av satsinga på verdsleiande miljø løyvt 10 mill. kroner til samarbeidet mellom Simula, Universitetet i Oslo (UiO) og University of California, San Diego (UCSD). Midlane vart tildelte UiO over kap. 260 post 50. Simula står for mykje av dei praktiske aktivitetane i samarbeidet. Kunnskapsdepartementet foreslår at midlane til samarbeidet blir betalte til Simula via Forskingsrådet. På denne bakgrunnen foreslår departementet å flytte løyvinga (10,3 mill. kroner) frå kap. 260 post 50 til kap. 285 post 52. Vidare foreslår departementet å flytte løyvingane til programma NevroNor og SAMANSVAR frå denne posten til kap. 285 post 53 og å flytte løyvinga til European Social Survey frå kap 285 post 54 til kap. 285 post 52. Desse flyttingane inneber samla ei reduksjon i løyvinga på denne posten på 16,2 mill. kroner.

Post 53 Strategiske satsingar

Løyvinga over kap. 285 post 53 skal finansiere store program, senter for forskingsdreven innovasjon og senter for miljøvennleg energi, handlingsretta program og stimuleringsordningar for internasjonalt forskingssamarbeid. Løyvinga skal særleg støtte opp om den koordinerande rolla Kunnskapsdepartementet har i forskingspolitikken.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår å løyve 1 242 mill. kroner på posten i 2016.

I 2016 foreslår regjeringa å trappe opp løyvinga ytterlegare til stimuleringstiltak til god norsk deltaking i EUs rammeprogram med 135 mill. kroner. Midlane skal gå til å styrkje etablerte verkemiddel for prosjektetableringsstønad og andre målretta tiltak som fremmer norsk deltaking i forskingssamarbeidet.

Ei satsing på IKT, bioteknologi og nanoteknologi er eit viktig bidrag for å få til fornying og omstilling i nærings- og samfunnsliv. Regjeringa foreslår å auke løyvingane til dei programma i Noregs forskingsråd som er retta inn mot desse teknologiane, med 30 mill. kroner. Regjeringa foreslår å føre vidare satsinga på klimaforsking på 10 mill. kroner som kom i samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett 2015.

Regjeringa foreslår å styrkje institutta si rolle i doktorgradsutdanninga med 7,8 mill. kroner i 2016. I tråd med langtidsplanen skal matematiske, naturvitskaplege og teknologiske (MNT) fag prioriterast. For å konsentrere midlane i tråd med bodskapen i Meld. St. 18 (2014–2015) Konsentrasjon for kvalitet vil rekrutteringsstillingane gå til teknisk-industrielle institutt. Forskingsrådet vil bli bedd om å utforme kriterium slik at dei største og mest solide institutta innanfor den teknisk-industrielle arenaen blir prioriterte. Størrelsen på instituttet skal vere eit sentralt kriterium, men også til dømes FoU-kompetanse og -kapasitet, forskingskvalitet og erfaring med doktorgradsutdanning kan inngå i kriteria.

Ved handsaminga av revidert nasjonalbudsjett 2015 løyvde Stortinget 5 mill. kroner til å opprette eit senter for forsking på høgreekstremisme og relaterte fagfelt. Etter terrorangrepet 22. juli 2011 er det behov for meir kunnskap om høgreekstremisme og formidling av slik kunnskap. Senteret skal ha ei årleg løyving på 10 mill. kroner, jf. Innst. 360 S (2014–2015) og Prop. 119 S (2014–2015).

Departementet foreslår vidare å flytte løyvingane til programma NevroNor og SAMANSVAR frå kap. 285 post 52 til denne posten. Dette inneber ein auke i løyvinga på kap. 285 post 53 med 20,2 mill. kroner.

Post 54 Forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse

Løyvinga over kap. 285 post 54 skal finansiere forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse. Satsing på forskingsinfrastruktur er eit bidrag til å nå målet om å utvikle verdsleiande fagmiljø. Samtidig bidrar infrastruktur av høg kvalitet til auka internasjonalisering og rekruttering. Vidare vil godt utvikla forskingsinfrastruktur vere avgjerande for å fremme innovasjon og kunnskapsproduksjon som er nødvendig for å lykkast med overgangen til eit lågutsleppssamfunn.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår å løyve 487 mill. kroner på posten i 2016 mot 455 mill. kroner i 2015. Forslaget inneber ei ytterlegare styrking av løyvinga til infrastruktur med 25 mill. kroner. Departementet foreslår å flytte løyvinga til European Social Survey frå kap 285 post 54 til kap. 285 post 52. Dette inneber ei reduksjon i løyvinga på denne posten på 4 mill. kroner.

Post 55 Administrasjon

Kunnskapsdepartementet tildeler midlar til grunnfinansiering av administrasjon av Forskingsrådet over denne løyvinga. I tillegg blir administrasjonsutgiftene finansierte av dei departementa som kanaliserer FoU-midlar gjennom Forskingsrådet.

Forskingsrådets administrasjonsutgifter kan delast i to kategoriar: interne og eksterne administrasjonsutgifter. Den første delen omfattar alle personal- og driftskostnader, inklusive IKT-kostnader. Desse interne administrasjonsutgiftene blir finansierte gjennom grunnfinansiering frå Kunnskapsdepartementet over kap. 285 post 55 og gjennom ein administrasjonsdel frå forskingsløyvingane til dei departementa som finansierer forsking gjennom Noregs forskingsråd. Dei eksterne administrasjonsutgiftene er utgifter knytte til FoU-verkemidla som møtegodtgjersle, reisekostnader, søknadshandsaming, evalueringar og utgreiingar i samband med gjennomføring av program og aktivitetar. Desse utgiftene blir finansierte av det enkelte program eller den enkelte aktivitet.

Mål for 2016

Målet for løyvinga er å sikre ein effektiv og brukarorientert organisasjon.

Rapport for 2014

Løyvinga over posten var på 268,9 mill. kroner i 2014. Midlane over denne posten går til å administrere dei tre hovudoppgåvene til rådet: finansiering, rådgiving og møteplassfunksjon. Departementet sette i 2014 eit tak på dei interne administrasjonsutgiftene på 585 mill. kroner. Forskingsrådet har sett i verk fleire tiltak for å overhalde denne ramma. Dei samla interne administrasjonsutgiftene var på om lag 571 mill. kroner i 2014, eksklusive pensjonsforplikting. Administrasjonsdelen frå departementa utgjorde om lag 286 mill. kroner i 2014. Dei interne administrasjonsutgiftene målt i pst. av FoU-inntektene frå departementa viser ein nedgang frå 2013 til 2014 frå 7,6 pst. til 7,3 pst.

Tabellen under viser utviklinga i dei interne administrasjonsutgiftene til Forskingsrådet og administrasjonsløyvinga frå Kunnskapsdepartementet.

Tabell 4.13 Utvikling i dei interne administrasjonsutgiftene til Forskingsrådet i perioden 2012–14 (i 1 000 kroner)

(i 1 000 kr)

2012

2013

2014

Interne administrasjonsutgifter (ekskl. pensjonsforplikting)

481 026

565 123

571 240

Av dette løyvinga på kap. 285 post 55

266 505

275 300

268 936

Det har vore ein auke i dei interne administrasjonsutgiftene i dei seinare åra. Denne auken skriv seg mellom anna frå fleire oppgåver som ei følgje av auka forskingsløyvingar, nye oppgåver som departementa har lagt til Forskingsrådet (til dømes Kunnskapssenter for utdanning, sekretariat for 21-strategiane), arbeidet med å utvikle og forbetre tenestene til rådet og den generelle lønns- og prisauken. Veksten frå 2012 til 2013 skriv seg frå dei forholda som er nemnde over, og ekstraordinært høge pensjonskostnader i 2013. Veksten i 2014 har sin grunn mellom anna i auka husleigekostnader. Forskingsrådet har i 2014 halde fram med arbeidet med å effektivisere drifta. Rådet har nå heildigitale samhandlingsløysingar med søkjarar, kontraktspartnarar og fagekspertar. Ei brukarundersøking frå 2014 viser at 80 pst. av søkjarane og prosjektleiarane har eit positivt inntrykk av Forskingsrådet. Veksten i dei interne administrasjonsutgiftene frå 2013 til 2014 var lågare enn veksten i forskingsløyvingane i same perioden.

Dei eksterne administrasjonsutgiftene, det vil seie utgifter knytte til drift av program og aktivitetar, vil variere over tid som følgje av kva for fase dei ulike programma er i. Nivået på desse utgiftene har likevel vore relativt stabilt i dei siste åra, og var i 2014 på om lag 190 mill. kroner.

Departementet har merksemd retta mot nivået på den likviditeten Noregs forskingsråd har i Noregs Bank. Likviditeten består i hovudsak av tre element:

  • avsetning av midlar til lovpålagde oppgåver som feriepengar og pensjonar

  • avsetning av midlar til forskingsaktivitet som er utført, men som ikkje blir betalt ut før året etter (prosjektgjeld til utførte forskingsprosjekt)

  • midlar som er inntektsførte i Forskingsrådet, men som ikkje fullt ut er sette i aktivitet i det året midlane vart løyvde, altså ei forskyving i bruken av midlane. Denne forskyvinga i bruken av midlane skyldast to forhold:

    • forseinkingar ute i forskingsprosjekta (mellom anna ute ved universiteta og høgskolane) slik at utbetalingane kjem i eit anna tempo enn budsjetteringa hadde lagt opp til

    • at midlar ikkje er fordelte vidare til det einskilde forskingsprosjektet

Departementet vil understreke at det er naturleg at Noregs forskingsråd overfører midlar frå eitt budsjettår til eit anna. Dette ligg i den rolla Forskingsrådet har i forskingssystemet, og i dei strukturelle rammene med eittårige tildelingar. Den viktigaste oppgåva til rådet er å fordele forskingsmidlar vidare ut i forskingssektoren etter nasjonal konkurranse, og slik sørgje for kvalitet og relevans i den forskinga som blir utført. Dette krev god planlegging og strenge krav til kvalitetssikring og oppfølging, noko som igjen krev tid. Overføringane har auka i dei seinare åra. Tabell 4.11 i vedlegg 4 viser utviklinga i likviditeten for dei fire siste åra. Langtidsplan for forsking og høgre utdanning, Meld. St. 7 (2014–2015), inneber meir føreseielege rammer for Forskingsrådet. Saman med arbeidet i rådet med ein ny driftsmodell med større og meir heilskapleg portefølje av verkemiddel på utvalde område kan dette bidra til ei nedbygging av overføringane over tid.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår ei løyving på 282 mill. kroner i 2016. I forslaget ligg det eit kutt på 1 mill. kroner.

Departementet har frå 2014 sett eit tak på dei interne administrasjonsutgiftene i tildelingsbrevet til Forskingsrådet. Dette taket er i 2015 på 614,5 mill. kroner. Departementet legg opp til å føre vidare ordninga med å fastsetje eit tak på dei interne administrasjonsutgiftene i tildelingsbrevet for 2016. Når det gjeld nivået på taket, legg departementet opp til at dette reelt sett blir ført vidare i 2016, men justert for prioriterte satsingar og kutt. Departementet følgjer opp utviklinga i både dei interne og dei eksterne administrasjonsutgiftene gjennom etatsstyringa.

Kap. 287 Forskingsinstitutt og andre tiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 71

23 799

39 704

15 651

53

NUPI

4 494

4 616

4 726

56

Ludvig Holbergs minnepris

9 729

10 050

11 541

57

Basisløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

191 478

163 094

179 085

60

Regionale forskingsfond, tilskott til forsking

219 022

226 008

251 562

71

Tilskott til andre private institusjonar

39 318

40 564

41 740

73

Niels Henrik Abels matematikkpris

13 668

14 119

14 528

Sum kap. 0287

501 508

498 155

518 833

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 71

Mål for 2016

Målet for løyvinga er å medverke til utvikling av forskingspolitikken.

Rapport 2014

Kunnskapsdepartementet tildelte i 2014 23,8 mill. kroner over kap. 287 post 21.

I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2014 vart det løyvt ei tidsbegrensa støtte på 15 mill. kroner til fem forskingsinstitutt som hadde bedd Forskingsrådet vurdere om dei tilfredsstilte krava til å få statleg basisløyving. Midlane skulle disponerast til langsiktig kunnskaps- og kompetansebygging i tråd med retningslinjene for denne basisløyvinga.

5 mill. kroner av løyvinga vart brukte til å finansiere forskingsprogrammet Kunnskapsgrunnlaget for forskings- og innovasjonspolitikken (FORFI) i Noregs forskingsråd. FORFI var i drift i perioden 2010–14 med eit totalbudsjett på om lag 50 mill. kroner. FORFI vart evaluert i 2013, og konklusjonen var at det er behov for ei forskingssatsing på feltet for å styrkje kunnskapen om forsking og om innovasjonsprosessar. Etter at FORFI vart avslutta i 2014, har Forskingsrådet oppretta satsinga Forskning for forsknings- og innovasjonspolitikk (FORINNPOL), som skal vare til 2022.

I overkant av 0,8 mill. kroner vart nytta til utvikling av eit styringssystem for Noregs forskingsråd, som ei oppfølging av evalueringa av Forskingsrådet frå 2012.

I samarbeid med Nærings- og fiskeridepartementet vart det i 2014 sett i gang ei evaluering av ordninga med teknologioverføringskontor (TTO-ordninga). 0,4 mill. kroner av løyvinga vart nytta til denne evalueringa.

Dei resterande 2,6 mill. kronene av løyvinga har mellom anna dekt midlar til ulike utgreiingar knytte til forskingspolitikken i regi av OECD, og til å finansiere arbeid i samband med dei vitskaplege prisane.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår ei løyving på 15,7 mill. kroner, mot 39,7 mill. kroner i 2015.

I statsbudsjettet for 2015 vart det løyvt 10 mill. kroner ekstra til forskingsinstitutt som Forskingsrådet tilrådde innlemma i ordninga med statleg basisfinansiering. Midlane vart plasserte på kap. 287 post 21. Frå og med budsjettet for 2016 skal desse midlane, saman med 15 mill. kroner som kom i samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett 2014, til saman 25 mill. kroner, inngå som ein del av basisfinansieringa av Uni Research. Uni Research var det einaste av søkarinstitutta som oppfylte krava til statleg basisfinansiering. Finansieringa av Uni Research skjer på tre ulike «fordelingsarenaer»: den teknisk-industrielle arenaen, miljøarenaen og den samfunnsvitskaplege arenaen. Nærings- og fiskeridepartementet har ansvaret for finansiering av institutta på den teknisk-industrielle arenaen, Klima- og miljødepartementet har ansvaret for miljøarenaen, og Kunnskapsdepartementet har ansvaret for den samfunnsvitskaplege. Dei 25 mill. kronene skal derfor fordelast på dei tre arenaene. Departementet foreslår at delar av dei 25 mill. kronene på kap. 287 post 21, blir rammeoverførte til arenadepartementa i 2016, høvesvis 4,3 mill. kroner til Nærings- og fiskeridepartementet og 11 mill. kroner til Klima- og miljødepartementet. Departementet foreslår vidare å flytte 9,7 mill. kroner frå kap. 287 post 21 til kap. 287 post 57. Berekninga er gjord på grunnlag av korleis aktiviteten til Uni Research er fordelt på dei tre arenaene.

Løyvinga på kapitlet finansierer satsinga Forskning for forsknings- og innovasjonspolitikk (FORINNPOL), arbeid i samband med dei vitskaplege prisane og kan også bli nytta til å finansiere tidsavgrensa prosjekt i Kunnskapsdepartementet.

Post 53 NUPI

Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) har til formål å medverke til større innsikt i mellomfolkelege spørsmål, ved å drive forsking og ved å spreie informasjon om internasjonale forhold. Basisløyvinga til NUPI blir gitt over kap. 287 post 57, medan løyvinga på post 53 blir nytta til å finansiere dei nasjonale informasjonsoppgåvene til NUPI, mellom anna den rolla instituttet har som formidlar til barn og unge i alderen 15–25 år.

Mål for 2016

Målet for ordninga er å medverke til at NUPI skal vere eit leiande miljø for presentasjon av og diskusjon om internasjonal politikk, med særleg ansvar for å ta hand om kommunikasjonen med elevar, studentar og offentlegheita.

Rapport for 2014

Departementet er nøgd med måloppnåinga til NUPI når det gjeld dei oppgåvene som er knytte til informasjon og formidling.

Digitale flater er den primære kanalen til NUPI for ekstern kommunikasjon og har òg vore ei viktig satsing for NUPI i 2014. I 2014 har NUPI blant anna utvikla ei ny heimeside. Den nye heimesida gir ei betre plattform for å nå ut til brukarane til NUPI. Dei fleste av seminara i 2014 er filma og er tilgjengelege for strøyming på kanalen til NUPI på YouTube. Den viktigaste kanalen for å spreie informasjon til barn og unge i alderen 15–25 år er nettstaden hvorhenderdet.no. Nyhendebrev frå hvorhenderdet.no blir sende til om lag 24 000 e-postadresser. Det er ein monaleg vekst frå tidlegare år. NUPI har òg teke imot 23 skoleklassar i løpet av 2014.

NUPI har i tillegg arrangert ei stor mengd seminar og konferansar, og forskarane ved NUPI har òg i 2014 vore mykje nytta som kjelder og kommentatorar i media.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår at løyvinga på posten blir ført vidare på same nivå som i 2015.

Post 56 Ludvig Holbergs minnepris

Mål for 2016

Formålet med Ludvig Holbergs minnepris (Holbergprisen)er å auke merksemda kring humaniora, samfunnsvitskap, jus og teologi. Prisen blir tildelt forskarar som på avgjerande måte har påverka internasjonal forsking på sitt område.

Rapport for 2014

Holbergprisen vart i 2014 delt ut til den britiske religionshistorikaren Michael Cook ved Princeton University. I grunngivinga si skriv Holbergkomiteen at Cook er ein av dei leiande ekspertane på islamsk historie og religiøs tenking i vår tid. Vinnaren av Holbergprisen får 4,5 mill. kroner.

I tillegg til å dekkje prisbeløpet til vinnaren blir løyvinga nytta til ulike arrangement i samband med prisutdelinga og til aktivitetar som skal auke interessa for humanistiske og samfunnsvitskaplege fag i samfunnet elles. Holbergprisen i skolen er ein nasjonal forskarkonkurranse for elevar i vidaregåande skole. Kvart år deltek tolv skolar og over 400 elevar frå heile landet i konkurransen. Konkurransen bidrar til å auke interessa for humanistiske og samfunnsvitskaplege fag, jus og teologi blant barn og unge. I 2014 var det elevar ved Elvebakken videregående skole som vann prisen.

I samband med Holbergprisen blir òg Nils Klim-prisen for yngre nordiske forskarar delt ut innanfor dei same fagfelta. I 2014 gjekk prisen til Terje Lohndal, professor i lingvistikk ved NTNU. Lohndal er den yngste vinnaren av Nils Klim-prisen. Prisen er på 250 000 kroner og blir dekt over post 56.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår ein reell auke i løyvinga til Holbergprisen på 1,2 mill. kroner i 2016.

Post 57 Basisløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

Kunnskapsdepartementet har ansvaret for basisløyvinga til dei samfunnsvitskaplege institutta som er omfatta av ordninga med statleg basisløyving. Desse midlane blir fordelte til institutta gjennom Forskingsrådet. Institutta skal nytte basisløyvinga til langsiktig kunnskaps- og kompetansebygging.

Mål for 2016

Målet for den statlege basisløyvinga er å sikre ein sterk samfunnsvitskapleg forskingsinstituttsektor som kan tilby næringsliv og offentleg sektor relevant kompetanse og forskingstenester av høg internasjonal kvalitet. Løyvinga skal vidare stimulere til vitskapleg kvalitet, internasjonalisering og samarbeid i den samfunnsvitskaplege delen av instituttsektoren.

I 2016 vil ti pst. av basisløyvinga til dei samfunnsvitskaplege institutta bli omfordelte etter oppnådde resultat på fastlagde indikatorar. Omfordelingsdelen har vore den same sidan ordninga vart innført i 2009.

Rapport for 2014

Arbeidsforskningsinstituttet (AFI) og Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) vart slåtte saman med Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) frå 1. januar 2014, og basisløyvingane deira inngår i løyvinga til HiOA frå 2015.

Til saman vart det utført 754 forskarårsverk i dei 23 samfunnsvitskaplege institutta i 2014.

Institutta hadde nær 1,3 mrd. kroner i driftsinntekter i 2014. Den statlege basisløyvinga stod for 170 mill. kroner av driftsinntektene, og internasjonale inntekter var på 94 mill. kroner. I 2014 vart ti pst. av basisløyvinga til dei samfunnsvitskaplege institutta omfordelte mellom institutta etter oppnådde resultat på indikatorar som premierer kvalitet og relevans i den faglege verksemda til institutta.

Uni Research Rokkansenteret og NTNU Samfunnsforskning tredde inn i ordninga med statleg basisløyving i 2011. Desse institutta kom inn med ei låg basisløyving og har hatt størst nominell prosentvis vekst i perioden frå 2012 til 2014. Av dei andre institutta har Nordlandsforskning, Østfoldforskning og Trøndelag Forskning og Utvikling komme best ut av omfordelinga av basisløyvingane. Tre institutt har fått redusert basisløyvinga i same periode.

Tabell 4.14 viser basisløyvinga til dei samfunnsvitskaplege institutta som fekk statleg basisløyving i 2014, og korleis basisløyvinga for kvart institutt har endra seg frå 2012 til 2014.

Tabell 4.14 Basisfinansieringa av dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta1

Basisfinansiering 2014 (i mill. kroner)

Nominell endring 2012–14 (i pst.)

Agderforskning

3,722

6

IRIS Samfunns- og næringsutvikling

6,440

7

Møreforsking

4,791

14

Nordlandsforskning

5,330

21

NORUT Alta

2,227

4

NORUT Tromsø, samfunn

3,325

7

Telemarksforsking

4,057

2

Trøndelag Forskning og Utvikling

2,694

15

Vestlandsforsking

3,860

7

Østfoldforskning

3,695

18

Østlandsforskning

3,788

12

Chr. Michelsens Institutt (CMI)

14,904

3,4

Fafo

15,758

4,1

Fridtjof Nansens Institutt

8,236

–2

Frischsenteret

1,952

–9

Institutt for samfunnsforskning (ISF)

10,587

1

Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU)

13,482

–5

NTNU Samfunnsforskning

7,382

33

Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI)

16,072

–9

Institutt for fredsforskning (PRIO)

16,111

11

Uni Rokkansenteret

4,272

53

SINTEF Teknologi og samfunn

13,384

10

Samfunns- og næringslivsforskning AS (SNF)

7,517

6

1 Arbeidsforskningsinstituttet og NOVA vart slåtte saman med Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) frå 1. januar 2014, og basisløyvingane deira vart utbetalte til HiOA i 2014.

Kjelde: Noregs forskingsråd

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår ei løyving på 179,1 mill. kroner i 2016. I tillegg til denne løyvinga kjem basisløyvinga til Chr. Michelsens Institutt på 16,4 mill. kroner. Denne løyvinga blir gitt over kap. 165 post 70 på budsjettet til Utanriksdepartementet.

Departementet foreslår vidare å flytte 9,7 mill. kroner frå kap. 287 post 21 til kap. 287 post 57, jf. omtale under kap. 287 post 21. Midlane skal bidra til å finansiere basisløyvinga til Uni Research Helse, som frå 2016 vil ta imot statleg basisløyving frå den samfunnsvitskaplege fordelingsarenaen. Posten er auka med 2,4 mill. kroner for å fullfinansiere at Uni Research Helse kjem med i basisløyvingsordninga i 2016.

Forskingsinstitutta Norut Alta og Norut Tromsø fusjonerte i juni 2015. Forskingsverksemda held fram i Alta og i Tromsø. Basisløyvingane til dei to tidlegare institutta blir frå 2016 overførte til det nye instituttet, som har namnet Norut Northern Research Institute AS (forkorta til Norut).

Post 60 Regionale forskingsfond, tilskott til forsking

Dei sju regionale forskingsfonda vart oppretta frå 1. januar 2009 med ein fondskapital på 6 mrd. kroner. Avkastninga frå kapitalen vart fordelt til dei regionale fonda frå 2010. Ved behandlinga av statsbudsjettet for 2015 slutta Stortinget seg til forslaget frå regjeringa om å avvikle fondsmekanismen og å føre avkastninga vidare som ei ordinær løyving. Kunnskapsdepartementet har fastsett retningslinjer for regionale forskingsfond. Retningslinjene spesifiserer formål med ordninga, styringslinjer og aktørar, oppgåvene og ansvarsområda deira, mellom anna krav til administrasjon og styring av midlane i ordninga.

Mål for 2016

Dei regionale forskingsfonda skal styrkje regional forsking og forskingsbasert innovasjon. Fonda skal medverke til langsiktig, grunnleggjande kompetansebygging i relevante forskingsmiljø og såleis medverke til betre kvalitet i forskinga. Fonda skal møte FoU-behov ved å støtte FoU-prosjekt som er foreslåtte av offentlege eller private aktørar i fondsregionen. På denne måten blir prioriteringane til fondsstyra forankra i regionale føresetnader og behov. Forskingsfonda skal vidare bidra til kapasitetsbygging i regionale forskingsmiljø slik at miljøa ytterlegare kan nå opp i den nasjonale og internasjonale konkurransen om forskingsmidlar. Dei regionale forskingsfonda skal halde fram med å vurdere korleis dei på ein god måte kan følgje opp den nasjonale EU-strategien for samarbeidet med EU om forsking og innovasjon.

Rapport for 2014

Til saman kom det i 2014 inn 567 søknader til dei regionale fondsstyra. 213 av søknadene fekk tildelt midlar. Hovuddelen av dei tildelte midlane er nytta til forsking på helse (inkludert e-helse), mat og til forsking og innovasjon i offentleg sektor. Næringslivet fekk nærmare 48 pst. av midlane, medan 14 pst. gjekk til forskingsinstitutt og universitets- og høgskolesektoren. Kommunar og fylkeskommunar fekk 33 pst. av midlane. 31,5 mill. kroner av løyvinga på posten gjekk til samarbeidsprosjekt mellom fondsregionane.

Forskingsrådet fekk ei tildeling på 8,7 mill. kroner til å dekkje administrative meirutgifter knytte til regionale forskingsfond.

Etter fem år har dei sju fondsregionane fordelt drygt 1 mrd. kroner. Figur 4.14 viser den prosentvise fordelinga av tilskott frå dei regionale forskingsfonda til ulike mottakarar i perioden frå 2010 til 2014. Figuren syner at i denne perioden har næringslivet fått mest midlar. Deretter kjem forskingsinstitusjonar (universitet, høgskolar og forskingsinstitutt). Særleg har offentlege verksemder hatt sterk vekst i tildelingar frå regionale forskingsfond frå 2010 til 2014. Innanfor denne gruppa går prosjektstøtta i det alt vesentlege til fylkeskommunar og kommunar, herunder til forskingsfeltet tenesteinnovasjon i kommunal sektor.

Figur 4.14 Fordeling av midlane frå regionale fond til ulike søkjargrupper 2010–14 (i pst.)

Figur 4.14 Fordeling av midlane frå regionale fond til ulike søkjargrupper 2010–14 (i pst.)

Figuren syner at i perioden 2010–14 har delen av tilskotta til næringslivet variert mellom 35 pst. og om lag 50 pst. Forskingsinstitusjonane (universitet, høgskolar og forskingsinstitutt) har motteke ein stadig mindre del av tilskotta, medan offentlege verksemder har hatt ein vekst frå om lag fire pst. av tildelingane i 2010 til nærmare 36 pst. i 2014. Innanfor denne gruppa går prosjektstøtta i det alt vesentlege til fylkeskommunar og kommunar, og mykje av midlane går til tenesteinnovasjon i kommunal sektor. Sidan ordninga med regionale forskingsfond vart innført, har næringslivet motteke tilskott på 453 mill. kroner. Forskingsinstitusjonane fekk nærmare 320 mill. kroner og offentlege verksemder om lag 250 mill. kroner.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår ei løyving på 251,6 mill. kroner. Sjå tabell 4.15 med forslag til fordeling av midlane. Hovuddelen av løyvinga blir fordelt direkte til fondsregionane (vertsfylkeskommunane) etter faste kriterium, jf. Prop. 1 S (2010–2011) for Kunnskapsdepartementet. I samsvar med retningslinjene for regionale forskingsfond foreslår departementet å tildele 15 pst. av midlane til å finansiere samarbeidsprosjekt mellom fondsregionane.

For å bidra til omstilling i nærings- og arbeidslivet foreslår regjeringa ein eittårig auke i løyvinga til Regionalt forskingsfond Agder og Regionalt forskingsfond Vestlandet med totalt 19 mill. kroner i 2016. Auken blir fordelt med 13 mill. kroner til Vestlandet og 6 mill. kroner til Agder.

Departementet foreslår å tildele 9,1 mill. kroner til Forskingsrådet til dekning av årlege administrative meirutgifter knytte til ordninga. Forskingsrådet og dei regionale fonda vil i 2016 setje i verk ei evaluering av samarbeidsprosjekta.

Tabell 4.15 Fordeling av midlane til regionale forskingsfond

(i 1 000 kroner)

Mottakar og formål

Beløp

Fondsregionar:

Vertsfylkeskommune

– Nord-Noreg

Troms

33 605

– Midt-Noreg

Sør-Trøndelag

26 390

– Innlandet

Hedmark

16 053

– Hovudstaden

Akershus

30 736

– Oslofjordfondet

Vestfold

35 715

– Agder

Aust-Agder

20 525

– Vestlandet

Hordaland

45 919

Noregs forskingsråd for dekning av årlege administrative meirutgifter knytte til ordninga

9 100

Samarbeidsprosjekt mellom fondsregionane

33 519

Totalt

251 562

Post 71 Tilskott til andre private institusjonar

Tilskott blir gitt til Senter for grunnforskning (CAS), Det Norske Videnskaps-Akademi (DNVA), Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS), Egede Instituttet, Forskningsinstituttenes fellesarena (FFA) og matematikkorganisasjonen Centre International de Mathématiques Pures et Appliquées (CIMPA). Tilskottet til DNVA dekkjer òg arbeidet med å administrere Kavliprisane.

Mål for 2016

Målet for tilskotta er at tilskottsmottakarane skal styrkje den faglege verksemda si. Tilskottet til DNVA og DKNVS har òg som mål å medverke til større merksemd om forsking generelt og til meir internasjonalt samarbeid mellom forskarar. DKNVS vil bli inkludert i gåveforsterkingsordninga frå 2016.

Rapport for 2014

Rapporteringa for 2014 viser at alle institusjonane har halde fram med den faglege verksemda.

Løyvinga til DNVA omfattar òg midlar til arrangement i samband med Kavliprisane. Kavliprisane er eit samarbeid mellom DNVA, The Kavli Foundation i California og Kunnskapsdepartementet. Kavliprisane blir delte ut annakvart år for framifrå vitskapleg arbeid innanfor fagfelta astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap. I 2014 gjekk prisen for astrofysikk til Alan H. Guth, Andrei D. Linde og Alexei A. Starobinsky for deira banebrytande arbeid innanfor teorien om kosmisk inflasjon. Prisen for nanovitskap gjekk til Thomas W. Ebbesen, Stefan W. Hell og sir John B. Pendry for deira bidrag til fagområdet nano-optikk. Prisen for nevrovitskap vart delt mellom Brenda Milner, John O’Keefe og Marcus E. Raichle for oppdaginga av spesialiserte hjernenettverk for minne og kognisjon.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår at løyvinga på posten blir ført vidare på same nivå som i 2015. Sjå tabell 4.16 med forslag til fordeling.

Tabell 4.16 Fordeling av midlane på kap. 287 post 71

(i 1 000 kr)

Institusjon

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Det Norske Videnskaps-Akademi

16 400

16 950

17 440

Senter for grunnforskning (CAS)

18 850

19 480

20 040

Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab

2 848

2 940

3 020

Egede Instituttet

400

404

410

Forskningsinstituttenes fellesarena

520

540

550

Centre International de Mathématiques Pures et Appliquées (CIMPA)

250

250

280

Totalt

39 268

40 564

41 740

Post 73 Niels Henrik Abels matematikkpris

Mål for 2016

Niels Henrik Abels matematikkpris (Abelprisen) blir delt ut for framifrå vitskapleg arbeid innanfor matematikk. Prisen skal bidra til å auke merksemda kring matematikk i samfunnet. Prisen skal òg stimulere interessa for matematikk blant barn og unge.

Rapport for 2014

I 2014 gjekk Abelprisen til Yakov G. Sinai for hans viktige bidrag til dynamiske system, ergodeteori og matematisk fysikk. Abelprisen blir delt ut av Det Norske Videnskaps-Akademi og medverkar til å auke merksemda kring matematikk i samfunnet, særleg blant barn og unge. Løyvinga dekkjer prisbeløpet på 6 mill. kroner og fleire arrangement i samband med prisutdelinga.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår at løyvinga på posten blir ført vidare på same nivå som i 2015.

Kap. 3287 Forskingsinstitutt og andre tiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

87

Avkastning - Regionale forskingsfond

219 022

96

Fondskapital - Regionale forskingsfond

6 000 000

Sum kap. 3287

219 022

6 000 000

Post 87 Avkastning – Regionale forskingsfond

Ordninga med regionale fond som fondsmekanisme vart avvikla i statsbudsjettet for 2015, og avkastninga vart ført vidare som ei ordinær løyving over kap. 287 post 60.

Post. 96 Fondskapital – Regionale forskingsfond

Ordninga med regionale fond som fondsmekanisme vart avvikla i statsbudsjettet for 2015, og avkastninga vart ført vidare som ei ordinær løyving over kap. 287 post 60. Fondskapitalen er ført tilbake til statskassa i 2015.

Kap. 288 Internasjonale samarbeidstiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

21

Særskilde driftsutgifter

5 837

26 865

37 306

72

Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar

231 291

246 426

306 024

73

EUs rammeprogram for forsking, kan overførast

1 575 206

2 053 648

2 325 815

74

Det europeiske instituttet for innovasjon og teknologi, kan overførast

11 178

75

UNESCO-kontingent

19 036

18 573

22 540

76

UNESCO-formål

3 105

3 207

3 500

Sum kap. 0288

1 845 653

2 348 719

2 695 185

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Løyvinga går til internasjonalt samarbeid innanfor ansvarsområda til departementet, inkludert bilateralt samarbeid med prioriterte land. Løyvinga dekkjer kontingenten til Senter for utdanningsforsking (CERI) under OECD, og ein mindre del vil òg kunne nyttast til Noregs hus i Cité Internationale Universitaire de Paris (CIUP).

Mål for 2016

Det er eit mål at Noreg deltek aktivt innanfor internasjonalt utdannings- og forskingssamarbeid, og at det er gode koplingar mellom desse områda.

Rapport for 2014

Arbeidet med ei styrkt strategisk tilnærming til bilateralt høgre utdannings- og forskingssamarbeid med prioriterte land vart ført vidare i 2014. Løyvinga har mellom anna vore nytta til pilotprogrammet UTFORSK (2013–2015). Målet med programmet er å styrkje samarbeidet med Brasil, Russland, India, Kina, Sør-Afrika og Japan, med særleg vekt på koplinga mellom høgre utdannings- og forskingssamarbeid. Programmet har fått god respons hos norske institusjonar, og i 2014 har åtte nye prosjekt fått innvilga støtte. UTFORSK er eit samarbeid mellom Forskingsrådet og Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU), og blir òg finansiert over kap. 281 post 01. Arbeidet med å utvikle eit meir systematisk kunnskapsgrunnlag for samarbeid med strategisk viktige land utanfor EU vart også ført vidare. I 2014 har SIU mellom anna avslutta eit kartleggingsoppdrag for departementet om utdanningssystemet og nasjonale prioriteringar i viktige samarbeidsland og korleis andre land samarbeider med desse landa innanfor høgre utdanning og forsking.

Samarbeidet med Brasil gjennom mobilitetsprogrammet Science without Borders vart ført vidare i 2014, og har mellom anna bidratt til ein auke i talet på brasilianske studentar i Noreg. Over 1500 studentar frå Brasil søkte seg til Noreg i 2014. Av desse fekk rundt 200 opptak ved elleve norske institusjonar for studieåret 2014–2015. Den norske deltakinga i programmet blir administrert av SIU. Løyvinga har òg vore nytta til å styrkje bilateralt samarbeid med Tyskland gjennom tysk–norsk ungdomsforum.

Budsjettforslag for 2016

Som eit ledd i satsinga til regjeringa på å utvikle fleire verdsleiande fagmiljø, vart det i 2015 løyvt 20 mill. kroner til eit nytt partnarskapsprogram for langsiktig institusjonelt samarbeid med prioriterte land utanfor EU (INTPART). Forskingsrådet og SIU starta i 2014 eit samarbeid om utforming av INTPART-programmet, som støtter aktiviteter som medverkar til å etablere eller vidareutvikle høgre utdannings- og forskingssamarbeid. Den første utlysinga i mars 2015 fekk god respons frå norske fagmiljø. Departementet foreslår at midlane blir ført vidare i 2016.

Kunnskapsdepartementet la hausten 2015 fram Panorama – strategi for høgre utdannings- og forskingssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika, som vil gjelde for perioden 2016–2020. Departementet foreslår ein auke på 10 mill. kroner over kap. 288 post 21 til oppfølging av strategien. Hovudtiltak under strategien vil vere knytte til vidare utvikling av UTFORSK og ei styrking av INTPART-programmet, med sikte på målretta utlysingar tilpassa gjeldande prioriteringar for samarbeid med dei ulike landa. Departementet foreslår å løyve totalt 14,2 mill. kroner til oppfølging av strategien over kap. 288 post 21, sjå òg omtale under kap 281 post 01.

Noreg har i 2017 formannskap i Nordisk Ministerråd. Ein del av løyvinga på posten vil gå til å førebu dette.

Departementet foreslår å flytte 0,2 mill. kroner til kap. 288 post 76 for å sikre vidare støtte til UNESCO sitt skolenettverk ASP-net (Associated School Program Network).

Post 72 Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar

Løyvinga dekkjer norsk deltaking i Den europeiske organisasjon for kjerneforsking (CERN), Det europeiske molekylærbiologiske laboratorium (EMBL), Den europeiske konferansen for molekylærbiologi (EMBC), Det europeiske synkrotronstråleanlegg (ESRF) og Den internasjonale kreftforskningsorganisasjonen (IARC).

Mål for 2016

Medlemskapen i internasjonale grunnforskingsorganisasjonar skal medverke til å nå overordna mål for norsk forskingspolitikk, inkludert høg kvalitet og internasjonalisering av norsk forsking. Målet for tilskotta er at tilskottsmottakarane skal halde fram med, eller styrkje, den faglege verksemda si.

Rapport for 2014

CERN er verdas leiande laboratorium innanfor partikkelfysikk. CERN er basert på forpliktande og langsiktig samarbeid mellom 21 medlemsland, hovudsakleg frå Europa. Noreg har vore medlem i CERN sidan organisasjonen vart oppretta i 1954. Forskingssenteret ligg i Genève og husar mellom anna verdas største partikkelakselerator, Large Hadron Collider (LHC). LHC vart verdskjend etter at han vart brukt til å finne Higgs-bosonet. Om lag 80 nordmenn arbeider ved CERN. CERN valde i 2014 sin første kvinnelege generaldirektør. I 2014 evaluerte eit internasjonalt ekspertpanel framdrifta i dei norske CERN-prosjekta. Evalueringa syner at prosjekta held høgt nivå.

EMBL er ein verdsleiande forskingsorganisasjon innanfor molekylærbiologi. 20 medlemsland eig og driv organisasjonen, som vart oppretta i 1974 for å fremme kvalitet og samarbeid i molekylærbiologisk forsking. Ved utgangen av 2014 var det tre norske tilsette på laboratoriet til EMBL. EMBL samarbeider med framifrå forskingsmiljø gjennom partnarskapar. Noreg er vertskap for to slike: eitt innanfor marin molekylærbiologi ved SARS-senteret i Bergen og eitt innanfor molekylærmedisin ved Universitetet i Oslo.

EMBC samarbeider tett med EMBL, men er ein eigen organisasjon. EMBC har 27 medlemsland. EMBC arbeider med kursing og opplæring, og finansierer aktivitetane til EMBO (European Molecular Biology Organization). EMBO er ein organisasjon for framifrå forskarar innanfor molekylærbiologi.

ESRF er eit laboratorium for synkrotronforsking. Organisasjonen omfattar òg den sveitsisk-norske strålelinja (SNBL). I juni 2014 vart Russland nytt medlem av ESRF. Den nordiske eigardelen i ESRF er auka frå fire til fem pst. Forskingsrådet har eit eige program for synkrotron- og nøytronrelatert følgjeforsking som mellom anna skal medverke til god utnytting av den norske medlemskapen i ESRF. Følgjeforskinga er retta mot metodeutvikling og kapasitetsbygging i dei norske fagmiljøa.

IARC er eit internasjonalt kreftinstitutt knytt til Verdas helseorganisasjon. Noreg er eit av 22 medlemsland i IARC. Hovudformålet er å fremme internasjonalt kreftforskingssamarbeid. Årsaker til kreft og førebygging av kreft er sentrale forskingsfelt. IARC legg vekt på samarbeid med fattige land og fungerer også som global referanseorganisasjon når det gjeld omfanget av kreftsjukdom verda over. Norske forskarar er aktive både i forskinga og i styrande organ.

Budsjettforslag for 2016

Kontingentane for dei enkelte medlemslanda blir bestemde ut frå ein avtalefesta berekningsnøkkel der bruttonasjonalproduktet eller tilsvarande er ein hovudfaktor. Kontingentkrava for 2016 er enno ikkje fastsette for alle organisasjonane. Budsjettforslaget for 2016 tek derfor utgangspunkt i kontingentane som vart vedtekne for 2015. Auken er størst for kontingenten for CERN, noko som hovudsakleg skriv seg frå endringar i valutakursen.

Tabell 4.17 Norske kontingentbidrag til internasjonale grunnforskingsorganisasjonar

Organisasjon

Kontingent i lokal valuta

CHF

Euro

1 000 kroner

CERN

31 086 900

261 985

EMBC

517 327

4 504

EMBL

2 665 718

23 209

ESRF

953 776

8 304

ESRF Upgrade

160 401

1 397

IARC

761 000

6 626

Totalt

306 024

Post 73 EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, kan overførast

Løyvinga dekkjer norsk kontingent for deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020. Noreg har delteke fullt ut i forskingssamarbeidet med EU sidan 1994 og er assosiert deltakar i rammeprogrammet. Det vil mellom anna seie at norske forskarar har lik tilgang og deltek på lik linje med forskarar frå EU-landa, men at Noreg ikkje har formell stemmerett i avgjerdsprosessar som går på utvikling av rammeprogrammet.

Mål for 2016

Norsk deltaking i Horisont 2020 skal medverke til betre kvalitet i norsk forsking og innovasjon, auka innovasjonsevne, verdiskaping og berekraftig økonomisk utvikling, betre velferd og ei meir berekraftig samfunnsutvikling, og til at vi utviklar vår eigen forskings- og innovasjonssektor. Deltakinga gir tilgang på ny kunnskap, teknologi, nettverk, marknader og infrastruktur.

Rapport for 2014

Horisont 2020 starta opp i januar 2014. Programmet har tre hovudområde: framifrå forsking, eit konkurransedyktig næringsliv og store samfunnsutfordringar. I juni 2014 la regjeringa fram ein strategi for samarbeidet med EU om forsking og innovasjon. I strategien sette regjeringa som ambisjon at norske forskarar skal få to pst. av pengane som Horisont 2020 lyser ut. Regjeringa legg stor vekt på god norsk deltaking i Horisont 2020 som ein vesentleg del av norsk forskingspolitikk. Dette vart spegla i langtidsplanen for forsking og høgre utdanning som regjeringa la fram i oktober 2014. I langtidsplanen pliktar regjeringa å trappe opp ordningar som stimulerer til god norsk deltaking i Horisont 2020, med 400 mill. kroner innan 2018.

I 2014 sette Forskingsrådet i verk fleire tiltak for å mobilisere til auka norsk deltaking i Horisont 2020. STIM-EU, ei målretta ordning for å mobilisere forskingsinstitutta til deltaking i programmet, vart styrkt, rådgivingsapparatet for norske deltakarar vart utvida og gjort meir målretta, og fleire av programma til Forskingsrådet er innretta slik at dei mobiliserer og kvalifiserer for norsk deltaking i EU-forskinga.

I løpet av 2014 vart det sendt inn 1 067 søknader med norske deltakarar til Horisont 2020. 161 av desse prosjekta vart innstilte for finansiering. Dei siste tala syner at Noreg så langt har motteke om lag 1,86 pst. av dei pengane som er delte ut til prosjekt i Horisont 2020 (per juli 2015). I førre rammeprogram gjekk om lag 1,67 pst. av midlane til norske deltakarar. Resultata frå 2014 syner at Noreg gjer det best innanfor den delen av programmet som er retta mot å møte store samfunnsutfordringar, særleg forsking på tryggleik, energi, miljø og mat. Deltakinga er svakare i den delen som er retta mot framifrå forsking. Dessutan er det framleis låg deltaking og låg utteljing frå store program som til dømes helseprogrammet.

Budsjettforslag for 2016

Løyvinga over posten dekkjer bidraget frå Noreg til EUs rammeprogram for forsking. Etter EØS-avtalen Art. 82 nr. 1 bokstav a skal bidraget frå Noreg til programsamarbeidet med EU vere lik Noregs del av det samla BNP i EU-landa og i Noreg. Delen frå Noreg skal reknast av dei totale utbetalingane gjennom programmet i løpet av kalenderåret. Kor store dei årlege utbetalingane vil vere, er ikkje kjent før året er omme.

Løyvingsbehovet for Noregs bidrag på 2 326 mill. kroner i 2016 er derfor basert på overslaget til Europakommisjonen over kor mykje som vil bli betalt ut i 2016. Eit betre grunnlag for å vurdere utbetalingane i 2016 vil liggje føre når EU har vedteke budsjettet sitt for 2016 i løpet av hausten 2015.

Kontingenten frå Noreg vil bli betalt ut i august 2016. Deretter vil det bli gjort ei etterberekning våren 2017 basert på dei endelege utbetalingstala for 2016. Ei eventuell korrigering som følgje av etterberekninga vil bli gjord i kontingentkravet for 2018. Sjølv om programperioden til det sjuande rammeprogrammet vart avslutta i 2013, vil utbetalingane frå programmet bli fasa ut over fleire år. Det betyr at Noreg må rekne med å betale bidrag til det sjuande rammeprogrammet samtidig med bidrag til Horisont 2020. Vidare er også løyvinga til Noregs deltaking i Det europeiske instituttet for innovasjon og teknologi (EIT) innlemma i kontingenten til Horisont 2020. Sjå òg kap. 288 post 74.

Post 74 Det europeiske instituttet for innovasjon og teknologi, kan overførast

Det europeiske instituttet for innovasjon og teknologi (EIT) er innlemma i Horisont 2020. Noreg har vore med i EIT frå starten i 2007 for å leggje til rette for internasjonalt samspel og auka innovasjonsevne i samarbeid mellom forsking, utdanning og næringsliv.

Rapport for 2014

EIT har som mål å fremme samarbeid på tvers av land og sektorar, og er særleg retta mot samarbeid mellom forsking, utdanning og næringsliv. Hovudverkemiddelet for EIT er oppretting av kunnskaps- og innovasjonsnettverk (KIC) som finansierer samarbeid mellom forsking, utdanning og næringsliv innanfor definerte tema. Ingen norske miljø har i løpet av 2014 nådd opp i konkurransen om å bli med i slike nettverk.

Budsjettforslag for 2016

Frå 2015 er midlane på posten innlemma i kap. 288 post 73.

Post 75 UNESCO-kontingent

UNESCO, FNs særorganisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon, har i hovudoppgåve å medverke til fred og tryggleik ved å fremme internasjonalt samarbeid på fagområda til organisasjonen. Medlemslanda deltek i UNESCOs generalkonferanse og eksekutivråd, og kan dermed vere med på å påverke UNESCOs arbeid. Kontingenten er eit vilkår for norsk medlemskap og deltaking i UNESCO.

Mål for 2016

Formålet med løyvinga er å sikre norsk deltaking i UNESCO gjennom å dekkje medlemskontingenten og tilskott til World Heritage Fund.

Norsk deltaking i UNESCO skal medverke til at UNESCO arbeider for ein ny global konvensjon for godkjenning av kvalitet i høgre utdanning, for at organisasjonen arbeider for eit betre kunnskapsgrunnlag for hav og klima, for å verne og styrkje verda sin kultur- og naturarv, for å styrkje presse- og ytringsfridomen, og for at organisasjonen arbeider for at alle har tilgang til frie medium.

I dei styrande organa til UNESCO har Noreg som mål å arbeide for styrking av resultatrapporteringa, betra samarbeid med andre relevante FN-organisasjonar og konsentrasjon av innsatsen der organisasjonen har sine fremste fortrinn.

Rapport for 2014

Løyvinga har vore nytte til å sikre norsk deltaking i UNESCO gjennom å dekkje medlemskontingenten og tilskott til World Heritage Fund. Noreg har arbeidd for at UNESCO skal bli meir effektiv og målretta, mellom anna gjennom nordisk koordinering til UNESCOs styremøte.

Noreg støtta i 2014 rolla til UNESCO som kunnskapsleverandør og arbeidet med å måle progresjon mot dei globale utdanningsmåla gjennom Global Monitoring Report (GMR) og UNESCO sitt statistikkinstitutt (UIS). Noreg leidde Styringskomiteen for utdanning for alle som arbeidde for eit sett av mål og best moglege målindikatorar på global utdanning. Noreg har og støtta arbeidet til UNESCO med å styrkje kapasiteten til dei nasjonale myndigheitene i utdanningssektoren i utviklingsland.

Vidare bidro Noreg til UNESCO sitt arbeid med lærarar gjennom Teacher Task Force og til arbeidet med å fremme innhald og kvalitet i utdanning via International Bureau Education (IBE).

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår å løyve 22,5 mill. kroner til medlemskontingenten i UNESCO i 2016.

Post 76 UNESCO-formål

Løyvinga på posten går til tilskottsordninga til UNESCO-formål. Den norske UNESCO-kommisjonen har frå 2015 forvalta ordninga. Den norske UNESCO-kommisjonen er rådgivande organ for norske myndigheiter og fungerer som bindeledd mellom myndigheitene og fagmiljø på ansvarsområda til UNESCO. Kommisjonen skal òg medverke til å gjere UNESCOs idear, mål og oppgåver kjende i Noreg. Drifta av den norske UNESCO-kommisjonen blir finansiert over kap. 200 post 21.

Mål for 2016

Tilskottsordninga skal medverke til å styrkje UNESCOs arbeid og ansvarsområde, gjere UNESCO meir kjend i Noreg, og understøtte dei vedtekne satsingsområda til UNESCO-kommisjonen.

Rapport for 2014

Tilskottsordninga til UNESCO-kommisjonen gjekk i 2014 til å støtte 30 ulike prosjekt innanfor dei prioriterte områda presse- og ytringsfridom, berekraftig utvikling, immateriell kulturarv, verdsarven og demokratiutvikling. Ordninga har mellom anna støtta kartlegging, dokumentasjon samt innspeling av sjøsamisk joik i Varanger. Ordninga har òg støtta kampanjen Hvor har du det fra, som har som mål at unge blir gode og kritiske brukarar av medium, og skal hjelpe elevar til å sjå samanhengen mellom kultur og naturarv og forstå verdsarven og dei verdiane som ligg til grunn for verdsarvstatusen.

Budsjettforslag for 2016

Departementet foreslår ein auke på 0,2 mill. kroner for å sikre vidare støtte til UNESCO sitt skolenettverk ASP-net (Associated School Program Network). 400 000 kroner av løyvinga på posten vil i 2016 gå til FN-sambandet, som arbeider med ASP-nett i Noreg. ASP-net er eit globalt nettverk av meir enn 9 000 utdanningsinstitusjonar i 180 land som arbeider for å fremme verdiane og måla til UNESCO. I Noreg er det 29 medlemsskolar.

Departementet foreslår ei samla løyving på 3,5 mill. kroner på posten i 2016.

Kap. 3288 Internasjonale samarbeidstiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

4 717

4 599

5 578

Sum kap. 3288

4 717

4 599

5 578

Løyvinga på post 04 gjeld innanlandske kostnader knytt til UNESCO-kontingenten som etter statistikkdirektiva til OECD blir definerte som offentleg utviklingshjelp.

Programkategori 07.80 Utdanningsstøtte

Utgifter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

2410

Statens lånekasse for utdanning

33 761 256

35 156 812

35 807 485

1,9

Sum kategori 07.80

33 761 256

35 156 812

35 807 485

1,9

Inntekter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

5310

Statens lånekasse for utdanning

13 427 663

14 578 245

14 841 348

1,8

5617

Renter frå Statens lånekasse for utdanning

3 753 415

3 757 151

3 800 168

1,1

Sum kategori 07.80

17 181 078

18 335 396

18 641 516

1,7

Innleiing

Utdanningsstøtteordningane skal gi alle lik moglegheit til utdanning og medverke til at behovet for kompetanse i samfunnet blir dekt. Statens lånekasse for utdanning (Lånekassen) administrerer utdanningsstøtteordningane, som er heimla i utdanningsstøttelova. Støtteordningane blir regulerte i forskriftene om tildeling og tilbakebetaling av utdanningsstøtte.

Utdanning og kompetanse er viktig for at kvar einskild skal utvikle identitet, evne til å tenkje kritisk og kunne ta del i demokratiske prosessar. I stadig større grad er utdanning eit vilkår for å delta i arbeidslivet. Utdanningsstøtta legg såleis til rette for nyskaping og eit kunnskapsbasert samfunn. Gode støtteordningar er eit sentralt verkemiddel for sosial utjamning i rekrutteringa til høgre utdanning og forsking, og for å støtte opp om livslang læring.

Utdanningsstøtta skal leggje til rette for at elevar og studentar kan arbeide effektivt og med gode resultat.

Tilstandsvurdering

Mål: God tilgang til utdanning

God tilgang til utdanning er eitt av måla for Kunnskapsdepartementet i 2016. I all hovudsak er utdanningsstøtteordninga ei universell velferdsordning som skal medverke til at alle har eit godt grunnlag for livsopphald under utdanninga, uavhengig av geografiske forhold, alder, kjønn, funksjonsevne og sosiale og økonomiske forhold. I tillegg til generelle støtteordningar som dekkjer behova til majoriteten av støttemottakarane, må utdanningsfinansieringa derfor også vere målretta mot grupper med særskilde behov. Slik bidrar utdanningsstøtta til at målet kan bli nådd.

Utdanningsstøtta legg til rette for eit samfunn med høgt kunnskapsnivå og internasjonal orientering. Dei norske utdanningsstøtteordningane er gode jamført med både nordiske land og andre land det er naturleg å samanlikne med, til dømes Tyskland. Ordningane gjeld for alle, og ifølgje OECD bruker Noreg meir av løyvingane til den høgre utdanningssektoren på utdanningsstøtte enn andre nordiske land.

For at arbeidsmarknaden skal fungere godt, trengst utdanning og kompetanse. Noreg vil i framtida trenge fleire personar med relevant fag- og yrkesopplæring og med relevant høgre utdanning. Utdanningsstøtteordningane medverkar til at utdanningssektoren raskt kan fange opp endringar i etterspurnaden etter arbeidskraft og utdanning.

Støtteordningane skal sikre at elevar og studentar har økonomisk moglegheit til å ta utdanning som seinare kan nyttast i arbeidslivet. I høgre utdanning er utdanningsstøtta lik for alle på den måten at det blir gitt det same støttebeløpet, uavhengig av kva slags utdanning ein student tek. Dette medverkar til at det blir utdanna eit breitt spekter av mellom anna ingeniørar, lærarar og helsepersonell i Noreg og i utlandet. Lån og stipend skal gi elevar og studentar midlar å leve for under utdanninga, medan omgjering av lån til stipend og rentefritak under utdanning er subsidieelement som skal sikre dei som har avslutta ei utdanning, mot for stor gjeldsbyrde. Det finst også tryggleiksmekanismar i støtteordninga knytte til særskilde stipend ved sjukdom og fødsel, rentefritak ved for eksempel arbeidsløyse, og ettergiving av lån ved varig uførleik. Dette bidrar til at unge ikkje vel bort utdanning fordi dei er urolege for høg gjeld etter avslutta utdanning.

Grad av utnytting

Fleirtalet av studentar og elevar nyttar støtteordningane gjennom Lånekassen. I undervisningsåret 2014–15 var det om lag 503 700 elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring og studentar i høgre utdanning i Noreg (inkludert norske studentar i utlandet). Om lag 397 000 personar mottok stipend og/eller lån til utdanning. Av desse var 170 400 i vidaregåande opplæring dei har rett til etter opplæringslova, og 187 900 var i høgre utdanning. 39 300 var i anna utdanning, til dømes fagskole.

Heile ni av ti studentar i høgre utdanning mottek utdanningsstøtte frå Lånekassen ifølgje Levekårsundersøkelsen til Statistisk sentralbyrå (SSB) frå 2010. Delen støttemottakarar i Lånekassen som er 25 år og eldre, og som tek høgre utdanning, var i 2014–15 om lag 32 pst. mens delen studentar i høgre utdanning som var 26 år og eldre i 2014, var om lag 40 pst. ifølgje SSB. Dette viser at ein stor del av studentane i denne aldersgruppa nyttar Lånekassen.

Departementet er nøgd med at støtteordninga blir brukt av så mange. Proba Samfunnsanalyse har i rapporten Analyse av utdanningsstøtteordningene frå 2013 vist at studentar som kommer frå høgre sosioøkonomiske grupper, nyttar utdanningsstøtteordninga noko meir enn studentar frå lågare sosioøkonomiske grupper. Dei som vel dei mest lønnsame utdanningane, til dømes juridiske studium, tek òg opp mest lån.

Totalt fekk 48 500 studentar redusert stipend på grunn av inntekt, formue eller trygd over fribeløpet i likningskontrollen for 2013. At såpass mange støttemottakarar kombinerer utdanningsstøtte med arbeid eller trygd, er som forventa når støtteordninga tillèt dette. Det er mogleg å motta støtte, arbeide og ta utdanning på heiltid eller deltid. Delen støttemottakarar som får redusert stipend, har vore stabil i dei seinare åra, og ligg på rundt 15 pst.

Elevar med lovfesta rett til vidaregåande opplæring (ungdomsrett) har rett til utstyrsstipend. I 2014–15 nytta 90 pst. av dei som har rett til det, denne ordninga.

Elevar frå familiar med særleg svak økonomi har rett til grunnstipend. I 2014–15 fekk heile 36 pst. av støttemottakarane i vidaregåande opplæring dette stipendet. Departementet ventar at delen vil gå ned vesentleg som følgje av dei endringane i vilkåra for dette stipendet som tok til å gjelde frå skoleåret 2015–16. Ein prognose basert på sakshandsaminga så langt, viser at om lag åtte pst. av støttemottakarane vil få stipendet i 2015–16. Fristen for å søkje om grunnstipend for hausten 2015 er 15. november, slik at endelege tal for mottakarar av grunnstipend først vil liggje føre noko etter dette. Departementet vil følgje nøye med på verknadene av endringane i vilkåra for stipendet, og kjem tilbake til Stortinget med ei nærmare omtale av dette i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2016.

Aldersfordeling, kjønn og geografi

Fleirtalet av støttemottakarane i høgre utdanning er i aldersgruppa 20–24 år. Kvinnene er i fleirtal blant støttemottakarane, og delen kvinner aukar med stigande alder. Det er òg eit fleirtal av kvinner blant studentane i høgre utdanning generelt. Relativt få vaksne tek opp lån for å skaffe seg ei grunnopplæring eller ei vidaregåande opplæring.

Noreg er eit land med spreidd busetjing. For at det skal vere tilgang til vidaregåande opplæring uavhengig av bustad og avstand til skole eller læreplass, har utdanningsstøtteordninga eit bustipend for elevar som må flytte frå foreldreheimen for å gå på skole. Reisestipend blir gitt både til elevar i den vidaregåande opplæringa og til studentar.

Økonomi

Regjeringa er oppteken av å leggje til rette for at det skal vere mogleg for den einskilde studenten å planleggje og gjennomføre studia på normert tid. Utdanningsstøtte frå Lånekassen er ein viktig faktor for studium på heiltid. Undersøkingar viser at noko arbeid ved sida av studia ikkje går ut over studieprogresjonen. Det går fram av evalueringa av Kvalitetsreforma frå 2007 at arbeid i inntil ti timar per veke ved sida av studia ikkje gjer at studentane bruker mindre tid på å studere. Ein SSB-analyse av data frå undersøkinga Eurostudent V konkluderer med det same resultatet (Samfunnsspeilet 4/2015). Levekårsundersøkinga viser at studentane arbeider i snitt sju timar per veke ved sida av studia. I NOKUTs studiebarometer for 2014 oppgav heiltidsstudentane det same talet.

Kor mykje studentane arbeider, vil avhenge av kva den einskilde har kapasitet til ved sida av studia. Kjeldene til livsopphald for heiltidsstudenten vil derfor kunne vere ein kombinasjon av utdanningsstøtte og arbeidsinntekt. Utdanningsstøtta bør rettast inn slik at ho framleis tillèt ein rimeleg kombinasjon av studium på heiltid og noko arbeid ved sida av studia.

Mål: Kompetanse som trengst i dag og i framtida

Kompetanse som trengst i dag og i framtida, er eitt av måla for Kunnskapsdepartementet for 2016. Utdanningsstøtteordninga skal bidra til at samfunnet og arbeidslivet får tilgang på kompetanse. Slik bidrar støtteordninga til at målet kan bli nådd.

Ifølgje SSB har nesten kvar tredje person i aldersgruppa over 16 år utdanning på universitets- og høgskolenivå. Brorparten av desse har motteke støtte frå Lånekassen under utdanninga.

I tillegg til dei delane i støtteordninga som blir nytta av alle, finst enkelte element som skal stimulere studentane til å ta visse utdanningar. Ordninga med ettergiving av lån for visse lærarutdanningar skal bidra til å auke rekrutteringa av studentar til visse fag og emne med spesiell etterspurnad. Ordninga med delvis sletting av utdanningslån for låntakarar som er busette i og utøver eit yrke i Finnmark og enkelte kommunar i Nord-Troms, skal hjelpe til med å sikre spesiell kompetanse på særskilde stader (Finnmarksordninga). 6 182 personar fekk sletta delar av utdanningslånet i 2014 under Finnmarksordninga. Det finst òg element i utdanningsstøtteordninga som skal medverke til raskare gjennomstrøyming av studentar på lærestadene, for eksempel ordninga med omgjering av lån til stipend (konverteringsordninga). Dette skal freiste å gi samfunnet kompetansen så raskt som mogleg.

I internasjonal målestokk har Noreg svært gode økonomiske ordningar for studentar som vel å ta utdanning i utlandet. Det finst eigne stipend- og låneordningar både til delvis dekning av utgifter til skolepengar og til reiser. Arbeidsmarknaden er i endring, og internasjonal kompetanse er etterspurd. Det har derfor stor verdi at norske studentar vel å ta delar av utdanninga eller heile utdanninga i utlandet.

Det har aldri tidlegare vore så mange norske studentar i utlandet som i undervisningsåret 2014–15. Da valde heile 24 900 studentar å ta anten heile eller delar av graden sin i utlandet. Talet på delstudentar går likevel ned samanlikna med i 2013–14. Det er ein relativt stabil del av støttemottakarane som mottek støtte til høgre utdanning i utlandet. I undervisningsåret 2013–14 og 2014–15 var det 13,3 pst. av støttemottakarane totalt som mottok støtte til høgre utdanning i utlandet. Mange vel utdanning i engelskspråklege land, eller utdanning på engelsk.

Elevar som tek Vg2 i utlandet, og som reiser gjennom utvekslingsorganisasjonar, kan få støtte til studieopphaldet i utlandet dersom utvekslingsorganisasjonen er godkjend for utdanningsstøtte. Departementet har nyleg skipa nye vilkår for godkjenning. Organisasjonane må oppfylle desse vilkåra innan 2016–17.

Strategiar og tiltak

Som i dei to føregåande budsjetta går regjeringa inn for å betre dei økonomiske vilkåra til studentane gjennom å auke basisstøtta utover prisveksten. Basisstøtta utgjer fundamentet i utdanningsstøtteordninga for høgre utdanning og andre utdanningar som er omfatta av same regelverk, og ho har særleg mykje å seie for dei som studerer på heiltid.

Departementet viser til at eit fleirtal i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen under handsaminga av statsbudsjettet for 2015 kom med følgjande merknad i Innst. 12 S (2014–2015):

«Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Venstre og Sosialistisk Venstreparti, viser til at Stortingets flertall under behandlingen av budsjettet for 2014 ba regjeringen legge frem en plan for økning av studiestøtten og studiestøttens lengde, med mål om realisering av heltidsstudenten. Flertallet har ikke registrert at noen slik plan er lagt frem fra regjeringen. Flertallet kan ikke se en satsing for å realisere heltidsstudenten i statsbudsjettet, og etterlyser regjeringens plan om øking av studiestøtten for å nå dette målet.»

Regjeringa er oppteken av å leggje til rette for gjennomføring av heiltidsstudium, og i Sundvolden-erklæringa prioriterer regjeringa å auke utdanningsstøtta utover pris- og kostnadsveksten. Basisstøtta er auka utover venta prisvekst både i 2014 og 2015. I undervisningsåret 2016–17 foreslår regjeringa å styrkje basisstøtta med 3,1 pst., noko som er 0,6 prosentpoeng meir enn venta prisvekst per august 2015.

Departementet planlegg ei ny undersøking av levekåra til studentane, sjå nærmare omtale under kategoriinnleiinga til programområde 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Betre tilhøve for utdanning i utlandet

Regjeringa fører vidare arbeidet med å betre tilhøva for utanlandsstudium. Fleire studentar i ikkje-engelskspråklege land vil vere eit verkemiddel for å styrkje konkurransekrafta til Noreg i ei globalisert verd. Betre støtteordningar for språkkurs vil kunne føre til at fleire studentar vel å ta utdanning i slike land, mellom anna i Tyskland, som er ein viktig samarbeidspartnar for Noreg. Departementet foreslår derfor å gjere ein del endringar i dei eksisterande ordningane, noko som venteleg vil gjere det meir attraktivt å søkje seg til studium i ikkje-engelskspråklege land.

Det finst eigne støtteordningar i Lånekassen for språkopplæring i ikkje-engelskspråklege land som har ti