Prop. 1 S (2015–2016)

FOR BUDSJETTÅRET 2016 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 3
Omtale av særlege tema

5 Oppfølging av langtidsplanen for forsking og høgre utdanning

5.1 Innleiing

Regjeringa har åtte hovudsatsingar for å forenkle, forbetre og fornye Noreg. Ei av dei viktigaste satsingane er knytt til kunnskap. Noreg kan ikkje bli billegast, men vi har mange område der vi kan bli internasjonalt leiande. Da må vi ha fagmiljø i verdsklasse. For å få til det må vi prioritere innsatsen til forsking og høgre utdanning og tenkje langsiktig. OECD (OECD Science, Technology and Industry Outlook 2014) peiker på to typiske trekk for land med velutvikla system for forsking og innovasjon. For det første investerer slike land langsiktig i kunnskapsbasen. Det vil mellom anna seie å investere i utdanning, rekruttering og utstyr. For det andre styrkjer slike land konkurranseevna si gjennom prioriterte satsingar for å møte store samfunnsutfordringar.

Langtidsplanen for forsking og høgre utdanning er regjeringa sitt viktigaste prioriteringsverktøy i denne samanhengen. Langtidsplanen vart lagd fram i oktober 2014. Saman med regjeringa sin strategi for samarbeidet med EU om forsking og innovasjon er planen ein del av regjeringa si heilskaplege tilnærming til å fremme kvalitet og konkurranseevne i norsk forsking. EU-strategien og langtidsplanen blir omtalte kort i innleiinga. Deretter følgjer ein meir detaljert omtale av oppfølginga av langtidsplanen. For å gi ei god oversikt over forsking og utvikling i statsbudsjettet generelt følgjer omtale av Noregs forskingsråd og eit eige avsnitt om forsking og utvikling i statsbudsjettet som òg tek for seg utviklinga i offentleg forskingsinnsats.

I følgje Kunnskapsdepartementet sine overslag inneber forslaget til statsbudsjett for 2016 samla FoU-løyvingar på 32,5 mrd. kroner. Dette utgjer ein realvekst på 4,1 pst. frå 2015-budsjettet, og ein del av bruttonasjonalprodukt på 1,01 pst. I langtidsplanen for forsking og høgre utdanning tek regjeringa sikte på at målet om at offentlege løyvingar til FoU skal utgjere ein pst. av BNP kan bli nådd i 2019/2020, gitt utsiktene til vekst i BNP da planen vart utforma. Grunna lågare BNP-vekst enn forventa og ei stor satsing på forsking i regjeringa sitt forslag til budsjett for 2016, ligg FoU-løyvingane over ein pst. av BNP allereie i 2016. Medrekna Skattefunn-ordninga er overslaget for realvekst 4,0 pst. og delen av bruttonasjonalproduktet 1,09 pst.

Langtidsplan for forsking og høgre utdanning

Langtidsplanen har tre overordna mål for offentlege investeringar i forsking og høgre utdanning. Dei er konkurransekraft og innovasjonsevne, å møte store samfunnsutfordringar og å utvikle framifrå kvalitet i forsking og høgre utdanning. Veksten skal gå til dei seks langsiktige prioriteringane i planen (hav, klima, miljø og miljøvennleg energi, fornying i offentleg sektor og betre og meir effektive velferds-, helse- og omsorgstenester, mogleggjerande teknologiar, eit innovativt og omstillingsdyktig næringsliv og verdsleiande fagmiljø). Satsingar som medverkar til auka kvalitet i forsking og høgre utdanning, eller at næringslivet forskar meir, blir prioriterte. For å sørgje for ei langsiktig investering i kunnskapsbasen har regjeringa varsla ein auke i løyvingane til rekrutteringsstillingar med 500 nye stillingar, vitskapleg utstyr med 400 mill. kroner og tiltak for god norsk deltaking i Horisont 2020 med 400 mill. kroner innan 2018.

Strategi for Noregs samarbeid med EU om forsking og innovasjon

Våren 2014 la regjeringa fram ein strategi for samarbeid med EU om forsking og innovasjon. Gjennom EU-samarbeidet er Noreg ein aktiv deltakar i utviklinga av det felleseuropeiske forskingsområdet (European Research Area, ERA). ERA handlar om tettare integrasjon av samarbeidet om forsking og innovasjon i Europa og i det europeiske samarbeidet med land utanfor Europa. ERA-arbeidet går føre seg gjennom konkrete aktivitetar som til dømes samarbeid om felleseuropeiske forskingsinfrastrukturar, fellesprogram for forsking og felles politikk for rammevilkår for forskarar. Det største tiltaket innanfor ERA er Horisont 2020. Horisont 2020 er verdas største internasjonale program for forsking og innovasjon og Noregs viktigaste verkemiddel for internasjonalisering av forsking og innovasjon. I EU-strategien har regjeringa fire hovudmål for norsk deltaking i Horisont 2020 og ERA. Deltakinga skal medverke til betre kvalitet og at norske forskarar hevdar seg internasjonalt, auka innovasjonsevne og verdiskaping, betre velferd og meir berekraftig samfunnsutvikling, og utvikling av norsk forsking og innovasjon. I tillegg har regjeringa som ambisjon at norske fagmiljø skal få to pst. av prosjektmidlane i Horisont 2020. Det krev ein auke i deltakinga frå norske fagmiljø samanlikna med tidlegare rammeprogram for forsking.

5.2 Oppfølging av langtidsplanen for forsking og høgre utdanning

I 2015 fulgte regjeringa opp langtidsplanen med over 800 mill. kroner. Regjeringa prioriterte særleg tiltak for kvalitet og næringsretta forsking. I tillegg starta opptrappinga av rekrutteringsstillingar, vitskapleg utstyr og tiltak for god norsk deltaking i Horisont 2020.

I 2016 foreslår regjeringa å halde fram med opptrappingsplanane. Regjeringa foreslår å følgje opp langtidsplanen med om lag 760 mill. kroner til satsingar som medverker til omstilling av norsk samfunns- og næringsliv og til å utvikle verdsleiande fagmiljø. Under følgjer ei oversikt over satsingar som følgjer opp dei tre opptrappingsplanane og dei seks langsiktige prioriteringane.

Rekrutteringsstillingar

I budsjettet for 2016 foreslår regjeringa å følgje opp den varsla opptrappinga av rekrutteringsstillingar med 125 stillingar. Rekrutteringsstillingane blir tildelte miljø innanfor realfag og teknologi, inkludert maritime fag, og sjukepleie. Nokre av rekrutteringsstillingane blir tildelt instituttsektoren og ordningane for nærings-ph.d. og offentleg sektor-ph.d. I tillegg foreslår regjeringa å løyve midlar til 113 rekrutteringsstillingar som ein del av regjeringa si sysselsettingspakke. Desse stillingane blir fasa ut etter ein stipendiatperiode. Vidare foreslår Kunnskapsdepartementet 50 nye rekrutteringsstillingar i samband med innføringa av ei femårig grunnskolelærarutdanning. Halvparten av desse rekrutteringsstillingane blir fasa ut etter ein stipendiatperiode. Midlane til desse rekrutteringsstillingane må sjåast i samanheng med langtidsplanen og oppfølging av den langsiktige prioriteringa Fornying i offentleg sektor og betre og meir effektive velferds-, helse- og omsorgstenester.

Forskingsinfrastruktur

Tidsriktig og oppdatert vitskapleg utstyr og laboratorium løfter norske fagmiljø. Slikt utstyr gjer norske fagmiljø meir attraktive for internasjonalt samarbeid og samarbeid med næringslivet, og medverkar til at norske institusjonar kan betre kvaliteten på utdanningane. Regjeringa foreslår å auke midlane til forskingsinfrastruktur gjennom Noregs forskingsråd med 25 mill. kroner i 2016.

Tiltak for god norsk deltaking i Horisont 2020

Norsk deltaking i Horisont 2020 er høgt prioritert i norsk forskingspolitikk. Det er brei politisk semje om norsk deltaking i rammeprogrammet. For å styrkje den norske deltakinga er det naudsynt med gode verkemiddel som bidrar til at fleire deltek, og at fleire deltakarar lykkast. Det bør vere føreseielege vilkår for norsk deltaking for alle sektorar, anten det er næringslivet, universitet og høgskolar, forskingsinstitutt eller andre som til dømes helseføretaka. Derfor er det viktig at opptrappinga av stimuleringsordningar kjem på plass tidleg i Horisont 2020, slik at fagmiljøa kjenner rammene for deltaking. Rammeprogrammet starta i 2014. I 2015 starta den varsla opptrappinga av stimuleringsordningar med 115 mill. kroner. Størstedelen av desse midlane gjekk til å betre vilkåra for forskingsinstitutta. I 2016 foreslår regjeringa å halde fram med opptrappinga med 135 mill. kroner til andre tiltak for å sikre god norsk deltaking. Prosjektetableringsstøtte (PES) er eit verkemiddel som har god effekt og som vil bli styrkt.

Regjeringa prioriterer òg internasjonalt samarbeid om høgre utdanning og forsking med utvalde land utanfor EU. For å styrkje samarbeidet om høgre utdanning og forsking med Brasil, Canada, India, Japan, Kina, Russland, Sør-Afrika og USA vart det i 2015 løyvt 20 mill. kroner til eit nytt program for langsiktig institusjonelt samarbeid (INTPART). INTPART er utvikla av Forskingsrådet og Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) i fellesskap. Programmet gir støtte til etablering og vidareutvikling av høgre utdannings- og forskingssamarbeid, nettverksbygging og kunnskapsutveksling. Som eit av dei viktigaste tiltaka under Panorama – den nye strategien for høgre utdannings- og forskingssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika foreslår regjeringa i 2016 å styrkje INTPART med 13 mill. kroner, øyremerkt samarbeid med dei seks strategilanda.

Hav

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til marin forsking og forskingsinfrastruktur med 169,5 mill. kroner i 2016. Av dette er 100 mill. kroner til vedlikehald og oppgradering av forskingsfartøy som ein del av tiltakspakka for auka sysselsetting. 47,5 mill. kroner av auken er ein følgje av auka sats og provenyauke frå fiskeriforskingsavgifta og skal nyttast til å styrkje kunnskapsgrunnlaget for fiskeriforvaltninga. Satsinga følgjer opp marin masterplan for forsking som vart lagd fram 1. september 2015, og skal gi meir kunnskap som grunnlag for berekraftig vekst i sjømatnæringa.

Regjeringa foreslår 20 mill. kroner til å styrkje MARKOM2020 og 15 mill. kroner til utstyr i maritim profesjonsutdanning. MARKOM2020 er eit samarbeidsprosjekt for maritim profesjonsutdanning. Forslaga følgjer opp langtidsplanen og den maritime strategien til regjeringa.

DEMO2000 er eit verkemiddel i Forskingsrådet som støttar petroleumsretta utviklings- og demonstrasjonsprosjekt. Det er det mest marknadsnære offentlege verkemiddelet for petroleumsforsking. Regjeringa vil styrkje DEMO2000 med 100 mill. kroner i 2016. Den auka løyvinga skal mellom anna medverke til å oppretthalde og styrkje kompetanse og sysselsetjing i leverandørindustrien, som opplever ein krevjande marknad som følgje av låg oljepris. Styrkinga skal også medverke til at meir miljøvennleg og energieffektiv teknologi blir demonstrert. Dette kan gi reduserte utslepp og meir kostnadseffektiv utnytting av petroleumsressursane.

Klima, miljø og miljøvennleg energi

Det krev stor innsats for å utvikle ny, klimavennleg energiteknologi. Ei auka norsk satsing på området vil medverke til meir effektiv og berekraftig utnytting av dei norske energiressursane og auka eksport av konkurransedyktig norsk teknologi. Midtvegsevalueringa av ordninga med forskingssenter for miljøvennleg energi (FME) syner at FME-satsinga har vore eit vellykka verkemiddel som har utløyst stor forskings- og innovasjonsaktivitet i fagmiljøa og næringslivet. Regjeringa foreslår derfor å styrkje FME-ordninga frå 2016 med 40 mill. kroner. Noreg blir òg påverka av ny politikk og forslag til nye rettsakter frå EU innanfor klima og energi. Regjeringa vil derfor styrkje europapolitisk forsking med merksemd på utviklinga av EUs klima- og energipolitikk mot 2030 og moglege konsekvensar for Noreg med 5 mill. kroner.

Fornying i offentleg sektor og betre og meir effektive velferds-, helse- og omsorgstenester

Regjeringa foreslår 6,3 mill. kroner til totalt 55 nye studieplassar i psykologi og medisin for å betre tilgangen på helsepersonale.

I Lærerløftet legg regjeringa vekt på solid fagleg og pedagogisk lærarkompetanse som ein føresetnad for eit kvalitetsløft i norsk skole. Regjeringa foreslår om lag 62 mill. kroner for å styrkje lærarutdanninga i tråd med måla i Lærerløftet. Kunnskapsdepartementet foreslår 50 nye rekrutteringsstillingar og andre tiltak i samband med innføringa av ei femårig grunnskolelærarutdanning. Halvparten av rekrutteringsstillingane blir fasa ut etter ein stipendiatperiode.

Mogleggjerande teknologiar

Mogleggjerande teknologiar; informasjons- og kommunikasjonsteknologi, bioteknologi, nanoteknologi og avanserte produksjonsprosessar, er sentrale for å møte utfordringar i alle prioriteringane i langtidsplanen. Vi kan vente at samfunnet blir grunnleggjande endra som følgje av utviklinga i desse teknologiane også i framtida. Derfor foreslår regjeringa å auke løyvinga til mogleggjerande teknologiar gjennom Forskingsrådet med til saman 40 mill. kroner i 2016 over budsjetta til Kunnskapsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet.

Innovativt og omstillingsdyktig næringsliv

Næringslivet må omstille seg i møte med store samfunnsendringar mellom anna knytt til klima- og miljøendringar, demografiske endringar og nedgang i oljeprisen. Regjeringa foreslår å løyve 195 mill. kroner til å styrkje tiltak som kan medverke til at næringslivet blir mest mogleg omstillingsdyktig og variert. Regjeringa foreslår mellom anna å auke løyvingane til programmet FORNY2020 i Forskingsrådet med til saman 90 mill. kroner over budsjetta til Nærings- og fiskeridepartementet og Kunnskapsdepartementet. 50 mill. kroner av dette er ein del av dei eittårige tiltaka for auka sysselsetting.

Regjeringa styrkjer Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA) med til saman 100 mill. kroner. Av dette er 50 mill. kroner ein del av dei eittårige tiltaka for auka sysselsetting.

Regjeringa foreslår vidare å heve det maksimale fradragsgrunnlaget (beløpsgrensa) i Skattefunn for kostnader knytt til eigenutført FoU frå 15 til 20 mill. kroner. Samstundes foreslår regjeringa å heve den øvre grensa for innkjøpt FoU frå godkjende forskingsinstitusjonar frå 33 til 40 mill. kroner. Summen av kostnader til eigenutført og innkjøpt FoU kan ikkje overstige 40 mill. kroner.

Stavanger universitetssjukehus har i samarbeid med andre kunnskapsmiljø i regionen, næringslivet og Stavanger-regionen etablert initiativet «Norwegian Pumps & Pipes». Målsettinga er å auke teknologioverføringa frå olje og gass til helse og omsorg. Det er foreslått å støtte tiltaket gjennom ei løyving på 5 mill. kroner til Helse Vest. Tiltaket støttar opp under helse og omsorg som eit næringspolitisk satsingsområde i tråd med HelseOmsorg21-strategien.

Verdsleiande fagmiljø

Fri prosjektstøtte (FRIPRO) er eit av dei viktigaste verkemidla for å betre kvaliteten på og gjennomslagskrafta til norsk forsking. Regjeringa foreslår å styrkje FRIPRO med 50 mill. kroner i 2016.

Regjeringa foreslår 25 mill. kroner for å etablere fleire nye senter for framifrå utdanning. Dette er eit sentralt område i langtidsplanen for forsking og høgre utdanning og særs viktig for å medverke til å utvikle verdsleiande fagmiljø i Noreg.

Regjeringa ønskjer ein meir formålstenleg struktur med høgre utdannings- og forskingsinstitusjonar som er karakteriserte av solide fagmiljø og utdanningar av høg kvalitet. Regjeringa foreslår å prioritere 175 mill. kroner til gjennomføring av strukturreforma i 2016. Av desse midlane er 100 mill. kroner nye midlar i 2016.

5.3 Noregs forskingsråd

Noregs forskingsråd har ei sentral rolle i det norske forskings- og innovasjonssystemet. Rådet har ei omfattande verksemd knytt til finansiering, rådgiving og møteplassfunksjon. Kunnskapsdepartementet har etatsstyringsansvar for Forskingsrådet og ansvar for at rådet når dei måla som er sette for heile verksemda.

2015 er startåret for det nye styringssystemet for Forskingsrådet der nokre nye element er tekne i bruk. Kunnskapsdepartementet fører vidare arbeidet med å utvikle styringssystemet for Forskingsrådet i samarbeid med dei andre departementa og Forskingsrådet. Sjå òg omtale under programkategori 07.70 Forsking, kap. 285 Noregs forskingsråd.

Noregs forskingsråd får løyvingar frå alle departementa. Tildelingane frå departementa omfattar både generelle faglege tildelingar, institutt-tildelingar og særskilde midlar til einskilde program eller aktivitetar. Tabellen nedanfor viser ei oversikt over løyvingsforslag for dei største bidragsytarane i statsbudsjettet for 2016.

Tabell 5.1 Foreslåtte løyvingar til Noregs forskingsråd frå dei største bidragsytarane, i 1 000 kr

Kap. post

Departement

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

285.52/53/54

Kunnskapsdepartementet

2 983 742

3 333 002

285.55

Kunnskapsdepartementet – administrasjon

276 153

281 728

920.50

Nærings- og fiskeridepartementet

2 055 913

2 261 750

1830.50/1840.50

Olje- og energidepartementet

799 126

955 000

780.50

Helse- og omsorgsdepartementet

337 182

358 225

1137.50/51/52/53

Landbruks- og matdepartementet

450 699

458 951

1410.51/53

Klima- og miljødepartementet

207 128

204 092

601.50

Arbeids- og sosialdepartementet

137 716

137 000

1301.50

Samferdselsdepartementet

136 991

140 300

Totalt

7 384 650

8 130 048

5.4 FoU i statsbudsjettet og utviklinga i FoU-innsatsen

Forsking og utvikling i statsbudsjettet for 2016

I statsbudsjettet for 2016 foreslår regjeringa ei særleg oppfølging av EU-strategien og prioriteringane i langtidsplanen. Regjeringa foreslår eit løft for framifrå kvalitet og verdsleiande fagmiljø. Hovudprioriteringane på forskingsområdet i statsbudsjettet for 2016 følgjer opp prioriteringane i langtidsplanen for forsking og høgre utdanning.

Med bakgrunn i statsbudsjettanalysen for 2015 frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) viser eit førebels overslag frå Kunnskapsdepartementet at dei samla løyvingane til forsking og utvikling i budsjettforslaget til regjeringa for 2016 er på om lag 32,5 mrd. kroner, noko som utgjer 1,01 pst. av overslaget for BNP i 2016. Dette er ein nominell auke på 2,1 mrd. kroner frå 2015. Dersom ein inkluderer Skattefunn-ordninga, blir den offentlege FoU-innsatsen på om lag 35,2 mrd. kroner i 2016. Inkludert provenyeffekten av Skattefunn utgjer FoU-innsatsen 1,09 pst. av overslaget for BNP i 2016. Tabellen nedanfor viser overslaget over løyvingane til FoU over statsbudsjettet fordelte på departement. Tala er usikre. NIFU vil leggje fram endelege tal for FoU-løyvingane i juni 2016.

Tabell 5.2 Overslag over løyvingane til FoU i statsbudsjettet, i mill. kr

Departement

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Endring 2015-2016

Arbeids- og sosialdepartementet

257

257

0

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

166

144

-22

Finansdepartementet

124

125

1

Forsvarsdepartementet

1 100

1 130

30

Helse- og omsorgsdepartementet

4 355

4 574

219

Justis- og beredskapsdepartementet

77

78

1

Klima- og miljødepartementet

827

830

3

Kommunal- og moderniseringsdepartementet

772

1 073

301

Kulturdepartementet

180

190

10

Kunnskapsdepartementet

15 097

16 210

1 113

Landbruks- og matdepartementet

649

659

10

Nærings- og fiskeridepartementet

3 688

3 883

195

Olje- og energidepartementet

873

1 008

135

Samferdselsdepartementet

291

306

15

Statsbankane

443

523

80

Utanriksdepartementet

1 547

1 557

10

Totalt

30 446

32 547

2 101

Den nominelle auken i løyvingane til forsking er på 2,1 mrd. kroner. Dette svarar til ein realvekst på 4,1 pst. Auken i FoU-løyvingane skriv seg delvis frå ein auke i løyvingane på postar med FoU-del og delvis frå konkrete FoU-satsingar, sjå nedanfor.

Auken på budsjettet til Kunnskapsdepartementet skriv seg særleg frå satsingar på strukturreform i universitets- og høgskolesektoren, rekrutteringsstillingar, mogleggjerande teknologiar, verdsleiande fagmiljø, forskingsinfrastruktur og stimuleringstiltak for auka deltaking i Horisont 2020.

Ein del av auken skriv seg frå kontingenten til EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, der løyvinga aukar med over 270 mill. kroner frå saldert budsjett 2015. Sjå òg omtale under programkategori 07.70 Forsking.

Auken på budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet skriv seg frå satsingar på oppgradering og vedlikehald av forskingsfartøy, Brukarstyrt innovasjonsarena, FORNY2020 og marin forsking. Grunna forseinka framdrift for bygging av nytt isgåande forskingsfartøy er løyvingane til dette formålet reduserte med om lag 200 mill. kroner.

Auken på budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet skriv seg frå ein auke i løyvingane til helseføretaka.

Auken på budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet skriv seg frå ein auke i løyvingane til bygg i universitets- og høgskolesektoren.

Reduksjonen på budsjettet til Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet skriv seg frå at midlane til Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) blir flytta til budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Sjå òg omtale under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Innanfor budsjettet til Utanriksdepartementet er det ein auke i løyvingane til nytt tropisk forskingsfartøy på 170 mill. kroner. Delar av reduksjonen i FoU-løyvingane som kom i samband med forliket om syriske flyktningar, jf. handsaminga av Dokument 8:135 S (2014–2015), blir vidareført i 2016.

Auken i løyvingane til forsking på budsjettet til Olje- og energidepartementet kjem av satsingar på forskingssentra for miljøvennleg energi (FME) og oljeforsking (DEMO2000).

Auken i forskingsløyvingane for statsbankane kjem av satsingar på gründertiltak og miljøteknologiordninga i Innovasjon Norge.

Figur 5.1 Samanlikning med OECD-landa på ulike indikatorar for FoU-intensitet

Figur 5.1 Samanlikning med OECD-landa på ulike indikatorar for FoU-intensitet

Verdiane i figuren er viste som prosent av den høgste verdien på indikatoren blant OECD-landa. Punktmerka viser verdien for Noreg og OECD-landa samla. Den svarte horisontale linja viser medianverdien, altså den verdien som skil OECD-landa i to like store grupper. Den grå boksen skil mellom kvartilane, altså slik at halvparten av OECD-landa har verdiar på indikatoren ein plass inni boksen. Data er for sist tilgjengelege år, som for dei fleste landa er 2013. FoU-utgifter per innbyggjar er i kjøpekraftsjusterte dollar i faste 2010-prisar.

Kjelde:  OECD Main Science and Technology Indicators 2015:1

Den samla FoU-statistikken som er utarbeidd av NIFU, syner at dei totale FoU-utgiftene i Noreg var på 50,7 mrd. kroner i 2013, noko som inneber ein realauke på 1,5 pst. frå året før, og ein gjennomsnittleg årleg realauke på 2,7 pst. frå 2003. FoU-utgiftene i 2013 var 1,65 pst. av BNP, som er noko under nivået i 2003. Gjennom perioden var FoU-utgiftene i høve til BNP minst i 2006 med 1,46 pst. og størst i 2009 med 1,72 pst.

FoU-intensiteten målt i høve til BNP er mindre i Noreg enn gjennomsnittet i OECD (2,36 pst.) og mindre enn medianen blant OECD-landa (sjå figur 5.1). Ser vi på FoU-personale per sysselsette eller FoU-utgifter per innbyggjar, ligg Noreg over OECD-gjennomsnittet, i den andre firedelen av OECD-landa når dei er rangerte etter indikatoren. Noreg blir rangert ulikt blant OECD-landa om vi ser på FoU-utgifter finansierte av det offentlege eller av føretakssektoren. FoU-utgiftene i Noreg finansierte av offentlege kjelder er høgre enn OECD-gjennomsnittet, og blant dei aller høgste om vi reknar FoU-utgifter per innbyggjar (justert for forskjellar i kjøpekraft), medan FoU-utgiftene finansierte av føretakssektoren er lågare enn OECD-gjennomsnittet.

Om lag 45 pst. av FoU-utgiftene i Noreg er finansierte av offentlege kjelder. Desse FoU-utgiftene var 0,75 pst. av BNP i 2013, det same som i 2011. Av dei siste ti åra var dei offentlege FoU-utgiftene størst i høve til BNP i 2009, da talet var 0,80 pst. FoU-utgifter finansierte av næringslivet var 0,69 pst. av BNP i 2013.

I tillegg til FoU-statistikken, som er basert på oppgåver frå dei FoU-utførande sektorane i Noreg, blir det også gjort ein analyse av løyvingane til FoU i statsbudsjettet. Denne analysen blir utført av forskingsinstituttet NIFU, og sidan han tar utgangspunkt i formålet med løyvingane, kan han produserast tidlegare enn FoU-statistikken, som byggjer på undersøking av faktisk utført FoU i Noreg. FoU-løyvingane i 2015 har NIFU talfesta til 30,4 mrd. kroner. I tillegg kjem støtta til FoU gjennom Skattefunn-ordninga, talfesta til 2,48 mrd. kroner i 2015. FoU-løyvingane i statsbudsjettet er vist i faste prisar i det grå feltet i figur 5.2. Den stipla linja i figuren viser FoU-løyvingane i prosent av BNP. FoU-løyvingane var 0,86 pst. av BNP i 2013. FoU-løyvingane i 2015 er talfesta til 0,97 pst. av prognosen for BNP, som er det høgste nokon gang.

Figur 5.2 Utvikling i FoU-intensitet i Noreg og FoU-løyvingar i statsbudsjettet

Figur 5.2 Utvikling i FoU-intensitet i Noreg og FoU-løyvingar i statsbudsjettet

Det grå feltet viser utviklinga i løyvingar til FoU i statsbudsjettet (ikkje inkludert Skattefunn) i faste prisar (høgre akse). Den stipla linja viser dette beløpet i prosent av BNP (venstre akse). Dei heiltrekte linjene viser tal frå FoU-statistikken over FoU utført i Noreg i prosent av BNP (venstre akse).

Kjelde:  NIFU/SSB (FoU-statistikk) og NIFU (statsbudsjettanalyse)

Næringslivet er den største FoU-utførande sektoren målt i utgifter og årsverk brukte på FoU, mens det er flest FoU-personale i universitets- og høgskolesektoren. Næringslivet utførte FoU for 22,6 mrd. kroner i 2013, og stod dermed for 44 pst. av dei totale FoU-utgiftene i Noreg. Universitet og høgskolar (ikkje medrekna universitetssjukehus) stod for 26 pst. med 13,2 mrd. kroner, instituttsektoren (unntatt helseføretak og private, ideelle sjukehus) stod for 23 pst. med 11,5 mrd. kroner, og helseføretaka stod for sju pst. med 3,5 mrd. kroner. Instituttsektoren hadde ein realnedgang frå 2012 på to pst. Dei andre sektorane hadde følgjande realauke: to pst. i næringslivet, ein pst. for universitet og høgskolar og seks pst. i helseføretaka.

6 Ressursar i grunnopplæringa

Innleiing

Kapitlet gir informasjon om ressursbruken i grunnopplæringa. Talet på elevar og lærlingar er objektive faktorar som er avgjerande for ressursbruken i skolen. Talet på lærarar, skolestruktur og anna har òg innverknad på kostnadsnivået, men dette er til dels gjenstand for lokale prioriteringar og påverka av til dømes tilgangen på lærarar.

Det er kommunane og fylkeskommunane som er ansvarlege for drifta av høvesvis grunnskolen og vidaregåande opplæring. Grunnskolen og den vidaregåande opplæringa blir i hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane. Både i kommunane og i fylkeskommunane er opplæring ein stor og viktig sektor. Samla brutto driftsutgifter til grunnskoleopplæring var i 2014 om lag 72,8 mrd. kroner. Tilsvarande var samla brutto driftsutgifter til vidaregåande opplæring i 2014 om lag 33,6 mrd. kroner.

Ressursbruken i grunnopplæringa i Noreg har vore relativt stabil i dei siste åra når det gjeld både totale ressursar og ressursar per elev.

Kapitlet startar med ei orientering om utviklinga i talet på elevar og lærlingar i grunnopplæringa, med informasjon om mellom anna fordeling på utdanningsprogram. Vidare er det ein omtale av lærartettleik og assistentar. Dei neste temaa er vaksne i grunnopplæringa, leirskoleordninga, skolefritidsordninga (SFO) og leksehjelp, før det blir gitt ein omtale av kommunale utgifter til grunnopplæring og utgifter per elev, samt skolestruktur, kommunale forskjellar i ressursbruk og tilgang på lærarar. Mot slutten av kapitlet er internasjonale undersøkingar omtalte.

Talgrunnlaget er i hovudsak henta frå Grunnskolens Informasjonssystem (GSI), Statistisk sentralbyrå (SSB), KOSTRA (Kommune Stat Rapportering) og Utdanningsspeilet 2015 frå Utdanningsdirektoratet.

Elevar og lærlingar i grunnopplæringa

Tabell 6.1 Talet på elevar i grunnskolen i perioden 2009–10 til 2014–15. Ordinære grunnskolar

Skoleår

Barnetrinnet

Ungdomstrinnet

Totalt

2009–10

424 052

191 831

615 927

2010–11

423 333

192 549

615 973

2011–12

423 374

190 960

614 413

2012–13

424 993

189 846

614 894

2013–14

425 917

189 368

615 327

2014–15

430 864

188 132

618 996

Kjelde: GSI

Om lag 98 pst. av alle elevane som gjekk ut av 10. trinn i grunnskolen våren 2014, gjekk direkte over i vidaregåande opplæring same haust. Dette er same del som året før. Om lag halvparten av elevane som begynte på 1. trinn i vidaregåande opplæring hausten 2014, begynte på eit studieførebuande program.

Tabellen nedanfor viser talet på elevar på studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram på dei tre stega i vidaregåande skole. At talet på elevar på yrkesfaglege program går ned på Vg3 samanlikna med på Vg2, skyldast at dei fleste elevane på dei yrkesfaglege programma blir lærlingar eller vel å ta påbygging til generell studiekompetanse etter Vg2.

Tabell 6.2 Fordeling av elevar på utdanningsprogram og -nivå i vidaregåande skole

Steg 1

(Vg1)

Steg 2

(Vg2)

Steg 3

(Vg3)

År

Studieførebuande

Yrkesfagleg

Studieførebuande

Yrkesfagleg

Studieførebuande

Yrkesfagleg

I alt

2011–12

36 086

40 428

30 829

35 428

46 537

6 345

195 653

2012–13

37 079

42 200

31 410

35 551

48 362

6 190

200 792

2013–14

37 235

39 808

32 626

35 488

48 764

6 135

200 056

2014–15

37 215

38 203

32 961

33 960

49 612

6 267

198 218

Kjelde: SSB

Per 1. oktober 2014 var det registrert 38 400 lærlingar og 1 900 lærekandidatar (kjelde: SSB). Dette er om lag 900 fleire lærlingar enn på same tidspunkt i 2013, mens det er om lag 157 fleire lærekandidatar. Hausten 2014 søkte totalt 27 000 elevar om læreplass (kjelde: Utdanningsdirektoratet). Det er flest søkjarar til læreplassar i teknikk og industriell produksjon, helse- og oppvekstfag og bygg- og anleggsteknikk. For meir informasjon om elevar og lærlingar i grunnopplæringa, sjå Utdanningsspeilet 2015.

Lærarårsverk

Årsverk til undervisningspersonale blir berekna på bakgrunn av registrerte årstimar. I 2014 er det berekna talet på årsverk til undervisning og andre oppgåver 57 311; det er ei marginal endring frå året før.

Tabell 6.3 Berekna årsverk til undervisning og andre oppgåver i grunnskolen, utvikling i årsverk

År

Berekna årsverk til undervisning og andre oppgåver, sum årsverk

Av dette andre oppgåver

2010–11

57 705

7 072

2011–12

57 447

6 855

2012–13

57 458

6 965

2013–14

57 614

6 978

2014–15

57 311

6 518

Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)

I 2014 var talet på lærarårsverk i vidaregåande skole 21 350. Dette er ein svak nedgang frå 2013. Sidan 2009 har talet på lærarårsverk i vidaregåande opplæring auka med om lag 280. Auken har mellom anna samanheng med at det har vore vekst i elevtalet i same periode.

Tabell 6.4 Utvikling i talet på lærarårsverk i vidaregåande opplæring

Skoleår

Lærarårsverk i vidaregåande opplæring, fylkeskommunale skolar ekskl. lange fråvær

2010–11

21 215

2011–12

21 197

2012 –13

21 386

2013–14

21 407

2014–15

21 350

Kjelde: KOSTRA

Berekna gjennomsnittleg gruppestorleik

Indikatoren «berekna gjennomsnittleg gruppestorleik» kjem fram ved å sjå på forholdet mellom elevtimar og lærartimar. Med elevtimar meiner ein totale ordinære timar til undervisning som elevane får kvart år. Lærartimar er summen av alle timar lærarane gir undervisning per år. Indikatoren gruppestorleik gir uttrykk for kor mange elevar ein lærar har i gjennomsnitt per undervisningstime.

Gruppestorleik 1 omfattar timar til spesialundervisning og særskild norskopplæring for språklege minoritetar (i alle offentlege og private grunnskolar unnatekne spesialskolar og utanlandsskolar). Sidan desse timane blir inkluderte, kan det føre til at gruppestorleiken verkar lågare enn det nokre elevar og lærarar opplever i kvardagen.

Gruppestorleik 2 er ein annan måte å rekne ut gruppestorleik på. Her er timar til spesialundervisning og til særskild norskopplæring for språklege minoritetar tekne ut av både lærartimar og elevtimar i berekninga. Denne indikatoren er ikkje i same grad som gruppestorleik 1 eigna til å måle endringar i ressursinnsats over tid fordi endringar i praksis knytte til spesialundervisning og særskild norskopplæring vil kunne påverke indikatoren. Gruppestorleik 2 gir eit bilete av ressursinnsatsen for dei elevane som ikkje mottek særskilde individretta styrkingstiltak.

Dei berekna gruppestorleikane har vore relativt stabile på heile 2000-talet. Ei forklaring på at gruppestorleikane ikkje går ned i særleg stor grad i perioden, er at det har vorte færre små skolar med under 100 elevar, noko som medfører større grupper.

Tabell 6.5 Gjennomsnittleg gruppestorleik i grunnskolen

År

Gruppestorleik 1

Gruppestorleik 2

2010–11

13,4

16,9

2011–12

13,4

16,9

2012–13

13,5

16,9

2013–14

13,5

16,8

2014–15

13,5

16,8

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Figuren nedanfor viser at det er stor variasjon i gruppestorleik 2 mellom kommunane. Dei større bykommunane og store kommunar i sentrale område har oftast høgre gruppestorleik, mens mindre kommunar har lågare gruppestorleik.

Figur 6.1 Gruppestorleik 2: kommunar over og under landsgjennomsnittet, grunnskole

Figur 6.1 Gruppestorleik 2: kommunar over og under landsgjennomsnittet, grunnskole

Kjelde: GSI

Assistentar

Tabellen nedanfor viser at talet på årsverk til assistentar har vore relativt stabilt i perioden frå 2010–11 til 2014–15.

Tabell 6.6 Årsverk til bruk for assistentar med oppgåver knytte til undervisninga i perioden frå 2010–11 til 2014–15

Skoleår

Assistentårsverk

2010–11

8 432

2011–12

8 515

2012–13

8 140

2013–14

8 234

2014–15

8 167

Kjelde: GSI

Assistenttimar til spesialundervisning er registrerte særskilt i GSI. Sjå omtale under spesialundervisning.

Spesialundervisning

Elevar som ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har krav på spesialundervisning. Delen elevar med spesialundervisning i grunnskolar og spesialskolar auka moderat frå innføringa av Kunnskapsløftet til 2011. I løpet av dei siste skoleåra har trenden snudd, og vi ser ein liten nedgang på nasjonalt nivå. Hausten 2014 låg delen som fekk spesialundervisning, på åtte pst. av alle elevar. Om lag 68 pst. av alle elevar som mottek spesialundervisning, er gutar.

I løpet av barnetrinnet og utover ungdomstrinnet aukar delen av elevar med spesialundervisning. Hausten 2014 hadde 3,6 pst. av elevane på 1. trinn enkeltvedtak om spesialundervisning. På 10. trinn var delen av elevar med spesialundervisning 11,1 pst. Når det gjeld omfanget av lærarressursar som vart sette av til spesialundervisning, fekk om lag 49 500 elevar spesialundervisning med lærar i 2014. Av dei 49 672 elevane i ordinær grunnskoleopplæring som hadde enkeltvedtak om spesialundervisning, fekk 97 pst. spesialundervisning med undervisningspersonale.

Språklege minoritetar

I opplæringslova § 2-8 heiter det at elevar i grunnskolen med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg kunnskap i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen. Hausten 2014 fekk 43 380 elevar særskild norskopplæring, ein nedgang på 1 449 frå året før. Elevane har om nødvendig òg rett til morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring. Hausten 2014 var det 1 623 elevar som fekk berre morsmålsopplæring, 8 830 elevar som fekk berre tospråkleg fagopplæring, og 2 482 elevar som fekk begge delar. Somalisk, arabisk og polsk var dei vanlegaste språka. For meir om dette temaet, sjå Utdanningsspeilet 2015.

Våren 2015 fekk 960 barn i grunnskolealderen og 146 i aldersgruppa 16–18 år som var busette i mottak, opplæring. 102 einslege mindreårige asylsøkjarar i omsorgssenter fekk opplæring. For meir om dette, sjå omtale under kap. 225 post 64.

Vaksne i grunnopplæringa

Vaksne som treng grunnskoleopplæring, har rett til slik opplæring dersom dei sjølve ønskjer det (jf. opplæringslova § 4A-1). Talet på vaksne som får opplæring på grunnskolenivå, har vore relativt stabilt sidan 2002. Hausten 2014 var det 10 071 vaksne som fekk grunnskoleopplæring. Det er ein auke på 204 i høve til året før. Av dei som fekk slik opplæring i 2014, var det 3 654 som fekk spesialundervisning. Dette er 248 færre enn i 2013. Det har vore ein jamn nedgang i talet på vaksne som får spesialundervisning i dei siste åra.

Vaksne som ikkje har gjort bruk av retten til vidaregåande opplæring som ungdom, får rett til vidaregåande opplæring som vaksne frå og med det året dei fyller 25 år. Opplæringa skal tilpassast behova og livssituasjonen til den enkelte. Vaksne som ønskjer å gjennomføre vidaregåande opplæring, kan søkje om ordinært inntak og konkurrere om plassane med søkjarane med ungdomsrett, eller dei kan søkje om individuelt opptak basert på realkompetanse. Med dette alternativet blir undervisninga ofte komprimert og/eller avkorta. Vaksne kan òg søkje vidaregåande opplæring gjennom private tilbydarar av opplæring, til dømes studieforbund, men det meste av opplæringa skjer i dei vidaregåande skolane. Dei fleste vaksne får opplæring gjennom vaksenopplæringstilbod og er ikkje ein del av den generelle søkjar- og elevstatistikken for vidaregåande opplæring.

Statistikkgrunnlaget for vaksne i vidaregåande opplæring har hatt store manglar. Problema har mellom anna vore knytte til at fylkeskommunane har ulike administrative system for rapportering, og til at dei rapporterer på ulike måtar. Utdanningsdirektoratet leier eit arbeid med å betre rutinane og kravspesifikasjonen for registrering og rapportering av deltakinga til vaksne i vidaregåande opplæring for å bøte på desse problema. Samla deltok 24 232 vaksne i vidaregåande opplæring i skoleåret 2013–14, mot 22 018 året før. Av desse vart om lag tolv pst. realkompetansevurderte. For meir informasjon om vaksne i grunnopplæringa, sjå Utdanningsspeilet 2015.

Leirskole

I skoleåret 2014–15 planla 58 206 elevar å delta på eit leirskoleopphald. Dette utgjer om lag ti pst. av alle elevane i grunnskolen. Talet har lege på om lag same nivå sidan 2001. Elevar kan få eitt leirskoleopphald i løpet av grunnskolen. Ettersom grunnskolen til saman utgjer ti år, og om lag ti pst. deltek på leirskole kvart år, tyder dette på at dei aller fleste elevane i grunnskolen får tilbod om leirskoleopphald i løpet av grunnskolen, i samsvar med målsetjinga.

Skolefritidsordninga

Hausten 2014 gjekk i alt 157 370 barn i skolefritidsordning (SFO). Delen barn på 1.–4. trinn som gjekk i SFO, var på om lag 63 pst. Delen har auka frå 55 pst. i 2002. Om lag 57 pst. av barna i SFO hadde 100 pst. plass. I gjennomsnitt var foreldrebetalinga for ein elev med fulltidsplass i SFO 2 256 kroner per månad i skoleåret 2014–15 (GSI-tal for opphaldstid på 20 timar). I 2013–14 var talet 2 191 kroner.

Leksehjelp

Hausten 2010 vart det innført eit lovfesta tilbod om åtte veketimar med gratis leksehjelp etter skoletid for alle elevar på 1.–4. trinn, jf. Innst. 12 S (2009–2010) og Innst. 279 L (2009–2010). Frå og med hausten 2014 er loven endra, jf. Innst. 223 L (2013–2014), slik at kommunane nå sjølve vel på kva for trinn dei vil tilby leksehjelpa i grunnskolen.

Kommunane har ansvaret for tilbodet, og det kan organiserast slik det er mest formålstenleg ut frå lokale tilhøve. Tilbodet skal vere gratis, omfatte alle, og vere frivillig for kvar enkelt elev. Tal frå GSI viser at i skoleåret 2014–15 deltok 115 455 barn på 1.–10. trinn på leksehjelp. Dette utgjer 18,7 pst. av elevane.

Kommunal ressursbruk

Utgifter per elev

Korrigerte brutto driftsutgifter viser dei utgiftene kommunane har til undervisning, inkludert drift av skolelokale og skyss. Tabellen nedanfor viser at korrigerte brutto driftsutgifter per elev i grunnskolen var 105 630 kroner i 2014. Dette er ein auke på om lag 3,6 pst. frå 2013. I vidaregåande opplæring var korrigerte brutto driftsutgifter per elev på studieførebuande program 123 542 kroner, og på yrkesfaglege program 151 772 kroner, det vil seie ein vekst på høvesvis 4,1 og 4,4 pst. Den kommunale deflatoren var i same periode tre pst. Det vil seie at det har vore ein liten realauke i utgifter per elev både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Til tross for ein betydeleg elevtalsvekst i vidaregåande opplæring etter 2004 har fylkeskommunane klart å halde oppe ressursbruken per elev om lag på same nivå.

Tabell 6.7 Korrigerte brutto driftsutgifter per elev, løpande prisar

2011

2012

2013

2014

Grunnskolen

Korrigerte brutto driftsutgifter per elev

93 710

98 353

101 938

105 630

Lønnsutgifter per elev

73 242

77 897

80 660

83 981

Driftsutgifter til inventar og utstyr per elev

850

851

893

932

Driftsutgifter til undervisningsmateriell per elev

1 445

1 387

1 358

1 396

Vidaregåande opplæring

Korrigerte brutto driftsutgifter per elev i studieførebuande utdanningsprogram

111 262

115 093

118 671

123 542

Lønnsutgifter per elev i studieførebuande utdanningsprogram

68 116

71 531

73 948

76 138

Korrigerte brutto driftsutgifter per elev i yrkesfaglege studieprogram

136 203

140 881

145 302

151 772

Lønnsutgifter per elev i yrkesfaglege utdanningsprogram

88 351

92 250

96 168

99 545

Kjelde: KOSTRA, Statistisk sentralbyrå

Lønnsutgiftene er den klart største driftskostnaden både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. I grunnskolen utgjorde lønnsutgiftene om lag 80 pst. av dei totale driftskostnadene, medan den same delen i vidaregåande opplæring var 61 pst. på allmennfaglege og 66 pst. på yrkesfaglege studieretningar i 2014.

Kommunale forskjellar i ressursbruk

Det er store kommunale forskjellar i ressursbruk i skolen. I kommunar med spreidd busetnad er det fleire mindre skolar for at reiseavstanden til elevane skal vere akseptabel. For å kunne samanlikne kommunar må ein derfor korrigere for driftskostnader for elevtal og indikatorar for busetjingsmønster (reisetid og reiseavstand) – dette blir kalla strukturjustering. Om lag 75 pst. av variasjonen mellom kommunane når det gjeld kor mykje pengar dei bruker på skole, kan forklarast med ulik kostnadsstruktur. Frie inntekter i form av eigedomsskatt og kraftinntekter har òg ein tydeleg effekt på utgiftsnivået. Kommunar med høge inntekter bruker meir pengar på skole. Den resterande variasjonen mellom kommunar kan mellom anna skyldast variasjonar i elevsamansetjinga. Spesielt for små kommunar kan elevar med behov for ekstrainnsats vere utslagsgivande. Ulikskapar kan òg skyldast ulik politisk prioritering mellom kommunar.

Skolestruktur

I skoleåret 2014–15 var det 2 886 grunnskolar i Noreg. Dette er ein nedgang på 21 skolar frå skoleåret 2013–14. Av dei 2 886 skolane var 208 private grunnskolar godkjende etter privatskolelova og med rett til økonomisk støtte frå staten (kjelde: Udir/Skoleporten.no). 3,3 pst. av elevane gjekk på ein privat grunnskole hausten 2014. Når grunnskolar blir lagde ned, ser det ut til at det vanlegaste mønsteret er at elevane flytter til eksisterande offentlege skolar heller enn til nye private skolar. Storleiken på grunnskolane varierer frå berre nokre få elevar til nærmare 800 elevar på dei største skolane. Tabellen nedanfor illustrerer fordelinga av små, mellomstore og store skolar. Det har over tid vore ei utvikling i retning av fleire store skolar og færre små skolar. I dei siste åra har fordelinga vore om lag uendra.

Tabell 6.8 Fordeling av små, mellomstore og store grunnskolar (i pst.)

1997

2000

2005

2015

Færre enn 100 elevar

40

37

36

31

100–299 elevar

42

41

39

40

300 elevar eller meir

19

22

26

29

Kjelde: GSI

Tabellen viser at det er ein tendens til at det blir færre skolar med mindre enn 100 elevar og fleire større skolar. Sju pst. av elevane går på skolar med mindre enn 100 elevar, 36 pst. går på skolar som har mellom 100 og 299 elevar, og 57 pst. går på skolar med meir enn 300 elevar. Sidan skoleåret 2002–03 har meir enn 50 pst. av elevane gått på store skolar (meir enn 300 elevar).

Tidlegare kartleggingar av skolenedleggingar viser at den viktigaste årsaken til at skolar blir lagde ned, er lågt elevtal. Andre viktige faktorar er kommuneøkonomi, og problem med å rekruttere kvalifiserte lærarar. I dei fleste tilfella der kommuneøkonomi er oppgitt som årsak, er dette i kombinasjon med få elevar.

Hausten 2014 var det 424 vidaregåande skolar i landet. Av desse var 91 private (kjelde: SSB, førebelse tal).

Internasjonale samanlikningar

Noreg bruker mykje ressursar på utdanning samanlikna med andre land, viser tal for 2010 frå OECD (Education at a Glance 2014: OECD Indicators). Dersom ein ser på utgiftene per elev, er Noreg eit av landa med dei høgste utgiftene, både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Samla utgifter per elev for heile grunnopplæringa i Noreg låg om lag 50 pst. over OECD-snittet. Det er særleg den høge lærartettleiken som forklarer den høge ressursbruken i Noreg, men den delen av arbeidstida til lærarane som blir brukt til undervisning, trekkjer også utgiftene opp, særleg i vidaregåande opplæring. Lønnsnivået til lærarane og talet på undervisningstimar trekkjer ned samanlikna med gjennomsnittet for OECD. Også målt på bakgrunn av landets økonomiske evne (BNP for Fastlands-Noreg per innbyggjar) er ressursbruken i Noreg høgre enn gjennomsnittet for OECD.

7 Ressursar i barnehagesektoren

Innleiing

Kapitlet gir informasjon om status for og utvikling i ressursbruken i barnehagesektoren. Barnehagane blir i all hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane og foreldrebetalinga. Barnehagesektoren har vakse kraftig i dei seinare åra, og er eit av dei største tenesteområda i kommunane. Samla brutto driftsutgifter til barnehagar i 2014 var om lag 45,9 mrd. kroner, og utgjorde om lag tolv pst. av driftsutgiftene i kommunane.

Første del av kapitlet gir ei oversikt over utviklinga i talet på barn i barnehage, og gir mellom anna informasjon om dekningsgradar for ulike aldersgrupper og om opphaldstid i barnehagen. Det neste temaet er barnehagestruktur og ulikskap mellom barnehagar. Vidare er det ein omtale av personalet i barnehagane, den formelle kompetansen deira og utdanning av barnehagelærarar. Kapitlet inneheld òg informasjon om likestilling, minoritetsspråklege barn og tilsette og barn med nedsett funksjonsevne i barnehage. Til sist i kapitlet er det ein omtale av kostnadene i og finansieringa av barnehagane.

Talgrunnlaget er henta frå Statistisk sentralbyrå (SSB), rapportering frå barnehagane (BASIL), KOSTRA (Kommune Stat Rapportering), Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) og ulike undersøkingar som er gjennomførte på oppdrag frå departementet.

Barn i barnehage

Tabell 7.1 Tal på barn i barnehage, auke i talet på barn i barnehage og barnehageplassar, dekningsgrad og gjennomsnittleg opphaldstid, 2011–14

2011

2012

2013

2014

Tal på barn i barnehage

282 737

286 153

287 177

286 414

Auke i talet på barn i barnehage (frå året før)

5 598

3 416

1 024

–763

Auke i talet på heiltids barnehageplassar (frå året før)

7 043

5 181

2 697

342

Dekningsgrad 1–5 år

89,7

90,1

90,0

90,2

Dekningsgrad 1–2 år

79,5

80,2

79,8

80,1

Dekningsgrad 3–5 år

96,5

96,7

96,6

96,7

Dekningsgrad 0 år

4,3

3,8

3,2

3,6

Dekningsgrad 1 år

70,9

69,6

68,9

68,5

Dekningsgrad 2 år

88,0

90,5

90,6

91,3

Dekningsgrad 3 år

95,1

95,3

95,3

95,5

Dekningsgrad 4 år

97,2

97,1

96,9

97,0

Dekningsgrad 5 år

97,3

97,6

97,5

97,5

Gjennomsnittleg avtalt opphaldstid per veke

43,4

43,7

43,9

44,1

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Ved utgangen av 2014 gjekk om lag 286 400 barn i ordinær barnehage eller familiebarnehage. Dette er for første gong ein nedgang i talet på barn i barnehage, og skyldast ein nedgang i talet på barn i alderen 1–5 år i befolkninga. I tillegg hadde 180 opne barnehagar kapasitet til å ta imot om lag 4 700 barn i 2014. Barn under tre år utgjorde 35 pst. av alle barn i barnehage i 2014 mot 36 pst. i 2012.

Frå utgangen av 2003 og fram til utgangen av 2014 har om lag 81 200 fleire barn fått plass i barnehage. Kommunane og private utbyggjarar har etablert om lag 106 800 nye heiltidsbarnehageplassar i same periode. Til tross for ein liten nedgang i talet på barn i barnehage frå 2013 til 2014 har det vore ein vekst i talet på heiltidsplassar. Denne kapasitetsveksten i barnehagesektoren skyldast ein auke i opphaldstida.

I 2014 hadde 93,3 pst. av barna heiltidsplass i barnehagen mot 60,8 pst. i 2003, altså avtalt opphaldstid på 41 timar i veka eller meir. Gjennomsnittleg avtalt opphaldstid har i same periode auka frå 36,9 til 44,1 timar per veke.

Dekningsgraden i 2014 for barn i alderen eitt til fem år var 90,2 pst. mot 90,0 pst. i 2013. Tilsvarande tal for 2003 var 69,1 pst. Dekningsgraden har halde seg stabil frå 2013 i alle aldersgrupper, med størst endring for toåringane med ein auke frå 90,6 pst. i 2013 til 91,3 pst. i 2014.

Tabell 7.2 Tal på barn i barnehage etter eigarforhold, offentleg og privat, 2011–14

2011

2012

2013

2014

Offentlege

148 822

150 777

149 870

147 726

– kommunale

147 909

149 949

149 097

147 493

– fylkeskommunale/statlege

913

828

773

233

Private

133 915

135 376

137 307

138 688

– kyrkjelyd/trussamfunn

7 612

7 551

7 470

7 579

– foreldreeigde

33 169

32 285

31 435

30 930

– husmorlag/sanitetsforening

1 032

907

772

714

– bedrift

36 681

39 101

39 086

43 070

– pedagogisk/ideologisk org.

8 109

8 117

8 408

7 826

– enkeltpersonar

18 398

16 801

15 909

15 120

– andre

28 914

30 614

34 227

33 662

I alt

282 737

286 153

287 177

286 414

Note: Barn som går i familiebarnehagar, er inkluderte i tabellen. I 2014 gjekk 199 barn i offentlege familiebarnehagar, og 4 948 barn gjekk i private familiebarnehagar.

Kjelde: Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå

Ved utgangen av 2014 var det 6 205 barnehagar i Noreg inkluderte familiebarnehagar og opne barnehagar. Av desse var 2 886 kommunale, sju statlege og 3 312 private barnehagar. Frå 2008 har det vore ein stabil nedgang i talet på barnehagar, og frå 2011 til 2014 har det vore ein reduksjon på 264 barnehagar. Private barnehagar har stått for hovudtyngda av veksten i barnehageplassar i dei siste åra. Unntaket var i 2012, da 57 pst. av veksten i talet på barn i barnehage var i offentlege barnehagar. I 2014 var det ein nedgang i talet på plassar i offentlege barnehagar, medan det var ein auke i talet på plassar i private barnehagar. Delen barn med barnehageplass i ein privat barnehage har derfor auka. Men offentleg og privat del av barnehagesektoren er framleis relativt jamstore. I 2014 hadde 52 pst. av barna plass i ein offentleg barnehage, medan 48 pst. hadde plass i ein privat barnehage.

Barnehagestruktur

Tabell 7.3 Tal på barn i barnehage og tal på barnehagar etter barnehagestorleik, 2012–14

2012

2013

2014

Barn i barnehage

Barne- hagar

Barn i barnehage

Barne- hagar

Barn i barnehage

Barne- hagar

1–25 barn

25 216

1 938

24 107

1 835

23 073

1 756

26–50 barn

65 163

1 756

65 832

1 762

63 179

1 700

51–75 barn

97 830

1 593

96 590

1 569

100 010

1 630

76 barn eller fleire

97 944

986

100 648

1 008

100 152

998

I alt

286 153

6 273

287 177

6 174

286 414

6 084

Note: Opne barnehagar er ikkje inkluderte i talet på barnehagar.

Kjelde: Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå

Talet på store barnehagar og barn med plass i ein stor barnehage har gått opp i dei siste åra, men frå 2013 til 2014 har det vore ein nedgang. Det har vore ein auke for barnehagar i storleiken 51–75 barn, men nedgang for barnehagar i alle andre storleiker. I 2014 gjekk 35 pst. av alle barnehagebarn i barnehagar med 76 barn eller fleire. Dette er uendra frå 2013, medan det var 34 pst. i 2012.

Statistikken viser at grunnbemanninga i barnehagane i 2014 på nasjonalt nivå i gjennomsnitt var 6,1 barn per vaksen dersom ein korrigerer for alder og opphaldstid, og er uendra frå 2013. (Her er ein vaksen målt i årsverka til pedagogiske leiarar og assistentar.)

Det er stor variasjon i barnehagesektoren både på barnehagenivå og på kommunenivå. I tabellen under er dette vist for barn per personale, del av personalet med relevant utdanning og areal per barn. Relevant utdanning er her enten barnehagelærarutdanning, anna pedagogisk utdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk eller fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.

Tabell 7.4 Ulikskap i barnehagesektoren i 2014

Barnehagar –2014

Sterkaste 10 pst.

Svakaste 10 pst.

Barn (korrigert for alder og opphaldstid) per pedagogisk leiar med godkjend utdanning (årsverk)

12,7

25,9

Barn (korrigert for alder og opphaldstid) per årsverk i grunnbemanninga

5,1

6,8

Barn (korrigert for alder og opphaldstid) per barnehagelærar

7,6

17,5

Del av grunnbemanninga med relevant utdanning (pst.)

83,3

40,0

Areal (kvm) per barn

8,1

4,3

Kommunar –2014

Sterkaste 10 pst.

Svakaste 10 pst.

Barn (korrigert for alder og opphaldstid) per pedagogisk leiar med godkjend utdanning (årsverk)

13,1

24,9

Barn (korrigert for alder og opphaldstid) per årsverk i grunnbemanninga

4,6

6,4

Barn (korrigert for alder og opphaldstid) per barnehagelærar

7,7

15,2

Del av grunnbemanninga med relevant utdanning (pst.)

80,1

50,3

Areal (kvm) per barn

11,1

5,1

Note: Grunnbemanninga er pedagogiske leiarar og assistentar

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL)

Tabellen illustrerer at det framleis er stor skilnad i strukturkvalitet mellom barnehagane, altså dei målbare faktorane som utgjer ramma rundt barnehagekvardagen, som talet på barn per vaksen (bemanningstettleik), den formelle kompetansen til personalet og dei fysiske omgivnadene. Tala har halde seg stabile frå 2013.

I dei ti pst. barnehagane med høgst bemanning i 2014 er det mindre enn 12,7 barn per pedagogiske leiar, 5,1 barn per årsverk i grunnbemanninga og 7,6 barn per barnehagelærar. I dei ti pst. barnehagane med lågast bemanning er det meir enn 25,9 barn per pedagogiske leiar, 6,8 barn per årsverk i grunnbemanninga og 17,5 barn per barnehagelærar.

I dei ti pst. barnehagane med best kvalifisert personale har alle dei pedagogiske leiarane godkjend utdanning, og minst 83,3 pst. av grunnbemanninga har relevant utdanning. I dei ti pst. barnehagane med dårlegast kvalifisert personale har mindre enn 50 pst. av dei pedagogiske leiarane godkjend utdanning, og mindre enn 40 pst. av grunnbemanninga har relevant utdanning.

I dei ti pst. barnehagane med mest plass per barn er det minst 8,1 kvadratmeter per barn, mens det er mindre enn 4,3 kvadratmeter per barn i dei ti pst. barnehagane med minst plass per barn.

Ulikskapen mellom dei ti pst. kommunane med best bemanning og mest areal per barn og dei ti pst. kommunane med dårlegast bemanning og minst areal per barn er også stor.

Vanleg storleik på ei gruppe med små barn (0–2 år) er ni barn, mens det for store barn (3–5 år) er 18 barn. 80 pst. av barnehagane har grupper for små barn i storleiken 8–15 barn og 13–25 store barn. Om lag 80 pst. av barnehagane er organiserte med avdelingar. I barnehagar som ikkje er organiserte i avdelingar, er gjennomsnittleg storleik for ei gruppe med små barn elleve og for store barn 18.

Personalet i barnehagen

Barnehagar med kompetente tilsette er ein føresetnad for å kunne gi alle barn eit godt pedagogisk tilbod. Dette ligg til grunn for regjeringas kompetansesatsing og kompetansestrategien Kompetanse for framtidens barnehage. Strategi for kompetanse og rekruttering (2014–2020).

Delen pedagogiske leiarar og styrarar med godkjend utdanning er ikkje lik over heile landet. Mange stader er det tilstrekkeleg godt kvalifisert pedagogisk personale i barnehagane. Oslo, Akershus og Rogaland er dei fylka som har størst vanskar med å rekruttere nok pedagogar.

Tabell 7.5 Personalet i barnehagen, 2012–14

2012

2013

2014

Tal på tilsette

91 239

93 573

93 814

Tal på årsverk

73 233

74 373

74 998

Tal på tilsette utan merkantilt, administrativt personale m.m.

83 480

84 044

84 030

Tal på barn per årsverk korrigerte for alder og opphaldstid

6,2

6,1

6,1

Tal på styrarar og pedagogiske leiarar

32 198

32 853

31 817

Styrarar med dispensasjon frå utdanningskravet (årsverk)

97

72

58

– i pst. av styrarar (årsverk)

1,9

1,4

1,1

Pedagogiske leiarar med dispensasjon frå utdanningskravet (årsverk)

3 270

2 907

2 183

– i pst. av pedagogiske leiarar (årsverk)

13,9

12,0

9,2

Tilsette med pedagogisk utdanning

34 083

35 231

36 879

– i pst. av dei tilsette utan merkantilt, administrativt personale m.m.

40,8

41,9

43,9

Tilsette med barnehagelærarutdanning

30 388

31 541

32 558

– i pst. av dei tilsette utan merkantilt, administrativt personale m.m.

36,4

37,5

38,7

Tilsette med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar

11 697

12 279

13 210

– i pst. av dei tilsette utan merkantilt, administrativt personale m.m.

14,0

14,6

15,7

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL)

Ved utgangen av 2014 var det om lag 93 800 tilsette som utførte 75 000 årsverk i barnehagane. Dette er ein auke på 625 årsverk frå året før. Om lag 84 000 av dei tilsette arbeider med barna, og nær 32 000 av desse var styrarar og pedagogiske leiarar. Delen av dei tilsette med relevant kompetanse har auka i perioden 2012–14. Delen styrarar og pedagogiske leiarar med dispensasjon frå utdanningskravet har gått ned frå 1,4 pst. av styrarane og 12,0 pst. av dei pedagogiske leiarane i 2013, til 1,1 pst. av styrarane og 9,2 pst. av dei pedagogiske leiarane i 2014.

Tabell 7.6 Utdanning av barnehagelærarar ved statlege og private høgskolar og universitet, 2011–14

2011

2012

2013

2014

Opptak til førskole-/barnehagelærarutdanning

2 553

2 940

2 859

2 851

– av dette menn

425

542

549

531

– del menn (i pst.)

16,6

18,4

19,2

18,6

Uteksaminerte førskole-/barnehagelærarar

1 778

1 897

2 080

1 862

– av dette menn

162

227

224

202

– del menn (i pst.)

9,1

12,0

10,8

10,8

Kjelde: Database for statistikk om høgre utdanning (DBH)

Talet på studentar som vart tekne opp til den tidlegare førskole- og den nåverande barnehagelærarutdanninga, auka frå om lag 2 500 i 2011 til 2 850 i 2014. Talet på ferdig uteksaminerte førskole- og barnehagelærarar auka med 84 i same tidsrom, men med ein reduksjon på 218 frå 2013 til 2014. Delen menn som vart tekne opp, har auka jamt, men gjekk ned frå 2013 til 2014. Delen menn som blir uteksaminerte, har variert, men har halde seg stabil frå 2013 til 2014. Moglegheitene for barnehagelærarstudium har samtidig vorte meir mangfaldige og tilgjengelege, med studieplassar fordelte på både ordinær barnehagelærarutdanning på heiltid eller deltid, variantar av nettbaserte og samlingsbaserte studium og arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning. I tillegg kan pedagogar med minst tre års høgre utdanning kvalifisere seg for fast stilling som pedagogisk leiar ved å ta vidareutdanning i barnehagepedagogikk.

Likestilling

For meir omtale av likestilling og arbeid mot diskriminering, sjå kap. 8.

Tabell 7.7 Menn i barnehagane, 2011–14

2011

2012

2013

2014

Menn tilsette i basisverksemd

6 238

6 429

6 621

6 607

– i pst. av tilsette i basisverksemd

8,3

8,5

8,7

8,7

Mannlege styrarar og pedagogiske leiarar

2 110

2 272

2 410

2 407

Mannlege assistentar

4 128

4 157

4 211

4 200

Note: Frå 2014 er assistentar ei samlegruppe for kategoriane barnehagelærar eller tilsvarande, barne- og ungdomsarbeidar og assistentar. I tala for assistenter frå 2011 til 2013 er ikkje kategorien tospråklege assistentar inkludert.

Kjelde: Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå

Tal frå SSB viser at av alle tilsette i basisverksemda i barnehagen i 2014 var 8,7 pst. menn, totalt om lag 6 600 personar. Basisverksemda omfattar styrarar, pedagogiske leiarar og assistentar. Frå 2013 til 2014 har talet på menn i basisverksemda vore stabilt.

16,9 pst. av barnehagane hadde minst 20 pst. menn tilsette i basisverksemda i 2014. Dette er ein auke frå 15,6 pst. i 2013 og 10,7 pst. i 2003.

Minoritetsspråklege barn og tilsette i barnehage

Talet på minoritetsspråklege barn i barnehage har auka frå 37 894 i 2013 til 41 265 i 2014, og dei siste fire åra har det vore ein auke på meir enn 10 000 minoritetspråklege barn i barnehage. Av dei minoritetsspråklege barna var det om lag 14 800 barn som fekk tilbod om særskild språkstimulering. Dette er ein auke på om lag 1 450 barn frå 2013. Delen minoritetsspråklege barn som fekk tilbod om særskild språkstimulering har halde seg stabil i perioden 2011-2014.

Tabell 7.8 Minoritetsspråklege barn i barnehage, alder 0–6 år og del med tilbod om særskild språkstimulering 2011–14

2011

2012

2013

2014

Tal på minoritetsspråklege 0–6-åringar i barnehage

30 508

34 363

37 894

41 265

– i pst. av alle barn i barnehage

10,8

12,0

13,2

14,4

Tal på minoritetsspråklege med tilbod om særskild språkstimulering

10 735

12 391

13 329

14 786

– i pst. av alle minoritetsspråklege barn i barnehage

35,2

36,1

35,2

35,8

Note: Minoritetsspråklege barn blir her definerte som barn med ein annan språk- og kulturbakgrunn enn norsk, med unntak av barn som har samisk, svensk, dansk eller engelsk som morsmål.

Kjelde: Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå

I 2014 gjekk 79,0 pst. av alle minoritetsspråklege barn i alderen eitt til fem år i barnehage. Det er ein auke på 2,2 prosentpoeng frå 2013, og ein auke på seks prosentpoeng frå 2011. Det har vore ein auke i dekningsgraden frå 2013 til 2014 for alle aldersgrupper unnateke for fireåringane, der det var ein liten nedgang. Det har dei seinare åra vore ein auke i dekningsgraden for dei yngste barna, og det har særleg vore ein stor auke i dekningsgraden for toåringane. Frå 2011 til 2014 har dekningsgraden for toåringane gått opp med 17,2 prosentpoeng.

Staten gir eit øyremerkt tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealderen, jf. kap. 231 post 63.

Tabell 7.9 Dekningsgrad for minoritetsspråklege i barnehagen 2011–14

2011

2012

2013

2014

Dekningsgrad minoritetsspråklege 1–5-åringar

73,0

75,0

76,8

79,0

Dekningsgrad minoritetsspråklege 1-åringar

36,8

36,5

39,5

39,9

Dekningsgrad minoritetsspråklege 2-åringar

59,4

68,2

72,3

76,6

Dekningsgrad minoritetsspråklege 3-åringar

83,7

85,5

86,0

89,6

Dekningsgrad minoritetsspråklege 4-åringar

94,5

92,0

93,5

93,3

Dekningsgrad minoritetsspråklege 5-åringar

96,4

96,9

95,3

96,5

Note: Minoritetsspråklege barn blir her definerte som barn med ein annan språk- og kulturbakgrunn enn norsk, med unntak av barn som har samisk, svensk, dansk eller engelsk som morsmål.

Kjelde: Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå

Tabell 7.10 Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre sysselsette i barnehagar. Alle arbeidsforhold, 2011–14

2011

2012

2013

2014

Barnehagelærar av yrke og/eller med barnehagelærarutdanning

1 714

1 861

1 998

2 196

– i pst. av alle barnehagelærarar

5,8

6,0

6,3

6,7

Anna pedagogisk personell i barnehagane

276

774

847

869

– i pst. av alt anna pedagogisk personell

14,5

31,4

36,9

32,0

Barnehageassistentar

7 825

7 971

8 485

8 674

– i pst. av alle assistentar

14,4

14,6

15,6

16,2

Anna personell

1 846

1 613

1 664

1 790

– i pst. av alt anna personell

18,1

19,5

20,1

22,2

Del innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre sysselsette i barnehagar, alle arbeidsforhold

12,1

12,7

13,4

14,0

Note: Innvandrarar er definerte som personar fødde i utlandet med foreldre og besteforeldre fødde i utlandet.

Note: Den sterke auken i «anna pedagogisk personell» og «i pst. av alt anna pedagogisk personell» frå 2011 til 2012 skyldast at SSB har endra metode for innsamling av data knytte til sysselsette med innvandrarbakgrunn.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

I 2014 var 6,7 pst. av dei sysselsette i barnehage som var barnehagelærarar av yrke og/eller med barnehagelærarutdanning, innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre. Denne delen har auka frå 5,8 pst. i 2011. Tilsvarande hadde om lag 32 pst. av anna pedagogisk personell, 16 pst. av assistentane og 22 pst. av anna personell i barnehagane innvandrarbakgrunn i 2014.

Av om lag 7 800 studentar i barnehagelærarutdanninga i 2014 var 9,4 pst. innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre. I 2013 var delen 8,2 pst., og i 2009 var delen 6,1 pst.

Barn med nedsett funksjonsevne i barnehage

Barnehagar er eit viktig pedagogisk tiltak for barn med nedsett funksjonsevne. Barn med nedsett funksjonsevne skal derfor ha prioritet ved opptak. I 2014 var det 4 458 barn med nedsett funksjonsevne som vart tekne opp ved prioritet etter barnehagelova § 13. 7 799 barn under opplæringspliktig alder fekk spesialpedagogisk hjelp etter § 5–7 i opplæringslova. Dette tilsvarer om lag 2,7 pst. av alle barn som går i barnehage.

Tabell 7.11 Barn med nedsett funksjonsevne i barnehage 2011–14

2011

2012

2013

2014

Barn med nedsett funksjonsevne som er tekne opp ved prioritet etter barnehagelova § 13

5 150

5 084

4 808

4 458

Barn som fekk spesialpedagogisk hjelp etter § 5-7 i opplæringslova

6 482

6 577

6 959

7 799

– i pst. av alle barn i barnehage

2,3

2,3

2,4

2,7

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL)

Kostnader i og finansiering av barnehagar

Tabellane nedanfor viser brutto og netto driftsutgifter til barnehage, korrigerte driftsutgifter per barn og per opphaldstime for kommunale barnehagar, og kor stor del av drifta av barnehagane som er finansiert av det offentlege og med foreldrebetaling. 86,2 pst. av drifta var i 2014 finansiert av det offentlege. Dette er ein liten auke frå 85,9 pst. i 2013 og 85,6 pst. i 2012.

Tabell 7.12 Totale driftsutgifter 2012–14

2012

2013

2014

Brutto driftsutgifter (mill. kroner)

41 176

42 820

45 871

Netto driftsutgifter (mill. kroner)

36 308

38 076

40 814

Note: Løpande nominelle prisar.

Kjelde: Kommunerekneskap, Statistisk sentralbyrå

Tabell 7.13 Driftsutgifter per barn og per opphaldstime i kommunale barnehagar 2012–14

2012

2013

2014

Korrigerte brutto driftsutgifter per barn i kommunal barnehage

160 136

167 130

178 088

Korrigerte brutto driftsutgifter til kommunale barnehagar per korrigerte opphaldstime

53

55

59

Note: Løpande nominelle prisar.

Kjelde: Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå

Det har vore ein auke i dei korrigerte brutto driftsutgiftane per barn i kommunal barnehage på om lag 11 pst. frå 2012 til 2014, der den reelle auken har vore på om lag 5 pst. Auka personaltettleik og fleire tilsette med relevant utdanning kan medverke til å forklare realveksten i utgifter.

Tabell 7.14 Finansiering av kommunale barnehagar 2012–14

2012

2013

2014

Del av driftsmidlar finansiert gjennom foreldrebetaling – i pst. av totale driftsmidlar

14,3

14,1

13,8

Del av driftsmidlar finansiert av det offentlege – i pst. av totale driftsmidlar

85,6

85,9

86,2

Kjelde: Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå

Tabellen nedanfor viser at foreldrebetalinga er redusert for alle inntektsgrupper etter innføring av maksimalprisen. Tabellen viser betalinga i nominelle prisar, så det har vore ein større reduksjon i reell foreldrebetaling. Reduksjonen i foreldrebetalinga har vore større for hushald med høg inntekt enn for hushald med låg inntekt. I 2015 var maksimalprisen for foreldrebetaling i barnehage 2 480 kroner per månad frå januar til april. Frå 1. mai auka maksimalprisen til 2 580 kroner per månad. Samstundes vart det innført ei moderasjonsordning. Denne moderasjonsordninga sikrar at foreldrebetalinga per år for ein heiltidsplass i barnehage maksimalt skal utgjere seks pst. av den samla person- og kapitalinntekta til hushaldet. I tillegg vart det frå 1. august 2015 innført ei ny nasjonal ordning med gratis kjernetid i barnehage for alle fire- og femåringar frå familiar med låg inntekt.

Tabell 7.15 Gjennomsnittlege månadssatsar i kroner (vekta) for foreldrebetaling etter bruttoinntekt, barn over tre år med fulltidsopphald i kommunale barnehagar, 2003–14

Bruttoinntekt

250 000

375 000

500 000

Januar 2003

2 579

3 008

3 097

Januar 2004

2 360

2 731

2 805

Januar 2005

2 356

2 691

2 741

Januar 2006

2 010

2 199

2 257

Januar 2007

2 017

2 235

2 289

Januar 2008

2 114

2 265

2 296

Januar 2009

2 060

2 208

2 261

Januar 2010

2 077

2 218

2 263

Januar 2011

2 106

2 237

2 277

Januar 2012

2 145

2 262

2 297

Januar 2013

2 125

2 258

2 298

Januar 2014

2 187

2 296

2 366

Januar 2015

2 199

2 337

2 416

Note: Kostpengar og tilleggsutgifter er ekskluderte. Løpande nominelle prisar.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå: Undersøking om foreldrebetaling i barnehagar, januar 2015, Rapportar 2015/30

8 Likestilling og arbeid mot diskriminering

Arbeidet med likestilling og mot diskriminering er eit systematisk og langsiktig holdningsarbeid som startar i barnehagen, blir ført vidare i skolen og må liggje til grunn i universitets- og høgskoleinstitusjonane og i forskinga. Målet er at alle skal ha like moglegheiter uavhengig av kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne, etnisk bakgrunn og religion. Regjeringa vil hausten 2015 leggje fram ei stortingsmelding om likestilling. Sjå omtale i Prop. 1 S for Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Barnehagen

Formålsparagrafen i barnehagelova slår mellom anna fast at barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering. I dette ligg det at barnehagen skal vere ein inkluderande arena for alle barn.

Rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen har grundig omtale av verdigrunnlaget for barnehagen. For å støtte arbeidet med rammeplanen i barnehagen har departementet utarbeidd eigne temahefte, mellom anna om barn med nedsett funksjonsevne, om samiske barn, om språkleg og kulturelt mangfald og om likestilling. Målet er at hefta skal formidle kunnskap og erfaringar som grunnlag for refleksjon og praksis for dei tilsette i barnehagen. Eitt av fagområda i rammeplanen er etikk, religion og filosofi. Gjennom arbeidet med dette skal barnehagen mellom anna bidra til at barna utviklar toleranse og interesse for kvarandre og respekt for bakgrunnen til den einskilde, uavhengig av kva for kultur, religion eller livssyn barnet høyrer til.

Likestilling mellom kjønna skal speglast av i pedagogikken, og gutar og jenter skal bli oppmuntra til å delta i fellesskap i alle aktivitetar i barnehagen. Personalet må reflektere over sine eigne haldningar til og samfunnet sine forventningar til gutar og jenter.

Barn treng både mannlege og kvinnelege rollemodellar. Ein betre kjønnsbalanse i barnehagen er også viktig for å kunne sikre personale med variert kompetanse. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at delen menn av alle tilsette i barnehagen i alle stillingskategoriar framleis er 11,5 pst. menn i 2014, same del som i 2013. Dette omfatta om lag 10 800 personar i 2014 mot om lag 10 700 personar i 2013, og inkluderer stillingskategoriar som spesialpedagogar, tospråklege assistentar, personlege assistentar, sivilarbeidarar og vaktmeistrar. Viss vi berre ser på tilsette i basisverksemda, utgjorde menn i 2014 om lag 6 600 personar, altså 8,7 pst., nær uendra frå 2013. Dette omfattar berre styrarar, pedagogiske leiarar og assistentar (ikkje personale som arbeider med enkeltbarn eller grupper av barn med særlege behov). I dei fem siste åra har talet på mannlege barnehagetilsette i basisverksemda auka med 17 pst., frå 5 636 menn i 2009 til 6 607 menn i 2014, mens delen menn har auka frå 7,9 pst. til 8,7 pst., i same periode. I 2014 hadde 50 pst. av barnehagane minst éin mannleg tilsett i basisverksemda mot 49 pst. i 2013.

I 2014 utgjorde menn 15,8 pst. av dei totalt 7 833 studentane på barnehagelærarutdanninga mot 14,3 pst. av totalt 7 756 studentar i 2013. Våren 2014 fullførte 1 862 studentar barnehagelærarutdanninga, og av desse var 202 menn, noko som tilsvarer 10,8 pst., det same som våren 2013. Hausten 2014 starta 531 mannlege og 2 320 kvinnelege studentar på barnehagelærarutdanninga. Menn utgjorde 18,6 pst. mot 19,2 pst. hausten 2013. Delen mannlege søkjarar med barnehagelærarutdanninga som førsteval har gått opp frå 18 pst. i 2014 til 19,1 pst. for 2015.

Den førre regjeringas handlingsplan Likestilling 2014 – Regjeringens handlingsplan for likestilling mellom kjønnene er ikkje ført vidare, men i oppfølginga leverte NIFU hausten 2014 ei statusundersøking om likestilling i barnehagane. Undersøkinga viser at om lag alle styrarane opplyser at dei kjenner til det som står om likestilling i rammeplanen, og at dette påverkar arbeidet i barnehagen. Samtidig viser undersøkinga at likestilling mellom kjønna i liten grad er tema i planane i barnehagen, og at det er lite formalisert arbeid med likestilling i barnehagen. Hovudinntrykket er at dette ikkje er eit tema som barnehagen arbeider praktisk eller konkret med i særleg utstrekning. Likestilling mellom kjønna ser ut til å vere eit tema som ein tek for gitt og derfor i liten grad diskuterer. Samtidig nemner styrarane fleire eksempel på situasjonar der dei har tenkt eller reagert på sine eigne eller andre sine kjønnsstereotypiske holdningar eller åtferd. Eit interessant funn er at det er ein samanheng mellom delen menn i barnehagen og likestillingsarbeidet. Dette kan ha ulike årsaker, til dømes at barnehagar som jobbar aktivt med likestilling, i større grad lykkast med å rekruttere mannlege tilsette, men òg at barnehagar med høg del menn arbeider meir med likestilling enn andre barnehagar.

Deltakarane i undersøkinga støtter målsetjinga om å auke delen menn i barnehagane. Både kvinner og menn ønskjer eit arbeidsmiljø med større kjønnsbalanse enn det som ofte er tilfellet i dag. Det er også ei tydeleg oppfatning at barn i barnehagen har godt av å ha vaksne av begge kjønn rundt seg. Dette begrunner deltakarane både ut ifrå eit likheits- og eit ulikheitsperspektiv. Det ser ut til å vere ei generell oppfatning om at mannlege og kvinnelege tilsette i barnehagane oppfører seg ulikt. Sett på spissen er menn meir fysiske, med høgre volum, dei leiker meir ute og driv ikkje så mykje med rydding og reinhald som dei kvinnelege tilsette. Samtidig understrekar deltakarane likheitene mellom kvinnelege og mannlege tilsette, at arbeidsfordelinga er lik, og at alle tilsette deltek i fellesaktivitetane. Når det gjeld arbeidet med å auke delen menn i barnehage, viser forskarane til fleire moglege vegar. Skolerådgivarar kan spele ei viktig rolle i å gi råd uavhengig av kjønn når ungdommar skal velje framtidig utdanning og yrke. Høgskolar og universitet må tilby utdanning som er tilpassa ulike grupper av studentar. Barnehagestyrarane må vere bevisste ved tilsetjing av personale. Statusen til barnehagelæraryrket bør bli høgre, noko som heng saman med spørsmål om lønnsnivå, turnus- og arbeidstidstilhøve og liten forskjell mellom stillingar.

Grunnopplæringa

Likestilling mellom kjønna

Gutar og jenter har i dag like rettar, men mykje tyder på at kjønn påverkar dei vala dei treffer, og dei moglegheitene dei opplever at dei har. Likestilling inneber at barn og unge skal ha like moglegheiter til å realisere sitt eige potensial og til å velje utdanning og karriere utan å vere begrensa av kjønn. Karakternivå, nasjonale prøver og internasjonale testar fortel at med nokre unntak gjer jenter det best på skolen. Det er også langt fleire gutar enn jenter som ikkje gjennomfører vidaregåande opplæring. Val av utdanning heng framleis tett saman med kjønn og forventningar til kjønnsroller; særleg er dette synleg i yrkesfaga.

Tidleg innsats og tiltak som skal hjelpe til med å styrkje dei grunnleggjande dugleikane til elevane, er viktig for å betre læringsutbyttet, og for at fleire elevar skal gjennomføre vidaregåande opplæring. Samtidig er det behov for spesifikke tiltak mot elevar med svake skoleprestasjonar og som er i risikosona for å falle ut av eit skoleløp. Regjeringa har sett i gang ei rekkje ulike tiltak for å betre læringsutbyttet til elevane og auke gjennomføring i vidaregåande opplæring. Her kan nemnast 0–24-samarbeidet, Program for bedre gjennomføring i videregående opplæring og Yrkesfagløftet, jf. programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Norske gutar og jenter vel framleis i stor grad kjønnstradisjonelt når det kjem til utdannings- og yrkesval. Særleg i fag- og yrkesopplæringa i vidaregåande skole er dette tydeleg. Her er fleire utdanningsprogram dominerte av eitt kjønn. I høgre utdanning har utdanningsvala endra seg noko i løpet av dei siste tiåra, særleg for kvinner. På universitetsnivå er fleire tidlegare mannsdominerte utdanningar nå kjønnsbalanserte og har i nokre tilfelle ei overvekt av kvinner. Samtidig har fleire av høgskoleutdanningane, for eksempel innanfor helse og omsorg eller barnehagelærar, framleis eit stort fleirtal kvinner.

For å møte etterspørselen etter arbeidskraft i helse-, pleie- og omsorgssektoren er det viktig å kunne rekruttere fleire menn. Låg rekruttering til realfag som teknologi og fysikk, spesielt blant jenter, inneber at samfunnet kan mangle nødvendig kompetanse i framtida.

Å bryte opp typiske førestellingar om kva utdannings- og yrkesval som passar for gutar og jenter, aukar moglegheitene og valfridommen for den einskilde og gir ein mindre kjønnsdelt og meir fleksibel arbeidsmarknad. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at fleire kan velje utradisjonelle utdanningar og karrierar, for å bidra til eit mindre kjønnsdelt arbeidsliv.

Regjeringa har som mål å auke kunnskapen om kva faktorar som kan forklare forskjellar mellom gutar og jentene si læring og utvikling, som grunnlag for meir treffsikre tiltak. Særleg interessant er forsking om sjølvregulering og arbeidsmåtar i skulen. I samband med den kommande meldinga til Stortinget om likestilling mellom kjønn har Kunnskapsdepartementet sett ut eit forskingsoppdrag for å innhente meir kunnskap om dette.

Barn og unge med særskilde behov

Kunnskapsdepartementet vil i 2016 arbeide for å sikre tidleg innsats, tilpassa opplæring og gode læringsmiljø for barn, unge og vaksne med særskilde behov. Det overordna målet er å medverke til at skolar møter det mangfaldet av føresetnader og evner elevane har, gjennom tilpassa opplæring, og å førebyggje vanskar.

Elevar som ikkje har eller kan få eit tilfredsstillande utbytte av den ordinære opplæringa, skal sikrast dette gjennom spesialundervisning av god kvalitet. I skoleåret 2014–15 hadde åtte pst. av elevane i grunnopplæringa vedtak om spesialundervisning. Dette er ein liten nedgang frå skoleåret 2013–14, da talet var 8,3 pst., og skoleåret 2012–13, da talet var 8,6 pst. Om lag 68 pst. av dei som får spesialundervisning, er gutar. Departementet vil framleis ha merksemd retta mot talet på elevar som får spesialundervisning.

PP-tenesta og dei spesialpedagogiske kompetansesentra (Statped) er viktige verkemiddel i dette arbeidet. Strategi for etter- og vidareutdanning av tilsette i PP-tenesta (2013–2018) og omorganiseringa av Statped (2012–16) har til formål å hjelpe barnehagar og skolar med å sikre likeverdig, tilpassa og inkluderande opplæring.

Minoritetsspråklege barn, unge og vaksne

I 2014 var talet på elevar som fullførte og bestod vidaregåande opplæring i løpet av fem år, stabilt blant øvrige elevar og norskfødde, men ikkje for innvandrarar. Delen som fullfører, gjekk ned frå 53 pst. til 52 pst. Desse elevane gjer det vesentleg svakare enn andre elevar. Det er også eit nokså stort gap mellom norskfødde elevar og øvrige elevar. Det er eit mål at gjennomføringa skal auke både for norskfødde med innvandrarbakgrunn og for ungdom som sjølv har innvandra. Departementet gjennomfører fleire tiltak som skal medverke til å nå målet.

I 2014 er 16 pst. av innvandrarane i alderen 16–25 år verken i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring. Tala er litt lågare for norskfødde med innvandrarforeldre, knapt åtte pst. Seks pst. av unge med norsk bakgrunn i alderen 16–25 år er verken i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring.

Kompetanse for mangfold (2013–2017) er ei femårig satsing på kompetanse i opplæring av minoritetsspråklege. Regjeringa vil føre vidare arbeidet med å utvikle denne kompetansen i universitets- og høgskolesektoren, hos skoleeigarar og barnehagestyresmakter, hos tilsette i barnehage og skole, og hos andre sentrale yrkesgrupper som er knytte til skolar og barnehagar. Målet med satsinga er at dei tilsette skal vere i stand til å støtte barn, elevar og vaksne med minoritetsbakgrunn, slik at desse i størst mogleg grad fullfører og består utdanningsløpet. Satsinga er bygd på barnehage- og skolebasert kompetanseutvikling i tema som fleirkulturell pedagogikk, fleirspråklegheit, andrespråkspedagogikk og vaksenpedagogikk.

Elevar med kort butid i Noreg og svak skolebakgrunn møter særskilde utfordringar. I 2012 lovfesta departementet bruk av innføringstilbod for nykomne elevar. Det er også utarbeidd ei rettleiing med relevant regelverk og gode døme på bruk av innføringstilbod. Bruken av innføringstilbod blir evaluert slik at departementet kan få meir kunnskap om kva for slags innhald og organisering av tilboda som verkar best. Evalueringa går ut i 2015.

Tilskott til verksemder som tek inn lærlingar med særskilde behov, er auka og utvida til å inkludere dei med svake norskdugleikar og kort butid i Noreg, for at fleire skal få moglegheit til å fullføre vidaregåande opplæring. Det er fastsett ein førebels læreplan i norsk for elevar i vidaregåande opplæring med kort butid i Noreg, slik at opplæringa kan tilpassast behova deira.

Stortinget har i Innst. 223 L (2013–2014) om endringer i opplæringslova, privatskolelova og folkehøyskoleloven (leksehjelp m.m.) vedteke å innføre ein rett til grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for ungdom som er over opplæringspliktig alder, men under 18 år, og som søkjer om opphaldsløyve. Retten gjaldt frå hausten 2014.

Alderen når ein kjem til landet, har stor betydning for om ein innvandrar klarer å fullføre og bestå vidaregåande opplæring. Ei kartlegging Rambøll har gjort av innføringstilbod for nykomne elevar, syner at desse i mange tilfelle har særskilde utfordringar. Dei skal både lære seg eit nytt språk og ta igjen tapt skolegang i løpet av kort tid. Jentene klarer seg betre enn gutane uansett alder ved innvandring. Det har vore ei svak negativ utvikling i gjennomføringstala i dei siste tre åra for innvandrarar med kort butid, og det er særleg gutane som har lågare gjennomføringsgrad.

Arbeid mot antisemittisme og rasisme

Noreg er eit fleirkulturelt og samansett samfunn, og skolen er ein viktig møteplass der elevar med ulik bakgrunn kan bli kjende med og få tillit til kvarandre. Departementet er oppteke av at skolen har eit stort ansvar for å arbeide systematisk mot rasisme, hatytringar og antisemittisme. Kunnskapsrike lærarar som kan utnytte dei moglegheitene som ligg i læreplanane, er avgjerande.

Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret), Det europeiske Wergelandsenteret og Institutt for lærerutdanning og skoleforskning (ILS) ved Universitetet i Oslo har utvikla Dembra – Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme. Dembra er eit opplegg for etterutdanning av lærarar og skoleleiarar kring temaa antisemittisme, rasisme og handtering av konfliktar i skolen. Grunntanken bak Dembra er at kunnskap og kritisk tenking nyanserer og bryt opp stereotypiar og fastlåste førestillingar om andre kulturar. Det viktigaste middelet skolen har mot ekskluderande holdningar og trakassering, er derfor arbeidet med å skape ein demokratisk kultur grunna på inkludering, rom for deltaking, kunnskap og kritisk tenking. Prosjektperioden og piloten for Dembra var 2012–15. Frå 2016 startar ein prosess med nasjonal spreiing av dei læringsressursane som vart utvikla i pilotperioden. Formålet med nasjonal spreiing av Dembra er å gradvis auke kompetansen blant fleire tilsette i skolen rundt om i kommunane, slik at dei betre kan handtere konfliktar i skolekvardagen. Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret) vil gjere dette i samarbeid med freds- og menneskerettssentera som mottek statleg driftsstøtte. Stillinga ved HL-senteret som vart oppretta i 2013 for å auke undervisning i og forsking på anti-semittisme, blir ført vidare i 2016.

Kunnskapsdepartementet har òg oppfordra skolane til å markere Holocaust-dagen 27. januar. Utdanningsdirektoratet har utarbeidd og publisert informasjonsmateriell om dei fem nasjonale minoritetane i Noreg: kvenar/norskfinnar, jødar, skogfinnar, rom (sigøynarar) og romanifolk/tatarar. Materiellet er mynta på tilsette i skolar og barnehagar og vart publisert til skolestart hausten 2014. Organisasjonane for minoritetane har vore involverte i arbeidet. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) har òg i samarbeid med minoritetane utarbeidd innhaldet til ein nettressurs om dei nasjonale minoritetane som ligg på minstemme.no. Nettressursen inneheld materiell om alle dei fem nasjonale minoritetane og gir forslag til opplegg til bruk i barnehagen og forslag til undervisningsopplegg frå 1. til 7. trinn.

Vaksne i grunnopplæringa

I skoleåret 2014–15 var det over 10 000 vaksne som fekk ordinær grunnskoleopplæring eller spesialundervisning på grunnskoleområdet. Om lag 54 pst. av desse var kvinner (GSI). 90 pst. av dei som deltok i ordinær grunnskoleopplæring, var minoritetsspråklege (Utdanningsspeilet). Av desse var 60 pst. kvinner. Samstundes er to av tre minoritetsspråklege deltakarar mellom 16 og 18 år menn. Den høge delen menn blant dei yngste deltakarane heng saman med at einslege mindreårige asylsøkjarar som regel er menn.

I 2013 var det ifølgje tal frå Vox om lag 22 000 vaksne som fekk vidaregåande opplæring, og 55 pst. av dei var kvinner. 28 pst. av dei vaksne deltakarane i vidaregåande opplæring hadde innvandrarbakgrunn i 2013.

Forsking og høgre utdanning

Likestilling i høgre utdanning

I 2014 var 60 pst. av studentane kvinner. Utdanningsvala til norske studentar er sterkt kjønnsdelte. I helse- og sosialfaga er delen menn om lag 20 pst. Delen menn er òg låg i lærarutdanningane. Dette gjeld særleg grunnskolelærarutdanninga for 1.–7. trinn og barnehagelærarutdanninga. Her er delen menn høvesvis 15 og 16 pst. Den totale delen menn blant lærarstudentane har auka svakt med 1,2 pst. i perioden 2008–12. Matematiske, naturvitskaplege og teknologiske (MNT) fag har ein høg del menn. I 2013 var berre 32 pst. av studentane innanfor naturvitskaplege og teknologiske fag kvinner. Samstundens viser ikkje desse tala heile biletet. Ved farmasistudiet er delen kvinner stabilt høg. I 2014 var den totale delen kvinner ved farmasistudiet 74 pst. I 2013 var delen kvinner 78 pst., og i 2012 76 pst.

Ein større del av norskfødde med innvandrarforeldre er i høgre utdanning enn både delen av innvandrarar og delen av befolkninga elles, og slik har det vore i fleire år. Samtidig er ein klart lågare del av innvandrarane i høgre utdanning enn i befolkninga elles. Delen norskfødde med innvandrarforeldre i høgre utdanning i årskulla 19–24 år er heile 41,5 pst. i 2014, mens det i befolkninga elles er 35,9 pst. Av innvandrarane er det færre som er i høgre utdanning enn av befolkninga elles, rundt 17 pst.

At norskfødde med innvandrarforeldre i så stor grad tek høgre utdanning, tyder på at ein stor del av dei er godt integrerte. At innvandrarar, som utgjer ei langt større gruppe, i mindre grad gjer det same, kan skyldast at innvandrarane i snitt har kortare butid og dermed svakare språkkunnskapar enn det som er nødvendig for å ta høgre utdanning. Ei anna forklaring er at ein del av innvandrarane har høgre utdanning når dei innvandrar. Innvandrarar som gruppe har ein høgre del med lang utdanning enn befolkninga elles. Det er derfor ikkje å vente at gruppa innvandrarar er like tilbøyelege til å ta høgre utdanning i Noreg som dei norskfødde med innvandrarforeldre eller som befolkninga elles.

Det er viktig å leggje til rette for gode val. Det blir derfor arbeidd aktivt med rekruttering til sentrale utdanningar, slik som lærarutdanning og utdanning innanfor MNT-fag. Det er arbeidslivet som har dei viktigaste verkemidla, og som må gi attraktive moglegheiter, slik som karriere, lønn, sjølvrealisering og utvikling for både kvinner og menn. Kunnskap om kva utdannings- og yrkesmoglegheiter som finst, er avgjerande for at unge skal gjere gode utdannings- og yrkesval, uavhengig av kjønn. Rådgiving i skolen og anna karriererettleiing speler ei viktig rolle. Samtidig vil holdningane til ulike utdanningar og yrke vere prega av familie, venner, nærmiljø og korleis samfunnet, media og utdanningsinstitusjonane sjølve framstiller dei. Å sjå at andre har gått føre og lykkast, er viktig for unge som ønskjer å velje utradisjonelt. Det aukande talet kvinner på medisin- og jusstudia er gode eksempel på dette.

Fagskolar

Fagskoleutdanningar er yrkesretta utdanningar som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Dei har eit omfang tilsvarande minimum eit halvt og maksimum to heile studieår. Blant studentane i fagskoleutdanningane er kjønnsforskjellane omvende av det ein finn i høgre utdanning, med om lag 60 pst. menn og 40 pst. kvinner. Våren 2013 uteksaminerte fagskolane nær 5 000 kandidatar. Av desse var 57 pst. menn og 43 pst. kvinner.

69 pst. av alle mannlege fagskolestudentar er i 2014 registrerte på utdanninger innenfor naturvitskaplege fag, handverksfag og tekniske fag, ein auke frå 68 pst. i 2013. Nærmere 41 pst. av dei kvinnelege fagskolestudentane er på helse-, sosial- og idrettsfag (opp frå 36 pst. i 2013). Dei kvinnelege fagskolestudentane har dermed noko større fagleg spreiing enn sine mannlege kollegaer, som har eitt dominerande fagområde. Blant kvinnene er humanistiske og estetiske fag og økonomisk-administrative fag også populære, med høvesvis 23 pst. og 21 pst. av studentane. Blant fagskolestudentane var det få med utenlandsk statsborgarskap. Kun 299 av fagskolestudentane hadde utanlandsk statsborgarskap i 2014.

Kjønnsbalanse blant tilsette i forsking

Betre kjønnsbalanse og større mangfald blant fagleg tilsette ved universitet og høgskolar og blant forskarar ved forskingsinstitutt er naudsynt for at kunnskapsinstitusjonane skal reflektere mangfaldet i befolkninga og behova deira. Universitet, høgskolar og forskingsinstitutt må lykkast med å rekruttere talent, både kvinner og menn, med og utan innvandrarbakgrunn, og gi alle like gode moglegheiter til fagleg utvikling og til å bli tilsette i toppstillingar. Stillingar på ulike fagområde skal vere attraktive for både kvinner og menn, og institusjonane innanfor høgre utdanning og forsking må arbeide for at faktorar som hindrar at enkelte grupper lykkast, blir tekne tak i. Samfunnet treng breidde i kompetanse og faglege perspektiv. Dette kan bidra til kreativitet og betre kvalitet både i utdanningstilbodet til studentane og i forskinga. Kunnskapsdepartementet har sett i verk ei rekkje tiltak for å betre kjønnsbalansen i forsking.

Regjeringa har ført vidare Komité for kjønnsbalanse i forskning (Kif) i perioden 2014–17. Mandatet for komiteen er utvida til også å omfatte mangfald. Argumenta som gjeld for betre kjønnsbalanse, gjeld òg for større mangfald i forskinga generelt. Den nye komiteen har fått namnet Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forskning. Han er styrkt med fleire medlemmer og har fått auka sitt budsjett med 2 mill. kroner. Komiteen får tilskott frå Kunnskapsdepartementet. Komiteen skal føre vidare arbeidet med å fremme likestilling mellom kjønna ved universiteta, høgskolane og forskingsinstitutta. Komiteen støttar institusjonane i arbeidet med å integrere likestilling i eiga verksemd, og kjem med framlegg om tiltak som kan betre kjønnsbalansen i fagmiljøa. Komiteen skal òg medverke til større medvit om den skeive balansen mellom kjønna i akademia og forskingssystemet. Vidare arbeider komiteen med å auke kvaliteten i forskinga gjennom å spreie kunnskap om betydninga av betre integrering av kjønnsperspektiv i forskinga, og dei bidrar til kompetanseheving på området. Komiteen driv òg informasjonsarbeid gjennom kifinfo.no og KILDEN, samt ved rådgivings- og pådrivararbeid overfor departementa. I inneverande periode skal komiteen ha merksemd på kjønn og etnisitet. Komiteen har vore viktig for den positive utviklinga i likestilling ved universitet, høgskolar og forskingsinstitutt i dei siste åra. Sjå omtale under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning kap. 281 post 70.

Noreg deltek aktivt i likestillingsarbeidet i EU. EU har kjønnslikestilling (gender equality) som eitt av seks prioriterte område i utviklinga av det europeiske forskingsområdet, European Research Area (ERA).

I den kommande likestillingsmeldinga er det lagt vekt på at reell kjønnsbalanse inneber at kvinner og menn er like godt representerte i forsking, også i toppstillingar. Kvinner utgjer om lag 36 pst. av forskarpersonalet i Noreg. Prosentdelen kvinner auka fram til 2011; frå 2011 til 2013 var det inga auking. Dette skyldast at prosentdelen kvinner blant forskarar i næringslivet gjekk ned, jf. figur 8.1. I instituttsektoren og i UH-sektoren har kvinnedelen halde fram med å auke, også i 2014. Rekrutteringa av kvinner til forsking i desse sektorane er jamt over god, sjølv om det er stor skilnad mellom fagområde.

Figur 8.1 Prosentdelen kvinner blant forskarpersonale i Noreg etter sektor 1999–2013

Figur 8.1 Prosentdelen kvinner blant forskarpersonale i Noreg etter sektor 1999–2013

N viser talet på personar i 2013

Kjelde: SSB/NIFU, FoU-statistikk

Fagleg personale ved universitet og høgskolar

Menn er stadig i fleirtal blant fagleg tilsette ved universitet og høgskolar, og kvinner er framleis sterkt underrepresenterte i toppstillingane. Regjeringa har som mål at delen kvinner i akademiske toppstillingar skal auke. Delen kvinner i toppstillingar er derfor definert som ein indikator i styringssystemet for universitets- og høgskolesektoren. Kunnskapsdepartementet krev at universiteta og høgskolane utarbeider handlingsplanar for likestilling, mellom anna for å betre arbeidsvilkåra og for å setje i verk tiltak for å auke delen kvinner i førstestillingar. Departementet tek opp likestilling i styringsdialogen med universiteta og høgskolane.

Delen kvinner og menn i universitets- og høgskolesektoren varierer mellom ulike stillingstypar. I 2014 var over halvparten av dei tilsette i stipendiatstilling, i høgskolelektorstilling og i førstelektorstilling kvinner, jf figur 8.2. I 2014 var for første gong fleirtalet av dei som tok doktorgrad, kvinner. Delen kvinner som tok doktorgrad, varierte frå 60 pst. i medisin til 27 pst. i teknologi.

Delen kvinnelege professorar var 26 pst. i 2014. Utviklinga av kvinner i professorat har gått i riktig retning, med ein auke på om lag ein pst. per år sidan 2001. Delen kvinner blant dei nytilsette professorane har auka betydeleg sidan 2008, og har variert mellom 30 og 36 pst. Kvinnedelen blant professorane vil venteleg halde fram med å auke, mellom anna fordi kvinnedelen i stillingsgruppa under, førsteamanuensane, nå er over 43 pst. og framleis aukar. I så fall kan om lag 40 pst. av professorane vere kvinner i 2028. Departementet ser utviklinga som eit positivt resultat av likestillingspolitikken, men det er nausynt å halde oppe presset på området for å nå raskare resultat.

Figur 8.2 Prosentdelen kvinner i ulike faglege stillingskategoriar ved universitet og høgskolar 2004–14

Figur 8.2 Prosentdelen kvinner i ulike faglege stillingskategoriar ved universitet og høgskolar 2004–14

N viser talet på årsverk i 2014

Kjelde:  Database for statistikk om høgre utdanning (NSD)

Det er stor skilnad mellom kvinnedelen blant professorane på ulike fagområde. Kvinnedelen er særleg låg innanfor teknologi, ti pst., og innanfor matematisk-naturvitskaplege fag, 17 pst., jf. figur 8.3.

Figur 8.3 Kvinner i professorstilling per fagområde 2001–13 (i pst. av talet på personar)

Figur 8.3 Kvinner i professorstilling per fagområde 2001–13 (i pst. av talet på personar)

N viser talet på personar i 2013

Kjelde: Database for statistikk om høgre utdanning (NSD)

Om vi samanliknar delen kvinner i professorat i Noreg med andre europeiske land, syner tal frå EU frå 2010 at kvinnedelen i professorstillingar i Noreg (21,4 pst.) låg litt over snittet i EU (19,8 pst.). Romania hadde høgst kvinnedel, deretter Latvia, Tyrkia, Kroatia, Sveits, Bulgaria, Island, Finland og Portugal. EU har utvikla ein indeks for å vurdere den såkalla «glasstak-effekten». «Glasstaket» er her eit omgrep for å definere kor sannsynleg det er at ei kvinne skal få ei toppstilling samanlikna med ein mann. Også her gjer Noreg det betre enn EU-snittet, men er langt frå best. Når det gjeld rektorar i høgre utdanning, derimot, låg kvinnedelen i Noreg på topp i 2010 med 32 pst., medan fleire land som har høg kvinnedel blant dei tilsette, ligg på bunnen av denne statistikken.

Tiltak for likestilling i Noregs forskingsråd

Forskingsrådet arbeider for å integrere kjønnsperspektivet i all forsking organisasjonen finansierer. Det finst biologiske og sosiale kjønnsforskjellar, og desse må all forsking ta omsyn til. Alle søknader til Forskingsrådet skal vurderast opp mot kriteriet om kjønnsperspektiv i forskinga, rekruttering av kvinner til høgre stillingsnivå generelt og MNT-fag spesielt, samt til kjønnsbalanse i dei einskilde prosjekta. Alle utlysingstekstar skal ha med ei formulering om moderat kjønnskvotering: «I søknader med elles lik fagleg kvalitet og relevans skal prosjekt med kvinneleg prosjektleiar prioriterast.»

Hovudstyret i Forskingsrådet vedtok i 2013 ein ny Policy for kjønnsbalanse og kjønnsperspektiver i forskning og innovasjon, som gjeld for perioden 2013–17. Den skeive rekrutteringa fram mot toppnivået er eit gjennomgåande bilete for alle fagområda. Policyen peiker på særlege utfordringar i verkemiddel for næringsliv, internasjonalisering og eksellens. Det er sett eit mål om minst 40 pst. kvinner blant prosjektleiarar i nye prosjekt innan utgangen av 2017. Forskingsrådet har ein jamn auke i delen kvinner blant prosjektleiarane. I 2013 var 31,2 pst. av alle prosjektleiarane på reelle forskingsprosjekt (prosjektstøtte, institusjonsstøtte og personleg stipend) kvinner. Dette er ein auke på drygt to prosentpoeng frå 2012.

Delen kvinner blant doktorar og postdoktorar som blir finansierte av midlar frå Forskingsrådet, har vore stabil i dei seinare åra, og ligg på 43–45 pst. for ph.d.-stipendiatar og 40–42 pst. for postdoktorar. Delen kvinner er særleg høg innanfor humaniora, medisin og helsefag og landsbruks- og fiskerifag (62–69 pst.).

Kjønnsbalanse i faglege toppstillingar og forskingsleiing (BALANSE) er etablert som eit program i Forskingsrådet frå 2013. Hovudmålet er å betre kjønnsbalansen på seniornivå i norsk forsking gjennom ny kunnskap, læring og innovative tiltak. Programmet hadde første utlysing i 2013. 16 mill. kroner vart tildelte fire institusjonar: tre forskingsinstitutt og eitt universitet i samarbeid med fleire regionale aktørar. Det var stor interesse for utlysinga, og det kom inn dobbelt så mange søknader som forventa. BALANSE er i første omgang etablert for ein periode på fem år (2013–17).

Forskingsrådet deltek i nasjonale og internasjonale nettverk for å styrkje kjønnsdimensjonen i forskinga. I 2013 vart det etablert eit policyretta ERA-NET kalla GENDER-NET. GENDER-NET består av tolv partnarar frå elleve land og har ein funksjonsperiode på tre år. Forskingsrådet deltek frå Noreg på basis av blant anna BALANSE-programmet.

Tiltak for mangfald

Alle skal ha same rettar og moglegheiter til å ta høgre utdanning. I lov om universiteter og høyskoler blir det understreka at styra ved institusjonane skal sørgje for eit godt læringsmiljø, og at institusjonane skal leggje til rette for studentar med særskilde behov. I den årlege styringsdialogen som departementet har med universiteta og høgskolane, vil vi understreke det ansvaret institusjonane har for eit godt og inkluderande læringsmiljø av høg kvalitet for alle studentar. Dette er ein del av institusjonane sitt arbeid med studiekvalitet. Alle universitet og høgskolar må sikre at studentar med nedsett funksjonsevne får kvalitetssikra tilbod og tenester med utgangspunkt i behova til studentane. Alle lærestader skal ha handlingsplanar for universell utforming og individuell tilrettelegging for studentar med særlege behov.

Departementet vil halde fram med arbeidet med å oppmode institusjonane til å rekruttere fleire minoritetsspråklege lærarar. Lærarar med minoritetsbakgrunn kan medverke med innsikt når det gjeld barn og unge med tilsvarande bakgrunn, i kommunikasjonen mellom heim, skole og barnehage og fungere som forbilde i samband med å ta høgre utdanning. Departementet har òg lagt til rette for tilpassa oppfølging av studentar med tospråkleg bakgrunn, mellom anna i fleksible utdanningstilbod.

Institusjonane er gjennom lov pålagde å ha eit læringsmiljøutval som skal arbeide for at læringsmiljøet til studentane blir teke vare på, inkludert dei med nedsett funksjonsevne. NIFU-rapporten Tilretteleggingsutfordringer i høyere utdanning før og nå frå 2010 viser mellom anna at lærestadene driv eit omfattande arbeid knytt til tilrettelegging for studentar med nedsett funksjonsevne.

Departementet tildeler årleg midlar til Universell (tidlegare Nasjonal pådrivareining for funksjonshemma i høgre utdanning) ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Universell skal medverke til å fremme eit inkluderande læringsmiljø for studentar med nedsett funksjonsevne, og vere pådrivar for læringsmiljøutvala ved andre norske lærestader.

I utdanningsstøtteordninga finst eit ekstra månadleg stipend og støtte i tolv månader for studentar som på grunn av redusert funksjonsevne ikkje kan ta arbeid ved sida av utdanninga. Tiltaket skal medverke til at fleire personar med redusert funksjonsevne har økonomisk moglegheit til å ta høgre utdanning.

Likestilling og arbeidet mot diskriminering i verksemder underlagde Kunnskapsdepartementet

Etter likestillingslova § 1a, diskrimineringslova § 3a og diskriminerings- og tilgjengelova § 3 er alle arbeidsgivarar pålagde å arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremme likestilling og hindre diskriminering (aktivitets- og meldeplikta). Kunnskapsdepartementet skal gjere greie for tilstanden når det gjeld likestilling og diskriminering, i Prop. 1 S. Meldeplikta gjeld òg for verksemder og institusjonar under Kunnskapsdepartementet. I Prop. 1 S blir det gjort ei overordna vurdering av tilstanden. For rapporteringa frå kvar enkelt verksemd blir det vist til årsrapportane til verksemdene.

I Utdanningsdirektoratet, ved dei samiske vidaregåande skolane i Karasjok og Kautokeino og ved Sameskolen for Midt-Noreg utgjer kvinner mellom 63 og 68 pst. av dei tilsette, mens det i Senter for IKT i utdanninga er ei meir jamn fordeling mellom kjønna. I dei spesialpedagogiske kompetansesentera (Statped) og ved Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar (Vea) utgjer kvinnene 75 pst. av dei tilsette. I sekretariatet for Foreldreutvalet for barnehagane og Foreldreutvalet for grunnopplæringa er det ni kvinner og ein mann.

I Utdanningsdirektoratet, i Senter for IKT i utdanninga og Statped tener menn noko meir enn kvinner. Menn tener gjennomsnittleg meir enn kvinner i Utdanningsdirektoratet, men kven som tener mest, varierer mellom stillingskategoriane. Medan mannlege seniorrådgivarar i gjennomsnitt tener 20 000 kroner meir enn kvinnelege seniorrådgivarar, tener både dei kvinnelege direktørane og dei kvinnelege førstekonsulentane meir enn menn i same stillingskategori. Også i Senter for IKT i utdanninga tener menn i gjennomsnitt meir enn kvinner. Som for Utdanningsdirektoratet varierer det mellom kategoriane kven som har høgst lønn. Ser vi på leiarstillingar i Statped, tener kvinner meir enn menn, medan menn i gjennomsnitt for heile verksemda tener meir enn kvinner. Alle verksemdene arbeider aktivt med å syte for likestilling når dei rekrutterer nye tilsette, ved fastsetjing av lønn og i utforming av personalpolitiske tiltak.

I Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) er 65 pst. av dei tilsette kvinner. Kvinnelege søkjarar er i fleirtal til utlyste stillingar. Ved å følgje kvalifikasjonsprinsippet får NOKUT dermed eit kvinneoverskott. Dette gjeld i alle avdelingar av verksemda. For leiarstillingane var det 44 pst. kvinner ved årsskiftet 2013–14.

Statens lånekasse for utdanning har ei viss overvekt av kvinner blant dei tilsette. Kjønnsfordelinga har lenge vore stabil, men kvinnedelen har gått ned med nokre prosentpoeng frå 2013 til 2014. Det kjem i første rekkje av jamnare fordeling blant nytilsette. Kjønnsbalansen blir reflektert på dei ulike stillingsnivåa i organisasjonen. For at arbeidsstokken skal spegle befolkninga på ei god måte, søkjer Lånekassen å rekruttere tilsette med innvandrarbakgrunn gjennom eigne formuleringar i stillingskunngjeringane med meir. Vidare legg dei til rette for at tilsette med nedsett funksjonsevne skal få ein effektiv og god arbeidskvardag, mellom anna gjennom tilpassingar av det fysiske arbeidsmiljøet.

I Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk er 73 pst. av dei tilsette kvinner. Med omsyn til lønn tener menn noko meir enn kvinner blant førstekonsulentar, medan lønnsnivået er om lag det same på leiarnivå og for kvinnelege og mannlege rådgivarar og seniorrådgivarar.

Tabell 8.1 Delen menn og kvinner i ordinære forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet (2014)

Verksemd

Tilsette

Del menn (%)

Del kvinner (%)

Utdanningsdirektoratet

315

36,8

63,2

Dei samiske vidaregåande skolane, Karasjok og Kautokeino

111

36,0

64,0

Sameskolen for Midt-Noreg

16

31,3

68,7

Spesialpedagogiske kompetansesenter

770

24,8

75,2

Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

40

24,8

75,2

Sekretariatet for Foreldreutvalet for grunnopplæringa og Foreldreutvalet for barnehagane

10

10,0

90,0

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT)

81

34,6

65,4

Senter for IKT i utdanninga

85

48,2

51,8

Statens lånekasse for utdanning

323

45,2

54,8

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane

11

54,5

45,5

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

111

27,0

73,0

Kjelde: Tabell 8.1 er utarbeidd av Kommunal- og moderniseringsdepartementet på bakgrunn av tal frå Statens sentrale tjenestemannsregister per 1. oktober, SST 2014

Tabell 8.2 Gjennomsnittleg månadsforteneste for menn og kvinner i ordinære forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet (2014)

Verksemd

Gj.snittleg månadsforteneste, menn

Gj.snittleg månadsforteneste, kvinner

Lønn til kvinner i pst. av lønn til menn

Utdanningsdirektoratet

47 902

46 785

97,7

Dei samiske vidaregåande skolane, Karasjok og Kautokeino

43 755

41 155

94,1

Sameskolen for Midt-Noreg

41 375

33 735

81,6

Spesialpedagogiske kompetansesenter

43 183

42 252

97,8

Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

40 526

40 687

100,4

Sekretariatet for Foreldreutvalet for grunn- opplæringa og Foreldreutvalet for barnehagane

44 060

44 609

101,2

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT)

47 312

43 425

91,8

Senter for IKT i utdanninga

49 688

47 128

94,8

Statens lånekasse for utdanning

40 472

40 002

98,8

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane

59 423

50 916

85,7

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

46 421

44 570

96,0

Kjelde: Tabell 8.2 er utarbeidd av Kommunal- og moderniseringsdepartementet på bakgrunn av tal frå Statens sentrale tjenestemannsregister per 1. oktober, SST 2014

Likestilling og arbeid mot diskriminering i Kunnskapsdepartementet

Som arbeidsgivar er Kunnskapsdepartementet pliktig til å arbeide for å betre kjønnslikestillinga og for betre mangfald i samfunnet. Departementet har som mål å oppnå best mogleg kjønnsbalanse i organisasjonen og gi dei tilsette tilgang til utvikling, karriere og velferd uavhengig av kjønn, etnisk bakgrunn og funksjonsevne.

Per 1. oktober 2014 var 66,3 pst. av dei tilsette i departementet kvinner. Dette er ein liten nedgang samanlikna med 2013.

Tabell 8.3 Del menn og kvinner og gjennomsnittleg lønn per årsverk etter stillingskode

Kjønn

Lønn

Menn (%)

Kvinner (%)

Totalt (N)

Menn (kr)

Kvinner (kr)

Tilsette i Kunnskapsdepartementet omfatta av Hovedtariffavtalen i staten

2014

33,7

66,3

306

52 372

48 962

2013

33,2

66,8

301

51 047

46 889

Toppleiing

Departementsråd/ekspedisjonssjef

2014

75,0

25,0

8

106 194

98 667

2013

75,0

25,0

8

103 222

95 833

Mellomleiarar

Avdelingsdirektør, direktør, kommunikasjonssjef

2014

42,2

57,8

45

67 538

67 117

2013

46,7

53,3

45

64 662

64 117

Sakshandsaming

Underdirektør, spesialrådgivar, prosjektleiar, fagdirektør

2014

50,0

50,0

12

55 330

65 817

2013

50,0

50,0

12

58 558

62 117

Seniorrådgivar

2014

36,3

63,7

171

50 440

49 315

2013

35,8

64,2

159

48 439

48 007

Rådgivar

2014

28,6

71,4

49

41 235

40 610

2013

28,3

71,7

46

40 435

39 698

Førstekonsulent

2014

11,8

88,2

17

37 283

38 364

2013

11,5

88,5

26

36 262

39 921

Administrativt personale

Seniorkonsulent

2014

0,0

100,0

9

39 449

2013

0,0

100,0

10

37 988

Lærling

2014

0,0

100,0

3

26 342

2013

0,0

100,0

3

25 783

Kjelde: Tabell 8.3 utarbeidd av Kommunal- og moderniseringsdepartementet på bakgrunn av tal frå Statens sentrale tjenestemannsregister per 1. oktober, SST 2013, og per 1. oktober 2014

Per 1. oktober 2014 var 57,8 pst. av mellomleiarane i Kunnskapsdepartementet kvinner. Kvinnerepresentasjonen i toppleiargruppa var på 33 pst. Gjennom fleire år har departementet lagt vekt på å rekruttere, kvalifisere og motivere kvinner til leiande stillingar.

Dei lokale partane drøftar detaljert lønnsstatistikk ein gong i året, mellom anna med tanke på å avdekkje om kvinner og menn er lønte ulikt. Partane er samde om at ein ikkje finn systematisk ulikskap som kan vere knytt til kjønn når ein samanliknar menn og kvinner innanfor same stillingskode. At snittlønna for kvinner er 93,5 pst. av snittlønna for menn, skyldast at kvinner er i fleirtal i dei lågt lønna stillingskodane (seniorkonsulent, førstekonsulent, rådgivar).

Tabell 8.4 Del menn og kvinner i deltid, midlertidig tilsetjing, foreldrepermisjon og legemeldt sjukefråvær

Deltid

Midlertidig tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt fråvær

Menn (%)

Kvinner (%)

Menn (%)

Kvinner (%)

Menn (%)

Kvinner (%)

Menn (%)

Kvinner (%)

Totalt i Kunnskaps-departementet

2014

5,8

18,2

3,9

10,8

1,0

7,4

1,9

4,1

2013

5,0

18,4

5,0

10,4

0,0

8,0

1,9

4,7

Kjelde: Tabell 8.1 og 8.4 er utarbeidde av Kommunal- og moderniseringsdepartementet på bakgrunn av tal frå Statens sentrale tjenestemannsregister per 1. oktober, SST 2013, og per 1 oktober 2014. Merk at legemeldt fråvær (heilt og delvis) er data per 31. desember 2013 og 31. desember 2014 henta frå SSB 2013_årsstat og 2014_årsstat

Statistikken for oktober 2014 syner at 18,2 pst. av kvinnene er lønte i deltidsstilling, medan det same gjeld for 5,8 pst. av dei mannlege tilsette. Tala for 2013 viser at høvesvis 18,4 pst. og fem pst. var lønte i deltidsstillingar. Det legemelde sjukefråværet var i 2014 på 4,1 pst. for kvinner og 1,9 pst. for menn. Kvinner har ein nedgang i legemeldt fråvær samanlikna med 2013, mens tala for menn er uendra.

Overtida i departementet har vorte redusert med 133 timar samanlikna med 2013 (1,4 pst.). I 2014 arbeidde ein kvinneleg tilsett i Kunnskapsdepartementet i snitt 28,1 timar overtid. Det tilsvarande timetalet for ein mann var 30,5 timar.

Personalpolitiske tiltak

Departementet er ein kunnskapsorganisasjon som har satsa på målretta utvikling og opplæring av sine leiarar og medarbeidarar over fleire år. I 2014 er det gjennomført 26 ulike fellestiltak for å utvikle medarbeidarar. Kunnskapsdepartementet tilbyr også fleire individuelle utviklingstilbod, til dømes ei mentorordning. I 2014 hadde departementet 23 mentorar, tolv kvinner og elleve menn. Vi har hatt to samlingar for mentorane.

Likestillingstiltak i Kunnskapsdepartementet: kjønn, etnisk bakgrunn og nedsett funksjonsevne

Rekruttering

Det er personalpolitiske mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og å leggje til rette for personar med nedsett funksjonsevne. Kunnskapsdepartementet arbeider for å rekruttere tilsette med innvandrarbakgrunn, og for at talet på nytilsette med nedsett funksjonsevne skal auke. Det er sett i gang fleire administrative tiltak for å få til dette. Departementet si personal- og leiarhandbok gjer greie for regelverket for innkalling av kandidatar med innvandrarbakgrunn til intervju og prioritering av kandidatar med nedsett funksjonsevne. Leiarhandboka har òg lenkje til Mangfoldsportalen og til inspirasjonsheftet Overser du kompetanse?, som er utvikla av det tidlegare Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, Helsedirektoratet og Likestillings- og diskrimineringsombodet. Kunnskapsdepartementet deltek aktivt på karrieredagar ved aktuelle utdanningsinstitusjonar, og prøver så langt det er mogleg å ha tilsette med ulik etnisk bakgrunn med på slike arrangement. Det er utvikla ei mentorordning blant anna med tanke på tilsette med annan etnisk bakgrunn enn norsk.

Departementet har få søkjarar som skriv at dei har nedsett funksjonsevne, og som søkjer ordinære stillingar. Departementet vil søkje å rekruttere fleire søkjarar med nedsett funksjonsevne, mellom anna gjennom fleire nye tiltak i ny lokal IA-avtale for departementet.

Lønns- og arbeidsvilkår, karriereutvikling

Kunnskapsdepartementet vil leggje til rette for gode arbeidsvilkår for ulike fasar i livet. Departementet drøftar mellom anna lønnspolitikken med vekt på likestilling med dei hovudtillitsvalde kvart år. Departementet har innført systematisk kartlegging av sluttårsaker, for mellom anna å avdekkje forskjellsbehandling. Departementet har òg utarbeidd ein samla personalstatistikk for å sikre systematisk arbeid for å forbetre arbeidsvilkår, minske sjukefråvær, osv.

Kunnskapsdepartementet har eit breitt internt utviklings- og opplæringstilbod. Tiltaka medverkar til likestilling og like moglegheiter for alle tilsette. Departementet vil føre vidare ordningar med mellom anna intern coaching, mentorar, utvikling av leiarar og medarbeidarar, internasjonal stipendordning, hospiteringsordning osv., med vekt på at tilboda skal bli gitte til alle tilsette.

Tiltak mot trakassering

Departementet har utvikla rutinar for varsling i tråd med reglane i arbeidsmiljølova. I tillegg har departementet regelmessige undersøkingar av arbeidsmiljøet, der tilsette kan gi varsel om mobbing anonymt.

9 Sektorovergripande klima- og miljøpolitikk

Regjeringas klima- og miljøpolitikk byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøhensyn til grunn for aktivitetane sine, og for å medverke til at dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla kan bli nådde. Vidare har sektorstyresmaktene ansvaret for å gjennomføre tiltak innanfor sine eigne område som trengst for å kunne nå måla i klima- og miljøpolitikken. For ein omtale av regjeringas samla klima- og miljørelevante saker, sjå fagproposisjonen til Klima- og miljødepartementet.

Det er ein klima- og miljødimensjon i alle sektorane til Kunnskapsdepartementet. Ny innsikt og erkjenning og dyktige folk med gode dugleikar er utgangspunktet for korleis vi møter store samfunnsutfordringar som klima- og miljøutfordringane. Vi treng forsking for å utvikle god og fornuftig klima- og miljøpolitikk og dei gode klima- og miljøløysingane. Og vi treng utdanning som gir oss den kunnskapen, dei dugleikane og haldningane vi treng for å møte utfordringane.

Kunnskapsdepartementet arbeider for å ha ein god miljøprofil innanfor dei ulike sektorane departementet og underliggjande verksemder er med på å forme. Målet for Kunnskapsdepartementets klima- og miljørelevante arbeid er at utdanning og forsking skal bidra til berekraftig utvikling og omstilling til lågutslippssamfunnet gjennom utvikling og formidling av kunnskap som bidrar til ny innsikt, gode løysingar og folk med gode dugleikar.

Formidling av kunnskap og gode holdningar til miljøet er ein integrert del av det pedagogiske opplegget i barnehagane og skolane. Ifølgje formålsparagrafen i barnehagelova skal barnehagen la barna få utfalde skaparglede, undring og utforskartrong og lære dei å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen. Natur, miljø og teknikk er eitt av sju fagområde i rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen. For å støtte barnehagane i arbeidet er det utarbeidd eit temahefte om natur og miljø.

Utdanning for berekraftig utvikling er integrert i Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Elevane og lærlingane skal, i tråd med formålsparagrafen, lære å tenkje kritisk og handle etisk og miljøbevisst, i tråd med prinsippa bak grønt skifte.

I samarbeid med Klima- og miljødepartementet har Kunnskapsdepartementet ført vidare arbeidet med Den naturlege skolesekken. Skolesekken medverkar til å styrkje kvaliteten i opplæringa og auke forståinga for nytten og bruken av naturfaga, samt fremmer undervisning for berekraftig utvikling. Skolen utarbeider undervisningsopplegg i samarbeid med eksterne aktørar, mellom anna lokale natur- og friluftsorganisasjonar. Den naturlege skolesekken gir skolane tilgang til faglege digitale ressursar som Kart i skolen, ein ressurs som legg til rette for utvida bruk av det lokale nærmiljøet til skolane i undervisninga. Samstundes skal Nettverk for miljølære gi skolane tilbod om faglege aktivitetar og felles arenaer for arbeidet med miljø og klima som òg byggjer opp under arbeidet med grønt skifte.

I den omstillinga som arbeidslivet i Noreg er inne i nå, er realfagleg kompetanse det som skaper innovasjon som bidrar til grønt skifte. Gjennom realfagsstrategien Tett på realfag (2015–2019) for barnehagen og grunnopplæringa vil regjeringa forbetre motivasjon, læring og resultat i realfaga. Regjeringa foreslår å styrkje strategien i 2016 ved å løyve ytterlegare 20 mill. kroner. Ordninga med realfagskommunar blir ført vidare. I samband med revideringa av rammeplanen for innhald og oppgåver i barnehagen skal departementet styrkje det realfaglege innhaldet i rammeplanen.

FNs tiår for berekraftig utvikling (2005–14) vart avslutta i 2014. Strategien for utdanning for bærekraftig utvikling (2010–2015) er ei nasjonal oppfølging av utdanningstiåret og sentral i den miljøpolitiske satsinga innanfor grunnopplæringa som blir avslutta i 2015. FNs tiår for utdanning for berekraftig utvikling blir følgt opp av UNESCO gjennom Global Action Plan on Education for Sustainable Development (2015–2019). Noreg vil ta aktiv del i UNESCO GAP.

Norsk forsking og utdanning er i fronten internasjonalt innanfor fagområde som er knytte til klima og miljø. Noreg har òg eit velutvikla næringsliv på mange av dei områda der auka innsats i forsking og høgre utdanning har eit stort potensial for verdiskaping. Langtidsplanen for forsking og høgre utdanning er eit viktig verkemiddel for Kunnskapsdepartementet sitt arbeid med miljø- og klimautfordringa innanfor forsking og høgre utdanning framover. Langtidsplanen legg rammene for korleis regjeringa skal styrkje forsking og høgre utdanning for å møte utfordringane og gripe moglegheitene i tida framover, mellom anna dei utfordringane og moglegheitene som ligg i omstillinga til lågutslippsamfunnet. Klima, miljø og miljøvennleg energi er ei tydeleg prioritering i planen, og forsking og høgre utdanning innanfor andre hovudprioriteringar er òg i høgste grad relevant for omstilling til lågutslippssamfunnet.

Kunnskapsdepartementet støttar miljøforsking gjennom ulike satsingar og program som Forskingsrådet har på miljøområdet, og gjennom verkemiddel i Forskingsrådet som ikkje er særskilt målretta mot miljø. I tillegg finansierer òg universiteta og høgskolane mykje miljø- og klimarelevant forsking over grunnløyvinga si. Deltaking i EUs rammeprogram Horisont 2020 er òg eit viktig bidrag til klima- og miljørelevant forsking. Klima og berekraftig utvikling er eit gjennomgåande tema i Horisont 2020, og 60 pst. av totalbudsjettet til Horisont 2020 skal gå til forskingsprosjekt som bidrar til berekraftig utvikling.

I 2014 gjekk om lag 495 mill. kroner av Kunnskapsdepartementets midlar gjennom Forskingsrådet til forsking på miljøområdet. Dette er i overkant av 100 mill. kroner meir enn i 2013. Forsking på miljøområdet omfattar både klima-, miljø- og energiforsking. Talet omfattar forsking som er finansiert gjennom alle verkemidla til Forskingsrådet, også verkemiddel som ikkje er særskilt målretta mot miljø, som løyvingar til forskingsinfrastruktur, Open arena for framifrå forsking (FRIPRO), Senter for framifrå forsking (SFF) og Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI). Ein monaleg del av departementet sine midlar til forsking på miljøområdet gjennom Forskingsrådet er knytt til polarforsking, klimaforsking og forsking på miljøvennleg energi.

I tillegg til finansiering av forsking gjennom Forskingsrådet og EU og over budsjetta til universiteta og høgskolane finansierer Kunnskapsdepartementet fleire mindre initiativ og aktivitetar:

Sidan 2010 har departementet gitt ein ekstraordinær stønad til det internasjonalt leiande klimaforskingssenteret Senter for klimadynamikk (SKD) ved Bjerknessenteret. Bjerknessenteret er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Uni Research AS, Havforskningsinstituttet og Nansensenteret for miljø og fjernmåling. Løyvinga er tolvårig og varer til 2021, på det vilkåret at senteret får ei tilfredsstillande halvvegsevaluering. I dei tre første åra var løyvinga 20 mill. kroner årleg. Frå 2013 auka løyvinga til 25 mill. kroner.

Noreg var initiativtakar til Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIOS). SIOS er eit internasjonalt prosjekt for å styrkje samarbeidet om forskingsinfrastruktur på Svalbard. Fleire norske og ni utanlandske forskingsinstitusjonar vil delta i samarbeidet. Målet er betre utnytting av forskingsinfrastruktur for klima- og miljøforsking knytt til is, vatn, luft og jord. Prosjektet vil bidra til å kople saman klima- og miljøkunnskapen frå disse områda og til å utvikle vidare kunnskapen om klima- og miljøutfordringane. SIOS fekk midlar frå EUs sjuande rammeprogram til den førebuande fasen. I 2014 vart forprosjektet avslutta, og Forskingsrådet finansierer frå 2015 interimsfasen med 35 mill. kroner per år i inntil tre år.

Meteorologisk institutt har i tillegg til ei rekkje andre funksjonar ei viktig rolle i kartlegging av klimaendringar. Instituttet skal følgje den globale og den nasjonale klimautviklinga, og skal gi tilfredsstillande klimainformasjon for samfunnsplanlegging og for utforming av Noregs klimapolitikk. Instituttet skal arbeide for at styresmakter, næringsliv, institusjonar og folk flest best mogleg skal få høve til å sikre liv og verdiar gjennom planmessig klimatilpassing. Dette arbeidet er nå styrkt ved auka satsing på Norsk klimaservicesenter, som Meteorologisk institutt leier. Senteret er eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt, Noregs vassdrags- og energidirektorat og Uni Research, og der Miljødirektoratet er representert i styringsgruppa.

Eit anna viktig tiltak som Kunnskapsdepartementet finansierer, er den norske medlemskapen i Global Biodiversity Information Facility (GBIF). GBIF er eit internasjonalt initiativ for å sikre elektronisk tilgang til data om biologisk mangfald for forskarar og andre interesserte over heile verda. Den norske GBIF-noden er lagd til Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. GBIF-Noreg samarbeider tett med Artsdatabanken om å leggje til rette artsdata frå universitetsmusea, forskingsinstitutt, forvaltningsorgan og frivillige organisasjonar for bruk i miljøforvaltning, undervisning og forsking.

Artsdatabanken gir ei nasjonal elektronisk oversikt over eigenskapar til, og omfang av, biologisk mangfald i Noreg. Artsdatabanken samlar data frå ei rekkje institusjonar som universitetsmusea, miljøforskingsinstitutta, forvaltningsorgan og frivillige organisasjonar. I dei seinare åra har dei òg fått tilgang til data som er samla inn i samband med konsekvensutgreiingar, frå konsulentselskap og andre kommersielle verksemder. Viktige produkt og tenester frå Artsdatabanken er Raudlistene for artar og naturtyper, Svartliste for framande artar og ulike tenester som kopler naturkunnskap med elektroniske kart. Tenestene til Artsdatabanken er særleg viktige for miljøforvaltning, undervisning og forsking, men dei har òg vorte svært populære blant allmenta, som opptrer som både brukar og bidragsytar.

Universitetsmusea forvaltar store vitskaplege natur- og kulturhistoriske samlingar. Desse musea har ei viktig miljøpolitisk rolle gjennom forsking og formidling knytt til samlingane, særskilt når det gjeld tidsseriar og materiale som er innsamla over mange tiår. Gjennom den nordiske forskarskolen i biosystematikk har universitetsmusea fått ei større rolle i undervisning og kompetanseheving innanfor klassisk biologi. Natur- og miljøforvaltninga i Noreg er mellom anna avhengig av denne kompetansen for å kunne følgje opp naturmangfoldloven.

10 Samfunnstryggleik og beredskap

Kunnskapsdepartementet sitt hovudmål for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i kunnskapssektoren er å førebyggje uønskte hendingar og minske konsekvensane dersom slike hendingar skulle oppstå.

Barnehagetilsette, lærarar, vitskapleg personale og andre i sektoren utgjer om lag 300 000 tilsette. Totalt omfattar kunnskapssektoren om lag 1,5 mill. barn og vaksne. Obligatorisk tiårig grunnskole og høg dekningsgrad i barnehage og vidaregåande opplæring gjer at ein svært stor del av årskulla frå eitt til 19 år har tilhald i barnehage eller skole mange timar dagleg. Både barnehagar, grunnskolar, vidaregåande skolar og lærebedrifter har eit ansvar for at barna og ungdommane er trygge der dei er. Dette handlar både om personleg tryggleik med tanke på liv og helse, og om tryggleik for at til dømes personopplysningar ikkje kjem i feil hender. Dette inneber ei utfordring med tanke på beredskap både for den einskilde barnehage- og skoleeigaren, og for den einskilde barnehagen og skolen. Tilsvarande er det ofte store samlingar av studentar og tilsette ved universitet, høgskolar og fagskolar. Universitet og høgskolar forvaltar store verdiar, som historiske bygningar, vitskapleg utstyr, forskingsdata og samlingar, særleg ved universitetsmusea i Oslo, Bergen, Trondheim, Tromsø og Stavanger.

Meteorologisk institutt forvaltar kritisk infrastruktur, og meteorologiske tenester frå Meteorologisk institutt utgjer ein kritisk allmenn innsatsfaktor ved at dei leverer naudsynt meteorologisk informasjon til befolkninga og andre verksemder med kritisk samfunnsfunksjon.

Dei store menneskesamlingane på avgrensa område gjer at kunnskapssektoren har utfordringar med omsyn til samfunnstryggleik og beredskap innanfor ulike scenario, som smittefare, ulykker, vald og terror. For å styrkje kunnskapen om førebuing og beredskap knytt til handtering av tilsikta valdelege hendingar utarbeidde Utdanningsdirektoratet og Politidirektoratet i 2013 rettleiinga Alvorlige hendelser i barnehager og utdanningsinstitusjoner. Politiet har i 2015 ført vidare arbeidet med å følgje opp rettleiinga i form av eit opplæringsprogram som blir gjennomført av lokalt politi og rettar seg mot eigarar av barnehagar og utdanningsinstitusjonar. På nettsida til Utdanningsdirektoratet ligg òg anna støttemateriell, mellom anna eksempel på beredskapsplanar.

Våren 2015 sendte Helse- og omsorgsdepartementet i samarbeid med Kunnskapsdepartementet ut rundskrivet I-6/2015 til alle barnehage- og skoleeigarar om beredskap i barnehagar og skolar. Rundskrivet er ei presisering av at forskrifta om miljøretta helsevern i barnehagar og skolar omfattar ei plikt for eigaren ved leiaren av verksemda til å vurdere risikoen for alvorlege tilsikta hendingar og risikoreduserande tiltak.

Verksemdene i kunnskapssektoren har ulike eigeformer. Det finst mellom anna kommunale og private barnehagar, kommunale og private skolar, fylkeskommunale og private fagskolar, statlege og private universitet og høgskolar. I tillegg kjem folkehøgskolar, som i stor grad er eigde av stiftingar. Kunnskapsdepartementet styrer barnehageområdet, grunnopplæringsområdet og høgre utdanning med både juridiske og økonomiske styringsmiddel, og styringslinjene varierer. Arbeidet i Kunnskapsdepartementet med samfunnstryggleik og beredskap må sjåast i samanheng med styringsskilnadene mellom områda, og med dei utfordringane som finst innanfor kvart område. Kunnskapsdepartementet har det overordna sektoransvaret for samfunnstryggleik og beredskap. I 2015 har departementet arbeidd med å definere korleis beredskapen ved verksemder med ulike eigeformer skal følgjast opp. Til dømes har Kunnskapsdepartementet eit særskilt ansvar for samfunnstryggleik og beredskap ved dei statlege høgre utdanningsinstitusjonane, medan kommunane har det operative ansvaret for samfunnstryggleik og beredskap i skolar og barnehagar. Arbeidet med å definere korleis sektoransvaret skal operasjonaliserast overfor verksemder med ulike eigeformer, skal følgjast opp ytterlegare. Kunnskapsdepartementet vil også halde fram med å leggje stor vekt på arbeidet med informasjonstryggleik og på å ha god oversikt over risiko og sårbarheit i sektoren.

For å oppfylle hovudmålet for samfunnstryggleik og beredskap i kunnskapssektoren om å førebyggje uønskte hendingar og minske konsekvensane dersom dei skulle oppstå, er det viktig at verksemder på alle nivå i kunnskapssektoren

  • utarbeider heilskaplege risiko- og sårbarheitsanalysar, og delanalysar av særskilde utfordringar i den einskilde verksemda

  • utarbeider krise- og beredskapsplanar som sikrar ei god krisehandtering, og som styrkjer krisehandteringsevna i organisasjonen

  • gjennomfører øvingar for å teste sin eigen beredskap, og for å gjere tilsette i stand til å takle dei utfordringane som kan komme ved kriser

11 Forenklingsarbeid, modernisering og betre gjennomføringskraft

Kunnskapsdepartementet planlegg å gjennomføre fleire tiltak som vil forenkle, modernisere og betre gjennomføringskrafta i kunnskapssektoren. Her vil vi presentere dei mest sentrale tiltaka som er planlagde eller starta opp allereie. I tillegg pågår det mykje løpande arbeid og småskalatiltak i departementet og i sektoren som del av den ordinære verksemdsutviklinga.

Tidstjuvar er unødvendig administrasjon. Det er tungvinte rutinar for arbeid, reglar og rapporteringar som stel tid frå dei brukarretta oppgåvene. Regjeringa har derfor bedt alle statlege verksemder om å melde inn tidstjuvar. Kunnskapsdepartementet har motteke informasjon som gjeld om lag 400 tidstjuvar frå underliggjande verksemder, men over halvparten gjeld tidstjuvar der ansvaret ikkje ligg i kunnskapssektoren, som til dømes innkjøpsregelverket. Difi har utarbeidd ein database som viser alle innrapporterte tidstjuvar. Kunnskapsdepartementet arbeider vidare med tidstjuvane i vår sektor, slik at omfanget av unødvendig byråkrati blir redusert.

Kunnskapsdepartementet gjennomgår organiseringa av kunnskapssektoren, og har sett ned ei ekspertgruppe som overordna vurderer organiseringa av sektoren. Ekspertgruppa skal ferdigstille arbeidet sitt i desember 2015, og deretter vil departementet vurdere vidare prosess. Målet med gjennomgangen er mellom anna å vurdere om arbeidsdelinga mellom departementet, underliggjande verksemder og andre einingar legg til rette for effektiv oppgåveløysing av høg kvalitet.

Våren 2015 sendte Kunnskapsdepartementet på høyring forslag til endringar i finansieringsordninga for ikkje-kommunale barnehagar. Målet med endringane er å forenkle finansieringsordninga og gjere ho meir treffsikker. Departementet tek i løpet av hausten sikte på å fastsetje ei ny forskrift som skal tre i kraft frå 1. januar 2016. I 2015 vart grunnlaget for berekninga av tilskott endra frå budsjettet til rekneskapen til kommunane. Endringane som vart gjennomførte i 2015, og endringane som vil bli gjennomførte i 2016, vil samla sett gjere ordninga meir pårekneleg for dei ikkje-kommunale barnehagane og forenkle kommunane sitt arbeid med å utmåle tilskott.

Kunnskapsdepartementet har ført vidare utviklingsarbeidet med tildelingsbreva for underliggjande verksemder på barnehage- og grunnopplæringsområda. Departementet har mellom anna etablert styringsparametrar for Utdanningsdirektoratet. Målet for tildelingsbreva for 2016 er å etablere styringsparametrar for alle verksemdsmåla for Utdanningsdirektoratet og å etablere styringsparametrar for Senter for IKT i utdanninga.

Kunnskapsdepartementet og kommunesektorens interesse- og arbeidsgivarorganisasjon KS arbeidde gjennom heile 2014 med eit felles prosjekt der hovudmålet var å komme fram til tiltak som kunne redusere omfanget av dokumentasjon og rapportering på alle nivå i skolen. Sluttrapporten frå prosjektet, utført av ideas2evidence, vart presentert i desember 2014, og inneheldt ei rekkje konkrete tilrådingar om korleis målsetjinga kunne bli innfridd. Departementet har gjennom 2015 arbeidd aktivt med å følgje opp tilrådingane, og fleire statlege dokumentasjons- og rapporteringskrav er i ferd med å bli fjerna eller reduserte i omfang. Det er i tillegg gjennomført ei netthøyring som syner stor tilslutning til dei fleste tilrådingane frå prosjektet.

Sluttrapporten frå prosjektet tilrår å fjerne kravet om å språkkartleggje nykomne innvandrarar som ikkje har lært norsk. Det følgjer regjeringa opp. Rapporten foreslår å forenkle rapporteringa til Grunnskolens Informasjonssystem (GSI). Departementet er i gang med dette arbeidet, og ei forenkla utgåve vil bli nytta i rapporteringa hausten 2015.

I tillegg tilrår sluttrapporten å gjere forenklinger i vurderingsregelverket og at lokale skoleeigarar og skoleleiarar reduserer kravet til skriftleg undervegsvurdering til eit minimum. Departementet har nå gjennomgått vurderingsforskrifta, og forslag til forenklingar er fastsett. Det er også ei tilråding i sluttrapporten om å endre kartleggingsprøvene i skolen frå å vere obligatoriske til å bli frivillige. Den endringa er allereie gjennomført ved at dei obligatoriske kartleggingsprøvene i Vg1 blir erstatta med frivillige læringsstøttande prøver som lærarane fritt kan nytte.

På eit viktig punkt har departementet valt å ikkje følgje opp ei tilråding frå prosjektet. Det gjelder forslaget om å gjere det frivillig for skolane å gjennomføre Elevundersøkinga. Departementet er ikkje einig i denne tilrådinga fordi undersøkinga i dag er den beste vi har til å gi oss oppdatert kunnskap om til dømes læringsmiljøet til elevane og omfanget av krenkelsar og mobbing. Departementet er derimot ope for å vurdere forenklingar i undersøkinga, og dette er nå til vurdering.

Departementet har òg gjennomgått korleis det felles nasjonale tilsynet kan gjerast enklare, og følgjer opp dette hausten 2015.

Hausten 2015 sette Kunnskapsdepartementet i gang eit arbeid for å betre språket og forenkle strukturen i opplæringslova. Målet er å få ei klarare og meir presis lov og eit tydelegare og betre regelverk for sektoren og brukarane. Gjennomgangen av opplæringslova skjer i samarbeid med Difi, Språkrådet og Justis- og beredskapsdepartementet som ein del av prosjektet «Klart lovspråk» under Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Departementet planlegg å sende forslag til ny språkleg utforming av lova ut til høyring våren 2016.

Kunnskapsdepartementet har i 2015 arbeidd saman med Vox for å forenkle og forbetre målstrukturen til verksemda, og hensikta har vore å skape handlingsrom og tydeleggjere ansvar. Departementet har òg hatt dialog med Vox om deira rapportering til departementet, og har redusert omfanget av saker med halvårleg rapportering.

Departementet sette i 2014 ned ei ekspertgruppe for å gå gjennom finansieringa av universitet og høgskolar og vurdere korleis finansieringa kan styrkje kvaliteten i forsking og høgre utdanning. Ekspertgruppa la vinteren 2015 fram rapporten Finansiering for kvalitet, mangfold og samspill. Nytt finansieringssystem for universitet og høgskoler. I kap. 12 er det nærmare omtale av forslaga regjeringa har til endringar i finansieringssystemet.

Regjeringa la i mars fram Meld. St. 18 (2014–2015) Konsentrasjon for kvalitet Strukturreform i universitets- og høyskolesektoren. Målet er ein struktur som gir robuste og kostnadseffektive fagmiljø, og som sikrar høg kvalitet i utdanning og forsking. Arbeidet med å følgje opp meldinga vil halde fram i 2016.

Det vart i 2014 sett i gang eit arbeid med revisjon av måla for departementet. Hensikta var tydelege mål og prioriteringar for betre styring og gjennomføring. Kunnskapsdepartementet fastsette fire felles mål for høgre utdanning og forsking for 2015. Etter dialog med universitets- og høgskolesektoren har departementet revidert dei nasjonale styringsparametrane for universitet og høgskolar for 2016. Formålet er tydeleggjering og forenkling.

Kunnskapsdepartementet arbeider vedvarande med å effektivisere og forbetre arbeidsprosessane internt, og ser i den samanhengen mellom anna på korleis internadministrasjonen kan effektiviserast.

Kunnskapsdepartementet arbeider med å utvikle styringssystemet for Noregs forskingsråd. Bakgrunnen er at både evalueringa av Forskingsrådet (Technopolis 2012) og Riksrevisjonen i forvaltningsrevisjonen av Kunnskapsdepartementets koordinering av forskingspolitikken peikte på utfordringar knytte til det daverande mål- og resultatstyringssystemet for Forskingsrådet. Det nye systemet legg opp til ei systematisering og forenkling i styringa av Noregs forskingsråd. 2015 er oppstartsår for det nye styringssystemet der nokre element er tekne i bruk. Kunnskapsdepartementet fører vidare arbeidet med å utvikle styringssystemet for Forskingsrådet i samarbeid med dei andre departementa og Forskingsrådet.

NOKUT skal utvikle eit IKT-system som bidrar til forbetring og meir effektive arbeidsprosessar, slik at ein på den måten skal redusere ressursinnsatsen og korte ned saksbehandlingstida. Det skal etablerast ei ekstern webløysing for digital kommunikasjon med dei ulike sluttbrukarane. Løysingane skal også gi betre informasjon til styring og leiing.

Det omfattande moderniseringsprogrammet i Lånekassen, LØFT, vart avslutta i 2014. Evalueringane tyder på god gjennomføring og gode resultat innanfor budsjettramma. Riksrevisjonen har gjennomført kontroll av styringa av prosjektet, og har verken avdekt svakheiter, feil eller manglar. Vurderinga til Riksrevisjonen er at det nye IKT-systemet vil bidra til å oppfylle dei krava som vart sette i St.meld. nr. 12 (2003–2004) Om modernisering av Statens lånekasse for utdanning. Både departementet og Lånekassen er opptekne av at effektane av programmet skal bli utvikla vidare i dei kommande åra, og det vil framleis vere ein sterk merksemd på omstilling og fornying av tenestene til Lånekassen.

Meteorologisk institutt er inne i ei krevjande omstilling. Det er nødvendig å gjennomføre strukturelle endringar mellom anna for å tilpasse verksemda til instituttet til krava til investeringar i observasjonssystemet og ny teknologi i åra som kjem.

Det forskingsadministrative systemet CRIStin (Current Research Information System in Norway) skal bli tettare integrert med andre IKT-system i kunnskapssektoren og offentleg forvaltning for øvrig. Auka gjenbruk av data vil innebere ei forenkling for brukarane, til dømes forskarar. Dette vil vere eit viktig verkemiddel for å nå målet i regjeringa si politiske plattform om å forenkle byråkratiet rundt søknader om forskingsmidlar. Arbeidet med å utvikle CRIStin har starta, og nokre resultat vil ein sjå allereie i 2015. Arbeidet vil bli følgt opp i dialog med CRIStin og som ei oppfølging av årets dialogmøte.

12 Endringar i finansieringssystemet for universitet og høgskolar

Innleiing

Hovudtrekka i finansieringssystemet for universitet og høgskolar blir førte vidare med ein basisdel og ein resultatbasert del. Regjeringa foreslår endringar i insentiva i den resultatbaserte delen av systemet. Regjeringa foreslår at endringane blir innførte frå og med statsbudsjettet for 2017. Sjå programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

I dette kapitlet blir forslaga til endringar i finansieringssystemet og vurderingane som ligg bak, forklarte.

I dag er Kunsthøgskolen i Oslo, Kunst- og designhøgskolen i Bergen, Arkitektur- og designhøgskolen, Noregs musikkhøgskole og nokre private høgskolar unnteke frå delar av finansieringssystemet. Departementet vil drøfte med desse institusjonane kva for endringar som er formålstenlege for dei.

Utfordringar

Norske universitet og høgskolar utmerkar seg internasjonalt med både god offentleg finansiering og høg autonomi. NIFU-rapporten A guide to understanding higher education R&D statistics in the Nordic countries frå 2015 viser at norske institusjonar har vesentleg høgre offentleg finansiering over statsbudsjetta enn dei danske, svenske og finske. Tilsvarande viser European University Association (EUA) i rapporten Define Thematic Report: Performance-Based Funding of Universities in Europe frå 2015 at Noreg har høg offentleg finansiering samanlikna med andre europeiske land. Lågare offentleg finansiering av høgre utdanningsinstitusjonar i andre land kjem mellom anna av høge inntekter frå skolepengar og anna privat finansiering. I tillegg kan institusjonane i mange europeiske land ta opp lån. I Noreg kan statlege universitet og høgskolar ikkje ta opp lån og høgre utdanning er gratis. God offentleg finansiering er ei styrkje for norske institusjonar. Samstundes er det ei utfordring at dei eksterne inntektene er låge, og at dei ikkje aukar. I rapporten University Autonomy in Europe II: The Scorecard frå 2011 samanliknar EUA autonomien til institusjonane i europeiske land. Samanlikninga viser at Noreg ligg høgt på dei fleste indikatorane. Høg autonomi er meint å leggje til rette for kvalitetsutvikling på den einskilde institusjonen.

Noreg har likevel ikkje så høg kvalitet i forsking og høgre utdanning som vi skulle forvente. Fleire evalueringar har vist dette, mellom andre Benner og Öquist i rapporten Room for increased ambitions: Governing breakthrough research in Norway 1990–2013 frå 2014. Gjennomføringa i høgre utdanning er framleis for låg. Dette er eit stort problem for samfunnet og for den einskilde studenten. For lite gjennomslag på internasjonale konkurransearenaer er eit anna døme på potensialet for auka kvalitet. Sjå programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning for nærmare vurdering av tilstanden i sektoren.

Norske institusjonar vil møte større internasjonal konkurranse framover. Fleire vestlege land har sette i verk tiltak for å auke kvaliteten ved utdanningsinstitusjonane, med både økonomiske og strukturelle tiltak for sterkare konsentrasjon. I Special report: Universities frå mars 2015 gir The Economist ei oversikt over slike tiltak. EUA viser i rapporten Define Thematic Report: Funding for Excellence frå 2014 at ei rekkje land har finansiering særskilt retta mot framifrå miljø.

Sidan dagens finansieringssystem vart innført i 2002 har sektoren endra seg. Det skjer store strukturendringar, og institusjonane har utvikla og skal vidareutvikle ulike profilar. Særleg dei yngre universiteta og nokre høgskolar, opplever at dagens finansieringssystem og andre styringsverkemiddel i for liten grad støttar opp om deira faglege og strategiske fortrinn, og at konkurransevilkåra er urettvise.

Finansieringssystemet må svare godt på desse utfordringane.

Regjeringas mål med endringane

Regjeringa satsar målretta på forsking og utdanning for å utvikle kunnskapssamfunnet vidare. Regjeringspartia og samarbeidspartia KrF og Venstre har i inneverande stortingsperiode sørgt for høg vekst i finansieringa av universitet og høgskolar. Regjeringa ønskjer å halde fram med denne satsinga.

Finansieringssystemet er eitt av fleire verkemiddel for styring og utvikling av sektoren. Regjeringa er oppteken av at finansieringssystemet er retta inn slik at det verkar saman med dei andre verkemidla og på ein best mogleg måte stimulerer institusjonane til å nå måla for sektoren.

Det er behov for eit stabilt system. Samtidig, som vist over, møter sektoren utfordringar i dag som ikkje var like framtredande da dagens system vart innført i 2002.

Kunnskapsdepartementet nemnde derfor i april 2014 opp ei ekspertgruppe for å gå gjennom finansieringa av universitet og høgskolar og foreslå forbetringar. Ekspertgruppa leverte rapporten Finansiering for kvalitet, mangfold og samspill – Nytt finansieringssystem for universiteter og høyskoler i 2015. Ekspertgruppa foreslo å føre vidare hovudtrekka i finansieringssystemet, men med fleire endringar i den resultatbaserte delen av systemet.

I strukturmeldinga, Meld. St. 18 (2014–2015) Konsentrasjon for kvalitet, foreslo regjeringa at hovudtrekka i finansieringssystemet skal bli førte vidare med ein høvesvis stor basis og ein resultatbasert del. I Innst. 348 S (2014–2015) understreka komiteen at stabil og pårekneleg finansiering er ein stor styrke for norsk forsking og høgre utdanning, og avgjerande for gode resultat ved institusjonane. Komiteen meinte det særleg vil vere viktig å leggje til rette for ei finansiering som fremmer kvalitet i heile breidda av sektoren, samstundes som ein utviklar einskilde miljø i verdstoppen. Regjeringa meiner at endringane i finansieringssystemet vil medverke til ei slik utvikling.

Hovudutfordringa er å balansere målet om at meir norsk utdanning og forsking skal halde internasjonal toppkvalitet, med omsynet til at det skal vere mogleg for alle institusjonane å realisere faglege og strategiske fortrinn. Endra finansieringssystem skal i større grad:

  • fremme høg kvalitet i utdanning og forsking i heile landet

  • fremme tydelege faglege og strategiske prioriteringar som gir mangfald i sektoren

  • utvikle framifrå fagmiljø som kan konkurrere i verdstoppen

  • fremme samarbeid mellom institusjonane og samfunns- og arbeidsliv

  • spegle breidda i samfunnsoppdraget til universitet og høgskolar

  • gi effektiv ressursutnytting

  • gi tillit og bli oppfatta som rettvist

Dagens finansieringssystem

Dagens finansieringssystem for universitet og høgskolar vart innført i 2002 som eitt av fleire verkemiddel for å støtte opp under hovudmåla i kvalitetsreforma.

Tidlegare var løyvinga over statsbudsjettet i stor grad bygd på innsatsfaktorar som til dømes tal på studentar, og ikkje knytt til oppnådde resultat eller måloppnåing.

Frå 2002 vart det etablert eit delvis resultatbasert finansieringssystem der delar av midlane blir fordelte på grunnlag av oppnådde resultat. Dette gir universitet og høgskolar økonomiske insentiv til å oppnå gode resultat på utvalde indikatorar som inngår i den resultatbaserte delen av finansieringssystemet. Insentiva er forklarte nedanfor. Figur 12.1 gir ei oversikt over dagens finansieringssystem. Prosenttala er for sektoren som heile.

Figur 12.1 Dagens finansieringssystem

Figur 12.1 Dagens finansieringssystem

Institusjonane har i tillegg til den årlege rammeløyvinga ekstern finansiering, til dømes frå Noregs forskingsråd, EU, næringslivet og kommunesektoren. Desse inntektene er ikkje del av det som blir omtalt som finansieringssystemet. Rammeløyvinga og ekstern finansiering utgjer dei samla inntektene til institusjonane.

Rammeløyvinga skal finansiere all verksemda til institusjonane som ikkje er eksternt finansiert. Styra ved universiteta og høgskolane skal gjere strategiske val og prioriteringar og er ansvarlege for å nå mål og oppnå resultat. Finansieringssystemet støttar opp under fridommen til institusjonane. Den einskilde institusjonen må vurdere om og i kva grad dei nasjonale insentiva skal nyttast i interne budsjettfordelingar, og om dei internt har behov for andre insentiv for å underbyggje eigne strategiar.

Basismidlar

Frå 2002 bestod løyvinga av ein basisdel og ein resultatbasert del. Det samla budsjettet (basis og resultatbasert) for kvar institusjon vart ikkje endra som følgje av inndelinga. Institusjonane fekk like mykje løyving i 2002 som tidlegare, men berekna på ein annan måte.

Løyvinga før 2002 reflekterte prioriteringar i regjering og Storting over tid. Derfor reflekterer òg basismidlane i dag prioriteringar i regjering og Storting frå etablering av institusjonane frå 1811 og fram til 2016. Basismidlane speglar faktorar som mellom anna geografisk lokalisering, fag- og studieportefølje, storleik, bygg og infrastruktur og særskilde og nasjonale satsingar og oppgåver.

Resultatbaserte midlar

Dei resultatbaserte midlane blir i dagens system berekna ut frå seks indikatorar – to indikatorar for utdanning og fire for forsking. Desse blir ofte omtalte som utdannings- og forskingsinsentiva.

Utdanningsinsentiva

På utdanningsområdet er det to indikatorar som skal gi insentiv til å betre kvaliteten i utdanningane:

  • studiepoeng (tal på avlagde poeng)

  • utvekslingsstudentar (tal på inn- og utreisande studentar)

Begge desse insentiva har open budsjettramme. Det inneber at jo betre institusjonane gjer det på desse to indikatorane, jo meir får dei i løyving, uavhengig av dei samla resultata i sektoren.

Utteljinga blir fastsett ut frå satsar. For studiepoeng er det seks ulike kategoriar (A–F) med kvar sin sats, avhengig av type studium. Institusjonane får 40 pst. av satsen som utteljing for produserte studiepoeng. Resterande 60 pst. av satsen ligg i basis. Med andre ord: For studieplassar får institusjonane 60 pst. av midlane uavhengig av resultat, men for at institusjonane òg skal få dei resterande 40 pst., må studentane reelt produsere studiepoeng. Jo fleire poeng studentane produserer, jo større blir løyvinga til institusjonane. Seks ulike kategoriar av satsar skal medverke til at insentivstyrken er om lag like sterk uavhengig av type studium. Storleiken på dei seks satsane tek omsyn til at ulike studium har ulik undervisnings- og forskingsintensitet. I 2002 vart det vedteke få og grovmaska kategoriar av omsyn til institusjonane sin faglege fridom og fridom til sjølve å disponere budsjettmidlar. Den faglege fridomen når det gjeld innhald og organsiering av studietilboda, gjer at utgiftene til dei einskilde studia varierer mellom institusjonane.

For utvekslingsstudentar er det ein sats per utvekslingsstudent, uavhengig av type studium. Jo fleire utvekslingsstudentar, jo høgre løyving får institusjonane. Både norske studentar som studerer i utlandet, og utvekslingsstudentar frå utlandet, tel med. Utvekslingsopphaldet må vare i minimum tre månader for at det skal gi utteljing.

Forskingsinsentiva

På forskingsområdet er det insentiv som skal stimulere til auka forskingskvalitet og omfordele ressursar til institusjonar med forbetringar i resultat. Desse insentiva har ikkje open budsjettramme. Til desse insentiva er det sett av midlar (lukka budsjettramme), som blir fordelte mellom institusjonane med bakgrunn i resultata på fire indikatorar:

  • vitskaplege publikasjonar (publikasjonspoeng)

  • tal på doktorgradskandidatar, inkludert kandidatar frå Program for kunstnarleg utviklingsarbeid, og samarbeid om doktorgradsutdanning

  • inntekter frå Noregs forskingsråd (NFR) og regionale forskingsfond (RFF)

  • inntekter frå EUs rammeprogram for forsking

Dette blir ofte kalla resultatbasert omfordeling (RBO). Fordi budsjettramma for RBO er lukka, får institusjonane utteljing ut frå eigne resultat, òg ut frå korleis dei andre institusjonane gjer det på desse fire indikatorane.

I 2002 vart det laga ei RBO-ramme for universiteta, ei RBO-ramme for dei vitskaplege høgskolane og ei RBO-ramme for høgskolane. RBO-rammene vart etablerte ved å nytte delar av løyvinga til sektoren. Ved etableringa tok ein omsyn til skilnadene i oppgåvene til institusjonane. Universiteta og dei vitskaplege høgskolane hadde hovudansvaret for grunnforsking og doktorgradsutdanning, medan dei statlege høgskolane hadde eit særskilt ansvar for profesjons- og yrkesutdanningane og FoU i regionalt nærings- og samfunnsliv. Omfanget på forsking var òg ulik mellom institusjonane. RBO vart etablert ved å setje av ti pst. av rammeløyvinga til universiteta og dei vitskaplege høgskolane, og fem pst. av rammeløyvinga til dei statlege høgskolane. Institusjonane konkurrerte kun med kvarandre innanfor same institusjonskategori. Indikatorane var ulike for dei tre RBO-rammene.

I 2006 vart det laga ei samla RBO-ramme for alle institusjonane, og dei same indikatorane vart innført for alle institusjonane. Dei private institusjonane vart òg inkluderte i dette systemet. RBO-midlane til universiteta og dei vitskaplege høgskolane vart førte vidare i ny samla RBO. For dei statlege høgskolane vart kun 25 pst. av RBO-midlane ført vidare. Dei ulike bidraga inn i RBO førte til liten grad av omfordeling mellom institusjonane i 2006. Sidan 2006 har særleg dei yngre universiteta, det vil seie Universitetet i Agder, Universitetet i Stavanger og Universitetet i Nordland, og fleire høgskolar, auka sin del av RBO-midlane. Sjå figur 12.6.

Endringar i finansieringssystemet

I det følgjande blir det gitt ei oversikt over korleis finansieringssystemet vil sjå ut frå 2017. Vurderingane som ligg bak endringane, blir presenterte til slutt i kapitlet.

Basis blir ført vidare

Basis blir ført vidare, som varsla i Meld. St. 18 (2014–2015) Konsentrasjon for kvalitet og Innst. 348 S (2014–2015).

Studiepoeng og utveksling blir førte vidare som indikatorar

Tal på studiepoeng og tal på utvekslingsstudentar blir førte vidare som indikatorar. Dagens seks kategoriar (A–F) for utteljing i avlagde studiepoeng blir førte vidare.

Ny indikator for ferdigutdanna kandidatar

Talet på ferdig utdanna kandidatar blir ein ny indikator. Kandidatane blir fordelte på seks kategoriar (A–F), tilsvarande som for studiepoeng. For å famne breidda i studietilboda blir det lagt til grunn tal på ferdige kandidatar med følgjande utdanning: bachelorgrad, mastergrad, høgskolekandidatar, praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) og einskilde vidareutdanningar i helsefag som fører til ein ny yrkeskvalifikasjon. Indikatoren får open budsjettramme.

Doktorgradskandidatar blir førte vidare og får open ramme

Talet på doktorgradskandidatar blir ført vidare som indikator. Indikatoren får open budsjettramme.

EU-indikatoren blir utvida

Inntekter frå EU blir førte vidare som indikator, men med ei utviding av kva som tel med i indikatoren. I dag er det berre midlar frå rammeprogramma for forsking og tilhøyrande randsone/partnarskapsaktivitetar som gir utteljing i finansieringssystemet. Alle midlar frå EU blir del av indikatoren. EU-indikatoren vil framleis ha lukka budsjettramme.

Publiseringsindikatoren blir ført vidare, berekningsmetoden blir justert

Korleis publiseringspoeng blir berekna, blir justert. Indikatoren blir justert i tråd med tilrådinga frå Det nasjonale publiseringsutvalet ved Universitets- og høgskolerådet. Indikatoren vil framleis ha lukka budsjettramme.

Forskingsrådsindikatoren blir ført vidare utan endringar

Inntekter frå Noregs forskingsråd og regionale forskingsfond blir førte vidare som indikator, utan endringar. Indikatoren vil framleis ha lukka budsjettramme.

Ny indikator for bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet

Det blir innført ein ny indikator for bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet (BOA). Indikatoren får lukka budsjettramme.

Med desse endringane vil finansieringssystemet ha følgjande resultatindikatorar frå og med 2017:

Figur 12.2 Oversikt over resultatindikatorar i finansieringssystemet

Figur 12.2 Oversikt over resultatindikatorar i finansieringssystemet

Nærmare om endringane i finansieringssystemet

Samanhengen mellom basis og resultatbaserte midlar

For sektoren samla utgjer basismidlane om lag 70 pst. av den samla rammeløyvinga, medan resultatbaserte midlar utgjer om lag 30 pst. Denne fordelinga har vore relativt stabil over tid. Det viser at både basismidlar og resultatbaserte midlar har auka om lag like mykje. Resultatbaserte midlar har gitt insentiv til positiv utvikling i sektoren. Regjering og Storting har gjennom politiske prioriteringar sørga for at utviklinga i basis har følgt etter.

Figur 12.3 viser utviklinga i samla inntekter til institusjonane. Det har vore ein auke i løyvingane til universitet og høgskolar dei siste åra. Frå 2005 til 2014 har det vore reell auke i statstilskottet på 40 pst. Veksten har vore særleg høg ved dei yngre universiteta, som omtalt i strukturmeldinga.

Figur 12.3 Inntekter til sektoren 2005–14, i 1 000 kroner

Figur 12.3 Inntekter til sektoren 2005–14, i 1 000 kroner

Ein stor del av veksten i statstilskottet er eit resultat av auka basis. Figur 12.4 viser reell endring i basismidlane til kvar institusjon frå 2003 til 2015. Strategiske forskingsmidlar låg utanfor basis frå 2002 til 2010, og er i figuren lagt til basis i 2003 for å få samanliknbare tal. I figuren er midlar til Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger og nye midlar til husleige i perioden ikkje med. Nye husleigemidlar er ikkje inkluderte for å få mest mogleg samanliknbare tal mellom institusjonar som leiger bygg av Statsbygg og institusjonar som forvaltar eigne bygg. Figuren viser at sektoren har fått betydeleg vekst i basismidlar over tid. Dette er midlar som er tildelte som følgje av politiske prioriteringar og satsingar og ikkje som følgje av auke i resultat. Auken i basis kjem i hovudsak av midlar til nye studieplassar og rekrutteringsstillingar. Dei store høgskolane og dei yngre universiteta har hatt den største veksten.

Figur 12.4 Realvekst i basismidlar for universitet og høgskolar 2003–15

Figur 12.4 Realvekst i basismidlar for universitet og høgskolar 2003–15

Alle institusjonane har òg hatt ein høg vekst i resultatbaserte midlar. Figur 12.5 viser reell auke som følgje av vekst i avlagde studiepoeng og utvekslingsstudentar for einskilde institusjonar. Dei største høgskolane og dei yngre universiteta har hatt svært høg resultatutteljing.

Figur 12.5 Realvekst i resultatbaserte midlar basert på avlagde studiepoeng og utvekslingsstudentar for universitet og høgskolar 2003–15

Figur 12.5 Realvekst i resultatbaserte midlar basert på avlagde studiepoeng og utvekslingsstudentar for universitet og høgskolar 2003–15

Figur 12.6 viser prosentvis vekst for den einskilde institusjonen i delen utteljing i RBO. Det er åra 2007 og 2015 som er samanlikna fordi dei same RBO-indikatorane gjaldt for alle først frå 2006. Tala viser at det særleg er dei yngre universiteta og nokre av høgskolane som har auka sin del av RBO-midlane. RBO-ramma er ei lukka budsjettramme. Tala viser derfor kva for institusjonar som relativt sett har gjort det betre på indikatorane. Til dømes har Høgskolen i Ålesund betydeleg fleire publiseringspoeng og høgre inntekter frå EU og Noregs forskingsråd i 2015 samanlikna med 2007. Sjølv om veksten i RBO-delen er stor for einskilde institusjonar, er det små midlar som er omfordelte.

Figur 12.6 Prosentvis vekst i del utteljing i RBO, 2015 samanlikna med 2007

Figur 12.6 Prosentvis vekst i del utteljing i RBO, 2015 samanlikna med 2007

Sidan innføringa av nytt finansieringssystem i 2002 har resultata på fleire område vorte betre. For nærmare tilstandsvurdering av universitets- og høgskolesektoren, sjå omtale under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning. Ekspertutvalet som vurderte finansieringssystemet viste til evalueringar som peiker på at finansieringssystemet har medverka til betre resultat i sektoren. Regjeringa ønskjer at den resultatbaserte delen skal auke på lengre sikt. Utviklinga i storleiken på basis og resultatbaserte midlar må bli følgt nøye.

Basis

I Innst. 348 S (2014–2015) seier kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen at det vil vere ein styrke for sektoren med meir openheit og transparens om rammeløyvingane til sektoren. Komiteen ber regjeringa komme tilbake til dette i samband med endringane i finansieringssystemet. Komiteen viser vidare til at universitet og høgskolar har hatt ulike føresetnader når det gjeld til dømes forskingstid og rekrutteringsstillingar. Dette blir reflektert i ulik basis for dei gamle universita og dei yngre universiteta og høgskolane. Komiteen ber regjeringa om å ta opp denne problemstillinga og komme tilbake til Stortinget på eigna vis.

Dei ulike elementa i basis

I 2015 var samla basis om lag 21,7 mrd. kroner. Storleiken på basis reflekterer prioriteringar i regjering og Storting over tid.

Basis speglar, på same måte som løyvinga frå før 2002, faktorar som varierer mellom institusjonane, som geografisk lokalisering, fag- og studieportefølje, tal på studieplassar, profil, storleik, rekrutteringsstillingar, forskingsintensitet og særskilde og nasjonale oppgåver. Basis inneheld òg midlar til infrastruktur, husleige, drift og vedlikehald av bygningsmasse og universitetsmusea.

Departementet har vurdert basis og kva for hovudfaktorar som ligg til grunn for midlane. Figur 12.7 viser basis fordelt på ulike faktorar for sektoren sett under eitt. Figuren viser ikkje variasjonar mellom dei ulike institusjonane. Departementet har ikkje budsjettal for kvar einaste kostnad eller aktivitet i basis. Tala i figuren inneheld derfor både budsjettal, rekneskapstal og estimat. Basis er ein del av rammeløyvinga og er ikkje berekna ut frå stykkprisar. Fordelinga av rammeløyvinga og basis inneber såleis ikkje ei forventning om kor mykje institusjonane skal nytte av midlar til ulike formål. Rekneskapstal viser at kostnadene per student eller tilsett varierer mellom institusjonane på grunn av fleire omsyn, som distriktskostnader, kvalitetstiltak, husleige med meir. Figur 12.7 er derfor ingen fasit, men den gir eit overblikk over faktorar som blir finansierte av basismidlane.

Figur 12.7 Basismidlar

Figur 12.7 Basismidlar

Ulik fag- og studieportefølje, ulike system for byggforvaltning, effektivitet i ressursutnytting og ulike forventningar til institusjonane, kan forklare skilnader i basis mellom institusjonane.

Ulik fag- og studieportefølje

Om departementet tildeler, flyttar eller trekkjer tilbake midlar til studieplassar, blir basismidlane til institusjonane justerte. Alle institusjonar mottek same løyving for same type studium. Midlar til studieplassar utgjer om lag 43 pst. av basismidlane i figur 12.7. Dette er eit estimat, basert på gjennomsnittlege kostnader, det vil seie tal på studieplassar i basis gitt kostnadskategori D. Samansetninga av fag- og studieporteføljen er ulik for institusjonane. Det er betydelege skilnader i kostnadene for utdanning og forsking i til dømes medisin og odontologi samanlikna med samfunnsvitskap og humaniora. Desse skilnadene kjem ikkje fram av figur 12.7 i delen som viser studieplasskostnader.

Figur 12.8 viser fordeling av ulike typer utdanning ved universiteta i 2014. Ulik del av studentane i dei seks kategoriane A–F forklarer ulik basis per student. Dei gamle universiteta skil seg ut ved at dei tilbyr dei mest kostnadskrevjande utdanningane, som medisin og odontologi (kategori A). Dei kliniske utdanningane har òg forsking som krev svært kostbart utstyr, laboratorium, klinikkar og anna infrastruktur. Desse kostnadene ligg i delen på 21 pst. i figur 12.7 som viser særskilde kostnader knytt til utdanning og forsking.

Figur 12.8 Tal 60-studiepoengseiningar (SPE) fordelte på finansieringskategoriar A-F

Figur 12.8 Tal 60-studiepoengseiningar (SPE) fordelte på finansieringskategoriar A-F

Rekrutteringsstillingar utgjer om lag 18 pst. av basis i figur 12.7. For å berekne denne delen er det brukt 2015-satsen for alle stillingane. Talet på stillingane varierer mykje mellom institusjonane, med flest stillingar ved dei største universiteta. I perioden 2005-15 har det vore ein vekst i talet på rekrutteringsstillingar finansiert over Kunnskapsdepartementets budsjett på om lag 1 200. Sjå figur 12.9 som viser vekst i nye rekrutteringsstillingar for perioden 2005-15 for nokre av institusjonane. Figuren viser vekst i tal på stillingar og vekst i prosent for den einskilde institusjonen. For høgskolar viser figuren både veksten for alle statlege høgskolar samla (Stl.hs.) og veksten for einskilde høgskolar. I dei seinare åra, med oppbygging av fagmiljø ved dei yngre universiteta og høgskolane, har desse institusjonane relativt sett fått ein større del av midlane til nye rekrutteringsstillingar.

Figur 12.9 Vekst i nye rekrutteringsstillingar 2005–15, i prosent og tal på stillingar

Figur 12.9 Vekst i nye rekrutteringsstillingar 2005–15, i prosent og tal på stillingar

Driftsbudsjettet for universitetsmusea utgjer om lag tre pst. av basis. Talet er basert på rekneskapa til institusjonane. Museumsverksemd er ei særskild oppgåve som nokre få institusjonar har. Det er museum ved Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet.

Byggforvaltning

Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet, Noregs miljø- og biovitskaplege universitet, Noregs handelshøgskole og Noregs idrettshøgskole er sjølvforvaltande medan dei andre institusjonane leiger bygg av Statsbygg. Alle institusjonane kan i tillegg leige i den private marknaden. Basis inneheld midlar til dei to ulike ordningane. Sjølvforvaltande institusjonar har høge kostnader til vedlikehald, oppgradering, drift og forvaltning. I dagens system blir dei sjølvforvaltande institusjonane ikkje kompenserte for utgifter til drift, forvaltning og vedlikehald for nybygg. Institusjonar som leiger areal, har kostnader til husleige, men òg til drift og noko forvaltning. I samband med innføringa av husleigemodellen i 1993, vart dei statlege utdanningsinstitusjonane kompenserte for husleigekostnadene. I dagens system får desse institusjonane som regel 75 pst. kompensasjon av auken i leigekostnader.

Samla husleigekostnader i sektoren, både til Statsbygg og til private utleigarar, utgjer om lag elleve pst. av basis. Sjå figur 12.7. Tala er henta frå databasen til DBH for 2013. Institusjonane som forvaltar eigen byggingsmasse, har fleire eldre bygg og bygg av kulturhistorisk og nasjonal verd som krev særskilde kostnader til vedlikehald. Kostnadene varierer frå år til år avhengig av periodisering av investeringane. Rekneskapstal for 2011 gir ein indikasjon på nivået for laupande vedlikehald og oppgradering (om lag 520 kr/kvm) og viser at kostnadene til dette utgjer om lag fire pst. av samla basis. I tillegg kjem kostnader til drift og forvaltning av bygga. Drift og forvaltning av eigde og leigde areal er kostnader som delvis ligg i delen på 43 pst. i figur 12.7 som viser studieplasskostnader og delvis i delen på 21 pst. som viser særskilde kostnader knytt til utdanning og forsking.

Effektivitet i ressursutnyttinga

I strukturmeldinga er forventningane at institusjonane skal utnytte ressursane effektivt og at resultatbasert finansiering skal medverke til slik effektiv bruk av ressursane.

I rapporten Hva koster en student? En kostnadskartlegging av universiteter og høgskoler frå 2014 viser NIFU og Deloitte at kostnader per aktivitet varierer mellom institusjonane. Talgrunnlaget som rapporten byggjer på gjer det ikkje mogleg å samanlikne effektivitet mellom institusjonar og mellom ulike typer utdanning. NIFU og Deloitte vurderer ikkje effektivitet i ressursutnytting med omsyn til kvalitet, og korleis produktivitet og kvalitet heng saman.

Ekspertgruppa som vurderte finansieringssystemet peiker på at det har vore ein auke i produksjonen av mellom anna studiepoeng og publikasjonar sidan innføringa av finansieringssystemet. Auka opptak av studentar dei siste ti åra har gitt nokre institusjonar høge inntekter frå studiepoengproduksjon. Auken i produserte studiepoeng er i hovudsak eit resultat av fleire studentar. Produserte studiepoeng per student er framleis for låg. Sjå programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning for nærmare omtale. Det er viktig med betre kvalitet i utdanningane for å få fleire til å gjennomføre. Innføring av ein kandidatindikator og open budsjettramme på doktorgradsindikatoren i den resultatbaserte delen av systemet skal medverke til det. Dette blir nærmare omtalt under.

Auken i studiepoeng har vore høgre enn det departementet forventar ut frå tildelte midlar til nye studieplassar. Figur 12.10 viser tal på studieplassar som vart finansierte i basis over statsbudsjettet i 2014 og tal på produserte 60-studiepoengseiningar ved institusjonane i 2014. Auken i studiepoeng varierer mellom institusjonane. Høgskolen i Lillehammer har til dømes hatt stor vekst samanlikna med kva dei har fått basismidlar for. Dei yngre universiteta har større auke i produksjonen enn dei gamle universiteta. Gjennomføringa ved desse institusjonane er relativt lik. Auken i studiepoeng kjem derfor av opptak av fleire studentar som ledd i ein vekststrategi eller utnytting av ledig kapasitet. Den ekstra auken har gitt større del resultatbaserte midlar og dermed medverka til lågare del basis av samla rammeløyving. Dette er val institusjonane sjølve har teke ved å utnytte fleksibiliteten i finansieringssystemet.

På bakgrunn av desse tala og utgreiingane er det ikkje grunnlag for å trekke konklusjonar om systematiske skilnader mellom institusjonane i grad av effektiv ressursbruk.

Figur 12.10 Tal på finansierte 60-studiepoengseiningar i basis og produserte 60-studiepoengseiningar i 2014

Figur 12.10 Tal på finansierte 60-studiepoengseiningar i basis og produserte 60-studiepoengseiningar i 2014

Ulike forventningar til institusjonane

Delen på 21 pst. i figur 12.7 som viser særskilde kostnader knytt til utdanning og forsking, viser òg at det er ulike forventningar til institusjonane med tilhøyrande ulik finansiering.

Dei gamle universiteta har tradisjonelt hatt større forskingstyngde og høgre finansiering til rekrutteringsstillingar og FoU-tid for tilsette enn dei yngre universiteta. Dette kjem i hovudsak av skilnader i utdannings- og forskingsprofil. Dei yngre universiteta hevdar at vilkåra er ulike og har bedt om meir basismidlar for å få betre vilkår for forsking og utvikling. Departementet har gjennomført førebelse berekningar av kva kostnadene kunne vere om førsteamanuensar og professorar ved alle statlege institusjonar fekk same forskingstid. Kostnadene for personalutgifter (FoU-tid) og areal er estimert til over 2 mrd. kroner. Dette er grove estimat basert på stramme føresetnader som må greiast ut vidare. Noko av dette vil òg vere eingongskostnader.

Regjeringa har ambisjon om fleire verdsleiande fagmiljø. Dette inneber ulik finansiering av fagmiljø og institusjonar. Det er ikkje mogleg å satse like tungt innanfor alle fagområda. Men det er viktig å byggje vidare på fag kor det er potensial for å auke utdannings- og forskingskvaliteten.

Fagevalueringane frå Noregs forskingsråd viser at det er mange små og fragmenterte forskingsmiljø i Noreg. Som vist i innleiinga, konsentrerer fleire europeiske land ressursane til utdanning og forsking. Noreg må òg gjere tydelege prioriteringar dersom vi skal hevde oss internasjonalt. Konsentrasjon av ressursar er avgjerande for å heve kvaliteten, og for at fleire miljø skal kunne nå eit verdsleiande nivå. Institusjonar med evne og vilje til å utnytte handlingsrommet som rammeløyvinga gir, må satse langsiktig og byggje toppmiljø for framtida.

Like insentiv for alle i finansieringssystemet er ikkje det same som like forventningar til institusjonane. Regjeringa ventar langt meir av dei eldste universiteta når det gjeld til dømes stipend frå European Research Council (ERC).

Insentiva verker òg ulikt avhengig av utgangsposisjonen. Institusjonane med det lågaste utgangspunktet, har mest å vinne. Systemet har derfor utjevnande effekt på sikt. Resultatbaserte forskingsmidlar (RBO) har premiert dei som har forbetra resultata mest. Slik skal finansieringssystemet framleis verke. Alle institusjonane skal ha insentiv til å forbetre kvaliteten i utdanning og forsking.

Vurdering av behov for endringar i basis

Figur 12.7 viser dei ulike delane i basis for sektoren samla sett. Ekspertgruppa som vurderte finansieringssystemet meiner ei dekomponering for den einskilde institusjonen er urealistisk å gjere på ein god nok måte. Dette er òg erfaringane frå andre land, til dømes i Danmark kor konsulentbyrået McKinsey i 2009 gjorde ei kostnadskartlegging. Kartlegginga førte ikkje til endringar i det danske systemet. I ei tidlegare evaluering i Noreg har Econ Pöyry tilrådd å ikkje dekomponere basis på institusjonsnivå. Dette vart begrunna med alle dei politiske prioriteringane som ligg til grunn for basis. Dekomponering ville òg gått ut over fleksibiliteten til å gjere endringar i dei årlege statsbudsjetta og redusere handlingsrommet institusjonane har til å gjere eigne strategiske val.

Ekspertgruppa vurderte fleire alternativ for å byggje opp basis på nytt, frå full kostnadskartlegging til oppbygging basert på objektive kriterium eller sjablongmessige satsar. Ekspertgruppa konkluderte med at når ein tek omsyn til den ulike oppgåveporteføljen, er det ikkje vesentlege forskjellar i nivå på basis mellom institusjonane. Ekspertgruppa tilrådde derfor å føre vidare dagens basis. Dei la òg vekt på omsynet til å bevare handlingsrommet til institusjonane.

Regjeringa er samd i desse vurderingane. Ei oppbygging av basis må leggje til grunn gjennomsnittlege kostnader. Desse kostnadene vil ikkje fange opp dei store variasjonane mellom institusjonane. Å bryte basis ned på aktivitetar og kostnadsberarar, og nytte desse i berekninga av basis til den einskilde institusjonen, vil innebere eit anna finansieringssystem.

Regjeringa meiner at eit slikt system vil gi redusert autonomi og handlingsrom for institusjonane. Basis vil ikkje lenger bli gitt som langsiktige og strategiske midlar utan detaljerte føringar. Å føre vidare dagens basis, gir få statlege føringar og stor fridom for institusjonane til sjølv å vurdere aktivitetar, organisering og satsingar for å nå gode resultat. Dette heng godt saman med departementet si overordna styring av sektoren.

Regjeringa er oppteken av å utvikle ein meir mangfaldig sektor, der institusjonane har tydelege profilar og god arbeidsdeling. Det framtidige landskapet i sektoren vil ha fleire typar av institusjonar, frå små institusjonar til store universitet. Institusjonane vil vektleggje oppgåvene ulikt og vil strekke seg etter ulike verksemdsmål. Finansieringa må vere tilpassa skilnadane i oppgåveporteføljen.

Resultatbaserte midlar

Endringane vil gi dei yngre universiteta og høgskolane gode moglegheiter til å auke inntektene. Det gjeld særleg innføring av ein BOA-indikator og utviding av EU-indikatoren.

Studiepoeng og kandidatar

Kandidatindikatoren skal gi insentiv til tettare oppfølging av studentane og auka gjennomføring. Finansieringssystemet skal medverke til at det ikkje berre blir lagt vekt på talet på studentar som blir tekne opp til høgre utdanning. Samla vil indikatorane for studiepoeng og kandidatar stimulere institusjonane til god dimensjonering av tal på studieplassar og høgre kvalitet, og slik medverke til at fleire gjennomfører og at dei gjer det innan rimeleg tid. Høyringa av rapporten frå ekspertgruppa viser at det er stor støtte til å innføre ein kandidatindikator.

Satsane for kandidatindikatoren blir lagde opp tilsvarande som for studieplassar med seks kategoriar, A–F. Med seks kategoriar av satsar for kandidatindikatoren vil indikatoren få ein kjend struktur.

Ekspertgruppa foreslo fire kategoriar for studiepoeng og to satsar for kandidatar. Departementet har vurdert modellar med færre kategoriar enn seks for studiepoeng. Desse analysane viste at færre kategoriar vil gi store omfordelingar av midlar mellom institusjonane. Endringane vil slå negativt ut for institusjonar med mange kostbare utdanningar, medan endringane vil slå positivt ut for institusjonar som har mange utdanningar i dei lågaste av dagens kategoriar. Modellar med ein til tre satsar for kandidatar, førte òg til store omfordelingar mellom institusjonane. Det er ikkje ønskeleg med betydelege omfordelingar mellom institusjonane som ikkje kjem som følgje av endringar i resultat. Å føre vidare eit system med seks kategoriar, vil sikre at utteljinga per studiepoeng og kandidat speglar ulik undervisnings- og forskingsintensitet mellom dei ulike studieprogramma.

Utvekslingsstudentar

Sidan nytt finansieringssystem vart innført i 2002, har insentivet for studentutveksling hatt begrensa effekt. Landa i Bolognasamarbeidet har sett mål om at minst 20 pst. av studentane skal ha eit utanlandsopphald i løpet av utdanninga. Noreg ligg no under dette målet etter å ha ligge rett over i fleire år. Det er derfor behov for større merksemd omkring dette. Å føre vidare dette insentivet, vil gi eit tydeleg signal om behovet for auka internasjonalisering.

Doktorgradskandidatar

Det har vore ein stor auke i talet på doktorgradskandidatar dei siste ti åra, men veksten har stoppa opp dei seinare åra. Det er eit forbetringspotensiale for auka gjennomstrøyming. Sjå programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning for nærmare omtale. Potensialet for forbetring taler for å føre vidare insentivet i finansieringssystemet og auke styrken. Indikatoren får open budsjettramme. Dagens lukka ramme inneber at med ein auke i talet på kandidatar, vil utteljinga per kandidat gå ned. Samtidig er utteljinga til den einskilde institusjonen avhengig av resultata til dei andre institusjonane. Med open ramme og ein fast sats per kandidat vil ein sikre at insentivet har ein kjend styrke som ikkje står i fare for å bli redusert. Vidare vil ei open budsjettramme sikre ei tettare kopling mellom eigne resultat og utteljing.

Publisering

Insentivet for vitskapleg publisering blir ført vidare, medan berekninga av publiseringspoeng blir endra.

Veksten i publisering har flata ut i seinare år, frå ein vekst på ti pst. i året etter innføringa av indikatoren. Noreg har teke innpå Danmark og Sverige, men ligg framleis om lag 15 pst. bak målt i volum normert for folketal. Indikatoren bør derfor bli ført vidare for å stimulere til stadig positiv utvikling. Veksten i publisering har vore sterkast ved dei yngre universiteta og høgskolane. Det er grunn til å tru at stadig vekst vil komme særleg desse institusjonane til gode. Mange forskarar og forskingsmiljø, særleg ved dei gamle universiteta, har nådd eit volum i publiseringa som tilseier at dei bør prioritere kvalitet i kvar publikasjon framfor å auke talet på publikasjonar.

Endringane i korleis publiseringspoeng blir berekna er i tråd med tilrådingane frå Det nasjonale publiseringsutvalet ved Universitets- og høgskolerådet. Ei evaluering av indikatoren i 2014 peikte på at indikatoren ikkje er nøytral mellom fagområda. I dag gir publisering i humaniora og samfunnsfag fleire publiseringspoeng enn publisering i matematiske, naturvitskaplege og teknologiske fag og medisin. Med endringane vil berekningsmetoden sikre at alle fagområde vil telje like mykje. Den nye berekningsmetoden vil òg stimulere til auka samarbeid nasjonalt og internasjonalt. Endringa gjer det vanskelegare å rekne ut publiseringspoeng for kvar forskar. Truleg vil det motvirke uheldig bruk av indikatoren på individnivå.

Inntekter frå EU

I dag tel kun midlar frå rammeprogramma for forsking og midlar frå nokre utvalde randsone- og partnarskapsprogram med i EU-indikatoren. Ved å opne opp for at andre inntekter, mellom anna midlar til utdanningssamarbeid og interregionalt samarbeid, skal telje med, vil insentivet styrkje fleire sider ved internasjonaliseringa av universitet og høgskolar. Vidare vil insentivet treffe breiare ved at utteljing vil framstå som meir oppnåeleg for fleire institusjonar. Dei yngre universiteta og høgskolane mottek ein betydeleg del av EU-inntektene sine frå andre kjelder enn frå forskingsprogramma. Desse institusjonane vil derfor få betre utteljing når indikatoren blir utvida.

Ekspertgruppa som vurderte finansieringssystemet, foreslo open budsjettramme for EU-indikatoren. Regjeringa legg til grunn at indikatoren framleis har lukka budsjettramme. Regjeringa har som mål at norske institusjonar i større grad skal delta i europeisk utdannings- og forskingssamarbeid. Regjeringa har løyva betydelege midlar til Horisont 2020, og foreslår å auke løyvingane i 2016. Institusjonane vil kunne få midlar frå EU og ekstra utteljing i det norske finansieringssystemet. Norske institusjonar har derfor gode insentiv til å søke om EU-midlar slik finansieringssystemet er i dag. Regjeringa meiner at insentiva for EU-samarbeid er sterkt i dag og ønskjer derfor å føre vidare insentivstyrken på om lag same nivå. Regjeringa vil følgje utviklinga i insentivstyrken og vurdere behovet for auka midlar til EU-indikatoren frå budsjettår til budsjettår.

Ekspertgruppa foreslo at inntekter frå European Research Council (ERC) skal ha dobbel utteljing i EU-indikatoren. Regjeringa meiner at deltaking i ERC-program er så prestisjefylt at det ikkje er nødvendig med eit sterkare insentiv i finansieringssystemet for dette. Dette er noko fleire av institusjonane peikte på i høyringa av rapporten frå ekspertgruppa.

Inntekter frå Noregs forskingsråd

Inntekter frå Noregs forskingsråd og regionale forskingsfond vil bli førte vidare som indikator. Nasjonal konkurranse om midlar frå Noregs forskingsråd verkar stimulerande på forskingskvalitet og gir institusjonane betre kapasitet til å løyse store samfunnsutfordringar. Suksess i tildeling av midlar frå Noregs forskingsråd gir auka kvalitet og kan på den måten vere eit springbrett til suksess på internasjonale konkurransearenaer. Over tid har dei yngre universiteta og høgskolane auka sin del av inntektene frå Noregs forskingsråd. Dette vil truleg helde fram i takt med at dei bygg opp kapasitet og kvalitet i forsking.

Bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet (BOA)

Regjeringa vil innføre ein ny indikator for bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet (BOA). Dette vil gi intensiv til meir samspel med arbeids-, samfunns- og næringsliv. Universitet og høgskolar er blant dei viktigaste aktørane for kunnskapsformidling og -utvikling, og er avgjerande for at vi skal realisere kunnskapssamfunnet. Meir og betre samarbeid mellom institusjonane, næringsaktørar, arbeids- og samfunnsliv vil gi større relevans i utdanningane, auke verdiskapinga og gjere Noreg betre rusta til å møte store samfunnsutfordringar. Meir eksternt finansiert aktivitet vil medverke til eit større mangfald i finansieringskjeldene og vil gje universitet og høgskolar fleire bein å stå på. Evne til å konkurrere om ekstern finansiering er òg ein føresetnad for at eit leiande fagmiljø skal lukkast på lang sikt. Det er fleire døme på internasjonalt leiande universitet og høgskolar som har høg del ekstern finansiering som eit viktig strategisk mål. Samanlikna med andre land har norske institusjonar låg del ekstern finansiering.

BOA-inntekter gir ein indikasjon på i kva grad institusjonane er etterspurde FoU-aktørar og attraktive leverandørar av tenester som andre finn relevante og nyttige, til dømes oppdragsforsking og etter- og vidareutdanning. BOA-inntekter spenner svært breitt, og dekkjer både utdannings- og forskingssamarbeid, og samarbeid med offentleg og privat sektor. Midlar frå utanlandske kjelder utanom EU vil òg vere inkluderte i indikatoren, mellom anna EØS-midlar. Eit slik insentiv vil treffe breidda av institusjonane, særleg mange av dei yngre universiteta og høgskolane, som i dag har eit omfattande samarbeid med offentleg sektor og næringsliv.

Insentivstyrke

Finansieringssystemet vil framleis ha insentiv med både open og lukka budsjettramme. Insentivstyrkene vil bli førte vidare på om lag same nivå som i dag. Regjeringa vil komme tilbake til insentivstyrke og utteljing for kvar indikator i statsbudsjettet for 2017.

Indikatorane med open ramme

For indikatorane med open budsjettramme er det satsane for dei ulike indikatorane som avgjer insentivstyrken.

Studiepoeng og utvekslingsstudentar har i dag faste satsar. Departementet tek sikte på at insentivet for utvekslingsstudentar blir styrkt og at utveksling gjennom Erasmus+ får særleg høg vekt. Utveksling mellom europeiske land er eit særleg prioritert område. Regjeringa tek sikte på at insentivstyrken for kvar av indikatorane blir satt slik at den samla utteljinga for studiepoeng, kandidatar og utveksling i 2017 blir på same nivå som utteljinga ville ha vore dersom dagens system med berre studiepoeng og utveksling hadde blitt vidareført. Kor stor denne utteljinga blir, avheng av resultata i sektoren i 2015 og vil bli berekna og lagt fram for Stortinget i statsbudsjettet for 2017.

Doktorgradsindikatoren får open budsjettramme frå 2017. Regjeringa tek sikte på at insentivstyrken for doktorgradskandidatar blir ført vidare på om lag same nivå som i 2016.

Indikatorane med lukka ramme

Regjeringa tek sikte på at publiseringsindikatoren, EU-indikatoren, forskingsrådsindikatoren og den nye BOA-indikatoren vil ha kvar si lukka budsjettramme. Dei fire rammene vil bli fordelte kvar for seg med bakgrunn i dei relative resultata til institusjonane på desse indikatorane. Det vil vere storleiken på rammene og resultata til institusjonane innanfor kvar indikator som vil avgjere insentivstyrken på den einskilde indikatoren. Ved å etablere ei økonomisk ramme for kvar indikator kan utviklinga framover lettare bli følgt.

I samband med dei årlege statsbudsjetta vil regjeringa vurdere om insentivstyrken er på riktig nivå. Regjeringa tek sikte på at insentivstyrken til publiseringsindikatoren, EU-indikatoren og forskingsrådsindikatoren vil bli ført vidare på om lag same nivå som i 2016.

Andre vurderingar

Forskingsformidling

I samband med handsaminga i Stortinget av strukturmeldinga, bad komiteen regjeringa vurdere om forskingsformidling kan gi utteljing, jf. Innst. 348 S (2014–2015).

Universitets- og høgskolerådet har to gonger tidlegare greidd ut ein samansett indikator for formidling. Etter høyring i sektoren har det tidlegere blitt beslutta å ikkje innføre ein slik indikator. Argumenta mot har mellom anna vore betydeleg meirarbeid knytt til dokumentasjon og rapportering, og fordi det er utfordrande å vekte ulike formidlingsuttrykk mot kvarandre i ein samansett indikator. Eit alternativ til ein samansett indikator kan vere å velje ut einskilde uttrykk som indikator på formidling, slik som til dømes produksjon av lærebøker og utstillingar. Desse to aktivitetane vil berre utgjere om lag tre pst. av den samla mengden av ulike typar formidlingar. Dei vil derfor ha begrensa verdi aleine som indikatorar på fomidling. I rapporten Noder i kunnskapsnettverket. Forskning, kunnskapsoverføring og eksternt samarbeid blant vitenskapelige ansatte i UH sektoren frå 2014, viser NIFU at professorar er dei mest aktive deltakarane i kunnskapsformidling av ulike slag. Samtidig er denne gruppa dei som publiserer mest i tradisjonelle vitskaplege kanalar, noko finansieringssystemet allereie gir utteljing for. Finansieringssystemet har medverka til å stimulere til auka forskningspublisering. Det er derfor mogleg at indikatoren for vitskapleg publisering indirekte har stimulert til formidling av forsking, fordi det har blitt meir forsking å formidle frå.

Departementet vil greie ut ein indikator for formidling, men avgrensa til formidling som er fagfellevurdert. Utgreiinga må ta omsyn til tidlegare arbeid som vart gjennomført i regi av Universitets- og høgskolerådet.

Sitering

Ekspertgruppa som vurderte finansieringssystemet, foreslo at ein indikator for sitering vart vurdert. Ekspertgruppa understreka at ein slik indikator ikkje bør vere i staden for, men i tillegg til, ein publiseringsindikator. Departementet ønskjer å greie ut ein slik indikator for sitering.

Mobilitet for yngre forskarar

I strukturmeldinga, Meld. St. 18 (2014–2015), varsla regjeringa at det òg ville bli vurdert eit insentiv for mobilitet av yngre forskarar. Regjeringa legg til grunn at dette ikkje blir innført som eit insentiv i finansieringssystemet. Ein indikator for forskarmobilitet ville ha omfatta svært få personar og hatt potensielt liten effekt. Vidare ville han ha ført til auka rapportering. Samla tilseier dette at det ikkje er formålsteneleg med ein slik indikator.

Utviklingsavtalar

Ekspertgruppa som vurderte finansieringssystemet, foreslo at det blir inngått fleirårige utviklingsavtalar mellom departementet og den einskilde institusjon, og at avtalane blir kopla til finansieringssystemet gjennom ein omfordelingsmekanisme. Sjå programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning for nærmare omtale av korleis departementet vil følgje opp forslaget om utviklingsavtalar.

Til forsida