Prop. 1 S (2016–2017)

FOR BUDSJETTÅRET 2017 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 3
Omtale av særlege tema

5 Oppfølging av langtidsplanen for forsking og høgre utdanning

Innleiing

Regjeringa har høge ambisjonar for det norske kunnskapssamfunnet og satsar målretta på forsking og høgre utdanning. Kunnskap og kompetanse legg til rette for verdiskaping, både i offentleg sektor og i næringslivet, og bidrar til naudsynt omstilling og nye løysingar for å møte store samfunnsutfordringar. Regjeringa er opptatt av at satsingar på forsking og høgre utdanning skal ha høg kvalitet. Dette inneber mellom anna å vurdere fortløpande korleis investeringar i forsking og utvikling er innretta. I 2016 sette regjeringa i gang ein områdegjennomgang av tildelingar til forsking gjennom Noregs forskingsråd, mellom anna som ei oppfølging av den andre rapporten til Produktivitetskommisjonen. Ei ekspertgruppe er sett ned, og skal levere ein rapport innan 1. februar 2017. For nærare omtale, sjå programkategori 07.70 Forsking.

Kunnskapsdepartementet har bedt om ein gjennomgang frå OECD av politikken for forsking og høgre utdanning. Denne landgjennomgangen vil vere ferdig i 2017, og inngå som eit ledd i arbeidet med rulleringa av langtidsplanen i 2018.

Det viktigaste verktøyet for å sørge for langsiktige og føreseielege satsingar på forsking og høgre utdanning av høg kvalitet er regjeringa sin langtidsplan for forsking og høgre utdanning. Oppfølging av langtidsplanen er omtalt under. I tillegg er det viktig å sørge for samsvar mellom nasjonale prioriteringar og internasjonale satsingar. Noreg har eit utstrakt internasjonalt samarbeid innanfor forsking og høgre utdanning, jf. Strategi for forsknings- og innovasjonssamarbeidet med EU og Panorama – Strategi for høyere utdannings- og forskningssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika (2016–2020).

Oppfølging av langtidsplanen

Langtidsplanen blei lagd fram i oktober 2014. I statsbudsjetta for 2015–17 er langtidsplanen følgd opp med over 2,3 mrd. kroner i auka løyvingar, jf. figurane 5.1 og 5.2. Regjeringa har særleg satsa på å utvikle fagmiljø av høg kvalitet og næringsretta forsking. I tillegg har regjeringa halde fram med opptrappinga av midlar til vitskapleg utstyr og laboratorium (forskingsinfrastruktur), til verkemiddel for god norsk deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon (Horisont 2020) og til fleire rekrutteringsstillingar.

Figur 5.1 Samla vekst til opptrappingsplanane i Langtidsplanen for forsking og høgre utdanning, 2015–17

Figur 5.1 Samla vekst til opptrappingsplanane i Langtidsplanen for forsking og høgre utdanning, 2015–17

I 2017 foreslår regjeringa å halde fram med opptrappingsplanane i tillegg til å styrke forsking som særleg bidrar til grøn omstilling, fornying av offentleg sektor og omstilling i næringslivet. Desse satsingane følger opp fleire av dei langsiktige prioriteringane i langtidsplanen. Under følger ei oversikt over satsingane til oppfølging av langtidsplanen.

Rekrutteringsstillingar

Det er framleis etterspørsel etter folk med forskarkompetanse i arbeidslivet, også utanfor dei akademiske fagmiljøa. I langtidsplanen lovde regjeringa å trappe opp med 500 nye rekrutteringsstillingar innan 2018. I budsjettet for 2017 held regjeringa fram med opptrappinga og foreslår å opprette 120 nye rekrutteringsstillingar. Ein stor del av kandidatane må rettast inn mot næringslivet for å dekke behova i dei verksemdene og sektorane som særleg treng høg kompetanse. Midlar til 80 av desse rekrutteringsstillingane blir tildelte universitet og høgskolar. 15 rekrutteringsstillingar blir tildelte ordningane for nærings-ph.d. og offentleg sektor-ph.d. 25 rekrutteringsstillingar blir fordelte til instituttsektoren for å styrke institutta si rolle i doktorgradsutdanninga.

Forskingsinfrastruktur

For å bygge verdsleiande fagmiljø, auke rekrutteringa til forsking, styrke internasjonalt samarbeid og auke kvaliteten på utdanningane trengst det vitskapleg utstyr og laboratorium som er tidsriktige og oppdaterte. Denne typen utstyr blir kalla forskingsinfrastruktur. I langtidsplanen varsla regjeringa ei opptrapping av løyvingane til slikt utstyr med 400 mill. kroner innan 2018. I budsjetta for 2015 og 2016 har regjeringa følgt opp opptrappinga med til saman 125 mill. kroner. I budsjettet for 2017 foreslår regjeringa å trappe opp vidare med 100 mill. kroner til forskingsinfrastruktur. Grunna store overføringar i Forskingsrådet er det foreslått ein eittårig reduksjon i løyvinga på 300 mill. kroner. Jf. omtale i programkategori 07.70 Forsking.

Tiltak for god norsk deltaking i Horisont 2020

Norsk deltaking i Horisont 2020 er høgt prioritert i norsk forskingspolitikk. I regjeringa sin strategi for norsk samarbeid med EU om forsking går det fram at deltakinga skal bidra til betre kvalitet i norsk forsking og innovasjon, auka innovasjonsevne, verdiskaping og meir berekraftig økonomisk utvikling, betre velferd og ei meir berekraftig samfunnsutvikling, og å utvikle vår eigen forskingssektor. Det er òg ein ambisjon at to pst. av midlane som blir lyste ut i Horisont 2020, skal gå til norske miljø. I langtidsplanen lovde regjeringa å trappe opp midlane til ordningar for å sikre god norsk deltaking i Horisont 2020 med 400 mill. kroner i perioden 2015–18. I 2015 og 2016 trappa Stortinget opp løyvingane med til saman over 240 mill. kroner. Midlane har gått til å få på plass ordningar som gir gode og føreseielege vilkår for deltakarar i akademia, næringsliv og andre samfunnsaktørar. I 2017 foreslår regjeringa å halde fram med opptrappinga og auke løyvinga med 75 mill. kroner som hovudsakleg skal gå til STIM-EU-ordninga i Forskingsrådet. STIM-EU er ei ordning retta mot å betre vilkåra for forskingsinstitutta.

Figur 5.2 Vekst i løyvingane til dei langsiktige prioriteringane i Langtidsplanen for forsking og høgre utdanning

Figur 5.2 Vekst i løyvingane til dei langsiktige prioriteringane i Langtidsplanen for forsking og høgre utdanning

Hav

Regjeringa foreslår å løyve 10 mill. kroner over budsjettet til Kunnskapsdepartementet til prosjektet «Arven etter Nansen». «Arven etter Nansen» skal auke forståinga av den marine bio- og geosfæra i Barentshavet. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom universiteta i Tromsø, Bergen, Oslo og Trondheim, Universitetssenteret på Svalbard (UNIS), Havforskingsinstituttet, Norsk Polarinstitutt og Meteorologisk institutt. Prosjektet er planlagt å gå over seks år med oppstart i 2017. «Arven etter Nansen» medverkar til at det nye isgåande forskingsfartøyet «FF Kronprins Haakon», som blir klart til segling i 2018, kan brukast til forsking av god kvalitet frå starten av. I tråd med oppdatert fram-driftsplan, foreslår regjeringa å løyve 972,1 mill. kroner over budsjettet til Nærings- og fiskeri-departementet til «FF Kronprins Haakon».

God og berekraftig bruk av marine ressursar er eit viktig grunnlag for verdiskaping. Ansvarleg forvaltning av havområda og ressursane i havet er ein føresetnad for blå vekst no og i framtida. Noreg skal vere i førarsetet internasjonalt som ein marin kunnskapsnasjon og ansvarleg forvaltar av havet. Regjeringa foreslår derfor ein auke på 10 mill. kroner over budsjettet til Klima- og miljø-departementet som skal gå til forsking på marine økosystem og reint hav.

Regjeringa foreslår å sette av 155,5 mill. kroner over budsjettet til Olje- og energidepartementet til programmet DEMO 2000 i Noregs forskingsråd. Programmet har som formål å kvalifisere norsk teknologi primært til bruk på norsk sokkel samt bidra til auka teknologieksport frå Noreg. DEMO 2000 bidrar til å halde oppe kompetansen i olje- og gassnæringa i ein periode med fallande aktivitetsnivå. Programmet rettar seg mot leverandørindustrien spesielt, fordi det er denne delen av næringa som skal utvikle teknologi for uttesting på norsk sokkel basert på behova til oljeselskapa.

Klima, miljø og miljøvennleg energi

Innanfor dette satsingsområdet prioriterer regjeringa særleg utvikling av norsk teknologi og omstilling til lågutsleppssamfunnet. Ei sterk satsing på utvikling av miljøvennleg energiteknologi er heilt naudsynt for å bidra til å realisere nasjonale og globale utsleppsreduksjonar utover det som kan forventast med eksisterande teknologi og løysingar. I budsjettet for 2017 foreslår derfor regjeringa ei satsing på til saman 106,5 mill. kroner over budsjetta til Klima- og miljødepartementet og Olje- og energidepartementet til satsingar på grøn omstilling. 35 mill. kroner skal gå til å vidareutvikle og styrke dei mest marknadsnære og innovasjonsretta verkemidla i ENERGIX-programmet i Noregs forskingsråd. Satsinga skal særleg konsentrerast om tiltak som kan løfte ein ny teknologi frå utviklingsfasen og fram til uttesting og demonstrasjon. 71,5 mill. kroner skal gå til forsking på korleis vi skal klare å redusere utslepp av klimagassar i Noreg i tråd med nasjonale mål. Satsinga er retta mot store og viktige sektorar i samfunnet som møter særleg store krav til omstilling for å greie å kutte utslipp. Dette gjeld mellom anna transport og landbruk.

Fornying i offentleg sektor og betre og meir effektive velferds-, helse- og omsorgstenester

Norsk offentleg sektor møter store og komplekse utfordringar, mellom anna som følge av demografiske endringar. Meir enn nokon gang er det viktig å ha kunnskap og kompetanse i det norske samfunnet som kan bidra til å bruke ressursane meir effektivt. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga til forskingsprogrammet Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstjenester (HELSEVEL) i Noregs forskingsråd med 50 mill. kroner. Midlane blir foreslått løyvde over budsjetta til Arbeids- og sosialdepartementet, Barne- og likestillingsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.

Innovativt og omstillingsdyktig næringsliv

Forsking og innovasjon kan bidra til eit meir lønnsamt og klimavennleg landbruk gjennom effektiv og berekraftig produksjon og utnytting av fornybare ressursar frå jord- og skogbruk. Regjeringa foreslår ei satsing på 30 mill. kroner over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet og 20 mill. kroner over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet til forsking og teknologiutvikling som skal vidareutvikle biobasert næringsliv i Noreg. Satsinga skal samstundes legge grunnlaget for ny og innovativ bruk av biomasse.

Regjeringa foreslår å oppretthalde satsinga på næringsretta forsking gjennom Forskingsrådet frå 2016-budsjettet. Regjeringa har i sitt forslag vidareført prioriteringa av ordningar som er viktige for heile breidda av næringslivet. Forslaget omfattar også 25 mill. kroner til forsking for å auke verdiskapinga i havbaserte næringar gjennom å styrke kunnskapsoverføring mellom og frå desse næringane. Samstundes er det kutta i tematiske ordningar, regional forsking og internasjonalt forskingssamarbeid over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet.

Som del av regjeringa sin eittårige tiltakspakke blir det foreslått å løyve 100 mill. kroner til innovasjonslån, 100 mill. kroner til oppgradering og utrusting av forskingsfartøy, 50 mill. kroner til Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA), 50 mill. kroner til Forny2020 og 30 mill. kroner til miljøteknologiordninga i Innovasjon Noreg. Alt dette over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet.

Regjeringa foreslår å heve det maksimale frådragsgrunnlaget (beløpsgrensa) i Skattefunn for kostnader knytt til eigenutført FoU frå 20 mill. kroner til 25 mill. kroner. Samstundes foreslår regjeringa å heve den øvre grensa for innkjøpt FoU frå godkjende forskingsinstitusjonar frå 40 mill. kroner til 50 mill. kroner. Summen av kostnader til eigenutført og innkjøpt FoU kan ikkje overstige 50 mill. kroner.

Verdsleiande fagmiljø

Regjeringa foreslår å styrke to av dei viktigaste finansieringsordningane for langsiktig, grunnleggande forsking av framifrå kvalitet, Fri prosjektstøtte (FRIPRO) og Senter for framifrå forsking (SFF). FRIPRO er ein open konkurransearena i Forskingsrådet for framifrå fagmiljø og unge talent. I 2015 oppretta Forskingsrådet FRIPRO Toppforsk, som er ei satsing som skal utvikle verdsleiande fagmiljø. FRIPRO Toppforsk blir finansiert gjennom eit felles løft mellom Kunnskapsdepartementet og universiteta og Forskningsinstituttenes fellesarena (FFA). Regjeringa foreslår å styrke løyvinga til FRIPRO med 50 mill. kroner i tråd med planane for opptrappinga til dette fellesløftet. I tillegg foreslår regjeringa å styrke FRIPRO-ordninga med ytterlegare 10 mill. kroner, som skal gå til satsinga på mobilitet og karriereutvikling blant yngre forskarar.

Senter for framifrå forsking (SFF) er ei ordning som særleg gir langsiktige rammer for framifrå forsking. Fagmiljø som søker om støtte til å etablere eit SFF, kan bli støtta i inntil ti år. SFF-ordninga er eit av verkemidla i Noreg som best legg til rette for å utvikle internasjonalt leiande fagmiljø. Regjeringa foreslår derfor å styrke ordninga med 17 mill. kroner for å finansiere neste generasjons SFF-ar.

Noregs forskingsråd

Noregs forskingsråd har ei sentral rolle i det norske forskings- og innovasjonssystemet. Rådet har ei omfattande verksemd knytt til finansiering, rådgiving og møteplassfunksjon. Kunnskapsdepartementet har etatsstyringsansvar for Forskingsrådet og ansvar for at rådet når dei måla som er sette for heile verksemda. For nærare omtale av rådets verksemd og styringssystemet for Forskingsrådet, sjå programkategori 07.70 Forsking, kap. 285 Noregs forskingsråd.

Noregs forskingsråd får løyvingar frå alle departementa. Tildelingane frå departementa omfattar både generelle faglege tildelingar, institutttildelingar og særskilde midlar til einskilde program eller aktivitetar. Tabellen nedanfor viser ei oversikt over løyvingsforslag for dei største bidragsytarane i statsbudsjettet for 2017.

Tabell 5.1 Foreslåtte løyvingar til Noregs forskingsråd frå dei største bidragsytarane

i 1 000 kroner

Kap. post

Departement

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

285.52/53/54

Kunnskapsdepartementet

3 343 336

3 405 903

285.55

Kunnskapsdepartementet – administrasjon

279 676

265 510

920.50

Nærings- og fiskeridepartementet

2 298 036

2 298 700

1830.50

Olje- og energidepartementet

848 612

896 200

1137.50/51

Landbruks- og matdepartementet

439 258

446 600

780.50

Helse- og omsorgsdepartementet

357 551

333 280

1410.51

Klima- og miljødepartementet

196 973

272 488

1301.50

Samferdselsdepartementet

140 026

143 200

601.50

Arbeids- og sosialdepartementet

136 724

159 850

Totalt

8 040 192

8 221 731

FoU-innsatsen i statsbudsjettet og utviklinga i FoU-innsatsen

Forsking og utvikling i statsbudsjettet for 2017

Hovudprioriteringane på forskingsområdet i statsbudsjettet for 2017 følger opp prioriteringane i langtidsplanen for forsking og høgre utdanning.

Med bakgrunn i statsbudsjettanalysen for 2016 frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) viser eit førebels overslag frå Kunnskapsdepartementet at dei samla løyvingane til forsking og utvikling i budsjettforslaget til regjeringa for 2017 er på om lag 34,5 mrd. kroner. Dette utgjer 1,05 pst. av overslaget for BNP i 2017. Dette er ein nominell auke på 1,9 mrd. kroner frå 2016. Dersom ein inkluderer Skattefunn-ordninga, blir den offentlege FoU-innsatsen på om lag 37,7 mrd. kroner i 2017. Inkludert provenyeffekten av Skattefunn utgjer FoU-innsatsen 1,15 pst. av overslaget for BNP i 2017. Tabellen nedanfor viser overslaget over løyvingane til FoU over statsbudsjettet fordelte på departement. Tala er usikre. NIFU vil legge fram endelege tal for FoU-løyvingane i juni 2017.

Tabell 5.2 Overslag over løyvingane til FoU over statsbudsjettet

i mill. kroner

Departement

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Endring 2016–2017

Arbeids- og sosialdepartementet

282

310

28

Barne- og likestillingsdepartementet

163

157

-6

Finansdepartementet

128

144

16

Forsvarsdepartementet

1 140

1 168

28

Helse- og omsorgsdepartementet

4 560

4 556

-4

Justis- og beredskapsdepartementet

84

112

28

Klima- og miljødepartementet

856

964

108

Kommunal- og moderniseringsdepartementet

1 086

1 319

233

Kulturdepartementet

199

203

4

Kunnskapsdepartementet

16 240

16 724

484

Landbruks- og matdepartementet

661

801

140

Nærings- og fiskeridepartementet

3 812

4 809

997

Olje- og energidepartementet

1 046

1 018

-28

Samferdselsdepartementet

332

349

17

Statsbankane

534

501

-33

Utanriksdepartementet

1 568

1 406

-162

Totalt

32 691

34 541

1 850

Auken i løyvingane til forsking svarer til ein realvekst på 3,1 pst. Auken i FoU-løyvingane skriv seg delvis frå ein auke i løyvingane på postar med FoU-del og delvis frå konkrete FoU-satsingar, sjå nedanfor.

Auken i budsjettet til Kunnskapsdepartementet skriv seg særleg frå auka løyvingar til universitet og høgskolar og satsingar på stimuleringsmidlar til auka deltaking i Horisont 2020, Fri prosjektstøtte og rekrutteringsstillingar.

Auken i budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet skriv seg i hovudsak frå kostnader knytte til bygging av det isgåande forskingsfartøyet «FF Kronprins Haakon» på om lag 1 mrd. kroner.

Reduksjonen på budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet skriv seg hovudsakleg frå kutt i løyvingane til Forskingsrådet.

Auken i budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet skriv seg frå auka løyvingar til bygg i universitets- og høgskolesektoren.

Auken i budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet og reduksjonen på budsjettet til Barne- og likestillingsdepartementet kjem frå flytting av midlar frå budsjettet til Barne- og likestillingsdepartementet i samband med overføring av ansvaret for integreringsfeltet til Justis- og beredskapsdepartementet.

Auken i budsjettet til Landbruks- og matdepartementet kjem frå innlemming av forskingsavgifta på landbruksprodukt i statsbudsjettet frå og med 2017, og satsing på forsking på biobaserte næringar.

Auken i budsjettet til Klima- og miljødepartementet kjem frå satsingar på forsking på lågutsleppssamfunnet, ny forskingsinfrastruktur i Ny-Ålesund og forsking på marine økosystem og reint hav.

Reduksjonen i budsjettet til Olje- og energidepartementet skriv seg frå reduksjon på posten for forsking, utvikling og demonstrasjon av CO2handtering.

Reduksjonen i løyvingar på budsjettet til Utanriksdepartementet kjem av reduserte løyvingar til forskingsfartøy, som var ferdig bygd i 2016.

Reduksjonen i budsjettet til Statsbankane skriv seg frå bortfall av eittårige innovasjonssatsingar i Innovasjon Noreg.

FoU-statistikk

Dei samla FoU-utgiftene i Noreg i 2014 var på 53,9 mrd. kroner. Dette inneber ein realauke på tre pst. frå 2013 og ein gjennomsnittleg realauke per år på 2,5 pst. frå nivået i 2004. Realauken er den største sidan 2008. FoU-utgiftene i 2014 utgjorde 1,71 pst. av bruttonasjonalprodukt (BNP). Det er den nest høgste delen FoU-utgifter i høve til BNP som er målt etter 2009. I høve til Fastlands-BNP er nivået på FoU-utgiftene i 2014 det høgste som er målt, på 2,13 pst.

Figur 5.3 Samanlikning med OECD-landa på ulike indikatorar for FoU-intensitet

Figur 5.3 Samanlikning med OECD-landa på ulike indikatorar for FoU-intensitet

Verdiane i figuren er viste som pst. av den høgste verdien på indikatoren blant OECD-landa. Punktmerka viser verdien for Noreg og OECD-landa samla. Den svarte horisontale linja viser medianverdien, altså den verdien som skil OECD-landa i to like store grupper. Den grå boksen skil mellom kvartilane, altså slik at halvparten av OECD-landa har verdiar på indikatoren ein plass inni boksen. Dataa er for siste tilgjengelege år, som for dei fleste landa er 2014 (tal for finansiering frå 2013 for Noreg). FoU-utgifter per innbyggar er i kjøpekraftsjusterte dollar i faste 2010-prisar.

Kjelde: OECD Main Science and Technology Indicators 2016:1

FoU-intensiteten målt i høve til BNP er mindre i Noreg enn gjennomsnittet i OECD (2,38 pst. i 2014), og under medianen blant OECD-landa (sjå figur 5.3). Ser vi på FoU-personale per sysselsette eller FoU-utgifter per innbyggar, ligg Noreg noko over OECD-gjennomsnittet. Rangeringa er ulik om vi ser på FoU-utgifter finansierte av offentlege kjelder eller av føretakssektoren. Per innbyggar og justert for forskjellar i kjøpekraft er Noreg blant landa i OECD som har dei høgste FoU-utgiftene finansierte av offentlege kjelder, medan FoU-utgiftene finansierte av føretakssektoren er lågare enn OECD-gjennomsnittet. I Noreg er om lag 45 pst. av FoU-utgiftene finansierte av det offentlege, medan næringslivet finansierer om lag 41 pst.

Figur 5.4 Utvikling i FoU-intensitet i Noreg og FoU-løyvingar i statsbudsjettet

Figur 5.4 Utvikling i FoU-intensitet i Noreg og FoU-løyvingar i statsbudsjettet

Det grå feltet viser utviklinga i løyvingar til FoU i statsbudsjettet (ikkje medrekna Skattefunn) i faste prisar (høgre akse). Den stipla linja viser dette talet i pst. av BNP (venstre akse). Dei heiltrekte linjene viser tal frå FoU-statistikken over FoU utført i Noreg i pst. av BNP (venstre akse).

Kjelde: NIFU/SSB (FoU-statistikk) og NIFU (statsbudsjettanalyse)

I tillegg til FoU-statistikken, som er basert på oppgåver frå dei FoU-utførande sektorane om faktisk utført FoU i Noreg, blir det også gjort ein analyse av løyvingane til FoU i statsbudsjettet. Denne analysen blir utført av forskingsinstituttet NIFU, og sidan han tar utgangspunkt i formålet med løyvingane, kan han produserast tidlegare enn FoU-statistikken. FoU-løyvingane i 2016 har NIFU talfesta til 32,7 mrd. kroner. I tillegg kjem støtta til FoU gjennom Skattefunn-ordninga, talfesta til 3,1 mrd. kroner i 2016. FoU-løyvingane i statsbudsjettet er viste i faste prisar i det grå feltet i figur 5.4. Den stipla linja i figuren viser FoU-løyvingane i pst. av BNP. FoU-løyvingane i 2016 er talfesta til 1,04 pst. av prognosen for BNP, som vil vere det høgste nokon gang. FoU-løyvingane var 0,86 pst. av BNP i 2013.

Næringslivet er den største FoU-utførande sektoren målt i utgifter og årsverk brukte på FoU. Næringslivet utførte FoU for 24,8 mrd. kroner i 2014, og stod dermed for 46 pst. av dei totale FoU-utgiftene i Noreg. Universitet og høgskolar stod for 26 pst. med 14 mrd. kroner, instituttsektoren (unntatt helseføretak og private, ideelle sjukehus) stod for 22 pst. med 11,6 mrd. kroner, og helseføretaka stod for seks pst. med 3,4 mrd. kroner.

Frå 2013 til 2014 auka FoU-utgiftene i næringslivet med 6,7 pst. i faste prisar. Blant universitet og høgskolar auka FoU-utgiftene med 2,3 pst., medan FoU-utgiftene i forskingsinstitutta gjekk ned med 1,9 pst. Sidan 2007 har helseføretaka hatt den største auken, med ein gjennomsnittleg årleg realauke på om lag tre pst. til nivået i 2014. Næringslivet hadde ein gjennomsnittleg årleg auke på to pst. i same periode, medan forskingsinstitutt, universitet og høgskolar hadde ein årleg auke på om lag ein pst.

6 Ressursar i grunnopplæringa

Innleiing

Kapitlet gir informasjon om ressursbruken i grunnopplæringa. Talet på elevar og lærlingar er avgjerande for ressursbruken i skolen. Talet på lærarar, skolestruktur og anna har òg innverknad på kostnadsnivået, men dette er til dels gjenstand for lokale prioriteringar og påverka av til dømes tilgangen på lærarar.

Det er kommunane og fylkeskommunane som er ansvarlege for drifta av høvesvis grunnskolen og vidaregåande opplæring. Grunnskolen og den vidaregåande opplæringa blir i hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane. Både i kommunane og i fylkeskommunane er opplæring ein stor og viktig sektor. Samla brutto driftsutgifter til grunnskoleopplæring var i 2015 på 76,5 mrd. kroner. Tilsvarande var samla brutto driftsutgifter til vidaregåande opplæring i 2015 om lag 35 mrd. kroner.

Ressursbruken i grunnopplæringa i Noreg har vore relativt stabil i dei siste åra når det gjeld både totale ressursar og ressursar per elev.

Kapitlet startar med ei orientering om utviklinga i talet på elevar og lærlingar i grunnopplæringa, med informasjon om mellom anna fordeling på utdanningsprogram. Vidare er det presentert tal på lærarårsverk og assistentar, før det blir gitt ein omtale av skolestruktur og gruppestorleik. Dei neste temaa er kommunale utgifter til grunnopplæring og utgifter per elev, samt vaksne i grunnopplæringa, leirskoleordninga, skolefritidsordninga (SFO) og leksehjelp. Mot slutten av kapitlet er internasjonale undersøkingar omtalte.

Talgrunnlaget er i hovudsak henta frå Grunnskolens Informasjonssystem (GSI), Statistisk sentralbyrå (SSB), KOSTRA (Kommune Stat Rapportering) og Utdanningsspeilet 2016 frå Utdanningsdirektoratet.

Elevar og lærlingar i grunnopplæringa

Tabell 6.1 Talet på elevar i grunnskolen i perioden 2009–10 til 2015–16. Ordinære grunnskolar

Skoleår

Barnetrinnet

Ungdomstrinnet

Totalt

2009–10

424 052

191 831

615 927

2010–11

423 333

192 549

615 973

2011–12

423 374

190 960

614 413

2012–13

424 993

189 846

614 894

2013–14

425 917

189 368

615 327

2014–15

430 864

188 132

618 996

2015–16

438 387

185 368

623 755

Kjelde: GSI

98 pst. av alle elevane som gjekk ut av 10. trinn i grunnskolen våren 2015, gjekk direkte over i vidaregåande opplæring same haust. Dette er same del som året før. Om lag halvparten av elevane som begynte på 1. trinn i vidaregåande opplæring hausten 2015, begynte på eit studieførebuande program.

Tabellen nedanfor viser talet på elevar på studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram på dei tre stega i vidaregåande skole. At talet på elevar på yrkesfaglege program går ned på Vg3 samanlikna med på Vg2, skyldast at dei fleste elevane på dei yrkesfaglege programma blir lærlingar eller vel å ta påbygging til generell studiekompetanse etter Vg2.

Tabell 6.2 Fordeling av elevar på utdanningsprogram og -nivå i vidaregåande skole

Steg 1

(Vg1)

Steg 2

(Vg2)

Steg 3

(Vg3)

År

Studieførebuande

Yrkesfagleg

Studieførebuande

Yrkesfagleg

Studieførebuande

Yrkesfagleg

I alt

2011–12

36 086

40 428

30 829

35 428

46 537

6 345

195 653

2012–13

37 079

42 200

31 410

35 551

48 362

6 190

200 792

2013–14

37 235

39 808

32 626

35 488

48 764

6 135

200 056

2014–15

37 215

38 203

32 961

33 960

49 612

6 267

198 218

2015–16

37 364

38 725

33 291

33 662

50 647

6 485

200 174

Kjelde: SSB

Per 1. oktober 2015 var det registrert 39 872 lærlingar og 2 023 lærekandidatar. Dette er 917 fleire lærlingar enn på same tidspunkt i 2014, mens det er 107 fleire lærekandidatar. Hausten 2015 søkte totalt 28 038 elevar om læreplass. Det er 1 100 fleire enn året før. Det er flest søkarar til læreplassar i teknikk og industriell produksjon, helse- og oppvekstfag og bygg- og anleggsteknikk. For meir informasjon om elevar og lærlingar i grunnopplæringa, sjå Utdanningsspeilet 2016.

Lærarårsverk

Årsverk til undervisningspersonale blir berekna på bakgrunn av registrerte årstimar. I 2015 er det berekna talet på årsverk til undervisning og andre oppgåver 57 612; det er ein liten auke frå året før.

Tabell 6.3 Berekna årsverk til undervisning og andre oppgåver i grunnskolen, utvikling i årsverk

År

Berekna årsverk til undervisning og andre oppgåver, sum årsverk

Av dette andre oppgåver

2010–11

57 705

7 072

2011–12

57 447

6 855

2012–13

57 458

6 965

2013–14

57 614

6 978

2014–15

57 331

6 518

2015–16

57 612

6 407

Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)

Tabellen nedanfor viser at talet på årsverk til assistentar har vore relativt stabilt i perioden frå 2010–11 til 2015–16.

Tabell 6.4 Årsverk til bruk for assistentar med oppgåver knytte til undervisninga i perioden frå 2010–11 til 2015–16

Skoleår

Assistentårsverk

2010–11

8 432

2011–12

8 515

2012–13

8 140

2013–14

8 234

2014–15

8 167

2015–16

8 417

Kjelde: GSI

Assistenttimar til spesialundervisning er registrerte særskilt i GSI. Sjå omtale under spesialundervisning.

I 2015 var talet på lærarårsverk i vidaregåande skole 23 403. Dette er ein auke frå året før. Sidan 2011 har talet på lærarårsverk i vidaregåande opplæring auka med 803 årsverk.

Tabell 6.5 Utvikling i talet på lærarårsverk i vidaregåande opplæring

Skoleår

Lærarårsverk i vidaregåande opplæring, avtalte årsverk i fylkeskommunale skolar

2011–12

22 600

2012–13

22 903

2013–14

22 848

2014–15

22 830

2015–16

23 403

Kjelde: KOSTRA

Skolestruktur

I skoleåret 2015–16 var det 2 867 grunnskolar i Noreg. Dette er ein nedgang på 19 skolar frå skoleåret 2014–15. Av dei 2 867 skolane var 224 frittståande grunnskolar. 3,5 pst. av elevane i grunnskolen gjekk på ein frittståande grunnskole hausten 2015.

Når det gjeld storleiken på grunnskolane i Noreg, varierer denne frå berre nokre få elevar til nærare 800 elevar på dei største skolane. Tabellen nedanfor illustrerer fordelinga av små, mellomstore og store skolar. Det har over tid vore ei utvikling i retning av fleire store skolar og færre små skolar.

Tabell 6.6 Fordeling av små, mellomstore og store grunnskolar (i pst.)

2000

2005

2010

2015

Færre enn 100 elevar

37

37

33

30

100–299 elevar

41

39

40

40

300 elevar eller meir

22

25

27

30

Kjelde: SSB

I 2015 gjekk sju pst. av elevane på skolar med mindre enn 99 elevar, 36 pst. gjekk på skolar som har mellom 100 og 299 elevar, og 57 pst. gjekk på skolar med meir enn 300 elevar. Sidan skoleåret 2002–03 har meir enn 50 pst. av elevane gått på store skolar (meir enn 300 elevar).

Tidlegare kartleggingar av skolenedleggingar har vist at den viktigaste årsaken til at skolar blei lagde ned, var lågt elevtal. Andre viktige faktorar var kommuneøkonomi, og problem med å rekruttere kvalifiserte lærarar. I dei fleste tilfella der kommuneøkonomi blei oppgitt som årsak, var dette i kombinasjon med få elevar.

Hausten 2015 var det 423 vidaregåande skolar i landet. Av desse var 92 private.

Gruppestorleik

Indikatoren «berekna gjennomsnittleg gruppestorleik» kjem fram ved å sjå på forholdet mellom elevtimar og lærartimar. Med elevtimar meiner ein totale ordinære timar til undervisning som elevane får kvart år. Lærartimar er summen av alle timar lærarane gir undervisning per år. Indikatoren gruppestorleik gir uttrykk for kor mange elevar ein lærar har i gjennomsnitt per undervisningstime. Gruppestorleik bør sjåast som ein indikasjon, og ikkje som eit absolutt mål, da tala er usikre.

Gruppestorleik 1 omfattar timar til spesialundervisning og særskild norskopplæring for språklege minoritetar (i alle offentlege og private grunnskolar unntatt spesialskolar og utanlandsskolar). Sidan desse timane blir inkluderte, kan det føre til at gruppestorleiken verkar lågare enn det nokre elevar og lærarar opplever i kvardagen.

Gruppestorleik 2 er ein annan måte å rekne ut gruppestorleik på. Her er timar til spesialundervisning og til særskild norskopplæring for språklege minoritetar tatte ut av både lærartimar og elevtimar i berekninga. Denne indikatoren er ikkje i same grad som gruppestorleik 1 eigna til å måle endringar i ressursinnsats over tid fordi endringar knytte til spesialundervisning og særskild norskopplæring vil kunne påverke indikatoren. Gruppestorleik 2 gir eit bilde av ressursinnsatsen for dei elevane som ikkje mottar særskilde individretta styrkingstiltak.

Tabell 6.7 Gjennomsnittleg gruppestorleik i grunnskolen

År

Gruppestorleik 1

Gruppestorleik 2

2010–11

13,4

16,9

2011–12

13,4

16,9

2012–13

13,5

16,9

2013–14

13,5

16,8

2014–15

13,5

16,8

2015–16

13,5

16,8

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Dei berekna gruppestorleikane har vore relativt stabile på heile 2000-talet. Det er stor variasjon i gruppestorleik mellom kommunane, slik det går fram på figur 6.1. Figuren viser samanhengen mellom gruppestorleik 2 og talet på elevar ved skolen, for alle grunnskolar i Noreg. Det er ein positiv korrelasjon mellom gruppestorleik og talet på elevar ved skolen. Dette gir uttrykk for at skolestruktur er ein viktig faktor for ressursbruken i skolen. Samtidig viser figuren at det er få skolar på landsbasis som har ein gruppestorleik på over 25 elevar.

Figur 6.1 Variasjon i gruppestorleik 2 og skolestorleik i norske grunnskolar

Figur 6.1 Variasjon i gruppestorleik 2 og skolestorleik i norske grunnskolar

Kjelde: Utdanningsdirektoratet. Skoleåret 2015–16

Kommunal ressursbruk

Korrigerte brutto driftsutgifter viser dei utgiftene kommunane har til undervisning, inkludert drift av skolelokale og skyss. Tabellen nedanfor viser at korrigerte brutto driftsutgifter per elev i grunnskolen var 108 511 kroner i 2015. Dette er ein auke på 2,7 pst. frå 2014. I vidaregåande opplæring var korrigerte brutto driftsutgifter per elev på studieførebuande program 128 047 kroner, og på yrkesfaglege program 158 160 kroner, det vil seie ein vekst på høvesvis 3,3 pst. og fire pst. Den kommunale deflatoren var i same periode på 2,9 pst. Det vil seie at det i snitt ikkje har vore nokon stor realauke i utgifter per elev.

Tabell 6.8 Korrigerte brutto driftsutgifter per elev, løpande prisar

2012

2013

2014

2015

Grunnskolen

Korrigerte brutto driftsutgifter per elev

98 353

101 964

105 654

108 511

Lønnsutgifter per elev

77 897

80 683

83 989

85 806

Driftsutgifter til inventar og utstyr per elev

851

893

932

974

Driftsutgifter til undervisningsmateriell per elev

1 387

1 358

1 396

1 429

Vidaregåande opplæring

Korrigerte brutto driftsutgifter per elev i studieførebuande utdanningsprogram

115 093

118 671

123 902

128 047

Lønnsutgifter per elev i studieførebuande utdanningsprogram

71 531

73 948

76 138

79 221

Korrigerte brutto driftsutgifter per elev i yrkesfaglege studieprogram

140 881

145 302

152 132

158 160

Lønnsutgifter per elev i yrkesfaglege utdanningsprogram

92 250

96 168

99 545

104 517

Kjelde: KOSTRA, Statistisk sentralbyrå

Lønnsutgiftene er den klart største driftskostnaden både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. I grunnskolen utgjorde lønnsutgiftene 79 pst. av dei totale driftskostnadene, medan den same delen i vidaregåande opplæring var 62 pst. på allmennfaglege og 66 pst. på yrkesfaglege studieretningar i 2015.

Det er store kommunale forskjellar i ressursbruk i skolen. I kommunar med spreidd busetnad er det fleire mindre skolar for at reiseavstanden til elevane skal vere akseptabel. Om lag 75 pst. av variasjonen mellom kommunane når det gjeld kor mykje pengar dei bruker på skole, kan forklarast med ulik kostnadsstruktur. Frie inntekter i form av eigedomsskatt og kraftinntekter har òg ein tydeleg effekt på utgiftsnivået. Kommunar med høge inntekter bruker meir pengar på skole. Den resterande variasjonen mellom kommunar kan mellom anna skyldast variasjonar i elevsamansettinga. Spesielt for små kommunar kan elevar med behov for ekstrainnsats vere utslagsgivande. Ulikskapar kan òg skyldast ulik politisk prioritering mellom kommunar.

Spesialundervisning

Elevar som ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har krav på spesialundervisning. Delen elevar med spesialundervisning i grunnskolar og spesialskolar auka moderat etter innføringa av Kunnskapsløftet, men har i dei siste åra stabilisert seg på om lag åtte pst. Dei siste fire åra har det vore ein svak nedgang i delen av elevar med spesialundervisning. Hausten 2015 låg delen som fekk spesialundervisning på 7,9 pst. av alle elevar i grunnskolen. 68 pst. av alle elevar som mottar spesialundervisning, er gutar.

I løpet av barnetrinnet og utover ungdomstrinnet aukar delen av elevar med spesialundervisning, som figuren under viser. Hausten 2015 hadde 3,8 pst. av elevane på 1. trinn enkeltvedtak om spesialundervisning. På 10. trinn var delen av elevar med spesialundervisning 10,6 pst. Når det gjeld omfanget av lærarressursar som blei sette av til spesialundervisning, fekk om lag 49 000 elevar spesialundervisning med lærar i 2015. Dette utgjer 97 pst. av alle elevane i ordinær grunnskoleopplæring som har enkeltvedtak om spesialundervisning.

Figur 6.2 Prosentdel av elevar med enkeltvedtak av totalt tal på elevar, fordelt på årstrinn. Skoleåret 2015–16

Figur 6.2 Prosentdel av elevar med enkeltvedtak av totalt tal på elevar, fordelt på årstrinn. Skoleåret 2015–16

Kjelde: GSI

Språklege minoritetar

I opplæringslova § 2-8 heiter det at elevar i grunnskolen med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg kunnskap i norsk til å følge den vanlege opplæringa i skolen. Hausten 2015 fekk 43 394 elevar særskild norskopplæring, om lag same omfang som året før. Elevane har om nødvendig òg rett til morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring. Hausten 2015 var det 1 640 elevar som fekk berre morsmålsopplæring, 8 578 elevar som fekk berre tospråkleg fagopplæring, og 2 126 elevar som fekk begge delar. Somalisk, arabisk og polsk var dei vanlegaste språka. For meir om dette temaet, sjå Utdanningsspeilet 2016.

Våren 2015 fekk 960 barn i grunnskolealder som var busette i mottak, opplæring. I tillegg fekk 146 barn i aldersgruppa 16-18 år opplæring. 102 einslege mindreårige asylsøkarar i omsorgssenter fekk opplæring. For meir om dette, sjå omtale under kap. 225 post 64.

Vaksne i grunnopplæringa

Vaksne som treng grunnskoleopplæring, har rett til slik opplæring dersom dei sjølve ønsker det (jf. opplæringslova § 4A-1). Talet på vaksne som får opplæring på grunnskolenivå, har vore relativt stabilt sidan 2002. Hausten 2015 var det 10 991 vaksne som fekk grunnskoleopplæring. Det er ein auke på 920 i høve til året før. Av dei som fekk slik opplæring i 2015, var det 3 523 som fekk spesialundervisning. Dette er 131 færre enn i 2014. Det har vore ein jamn nedgang i talet på vaksne som får spesialundervisning dei siste åra.

Vaksne som ikkje har gjort bruk av retten til vidaregåande opplæring som ungdom, får rett til vidaregåande opplæring som vaksne frå og med det året dei fyller 25 år. Opplæringa skal vere tilpassa behova og livssituasjonen til den enkelte. Vaksne som ønsker å gjennomføre vidaregåande opplæring, kan søke om ordinært inntak og konkurrere om plassane med søkarane med ungdomsrett, eller dei kan søke om individuelt opptak basert på realkompetanse. Med dette alternativet blir undervisninga ofte komprimert og/eller avkorta. Vaksne kan òg søke vidaregåande opplæring gjennom private tilbydarar av opplæring, til dømes studieforbund, men det meste av opplæringa skjer i dei vidaregåande skolane. Dei fleste vaksne får opplæring gjennom vaksenopplæringstilbod og er ikkje ein del av den generelle søkar- og elevstatistikken for vidaregåande opplæring.

Samla deltok 24 866 vaksne i vidaregåande opplæring i skoleåret 2015–16, mot 24 232 året før. Av desse blei elleve pst. realkompetansevurderte. For meir informasjon om vaksne i grunnopplæringa, sjå Utdanningsspeilet 2016.

Leirskole

Rapportering frå fylkesmennene viser at 49 794 elevar drog på leirskole i 2015. Dette utgjer om lag 8 pst. av alle elevane i grunnskolen. Frå og med skoleåret 2015–16 har det blitt gjort endringar i rapporteringa av elevar på leirskole. GSI publiserer ikkje lenger statistikk for planlagde leiskoleopphald. I staden rapporterer fylkesmennene om innvilga leirskoletilskott. Dette gjer at talet for 2015 ikkje nødvendigvis kan samanliknast med tidlegare år. GSI-tal frå tidlegare år viste at i underkant av ti pst. av alle elevane i grunnskolen planla å reise på leirskole kvart år.

Skolefritidsordninga

Hausten 2015 gjekk i alt 159 633 barn i skolefritidsordning (SFO). Delen barn på 1.–4. trinn som gjekk i SFO, var på 62 pst. Delen har auka frå 55 pst. i 2002. 57 pst. av barna i SFO hadde fulltidsplass. I gjennomsnitt var foreldrebetalinga for ein elev med fulltidsplass i SFO 2 335 kroner per månad i skoleåret 2015–16 (GSI-tal for opphaldstid på 20 timar). I 2014–15 var talet 2 256 kroner.

Leksehjelp

Hausten 2010 blei det innført eit lovfesta tilbod om åtte veketimar med gratis leksehjelp etter skoletid for alle elevar på 1.–4. trinn, jf. Innst. 12 S (2009–2010) og Innst. 279 L (2009–2010). Frå og med hausten 2014 er loven endra, jf. Innst. 223 L (2013–2014), slik at kommunane no sjølve vel på kva for trinn dei vil tilby leksehjelpa i grunnskolen.

Kommunane har ansvaret for tilbodet, og det kan organiserast slik det er mest formålstenleg ut frå lokale tilhøve. Tilbodet skal vere gratis, omfatte alle, og vere frivillig for kvar enkelt elev. Tal frå GSI viser at i skoleåret 2015–16 deltok 109 594 barn på 1.–10. trinn på leksehjelp. Dette utgjer 17,6 pst. av elevane, ein nedgang frå 18,7 pst. året før.

Internasjonale samanlikningar

Noreg bruker mykje ressursar på utdanning samanlikna med andre land, viser tal for 2013 frå OECD (Education at a Glance 2016: OECD Indicators). Dersom ein ser på utgiftene per elev, har Noreg dei tredje høgste utgiftene til grunnskolen og vidaregåande opplæring blant OECD-landa. Det er særleg den høge lærartettleiken som forklarer den høge ressursbruken i Noreg. Også målt som del av BNP for Fastlands-Noreg per innbyggar er ressursbruken i Noreg av dei høgste i OECD.

7 Ressursar i barnehagesektoren

Innleiing

Kapitlet gir informasjon om status for og utvikling i ressursbruken i barnehagesektoren. Barnehagane blir i all hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane og foreldrebetalinga. Barnehagesektoren er eit av dei største tenesteområda i kommunane. Samla brutto driftsutgifter til barnehagar i 2015 var om lag 46 mrd. kroner, og utgjorde om lag tolv pst. av driftsutgiftene i kommunane.

Første del av kapitlet gir ei oversikt over utviklinga i talet på barn i barnehage, og gir mellom anna informasjon om dekningsgradar for ulike aldersgrupper og om opphaldstid i barnehagen. Det neste temaet er barnehagestruktur og ulikskap mellom barnehagar. Vidare er det ein omtale av personalet i barnehagane, den formelle kompetansen deira og utdanning av barnehagelærarar. Kapitlet inneheld òg informasjon om likestilling, minoritetsspråklege barn og tilsette og barn med nedsett funksjonsevne i barnehage. Til sist i kapitlet er det ein omtale av kostnadene i og finansieringa av barnehagane.

Talgrunnlaget er henta frå Statistisk sentralbyrå (SSB), rapportering frå barnehagane (BASIL), KOSTRA (Kommune Stat Rapportering), Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) og ulike undersøkingar som er gjennomførte på oppdrag frå departementet.

Barn i barnehage

Tabell 7.1 Tal på barn i barnehage, auke i talet på barn i barnehage og barnehageplassar, dekningsgrad og gjennomsnittleg opphaldstid, 2012–15

2012

2013

2014

2015

Tal på barn i barnehage

286 153

287 177

286 414

283 608

Endring i talet på barn i barnehage (frå året før)

3 416

1 024

-763

-2 806

Endring i talet på heiltids barnehageplassar (frå året før)

5 181

2 697

342

-1 717

Dekningsgrad 1–5 år

90,1

90,0

90,2

90,4

Dekningsgrad 1–2 år

80,2

79,8

80,1

80,7

Dekningsgrad 3–5 år

96,7

96,6

96,7

96,6

Dekningsgrad 0 år

3,8

3,2

3,6

3,7

Dekningsgrad 1 år

69,6

68,9

68,5

69,7

Dekningsgrad 2 år

90,5

90,6

91,3

91,6

Dekningsgrad 3 år

95,3

95,3

95,5

95,7

Dekningsgrad 4 år

97,1

96,9

97,0

96,9

Dekningsgrad 5 år

97,6

97,5

97,5

97,3

Gjennomsnittleg avtalt opphaldstid per veke

43,7

43,9

44,1

44,3

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Ved utgangen av 2015 gjekk om lag 283 600 barn i ordinær barnehage eller familiebarnehage. Dette er ein nedgang i talet på barn i barnehage frå 2014 og skyldast ein nedgang i talet på barn i alderen 1–5 år i befolkninga. I tillegg hadde 171 opne barnehagar kapasitet til å ta imot om lag 4 600 barn i 2015. Barn under tre år utgjorde 35 pst. av alle barn i barnehage.

I 2015 hadde 94,3 pst. av barna heiltidsplass i barnehagen mot 69,6 pst. i 2005, altså avtalt opphaldstid på 41 timar i veka eller meir. Gjennomsnittleg avtalt opphaldstid har i same periode auka frå 39,0 til 44,3 timar per veke.

Dekningsgraden i 2015 for barn i alderen eitt til fem år var 90,4 pst. mot 90,2 pst. i 2014. Tilsvarande tal for 2005 var 76,2 pst. Dekningsgraden har halde seg stabil frå 2014 i alle aldersgrupper, med størst endring for eittåringane med ein auke frå 68,5 pst. i 2014 til 69,7 pst. i 2015.

Tabell 7.2 Tal på barn i barnehage etter eigarforhold, offentleg og privat, 2012–15

2012

2013

2014

2015

Offentlege

150 777

149 870

147 726

144 645

– kommunale

149 949

149 097

147 493

143 879

– fylkeskommunale/statlege

828

773

233

766

Private

135 376

137 307

138 688

139 039

– kyrkjelyd/trussamfunn

7 551

7 470

7 579

7 500

– foreldreeigde

32 285

31 435

30 930

30 559

– husmorlag/sanitetsforeining

907

772

714

685

– bedrift

39 101

39 086

43 070

6 689

– pedagogisk/ideologisk org.

8 117

8 408

7 826

4 988

– enkeltpersonar

16 801

15 909

15 120

12 863

– konsern/aksjeselskap

50 985

– stiftelse

6 244

– studentsamskipnad

2 221

2 344

– andre

30 614

34 227

33 662

16 182

I alt

286 153

287 177

286 414

283 684

Note: Barn som går i familiebarnehagar, er inkluderte i tabellen. I 2015 gjekk 110 barn i offentlege familiebarnehagar, og 4 508 barn gjekk i private familiebarnehagar.

Note: Rapporteringa blei noko endra med fleire alternativ for private barnehagar i 2014 og 2015. Dette er forklaringa på den store nedgangen i talet på bedriftsbarnehagar frå 2014 til 2015.

Kjelde: Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå

Ved utgangen av 2015 var det 6 088 barnehagar i Noreg, inkludert familiebarnehagar og opne barnehagar. Av desse var 2 821 kommunale, 15 statlege og 3 251 private barnehagar. Frå 2008 har det vore ein stabil nedgang i talet på barnehagar, og frå 2014 til 2015 har det vore ein reduksjon på 118 barnehagar. Private barnehagar har stått for hovudtyngda av veksten i barnehageplassar i dei siste åra. Unntaket var i 2012, da 57 pst. av veksten i talet på barn i barnehage var i offentlege barnehagar. I 2015 var det ein nedgang i talet på plassar i offentlege barnehagar, medan det var ein auke i talet på plassar i private barnehagar. Delen barn med barnehageplass i ein privat barnehage har derfor auka. Offentleg og privat del av barnehagesektoren er framleis relativt jamstore. I 2015 hadde 51 pst. av barna plass i ein offentleg barnehage, medan 49 pst. hadde plass i ein privat barnehage.

Barnehagestruktur

Tabell 7.3 Tal på barn i barnehage og tal på barnehagar etter barnehagestorleik, 2013–15

2013

2014

2015

Barn i barnehage

Barnehagar

Barn i barnehage

Barnehagar

Barn i barnehage

Barnehagar

1–25 barn

24 107

1 835

23 073

1 756

22 410

1 668

26–50 barn

65 832

1 762

63 179

1 700

62 715

1 682

51–75 barn

96 590

1 569

100 010

1 630

98 844

1 609

76 barn eller fleire

100 648

1 008

100 152

998

99 639

991

I alt

287 177

6 174

286 414

6 084

283 608

5 970

Note: Opne barnehagar er ikkje inkluderte i talet på barnehagar.

Kjelde: Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå

Talet på store barnehagar og barn med plass i ein stor barnehage auka i mange år, men frå 2014 til 2015 har det vore ein nedgang. Men det var òg ein nedgang i talet på barn og barnehagar for dei mindre barnehagane. I 2015 gjekk 35 pst. av alle barnehagebarn i barnehagar med 76 barn eller fleire. Dette er uendra frå 2013 og 2014.

Statistikken viser at grunnbemanninga i barnehagane i 2015 på nasjonalt nivå i gjennomsnitt var 6,0 barn per vaksen dersom ein korrigerer for alder og opphaldstid. Det er ein liten nedgang frå 2014. Her er ein vaksen målt i årsverka til pedagogiske leiarar og assistentar.

Det er stor variasjon i barnehagesektoren både på barnehagenivå og på kommunenivå, men tala, ikkje berre for dei sterkaste, men særleg for dei svakaste, har betra seg frå 2013 og 2014.

Tabell 7.4 Ulikskap i barnehagesektoren i 2015

Barnehagar – 2015

Sterkaste 10 pst.

Svakaste 10 pst.

Barn (korrigerte for alder og opphaldstid) per pedagogisk leiar med godkjent utdanning (årsverk)

12,0

22,4

Barn (korrigerte for alder og opphaldstid) per årsverk i grunnbemanninga

5,1

6,7

Barn (korrigerte for alder og opphaldstid) per barnehagelærar i grunnbemanninga

10,0

21,6

Areal (kvm) per barn

8,3

4,3

Kommunar – 2015

Sterkaste 10 pst.

Svakaste 10 pst.

Barn (korrigerte for alder og opphaldstid) per pedagogisk leiar med godkjent utdanning (årsverk)

11,9

22,0

Barn (korrigerte for alder og opphaldstid) per årsverk i grunnbemanninga

4,6

6,3

Barn (korrigerte for alder og opphaldstid) per barnehagelærar i grunnbemanninga

10,0

19,6

Areal (kvm) per barn

10,5

5,2

Note: Grunnbemanninga er pedagogiske leiarar og assistentar.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL)

Tabellen illustrerer at det framleis er stor skilnad i strukturkvalitet mellom barnehagane, altså dei målbare faktorane som utgjer ramma rundt barnehagekvardagen, som talet på barn per vaksen (bemanningstettleik), den formelle kompetansen til personalet og dei fysiske omgivnadene. Til dømes er det i dei ti pst. barnehagane med flest barn per barnehagelærar i grunnbemanninga over dobbelt så mange barn per barnehagelærar som i dei ti pst. barnehagane med høgst pedagogtettleik.

I dei ti pst. barnehagane med mange tilsette med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar har nesten 40 pst. av assistentane i grunnbemanninga fagbrev, medan ingen av assistentane i grunnbemanninga har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar i meir enn ti pst. av barnehagane.

I dei ti pst. barnehagane med mest plass per barn er det minst 8,3 kvadratmeter per barn, mens det er mindre enn 4,3 kvadratmeter per barn i dei ti pst. barnehagane med minst plass per barn.

Ulikskapen mellom dei ti pst. kommunane med best bemanning og mest areal per barn og dei ti pst. kommunane med dårlegast bemanning og minst areal per barn er også stor, og tala er liknande som på barnehagenivå.

Vanleg storleik på ei gruppe med små barn (0–2 år) er ni barn, mens det for store barn (3–5 år) er 18 barn. 80 pst. av barnehagane har grupper for små barn i storleiken 8–15 barn og 13–25 store barn. Om lag 80 pst. av barnehagane er organiserte med avdelingar. I barnehagar som ikkje er organiserte i avdelingar, er gjennomsnittleg storleik for ei gruppe med små barn elleve og for store barn 18. Dette er uendra frå 2014.

Personalet i barnehagen

Barnehagar med kompetente tilsette er ein føresetnad for å kunne gi alle barn eit godt pedagogisk tilbod. Dette ligg til grunn for regjeringa si kompetansesatsing og kompetansestrategien Kompetanse for framtidens barnehage. Strategi for kompetanse og rekruttering (2014–2020).

Delen pedagogiske leiarar og styrarar med godkjent utdanning er ikkje lik over heile landet. Mange stader er det tilstrekkeleg godt kvalifisert pedagogisk personale i barnehagane. Oslo, Akershus og Rogaland er dei fylka som har størst vanskar med å rekruttere nok pedagogar.

Tabell 7.5 Personalet i barnehagen, 2013–15

2013

2014

2015

Tal på tilsette

93 573

93 814

93 974

Tal på årsverk

74 373

74 998

74 647

Tal på tilsette utan merkantilt, administrativt personale m.m.

84 044

84 030

84 536

Tal på barn per årsverk korrigerte for alder og opphaldstid

6,1

6,1

6,0

Tal på styrarar og pedagogiske leiarar

32 853

31 817

33 245

Styrarar med dispensasjon frå utdanningskravet (årsverk)

72

58

41

– i pst. av styrarar (årsverk)

1,4

1,1

0,8

Pedagogiske leiarar med dispensasjon frå utdanning skravet (årsverk)

2 907

2 183

1 631

– i pst. av pedagogiske leiarar (årsverk)

12,0

9,2

6,6

Tilsette med barnehagelærarutdanning

31 541

32 558

34 059

– i pst. av dei tilsette utan merkantilt, administrativt personale m.m.

37,5

38,7

40,3

Tilsette med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar

12 279

13 210

14 370

– i pst. av dei tilsette utan merkantilt, administrativt personale m.m.

14,6

15,7

17,0

Kjelde:  Utdanningsdirektoratet (BASIL)

Ved utgangen av 2015 var det om lag 94 000 tilsette som utførte i underkant av 75 000 årsverk i barnehagane. Om lag 84 500 av dei tilsette arbeider med barna, og i overkant av 33 000 av desse var styrarar og pedagogiske leiarar. Delen av dei tilsette med barnehagelærarutdanning og fagbrev har auka i perioden 2013–15. Delen styrarar og pedagogiske leiarar med dispensasjon frå utdanningskravet er nær halvert på to år, frå 1,4 pst. av styrarane og 12 pst. av dei pedagogiske leiarane i 2013, til 0,8 pst. av styrarane og 6,6 pst. av dei pedagogiske leiarane i 2015.

Tabell 7.6 Utdanning av barnehagelærarar ved statlege og private høgskolar og universitet, 2012–15

2012

2013

2014

2015

Opptak til førskole-/barnehagelærarutdanning

2 940

2 859

2 851

3 062

– av dette menn

542

549

531

557

– del menn (i pst.)

18,4

19,2

18,6

18,2

Uteksaminerte førskole-/barnehagelærarar

1 897

2 080

1 862

2 082

– av dette menn

227

224

202

268

– del menn (i pst.)

12,0

10,8

10,8

12,9

Kjelde: Database for statistikk om høgre utdanning (DBH)

Talet på studentar som starta på barnehagelærarutdanninga, auka med om lag 200 studentar frå 2014 til 2015. Talet på ferdig uteksaminerte barnehagelærarar auka med 200 i same tidsrom, men er i 2015 på same nivå som i 2013. Delen mannlege studentar har auka noko i det siste året etter ein liten nedgang frå 2013 til 2014. Delen menn som blir uteksaminerte, har variert, men har auka frå 2014 til 2015. Moglegheitene for barnehagelærarstudium har samtidig blitt meir mangfaldige og tilgjengelege, med studieplassar fordelte på både ordinær barnehagelærarutdanning på heiltid eller deltid, variantar av nettbaserte og samlingsbaserte studium og arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning. I tillegg kan pedagogar med minst tre års høgre utdanning kvalifisere seg for fast stilling som pedagogisk leiar ved å ta vidareutdanning i barnehagepedagogikk.

Likestilling

Av alle tilsette i basisverksemda i barnehagen i 2015 var 8,8 pst. menn, totalt om lag 6 700 personar. Basisverksemda omfattar styrarar, pedagogiske leiarar og assistentar. Frå 2012 til 2015 har talet på menn i basisverksemda hatt ein liten auke.

15,0 pst. av barnehagane hadde minst 20 pst. menn tilsette i basisverksemda i 2015. Dette er ein nedgang frå 15,4 pst. i 2014 og 15,6 pst. i 2013. Samtidig har delen barnehagar med minst éin mann tilsett i basisverksemda auka frå 49,8 pst. i 2014 til 51 pst. i 2015.

Tabell 7.7 Menn i barnehagane, 2012–15

2012

2013

2014

2015

Menn tilsette i basisverksemd

6 429

6 621

6 607

6 736

– i pst. av tilsette i basisverksemd

8,5

8,7

8,7

8,8

Mannlege styrarar og pedagogiske leiarar

2 272

2 410

2 407

2 556

Mannlege assistentar

4 157

4 211

4 200

4 180

Note: Frå 2014 er assistentar ei samlegruppe for kategoriane barnehagelærar eller tilsvarande, barne- og ungdomsarbeidar og assistentar. I tala for assistentar frå 2011 til 2013 er ikkje kategorien tospråklege assistentar inkludert.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL)

Minoritetsspråklege barn og tilsette med innvandrarbakgrunn i barnehage

Talet på minoritetsspråklege barn i barnehage har auka med meir enn 2 000 frå 2014 til 2015, og i dei siste fire åra har det vore ein auke på 9 000 minoritetsspråklege barn i barnehage. Delen minoritetsspråklege barn av alle barn i barnehage har auka frå 9,3 pst. i 2009 til 15,3 pst. i 2015. Av dei minoritetsspråklege barna var det i 2015 om lag 15 500 barn som fekk tilbod om særskild språkstimulering. Dette er ein auke på om lag 700 barn frå 2014. Delen minoritetsspråklege barn som fekk tilbod om særskild språkstimulering, har halde seg relativt stabil i perioden 2012–15.

Tabell 7.8 Minoritetsspråklege barn i barnehage, alder 0–6 år og del med tilbod om særskild språkstimulering 2012–15

2012

2013

2014

2015

Tal på minoritetsspråklege 0–6-åringar i barnehage

34 363

37 894

41 265

43 429

– i pst. av alle barn i barnehage

12,0

13,2

14,4

15,3

Tal på minoritetsspråklege med tilbod om særskild språkstimulering

12 391

13 329

14 786

15 473

– i pst. av alle minoritetsspråklege barn i barnehage

36,1

35,2

35,8

35,6

Note: Minoritetsspråklege barn blir her definerte som barn med ein annan språk- og kulturbakgrunn enn norsk, med unntak av barn som har samisk, svensk, dansk eller engelsk som morsmål.

Kjelde: Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå

I 2015 gjekk 77,6 pst. av alle minoritetsspråklege barn i alderen eitt til fem år i barnehage. Det er ein nedgang på 1,4 prosentpoeng frå 2014, etter mange år med aukande dekningsgrad. Det har vore ein nedgang i dekningsgraden frå 2014 til 2015 for alle aldersgrupper unntatt for eittåringane, der det var ein liten auke. Det har i dei seinare åra vore ein auke i dekningsgraden for dei yngste barna, og det har særleg vore ein stor auke i dekningsgraden for toåringane, men i 2015 er denne trenden brote.

Staten gir eit øyremerkt tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealderen, jf. kap. 231 post 63.

Tabell 7.9 Dekningsgrad for minoritetsspråklege i barnehagen 2012–15

2012

2013

2014

2015

Dekningsgrad minoritetsspråklege 1–5-åringar

75,0

76,8

79,0

77,6

Dekningsgrad minoritetsspråklege 1-åringar

36,5

39,5

39,9

40,2

Dekningsgrad minoritetsspråklege 2-åringar

68,2

72,3

76,6

75,4

Dekningsgrad minoritetsspråklege 3-åringar

85,5

86,0

89,6

87,8

Dekningsgrad minoritetsspråklege 4-åringar

92,0

93,5

93,3

92,5

Dekningsgrad minoritetsspråklege 5-åringar

96,9

95,3

96,5

93,2

Note: Minoritetsspråklege barn blir her definerte som barn med ein annan språk- og kulturbakgrunn enn norsk, med unntak av barn som har samisk, svensk, dansk eller engelsk som morsmål.

Kjelde: Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå

Tabell 7.10 Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre sysselsette i barnehagar. Alle arbeidsforhold, 2012–15

2012

2013

2014

2015

Barnehagelærar av yrke og/eller med barnehagelærarutdanning

1 861

1 998

2 196

2 288

I pst. av alle barnehagelærarar

6,0

6,3

6,7

6,9

Anna pedagogisk personell i barnehagane

774

847

869

860

I pst. av alt anna pedagogisk personell

31,4

36,9

32,0

31,5

Barnehageassistentar

7 971

8 485

8 674

5 113

I pst. av alle assistentar

14,6

15,6

16,2

17,1

Anna personell

1 613

1 664

1 790

1 023

I pst. av alt anna personell

19,5

20,1

22,2

26,2

Del innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre sysselsette i barnehagar, alle arbeidsforhold

12,7

13,4

14,0

14,4

Note: Innvandrarar er definerte som personar fødde i utlandet med foreldre og besteforeldre fødde i utlandet.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

I 2015 var 6,9 pst. av dei sysselsette i barnehage som var barnehagelærarar av yrke og/eller hadde barnehagelærarutdanning, innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre. Denne delen har auka jamt frå 6,0 pst. i 2012. Tilsvarande hadde om lag 32 pst. av anna pedagogisk personell, 17 pst. av assistentane og 26 pst. av anna personell i barnehagane innvandrarbakgrunn i 2015.

Av om lag 8 000 studentar i barnehagelærarutdanninga i 2015 var 10,8 pst. innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre. I 2014 var delen 9,4 pst. og i 2009 var delen 6,1 pst.

Barn med nedsett funksjonsevne i barnehage

Barnehagar er eit viktig pedagogisk tiltak for barn med nedsett funksjonsevne. Barn med nedsett funksjonsevne skal derfor ha prioritet ved opptak. I 2015 var det 4 301 barn med nedsett funksjonsevne som blei tatte opp ved prioritet etter barnehagelova § 13. 7 944 barn under opplæringspliktig alder, eller 2,8 pst. av alle barn i barnehage, fekk spesialpedagogisk hjelp etter § 5-7 i opplæringslova.

Tabell 7.11 Barn med nedsett funksjonsevne i barnehage 2012–15

2012

2013

2014

2015

Barn med nedsett funksjonsevne som er tatte opp ved prioritet etter barnehagelova § 13

5 084

4 808

4 458

4 301

Barn som fekk spesialpedagogisk hjelp etter § 5-7 i opplæringslova

6 577

6 959

7 799

7 944

– i pst. av alle barn i barnehage

2,3

2,4

2,7

2,8

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL)

Kostnader i og finansiering av barnehagar

Tabellane nedanfor viser brutto og netto driftsutgifter i kommunane til barnehage, korrigerte driftsutgifter per barn og per opphaldstime for kommunale barnehagar, og kor stor del av drifta av barnehagane som er finansiert av det offentlege og med foreldrebetaling.

Delen barnehageutgifter av dei samla brutto driftsutgiftene til kommunane har vore stabil rundt tolv pst. i perioden 2010–15 og var i 2015 46 mrd. kroner. Netto driftsutgifter til barnehage var om lag 41 mrd. kroner og har vore rundt 14,5 pst. av totale netto driftsutgifter i kommunane i perioden 2011–15.

Tabell 7.12 Driftsutgifter til barnehage i kommunane 2013–15

2013

2014

2015

Brutto driftsutgifter til barnehage (mill. kroner)

42 688

45 762

46 018

Del av brutto driftsutgifter til barnehage (pst.)

11,8

12,1

11,8

Netto driftsutgifter til barnehage (mill. kroner)

37 890

40 721

40 971

Del av netto driftsutgifter til barnehage (pst.)

14,5

15,0

14,8

Note: Løpande nominelle prisar.

Kjelde: Kommunerekneskap, Statistisk sentralbyrå

Det har vore ein auke i dei korrigerte brutto driftsutgiftene per barn i kommunal barnehage på om lag ni pst. frå 2013 til 2015, der den reelle auken har vore på om lag tre pst. Auka personaltettleik og fleire tilsette med relevant utdanning kan medverke til å forklare realveksten i utgifter.

Tabell 7.13 Driftsutgifter per barn og per opphaldstime i kommunale barnehagar 2013–15

2013

2014

2015

Korrigerte brutto driftsutgifter per barn i kommunal barnehage

163 744

174 559

178 162

Korrigerte brutto driftsutgifter til kommunale barnehagar per korrigerte opphaldstime

54

58

59

Note: Løpande nominelle prisar.

Kjelde:  Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå

Barnehagane er delvis finansierte gjennom foreldrebetaling, men er hovudsakleg finansierte av det offentlege. 85,5 pst. av drifta var i 2015 finansiert av det offentlege. Dette er ein liten nedgang frå 86,0 pst. i 2014.

Tabell 7.14 Finansiering av kommunale barnehagar 2013–15

2013

2014

2015

Del av driftsmidlar finansiert gjennom foreldrebetaling (i pst. av totale driftsmidlar)

14,4

14,1

14,5

Del av driftsmidlar finansiert av det offentlege (i pst. av totale driftsmidlar)

85,6

86,0

85,5

Kjelde: Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå

Tabellen nedanfor viser at foreldrebetalinga blei kraftig redusert frå 2015 til 2016 for hushald med låg inntekt. For hushald med ei inntekt på 250 000 kroner blei foreldrebetalinga i kommunale barnehagar redusert med meir enn 40 pst. Dette skyldast at det i 2015 blei innført to moderasjonsordningar for hushald med låg inntekt. Den eine moderasjonsordninga, som blei innført 1. mai 2015, sikrar at foreldrebetalinga per år for ein heiltidsplass i barnehage maksimalt skal utgjere seks pst. av den samla person- og kapitalinntekta til hushaldet. Den andre nasjonale ordninga gav frå 1. august 2015 rett til gratis kjernetid i barnehage for alle fire- og femåringar frå familiar med låg inntekt. Denne ordninga blei utvida til også å gjelde treåringar frå 1. august 2016. Samstundes auka prisen for hushald med ei inntekt på 500 000 kroner med ti pst. Dette skyldast i hovudsak ein auke i maksimalprisen frå januar 2015 til januar 2016.

Tabellen viser betalinga i nominelle prisar. Reduksjonen i reell foreldrebetaling har derfor vore større. I 2016 er maksimalprisen for foreldrebetaling i barnehage 2 655 kroner per månad.

Tabell 7.15 Gjennomsnittlege månadssatsar i kroner (vekta) for foreldrebetaling etter bruttoinntekt, barn over tre år med fulltidsopphald i kommunale barnehagar, 2003–16

Bruttoinntekt

250 000

375 000

500 000

Januar 2003

2 579

3 008

3 097

Januar 2004

2 360

2 731

2 805

Januar 2005

2 356

2 691

2 741

Januar 2006

2 010

2 199

2 257

Januar 2007

2 017

2 235

2 289

Januar 2008

2 114

2 265

2 296

Januar 2009

2 060

2 208

2 261

Januar 2010

2 077

2 218

2 263

Januar 2011

2 106

2 237

2 277

Januar 2012

2 145

2 262

2 297

Januar 2013

2 125

2 258

2 298

Januar 2014

2 187

2 296

2 366

Januar 2015

2 199

2 337

2 416

Januar 2016

1 303

1 967

2 652

Note: Kostpengar og tilleggsutgifter er ekskluderte. Løpande nominelle prisar.

Note: I 2016 er det i rapporten tatt i bruk nye talkjelder. Tidlegare blei KOSTRA-tal brukte, mens det i 2016 er brukt BASIL-tal.

Kjelde:  Statistisk sentralbyrå: «Undersøking om foreldrebetaling i barnehagar, januar 2015» (Rapportar 2015/30), «Foreldrebetaling i barnehagar, januar 2016» (Rapportar 2016/21)

8 Likestilling og arbeid mot diskriminering

Arbeidet med likestilling og mot diskriminering er eit systematisk og langsiktig holdningsarbeid som startar i barnehagen, blir ført vidare i skolen og må ligge til grunn i universiteta og høgskolane og i forskinga. Målet er at alle skal ha like moglegheiter uavhengig av kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne, etnisk bakgrunn og religion.

Likestilling

Kunnskapsdepartementet viser til oppmodingsvedtak nr. 604, 14. april 2016, i samband med handsaminga av Meld. St. 7 (2015–2016) Likestilling i praksis – Like muligheter for kvinner og menn og Innst. 228 S (2015–2016).

«Stortinget ber regjeringen utrede utforming og innføring av ekstrapoeng til gutter og jenter som søker på linjer på videregående skoler der det er for eksempel 80 prosent eller mer av det motsatte kjønn, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Kunnskapsdepartementet vil gi eit oppdrag til Utdanningsdirektoratet om å greie ut utforming av ekstrapoeng til søkarar på linjer i vidaregåande opplæring der det er klar overvekt av jenter eller gutar. Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking (Kif) arbeider for å fremme likestilling mellom kjønna og mangfald ved universiteta, høgskolane og forskingsinstitutta. I inneverande periode, 2014 til 2017, har komiteen særskild merksemd på kjønn og etnisitet. Det er lite kunnskap om kva etnisk bakgrunn har å seie i akademia. Kif bestilte derfor undersøkinga Å være utlending er ingen fordel om mangfald frå Arbeidsforskingsinstituttet (2016:03). Komiteen har òg gitt likestilling særskild merksemd i samband med dei mange fusjonane i strukturprosessen i UH-sektoren.

I 2016 vil SSB og NIFU gi ut ein samla statistikk som belyser mangfaldet i landbakgrunn blant forskarar og fagleg personale i UH- og instituttsektoren ved hjelp av registerdata. Denne blir gjord tilgjengeleg for alle gjennom ein rapport og gjennom FoU-statistikkbanken til NIFU.

Ordninga med ekstra stipend og moglegheit for utdanningsstøtte om sommaren for studentar med nedsett funksjonsevne og funksjonshemming er gjennomgått av departementet. Ordninga ser ut til å i hovudsak fungere godt, men departementet vil foreslå nokre presiseringar for å gjere ordninga meir målretta. Krav til dokumentasjon og informasjon vil også bli forbetra.

Arbeid mot rasisme, antisemittisme og hatytringar

Dembra – Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme – er eit undervisingsopplegg for skolar til støtte i arbeidet mot rasisme, antisemittisme og udemokratiske holdningar. Dembra er også ein del av det breie arbeidet mot radikalisering og valdeleg ekstremisme. Frå 2016 starta ein prosess med nasjonal spreiing av dei læringsressursane som blei utvikla i pilotperioden frå 2012 til 2015. Dembra vil frå 2016 gradvis bli forankra nasjonalt som eit varig tiltak gjennom blant anna å engasjere dei nasjonale freds- og menneskerettssentera i arbeidet. Departementet vil styrke satsinga på Dembra i 2017 og set av 4 mill. kroner til tiltaket i løyvingsforslaget for kap. 226 post 21.

Det er eit mål for regjeringa å styrke lærarutdanningane og kompetanse til lærarane når det gjeld hatefulle ytringar. Læringsmiljøarbeidet speler også ei viktig rolle for å redusere førekomsten av hatefulle ytringar i opplæringssektoren. Departementet vil sette av 2 mill. kroner i løyvingsforslaget for kap. 226 post 21 i 2017 til utvikling av forskingsbaserte, pedagogiske ressursar om gruppebaserte fordommar. Læringsressursane skal brukast i lærarutdanningane, etterutdanningspakker og til skolebasert kompetanseheving. Læringsressursane som blir utvikla, skal dekke områda hatefulle ytringar, antisemittisme, rasisme, diskriminering av minoritetar og udemokratiske holdningar.

Kunnskapsdepartementet vil i 2017 nytte om lag 4 mill. kroner av løyvingsforslaget for kap. 226 post 21 på å styrke forskinga om antisemittisme og gruppebaserte fordommar gjennom Noregs forskingsråd. Satsinga er ein del av den kommande handlingsplanen mot antisemittisme og gruppebaserte fordommar. Midlane vil særleg gå til rekruttering av forskarar, inkludert både doktorgradsstillingar og postdoktorstillingar. I tillegg kjem midlar frå budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, jf. Prop. 1 S (2016–2017) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Likestilling og arbeidet mot diskriminering i verksemder under Kunnskapsdepartementet

Etter likestillingslova § 1a, diskrimineringslova § 3a og diskriminerings- og tilgjengelova § 3 er alle arbeidsgivarar pålagde å arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremme likestilling og hindre diskriminering (aktivitets- og meldeplikta). Kunnskapsdepartementet skal gjere greie for tilstanden når det gjeld likestilling og diskriminering, i Prop. 1 S. Meldeplikta gjeld òg for verksemder og institusjonar under Kunnskapsdepartementet. I Prop. 1 S blir det gjort ei overordna vurdering av tilstanden. For rapporteringa frå kvar enkelt verksemd blir det vist til årsrapportane til verksemdene.

Ved Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar (Vea), i Utdanningsdirektoratet, ved dei samiske vidaregåande skolane i Karasjok og Kautokeino utgjer kvinner mellom 61 og 69 pst. av dei tilsette, mens det i Senter for IKT i utdanninga er ei jamnare fordeling mellom kjønna. I dei spesialpedagogiske kompetansesentera (Statped) og ved Sameskolen for Midt-Noreg utgjer kvinnene høvesvis 75 pst. og 72 pst. av dei tilsette. I sekretariatet for Foreldreutvalet for barnehagane og Foreldreutvalet for grunnopplæringa er det ni kvinner og ein mann.

Alle verksemdene arbeider aktivt med å sørge for likestilling når dei rekrutterer nye tilsette, ved fastsetting av lønn og i utforming av personalpolitiske tiltak.

I Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) er 68 pst. av dei tilsette kvinner. Kvinnelege søkarar er i fleirtal til utlyste stillingar. Ved å følge kvalifikasjonsprinsippet får NOKUT dermed eit kvinneoverskott. Dette gjeld i alle avdelingar av verksemda. For leiarstillingane var det 38,5 pst. kvinner i 2015.

Lånekassen har ei lita overvekt av kvinner blant dei tilsette, 55 pst. i 2015. Kvinnedelen gjekk ned med nokre prosentpoeng frå 2013 til 2014, og han gjekk vidare ned frå 2014 til 2015. Det kjem i første rekke av ei jamnare fordeling blant nytilsette. Kjønnsbalansen blir reflektert på dei ulike stillingsnivåa i organisasjonen.

I Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk er 78 pst. av dei tilsette kvinner. Med omsyn til lønn tener menn noko meir enn kvinner blant førstekonsulentar, medan lønnsnivået er om lag det same på leiarnivå og for kvinnelege og mannlege rådgivarar og seniorrådgivarar.

Tabell 8.1 Delen menn og kvinner i ordinære forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet (2015)

Verksemd

Tilsette

Del menn (pst.)

Del kvinner (pst.)

Utdanningsdirektoratet

310

35,5

64,5

Dei samiske vidaregåande skolane, Karasjok og Kautokeino

114

30,7

69,3

Sameskolen for Midt-Noreg

18

27,8

72,2

Spesialpedagogiske kompetansesenter

783

24,8

75,2

Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

36

38,9

61,1

Sekretariatet for Foreldreutvalet for grunnopplæringa og Foreldreutvalet for barnehagane

10

10,0

90,0

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT)

96

32,3

67,7

Senter for IKT i utdanninga

76

46,1

53,9

Statens lånekasse for utdanning

323

44,6

55,4

Dei nasjonale forskingsetiske komitéane

11

54,5

45,5

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

102

21,6

78,4

Kjelde: Tabell 1B Tilsette etter departementsområde inkludert etatar. Talmaterialet baserer seg på lønnsopplysningar som blir innhenta frå a-ordninga. Talmaterialet frå a-ordninga blir overført frå SSB til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som utarbeider talgrunnlag/statistikkrapportar for tilsette i staten (tariffområdet) per 1. oktober 2015

Tabell 8.2 Gjennomsnittleg månadsforteneste for menn og kvinner i ordinære forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet (2015)

Verksemd

Gj.snittleg månadsforteneste, menn

Gj.snittleg månadsforteneste, kvinner

Lønn til kvinner i pst. av lønn til menn

Utdanningsdirektoratet

49 263

47 912

97,2

Dei samiske vidaregåande skolane, Karasjok og Kautokeino

44 384

42 145

95,0

Sameskolen for Midt-Noreg

43 938

34 064

77,5

Spesialpedagogiske kompetansesenter

44 119

43 585

98,8

Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

42 821

40 672

95,0

Sekretariatet for Foreldreutvalet for grunnopplæringa og Foreldreutvalet for barnehagane

44 134

46 000

104,2

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT)

47 513

44 850

94,4

Senter for IKT i utdanninga

51 201

49 392

96,5

Statens lånekasse for utdanning

41 365

40 978

99,1

Dei nasjonale forskingsetiske komitéane

62 612

52 263

83,5

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

46 626

46 885

100,6

Kjelde:  Pivottabell per 31. september 2015 utarbeidd av Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Likestilling og arbeid mot diskriminering i Kunnskapsdepartementet

Som arbeidsgivar er Kunnskapsdepartementet pliktig til å arbeide for å betre kjønnslikestillinga og for betre mangfald i samfunnet. Departementet har som mål å oppnå best mogleg kjønnsbalanse i organisasjonen og gi dei tilsette tilgang til utvikling, karriere og velferd uavhengig av kjønn, etnisk bakgrunn og funksjonsevne.

Per 1. oktober 2015 var 64,8 pst. av dei tilsette i departementet kvinner. Dette er ein liten nedgang samanlikna med 2014.

Tabell 8.3 Delen menn og kvinner og gjennomsnittleg lønn per årsverk omfatta av Hovedtariffavtalen og toppleiinga

Kjønn

Lønn

Menn (pst.)

Kvinner (pst.)

Totalt (N)

Menn (kr)

Kvinner (kr)

Tilsette i Kunnskapsdepartementet omfatta av Hovedtariffavtalen i staten

2015

35,2

64,8

298

54 157

51 492

2014

33,7

66,3

306

52 372

48 962

Toppleiing

Departementsråd/ekspedisjonssjef

2015

75,0

25,0

8

110 239

102 099

2014

75,0

25,0

8

106 194

98 667

Kjelde:  Uttrekk frå SAP per 31. desember 2015 og Tabell 3 utarbeidd av Kommunal- og moderniseringsdepartementet på bakgrunn av tal frå Statens sentrale tenestemannsregister per 1. oktober 2014

Tabell 8.4 Delen menn og kvinner etter stillingskode i Kunnskapsdepartementet

Kjønn

Menn (pst.)

Kvinner (pst.)

Totalt (N)

Mellomleiarar

Avdelingsdirektør, direktør, kommunikasjonssjef

2015

43,9

56,4

39

2014

42,2

57,8

45

Sakshandsaming

Underdirektør, spesialrådgivar, prosjektleiar, fagdirektør

2015

38,5

61,5

13

2014

50,0

50,0

12

Seniorrådgivar

2015

39,7

60,3

179

2014

36,3

63,7

171

Rådgivar

2015

19,0

81,0

42

2014

28,6

71,4

49

Førstekonsulent

2015

22,2

78,8

9

2014

11,8

88,2

17

Administrativt personale

Seniorkonsulent

2015

0,0

100,0

11

2014

0,0

100,0

9

Lærling

2014

0,0

100,0

3

2014

0,0

100,0

3

Kjelde: Uttrekk frå SAP per 31. desember 2015 og Tabell 3 utarbeidd av Kommunal- og moderniseringsdepartementet på bakgrunn av tal frå Statens sentrale tjenestemannsregister (SST) per 1. oktober 2014

Per 1. oktober 2015 var 56,4 pst. av mellomleiarane i Kunnskapsdepartementet kvinner. Kvinnerepresentasjonen i toppleiargruppa var på 25 pst. Gjennom fleire år har departementet lagt vekt på å rekruttere, kvalifisere og motivere kvinner til leiande stillingar.

Dei lokale partane drøftar detaljert lønnsstatistikk ein gong i året, mellom anna med tanke på å avdekke om kvinner og menn er lønte ulikt. Partane er samde om at ein ikkje finn systematisk ulikskap som kan vere knytt til kjønn når ein samanliknar menn og kvinner innanfor same stillingskode. At snittlønna for kvinner er 95,1 pst. av snittlønna for menn, skyldast at kvinner er i fleirtal i dei lågt lønte stillingskodane (seniorkonsulent, førstekonsulent, rådgivar).

Statistikken for oktober 2015 syner at 8,4 pst. av kvinnene er lønte i deltidsstilling, medan det same gjeld for 1 pst. av dei mannlege tilsette. Tala for 2014 viser at høvesvis 18,2 pst. og 5,8 pst. var lønte i deltidsstillingar.

Overtida i departementet har blitt redusert med 976 timar samanlikna med i 2014, det vil seie 10,3 pst. I 2015 arbeidde ein kvinneleg tilsett i Kunnskapsdepartementet i snitt 28,7 timar overtid. Det tilsvarande timetalet for ein mannleg tilsett var 28,3 timar.

Likestillingstiltak i Kunnskapsdepartementet: kjønn, etnisk bakgrunn og nedsett funksjonsevne

Rekruttering

Det er personalpolitiske mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og å legge til rette for personar med nedsett funksjonsevne. Kunnskapsdepartementet arbeider for å rekruttere tilsette med innvandrarbakgrunn, og for at talet på nytilsette med nedsett funksjonsevne skal auke. Det er sett i gang fleire administrative tiltak for å få til dette. Departementet har innført testverktøy i rekrutteringsprosessar for å sikre likebehandling av søkarar uavhengig av kjønn, etnisk bakgrunn og funksjonsevne. Departementet si personal- og leiarhandbok gjer greie for regelverket for innkalling av kandidatar med innvandrarbakgrunn til intervju og prioritering av kandidatar med nedsett funksjonsevne. Leiarhandboka har òg lenkje til Mangfoldsportalen og til inspirasjonsheftet Overser du kompetanse?, som er utvikla av det tidlegare Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, Helsedirektoratet og Likestillings- og diskrimineringsombodet. Kunnskapsdepartementet deltar aktivt på karrieredagar ved aktuelle utdanningsinstitusjonar, og prøver så langt det er mogleg å ha tilsette med ulik etnisk bakgrunn med på slike arrangement. Det er utvikla ei mentorordning blant anna med tanke på tilsette med annan etnisk bakgrunn enn norsk.

Departementet har få søkarar som skriv at dei har nedsett funksjonsevne, og som søker ordinære stillingar. Departementet vil søke å rekruttere fleire søkarar med nedsett funksjonsevne, mellom anna gjennom tiltak i IA-avtalen for departementet.

Lønns- og arbeidsvilkår, karriereutvikling

Kunnskapsdepartementet vil legge til rette for gode arbeidsvilkår for ulike fasar i livet. Departementet drøftar mellom anna lønnspolitikken med vekt på likestilling med dei hovudtillitsvalde kvart år. Departementet har òg utarbeidd ein samla personalstatistikk for å sikre systematisk arbeid for å forbetre arbeidsvilkår, minske sjukefråvær, osv.

Kunnskapsdepartementet har eit breitt internt utviklings- og opplæringstilbod. Tiltaka medverkar til likestilling og like moglegheiter for alle tilsette. Departementet vil føre vidare ordningar med mellom anna intern coaching, mentorar, utvikling av leiarar og medarbeidarar, internasjonale og nasjonale hospiteringsordningar osv., med vekt på at tilboda skal bli gitte til alle tilsette.

Tiltak mot trakassering

Departementet har utvikla rutinar for varsling i tråd med reglane i arbeidsmiljølova. I tillegg har departementet regelmessige undersøkingar av arbeidsmiljøet, der tilsette kan gi varsel om mobbing anonymt.

9 Sektorovergripande klima- og miljøpolitikk

Klima- og miljøpolitikken til regjeringa bygger på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å legge miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine, og for å medverke til at dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla kan bli nådde. Vidare har sektorstyresmaktene ansvaret for å gjennomføre tiltak innanfor sine eigne område for å nå måla i klima- og miljøpolitikken. For ein omtale av regjeringa si samla klima- og miljøpolitikk, sjå Prop. 1 S (2016–2017) for til Klima- og miljødepartementet.

Det er ein klima- og miljødimensjon i alle sektorane til Kunnskapsdepartementet. Ny innsikt og erkjenning og dyktige folk med gode evner er utgangspunktet for korleis vi møter store utfordringar i samfunnet. Vi treng forsking for å utvikle ein god og fornuftig klima- og miljøpolitikk og dei gode klima- og miljøløysingane. Og vi treng utdanning som gir oss den kunnskapen, dei dugleikane og holdningane som er nødvendige for å møte utfordringane.

Kunnskapsdepartementet arbeider for å ha ein god miljøprofil innanfor dei ulike sektorane departementet og underliggande verksemder er med på å forme. Målet for Kunnskapsdepartementets arbeid på klima- og miljøområdet er at utdanning og forsking skal bidra til berekraftig utvikling og omstilling til lågutsleppssamfunnet gjennom utvikling og formidling av kunnskap som bidrar til ny innsikt, gode løysingar og folk med gode dugleikar.

Formidling av kunnskap om og gode holdningar til miljøet er ein integrert del av det pedagogiske opplegget i barnehagane og skolane. Ifølge formålsparagrafen i barnehagelova skal barnehagen la barna få utfalde skaparglede, undring og utforskartrong og lære dei å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen. Natur, miljø og teknikk er eitt av sju fagområde i rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen. For å støtte barnehagane i arbeidet er det utarbeidd eit temahefte om natur og miljø.

Utdanning for berekraftig utvikling er integrert i læreplanverket for Kunnskapsløftet. Elevane og lærlingane skal, i tråd med formålsparagrafen, lære å tenke kritisk og handle etisk og miljøbevisst, i tråd med prinsippa bak det grøne skiftet.

I samarbeid med Klima- og miljødepartementet har Kunnskapsdepartementet ført vidare arbeidet med Den naturlege skolesekken. Skolesekken medverkar til å styrke kvaliteten på opplæringa og auke forståinga av nytten og bruken av naturfaga, samt fremmar undervisning for berekraftig utvikling. Skolen utarbeider undervisningsopplegg i samarbeid med eksterne aktørar, mellom anna lokale natur- og friluftsorganisasjonar. Den naturlege skolesekken gir skolane tilgang til faglege digitale ressursar som Kart i skolen, ein ressurs som legg til rette for utvida bruk av det lokale nærmiljøet til skolane i undervisninga. Samstundes skal Nettverk for miljølære gi skolane tilbod om faglege aktivitetar og felles arenaer for arbeidet med miljø og klima som òg bygger opp under arbeidet med det grøne skiftet.

I den omstillinga som arbeidslivet i Noreg er inne i no, er realfagleg kompetanse viktig for å skape innovasjon som bidrar til det grøne skiftet. Gjennom realfagsstrategien Tett på realfag (2015–2019) for barnehagen og grunnopplæringa vil regjeringa forbetre motivasjon, læring og resultat i realfaga. Regjeringa foreslår å styrke strategien med 30 mill. kroner i 2017. Ordninga med realfagskommunar blir ført vidare. I samband med revideringa av rammeplanen for innhald og oppgåver i barnehagen skal departementet styrke det realfaglege innhaldet i rammeplanen.

Strategien for utdanning for bærekraftig utvikling (2010–2015), som var ei nasjonal oppfølging av FNs utdanningstiår for berekraftig utvikling, blei avslutta i 2015. UNESCO har, basert på breie konsultasjonar og innspel frå mange interessentar, utvikla eit globalt handlingsprogram for utdanning for berekraftig utvikling – GAP ESD. Programmet blei godkjent på UNESCOs generalkonferanse i 2013. Noreg vil legge dette programmet til grunn for arbeidet framover med berekraftig utvikling i utdanninga.

Norsk forsking og utdanning er i fronten internasjonalt innanfor fagområde som er knytte til klima og miljø. Noreg har òg eit velutvikla næringsliv på mange av dei områda der auka innsats i forsking og høgre utdanning har eit stort potensial for verdiskaping. Langtidsplanen for forsking og høgre utdanning er eit viktig verkemiddel for Kunnskapsdepartementet sitt arbeid med miljø- og klimautfordringa innanfor forsking og høgre utdanning framover. Langtidsplanen legg rammene for korleis regjeringa skal styrke forsking og høgre utdanning for å møte utfordringane og gripe moglegheitene i tida framover, mellom anna dei utfordringane og moglegheitene som ligg i omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Klima, miljø og miljøvennleg energi er ei tydeleg prioritering i planen, og forsking og høgre utdanning innanfor andre hovudprioriteringar er òg i høgste grad relevante for omstilling til lågutsleppssamfunnet.

Kunnskapsdepartementet støttar miljøforsking gjennom ulike satsingar og program som Forskingsrådet har på miljøområdet, og gjennom verkemiddel i Forskingsrådet som ikkje er særskilt målretta mot miljø. I tillegg finansierer òg universiteta og høgskolane mykje miljø- og klimarelevant forsking over grunnløyvinga si. Deltaking i EUs rammeprogram Horisont 2020 er òg eit viktig bidrag til klima- og miljørelevant forsking. Klima og berekraftig utvikling er eit gjennomgåande tema i Horisont 2020, og 60 pst. av totalbudsjettet til Horisont 2020 skal gå til forskingsprosjekt som bidrar til berekraftig utvikling.

I 2015 gjekk 552 mill. kroner av Kunnskapsdepartementets midlar gjennom Forskningsrådet til forsking på miljøområdet. Dette er om lag 50 mill. kroner meir enn i 2014. Talet omfattar både forsking som er finansiert gjennom forskingsprogram der klima og miljø er eit hovudformål, som til dømes KLIMAFORSK, og forsking finansiert gjennom verkemiddel som ikkje er særskilt målretta mot miljø, som Open arena for framifrå forsking (FRIPRO), løyvingar til forskingsinfrastruktur, senter for framifrå forsking (SFF) og senter for forskingsdriven innovasjon (SFI). Forsking på miljøområdet omfattar både klima-, miljø- og energiforsking. Ein monaleg del av Kunnskapsdepartementet sine midlar til forsking på miljøområdet gjennom Forskingsrådet går til polarforsking, klimaforsking og forsking på miljøvennleg energi.

Sidan 2010 har departementet gitt ei ekstraordinær støtte til det internasjonalt leiande klimaforskingssenteret Senter for klimadynamikk (SKD) ved Bjerknessenteret. Bjerknessenteret er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Uni Research AS, Havforskningsinstituttet og Nansensenteret for miljø og fjernmåling. Løyvinga er tolvårig og varer til 2021, på det vilkåret at senteret får ei tilfredsstillande halvvegsevaluering. I dei tre første åra var løyvinga 20 mill. kroner årleg. Frå 2013 auka løyvinga til 25 mill. kroner.

SIOS er eit norskleidd samarbeid mellom institusjonar med relevant forskingsinfrastruktur på Svalbard (laboratorium, observatorium, feltutstyr mv.). Målet er å legge til rette for tverrvitskaplege studium av jordsystemet, der havstraumar, atmosfæriske og geologiske tilhøve, is- og snødekke, planter og dyr heng saman i kompliserte mønster. Regjeringa vil legge til rette for at SIOS kan bli formelt etablert innan utgangen av 2016. Kunnskapsdepartementet sette med det siktemålet i gang eit interimsprosjekt i oktober 2015, leidd av Universitetssenteret på Svalbard (UNIS).

Meteorologisk institutt har i tillegg til ei rekke andre funksjonar ei viktig rolle når det gjeld å kartlegge klimaendringar. Instituttet skal følge den globale og den nasjonale klimautviklinga, og skal gi tilfredsstillande klimainformasjon for samfunnsplanlegging og for utforming av Noregs klimapolitikk. Instituttet skal arbeide for at styresmakter, næringsliv, institusjonar og folk flest best mogleg skal få høve til å sikre liv og verdiar gjennom planmessig klimatilpassing. Klimatilpassingsarbeidet er frå 2014 – i samarbeid med Klima- og miljødepartementet – styrka ved auka satsing på Norsk klimaservicesenter (KSS), som Meteorologisk institutt leier. KSS legg til rette og formidlar klima- og hydrologiske data slik at dei kan brukast til klimatilpassing og i vidare forsking om effekten av klimaendringar på natur og samfunn. Senteret er eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt, Noregs vassdrags- og energidirektorat og Uni Research / Bjerknessenteret, og der Miljødirektoratet er representert i styringsgruppa.

Artsdatabanken gir ei nasjonal elektronisk oversikt over eigenskapar til, og omfang av, biologisk mangfald i Noreg. Artsdatabanken samlar data frå ei rekke institusjonar som universitetsmusea, miljøforskingsinstitutta, forvaltningsorgan og frivillige organisasjonar. I dei seinare åra har dei òg fått tilgang til data som er samla inn i samband med konsekvensutgreiingar, frå konsulentselskap og andre kommersielle verksemder. Viktige produkt og tenester frå Artsdatabanken er Raudlistene for artar og naturtypar, Svartliste for framande artar og ulike tenester som koplar naturkunnskap med elektroniske kart. Tenestene til Artsdatabanken er særleg viktige for miljøforvaltning, undervisning og forsking, men dei har òg blitt svært populære blant allmenta, som opptrer som både brukarar og bidragsytarar.

Eit anna viktig tiltak som Kunnskapsdepartementet finansierer, er den norske medlemskapen i Global Biodiversity Information Facility (GBIF). GBIF er eit internasjonalt initiativ for å sikre elektronisk tilgang til data om biologisk mangfald for forskarar og andre interesserte over heile verda. Den norske GBIF-noden er lagd til Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. GBIF-Noreg samarbeider tett med Artsdatabanken om å legge til rette artsdata frå universitetsmusea, forskingsinstitutt, forvaltningsorgan og frivillige organisasjonar for bruk i miljøforvaltning, undervisning og forsking.

Universitetsmusea forvaltar store vitskaplege natur- og kulturhistoriske samlingar. Desse musea har ei viktig miljøpolitisk rolle gjennom forsking og formidling knytte til samlingane, særskilt når det gjeld tidsseriar og materiale som er innsamla over mange tiår. Gjennom den nordiske forskarskolen i biosystematikk har universitetsmusea fått ei større rolle i undervisning og kompetanseheving innanfor klassisk biologi. Natur- og miljøforvaltninga i Noreg er mellom anna avhengig av denne kompetansen for å kunne følge opp naturmangfaldlova.

10 Samfunnstryggleik og beredskap

Kunnskapsdepartementet sitt hovudmål med arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i kunnskapssektoren er å førebygge uønskte hendingar og minske konsekvensane dersom slike hendingar skulle oppstå.

Barnehagetilsette, lærarar, vitskapleg personale og andre i sektoren utgjer om lag 300 000 tilsette. Totalt omfattar kunnskapssektoren om lag 1,6 mill. barn og vaksne. Obligatorisk tiårig grunnskole og høg dekningsgrad i barnehage og vidaregåande opplæring gjer at ein svært stor del av årskulla frå eitt til 19 år har tilhald i barnehage eller skole mange timar dagleg. Både barnehagar, grunnskolar, vidaregåande skolar og lærebedrifter har eit ansvar for at barna og ungdommane er trygge der dei er. Dette handlar både om personleg tryggleik med tanke på liv og helse, og om tryggleik for at til dømes personopplysningar ikkje kjem i feil hender. Dette er ei utfordring med tanke på beredskap både for den einskilde barnehage- og skoleeigaren, og for den einskilde barnehagen og skolen. Tilsvarande er det ofte store samlingar av studentar og tilsette ved universitet, høgskolar og fagskolar. Universitet og høgskolar forvaltar store verdiar, som historiske bygningar, vitskapleg utstyr, forskingsdata og vitskaplege og historiske samlingar, særleg ved universitetsmusea i Oslo, Bergen, Trondheim, Tromsø og Stavanger.

Dei store menneskesamlingane på avgrensa område gjer at kunnskapssektoren har utfordringar med omsyn til samfunnstryggleik og beredskap innanfor ulike scenario, som smittefare, ulykker, vald og terror. For å styrke kunnskapen om førebuing og beredskap knytt til handtering av tilsikta valdelege hendingar utarbeidde Utdanningsdirektoratet og Politidirektoratet i 2013 rettleiinga Alvorlige hendelser i barnehager og utdanningsinstitusjoner. Politiet følger opp rettleiinga i form av eit opplæringsprogram som blir gjennomført av lokalt politi og rettar seg mot eigarar av barnehagar og utdanningsinstitusjonar. På nettsida til Utdanningsdirektoratet ligg òg anna støttemateriell, mellom anna eksempel på beredskapsplanar.

Våren 2015 sende Helse- og omsorgsdepartementet i samarbeid med Kunnskapsdepartementet ut rundskrivet I-6/2015 til alle barnehage- og skoleeigarar om beredskap i barnehagar og skolar. Rundskrivet er ei presisering av at forskrifta om miljøretta helsevern i barnehagar og skolar omfattar ei plikt for eigaren ved leiaren av verksemda til å vurdere risikoen for alvorlege tilsikta hendingar og risikoreduserande tiltak. Helsedirektoratet har òg utarbeidd ei rettleiing til forskrift om miljøretta helsevern på nettsida si.

Meteorologisk institutt forvaltar kritisk infrastruktur, og meteorologiske tenester utgjer ein kritisk allmenn innsatsfaktor ved at det blir levert naudsynt meteorologisk informasjon til befolkninga og andre verksemder med kritisk samfunnsfunksjon.

Verksemdene i kunnskapssektoren har ulike eigeformer. Det finst mellom anna kommunale og private barnehagar, kommunale og private skolar, fylkeskommunale og private fagskolar, statlege og private universitet og høgskolar. I tillegg kjem folkehøgskolar, som i stor grad er eigde av stiftelsar. Kunnskapsdepartementet styrer barnehageområdet, grunnopplæringsområdet og høgre utdanning med mellom anna juridiske og økonomiske verkemiddel, og styringslinjene varierer. Arbeidet i Kunnskapsdepartementet med samfunnstryggleik og beredskap må sjåast i samanheng med styringsskilnadene mellom områda, og med dei utfordringane som finst innanfor kvart område. Til dømes har Kunnskapsdepartementet eit særskilt ansvar for samfunnstryggleik og beredskap ved dei statlege høgre utdanningsinstitusjonane, medan kommunane har det operative ansvaret for samfunnstryggleik og beredskap i skolar og barnehagar. Kommuneundersøkinga 2016 viser at det er store variasjonar mellom kommunane når det gjeld beredskapsplanar og øving. Det viktige arbeidet med å definere korleis Kunnskapsdepartementet skal praktisere sektoransvaret sitt overfor verksemder med ulike eigeformer, vil halde fram. Departementet vil også halde fram med å legge stor vekt på arbeidet med informasjonstryggleik og på å ha god oversikt over risiko og sårbarheit i sektoren. I 2016 kom ny og revidert utgåve av departementets Styringsdokument for arbeidet med samfunnssikkerhet og beredskap i kunnskapssektoren.

For å oppfylle hovudmålet med samfunnstryggleik og beredskap i kunnskapssektoren om å førebygge uønskte hendingar og minske konsekvensane dersom dei skulle oppstå, er det viktig at verksemder på alle nivå i kunnskapssektoren

  • utarbeider risiko- og sårbarheitsanalysar tilpassa verksemda, samt delanalysar av særskilde utfordringar i den einskilde verksemda

  • utarbeider krise- og beredskapsplanar som sikrar ei god krisehandtering, og som styrker evna til krisehandtering i organisasjonen

  • gjennomfører øvingar for å teste sin eigen beredskap, og for å gjere tilsette i stand til å takle dei utfordringane som kan komme ved kriser

  • arbeider systematisk med informasjonstryggleik og personvern og ser til at arbeidet med informasjonstryggleik er i samsvar med lover og forskrifter

11 Forenklingsarbeid, modernisering og betre gjennomføringskraft

Kunnskapsdepartementet planlegg å gjennomføre fleire tiltak som vil forenkle, modernisere og betre gjennomføringskrafta i kunnskapssektoren. I dette kapitlet vil vi presentere dei mest sentrale tiltaka som er planlagde eller starta opp allereie. I tillegg er det mykje kontinuerleg arbeid og småskalatiltak i departementet og i sektoren som del av utviklinga av den ordinære verksemdsa.

Tidstjuvar er unødvendig administrasjon. Det er tungvinte rutinar for arbeid, reglar og rapporteringar som stel tid frå dei brukarretta oppgåvene. Regjeringa har derfor bedt alle statlege verksemder om å melde inn tidstjuvar. Kunnskapsdepartementet har mottatt informasjon som gjeld om lag 400 tidstjuvar frå underliggande verksemder, men over halvparten gjeld tidstjuvar der ansvaret ikkje ligg i kunnskapssektoren, som til dømes innkjøpsregelverket. Difi har utarbeidd ein database som viser alle innrapporterte tidstjuvar. Kunnskapsdepartementet arbeider vidare med tidstjuvane i vår sektor, og har samla dei i 34 tiltak, slik at omfanget av unødvendig byråkrati blir redusert. Dei aller fleste tiltaka Kunnskapsdepartementet har ansvaret for, er gjennomførte eller inkluderte i det dagelege arbeidet.

Kunnskapsdepartementet gjennomgår organiseringa av kunnskapssektoren etter at Svein Gjedrem og Sven-Ole Fagernæs i rapporten Kunnskapssektoren sett utenfra har vurdert organiseringa av sektoren. Rapporten har vore ute til høyring i sektoren tidleg i 2016. Målet med gjennomgangen er blant anna å vurdere om arbeidsdelinga mellom departementet, underliggande verksemder og andre einingar legg til rette for effektiv oppgåveløysing av høg kvalitet. Kunnskapsdepartementet vil arbeide vidare med organiseringa av kunnskapssektoren i 2017.

Regjeringa har i den politiske plattforma lovd å sikre likebehandling av alle barnehagar og forenkle finansieringsordninga for private barnehagar. Ny forskrift om tildeling av tilskott til private barnehagar er fastsett av Kunnskapsdepartementet og tredde i kraft 1. januar 2016. Endringane sikrar private barnehagar ei finansiering tilsvarande 100 pst. av det dei kommunale barnehagane får, og med dette er ein milepæl nådd. Den nye forskrifta gjer finansieringa meir pårekneleg for dei ikkje-kommunale barnehagane og forenklar arbeidet til kommunane med å utmåle tilskott.

Feide, Felles elektronisk identitet, skal bli den einaste løysinga for innlogging til nasjonale prøver frå hausten 2018 og for eksamen frå våren 2019. Senter for IKT i utdanninga skal saman med UNINETT vurdere og utvikle overgangsløysingar for dei kommunane som ikkje kjem i mål med Feide innan hausten 2018. Dette støttar opp under regjeringa si målsetting om effektiv digitalisering av offentleg sektor. Fellesløysingar for stat og kommune legg til rette for brukarvennlege og samanhengande digitale tenester i heile offentleg sektor. Sjå nærare omtale i Meld. St. 27 (2015–2016) Digital agenda for Norge.

Kunnskapsdepartementet og kommunesektorens organisasjon (KS) har gjennomført eit felles prosjekt der hovudmålet var å komme fram til tiltak som kunne redusere omfanget av dokumentasjon og rapportering på alle nivå i skolen. Sluttrapporten frå prosjektet, som blei utført av ideas2evidence og presentert i desember 2014, peiker blant anna på at omfanget av dokumentasjonen til skoleeigarane blir påverka av korleis statleg tilsyn med tilhøyrande rettleiing blir utforma. Kunnskapsdepartementet har saman med Utdanningsdirektoratet vurdert utforminga av det felles nasjonale tilsynet, og det er gjort fleire endringar som skal føre til at tilsynet ikkje medfører unødvendige dokumentasjonskrav.

Hausten 2014 sette Kunnskapsdepartementet i gang eit arbeid for å betre språket og forenkle strukturen i opplæringslova. Målet er å få ei klarare og meir presis lov og eit tydelegare og betre regelverk for sektoren og brukarane. Gjennomgangen av opplæringslova skjer i samarbeid med Direktoratet for forvaltning og IKT, Språkrådet og Justis- og beredskapsdepartementet som ein del av prosjektet Klart lovspråk under Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Departementet planlegg å sende forslag til ny språkleg utforming av lova ut til høyring hausten 2016.

Regjeringa ønsker finansiering som stimulerer til god måloppnåing i høgre utdanning og forsking og har derfor foreslått endringar i finansieringssystemet for universitet og høgskolar, jf. Prop. 1 S (2015–2016) for Kunnskapsdepartementet. Endringane blir innførte med budsjetteffekt frå 2017. For nærare omtale av forslaga til endringar i finansieringssystemet. Sjå del III kap. 13 Endringar i finansieringssystemet for universitet og høgskolar.

Arbeidet med å følge opp Meld. St. 18 (2014–2015) Konsentrasjon for kvalitet. Strukturreform i universitets- og høyskolesektoren vil halde fram i 2017, blant anna ved å gjennomføre og følge opp samanslåingar av universitet, høgskolar og andre verksemder. Gjennomføringa av strukturreforma har ført til færre og større universitet og høgskolar, og dette legg godt til rette for å nå målet om høg kvalitet i utdanning og forsking. Sjå programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Kunnskapsdepartementet har sett ned ei ekspertgruppe som skal gjennomgå systemet for tildeling av offentlege forskingsmidlar frå Noregs forskingsråd. Hovudmålet med gjennomgangen er å auke kvaliteten i forskinga og redusere administrasjonskostnadene. Ekspertgruppa skal levere ein rapport innan 1. februar 2017.

Eit nytt styringssystem for Noregs forskingsråd blei tatt i bruk i 2015. Styringssystemet er felles for alle departementa. Bakgrunnen er at både evalueringa av Forskingsrådet (Technopolis 2012) og Riksrevisjonen i forvaltningsrevisjonen av Kunnskapsdepartementets koordinering av forskingspolitikken peikte på utfordringar knytte til det daverande mål- og resultatstyringssystemet for Forskingsrådet. Ambisjonane for det nye systemet er meir strategisk og langsiktig styring, auka merksemd på verknader og effekter av verksemda til Forskingsrådet og likare styringspraksis mellom departementa. Det er òg sentralt at Forskingsrådet får større fridom til å forvalte program og aktivitetar på tvers av departementsgrensene.

NOKUT har under utvikling eit IKT-system som skal gi kvalitets- og effektiviseringsgevinstar. På godkjenningsområdet er det eit mål å redusere ressursinnsatsen og korte ned saksbehandlingstida. Det skal etablerast ei ekstern nettløysing for digital kommunikasjon med sluttbrukarane, og løysingane skal òg gi betre informasjon for styring og leiing.

Det omfattande moderniseringsprogrammet i Lånekassen, LØFT, er avslutta. I 2015 sette Lånekassen i drift nye og betre kundesider for sjølvbetening. Både departementet og Lånekassen er opptatte av at effektane av programmet skal bli utvikla vidare i dei kommande åra, og det vil framleis vere sterk merksemd på omstilling og fornying av tenestene til Lånekassen.

Meteorologisk institutt er inne i ei krevjande omstilling. Instituttet gjennomfører strukturelle endringar mellom anna for å tilpasse verksemda til instituttet til krava til investeringar i observasjonssystemet og ny teknologi.

Frå januar 2017 blir Current Research Information System in Norway (CRIStin) slått saman med Felles studieadministrativt tenestesenter (FSAT). Målet med samanslåinga er å få tenester av betre kvalitet ved at ressursar kan utnyttast på tvers av verkeområda til desse to verksemdene. Samanslåing av FSAT og CRIStin skal føre til mest mogleg effektiv studieadministrasjon ved universitet og høgskolar. Sjå programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Kunnskapsdepartementet arbeider vedvarande med å effektivisere og forbetre arbeidsprosessane internt, og vil i denne samanhengen ta i bruk nye IKT-verktøy. Departementet arbeider også med å effektivisere internadministrasjonen.

12 Oppfølging av Berekraftagendaen på utdanningsområdet

FNs generalforsamling vedtok i september 2015 ein universell agenda for berekraftig utvikling som alle land er forplikta til å følge opp. Det er 17 mål på ulike område, og Kunnskapsdepartementet har eit koordineringsansvar for berekraftmål 4:

«Sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremme moglegheiter for livslang læring for alle»

Målet har sju delmål og tre gjennomføringsmål som dekker alle utdanningsnivå, legg vekt på likeverd og kvalitet og kopling mellom utdanning og arbeidsliv. Opplæring i miljø, fred og medborgarskap er eit eige delmål. Noreg er komme langt i å nå dei fleste delmåla samanlikna med andre land innanfor og utanfor OECD.

Boks 12.1 FNs berekraftmål 4: Sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremme moglegheiter for livslang læring for alle

Delmål under berekraftmål 4:

  • 4.1 Innan 2030 sikre at alle jenter og gutar fullfører gratis og likeverdig grunnskole og vidaregåande opplæring av høg kvalitet som kan gi dei relevant og reelt læringsutbytte

  • 4.2 Innan 2030 sikre alle jenter og gutar tilgang til god og tidleg omsorg og førskole, slik at dei er førebudde på å begynne i grunnskolen

  • 4.3 Innan 2030 sikre kvinner og menn lik tilgang til god teknisk og yrkesfagleg opplæring og høgre utdanning, medrekna universitetsutdanning, til ein overkommeleg pris

  • 4.4 Innan 2030 oppnå ein stor auke i talet på unge og vaksne med kompetanse, blant anna i tekniske fag og yrkesfag, som er relevant for sysselsetting, sømmeleg arbeid og entreprenørskap

  • 4.5 Innan 2030 avskaffe kjønnsforskjellar i utdanning og opplæring og sikre lik tilgang til alle nivå innanfor utdanning og yrkesfagleg opplæring for sårbare personar, deriblant personar med nedsett funksjonsevne, urfolk og barn i utsette situasjonar

  • 4.6 Innan 2030 sikre at all ungdom og ein stor del vaksne, både kvinner og menn, lærer å lese, skrive og rekne

  • 4.7 Innan 2030 sikre at alle elevar og studentar tileignar seg den kompetansen som er nødvendig for å fremme berekraftig utvikling, blant anna gjennom utdanning for berekraftig utvikling og livsstil, menneskerettar, likestilling, fremme fred og ikkjevald, globalt borgarskap og verdsetting av kulturelt mangfald og kulturen sitt bidrag til berekraftig utvikling

  • 4 a. Etablere og oppgradere utdanningstilbod som tar i vare omsynet til barn, personar med nedsett funksjonsevne og kjønnsforskjellar, og sikrar trygge, ikkjevaldelege, inkluderande og effektive læringsomgivnader for alle

  • 4 b. Innan 2020 oppnå ein vesentleg auke, på verdsbasis, i talet på stipend som er tilgjengelege for studentar frå utviklingsland, særleg dei minst utvikla landa, små utviklingsøystatar og afrikanske land, for å gi dei tilgang til høgre utdanning, blant anna yrkesfagleg opplæring og program for informasjons- og kommunikasjonsteknologi, teknikk, ingeniørfag og vitskap, i utvikla land og i andre utviklingsland

  • 4 c. Innan 2030 oppnå ein vesentleg auke i talet på kvalifiserte lærarar, blant anna gjennom internasjonalt samarbeid om lærarutdanning i utviklingsland, særleg i dei minst utvikla landa og i små utviklings-øystatar

Delmål 4.1, 4.2 og 4.3 handlar om tilgang, kvalitet og gjennomføring i barnehage, grunnskole og høgre utdanning. Over 97 pst. av barn i førskolealderen har gått i barnehage før dei begynner på skolen. I Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen blir det varsla revisjon av rammeplanen for barnehagar, blant anna med sikte på å betre samanhengen og overgangen mellom barnehage og skole. Med ei fullføring på 73 pst. etter normert tid er Noreg blant dei OECD-landa med lågast gjennomføring i vidaregåande opplæring. Regjeringa har fleire tiltak for å auke delen som gjennomfører, jf. omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa. Regjeringa vil at alle skal ha tilgang og høve til å ta høgre utdanning uavhengig av kjønn, etnisk, sosial, geografisk og økonomisk bakgrunn. Det har vore ein vekst i talet på studentar i høgre utdanning og gjennomføringa har blitt betre dei seinare åra, jf. omtale under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Delmål 4.4 handlar om behov for ein auke i talet på unge og vaksne med kompetanse i tekniske fag som er relevant for arbeidsmarknaden. I ein norsk kontekst er det særleg viktig med eit godt kunnskapsgrunnlag for best mogleg informerte val og satsing på kvalitet i utdanning. Kvalitet er også knytt til relevans for arbeidsmarknaden og god fullføring.

Delmål 4.5 inneheld ei målsetting om å avskaffe kjønnsskilnader i utdanning og sikre lik tilgang til utdanning for alle, også personar med nedsett funksjonsevne, urfolk og barn i utsette situasjonar. Noregs største utfordring på dette området er stor overvekt av det eine kjønnet i einskilde høgre utdanningar. Det finst særskilde rettar knytte til urfolk på alle nivå i det norske utdanningssystemet.

Delmål 4.6 skal sikre at all ungdom og ei stor mengde vaksne lærer å lese, skrive og rekne. Noreg kjem godt ut i internasjonale målingar av vaksne sine grunnleggande dugleikar. PIAAC-undersøkinga viser at Noreg har eit generelt høgt dugleiksnivå blant dei vaksne (16–65 år). Med høg innvandring kan talet på personar som manglar grunnleggande dugleikar auke. Regjeringa har innført ei rekke tiltak for å redusere talet på dei som har svake grunnleggande dugleikar, jf. omtale under programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring.

Delmål 4.7 handlar om innhaldet i utdanning og legg særleg vekt på kompetanse som er nødvendig for å fremme berekraftig utvikling. Som ei oppfølging av Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse skal læreplanverket fornyast for å møte kompetansebehova i framtida. Berekraftig utvikling, folkehelse og livsmeistring samt demokrati og medborgarskap skal vere fagovergripande tema som inngår i fleire fag.

Dei tre siste måla er av FN definerte som gjennomføringsmål, som legg vekt på konkrete tiltak for å nå dei andre delmåla under Berekraftmål 4.

Gjennomføringsmål 4 a) knyter seg til det fysiske og det psykososiale læringsmiljøet. Den årlege Elevundersøkinga viser korleis elevane opplever læringsmiljøet. Sjølv om ni av ti elevar trivst på skolen, er det mange som opplever å bli mobba. Regjeringa har i 2016 lansert fleire tiltak for å redusere mobbing i skole og barnehage. I 2017 foreslår regjeringa 75 mill. kroner til arbeid mot mobbing og for eit godt læringsmiljø, ein auke på 35 mill. kroner frå 2016, sjå programkategori 07.20 Grunnopplæringa for nærare omtale.

Gjennomføringsmål 4 b) handlar om å auke talet på stipend til studentar frå utviklingsland. Noreg legg frå 2016 om kvotestipendordninga for å fremme institusjonelle partnarskap gjennom Norpart-programmet. Dette opnar òg for utveksling som ledd i eit breiare samarbeid mellom institusjonane.

Gjennomføringsmål 4 c) gjeld behovet for å auke talet på kvalifiserte lærararar. I Noreg fall talet på kandidatar frå lærarutdanningane frå 2006 til 2011, men har sidan auka, sjå omtale under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Berekraftmåla er universelle, og regjeringa vil i den nasjonale oppfølginga særleg legge vekt på å betre gjennomføringa i vidaregåande opplæring, og auke læring på alle nivå. Ungdom som ikkje er i arbeid eller går på skole, vil få særskild merksemd.

Kunnskapsdepartementet vil samarbeide nært med Utanriksdepartementet om oppfølging internasjonalt.

13 Endringar i finansieringssystemet for universitet og høgskolar

Innleiing

Finansieringssystemet for universitet og høgskolar blir endra frå 2017, jf. Prop. 1 S (2015–2016) for Kunnskapsdepartementet og Innst. 12 S (2015–2016). Sjå òg programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

I Prop. 1 S (2015–2016) for Kunnskapsdepartementet varsla regjeringa kva for indikatorar den resultatbaserte delen av finansieringssystemet skal ha frå 2017. Regjeringa sa at ho ville komme tilbake til insentivstyrken på indikatorane i statsbudsjettet for 2017.

Hovudinnretninga av finansieringssystemet blir ført vidare. Finansieringssystemet skal framleis skal vere samansett av ein basisdel og ein resultatbasert del, men med justeringar av dei resultatbaserte indikatorane. Den resultatbaserte delen blir slik i 2017:

  • Indikatoren for tal på studiepoeng blir ført vidare. Det vil framleis vere seks kategoriar for studiepoeng.

  • Det blir innført ein indikator for tal på kandidatar (med bachelorgradar, med mastergradar, høgskolekandidatar, kandidatar med praktisk-pedagogisk utdanning og enkelte vidareutdanningar i helsefag) innanfor dei same seks kategoriane som for studiepoeng.

  • Insentivet for utveksling blir ført vidare, og med særleg vekt på utveksling gjennom Erasmus+-programmet.

  • Doktorgradsinsentivet får open budsjettramme.

  • Det blir innført eit insentiv for bidrags- og oppdragsinntekter (BOA) med lukka budsjettramme.

  • Insentivet for EU-inntekter blir styrka ved å omfatte alle EU-inntekter og ved å auke den lukka budsjettramma.

  • Insentivet for inntekter frå Noregs forskingsråd og regionale forskingsfond blir ført vidare, men med reduksjon i den lukka budsjettramma.

  • Insentivet for vitskapleg publisering blir ført vidare, med endring i berekningsmåten.

I dette kapitlet blir det forklart nærare korleis endringane i finansieringssystemet blir implementerte i 2017.

Regjeringas mål med endringane

Finansieringssystemet er eit nasjonalt system som gir ei samla rammeløyving til kvar institusjon. Rammeløyvinga består av ein basisdel og ein resultatbasert del. Finansieringa skal gi institusjonane handlingsrom for eigne strategiske val og prioriteringar. Det er opp til institusjonane sjølv å avgjere korleis rammeløyvinga, det vil seie basisdelen og den resultatbaserte delen, best skal nyttast for å nå dei nasjonale måla for sektoren.

Det at ein del av løyvinga er resultatbasert, skal stimulere institusjonane til å styrke utdannings- og forskingskvaliteten. Regjeringa vil over tid auke den resultatbaserte delen av rammeløyvinga, jf. Meld. St. 18 (2014–2015) Konsentrasjon for kvalitet – Strukturreform i universitets- og høyskolesektoren og Innst. 348 S (2014–2015). Konkurranse om midlar skal gi institusjonane insentiv til å arbeide for høgre kvalitet.

Med endringane i finansieringssystemet ønsker regjeringa særleg å stimulere til betre gjennomføring i utdanningane, til at utdanninga og forskinga blir meir internasjonalt retta, og til å auke bidraget frå institusjonane til innovasjon og verdiskaping i samfunnet.

Kvalitet i utdanning

Framleis gjennomfører godt under halvparten av studentane på normert tid. Finansieringssystemet skal stimulere institusjonane til å arbeide med auka utdanningskvalitet slik at fleire fullfører utdanninga. Tal på studiepoeng blir ført vidare som indikator, og ein ny indikator for tal på kandidatar blir innført for å stimulere til betre gjennomføring av gradsstudium. Systemet vil dermed ha insentiv for at institusjonane arbeidar både for at studentane har god progresjon, og for at dei fullfører ein grad.

Kvalitet i forsking

Gjennomstrøyminga i doktorgradsutdanninga er framleis for svak. Indikatoren for tal på doktorgradskandidatar blir derfor ført vidare, og indikatoren får open budsjettramme. Vitskapleg publisering er eit viktig forskingsresultat, og regjeringa ønsker å stimulere til at publiseringsaktiviteten ved universitet og høgskolar framleis er høg. Berekningsmetoden for publiseringspoeng er endra i tråd med tilrådinga frå Det nasjonale publiseringsutvalet under Universitets- og høgskolerådet. Indikatoren for inntekter frå Noregs forskingsråd (Forskingsrådet) og regionale forskingsfond (RFF) blir òg ført vidare. Samla skal desse indikatorane bidra til høgre kvalitet i forsking.

Kvalitet gjennom internasjonalisering

Inntektene frå EU har vakse i dei siste åra, men dei er framleis lågare enn i dei andre nordiske landa. Regjeringa har høge ambisjonar for norsk deltaking i Horisont 2020. Indikatoren for inntekter frå EU blir derfor ført vidare og utvida til å gjelde alle inntekter frå EU. Eit mål med endringa er å styrke fleire sider ved internasjonaliseringsarbeidet ved universitet og høgskolar. I tillegg ønsker regjeringa auka studentutveksling med særleg vekt på utveksling gjennom programmet Erasmus+.

Samarbeid med samfunns- og næringsliv

For å fylle samfunnsrolla skal universitet og høgskolar ha eit tett samspel med samfunns- og næringsliv. Samspelet er avgjerande for innovasjon, utvikling og verdiskaping og for å møte store samfunnsutfordringar. Regjeringa innfører ein ny indikator for inntekter frå bidrags- og oppdragsverksemd (BOA-inntekter) for å stimulere til at institusjonane utviklar samfunnsrolla og aukar kontakten med samfunns- og arbeidsliv.

Resultatbaserte budsjettrammer og insentivstyrke

Den resultatbaserte finansieringa er på om lag 10,7 mrd. kroner i 2017. Dette er summen av resultatbasert utteljing med tidlegare finansieringssystem og om lag 300 mill. kroner som er flytta frå basisdelen til resultatdelen. 300 mill. kroner er flytta for å finansiere indikatoren for bidrags- og oppdragsinntekter (BOA). Den resultatbaserte utteljinga utgjer om lag 30 pst. av den samla rammeløyvinga til statlege og private universitet og høgskolar i 2017.

Den resultatbaserte finansieringa har indikatorar med både open og lukka budsjettramme. I den opne ramma får institusjonane utteljing ut frå sine eigne resultat på indikatorane. Det betyr at institusjonane får meir midlar dersom dei får fleire studiepoeng, kandidatar, doktorgradskandidatar og utvekslingsstudentar. Med faste satsar på indikatorane er det ein direkte samanheng mellom resultat og budsjettutteljing. Systemet er pårekneleg og gir insentiv til forbetring i og med at kvar institusjon på førehand vil vere kjent med dei budsjettendringane som følger av endring i resultata.

For indikatorane som har lukka budsjettramme, vil utteljinga til ein institusjon avhenge av om han har forbetra resultata sine samanlikna med dei andre institusjonane. Med lukka budsjettramme vil satsane i eit år vere lik ramma delt på summen av resultata på indikatoren, og satsane kan dermed variere frå år til år.

For indikatorane for studiepoeng, doktorgradskandidatar, vitskapleg publisering, inntekter frå EU, inntekter frå Forskingsrådet og regionale forskingsfond og BOA-inntekter, er resultatbasert utteljing i 2017 fastsett på bakgrunn av eit gjennomsnitt av resultata på indikatorane frå 2013 til 2015. Gjennomsnitt av tre år er nytta for å spegle den faktiske aktiviteten ved institusjonane over tid og for å redusere effekten av svært høge eller låge verdiar som kan oppstå i eitt år. For kandidatindikatoren og indikatoren for studentutveksling er resultatbasert utteljing fastsett på bakgrunn av resultat frå 2015. Datakvaliteten på kandidatar og utvekslingsstudentar gjennom programmet Erasmus+ er vurdert å vere for dårleg tilbake i tid til å kunne bli nytta som berekningsgrunnlag.

Indikatorar med open budsjettramme

Satsane til indikatorane for studiepoeng, kandidatar og utveksling er sette slik at den samla utteljinga for desse tre indikatorane i 2017 blir på same nivå som utteljinga ville ha vore dersom dagens system med berre studiepoeng og utveksling hadde blitt ført vidare. Det inneber ei resultatbasert utteljing for studiepoeng, kandidatar og utvekslingsstudentar på om lag 8,5 mrd. kroner i 2017. Kandidatindikatoren og høgre sats for utvekslingsstudentar blir finansierte ved at satsane for studiepoeng er sett ned samanlikna med i 2016.

Om lag 80 pst. av 8,5 mrd. kroner blir fordelte til institusjonane etter resultat for studiepoeng. Det inneber at om lag 6,8 mrd. kroner er fordelte i 2017 til universitet og høgskolar på grunnlag av talet på studiepoeng. Hovudvekta vil dermed framleis ligge på studiepoeng, som er den enklaste målbare indikatoren for utdanningsresultat. Indikatoren medverkar til å halde oppe omfanget av utdanning og gir insentiv til å arbeide med kvalitet og gode læringsmiljø.

Om lag 20 pst. av 8,5 mrd. kroner, det vil seie om lag 1,6 mrd. kroner, blir fordelte til institusjonane på grunnlag av talet på kandidatar. Ekspertgruppa som vurderte endringar i finansieringssystemet i 2015, foreslo å fordele om lag ti pst. av midlane til kandidatindikatoren, jf. rapporten Finansiering for kvalitet, mangfold og samspill – Nytt finansieringssystem for universiteter og høyskoler. Kunnskapsdepartementet meiner at insentivstyrken bør vere høgre enn dette for å ha effekt. Samtidig bør han ikkje settast for høgt, fordi det vil gi for store omfordelingar mellom institusjonane. Med kandidatindikatoren blir insentivet til å arbeide for høg kvalitet i utdanningane styrka. Samla vil indikatorane for studiepoeng og kandidatar stimulere institusjonane til god dimensjonering av studieplassar og høgre kvalitet.

Satsane for kandidatindikatoren følger same mønster som for studiepoeng med seks kategoriar, A–F. Det er gitt utteljing med enkel sats for ferdige kandidatar etter høvesvis eitt, eitt og eit halvt, to eller tre år, samt fireårig grunnskolelærarutdanning (GLU) i ei overgangsperiode. Det er gitt dobbel sats for kandidatar på integrerte femårige mastergradsprogram og andre gradsutdanningar med lengde på fem eller seks år. Eit alternativ som er vurdert, er å differensiere satsane etter alle utdanningslengdene. Eit slikt system ville hatt 42 satsar (seks kategoriar, sju utdanningslengder). Departementet meiner at dette ville blitt for komplisert, og at forslaget om éin enkel og éin dobbel sats møter behovet for insentiv til korte og lange utdanningsløp, samtidig som det er enklare og meir oversiktleg.

Internasjonalisering medverkar til å gjere norsk utdanning og forsking betre. Regjeringa ønsker at institusjonane skal legge til rette for meir utveksling, og satsane for utvekslingsstudentar blir derfor styrka. Utveksling mellom europeiske land er eit særleg prioritert område, og utreisande studentar gjennom programmet Erasmus+ får særleg høg sats. I 2017 er om lag 134 mill. kroner fordelte til institusjonane på grunnlag av talet på utvekslingsstudentar.

Regjeringa ønsker å stimulere til auka gjennomstrøyming i doktorgradsutdanninga. Styrken på insentivet blir ført vidare på om lag same nivå som i 2016, det vil seie same sats som i 2016, prisjustert til 2017-kroner. Dermed blir om lag 550 mill. kroner fordelte til institusjonane i 2017 på grunnlag av talet på doktorgradskandidatar. Doktorgradsindikatoren får òg open budsjettramme frå 2017, noko som medverkar til styrking av insentivet.

Tabellen nedanfor gir ei oversikt over satsane på indikatorane som har open budsjettramme.

Tabell 13.1 Oversikt over satsar på indikatorar med open budsjettramme, 2017

Indikatorar

Satsar i kroner

A

B

C

D

E

F

Studiepoeng1

126 000

96 000

64 000

47 000

38 000

32 000

Kandidatar

95 000

72 000

48 000

36 000

29 000

24 000

Kandidatar på integrerte mastergradar og fem og seksårige utdanningar

190 000

144 000

96 000

72 000

58 000

48 000

Doktorgradskandidatar

367 000

Studentutveksling

10 000

Utreisande studentar på Erasmus+

15 000

1 Ved oppretting, flytting eller nedlegging av studieplassar vil departementet legge til grunn dei gjeldande, prisjusterte satsane i basisdelen.

Indikatorar med lukka budsjettramme

Publiseringsindikatoren, EU-indikatoren, indikatoren for inntekter frå Forskingsrådet og regionale forskingsfond og den nye BOA-indikatoren vil ha kvar si lukka ramme med midlar som institusjonane konkurrerer om. Samla sett utgjer dei fire lukka rammene 1,65 mrd. kroner i 2017. Dei fire rammene blir fordelte kvar for seg med bakgrunn i resultata til institusjonane på indikatorane. Storleiken på rammene og resultata avgjer insentivstyrken til den enkelte indikatoren.

Ramma til EU-indikatoren er fastsett til 500 mill. kroner i 2017. Midlar til EU-indikatoren er auka med om lag 100 mill. kroner samanlikna med det tidlegare finansieringssystemet for å stimulere til meir samarbeid med EU, og fordi berekningsgrunnlaget er utvida til å gjelde alle inntekter frå EU. Med fleire inntekter frå EU som grunnlag for berekning av utteljing i EU-indikatoren, må ramma til indikatoren auke for at den resultatbaserte utteljinga per krone i inntekt frå EU ikkje skal gå ned.

Ramma til indikatoren for inntekter frå Noregs forskingsråd og regionale forskingsfond er redusert tilsvarande med om lag 100 mill. kroner og utgjer 300 mill. kroner i 2017.

Det har vore ein auke i talet på vitskaplege publikasjonar. Insentivstyrken blir ført vidare på same nivå som i 2016 for å stimulere til framleis gode forskingsresultat. Ramma for publiseringsindikatoren er dermed fastsett til 550 mill. kroner i 2017.

Ramma til BOA-indikatoren er fastsett til 300 mill. kroner i 2017, noko som er vurdert å gi insentivet god effekt. Institusjonane som deltar i indikatoren har fått ein reduksjon i rammeløyvinga på om lag 300 mill. kroner i 2017. Reduksjonen er berekna ut frå den enkelte institusjonen sin del av rammeløyvinga i 2016 (for dei institusjonane som deltar på den nye indikatoren). Midlane er deretter fordelte til desse institusjonane på bakgrunn av resultata i BOA-indikatoren.

Tabellen nedanfor gir ei oversikt over satsane for dei indikatorane som har lukka budsjettrammer. For kvart publiseringspoeng får institusjonen ei utteljing på 25 550 kroner i 2017. For kvar EU-krone institusjonen mottar, får han 1,374 kroner i resultatbasert utteljing. Rammene til BOA-indikatoren og indikatoren for Forskingsrådet og regionale forskingsfond (RFF) er like store, men utteljinga per krone frå Forskingsrådet og RFF er høgre enn utteljinga per krone frå BOA-verksemd. Indikatoren for Forskingsrådet og RFF har dermed noko sterkare insentiv enn BOA-indikatoren. Dette er hensiktsmessig fordi det er større grad av kvalitetssikring gjennom fagfellevurdering bak inntektene frå Forskingsrådet og RFF.

Tabell 13.2 Oversikt over satsar på indikatorar med lukka budsjettramme, 2017

Indikatorar

Satsar

Publiseringspoeng

25 550

Inntekter frå EU

1,374

Inntekter frå Forskingsrådet og regionale forskingsfond

0,120

Inntekter frå bidrags- og oppdragsverksemd (BOA)

0,102

Nokre institusjonar er unntatte frå enkelte indikatorar, sjå omtale under Unntak.

Figur 13.1 viser endringane i resultatindikatorane i finansieringssystemet. Alle beløpa er avrunda og i 2017-kroner.

Figur 13.1 Oversikt over resultatindikatorar i finansieringssystemet

Figur 13.1 Oversikt over resultatindikatorar i finansieringssystemet

Budsjettverknad i 2017

Universitet og høgskolar får ei rammeløyving på 34,4 mrd. kroner i 2017, noko som er ein realvekst på 2,6 pst. frå 2016 til 2017. Veksten er både i basisdelen og i den resultatbaserte delen. Basis utgjer om lag 23,7 mrd. kroner i 2017. Auken i basisdelen samanlikna med 2016 kjem av blant anna nye studieplassar, rekrutteringsstillingar og utstyr. Resultatbasert del utgjer om lag 10,7 mrd. kroner i 2017. Auken i resultatbasert del frå 2016 er 218 mill. kroner som følge av auken i utdanningsinsentiva i tidlegare finansieringssystem (vekst i studiepoeng og utvekslingsstudentar frå 2014 til 2015) og om lag 300 mill. kroner som er flytte frå basisdelen til den nye BOA-indikatoren. Tabell 13.3 viser utvikling i rammeløyvinga per institusjon frå 2016 til 2017. Midlane til samarbeid, arbeidsdeling, konsentrasjon og samanslåing er halde utanfor i 2016 og 2017, sidan dei ikkje er fordelte per institusjon for 2017. Det same gjeld auken i satsinga på Lærerløftet på 150 mill. kroner i 2017. For 2017 er heller ikkje 75 mill. kroner til oppgradering av universitetsbygg inkludert.

Tabell 13.3 Løyving per institusjon, 2016 og 2017, i 1 000 kroner

Institusjon

Rammeløyving 2016 (saldert budsjett, i 2017-kroner)

Rammeløyving 2017 med justert finansieringssystem

Vekst i kroner

Vekst i pst.

Nord universitet

1 289 335

1 313 188

23 853

2,0 pst.

Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

1 216 669

1 194 224

-22 445

-1,8 pst.

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

6 080 625

6 116 472

35 847

0,6 pst.

Universitetet i Agder

1 236 529

1 281 946

45 417

3,8 pst.

Universitetet i Bergen

3 283 797

3 387 202

103 405

3,1 pst.

Universitetet i Oslo

5 317 995

5 316 875

-1 120

0 pst.

Universitetet i Stavanger

1 319 784

1 383 659

63 875

4,9 pst.

Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet

3 007 395

3 291 559

284 164

9,5 pst.

Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

171 991

172 874

883

0,5 pst.

Høgskolen i Molde, vitskapleg høgskole i logistikk

203 873

205 921

2 048

1,0 pst.

Noregs handelshøgskole

432 783

438 669

5 886

1,4 pst.

Noregs idrettshøgskole

260 567

263 509

2 942

1,1 pst.

Noregs musikkhøgskole

259 529

256 148

-3 381

-1,3 pst.

Høgskolen i Hedmark

601 436

603 512

2 076

0,5 pst.

Høgskolen i Lillehammer

415 641

400 302

-15 339

-3,7 pst.

Høgskolen i Oslo og Akershus

2 174 357

2 207 771

33 414

1,6 pst.

Høgskolen i Søraust-Noreg

1 687 294

1 707 898

20 604

1,3 pst.

Høgskulen på Vestlandet

1 749 857

1 790 434

40 577

2,6 pst.

Høgskulen i Volda

330 968

333 637

2 669

1,1 pst.

Høgskolen i Østfold

603 990

601 750

-2 240

-0,2 pst.

Samisk høgskole

83 241

83 938

697

1,3 pst.

Kunsthøgskolen i Oslo

339 278

333 471

-5 807

-1,7 pst.

Det teologiske Menighetsfakultet

83 303

84 969

1 666

2,0 pst.

Handelshøyskolen BI

285 274

302 897

17 623

6,2 pst.

VID vitenskapelige høgskole

248 739

254 136

5 397

2,2 pst.

Ansgar Teologiske Høgskole

15 149

14 729

-420

-2,8 pst.

Barratt Due musikkinstitutt – Høyskoleavdelingen og Unge talenter

25 553

25 264

-289

-1,1 pst.

Bergen Arkitekthøgskole

16 372

17 126

754

4,6 pst.

Dronning Mauds Minne, Høgskole for barnehagelærerutdanning

119 331

118 027

-1 304

-1,1 pst.

Fjellhaug Internasjonale Høgskole

10 009

9 960

-49

-0,5 pst.

Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling

2 380

2 598

218

9,2 pst.

Høyskolen Diakonova

51 117

50 779

-338

-0,7 pst.

Høyskolen for Ledelse og Teologi

10 657

10 027

-630

-5,9 pst.

Høyskolen Kristiania

57 530

61 906

4 376

7,6 pst.

Lovisenberg diakonale høgskole

87 687

86 889

-798

-0,9 pst.

NLA Høgskolen

158 282

168 438

10 156

6,4 pst.

Norges Dansehøyskole

10 245

10 379

134

1,3 pst.

Rudolf Steinerhøyskolen

11 869

11 954

85

0,7 pst.

Westerdals Høyskole – Oslo School of Arts, Communication and Technology

120 141

112 116

-8 025

-6,7 pst.

Tabell 13.4 viser resultatbasert utteljing med tidlegare og justert finansieringssystem, og endringar per institusjon. Alle løyvingane er i 2017-kroner. I tidlegare resultatbasert system inngår ikkje 300 mill. kroner til BOA-indikatoren. For å kunne samanlikne resultatbasert utteljing mellom tidlegare og justert finansieringssystem, har vi tatt omsyn til dette. I tabell 13.4 er det derfor tatt med ei kolonne som viser 300 mill. kroner som er flytta frå basis- til resultatdelen med det justerte finansieringssystemet. Endringstala viser dermed differansen mellom utteljing slik han ville ha vore i 2017 med det tidlegare systemet, og utteljing i 2017 med det justerte systemet. Med endringane i finansieringssystemet får nokre institusjonar ein større del av rammeløyvinga på bakgrunn av resultat på indikatorane, andre får ein mindre del av ramma etter resultat.

Tabell 13.4 Resultatbasert utteljing 2017 med tidlegare og justert finansieringssystem, i 1 000 kroner

Tidlegare system

Justert system

Endring

Institusjon

Resultatbasert utteljing i 2017 med tidlegare system

300 mill. kr i basis med tidlegare system1

Resultatbasert utteljing i 2017 med justert system

Endring mellom tidlegare og justert system, i kroner

Endring mellom tidlegare og justert system, i pst.

Nord universitet

375 076

12 344

371 147

-16 273

-4 pst.

Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

392 124

11 667

409 775

+5 984

+1 pst.

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

2 025 516

58 284

2 117 736

+33 936

+2 pst.

Universitetet i Agder

408 002

11 846

398 880

-20 968

-5 pst.

Universitetet i Bergen

985 552

29 562

1 014 639

-474

0 pst.

Universitetet i Oslo

1 599 448

50 994

1 710 988

+60 546

+4 pst.

Universitetet i Stavanger

417 343

12 644

411 125

-18 862

-4 pst.

Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet

730 543

28 826

779 687

+20 318

+3 pst.

Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

64 360

0

66 389

+2 029

+3 pst.

Høgskolen i Molde, vitskapleg høgskole i logistikk

71 247

1 955

67 771

-5 432

-7 pst.

Noregs handelshøgskole

149 159

4 150

166 196

+12 886

+8 pst.

Noregs idrettshøgskole

54 354

2 499

60 381

+3 528

+6 pst.

Noregs musikkhøgskole

64 155

0

63 677

-478

-1 pst.

Høgskolen i Hedmark

221 717

5 756

219 812

-7 661

-3 pst.

Høgskolen i Lillehammer

157 654

3 986

162 509

+868

+1 pst.

Høgskolen i Oslo og Akershus

694 185

20 827

687 551

-27 461

-4 pst.

Høgskolen i Søraust-Noreg

545 849

16 160

551 460

-10 549

-2 pst.

Høgskulen på Vestlandet

528 384

16 741

526 321

-18 804

-3 pst.

Høgskulen i Volda

120 997

3 166

117 909

-6 254

-5 pst.

Høgskolen i Østfold

178 581

5 780

177 050

-7 311

-4 pst.

Samisk høgskole

6 783

794

6 765

-812

-11 pst.

Kunsthøgskolen i Oslo

376

0

612

+236

+63 pst.

Det teologiske Menighetsfakultet

49 254

799

41 250

-8 803

-18 pst.

Handelshøyskolen BI

137 453

2 735

174 633

+34 445

+25 pst.

VID vitenskapelige høgskole

119 531

2 385

116 841

-5 075

-4 pst.

Ansgar Teologiske Høgskole

7 668

0

6 770

-898

-12 pst.

Barratt Due musikkinstitutt – Høyskoleavdelingen og Unge talenter

7 173

0

6 824

-349

-5 pst.

Bergen Arkitekthøgskole

10 801

0

13 017

+2 216

+21 pst.

Dronning Mauds Minne, Høgskole for barnehagelærerutdanning

42 981

0

42 951

-30

0 pst.

Fjellhaug Internasjonale Høgskole

4 756

0

4 425

-331

-7 pst.

Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling

953

0

903

-51

-5 pst.

Høyskolen Diakonova

23 622

0

21 976

-1 646

-7 pst.

Høyskolen for Ledelse og Teologi

7 469

0

7 290

-179

-2 pst.

Høyskolen Kristiania

63 901

0

52 726

-11 175

-17 pst.

Lovisenberg diakonale høgskole

35 195

0

30 226

-4 970

-14 pst.

NLA Høgskolen

66 013

0

66 372

+359

+1 pst.

Norges Dansehøyskole

9 096

0

9 653

+557

+6 pst.

Rudolf Steinerhøyskolen

6 064

0

5 299

-765

-13 pst.

Westerdals Høyskole – Oslo School of Arts, Communication and Technology

15 054

0

12 638

-2 416

-16 pst.

1 Med tidlegare finansieringssystem i 2017 ville resultatbasert utteljing ha vore om lag 10,4 mrd. kroner. 300 mill. kroner ville ikkje ha blitt flytta frå basis til resultatbasert utteljing for å finansiere BOA-indikator. Beløpa i denne kolonnen viser midlar som derfor ikkje ville ha blitt trekt frå den einskilde institusjon sin basis for å finansiere BOA-indikatoren.

Resultatbasert del utgjer om lag 10,7 mrd. kroner i 2017. Desse midlane er fordelte på nytt per institusjon i tråd med endra finansieringssystem. 2017 blir dermed eit nytt startpunkt (utgangsposisjon) for finansieringssystemet.

Kunnskapsdepartementet har vurdert å innføre endringane i finansieringssystemet med uendra budsjettrammer i 2017 for kvar enkelt institusjon. Ei slik løysing ville betydd at basismidlar ville blitt nytta til å utlikne effektane som følge av endringar i resultatbasert del. Dei institusjonane som hadde fått meir resultatbasert utteljing, ville fått tilsvarande mindre basis. Institusjonar som hadde fått mindre resultatbasert utteljing, ville fått tilsvarande meir basis. Budsjetteffekten samla sett for den enkelte institusjon hadde blitt uendra.

Da resultatbasert finansiering blei innført første gongen i 2002, var det utan budsjettverknad i innføringsåret. Den gongen var innføring av prinsippet om resultatbasert finansiering heilt nytt, og finansieringa blei gjort avhengig av resultat bakover i tid. Institusjonane hadde ikkje føresetnad for å påverke eller betre resultata i tida før innføring av det nye systemet.

No er situasjonen annleis. Institusjonane er godt kjente med resultatbasert finansiering. Endringane frå og med 2017 har òg blitt varsla på førehand. Det justerte systemet med nye og endra indikatorar blei lagt fram i statsbudsjettet for 2016, og regjeringa varsla innføring frå og med 2017. Dei satsane som regjeringa legg fram for indikatorane, inneber òg i stor grad ei vidareføring av insentivstyrken samla sett.

I åra etter 2002 har det òg vore diskusjonar i sektoren om systemet den gongen likevel burde ha vore innført med budsjettverknad. Noko av bakgrunnen for dette var at institusjonane som hadde gode resultat, ikkje fekk utteljing for dette i 2002. Desse institusjonane fekk òg mindre potensial for framtidig vekst enn dei med dårlegare resultat.

Med bakgrunn i argumenta over har departementet ikkje valt alternativet med uendra budsjettrammer i innføringsåret. Endringane i finansieringssystemet blir derfor innførte med budsjettverknad i 2017. Den resultatbaserte delen er fordelt mellom institusjonane med bakgrunn i dei resultata, satsane og indikatorane som gjeld for 2017. Å innføre endringane med budsjettverknad inneber at institusjonar med gode resultat får utteljing for dette i 2017 i form av høgre budsjettramme. Denne løysinga gir gode insentiveffektar samla sett, både for dei institusjonane som kjem godt ut av endringane i 2017 og for dei som kjem dårleg ut. Dei som får redusert resultatutteljing som følge av endringane i 2017, vil ha føresetnader for å auke resultatbasert utteljing i åra framover ved å betre resultata sine.

Den nye utgangsposisjonen inneber i utgangspunktet ei omfordeling mellom institusjonane på samla sett om lag 180 mill. kroner i resultatbasert utteljing i 2017 med det justerte finansieringssystemet, samanlikna med tidlegare finansieringssystem. Regjeringa meiner dette inneber ei for stor omfordeling i 2017 og ønsker ei gradvis innfasing over to år for kvar enkelt institusjon. Det gjer at institusjonane får eitt år ekstra på å tilpasse seg effektane av endra resultatbasert system. Regjeringa foreslår derfor å halvere budsjetteffekten av det justerte finansieringssystemet for kvar enkelt institusjon i 2017. Det vil seie at institusjonar som får betre resultatbasert utteljing med det justerte finansieringssystemet samanlikna med tidlegare system, får halvparten av denne effekten i 2017. Det motsette vil gjelde for institusjonar som får redusert utteljing. Samla blir det såleis omfordelt om lag 90 mill. kroner i 2017 i sektoren. Budsjetteffektane vil få full verknad frå og med 2018.

Halvering av desse effektane i 2017 blir gjord ved å korrigere basisdelen til institusjonane. Dei institusjonane som får auka resultatbasert utteljing i 2017 samanlikna med kva dei ville fått med tidlegare finansieringssystem, får redusert basisdelen tilsvarande halvparten av beløpet. Dei som får redusert resultatbasert utteljing i 2017, får auka basisdelen tilsvarande halvparten av dette beløpet. Til dømes får Nord universitet om lag 16 mill. kroner mindre i resultatbasert utteljing i 2017 samanlikna med tidlegare finansieringssystem. Kunnskapsdepartementet halverer denne effekten i 2017 ved å auke basisdelen til Nord universitet med 8 mill. kroner. I motsetning får Noregs miljø- og biovitskaplege universitet om lag 6 mill. kroner meir i resultatutteljing, og departementet halverer denne effekten ved å redusere basisdelen tilsvarande i 2017.

Justering av budsjetteffektane som følge av endringar i resultatbasert finansieringssystem skjer berre i 2017. I 2018, når finansieringssystemet får full effekt, blir midlane flytte tilbake til eller trekte ut frå basisdelen av rammeløyvinga til institusjonane. Tabell 13.5 gir ei oversikt over effektane og endringar i basismidlar i 2017 per institusjon.

Tabell 13.5 Justeringar av budsjetteffektar i 2017 av endra resultatbasert system, i 1 000 kroner

Institusjon

Endring i resultatbasert utteljing 2017 justert versus tidlegare system1

Justering i basis i 2017 for å halvere budsjetteffekten av resultatbasert system

Samla budsjetteffekt, tidlegare versus justert system

Nord universitet

-16 273

+8 136

-8 136

Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

+5 984

-2 992

+2 992

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

+33 936

-16 968

+16 968

Universitetet i Agder

-20 968

+10 484

-10 484

Universitetet i Bergen

-474

+237

-237

Universitetet i Oslo

+60 546

-30 273

+30 273

Universitetet i Stavanger

-18 862

+9 431

-9 431

Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet

+20 318

-10 159

+10 159

Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

+2 029

-1 015

+1 015

Høgskolen i Molde, vitskapleg høgskole i logistikk

-5 432

+ 2 716

-2 716

Noregs handelshøgskole

+12 886

-6 443

+6 443

Noregs idrettshøgskole

+3 528

-1 764

+1 764

Noregs musikkhøgskole

-478

+239

-239

Høgskolen i Hedmark

-7 661

+3 830

-3 830

Høgskolen i Lillehammer

+868

-434

+434

Høgskolen i Oslo og Akershus

-27 461

+13 730

-13 730

Høgskolen i Søraust-Noreg

-10 549

+5 275

-5 275

Høgskulen på Vestlandet

-18 804

+9 402

-9 402

Høgskulen i Volda

-6 254

+3 127

-3 127

Høgskolen i Østfold

-7 311

+3 656

-3 656

Samisk høgskole

-812

+406

-406

Kunsthøgskolen i Oslo

+236

-118

+118

Det teologiske Menighetsfakultet

-8 803

+4 402

-4 402

Handelshøyskolen BI

+34 445

-17 223

+17 223

VID vitenskapelige høgskole

-5 075

+2 538

-2 538

Ansgar Teologiske Høgskole

-898

+449

-449

Barratt Due musikkinstitutt – Høyskoleavdelingen og Unge talenter

-349

+175

-175

Bergen Arkitekthøgskole

+2 216

-1 108

+1 108

Dronning Mauds Minne, Høgskole for barnehagelærerutdanning

-30

+15

-15

Fjellhaug Internasjonale Høgskole

-331

+166

-166

Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling

-51

+25

-25

Høyskolen Diakonova

-1 646

+823

-823

Høyskolen for Ledelse og Teologi

-179

+89

-89

Høyskolen Kristiania

-11 175

+5 587

-5 587

Lovisenberg diakonale høgskole

-4 970

+2 485

2 485

NLA Høgskolen

+359

-179

+179

Norges Dansehøyskole

+557

-278

+278

Rudolf Steinerhøyskolen

-765

+382

-382

Westerdals Høyskole – Oslo School of Arts, Communication and Technology

-2 416

+1 208

-1 208

1 Resultatbasert utteljing 2017 med endra system inkluderer om lag 300 mill. kroner frå basis til BOA-indikatoren.

Tabell 13.6 viser korleis rammeløyvinga er fordelt på basis og resultatbasert løyving per institusjon i 2017.

Tabell 13.6 Rammeløyving 2017, i 1 000 kroner

Institusjon

Basis

Resultatbasert utteljing open ramme

Resultatbasert utteljing lukka ramme

Rammeløyving 2017

Nord universitet

942 041

349 464

21 683

1 313 188

Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

784 449

320 030

89 745

1 194 224

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

3 998 736

1 684 537

433 199

6 116 472

Universitetet i Agder

883 066

370 008

28 872

1 281 946

Universitetet i Bergen

2 372 562

779 853

234 787

3 387 202

Universitetet i Oslo

3 605 887

1 254 347

456 641

5 316 875

Universitetet i Stavanger

972 534

362 685

48 440

1 383 659

Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet

2 511 872

641 644

138 043

3 291 559

Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

106 485

66 389

0

172 874

Høgskolen i Molde, vitskapleg høgskole i logistikk

138 150

64 581

3 190

205 921

Noregs handelshøgskole

272 473

154 754

11 442

438 669

Noregs idrettshøgskole

203 128

49 654

10 727

263 509

Noregs musikkhøgskole

192 471

63 677

0

256 148

Høgskolen i Hedmark

383 700

202 900

16 912

603 512

Høgskolen i Lillehammer

237 793

155 198

7 311

400 302

Høgskolen i Oslo og Akershus

1 520 219

645 299

42 253

2 207 771

Høgskolen i Søraust-Noreg

1 156 438

518 072

33 388

1 707 898

Høgskulen på Vestlandet

1 264 112

500 719

25 603

1 790 434

Høgskulen i Volda

215 728

112 650

5 259

333 637

Høgskolen i Østfold

424 701

170 884

6 165

601 750

Samisk høgskole

77 173

4 965

1 800

83 938

Kunsthøgskolen i Oslo

332 859

612

0

333 471

Det teologiske Menighetsfakultet

43 719

37 867

3 383

84 969

Handelshøyskolen BI

128 264

156 331

18 302

302 897

VID vitenskapelige høgskole

137 295

110 954

5 887

254 136

Ansgar Teologiske Høgskole

7 960

6 297

472

14 729

Barratt Due musikkinstitutt – Høyskoleavdelingen og Unge talenter

18 440

6 824

0

25 264

Bergen Arkitekthøgskole

4 109

13 017

0

17 126

Dronning Mauds Minne, Høgskole for barnehagelærerutdanning

75 076

41 456

1 495

118 027

Fjellhaug Internasjonale Høgskole

5 536

3 836

588

9 960

Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling

1 695

877

26

2 598

Høyskolen Diakonova

28 802

21 731

246

50 779

Høyskolen for Ledelse og Teologi

2 737

7 141

149

10 027

Høyskolen Kristiania

9 180

51 994

732

61 906

Lovisenberg diakonale høgskole

56 664

29 755

470

86 889

NLA Høgskolen

102 067

64 558

1 813

168 438

Norges Dansehøyskole

726

9 653

0

10 379

Rudolf Steinerhøyskolen

6 655

5 248

51

11 954

Westerdals Høyskole – Oslo School of Arts, Communication and Technology

99 479

11 708

929

112 116

Unntak

I dag er Kunsthøgskolen i Oslo, Kunst- og designhøgskolen i Bergen, Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, Noregs musikkhøgskole og nokre private høgskolar unntatte frå delar av det resultatbaserte finansieringssystemet. Dei private høgskolane deltar i prinsippet på alle indikatorane i dagens system, men fleirtalet har ingen eller svært låge inntekter frå EU og Forskingsrådet, det vil seie at dei i praksis ikkje deltar på desse indikatorane. Departementet har drøfta med desse institusjonane kva for endringar som er formålstenlege for dei.

Kunnskapsdepartementet fører i store trekk vidare dagens unntak. Unntak blir innførte for to grupper av institusjonar:

  • statlege og private høgskolar med kunstfagleg profil

  • private høgskolar (unntatt dei vitskaplege private høgskolane).

For dei statlege og private høgskolane med kunstfagleg profil blir dagens unntak ført vidare, men kandidatindikatoren blir innført for institusjonar som deltar på studiepoengsindikatoren i tidlegare finansieringssystem. Det inneber at Kunsthøgskolen i Oslo og nåverande Kunst- og designhøgskolen i Bergen framleis berre deltar på doktorgradsindikatoren. Departementet vil vurdere endringar i deltakinga i finansieringssystemet i 2018 for Kunst- og designhøgskolen i Bergen, som blir eit fakultet ved Universitetet i Bergen i 2017. Noregs musikkhøgskole og Arkitektur- og designhøgskolen deltar på indikatorane studiepoeng, kandidatar, utveksling og doktorgradskandidatar. Dei tre private høgskolane med kunstfagleg profil, Barratt Due musikkinstitutt, Bergen Arkitekthøgskole og Norges Dansehøyskole deltar på indikatorane studiepoeng, kandidatar og utveksling.

Dei private høgskolane, unntatt dei tre høgskolane med kunstfagleg profil, deltar på studiepoeng, kandidatar, utveksling, doktorgradskandidatar og vitskapleg publisering. Fleire av dei private høgskolane har ingen eller liten aktivitet når det gjeld publisering og doktorgradskandidatar, men indikatorane blir innførte for å gi insentiv til fagleg utvikling og meir samarbeid med andre høgskolar og universitet. Fleire av dei private institusjonane har ingen eller svært låge eksterne inntekter frå EU, Forskingsrådet og andre aktørar. Dette mønsteret har vore stabilt over fleire år. Indikatorane for inntekter frå EU, Forskingsrådet, regionale forskingsfond og BOA kan gi svingingar i tilskottet frå år til år som kan vere uheldige for institusjonane. Kunnskapsdepartementet meiner derfor at desse indikatorane ikkje skal gjelde for dei private høgskolane.

Dei private vitskaplege høgskolane, Det teologiske Menighetsfakultet, Handelshøyskolen BI og VID vitenskapelige høgskole, har i tidlegare år hatt eit visst omfang av eksterne inntekter. Kunnskapsdepartementet har forventningar om at dei tre private vitskaplege høgskolane over tid aukar inntektene frå EU og Forskingsrådet og samarbeider meir med samfunns- og næringslivet. Dei tre private vitskaplege høgskolane deltar i alle indikatorane i finansieringssystemet.

Det er lagt til grunn ein lågare tilskottssats for utteljing på indikatorane studiepoeng, kandidatar og utveksling for dei private høgskolane Handelshøyskolen BI (30 pst.), Bergen Arkitekthøgskole (70 pst.), Høyskolen Kristiania (50 pst.) og Westerdals Høyskole - Oslo School of Arts, Communication and Technology (50 pst.). Dette er ført vidare frå tidlegare finansieringssystem.

Kunnskapsdepartementet har starta eit arbeid med å vurdere tilskottsordninga for private høgskolar, sjå òg programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Andre vurderingar

Forskingsformidling

I samband med handsaminga av strukturmeldinga bad kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen regjeringa vurdere om forskingsformidling kan gi utteljing i finansieringssystemet, jf. Innst. 348 S (2014–2015).

Tidlegare utgreiingar har vist at det er vanskeleg å lage ein formelbasert indikator for formidling, fordi formidling varierer mykje mellom fag og institusjonar. Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) fekk våren 2016 i oppdrag frå Kunnskapsdepartementet å vurdere om det er mogleg å etablere ein smalare indikator som inneheld formidling som er fagfellevurdert.

Fagfellevurderingar er uavhengige ekspertvurderingar som er baserte på vitskaplege kvalitetskriterium. Desse vurderingane blir nytta i dag i samband med vitskapleg publisering, ved tildeling av forskingsmidlar eller ved tilsetting av forskarar og evaluering av forsking. Formidling omfattar mellom anna vitskaplege artiklar, bøker, lærebøker, foredrag, bidrag til massemedia og publikumsarrangement. NIFU finn at omgrepet fagfellevurdert formidling i seg sjølv ikkje speglar nokon viktig eller verkeleg aktivitet ved lærestadene. Bokutgivingar på norske forlag med vurderingar frå forskarar er det som ligg nærast å inkludere i omgrepet. Slike vurderingsoppdrag blir gjerne honorerte, og vurderingane er derfor å rekne som konsulentytringar, ikkje fagfellevurderingar. Å lage ein indikator basert på bokutgivingar vil lage insentiv av svært ulik styrke mellom faga, og bidra til skeiv fordeling av midlar mellom institusjonane. Store delar av det kunstnarlege utviklingsarbeidet og museumsutstillingane ved universitet og høgskolar er ikkje vurderte av eksterne fagfellar. Ein indikator for fagfellevurdert formidling på dette området vil derfor fange opp aktiviteten på ein tilfeldig måte.

NIFU konkluderer med at når forskarane formidlar, er det sjeldan gjort fagfellevurderingar på førehand. Fagfellevurdert formidling er derfor ikkje ei avgrensing som bør nyttast i finansieringssystemet. Kunnskapsdepartementet tilrår at det ikkje blir innført ein indikator i finansieringssystemet for fagfellevurdert formidling.

Sitering

Ekspertgruppa som vurderte endringar i finansieringssystemet i 2015, foreslo at ein indikator for sitering blir vurdert. Ekspertgruppa understreka at ein slik indikator ikkje bør komme i staden for, men i tillegg til, ein publiseringsindikator. Departementet varsla i Prop. 1 S (2015-2016) for Kunnskapsdepartementet at ein slik indikator for sitering ville bli vurdert nærare.

NIFU har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet gjennomført ei utgreiing av ein siteringsindikator som kan nyttast i finansieringssystemet. NIFU foreslår at dagens indikator for publiseringar blir utvida til òg å omfatte siteringar. NIFU foreslår ein berekningsmetode for innføring av ein kombinert publiserings- og siteringsindikator som tar omsyn til at institusjonane har ulike faglege profilar, at siteringsfrekvensen er ulik frå fag til fag, og at faga har ulike tradisjonar for rapportering av siteringar. Dagens indikator for publiseringar stimulerer til auka produksjon, særleg i mykje siterte tidsskrift. Likevel blir ikkje alle artiklar i høgt siterte tidsskrift mykje sitert. Høge siteringstal krev meir enn vanleg originalitet, dristigheit, tolmod, presisjon, tid og ressursar. Ein siteringsindikator vil rette merksemda mot eigenskapar ved den einskilde artikkelen, ikkje berre mot sjølve tidsskriftet. Kombinert med publiseringsindikatoren vil ein siteringsindikator derfor kunne bidra til eit meir balansert insentiv til produksjon og kvalitet.

Berekningsmetoden for publiseringsindikatoren blir endra i samband med statsbudsjettet for 2017. Anbefalinga frå NIFU om ein siteringskomponent i publiseringsindikatoren vil bli vurdert nærare, og departementet vil komme tilbake til dette i statsbudsjettet for 2018.

Utviklingsavtalar

Ekspertgruppa som vurderte endringar i finansieringssystemet i 2015, foreslo å innføre ein fleirårig utviklings-, kvalitets- og profilavtale mellom departementet og kvar enkelt institusjon. Kunnskapsdepartementet tar sikte på å legge fram forslag til utviklingsavtalar med økonomiske verkemiddel i Prop. 1 S for 2018. Sjå programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Til toppen
Til forsida av dokumentet