Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 1 S (2016–2017)

FOR BUDSJETTÅRET 2017 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

1 Tilsettingsvilkår for leiarar i heileigde statlege føretak

CESSDA AS

I 2015 blei det utbetalt 966 667 kroner i lønn til dagleg leiar. Selskapet har tenestepensjon i Statens pensjonskasse for alle tilsette.

HiST kompetanse AS

Dagleg leiar fekk 102 987 kroner i lønn i 2015. Selskapet har tenestepensjonsordning i tråd med lov om obligatorisk tenestepensjon.

Høgskolen i Ålesund maritime operasjoner AS

Dagleg leiar fekk 966 964 kroner i lønn og godtgjering i 2015. Selskapet har tenestepensjonsordning i tråd med lov om obligatorisk tenestepensjon.

Mechatronics Innovation Lab AS

Selskapet blei stifta i oktober 2015. Selskapet hadde inga ordinær drift eller omsetning i 2015.

Norsk senter for forskningdata AS

Administrerande direktør fekk 1 096 611 kroner i lønn og 5 494 kroner i andre godtgjeringar i 2015. Pensjonskostnader blei dekte med 21 367 kroner.

Administrerande direktør har ikkje rett til bonus, overskottsdeling eller opsjonar, og heller ikkje særlege ytingar ved opphør av tilsettingsforholdet.

NTNU samfunnsforskning AS

Det blei utbetalt 1 195 062 kroner i lønn til dagleg leiar i 2015. Pensjonsutgifter blei dekte med 103 051 kroner.

Administrerande direktør har ein avtale om særskilt vederlag ved opphøyr av tilsettingsforholdet.

NTNU Technology Transfer AS

Dagleg leiar fekk 1 365 821 kroner i lønn og 112 547 kroner i andre godtgjeringar i 2015. Selskapet har tenestepensjonsordning i tråd med lov om obligatorisk tenestepensjon.

Sem gjestegård AS

Dagleg leiar fekk 686 025 kroner i lønn og 107 770 kroner i andre godtgjeringar i 2015. Selskapet har tenestepensjonsordning i tråd med lov om obligatorisk tenestepensjon. Pensjonsutgiftene var 167 511 kroner i 2015.

Senter for innovasjon og bedriftsøkonomi AS

Selskapet blei vedtatt avvikla i februar 2015. Lønn til dagleg leiar blei ikkje utbetalt i 2015.

Senter for økonomisk forskning AS

Dagleg leiar har fått utbetalt godtgjering på 450 257 kroner i 2015. Selskapet har foretakspensjonsordning i livstrygdelag for dei tilsette. Ordninga gir rett til framtidig definerte ytingar.

Simula Research Laboratory AS

Administrerande direktør fekk 2 038 340 kroner i lønn og 271 588 kroner i andre godtgjeringar i 2015. Selskapet har ei pensjonsordning for administrerandre direktør som er kostnadsført med 462 959 kroner.

Unifond AS

Det er utbetalt 95 705 kroner i lønn til dagleg leiar i 2015. Selskapet har ei ytingsbasert pensjonsordning i Statens pensjonskasse, men har ikkje plikt til å ha tenestepensjonsordning etter lov om obligatorisk tenestepensjon.

UNINETT AS

Administrerande direktør fekk 1 295 990 kroner i lønn og 49 687 kroner i andre godtgjeringar i 2015. Netto kostnadsført pensjonsforplikting inkludert arbeidsgivaravgift er 4 010 506 kroner i 2015.

Unirand AS

Det er utbetalt 320 081 kroner i lønn til dagleg leiar i 2015.

Dagleg leiar har i arbeidsavtalen at tilsettinga er knytt til medlemskap i Statens pensjonskasse eller tilsvarande ordning.

Universitetssenteret på Svalbard AS

Lønn til direktør er 1 029 086 kroner i 2015. Arbeidsgivarens del av pensjon for direktør er utgiftsført med 154 363 kroner.

Selskapet har tenestepensjonsordning i Statens pensjonskasse. Pensjonsordninga er ein ytingsplan for selskapet. Det er ikkje rekna eit eige fiktivfond for selskapet.

Vangslund AS

Dagleg leiar fekk 237 261 kroner i lønn og 2 928 kroner i andre godtgjeringar i 2015. Selskapet er ikkje pliktig til å ha tenestepensjonsordning etter lov om obligatorisk tenestepensjon.

Følgande heileigde selskap har ingen lønte tilsette som dagleg leiar

Rya gods og skoger AS og Universitetet i Bergen eiendom AS.

Til toppen
Til forsida av dokumentet