Prop. 1 S (2015–2016)

FOR BUDSJETTÅRET 2016 — Utgiftskapittel: 1400 – 1482 Inntektskapittel: 4400 – 4481 og 5578

Til innhaldsliste

Forord

Prop. 1 S (2015 – 2016) frå Klima- og miljødepartementet består av tre delar:

Del I presenterer hovudutfordringane, resultatområde og nasjonale mål i klima- og miljøpolitikken og hovudprioriteringar innanfor departementets budsjett i 2016.

Klima- og miljødepartementet er eit sektorovergripande departement med ansvar for å samordne regjeringas klima- og miljøpolitikk. I del I er det derfor gitt eit oversyn over klima- og miljøpolitiske satsingar i andre departement. I del I er òg omtala oppfølging av oppmodingsvedtaka frå Stortinget.

Del II inneheld budsjettframlegget frå Klima- og miljødepartementet fordelt på programkategoriar, kapittel og postar. I del II blir det òg gjort greie for politikk for å nå dei nasjonale måla.

Del III er ei omtale av særskilte sektorovergripande klima- og miljøsaker. Her er mellom anna klimagassbudsjettet og klima- og miljøpolitikken i dei andre departementa omtala. Del III gir òg ei oversikt over organisasjonsendring, fornyingsarbeid og likestilling i miljøforvaltninga.

Til forsida