Prop. 1 S (2016–2017)

FOR BUDSJETTÅRET 2017 — Utgiftskapittel: 1400–1482 Inntektskapittel: 4400–4471 og 5578

Til innhaldsliste

Del 2
Klima- og miljødepartementets budsjett for 2017

7 Omtale av kapittel og post

Programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m.

Hovudinnhald og prioriteringar

Utgiftene under programkategori 12.10 kan førast tilbake til alle resultatområda. Kategorien omfattar verksemda til Klima- og miljødepartementet medrekna tilskot som blir behandla i departementet og løyvingar til forsking og overvaking. Delar av løyvingane kan bli stilte til disposisjon for etatane som er underlagt departementet når det er naturleg at etatane utfører oppgåvene.

Internasjonalt arbeid

Omtale av Noregs internasjonale arbeid med klima og miljø finst òg under dei ulike resultatområda og dei andre programkategoriane. Denne beskrivinga gjeld berre internasjonalt arbeid som går på tvers av resultatområda.

Multilateralt klima- og miljøsamarbeid

Mange FN-organ er viktige aktørar i det globale arbeidet med miljø- og klimaspørsmål. Noreg er ein viktig bidragsytar til organisasjonane og programma som har miljø som kjerneoppgåve. Noreg gir dessutan tilleggsmidlar for å styrkje arbeidet med miljø- og klimaspørsmål og har ein fortløpande dialog med institusjonane om integrering av miljøomsyn i verksemda deira. Noreg har følgt opp Rio+20-vedtaket om å styrkje FNs miljøprogram (UNEP). Noreg vil i 2017 leggje vekt på å styrkje UNEP, og vil delta aktivt på FNs tredje miljøforsamling (UNEA-3). Frå norsk side vil vi ha spesiell merksemd på områda havforsøpling og mikroplast og på det tredje møtet i FNs miljøforsamling vil behovet for nye verkemiddel bli diskutert. I tillegg vil Norg ha merksemd på luftforureining, miljøkriminalitet, naturen sin rolle i klimatilpassing og konfiktførebygging og UNEPs rolle som kunnskapsleverandør. Noreg er òg ein sentral bidragsytar til FNs program for å redusere utslepp gjennom avskoging og skogdegradering i utviklingsland (UN-REDD).

FNs universelle berekraftsmål vart vedtekne i september 2015. Noreg har oppnådd mykje, men er også utfordra av ein del av måla. Måla skapar forventningar om at både land og internasjonale organisasjonar skal betra integreringa av dei tre dimensjonane av berekraft – økonomiske, sosiale og miljømessige omsyn – på dei fleste samfunnsområde. Måla kan såleis gi draghjelp til det globale grøne skiftet, og fremje heilskapleg tenking over silotilnærming. Oppgåva med årleg å følgje opp gjennomføringa av berekraftsmåla er lagt til FNs høgnivåforum for berekraftig utvikling (HLPF), og kvart fjerde år skal verdas leiarar få ei særskilt oversikt over framdrifta og område som krev større innsats. I 2017 vil mellom annan måla for helse, industrialisering og hav bli gjennomgått på høynivåforumet for bærekraftig utvekling.

Den globale miljøfasiliteten (GEF) støttar tiltak som skal medverke til å betre det globale miljøet. GEF er ein finansieringsmekanisme for dei globale miljøkonvensjonane og har særskilt høve til å sjå ulike miljøproblem under eitt. Investeringsbehovet er framleis mange gonger større enn GEF-midlane, og det er derfor viktig å bruke desse midlane til å skape størst mogleg spreiingseffekt og inspirere andre aktørar, som til dømes Det grøne klimafondet. GEF legg vekt på innovative tilnærmingar til miljø på dei viktigaste sektorane, og ligg i front med utviklinga av tre breie, integrerte program som Noreg stør opp om; berekraftig byutvikling, avskogingsfrie råvarekjeder og økosystembasert program for mattryggleik sør for Sahara. Programma er òg klart relevante for gjennomføring av dei universelle berekraftsmåla. Påfyllingsforhandlingar i fondet startar opp våren 2017.

For omtale av Noregs hovudinnsatsområde i det internasjonale klimaarbeidet, sjå programkategori 12.20 og 12.70.

Medverknad i EU-samarbeidet og effektiv gjennomføring av EØS-rettsakter.

Klima- og miljødepartementet har som mål å medverke til ein ambisiøs klima- og miljøpolitikk i EU. I EUs miljøstrategi, det såkalla 7. miljøhandlingsprogrammet med tittelen «Et godt liv i en ressursbegrenset verden», går det klart fram at Europas økonomiske og sosiale framgang er uløyseleg knytt til miljøet. Miljøpolitikk skaper òg økonomiske moglegheiter og i EUs strategi for berekraftig vekst og auka sysselsetjing, Europa 2020-strategien, har miljø ein sentral plass. Horisontal samordning mellom ulike sektorar er vektlagt i organiseringa av Europakommisjonen og dette er spegla i forslag som Kommisjonen fremjar, mellom anna som ledd i arbeidet med sirkulær økonomi og i oppfølginga av klima- og energirammeverket mot 2030.

Klima- og miljødepartementet fører ein aktiv politikk for tidleg påverknad av prioriterte miljøsaker. Dette påverknadsarbeidet skjer gjennom å delta i Kommisjonens ekspertgrupper og komitear, innspel til sentrale aktørar i EU og gjennom å delta i ambisiøse «vennegrupper» som REACH UP-gruppa på kjemikalieområdet og Green Growth Group (GGG) på klimaområdet og gjennom nordisk samarbeid.

Noreg er medlem i Det europeiske miljøbyrået (EEA) og i Det europeiske kjemikaliebyrået (ECHA). Miljøbyråa er ei viktig informasjonskjelde for alle som er med å utforme, vedta, setje i verk og evaluere miljøpolitikk. Gjennom EØS-avtala er Noreg òg medlem av EUs jordobservasjonsprogram Copernicus, som etablerer omfattande satellittovervaking av miljø globalt, regionalt og nasjonalt, ikkje minst i havområda og i Arktis. Gjennom forskingssamarbeidet i EØS-avtala, deltek Noreg òg i det globale samarbeidet om satellittar og jordobservasjon i Group on Earth Observations (GEO), mellom anna i ei høgnivågruppe i EU.

Enkelte sentrale miljøpolitiske område er ikkje omfatta av EØS-avtala. Det gjeld naturvern og forvaltning av naturressursar, og landbruk og fiskeri, men Noreg og EU er tett bundne saman gjennom EUs indre marknad. Nye forslag og omlegging i EUs politikk får stor verknad for norsk politikk. Noreg innlemmar kvart år ei rekkje EØS-rettsakter i norsk lov som regulerer miljø- og klimapolitikken.

Ved å delta gjennom heile prosessen sikrar departementet ein grundig gjennomgang og vurdering av forslag til nye EU-rettsakter og moglege konsekvensar av gjennomføring før regelverket eventuelt blir teke inn i EØS-avtala.

Nordisk samarbeid og EØS-midlane er òg ein del av miljøforvaltninga sitt EU/EØS-arbeid. Miljø- og kulturarvprogramma under EØS-midlane stimulerer til godt bilateralt fagleg samarbeid med mottakarlanda, og tilsvarande er arbeidsgrupper og oppfølging av dei nordiske miljøministermøta gode plattformer for EU/EØS-arbeidet. Klima, energi, miljø og lågutsleppsutvikling er eitt av tre prioriterte hovudområde i neste periode 2014–2021. Det vil gi nye og gode høve til å stimulere landa til tidleg oppfølging av EUs rettsakter på området.

Klima og miljø i handels- og investeringsvernavtaler

Også andre handels- og investeringsvernavtaler enn EØS-avtala påverkar kva som blir produsert og selt og korleis og dermed klima- og miljøverknadene av handel. Dei påverkar òg kva tiltak som kan setjast i verk av omsyn til klima og miljø. I motsetning til EØS-avtala inneheld dei ikkje felles klima- og miljøregelverk. Det er derfor naudsynt å syte for at dei vert utforma slik at dei fremjar grøn vekst og støttar opp om klima- og miljøomsyn. Derfor arbeider Klima- og miljødepartementet for at slike avtaler får eigne kapittel om handel og berekraftig utvikling, senkar toll på klima- og miljøvenlege varer og gir rom for støtte, avgifter og reguleringar som gjer det enklare og billegare å produsere, forbruke og transportere med mindre ressursar og utslepp. Departementet følgjer derfor òg utviklinga i samarbeidet om handel og investeringar mellom EU og USA, som har komme lengst i dette arbeidet. Ei avtale om dette mellom dei vil ha stor innverknad også for Noreg og leggje sterke føringar på andre slike avtaler. Den vil kunne gi eit tettare samarbeid mellom EU og USA om utforming av nye reglar. USA og EU har ulike syn på føre var-prinsippet og regulerer mellom anna kjemikaliar ulikt. Ei avtale mellom dei kan derfor òg få stor verknad for EØS-avtalas reglar på klima- og miljøområdet og vårt høve til å påverke dei.

Klima- og miljøsamarbeid med utviklingsland

Samarbeid med framveksande økonomiar og utviklingsland er òg ein viktig pilar i Noregs internasjonale klima- og miljøarbeid. Med bilaterale samarbeidsavtaler og støtte til internasjonale initiativ skal Noreg medverke til ei grøn utvikling gjennom oppbygging av kapasitet og kompetanse til å forvalte miljø og naturressursar.

Klima- og miljødepartementet har særskilde avtaler om samarbeid med miljøstyresmaktene i dei store utviklingslanda Kina, India, Brasil og Sør-Afrika. Desse landa har stor betyding for utvikling av den globale miljøtilstanden og er heilt sentrale i internasjonalt miljøsamarbeid og i utvikling av globale miljøavtaler. Det bilaterale samarbeidet skal byggje relevant fagleg samarbeid på styresmaktnivå og gi ei plattform for dialogen om internasjonale miljøutfordringar. I Kina, Sør-Afrika og India har Klima- og miljødepartementet medverka til ein portefølje av prosjekt som er retta inn mot enkelte land si evne til å gjennomføre internasjonale forpliktingar under miljøkonvensjonane.

Prosjekta er hovudsakleg forvaltningssamarbeid, der Miljødirektoratet er ein viktig partnar på norsk side. Finansiering skjer i hovudsak over Utanriksdepartementets budsjett. I tillegg vert det nytta midlar over Klima- og miljødepartementets budsjett for å setje i gang nye prosjekt og utgreiingar. I Kina og Sør-Afrika medverkar Miljødirektoratet til utvikling av utsleppsrekneskap og kvotemarknad. I India er det samarbeid om eit senter for biodiversitet i Chennai, og alternativ til bruk av hydrofluorkarbon (HFK) som kuldemedium. Klima- og miljødepartementet har òg bilateralt miljøsamarbeid med Myanmar. Forvaltning av vass- og naturressursar og handtering av farleg avfall er dei sentrale samarbeidsområda.

Regjeringas største internasjonale initiativ innan klima- og miljø er klima- og skogsatsinga (sjå nærare omtale under programkategori 12.70). Departementet følgjer andre initiativ frå regjeringa, under dette programmet Rein Energi for utvikling og 1 Gigaton Coalition. 1 Gigaton Coalition vart på initiativ frå Noreg lansert under klimaforhandlingane i Lima i desember 2014. Initiativet har som formål å måle og rapportere reduksjonar i klimagassutslepp som følgje av prosjekt og program for fornybar energi og energieffektivisering i utviklingsland. Klima- og miljødepartementet med Miljødirektoratet deltek òg i Olje for Utvikling-programmet, mellom anna i Ghana, Uganda, Libanon og Tanzania. Formålet med programmet er å overføre norsk kompetanse slik at utviklingsland kan forvalte petroleumsressursane på ein måte som medverkar til varig reduksjon av fattigdom og sikrar at ein tek forsvarleg omsyn til miljøet.

Klima- og miljødepartementet stimulerer òg til det grøne skiftet i utviklingsland gjennom støtte til fleire andre internasjonale initiativ. Kunnskapsgrunnlaget, nødvendige institusjonar, lover, reguleringar og økonomiske verkemiddel må på plass for å kunne realisere ei grønare utvikling. I Det grøne partnarskapet PAGE samarbeider fem FN-organ om å tilby motiverte utviklingsland støtte til heile prosessen med grøn omlegging. Ved å fokusere på dei økonomiske og finansielle rammevilkåra for jobbskaping og lønnsam ressurseffektivitet, og møte sektorane sitt behov for tilpassa støtte i omlegginga, byggjer PAGE evna til grøne vegval i økonomien. Eit anna godt etablert initiativ er samarbeidet mellom UNDP og UNEP i PEI (Poverty and Environment Initiative) som fleire av dei fattigaste landa tek del i for å forvalte naturresursane sine betre. Noreg støttar òg Global Green Growth Institute (GGGI), ein internasjonal organisasjon som fremjar sosialt inkluderande og berekraftig økonomisk vekst i utviklingsland og framveksande økonomiar. GGGI samarbeider med sine medlemsland i å utvikle strategiar og politiske verkemiddel for grøn vekst, omgjere disse til finansierbare prosjekter og tiltak og styrkje institusjonell kapasitet, læring og kunnskapsdeling.

Nærare om budsjettforslaget

Foreslått løyving knytt til programkategorien for 2017 er på 1 278,7 mill. kroner. Dette er ein auke på om lag 111,6, mill. kroner, eller 9,6 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2016.

Forenkla modell for premiebetaling til Statens pensjonskasse (SPK)

Frå 2017 innfører regjeringa ein forenkla modell for premiebetaling til Statens pensjonskasse (SPK) for dei verksemdene som ikkje betaler premie i dag. Dette vil i større grad gjere verksemdene ansvarlege for pensjonskostnadene deira. Berre ei av tre statlege verksemder betaler i dag pensjonspremie til SPK. Dette kan føre til at verksemdene tilset meir personale enn dei ville gjort med ei meir rett prising av innsatsfaktorane. Investeringar i digitale løysingar eller kjøp av tenester frå private vil bli meir aktuelt og rekningssvarande dersom staten møter ein meir rett pris på arbeidskraft.

Den delen av statens pensjonsutgifter som i dag ikkje blir finansierte av premieinntekter, er dekt sentralt av staten over kapittel 612 Tilskot til Statens pensjonskasse og kapittel 613 Arbeidsgivaravgift til folketrygda. Modellen som blir innført vil medføre auka premieinntekter til SPK og dermed reduserte tilskot til SPK. Verksemdene er gjennom budsjettforslaget kompenserte for venta auka utgifter. Modellen er samla sett provenynøytral på omleggingstidspunktet. Ein viser til Gul bok 2017 for nærare omtale. Fordelinga på den enkelte verksemda går fram under den aktuelle budsjettposten.

Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

1400

Klima- og miljødepartementet

442 030

458 407

491 789

7,3

1406

Miljøvennleg skipsfart

5 064

1408

Radioaktiv forureining i det ytre miljø

14 453

1409

MAREANO

28 825

1410

Miljøforsking og miljøovervaking

669 521

708 709

786 957

11,0

Sum kategori 12.10

1 159 893

1 167 116

1 278 746

9,6

I 2016 gjekk kap. 1406, 1408 og 1409 ut og vart erstatta med respektive kap. 1422, 1423 og 1424 som inngår i programkategori 12.20 – klima, naturmangfald og forureining.

Kap. 1400 Klima- og miljødepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

216 323

216 419

280 455

21

Spesielle driftsutgifter

51 785

45 732

49 383

62

Den naturlege skulesekken

2 500

3 323

3 409

65

Områdesatsing i byar, kan overførast

10 000

10 290

70

Frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige miljøstiftelsar

57 705

59 233

71

Internasjonale organisasjonar

42 497

48 509

74 633

74

Tilskot til AMAP, kan overførast

4 000

4 116

4 231

76

Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak, kan overførast

41 428

53 305

59 098

79

Tilskot til kulturminneforvaltning

15 792

17 480

20 580

Sum kap. 1400

442 030

458 407

491 789

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.

Løyvinga dekkjer dei ordinære driftsutgiftene som er naudsynte for at Klima- og miljødepartementet skal kunne halde ved lag ei god verksemd. Om lag to tredelar av løyvinga gjeld lønn til fast tilsette i departementet. Om lag ein tredel av løyvinga går til å dekkje husleige, fornying av materiell, inventar og utstyr, blant anna drift og utvikling av IT-anlegget til departementet, reiseutgifter, kurs- og konferanseverksemd og tiltak for kompetanseutvikling. Av desse fellesutgiftene er husleige og IT-utgifter dei største.

Det skal etablerast nye leigeavtaler for departementslokala frå 1. januar 2017. Dei nye leiekontraktane skal svare til det faktiske arealet som det enkelte departement og Departementas serviceorganisasjon vil disponere i 2017. Konsekvensen av ny leigeavtale for departement er ein auke i løyvinga på kap. 1400 post 01 med 39,0 mill. kroner. Ein viser til nærare omtale under Kommunal- og moderniseringsdepartementets kap. 2445 Statsbygg. Posten blir og auka med 25,5 mill. kroner knytt til ny forenkla modell for premiebetaling til Statens pensjonskasse (SPK) og auka lønns- og trygdeoppgjer.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.

Løyvinga på posten er auka med 3,7, mill. kroner. Det er mellom anna lagt inn 2 mill. kroner til forskningsbasert kunnskapsoppbygging om marine økosystem og reint hav, under dette midlar til gjennomføring av pilotprosjekt for å betre miljøtilstanden.

Løyvinga på denne posten dekkjer utgifter til kjøp av utgreiingar. Løn til mellombels tilsette som er knytte til faglege prosjekt kan òg førast over posten. Prosjekta relaterer seg til heile miljøforvaltningas ansvarsområde.

Klima- og miljøpolitikken står overfor store utfordringar og det er viktig å ha eit grundig fagleg fundament for den politikken som blir lagt opp. Det er derfor viktig at Klima- og miljødepartementet har nok ressursar til å kunne initiere utgreiingar av ny politikk og evaluere politiske tiltak og verkemiddel som er sette i gang eller gjennomførte. I tillegg blir ressursar nytta til å vurdere klima- og miljøkonsekvensar av forslag som er fremja frå andre sektorar.

Post 62 Den naturlege skulesekken

Midlane under posten er knytte til alle resultatområde bortsett frå Polarområda. Den naturlege skulesekken er eit samarbeidstiltak mellom Kunnskapsdepartementet og Klima- og miljødepartementet. Tiltaket er leia av Miljødirektoratet og Utdanningsdirektoratet, mens gjennomføringa skjer gjennom Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa (Naturfagsenteret). Til Den naturlege skulesekken er det i tillegg til tilskotet på denne posten foreslått eit budsjett på 2,333 mill. kroner under kap. 1400 post 21 og 2,3 mill. kroner under kap. 1400 post 76 slik at samla prosjektmidlar frå Klima- og miljødepartementet er 8,042 mill. kroner i 2017.

Mål

Den naturlege skulesekken legg til rette for utvida bruk av nærmiljøet til skulane i undervisninga og set miljø, friluftsliv og berekraftig utvikling i samanheng med realfag, samfunnsfag og mat og helse. Tiltaket legg til rette for samarbeid mellom skular og frivillige miljø- og friluftsorganisasjonar med faglege ressursar skulen har nytte av. Det støttar utviklinga av lokale, fleirfaglege undervisningsopplegg tilpassa læreplanverket. Eit berande pedagogisk prinsipp er å flytte læringsarenaen frå klasserommet til lokalsamfunnet. I Den naturlege skulesekken er varierte arbeidsmetodar utandørs, bruk av nærmiljøet og aktørar i nærmiljøet sentralt. Skular skal i samarbeid med aktørar i nærmiljøet utvikle undervisnings- og arbeidsmetodar som inneber at elevar og lærarar oppsøkjer miljø utanfor klasserommet og brukar desse miljøa regelbunde som læringsarena. Opplevingar og erfaringar skal elevane ta med seg tilbake til skulen for å arbeide vidare med dei. Målet er å medverke til at elevane som framtidige arbeidstakarar får kunnskap og medvit om berekraftig utvikling og miljøutfordringane på kloden, og blir i stand til å forstå og utvikle løysingar på miljøproblema i dag og i framtida.

Kriterium for måloppnåing

Den naturlege skulesekken skal koordinere læringsressursar innanfor dei aktuelle områda, og skape eit profesjonelt nettverk av foreiningar og organisasjonar som driv skuleretta verksemd. Den naturlege skulesekken skal medverke til å utnytte skulen sitt nærmiljø som læringsarena og bruk av ulike regionale og nasjonale ressursar, i tillegg til å medverke til å styrkje samfunnsfaglege og naturfaglege metodar.

Tildelingskriterium

Den enkelte skulen kan søkje på årleg utlyste utviklingsmidlar. Kriterium for å få tildelt støtte er at dei planlagde undervisningsopplegga skal nytte skulen sitt nærmiljø som læringsarena, ha høg fagleg kvalitet og femne om 2 eller fleire fag. Minst eitt av desse faga skal vere naturfag eller samfunnsfag og skulane blir bedne om å samarbeide med ein ekstern aktør. Undervisningsopplegga skal ha som mål å utvikle elevane og lærarane si nyfikne, kunnskapen deira om natur og samfunn, og medvit om berekraftig utvikling. Det skal leggjast vekt på grunnleggjande dugleikar i læringsprosessane, og utforskande arbeidsmåtar (Forskarspiren) skal vere ein viktig måte å arbeide på.

Oppfølging og kontroll

Dei tiltaka som blir sette i gang, blir følgde opp fortløpande fagleg og økonomisk av Naturfagsenteret. Undervisningsopplegga blir vurderte for publisering på nettstaden www.natursekken.no slik at dei kan delast med andre. Det blir utarbeidd årlege rapportar om heile prosjektet frå Naturfagsenteret, og Den naturlege skulesekken blei evaluert hausten 2014.

Rapport 2015

I 2015 fekk 129 skular midlar til utvikling av undervisningsopplegg. Totalt har 538 skular gjennomført skuleprosjekt i Den naturlege skulesekken i perioden 2009–2015/16. Skulane som deltek, får pedagogisk rettleiing gjennom regionale nettverk ved høgskular og Naturfagsenteret. Naturfagsenteret arrangerer årleg ein nasjonal konferanse for deltakarskulane på hausten. I 2015 deltok 358 lærarar, skuleleiarar og lærarutdannarar.

I tillegg er det totalt 7 regionkontaktar som arrangerer to nettverksmøte i sin region årleg, med til saman 15 regionale samlingar rundt om i landet. Det er òg oppretta 8 lærarnettverk i regionane.

Post 65 Områdesatsing i byar, kan overførast

Siste år med løyving på posten var 2016.

Posten har finansiert Klima- og miljødepartementet sitt bidrag i Groruddalsatsinga, som var ei tiårig satsing i perioden 2007-2016. I 2015 inngikk staten og Oslo kommune avtale om ei ny Groruddalsatsing for ein ny 10-års periode frå 2017. Midlar til denne satsinga er lagt på kap. 1420 post 78 Friluftslivsformål.

Rapport 2015

Det var i 2015 løyva 10 mill. kroner frå posten til programområde 2 i Groruddalsatsinga som omfatta Alnaelva, grønstruktur, idrett og kulturmiljø. Midlane ble i 2015 brukt til ulike tiltak innafor opparbeiding av friluftslivsområder, til grøntområde og turveier, og til istandsetting av kulturminne.

Post 70 Frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige miljøstiftelsar

Frå tilskotsåret 2017 vil forvaltninga av tilskotsposten bli lagt til Miljødirektoratet med utlysing i direktoratets søknadssenter. Midlane tilhøyrande ordninga er flytta til kap. 1420, ny post 80.

Post 71 Internasjonale organisasjonar

Midlane under posten er retta mot alle resultatområda. Løyvinga er foreslått auka med ca. 25 mill. kroner. Aukinga omfattar prisjustering og bidrag til oppfølging av REACH-regelverket på kjemikaliar.

Mål

Målsetjinga med løyvinga er å medverke til å halde ved lag drifta av organisasjonar, avtaler, konvensjonar og sekretariat som utfører viktig miljøretta arbeid av verdi for Noreg.

Løyvinga skal dekkje obligatoriske bidrag til internasjonale organisasjonar, avtaler, konvensjonar og sekretariat der Noreg deltek aktivt. Løyvinga under denne posten er ei direkte følgje av at Noreg har ratifisert avtaler med budsjettbindingar, eller at regjeringa har vedteke norsk medlemskap. I tillegg blir det gitt bidrag til FNs miljøprogram (UNEP). Ordninga er ikkje open for søknad.

Følgjande internasjonale organisasjonar, avtaler, konvensjonar og sekretariat får bidrag:

  • International Council of Monuments and Sites (ICOMOS)

  • Internasjonalt studiesenter for bevaring og restaurering av kulturminnesmerke (ICCROM)

  • FNs miljøprogram (UNEP)

  • Den internasjonale naturvernunionen (IUCN)

  • Interimssekretariat for konvensjonen om vern av våtmarker (Ramsar-konvensjonen)

  • Konvensjonen om internasjonal handel med truga arter (CITES)

  • Konvensjonen om trekkjande arter av ville dyr (Bonn-konvensjonen)

  • Vassfuglavtala under Bonnkonvensjonen (AEWA)

  • Albatrossavtala under Bonnkonvensjonen (ACAP)

  • Flaggermusavtala under Bonnkonvensjonen (EUROBATS)

  • Den nordatlantiske laksevernorganisasjonen (NASCO)

  • Konvensjonen om biologisk mangfald (Biodiversitetskonvensjonen/CBD)

  • Protokoll om genmodifiserte organismar (Cartagena-protokollen)

  • Nagoya-protokollen under konvensjon om biologiske mangfald om tilgang til genressursar og ein rettferdig og likeverdig fordeling av fordelar som følgjer av bruken av slike ressursar.

  • Konvensjonen om vern av ville europeiske planter og dyr, og leveområda deira (Bernkonvensjonen)

  • FNs naturpanel (IPBES)

  • Konvensjonen om vern av ozonlaget (Wienkonvensjonen)

  • Protokoll om stoff som reduserer ozonlaget (Montrealprotokollen).

  • FNs klimapanel (IPCC)

  • FNs rammekonvensjon om klimaendringar (UNFCCC)

  • Protokoll som skal redusere utslepp av skadelege klimagassar (Kyoto-protokollen)

  • Det europeiske miljøvernbyrået (EEA)

  • Fellessekretariat for Oslo- og Pariskonvensjonane og Bonnavtala (oljeforureining)

  • Konvensjonen om langtransporterte luftforureiningar (LRTAP)

  • Det europeiske overvakingsprogrammet for langtransport av luftforureiningar (EMEP)

  • Konvensjonen om kontroll med grenseoverskridande transport av farleg avfall (Baselkonvensjonen)

  • Konvensjon om persistente organiske sambindingar (Stockholm-konvensjonen)

  • Konvensjon om notifikasjon og førehandssamtykke ved eksport av kjemikaliar (Rotterdam-konvensjonen)

  • Strategic Approach to International Chemicals Management (SAICM)

  • Konvensjonen om kvikksølv (interimfasen) (Minamata-konvensjonen)

  • Oppfølging av REACH-regelverket på kjemikaliar

  • Konvensjonen om tilgang til miljøinformasjon, deltaking i avgjerdsprosessar og høve til klage- og domstolsprøving på miljøområdet (Århus-konvensjonen)

  • Protokoll om forureina utslepp og utsleppsregister under Århus-konvensjonen (PRTR)

Oppfølging og kontroll

Kontroll og oppfølging av organisasjonane, avtaler, konvensjonar, og sekretariata skjer ved generell formaliakontroll av reviderte rekneskapar og årsrapportar, deltaking i partsmøte, generalforsamlingar, årsmøte og liknande.

Post 74 Tilskot til AMAP, kan overførast

Løyvinga medverkar til å oppnå nasjonalt mål Negativ menneskeleg påverknad og risiko for påverknad på miljøet i polarområda skal reduserast under resultatområde Polarområda.

Mål

Dette er ei internasjonal forplikting Noreg har påteke seg, og målet med løyvinga er å sikre vidareføring av programmet for arktisk miljøovervaking (AMAP) gjennom tilskot til drift av stiftelsen AMAP.

Stiftelsen AMAP vart oppretta av Klima- og miljødepartementet 24. juni 1997. Det internasjonale miljøvernsamarbeidet under den arktiske miljøvernstrategien (AEPS) tok sikte på å redusere negative miljøverknader av den aukande økonomiske aktiviteten i området. Det internasjonale miljøvernsamarbeidet under AEPS er no integrert i det breiare samarbeidet i Arktisk råd. Miljøovervakingsprogrammet AMAP utgjer den viktigaste delen av samarbeidet.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsoversyn. I tillegg er det fagleg kontakt med stiftelsen.

Rapport 2015

Det har vore stor aktivitet i AMAP-sekretariatet i 2015, med fortløpande oppfølging av oppgåver sette i gang av Arktisk råd. Oppgåvene er knytte til overvaking, vurderingar og samanstilling av informasjon om miljøpåverknad og klimaendringar i Arktis.

I 2015 har AMAP-sekretariatet brukt mykje tid og ressursar på å ferdigstille tre større vurderingar som blei overlevert ministermøte i Arktisk råd: helsesituasjonen for befolkninga i nord, radioaktivitet i arktiske område og organiske miljøgifter i nordområda. AMAP-sekretariatet koordinerer òg ein større studie om endringar i Arktis. AMAPs arbeid er viktig for å dokumentere tilstanden for det arktiske miljøet, og som grunnlag for tilrådingar om tiltak og som innspel til Stockholmkonvensjonen, Minamatakonvensjonen og dei globale klimaforhandlingane.

Post 76 Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak, kan overførast

Midlane under denne posten gjeld alle resultatområda.

Mål

Posten skal:

  • medverke til nasjonale tiltak slik at Noreg oppfyller sine internasjonale plikter innan naturmangfald, klima og forureiningar, og nasjonale mål innanfor alle resultatområda.

  • styrkje arbeidet med miljøspørsmål som er viktige for Noreg, og å få gjennomslag for norske miljøpolitiske prioriteringar internasjonalt.

Tildelingskriterium

Tildeling av midlar er basert på kva resultat regjeringa ønskjer å oppnå i det nasjonale miljøarbeidet og dei pliktene Noreg har teke på seg i det internasjonale miljøsamarbeidet. Alle midlane på posten er øyremerkte.

På det nasjonale området blir det i 2017 føreslått å gi tilskot til:

  • «Den naturlege skulesekken» (2,3 mill. kroner).

  • Framande arter (2 mill. kroner)

  • Medverke til oppfølging av avfallsstrategien: tilskot til Matvett AS for deira arbeid med reduksjon av matsvinn (0,8 mill. kroner)

  • Klimasmarte offentlege anskaffingar for å fremje det grøne skiftet, tilskot til nasjonalt program for leverandørutvikling (0,25 mill. kroner).

  • IPCC 6. hovudrapport (3 mill. kroner)

  • Pilotanlegg for biogass (16 mill. kroner), og følgjeforsking (4 mill. kroner), totalt 20 mill. kroner.

  • Etter- og vidareutdanning (EVU) (1,5 mill. kroner).

  • Nasjonalt senter for bærekraftig omstilling (0,5 mill. kroner)

  • Naturmangfald (4,5 mill. kroner)

På det internasjonale området blir det i 2017 gitt tilskot til:

  • Noregs bidrag til reduserte utslepp av kortliva klimadrivarar gjennom eit styrkt internasjonalt engasjement, støtte til Koalisjonen for klima og rein luft (CCAC) sitt arbeid (6,0 mill. kroner).

  • Kontingent til Climate Technology Initiative (CTI) (0,125 mill. kroner)

  • FN-organet Grid Arendal (4,5 mill. kroner)

  • Sekretariat for Conservation of Arctic Flora and Fauna (CAFF) (0,2 mill. kroner)

  • ForUM for Utvikling og Miljø (0,45 mill. kroner)

  • EUs strålevernsforsking (1 mill. kroner)

  • Norsk Institutt for Luftforsking (NILU) (1,421 mill. kroner)

  • Norsk institutt for vassforsking (NIVA) (0,45 mill. kroner)

  • Meteorologiske institutt (0,3 mill. kroner)

  • Reisestøtte i samband med internasjonale klima- og miljømøte (0,35 mill. kroner)

  • 3,0 mill. kroner i samband med internasjonalt klimaarbeid der KLD har ei sentral rolle. (Støtte til konferansar, møte, seminar osv., tilskot til internasjonale organisasjonar osv.)

  • 3,5 mill. kroner til arbeidet med biocid og andre internasjonale tiltak for betre regulering av miljøgifter

  • Kapasitetsbygging for deltaking og rapportering i Parisavtala (CBIT) (3 mill. kroner.)

Oppfølging og kontroll

Årsrapportar og reviderte rekneskap frå gjennomførte prosjekt dannar grunnlaget for ein generell formaliakontroll.

Rapport 2015

Nasjonalt

Følgjande tilskot vart gitt i 2015 etter søknadsrunde:

Det er gitt støtte til matvett med å kartlegge og redusere matsvinn.

Som ei oppfølging av biogasstrategien vart 10 mill. kroner frå denne posten utbetalt til Innovasjon Noreg i 2015. Midlane vart lyste ut til pilotanlegg og følgjeforsking i tilknyting til pilotsatsinga.

2,3 mill. kroner av denne posten vart fordelt gjennom Den naturlege skulesekken til 22 lokale og landsdekkjande ikkje-statlege lag, organisasjonar og privatpersonar som har søkt om tilskot til tiltak eller prosjekt som støttar opp under grunnskulane (1.-10. trinn og Vg1) si planlegging og gjennomføring av fleirfaglege undervisningsopplegg i deira nærmiljø.

Naturvernforbundet fekk 75 000 kroner i 2015 for å gjennomføre fleire tiltak over heile landet for å auke kunnskapen om klimaendringar og spreie informasjon om korleis vi kan omstille oss for å redusere klimagasutslepp både globalt og lokalt. Naturvernforbundet bistod og inspirerte lokallaga i deira arbeid med klima lokalt i det viktige klimaåret 2015.

Bellona fekk 0,4 mill. kroner i tilskot til prosjektet BEST+. Prosjektet medverkar gjennom kunnskapsutvikling og informasjonsarbeid til å setje CCS høgare på den politiske agendaen i Europa.

Internasjonalt

På det internasjonale området er det gitt driftsstøtte til GRID-Arendal, ForUM for miljø og utvikling. Støtta til GRID-Arendal er eit generelt basistilskot til drifta, og utgjer knapt 10 pst. av GRIDs samla inntekter. GRIDs hovudformål er å yte tenester som styrkjer FNs miljøprogram (UNEP), gjennom utvikling, innhenting og bruk av vitskapleg basert miljøinformasjon.

Klima- og miljødepartementet gav i 2015 8 mill. kroner i støtte til Koalisjonen for klima og rein luft (CCAC) sitt arbeid med å redusere utslepp av kortlevde klimaforureinarar innan sektorar som avfall, olje- og gass, tungtrafikk og landbruk.

ForUMs verksemd i 2015 er i tråd med deira handlingsplan og omfattar sentrale saksområde for Klima- og miljødepartementet, bl.a. deltaking og innspel i tilknyting til klimaforhandlingane og FNs universelle berekraftsmål. ForUMs aktivitet på områda medverkar til å setje fokus på saksfelt av sentral betydning for Klima- og miljødepartementet. I 2015 gav Klima- og miljødepartementet 0,45 mill. kroner i driftsstøtte til ForUM.

Conservation of Arctic Flora and Fauna (CAFF) er Arktisk råds arbeidsgruppe for bevaring av arktisk biodiversitet. Klima- og miljødepartementet har gitt støtte til drifta av det internasjonale CAFF-sekretariatet i Akureyri på Island.

Vidare er det gitt tilskot til institutt som arbeider internasjonalt innanfor departementets resultatområde. Institutta har viktige internasjonale oppgåver og representerer Noreg i ulike samanhengar. Meteorologisk institutt har rolla som internasjonalt meteorologisenter under Konvensjonen om langtransportert grenseoverskridande luftforureining og Det europeiske samarbeidsprogrammet for overvaking og måling av luftforureiningar (EMEP). Tilskotet for 2015 er nytta til å vidareutvikle EMEP-modellen som vert nytta til å analysere spreiing, konsentrasjonar og avsetjingar av luftforureiningar. Slike modellanalysar vert nytta som grunnlag for forhandlingar om internasjonale avtaler om reduksjon i utslepp av luftforureiningar, til dømes Gøteborgprotokollen. Norsk institutt for luftforsking (NILU) arbeider som European Topic Centre on Air Quality and Climate Change Mitigation under The European Environment Agency (EEA). Norsk institutt for vassforsking (NIVA) har ei tilsvarande rolle under EEA som European Topic Center for Water. Begge desse institutta er valde ut til arbeidet for EEA i konkurranse med liknande institutt i andre europeiske land. EEA har som føresetnad at institutta kan finansiere delar av kostnadane som Topic Centre nasjonalt. Tilskota frå Klima- og miljødepartementet dekkjer delar av kostnadene ved institutta sitt arbeid for EEA.

Noregs forskingsråd har fått tilskot til samarbeid med EU om strålevernforsking. Bidraget til EUs strålevernprogram sikrar norske forskarar tilgang på midlar og eit felles europeisk forskingsmiljø med fokus på verknaden av radioaktiv forureining av miljøet og grunnlag for å etablere rammeverk for vern av miljøet. Programmet fører saman nøkkelaktørar innan radioøkologisk forsking i Europa og har stor meirverdi for norske aktørar og den kunnskapsbaserte statsforvaltninga.

Det er utbetalt kontingent til Climate Technologicy Initiativ, som mellom anna stimulerer til bruk av betre klimateknologiar i utviklingsland.

Midlane til internasjonale tiltak på miljøgifter og biocid vart i 2015 utbetalt til REACH-regelverket på kjemikaliar.

Det vart gitt reisestønad til ulike organisasjonar for deltaking i møte mellom anna i dei internasjonale klimaforhandlingane, og støtte/tilskot til konferansar, møte, seminar, og internasjonale organisasjonar i samband med internasjonalt klimaarbeid der KLD har ei sentral rolle.

Post 79 Tilskot til kulturminneforvaltning, kan overførast

Midlane under denne posten er retta mot tiltak som skal medverke til måloppnåing på kulturminneområdet, jf. resultatområde 2 Kulturminne og kulturmiljø.

Posten omfattar fleire kulturminnetiltak, mellom anna:

  • Norges internasjonale engasjement under verdsarvkonvensjonen blir ført vidare frå hausten 2016, som ei 6-årig samarbeidsavtale mellom Klima- og miljødepartementet og Unescos rådgivande organ IUCN og Iccrom. Samarbeidet er organisert som eit programsamarbeid -«World Heritage Leadership – A new capacity building programme of Iccrom and IUCN»- og byggjer vidare på pilotsamarbeidet som vart gjennomført i 2015/2016.

    Oppfølging av norske verdsarvsenter: som del av den langsiktige målsetjinga om å utvikle verdsarvsenter ved alle dei norske verdsarvområda, er det etablert autoriserte verdsarvsenter i Alta, på Vega og i Geiranger. Autorisasjonsordninga er bygd på same prinsipp som for naturinformasjonssentra. Klima- og miljødepartementet vil i løpet av hausten 2016 ferdigstille ein plan som skal leggje grunnlaget for den vidare prioriteringa i arbeidet med å etablere nye senter ved dei andre fem norske verdsarvområda. I 2017 blir det lagt til rette for autorisasjon av to nye senter. Oppfølging av ein prosess som er sett i gang for utvikling av ei felles basisutstilling ved verdsarvsentra inngår òg i formålet.

  • Bygg og Bevar er eit samarbeid med Byggenæringas Landsforbund (BNL); ein nettbasert portal/møteplass mellom det offentlege, næringslivet og dei private eigarane. Dette er eit lågterskeltilbod for alle eigarar som treng informasjon om istandsetjing og vedlikehald av eldre bygningar. Prosjektet blir ført vidare i ein 5-årsperiode frå 1.1.2016.

  • Den globale oppvarminga fører til at isen i høgfjellsområda gradvis smeltar. Frå 2011 har eit brearkeologisk sikringsprogram, under leiing av Kulturarveininga ved Oppland fylkeskommune, berga arkeologiske funn frå isen. Det brearkeologiske sikringsprogrammet i Oppland har sidan 2006 samla inn meir enn 2000 funn frå 50 funnstader, noe som utgjer meir enn halvparten av funna globalt, og meir enn 85 pst. nasjonalt. Dei arkeologiske funna frå isen gir eit sjeldan blikk inn i ei fortidsverd. Nasjonale og internasjonale klimaaktørar samarbeider rundt koplinga mellom funna og klima i fortid og notid.

Mål

Medverke til måloppnåing på kulturminneområdet.

Kriterium for måloppnåing

Opplysningar om kulturminnetiltak som tek imot tilskot frå post 79.

Tildelingskriterium

Tiltaka er prioriterte med utgangspunkt i nasjonale mål og prioriteringar innanfor resultatområde 2.

20,58 mill. kroner blir fordelte til følgjande tiltak:

  • Verdsarv-Unesco (4,275 mill. kroner)

  • Verdsarvsenter (12,225 mill. kroner)

  • Foreininga Freda (0,214 mill. kroner)

  • Bygg og Bevar (3 mill. kroner)

  • Arbeid med brearkeologisk sikringsarbeid i Oppland (0,466 mill. kroner)

  • Kulturminnedagen (0,4 mill. kroner)

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke rapportar og revidert rekneskap. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.

Rapport 2015

  • Følgjande tiltak fekk tilskot i 2015: Den internasjonale verdsarv, kapasitets- og kompetansebyggingsaktivitetar i regi av Unescos rådgivande organ IUCN og Iccrom som oppfølging av Noregs internasjonale engasjement under verdsarvkonvensjonen, verdsarvsenter, (Vega, Vestnorsk fjordlandskap og Alta) og tilskot til Basisutstilling. I tillegg fekk følgjande tiltak tilskot i 2015: Foreininga Freda, Etter- og vidareutdanning (EVU), Bygg og Bevar, Klimapark 2469 og Kulturminnedagen.

Kap. 4400 Klima- og miljødepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

02

Ymse inntekter

56

407

418

03

Refusjon frå Utanriksdepartementet

2 020

1 673

1 720

Sum kap. 4400

2 076

2 080

2 138

Post 02 Ymse inntekter

Under denne posten fører departementet meir tilfeldige inntekter, blant anna avgift for parkering på området til Klima- og miljødepartementet. Prosjektmidlar frå Nordisk Ministerråd blir òg førte her. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1400 post 01 Driftsutgifter, jf. forslag til vedtak II nr. 1. Posten er auka i tråd med venta inntekter.

Post 03 Refusjon frå Utanriksdepartementet

Det er budsjettert med 1,720 mill. kroner i refusjon frå Utanriksdepartementet i samband med utgifter til medlemskap i Den internasjonale naturvernunionen (IUCN) som er utgiftsført over kap. 1400 post 71 Internasjonale organisasjonar.

Kap. 1406 Miljøvennleg skipsfart

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

21

Spesielle driftsutgifter

4 471

Sum kap. 1406

4 471

Kap. 1406 er nedlagt frå 2016 og flytta til kap. 1422 under programkategori 12.20.

Kap. 1408 Radioaktiv forureining i det ytre miljø

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

9 238

Sum kap. 1408

9 238

Kap. 1408 er nedlagt frå 2016 og flytta til kap. 1423 under programkategori 12.20.

Kap. 1409 MAREANO

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

27 654

Sum kap. 1409

27 654

Kap. 1409 er nedlagt frå 2016 og flytta til kap. 1424 under programkategori 12.20.

Kap. 1410 Miljøforsking og miljøovervaking

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

21

Miljøovervaking og miljødata

198 056

221 713

228 933

50

Basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta

167 484

184 844

178 734

51

Forskingsprogram m.m.

200 375

196 973

272 488

53

Internasjonalt samarbeid om miljøforsking

6 753

6 705

6 672

54

Artsprosjektet m.m.

29 820

29 971

30 656

70

Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta

42 700

47 170

48 141

72

Tilskot til GenØk – Senter for biotryggleik

11 900

11 900

11 900

73

Infrastrukturtiltak til miljøinstitutta

12 433

9 433

9 433

Sum kap. 1410

669 521

708 709

786 957

Kap. 1410 Miljøforsking og miljøovervaking gjeld forskingsprogram, basisløyvingar og andre tilskot til miljøforskingsinstitutta m.m., og miljøovervaking og miljødata. Kapitlet rettar seg mot alle resultatområda. Kap. 1410 syner ein auke på 78,2 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2016.

Klima- og miljøpolitikken skal vere kunnskapsbasert. Kunnskapen blir bygd opp gjennom forsking, kartlegging, overvaking, miljøstatistikk og ulike former for rapportering. Grunnleggjande geografisk informasjon som miljødata, plandata, eigedomsdata og andre geodata er òg ein føresetnad for god miljøpolitikk.

Kunnskap om klima og miljø er i aukande grad ein viktig føresetnad for avgjerder som blir fatta på mange samfunnsområde. For å kunne ta omsyn til viktige miljøverdiar er det naudsynt å ha stadfesta informasjon om arter, naturtypar, kulturminne og landskap, og andre forhold som kan ha innverknad på miljøverdiane.

Vidare treng vi kunnskap om korleis miljøtilstanden utviklar seg. For å kunne seie noko om dette, treng vi overvakingsdata over lang tid, slik at vi får lange tidsseriar. Miljøovervakinga må derfor vere langsiktig, stabil og føreseieleg. Vi treng òg overvaking av viktige påverknadsfaktorar som har påverknad på miljøet.

Miljøforskinga medverkar til å avdekkje og avklare nye problemstillingar, men er samstundes eit viktig supplement og korrektiv til miljøovervakinga. Forsking er nødvendig for å sikre best moglege metodar for innsamling av overvakingsdata, og overvakingsdata (inkl. lange tidsseriar) er eit viktig grunnlag for mykje av forskinga. Kompetansen i forskingsmiljøa er sentral når overvakingsresultat skal tolkast.

Miljøforskinga har stor nytte av det kunnskapstilfanget som kjem fram gjennom overvaking. Overvakingsdata gir forskarar høve til å analysere utviklingstrendar i miljøet, då dei same metodane er nytta over lange tidsperiodar. Forsking med utgangspunkt i slike data har derfor stor verdi for miljøforvaltninga.

Post 21 Miljøovervaking og miljødata

Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda.

Posten dekkjer utgifter til miljøovervaking og innhenting av data og miljøstatistikk knytt til dei miljøpolitiske resultatområda, under dette utgifter til å dokumentere resultat og til behandling og forvaltning av data. Posten dekkjer òg formidling av informasjon om miljøtilstanden, blant anna utvikling og drift av Miljøstatus.no.

Posten dekkjer overvaking av forureiningar og farlege kjemikaliar, det tverrsektorielle nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald, kvalitetssikring av data frå det kommunale kartleggingsprogrammet, bestandsovervaking av rovvilt, sjøfuglprogrammet SEAPOP (inkludert SEATRACK), overvaking av arter, og overvaking av naturtypar, mellom anna tareskog. Vidare dekkjer posten arbeid med etablering av det økologiske grunnkartet. Dette arbeidet er omtalt under Politikk for å nå dei nasjonale måla for naturmangfald under programkategori 12.20.

Midlane blir nytta til å få fram kunnskap om miljøtilstanden og endringar i den, og er eit viktig grunnlag for å gjennomføre ein effektiv miljøpolitikk. Miljøovervaking og miljøstatistikk gir grunnlag for å setje mål for miljøpolitikken, vurdere i kva grad dei nasjonale miljømåla blir oppnådde og kva slag miljø- og helseverknader ein oppnår med verkemiddelbruk og tiltak. I tillegg pliktar Noreg gjennom ei rekkje internasjonale miljøavtaler å dokumentere utviklinga i miljøet og dei faktorane som påverkar miljøtilstanden, og deltek i ei rekkje internasjonale overvakingsprogram. Resultata frå desse programma er det viktigaste grunnlaget for revisjon av eksisterande internasjonale avtaler og etablering av nye. Mange endringar i miljøtilstanden skjer gradvis og over lang tid. For å få den nødvendige informasjonen må overvakingsprogramma derfor gå over fleire år. Dette gjeld først og fremst område der det er naudsynt med god kunnskap som grunnlag for tiltak og politikkutvikling for å nå nasjonale mål

Finansiering av nokre av dei lange tidsseriane er lagt på kap. 1410 post 70 Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta fordi det er ei sentral nasjonal oppgåve å sikre viktige overvakingsdata for forsking.

Posten er auka med 7,2 mill. kroner. Det er lagt inn 3 mill. kroner i bidrag til ein nasjonal digital høgdemodell i eit smarbeid med andre departement og leia av Kommunal og moderniseringsdepartementet. Det er òg lagt inn 3 mill. kroner til forskingsbasert kunnskapsoppbygging om marine økosystem og reint hav. Vidare er posten auka med 2 mill. kroner til overvaking i Tanavassdraget, 0,7 mill. kroner til Statens Strålevern i korreksjon av tidligare uttrekk i samband med meirverdiavgiftsreforma og 0,4 mill. kroner til styrka SEATRACK-arbeid. I tillegg er det lagt inn 0,8 mill. kroner i samband med endra budsjettering av premiebetaling til Statens pensjonskasse. Frå posten er det flytta 1,6 mill. kroner til kap. 1420 post 77 til driftstilskot for Standard Noreg. Samstundes er posten redusert med 1,1 mill. kroner knytt til avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma.

Rapport 2015

Pengane på posten gjekk i 2015 til ei rekkje ulike overvakingsprogram, som er langsiktige og som dekkjer ulike miljøtema som naturmangfald, klima, forureining og miljøgifter, samt kulturminner. Overvakinga vert koordinert av direktorata, og resultata vert rapportert til departementet. Lange tidsseriar og data frå miljøovervakinga inngår i nasjonale miljøindikatorar og vert formidla på Miljøstatus og direktorata sine nettsider. Resultata frå overvakinga vert og publisert gjennom fagrapportar som vert gitt ut av de institutta og forskingsmiljøa som gjennomfører overvakinga. Miljødirektoratet koordinerer overvaking som gjeld overvaking av natur, klima og forureining. Dette omfattar overvaking av ferskvatn og kystvatn. Polarinstituttet koordinerer polarforsking, og Statens Strålevern koordinerer overvaking knytt til radioaktivitet. Riksantikvaren koordinerer overvaking av kulturminner og kulturmiljø. Kvar av etatane rapporterer også til departementet på dei miljødata dei har ansvar for. Både rapportering på overvaking og miljødata blir rapportert årleg til departementet, og elles presentert på Miljøstatus.no.

Relevante overvakingsdata frå naturovervaking inngår i produksjonen av Naturindeks for Noreg, som er ein hovudindikator for det nasjonale målet om at økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtener. Overvakingsdata vert oppdatert kvart år, medan ein samla oppdatering av heile naturindeksen skjer kvart femte år. Oppdaterte data inngår i naturindeks for Noreg 2015, som vart lansert hausten 2015.

Post 50 Basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta

Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda.

Løyvinga er redusert med 6,11 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2016. Det er lagt inn ei prisjustering på 5,15 mill. kroner, og teke ut 0,9 mill. kroner som del av ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform. 1. januar 2016 vart Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR) slått saman med Høgskulen i Oslo og Akershus (HiOA). Grunnløyvinga til NIBR var i 2016 10,34 mill. kroner, og desse midlane er rammeoverført til Kunnskapsdepartementet som har ansvar for HiOAs rammeløyving over kap. 260 post 50.

Posten dekkjer grunnløyvinga og dei strategiske instituttløyvingane til fordelingsarena for miljøinstitutta, og strategiske instituttløyvingar til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) på fordelingsarena for primærnæringsinstitutt.

I 2017 vil 10 pst. av grunnløyvinga bli omfordelt etter oppnådde resultat på resultatindikatorar som vitskapleg publisering, samarbeid med universitet og høgskular (avlagte doktorgrader og bistillingar), internasjonale inntekter, inntekter frå Noregs forskingsråd og nasjonale oppdragsinntekter.

Mål

Fordelingsarenaen for miljøinstitutta inkluderer Norsk institutt for luftforsking (NILU), Norsk Institutt for naturforsking (NINA), Norsk institutt for Kulturminneforsking (NIKU), Norsk institutt for vassforsking (NIVA), Senter for klimaforsking (CICERO), Nansensenteret (NERSC – Nansen Environmental and Remote Sensing Center), Transportøkonomisk institutt (TØI) og Uni Research, som alle er sentrale institutt innanfor sine område av miljøforskinga. Dei skal fungere som nasjonale kompetansesenter og ha ei kunnskapsstrategisk rolle overfor miljøforvaltninga, og skal innanfor sine område tilfredsstille samfunnet sitt behov for å løyse problem på kort og lang sikt.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane frå Norsk forskingsråd, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. For oppfølging av årsrapporten vil det bli halde møte med Forskingsrådet og det enkelte instituttet for drøftingar av miljøforvaltningas kunnskapsbehov.

Rapport 2015

Midlane på posten vart nytta til å dekkje grunnløyvinga og dei strategiske instituttløyvingane til fordelingsarena for miljøinstitutta, og strategiske instituttløyvingar til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) på fordelingsarena for primærnæringsinstitutt.

Post 51 Forskingsprogram m.m.

Midlane under posten er retta mot forskingsprogram innanfor alle resultatområde. Midlane under posten blir kanaliserte gjennom Noregs forskingsråd.

Mål for miljøforskinga er å medverke til å styrkje kunnskapsgrunnlaget for eit effektivt miljøarbeid med stor vekt på relevans og for ei berekraftig ressursforvaltning og samfunnsplanlegging. Miljøforskinga skal gi eit godt kunnskapsunderlag for nasjonale forvaltningsoppgåver, for avgjerder i politikkutforming og som grunnlag for internasjonalt miljøsamarbeid.

Hovudvekta er lagt på forsking om klimaendringar og klimaomstilling, under dette forsking på biologiske og samfunnsvise effektar av klimaendringar. Marin forsking og forsking om biologisk mangfald og helse- og miljøfarlege kjemikaliar blir òg prioritert. Klima- og miljødepartementet ønskjer å sikre at også dei mindre fagområda får naudsynt prioritet i både det nasjonale og det internasjonale arbeidet. Det blir framleis arbeidd for å betre integreringa av miljøforsking i alle relevante delar av verksemda til Noregs forskingsråd.

Løyvinga er auka med 75,5 mill. kroner, ved ein auke på 71,5 mill. kroner til forsking på lågutsleppssamfunnet, og ein auke på 5 mill. kroner til forsking på marine økosystem og reint hav. Posten er redusert med 1 mill. kroner som del av ei avbyråkratisering- og effektiviseringsreform.

Auken på 71,5 mill. kroner går til å styrkje forskingsinnsatsen som kan støtte oppunder arbeidet med å oppfylle norske klimamål fram mot 2030. Satsinga skal fremje kunnskap om korleis vi kan få til lågutsleppsutvikling i Noreg, med særleg fokus på ikkje kvotepliktige utsleppssektorar, der transport og landbruk er dei største. Satsinga vil bli innretta med sikte på å mobilisere deltaking frå næringslivet. Satsinga skal støtte oppunder det langsiktige arbeidet for utsleppskutt og Noregs klimamål, men vil òg fremje omstilling i norsk økonomi og grøn konkurransekraft.

Løyvinga blir òg brukt til å finansiere delar av administrasjonsutgiftene i Forskingsrådet knytte til ordninga. For nærare omtale av finansieringa av administrasjonsutgiftene i Noregs forskingsråd viser ein til Kunnskapsdepartementets budsjettproposisjon, kap. 285 post 55.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke årsrapportar frå Noregs forskingsråd som er utarbeidde på bakgrunn av innspel frå programstyra. I tillegg er representantar frå miljøforvaltninga valde inn i programstyra.

Mål for Noregs forskingsråd

Regjeringa har fastsett nye mål for Forskingsrådet som gjeld frå 2015. Måla er:

  • auka vitskapeleg kvalitet

  • auka verdiskaping i næringslivet

  • å møte store samfunnsutfordringar

  • eit vel fungerande forskingssystem

  • god rådgiving

Kunnskapsdepartementet held fram arbeidet med å utvikle styringssystemet for Forskingsrådet i samarbeid med dei andre departementa og Forskingsrådet. Styringssystemet er nærare omtalt i Kunnskapsdepartementets budsjettproposisjon for 2017.

Rapport 2015

I 2015 vart løyvinga nytta til finansiering av forskingsprogramma Miljø2015, Havet og kysten, Klimaforsk, Energix, Miljøpåverknader og helse, Polarforskingsprogrammet og Program for romforsking.

Post 53 Internasjonalt samarbeid om miljøvernforsking

Posten er på omlag same nivå som saldert budsjett 2016.

Mål

Tilskotet er kontingent for medlemskap i International Institute for Applied Systems Analysis (IIASA).

Oppfølging og kontroll

Kontingenten blir overført Noregs forskingsråd, som tek hand om den norske medlemskapen.

Post 54 Artsprosjektet m.v.

Posten er på omlag same nivå som saldert budsjett 2016.

Mål

Det norske Artsprosjektet vart etablert i 2009. Det finst truleg rundt 55 000 arter i Noreg. Så langt er nærare 44 000 av desse beskrivne. For svært mange av desse artene har vi likevel mangelfull grunnleggjande kunnskap. Samtidig er det eit sterkt behov for å styrkje den generelle kunnskapen om arter (biosystematikk). Artsprosjektet vart oppretta for å fylle desse kunnskapshola og å byggje opp vitskapeleg kompetanse slik at vi i framtida er betre rusta til å kartleggje artsmangfaldet vårt. Artsdatabanken er ansvarleg for gjennomføringa av prosjektet og samarbeider nært med det svenske Artprosjektet ved ei bilateral samarbeidsavtale underteikna hausten 2009.

Oppfølging og kontroll

Mandatet for Artsprosjektet er vedteke av Klima- og miljødepartementet. Artsdatabanken har ansvaret for gjennomføringa av Artsprosjektet, og Artsprosjektet får årleg budsjett- og styringssignal av departementet via Miljødirektoratet. Artsdatabanken er ansvarleg for å rapportere planar, budsjettforslag og årsrapportar til Klima- og miljødepartementet, og for å halde departementet fortløpande orientert om arbeidet.

Rapport 2015

Artsprosjektet har i 2015 medverka til å byggje opp kompetanse og etablere ein nasjonal infrastruktur for DNA-strekkoding i Noreg, gjennom støtte til forskarskulen i biosystematikk og nettverket Norwegian Barcode for Life.

Hovudfokuset i Artsprosjektet er kartlegging av arter, og prosjektet lyste også i 2015 ut tilskotsmidlar til dette, i tillegg til at det støtta 32 pågåande kartleggingsprosjekt som fekk tilskot i utlysingar i tidlegare år (2011–2014). Totalt blei det fordelt 16802 mill. kroner i støtte til ni nye prosjekt for perioden 2016–2019.

I 2015 vart det lyst ut tilskot til nettverkstiltak som workshops, seminar og konferansar. Totalt vart det fordelt 300 000 kroner i stønad til tre nettverkstiltak for perioden 2015–2016.

Forskarskulen i biosystematikk (ForBio) er eit tverrinstitusjonelt samarbeid mellom dei fire naturhistoriske universitetsmusea i Noreg, og er finansiert gjennom støtte frå Klima- og miljødepartementet (Artsprosjektet) og Kunnskapsdepartementet (NFR/UNI-MUSEER). I 2015 vart det halde 6 kurs med internasjonale forskarar.

Artsprosjektet medverkar til oppbygginga av eit globalt referansebibliotek, med DNA-strekkodar for arter frå Noreg. Rundt 50 prosent av alt materiale som er sendt inn til DNA-strekkoding frå Noreg i 2015, og totalt nærare 6000 artar i referansebiblioteket, har opphav frå kartlegginga i Artsprosjektet. I 2015 har det vore arrangert eit symposium med tema Biodiversitet og DNA-strekkoding i samarbeid med Norwegian Barcode of Life. Symposiet samla nærmare 100 deltakarar frå Noreg, Sverige, Canada, Finland, Tsjekkia og Storbritannia.

Artsprosjektet har i 2015 medverka til å halde Artsnamnebasen oppdatert på taksonomi og namn på nye artar som er funne i Noreg. Artsnamnebasen er eit online namneregister og primærkjelda for norske arters taksonomi og nomenklatur. Fire prosjekt fekk i 2015 tilskot til arbeid knytt til vitskapelege og/eller norske namn i namneregisteret.

Artsprosjektet har i 2015 lyst ut tilskotsmidlar til å gjere kvalitetssikra artsinformasjon i form av tekst, bestemmingsnøklar, bilete og film tilgjengelege i Arter på nett. Totalt vart det fordelt 1 894 000 kroner i støtte til seks prosjekt for perioden 2015–2016. Ved utgangen av 2015 inneheldt Arter på nett informasjon om ca. 1 850 arter.

Post 70 Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta

Posten er auka med 1 mill. kroner. Av dette skal 0,6 mill. kroner gå til Miljøprøvebanken ved CIENS og 0,4 mill. kroner til dei lange overvakingstidsseriane ved NILU, NINA og NIVA.

Mål

Målet er å syte for at Norsk institutt for luftforsking (NILU), Norsk Institutt for naturforsking (NINA), Norsk institutt for Kulturminneforsking (NIKU), Norsk institutt for Vassforsking (NIVA) og Bioforsk har ressursar til fagleg rådgiving til miljøforvaltninga, til deltaking og fagleg støtte for miljøforvaltninga i internasjonale organ ved behov, informasjons- og opplysningsarbeid overfor forvaltning, kvalitetssikring av data, vidareføring av viktige lange overvakingstidsseriar, og etablering og vedlikehald av relevante nasjonale databasar m.m.

Løyvinga inkluderer 5,2 mill. kroner til driftsstøtte for luftmålestasjon til NILU på Zeppelinfjellet ved Ny-Ålesund.

Det ligg òg inne 4,6 mill. kroner i driftsstøtte til Forskingssenter for miljø og samfunn (CIENS) som har ansvar for å drifte Miljøprøvebanken. Vidare ligg det 1,1 mill. kroner til Senter for klimaforsking (Cicero), og midlar til nasjonale lakseoppgåver ved NINA.

Oppfølging og kontroll

Det er ein føresetnad at institutta drøftar prioriteringar og planar for gjennomføring med relevante etatar og Klima- og miljødepartementet. Det blir motteke rapportar og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. Det skal haldast årlege møte med kvart enkelt institutt for drøftingar av dei nasjonale oppgåvene.

Rapport 2015

I 2015 vart løyvinga mellom anna nytta til deltaking og fagleg støtte for miljøforvaltninga i nasjonale og internasjonale organ, databasetenester, oppretthalde algesamling som nasjonal referansesamling, vidareutvikling av kunnskapsgrunnlaget for forvaltninga av ville laksebestandar, nasjonal beredskap for konservering av kulturhistorisk viktige gjenstandar, driftsstøtte for målestasjonen på Zeppelinfjellet, Ny-Ålesund, referanselaboratorium for målingar av luftforureining og atmosfærisk korrosjon, og til vidareføring av viktige lange overvakingstidsseriar.

Post 72 Tilskot til GenØk – Senter for biotryggleik

Løyvinga på posten er uendra i høve til 2016.

Mål

Løyvinga skal sikre utviklinga av GenØk – Senter for biotryggleik som eit kompetansesenter på genteknologi. GenØk skal drive forsking, informasjon og rådgiving om helse og miljøkonsekvensar ved bruk av genteknologi og genmodifisering, for å sikre trygg bruk av genteknologi.

Oppfølging og kontroll

Det er ein føresetnad at instituttet drøftar prioriteringar og planar for gjennomføring med Miljødirektoratet og Klima- og miljødepartementet. Det blir motteke rapport og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. Det skal haldast årlege møte med instituttet for å drøfte prioriteringar.

Rapport 2015

I 2015 var løyvinga nytta til fagleg rådgiving til miljøforvaltninga, mellom anna i form av rapportar til Miljødirektoratet i samband med GMO-høyringar, rådgiving om genmodifiserte vaksinar, og til forskingsprosjekt for å utvikle vidare kunnskapsgrunnlaget for vurdering av helse- og miljøkonsekvensar av genmodifiserte organismar. Dette er prosjekt innan mikro- og molekylærbiologi, immunepidemiologi og økologi, virologi, økotoksikologi og økosystem, og samfunnsvitskaplege aspekt ved moderne bio- og nanoteknologi.

Post 73 Infrastrukturtiltak til miljøinstitutta

Mål

Løyvinga skal støtte naudsynte infrastrukturtiltak ved miljøinstitutta Norsk institutt for luftforsking (NILU), Norsk institutt for naturforsking (NINA), Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU), Norsk institutt for Vassforsking (NIVA), Senter for klimaforsking (CICERO), Nansensenteret (NERSC – Nansen Environmental and Remote Sensing Center), Uni Research klima og miljø og Transportøkonomisk institutt (TØI).

Av løyvinga skal 3 mill. kroner gå til å støtte drift av Norsk institutt for naturforskings forskingsstasjon på Ims som blir nytta til overvaking av villaks.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. Det skal haldast årlege møte med kvart enkelt institutt for bruken av infrastrukturtiltaka i samband med drøftingane av dei nasjonale oppgåvene.

Rapport 2015

I 2015 vart løyvinga mellom anna nytta til maskinvare for utrekning av klimaprosessar og lagring av vitskapelege data, geofysiske undersøkingsmetodar i arkeologisk forsking, kopling av klimadata til den nasjonale reisevaneundersøkinga, storskala infrastruktur for forsking på interaksjonar land-sjø, vitskapelege databasar og datainfrastruktur, og delfinansiering av basisdrift ved Birkenesobservatoriet.

Programkategori 12.20 Klima, naturmangfald og forureining

Hovudinnhald og prioriteringar

Utgiftene under programkategori 12.20 gjeld resultatområde Naturmangfald, Friluftsliv, Forureining og Klima.

Programkategorien omfattar verksemda til Miljødirektoratet, og noko av verksemda til Sjøfartsdirektoratet, Strålevernet og Kartverket (Mareano).

Løyvinga går til arbeidet med klima, til å ta vare på naturmangfaldet, bekjempe forureining og leggje til rette for friluftsliv.

Miljødirektoratet er det sentrale rådgivande og utøvande fagorganet innan klima. Dette gjeld mellom anna arbeidet med klimatilpassing, klimarekneskapen, overvaking av klimaendringane og koordinering av alle prosessar knytte til arbeidet i FNs klimapanel.

Innanfor naturmangfald er arbeidet med å sikre god tilstand i økosystema, sikring av truga natur og å sikre eit representativt utval av norsk natur for kommande generasjonar prioritert.

Forureiningspolitikken skal verne det ytre miljøet slik at forureining ikkje skader naturen si evne til produksjon og sjølfornying. Den skal sikre at forureining ikkje fører til helseskade på menneske eller dårleg trivsel.

Som ledd i arbeidet for å nå målet om effektivisering i statleg forvaltning foreslår regjeringa å redusere kap.1420, post 01 med 30 mill. kroner. Som følgje av dette vil bemanninga i Miljødirektoratet bli redusert.

Nedbemanninga vil skje ved ytterlegare effektivisering av drift, redusert arbeid med formidling av miljøinformasjon og forenkling av arbeidet med heilskapeleg vassforvaltning når første planperiode no er gjennomført. Regjeringa legg stor vekt på å gjennomføre politikken på naturmangfald slik den er presentert i Meld. St. 14 (2015–2016), men det blir lagt opp til effektivisering og redusert aktivitet på enkeltomrområde innan naturforvaltning. Dette gjelder arbeid med verneområde, vilt (unnateke rovvilt), villaks og allereie vedtatte prioriterte artar og utvalte naturtypar. Miljødirektoratets organisatoriske grep for å styrke arbeidet med havforvaltning knytt til samanslåinga gir grunnlag for ein viss ressurseffektivisering på dette området. Med gjennomføringa av EU sitt kjemikalieregelverk er betydninga av det norske Produktregisteret redusert. Regjeringa vil difor vurdere å forenkle kjemikalieforvaltninga gjennom avvikling av Produktregisteret.

Regjeringa mener at naturrettleiing er ei oppgåve som private aktørar i stor grad kan gjennomføre, og vil difor redusere naturrettleiing i regi av Statens naturoppsyn. Gjennom innretninga på midlane til besøkssentre under kap. 1420, post 85 vil regjeringa legge til rette for at sentra i større grad får mulighet til å tilby naturrettleiing som del av sine tenester.

Resultatområde

Tabell 7.1 Resultatområde under programkategori 12.20

Resultatområdet

Nasjonale mål

Naturmangfald

  • Økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester.

  • Ingen arter og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til truga og nær truga arter og naturtypar skal betrast.

  • Eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for kommande generasjonar.

Friluftsliv

  • Friluftslivets posisjon skal sikrast og viderutviklast gjennom ivararetaking av allemannsretten, bevaring og tilrettelegging av viktige friluftslivsområde og stimulering til auka friluftslivsaktivitet for alle.

  • Naturen skal i større grad brukast som læringsarena og aktivitetsområde for barn og unge.

Forureining

  • Forureining skal ikkje skade helse og miljø.

  • Utslepp av helse- og miljøfarlege stoff skal stansast.

  • Veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten, og ressursane i avfallet utnyttast best mogleg gjennom materialgjenvinning og energiutnytting.

  • Å sikre trygg luft. Basert på dagens kunnskapsstatus blir følgjande nivå sett på som trygg luft:

    • Årsmiddel PM10: 20 µg/m3

    • Årsmiddel PM2,5: 8 µg/m3

    • Årsmiddel NO2: 40 µg/m3

  • Støyplager skal reduserast med 10 pst. innan 2020 i forhold til 1999. Talet på personar som er utsette for over 38 dB innandørs støynivå skal reduserast med 30 pst. innan 2020 i forhold til 2005.

Klima

  • Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn i 2050.

  • Noreg skal vere karbonnøytralt i 2030.

  • Noreg har på vilkår tatt på seg ei forplikting om minst 40 pst. utsleppsreduksjon i 2030 samanlikna med 1990.

  • Noreg skal fram til 2020 kutte i dei globale utsleppa av klimagassar tilsvarande 30 pst. av Noregs utslepp i 1990.

  • Reduserte utslepp av klimagassar frå avskoging og skogdegradering i utviklingsland, i samsvar med berekraftig utvikling.

  • Samfunnet skal førebuast på og tilpassast til klimaendringane.

Politikk for å nå dei nasjonale måla for naturmangfald

Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – norsk handlingsplan for naturmangfold inneheld regjeringas politikk for korleis vi skal nå dei nasjonale måla for naturmangfald. Meldinga blir innleia med eit kapittel om globale drivkrefter og rammevilkår for naturmangfald i Noreg og internasjonalt. Så følgjer den nasjonale politikken for å ta vare på naturmangfald, jf. dei nasjonale måla. Meldinga omtaler òg særskilt politikk for å sikre ein kunnskapsbasert forvaltning, og kommunanes rolle for å sikre naturverdiar.

Stortinget behandla meldinga i mai 2016, og ga sin tilslutning til hovudgrepa for å ivareta naturmangfald. I tillegg gjorde Stortinget 14 vedtak som styrkjer regjeringas politikk. Mellom anna blei fleirtalet på Stortinget, inkludert regjeringspartia, einige om eit langsiktig mål for skogvern på 10 pst.

Dei viktigaste tiltaka i 2017 for å følgje opp meldinga og Stortinget sine vedtak er omtalte under.

Internasjonalt samarbeid for å ta vare på naturmangfaldet

Tap av naturmangfald må sjåast i eit globalt og nasjonalt perspektiv. Noreg samarbeider med andre land, direkte og med ulike konvensjonar, for å stoppe tapet av naturmangfald.

Internasjonalt arbeid for å styrkje gjennomføringa av FNs berekraftsmål er ei prioritert oppgåve. I 2017 vil Klima- og miljødepartementet følgje opp vedtaka frå fleire ministermøte i 2016, blant anna FNs miljøforsamling (UNEA-2), IUCN-kongressen og partsmøte i CBD og CITES.

Ein vil frå norsk side prioritere å følgje opp vedtak knytt til arbeidet med tiltak mot marin forsøpling, miljøkriminalitet og økosystembasert forbygging- og miljøtilpassing. Styrking av det faglege kunnskapsgrunnlaget for politikkutvikling på miljøområdet vil framleis vere høgt prioritert. Noreg vil medverke aktivt til det tredje møtet i FNs miljøforsamling (UNEA-3) hausten 2017.

Gjennomføringa av Aichi-måla under Konvensjonen om biologisk mangfald har ei klar kopling til gjennomføringa av berekraftsmåla til FN. Rapportering frå fagleg arbeid syner at arbeidet må intensiverast for å nå måla. Delmål 15.8 om å førebyggje og avgrense framande arter er rekna som spesielt utfordrande for Noreg, og vil vere eit prioritert område.

CBD arbeider med å utvikle ein mekanisme for landgjennomgang for gjennomføring av den strategiske planen under konvensjonen om biologisk mangfald. I 2016 vart det utvikla ein metodikk, og Noreg vil medverke i ein testfase i 2017.

Noreg vil medverke til det internasjonale arbeidet med å utvikle og teste miljøøkonomiske standardar og metodar for å beskrive og verdsetje naturkapitalen. Dette arbeidet vil leggje grunnlaget for at styresmakter og privat sektor ikkje lengre kan oversjå verdiane som naturmangfald og økosystemtenester gir. Det vil òg bli lagt til rette slik at norsk næringsliv blir stimulert til å delta i europeisk og internasjonalt samarbeid for å ivareta naturmangfald.

Generalforsamlinga til FN har vedteke å setje i gang forhandlingar om ei ny folkerettsleg avtale om vern og berekraftig bruk av marint naturmangfald utanfor nasjonal jurisdiksjon. Den nye avtala skal utfylle havrettskonvensjonen for tilgang til og fordelinga av fordelane frå marine genetiske ressursar, bruk av marine verneområde og konsekvensutgreiingar. Ein førebuande prosess er sett i gang, og ein førebuande komité skal komme med ei tilråding om element til ei ny avtale til Generalforsamlinga innan utgangen av 2017.

Bernkonvensjonen har vedteke å etablere eit nettverk av område der arter og naturtypar skal vernast mot skadelege tiltak, og der nødvendig skjøtsel skal utførast, såkalla Emerald Networkområde. Ein tek sikte på innmelding av område i november 2016, i samband med partsmøtet i Bernkonvensjonen. Dei områda som blir innmelde er allereie etablerte som verneområde etter naturmangfaldlova kap. V, og dei gjeldande verneforskriftene vil normalt vere tilstrekkelege for å regulere aktivitet.

Miljødirektoratet har sendt på høyring utkast til ny forskrift om gjennomføring av CITES-konvensjonen. Ny forskrift vil mellom anna gi fleire moglegheiter for sanksjonar og høgare strafferamme (tidlegare inntil 6 månader, nå inntil 3 år). Forslag om at reglane skal gjelde også innanlands, gjer regelverket meir effektivt i høve til eksemplar som er førte over grensa utan å bli stoppa. Vidare kan norske styresmakter nekte innførsel når det er tvil om eit eksemplar er lovleg erverva eller om handel med arten er berekraftig. Høyringsfristen er 1. juli 2016, og regjeringa tek sikte på at ny forskrift trer i kraft frå 1. januar 2017.

Under Bonnkonvensjonen om trekkande arter har Noregs initiativ og arbeid med vern av dverggås hatt stor betydning internasjonalt. Om lag 20 land er no involverte i dette arbeidet. Noreg vil delta på Bonnkonvensjonens neste partsmøte i oktober 2017.

Regjeringa vil arbeide for minimering av miljøkriminalitet og for eit breiare fokus internasjonalt på miljøkriminalitet, slik at også handel med kjemikaliar og avfall og fiskerikriminalitet blir rekna med. Samarbeidet med INTERPOL og andre aktuelle aktørar vil bli styrkt, og det vil bli arbeidd for ei heilskapeleg tilnærming ved straffeforfølging og oppfordra til samarbeid med tollvesenet, arbeidstilsynet o.l.

Naturpanelet (IPBES, International Panel on Biodiversity and Ecosystem Services) la fram sine første kunnskapsrapportar om høvesvis «Pollinering og matproduksjon» og «Bruk av scenario modellering i politikkutviklingen på naturmangfoldområdet» i 2016. Basert på kunnskap frå desse rapportane vil regjeringa lage ein nasjonal strategi for villbier og andre pollinatorar. Strategien vil bli utarbeidd av Landbruks- og matdepartemenet i samarbeid med blant anna Klima og miljødepartemenet. I 2017 vil ein arbeide med regionale utgreiingar, og utarbeide ein spesialrapport om restaurering som er venta å bli ferdig i 2018. Gjennom støtteordninga for kapasitetsbygging lokalisert i Miljødirektoratet i Trondheim har Noreg blitt part i eit viktig verdsomspennande nettverk av kunnskapsinstitusjonar og ekspertar innan naturmangfald og økosystemtenester.

Konvensjonen om bevaring av det marine miljø i Nordaust-Atlanteren (OSPAR) har som strategisk mål å innan 2020 stanse og forhindre vidare tap av naturmangfald og å beskytte og ta vare på økosystem. I 2017 vil OSPAR publisere ei midtvegsvurdering av miljøstatus og påverknader som er basert på eit sett med felles indikatorar. Noreg medverker med tilgjengelege data og informasjon, blant anna basert på våre forvaltningsplanar for havområda. I 2017 vil ein følgje opp OSPARs arbeid med å beskytte truga og sårbare arter.

Berekraftig bruk og god tilstand i økosystema

God tilstand i naturen er avgjerande for naturen sin kapasitet til å levere økosystemtenester av grunnleggjande betyding for samfunnet. Ein berekraftig naturforvaltning sikrar at summen av all aktivitet eller bruk skjer på ein måte som fører til at norske økosystem i størst mogleg grad held god tilstand over tid. Internasjonalt ser ein at forringa miljøtilstand fører til konfliktar og migrasjon. Regjeringa vil i 2017 setje i verk fleire tiltak for å nå eller oppretthalde god økologisk tilstand i økosystema.

Det er eit nasjonalt mål at økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester. Det er ei utfordring å følgje opp dette målet så lenge det – med unntak for økosystema i kyst og ferskvatn og delvis havområda – ikkje er etablert konkrete kriterium for økologisk tilstand eller mål for tilstand i dei ulike økosystema. Regjeringa har derfor i tråd med Stortingets vedtak nr. 669 av 23. mai 2016 sett i gang eit arbeid for å definere «god økologisk tilstand», basert på kriterium som er vitskapelege og som kan etterprøvast. Hausten 2016 vart det oppretta eit ekspertråd for økologisk tilstand som skal foreslå naturvitskapelege indikatorar og kriterium for økologisk tilstand i dei norske økosystema (med unntak for dei som fell under oppfølging av vassforskrifta). Ekspertrådet skal etter planen vere ferdig med sitt arbeid innan sommaren 2017. Regjeringa vil innan utgangen av 2017 fastsetje mål for tilstand som ein skal oppretthalde eller nå i norske økosystem. I arbeidet med mål for tilstand blir omsynet til naturverdiar på vanleg måte vurdert opp mot andre viktige samfunnsinteresser slik at det kan fastsetjast mål som samla sett er det beste for samfunnet. Ein tek sikte på at ei forvaltning basert på definerte mål for økologisk tilstand i dei ulike økosystema er etablerte innan 2020.Som del av dette arbeidet vil Regjeringa vurdere om, og eventuelt korleis, forvaltningsmåla bør fastsetjast som kvalitetsnormar etter naturmangfaldlova §13 i tråd med Stortingets vedtak nr. 670 av 23. mai 2016.

Det finst ikkje noko systematisk oversikt over forringa økosystem i Noreg i dag, med unntak for vassførekomstar. Spørsmålet om kva som blir vurdert som forringa økosystem, og omfanget av dette, må sjåast i samanheng med at Regjeringa vil klargjere kva som er god tilstand i økosystema. Regjeringa vil bruke dette som grunnlag for å prioritere aktuelle restaureringstiltak med sikte på at 15 pst. av dei forringa økosystema er restaurerte innan 2025, i tråd med Stortingets vedtak nr. 669 av 23. mai 2016.

Regjeringa vil i tråd med Stortingets vedtak nr. 675 av 23. mai 2016 utarbeide ei eiga kvalitetsnorm for myr. Arbeidet må sjåast i samaheng med arbeidet for å klargjere kva som er god tilstand i økosystema og fastsetjing av forvaltningsmål. Arbeidet med utgreiinga om økosystemtenester i våtmark skal etter planen sluttførast i 2017. Regjeringa vil leggje dette og anna kunnskapsgrunnlag til grunn for eit forslag til kvalitetsnorm for myr.

Økologiske samanhengar og korridorar i naturen er avgjerande for å oppretthalde naturmangfaldet. Arter er avhengige av samanhengande eller nærliggande leveområde for å kunne flytte seg, utveksle genar og overleve i eit langsiktig perspektiv. Døme på viktige økologiske korridorar er grøne område i byar og tettstader, vatn, vassdrag og elvemunningar, trekkvegar for vilt og migrasjons- eller passasjeruter for marine arter. Med klimaendringane vil slike økologiske korridorar spele ei endå viktigare rolle. Regjeringa set hausten 2016 i gang eit forprosjekt for å greie ut behova for å ta betre vare på økologiske samanhengar, og korleis dette kan gjerast. I verneområde hender det at tiltak av vesentleg samfunnsinteresse blir vurderte som viktigare enn omsynet til verneverdiane i området. Naturmangfaldlova § 48 (dispensasjon frå vernevedtak) opnar for at ein då kan krevje at «tiltakshavar må bære rimelige kostnadar ved å ta omsyn til, opprette eller utvikle eit tilsvarande naturområde». Dette blir kalla økologisk kompensasjon, og ein skal berre nytte det dersom det ikkje er mogleg å unngå inngrepet og at avbøtande tiltak og restaurering ikkje er vurdert som tilstrekkelege for å hindre tap av viktig naturmangfald. Økologisk kompensasjon kan også nyttast for utvalte naturtypar. Regjeringa vil i 2017 utarbeide kriterium for økologisk kompensasjon.

Rovviltforvaltning

Rovviltforvaltninga skal nå bestandsmåla for rovvilt, ha låge tap av beitedyr tekne av rovvilt og lågast mogleg konfliktnivå. Det skal gis realistiske lisensfellingskvotar, som skal setjast i verk så langt råd er. Alle forvaltningstyresmakter i rovviltforvaltninga skal ha høg beredskap og tett oppfølging med beitenæringa slik at vi så langt det er mogleg sikrar at uttak av rovvilt som gjer skade blir gjennomført i prioriterte beiteområde.

Regjeringa vil halde fram med aktiv dialog med rovviltnemndene. Nemndene skal arbeide for ei meir tydeleg soneinndeling mellom prioriterte beiteområde og prioriterte rovviltområde, jf. den todelte målsetjinga. Det følgjer av Stortingets samrøystes rovviltforlik i 2011 at ein i prioriterte rovviltområde må gjere nødvendige tilpassingar i landbruksnæringa til rovviltførekomsten. Regjeringa meiner skiljet mellom område prioriterte til beite og område prioriterte til rovvilt må praktiserast på ein meir tydeleg måte. Auka beitebruk med sau i rovviltprioriterte område skal ikkje stimulerast. For å medverke til ei tydelegare soneforvaltning skal midlar til førebyggjande og konfliktdempande tiltak under kap. 1420 post 73 normalt prioriterast slik at det blir fokusert på besetningar som ikkje medverker til auka tal på beitedyr i rovviltprioriterte område. På same måte skal nyetablert beitebruk med sau i rovviltprioriterte område prioriterast lågt.

I tråd med rovdyrforliket frå 2011 er det gjennomført ei evaluering av den regionale rovviltforvaltninga og dei regionale bestandsmåla. I tillegg er det gjennomført ein gjennomgang av konsekvensane rovviltbestandane har for norsk landbruk. Regjeringa vil på bakgrunn av desse to evalueringane vurdere om det er behov for endringar i den regionale forvaltningsmodellen.

Eit nytt forslag til risikobasert erstatningsordning for tamrein teken av rovvilt er på alminneleg høyring. Regjeringa tek sikte på å innføre ny erstatningsordning frå reindriftsåret 2017/2018.

Regjeringa vil i tråd med Stortingets behandling av stortingsmeldinga om ulv i norsk natur greie ut moglege økonomiske ordningar for tap av eventuelle rettar eller belastningar innanfor ulvesona. Regjeringa skal òg greie ut og leggje fram ei sak som vurderer moglege ordningar for midlar til kommunar med ynglingar innanfor ulvesona. Vidare vil regjeringa vurdere å tillate lik jakttid i og utanfor ulvesona. Regjeringa vil òg vurdere korleis ei uavhengig utgreiing av det genetiske opphavet til ulvestamma i Noreg kan gjennomførast.

Både Statens naturoppsyn og fleire fylkesmenn trenar opp ekvipasjar til sporing av bjørn, og nokre av desse har òg vist gode resultat med sporing av ulv. Regjeringa vil vurdere om det er behov for ytterligare tiltak for å lære opp eit mindre tal hundar som sporar ulv, slik at dei kan vere tilgjengelege for fellingsoppdrag over eit større område.

I dag er det forbod mot å nytte laus på drevet halsande hund i samband med felling av ulv. Regjeringa vil sjå på erfaringar frå Sverige med slike hundar ved felling av ulv. Dette som eit første steg i ei vurdering av om bruk av slike hundar kan bli eit aktuelt verkemiddel i samband med lisensfelling og skadefelling av ulv i Noreg.

Fylkesmannen har tidlegare rettleia kommunane i korleis ein kan drive god elgforvaltning med ulv i terrenget. I dag er dette underlagt fylkeskommunens ansvarsområde. Regjeringa vil vurdere å styrkje samarbeidet med jegerinteresser om informasjon og rettleiing om forvaltning av elgbestandar for rettshavarar og jegerar i yngleområde for ulv.

Tal viser at nesten halvparten av alle jerveskadane skjer etter 1. september, meir enn 80 pst. av skadane blir påviste etter 1. august. Å sanke sau tidlegare frå utmarksbeite i område der jerven har prioritet kan medverke til å redusere tapa betydeleg. Rovviltnemndene er bedne om å arbeide vidare med førebyggjande tiltak, og saman med beitenæringa søke å finne gode løysingar. Regjeringa vil fortløpande følgje opp dette arbeidet.

Heilskapleg vassforvaltning

Vassforvaltningsplanane for perioden 2016–2021 blei godkjende av Klima- og miljødepartementet i 2016, og tiltak i tråd med planane skal setjast i verk innan utgangen av 2018 for å nå måla på vassforvaltningsområdet i løpet av 2021. Planane skal leggjast til grunn for sektorane si gjennomføring av tiltak innafor eige ansvarsområde. Tiltaka i planane krev at sektorane, fylkesmenn, vassregionmynde og vassområda medverkar i arbeidet.

Samstundes med start i gjennomføring av tiltaka i vassforvaltningsplanane for perioden 2016–2021, startar arbeidet med å utvikle planar for planperioden 2022–2027. Dette arbeidet vil vere nært knytt til gjennomføringa av planane for perioden 2016–2021, og dei allereie godkjende miljømåla og tiltaka i desse planane.

Ein føresetnad for gode resultat både i oppfølging av vassforvaltningsplanane for perioden 2016–2021 og utarbeiding av nye planar for perioden 2022–2027, er betring av kunnskapen om tilstanden i vassførekomstane. Regjeringa vil halde fram med å utvide overvakingsnettet for elvar, innsjøar og grunnvatn. Overvakinga av kystvatn vil òg bli utvida.

Det er sett i gang ein prosess med å evaluere vassforvaltningsarbeidet. På grunnlag av denne evalueringa vil ein vurdere om det er nødvendig å gjere endringar i vassforskrifta og organiseringa av arbeidet med å følgje opp vassdirektivet.

Heilskapleg forvaltning av havområda

Verdiskaping basert på bruk av marine ressursar er avhengig av god miljøtilstand og eit rikt naturmangfald i havet. Dei heilskaplege forvaltningsplanane er regjeringas verktøy for å samordne berekraftig bruk og skjerming av dei marine økosystema i dei norske havområda. Formålet med forvaltningsplanane er å leggje til rette for verdiskaping gjennom berekraftig bruk av ressursar og økosystem i havområda, og samtidig halde ved lag struktur, verkemåte, produktivitet og naturmangfald i økosystema.

Regjeringa har sett igang arbeidet med melding til Stortinget om oppdatering av forvaltningsplanen for Norskehavet, med sikte på framlegging våren 2017. Meldinga vil byggje på fagleg grunnlag frå Fagleg forum og Overvakingsgruppa om miljøtilstand, næringsaktivitetar og verdiskaping i Norskehavet. Eit tema i meldinga vil vere å etablerere eit meir føreseieleg system for revidering og oppdatering av forvaltningsplanane, jf. Stortingets oppmodingsvedtak nr. 672 av 23. mai 2016 om å revidere dei heilskaplege og økosystembaserte forvaltningsplanane for havområda våre kvart tolvte år, og oppdatere dei kvart fjerde år. Regjeringa vil i 2020 leggje fram ei melding til Stortinget om revidering av forvaltningsplanen for Barentshavet – Lofoten. Arbeidet med det faglege grunnlaget for revideringa er starta opp.

Kartleggingsprogrammet for havbotn, MAREANO, og overvakingsprogrammet for sjøfugl, SEAPOP, har gitt betydeleg ny kunnskap om marin natur, og begge programma vil bli førte vidare i 2017. SEATRACK er ein modul i SEAPOP som på kort tid gir svært mykje ny kunnskap med stor betydning for forvaltninga av sjøfugl. SEATRACK blir ført vidare i 2017. Mange sjøfuglbestandar har vist ein dramatisk nedgang. Regjeringa tek sikte på å utarbeide ein handlingsplan for å betre situasjonen for sjøfuglar.

Klimaendringar og havforsuring er av dei største utfordringane vi står overfor i forvaltninga av havmiljøet i tida framover. For å skaffe nødvendig kunnskap om effektane av forsuring på enkeltarter, i næringskjeda og på økosystema vil den langsiktige overvakinga bli halden ved lag.

Regjeringa vil halde fram med oppbygging av kunnskap om havet sine økosystem gjennom styrkt forskingsinnsats. Det er kunnskapsbehov mellom anna knytt til endringar slik som nedgang i sjøfuglbestandar og sukkertareskog. Det er òg behov for forskning knytt til forvaltningstiltak for å styrkje naturlege bestandar og auke potensialet for hausting, slik som marine verneområde og bevaringsområde for hummar og kysttorsk.

Tiltak mot framande organismar

Som oppfølging av naturmangfaldmeldinga vil det bli utarbeidd ein samla tiltaksplan for kampen mot skadelege framande organismar. Den tverrsektorielle nasjonale strategien skal vidareførast. Det vil bli utarbeidd handlingsplanar mot enkeltarter, i tillegg til at eksisterande handlingsplanar blir vidareførte.

Regjeringa vil vurdere forenkling i saksbehandlinga for bruk av utanlandske treslag til produksjon av juletre. Dette blir i dag regulert av forskrift om utsetting av utenlandske treslag til skogbruksformål. Ein skal også vurdere om denne forskrifta har fungert i tråd med føremålet til forskrifta, og om det er behov for endringar i forskrift og praktisering. Regjeringa vil revidere ballastvannforskriften i tilknytning til ikrafttredelsen av den internasjonale ballastvann-konvensjonen i 2017.

Forvaltning av vill laksefisk

Tiltaka mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris vil bli ført vidare i tråd med faglege tilrådingar. Fiskesperra i Driva skal etter planen vere bygd ferdig før fiskesesongen 2017. Avhengig av resultatet av behandlinga i 2016, kan det vere aktuelt med ei tredje behandling i Skibotnvassdraget i 2017. Reetablering av fiskestammane i regionane Rauma, Lærdal, Vefsn og Rana vil halde fram. Det vil bli arbeidd vidare med metodar for om mogleg å utrydde parasitten i Drammensvassdraget.

Det er enno ikkje klart om ei ny avtale med Finland om fisket i Tanavassdraget vil vere på plass frå 2017. Vassdraget vil likevel bli via brei merksemd, mellom anna gjennom styrkt overvaking av laksebestandane. Statens naturoppsyn har sett i gang auka oppsyn på riksgrensestrekninga i Tanavassdraget, og dette oppsynet vil bli ført vidare i 2017.

Samarbeidet med Russland om forvaltning av laksestammane i Finnmark og i Murmanskregionen vil halde fram i tråd med ei eiga samarbeidsavtale.

Kalking av vassdrag som er ramma av forsuring vil halde fram i tråd med handlingsplan. Kunnskapen om bestandane av storaure vil bli oppdatert. Ordninga med nasjonale laksevassdrag og laksefjordar vil bli evaluert i løpet av 2017.

Arbeidet med klassifisering av laksestammar etter kvalitetsnorma for villaks vil bli ført vidare. Resultatet av klassifiseringa, og anna oppdatert kunnskap, vil bli lagt til grunn for utarbeiding av ein tiltaksplan for vill laksefisk i 2017.

Naturinformasjonssentra og verdiskaping

Regjeringa vil halde fram med arbeidet skissert i handlingsplan for naturinformasjonssentra (2016–2020). Handlingsplanen legg mellom anna vekt på at sentra skal utvikle seg til å bli endå betre på å formidle informasjon om natur- og kulturverdiar, medverke i lokalsamfunna, vidareutvikle ein tydeleg profil og informasjon i tråd med ny merkevarestrategi og besøksforvaltning og utvikle sterke fagmiljø saman med andre, til dømes forskarar, forvaltarar og bedrifter som driv med naturbasert reiseliv.

Arbeidet med å implementere den nye merkevare- og kommunikasjonsstrategien for nasjonalparkane og dei andre verneområda vil halde fram i 2017. Ved å gi nasjonalparkane ein meir tydeleg identitet og sikre heilskapleg informasjon om nasjonalparkane sine verdiar og attraksjonar legg ein grunnlaget for at fleire vil bruke nasjonalparkane, og at den lokale verdiskapinga kan auke samtidig som naturverdiane i parkane blir sikra. Naturinformasjonssenter som har ein publikumsretta del, blir ved innføring av merkevarestrategien profilert som besøkssenter.

Bevaring av naturmangfald som klimatiltak

Regjeringa vil gjennom rettleiing til kommunar og fylkeskommunar, bl.a. på Miljøkommune.no, stimulere til å integrere naturleg flaumdemping ved å ta vare på og restaurere elvebreidder, våtmarker og kantsoner i arealplanlegginga.

Norske myrer lagrar minst 950 millionar tonn karbon. Regjeringa vil i 2017 halde fram med restaurering av myr og anna våtmark som klima- og naturmangfaldtiltak i tråd med planen for perioden 2016–2020, utarbeidd av Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet.

For å lykkast i arbeidet mot klimaendringar er det i aukande grad nødvendig å satse på økosystembaserte løysingar på alle nivå. Robuste og tilpasningsdyktige økosystem er samfunnet si forsikring mot klimaendringar og naturkatastrofar. I tillegg til å styrkje forvaltning av økosystem er òg arbeid med restaurering av forringa system sentralt. Kunnskap om dei lokale økosystema og deira betydning for urfolk og lokalsamfunn vil vere ein grunnleggjande premiss for å lykkast i slikt arbeid.

Regjeringa har sett i gang ei vurdering av konsekvensane av utfasing av bruken av torv, og vil leggje denne vurderinga til grunn for sitt vidare arbeid med torv og utvikling av meir klima- og miljøvennlege alternativ til torv som strukturmiddel i hagejord og veksthus.

Genmodifiserte organismar (GMO) nasjonalt og internasjonalt

Regjeringa vil halde fram arbeidet med å forenkle og effektivisere behandlingsrutinane for GMO. Dette er naudsynt i samanhang med den planlagde innlemminga av EU-forordning 1829/2003 om genmodifisert mat og fôr. Når forordninga er teken inn i norsk rett, må styresmaktene behandle langt fleire saker enn i dag. Regjeringas arbeid med nye rutinar for behandling er òg eit ledd i å følgje opp Stortinget sitt oppmodingsvedtak nr. 507 (2014–2015), der Stortinget ber regjeringa om å sikre ei saksbehandling som inneber at Noreg avklarar om det skal leggjast ned forbod før ein GMO eventuelt blir lovleg å omsetje i Noreg.

Under Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) er Noreg aktivt med for å utvikle Cartagena-protokollen om GMO. Dette gjeld både rettleiing for sosioøkonomiske vurderingar og miljørisikovurderingar.

Genressursar

Regjeringa vil halde fram med arbeidet med å gjennomføre Nagoya- protokollen i norsk rett ved å peike ut sjekkpunkt for bruk av utanlandsk genetisk materiale i Noreg. Regjeringa vil òg sluttføre forskrift om tradisjonell kunnskap knytt til genetisk materiale, og vurdere ei forskrift om tilgang til genetisk materiale i Noreg.

Prioriterte arter

Å gi arter status som prioriterte arter etter naturmangfaldlova er eit viktig verkemiddel for å ta vare på truga arter. Staten har eigne ordningar for tilskot til skjøtsel og andre tiltak for å ta vare på dei prioriterte artene. I tråd med Stortingets innstilling til naturmangfaldmeldinga vil regjeringa i 2017 starte arbeidet med å gjennomføre ei vurdering av om nye arter skal bli prioriterte etter naturmangfaldlova.

I tråd med Stortingets vedtak til naturmangfaldmeldinga vil det i 2017 bli sett i gang arbeid med ein handlingsplan for å betre situasjonen for sjøfuglar. I handlingsplanen vil det bli vurdert om nokre av sjøfuglartene kan vere aktuelle for status som prioritert art.

Miljøkvalitetsnorm

I tråd med Stortingets vedtak til naturmangfaldmeldinga vil det i 2017 bli utarbeidd ein miljøkvalitetsnorm for villrein. Ein tilsvarande kvalitetsnorm vil bli vurdert for fleire arter. Ein kvalitetsnorm skal konkretisere og operasjonalisere forvaltningsmålet, vise kva for tiltak som påverkar arten positivt og negativt, kva for kunnskap vi har og kva for kunnskap vi manglar.

Utvalde naturtypar

Naturmangfaldmeldinga inneheld ein strategi for kva slag naturtypar som bør få status som utvald naturtype. Miljødirektoratet vil få i oppdrag å lage faggrunnlag for utvalde naturtypar i tråd med denne strategien.

For å følgje opp Stortingets vedtak til naturmangfaldmeldinga om å vidareutvikle ordninga med utvalde kulturlandskap med sikte på å auke talet på område fram mot 2020 blir det viktig å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag for nye utvalde kulturlandskap.

Representativ bevaring av norsk natur

Det er eit nasjonalt mål at eit representativt utval av norsk natur skal bevarast for kommande generasjonar. Dette inneber både sektorvirkemiddel som sikar langsiktig bevaring av naturverdiane og tradisjonelt vern av norsk natur mellom anna gjennom skogvern, marint vern og supplerende verneplanar der det er naudsynt for å dekke manglar i eksisterande vern.

Sikring av verdiane i verneområda

God forvaltning av dei verna områda er ein føresetnad for å sikre naturverdiane og områda sin funksjon som leveområde for planter og dyr, og områda sin betyding for framtidige opplevingar og for verdiskaping i utmarkskommunane no og i framtida. Forvaltninga skal vere kunnskapsbasert, og ha god lokal forankring. Gjennom si deltaking i nasjonalpark- og verneområdestyra forvaltar kommunane om lag 80 pst. av det verna arealet i Noreg. Dei kommunane som ønskjer det, har òg fått delegert mynde til å forvalte dei små verneområda. Mesteparten av det verna arealet i landet har derfor ei lokal forankring. Der det er naudsynt skal verneområde ha skjøtsels- og forvaltningsplanar som gir konkrete forvaltnings- eller bevaringsmål for området og retningslinjer om bruk, informasjon, skjøtsel og eventuell tilrettelegging. I dei store verneområda, spesielt i nasjonalparkane, skal forvaltningsplanane òg integrere moglegheita for naturbasert verdiskaping i form av reiseliv og turisme. Den nye besøks- og merkvarestrategien for nasjonalparkane skal integrerast i dei forvaltningsplanane der det er aktuelt.

Dei fleste eldre Ramsarområda har no ein ferdig forvaltningsplan, eller ein slik plan er under arbeid. Arbeidet med å utarbeide forvaltningsplanar for Ramsarområda som vart melde inn til Ramsarkonvensjonen i perioden 2011–2013, vil halde fram i 2017.

Skogvern

Regjeringa legg til grunn eit mål om vern av 10 pst. av skogarealet ved vern av offentleg eigd skog og frivillig vern av privateid skog, jf. Stortingets behandling av Meld. St. 14 (2015–2016) «Natur for livet» (Innst. 294 S (2015–2016). Dette målet vil vere langsiktig.

Regjeringa vil vidareføre arbeidet med skogvern, hovudsakeleg gjennom vern av offentlig eigde skogområde og frivillig vern av eit stort tal privateigde skogområde. Det vil i 2017 bli sluttført ei evaluering av skogvernet. Evalueringa vil gi grunnlag for å planleggje framtidas skogvern slik at det kan medverke effektivt til det nasjonale målet om å bevare eit representativt utval av norsk natur og til det nasjonale målet om å bevare arter og naturtypar.

Miljødirektoratet har fått i oppdrag å følgje opp Stortingets oppmodingsvedtak om at det blir gjort ein gjennomgang av Statskog SFs ordinære skogeigedommar med sikte på vern av aktuelle skogeigedommar. Dette arbeidet må sjåast i lys av det nye målet om vern av 10 prosent av skogarealet.

Miljødirektoratet vil i 2017 følgje opp Statsskog sitt sal av eigedommar ved å bruke forkjøpsretten på areal som er viktige for vern eller makeskifte. Framdrifta i arbeidet med skogvern på statsgrunn som involverer allmenningsstyre og fjellstyre har ikkje vore slik ein la til grunn i fleire proposisjonar til Stortinget. Miljødirektoratet har vurdert korleis framdrifta i dette arbeidet kan betrast. Erfaringane frå perioden 2008–2014 viser at frivillig vern på statsallmenning i liten grad har ført fram, og direktoratet viser til at det ikkje er motteke tilbod frå fjellstyre eller frå allmenningar som er oppretta etter lov om skogsdrift m.v. i statsallmenningane. Dette vil bli følgt opp i 2017.

I samarbeid med skogeigarorganisasjonane vil det bli etablert betre prosedyrar slik at viktige, verneverdige skogområde raskt kan bli vurderte for frivillig vern når naturverdiane er truga av skogbrukstiltak. Dette kan til dømes gjelde skog med stor del nøkkelbiotopar og større samanhengande skogareal med naturmangfald som er knytt til område med få tekniske inngrep.

I dei store lågtliggjande skogsområda på Austlandet er det få skogsområde som er verna. Her vil ein etablere nye naturreservat, også større område.

For å ytterlegare medverke til eit kostnadseffektivt skogvern med høg fagleg kvalitet vil det bli sett i gang ei kartlegging for å skaffe oversikt over kor dei viktigaste skogareala er, under dette også kartlegging av eldre skog som potensielt kan vere aktuell for vern. Regionar og skogstypar som manglar i skogvernet vil bli prioriterte i kartleggingsarbeidet.

Marint vern

Marint vern skal medverke til at eit utval av representative, særeigne, sårbare eller truga marine undersjøiske naturtypar og naturverdiar blir tekne vare på for framtida. I arbeidet med marine verneområde går det føre seg verneprosessar i ulike stadium for 15 av dei attverande 33 områda som er foreslått som marine verneområde. I 2017 vil det bli arbeidd vidare med etablering av nye marine verneområde. Det er lagt vekt på gode verneprosessar lokalt, blant anna med utarbeiding av forvaltningsplan for nokre av verneområda parallelt med sjølve verneprosessen. Regjeringa vil følgje opp Stortingets oppmodingsvedtak nr. 668 av 23. mai 2016 om å utarbeide ein plan for marine verneområde, og komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Arbeid med supplerande verneplanar og andre verneplanprosessar som er i gang

Som ei oppfølging av Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet vil arbeidet med supplerande vern starte. Det er aktuelt med supplerande vern av naturtypar, særleg i lågareliggjande område, som er mindre godt representerte i dei eksisterande verneområda. Arbeidet med supplerande vern vil skje gjennom fylkesvise supplerande verneplanar. Desse verneplanane vil kunne innehalde framlegg om nytt vern innafor alle vernekategoriar; både naturreservat, biotopvern, landskapsvernområde og nasjonalparkar. For å sikre ei god og berekraftig forvaltning av nasjonalparkane i eit langsiktig perspektiv, er det naudsynt med lokalpolitisk semje i dei kommunane det gjeld, før ein startar dei omfattande prosessane som er naudsynte for å etablere nye nasjonalparkar. Eksisterande Færder nasjonalpark, og nasjonalparkar på Lofotodden, Raet og Jomfruland som no er under etablering, er gode døme på etablering av nasjonalparkar som byggjer på lokalpolitisk semje.

Som ei oppfølging av Stortingets vedtak i 1999 om å opprette Regionfelt Austlandet og kompensere dette med restaurering og vern av naturverdiane på Dovrefjell, er det starta verneplanprosess for å utvide Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark som eit ledd i tilbakeføring av Hjerkinn skytefelt til naturleg tilstand.

Som ei oppfølging av St. meld. nr. 37 (2000–2001) Om Vasskrafta og kraftbalansen skulle ein vurdere naturområda i Saltfjellet-Svartisenområdet på nytt med tanke på å sikre naturverdiane gjennom vern etter naturmangfaldlova. Verneplanprosessen starta i 2008, og ein tek sikte på å utvide Saltfjellet Svartisen nasjonalpark i 2017.

Ein kunnskapsbasert forvaltning

Det er regjeringas politikk at forvaltninga av natur skal vere kunnskapsbasert. Gode avgjerder som tek vare på natur, føreset at god, tilstrekkeleg og tverrfagleg kunnskap er tilgjengeleg for avgjerdstakar og allmenta, og at kunnskapen blir brukt. Dette vil regjeringa i 2017 særleg sikre gjennom arbeid med auka naturkartlegging og etablering av det økologiske grunnkartet. Deltaking i internasjonale kunnskapsprosessar på miljøområdet som Klimapanelet (IPPC), Naturpanelet (IPBES) og den 6. globale miljøevelueringa (GEO 6) medverkar med viktig kunnskap til utvikling av norsk miljøforvaltning.

Betre kunnskap om naturmangfald – det økologiske grunnkartet

God og oppdatert kunnskap om natur er avgjerande for å sikre god planlegging og gode og heilskapelege løysingar. Om slik kunnskap er tilgjengeleg tidleg i prosessen, vil det bli langt enklare å ta omsyn til viktige naturverdiar. Eit godt kunnskapsgrunnlag kan derfor virke konfliktdempande. God kunnskap gir også meir føreseielege og effektive prosessar når viktige avgjerder skal takast, ved at det blir mindre behov for tidkrevjande og supplerande innsamling av kunnskap. Til dømes gjeld dette for planprosessar, samferdselsprosjekt og energiprosjekt.

Det økologiske grunnkartet omfattar kartfesta økologisk miljøinformasjon. Eit økologisk grunnkart er ikkje eit spesifikt kart, men ei samling kartlag som gir kunnskap om kor naturtypar og arter finst i landet, og kartlag over miljøvariablar som seier noko om føresetnaden for at naturtypar og arter finst på gitte stader. Hovudelementa i eit økologisk grunnkart for Noreg er kartfesting av forvaltningsprioriterte naturtypar og arter med særleg vekt på arter av nasjonal forvaltningsinteresse, og landskapstypar.

Arbeidet med det økologiske grunnkartet vil i tråd med Stortingets vedtak nr. 678 av 23. mai 2016 bli styrkt i 2017, og ein vil særleg prioritere å etablere eit overordna system for naturtypekartlegging etter Natur i Noreg (NiN) og verdsetjing av naturtypane. Naturtypar som er truga, viktige for mange arter eller er dårleg kartlagt vil bli prioriterte. Vidare vil område der kartlegging gir stor samfunnsnytte, mellom anna område med stor aktivitet og stort utbyggingspress, og område der ein reknar med at klimaendringane fører til raske endringar, bli prioriterte.

Regjeringa vil i tråd med Stortingets vedtak nr. 679 av 23. mai 2016 syte for at svartelista over framande skadelege organismar og raudlistene over truga arter og naturtypar blir oppdatert fortløpande slik at alle artsgrupper og naturtypar blir gjennomgått kvart femte år. Det er Artsdatabanken som gjennom sitt mandat har i ansvar for å fastsetje raudlistestatus for norske arter og naturtypar, publisere Nasjonale raudlister for arter og naturtypar og oppdatere desse, og å vurdere økologisk risiko knytt til arter som ikkje høyrer naturleg heime i Noreg (framande arter) og å føre oversikt over slike arter som er påviste i Noreg. Artsdatabanken ligg under Kunnskapsdepartementet.

Miljødirektoratet har i 2016 nedsett eit breitt samansett ekspertpanel som skal lage ei utgreiing om naturgode(økosystemtenester) frå våtmarker. Utgreiinga skal baserast på eksisterande kunnskap, og vil bruke den same metoden som vert brukt i det internasjonale Naturpanelet (IPBES). Ekspertpanelet vil i 2017 leggje fram ei nasjonal økosystemutgreiing.

Lokale og regionale styresmakter sitt ansvar

Gjennom plan- og bygningslova har kommunane eit svært viktig verktøy for å ta vare på natur. Likevel er det betydeleg variasjon i kor godt naturgrunnlaget er innarbeidd kommunale planar.

God miljøkompetanse og tilstrekkeleg kapasitet i kommunane er ein viktig føresetnad for ei utvikling som er berekraftig for miljøet. Miljødirektoratet, Riksantikvaren, fylkesmennene og fylkeskommunane har viktige formidlingsoppgåver knytte til kommunal og regional planlegging innanfor miljøfeltet og skal gjere kommunane kjende med viktige nasjonale og regionale miljøinteresser.

Ved å vere tydeleg, skal moglege konfliktar identifiserast og løysast tidlegare, slik at ein i størst mogeleg grad kan unngå motsegn. Dette gir òg grunnlag for at lokaldemokratiet kan utøvast på ein måte som er berekraftig innanfor ramma av den nasjonale miljøpolitikken.

Pilotprosjekt med kommunedelplanar for naturmangfald

Arealendringar er den viktigaste påverknaden for naturmangfald i Noreg i dag. Det er derfor ei særskilt utfordring å sikre ei arealplanlegging der påverknad på naturmangfaldet blir sett i samanheng for større område og fleire tiltak. Kommuneplanens arealdel er ein sentral del av kommunens langsiktige plangrunnlag, og skal vise samanhengen mellom samfunnsutvikling og framtidig arealbruk, mellom anna korleis viktige naturområde blir tekne omsyn til. Identifisering av viktige naturverdiar og samanhengen mellom dei ulike areala er ei kompleks oppgåve som krev ein heilskapleg analyse. Slike analysar er krevjande å gjennomføre som ein integrert del av arbeidet med kommuneplanen, noko som fører til at naturmangfald blir teke vare på i varierande grad i arbeidet med kommuneplanar. Det skal derfor leggjast betre til rette for at kommunane på eit tidleg stadium i førebuingane til kommuneplanarbeidet, tileignar seg oversikt over naturmangfald i kommunen og identifiserer naturverdiar som kommunen spesielt vil ta vare på. Regjeringa har i 2016 sett i gang eit frivillig pilotprosjekt for å prøve ut bruk av kommunedelplanar som verktøy for å ta vare på naturmangfald. Pilotprosjektet skal førast vidare i 2017. I etterkant skal prosjektet evaluerast.

Pilotprosjektet skal òg medverke til ei meir effektiv arealplanlegging der konfliktar blir løyste så tidleg som mogeleg i prosessen. Vidare vil krava til planprosess som følgje av plan- og bygningslova medverke til å styrkje lokaldemokratiet gjennom medverknad frå kommunen sine innbyggarar, interesseorganisasjonar, næringsliv og andre. Kommunane vil gjennom arbeid med kommunedelplan for naturmangfald supplere statens arbeid med å verdsetje og ta vare på natur og medverke til eit kompetanseløft på naturmangfald i kommunane.

Politikk for å nå dei nasjonale måla for friluftsliv

Stortingsmelding om friluftsliv

Regjeringen la i mars 2016 fram ei ny stortingsmelding om friluftsliv. Meldinga omfattar ei rekkje tiltak og føringer innanfor stimulering og rekruttering til friluftsliv, og innanfor forvaltning av område for friluftsliv. Gjennom meldinga vil regjeringa medverke til at endå fleire utøver friluftsliv jamleg, og får oppleve friluftsliv som ei kjelde til betre helse og høgare livskvalitet.

Regjeringa vil prioritere friluftsliv i nærmiljøet, slik at alle kan delta. Meldinga understrekar at det er viktig å ta vare på og leggje til rette grøntområde inne i byar og tettstader, og å ivareta markaområde og andre friluftsområde rundt byane og tettstadene.

Regjeringa foreslår i meldinga å gjere endringar i friluftslova og i verneforskrifter, for å leggje til rette for nyare ferdselsformer innanfor friluftsliv.

Meldinga inneheld òg blant anna tiltak og føringar for å ta vare på større samanhengande areal for friluftsliv i fjellområde med stort utbyggingspress, og føringar og tiltak for å ivareta og betre høvet til friluftsliv ved kysten.

Det er foreslått at barn og unge framleis skal vere prioriterte målgrupper i friluftslivspolitikken, i tillegg til personar som er lite fysisk aktive og personar med innvandrarbakgrunn.

Sikring, ivaretaking og tilrettelegging av friluftslivsområde

Arbeidet med å sikre nye område for friluftsliv, anten ved kjøp eller gjennom avtaler om varig bruksrett, vil bli ført vidare. I dette ligg òg å føre vidare arbeidet med å omdisponere ulike typar statseigedom til friluftslivsformål. Område som kan nyttast av mange, blant anna strandsoneområde, område ved innlandsvassdrag og område for fritidsfiske, er prioriterte i sikringsarbeidet. Regjeringa vil setje i gang arbeid med å gå gjennom teltingsforbod på dei statleg sikra friluftslivsområda, med sikte på å fjerne forbod som det ikkje lenger er behov for.

I 2017 vil arbeidet med formidling av resultata frå Miljødirektoratets nærmiljøsatsing bli prioritert. Blant annet vil Miljødirektoratet arrangere fylkessamlingar for kommunar og friluftsråd for å formidle resultata frå satsinga.

Regjeringa vil vurdere om Skjergardstenestas oppgåver kan utvidast innanfor gjeldande driftsområde og driftsrammer. Regjeringa vil òg setje i gang arbeid med å utvikle nytt rettleiingsmateriell for heilskapleg planlegging og tilrettelegging av ferdselsårer.

Prosjektet kartlegging og verdsetjing av friluftslivsområde vil halde fram. Målet er at alle kommunar i landet har kartlagt og verdsett sine friluftslivsområde i løpet av 2018. Hovudmålet med prosjektet er å unngå at viktige friluftslivsområde blir bygde ned eller forringa på annan måte på grunn av mangel på kunnskap om områda sin verdi for friluftsliv.

Stimulering til friluftsliv

Friluftsliv er eit viktig verkemiddel i folkehelsearbeidet, og ein viktig del av norsk kulturarv og nasjonale identitet. Koplinga mellom fysisk aktivitet og naturoppleving er ei viktig kjelde til livskvalitet og helse for svært mange menneske.

Arbeidet med å samordne innsats og verkemiddel frå ulike sektorar innanfor friluftsliv, vil bli vidareført. Ei slik samordning gir større effekt av dei enkelte verkemidla og av dei enkelte sektorane sin innsats innanfor feltet.

Stortingsmeldinga om friluftsliv legg vekt på verdien av hausting i friluftslivet. I samarbeid med organisasjonane vil det bli samordna eit læringsopplegg om haustingstradisjonar for bruk i skulen.

Regjeringa inngjekk i 2015 eit samarbeid med Oslo kommune om ei vidareføring av Groruddalssatsinga for 10 nye år fra 2017. Nærmiljø er eitt av tre prioriterte innsatsområde i satsinga, der friluftsliv og grøntområde vil vere eit sentralt element. Den vidareførte Groruddalssatsinga vil gi kunnskap om metodar og verkemiddel for å auke deltaking i friluftsliv i nærmiljøet. Dette vil både gi positive verknader i Groruddalen og gi kunnskap som kan brukast andre stader i landet for å auke den fysiske aktiviteten i nærmiljøet gjennom friluftsliv.

Regjeringa vil styrkje arbeidet med å inkludere personar med innvandrarbakgrunn i friluftsliv, og vil i 2017 blant anna øyremerke midlar til drift av prosjektet «Integrering gjennom friluftsliv» i regi av Norsk Friluftsliv.

Regjeringa vil frå 2017 øyremerke midlar til eit nystarta prosjekt i regi av Den Norske Turistforeining om friluftsliv for personar med funksjonsnedsetjingar. Det er viktig for regjeringa at alle får høve til å oppleve friluftsliv.

Allemannsretten

Regjeringa vil verne om allemannsretten.Ein del av dette arbeidet inneber å leggje til rette for nye friluftslivsaktivitetar.

Terrengsykling er den nye friluftsforma som har størst oppslutning. I mange nasjonalpark- og landskapsvernforskrifter er sykling avgrensa til nokre få konkrete trasear som er utpeikte i forvaltningsplanen. Regjeringa foreslår derfor i friluftslivsmeldinga at det i utgangspunktet skal bli tillate å sykle på eksisterande vegar, stigar og køyrespor i nasjonalparkane og i landskapsvernområda, og at verneforskriftene blir endra i tråd med dette.

Friluftslova legg rammer for kor og korleis det kan drivast med friluftsliv. I medhald av friluftslova er det for eksempel ikke tillate å sykle utanfor veg og sti i utmark, bortsett frå på fjellet, der dette er tillate. Regjeringa foreslår i friluftslivsmeldinga å gjere endringar i friluftslova, slik at det blir eit generelt høve til ikkje-motorisert ferdsel i utmark. Endringa inneber blant anna at dagens skilje mellom ferdsel til fots og ferdsel med sykkel i utmark blir oppheva. Dette vil innebere at det blir tillate å sykle overalt i utmark, også utanfor veg og sti.

Det kan i visse tilfelle oppstå konfliktar mellom dei som ferdast i naturen til fots og dei som ferdast på sykkel. Regjeringa meiner dette langt på veg kan løysast gjennom informasjon, og vil prioritere informasjon og opplæring i naturvennleg ferdsel i samsvar med allemannsretten for å unngå konfliktar.

Motorferdsle i utmark

Våren 2015 vart motorferdslelova endra slik at det vart opna for at kommunane kan fastsetje snøskuterløyper for fornøyelseskøyring. Lova og tilhøyrande forskrifter set klare rammer for kor løypene kan leggjast, og stiller strenge utgreiings- og omsynskrav til kommunen.

Departementet vil gjennom løpande evaluering følgje med på effekten av lovendringa for å innhente kunnskap som kan nyttast i den vidare utviklinga av regelverket om motorferdsle. Slik kunnskap vil òg gi innsikt som kommunane kan nytte når dei skal planleggje for nye løyper.

Fleire forslag om endringar i motorferdsleregelverket har vore på høyring: forslag om å opne for catskiing (transport med trakkemaskin til utgangspunkt for alpin skikøyring), forslag om å opne for bruk av el-syklar i utmark og forslag om å tillate persontransport i utmarksnæring på vinterføre. Regjeringa vil på bakgrunn av høyringane vurdere kva slag endringar som skal gjerast.

Nye reglar for bruk av vasskuter kom 1. juli 2013. Etter dei nye reglane kunne vasskuterar køyre fritt utanfor definerte forbodsområde. Regjeringa vil sende på høyring eit forslag om å oppheve dei sentralt fastsette vasskuterreglane. Vasskuterar blir då regulerte likeins med andre fritidsfartøy. Kommunane vil kunne regulere fart og bruk av vasskuterar, blant anna gjennom hamne- og farvatnlova.

Politikk for å nå dei nasjonale måla for forureining

Forureiningslova skal medverke til å verne det ytre miljøet mot forureining og redusere eksisterande forureining. Lova skal òg medverke til å redusere mengda avfall og fremje betre avfallshandtering. Formålet er å sikre at forureiningar og avfall ikkje fører til helseskade, går ut over trivselen eller skader naturen si evne til produksjon og sjølvfornying. Lova byggjer bl.a. på prinsippet om at forureinar betalar og prinsippet om føre var. Det skal takast utgangspunkt i den teknologien som, ut frå ei samla vurdering av noverande og framtidig bruk av miljøet og av økonomiske forhold, gir dei beste resultata. Forureiningslova set eit generelt forbod mot forureinande utslepp, men opnar for at verksemder kan søkje miljøstyresmaktene om utsleppsløyve. Produktkontrollova har som føremål å førebyggje at produkt og forbrukartenester medfører helseskade eller miljøforstyrring, under dette gjennom å fremje effektiv bruk av energi i produkt. Lova inneheld blant anna ei plikt om aktsemd for alle som har å gjere med produkt som kan medføre helseskade eller miljøforstyrring, og ei substitusjonsplikt som inneber at ei verksemd må vurdere sin kjemikaliebruk og gå over til mindre skadelege alternativ der det kan skje utan urimeleg kostnad eller ulempe. Til både forureiningslova og produktkontrollova er det fastsett ei rekkje krav i forskrifter. Tilsyn blir nytta for å avdekkje eventuelle brot på regelverket.

Andre viktige verkemiddel i forureiningspolitikken er internasjonale miljøavtaler, lover og forskrifter som er forvalta av andre styresmakter, avgifter som stimulerer til reduserte forureiningar, tilskot over statsbudsjettet og kunnskap om utslepp, spreiing og effektar av forureiningar.

Kjemikaliar

Kjemikaliepolitikken har som formål å redusere risiko for skade på helse og miljø knytt til utslepp og bruk av kjemikaliar generelt. Føre var-prinsippet skal brukast når kunnskapen om risiko for helse og miljø er usikker. For dei særleg prioriterte miljøgiftene på prioritetslista1 – for tida vel 35 stoff og stoffgrupper – er det lagt til grunn at bruk og utslepp skal stansast innan 2020. Ein viktig del av arbeidet vidare er å følgje opp desse både på nasjonalt og internasjonalt plan og å identifisere fleire miljøgifter som skal vere omfatta av 2020-målet.

Dei tre stoffgruppene benzotriazolar (UV-320, UV-327, UV-328 og UV-350), disubstituerte organiske tinnsambindingar og perfluorheksansulfonsyre (PFHxS) og perfluorheksansulfonsyrerelaterte stoff er vurderte å oppfylle kriteria for prioritetslista og desse stoffa blir no inkluderte i lista.

Benzotriazolane UV-320, UV-327, UV-328 og UV-350 blir brukte til å beskytte materialar mot UV-stråling. Dei inngår særleg i gjennomsiktige plastmaterialar av ulike typar. Stoffa har nyleg blitt førte opp på EUs kandidatliste, fordi dei oppfyller krava til persistens, bioakkumulering og toksisitet. Stoffa er blitt gjenfunne blant anna i vassmiljø og sediment, i kloakkreinseanlegg og i morsmjølk.

Disubstituerte organiske tinnsambindingar blir brukte i lim, tettemiddel, overflatebehandling og maling, i PVC-plast, i produksjon av polyuretan og i silikon (tettemiddel). Stoffgruppa er i bruk i Noreg i relativt store mengder og kan òg finnast i importerte ferdige produkt. Desse tinnsambindingane har liknande helse- og miljøskadelege effektar som dei trisubstituerte organiske tinnsambindingane som allereie er oppførte på prioritetslista.

Perfluorheksansulfonsyre (PFHxS) og perfluorheksansulfonsyrerelaterte stoff er brukte i brannskum, maling, tepper, tekstilar, impregneringsmiddel, elektronikk og sleppbelegg på kokekar. Stoffa kan framleis finnast på den norske marknaden i importerte ferdige produkt. PFHxS er mistenkte for å vere hormonforstyrrande og er sett på som lite nedbrytbare. PFHxS er vist å kunne oppkonsentrast mellom arter i næringskjedene. PFHxS er funne i miljøet i ei lang rekkje arter, blant anna i polartorsk, polarmåke, ringsel og isbjørn.

Miljøskadelege kjemikaliar blir transporterte over lange strekningar med luft- og havstraumar, gjennom handel med produkt og gjennom avfallsstraumar. Derfor er både nasjonalt og internasjonalt arbeid svært viktig og ein føresetnad for å handtere utfordringane vi står overfor. Nasjonalt er forureiningslova og produktkontrollova med tilhøyrande forskrifter sentrale verkemiddel. Etter produktkontrollova er det blant anna fastsett eit omfattande forskriftsverk om helse- og miljøskadelege kjemikaliar som er i stadig endring og utvikling. Produkt blir omsette internasjonalt, og norske forbod og andre reguleringar må vere i samsvar med Noregs internasjonale plikter om produktregulering og handel. Kjemikalieregelverket i Noreg og EU er harmonisert gjennom EØS-avtala. Hovudregelen er såleis at dei same krava skal gjelde i Noreg og EU.

EU har eit omfattande regelverk for registrering, vurdering, godkjenning og restriksjonar på kjemikaliar (REACH-regelverket). Vidare utvikling av dette regelverket er svært viktig i kjemikaliepolitikken. Noreg medverkar aktivt i arbeidet for å styrkje regelverket både med å foreslå regulering av stoff og ved gjennomgangen av regelverket som no går føre seg. Dette inkluderer endringar for å betre handteringa av nanomaterialar. Noreg vil leggje vekt på hormonforstyrrande eigenskapar i endå større grad når vi prioriterer kva stoff vi skal jobbe aktivt med for å få regulert i EU. EU-kommisjonen har i samband med regelverket for plantevernmiddel og biocid i EØS-området foreslått kriterium for kva som er å sjå på som hormonforstyrrande stoff. Noreg har i likskap med andre land meldt frå til EU-kommisjonen at forslaget ikkje i tilstrekkeleg grad sikrar helse- og miljøomsyn, mellom anna av di det ikkje følgjer Verdas Helseorganisasjon sine definisjonar.

I tillegg må kvaliteten på den informasjonen som industrien leverer under REACH-regelverket i dag betrast. Vidare er informasjon eit viktig verkemiddel for å skape medvit rundt kjemikaliebruk og innhald i produkt. Det europeiske kjemikaliebyrået ECHA (European Chemicals Agency), som har sete i Helsinki, er viktig i EUs kjemikaliearbeid. ECHA er navet i ei omfattande kunnskapsutveksling og vidareutvikling av kunnskapsgrunnlaget og er sentralt i arbeidet med nye reguleringar for å beskytte helse og miljø. Noreg er representert i alle komitear og i styret i ECHA. Vi har òg felles reglar med EU om produkt med biocid som blir nytta til å øydeleggje uønskte organismar.

Globalt er Noreg aktivt med i arbeidet under Stockholmkonvensjonen om persistente organiske miljøgifter, Baselkonvensjonen om grensekryssande transport av farleg avfall, Rotterdam-konvensjonen om handel med farlege kjemikaliar, Minamatakonvensjonen om kvikksølv og miljøgiftsprotokollane under FNs økonomiske kommisjon for Europa. Det skal i 2017 haldast samtidige partsmøte under Stockholm-, Basel og Rotterdamkonvensjonane der det skal forhandlast om nye internasjonale forpliktingar om reduksjon i miljøbelastninga på kjemikalie- og avfallsområdet. Noreg støttar òg den globale kjemikaliestrategien SAICM. Vidare tek Noreg aktivt del i arbeidet med kjemikaliespørsmål innan FNs Sjøfartsorganisasjon og FNs miljøprogram.

Kunnskapsheving gjennom forsking, kartlegging av potensielt skadelege stoff i produkt, avfall og utslepp, og miljøovervaking er svært viktig i kjemikaliearbeidet. Auka kunnskap om helse- og miljøskadelege kjemikaliar er nødvendig for å identifisere risiko for helse og miljø, og for å kunne setje i verk effektive reguleringar og tiltak på eit tidleg tidspunkt. Betre kunnskap om miljøgifter i Arktis er av stor strategisk vekt for å få på plass regionale eller globale avtaler, fordi det er utbreidd internasjonal semje om at stoff som blir funne att i Arktis, langt frå utsleppskjeldene, utgjer alvorlege problem.

Opprydding i forureina grunn og sjøbotn er kostbart og tidkrevjande. Tiltak for å rydde opp i sjøbotn er fremja gjennom fylkesvise tiltaksplanar og prioritering av område som skal ryddast opp, jf. handlingsplanen for opprydding i forureina sjøbotn som vart lagt fram i St.meld. nr. 14 (2006–2007) Sammen for et giftfritt miljø. Av dei 17 prioriterte områda med forureina sjøbotn i handlingsplanen er no fire område rekna som ferdig rydda – Harstad, Oslo, Tromsø og Trondheim. Også i Kristiansand er det nær ferdig rydda, med berre mindre område som står att. Det vart i revidert budsjett for 2016 løyvd ekstra midlar til opprydding av eit delområde i Stavanger indre hamneområde. I budsjettet for 2017 er det gitt midlar til nødvendig videreføring av pågåande opprydding, som i Sandefjord og Puddefjorden i Bergen. I dei andre av dei 17 prioriterte kyst- og fjordområda er det òg blitt arbeidd aktivt, både med kartlegging av forureining, planlegging, overvaking og gjennomføring av tiltak i delområde. I fleire år har hovudvekta av arbeidet på dei prioriterte områda vore tiltak i innleiande fasar med undersøkingar, pilotprosjekt og liknande. Arbeidet er no komme over i ein fase der fleire område i åra framover vert klare for tildekking og mudring og deponering av forurensa sjøbotn. Desse tiltaka er dei mest kostnadskrevjande i arbeidet. Det må prioriterast mellom dei ulike områda i den vidare gjennomføringa av opprydding. Arbeidet med forureina grunn blir òg følgt opp fortløpande, blant anna med tilskot over oppryddingspostane etter behov. I hovudsak er det prinsippet om at forureinar betaler som skal leggjast til grunn, og bruk av pålegg etter forureiningslova er eit viktig verkemiddel for å sikre nødvendig opprydding av forureina grunn og sjøbotn. Statlege styresmakter medverkar med finansiering der dette er aktuelt, jf. omtale av tildelingskriterium for oppryddingspostane kap 1420, post 39, 69 og 79.

Det er behov for ytterlegare tiltak for å sikre at nullutsleppsmålet for petroleumsverksemda blir nådd, særleg for olje og naturlege førekommande stoff i produsert vatn. Alle operatørane har fått krav om å gjere nye risikovurderingar og gjennomføre vurderingar av beste tilgjengelege teknologi for behandling av produsert vatn i 2016.

Avfall

Det overordna målet med avfallspolitikken er å syte for at skadane frå avfall blir så små som mogleg på menneske og naturmiljø. Det er viktig å minimere utslepp av lokal forureining, klimagassar og miljøgifter frå avfall. Samtidig ønskjer ein å auke utnyttinga av ressursane i avfallet. Politikken på avfallsfeltet skal medverke til at ressursane i avfallet blir haldne i krinsløp lengst mogleg, og kjem til nytte som råvarer.

Tabell 7.2 Avfallsdefinisjonar

Viktige omgrep

Definisjonar

Farleg avfall

Avfall som ikkje kan behandlast saman med vanleg avfall fordi det kan medføre alvorlege forureiningar eller fare for skade på menneske og dyr.

Gjenvinning

Fellesnemning for eit kvart tiltak der hovudresultatet er at avfall kjem til nytte ved å erstatte materialar som elles ville vorte brukte eller at avfall er vorte førebudd til dette, under dette førebuing til ombruk, materialgjenvinning og energiutnytting.

Materialgjenvinning

Utnytting av avfall slik at materialet blir teke vare på heilt eller delvis, f.eks. produksjon av skrivepapir frå returpapir.

Ved å stimulere til meir gjenbruk og gjenvinning, reduserer vi mengda avfall som går til sluttbehandling samtidig som vi utnyttar ressursane i avfallet betre. Dette medverkar òg til ein sirkulær økonomi. I tillegg inneheld mange typar avfall material som det kan vere miljømessig gunstig å nytte om igjen. Dei stadig veksande avfallsmengdene gjer at utfordringane knytte til avfallsbehandling på lang sikt vil auke om ein ikkje lukkast med å førebyggje avfall. Over tid har strengare krav til deponi og forbrenningsanlegg og bruk av meir miljøvenleg teknologi medverke til betydelege reduksjonar i utslepp til luft og vatn frå sluttbehandling av avfall. Sluttbehandling av avfall vil òg kunne føre til fare for utslepp av miljøskadelege stoff til jord, luft og vatn. Avfallsdeponi er strengt regulerte og deponia må samle opp sigevatnet og greie ut reinsebehovet.

Det blir produsert og omsett stadig fleire produkt, og mange av desse inneheld helse- og miljøfarlege stoff. Auka kunnskap og større medvit om miljøgifter gjer òg at nye stoff og produkt blir klassifiserte som farleg avfall. Dette medverkar til at mengdene farleg avfall som oppstår aukar. For å medverke til å førebyggje farleg avfall er det viktig å arbeide for at det blir utvikla meir miljøvennlege produkt.

Farleg avfall kan ikkje behandlast saman med vanleg avfall fordi det kan medføre alvorlege forureiningar eller fare for skade på menneske og dyr. Det er òg strenge reglar som skal hindre at slikt avfall blir eksportert til land utan kapasitet til å behandle det forsvarleg. Farleg avfall skal takast forsvarleg hand om og anten gå til gjenvinning eller vere sikra god nok nasjonal behandlingskapasitet.

NOAH Langøya vil etter planen ikkje kunne ta imot farleg avfall etter 2022 og det er behov for å få ny behandlingskapasitet på plass i tråd med nasjonale mål og internasjonale forpliktingar. Miljødirektoratet har utgreidd moglege lokalitetar for eit nytt anlegg for mottak, behandling og deponering av uorganisk farleg avfall som viser at fire lokalitetar kan vere eigna. Uavhengig av kor eit deponi blir etablert vil det måtte gjerast grundige konsekvensutgreiingar etter plan- og bygningslova for å vere sikker på at ein lokalitet er eigna. Eit framtidig deponi skal òg ha løyve etter forureiningslova.

Sjølv om stadig meir farleg avfall blir forsvarleg teke hand om, er det likevel farleg avfall som går til ukjent behandling. Det blir gjort ein særleg innsats for å auke innsamlinga av prioritert farleg avfall og å sikre forsvarleg handtering. Ei forskrift som skal sikre ei miljømessig betre og også meir effektiv regulering av farleg avfall trådde i kraft 1. januar 2016. Auka innsamling av avfall som inneheld olje er prioritert, og informasjon til bransjen og tilsyn er styrkt. Informasjon til befolkninga, bedrifter og kommunar er òg ein viktig del av styresmaktene sitt arbeid for å auke innsamlinga av farleg avfall. Tilsyn med farleg avfall og samarbeid mellom involverte etatar er vesentleg styrkt dei siste åra, og dette arbeidet skal halde fram. Tilsyn har fått auka merksemd for å redusere illegal import og eksport, særleg eksport til fattige land. Reaksjonane mot ulovleg eksport og import av farleg avfall er òg skjerpa. Klima- og miljødepartementet vurderer fortløpande utviklinga på området, om verkemidla fungerer etter intensjonen og behovet for nye verkemiddel. For eksempel er det behov for å vurdere om det er mogleg å utnytte ressursane i det farlege avfallet utan at dette fører til auka risiko for helse og miljø.

Avfallspolitikken blir gjennomført gjennom eit samspel mellom ei rekkje ulike verkemiddel; forureiningslova og forskrifter gitt i medhald av lova, avgifter, refusjons- og panteordningar, bransjeavtaler og informasjonstiltak, og kombinasjonar av desse. Verkemidla skal sikre ein samfunnsøkonomisk og miljømessig god balanse mellom det som blir gjenvunne som material og det som blir brent eller deponert. Fleire verkemiddel skal stimulere til materialgjenvinning eller energiutnytting, under dette forbod mot deponering av nedbryteleg avfall og produsentansvar for fleire typar avfall. Det er òg etablert eigne retursystem for fleire ulike avfallsfraksjonar, mellom anna for elektrisk og elektronisk avfall, batteri, bilvrak, PCB-haldige isolerglasruter og fleire typar emballasjeavfall. Gode resultat frå retursystema medverkar til høg gjenvinningsgrad samtidig som miljøgifter i avfallet blir sikra ei forsvarleg behandling. Departementet vurderer verkemidla fortløpande.

Klima- og miljødepartementet sin avfallsstrategi inneheld både ein avfallsplan og eit program for avfallsførebygging. Prioriterte område miljøstyresmaktene arbeider med er blant anna avfallsførebygging og betre utnytting av ressursane i avfallet gjennom meir materialgjenvinning av blant anna plast og tekstil. Som grunnlag for å vurdere tiltak for auka materialgjenvinning vurderer no Miljødirektoratet krav om utsortering av våtorganisk avfall og plast. Klima- og miljødepartementet gjer òg ein særleg innsats for å førebyggje matsvinn, og leier eit arbeid der fleire departement arbeider saman med matbransjen. Eit mål på området vil bli vurdert i samband med ei stortingsmelding om avfall og sirkulær økonomi som er planlagt lagt fram for Stortinget før sommaren 2017. Meldinga vil òg ta for seg planlagte endringar i EU sitt avfallsregelverk.

Marin forsøpling og tilførsel av mikroplast til havet er bekymringsfullt. Dette er ein omfattande og kompleks problemstilling som vil krevje tiltak på mange område, både nasjonalt og internasjonalt. Innsatsen mot marin forsøpling er trappa opp og det blir arbeidd aktivt med å følgje opp problemstillingar på begge områda. Frivillige organisasjonar, velforeiningar, skuleklassar og enkeltpersonar gjer ein stor innsats med å rydde søppel frå strender og i skjergarden. Det blir gitt tilskot for å støtte opp om frivillige oppryddingstiltak, haldningsskapande arbeid og lokalt engasjement i arbeidet mot marint søppel. Tiltak for å redusere tilførsel av plastavfall og anna søppel er ein del av avfallspolitikken. Miljødirektoratet har utarbeidd tiltaksanalyse for marin forsøpling. Miljødirektoratet vil òg utarbeide ein tilaksanalyse for mikroplast. Analysane vil gi grunnlag for å prioritere Klima- og miljødepartementets arbeid på dette viktige området, blant anna om det bør lagast ein eigen handlingsplan mot mikroplast, og om det er føremålstenleg med eit eige norsk forbod mot mikroplast i kosmetiske produkt.

Ein rapport om kjelder, konsekvensar og moglege tiltak for å redusere mikroplast i havet, som blei laga i tråd med det norske forslaget om mikroplast som blei vedteke av FNs miljøforsamling (UNEA) i 2014, er no lagd fram, og ein tiltaksretta resolusjon er vedteken. Ei vurdering av om dei regionale og globale regelverka og strategiane mot marin plastforsøpling og mikroplast er effektive, skal leggjast fram på neste møte i miljøforsamlinga hausten 2017

Regjeringa vil òg prioritere gjennomføring av tiltak under handlingsplanen mot marin forsøpling under OSPAR-konvensjonen. Innanfor OSPAR har Noreg teke leiaransvar på utvikling av tiltak for reduksjon av plastavfall frå fiskerinæringa og utgreiing av best tilgjengelege teknikkar for reinsing av mikroplast i kloakkreinseanlegg. Det er òg starta eit prosjekt der fiskarar på frivillig basis leverer inn søppel dei har fått opp frå havet til utvalde hamner for registrering og vidare avfallsbehandling.

Radioaktive stoff

Nivået på radioaktiv forureining generelt er lågt. Utslepp og avfall er nært knytt til aktiviteten i ulike sektorar. Radioaktive stoff er nytta til mellom anna behandling av pasientar på sjukehus og i forsking og utdanning. Det er òg radioaktive komponentar i enkelte forbrukarprodukt som for eksempel røykvarslarar. Radioaktiv forureining og radioaktivt avfall kan òg oppstå som eit biprodukt i ulike typar prosessindustri, og ved utvinning av mineral og graving i alunskiferhaldig grunn. Forureining og avfall følgjer av oppkonsentrering av naturleg førekommande radionuklidar som finst i berggrunnen, slik som ved utvinning av olje og gass, og ved framstilling av radioaktive stoff og drift av forsøksreaktorane til Institutt for energiteknikk (IFE). Noreg har vesentleg høgare utslepp av produsert vatn frå petroleumsverksemda enn dei andre nordsjølanda.

Radioaktiv forureining av norske land- og havområde skjer vidare frå internasjonale kjelder, slike som historiske atomsprengingar i atmosfæren og Tsjernobyl-ulykka. Framtidige ulykker knytte til anlegg i nærområda våre, i særleg grad dei gamle atomkraftverka i Russland, vil kunne ha store konsekvensar for Noreg. I 2017 vil det bli arbeidd vidare med å vurdere og leggje til rette for lagrings- og deponikapasitet for radioaktivt avfall, med spesiell fokus på deponiløysingar i på lang sikt og løysingar for det brukte atombrenselet og anna avfall frå forskingsreaktorane i Halden og på Kjeller. Fram mot 2020 skal det faglege grunnlaget for forvaltningsplanen for Barentshavet og Lofoten utviklast, og risiko for og overvaking av radioaktiv forureining i nord er ein viktig del av det arbeidet.

Langtransportert luftforureining

Det nasjonale og internasjonale arbeidet med å redusere langtransportert luftforureining er basert på omfattande kunnskap gjennom overvaking, forsking og analysar av utslepp, tilførsler og effektar av luftforureiningar, og strategiar for å redusere utslepp i tråd med felles miljømål på tvers av landa i Europa. Noreg deltek aktivt i arbeidet med å evaluere effektane av internasjonale avtaler og å utvikle fagleg grunnlag for utvikling av nye avtaler på området. Norske fagmiljø som Meteorologisk institutt, Norsk institutt for luftforsking og Norsk institutt for vassforsking medverkar i vesentleg grad til kunnskapsutviklinga gjennom sine funksjonar som internasjonale fagsenter under Konvensjonen om grenseoverskridande langtransportert luftforureining. Både Miljødirektoratet og andre norske fagmiljø deltek i arbeidet i ekspertgrupper under konvensjonen. Det er under konvensjonen nyleg utarbeidd ein fagleg rapport «Towards Cleaner Air – Scientific Assessment Report 2016» som syner resultata som er oppnådd i arbeidet til no og hva som er framtidige utfordringar i arbeidet med å redusere langtransportert luftureining som skader menneska si helse og økosystem.Funna i rapporten vil leggje grunnlaget for framtidig utvikling av Gøteborgprotokollen.

Landa som deltek i samarbeidet under Konvensjonen om langtransportert grenseoverskridande luftforureining har i Gøteborgprotokollen teke på seg talfesta forpliktingar om å redusere sine utslepp av forureiningar til luft. Regjeringa ser det som svært viktig å overhalde Noreg sine internasjonale forpliktingar på dette området. Av utsleppa som er omfatta av protokollen, blir utslepp av svovel (SO2), nitrogenoksid (NOx) flyktige organiske sambindingar (NMVOC) og partiklar regulerte i utsleppsløyve etter forureiningslova og i tråd med føresegnene i relevante EU-direktiv som er innlemma i EØS-avtala. Utslepp av SO2, NOx, NMVOC og partiklar er òg regulerte i forskrifter etter forureiningslova, produktkontrollova og relevant sektorlovgiving. Noreg vil i arbeidet med å redusere langtransportert luftforureining òg leggje vekt på at landa skal redusere forureinande utslepp som medverkar til klimaendringar, mellom anna svart karbon (sot).

Hovudinnsatsen innanfor det nasjonale arbeidet med langtransportert luftforureining er no å redusere utsleppa av ammoniakk (NH3) i tråd med forpliktingane i Gøteborgprotokollen. I 2015 var ammoniakkutsleppa 13 pst. over nivået på 23 000 tonn som Noreg har forplikta seg til å ikkje overskride. Om lag 90 pst. av ammoniakkutsleppa i Noreg skjer i landbruket. Regionale miljøprogram i jordbruket stimulerer til reduserte utslepp av ammoniakk frå handtering av husdyrgjødsel gjennom tilskot til miljøvenleg spreiing av gjødsla.

NOx-avgifta og Miljøavtala mellom Klima- og miljødepartementet og næringsorganisasjonane om reduksjon av NOx-utsleppa er særleg viktige verkemiddel for å redusere desse utsleppa. Miljødirektoratet har stadfesta at næringslivsorganisasjonane har oppfylt sine reduksjonsforpliktingar for åra 2008–2014, og at vilkåret for avgiftsfritak desse åra dermed er oppfylt. Inneverande avrekningsperiode omfatter åra 2015–2016. Den noverande miljøavtala om reduksjon av NOx-utsleppa gjeld ut 2017. Regjeringa vil forhandle med organisasjonane om ei ny avtale som grunnlag for vidare fritak for NOx-avgift etter 2017. Forhandlingar kan starte så snart nivået på Noregs internasjonale utsleppsforpliktingar fra 2030, under dette eventuelle nye forpliktingar er nærare avklart.

EU har innlemma forpliktingane i Gøteborgprotokollen av 1999 i sitt direktiv om nasjonale utsleppstak for forureiningar til luft, «takdirektivet». Direktivet er innlemma i EØS-avtala. Noreg har her dei same utsleppsforpliktingane som i Gøteborgprotokollen av 1999. Forslag til eit nytt direktiv om reduksjon i forureinande utslepp til luft er til behandling i EU og er venta å bli vedteke hausten 2016. Forslaget inneber gjennomføring i EU av dei nye utsleppsforpliktingane i den reviderte Gøteborgprotokollen av 2012. Kommisjonen foreslår i tillegg nye utsleppsforpliktingar som skal gjelde frå 2030.

Det er viktig å medverke til at fleire av landa i Sør- og Aust-Europa, Kaukasus og Sentral-Asia sluttar seg til Gøteborgprotokollen. Noreg medverkar til tiltak for å implementere protokollen i fleire av desse landa gjennom støtte til kapasitetsbygging i regi av FNs Økonomiske kommisjon for Europa.

Globalt er luftforureining sett på som ein av dei største miljørelaterte truslane mot folks helse. FNs miljøprogram (UNEP) samarbeider med Verdas helseorganisasjon om å utvikle tiltak for å redusere desse forureiningane. Under FNs miljøforsamling (UNEA-2) i 2016 la dei to organisasjonane fram ein rapport som belyser dei store samfunnsmessige kostnadene ved ikkje å gjere noko for å redusere dei helseskadelege luftforureiningane. Rapporten peiker òg på fleire utsleppsreduserande tiltak som kan redusere helseskadane, og den gir råd til landa om korleis dei kan gå fram for å gjennomføre og evaluere tiltaka.

Regjeringa arbeider innanfor FNs sjøfartsorganisasjon (IMO) for å utvikle eit meir effektivt regelverk for å redusere utsleppa til luft frå skipsfarten. Nordsjø- og østersjølanda sende hausten 2016 inn ein felles søknad til IMO om etablering av eit lågutsleppsområde for NOx (NECA) i Nordsjøen og Østersjøen. Det er venta at IMO fattar endeleg vedtak i saka i 2017.

Lokal luftforureining

Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for å nå måla om luftkvalitet, og ei pådrivarrolle mot andre departement og etatar for å få gjennomført tiltak som kan redusere luftforureining. Fleire potensielle tiltak og verkemiddel som kan redusere luftforureiningar ligg utanfor Klima- og miljødepartementets myndeområde.

Noreg er blant dei landa i Europa som har lågast risiko for tidleg død som følgje av lokal luftforureining. Dårleg luftkvalitet fører likevel til alvorlege helseplagar for befolkninga. Nivåa av svevestøv viser ein nedgåande trend sidan 2004. Sidan 2008 har berre nokre få byar brote grenseverdien i forureiningsforskrifta, med unnatak for 2013 då fire byar var over den lovlege grensa. Det er likevel eit stykke igjen til det nasjonale målet for svevestøv, og det nasjonale målet for svevestøv vart i 2015 overskride i fem byområde (Drammen, Grenland, Mo i Rana, Oslo og Stavanger). Dei fleste stadene har NO2-konsentrasjonane vore stabile gjennom det siste tiåret. Det nasjonale målet for NO2 vart i 2015 berre overskride i Bergen, Bærum og Oslo, men der trengst det fleire tiltak for å redusere NO2-utsleppa.

Det nasjonale målet for lokal luftkvalitet er endra frå 1. januar 2017 i tråd med tilrådinga frå Miljødirektoratet, Vegdirektoratet, Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet i rapport M-129 «Grenseverdier og nasjonale mål – Forslag til langsiktige helsebaserte nasjonale mål og reviderte grenseverdier for lokal luftkvalitet.» Sjå òg omtale i del I.

Forureiningsforskrifta kapittel 7 er det sentrale verkemiddelet for lokal luftkvalitet. I forskrifta er kommunane gjort til forureiningsstyresmakt for lokal luft. Forskrifta gir grenseverdiar for konsentrasjonar av ei rekkje stoff i luft. Grenseverdiane for partiklar (svevestøv) vart skjerpa frå 1. januar 2016, i tråd med tilråding frå Miljødirektoratet med fleire frå 2014. Ytterlegare skjerping skal vurderast frå 2020, basert på eit oppdatert kunnskapsgrunnlag som skal utarbeidast i 2018. Forureiningsforskrifta stiller òg krav til målingar, utrekningar, utgreiingar av tiltak og rapportering. Forskriftskrava har utspring i EUs rammedirektiv for luftkvalitet, som er teke inn i EØS-avtala.

Noreg vart dømt i EFTA-domstolen hausten 2015 for brot på luftkvalitetsdirektivet, ved (i) overskridingar av grenseverdiane for NO2 og PM10, og (ii) ved at det ikkje var utarbeidd tilstrekkelege tiltaksutgreiingar i aktuelle kommunar/soner.

Dei siste åra har det vore viktig å utvide verktøykassa til kommunar og anleggseigarar, slik at det kan setjast i verk tiltak i periodar med overskridingar av grenseverdiane i forureiningsforskrifta. Rettleiar TA-2842 frå 2011 klargjer ansvarsforhold ved innføring av tiltak, og når desse skal innførast.

For å leggje til rette for ytterlegare tiltak som betrar luftkvaliteten, har regjeringa sett i gang ei rekkje arbeid. Mellom anna skal det leggjast til rette for at kommunar som ønskjer det kan opprette lågutsleppsoner. Det er lagt fram ein lovproposisjon for Stortinget (Prop. 140 L (2015–2016)), med forslag til endringar i yrkestransportlova med sikte på å åpne for miljøkrav for drosjer. Eit forslag om sentral forskrift for lågutsleppssoner for bilar har vore på høyring og er no under vurdering i Samferdselsdepartementet. Det blir arbeidd med å leggje til rette for å differensiere bompengesatsane på bakgrunn av miljøeigenskapar. Vidare er høvet til å avvise skip frå hamn på dagar med høg luftforureining, blitt vurdert. I tillegg er eit nasjonalt berekningsverktøy for lokal luftkvalitet under etablering.

Sjå òg omtale i del III om vurdering av tiltak for å redusere svevestøv og anna luftforureining.

Støy

Regjeringa vil arbeide for å redusere støyplager gjennom og følgje opp nasjonale og internasjonale forpliktingar. Miljøstyresmaktene følgjer opp status og utvikling i støyutsleppa og støyplaga generelt. Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for støy og ei koordinerande rolle overfor andre departement og etatar for å få gjennomført tiltak som kan redusere støyplager. Dei ulike sektordepartementa har hovudansvaret for å sikre at støyplaga blir redusert innanfor sin samfunnssektor, og å medverke til at det nasjonale målet for støy kan bli nådd.

Talet på støyplaga personar blant dei som var utsette for høg støy ved bustaden i 1999 er redusert, men ikkje raskt nok sett opp mot målet for 2020. Talet på personar utsette for høg innandørs støy aukar. For å nå det nasjonale målet trengst fleire tiltak.

Forureiningsforskrifta kapittel 5 stiller krav om at anleggseigarar gjennomfører støyreduserande tiltak ved/på bustader der innandørs støy overstig 42 dB. EUs rammedirektiv for støy er òg teke inn i forureiningsforskrifta, og i tråd med dette skal anleggseigarar og dei største bykommunane kartleggje støy og utarbeide handlingsplanar for å redusere støy.

Ei rekkje tiltak er fastsette i ein nasjonal handlingsplan mot støy. Miljødirektoratet arbeider, saman med dei aktuelle etatane, med å utarbeide grunnlag for ein oppdatert handlingsplan for perioden fram til 2020.

Ein fornuftig arealbruk etter plan- og bygningslova er kanskje det viktigaste verkemiddelet for å førebyggje støyproblem. Det er gitt ei felles retningslinje (T-1442/2012) for behandling av støy i plansaker, med fokus på dei største støykjeldene. Miljødirektoratet har i 2015/2016 evaluert retningslinja.

Politikk for å nå dei nasjonale måla for klima

Dei nasjonale måla på klimaområdet omfattar mål for 2020, 2030 og 2050. For å redusere utsleppa og omstille Noreg til eit lågutsleppssamfunn forsterkar regjeringa stadig verkemiddelbruken. Regjeringa sin politikk nasjonalt må sjåast i samanheng med Noregs internasjonale forpliktingar og satsingar.

Dei viktigaste verkemidla i norsk klimapolitikk er CO2-avgifta og EUs kvotesystem, som set ein pris på utslepp av klimagassar. Om lag 80 pst. av dei samla norske utsleppa er omfatta av desse verkemidla. Miljødirektoratet har ansvaret for kvotesystemet og den norske kvoterekneskapen under Kyoto-protokollen. Nærare detaljar om CO2-avgifta står i Prop. 1 LS (2016–2017) Skatter og avgifter 2017 frå Finansdepartementet.

Verkemiddel som medverkar til innovasjon og teknologiutvikling innan klima- og lågutsleppsløysingar er sentralt. Dette gjeld både generelle ordningar under Noregs Forskingsråd, Innovasjon Noreg og andre aktørar i FoU-systemet, og tematiske eller øyremerkte midlar som bl.a. miljøteknologiordninga under Innovasjon Noreg og satsinga på ny energi- og klimateknologi under Enova. Forskingsrådet har samla sett ei rekkje verkemiddel som medverkar til å støtte målet om at Noreg fram mot 2050 skal bli eit lågutsleppssamfunn. Ein stor del av innsatsen er innretta for å utvikle ny lågutsleppsteknologi. Men for å realisere utsleppsreduksjonane som teknologien gjer mogleg, er det avgjerande å handtere ikkje-teknologiske utfordringar. Denne forskinga ser blant anna på verkemiddelstruktur, kommunikasjon og kompetanse i næringslivet og hos forbrukarar. Ein stadig større del av befolkninga bur i byar, bynære område og tettstader. Den offentleg finansierte forskingsinnsatsen må medverke til nye løysingar for næringstransport i by, reduksjon av privat biltransport, kunnskap om effektar av tiltak og verkemiddel. Den samla innsats i regi av Noregs forskingsråd med betydning for lågutsleppsutvikling er utrekna til om lag 1,2 mrd. kroner 2015.

I tillegg blir det nytta andre verkemiddel, mellom anna direkte regulering, standardar, avtaler og tilskot til utsleppsreduserande tiltak. Sentralt lovverk i klimapolitikken er klimakvotelova, forureiningslova, plan- og bygningslova og produktkontrollova med tilhøyrande forskrifter. Dei statlege planretningslinjene for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging har blant anna som mål at utbyggingsmønster og transportsystem skal fremje kompakte byar og tettstader og leggje til rette for klima- og miljøvenleg transport.

Sjå nærare omtale i Del II kap. 4.2 Regjeringas prioteringar innanfor klima.

Klimatilpassing

Klima- og miljødepartementet har ansvar for å leggje til rette for regjeringas heilskaplege arbeid med klimatilpassing. Frå 1. januar 2014 har Miljødirektoratet vore den fagetaten som støttar Klima- og miljødepartementet i dette arbeidet. Det inneber å koordinere det heilskaplege klimatilpassingsarbeidet, men grip ikkje inn i dei ansvarsområda som ligg under andre styresmakter. Midlane til klimatilpassing på Klima- og miljødepartementets budsjett blir føreslått førte vidare frå 2016 til 2017 under Miljødirektoratet. Det er sett av 6,5 mill. kroner til ei tilskotsordning for kommunar.

Andre statlege etatar har òg ansvar som er knytt opp mot klimatilpassingsarbeidet. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap følgjer mellom anna opp kommunar og fylkeskommunar i deira risiko- og sårbarheitsanalysar. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for flaum og skred. Førebygging av flaum og skred er eit viktig klimatilpassingstiltak. Sjå nærare omtale av arbeidet med klimatilpassing under pkt. 8.1

Internasjonalt klimaarbeid

Den nye globale Parisavtala blir eit avgjerande fundament for større innsats for å redusere klimagassutsleppa og å tilpasse seg klimaendringar. Arbeidet må følgjast opp dei neste åra, og Noreg skal vere med å utvikle regelverk som kan støtte under Parisavtala. Klima- og skogsatsinga er Noreg si største internasjonale klimasatsing, og er saman med kjøp av klimakvotar vårt viktigaste bidrag til å redusere utslepp i utviklingsland (sjå omtale under programkategori 12.70). Andre hovudinnsatsområde i det internasjonale klimaarbeidet er innrettinga av klimafinansiering i den nye klimaavtala, utviklinga av internasjonale karbonmarknader og utfasing av subsidiar til fossile brensle, og reduksjon av utslepp av kortlevde klimaforureiningar. Regjeringa arbeider innanfor FNs sjøfartsorganisasjon (IMO) for å utvikle regelverk for å redusere klimagassutsleppa frå skipsfarten.

Ei ny internasjonal klimaavtale

I desember 2015 vart Parisavtala under FNs klimakonvensjon vedteken. Den var eit vendepunkt for internasjonalt samarbeid på klimaområdet, og representerer, saman med klimakonvensjonen, eit solid rammeverk for fremtidig global klimainnsats. Parisavtala vart opna for underteikning i New York den 22. april 2016 og underteikna av Noreg same dagen. Totalt 175 land underteikna avtala, eit historisk høgt tal for ei slik underteikning. Noreg ratifiserte avtala 20. juni 2016. Avtala vil tre i kraft når minst 55 land, som til saman står for minst 55 pst. av dei totale globale klimagassutsleppa har ratifisert eller på annan måte tiltrådd avtala. Det er grunn til å tru at dette kan skje relativt raskt, og i god tid før 2020.

Det overordna formålet med Parisavtala er å styrkje den globale responsen på klimautfordringane. Dette skal blant annet gjerast ved å halde den globale temperaturauken godt under 2 grader Celsius samanlikna med førindustrielt nivå, og prøve å avgrense temperaturauken til 1,5 grader. Landa si evne til å handtere skadeverknadene av klimaendringane skal styrkjast, og finansstraumane gjerast foreinlege med ei bane mot lågutsleppsutvikling.

Partane siktar mot at dei globale klimagassutsleppa skal nå toppunktet så snart som mogleg og at utsleppa deretter blir reduserte raskt, slik at det blir oppnådd klimanøytralitet i andre halvdel av hundreåret, dvs. ein balanse mellom menneskeskapte klimagassutslepp og opptak av klimagassar. Noreg var her ein pådrivar gjennom at vi tidleg fremja forslag om klimanøytralitet i 2050.

Med Parisavtala påtar alle statar seg å utarbeide, melde inn, oppretthalde og rapportere på suksessive nasjonalt fastsette bidrag, og å setje i verk nasjonale tiltak med sikte på å nå sine nasjonalt fastsette bidrag. Av 196 partar til klimakonvensjonen har hittil 190 partar levert indikative nasjonalt fastsette bidrag under Parisavtala. Dette gjer at avtala teiknar til å få nær universell deltaking dersom alle desse landa ratifiserer eller sluttar seg til avtala. Samla står desse landa for om lag 99 pst. av verdas utslepp, men bidraga frå ein del av landa omfattar ikkje alle sektorar. Det er stor forskjell i korleis landa har utforma sine innspel. FNs klimasekretariatet sine utrekningar viser likevel at dei globale utsleppa vil halde fram med å vekse til 2025 og 2030 og at innspela samla ligg eit stykke unna det som vil bli kravd for å nå togradersmålet på ein effektiv måte.

Eitt av dei mest grunnleggjande element i Parisavtala er at den gir kvar part ansvaret for å fastsetje sine nasjonale bidrag. Den legg òg opp til eit system der partane må vurdere sine nasjonale bidrag og oppdatere eller fornye desse regelbunde i tråd med avtala sine krav og prinsippa om at nye bidrag vil utgjere progresjon og høgst moglege ambisjon. Nasjonale bidrag kan gjennomførast både med innanlandske tiltak og ved frivillig samarbeid mellom partar.

Med desse føresegnene er den rigide todelinga som har prega klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen broten, der berre industriland har hatt kvantitative forpliktingar om utsleppsreduksjonar. Der er likevel ei viss differensiering. Det er venta at industriland, som Noreg, skal setje absolutte utsleppsmål for heile økonomien, mens andre land for eksempel kan formulere mål for enkelte sektorar eller for utsleppsintensitet. Alle land har likevel ei oppfordring til å gå i retning av absolutte utsleppsmål.

Parisavtala fastset eit globalt mål om å styrkje tilpassingskapasitet og klimarobustheit og å redusere sårbarheit overfor klimaendringar. Styrkt tilpassing skal medverke til berekraftig utvikling. Målet gjeld både nasjonalt tilpassingsarbeid og globalt samarbeid om tilpassing til klimaendringane. Det vil vere nødvendig med støtte og samarbeid om tilpassingsarbeidet, særleg i dei landa som er mest sårbare for klimaendringar. Avtala pålegg partane ei individuell forplikting til å ha planleggingsprosessar for å tilpasse seg klimaendringane og gjennomføre tilpassingstiltak der det er føremålstenleg. Avtala legg vekt at kvar enkelt part sitt tilpassingsarbeid bør vere styrt nasjonalt, ha ei tilnærming som tek omsyn til begge kjønn, syte for medverknad og openheit og ta særleg omsyn til sårbare og utsette grupper, lokalsamfunn og økosystem.

Avtala etablerer eit måle- og rapporteringssystem for både tiltak og støtte under avtala. Systemet omfattar alle partar, men skal ha innebygd fleksibilitet som tek omsyn til skilnader i utviklingslanda sin kapasitet. Det nye systemet skal byggje på og styrkje det noverande rapporteringssystemet. Nærare reglar og rettleiing for måle- og rapporteringssystemet skal utviklast og vere ferdige i 2018, og dette vil vere viktig for å gjere systemet operasjonelt.

Det skal kvart femte år haldast globale gjennomgangar av korleis verda ligg an i forhold til dei langsiktige måla i avtala. Den første vil finne stad i 2023. Når landa utformar dei nasjonalt fastsette bidraga og tiltak under avtala, skal dei sjå til denne rapporten.

I tillegg er det planlagt ein ekstra gjennomgang i 2018 for utsleppsreduksjonar. Før denne gjennomgangen skal FNs klimapanel leggje fram ein spesialrapport om 1,5-gradersmålet. Rapporten skal gi informasjon om klimaendringane ved 1,5°C oppvarming og modellberekningar for utsleppsbaner i tråd med dette.

Parisavtala oppmodar alle partar til å formulere og melde inn langsiktige lågutsleppsstrategiar.

Noreg ratifiserte Parisavtala 20. juni i år, i tråd med Stortingets samtykke. I Prop. 115 S (2015–2016) om samtykke til ratifikasjon av Parisavtala blei hovudtrekka i avtala presenterte. I tillegg til sjølve Parisavtala fatta klimakonferansen òg andre avgjerder. Parisvedtaket inneheld avgjerder om kva som skal skje før Parisavtala trer i kraft, omtaler element som ikkje er ein del av sjølve avtala og gir fleire detaljar til nokre av avgjerdene i Parisavtala. Noreg har alt følgt opp fleire av oppmodingane som i-landspart i FNs klimakonvensjon og Kyotoprotokollen.

I Innst. 407 S (2015–2016) ber Stortinget regjeringa om ei oppsummering av oppmodingane som Parisavtala og Parisavgjerda inneheld og ei oversikt over korleis oppmodingane skal følgjast opp vidare.

Ei nærare oversikt over oppmodingane følgjer i tabellane 9.4 og 9.5. i del III, under kap. 9.6 Oppfølging av oppmodningsvedtak.

Regjeringa vil føre vidare innsatsen for eit sterkt internasjonalt klimaregime i 2017. Å utvikle eit godt regelverk under Parisavtala vil vere ei prioritert oppgåve frå norsk side neste år. Regjeringa arbeider også aktivt for at andre land ratifiserer avtala så raskt som mogeleg.

Felles oppfyllelse av klimamål for 2030

Som eit bidrag til Parisavtala har både Noreg og EU meldt inn betinga forpliktingar på minst 40 pst. reduksjon i klimagassutslepp innan 2030 samanlikna med 1990. Noreg og EU arbeider no for at dette skal skje gjennom ei felles oppfylling av klimamåla. Ei slik avtale mellom Noreg og EU vil innebere at Noreg vil medverke til gjennomføring av utsleppsreduksjonar på 43 pst. samanlikna med 2005 innanfor EU sitt kvotesystem (kvotepliktig sektor). Norge vil òg medverke til utsleppsreduksjonar i ikkje-kvotepliktig sektor, der dei samla utsleppa i EU skal kuttast med 30 pst. frå 2005 til 2030. Innsatsen som er naudsynt for å få til dette skal fordelast mellom landa gjennom bindande utsleppsmål. Ei avtale med EU vil innebere at Noreg vil få eit nasjonalt utsleppsmål for ikkje-kvotepliktig sektor på linje med samanliknbare EU-land.

EU-kommisjonen la 20. juli 2016 frem sitt forslag til bindande utsleppsmål i ikkje-kvotepliktig sektor for EU-landa. Måla til kvart land er i spennet 0 til 40 pst. Fordelinga vert gjort ut frå BNP per innbyggjar, der dei rikaste landa må kutte mest. Dessutan skal måla til dei rikaste landa justerast ut frå omsynet til kostnadseffektivitet, slik at måla til dei landa med høgast kostnader vert lågare. Denne omfordelinga mellom dei rikaste vil mellom anna bli gjort på bakgrunn av modellkøyringar der Kommisjonen har analysert kostnader for dei enkelte landa.

Noreg er omtalt i den forklarande innleinga til forslaget, der EU-kommisjonen foreslår eit førebels mål for Noreg på 40 pst. Kommisjonen sitt forslag til mål for Noreg er ikkje basert på modellkøyringar, slik tilfellet er for EU-landa. Vårt førebelse mål er i staden rekna ut frå Noregs BNP. Det skal òg gjerast modellkøyringar for Noreg. Etter at desse er ferdige, vil Kommisjonen komme med eit endeleg forslag til norsk mål ut frå same grunnlag som medlemslanda. EU-kommisjonen sitt forslag opnar for at landa kan nytte såkalla fleksibilitetsmekanismar til å oppfylle måla i ikkje-kvotepliktig sektor. Noreg vil nytte denne fleksibiliteten på lik linje med EU-landa. Land som kuttar utsleppa meir enn dei er forplikta til, kan selje utsleppskutta (såkalla AEA-einingar) til andre land. EU-kommisjonen foreslår òg ein avgrensa tilgang til å bruke utsleppsrettar frå EU sitt kvotesystem til å oppfylle landa sine mål for ikkje-kvotepliktige sektorar. Dei landa der utsleppsreduserande tiltak kostar mest vil få størst tilgang til å bruke slike utsleppsrettar. EU-kommisjonen sitt forslag inneber òg ein avgrensa tilgang til å bruke visse kredittar frå skog- og arealbrukssektoren. Denne tilgangen er kopla til landa sine utslepp frå jordbruket. Landa med størst utslepp frå jordbruket får størst tilgang til å bruke slike kredittar. Det er berre visse typar kredittar som kan brukast, i hovudsak knytte til nyplanta skog.

EU-kommisjonen sitt forslag skal behandlast vidare i Rådet og i Europaparlamentet. Det kan difor verte endringar før det endelege regelverket vert fastsett, mellom anna i reglane for fastsetjing av mål for landa. Det kan dermed ikkje utelukkast at det norske målet vert endra i den vidare prosessen. Det er òg mogeleg at Rådet og Europaparlamentet vil ønskje å gjere endringar i andre delar av Kommisjonens forslag, til dømes reglane om i kva grad dei ulike landa kan samarbeide om utsleppskutt. Ei avtale mellom Noreg og EU kan ikkje ventast før i 2017/2018, etter at EU har vedteke sitt regelverk.

I samband med EUs forslag til norske bidrag til utsleppsreduksjonar i sektorar som ikkje er med i EUs system for kvotehandel, ber Stortinget regjeringa i vedtak 868 i Innst. 401 S (2015–2016) om å gjere synleg utsleppsbanene for enkeltsektorane i ikkje-kvotepliktig sektor i statsbudsjettet for 2017. I vedtak nr. 888 i Innst. 397 S (2015–2016) ber Stortinget regjeringa når ho lagar ny klimalov om kvart år å syne fram utsleppsbaner for dei ulike områda innafor ikkje-kvotepliktig sektor, og kva typar tiltak som blir naudsynte for å nå desse måla. Dette blir følgt opp i del III, kap. 9.6 Oppfølging av oppmodningsvedtak samband med fremlegginga av statsbudsjettet for 2017 og vil bli følgt opp i budsjetta for åra etter.

Klimafinansiering

Noreg har vore eit føregangsland i å innrette vår klimafinansiering på ein langsiktig og føreseieleg måte. Særleg gjeld dette klima- og skogsatsinga. Under toppmøtet på klimakonferansen i Paris desember 2015 kunngjorde Noreg vidareføringa av klima- og skogsatsinga fram til 2030. Noreg har tidlegare forplikta seg til å overføre 1,6 mrd. kroner til Det grøne klimafondet i perioden 2015–2018. Dette er eit av dei høgaste bidraga målt pr. innbyggjar. I Paris annonserte statsministeren òg at vi vil auke vårt bidrag til Det grøne klimafondet betydeleg. Dersom fondet sikrar verifiserte utsleppsreduksjonar frå avskoging og skogforringing i utviklingsland vil auken til saman tilsvare ei dobling av vårt bidrag innan 2020.

Framhalden norsk støtte til klimatiltak i utviklingsland er svært viktig for å syte for effektiv gjennomføring av Parisavtala. Norsk klimafinansiering skal framover innrettast slik at den medverkar til transformative tiltak med verifiserbar klimaeffekt. Vårt sterke engasjement for resultatbasert finansiering blir særleg følgt opp gjennom klima- og skogsatsing, arbeidet i Det grøne klimafondet og statens kvotekjøpsprogram. Gjennomføring av Parisavtala og støtte til utviklingsland sitt arbeid med landa sine innmelde klimaplanar (INDC) vil vere ei viktig føring for innretninga av klimafinansieringa framover. Parisavtalas art 2.1 slår fast at finansieringsstraumar må gjerast konsistente med ei utvikling med låge utslepp av klimagassar og klimarobustheit. Dette understrekar betydninga av å bruke offentlege midlar og verktøy smart slik at private investeringar dreier seg i retning av lågutsleppsløysingar og -teknologi. Det grøne klimafondet har ein eigen fasilitet som skal utløyse privat klimafinansiering til utviklingsland.

Parisavtala har gitt mandat til partane under avtala om å utvikle eit felles system for måling og rapportering knytt til tiltak og støtte. Systemet inneber at vi venteleg vil kunne rekneskapsføre både tradisjonell bistand, andre offisielle straumar og private midlar som er mobiliserte gjennom offentlege verkemiddel.

Nordisk miljøfinansieringsselskap, NEFCO, vart i si tid oppretta som ein reiskap for å løyse miljøproblem i Nordens nærområde og å fremje bruken av nordisk miljøteknologi gjennom investeringar i eigenkapital og lån. Over tid har finansiering av klimarelaterte prosjekt fått ein aukande plass i NEFCO si verksemd. I NEFCO sin nye strategi blir innsatsen innan grøn vekst og klimafinansiering aksentuert, og det er vedtatt ei endring i avtala mellom dei nordiske landa som opnar for auka geografisk fleksibilitet. NEFCO vil derfor over tid kunne bli ein gradvis viktigare reiskap for norsk og nordisk klimainnsats.

Internasjonale karbonmarknader, prising av utslepp og utfasing av subsidiar til fossile brensle

Noreg skal vere ein pådrivar i arbeidet for å setje ein pris på CO2, og for utvikling av effektive, fungerande internasjonale karbonmarknader.

Dagens prisar på utslepp er for låge til å sikre nødvendig teknologisk utvikling og omstilling. Ein ny og meir ambisiøs klimapolitikk globalt vil medverke til høgare prisar. Parisavtala har etablert ei ramme for marknadsbasert samarbeid mellom land etter 2020. Noreg arbeider aktivt gjennom klimaforhandlingane for å sikre ei god innretning av marknadsbasert samarbeid under Parisavtala, samtidig som ein gjennom deltaking i Transformative Carbon Asset Facility tek del i arbeidet med å utvikle pilotar for å teste ut nye former for samarbeid innanfor ramma av Parisavtala.

Regjeringa arbeider òg innanfor FNs organisasjon for sivil luftfart (ICAO) med å få sett i verk ein global marknadsmekanisme for klimagassutslepp frå internasjonal luftfart. ICAOs mål er at marknadsmekanismen saman med andre miljøtiltak skal føre til karbonnøytral vekst etter 2020.

Bruk av ulike former for marknadsmekanismar har både ført til store utsleppsreduksjonar og investeringar i mange utviklingsland. Den grøne utviklingsmekanismen, som ligg til grunn for statens kvotekjøpsprogram, har ifølgje berekningar gjort av UNFCCC så langt ført til meir enn 1,7 mrd. tonn CO2-ekvivalentar i reduserte utslepp. I tillegg har utviklingsland sin bruk av fleksible mekanismar ført til store investeringar i desse landa, og vist korleis ein kan gjennomføre tiltak som ikkje berre reduserer utslepp av drivhusgassar, men også har stor utviklingseffekt, til dømes gjennom redusert lokal forureining, og tilgang på fornybar energi.

Regjeringa arbeider òg for utfasing av subsidiar på fossilt brensel. Globalt blir det brukt ca. 500 mrd. US dollar på subsidiar for lågare brenselsprisar til forbrukar, eit beløp som tilsvarer det firedobbelte av kva som blir brukt på utviklingsbistand frå OECD-landa samla. Utfasing av slike subsidiar kan føre til ein reduksjon av globale klimagassutslepp på meir enn 10 prosent av det som er naudsynt for å vere på veg mot togradersmålet i 2020. Klimagevinsten aukar endå meir dersom nokre av dei innsparte midlane blir reinvesterte i energieffektivisering eller fornybar energi.

Den norske innsatsen skjer blant anna gjennom Vennegruppa for reform av fossile subsidiar saman med dei andre nordiske landa og Costa Rica, Etiopia, New Zealand og Sveits. Eit aukande tal land har støtta Vennegruppas initiativ for subsidiereform. Det er òg ein klart aukande tendens til at land i ulike verdsdelar set i gang slikt reformarbeid i praksis.

Noreg arbeider òg for utfasing av fossile subsidiar gjennom andre kanalar og vedtok i 2015 å bruke 100 mill. kroner på dette arbeidet over ein treårsperiode.

Kortlevde klimaforureiningar

Parisavtala legg òg vekt på behovet for raske utsleppskutt og høge ambisjonar for utsleppskutt også før 2020. Klima- og skogsatsinga er sentralt i denne samanhengen. Ein annen viktig del av regjeringa sitt arbeid med snarlege utslesppsreduksjoner er innafor kortlevde klimaforureiningar. Noreg arbeider internasjonalt for å redusere utsleppa av kortlevde klimaforureiningar, som er oppvarmande gassar og partiklar med relativt kort levetid i atmosfæren samanlikna med CO2. (Metan, svart karbon og hydrofluorkarboner). Mange av tiltaka for å redusere desse utsleppa har òg ei rekkje andre fordelar som betre luftkvalitet, helse og jordbruksproduktivitet. Ved å redusere kortliva klimaforureining vil ein kunne redusere oppvarmingshastigheita ein god del og det er derfor eit viktig bidrag for å halde den globale oppvarminga godt under 2 grader og prøve å avgrense temperaturauken til 1,5 grader.

Noreg har sidan hausten 2014 sete i styringskomiteen til Koalisjonen for klima og rein luft (CCAC). Koalisjonen vart skapt i 2012 og har no over 100 land og organisasjonar som medlemmar. I koalisjonen har Regjeringa vore særleg engasjert i å redusere utslepp av metan og sot frå olje og gassektoren, og i å framheve helsegevinstane av utsleppsreduksjonar.

Boks 7.1 Marknadsmekanismar og karbonprising

Med bakgrunn i Noregs lange erfaring med karbonprising, medverkar Noreg til utvikling av marknadsmekanismar og karbonprising gjennom fleire internasjonale prosjekt og fora.

Noreg har dei siste åra hatt fleire bilaterale prosjekt for oppbygging av kvotesystem i Kina, Makedonia og Kazakhstan. I desse prosjekta har Noreg medverka ved at norske ekspertar har overført erfaringar og kunnskap, og ved at det har blitt gitt finansiell støtte til vertslandets institusjonar.

Gjennom Verdsbankens Partnership for Market Readiness (PMR) og International Carbon Action Partnership (ICAP) medverkar Noreg til utvikling av marknadsmekanismar og karbonprising. PMR gir finansiell og teknisk støtte til land som ønskjer å ta i bruk marknadsbaserte verkemiddel for utsleppsreduksjonar, og består av 12 donor- og 18 mottakarland, blant andre Kina, Brasil, og India. ICAP har som mål å dele erfaringar mellom land, og arbeider for å lette samankoplinga av kvotesystem, og med å fremje kvotesystem som eit viktig verkemiddel for klimagassreduksjonar.

Gjennom Statens kvotekjøp medverkar Noreg til utviklinga av, og legitimiteten til, internasjonale klimakvotemarknader, ved å kjøpe kvotar frå sårbare prosjekt og nyutvikla CDM-prosjekt. Gjennom kjøpsprogrammet er Noreg med å oppretthalde strukturar som ein kan byggje vidare på når det igjen blir behov for tettare samarbeid mellom industri- og utviklingsland om tiltak for reduksjon av klimagassutslepp.

Gjennom Transformative Carbon Asset Facility testar ein mellom anna ut nye marknadsmekanismar som skal vere tilpassa ei ny, global klimaavtale.

Noreg støttar òg opp om karbonprising ved å fremje karbonprising gjennom internasjonale forum som Carbon Pricing Leadership Coalition og i klimaforhandlingane.

Gjennom det nordiske sektorinitiativet, Nordic Partnership Initiative (NPI), har Noreg støtta pilotprosjekt i avfallsektoren i Peru og sementsektoren i Vietnam. Pilotprosjekta skal utarbeide system som klargjer sektorene for tiltak for faktiske utsleppsreduksjonar, med fokus på marknadsbaserte finansieringsløysingar.

Noreg har arbeidd aktivt dei siste åra for eit vedtak om rask og effektiv nedfasing av produksjon og forbruk av hydrofluorkarboner (HFK) gjennom Montrealprotokollen. HFK-gassar blir nytta som erstatning for fleire av dei ozonreduserande gassane, og er sterke klimagassar. På partsmøtet under Montrealprotokollen i november 2015 vart det bestemt at protokollen skal regulere HFK og at detaljane for korleis dette skal gjerast skal forhandlast ferdig i løpet av 2016.

Utanriksministermøtet under Arktisk Råd vedtok i 2015 at dei arktiske landa skal redusere utsleppa sine av svart karbon og metan. I tillegg skal dei utvikle eit felles, kvantitativt mål for reduksjon av svart karbon, med sikte på vedtak i 2017. Svart karbon har ein særskilt oppvarmande effekt når det blir sleppt ut i nærleiken til dei arktiske områda, då partiklane kan leggje seg på overflata og auke smeltinga av isen. Noreg har hatt ei pådrivarrolle for å få landa med størst utslepp med på eit kollektivt mål for reduksjon av svart karbon.

Nærare om budsjettforslaget

Foreslått løyving knytt til programkategorien er på 4,2 mrd. kroner i 2017. Tabellen under syner at dette er ein auke på 11,5 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2016.

Budsjettmidlar til arbeidet med kunnskapsgrunnlaget (overvaking, kartlegging, artsprosjektet og liknande) er omtalt under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m.

Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

1420

Miljødirektoratet

3 048 852

3 613 597

4 033 813

11,6

1422

Miljøvennleg skipsfart

5 219

5 338

2,3

1423

Radioaktiv forureining i det ytre miljø

14 278

15 629

9,5

1424

MAREANO

32 932

33 684

2,3

1425

Vilt- og fisketiltak

83 018

80 498

87 909

9,2

Sum kategori 12.20

3 131 870

3 746 524

4 176 373

11,5

Kap. 1420 Miljødirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

596 590

596 440

639 555

21

Spesielle driftsutgifter

137 490

166 580

182 822

22

Statlege vassmiljøtiltak

211 420

277 943

268 386

23

Oppdrags- og gebyrrelatert verksemd, kan overførast

138 350

142 726

149 369

30

Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde, kan overførast

38 215

34 460

32 460

31

Tiltak i verneområde, kan overførast

42 205

62 848

64 419

32

Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar, kan overførast

6 713

2 392

5 222

33

Statlege tileigningar, nytt vern, kan overførast

1 562

9 062

34

Statlege tileigningar, nasjonalparkar, kan overførast

37 258

32 580

52 650

35

Statlege tileigningar, skogvern, kan overførast

355 812

392 112

392 112

37

Skogplanting, kan overførast

15 000

14 375

38

Restaurering av myr, kan overførast

13 000

13 325

39

Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 69 og 79

14 249

12 622

12 483

61

Tilskot til klimatiltak og klimatilpassing, kan overførast

1 920

104 058

106 920

69

Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 79

79 579

170 568

271 562

70

Tilskott til vassmiljøtiltak, kan overførast

25 861

33 255

24 755

71

Marin forsøpling, kan overførast

7 500

15 290

15 290

72

Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt, overslagsløyving

113 737

144 837

148 892

73

Tilskot til rovvilttiltak, kan overførast

66 488

70 051

70 051

74

CO2-kompensasjonsordning for industrien

402 494

523 728

671 284

75

Utbetaling av pant for bilvrak, overslagsløyving

418 227

420 000

431 760

76

Refusjonsordningar, overslagsløyving

76 451

64 827

76 042

77

Ymse organisasjonar og stiftelsar m.m.

8 475

10 885

14 416

78

Friluftsformål, kan overførast

151 123

157 821

159 821

79

Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 69

540

650

450

80

Frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige miljøstiftelsar

57 402

81

Verdsarvområde, kulturlandskap og verdiskaping naturarv, kan overførast, kan nyttast under post 21

25 874

26 261

26 261

82

Tilskot til truga arter og naturtypar, kan overførast, kan nyttast under post 21

38 975

64 989

64 989

84

Internasjonalt samarbeid

1 726

4 834

4 964

85

Naturinformasjonssenter, kan overførast

51 580

51 278

52 714

Sum kap. 1420

3 048 852

3 613 597

4 033 813

Midlane under budsjettkapitlet er retta mot alle resultatområde med unntak for resultatområde Kulturminne og kulturmiljø og resultatområde Polarområda.

Miljødirektoratets rolle og oppgåver

Miljødirektoratet er Klima- og miljødepartementets sentrale rådgivande og utøvande fagorgan innan klima, naturforvaltning og forureining. Hovudoppgåvene er å redusere klimagassutslepp, ta vare på naturmangfaldet og sikre den naturlege produksjonsevna, hindre forureining og leggje til rette for friluftsliv. Dette betyr mellom anna å leggje til rette for å ta vare på naturen, berekraftig bruk og verdiskaping.

Omsynet til miljø og berekraftig utvikling og dei nasjonale miljømåla gir hovudramma for arbeidet i Miljødirektoratet. Etaten sine funksjonar er å skaffe og formidle miljøinformasjon, utøve forvaltningsmynde, styre og rettleie regionalt og kommunalt nivå, gi faglege råd og delta i internasjonalt miljøarbeid.

Arbeidet som Miljødirektoratet utfører er ein føresetnad for å få gjennomført nasjonal klima- og miljøpolitikk, og å få sett i verk konkrete tiltak nasjonalt, regionalt og lokalt.

På klimaområdet arbeider Miljødirektoratet mellom anna med tiltaksanalysar for reduksjon i klimagassutslepp, utvikling og drift av klimagassrekneskapen, overvaking av klimaendringar og virkningar av klimaendringar på naturmangfald. Direktoratet deltek i dei internasjonale forhandlingane under Klimakonvensjonen, særleg med spørsmål knytte til utsleppsrapportering, kvoteregisteret, forsking og overvaking. Vidare er direktoratet Noregs nasjonale kontaktpunkt for FNs klimapanel og koordinerer alle prosessar knytte til klimapanelets arbeid.

Klima- og miljødepartementet har ansvaret for å leggje til rette for regjeringas heilskaplege arbeid med klimatilpassing, og Miljødirektoratet er departementets fagetat på dette området.

På naturforvaltningsområdet arbeider Miljødirektoratet mellom anna med å sikre ei kunnskapsbasert forvaltning der økosystema har god tilstand og leverer økosystemtenester, etablering og forvaltning av verneområde og forvaltning av truga arter og naturtypar, under dette etablering og forvaltning av prioriterte arter og utvalte naturtypar. Andre viktige oppgåver er forvaltning av rovvilt, vassforvaltning, heilskapleg havforvaltning, marin naturforvaltning og forvaltning av villaks, innlandsfisk, villrein og anna haustbart vilt. På same måte som på klimaområdet deltek etaten i dei internasjonale forhandlingane under Konvensjonen om biologisk mangfald. Direktoratet er Noregs nasjonale kontaktpunkt for det internasjonale naturpanelet (IPBES), og koordinerer aller prosessar knytt til naturpanelet sitt arbeid. Ein teknisk støtteining for kapasitetsbygging er etablert i Miljødirektoratet.

Etaten medverkar vidare til at omsynet til langsiktig disponering av naturressursane blir lagt til grunn ved arealplanlegging etter plan- og bygningslova.

Statens naturoppsyn er ein del av Miljødirektoratet, og har med heimel i lov om statlig naturoppsyn ansvar for å føre tilsyn med naturtilstanden og oppsyn med at reglane i miljølovgivinga blir følgde. Statens naturoppsyn er òg kompetansemiljø for gjennomføring av skjøtsels- og tilretteleggingstiltak i verneområda.

Tilrettelegging for friluftsliv, motivering av befolkninga til å utøve friluftsliv og sikring og forvaltning av friluftslivsområde er òg viktige oppgåver for Miljødirektoratet.

Miljødirektoratet samordnar det sektorovergripande arbeidet på forureiningsområdet, og samarbeider med sektorane om faktagrunnlag, analysar og videreutvikling av tiltak og verkemiddel. Viktige oppgåver på forureiningsområdet er arbeidet med å redusere og førebyggje bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar, arbeidet for å reinske opp i forureina sjøbotn og forureina grunn, hindre forureining i vassdrag og langs kysten, å førebyggje og hindre oljeforureining, å redusere luftforureiningar og å auke ressursutnyttinga og redusere miljøproblem knytte til avfall. Direktoratet er aktivt involvert i internasjonalt samarbeid på desse områda. Etaten har vidare ansvar for å gjennomføre risikobasert tilsyn.

Miljødirektoratet har brei oversikt over naturtilstand og forureining i Noreg, og rapporterer dette fortløpande til resten av miljøforvaltninga, andre sektorar og allmenta mellom anna gjennom Miljøstatus.no. Etaten har òg fagleg instruksjonsmynde overfor miljøvernavdelingane hos fylkesmannen.

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot resultatområda Naturmangfald, Friluftsliv, Forureining og Klima.

Posten dekkjer lønns- og driftsutgifter til verksemda ved Miljødirektoratets to hovudkontor i Trondheim og Oslo, og dei lokale kontora til Statens naturoppsyn rundt omkring i landet. Meir spesifikt dekkjer posten lønn til faste og mellombels tilsette, husleige, reiser, IKT-utgifter, informasjon, formidling og drift av miljøinformasjonssystem og ulike nettstader. Posten dekkjer òg drift av CO2-kompensasjonsordninga, jf. omtale under post 74. For ei vidare utgreiing om kva slags føremål løyvinga går til, viser vi til omtala under «Miljødirektoratets rolle og oppgåver» over.

Utgifter knytte til oppdrag som Statens naturoppsyn utfører for andre, mellom anna Statskog, er dekte av posten. Inntektene for desse er førte under kap. 4420 post 01.

Samla sett er posten auka med 43 mill. kroner. Det er lagt inn 58 mill. kroner i samband med omlegging av budsjettering av pensjonsutgiftene i staten. Posten er redusert med 30 mill. kroner som eit ekstraordinært innsparingskutt. I tillegg er det teke ut 3 mill. kroner i samband med avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma. Som prisjustering har posten fått 2,3 mill. kroner og til å dekkje konsekvensane av lønnsoppgjeret i staten i 2016 er det lagt inn 13,7 mill. kroner. 2 mill. kroner til berekningsverktøy for lokal luftkvalitet er flytta til post 21. Det er flytta 1 mill. kroner til posten frå post 37 for å dekkje administrative kostnader knytte til skogplanting. I samband med framleigeinntekter over kap. 4420 post er løyvinga auka med 3 mill. kroner. Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt under kap. 4420 post 01.

Rapport 2015

Av rekneskapsførte utgifter i 2015 vart 72 pst. nytta til lønn. Resten vart nytta til husleige, energi, drift og utvikling av IKT, reiseutgifter, kompetanse- og organisasjonsutvikling. Posten vart i 2015 òg nytta til kontorinvesteringar i samband med at Oslodelen av direktoratet i desember 2014 flytta til nye lokale på Helsfyr.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten finansierer tiltaksretta forvaltningsoppgåver innan resultatområda Naturmangfald, Friluftsliv, Forureining og Klima.

Posten finansierer fleire av direktoratet sine oppgåver innan klima. Dette gjeld for eksempel arbeid knytt til FNs klimapanel, utvikling og drift av klimarekneskapen, utgreiing for å støtte etatens arbeid med tiltak mot klimagassutslepp og kortlevde klimadrivarar, utvikling av verktøy for lokal klima- og energiplanlegging og utvikling av verktøy for å rekne ut lokal luftkvalitet. Posten dekkjer òg finansiering av ulike oppgåver innan klimatilpassing, støtte til Klimaservicesenteret, pilotprosjekt og andre tiltak for auka kunnskap og kompetanse.

Posten dekkjer kostnadene med prosess før gjennomføring av verneplanar som er vedtekne av Stortinget. Dette gjeld skogvern der direktoratet finansierer fylkesmannens arbeid, og marint vern der etaten finansierer utgreiing av kunnskapsgrunnlaget og fylkesmannens arbeid. Utgifter til innhenting av kunnskap og arbeidet til lokale partar knytt til lokalt initierte nasjonalparkforslag blir òg finansierte frå denne posten. I tillegg dekkjer posten fylkesmennenes og nasjonalparkstyra sitt arbeid med utarbeiding av forvaltningsplanar, kostnader til nasjonalparkstyre og tilsynsutval, og innføringa av merkevare- og besøksstrategi for nasjonalparkane og andre verneområde.

Tenestekjøp av oppsynsoppgåver som Statens naturoppsyn gjer hos Fjellstyra blir dekte over posten. Det samla tenestekjøpet frå Statens naturoppsyn til Fjellstyra blir dekt frå fleire postar under Klima- og miljødepartementets budsjett og omfattar òg andre operative feltoppgåver som tiltak i verneområde og skadedokumentasjon i samband med rovdyrtap og naturovervaking. Dette er oppgåver som dels er styrt av hendingar og dels av konkrete bestillingar frå forvaltninga og nasjonalparkstyra, og er varierande med omsyn på årleg omfang og geografisk område. Miljødirektoratet vil som i tidlegare år kjøpe slike tenester etter behov og tilgjengeleg budsjettramme.

I samband med forvaltning av rovvilt dekkjer posten drift av nasjonalt fagråd for overvaking av rovvilt og møtegodtgjersle for dei regionale rovviltnemndene. Posten dekkjer òg ordningar for vaktberedskap hos fylkesmennene og utviklingstiltak som er prioriterte av dei regionale rovviltnemndene.

Posten dekkjer utarbeiding og oppfølging av handlingsplanar og faggrunnlag for truga arter og naturtypar, under dette innhenting av nødvendig kunnskap og utreiingar. Midlane vert òg nytta til tenestekjøp knytt til rådgiving om skjøtsel og forvaltning av truga artar og naturtypar. Tiltaka vert finansierte over post 82 Tilskot til truga arter og naturtypar. Posten dekkjer vidare tenestekjøp knytt til Naturindeks for Noreg.

Fagsystem for nasjonal styring og rapportering, og oppfølging av forpliktingar i internasjonale konvensjonar, som Bernkonvensjonen og Ramsarkonvensjonen, blir òg dekte av posten.

Posten finansierer utvikling og drift av handlingsplanar mot framande arter. Avtala med Vitskapskomiteen for mattryggleik om risikovurderingar knytte til innførsel av framande organismar, genmodifiserte organismar og mikroorganismar vert òg dekt over posten.

Posten blir brukt til kjøp av spisskompetanse for å vurdere helse- og miljøfare ved stoff som Noreg foreslår for reguleringar i EU og globalt. Den blir òg brukt til å få fram betre kunnskap om ulike kjelder til spreiing av miljøgifter, som eit ledd i å nå dei nasjonale måla på miljøgiftområdet, og til å sikre eit brukarvenleg elektronisk system for deklarering av kjemikaliar til Produktregisteret.

På avfallsområdet dekkjer posten utgifter til utgreiingar, og til å utvikle og sikre brukarvenlege rapporteringssystem. Vidare dekkjer posten utgifter direktoratet eventuelt får ved å måtte fjerne eigarlaust farleg avfall, farleg avfall frå konkursbu eller farleg avfall som eigaren ikkje klarer å ta hand om på ein forsvarleg måte, jf. forureiningslova §§ 74 og 76.

Samla sett er posten auka med 16 mill. kroner.

Det er lagt inn auka midlar til forvaltning av nasjonalparkar, til oppfølging av naturmangfaldmeldinga (Meld. St. 14 (2015–2016) og ulvemeldinga Meld. St. 21 (2015–2016)), samt oppfølging av Stortingts vedtak om kongeørn.

Frå post 76 er det flytta 1,2 mill. kroner. Midlane er knytte til administrasjon av ordninga for spillolje og post 21 er meir riktig plassering for slike utgifter. Frå post 01 er det flytta 2 mill. kroner til berekningsverktøy for lokal luftkvalitet. Som delvis prisjustering har posten fått 2,9 mill. kroner.

Ut av posten er det teke 8,5 mill. kroner, av dette 0,8 mill. kroner som følgje av avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma. Vidare er det teke ut midlar til prosjektet Menneske og naturarven, oppsyn med vasskuter langs kysten, evaluering av den regionale rovviltforvaltninga og dei regionale bestandsmåla for rovvilt, gjennomføring av Trondheimskonferansen 2016 om biologisk mangfald, utarbeiding av forvaltningsplanar for freda bygningar på statleg sikra friluftslivsområde, formidling av klimakunnskap og andre prioriterte kommunikasjonstiltak, utgreiinga «Skadedata» om innsamling av kunnskap frå forsikringsbransjen til bruk i den kommunale planlegginga til førebygging av naturskadar, utgreiing av nytt deponi for farleg avfall, og forpliktingar i Noreg i nytt NEC-direktiv.

Rapport 2015

Ein vesentleg del av midlane på posten i 2015 vart nytta til tiltak knytte til forvaltning av nasjonalparkar, verneområde, framande og truga artar og rovvilt. Om lag halvparten av løyvinga vart tildelt vidare til fylkesmannen til bruk i dei einskilde fylka på dei same satsingsområda. Delen av midlar nytta til oppgåver innanfor klimaarbeidet auka i 2015.

Ein del av midlane er òg nytta til kjøp av naturoppsynstenester.

Post 22 Statlege vassmiljøtiltak

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

22.1

Kalking

73 122

70 293

85 000

22.2

Anadrome laksefisk

91 624

122 970

98 772

22.3

Generell vassforvaltning

46 674

84 680

84 618

Sum post 22

211 420

277 943

268 386

Midlane under posten er retta mot resultatområde Naturmangfald.

Posten dekkjer ulike vassmiljøtiltak som ikkje er tilskot, under dette midlar til kalking, bevaring og forvaltning av viltlevande anadrom laksefisk (laks, sjøaure og sjørøye) og heilskapleg vassforvaltning. Tilskot til same føremål blir dekte over post 70.

Samla sett er posten redusert med nær 10 mill. kroner. Netto endring som følgje av avbyråkratiserings-/effektiviseringskutt og endra pensjonsbudsjettering utgjer ein reduksjon på 0,3 mill. kroner. Øvrige endringar blir forklarte under den einskilde underposten.

Underpost 1 dekkjer kjøp av kalkingstenester. Den del av kalkingsmidla som ligg på 22- posten er auka med knappe 15 mill. kroner. Det er lagt inn 6,2 mill. kroner i korrigering av for stort uttrekk av meirverdiavgift i samband med innføring av nettoordninga for meirverdiavgift i staten. Frå post 70 underpost 1 Tilskot til kalking er det flytta 8,5 mill. kroner som betre kan nyttast under 22-posten.

Underpost 2 dekkjer tiltak, og forsking og utvikling knytt til forvaltning av anadrome laksefisk, under dette tiltak mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris, bevaring i genbank og styrking av kunnskapsgrunnlaget.

Midlane på underposten er samla sett reduserte med 24 mill. kroner.

Nye anslag for den planlagde genbanken på Ims for truga og sårbare lakse- og sjøaurebestandar frå Hardangerfjorden visar ein kostnadsauke på over 50 pst. Regjeringa har på denne bakgrunnen bestemt å ikkje byggje genbanken.

I 2016-budsjettet ligg det inne 15 mill. kroner til å starte bygginga. Desse vil bli omdisponerte, og same beløp er teke ut av løyvinga for 2017. Utover midlar til etablering av genbanken er det i 2017-budsjettet lagt inn midlar til innsamling av laksebestandane og driftsoppstart av genbanken. Desse aktivitetane vil bli trappa ned, og midlane vil bli omdisponerte.

Utover dette er det lagt inn 2 mill. kroner til evaluering av ordninga med nasjonale laksevassdrag og laksefjordar.

Det er òg lagt inn 2 mill. kroner til reparasjon og oppgradering av genbankane på Haukvik og Herje.

Det er teke 5 mill. kroner ut av underposten fordi gyrobehandling i Ranaregionen er avslutta.

Bygging av fiskesperra i Driva er venta ferdig i 2017. Til drift av sperra er det lagt inn 1 mill. kr. Løyvinga til å byggje sperra er 19 mill. kroner i 2017, ein reduksjon på 12 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2016.

Underpost 3 omfattar midlar til heilskapleg vassforvaltning etter vassforskrifta og anna generell vassforvaltning. Frå denne posten blir det òg fordelt midlar til vassregionstyresmaktene og arbeidet i vassområda. Løyvinga skal òg dekkje ei kunnskapsoppdatering knytt til storauretiltak, og tiltak mot krypsiv blir ført vidare med 3,5 mill. kroner.

Rapport 2015

Miljødirektoratet og fylkesmannen brukte 211 mill. kroner til ulike statlege vassmiljøtiltak i 2015. Om lag 35 pst. av midlane har vore nytta til kalking av vassdrag. Om lag 45 pst. har vore nytta til forvaltning av og tiltak for å ta vare på anadrom laksefisk, under dette tiltak mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Om lag 20 pst. av midlane er nytta til generell vassforvaltning.

Kalking

Tilførsla av sur nedbør er sterkt redusert sidan toppnivåa på 1980-talet, men den positive utviklinga flata ut etter tusenårsskiftet. Enno er om lag 8 pst. av arealet i Noreg skadd av forsuring, og fram mot 2030 er det berre venta små ytterlegare betringar i forsuringssituasjonen. For å oppnå ytterlegare betring i vasskvaliteten i Noreg, må utsleppa av svovel- og nitrogensambindingar til luft i Europa reduserast meir enn målsetjingane i Gøteborgprotokollen.

Totalt blir 22 lakseførande elvar i Noreg kalka. I dei elvane der laksen har gått tapt grunna sur nedbør er det etablert nye laksestammer. Det har vore godt laksefiske i mange av dei kalka elvane, med ein årleg totalfangst på 40–60 tonn (12–15 pst. av all laks fanga i norske elvar). Rapportar om kalkavslutning i lokale prosjekt blir følgde opp.

Anadrom laksefisk

Tiltak mot Gyrodactylus salaris og bevaring av stammer i genbank er gjennomført som planlagt i Skibotn- og Ranaregionen. Behandlingane av Rauma, Lærdals- og Vefsnregionane blei følgt opp med blant anna overvaking og oppbygging av dei opphavlege fiskestammene frå genbank. Planleggingsarbeidet i Drammensregionen blei starta i 2015. Arbeidet med å byggje fiskesperre i Driva gjekk fram i tråd med revidert framdriftsplan. Behandlingane som er gjennomførte i fleire regionar dei siste åra har ført til auka kostnader til bevaring og reetablering av fiskebestandane i genbank. Etablering av ny genbank på Ims blei forseinka, mellom anna som følgje av krav om undersøking av moglege fortidsminne i anleggsområdet. Løyvinga er òg brukt til arbeidet med Tana og til forhandlingar med Finland. Innsatsen på bestandsovervaking av villaks er auka og eit opplegg for særskilt overvaking på sjøaure er starta opp. Kunnskapsgrunnlaget for forvalting av laks er styrkt, mellom anna gjennom klassifisering av laksebestandar etter kvalitetsnorma i regi av Vitskapeleg råd for lakseforvaltning.

Generell vassforvaltning

Midlar til arbeidet med generell vassforvaltning i 2015 har vore prioritert til arbeidet med kunnskapsgrunnlaget (overvaking og utvikling av klassifikasjonssystemet), og til ferdigstilling av regionale vassforvaltningsplanar og tilhøyrande tiltaksprogram. Ny overvaking som er sett i gang er mellom anna knytt til store innsjøar, miljøgifter og grunnvatn. I 2015 vart det særleg prioritert å gi midlar til vassområda og arbeidet med regionale overvakingsprogram.

Post 23 Oppdrags- og gebyrrelatert verksemd, kan overførast

Løyvinga er knytt til utgifter som direktoratet har ved gebyrfinansiert verksemd og til utgifter ved oppdrag finansierte frå andre instansar. Midlane er retta mot resultatområda Naturmangfald, Forureining og Klima.

Posten er samla sett auka med 6,6 mill. kroner. I samband med endra budsjettering av premiebetaling til Statens pensjonskasse er det lagt inn 6,9 mill. kroner. Grunna reduserte utgifter til sertifiseringsordning for fluorerte klimagassar er løyvinga redusert med 3,8 mill. kroner, jf likeins reduksjon på inntektssida under kap. 4420 post 04. Posten er også redusert med 0,4 mill. kroner i avbyråkratiserings- og effektiviseringskutt. På motsett side er den auka med nær 4 mill. kroner i prisjustering.

Direktoratet utfører med heimel i fleire forskrifter oppgåver som er gebyrfinansierte i samsvar med prinsippet om at forureinar betaler. Utgiftene til desse oppgåvene er budsjetterte til om lag 32 mill. kroner, mens inntektene er om lag 34 mill. kroner. Sjå nærare forklaring under kap. 4420 post 04 der inntektene blir førte.

På same vis utfører fylkesmennene oppgåver i samband med konsesjonsbehandling og kontroll etter forureiningslova, jf. gebyrinntekter under kap. 4420 post 06 anslått til 29 mill. kroner. Inntektene blir tilbakeførte til fylkesmennene.

Til utgiftene ved kontroll og verifisering av kvotepliktige verksemder er det i samsvar med EUs reglar knytt gebyr som er førte under kap. 4420 post 07, anslått til 11 mill. kroner.

Omfanget av arbeid knytt til gebyrrelatert verksemd på naturforvaltningsområdet er forventa til om lag 5 mill. kroner, jf. inntekter under kap. 4420 post 08.

Posten dekkjer òg utgifter anslått til 64 mill. kroner ved internasjonale oppdrag som direktoratet får refunderte over kap. 4420 post 09, hovudsakleg frå andre statsinstansar.

Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4420 postane 04, 06, 08 og 09, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Rapport 2015

Om lag 25 mill. kroner av midlane vart i 2015 nytta av fylkesmennene, i hovudsak knytt til gebyrfinansierte tiltak på forureiningsområdet. Utgifter til internasjonal verksemd var om lag 53 mill. kroner. Ein vesentleg del av desse vart nytta til løn og direkte kostnader.

Post 30 Statlege tileigningar, bandlegging av friluftslivsområde, kan overførast

Midlane på posten er retta mot resultatområde Friluftsliv. Midlane blir nytta til statleg sikring av nye friluftslivsområde, anten ved offentleg erverv eller ved avtale om varig bruksrett (servituttavtale med grunneigar). Det er flytta 2 mill. kroner frå posten til post 78 Friluftslivsformål. Midla skal nyttast til friluftslivstiltak i samband med den nye Groruddalsatsinga.

Kommunane og dei interkommunale friluftsråda kan søkje Miljødirektoratet om økonomisk medverknad til sikring av viktige friluftslivsområde. Miljødirektoratet kan òg i samarbeid med kommunane overta friluftslivsareal frå andre statlege etatar som ikkje lenger har behov for desse i si verksemd. I tillegg kan kommunale friluftsområde vederlagsfritt bli omgjort til statleg sikra friluftslivsområde, dersom områda tilfredsstiller kriteria for statleg sikring. Slike område blir tinglyste som statleg sikra friluftslivsområde.

Midlane på posten kan òg nyttast til grunnleggjande istandsetjingstiltak i samband med at nye område blir sikra, til dømes oppføring av toalettbygningar eller opparbeiding av tilkomst. Midlane på posten kan òg nyttast til istandsetting av statleg eigde bygningar på dei sikra områda.

For friluftsområde med nasjonal og regional bruk kan staten medverke med inntil 100 pst. av kostnadane, for område med i hovudsak lokal bruk med inntil 50 pst. av kostnadene. Friluftsområde i og ved store befolkningskonsentrasjonar, under dette område i nærmiljøet, landfaste område i kystsona med lite tilgjengeleg strandsone og stort press på areala og sentrale område ved innlandsvassdrag er prioriterte i sikringsarbeidet.

Løyvinga kan normalt ikkje nyttast til å kjøpe bygningar. Unntak frå dette er bygningar som anten skal rivast eller som kan nyttast i friluftslivsamanheng i området.

Midlane på posten kan òg dekkje utgifter knytte til dei sikra områda, som for eksempel grenseoppgangar, frådelingar og tinglysingar. Investeringsmidlane blir utbetalte når Miljødirektoratet har motteke formell dokumentasjon på at heimel eller rett er overført, og at statens vilkår er oppfylte.

Det er behov for ei tilsegnsfullmakt på 55 mill. kroner på posten, jf. forslag til vedtak VI.

Rapport 2015

Det vart sikra 30 nye friluftslivsområde gjennom statleg medverknad med midlar frå post 30 i 2015. Om lag 80 pst. av områda kan definerast som nærområde til der folk bur. Områda som vart sikra i 2015 ligg i 10 ulike fylke. Dei siste åra er det i langt større grad enn tidlegare blitt sikra friluftslivsområde i nærleiken av bustadområde. Desse områda har høgare sikringskostnader enn område utanfor bustadområda. Det er både kommunar og interkommunale friluftsråd som har initiert desse sikringsprosessane, og som vil stå for vidare drift og tilsyn i områda framover.

I tillegg til gjennomført sikring, søkte kommunar og friluftsråd om statleg medverknad til å sikre nye område. Det blei gitt tilsegn om statleg medverknad til sikring av 21 nye område i 2015. Kommunane og friluftsråda arbeider no med å få gjennomført sikringa av desse, og med tilrettelegging av areala.

Miljødirektoratet har gjennomført ulike tiltak for å gjere ordninga betre kjent for kommunar og interkommunale friluftsråd, og det er venta at tiltaka vil resultere i fleire søknader om statlege midlar til sikring av friluftsområde.

Post 31 Tiltak i verneområde, kan overførast

Posten er retta mot resultatområda Naturmangfald og Klima. Midlane dekkjer statlege investeringsutgifter og andre typar tiltak i verneområde. Midlane går til tiltak som er naudsynte for å ta vare på verneverdiane, inkludert utgifter til informasjon, skjøtsels- og tilretteleggingstiltak. Tilretteleggingstiltaka omfattar opparbeiding av stigar, klopping og merking for å betre tilgjenget i verneområda og samstundes styre ferdsla i og rundt sårbar natur i verneområda. Posten blir òg nytta til å båtinvesteringar for Statens naturoppsyn. Midlane kan i tillegg omfatte tiltak i samband med merkevare- og besøksstrategi for nasjonalparkane. Nasjonalpark-/verneområdestyra prioriterer bruken av dei tildelte midlane. Alle tiltak skal vere i tråd med godkjent forvaltnings-/skjøtselsplan for verneområda og andre relevante styringsdokument.

Til posten er det lagt inn ei prisjustering på 1,6 mill. kroner.

På grunn av alder og slitasje har Statens naturoppsyn behov for utskifting og fornying av båtar for å tilfredsstille krav til eigen sikkerhet og stabil drift. Regjeringa foreslår til materiellbestillingar (hovudsakleg båtkjøp) ei bestillingsfullmakt under posten på 3 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V.

Om fordeling av midlar og oppsyn til det einskilde verneområde

Forvaltningsstyresmakta skal melde inn sine behov for midlar til forvaltnings- og skjøtselstiltak i verneområda direkte til Miljødirektoratet, som tildeler midlane ut i frå ei nasjonal prioritering. Forvaltningsstyresmakta skal sjølv disponere og prioritere bruken av dei tildelte midlane, og bestemmer kven som skal gjennomføre tiltaka. Midlane skal nyttast i samsvar med nasjonale føringar.

Behovet for og prioritering av oppsyn i verneområda blir drøfta mellom forvaltningsstyresmakta i det enkelte verneområde og Statens naturoppsyn. Dei skal òg drøfte kva for tiltak i vedtekne forvaltnings- og skjøtselsplaner forvaltningsstyresmakta ønskjer at Statens naturoppsyn skal gjennomføre på deira vegne. Det er ein føresetnad at Statens naturoppsyn sine oppgåver og aktivitetar i verneområda vert samordna med tildelinga av midlar til tiltak i verneområda slik at det blir ein effektiv bruk av dei samla ressursane til tiltak i verneområda.

Rapport 2015

Midlane er brukt til tiltak og investeringar for å ta vare på og halde ved lag verneverdiane i verneområde over heile landet. Tiltaka er prioriterte først og fremst i verneområde der verneverdiane er truga. Rydding og slått i areal som er i ferd med å gro igjen grunna endra arealbruk og uttak av framande arter som sitkagran og mink er eksempel på tiltak som er gjennomførte. Restaurering av myr som klimatiltak var ei ny satsing i 2015. Mellom anna er det gjennomført omfattande restaurering i Sakkuhsmåsan naturreservat i Akershus, Stormyra og Flåmyra naturreservat i Oppland, Hammarmyra i Sør-Trøndelag og Kvitmyr og Okstadmyra naturreservat i Nord-Trøndelag.

Tilretteleggings- og informasjonstiltak er òg prioriterte, og har omfatta opparbeiding av stigar, klopping og merking for å betre tilgjenget i verneområda og samstundes styre ferdsla i og rundt sårbar natur i verneområda.

Post 32 Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde Naturmangfald.

Posten skal dekkje utgifter til gjennomføringa av planen for vern av fylkesvise, tematiske verneplanar slik det er fastsett gjennom St.meld. nr. 68 (1980–81) Vern av norsk natur. Posten skal dekkje utgifter til å erstatte dei økonomiske tapa som eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova i desse sakene, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtaler eller ved rettslege skjønn. Posten skal òg dekkje kjøp av område som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova, og utgifter som staten som grunneigar har i samband med overtakinga av innkjøpte eigedommar. Forutan erstatning og kjøp skal midlane på denne posten dekkje andre kostnader som er knytte til gjennomføring av verneplanane. Løyvinga er auka med 2,8 mill. kroner ut frå venta utbetalingar på vern vedteke i tidlegare år. Det blir fremja forslag om ei tilsagnsfullmakt under posten på 6,2 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI.

Rapport 2015

I 2015 var hovudtyngda av utbetalingar over posten knytt til erstatningar og omkostningar for Jærstrendene landskapsvernområde, område i Oslofjordverneplanen (delplanar for Vestfold og Telemark), verneplan edellauvskog Sogn og Fjordane og grensemerking for verneområde i Finnmark.

Post 33 Statlege tileigningar, nytt vern, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde Naturmangfald og omfattar alt nytt vern som ikkje er skogvern.

Posten skal dekkje utgifter til gjennomføringa av nytt vern utover det som er fastsett gjennom St.meld. nr. 68 (1980–81) Vern av norsk natur og St.meld. nr. 62 (1991–92) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge. Posten skal òg dekkje utgifter til gjennomføringa av marint vern, jf. Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfold.

På posten blir det ført utgifter i form av erstatning av det økonomiske tapet eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtaler eller ved rettslege skjønn. Posten kan òg dekkje kjøp av område som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova, og utgifter som staten som grunneigar har i samband med overtakinga av innkjøpte eigedommar. Forutan erstatning og kjøp av område skal midlane på posten dekkje andre lovpålagte kostnader som er knytte til gjennomføring av vernevedtaka.

Det pågår prosessar med verneforslag for 15 nye marine område. Utgiftene i samband med dette er anslått til 12,4 mill. kroner og ventast for fem av områda å komme i 2016 og 2017. Dette utgjer 3,6 mill. kroner. Utgiftene i samband med dei 10 andre områda, svarande til 8,8 mill. kroner, vil komme seinare. I tillegg til dei 15 områda skjer det konsekvensutgreiingar etter plan- og bygningslova med tanke på vern av større marine område. Til dette føremålet er det satt av 3,1 mill. kroner av løyvinga.

Etter lokale initiativ er det gjennomført prosessar med sikte på vern av nye nasjonalparkar ved Jomfruland i Telemark, Raet i Aust-Agder og på Lofotodden i Nordland. Utgiftene til Jomfruland og Raet er anslått til 4 mill. kroner og vil komme i 2017. Utgiftene til Lofotodden er anslått til 2 mill. kroner og vil komme i 2018.

Ut frå kostnadsoverslaga er det behov for ei tilsegnsfullmakt på 10,9 mill. kroner til dekning for framtidige utgifter, jf. forslag til vedtak VI.

Rapport 2015

Når det gjeld marint vern, vart det gjennomført høyring for fem område og utarbeidd høyringsutkast for 11 område. I tillegg vart det gjennomført høyring av nasjonalparkforslaga for Jomfruland og Raet.

Post 34 Statlege tileigningar, nasjonalparkar, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde Naturmangfald.

Posten skal dekkje utgifter til gjennomføringa av nasjonalparkplanen, jf. St.meld. nr. 62 (1991–92) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge i form av erstatning av det økonomiske tapet eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova i desse sakene, jf. erstatningsreglane i lova. Posten dekkjer òg tilsvarande utgifter for Fulufjellet og Færder nasjonalparkar som er resultat av regionale/lokale verneinitiativ. Erstatningar blir i hovudsak fastsette ved minnelege avtaler. Nokre få saker går til rettsleg skjønn. Løyvinga er auka med 20 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2016 ut frå venta utbetalingar på vern vedteke i tidlegare år.

Forutan erstatning og vederlag skal midlane på posten dekkje andre lovpålagte kostnader som er knytte til gjennomføring av nasjonalparkplanen. Det er ikkje planlagt vern av nye nasjonalparkar under denne posten i 2017, men utvidinga av Saltfjellet/Svartisen som var planlagt til 2016 er utsett til 2017. Det blir elles vist til post 33 som omtalar vern av nye nasjonalparkar i 2017.

Rapport 2015

Oppgjer har vore utbetalt fortløpande ettersom tilboda vert aksepterte av grunneigarar og rettshavarar gjennom minnelege avtaler, eventuelt etter nye forhandlingar. Rettsleg skjønn har vore naudsynt i svært få saker.

Post 35 Statlege tileigningar, skogvern, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde Naturmangfald og Friluftsliv.

Posten skal dekkje utgifter til erstatning av dei økonomiske tapa eigarar og rettshavarar har ved skogvern etter naturmangfaldlova og markalova, jf. erstatningsreglane i lovene. Erstatningar blir fastsette ved minnelege forhandlingar eller ved rettsleg skjønn. Posten skal dekkje kjøp av skogområde som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova og markalova, utgifter som staten som grunneigar har i samband med overtaking av innkjøpte eigedommar, erstatningsordning for område som er under vurdering for vern, og utgifter til gjennomføring av makeskifteløysingar knytte til nytt vern.

Midlane på posten skal vidare dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av skogvernet, som registrering og vurdering av verneverdiar, grensemerking, utarbeiding av forvaltningsplanar når dette er nødvendig for å fastsetje skjønnsføresetnadene, o.a.

Det blir fremja forslag om ei tilsegnsfullmakt under posten på 116,4 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI.

Rapport 2015

Overførte midlar frå 2014 og løyving for 2015 er brukt i arbeidet for å nå det nasjonale målet om at eit representativt utval av naturtypar i skog skal vernast for kommande generasjonar. Hovudtyngda av utbetalingane er knytt til erstatningar i samband med frivillig vern av skog, der omlag 330 mill. kroner er utbetalt i erstatningar og vederlag. Det er utbetalt omlag 14 mill. kroner i erstatningar og omkostningar i samband med tradisjonelle verneprosessar, mellom anna knytt til erstatningsoppgjøret for Trillemarka-Rollagsfjell naturreservat.

Post 37 Skogplanting, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde Klima.

Planting av skog på nye areal som klimatiltak, og utvikling av miljøkriterium for dette, er eitt av oppfølgingspunkta frå klimaforliket som vart vedteke av Stortinget i 2012. I 2013 konkluderte Miljødirektoratet, Landbruksdirektoratet (dåverande Statens Landbruksforvaltning) og Norsk institutt for bioøkonomi (dåverande Skog og landskap) i ein etatsrapport med at minst 50 000 dekar kan plantast pr. år over ein 20-årsperiode, med akseptable effektar for naturmangfald og andre miljøverdiar.

Arbeidet må vere tufta på grundige faglege avvegingar mellom klima-, miljø- og næringsomsyn. Regjeringa starta derfor i 2015 ein treårig pilotfase, med mål om å hauste erfaringar med mellom anna klimaeffekt, miljøkriterium og gjennomføring før oppskalering og utvida implementering av tiltaket. Pilotfasen er leia av Miljødirektoratet, i tett samråd med Landbruksdirektoratet.

For å sikre god klimaeffekt, naturomsyn og lågt konfliktnivå omfattar pilotfasen berre (i) planting av norske treslag, (ii) planting på opne areal og areal i tidleg gjengroingsfase, (iii) planting på areal med høg produksjonsevne og der det er venta låg negativ endring i albedoeffekten og (iv) planting på areal som ikkje er viktige for naturmangfaldet (dvs. ikkje planting mellom anna i truga naturtypar, viktige kartlagde naturtypar og leveområde for raudlista arter), friluftslivsinteresser, viktige kulturhistoriske verdiar eller verdifulle kulturlandskap.

Etter at pilotfasen er gjennomført, skal det vere ein grundig evalueringsprosess der ein ser på om målsetjingane er oppnådde. Evalueringa skal blant anna vise om miljøkriteria som er nytta i pilotfasen er tilstrekkelege, og på riktig nivå, for å sikre akseptable effektar på naturmangfald og andre miljøverdiar, inkludert ved bruk av norsk gran på Vestlandet og nord for Saltfjellet. Som ledd i evalueringa skal det innhentast ei ekstern vurdering av effektar på biologisk mangfald, klima og næring. Etter pilotfasen skal det òg utarbeidast ein rapport frå arbeidet som inkluderer rettleiingsmateriale for fullskala planting. Dersom evalueringa av pilotfasen viser at planting av skog som klimatiltak er føremålstenleg, vil ein i neste fase vurdere korleis ein best kan fremje auka skogplanting.

Frå posten er det flytta 1 mill. kroner til post 01 for prosjektleiing og administrasjon av prosjektet. Posten har fått 0,4 mill. kroner i prisjustering. Tek ein med midlane over 01-posten, er samla ressursbruk til pilotfasen 15,4 mill. kroner i 2017.

Rapport 2015

Det vart i 2015 gjort eit omfattande arbeid med å utarbeide ein rettleiar for planting i pilotfasen (Miljødirektoratets rapport M-407) til bruk for deltakarfylka. Miljø- og næringsorganisasjonar, og andre interessegrupper, vart inviterte til å gi innspel på rettleiaren og utforminga av pilotfasen, og det vart arrangert eit dialogmøte hausten 2015. Pilotfylka Rogaland, Nord-Trøndelag og Nordland tilsette prosjektleiarar for den treårige pilotfasen, og det vart utarbeidd prosjektplanar og ei oversiktskartlegging for prioritering av kommunar for deltaking i pilotfasen. Det vart sett planter i produksjon, både eitt- og toårige. For å sikre god kommunikasjon med potensielle grunneigarar vart det laga ein informasjonsfoldar om pilotfasen (Miljødirektoratets rapport M-434), med fokus på klima, miljøkriterium og næring, og plantemetodikk for å sikre eit godt resultat. Det vart halde ei markering av oppstart av pilotfasen i Steinkjer i Nord-Trøndelag, der eit felt på 4,5 dekar vart planta med norsk gran.

Post 38 Restaurering av myr, kan overførast

Posten er retta mot resultatområda Klima og Naturmangfald. Posten skal dekkje utgifter til tiltak for å restaurere myr og anna våtmark, planlegging og oppfølging av desse tiltaka. Posten kan nyttast til restaurering både inne i og utanom verneområde.

Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet har i 2016 utarbeidd eit forslag til plan for auka restaurering av myr og anna våtmark i perioden 2016–2020. Arbeidet skal rettast inn slik at det medverkar til å oppfylle regjeringas målsetjing om reduserte klimagassutslepp, tilpassing til klimaendringane og betring i økologisk tilstand. Eksempel på tiltak kan vere tetting av grøfter i myr og større restaureringstiltak som remeandrering av elveløp. Kostnadseffektive tiltak skal prioriterast, og restaurering skal skje etter avtale med grunneigarar og rettshavarar.

Restaurering av myr har mellom anna til hensikt å redusere klimagassutslepp frå drenerte myrar. Tetting av grøfter fører grunnvatnet tilbake til sitt naturlege nivå og hindrar at myra sitt torvlag med høgt innhald av karbon blir ytterlegare nedbrote. Slik restaurering er ifølgje FNs klimapanel eit kostnadseffektivt tiltak for å redusere klimagassutsleppa i jordbrukssektoren på global skala. Tiltaket vart òg berekna i Klimakur 2020 som eit kostnadseffektivt tiltak i Noreg. Restaurering av myr og anna våtmark kan vere eit tiltak for klimatilpassing då intakte våtmarker mellom anna kan dempe flaumtoppar. Restaurering vil òg betre den økologiske tilstanden i myr og anna våtmark, og betre og auke tilgangen på leveområde for ei rekkje truga arter.

Det er lagt inn ei prisjustering på 0,3 mill. kroner.

Rapport 2015

Posten var ny i 2016, og det er derfor ikkje rapportering for 2015.

Post 39 Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 69 og 79

Posten er knytt til resultatområde Forureining. Utgiftene må sjåast i samanheng med midlar til same føremål under postane 69 og 79.

Posten blir nytta til å dekkje utgifter til undersøkingar og gjennomføring av oppryddingstiltak i grunn på land og i botn i sjø og vatn som er forureina med helse- og miljøskadelege stoff. Løyvinga går i hovudsak til arbeid i tilknyting til opprydding i forureina sjøbotn og til arbeidet med å rydde opp i forureina jord. Vidare dekkjer posten utgifter til opprydding frå enkelte forureina lokalitetar der staten ved miljøforvaltninga er eigar. Opprydding i forureina sjøbotn gjeld i hovudsak oppfølging av 17 prioriterte område.

Posten kan òg nyttast til planvis kartlegging, oppfølging og tiltaksretta overvaking av forureiningssituasjonen (tilstandsdata), til undersøkingar og utgreiingar for å leggje til rette for ein målretta og effektiv innsats i oppryddingsarbeid og til anna kunnskapsoppbygging.

Både for forureina sjøbotn og forureina grunn er bruk av midlane knytt opp mot det nasjonale målet «Forureining skal ikkje skade helse og miljø» og til målet «Utslipp av helse- og miljøfarlige stoff skal stansas.»

Prinsippet om at forureinar betaler ligg til grunn for arbeidet med oppryddinga og ligg til grunn for alle tre postane. Så langt det er rimeleg vil pålegg etter forureiningslova bli nytta som verkemiddel for å sikre opprydding. Det vil likevel vere ulike situasjonar der det er aktuelt at miljøforvaltninga dekkjer delar av utgiftene til undersøkingar, opprydding eller andre tiltak, som for eksempel:

  • Der staten ved miljøforvaltninga er den ansvarlege for forureininga

  • Der den ansvarlege ikkje kan identifiserast, ikkje er betalingsdyktig og/eller av andre grunnar ikkje kan stå for ei god opprydding

  • Der det av miljøgrunnar hastar å få rydda opp. Staten kan forskottere oppryddingskostnadene for å komme raskt i gang, og krevje kostnadene refunderte frå den ansvarlege i etterkant

  • Der miljøforvaltninga vil skaffe fram grunnlag for å leggje til rette for kunnskapsinnhenting og formidling

  • Der det er nødvendig for å medverke til ei samla opprydding eller anna tiltaksgjennomføring i eit område

  • Der det av andre grunnar er urimeleg at den ansvarlege skal dekkje alle kostnadene

Mange av dei store oppryddingsprosjekta i forureina sjøbotn er delfinansierte av kommunar og andre aktørar. Ettersom prosjekta strekkjer seg over fleire år, er det nødvendig å kunne inngå forpliktingar for framtidige år til å kjøpe inn materiell og til å gi tilsegn om tilskot ut over gitt løyving under kap. 1420 Miljødirektoratet postane 39, 69 og 79 Oppryddingstiltak. Ut frå behovet blir det fremja forslag om ei slik fullmakt på 2 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VII.

Rapport 2015

Rapportering på resultat frå ressursbruken i oppryddingsarbeidet for 2015 er samla under post 79.

Post 61 Tilskot til klimatiltak og klimatilpassing, kan overførast

Posten er knytt til resultatområde Klima.

Posten omfattar to tilskotsordningar: Den eine er ordninga for tilskot til kommunale klimatiltak for å kutte utslepp av klimagassar (Klimasats), som det er sett av 102,5 mill. kroner (inkl. 2 mill. kroner til forvaltning av ordninga, post 01 jf. oppmodningsvedtak nr. 84, 3. desember 2015). Den andre er ordninga for tilskot til klimatilpassingstiltak i kommunane, som det er sett av 6,4 mill. kroner til i 2017. I tala inngår ei prisjustering på 2,9 mill. kroner.

Klimatiltak (Klimasats)

Mål

Formålet er å fremje klimatiltak i kommunar og fylkeskommunar ved å støtte prosjekt som bidreg til reduserte utslepp av klimagassar og omstilling til lågutsleppssamfunnet.

Kriterium for måloppnåing

Midlane skal gå til dei beste prosjekta for klimagassreduksjon og omstilling til lågutsleppssamfunnet. Midlane skal fortrinnsvis utløyse tiltak, men delar av midlane kan gå til planlegging og utgreiing av tiltak. Dei kan òg gå til nettverksbygging og erfaringsdeling.

Tildelingskriterium

Kommunar og fylkeskommunar kan søkje om midlar til 5 ulike formål: Klimavennleg areal- og transportplanlegging, klimavennleg transportgjennomføring av tiltak, klimagassreduserande tiltak i andre sektorar, forprosjekt for klimagassreduserande tiltak og interkommunale nettverk for kompetanseheving og deling av erfaring. Detaljerte kriterium finst på www.miljokommune.no.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at det blir følgt opp at tilskotsmottakarane nyttar midlane som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontroll av bruk av midlar skjer bl.a. gjennom dokumentasjon av framdrift og sluttrapport innsend av tilskotsmottakar. Ordninga er av mellombels karakter.

Tilskotsbeløpet blir utbetalt etter kvart som kommunen har behov for å dekkje dei aktuelle utgiftene, eller i etterkant av utgifter som har komme til.

Rapport 2015

Ordninga var ny i 2016 og det er derfor ikkje rapportering på denne.

Klimatilpassing

Mål

Formålet med tilskotsordninga er å styrkje kommunane sitt arbeid på dette området. Midlane skal nyttast til tiltak som gjer kommunane betre rusta til å møte klimaendringane. Dette omfattar kunnskap om korleis klimaendringane kan verke inn på kommunane/fylkeskommunane sine ansvarsområde, og/eller utgreiingar om kva slag tiltak kommunane må setje i verk for å møte klimaendringane.

Kriterium for måloppnåing

Midlane må brukast på tiltak som gjer samfunnet betre rusta mot klimaendringane.

Tildelingskriterium

Kommunar og fylkeskommunar kan søkje om midlar til kunnskapsoppbygging og til utgreiing av konkrete tilpassingstiltak. Midlane kan ikkje brukast til gjennomføring av fysiske klimatilpassingstiltak.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging av tilskot til klimatilpassing skjer ved at det blir følgt opp at tilskotsmottakarane nyttar midlane som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontroll av bruk av midlar skjer bl.a. gjennom dokumentasjon av framdrift og sluttrapport innsend av tilskotsmottakar.

Rapport 2015

Der var løyvd 2 mill. kroner til tilskotsordninga for klimatilpassingstiltak i 2015. 10 kommunar tok imot tilskot.

Post 69 Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 79

Utgiftene på posten må sjåast i samanhang med midlar til same føremål under postane 39 og 79. Midlane er retta mot resultatområde Forureining. I dei fleste område som får støtte stammar forureininga frå langt tilbake i tid og det er vanskeleg å finne den ansvarlege forureinaren. Midlane som staten løyver over dei tre postane 39, 69 og 79 er derfor nødvendige for at oppryddinga av forureiningane skal bli gjennomført.

Posten er auka med ca. 100 mill. kroner i høve til 2016. Auken skuldast pågåande arbeid i Puddefjorden i Bergen og i Sandefjord.

Mål

Posten skal nyttast til å dekkje utgifter som kommunane har til å undersøkje og til å gjennomføre oppryddingstiltak i grunn på land og i botn i sjø og vatn som er forureina med helse- og miljøskadelege stoff.

Kriterium for måloppnåing

Både for forureina sjøbotn og forureina grunn er bruk av midlane knytt opp mot det nasjonale målet «Forureining skal ikkje skade helse og miljø» og til målet «Utslipp av helse- og miljøskadelege stoff skal stansas.»

Tildelingskriterium

I dei prioriterte tiltaksplanområda for forureina sjøbotn vil kommunen ofte stå for førebuing og gjennomføring av oppryddingstiltak. Posten skal nyttast til delfinansiering av oppryddingsprosjekt i kommunal regi, og der fleire aktørar er med på å finansiere tiltaket. Kommunen må normalt òg sjølv medverke med midlar. Sjå òg omtale under kap. 1420 post 39 og 79.

Oppfølging og kontroll

Kontroll av bruk av midlar skjer mellom anna gjennom dokumentasjon av framdrift og slutt-rapport innsendt av tilskotsmottakar.

Rapport 2015

Rapportering på resultat frå ressursbruken i oppryddingsarbeidet for 2015 er samla under post 79.

Post 70 Tilskott til vassmiljøtiltak, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

70.1

Kalking

6 654

12 130

3 630

70.2

Anadrom laksefisk

10 291

13 099

13 099

70.3

Generell vassforvaltning

8 916

8 026

8 026

Sum post 70

25 861

33 255

24 755

Tilskotsordningane under posten er retta mot resultatområde Naturmangfald.

Posten samlar alle tilskotsmidlane til ulike vassmiljøtiltak. På same vis som post 22 er delt inn i midlar til kalking, bevaring og forvaltning av viltlevande anadrom laksefisk og heilskapleg vassforvaltning, er post 70 delt inn etter tilskotsmidlar for desse føremåla.

Posten er redusert med 8,5 mill. kroner. Desse er teke frå underpost 1 og flytta til post 22 underpost 1 Kalking. Flyttinga er gjort for å få ei mest mogleg optimal utnytting av ressursane til kalking.

Kalking

Mål

Målsetjinga med tilskotsordninga er å medverke til å redusere dei negative effektane av sur nedbør på naturmangfaldet i vassdrag.

Kriterium for måloppnåing

God vasskvalitet er hovudkriteriet for måloppnåing. Kriteria og framdriftsplan for desse følgjer av handlingsplanen for kalkingsverksemda.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli gitt til kjøp, transport og spreiing av kalk, til informasjon om effektar av tiltak som er gjennomført og rettleiing om kalking i vassdrag. Det kan ytast tilskot til prosjekt i område der tolegrensa for menneskeskapt forsuring er overskriden, og der det kan påvisast eller er sannsynleg at skadar på naturmangfaldet skuldast forsuring. I område der tolegrensa ikkje lenger er overskriden, men der tidlegare forsuring har ført til at det opphavlege mangfaldet er borte, kan det bli gitt tilskot til å sette i stand opphavleg naturmangfald. Det blir ikkje gitt tilskot til naturleg sure lokalitetar. Ved tildeling av midlar kan det stillast vilkår om at fisket i området blir opna for allmenta etter retningslinjer gitt av miljøstyresmaktene, og at søkjaren medverkar med ein viss eigeninnsats. Eigeninnsatsen kan vere delfinansiering eller arbeidsinnsats.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane blir følgde opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

I tillegg skjer resultatkontroll og oppfølging gjennom undersøkingar av vasskvalitet og biologiske forhold i vassdraga.

Rapport 2015

Det meste av midlane under ordninga vart i 2015 brukt til kalking av innsjøar og bekkar, hovudsakleg i Agder og Rogaland. Det vart òg gitt tilskot til bladet pH-status og til Voss klekkeri.

Anadrom laksefisk

Mål

Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for bevaring og forvaltning av vill anadrom laksefisk.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er å medverke til å nå måla for viltlevande anadrom laksefisk.

Tildelingskriterium

Det kan gis tilskot til tiltak knytte til informasjon om og forvaltning av villaks, sjøaure og sjørøye, under dette bevarings- og kultiveringstiltak og til anvend FoU-verksemd og overvaking som grunnlag for mellom anna lokal forvaltning av lakse- og sjøaurebestandar. Det kan òg gis tilskot til tiltak for å betre tilgangen til og moglegheita for fiske for allmenta.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane blir følgt opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

I tillegg skjer resultatkontroll og oppfølging gjennom undersøkingar av vasskvalitet og biologiske forhold i vassdraga.

Rapport 2015

Midlane vart i 2015 brukte til overvakingsprogrammet for nasjonale laksevassdrag og -fjordar, forsking og utvikling innan arbeidet med nedkjemping av Gyrodactylus salaris, bevaring av fiskestammer i genbank og tiltak mot negative påverknader frå menneske. I tillegg er det gitt tilskot til tiltak i regi av organisasjonar. Samla har dette medverka til betre forvaltning og styrkt kunnskapsgrunnlag knytt til anadrom laksefisk.

Generell vassforvaltning

Mål

Målsetjinga med tilskotsordninga er å medverke til god økologisk og kjemisk tilstand i vatn, jf. vassforskrifta.

Kriterium for måloppnåing

God vasskvalitet er hovudkriteriet for måloppnåing. Lokal involvering vil òg vere eit viktig kriterium. Kriteria og framdriftsplan for desse følgjer av vassforskrifta og dei regionale vassforvaltningsplanane og tiltaksprogramma.

Tildelingskriterium

Tilskot kan gis til vassområde med særskilte utfordringar til tiltak der målet er god økologisk og/eller kjemisk tilstand i vatn, til tilrettelegging, organisering og informasjon knytt til arbeidet i vassområde og vassregionar og til utgreiingar og andre tenestekjøp knytte til særskilte utfordringar i vassområda.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane blir følgde opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2015

Midlane under ordninga blei nytta til ulike tiltak for forbetring av vassmiljøet lokalt, både konkrete tiltak og kartlegging av utfordringar. Det vart gitt tilskot til tiltak over heile landet.

Det vart òg gitt tilskot til landsdekkjande organisasjonar som har ei viktig rolle i medverknadsarbeidet. Samla har dette medverka til betre vassforvaltning, styrkt kunnskapsgrunnlag og betre vassmiljø lokalt.

Post 71 Marin forsøpling, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde Forureining.

Mål

Ordninga skal gå til tiltak for å redusere marin forsøpling gjennom å dekkje utgifter knytte til opprydding av marint søppel og til førebyggjande arbeid. Hovudfokus skal vere på strandsona, inkludert opprydding av herrelause, kasserte fritidsbåtar. Prinsippet om at forureinar betaler skal liggje til grunn for arbeidet. Opprydding der det finst ein ansvarleg for avfallet er ikkje omfatta av ordninga. I slike tilfelle kan styresmaktene gi pålegg om opprydding, og utgiftene skal dekkjast av ansvarleg forureinar.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at midlane er knytte opp mot det nasjonale målet om «Veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten, og ressursane i avfallet utnyttas best mogleg gjennom materialgjenvinning og energiutnytting».

Tildelingskriterium

Det blir arbeidd med å fremje ei forskrift med kriterium for bruken av ordninga. Tilskotsordninga prioriterer tiltak som oppfyller fleire av følgjande kriterium:

  • Prosjekt som samlar aktørar, mange deltakarar og dekkjer større geografiske område

  • Oppryddingstiltak som er retta mot lite tilgjengelege område som truleg ikkje vil bli rydda av andre, eller stader der forsøplinga medfører svært stor skade for natur og miljø

  • Førebyggingstiltak med ein målretta plan for å engasjere og involvere spesifikke sektorar eller næringar, for eksempel gjennom distribusjon av informasjons- og undervisningsmateriell

  • Metodeutvikling som medverkar til meir effektiv opprydding over heile landet

  • Søkjarar med spesiell kompetanse innanfor det omsøkte tiltaket

  • Tiltak som sikrar ein effektiv bruk av midlane med godt dokumenterte utgiftspostar

  • Tiltak som medverkar med eigenfinansiering eller tilskot frå andre kjelder

  • Tiltak som inneheld konkrete planar for gjennomføring av prosjektet

Oppfølging og kontroll

Kontroll av bruk av midlane skjer mellom anna gjennom sluttrapport innsend av tilskotsmottakar.

Rapport 2015

Det vart i 2015 utbetalt 7,5 mill. kroner til 21 ulike søknader. Om lag 4 mill. kroner gjekk til 14 ulike prosjekt til rydding av strender og havbotn, 1,2 mill. kroner til fem informasjonstiltak, 1,25 mill. kroner til fire prosjekt til undervisningsopplegg og om lag 1 mill. kroner til tre prosjekt om metodeutvikling og innovasjon.

Post 72 Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt, overslagsløyving

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

72.1

Erstatning for husdyr

54 378

77 564

79 736

72.2

Erstatning for tamrein

59 359

67 273

69 156

Sum post 72

113 737

144 837

148 892

Posten er retta mot resultatområde Naturmangfald. Posten omfattar erstatningar for husdyr og tamrein som er drepne eller skada av rovvilt. Erstatningane kan variere frå år til år, bl.a. på grunn av naturgitte forhold. Løyvingsbehovet er slik sett vanskeleg å stipulere, og posten er derfor budsjettert som overslagsløyving. Løyvinga er prisjustert med 4,1 mill. kroner.

Mål

Ordninga skal sikre full erstatning for dokumenterte og sannsynleggjorte rovviltskadar på husdyr og tamrein slik dette er nedfelt i naturmangfaldlova.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at ordninga tek vare på dyreeigaren sin lovfesta rett til full erstatning i tilfelle der rovvilt er årsak til tap av dyr.

Tildelingskriterium

Erstatningar blir utbetalte i samsvar med «Forskrift om erstatning når husdyr blir drept eller skadet av rovvilt», fastsett 30. mai 2014 og «Forskrift om erstatning for tap og følgeskader når tamrein blir drept eller skadet av rovvilt», fastsett 4. mai 2001.

Oppfølging og kontroll

Erstatningssøknadene blir gjennomgått for å sikre at vilkåra for erstatning er oppfylte. Dokumentasjonen av skadane er betra mykje dei tre siste åra som følgje av at innsatsen med bestandsregistrering og skadedokumentasjon er trappa opp. Det er Statens naturoppsyn som gjennomfører skadedokumentasjonen.

Rapport 2015

Erstatningsoppgjeret for husdyr og tamrein er gjennomført i medhald av gjeldane reglar. Det er framleis stor variasjon i tapsutviklinga i ulike område, men på nasjonalt nivå let det til å vere ein god samanheng mellom auka innsats på førebyggjande tiltak, og reduksjon i sauetapa. For reinnæringa ser ein ikkje ein tilsvarande samanheng. For denne næringa er det vanskelegare å finne eigna tiltak, og tapsforholda varierer i større grad med naturgitte forhold knytte til klima, beitegrunnlaget o.a. Dei nye tiltaka som vart innførte i 2014 for å sikre ei betre samordning av erstatning for tap av rein der reineigaren har høgre reintal enn det som er fastsett av reindriftsforvaltninga, vart førte vidare i 2015.

Post 73 Tilskot til rovvilttiltak, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde Naturmangfald. Posten dekkjer utgifter til førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga, under dette godtgjering til lokale fellingslag og tilskot til Rovviltkurssenteret i regi av Noregs Jeger- og Fiskarforbund. Innafor posten er det sett av 10 mill. kroner til omstillingstiltak.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å førebyggje rovviltskadar i husdyrhald og tamreindrift gjennom å medverke til å finansiere førebyggjande tiltak. Midlane skal òg nyttast til omstillingstiltak for dyreeigarar med utmarksbasert sauehald, som over eit lengre tidsrom har hatt omfattande rovviltskadar og ønskjer ei omstilling til anna næringsverksemd med tilknyting til landbrukseigedommen. Ei ny føresegn for slike tiltak vart sett i verk i 2015. Vidare skal midlane nyttast til godtgjering ved forsøk på skadefelling av rovvilt, og medverke til å dempe konfliktar og auke verdiskapinga knytt til førekomst av rovdyr i lokalsamfunn. Det blir lagt vekt på å føre vidare arbeidet med tiltak innan førebygging og konfliktdemping med utgangspunkt i Stortingets behandling av St.meld. nr. 15 (2003–2004) Rovvilt i norsk natur, jf. Innst. S. nr. 174 (2003–2004), og rovviltforliket på Stortinget våren 2011 (jf. Representantforslag 8:163 S (2010–2011)).

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga stimulerer til mindre tap og konfliktar i forhold til rovviltførekomst i dei ulike rovviltregionane ved å setje i verk effektive førebyggjande og konfliktdempande tiltak. Vidare er det eit kriterium for måloppnåing at tilskotsordninga fører til omstillingar der dette fører til reduserte tap og konfliktar.

Tildelingskriterium

Tilskot til førebyggjande og konfliktdempande tiltak blir fordelte etter ei føresegn fastsett i 2013, mens føresegna som omhandlar omstillingstiltak vart fastsett i 2015. Det er utarbeidd ei eiga nettside for bl.a. å gjere informasjon om dei ulike førebyggjande og konfliktdempande tiltaka meir tilgjengeleg for beitebrukarar, kommunar og lokalsamfunn. I tråd med føringane i rovviltpolitikken vil ein hovuddel av midlane bli kanalisert gjennom dei åtte regionale rovviltnemndene. Midlane skal nyttast til førebyggjande tiltak i husdyrhald og tamreindrift og til konfliktdempande tiltak retta mot kommunar og lokalsamfunn. I kvar region har den regionale rovviltnemnda utarbeidd ein forvaltningsplan som skal sikre at det over tid blir lagt til rette for tilpassingar som gir eit best mogleg skilje mellom beitedyr og faste førekomstar av rovvilt. Dette inneber bl.a. at besetningar med store årlege tap til rovvilt bør prioriterast for tilskot til nødvendige driftstilpassingar. Dei regionale rovviltnemndene har hovudansvaret for at tildelingane over posten skjer i tråd med eigen forvaltningsplan i den enkelte regionen. Det er utarbeidd nasjonale standardar for nokre av dei ulike førebyggjande tiltaka. Desse standardane skal følgjast ved iverksetjing av tiltaka. Det blir i samband med tildeling av tilskotet lagt stor vekt på samarbeid med dei ulike forvaltningsorgana, blant anna Mattilsynet, og på at næringsdrift skal ha langsiktige og føreseielege vilkår. Midlane til omstilling skal fordelast av Miljødirektoratet, etter innspel frå regionale og lokale miljø- og landbruksstyresmakter.

Oppfølging og kontroll

Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar frå tilskotsmottakarar om gjennomføring av tiltak og ressursforbruk. For å sikre effektiv bruk av midlane er det lagt vekt på kontroll med at førebyggjande tiltak som er støtta med offentlege midlar følgjer nasjonale standardar der slike er utarbeidde.

Rapport 2015

I 2015 vart det behandla i alt 500 søknadar om konkrete førebyggjande tiltak, og det vart behandla 239 søknader om tiltak for å dempe konfliktar kring rovvilt. Det kom inn 48 søknader om akutte tiltak, og det vart gjennomført omstillingstiltak for fire bruk som hadde opplevd vesentleg rovviltskade i besetningane over fleire år. Det kan ut frå statistikk over erstatningsutbetaling for skade/tap av sau, sjå ut til at tapa går ned med ein auke i avsette midlar til tiltak. Reduksjon i tapsomfanget kan òg henge saman med den geografiske differensieringa av både rovviltførekomst og prioritering av tiltak. Det er ikkje gjennomført evaluering av ordninga basert på enkelttiltak.

Ettersom det har vore særs gode erfaringar med eit system der brukarar sender søknad elektronisk, er det no òg lagt til rette for at alle rapportar kan sendast inn på same vis. Dette vil føre til ei betre oversikt over oppnådde resultatet og brukarane si vurdering av måloppnåinga ved dei einskilde tiltaka. Resultata vert publiserte på ei nettside slik at alle kan ta del i vurderingane.

Post 74 CO2-kompensensasjonsordning for industrien

Posten er knytt til resultatområde Klima.

Målet med ordninga er å kompensere norsk industri for auka kraftprisar som følgje av EUs kvotesystem for CO2-utslepp. Kompensasjonen skal redusere faren for karbonlekkasje og slik hindre auke i globale utslepp som følgje av utflytting av industri til land med mindre stram klimapolitikk. Ordninga er basert på EU-kommisjonen sine retningslinjer som opnar for statsstøtte til utvalte industrisektorar som er vurderte til å vere særleg utsette for karbonlekkasje. Den norske ordninga vart godkjent av EFTA sitt overvakingsorgan ESA i september 2013.

Det årlege støttebeløpet avheng blant anna av utviklinga i kvoteprisen og blir utbetalt etterskotsvis året etter støtteåret. Dette inneber at det for støtteåret 2016 må løyvast pengar for utbetalingar i samband med statsbudsjettet for 2017. Basert på gjeldande overslag er posten auka med 147,6 mill. kroner for å kunne utbetale kompensasjon i tråd med reglane for ordninga.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga reduserer faren for karbonlekkasje.

Tildelingskriterium

Ordninga omfattar industriverksemder i alle 15 sektorar som i høve til EUs retningslinjer har moglegheit for støtte. Dette inkluderer blant anna produsentar av aluminium, ferrolegeringar, kjemiske produkt og treforedling.

Ordninga gjeld ikkje for langsiktige kraftavtaler inngått før 2005. Vidare skal industrien sin eigen kraftproduksjon komme til fråtrekk i utbetalinga av støtte. Ordninga gjeld for perioden 1. juli 2013 til 31. desember 2020.

Oppfølging og kontroll

Ordninga blir administrert av Miljødirektoratet, som i behandling av søknadane kontrollerer om dei enkelte verksemdene fyller vilkåra for utbetaling av kompensasjon. Det blir årleg rapportert om bruken av midlar til EFTA sitt overvakingsorgan ESA og til Stortinget i samband med budsjettet.

Rapport for støtteåret 2015

Fristen for å rapportere blant anna produksjonstal og elektrisitetsforbruk for 2015 var 1. mars 2016. Basert på innrapporterte tal for 2015 har Miljødirektoratet til no i 2016 utbetalt 497,9 mill. kroner for støtteåret 2015.

Post 75 Utbetaling for pant av bilvrak, overslagsløyving

Ordninga rettar seg mot resultatområde Forureining. Posten er auka med 11,8 mill. kroner i priskompensasjon.

Mål

Målet med vrakpantordninga er å stimulere bileigarar til å levere utrangerte bilar til godkjend biloppsamlingsplass slik at bilvraket kan takast hand om på ein forsvarleg måte og gjenvinnast. Posten dekkjer utbetaling av vrakpant og kostnader ved overføring av vrakpanten til bileigaren. Forskrift om kasserte køyretøy gir produsentar og importørar ansvaret for handtering av kasserte køyretøy. Produsentansvaret er ein del av kapittel 4 i avfallsforskrifta om kasserte køyretøy. Sjølv om ansvaret er lagt på produsentar og importørar, vil regjeringa inntil anna er avgjort føre vidare dagens statlege avgifts- og panteordning.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga medverkar til å auke innlevering av bilvrak slik at dei kan takast hand om på ein forsvarleg måte.

Tildelingskriterium

Vrakpanten blir utbetalt av tollregion Midt-Noreg mot kvittering for at bilvraket er levert til godkjend biloppsamlingsplass for behandling. Ordinær vrakpant for 2017 er 3 000 kroner.

Oppfølging og kontroll

For å sikre at bilvraket har rett til vrakpant blir vrakmeldinga kontrollert mot det sentrale motorvognregisteret. Kontrollen skjer elles ved kontroll av lager på oppsamlingsplassane og rekneskap med vedlegg.

Rapport 2015

I 2015 vart det samla inn om lag 150 000 bilvrak, som er om lag det same som i 2014.

Post 76 Refusjonsordningar, overslagsløyving

Posten dekkjer ulike refusjonsordningar retta mot resultatområda Forureining og Klima. Det er lagt inn 1,8 mill. kroner i prisjustering på posten. Det er i tillegg lagt inn 10,6 mill. kroner ut frå venta utbetalingar av refusjonen av avgifta på hyderofluorkarbon (HFK) og perfluorkarbon (PFK). Frå posten er det overført 1,2 mill. kroner til post 21 som skal dekkje utgifter til administrasjon av ordninga med refusjon av smørjeoljeavgifta.

Refusjon av smørjeoljeavgifta

Mål

Målet med ordninga er å stimulere til auka innlevering av spillolje til miljøgodkjent behandling. Spillolje er brukt smørjeolje og transformatorolje og er klassifisert som farleg avfall. Smørjeolje er, med unntak av enkelte bruksmåtar, pålagt smørjeoljeavgift, jf. St.prp. nr. 1 (2007–2008) Skatte-, avgifts- og tollvedtak, kap. 5542 post 71.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er totalt innsamla kvantum av spillolje.

Tildelingskriterium

Det blir utbetalt refusjon for dei fleste typar brukt smørjeolje og andre brukte oljer (transformatoroljer med meir) med tilsvarande eigenskapar, med unntak av blant anna spillolje som kjem frå større skip (større enn 250 fot) i internasjonal sjøfart. Refusjonen blir utbetalt til større mottaksanlegg (tankanlegg) med førehandstilsegn frå Miljødirektoratet. I tilsegna er det fastsett ein del vilkår som refusjonsmottakar har plikt til å rette seg etter. Krav om utbetaling blir kontrollerte opp mot førehandstilsegna.

Refusjonssatsen vert fastsett årleg av Miljødirektoratet med utgangspunkt i nivået på smøreoljeavgifta

Oppfølging og kontroll

Oppfølginga blir teken vare på gjennom statistikk over årleg kvantum innsamla spillolje. Ved kontroll i tankanlegga dei siste åra er det konstatert mange brot på ordninga for refusjonar. Miljødirektoratet følgjer opp brota ved å nekte refusjonsutbetaling eller krevje tilbakebetaling av feilaktig utbetalte refusjonar. Strengare reaksjonar som tilbaketrekking av tilsegna eller melding til politiet blir òg vurderte i alvorlege tilfelle.

Rapport 2015

Innsamlingsgrad for spillolje (med og utan rett til refusjon) var i 2015 i underkant av 90 pst. og har vore stabil dei siste åra. I 2015 vart det totalt samla inn om lag 25 000 m3 olje som har krav på refusjon, om lag det same som året før. Det vart i 2015 utbetalt om lag 53,5 mill. kroner i refusjon. Refusjonssatsen var på 2,24 kroner pr. liter.

Ressursbruken under tilskotsordninga var i 2015 retta mot det nasjonale målet «Veksten i mengden avfall skal være vesentlig lavere enn den økonomiske veksten, og ressursene i avfallet skal utnyttes best mulig gjennom materialgjenvinning og energiutnyttelse» under resultatområde Forureining.

Refusjon av avgift på hydrofluorkarbon (HFK) og perfluorkarbon (PFK)

Mål

Refusjonsordninga er heimla i forskrift 1. juni 2004 nr. 930 om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta), kapittel 8. Hydrofluorkarboner (HFK) blir i første rekkje nytta i kjøle- og fryseanlegg, varmepumper og mobil luftkondisjonering.

Formålet med ordninga er å redusere utslepp til luft av HFKar og PFKar. Gassane er klimagassar, og reguleringa av desse er ein del av strategien for å redusere utsleppa av klimagassar i samsvar med Kyotoprotokollen. Ordninga med avgift og refusjon skal medverke til meir bruk av miljøvennlege kuldemedium og mindre bruk av dei HFK/PFK-gassane som har høgast klimaverknad (globalt oppvarmingspotensiale), stimulere til produktutvikling, styrkje arbeidet med å hindre lekkasjar og stimulere til innsamling og forsvarleg behandling av brukt gass. Målgruppe for refusjonsordninga er aktørar som har avfallsgass eller kassert utstyr som inneheld HFK- eller PFK-gass.

Tildelingskriterium

Forskrifta inneber at kuldebransjen og andre som leverer HFK og PFK til godkjent destruksjonsanlegg, kan krevje refusjon. Føresetnaden er dokumentasjon som viser kva for mengd og typar av HFK og PFK som er levert og forsvarleg destruert.

Det blir utbetalt refusjon for den mengda HFK og PFK som er levert til godkjent destruksjonsanlegg for destruksjon. Refusjonssatsane vil vere lik dei gjeldande differensierte avgiftssatsane for avgifta på HFK og PFK ved innleveringstidspunktet, jf. Stortingets årlege avgiftsvedtak og forskrift 11. desember 2001 nr. 1451 om særavgifter § 3-18-2.

Oppfølging og kontroll

Miljødirektoratet fører tilsyn med refusjonsordninga, jf. avfallsforskrifta § 17-3. Mengd HFK/PFK som blir samla inn og sendt til destruksjon varierer mykje frå år til år. Grunnen er at hos den einaste aktøren som nyttar ordninga blir gassen innsamla på store tankar. Når ein tank er full, blir den sendt til forsvarleg destruksjon. Kvar tank som blir sendt til destruksjon utløyser om lag 3–6 mill. kroner til utbetaling i refusjon, avhengig av samansetjinga av gassane i tanken.

Rapport 2015

I 2015 vart fire tankar med gass leverte til destruksjon med eit samla refusjonsbeløp på om lag 20,4 mill. kroner. Det vart samla inn tre tankar i 2014, to tankar i 2013 og fire tankar i 2012.

Innhaldet i tankane er i all hovudsak ulike blandingar av HFK-gassar, då PFK-gassar er svært lite brukte i Noreg. Ressursbruken under ordninga var i 2015 retta mot dei nasjonale måla under resultatområde Klima.

Post 77 Ymse organisasjonar og stiftelsar m.m.

Posten er tredelt, jf. omtale under. Midlane er retta mot resultatområda Naturmangfald, Friluftsliv, Forureining, Klima og Polarområda. Posten er auka med 3,5 mill. kroner. Frå kap. 1400 post 70 er det flytta 1,8 mill. kroner i støtte til «Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja». Det er lagt inn ei prisjustering på 0,1 mill. kroner og til posten er det frå kap. 1410 post 21 flytta 1,6 mill. kroner for utbetaling av driftstilskot til Standard Noreg. Tilskotsordninga til «Miljø nær folk» er lagt ned.

Frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige stiftelsar innanfor forureiningsområdet

Mål

Tilskotsordninga skal medverke til å halde oppe eit utval av demokratisk oppbygde, landsomfattande organisasjonar med arbeid mot forureining som formål, for å sikre frivillig engasjement og styrkje medverknaden i miljøspørsmål lokalt, regionalt og nasjonalt, basert på fagleg innsikt.

Målet er òg å påverke produksjons- og forbruksmønsteret ved å byggje opp og formidle kompetanse om miljøvennleg produksjon og forbruk, og stimulere til berekraftig praksis i næringsliv, hushald og offentleg verksemd.

Tildelingskriterium

Storleiken på driftstilskota blir fastsett bl.a. ut frå ei vurdering av organisasjonane sitt aktivitetsnivå nasjonalt og lokalt, økonomien deira og alternative høve til finansiering, saman med medlemstalet i organisasjonane.

Ordninga omfattar tilskot til:

  • Norsk vassforeining

  • Norsk foreining mot støy

  • Tilskot til LOOP

  • Foreininga Hald Noreg Reint

  • Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja

For 2017 er det rekna med tilskot til dei nemnde tilskotsmottakarane på same nivå som i 2016. Det er ein føresetnad at organisasjonane og stiftelsane sender inn søknad om tilskot. Det blir fortløpande vurdert om organisasjonane og stiftelsane tilfredsstiller kriteria for å ta imot støtte.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar bli følgde opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporteringar.

Rapport 2015

Midlane er brukte til grunnstøtte til drift, opplæringstiltak og informasjonstiltak og førebyggjande arbeid generelt i dei ulike organisasjonane.

Miljømerking, miljøvennleg forbruk og forbrukarinformasjon

Mål

Ein sirkulær økonomi skal fremje effektiv ressursbruk, medverke til å redusere klimagassutslepp, sikre robuste økosystem og redusere bruken av miljøgifter. Ein sirkulær økonomi har som mål å ta vare på verdien av materialar og energi i produkt i heile verdikjeda så langt råd er, og slik minimere avfall og ressursbruk. Standardar for miljøleiing, produkt og tenester og miljømerking er viktige verktøy i ein førebyggjande miljøpolitikk. Standardisering inneber utarbeiding av krav og spesifikasjonar for varer, tenester, prosessar og verksemder. Miljømerking skal gi informasjon til og bevisstgjering av forbrukarar, næringsliv og offentlege verksemder om miljøvennlege val. Dei offisielle miljømerkeordningane som Svana og Blomen er eit viktig supplement til lovpålagte krav. Merkeordningane er nærare omtalte i Barne- og likestillingsdepartementets budsjettproposisjon.

Posten omfattar driftstilskot til Stiftelsen Miljømerking og Standard Noreg.

Kriterium for måloppnåing

Klima- og miljødepartementet føreset at midlane blir nytta til å intensivere arbeidet med verkemiddel som fremjar ein sirkulær økonomi. Innan standardiseringsarbeidet er det viktig med arbeid knytt til europeiske og internasjonale standardar som er særleg relevante for miljøleiing og klima- og miljøomsyn i produkt og tenester. For miljømerking er det sentralt med utvikling av miljøkriterium slik at fleire produktgrupper blir merkte. Det skal særleg leggjast vekt på å utvikle og vidareutvikle kriteriesett for produktgrupper som medfører stor miljøbelastning. Det skal òg fokuserast på tiltak for å få fleire produsentar til å søkje om merket innanfor dei områda der det er utvikla kriterium og til å gi forbrukarar informasjon om spekteret av miljømerkte produkt på marknaden.

Tildelingskriterium

Tildeling av midlar er basert på organisasjonane sine resultat frå føregåande år og ein konkret søknad om midlar for kommande periode, sett opp mot prioriterte nasjonale miljø- og berekraftsmål.

Oppfølging og kontroll

Drifts- og prosjekttilskota blir følgde opp gjennom krav som blir fastsette i kvart enkelt tilsegnsbrev. Det blir motteke årsrapport og/eller rekneskapsoversikt for alle tilsegner, i tillegg til at det er fagleg kontakt med dei enkelte tilskotsmottakarane.

Rapport 2015

Midlane til Stiftelsen Miljømerking er brukte til å auke kunnskapen om, kjennskapen til og aksepten av miljømerkinga si betydning.

Naturfaglege organisasjonar

Mål

Ordninga skal medverke til å halde oppe eit utval av demokratisk oppbygde, landsomfattande organisasjonar innanfor naturområdet for å sikre frivillig engasjement og styrkje medverknaden i miljøspørsmål lokalt, regionalt og nasjonalt, basert på fagleg innsikt.

Tildelingskriterium

Storleiken på driftstilskota blir fastsett mellom anna ut frå ei vurdering av organisasjonane sitt aktivitetsnivå nasjonalt og lokalt, økonomien deira og alternative høve til finansiering, saman med medlemstalet i organisasjonane.

Det er rekna med tilskot til:

  • Foreininga Våre Rovdyr

  • Norsk Biologforeining

  • Norsk Botanisk Foreining

  • Norsk Entomologisk Foreining

  • Norsk Ornitologisk Foreining

  • Noregs Sopp- og nyttevekstforeining

  • Norsk Zoologisk Foreining

For 2017 er det rekna med tilskot til dei nemnde tilskotsmottakarane på same nivå som for 2016 med tillegg av at 0,1 mill. kroner i prisjustering skal fordelast på mottakarane. Tilskot til den einskilde organisasjonen blir utbetalt etter søknad.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporteringar. I tillegg kjem fagleg kontakt med dei enkelte tilskotsmottakarane.

Rapport 2015

Midlane vart nytta til grunnstøtte til drift, informasjonsverksemd og prosjekt i dei ulike organisasjonane.

Post 78 Friluftslivsformål, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde Friluftsliv.

Til posten er det flytta 2 mill. kroner frå post 30 Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde. Midla er øyremerkt friluftslivstiltak i samband med den nye Groruddalssatsinga. Det er behov for ei tilsegnsfullmakt på 3 mill. kroner til anskaffingar i samband med kjøp og reparasjonar av båtar i Skjergardstenesta, jf. forslag til vedtak VI.

Til posten ligg fleire tilskotsordningar som er omtala under.

Friluftslivsaktivitet

Tilskot til friluftslivsaktivitet har ei ramme på 52,5 mill. kroner.

Mål

Målet med ordninga er å medverke til auka deltaking i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for alle grupper i befolkninga.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde Friluftsliv. Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå oppnådde resultat og omfanget av aktivitetsfremjande tiltak i regi av friluftsorganisasjonane.

Tildelingskriterium

Det blir primært gitt tilskot til friluftslivstiltak som stimulerer til direkte friluftslivsaktivitet. Det kan òg bli gitt støtte til materiell og utstyr når dette medverkar til å fremje den friluftslivsaktiviteten det blir søkt om tilskot til. Følgjande type aktivitetar blir prioriterte:

  • Aktivitetar som er lite ressurskrevjande og lett tilgjengelege for ulike brukargrupper.

  • Tiltak som blir gjennomførte i nærmiljøet med særleg vekt på byar og tettstader.

  • Tiltak som inkluderar ein plan for marknadsføring av tiltaket overfor aktuelle målgrupper.

  • Tiltak som medverkar til auka deltaking over tid

Personar som er lite fysisk aktive, barn, unge og barnefamiliar og personar med nedsett funksjonsevne er prioriterte.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2015

Totalt vart det i 2015 gitt 37 mill. kroner i tilskot til lag og organisasjonar som arbeider med aktivitetsfremjande tiltak for friluftsliv. Av dette fekk landsomfattande friluftslivsorganisasjonar 14 mill. kroner direkte frå Miljødirektoratet, mens lokale og regionale lag og organisasjonar fekk 23 mill. kroner frå fylkeskommunane. Totalt ca 1049 søkjarar om statleg støtte frå posten, og det totale søknadsbeløpet var på 114 mill. kroner.

Midlane er i all hovudsak brukte til å støtte tiltak for barn, unge og barnefamiliar, tiltak som stimulerer nye grupper til deltaking i friluftslivsaktivitetar, til dømes personar med nedsett funksjonsevne og etniske minoritetar i Noreg, og tiltak som medverkar til å utvikle samarbeidet mellom friluftsliv og kulturminne. Eksempel på tiltak som fekk tilskot frå Miljødirektoratet er Friluftsrådas Landsforbund sine prosjekt «Læring i friluft» og «Friluftsliv og folkehelse – kommunesamarbeid», og Norsk Friluftsliv sitt prosjekt «Friluftslivets veke». Det er òg gitt tilskot til Noregs sopp- og nyttevekstforbund til «Soppens dag», til Norsk Botanisk foreining sitt arrangement «Villblomstens dag» og til Raudekrossen sitt aktivitetstilbod «Aktiviteter i friluft for inaktive grupper».

Friluftslivsaktivitet for personar med innvandrarbakgrunn

Ordninga har ei ramme på 10 mill. kroner.

Mål

Målet med ordninga er å medverke til auka deltaking i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for personar med innvandrarbakgrunn, og gjennom dette medverke til å auke integreringa av personar med innvandrarbakgrunn i befolkninga elles.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde Friluftsliv. Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå oppnådde resultat og omfanget av aktivitetsfremjande tiltak i regi av friluftsorganisasjonane.

Tildelingskriterium

Det blir primært gitt tilskot til friluftslivstiltak som stimulerer til direkte friluftslivsaktivitet. Det kan òg bli gitt støtte til utstyr og materiell når dette medverkar til å fremje den friluftslivsaktiviteten det blir søkt om tilskot til.

Følgjande type aktivitetar blir prioriterte:

  • Tiltak som er lite ressurskrevjande og lett tilgjengelege.

  • Tiltak som fører til auka integrering av personar med innvandrarbakgrunn i befolkninga elles.

  • Tiltak som blir gjennomførte i nærmiljøet med særleg vekt på byar og tettstader.

  • Tiltak som inkluderer ein plan for marknadsføring av tiltaket overfor aktuell målgruppe.

  • Tiltak som medverkar til auka deltaking over tid.

Barn, unge og barnefamiliar er prioriterte i ordninga.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2015

Ordninga hadde ei ramme på 5 mill. kroner i 2015. Totalt var det 22 søkjarar som til saman søkte om 11,8 mill. kroner. 11 lag og organisasjonar vart til saman tildelte tilskot.

Tiltaka omfatta tilbod om turar og aktivitetar, men òg inkluderingstiltak og opplæring av personar med innvandrarbakgrunn til å bli leiarar i lag og organisasjonar. Tanken er at leiarar med innvandrarbakgrunn er viktige for vidare rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn.

Eksempel på tiltak er Wild X sitt ungdomsprosjekt «Wild X» med opplæring og tilbod om turar knytte til jakt, fiske og anna friluftsliv, Friluftsrådas Landsforbund sitt prosjekt «Friluftsrådenes friluftstiltak for minoriteter», Norsk Friluftsliv sitt prosjekt «Flere innvandrere ut i naturen», Den norske Turistforeining sitt prosjekt «Inkludering i DNT», Raudekrossen sitt prosjekt «Friluftsaktiviteter for personer med innvandrerbakgrunn» og Skiforeininga sitt tiltak «Friluftsglede for alle». I tillegg fekk Oslofjorden Friluftsråd støtte til prosjektet «Fritidsfiske og høsting».

Driftsstøtte til friluftslivsorganisasjonar

Ordninga har ei ramme på 32,02 mill. kroner.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å styrkje allmenta sine interesser for deltaking i friluftsliv gjennom det arbeidet som skjer gjennom dei store friluftslivsorganisasjonane og deira lokale lag og foreiningar.

Friluftsrådas Landsforbund (FL) er paraplyorganisasjonen for dei interkommunale friluftsråda. (Det er 27 interkommunale friluftsråd, der 26 er tilslutta FL). Det er sett av 13,75 mill. kroner i administrasjonsstøtte til FL og dei interkommunale friluftsråda. Det er eit mål at flest mogleg kommunar er med i eit interkommunalt friluftsråd.

Norsk Friluftsliv er paraplyorganisasjon for 16 friluftslivsorganisasjonar med til saman 940 000 medlemmar. Det er sett av 4,57 mill. kroner i administrasjonsstøtte til Norsk Friluftsliv.

FL, Norsk Friluftsliv og Samarbeidsrådet for naturvern (SRN) har etablert fylkesvise samarbeidsnettverk for natur og friluftsliv (FNF – Forum for natur og friluftsliv). FNF vart i 2015 etablert som eigen organisasjon, og har frå 2016 eige sekretariat. Til FNF er det sett av 11 mill. kroner i administrasjonsstøtte.

Organisasjonen Wild X tilbyr friluftslivsaktivitetar med personar med innvandrarbakgrunn i alderen 12–25 som hovudmålgruppe. Det er sett av 1,2 mill. kroner i administrasjonsstøtte til Wild X.

Tjukkasgjengen driv med lavterskeltilbod innanfor friluftsliv og fysisk aktivitet, der personar som er lite fysisk aktive er hovudmålgruppa. Denne gruppa er prioritert i den nye stortingsmeldinga om friluftsliv. Tjukkasgjengen har eit konsept som gjer at denne gruppa nås. Det er sett av 1,5 mill. kroner i administrasjonsstøtte til Tjukkasgjengen.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde Friluftsliv.

Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå oppnådde resultat i kommunane og friluftsråda sitt arbeid med opparbeiding og skjøtsel av statleg sikra friluftsområde.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgde opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapportering i forhold til bruk av tilskotsmidlar blir tekne opp i årlege møte med FL, friluftsråd som ikkje er knytt til FL, Norsk Friluftsliv, FNF og Wild X.

Rapport 2015

Totalt vart det i 2015 tildelt 12,25 mill. kroner til FL og interkommunale friluftsråd. Midlane er nytta til drift, til å styrkje arbeidet i FL og til å utvide FLs engasjement geografisk. Det er stor interesse for interkommunalt samarbeid om friluftsråd, og i 2015 var det 25 interkommunale friluftsråd med 229 medlemskommunar. Friluftsråda femner slik vel 75 pst. av befolkninga i kommunane.

Det er i 2015 inngått avtale med grunneigarar om 183 km med nye turstigar, skiløyper og turvegar, og friluftsråda har saman med medlemskommunane arbeidd med sikring av 14 nye friluftsområde. Det er tilrettelagt 75 km med nye turstigar og friluftsråda har vore pådrivarar og koordinatorar i arbeid med ytterlegare 102 km.

Friluftsråda har hatt opne turar med 17 500 deltakarar, tiltak for barn og ungdom med 14 900 deltakarar og tiltak for personar med minoritetsbakgrunn med 7 400 deltakarar. I tillegg har 76 000 vore med på turar der friluftsråda har vore medarrangørar. Friluftsråda har framleis stor innsats retta mot friluftsliv og bruk av naturen i læringsarbeidet i barnehage og skule, og engasjerer seg i arbeidet med å ta vare på arealgrunnlaget for friluftsliv gjennom verdikartlegging av friluftsområde, deltaking i dei fylkesvise Forum for natur og friluftsliv og gjennom uttale i ulike arealsaker.

Friluftsråda forvaltar 547 offentleg eigde friluftsområde med omfattande oppgåver knytte til m.a. skjøtsel, vask av toalett og bosshandtering.

Norsk Friluftsliv vart i 2015 tildelt 4,57 mill. kroner i administrasjonsstøtte. Norsk Friluftsliv får dessutan aktivitets- og prosjektmidlar frå Miljødirektoratet for vidare tildeling til sentralledda i Norsk Friluftsliv sine medlemsorganisasjonar. Arbeidet omfattar i stor grad påverknads- og informasjonsarbeid overfor offentlege styresmakter og andre organisasjonar, med sikte på å skape best mogleg vilkår for friluftslivet. I 2015 hadde Norsk Friluftsliv ansvaret for planlegging, gjennomføring og dagleg leiing av Friluftslivets år.

Forum for Natur og friluftsliv (FNF) vart i 2015 tildelt 9,5 mill. kroner i administrasjonsstøtte. I 2015 er organiseringa av FNF vurdert, og det er etablert ein ny sentral organisasjon som fører til at arbeidsgivaransvaret er plassert sentralt for alle tilsette. Alle fylke har ein eigen FNF-koordinator, og litt over halvparten av fylka har koordinatorar i 80–100 pst. stilling. FNF-koordinatorane gjer eit betydeleg og viktig arbeid for natur- og friluftsinteressene i dei enkelte fylka.

Tiltak i statleg sikra friluftslivsområde

Ordninga har ei ramme på 30 mill. kroner.

Mål

Målet med ordninga er å medverke til naturvennleg fysisk tilrettelegging og skjøtsel i statleg sikra friluftslivsområde og i område verna som friluftsområde etter markalova, slik at områda blir tilgjengelege og attraktive.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde Friluftsliv.

Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå oppnådde resultat i kommunane med opparbeiding og skjøtsel av statleg sikra friluftsområde.

Tildelingskriterium

Det blir tildelt tilskot til tilrettelegging som har eitt eller fleire av følgjande mål:

  • Minske dei fysiske hindringane for friluftsliv og leggje til rette for auka friluftslivsaktivitet for alle.

  • Ta vare på kvalitetane for oppleving i området og leggje til rette for gode naturopplevingar.

  • Hindre at friluftsliv fører til unødige naturinngrep, slitasje og forstyrring av plante- og dyrelivet, kulturminne og kulturmiljø.

Tilskot kan berre bli gitt der tiltaket inngår i ein gjeldande og godkjent forvaltningsplan knytt til tilrettelegging av statleg sikra friluftslivsområde. For område verna som friluftslivsområde etter markalova er det eit vilkår at tiltaka er i tråd med verneforskrift og eventuell forvaltningsplan for området.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2015

Budsjett for 2015 var 25,3 mill. kroner, som vart tildelt fylkeskommunane for vidare tildeling til kommunar og interkommunale friluftsråd. Fordelinga vart utført på grunnlag av omfanget av statleg sikra friluftslivsområde, og om det låg føre forvaltningsplanar for friluftslivsområda som dokumenterer behov for tiltaksmidlar. I to fylke var det ingen søknader om tilskot til tiltak i 2015. I gjennomsnitt vart dei andre fylka i 2015 tildelte 1,47 mill. kroner. Eit fylke blei tildelt 3 mill. kroner, mens det fylket som fekk minst blei tildelt 200 000 kroner. I alt fekk 7 fylke tildelt meir enn 1,8 mill. kroner.

Totalt mottok fylkeskommunane 256 søknader frå kommunar og interkommunale friluftsråd, og totalt søknadsbeløp var 68 mill. kroner. Tiltaka var totalt kostnadsberekna til 128 mill. kroner, noko som viser at mange søkjarar medverkar sjølve med eigne midlar og dugnadsinnsats. Det vart i 2015 gitt statleg støtte til omkring 180 tiltak. Ein stor del av tiltaka omfatta universell tilrettelegging slik at fleire grupper av befolkninga får høve til å nytte områda. Dei fleste tilretteleggingstiltaka stimulerer til aktivitet, som til dømes etablering og merking av turvegar og stigar.

Eksempel på tiltak som fekk statleg støtte i Vest-Agder fylke i 2015 er ny turveg Groviga-Hamresanden i Kristiansand kommune, ymse friluftstiltak og tilrettelegging på Østre Kuholmen i Søgne kommune og midlar til utviding av tursti på Prestneset i Sogndalen kommune. I Buskerud fylke har Krødsherad kommune fått støtte til ymse tilrettelegging i Norefjell friluftsmark og Øvre Eiker kommune har fått støtte til universell utforming og tilrettelegging i Sundhagen friluftsområde. I Vestfold fylke har Tønsberg kommune fått støtte til ein ny turstig i Presterudkilen og Larvik kommune har fått midlar til å renovere ei brygge på eit av friluftsområda, og Oslofjorden friluftsråd har fått støtte til etablering av snorkellei på Verdas Ende på Tjøme. I Telemark fylke har Porsgrunn kommune fått støtte til tiltak i Sildevika friluftsområde og Fyresdal kommune til tiltak i Klokkarhamaren friluftsområde. I Hordaland fylke fekk Bergen og Omland Friluftsråd tilskot på til saman over 2 mill. kroner til tiltak på ei rekkje av dei mange friluftsområda dei forvaltar. I Nord-Trøndelag fylke fekk mellom anna Leka kommune støtte til tiltak på Skeinesset, og i Nordland fylke fekk Bodø kommune støtte til tiltak på Bjarnøy fyrstasjon. I Troms fylke fekke Midt-Troms friluftsråd støtte til ulike tiltak for tilrettelegging på Ersfjordstranda i Berg kommune.

Skjergardstenesta

Ordninga har ei ramme på 24,3 mill. kroner.

Mål

Ordninga gir statlege budsjettmidlar til drift av skjergardstenesta, inkludert kjøp og større reparasjonar av båtar knytte til tenesta.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde Friluftsliv.

Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå aktiviteten til skjergardstenesta.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapportering i forhold til bruk av tilskotsmidlar blir òg tekne opp i møte mellom Miljødirektoratet/fylkesmannen og skjergardstenesta i dei tre regionområda, og skal rapporterast i samband med søknader om tilskot kommande år.

Rapport 2015

Skjergardstenesta oppnådde i 2015 gode resultat i alle driftseiningar. Det vart teke i bruk to nye arbeidsbåtar; til Bergen og Omland Friluftsråd og til Kristiansand kommune. Det vart gjennomført anbodskonkurranse for bygging av ny båt til eit område i Holmestrand kommune som blir klar i 2016. Som ei oppfølging av evalueringa vart det i 2015 gjennomført ytterlegare tiltak for å utvikle skjergardstenesta vidare. Mellom anna er det gjennomført fleire tiltak på kompetansesida, tiltak for oppfølging av nye forskrifter for bygging av mindre lasteskip og tiltak for å styrkje styrings- og rapporteringsrutinane.

Andre friluftslivstilskot

Det er sett av 7 mill. kroner i tilskotsmidlar til prosjektet kartlegging og verdsetjing av friluftslivsområde. Til leiing av prosjektet er det sett av midlar under kap. 1420 post 01.

Det er sett av 1,0 mill. kroner til Norsk Friluftsliv sitt prosjekt «Integrering gjennom friluftsliv». Midlane skal gå til lønn, administrative utgifter og tiltak.

Det er sett av 1,0 mill. kroner til prosjektet «Friluftsliv for personar med funksjonsnedsettelser» i regi av Den Norske Turistforeining. Midlane skal gå til lønn, administrative utgifter og tiltak.

Det er sett av 2,0 mill. kroner til friluftslivstiltak i den nye Groruddalsatsinga, som er eit samarbeid mellom Oslo kommune og staten, og som startar opp i 2017. Heile satsinga er presentert i Prop. 1 S (2016–2017) Kommunal- og moderniseringsdepartementet, jf. kap. 590 post 65.

Rapport 2015

Norsk Friluftsliv blei tildelt 10,5 mill. kroner i 2015 til arbeidet med dagleg leiing og planlegging av Friluftslivets år 2015. Midlane har gått til informasjons- og nettverksarbeid, gjennomføring av sentralstyrte aktivitetar og kampanjar for å fremje friluftlivsaktivitet og allemannretten, løn og administrative utgifter. Gjennom eit breitt samarbeid har både offentlege, private og frivillige aktørar vore involverte.

Det blei sett av 15 mill. kroner til aktivitet og tiltak i samband med Friluftslivets år. Midlane blei fordelte i 2014 med tilsegn om tilskot til i alt 31 prosjekt i regi av 22 ulike landsdekkjande organisasjonar. Midlane blei utbetalte i 2015. Midlane har mellom anna gått til gjennomføring av meir enn 400 aktivitetsdagar, 6200 turar, 28 kurs, ein konferanse og 95 friluftsskular. Mange organisasjonar har hatt ein betydeleg auke i deltaking på eksisterande turkonsept og aktivitetsdagar, og det er gjennomført mange nye tiltak. Private barnehagers landsforbund har arrangert kurs og inspirert tilsette i barnhagar til å bli naturpilotar, DNT og friluftsråda med fleire har samarbeid om friluftsskular, Padleforbundet arrangerte padlingens dag og Norsk Speidarforbund har inspirert barn og vaksne til å klatre i tre.

Godt tilgjenge til attraktive friluftslivsområde føreset at kommunane har kjennskap til kvar dei viktigaste friluftslivsområda er. Prosjektet kartlegging og verdsetjing av friluftslivsområde vart sett i gang i 2014, og skal medverke til slik kjennskap. Fylkeskommunane har ei sentral rolle i prosjektet, og skal mellom anna setje i gang og gjennomføre regionale prosjekt for å stimulere kommunane til kartlegging og verdsetjing av friluftslivsområde etter Miljødirektoratet sin rettleiar M-98 2013: «Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområder». Prosjektet er i rute, og i 2015 blei det fordelt i underkant av 5 mill. kroner i tilskot til fylkeskommunane. Ved utgangen av 2015 var 14 fylke involverte i arbeidet. 60 kommunar hadde ferdigstilt sitt arbeid, og 104 kommunar var i gang med arbeidet.

Post 79 Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 69

Utgiftene på posten må sjåast i samanhang med midlar til same føremål under postane 39 og 69. Midlane er retta mot resultatområde Forureining. I dei fleste områda som får støtte stammar forureininga frå langt tilbake i tid, og det er vanskeleg å finne den ansvarlege forureinaren. Midlane som staten løyver over dei tre postane 39, 69 og 79 er derfor nødvendige for at oppryddinga av forureiningane skal bli gjennomført.

Mål

Posten skal nyttast til å dekkje utgifter som kommunale og interkommunale selskap/verksemder, private verksemder og privatpersonar har til å undersøkje og til å gjennomføre oppryddingstiltak i grunn på land og i botn i sjø og vatn som er forureina med helse- og miljøskadelege stoff.

Kriterium for måloppnåing

Både for forureina sjøbotn og forureina grunn er bruk av midlane knytt opp mot det nasjonale målet «Forureining skal ikkje skade helse og miljø» og til målet «Utslepp av helse- og miljøfarlege stoff skal stansas».

Tildelingskriterium

Posten skal nyttast til delfinansiering av oppryddingsprosjekt. Prinsippet om at forureinar betaler ligg til grunn ved vurdering av om det skal givast tilskot. Sjå òg omtale under kap. 1420 postane 39 og 69.

Oppfølging og kontroll

Kontroll av bruk av midlar skjer mellom anna gjennom dokumentasjon av framdrift og sluttrapport innsendt av tilskotsmottakar.

Rapport 2015

Det blir her rapportert samla for oppryddingsarbeidet finansiert frå postane 39, 69 og 79.

Arbeidet med opprydding i forureina sjøbotn går framover. Fram til no er undersøkingar gjennomførte i dei fleste av dei prioriterte områda, og i fleire av områda har dei viktigaste oppryddingstiltaka starta eller blitt gjennomførte. Av dei viktigaste gjennomførte tiltaka i 2015 var oppstart av arbeidet med å rydde opp sjøbotnen i Trondheim havneområde. Denne oppryddinga vart ført vidare og avslutta i 2016. Opprydding i Flekkefjord var òg starta opp i 2015 og ført vidare i 2016. Det vart gjennomført oppryddingstiltak i Arendal, og sett i gang førebuande tiltak og planlegging i Bergen som førebuing til oppstart av sjølve oppryddinga i Puddefjorden i 2016–17. Arbeidet held òg fram med opprydding i forureina grunn der det er behov.

Post 80 Frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige miljøstiftelsar

Mildane på posten lå tidligere under kap. 1400, post 70, men er flyttet til kap. 1420 da forvaltninga av tilskotordninga blir lagt til Miljødirektoratet frå 2017.

Mål

Målsetjinga med tilskotsordninga er å leggje til rette for eit breitt folkeleg engasjement for miljøsaker. Tilskotsordninga skal stimulere til miljøaktivitetar lokalt, regionalt og nasjonalt. Tilskotsordninga gjeld for landsdekkjande frivillige organisasjonar og allmennyttige stiftelsar av nasjonal tyding, med hovudformål for verksemda innanfor miljøforvaltninga sitt ansvarsområde.

Tildelingskriterium

Tilskotsordninga er justert i 2016. Departementet har evaluert tilskotsordninga og hatt endringar av definisjonar og kriterium i forskrifta på alminneleg høyring.

Midlane skal no fordelast berre etter objektive kriterium:

  • Kriteriet «samfunnsmessig tyding» er teke ut.

  • Givarar og givarinntekter etter skattereglar for frådrag er òg tekne ut av forskrifta.

  • Definisjon av medlemmer og lokallag er samordna med Kulturdepartementets definisjonar.

  • Terskel for medlemstal er heva til 5 000 (3 000 for barne- og ungdomsorganisasjonar),

Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja fyller førebels ikkje dei nye krava, og løyvinga på 1 831 000 kroner blir flytt til kap. 1420 post 77.

Frå tilskotsåret 2017 vil forvaltninga av tilskotsposten bli lagt til Miljødirektoratet med utlysing i direktoratets søknadssenter. Første utbetaling blir primo februar 2017.

I 2017 vil nivået på tilskota til dei enkelte bli om lag på same nivå som i 2016. Foreløpig løyvinga for 2017 er vist i tabellen nedanfor. Fordelinga er gjort etter den nye forskrifta, men med tall som gjeld for tilskotsåret 2016.

Tabell 7.3 Fordeling av tilskot

Organisasjon/stiftelse

Rekneskap 2015

Løyving 2016

Forslag 2017

Miljøorganisasjonar

Den Norske Turistforeining

6 304 680

6 117 000

6 239 000

Forbundet Kysten

5 091 480

4 848 000

4 564 000

Fortidsminneforeininga1

4 614 960

6 462 000

4 156 000

Framtida i våre hender

4 290 360

4 255 000

3 450 000

Noregs Jeger- og Fiskarforbund

9 309 960

9 022 000

10 064 000

Noregs naturvernforbund

7 659 360

7 430 000

7 597 000

Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja2

1 889 600

1 831 000

1 831 000

Paraplyorganisasjonar

Sabima

1 780 100

1 736 000

1 655 000

Kulturvernforbundet

1 780 100

1 736 000

1 655 000

Regnskogfondet

1 285 500

1 700 000

1 655 000

Barn- og ungdomsorganisasjonar

Natur og Ungdom

3 877 800

3 782 000

5 270 000

Miljøagentane

1 335 500

1 292 000

2 436 000

Miljøstiftelsar

Idébanken

646 100

630 000

642 000

Miljøstiftelsen Bellona

2 140 800

2 098 000

2 060 000

Norsk kulturarv

1 140 700

1 116 000

1 131 000

WWF Noreg

3 170 100

3 351 000

3 033 000

Zero

1 388 000

1 359 000

1 346 000

Norsk klimastiftelse

468 000

449 000

Sum

57 705 100

59 233 000

59 233 000

1 I 2016 blei Fortidsminneforeininga òg tildelt 2 mill. kroner til museumsdrift jf. Innst. S 9 (2015-16).

2 Organisasjona blir flytt til kap. 1420 post 77 frå 2017.

Oppfølging og kontroll

Kontroll av bruk av midlar skjer bl.a. gjennom dokumentasjon av framdrift og sluttrapport innsend av tilskotsmottakar. Ordninga er av mellombels karakter.

Post 81 Verdsarvområde, kulturlandskap og verdiskaping naturarv, kan overførast, kan nyttast under post 21

Posten gir tilskot til tre føremål: Forvaltningstiltak i verdsarvområde (10,5 mill. kroner), tiltak i utvalde kulturlandskap og område prioriterte i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap (7,6 mill. kroner) og verdiskaping basert på naturarven (8,2 mill. kroner). Midlane under posten er retta mot resultatområde Naturmangfald, og nasjonalt mål Eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for kommande generasjonar.

Forvaltningstiltak i verdsarvområde

Mål

Målet med tilskot til forvaltningstiltak i norske verdsarvområde med viktige naturverdiar er å sikre ei berekraftig forvaltning av norske verdsarvområde.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing blir vurdert ut frå om forvaltninga er i tråd med kriteria for tildeling av verdsarvstatus og områda sine forvaltningsplanar.

Tildelingskriterium

Dei aktuelle verdsarvområda er Vegaøyan som vart innskrive på UNESCO si verdsarvliste i 2004, og Vestnorsk fjordlandskap med Geirangerfjorden og Nærøyfjorden som vart ført på lista i 2005. Mottakarar er stiftelsane Vegaøyan Verdsarv, Geirangerfjorden Verdsarv og Nærøyfjorden Verdsarvpark. Posten dekkjer òg tilskot til Foreininga Noregs verdsarv til gjennomføring av arrangementet Verdsarvforum.

Midlane må sjåast i samanheng med midlar til verdsarvområda i Noreg under kap. 1429 post 79 Tilskot til Verdsarven.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at mottakarane av tilskot blir følgde opp av Miljødirektoratet i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2015

Oppfølging av norske verdsarvområde med naturverdiar er organisert gjennom ideelle stiftingar på staden som mottek tilskot til drift og gjennomføring av forvaltningstiltak innanfor rammer sett i forvaltningsplanar og retningslinjer for oppfølging av verdsarvkonvensjonen. Midlane har i 2015 medverka til gjennomføring av tiltak og satsingar på ulike tema for verdsarvforvaltning i verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap. Desse omfattar blant anna forvaltningsplanlegging, strategiarbeid, nettverksbygging, lokal involvering og organisering av samarbeid. Det er merksemd på samarbeid og medfinansiering med andre aktørar i gjennomføring av tiltak. Forpliktingane knytte til formidling og informasjon om kultur- og naturverdiar er tekne hand om og utvikla vidare gjennom tiltak retta mot barn og unge og besøkande. Initiativ med målsetjing å utvikle betre besøkshandtering, redusert forureining og miljøsertifisering er sette i gang eller førte vidare.

Utvalde kulturlandskap

Mål

Målet med tilskotet er å sikre ei berekraftig forvaltning av norske kulturlandskap med særskilt høge verdiar knytte til naturmangfald og kulturminneverdiar. Dette gjeld Utvalde kulturlandskap i jordbruket og prioriterte område i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing blir vurdert ut frå om forvaltninga er i tråd med kriteria for utpeiking av utvalde kulturlandskap i jordbruket og prioritering av nasjonalt verdifulle kulturlandskap.

Tildelingskriterium

6 mill. kroner av kulturlandskapsmidlane skal nyttast i utvalde kulturlandskap i jordbruket. Eit nasjonalt sekretariat leia av Landbruksdirektoratet, saman med Miljødirektoratet og Riksantikvaren, følgjer forvaltninga av områda i samarbeid med fylka. Fylka har ansvaret for administrasjon, tilskotsforvaltning og prioritering av tiltak i samråd med områdeutval i dei enkelte områda. Midlane blir tildelte med grunnlag i godkjende forvaltningsplanar. Om lag 1 mill. kroner frå posten blir nytta til tiltak i område prioriterte i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at mottakarane av tilskot blir følgde opp av fylkesmannen og Miljødirektoratet for å sjå til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2015

Midlane til utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei spleiseordning med landbruket, der årlege løyvingar dei siste åra har vore til saman 14 mill. kroner, 6 mill. kroner over denne posten og 8 mill. kroner over jordbruksavtala.

Midlane til utvalde kulturlandskap blir fordelte på tiltak innafor planlegging/prosess, kulturminne, naturmangfald og landskapsskjøtsel, overvaking/dokumentasjon, formidling og andre tiltak (næringsutvikling, seterdrift, turstiar m.m.). Om lag 5,4 mill. kroner vart nytta til tiltak for å ta vare på miljøverdiar knytte til naturmangfald og landskap i områda i 2015.

Om lag 1,3 mill. kroner vart nytta til støtte til tiltak i 20 område prioriterte i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap. Midlane under ordninga medverkar til å hindre attgroing, gjennomføre skjøtsel av biologisk viktige areal og gjennomføre naudsynte tiltak for å ta vare på verdiar knytte til prioriterte verdifulle kulturlandskap.

Verdiskaping naturarv

Mål

Målet med ordninga er å medverke til at verneverdiane i verneområda blir haldne opp eller aukar slik at verneområde og andre verdifulle naturområde framleis kan vere ein viktig ressurs i samfunnsutviklinga.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå om tilskotet stimulerer til at verneområda og andre verdifulle naturområde blir del av ei brei verdiskaping der natur, lokalsamfunn og næringsutvikling har ein langsiktig positiv effekt av tiltaka.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli tildelt til tilrettelegging for ferdsel, ulike typar informasjon, naturfagleg kompetanseheving i reiselivsverksemder og til tiltak for å betre samarbeid og kunnskap om verneområde i koplinga mellom naturforvaltning, næring og lokalsamfunn. Tilskotet skal mellom anna gå til implementering av merkevare- og kommunikasjonsstrategien for nasjonalparkar, dvs. blant anna til nasjonalparksenter, nasjonalparklandsbyar og nasjonalparkkommunar. Tilskot blir tildelt konkrete tiltak knytte til verdiskaping som har naturarven som utgangspunkt, og det er krav om minst 50 pst. eigeninnsats.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer hovudsakeleg i form av fortløpande kontakt mellom Miljødirektoratet og prosjekta som får tilskot og gjennom at Fylkesmannen deltek i dei styrande organa for prosjekta, der det vert fatta avgjerder bl.a. om budsjett, framdrift og økonomisk styring. Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskap.

Rapport 2015

Posten finansierte til og med 2013 verdiskapingsprogrammet Naturarven som verdiskapar. Bruken av løyvinga for 2014 og 2015 er basert på dei erfaringane dette programmet gav. Telemarksforskings evaluering av programmet frå 2014 viser at ein i hovudsak nådde målet om brei verdiskaping, auka forståing for vern og for at utvikling av lokalsamfunn er mogleg samtidig med vern. Mellom anna er det etablert 29 nye verksemder, 138 eksisterande verksemder har utvida drifta si og 100 verksemder har fått auka omsetning. I 2015 mottok desse prosjekta støtte til verdiskaping: Rauma – Romsdalseggen, Fugleturisme i Troms, Odda kommune – Trolltunga, Okstindan – besøkstrategi, Polarsirkelen, Målselvfossen, Buførvegen- Folgefonna, Røros, Flåm – tursti, Lysefjorden – avlaste Preikestolen, Engerdal – utvikling Gutulia, Varanger – eksotiske arter, Bardu – barnas naturpark, Tydal Naturpark, Røyrvik og Lierne – produktutvikling, Nærøyfjorden – vandring og verdiskaping, Saltdal – sykkelsti, Lista – fuglekikking, og nasjonalparkkommunene og -landsbyane.

Post 82 Tilskot til truga arter og naturtypar, kan overførast, kan nyttast under post 21

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

82.1

Tilskotordning – truga arter

15 939

34 211

34 211

82.2

Tilskotordning – truga naturtypar

23 036

30 778

30 778

Sum post 82

38 975

64 989

64 989

Posten er oppretta som følgje av naturmangfaldlova og er retta mot resultatområde Naturmangfald. Midlane under posten skal medverke til å nå det nasjonale målet Ingen arter og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til truga og nær truga arter og naturtypar skal betrast. Posten er delt i to underpostar, ein for truga arter og ein for truga naturtypar. Underposten for truga arter omfattar mellom anna tilskot til prioriterte arter og deira økologiske funksjonsområde og arter som er klassifiserte som truga på Norsk raudliste for arter 2015. Tiltak for bevaring av hubro er òg inkludert i posten med fokus på tiltak mot elektrokusjon. Underposten for truga naturtypar omfattar tilskot til utvalde naturtypar og naturtypar som er klassifiserte som truga på Norsk raudliste for naturtypar 2011.

Truga arter, inkludert hubro

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til å gjennomføre tiltak for å ta vare på truga plante- og dyrearter, under dette arter som er valt ut som prioriterte arter. Ordninga inkluderer òg økologiske funksjonsområde for prioriterte arter.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå talet på tiltak knytt til truga arter. Måloppnåinga for hubro blir vurdert ut frå talet stolpar/konstruksjonar som er sikra mot skade på hubro, og utvikling i hubrobestanden i desse områda.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli tildelt konkrete tiltak i felt til skjøtsel og vedlikehald, biotopforbetrande tiltak. restaurering, aktiv skjøtsel eller andre typar tiltak som er nødvendige for å ta vare på eller rette opp økologiske funksjonsområde for prioriterte arter, gjerding, nødvendig utstyr for å gjennomføre tiltak, informasjon retta lokalt/regionalt, kartlegging knytt til tiltak og tiltak for hindre at hubro dør som følgje av at dei brukar straumstolpar som sitjeplass.

Oppfølging og kontroll

Begge underpostar: Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane blir følgde opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2015

I 2015 kom det inn 187søknadar til tilskotsordninga for truga og prioriterte arter, (frå og med 2015 er ordninga utvida slik at det kan søkast om tilskot også til andre truga arter, og ikkje berre dei prioriterte artene). Det vart utbetalt midlar til 153 av dei omsøkte tiltaka, i alt omlag 19,3 mill. kroner. Av dette er om lag 8,3 mill. kroner knytt til 21 tiltak for hubro for å unngå at arten dør som følgje av elektrokusjon. Dei ulike nettselskapa nyttar i tillegg eigne midlar på dei same strekningane.

Midlane er gitt til konkrete tiltak, som f. eks. skjøtsel av lokalitetar med svartkurle, raud skogfrue og strandtorn. Vidare er det gitt tilskot til biotopforbetrande tiltak som f. eks. salamanderdammar, og styrking av bestandar av elvemusling og edelkreps, gjerding og informasjon. 7,5 mill. kroner av midlane gjekk til tiltak retta mot artene elvemusling, edelkreps og storsalamander for å styrkje desse artene sine høve til å overleve i lokalitetane. Nær 600 000 kroner er tildelt søknader om støtteforing av fjellrev.

Truga naturtypar

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til å ta vare på naturtypar gjennom tiltak og aktiv skjøtsel av truga og utvalte naturtypar.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå målsetjingane som er oppgitt for å ta vare på naturtypar i dei enkelte handlingsplanane, under dette tal på lokalitetar som blir tekne vare på og talet på tiltak knytt til førekomstar av truga og utvalde naturtypar.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli tildelt konkrete tiltak i felt til skjøtsel og vedlikehald, restaurering, gjerding, nødvendig utstyr for å gjennomføre tiltak, informasjon retta lokalt/regionalt, kartlegging knytt til tiltak og utvikling av skjøtsels-/tiltaksplan for tiltaket.

Oppfølging og kontroll

Begge underpostar: Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane blir følgde opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltaka blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2015

I 2015 kom det inn 729 søknadar, mot 627 i 2014. Det auka talet på søknadar skuldast at ordninga frå og med 2015 blei utvida til å dekkje truga naturtypar generelt, ikkje berre dei utvalde naturtypane. Det kom inn søknader for tiltak i 16 ulike naturtypar i 2015. Det kom inn 523 søknader til slåttemark, 97 søknader til kystlynghei og 39 søknader til hole eiker. I tillegg kom det inn 17 søknader til naturbeitemark, 16 til haustingsskog og 13 til slåttemyr.

Miljødirektoratet tildelte totalt 22,4 mill. kroner til fylkesmannen til tiltak i truga og utvalde naturtypar. Det meste av midlane, ca. 18,5 mill. kroner, vart tildelt til skjøtsel i kulturmarkstypar, til dømes slått av slåttemark og slåttemyr, beiting og sviing i kystlynghei eller styving av tre i haustingsskog. Blant kulturmarkstypane vart slåttemark tildelt mest midlar, ca. 12,5 mill. kroner, etterfølgt av kystlynghei med i overkant av 4 mill. kroner. Om lag 4 mill. kroner blei tildelt tiltak i andre naturtypar (ikkje kulturmarkstypar), av desse ca. 1,3 mill. kroner til å fristille og skjøtte hole eiker. Ein del tilskotsmidlar har òg gått til gjerding, fjerning av framande arter og annan uønska vegetasjon i fleire naturtypar, til informasjonstiltak og til innkjøp av nødvendig utstyr for skjøtsel. Det vart tildelt mest til Oslo og Akershus med 3,4 mill. kroner, etterfølgt av Møre og Romsdal og Vest-Agder med høvesvis 2 mill. kroner og 1,9 mill. kroner.

Talet på skjøtselsplanar som er utarbeidde stig jamt. Det gjer òg talet på langsiktige avtalar med grunneigarar om skjøtsel, noko som er eit viktig verkemiddel for å motivere grunneigarar til å søkje tilskot og drive skjøtsel. Det er flest skjøtselsplanar og avtalar for slåttemark og kystlynghei. Det vart òg søkt om midlar til å utarbeide skjøtselsplanar for lokalitetar med naturbeitemark, haustingsskog, hole eiker, rikmyr, slåttemyr og kroksjøar. Alle fylke i landet er no inkludert i arbeidet med handlingsplan for slåttemark. Det er godt dokumentert at skjøtsel for å tilbakeføre slåtteenger som er i ferd med å gro igjen, og framhalden hevd på lokalitetar som er i god hevd frå før gir gode resultat med omsyn til å bevare ein god tilstand i naturtypen. Det vart i 2015 sett i gang arbeid med ein fagrapport for slåttemyr, med tanke på å utarbeide ein eigen handlingsplan for slåttemyr (slåttemyr har tidlegare vore inkludert i handlingsplan for slåttemark). Dette for å auke innsatsen for slåttemyr dei komande åra.

Post 84 Internasjonale avtaler og medlemskap

Tilskotsordninga er primært knytt til resultatområda Naturmangfald og Forureining, men òg til Friluftsliv, Klima og Polarområda. Posten har fått ei prisjustering på 0,1 mill. kroner.

Mål

Målet for tilskotsordninga er å støtte organisasjonane som er nemnde nedanfor i deira internasjonale arbeid for vern av naturmangfald og berekraftig bruk av naturressursar, klima, og å setje Miljødirektoratet og andre delar av miljøforvaltninga i stand til å delta i det faglege internasjonale nettverket desse organisasjonane utgjer.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er om Noreg gjennom si støtte til dei internasjonale organisasjonane i rimeleg grad medverkar til at desse kan utføre oppgåvene sine, og at Miljødirektoratet og anna miljøforvaltning får tilgang til arbeidet som skjer i dei.

Tildelingskriterium

Posten skal dekkje utgifter til kontingent i samband med medlemskap i relevante internasjonale organisasjonar, under dette:

  • Federation of Nature and National Parks of Europe (EUROPARC)

  • Conseil International de La Chasse (CIC)

  • International Union for Conservation of Nature (IUCN) (Government Agency member)

  • Wetlands International (WI)

  • BirdLife International (BI)

  • Nordisk kollegium for viltforsking (NKV)

  • Den norske plantevernorganisasjonen (Planta Europa)

  • Den europeiske organisasjonen for bevaring av geologiarven (ProGEO)

  • Working Group on Harmonization of regulatory oversight in Biotechnology (WGHROB) under Biosafety-programmet til OECD

  • Konvensjon om langtransportert luftforureining (CLRTAP), kjerneoppgåver som ikkje blir omfatta av bidraget til EMEP-protokollen

  • Common Forum on Contaminated Land

  • The European Union Network for the Implementation and International Transaction Log (IIL)

  • Enforcement of Environmental Law (IMPEL)

  • Organization of Economic co-operation and Development(OECD)

  • Intergovernmental Science-Policy Platform on Biodiversity an Ecosystem Services (IPBES)

Posten skal òg dekkje utgifter knytte til relevante oppfølgingsprosjekt i tilknyting til medlemskapen, slik som i den nordatlantiske organisasjonen for laksevern, North Atlantic Salmon Conservation Organization (NASCO) og naturpanelet (IPBES). Kontingenten til NASCO er dekt over kap. 1400 post 71 Internasjonale organisasjonar.

Det skjer ei kontinuerleg vurdering av organisasjonane sine målsetjingar og av tilhøvet deira til sentrale konvensjonar og avtaler og kva nytte Miljødirektoratet har av medlemskapen.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer hovudsakleg i form av deltaking i og bidrag til møte i organisasjonane sine styrande organ, der det blir fatta avgjerder bl.a. om budsjett, kontingentar og økonomisk styring. Oppfølging av spesielle prosjekt skjer gjennom deltaking i referanse-, arbeids- eller styringsgrupper, ved kontakt med slike grupper, eller ved direkte kontakt med prosjektet.

Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskapar frå organisasjonane. I tillegg deltek Miljødirektoratet på møte i organisasjonane sine styrande organ, der det blir fatta avgjerder bl.a. om budsjett, kontingentar og økonomisk styring.

Rapport 2015

Midlane dekte i 2015 medlemskontingenten i NKV, EUROPARC, IUCN, WI og ProGEO. I tillegg vart det gitt bidrag til aktivitetar i arbeidsprogrammet til Bernkonvensjonen, regionalt initiativ under Ramsarkonvensjonen, Common Forum on Contaminated Land, OECD, Noregs bidrag til arbeidet med anadrom fisk i ICES og arbeidet med innlandsfisk innanfor EIFAAC, Noregs bidrag til effektarbeid under CLTRTAP-konvensjonen og støtte til ProGEO News.

Post 85 Naturinformasjonssenter, kan overførast

Tilskotsordninga på posten er i hovudsak retta mot resultatområda Naturmangfald og Friluftsliv. Besøkssenter for natur skal vere spydspissar i kvalitetsformidling av kunnskap om nasjonalparkar, villrein, våtmark, rovvilt, fugl og villaks til lokalbefolkninga og tilreisande, spesielt barn og unge. Posten har fått ei prisjustering på 1,4 mill. kroner.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til drift, utvikling og etablering av naturinformasjonssenter/besøkssenter natur.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing for sentra blir vurdert på bakgrunn av årlege rapportar der sentra viser at dei fyller autorisasjonskrava.

Tildelingskriterium

Autoriserte besøkssenter natur kan søkje om eit årleg grunntilskot til aktivitet knytt til administrasjon, planlegging og gjennomføring av informasjonstiltak, naturrettleiing m.m. Grunntilskotet blir for 2017 auka til 1 mill. kroner pr. senter som følgje av prisjustering og intern omfordeling av midler på posten. Aukinga vil gi sentra moglegheit til å i større grad tilby naturveiledning som del av sine tenester. Autoriserte senter kan i tillegg søkje kompetansetilskot til oppgåver som nøytrale kunnskapsformidlarar/kompetansesenter. Både autoriserte senter, andre som arbeider med naturinformasjon (for eksempel museum og stiftelsar) og senter som ikkje er autoriserte, kan søkje om tilskot til utstillingar og informasjonstiltak. Senter og tiltak som får midlar direkte frå posten; Klimapark 2469, laksesenter og Runde Miljøsenter må rapportere bruken av midlane på same måte som dei autoriserte sentra.

Tabell 7.4 Type senter

Tema for senter

(i 1000 kr)

Besøkssenter natur og forvaltningsknutepunkt

27 578

Besøkssenter villrein

6 982

Besøkssenter våtmark

6 611

Besøkssenter rovdyr

7 087

Klimapark 2469

1 163

Laksesenter

1 177

Runde Miljøsenter

2 116

Sum

52 714

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer årsmelding, revidert rekneskap, budsjettforslag, plan for verksemda og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Sentra rapporterer tal på besøkande, aktivitetar og naturrettleiing, sal av logoprodukt, resultat frå brukarundersøkingar og eventuelle evalueringar av innhald og aktivitet ved senteret, og på andre forhold som var sentrale for å få tildelt tilskotet. Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. Det blir nytta stikkprøvekontroll, bl.a. ved gjennomsyn av utstillingar og informasjonsmateriell som det er gitt støtte til.

Rapport 2015

Det vart i 2015 gitt grunntilskot til 15 autoriserte besøkssenter nasjonalpark. Det vart etter søknad gitt tilskot til fornying av utstillingar og informasjonstiltak, og til opparbeiding og tilrettelegging av forvaltningsknutepunkt. Tre besøkssenter rovdyr og seks besøkssenter våtmark fekk òg tilskot. Det er vidare gitt tilskot til senter for laks, Norsk villreinsenter og til informasjonstiltak gjennom Klimapark 2469 til informasjon om klimaendringar, naturfaglege aspekt og verneverdiar i Jotunheimen nasjonalpark.

Følgjande senter fekk tilskot i 2015: Besøkssenter villrein: Norsk Villreinsenter, Kunnskapssenter for laks og vassmiljø, besøkssenter rovdyr; Bardu, Flå og Namsskogan, besøkssenter nasjonalpark; Øvre-Pasvik, Stabbursdalen, Reisa, Lierne, Femundsmarka, Folgefonna, Ytre-Hvaler, Hardangervidda – Skinnarbu og Hardangervidda – Eidfjord, Jostedalsbreen – Oppstryn, Jostedalsbreen – Fjærland og Jostedalsbreen – Jostedalen, Jotunheimen, og besøkssenter nasjonalparkene i Nordland, iNasjonalparkar, Balsfjorden våtmarkssenter – Midt-Troms museum, Dokkadelta våtmarkssenter, Runde miljøsenter, Ilene besøkssenter våtmark, Jæren besøkssenter våtmark, Nordre Øyeren besøkssenter våtmark, Oslo besøkssenter våtmark, Lista fuglestasjon, Lister friluftsråd, Trondheimsfjorden våtmarkssenter, Ørland besøkssenter våtmark, Kvikne nasjonalparksenter, Færder nasjonalparksenter og Bunova i Vingelen.

Kap. 4420 Miljødirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Oppdrag og andre ymse inntekter

4 415

1 166

4 192

04

Gebyr, forureiningsområdet

41 318

37 311

34 365

06

Gebyr, fylkesmannsembeta sine miljøvernavdelingar

20 820

28 330

28 977

07

Gebyr, kvotesystemet

9 725

11 122

11 377

08

Gebyr, naturforvaltningsområde

4 717

4 714

4 821

09

Internasjonale oppdrag

62 925

62 173

63 914

Sum kap. 4420

143 920

144 816

147 646

Post 01 Oppdrag og andre ymse inntekter

På posten er det budsjettert med enkelte ulike oppdragsinntekter og leigeinntekter som direktoratet har i samband med utleige av nokre kontorlokale og sitt konferansesenter i Oslo. Oppdragsinntektene er hovudsakeleg knytte til tenester som Statens naturoppsyn utfører for andre, mellom anna Statskog. På posten blir òg ført ymse inntekter, frå sal av rapportar utarbeidde av Miljødirektoratet og enkelte andre produkt. Dei tilsvarande utgiftene er budsjetterte under kap. 1420 post 01 Driftsutgifter.

Posten er auka med 3 mill. kroner som følgje av auka husleigeinntekter i Trondheim.

Kap. 1420 post 01 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 04 Gebyr, forureiningsområdet

I samsvar med prinsippet om at forureinaren skal betale, er det innført gebyr på ulike område innanfor forureiningsområdet.

Posten omfattar Miljødirektoratets inntekter frå følgjande ordningar:

  • gebyr frå dei som får utferda eit sertifikat under ei sertifiseringsordning for bedrifter og personell som handterer fluorerte klimagassar (produktforskrifta, Kapittel 6a). Ordninga er ein del av EØS-avtala som regulerer dei fluorerte klimagassane HFK, PFK og SF6 gjennom krav til blant anna dokumenterte kvalifikasjonar for teknisk personell og bedrifter som utfører arbeid på utstyr med nokre av desse gassane. Den praktiske gjennomføringa av sertifiseringsordninga blir i dag utført av Isovator AS (HFK i kuldeanlegg mv.) og Incert AB (SF6 i høgspentbrytarar). EU vedtok 16. april 2014 ei revidert forordning som utvidar sertifiseringsordninga til òg å gjelde personell som handterer kjølebilar/-tilhengarar og GIS-anlegg. Den reviderte forordninga er foreløpig ikkje implementert i Noreg.

  • gebyr for konsesjonsbehandling og kontroll i medhald av forskrift om avgrensing av forureining (forureiningsforskrifta).

  • gebyr for tilsyn og kontroll med importører og produsentar av kjemiske stoff og stoffblandingar, i medhald av deklareringsforskrifta.

  • gebyr for deklarasjon av farleg avfall, i medhald av avfallsforskrifta. Verksemder som leverer farleg avfall skal fylle ut eit deklarasjonsskjema med opplysningar om avfallets opphav, innhald og eigenskapar. Det er fastsett eit gebyr for denne deklarasjonen, og gebyret skal dekkje Miljødirektoratets kjøp av tenester ved drift og utvikling av systemet.

  • gebyr for drift av produsentregister for elektriske og elektroniske produkt (EE-registeret), i medhald av avfallsforskrifta. Alle som importerer og produserer elektriske og elektroniske produkt (EE-produkt) i Noreg pliktar å vere medlem av eit godkjent returselskap. Returselskapa finansierer drifta av EE-registeret gjennom eit gebyr som avheng av deira marknadsdel.

  • gebyr for eksport og import av avfall, i medhald av avfallsforskrifta. Verksemder som importerer eller eksporterer meldepliktig avfall må ha løyve til dette. Gebyret er basert på Miljødirektoratet sin timebruk og timekostnad til behandling av søknadar om eksport og import av avfall.

  • I tillegg vil det på denne posten kunne komme inntekter frå andre ordningar, som for eksempel gebyr for behandling av søknader om godkjenning av biocidprodukt.

Posten er redusert med 3,8 mill. kroner grunna reduserte utgifter til sertifiseringsordning for fluorerte klimagassar. Samtidig er posten prisjustert med om lag 0,8 mill. kroner.

Kap. 1420 post 23 Driftsutgifter kan overskridast mot meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 06 Gebyr, fylkesmannsembeta sine miljøvernavdelingar

Posten omfattar inntekter til Fylkesmannen frå gebyr for arbeid med konsesjonsbehandling og kontroll. På posten er det lagt inn ei prisjustering på 0,6 mill. kroner.

Kap. 1420 post 23 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 07 Gebyr, kvotesystemet

Miljødirektoratet forvaltar kvoteforskrifta. Verksemder som er omfatta av kvoteplikta må ha løyve frå Miljødirektoratet til kvotepliktige utslepp, i tillegg til eit godkjent program for utrekning og måling av utsleppa. Dei kvotepliktige verksemdene sine årlege utsleppsrapportar blir kontrollerte og verifiserte av Miljødirektoratet.

I tråd med føresegnene i kap. 39 i forureiningsforskrifta skal Miljødirektoratets kostnader ved utarbeiding av løyve til kvotepliktige utslepp finansierast av gebyr.

I tråd med føresegnene i kap. 9 i kvoteforskrifta skal Miljødirektoratets kostnader ved godkjenning av utsleppsrapportar finansierast av gebyr. Dette er i samsvar med EUs reglar. Miljødirektoratet har òg ansvaret for å drifte det elektroniske kvoteregisteret.

Det er lagt inn ei prisjustering på 0,2 mill. kroner.

Post 08 Gebyr, naturforvaltningsområde

Inntektene på denne posten skal dekkje utgiftene til den obligatoriske jegerprøven som vart sett i verk frå 1. april 1986, til utgifter i samband med merkjepliktig vilt, og til utgifter ved kontroll av naturforvaltningsvilkår i vasskraftskonsesjonar.

Kvar jeger som går opp til jegerprøven må betale eit eksamensgebyr på 300 kroner. Gebyrinntektene skal dekkje dei tilsvarande utgiftene under kap. 1420 post 23 til å drive eksamensordninga.

Frå 1. januar 2005 vart det etablert merkje- og registreringsplikt for dødt vilt som tilfell Viltfondet, sjå vedlegg (artsliste) til forskrift 18. juni 2004 nr. 913 om handtering av dødt vilt. Dei som vil overta merkjepliktig vilt frå Viltfondet skal betale eit gebyr. Gebyret blir ført vidare på same nivå som i 2016, det vil seie 450 kroner. Innbetalte gebyr blir nytta til drift og vedlikehald av ein sentral database for å ta vare på informasjon om individa. Desse utgiftene blir dekte over kap. 1420 post 23.

Miljødirektoratet tok i 2012 i bruk sin heimel til å krevje refusjon for utgifter det har knytt til kontroll av naturforvaltningsvilkår i vasskraftkonsesjonar. Gebyret er heimla i vassdragsreguleringslova § 12 punkt 19, i vassressurslova § 57-58 og den enkelte konsesjon.

Det er lagt inn ei prisjustering på 0,2 mill. kroner.

Kap. 1420 post 23 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 09 Internasjonale oppdrag

Inntektene under posten kjem frå andre statsinstansar og frå internasjonale organisasjonar, og skal finansiere Miljødirektoratets utgifter under kap. 1420 post 23 til internasjonalt miljøsamarbeid og bistandsarbeid, for eksempel institusjonsbygging i samarbeidsland.

Posten er prisjustert med 1,7 mill. kroner.

Kap. 1420 post 23 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 1422 Miljøvennleg skipsfart

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

21

Spesielle driftsutgifter

5 219

5 338

Sum kap. 1422

5 219

5 338

Miljøvennleg skipsfart er eit prioritert innsatsområde i klimapolitikken og i regjeringas maritime strategi. Bruk av meir miljøvennleg drivstoff og energieffektive skip er nøkkelfaktorar i å redusere utsleppa frå skipsfarten. Noreg er i dag leiande i utvikling og bruk av blant anna gassdrivne skip og batteridrivne ferjer – eit fortrinn som kan utnyttast og utviklast vidare.

Regjeringa har i den maritime strategien identifisert fleire grep for å medverke til å redusere utsleppa frå skipsfarten. For å utløyse potensialet for utsleppsreduksjonar frå skipsfarten må både styresmakter og næringa investere, og regjeringa vil derfor òg leggje opp til ei styrking av Sjøfartsdirektoratets kompetanse på nye klima- og miljøvennlege løysingar for skipsfarten, med mål om ein effektiv prosess for myndigheitsbehandling av skip som blir bygde med ny klima- og miljøvennleg teknologi.

Rolle og oppgåver for Sjøfartsdirektoratet:

Sjøfartsdirektoratet er underlagt Klima- og miljødepartementet i saker som gjeld forureining og vern om det marine miljøet, og utfører viktig arbeid innanfor dette området. Arbeidet omfattar bl.a. utgreiingsoppgåver, utarbeiding av forskrifter, utferding av sertifikat, flaggstatskontrollar og hamnestatskontrollar. Sjøfartsdirektoratet utfører dessutan betydelege internasjonale oppgåver på miljøområdet retta mot FNs sjøfartsorganisasjon (IMO), EU, Nordsjøsamarbeidet og Det arktiske samarbeidet.

Sjøfartsdirektoratet har som ei av sine hovudmålsetjingar å medverke til at skipsfarten er ei miljøvennleg transportform. Dette inneber at direktoratet skal medverke til at norsk maritim verksemd er minst like miljøeffektiv som alternative transportformer, og har gode tekniske og operasjonelle forhold som førebyggjer miljøskadar. Direktoratet skal òg medverke til god tryggleik mot forureining ved effektivt tilsyn av norske skip og hamnestatskontroll av framande skip.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten medverkar til å dekkje lønn til fast og mellombels tilsette og driftsutgifter for Sjøfartsdirektoratet i arbeidet med ein miljøvennleg skipsfart. Reduksjonar i utslepp av SO2, NOX og klimagassar står sentralt i dette arbeidet. Vidare skal det gjennomførast tiltak for å redusere faren for utilsikta introduksjon og spreiing av framande arter i ballastvatn. Posten dekkjer òg midlar knytte til utgreiingar, informasjon, internasjonalt arbeid og formidling relatert til miljøspørsmål.

Rapport 2015

Midlane til Sjøfartsdirektoratet har bl.a. gått til nasjonalt og internasjonalt arbeid med å redusere klimagassutslepp frå skipsfarten, redusere eller hindre forureining til luft og sjø, førebyggje spreiing av framande organismar, opphogging av skip, forvaltningsplanar for havområda og deltaking i Nordsjønettverket.

Kap. 1423 Radioaktiv forureining i det ytre miljø

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Drifstutgifter

14 278

15 629

Sum kap. 1423

14 278

15 629

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under denne posten er retta mot resultatområde Forureining. Statens strålevern si fremste oppgåve er å styrkje forvaltning og rådgivingsverksemd. Dette omfattar forvaltning og kartlegging av radioaktivt avfall og avfallsstraumar med heimel i forureiningslova. Statens strålevern er Klima- og miljødepartementets direktorat på området radioaktiv forureining i det ytre miljø og er forureiningsmyndigheit etter forureiningslova.

Verksemder som er omfatta av Strålevernets forvaltningsmyndigheit er blant anna petroleumsverksemd, sjukehus og forsking, avfallsdeponi, forskingsreaktorane og noko prosess- og mineralindustri. Strålevernet har ansvar for å støtte og gi råd i oppfølging av departementets beredskapsansvar. Strålevernet har òg ansvar for fagleg utgreiingsverksemd og tilsyn med radioaktiv forureining og for å koordinere nasjonal overvaking av radioaktiv forureining i det ytre miljøet, i samarbeid med andre relevante institusjonar og fagmiljø. Strålevernet deltek òg i arbeidet med forvaltningsplanane. Strålevernet leier arbeidet i radioaktivitetskomiteen til Oslo- og Paris-kommisjonen (OSPAR), i tillegg til å leie ekspertgruppa for radioaktiv forureining under Den blanda norsk-russiske miljøvernkommisjonen. Trusselvurderingar og scenario for akutt forureining i samband med hendingar ved sjøtransport av radioaktivt avfall, brukt brensel, og atomdrivne fartøy har vore eit viktig satsingsområde i 2015 som vil bli følgt opp vidare.

Overvaking av radioaktiv forureining skal gi oppdatert informasjon om miljøtilstanden, og medverke til å oppdage eventuelle nye utslepp. Vidare skal overvakinga medverke til kunnskap om tilførsler og langtidsutvikling av forureininga. Det nasjonale overvakingsprogrammet for marint miljø er sentralt i vurderingane av måloppnåing i OSPAR. Overvakinga av tilstanden og potensielle utslepp frå den sokne ubåten Komsomolets skal styrkjast.

Arbeidet med å medverke til at utslepp av radioaktive stoff blir unngått eller minimert frå dei ulike kjeldene er sentralt, i tillegg til arbeid med miljøutfordringar i nord- og polarområda, vurdering av norsk oppfylling av OSPARs mål, formidling og beredskap. I 2017 vil Strålevernet òg prioritere tilsyn med verksemder som har løyve etter avfallsforskrifta (kap. 16). Vidare skal Strålevernet undersøke om også andre verksemder treng tilsvarande løyve.

Posten dekkjer utgifter som Statens strålevern har til lønn og godtgjersler for fast og mellombels tilsette. Vidare dekkjer posten utgifter knytte til oppdragsverksemd, ordinære driftsutgifter og utgifter knytte til etaten si samla utgreiings- og rådgivingsverksemd på området radioaktiv forureining i det ytre miljøet.

Rapport 2015

I 2015 blei det gitt 16 løyve til utslepp av radioaktive stoff og behandling av radioaktivt avfall etter forureiningslova. Strålevernet gjennomførte 6 tilsyn med verksemder innan petroleumsindustri, 2 tilsyn med sjukehus og 17 tilsyn ved Institutt for energiteknikk (IFE) sine anlegg. I tillegg er det gjort 53 dokumenttilsyn. Strålevernet har følgt opp problema med det historiske brukte brenselet/avfallet ved IFE og har pålagt IFE å granske tilstanden og lagringsforholda for dette brenselet. Resultata frå granskinga er venta å vere ferdig i slutten av 2016. Det er sett i verk eit arbeid for å identifisere ytterlegare industriar og avfallsstraumar som skal regulerast etter forureiningslova. Det er starta eit samarbeid med Miljødirektoratet for å greie ut status og eventuelle behov for tiltak for å styrkje 0-utsleppsarbeidet offshore.

Strålevernet har arrangert ein fagdag og starta eit fagleg samarbeid med Norsk Polarinstitutt om atomberedskap og overvaking i nord. Det er laga eit utkast til eit beredskapsplanverk for miljøsektoren for behandling av utslepp og avfall etter ei beredskapshending. Der er òg gjort ei øving med Klima- og miljødepartementet, Miljødirektoratet, Kystverket og Norsk Polarinstitutt for å føre arbeidet med planverket vidare.

Strålevernet har god kontakt med Miljødirektoratet og harmoniserer og koordinerer myndigheitene si utøving av forvaltinga av forureiningslova, Strålevernet tek del i arbeidet med forvaltningsplanane for alle norske havområde, havforvaltningsplanane, og er representert i Fagleg forum i overvakingsgruppa og i arbeidsgruppa for risiko for akutt forureining. Strålevernet har saman med Miljødirektoratet vore med i utviklinga av eit elektronisk deklarasjonssystem for radioaktivt avfall og farleg avfall som blei teke i bruk i mai. Statens strålevern leiar OSPAR sin radioaktivitetskomité (RSC).

Kap. 1424 MAREANO

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

32 932

33 684

Sum kap. 1424

32 932

33 684

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Midlane frå Klima- og miljødepartementet til gjennomføringa av kartleggingsprogrammet for havbotn, MAREANO.

Rapport 2015

MAREANO-programmet prioriterte i 2015 innsamling av djupdata i Barentshavet og midtnorsk sokkel i Norskehavet, og innsamling av geologi-, biologi- og kjemidata frå Norskehavet og i sentrale og austlige delar av norsk del av Barentshavet. Rapportering av resultat skjer gjennom www.mareano.no og Noreg digitalt (www.geonorge.no). Det vart samla inn djupdata frå i alt 12.988 km2, av dette 2.239 km2 i Norskehavet og 10.749 km2 i Barentshavet. Biologisk og kjemisk datainnsamling vart gjort frå eit areal på 17.130 km2.

Kap. 1425 Vilt- og fisketiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

12 870

12 798

12 647

21

Spesielle driftsutgifter

24 442

26 100

27 768

70

Tilskot til fiskeformål, kan overførast

11 629

11 000

12 894

71

Tilskot til viltformål, kan overførast

34 077

30 600

34 600

Sum kap. 1425

83 018

80 498

87 909

Kap. 1425 Vilt- og fisketiltak omfattar utgifter til vilt- og fisketiltak og delar av vilt- og fiskeforvaltninga. Midlane under kap. 1425 er primært retta mot resultatområde Naturmangfald, men involverer òg resultatområde Friluftsliv gjennom tilrettelegging for jakt og fiske.

Utgiftene over kap. 1425 er finansierte ved avgifter på jakt og fiske, som saman med utgifter til forvaltning av ordninga under kap. 1420 post 01 og kap. 1410 post 50 korresponderer med inntektsløyvingane over kap. 5578 Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet, post 71 Jeger- og fellingsavgifter og post 72 Fiskaravgifter.

Samla sett er løyvingane under kap. 1425 auka med 7,4 mill. kroner i høve til 2016. Auken skuldast at det blir teke ut opparbeidd kapital frå Viltfondet ut over dei forventa innbetalte avgiftene, i tillegg til at inntektene knytte til jeger- og fiskaravgiftene er venta å auke på grunn av prisjustering av satsane i 2017.

For nærare utgreiing om avgiftene og forholdet mellom kap. 1410, 1425, 1420, 5578 og inntektene til dei to fonda, viser vi til omtale under kap. 5578.

Lønn og godtgjersler til fast tilsette innan det statlege verksemdsområdet blir ikkje dekte over kap. 1425, men over kap. 1420 Miljødirektoratet og kap. 525 Fylkesmannsembeta.

Bruken av fondsmidlane blir drøfta med representantar for brukarinteressene. Dette må sjåast i samanheng med at arbeidet er basert på driftsplanar, og at dei sentrale ledda i frivillige organisasjonar skal arbeide for å oppnå den same målsetjinga.

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområda Naturmangfald og Friluftsliv.

Posten dekkjer utgifter til lønn og godtgjersler for dei statlege villreinnemndene og andre driftsutgifter knytte til viltforvaltninga slik som det nasjonale jegerregisteret i Brønnøysund, utarbeiding av jaktstatistikk, og utgifter til utvikling og drift av betalingstenesta for jeger- og fiskaravgiftene, under dette trykking, porto og informasjonstiltak.

Som del i ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform er posten redusert med 64 000 kroner. I tillegg er posten redusert med 87 000 kroner knytte til administrasjon av fiskaravgiftene.

Rapport 2015

Løyvinga er brukt til drift av betalingstenesta for fiskaravgift. Løyvingane innanfor viltforvaltinga er nytta til å oppretthalde verksemda i dei statlege villreinnemndene, slik at desse kan behandle den løpande bestandsforvaltinga og vere ein aktør i høve til andre sektorar som nyttar areal i villreinområda. Utover dette er aktivitet knytt til jegerregisteret på om lag same nivå som i 2014. Statistisk Sentralbyrå produserer statistikken over jegerar og jaktutbytte, og medverkar på den måten til overvaking av bestandar av vilt og deira utvikling.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot resultatområda Naturmangfald og Friluftsliv.

Posten dekkjer utgifter til faglege prosjekt og oppdrag som blir sikra gjennomførte av direktoratet eller fylkesmenn. Der regionale eller sentrale styresmakter set i verk oppdrag hos andre, eller kjøper tenester der det er krav om ulike leveransar, skal utgiftene posterast på post 21. Dette gjeld mellom anna nasjonale overvakingsprogram, forsking og utgreiing.

Som del i ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform er posten redusert med 130 000 kroner. Grunna oppspart kapital i Viltfondet og prisjusterte jegeravgifter har posten likevel ein auke på 1,7 mill. kroner.

Rapport 2015

Løyvinga er nytta til forsking og utgreiing som gir eit betre kunnskapsunderlag for forvalting av både haustbare viltarter, anadrom laksefisk og arter med meir usikre bestandstilhøve.

Post 70 Tilskot til fiskeformål, kan overførast

Tilskotsordninga er retta mot resultatområda Naturmangfald og Friluftsliv. Løyvinga skal gå til å dekkje både lokale og sentrale tiltak. Posten er auka med 1,9 mill. kroner grunna venta auke i inntektene frå fiskaravgifta.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til å sikre og utvikle bestandar av vill anadrom laksefisk og leggje til rette for og motivere til fiske.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er om ordninga bidreg til å nå målsetjingane for anadrom laksefisk. Den faktiske effekten av tilskota kan ikkje bedømmast frå år til år, men må vurderast i eit langsiktig perspektiv og i samanheng med andre verkemiddel og årsaksforhold.

Tildelingskriterium

Tiltak som kan få tilskot er tiltak knytte til informasjon om og forvaltning av villaks, sjøaure og røye, under dette kultiveringstiltak, driftsplanlegging, praktisk nytta forsking og overvaking. Det kan vidare bli gitt tilskot til tiltak som betrar tilgangen til og moglegheita for fiske for allmenta og tiltak retta mot rekruttering eller stimulering til fiske.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane.

Rapport 2015

I 2015 har det vore eit sentralt mål å gi tilskot til tiltak i regi av landsdekkjande organisasjonar knytte opp mot informasjon og forvaltning av anadrom laksefisk. Det er òg ytt tilskot til tiltak retta mot rekruttering og stimulering til fiske. Det er vidare gitt tilskot til anvend forsking og overvaking.

Ein stor del av tilskotsposten er disponert av fylkesmennene for å støtte tiltak som informasjon, anvend forsking og overvaking, tilrettelegging og arrangement, kultiveringstiltak og driftsplanlegging. Samla har dette medverka til betre forvalting av laks, sjøaure og sjørøye, og ei meir berekraftig hausting av desse fiskeressursane. Tilskota har òg medverka til å styrkje kunnskapsgrunnlaget, til informasjon og formidling av tilstand og utfordringar knytte til anadrom laksefisk, og dei har medverka til å auke interessa for friluftsliv og fiske, særleg blant barn og unge.

Post 71 Tilskot til viltformål, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

71.1

Hjortevilttiltak

34 077

3 250

3 250

71.2

Villreintiltak

2 850

2 850

71.3

Lokale vilttiltak m.v.

20 000

24 000

71.4

Viltovervaking

4 500

4 500

Sum post 71

34 077

30 600

34 600

Midlane under posten er retta mot resultatområda Naturmangfald og Friluftsliv. Midlane er eit bidrag til å nå dei nasjonale måla økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester. Alle skal ha høve til å drive friluftsliv som helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg aktivitet i nærmiljøet og i naturen elles og område av verdi for friluftslivet skal sikrast og forvaltast slik at naturgrunnlaget blir teke vare på.

Løyvingane til vilttiltak er auka med 4 mill. kroner ved at der vert nytta opparbeidd kapital frå Viltfondet og grunna prisjustering av avgiftene. Auken er lagt på underpost 3 Lokale vilttiltak m.v.

Mål

Målet for tilskotsordninga er å medverke til at det blir eit haustingsverdig overskot av viltet, og at naturens produktivitet og mangfald blir teke vare på nasjonalt og regionalt.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er om ordninga gjennom støtte til god forvaltning av viltet på nasjonalt og regionalt nivå medverkar til at det blir eit haustingsverdig overskot og slik at produktivitet og artsmangfald i naturen blir teke vare på. Tiltaka som blir sette i verk skal medverke til å gi eit betre kunnskapsunderlag om arter og bestandar, eller om korleis dei kan haustast på beste vis. Den faktiske effekten av tilskota kan ikkje bedømmast frå år til år, men må vurderast i eit langsiktig perspektiv og i samanheng med andre verkemiddel og årsaksforhold.

Tildelingskriterium

Det blir gitt tilskot til tilrettelegging, organisering og informasjon om jakt og jaktmoglegheiter, kartlegging av viltressursane/viltets leveområde og viltinteresser i kommunar og regionar, innarbeiding av viltets leveområde og viltinteresser i kommunale planar etter plan- og bygningslova, iverksetjing av tiltak der målet er betre bestandsoversikt, oppretting og drift av lokale samarbeidsråd, deltaking i rettshavarar sitt driftsplanarbeid, forskings- og studentoppgåver og andre særleg prioriterte viltformål. Søknader om tilskot til tiltak som inngår som ein del av eit planmessig arbeid blir prioriterte.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar, rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane.

Underpost 71.1 Hjortevilttiltak

Underposten skal dekkje tiltak knytte til forvaltning av hjortevilt. Midlar blir nytta i hjorteviltforvaltninga til tiltaksretta undersøkingar, metodeutvikling, tilskot til praktiske tiltak, medverknad til å løyse oppgåver og stimulerings- og informasjonstiltak i regi av organisasjonar m.m.

Underpost 71.2 Villreintiltak

Underposten skal dekkje tiltak i villreinforvaltninga som drift av villreinområda, teljing av bestandar, overvaking, styrking av oppsyn og registrering i villreinområda, og utvikling av driftsplanar. Innbetalte fellingsavgifter skal tilbakeførast til det enkelte villreinområdet, og midlane skal disponerast av villreinnemnda til tiltak.

Underpost 71.3 Lokale vilttiltak m.v.

Midlane skal nyttast til tilskot i form av vilttiltak og prosjekt i regi av regionale og landsomfattande organisasjonar, og lokale vilttiltak og utviklingstiltak som er nødvendige for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak i distrikta. I tillegg er tilskotsmidlane som fylkeskommunane nyttar samla på denne underposten. I samband med regionreforma har fylkeskommunane fått forvaltningsansvaret frå fylkesmannen for enkelte arter. Den einskilde fylkeskommunen gir etter søknad midlar frå posten til praktiske tiltak knytte til desse artene. Ettersom fylkesmannen på same tid forvaltar tilskotsmidlar innanfor sitt forvaltningsområde er det krav om god samordning av bruken av midlane.

Midlane skal òg nyttast til sentrale organisasjonar som utfører oppgåver for viltforvaltninga. Fleire av dei store landsdekkjande organisasjonane utfører eit omfattande frivillig arbeid innan viltforvaltning. Løyvinga på underposten er auka med 4 mill. kroner. Auken vil føre til at fylkesmenn og fylkeskommunar kan løyve meir midlar til lokale prosjekt.

Underpost 71.4 Viltovervaking

Midlane blir nytta som tilskot til overvakingsoppgåver som skal sikre ei fortløpande oversikt over bestandsstatus og utvikling av arter og artsgrupper av vilt som ikkje er dekt over underpost 71.1 eller underpost 71.2. Overvakingsprosjekta skal gi eit årleg oppdatert datagrunnlag for å setje i verk både sentrale, regionale og lokale forvaltningstiltak og justering av verkemiddel, og avdekkje kunnskapsbehov.

Rapport 2015

Løyvingane er i 2015 nytta omtrent som tidlegare år. I 2015 vart det levert 800 søknadar om vilttiltak i søknadssenteret. Av desse behandla Miljødirektoratet 154 søknadar, fylkesmennene 377 søknadar og fylkeskommunane 269 søknadar.

Det har vore ytt tilskot til dei fleste aktørar og grupper som arbeider med viltforvaltning. Ordninga har gitt støtte til tiltak i regi av enkeltpersonar, organisasjonar og lag, og medverkar i relevante større prosjekt der andre har hovudfinansieringa. Ordninga er òg nytta til å støtte studentprosjekt, der dette inneber at det blir gjennomført fagleg relevante undersøkingar.

Ordninga medverker til å auke tiltaksvolumet, stimulere ungdom og andre til friluftsliv og uteaktivitet, og gir eit utvida kunnskapsgrunnlag både for økosystem og arter.

Det er eit mål at resultata frå bruken av tilskotsmidlane skal verte tilgjengelege for alle interesserte, og slik auke kunnskapen om og spreiinga av vellykka former for tiltak. Frå 2013 blir dei fleste rapportar frå prosjekt og oppnådde resultat lagt inn i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Ettersom det er fleire ulike styresmakter og mange tiltakshavarar vil det vere ei stor breidd i type tiltak, og i kva ein kan oppnå på eit enkelt år. Det er for ein stor del dei same som betaler avgift som nyttar høvet til å søke tilskot, eller nyttar resultata. Dette fører til ein god samanheng mellom tiltakstypar og årlege behov for resultat. Det er vidare slik at ressurstilgangen samla sett er vurdert å vere god nok i forhold til dei prioriterte tiltaka. Dei som nyttar tilskotsordningane eller resultata har eigeninteresse i å oppnå dei nasjonal måla, ettersom måloppnåinga er naudsynt for å kunne oppretthalde haustinga, og ha eit tilstrekkeleg godt kunnskapsunderlag for forvaltinga.

Kap. 5578 Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

71

Jeger- og fellingsavgifter

74 982

79 018

85 000

72

Fiskaravgifter

14 000

14 542

16 100

Sum kap. 5578

88 982

93 560

101 100

I tillegg til å finansiere utgifter under kap. 1425, dekkjer kap. 5578 postane 71 og 72 òg noko av utgiftene til vilt- og fiskeforsking under kap. 1410 post 50 og utgifter til forvaltning av ordninga under kap. 1420 post 01.

Forslaget er basert på venta inntekter frå avgiftene til fonda i 2016 og 2017, jf. omtale under kvart fond nedanfor.

Post 71 Jeger- og fellingsavgifter

Jeger- og fellingsavgiftene som blir innbetalte til Viltfondet er inntektsførte i statsbudsjettet på denne posten. Posten er avkorta med 220 000 kroner som del i ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform.

Totalt er løyvinga likevel auka med 5,8 mill. kroner i høve til 2016. Auken vert finansiert ved å nytte opparbeidd kapital i Viltfondet og prisjusterte avgifter. Det er venta same tal innbetalingar i 2017 som i 2016.

Nærare om Viltfondet

Mål

§ 40 i Viltlova fastset at «den som vil drive jakt og fangst etter denne lov, skal betale jegeravgift etter satser og regler som Kongen fastsetter» og at «for hvert dyr som tillates felt eller felles av elg, hjort og villrein skal det betales en fellingsavgift etter satser og regler som Kongen fastsetter. Kongen kan bestemme at kommunen innenfor nærmere rammer kan fastsette fellingsavgiften for elg og hjort».

Gjennom behandlinga av statsbudsjettet for 1989 fastsette Stortinget følgjande retningslinjer for bruken av midlane i Viltfondet:

Viltfondet skal nyttast til forvaltningstiltak som kjem viltet og allmenta til gode, under dette viltforvaltning i kommunane, lokale, regionale og sentrale vilttiltak, viltforsking, førebyggjande tiltak mot og vederlag for skadar valda av hjortevilt, jegerregister og jegersørvis.

I den årlege fordelinga av midlar mellom formåla som er nemnde over, er det føresett at ca. halvparten av midlane frå jegeravgifta skal gå til vilttiltak i distrikta og at fellingsavgiftene som er knytte til villrein skal nyttast i villreinforvaltninga.

Inntekter og avgiftssatsar

Inntektene til Viltfondet kjem i hovudsak frå jegeravgifter og fellingsavgifter. Ordninga med Viltfondet synleggjer på denne måten at tilretteleggingstiltak for jakt og delar av viltforvaltninga for ein stor del er baserte på brukarfinansiering. I tillegg kjem meir tilfeldige inntekter frå enkelte typar fallvilt.

Kommunane krev inn og disponerer fellingsavgiftene for elg og hjort og fører desse inntektene i kommunale viltfond. Det er fastsett ei statleg rammeforskrift for dei kommunale viltfonda, der inntektene til kommunane frå fellingsavgifter inngår. For dei fellingsavgiftene som blir kravde inn for villrein er det etablert ei tilsvarande ordning, der midlar frå innbetalte avgifter føregåande år blir tilbakeførte til det enkelte villreinområdet.

Jeger- og fellingsavgiftene vart sist endra i 2015, og ein gjer framlegg om å justere avgiftene i 2017 i tråd med prisstiginga. Satsane for dei ulike avgiftene går fram av tabell 7.5.

For oversikta sin del er inntektene for kommunane i 2017 tekne med, slik at den samla bruken av verkemiddel kan sjåast under eitt. For kommunane er dei oppgitte avgiftene maksimalsatsar.

Tabell 7.5 Framlegg om jeger- og fellingsavgifter i 2017

(tal i heile kroner)

Type avgift:

Storleiken på avgifta i 2017

Estimert tal på innbetalingar

Venta innbetalt totalbeløp

Inntektsført

Jegeravgift generelt:

333

195 000

64 935 000

Viltfondet

Jegeravgiftstillegg hjortevilt:

89

92 000

8 188 000

Viltfondet

Ekstraavgift ved manglande levering av jaktstatistikk:1

205

20 000

4 100 000

Viltfondet

Gebyr ekstra jegeravgiftskort:

67

2 000

134 000

Viltfondet

Fellingsavgift vaksen rein:

294

5 100

1 499 400

Viltfondet

Fellingsavgift reinkalv:

172

2 000

344 000

Viltfondet

Sum statlege avgifter:

79 200 400

Viltfondet

Fellingsavgift vaksen elg:

537

23 700

12 726 900

Kommunane

Fellingsavgift elgkalv:

316

11 200

3 539 200

Kommunane

Fellingsavgift vaksen hjort:

411

27 100

11 138 100

Kommunane

Fellingsavgift hjortekalv:

249

9 000

2 241 000

Kommunane

Sum kommunale avgifter:

29 645 200

Kommunane

1 Innkrevjing skjer etterskotsvis i 2017 for dei som ikkje leverte jaktstatistikk for jaktåret 2015/2016. Talet er vurdert til om lag 20 000.

Inntektene frå avgiftene gjer at det blir budsjettert med ein kapitalstraum i Viltfondet som vist i tabell 7.6

Tabell 7.6 Berekning av kapital i Viltfondet i 2017

(i 1000 kr)

Saldo pr. 31.12.15:

13 701

Budsjettert innbetalt i 20161:

75 525

Budsjettert refusjon i 2016 (utbetalingar frå fondet):

-79 168

Budsjettert saldo pr. 31.12.16:

10 058

Budsjettert innbetalt i 20172:

79 600

Budsjettert refusjon i 2017 (utbetalingar frå fondet):

-85 000

Budsjettert saldo pr. 31.12.17:

4 658

1 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter og andre inntekter på 0,4 mill. kroner.

2 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter og andre inntekter på 0,4 mill. kroner.

Administrasjon og økonomiforvaltning

Viltfondet blir forvalta av Klima- og miljødepartementet ved Miljødirektoratet. Utgiftene over statsbudsjettet skal normalt svare til dei stipulerte inntektene for fondet same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og kapitaliserast i fondet, og gi grunnlag for eventuelle større refusjonar kommande år.

Inntektene over kap. 5578 post 71 finansierer utgifter til vilttiltak, viltforvaltning og drift av Jegerregisteret over kap. 1425 postane 01, 21 og 71, kap. 1420 post 01, og forsking på viltressursar over kap. 1410 post 50. I budsjettet for 2017 gjer ein framlegg om at 5,52 mill. kroner blir refunderte til Brønnøysundregistra for drifta av Jegerregisteret. Planlagt bruk av inntektene går fram av tabell 7.7.

Tabell 7.7 Samla ressursbruk finansiert av inntekter til Viltfondet i 2017

(i 1000 kr)

Formål

Drift av villreinnemndene, drift av jegerregisteret, offentleg jaktstatistikk og andre driftsutgifter knytte til viltforvaltning (kap.1425.01):

12 547

Meirverdiavgift som er ført under Finansdepartementet

1 591

Prosjekt, FoU, overvakingsprogram, sentrale fallviltutgifter m.v. (kap. 1425.21):

27 131

Meirverdiavgift som er ført under Finansdepartementet

2 852

Hjortevilttiltak (kap. 1425.71.1):

3 250

Villreintiltak (kap. 1425.71.2):

2 850

Lokale vilttiltak (kap. 1425.71.3):

24 000

Viltovervaking (kap. 1425.71.4):

4 500

Sum under kap. 1425:

78 721

Viltforsking, NINA (kap.1410.50):

2 998

Tilskotsforvaltning i Miljødirektoratet (kap 1420 post 01):

3 281

Totalsum:

85 000

Spesielt om hjortevilt og fallvilt

Sjølv om kommunane har primæransvaret for forvaltninga av hjortevilt og for alt fallvilt, er det likevel nasjonale oppgåver innan desse felta som må løysast. FoU-tiltak og overvaking av hjortevilt blir dekte av Viltfondet gjennom den differensierte jegeravgifta. Differensieringa inneber at hjorteviltjegerane betaler eit tillegg til jegeravgifta, og på denne måten medverkar til finansieringa av nødvendige nasjonale oppgåver.

Når det gjeld fallvilt, er det behov for å gjennomføre sentrale analysar av individ som blir funne igjen som fallvilt eller avliva av ulike årsaker, spesielt for rovviltartene. Slike analysar må gjennomførast av Miljødirektoratet. Utgiftene til sentrale oppgåver i samband med hjortevilt og fallvilt er derfor budsjetterte under kap. 1425 post 21 Spesielle driftsutgifter. For dei artene der fallviltet har ein salsverdi etter at naudsynte analysar av dyra er gjennomførte, omset Miljødirektoratet skinn og skrottar til inntekt for Viltfondet.

Post 72 Fiskaravgifter

Fiskaravgiftene som blir innbetalte til Statens fiskefond er inntektsførte i statsbudsjettet på denne posten.

Posten er auka med 1,5 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2015. Dette skuldast forventning om eit lite oppsving i talet på innbetalingar og ein auke i inntektene som følgje av prisjusterte fiskaravgifter.

Nærare om Statens fiskefond

Fiskaravgift til staten skal betalast for fiske i vassdrag med anadrome laksefisk. Det skal òg betalast avgift for fiske med fastståande reiskap i sjøen. Det er innført visse unntak, bl.a. for fiske i medhald av reindriftslovgivinga og til undervisnings- eller behandlingsformål.

Bruken av midlane blir fastsett gjennom statsbudsjettet.

Inntekter og avgiftssatsar

Inntektene til Statens fiskefond kjem frå fiskaravgift på fiske etter anadrome laksefisk. Ordninga med Statens fiskefond synleggjer at tilretteleggingstiltak, og delar av fiskeforvaltninga retta inn mot anadrome fiskearter, for ein stor del er baserte på brukarfinansiering.

Årsavgiftene for fiske etter anadrome laksefisk gjeld frå og med 1. januar til og med 31. desember, og vart sist justerte i 2015. For 2017 gjer regjeringa framlegg om å auke avgiftene som følgje av prisstigninga. Årsavgifta for fiske etter anadrome laksefisk i vassdrag i 2017 blir 260 kroner for enkeltpersonar, mens familieavgifta blir 415 kroner. Familieavgifta gjeld for ektefelle/sambuarar med eventuelle barn mellom 18 og 20 år.

Personavgifta for fiske med fastståande reiskap i sjøen med sesongstart før 1. juli blir på 649 kroner, mens satsen for dei som har fiskestart etter 1. juli blir 394 kroner. Ein vil komme tilbake til saka om ei mogleg reiskapsavgift for fiske etter anadrome laksefisk i sjøen, jf. Prop. 122 (2015–2016) og Innst. 400 S (2015–2016).

Inntektene frå avgiftene gjer at det er budsjettert med ein kapitalstraum i Statens fiskefond som vist i tabell 7.8

Tabell 7.8 Berekning av kapital i Statens fiskefond i 2017

(i 1000 kr)

Saldo pr. 31.12.15:

2 328

Budsjettert innbetalt i 20161:

14 500

Budsjettert refusjon i 2016 (utbetalingar frå fondet):

-14 573

Budsjettert saldo pr. 31.12.16:

2 309

Budsjettert innbetalt i 20171:

16 222

Budsjettert refusjon i 2017 (utbetalingar frå fondet):

-16 100

Budsjettert saldo pr. 31.12.17

2 431

1 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter på 0,1 mill. kroner.

Administrasjon og økonomiforvaltning

Statens fiskefond blir forvalta av Klima- og miljødepartementet ved Miljødirektoratet. Utgiftene over statsbudsjettet skal normalt svare til dei inntektene ein ventar at fondet vil ha same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og blir kapitaliserte i fondet.

Inntektene over kap. 5578 post 72 finansierer utgifter til fisketiltak og fiskeforvaltning over kap. 1425 (post 01, 21 og 70) og kap. 1420 (post 01), og forsking på fiskeressursar over kap. 1410 post 50.

Planlagt bruk av inntektene frå fiskaravgiftene går fram av tabell 7.9

Tabell 7.9 Samla ressursbruk finansiert av inntekter til Statens fiskefond i 2017

(i 1000 kr)

Formål

Administrasjon m.v. (kap. 1425.01):

100

Meirverdiavgift som er ført under Finansdepartementet

71

Prosjekt, utgreiingar (kap. 1425.21)

637

Meirverdiavgift som er ført under Finansdepartementet

219

Tilskot til fiskeformål (kap. 1425.70):

12 894

Sum under kap. 1425:

13 921

Tilskotsforvaltning i Miljødirektoratet(kap. 1420.01)

1 196

Fiskeforsking, NINA (kap. 1410.50):

983

Totalsum

16 100

Spesielt om lokale tiltak

I fordelinga av fondsmidlane, fråtrekt nødvendige driftsutgifter, er målet at minst 50 pst. av midlane går til tiltak som er initierte lokalt. Andre tiltak som er meinte å gi effekt for eit avgrensa område, eit bestemt vassdrag eller fjordområde, og der lokale aktørar deltek i stor grad, blir rekna som lokale tiltak, sjølv om dei er initierte og administrerte av offentleg forvaltning, organisasjonar eller institusjonar på sentralt nivå.

Programkategori 12.30 Kulturminne og kulturmiljø

Hovudinnhald og prioriteringar

Løyvingane under programkategori 12.30 høyrer i hovudsak inn under resultatområde Kulturminne og kulturmiljø, og omfattar verksemda til Riksantikvaren og Norsk kulturminnefond.

Løyvingane på kulturminneområdet går til å følgje opp intensjonane i St.meld. nr. 16 (2004–2005) Leve med kulturminner og Meld. St. 35 (2012–2013) Framtid med fotfeste. I sistnemnde melding, som vart behandla av Stortinget i 2013, er både ambisjonsnivået og måla som Stortinget vedtok i 2005 haldne ved lag og førte vidare. Målsetjinga er å ta vare på mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø som bruksressursar og som grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping. Det er også eit mål at eit utval av kulturminne og kulturmiljø som dokumenterer geografisk, sosial, etnisk, nærings- og tidsmessig breidde skal ha varig vern ved freding innan 2020. Løyvinga omfattar midlar til å sikre, setje i stand og halde ved like freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø og midlar til å føre vidare arbeidet med verdiskaping knytt til kulturminne og kulturmiljø.

Dei ti bevaringsprogramma er dei viktigaste verkemidla for å nå 2020-måla. Likevel er fleire av bevaringsprogramma prega av eit stort og aukande etterslep. Det er derfor sett i gang eit arbeid i 2016 for å sjå nærare på behov for å endre dei nasjonale måla.

Resultatområde

Tabell 7.10 Resultatområde under programkategori 12.30.

Resultatområdet

Nasjonale mål

Kulturminne og kulturmiljø

  • Tapet av verneverdige kulturminne skal minimerast.

  • Eit prioritert utval automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

  • Eit representativt utval kulturminne og kulturmiljø skal vere vedtaksfreda innan 2020.

  • Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

Politikk for å nå dei nasjonale måla for kulturminne og kulturmiljø

Regjeringa prioriterer høgt å leggje til rette for vern gjennom bruk. Ei forvalting prega av partnarskap mellom styresmakter, private eigarar og andre aktuelle aktørar, og å sikre gode rammevilkår for verdiskaping, opplevingar og kunnskap med utgangspunkt i kulturhistoriske verdiar er viktig.

Gode fagdatabasar/styringsdata som gir kunnskap om og oversikt over kulturhistoriske verdiar – kor dei er og kva slag tilstand dei er i – er avgjerande for å kunne bruke verkemidel riktig og å setje inn tiltak der dei trengst mest og verkar best. Kunnskapsløftet for kulturminnefeltet er ei prioritert satsing for Riksantikvaren, som skal sikre god tilgang av kulturminnedata på tvers av forvaltningsnivå og for publikum.

Store endringar i busetjingsmønstret med sterk befolkningsvekst i og omkring byane, medfører auka press på areal og bygningar i byane og fører til at areal og bygningar går ut av bruk andre stader. Samtidig er kulturminne og kulturmiljø en viktig ressurs i byutviklinga. Mange historiske stader og enkeltbygningar er trekkplaster for turistar, og utgjer ofte ein ressurs også for andre næringar. Kulturminne er ein viktig del av regjeringas bymiljøpolitikk. Riksantikvaren vil i løpet av hausten 2016 leggje fram forslag til ein bystrategi som grunnlag for kulturminneforvaltninga sitt vidare arbeid innan byutvikling. KLD er òg, saman med HOD og KMD, involvert i eit 3-årig nordisk bymiljøprosjekt, «Attraktive byer». Prosjektet er knytt til norsk formannskap i Nordisk Ministerråd 2017. Kulturminne og bymiljøpolitikk inngår òg som eitt blant fleire miljøpolitiske område som vil bli tekne opp i «Dialogforumet for Grøn byutvikling» med dei største byane som KLD har etablert i samarbeid med KMD.

Kunnskapsløftet skal vere med på å gi kommunar eit godt fagleg grunnlag for å planleggje for desse endringane på ein måte der kulturhistoriske verdiar blir tekne vare på og medverkar til ei utvikling med gode og attraktive miljø for busetjing og næringsverksemd.

Innsatsen i dei ti tematiske bevaringsprogramma er avgjerande for at man skal kunne setje i stand og halde ved like kulturminne av høg nasjonal verdi. Bevaringsprogrammet for istandsetjing av freda kulturminne i privat eige er særleg prioritert. I stavkyrkjeprogrammet vart istandsetjinga av våre 28 stavkyrkjer sluttført i 2015. Fortløpande vedlikehald og oppgradering av brannslokkingsanlegg og andre sikringstiltak vil vere prioriterte tiltak framover.

Forvaltinga av dei norske verdsarvområda inneber særlege forpliktingar. Oppfølging av autorisasjonsordninga for verdsarvsenter og utvikling av dei tre autoriserte verdsarvsentra i Alta, på Vega og i Geiranger vil bli prioritert. Arbeidet med ein plan for det vidare arbeidet med etablering av verdsarvsenter ved dei norske verdsarvstadene vil bli ferdigstilt i løpet av hausthalvåret 2016. Planen vil bli lagt til grunn for prioriteringa av eventuelle ytterlegare autoriseringar av senter avhengig av budsjettføresetnader og andre rammevilkår. Frå 2017 blir det lagt til rette for autorisering av to nye verdsarvsenter. Internasjonalt er kapasitetsbygging under verdsarvkonvensjonen eit stort behov. Noreg medverkar i dette arbeidet gjennom ei satsing ved ei seksårig avtale (2016–2021) med IUCN og Iccrom om programsamarbeidet «World Heritage Leadership – a new capacity building programme of Iccrom and IUCN».

Kunnskapsløftet

Kunnskapsløftet er ei hovudsatsing for kulturminnefeltet, for å svare på Riksrevisjonens funn frå 2009. Prosjektet varer fram til 2017. Prosjektet har så langt gitt gode resultat, men det står framleis att uløyste oppgåver. Regjeringa er oppteken av at det blir utvikla eit modernisert og digitalisert forvaltnings- og saksbehandlingssystem som sikrar likebehandling, standardisering, forenkling og effektivisering av arbeidsprosessar på tvers av forvaltingsnivåa. Hovudsatsinga i 2017 vil blant anna vere å utvikle vidare kulturminneportalen, eit digitalt verktøy som vil gjere det mogleg å gjere informasjon frå forskjellige kjelder tilgjengeleg i same brukarsnitt for regional og lokal forvaltning og eigarar av kulturminne.

Boks 7.2 Kunnskapsløftet

Kunnskapsløftet

Riksantikvarens viktigaste satsing for å effektivisere og modernisere kulturminneforvaltninga har så langt vore gjort innanfor Kunnskapsløftet. Delar av denne satsinga svarer på digitaliseringsrundskrivet sine utfordringar: digitalisering av eigne arkiv, vidareutvikling av kulturminnedatabasen Askeladden og etablering av ein kulturminneportal. På alle desse punkta er det gjort godt arbeid i 2015/16. Riksantikvaren har med Kunnskapsløftet etablert eit grunnlag for å hente ut digitaliseringsgevinstar i kulturminneforvaltninga. Det større arbeidet med å digitalisere arbeidsflyten og arbeidsflatene i heile Kulturminneforvaltninga vil byggje vidare på dei investeringane som er gjort.

Digitalisering av forvaltninga

På grunnlag av investeringane og resultata frå Kunnskapsløftet, helt Riksantikvaren fram arbeidet med å digitalisere og effektivisere arbeidsflyten i Kulturminneforvaltninga i 2017. Digitaliserte historiske arkiv, ein oppdatert Askeladden-database, samordning av datakjelder og fleire registreringar i databasen er viktige føresetnader for å digitalisere kulturminneforvaltninga. Riksantikvaren vil i 2017 ha fokus på å effektivisere dataflyt og å digitalisere saksbehandlingsrutinane. Målet er mindre ressurskrevjande og meir straumlinjeforma saksbehandlingsprosessar, lett tilgjengeleg kulturminneinformasjon og smidig digital kommunikasjon, både for publikum, for fylkesforvaltninga og for Riksantikvaren sjølv.

Bevaringsprogramma

I juni 2013 slutta eit samla storting seg til Meld. St. 35 (2012–2013) Framtid med fotfeste der både ambisjonsnivået og måla Stortinget vedtok i 2005 vart haldne ved lag og førte vidare. Etableringa av dei ti bevaringsprogramma i 2006 er den viktigaste satsinga for å nå dei nasjonale måla i 2020. Programma har gitt mange gode resultat, men fleire av programma har likevel store utfordringar. Dette gjeld særleg bevaringsprogrammet for private eigarar av freda bygningar som har stort etterslep. Private eigarar og frivillige gjer ein stor innsats for å ta vare på freda og verneverdige kulturminne. Regjeringa er oppteken av å betre rammevilkåra for dei private eigarane. Regjeringa er òg oppteken av å halde ved like og brannsikre stavkyrkjene og dei tette trehusmiljøa på ein god måte og vil også i 2017 fokusere på dette viktige arbeidet.

Bygg og Bevar

Prosjektet Bygg og Bevar har gått føre seg sidan 2009, og er eit samarbeid med Byggenæringas landsforeining. Nettportalen er ein god arena for samarbeid mellom det offentlege og dei private eigarane av freda og verneverdige bygningar. Portalen gir blant anna informasjon om handverkarar med riktig kompetanse, produkt- og bransjeinformasjon om materiale og restaurering og riktig energirehabilitering utan at kulturhistoriske verdiar går tapt. Nettportalen er eit viktig bidrag for å betre rammevilkåra for dei private eigarane. I samarbeid med Byggenæringas landsforeining vil dette arbeidet bli ført vidare i ein ny programfase over fem år (2016–2020).

Nærare om budsjettforslaget

Foreslått løyving knytt til programkategorien er i 2017 på om lag 692,3 mill. kroner. Dette er ein reduksjon på 16,1 mill. kroner netto, samanlikna med saldert budsjett for 2016.

Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

1429

Riksantikvaren

575 201

621 288

605 612

-2,5

1432

Norsk kulturminnefond

75 444

87 094

86 659

-0,5

Sum kategori 12.30

650 645

708 382

692 271

-2,3

Kap. 1429 Riksantikvaren

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

133 831

129 450

146 852

21

Spesielle driftsutgifter

43 415

39 899

51 363

22

Bevaringsoppgåver, kan overførast

22 562

24 500

24 378

50

Tilskot til samisk kulturminnearbeid

3 396

3 471

3 551

60

Kulturminnearbeid i kommunane

4 000

2 116

2 116

70

Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne, kan overførast

29 817

30 164

28 164

71

Tilskot til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap, kan overførast

125 521

122 015

122 015

72

Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne, kan overførast

52 769

54 045

51 545

73

Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring, kan overførast

43 060

45 952

45 952

74

Tilskot til fartøyvern, kan overførast

60 359

101 883

61 883

75

Tilskot til fartøyvernsenter, kan overførast

7 576

10 757

10 757

77

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområde, kan overførast

8 242

5 000

5 000

79

Tilskot til verdsarven, kan overførast

40 653

52 036

52 036

Sum kap. 1429

575 201

621 288

605 612

Rolle og oppgåver for Riksantikvaren

Riksantikvaren er direktorat for kulturminneforvalting og Klima- og miljødepartementets rådgivande og utøvande faginstans for forvalting av kulturminne, kulturmiljø og det kulturhistoriske innhaldet i landskapet. Riksantikvaren skal medverke fagleg til departementet sitt arbeid med kulturminneforvaltning. Innsats og verkemiddel er særleg knytte til gjennomføring av dei ti bevaringsprogramma for nasjonalt viktige kulturminne, til prosjektet Kunnskapsløftet for kulturminneforvaltninga og til verdiskaping på kulturminneområdet. Riksantikvaren skal i partnarskap med eigarane og næringslivet stimulere til auka verneinnsats og verdiskaping. Direktoratet har òg ein rådgivande funksjon overfor anna offentleg forvalting, ålmenta og næringslivet.

I saker der Riksantikvaren utøver mynde etter særlov, skal både kulturminnefaglege og andre samfunnsomsyn leggjast til grunn for avgjerdene. Riksantikvaren har ansvaret for å gjennomføre den statlege kulturminnepolitikken, og har i den samanhengen eit overordna kulturminnefagleg ansvar for arbeidet fylkeskommunane, Sametinget, forvaltningsmusea og Sysselmannen på Svalbard utfører som regionale styresmakter for kulturminne. Tilretteleggings- og stimuleringstiltak skal medverke til at kommunane tek omsyn til kulturminne og kulturmiljø som viktige element og ressursar. Riksantikvaren skal formidle kontakt mellom norske og internasjonale fagmiljø, representere norske styresmakter i relevante internasjonale organ og sjå til at folkerettsleg bindande avtaler om kulturminne og kulturmiljø blir etterlevde.

Post 01 Driftsutgifter

Hovuddelen av løyvinga dekkjer lønn og godtgjersler til tilsette, husleige, oppvarming, reinhald, IKT, reiseverksemd, informasjonstiltak og andre driftsutgifter for Riksantikvaren. Posten dekkjer i tillegg kjøp av konsulenttenester til faglege prosjekt og utgreiingar, under dette kostnader knytte til Riksantikvarens drift og oppfølging av elektronisk biletarkiv for miljøforvaltinga. Inntekter knytte til dette blir førte under kap. 4429 post 02 og 09.

Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4429, post 02 og 09, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Rapport 2015

Størsteparten av midlane er lønnskostnader. I perioden frå 2010 til 2015 har talet på faste årsverk vore uendra, mens lønnsbudsjettet har auka med rundt 20 pst. Veksten i lønnsbudsjettet skuldast generell lønnsauke og bruk av mellombels tilsette og ekstrahjelp. I den same tidsperioden har budsjettposten for andre driftsutgifter auka med rundt 5 pst. Dette skuldast blant anna auke i faste lisens- og vedlikehaldsavtaler knytte til utviklinga og drifta av IKT-baserte fagsystem, prisstigning og auka driftskostnader i samband med pilegrimssenteret.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Midlar på denne posten blir nytta til kjøp av digitale utviklingstenester, støtte til registreringsarbeid og til å utvikle og etablere kompetansetiltak innanfor prosjektet Kunnskapsløftet for kulturminneforvaltinga (2011–2017).

Post 21 dekkjer prosjektmidlar til fagleg samarbeid med andre land i samsvar med norske prioriteringar, medlemsutgifter og utgifter knytte til samarbeidsavtaler og utgreiingsarbeid. Midlar til det internasjonale kurset i konservering av tre (ICWCT – International Course on Wood Conservation Technology) blir òg dekte over denne posten. Midlane blir elles nytta til kjøp av vedlikehalds- og istandsetjingstenester for bygningar som Riksantikvaren sjølv har eit eigar-/forvaltningsansvar for.

Riksantikvaren kan lyse ut forskings- og utviklingsmidlar innanfor denne potten, og bestiller utgreiingar blant anna på klima- og energifeltet.

Auken på posten skuldast ei omprioritering innanfor ramma for å sluttføre Kunnskapsløftet.

Rapport 2015

24,7 mill. kroner av post 21 er nytta i prosjektet Kunnskapsløftet for kulturminneforvaltninga i 2015.

Tabell 7.11 Aktivitet i kunnskapsløftet for kulturminneforvaltninga i 2015

Aktivitet

Forbruk (i 1000 kr)

Kulturminneportal

0

Lønn, reise- og kompetansemidlar

3 674

Lokale kulturminneregistreringar og arbeid med kulturminneplanar i kommunane

5 450

Fylkeskommunane sitt arbeid med kompetansemodellar for kommunar i eigen region

1 234

Systematisering og digitalisering av eldre analog dokumentasjon

4 090

Sametingets registreringar av automatisk freda samiske bygningar

4 200

Digitale verktøy og tekniske tilretteleggingar

805

Informasjonsarkitektur

5 283

Miljøovervaking, verneverdige

0

Sum

24 736

Riksantikvaren utarbeide i 2015 «Fredningsstrategi mot 2020 for kulturminneforvaltningen». Fredingsstrategien angir innanfor kva tema vi i dag manglar freda bygg eller anlegg, det vere seg eksempelvis nasjonale minoritetar, handel eller rekreasjon, fritid og folkehelse. Nye fredingssaker skal vere innanfor dei prioriterte tema, og startast opp i eit avgrensa omfang. Fredingsstrategien angir òg korleis kulturminneforvaltninga skal arbeide effektivt og på lag med eigar i nye fredingssaker.

Med forankring i «Fredningsstrategi mot 2020» vart det brukt midlar til fleire prosjekt med mål om å finne fram til eit representativt utval kulturminne blant minoritetane sine kulturminne, grøne kulturminne og krigens kulturminne. Arbeidet held fram i 2016.

I 2015 vart det i prosjektet Statens kulturhistoriske eigedommar freda 18 eigedommar knytte til landsverneplan for Klima- og miljødepartementet. Riksantikvaren brukte òg noko midlar for oppfølging av arbeidet og prosessen av landsverneplanane i dei departementa som ikkje har ferdigstilt sine landsverneplanar.

I 2015 vart det arbeidd med kulturmiljøfredinga av Skudeneshavn. Med bakgrunn i erfaringane frå kulturmiljøfredinga av Levanger og betydninga av ei lokal forankring vart det brukt høvesvis 0,4 mill. kroner til prosjektstilling for å utarbeide forslag til forvaltningsplan for kulturmiljøfredinga. Tilsvarande sum vart skoten inn frå Karmøy kommune og Rogaland fylkeskommune, med halvparten frå kvar av dei. Inntil 0,25 mill. kroner var sett av til kjøp av tenester, bl.a. layout og opptrykk av forvaltningsplan til lokal høyring og offentleg ettersyn som vart sendt ut i oktober 2015. Det vart òg gitt 0,12 mill. kroner i prosjektmidlar til fargeundersøking i Skudeneshavn.

0,8 mill. kroner er nytta til pilegrimsleia gjennom Nasjonalt pilegrimssenter. Midlane på posten er elles nytta til kjøp av vedlikehalds- og istandsetjingstenester for bygningar som Riksantikvaren sjølv har eit eigar-/forvaltaransvar for.

I 2015 greidde Riksantikvaren ikkje å setje av midlar til utlysing av FoU-prosjekt. Det blei gitt midlar til prosjekter som støtta opp under strategiske satsingar hos Riksantikvaren, under dette å ivareta klima- og energiomsyn og utvikle tilpassa datatenester. I tillegg vart prosjektet dendrokronologisk analyse av etterreformatoriske kulturminne (hamnekonstruksjonar i Bjørvika) støtta med midlar. Resultata av dette arbeidet vil kunne gi ny kunnskap om Oslos tidlege historie.

I 2015 vart to store miljøovervakingsprogram avslutt («Fortidens minner i dagens landskap» og «Gamle hus da og nå»). Samtidig er det inngått avtale om to nye program, som byggjer på dei avslutta, for perioden 2015–2020 (overvaking av tap og skade på arkeologiske kulturminne og kartlegging av tap og skade på verneverdige kulturminne i utvalte kommunar). Justeringa er i tråd med Riksantikvarens målsetjing om å aktualisere av MOV-arbeidet og i samsvar med kunnskapsbehov.

I 2015 gjekk det òg midlar til å leggje til rette for møteplassar mellom kulturminneforvaltninga og forskarar, ein viktig del av Riksantikvarens forskingsstrategi, under dette eit seminar med presentasjon av forskingsresultat som Riksantikvaren har gitt FOU-midlar til.

I 2015 fekk 53 kommunar midlar over prosjekt kunnskapsløftet til å utarbeide kommunale kulturminneplanar og 11 fylkeskommunar og Bergen kommune fekk midlar til å medverke i dette arbeidet. Ved utgangen av 2015 var ca. 190 kommunar i gang med å lage kommunale kulturminneplanar og omlag 68 var ferdige. Det er målsetjinga at 90 pst. av alle landets kommunar skal ha ferdig kommunal kulturminneplan innan 2020.

Post 22 Bevaringsoppgåver, kan overførast

Tunge nasjonale bevaringsoppgåver er det i visse tilfelle verken føremålstenleg eller mogleg å gjennomføre ved å dele ut tilskot til lokale prosjekteigarar. I desse tilfella må Riksantikvaren fungere som prosjekteigar. Sidan dette er prosjekt som i dei fleste tilfella går over fleire år, og det ikkje alltid let seg gjere å anslå det eksakte utbetalingsbehovet kvart enkelt år, er midlane plassert på post 22, der dei kan overførast. Dette gjeld fleire store prosjekt, som Bryggen i Bergen og brannsikring av stavkyrkjer, som er avhengig av fleirårige avtaler med leverandørar.

Post 50 Tilskot til samisk kulturminnearbeid

Midlane er stilte til disposisjon for Sametinget, og kjem i tillegg til dei ordinære løyvingane til kulturminneformål frå kap. 1429 post 71 Tilskot til freda kulturminne i privat eige og kulturmiljø og kulturlandskap.

Mål

Å setje i stand og synleggjere samiske kulturminne og kulturmiljø. Midlane under post 50 er relaterte til dei nasjonale måla:

«Tapet av verneverdige kulturminne skal minimerast» og «Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020».

Kriterium for måloppnåing

  • Tal på registrerte, freda, samiske kulturminne i privat eige i kulturminnedatabasen Askeladden.

  • Tal på freda, samiske bygningar i privat eige med ordinært vedlikehaldsnivå.

  • Opplysningar om tiltak retta mot freda, samiske kulturminne.

Tildelingskriterium

Målgruppa er private eigarar av samiske kulturminne og kulturmiljø. Midlane blir tildelte større vedlikehalds- og restaureringsarbeid, men går òg til skjøtsel, sikring, istandsetjing og formidling, etter søknad til Sametinget.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skal skje overfor tilskotsmottakar gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle kan det vere aktuelt med kontroll på staden for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.

Rapport 2015

Sametinget rapporterer til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for denne posten.

Post 60 Kulturminnearbeid i kommunane

Posten var ny i 2014 og oppretta som eit ledd i ei særskilt satsing på kommunal kulturminnekompetanse, frå andre halvår 2014 til første halvår 2016.

Ved utløp av prosjektperioden skal midlane tilbakeførast til post 21 og arbeidet med kunnskapsløftet. Erfaringane frå prosjektperioden vil bli trekte inn i det vidare arbeidet med å styrkje kommunanes kompetanse.

Rapport 2015

Riksantikvaren har gitt tilskot til ti byantikvarstillingar i 2015: Eigersund, Fredrikstad, Frogn, Kragerø/Risør (fellessøknad), Levanger, Lærdal, Moss, Odda, Kongsberg og Steinkjer. Det er tilsett byantikvarar i alle stillingane. I tillegg til tilskot har Riksantikvaren også invitert til nettverkssamlingar for «gamle og nye» byantikvarar. Byantikvarane vert òg inviterte til Riksantikvaren sitt Haustmøte – eit årleg arrangement i november for heile kulturminneforvaltninga.

Post 70 Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne, kan overførast

Posten dekkjer utgifter til arkeologiske undersøkingar ved mindre, private tiltak og når særlege grunnar ligg føre.

Delar av midlane under posten er knytte til bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG) og for utvalde, arkeologiske kulturminne og kulturmiljø (BARK).

Posten dekkjer òg tilskot til arkeologiske museum, sjøfartsmuseum og Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU).

Posten er òg nytta til finnarløn.

0,25 mill. kroner er flytt frå posten til post 22 og skal nyttast til tenester i samband med dei to bevaringsprogramma utvalde arkeologiske kulturminne og kulturmiljø og bergkunst der Riksantikvaren står som tilsegnshavar og gjennomførar av oppgåvene.

Midlane under posten er relaterte til nasjonalt mål: «Eit prioritert utval automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan2020». Nettsida Miljøstatus.no viser grad av måloppnåing for dei nasjonale måla.

Mål

Medverke til forvaltning av og ivaretaking av kunnskapen om automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne og kulturmiljø.

Kriterium for måloppnåing

Tiltak retta mot sikring, tilrettelegging og dokumentasjon av automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne i bevaringsprogrammet for bergkunst og bevaringsprogrammet for utvalde, arkeologiske kulturminne.

Tiltak retta mot sikring av kunnskap om automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne.

Tildelingskriterium

Målgruppa for tilskotet er tredelt:

Ei målgruppe er private tiltakshavarar. Staten dekkjer som hovudregel utgiftene til registreringar og utgravingar av arkeologiske kulturminne i samband med mindre private tiltak og dersom det ligg føre særlege grunnar, jf. kulturminnelova § 10.

Ei anna målgruppe er forvaltarar av arkeologiske kulturminne. Tilskota blir i hovudsak nytta til oppfølging av dei to bevaringsprogramma utvalde arkeologiske kulturminne og kulturmiljø og bergkunst. Midlane blir tildelte etter søknad til Riksantikvaren.

Midlane nyttast og til nødvendig fagleg assistanse til fylkeskommunane og Sametinget i forvaltingssaker. Midlane dekkjer nødvendig fagleg assistanse frå Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU). Midlane skal vidare nyttast til å dekkje utgifter til nødvendige undersøkingar for å sikre det vitskaplege kjeldematerialet og til anna arbeid for å sikre kulturminnet på staden, til hjelp i kulturminnekriminalitetssaker og ved dei arkeologiske forvaltingsmusea. I tillegg skal midlane dekkje saksbehandling og feltundersøkingar ved sjøfartsmusea.

Posten dekkjer òg finnarløn fastsett etter skjønn av Riksantikvaren i medhald av kulturminnelova § 13.

Oppfølging og kontroll

Riksantikvaren skal kontrollere at tiltakshavar oppfyller kriteria for å få tilkjent dekning av utgifter til registreringar og utgravingar. Riksantikvaren overfører midlar til dei arkeologiske forvaltningsmusea og til regional kulturminneforvaltning etter framlegging av rekneskap over forskotterte midlar og etter framlagt sluttregnskap.

Forvaltarar av arkeologiske kulturminne leverer sluttrapportar på utført arkeologisk arbeid til Riksantikvaren som kontrollerer at arbeidet er utført i samsvar med dei aktuelle vilkåra. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden.

Forvaltningsinstitusjonar rapporterer om bruk av tildelte midlar.

Rapport 2015

I 2015 har 28 prosjekt som omfattar 190 lokalitetar i Askeladden, motteke tilskot på til saman 3,2 mill. kroner frå Bevaringsprogrammet for utvalte, arkeologiske kulturminne og kulturmiljø (BARK). Det er utført skjøtsel og tilrettelegging av arkeologiske kulturminne og kulturmiljø over heile landet. Saman med tiltak som er ført vidare frå 2014 inngår 384 lokalitetar i desse aktivitetane. Det er òg gjennomført eit skjøtselseminar for fylkeskommunar og Sametinget.

Gjennom bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG) er det i 2015 utført dokumentasjon, skjøtsel, tilrettelegging og sikring av bergkunstlokalitetar over heile landet, og det er gjennomført tiltak og prosjekt innan metodeutvikling og formidling. I 2015 vart det gitt tilskot på 6,2 mill. kroner til fylkeskommunar/Sametinget og dei arkeologiske forvaltingsmusea for tiltak innan skjøtsel og tilrettelegging av 91 bergkunstlokalitetar. Saman med tiltak som er ført vidare frå 2014 har arbeidet omfatta 155 lokalitetar. Det er òg utført dokumentasjon av 87 bergkunstlokalitetar.

Det er gjennomført ei rekkje arkeologiske undersøkingar i 2015 knytt til ordninga der staten dekkjer utgifter til arkeologiske undersøkingar i samband med mindre, private tiltak, og dersom det ligg føre særlege grunnar.

Midlar frå posten er i 2015 mellom anna brukt til å dekkje sikring av erosjonsutsette tufter frå steinalder i Glomma, opprydding etter rotvelte på fleire gravhaugar og undersøking av eit skjelett i ein brønn frå mellomalderen på Sverresborg i Trondheim.

Tabell 7.12 Tiltak til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne 2015

Tiltak

Tal på saker

Tilskot (i 1 000 kr)

Merknader

Mindre private tiltak. Direkte tilskot frå RA

41

8 401

Midlane blir betalte ut til den institusjonen som gjennomfører utgravinga

Mindre, private tiltak. Tilskot til fylka i samband med prøveprosjekt med delegert mynde.

2

119

Særlege grunnar. Direkte tilskot frå RA

12

3 276

Sikring av arkeologiske kulturminne og vitskapleg kjeldemateriale

22

5 411

Andre prioriterte myndigheitsoppgåver ved dei arkeologiske forvaltningsmusea

5

1 005

Saksbehandling ved sjøfartsmusea

5

5 100

Finnarlønn

1

0,75

Bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG)

6 200

Sjå ovanfor

Bevaringsprogrammet for utvalte arkeologiske kulturminne og kulturmiljø (BARK)

3 200

Sjå ovanfor

Sum

88

32 712,75

Post 71 Tilskot til freda kulturminne i privat eige og kulturmiljø og kulturlandskap, kan overførast

Midlane på posten går i hovudsak til bevaringsprogrammet freda bygningar i privat eige. Kulturmiljø, kystkultur og kulturlandskap får òg tilskot frå posten. Midlane under posten er relaterte til nasjonalt mål: «Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan2020». Nettsida Miljøstatus.no viser grad av måloppnåing for dei nasjonale måla.

I samband med realitetsvurdering av Bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige, foreslår Riksantikvaren at det blir innført ei ordning som skal sikre at freda bygningar får eit jamt vedlikehald.

Mål

Freda og andre særleg verdifulle kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap i privat eige skal vere sette i stand til ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

Kriterium for måloppnåing

  • Tiltak retta mot freda bygningar og anlegg i privat eige.

  • Tiltak retta mot freda eller spesielt verneverdige kulturminne og kulturmiljø langs kysten.

  • Tiltak retta mot freda kulturmiljø og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap.

Tildelingskriterium

Ei målgruppe er private eigarar og forvaltarar av bygningar, anlegg, kulturmiljø og landskap som er vedtaksfreda, automatisk freda, mellombels freda eller der fredingssak er under behandling. Tilskot skal dekkje meirutgifter, heilt eller delvis, i samband med antikvarisk sikring, istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av freda kulturminne og kulturmiljø, i samsvar med fredingsføremålet. Følgjande prioriteringar gjeld: tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, mellombels sikring og tiltak som sikrar bygningar og anlegg det finst få av.

Andre målgrupper er private eigarar og forvaltarar av freda eller spesielt verneverdige kulturminne og kulturmiljø som er typiske for liv og verksemd langs kysten. Tilskota blir fordelte på grunnlag av følgjande prioriteringar: tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, mellombels sikring og tiltak som sikrar kulturminne og kulturmiljø som det finst få av. I arbeidet med kystkulturen skal det leggjast til rette for at kulturminne og kulturmiljø kan medverke til å skape attraktive lokalsamfunn.

Siste målgruppe er private eigarar og forvaltarar, i første rekkje knytt til dei ni freda kulturmiljøa, men òg til andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap. Tilskota skal primært tildelast tiltak som er forankra i forvaltnings- og skjøtselsplanar.

2 mill. kroner er øyremerkte sikring og istandsetjing av samiske bygningar. Midlane vil bli utbetalte av Riksantikvaren etter oppmoding frå Sametinget. Riksantikvaren vil gi nærare føringar for bruken av tilskotet.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakaren skal levere sluttrapportar på utført arbeid til fylkeskommunen/Sametinget som skal sjå til at arbeidet er utført i samsvar med dei vilkåra som er sette. Fylkeskommunen/Sametinget skal rapportere til Riksantikvaren.

Når det gjeld den siste målgruppa og tilskot til dei ni freda kulturmiljøa og til andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap, skal tilskotsmottakaren levere sluttrapportar på utført arbeid til Riksantikvaren som skal sjå til at arbeida blir utførte i samsvar med dei aktuelle vilkåra. Fagleg oppfølgingsansvar kan leggjast til fylkeskommunen/Sametinget.

I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden.

Rapport 2015

I 2015 vart det brukt 111,8 mill. kroner i bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige. Hovuddelen av posten blei fordelt til fylkeskommunar som vil setje i gang eit utval prioriterte prosjekt. På den måten vil midlane blir meir konsentrerte, slik at fleire prosjekt blir avslutta, og effekten av den offentlege innsatsen blir tydelegare. I alt vart det gitt tilskot til 484 søkjarar frå fylkeskommunane og Riksantikvaren i 2015.

2 mill. kroner blei overført til Sametinget for sikring og istandsetjing av eit mindre utval samiske bygningar. I alt 11 samiske bygningar fekk tilskot frå Sametinget i 2015, omtrent det same talet som i dei andre åra ordninga har eksistert (frå og med 2012). Når registreringa av dei automatisk freda samiske bygningane vert avslutta i 2017, vil rundt 1200 bygningar ha vorte registrerte, og anslagsvis 400–600 av desse vil trenge tilskot til vedlikehald og sikring.

Post 72 Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne, kan overførast

Midlane under posten er relaterte til nasjonalt mål: «Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan2020». Nettsida Miljøstatus.no viser grad av måloppnåing for dei nasjonale måla.

Mål

Målet med bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne er å setje i stand og vedlikehalde dei prioriterte tekniske og industrielle anlegga. Med dette er meint normalt vedlikehaldsnivå innanfor definert omfang. Dei ti opphavlege anlegga i bevaringsprogrammet skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan utgangen av 2015, mens dei fem anlegga som er inkluderte i programmet i ettertid skal vere sette i stand i løpet av tre til fem år etter at dei kom med i programmet. Tilskotsordninga er relatert til nasjonalt mål: «Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan2020».

For å styrkje kompetansen innan forvaltning, drift og vedlikehald, og medverke til nettverksbygging, samarbeid og auka kunnskap omkring denne typen kulturminne, arrangerer Riksantikvaren eit årleg fagseminar for dei prioriterte anlegga. Det er ei målsetjing at dette forumet blir ført vidare.

Kriterium for måloppnåing

Anlegget skal vere sett i stand og ha eit normalt vedlikehaldsnivå med minimum tilstandsgrad 2 i eksteriør.

Interiør/maskinpark skal vere sett i stand og ha eit normalt vedlikehaldsnivå der dette er vurdert som ein del av anlegget sitt omfang. Dette må ikkje forvekslast med drift eller produksjon, men inngår som ein del av det fortløpande vedlikehaldet av anlegga.

I løpet av 2016 skal Riksantikvaren sluttføre arbeidet med indikatorar for måloppnåing på programmet. Dette vil vere viktig for å sikre ei felles forståing av istandsett. Istandsett må i denne samanhengen ikkje forvekslast med sluttført eller ferdigstilt. Tekniske og industrielle kulturminne vil også etter at dei har oppnådd normalt vedlikehaldsnivå ha behov for løyvingar for å dekkje vedlikehald og eventuelle skadar, jf. Prop. 1 S (2012–2013). Det skal liggje føre ein verksemdsplan med tilstandsvurdering og kostnadsberekning for det omfanget av anlegget som det er semje om. Planen skal ta for seg anlegga sine resterande behov for istandsetjing, og kostnadene ved ordinært vedlikehald. Planen skal liggje føre innan utgangen av 2017. Som ein del av planen, skal det òg liggje føre ein brannteknisk gjennomgang av anlegga i bevaringsprogramma. Ein slik gjennomgang kan med fordel utførast i samarbeid med det kommunale brannvesenet. Det kan gis eit mindre tilskot til dette arbeidet over post 72.

Tildelingskriterium

Målgruppa er eigarar og forvaltarar av tekniske og industrielle anlegg.

Ved fordeling av tilskot vurderer Riksantikvaren fleire forhold:

  • Om anlegget inngår i Riksantikvarens bevaringsprogram for tekniske og industrielle kulturminne.

  • Anlegget eller kulturminnet sin autentisitet og representativitet for norsk teknologisk og industriell historie.

  • Allmenn interesse, offentleg tilgang, økonomisk gjennomføringsvilje og -evne, potensial for lokalt engasjement og særlege opplevings- og formidlingsverdiar.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakaren skal levere sluttrapportar på utført arbeid til Riksantikvaren som ser til at arbeida er utførte i samsvar med dei aktuelle vilkåra. Kontrollen av tilskotsmottakaren skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og innsende rapportar. Oppfølging på staden er særleg aktuelt og viktig for å sikre at arbeidet vert utført i samsvar med økonomireglementet for staten og antikvariske retningslinjer.

Rapport 2015

I 2015 omfatta bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne 15 prioriterte anlegg.

I 2015 vart det brukt 31,5 mill. kroner i forvaltning, drift og vedlikehald av dei 15 anlegga i bevaringsprogrammet tekniske og industrielle kulturminne.

Tilskotsfordelinga til bevaringsprogrammet har fram til i dag hatt ein positiv effekt for å nå målsetjinga om normalt vedlikehaldsnivå, og ti av dei 15 anlegga hadde status som ferdigstilte ved utgangen av 2015.

For å sikre framdrift i måloppnåinga har Riksantikvaren i 2015 ført vidare arbeidet med å definere omfanget til kvart enkelt anlegg. Føremålet er at kvart anlegg skal utarbeide ein verksemdsplan med kostnadsberekning for vidare å kunne utarbeide indikatorar for måloppnåing. Arbeidet med å definere eit omfang av anlegga vart sluttført hausten 2015. I 2015 førte Riksantikvaren vidare Industrianleggas Fellesråd, og eit nytt fagseminar er under planlegging i Kristiansand hausten 2016.

Anlegg

Tilskot FDV

Tilskot istandsetjing

Sum total

Anlegg i bevaringsprogrammet

Atlungstad Brenneri

2 100

1 426

3 526

Bredalsholmen Dokk

1 450

1 626

3 076

Fetsund lenser

3 021

1 099

4 120

Folldal Gruver

2 276

855

3 131

Haldenkanalen

1 698

1 919

3 617

Kistefos Træsliperi

1 470

905

2 375

Klevfos Cellulose- og Papirfabrik

1 296

0

1 296

Neptun sildeoljefabrikk

2 205

0

2 205

Næs jernverksmuseum

1 429

0

1 429

Odda smelteverk

1 174

2 455

3 629

Rjukanbanen

3 406

2 391

5 797

Salhus tricotagefabrik

2 003

0

2 003

Sjølingstad Uldvarefabrik

3 106

955

4 061

Spillum dampsag & høvleri

2 735

0

2 735

Tyssedal kraftverk

2 110

0

2 110

Sum anlegg i bevaringsprogrammet

31 479

13 631

45 110

Anlegg utanfor bevaringsprogrammet

Pressemuseet Fjeld Ljom

50

50

Hagevik Tønnefabrikk

450

450

Minneslippen

50

50

Thamshavnbanen

1 049

1 049

Sellevåg Treskofabrikk

187

187

Tjørvåg Selspekkeri

198

198

Vigsnes Gruveområde

328

328

Sum anlegg utanfor bevaringsprogrammet

2 312

2 312

Sum total

31 479

15 943

47 422

Post 73 Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring, kan overførast

Tilskotsordninga er knytt til dei fire bevaringsprogramma: stavkyrkjer, ruinar, freda bygningar i privat eige, brannsikring av tette trehusmiljø og stavkyrkjer.

Midlane under posten er relaterte til nasjonalt mål: «Eit prioritert utval automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan2020» og «Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan2020». Nettsida Miljøstatus.no viser grad av måloppnåing for dei nasjonale måla.

Mål

Dei 28 stavkyrkjene blei ferdigstilte i 2015 slik at dei no har oppnådd eit ordinært vedlikehaldsnivå. Frå 2016 vil fortløpande vedlikehald og tjærebreiing av stavkyrkjene bli prioritert. Prioriterte ruinar og profane bygningar frå mellomalderen skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020. Bevaringsprogrammet for brannsikring har som mål at branntilløp og brann i stavkyrkjer, og brannspreiing mellom hus i tette trehusmiljø, skal unngåast.

Kriterium for måloppnåing

  • Tiltak retta mot stavkyrkjer, profane bygningar og prioriterte ruinar frå mellomalderen, og opplysningar om tilstandane til desse kulturminna.

  • Brannsikringstiltak i stavkyrkjer og tette trehusmiljø.

  • Eventuell brann eller branntilløp i stavkyrkjer og om tilfelle av brannspreiing mellom hus i tette trehusmiljø.

Tildelingskriterium

Målgruppa er eigarar og forvaltarar av automatisk freda bygningar og anlegg frå mellomalderen og eigarar av utvalde tette trehusmiljø. Midlane skal gå til vern, sikring og beredskapsarbeid. Dette inkluderer brannsikringstiltak, vedlikehaldsprogram for stavkyrkjene og sikring av verdifull kyrkjekunst i desse kyrkjene. Det skal òg ytast tilskot til sikrings- og restaureringstiltak på mellomalderbygningar og mellomalderruinar. Det blir lagt vekt på prosjekt som har overføringsverdi når det gjeld brannsikring av andre verdifulle kulturminne og kulturmiljø.

Istandsetjingstiltak skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå Riksantikvaren. Riksantikvaren kan sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak på særleg viktige prosjekt.

I medhald av St.meld. nr. 26 (2006–2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand skal 45 av ruinane, inkludert dei 12–15 største anlegga, takast vare på. Vidare skal ruinar som engasjerer lokalmiljøet prioriterast.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar må levere sluttrapport på utført arbeid til Riksantikvaren. Rapporten må òg innehalde ein økonomisk rapport. Meir detaljert informasjon om rapporteringskrav blir gitt i dei enkelte tilskotsbreva. Riksantikvaren kontrollerer at arbeida blir utførte i samsvar med dei vilkåra som er sette. Kontroll på staden er òg aktuelt.

Rapport 2015

Det er brukt 12,1 mill. kroner til bevaringsprogrammet for ruinar (ruinprosjektet) i 2015. Då er det utført arbeid på 21 anlegg. Et stort og langvarig konserveringsarbeid på Reinskloster i Rissa, Sør-Trøndelag ble fullført i 2015. I tillegg til konservering, blir det arbeidd med forskings- og utviklingsoppgåver, skjøtsel, informasjon, formidling og kompetanseutvikling, skjøtsel av murane og området omkring, skilting og tilrettelegging.

Overordna for FOU-oppgåvene er supplering og forbetring av datagrunnlaget i Askeladden. Undersøking av ruinområda med geofysiske metodar (georadar) og oppmåling er derfor viktige oppgåver.

I bevaringsprogrammet for stavkyrkjer vart det i 2015 utført arbeider på bl.a. Haltdalen, Heddal og Røldal. Med unntak av nokre mindre arbeid på Haltdalen og Heddal er alle stavkyrkjene no ferdig sette i stand. Det vart brukt 12,3 mill. kroner i 2015. Stavkyrkjeprogrammet vart formelt avslutta i 2015. Måloppnåinga er vurdert som god. Det blir likevel rekna med eitt år med etterarbeid, ferdigsynfaringar, dokumentasjon og innsamling, slik at stavkyrkjeprogrammet vil bli endeleg avrunda i 2016. I samband med dette blir det planlagt konferanse og bokutgiving.

Riksantikvaren sette i 2015 i gang ei kartlegging av korleis akutte klimatiske forhold som ras, flaum og storm kan påverke den enkelte stavkyrkja. Dette arbeidet vil bli fullført i 2016 og danne grunnlag for gjennomføring av preventive tiltak mot klimaskadar, og eit systematisk tilsyn og vedlikehald av stavkyrkjene framover.

Tilskot til hus frå mellomalderen blir òg henta frå denne posten. Istandsetjing av desse inngår i bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige. I 2015 har Riksantikvaren gitt tilskot til 18 bygningar. I 2015 har 12 mellomalderhus fått betra tilstandsgraden gjennom istandsetjing, og 5 hus har fått dårlegare tilstand gjennom naturleg forfall.

Arbeida spenner frå større utbetringar av lafteverk til tradisjonell taktekking og refundamentering.

Post 74 Tilskot til fartøyvern, kan overførast

Midlane på posten går til bevaringsprogrammet for fartøy.

Målet med tilskotsordninga er å sikre og setje i stand freda fartøy og eit utval av fartøy som er tildelt status som verna skip, der eigar skriftleg har akseptert å følgje Riksantikvaren sine antikvariske retningsliner.

Midlane under posten er relaterte til nasjonalt mål: «Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan2020». Nettsida Miljøstatus.no viser grad av måloppnåing for dei nasjonale måla.

Kriterium for måloppnåing

  • Forbetra tilstandsgrad

  • Fartøy beheld sertifikata

  • Fartøy skal haldas operativ i stand

Tildelingskriterium

Målgruppa er eigarar og forvaltarar av freda fartøy og fartøy der det er inngått avtaler med eigarar om vern. Riksantikvaren fordeler midlane etter søknad til konkrete restaurerings-, istandsetjings og vedlikehaldsarbeid. I tillegg skal tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, og fartøy som det finst få av, prioriterast. I tillegg kan Riksantikvaren sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innanfor særlege satsingsfelt. Eit grunntilskot til Norsk Foreining for Fartøyvern blir utbetalt over denne posten etter søknad frå foreininga.

Tilskot til viktige sikrings- og restaureringstiltak vil bli tildelte etter følgjande prioriteringar: allmenn interesse, offentleg tilgang, økonomisk gjennomføringsvilje og -evne, potensial for lokalt engasjement og særlege opplevings- og formidlingsverdiar knytte til fartøyet. Tiltaka skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå Riksantikvaren. For å sikre ei kostnadseffektiv gjennomføring av omfattande og kompliserte istandsetjingstiltak, skal Riksantikvaren prioritere fartøy med kjent tilstand og ein teknisk-historisk dokumentasjonsrapport.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar skal levere sluttrapport på utført arbeid. Rapporten skal òg omfatte ein økonomisk rapport til Riksantikvaren. Meir detaljert informasjon om rapporteringskrava blir gitt i dei enkelte tilskotsbreva. Riksantikvaren kontrollerer at arbeida blir utførte i samsvar med dei vilkåra som er sette. Oppfølging på staden er særleg aktuelt og viktig for å sikre at arbeidet vert utført i samsvar med økonomireglementet for staten og antikvariske retningslinjer.

Rapport 2015

Riksantikvaren gjev økonomiske bidrag til antikvarisk istandsetjing og vedlikehald av freda og verna fartøy gjennom bevaringsprogrammet for fartøy. I 2015 vart det gitt 60,479 mill. kroner i tilskot, i hovudsak til freda fartøy, igangverande prosjekt, større fartøy som stod i fare for å miste sertifikata utan utbetringar og fartøy som fekk høve til å komme av slipp og/eller ut av dokk. Tilskota dekkjer om lag 32 prosent av den totale søknadssummen.

1,995 mill. kroner av post 74 vart tildelt som grunnstøtte til Norsk Foreining for Fartøyvern.

Post 75 Tilskot til fartøyvernsenter, kan overførast

Fartøyvernsentra får midlar til fellestenester over post 75. Midlane under posten har nær tilknyting til bevaringsprogrammet for fartøy og nasjonalt mål «Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan2020». Nettsida Miljøstatus.no viser grad av måloppnåing for dei nasjonale måla.

Mål

Midlane skal sikre at dei tre utvalte fartøyvernsentra kan utføre fellestenestene uavhengig av økonomiske konjunkturar i samfunnet. Gjennom fellestenestene skal fartøyvernsentra medverke til at handverk og handverksutvikling, innan vedlikehald og istandsetjing, gjennom dokumentasjon av fartøy, blir bevart i eit langsiktig perspektiv. Dei tre nemnde, nasjonale fartøyvernsentra er eit verkemiddel og ei form for garanti for staten for at kunnskap knytt til eldre handverksmetodar, «handlingsboren kunnskap», blir bevart i så stor grad som mogleg.

I 2016 og 2017 vil Riksantikvaren gjere ei evaluering av fartøyvernsentra. Oppgåvene i fellestenestene vil bli reviderte etter evalueringa, jf. Nasjonal verneplan for fartøy.

Kriterium for måloppnåing

  • Informasjon om kunnskap tileigna gjennom istandsetjing og vedlikehald av fartøy

  • Informasjon om publisering av kunnskap. Under dette informasjon på nettsider, produksjon av faktaark og dokumentasjonsrapportar.

  • Kvartalsvise møte mellom dei tre fartøyvernsentra og Riksantikvaren.

  • Generell rapport på oppgåver løyst innan fellestenestene.

Tildelingskriterium

Målgruppa er Nordnorsk Fartøyvernsenter og Båtmuseum i Gratangen, Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund og Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter ved Kristiansand.

Tilskota til fartøyvernsentra i 2017 skal i første rekkje medverke til å finansiere stillingar knytte til dokumentasjonsarbeid i samband med istandsetjingsarbeid på fartøy som Riksantikvaren gir tilskot til. Tilskot til dokumentasjon skal berre dekkje dokumentasjonsarbeid ut over det som normalt inngår som ein del av det vanlege verftsarbeidet. I 2017 skal fartøyvernsentra, i samarbeid med Riksantikvaren, utarbeide ein mal for dokumentasjon av istandsetjingsarbeid.

Vidare kan midlane nyttast til generell rådgjeving, opplæring og kompetansebygging ved senteret og overfor eksterne fartøyeigarar. Ein mindre del av tilskota kan òg nyttast til investeringar i anlegget.

Oppfølging og kontroll

For å sikre at tiltak er gjennomførte i tråd med formålet med tilskotet, skal Riksantikvaren sjå til at mottakar av tilskota leverer sluttrapportar etter at arbeidet er utført. Oppfølging på staden og i kvartalsvise samarbeidsfora med dei tre fartøyvernsentra er viktig. Kontrollen i høve tilskotsmottakarar skjer i samsvar med økonomireglementet, gjennom møte, generell formalia- og sannsynskontroll av revidert årsrekneskap og årsmelding frå fartøyvernsentra.

Rapport 2015

I 2015 er 10,7 mill. kroner over post 75 fordelt til dei tre fartøyvernsentra Nordnorsk Fartøyvernsenter og Båtmuseum i Gratangen (3,5 mill. kroner), Hardanger fartøyvernsenter i Nordheimsund (3,5 mill. kroner) og Bredalsholmen Dokk og farøyvernsenter (3,5 mill. kroner).

Det historiske verftsanlegget ved Bredalsholmen fekk i 2014 status som eitt av de nasjonale industriminna. Tilskotsøkonomien til dette fartøyvernsenteret går derfor ikkje fram av post 75 åleine.

Tilskota frå post 75 har finansiert stillingar som er knytte til løysing av oppgåver under fellestenestene, under dette dokumentasjonsarbeid i samband med istandsetjing av fartøy som Riksantikvaren gir tilskot til. Tilskota har vidare medverka til generell rådgiving, opplæring og kompetansebygging ved sentra og overfor fartøyeigarar.

Fartøyvernsentra har i tillegg motteke og utført oppdrag som mellom anna produksjon og publisering av faktaark, synfaring, og teknisk dokumentasjon av fartøy på vegne av Riksantikvaren

Riksantikvaren startar opp ei evaluering av fartøyvernsentra i 2016, planlagt avslutta i 2017.

Post 77 Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet, kan overførast

Mål

Kulturminne og kulturmiljø skal takast i bruk i utvikling av lokalsamfunn og som grunnlag for miljøvis, økonomisk, sosial og kulturell utvikling.

Tildelingskriterium

Midlane skal nyttast til satsingar som tydeleggjer og integrerer kulturminnefeltet i lokal og regional utvikling og som samstundes siktar mot ei koordinert og langsiktig forvaltning av kulturminne og kulturmiljø. Samhandling med aktørar og verkemiddel som støttar opp om dette vil bli prioritert.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar må levere sluttrapport på utført arbeid til Riksantikvaren som òg omfattar ein økonomisk rapport. Meir detaljert informasjon om rapporteringskrav blir gitt i dei enkelte tilskotsbreva. Riksantikvaren kontrollerer at arbeida blir utførte i samsvar med dei vilkåra som er sette. Kontroll på staden er òg aktuelt.

Rapport 2015

Det er brukt 8,2 mill. kroner til verdiskapingsarbeid over post 77 til prosjekt som dekkjer eit vidt spekter av kulturminne, mellom anna veganlegg, industrianlegg, historiske bymiljø, kystkultur, krigsminne, landbruksmiljø og landskap.

Tilskot frå post 77 utgjer om lag ein tredel av dei totale prosjektbudsjetta. Fylkeskommunane og Sametinget har òg gitt tilskot tilsvarande ein tredel, mens den siste tredelen er eit spleiselag mellom andre offentlege midlar og private tilskot.

Tabell 7.13 Tilskot til verdiskaping i 2015

Tiltak/område

Tilskot (i 1000 kr)

Pilegrimsleia

2 262

Kultur- og naturreise

1 500

Andre verdiskapingsprosjekt1

4 480

Sum

8 242

1 Andre verdiskapingsprosjekt omfattar 18 prosjekt

Post 79 Tilskot til verdsarven, kan overførast

Mål

Områda på Unescos verdsarvliste i Noreg skal forvaltast i tråd med forpliktingane i Unescos verdsarvkonvensjon og retningslinjene for oppfølging av konvensjonen.

Kriterium for måloppnåing

Tiltak retta mot verdsarvområde i Noreg.

Tildelingskriterium

Målgruppa er områda i Noreg som står på eller er under nominasjon til Unescos verdsarvliste. Det gjeld åtte stader og ein nominasjon som ikkje er sluttbehandla. I spesielle tilfelle kan midlane nyttast til tiltak som indirekte medverkar til sikring av desse områda.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer gjennom møte og fagsamlingar gjennomførte i samsvar med avtalt arbeidsprogram. Kontrollen overfor tilskotsmottakaren skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og innsende rapportar. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt at Riksantikvaren eller fylkeskommunen/Sametinget utfører kontroll på staden for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.

Miljødirektoratet har eigne tilskotsmidlar og har tilsvarande oppfølging.

Rapport 2015

I 2015 vart det over Riksatikvarens budsjett brukt 43,6 mill. kroner på arbeid med verdsarven.

Tabell 7.14 Tilskot til verdsarvområda i 2015

Verdsarvområda

Tilskot (i 1000 kr)

Bryggen i Bergen

18 300*

Røros bergstad og Circumferensen

11 300

Bergkunsten i Alta

3 500

Vegaøyan

2 000

Vestnorsk fjordlandskap

3 000

Urnes stavkyrkje, omgivnader

300

Struves meridianboge

400

Rjukanbanen

4 200

Nordisk verdsarvkonferanse

469

Verdsarvforum

175

Sum

43 644

* Inkl. avslutning av grunnvassprosjektet og MOV av kulturlag.

Kap. 4429 Riksantikvaren

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

02

Refusjonar og ymse inntekter

4 900

4 268

4 388

09

Internasjonale oppdrag

3 049

1 209

1 243

Sum kap. 4429

7 949

5 477

5 631

Post 02 Refusjonar og diverse inntekter

Posten gjeld refusjonar og innbetalte midlar frå oppdragsverksemd for andre institusjonar m.m., jf. omtale under kap. 1429 post 01. Under posten er det budsjettert inntekter ved sal av Riksantikvarens rapportar og andre produkt, og inntekter frå Det nasjonale pilegrimssenteret og driftsvederlag frå Kongsvoll fjellstove. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1429 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 09 Internasjonale oppdrag

Midlane på posten skal finansiere dei tilsvarande utgiftene til internasjonale oppdrag. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1429 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 1432 Norsk kulturminnefond

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

50

Til disposisjon for kulturminnetiltak

75 444

87 094

86 659

Sum kap. 1432

75 444

87 094

86 659

Post 50 Til disposisjon for kulturminnetiltak

Norsk kulturminnefond er eit forvaltningsorgan med særskilte fullmakter. Midlane skal nyttast til kulturminnetiltak og til drift av administrasjonen og styret.

Kulturminnefondet har i hovudsak ansvaret for verneverdige kulturminne og kulturmiljø.

Posten er redusert med om lag 0,4 mill. kroner.

Mål

Medverke til å styrkje arbeidet med å bevare verneverdige kulturminne og kulturmiljø og til at eit mangfald av kulturminne og kulturmiljø kan nyttast som grunnlag for framtidig oppleving, kunnskap, utvikling og verdiskaping. Midlane under posten er relaterte til nasjonalt mål: «Tapet av verneverdige kulturminne skal minimerast. Innan 2020 skal det liggje føre oversikter over verneverdige kulturminne og kulturmiljø for kvar kommune som grunnlag for å prioritere eit utval som skal takast vare på

Den gjennomførte brukarundersøkinga i 2014 viser at 83 prosent av alle søkjarane er tilfredse med kontakten med kulturminnefondet, og meiner den faglege oppfølginga av prosjekta som kulturminnefondet tilbyr er svært viktig. Fire av fem prosjekt som har fått tilsegn om midlar ville ikkje vorte realiserte utan støtta frå fondet. Ein kan etter dette grovt sett rekna med at 2000 prosjekt over heile landet neppe hadde blitt sette i stand utan støtta frå kulturminnefondet.

Når vi går inn og ser på kor mykje private midlar dei statlege insentiva frå fondet løyser ut, kjem det fram at i eit gjennomsnittleg prosjekt kjem 28 prosent av midlane frå staten gjennom kulturminnefondet. 72 prosent av det som skal til for å setje objektet i stand, kjem frå eigaren sjølv i form av eigne midlar eller eigen innsats på prosjektet.

Kriterium for måloppnåing

Opplysningar om tiltak retta mot verneverdige og freda kulturminne og kulturmiljø.

Tildelingskriterium

Tilskotsmidlane blir fordelte av kulturminnefondets styre etter søknad. Kulturminnefondet skal vere eit lågterskeltilbod til private eigarar av verneverdige kulturminne og kulturmiljø. Tilskota blir i hovudsak tildelte istandsetjings- og sikringsprosjekt. Tilskot til prosjekt som fremjar verdiskaping, handverk, næringsverksemd og aktivitet i lokalsamfunnet er prioriterte. Dette gjelder òg prosjekt som gir synergieffektar, og som løyser ut private midlar eller betydeleg eigeninnsats. Samarbeid med eigarane av kulturminne og kulturmiljø er den viktigaste strategien for kulturminnefondets arbeid.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer overfor tilskotsmottakar gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I mange tilfelle er det aktuelt med kontroll på staden for å sikre at tiltaka er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.

Midlane frå kulturminnefondet skal komme i tillegg til dei ordinære løyvingane frå Riksantikvaren.

Rapport 2015

Det vart brukt 16,8 mill. kroner til drift av Norsk kulturminnefond i 2015. Det vart gjeve tilsegner på til saman inntil 68,6 mill. kroner, fordelt på 489 søknader.

Det kom inn 783 søknader innan fristen 1. november 2015. Kulturminnefondet behandlar søknader om strakstiltak og til fag- og handverksseminar fortløpande gjennom året. Det er behandla om lag 965 søknader totalt. Samla søknadssum frå private eigarar av verneverdige kulturminne er på 240 mill. kroner. Det har aldri vore større interesse for å søkje kulturminnefondet om støtte til istandsetjing av verneverdige kulturminne.

Programkategori 12.60 Nord- og polarområda

Hovudinnhald og prioriteringar

Utgiftene under programkategori 12.60 høyrer inn under resultatområda, Naturmangfald, Forureining, Klima og Polarområda. Programkategorien omfattar verksemda til Norsk Polarinstitutt, Svalbards miljøvernfond, Kings Bay AS og Fram – nordområdesenter for klima- og miljøforsking.

Å ta vare på Svalbard sin særeigne villmarksnatur er eit av dei overordna måla for svalbardpolitikken, jf. St. meld nr 32 (2015–2016). Samstundes må ein i forvaltninga av Svalbards natur- og kulturminne ta omsyn til at både samfunna og miljøet på Svalbard er i endring, og leggje til rette for nødvendig omstilling og vidare utvikling i samsvar med dei måla som er sett.

Regjeringa har vedteke at Noregs forskingsråd skal utvikle ein forskingsstrategi for Ny Ålesund innan våren 2017, og Norsk Polarinstitutt får ansvar for den operative implementeringa og oppfølginga av forskingsstrategien i Ny-Ålesund. I lys av dette skal ansvaret for forvaltinga av statens eigarskap i Kings Bay AS bli overført frå Nærings- og fiskeridepartementet til Klima- og miljødepartementet frå 1. januar 2017.

Noreg skal medverke gjennom forskingsinnsats og aktiv deltaking i arbeidet under Antarktis-traktaten med tilhøyrande Miljøprotokoll til eit globalt samarbeid for vern av det sårbare miljøet i Antarktis.

Innanfor Arktisk råd vil spesielt prioriterte tema for Noreg vere klimaendringar i Arktis, tiltak mot utslepp av kortlevde klimadrivarar, bevaring av arktisk biodiversitet, heilskapleg havforvaltning, tiltak mot forureining og miljøovervaking i Arktis. Noreg prioriterer òg arbeidet med ei samla utgreiing av dei endringane som skjer i Arktis, og kva dette vil bety for framtidig miljø, aktivitet, forvaltning og behov for tilpassing.

Eit breitt og effektivt miljøvernsamarbeid med Russland står sentralt i regjeringas nordområdepolitikk. Miljøvernsamarbeidet vil bli ført vidare innanfor Den norsk-russiske miljøvernkommisjonen og Barentssamarbeidet. I det bilaterale samarbeidet er det ei særleg prioritering av havmiljø og samarbeid i grenseområda. På grunn av dei høge utsleppa av svovel og metall frå nikkelverka på Kola har styrkt miljøovervaking ein sentral plass i det grensenære samarbeidet. Innan havmiljøsamarbeidet er utviklinga av eit konsept for ein forvaltningsplan for russisk side av Barentshavet høgt prioritert.

Samarbeidet om naturmangfald i Barentsregionen vert òg ført vidare. Bevaring av naturmangfaldet, forvaltning av grensevassdrag, reduksjon av forureining og klimagassutslepp er viktige oppgåver i tillegg til løysinga av dei store og samansette miljøutfordringane i russisk del av Barentsregionen.

Framsenteret i Tromsø omfattar i dag 20 norske institusjonar, og det er full fagleg aktivitet som gir fortløpande resultat på alle dei seks tematiske satsingsområda, kalla «flaggskip». Framsenteret har oppnådd nasjonal og internasjonal status som kompetansemiljø, og er òg attraktivt for lokalisering av nasjonale initiativ og for internasjonale sekretariat som Noreg har ansvaret for, bl.a. Sekretariatet for Arktisk råd. Den faglege satsinga vil bli ført vidare, og i 2016 starta byggjearbeidet som vil gi Framsenteret ei utviding med 195 nye arbeidsplassar pluss laboratorium og spesialrom.

Resultatområde

Tabell 7.15 Resultatområde under programkategori 12.60.

Resultatområdet

Nasjonale mål

Polarområda

  • Omfanget av villmarksprega område på Svalbard skal haldast ved lag, og naturmangfaldet bevarast tilnærma upåverka av lokal aktivitet.

  • Dei 100 viktigaste kulturminna og kulturmiljøa på Svalbard skal sikrast gjennom føreseieleg og langsiktig forvaltning.

  • Negativ menneskeleg påverknad og risiko for påverknad på miljøet i polarområda skal reduserast.

Politikk og verkemiddel for å nå dei nasjonale måla på polarområda

Svalbard

Raske klimaendringar i kombinasjon med andre miljøpåverknader inkludert endringar i aktivitet, er ei betydeleg og aukande utfordring for miljøvernet på Svalbard.

Klimaendringane fører m.a. til auka risiko for skred og flaum, meir ekstremvêr og høgare stormflod på grunn av havnivåstiging. Det er difor viktig at areal- og samfunnsplanlegginga i planområda tek omsyn til klimaendringane. Lokalsamfunna på Svalbard står samstundes føre ei omstilling der aktivitet og ferdsel knytt til m.a. reiseliv, forsking og høgare utdanning kan komme til å auke ytterlegare. Ein slik auke i ferdsel og aktivitet vil saman med forureining og dei raske klimaendringane forsterke behovet for ei kunnskapsbasert forvalting. Det er viktig å sikre at den samla belastninga på arter og økosystem ikkje blir for stor.

Miljøstyresmaktene vil, i dialog med aktørane på Svalbard, ta eit samla grep for å legge betre til rette for reiselivet innanfor det såkalla Forvaltningsområde 10, som bl.a. omfattar Isfjord-området og nærområda rundt lokalsamfunna. Samstundes skal arbeidet med forvaltingsplanar for verneområda på Svalbard førast vidare.

Også den strenge praksisen når det gjeld løyve og vilkår for verksemd som medfører inngrep utanfor dei eksisterande busetjings- og gruveområda vil bli ført vidare. Arbeidet med å avgrense forureiningar frå lokale kjelder vil òg halde fram.

Stigande temperatur, raskt minkande sjøis og meir nedbør fører med seg store endringar i økosystem og i livsvilkåra for arktiske arter. Dette gjeld særleg arter som har sjøisen som leveområde, slike som isbjørn og sel. På lengre sikt er det fare for at fleire arter vil forsvinne frå svalbardområdet.

Norsk Polarinstitutt gjennomførte ei teljing av Svalbard-/Barentshavbestanden av isbjørn på norsk side i 2015. Denne bestanden var berekna til ca. 685 isbjørn i 2004, og det blei estimert at den var på ca. 975 isbjørn i 2015. Basert på dette, meiner NP at ein auke i bestanden dei siste 11 åra er sannsynleg. Prognosar tilseier at sjøisen raskt vil bli redusert i Barentshavområdet i kommande tiår, og raskare enn dei fleste andre områda i Arktis. Dette vil truleg føre til at bestanden innan få generasjonar får store utfordringar.

Fleire nye arter er observerte på Svalbard dei seinare åra, dels som ei følgje av varmare klima, og dels gjennom introduksjon av framande arter. Den raske oppvarminga svekkjer den klimatiske barrieren slik at nye arter kan få fotfeste på Svalbard og i dei arktiske havområda der dei kan fortrenge naturleg førekommande arter. Ein handlingsplan for å hindre introduksjon og spreiing av framande arter på Svalbard vil bli sett i verk.

Miljøstyresmaktene skal arbeide for å sikre naturverdiar og kulturminne som ligg nær opptil lokalsamfunna og som er viktige for reiselivet, friluftsliv og lokalbefolkninga.

Det vil i denne samanhengen bli sett i verk eit arbeid for å vurdere behovet for eit styrkt vern av område med særleg rikt fugleliv i nedre Adventdalen.

Kulturminneverdiane vert påverka av auka utbygging i lokalsamfunna, ferdsel i terrenget og klimaendringar. Det er særleg behov for auka innsats i samband med dei industrielle kulturminna som til dømes dei freda taubane- og uteanlegga til gruvene i Longyearbyen og den gamle kraftstasjonen. Det må òg vere stor merksemd rundt spørsmåla om auka besøk til kulturminne og -miljø, særleg dei som tidlegare har vore skåna ved at sjøisen har gjort dei lite tilgjengelege.

Naudsynte tiltak skal ta utgangspunkt i dei prioriterte kulturminna i kulturminneplanen for Svalbard 2013–2023.

Det vil bli arbeidd vidare med å vurdere om det er grunnlag for å nominere delar av Svalbard som verdsarv på bakgrunn av den internasjonalt viktige natur- og kulturarven som finst der.

Forsking og høgare utdanning er eit av dei viktigaste satsingsområda for norsk aktivitet og nærvær på Svalbard. I stortingsmeldinga varslar regjeringa at ein ønskjer å styrke norsk vertskap og koordinering av forskingsverksemda i Ny-Ålesund. Regjeringa har vedteke at Noregs forskingsråd skal utvikle ein forskingsstrategi for Ny Ålesund innan våren 2017, og Norsk Polarinstitutt får ansvar for den operative implementeringa og oppfølginga av forskingsstrategien i Ny-Ålesund. I lys av dette skal ansvaret for forvaltinga av statens eigarskap i Kings Bay AS bli overført frå Nærings- og fiskeridepartementet til Klima- og miljødepartementet frå 1. januar 2017. Regjeringa vil sikre at ein bruker dei unike, men avgrensa goda som forskingsverksemda i Ny-Ålesund byr på meir effektivt og legg betre til rette for auka grad av samarbeid og open deling av data og resultat. Eit verkemiddel for å få dette til er auka bruk av samlokalisering og felles utnytting av infrastrukturen. Regjeringa foreslår difor å løyve 20, 5 mill. kroner i 2017 over Klima- og miljødepartementets budsjett til oppføring eit nytt, felles bygg i Ny-Ålesund.

Antarktis

Eit godt kunnskapsgrunnlag er ein føresetnad for at partane til Antarktistraktaten kan forvalte miljøet i traktatområdet i tråd med Traktaten og Miljøprotokollens målsetjingar. Det er dei siste tiåra registrert betydeleg oppvarming over enkelte delar av Antarktis. Manglande kunnskap er eit grunnleggjande hinder for å få ei full forståing av klimaendringane her. Noreg skal medverke til dette kunnskapsgrunnlaget, og samtidig til den internasjonale kunnskapsutviklinga om Antarktis og globale problemstillingar knytte til polarområda.

Noreg arbeider aktivt gjennom samarbeidet under Antarktistraktaten for ei økosystembasert, heilskapleg forvaltning av miljøet i havet og på land i traktatområdet, med særskilt fokus på vern av sårbare og verdfulle område. Noreg arbeider for at klimaendringar er eit viktig punkt på dagsordenen i samarbeidet under traktaten. Sikring og istandsetjing av kulturminna er utfordrande i Antarktis. Bevaringstiltak blir gjennomførde i medhald av fagleg grunngitt og avgrensa prioriteringsliste.

Norsk Polarinstitutt har ei nøkkelrolle i norsk antarktisadministrasjon både som nasjonal operatør og som styresmakt etter forskrift om miljøvern og tryggleik i Antarktis. Norsk Polarinstitutt har òg som viktig oppgåve å skaffe fram forskingsbasert kunnskap som medverkar til at Noreg på best mogleg måte oppfyller sine forpliktingar som traktatpart.

Arktisk råd

Klimaendrigane er tydeligare i Arktis enn nokon annan stad, og vil få store effetkar både her og for det globale klimaet. Tiltak for å redusere klimaendringane er derfor det viktigaste vi kan gjere for å ta vare på det arktiske miljøet. Arktisk råd utarbeider nå et kollektiv reduksjonsmål for svart karbon. Noreg er ein pådrivar i rådets arbeid med å dokumentere effektane av klimaendringar på økosystema i Arktis.

Noreg vil medverke aktivt i Arktisk råds arbeid med prosjekt og oppfølgingsplanar på desse områda, og leggje til rette for at kunnskap og tilrådingar som blir skaffa fram gjennom desse prosjekta blir tekne i bruk og implementerte i forvaltninga.

Miljøvernsamarbeidet med Russland

Miljøvernsamarbeidet vil bli ført vidare innanfor Den norsk-russiske miljøvernkommisjonen og Barentssamarbeidet. I det bilaterale samarbeidet er det ei særleg prioritering av havmiljø og samarbeid i grenseområda.

Noreg vil halde fram med påverknadsarbeid for å få redusert utsleppa av svovel og metall frå nikkelverka på Kola og å ta saka opp overfor russiske styresmakter slik at naudsynte tiltak blir sette i verk. Styrkt miljøovervaking har også ein sentral plass.

Utviklinga av eit konsept for ein forvaltningsplan for russisk side av Barentshavet er høgt prioritert. Dette arbeidet er basert på norske erfaringar med forvaltningsplanen for Barentshavet og Lofoten. Vidareutvikling av eit felles norsk-russisk miljøovervakingsprogram og den felles miljødataportalen Barentsportal skal halde fram. Dette arbeidet vil gi viktige premissar for verksemd innan fiskeri, skipstransport og petroleumssektoren. Erfaringsutveksling om risikovurdering og kontroll av petroleumsverksemd er òg eit viktig element i havmiljøsamarbeidet.

Mange av prosjekta i det bilaterale miljøvernsamarbeidet med Russland støttar opp under miljøvernsamarbeidet under Barentsrådet og Arktisk råd.

I Barentssamarbeidet fokuserer ein på forvaltning av naturmangfaldet og av vassressursane i regionen. Ei høgt prioritert oppgåve er å medverke til å løyse dei store og samansette miljøutfordringane i russisk del av Barentsregionen, dei såkalla hot spots, som er beskrivne i Arktisk råds miljøovervakingsprogram og Nordisk miljøfinansieringsselskapet (NEFCO) si hot spot-liste frå 2003. Det ligg stor grad av norsk eigeninteresse i å få løyst desse miljøproblema. I denne samanhengen er både NEFCO og Miljøpartnarskapet under den Nordlege Dimensjon viktige verkemiddel.

Forsking og miljøovervaking i nord- og polarområda

Situasjonen i polarområda gir nye kunnskapsutfordringar knytte til miljø og klima. Å utvikle kunnskap og forståing av korleis miljø i Arktis og Antarktis vert påverka av klimaendringar, havforsuring, forureining og auka aktivitet er derfor ein særs viktig del av både det nasjonale arbeidet og det internasjonale samarbeidet i nord- og polarområda. Grunnlaget for Noregs bidrag til dette samarbeidet er den nasjonale satsinga på kunnskap om klima og miljø.

Sentrale verkemiddel med omsyn til polar kunnskapsproduksjon er Norsk Polarinstitutt og Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking.

Det blir arbeidd med å betre parameter for miljøovervaking av kulturminna.

Koordineringa i Ny-Ålesund blir styrkt gjennom at det blir utvikla ein forskingsstrategi for Ny Ålesund innan våren 2017, og ein overordna strategi for forsking og høgare utdanning på Svalbard. Norsk Polarinstitutt har ansvar for den operative implementeringa og oppfølginga av forskingsstrategien i Ny-Ålesund.

Framsenteret har saman med utviklinga av Svalbard som ei plattform for internasjonal forsking, ei særs viktig rolle i dette. Samarbeidet Framsenteret vil bli ytterlegare styrkt gjennom nybygget for Framsenteret, der arbeidet starta ved årsskiftet 2015 -2016, og vil ta ca. to år. Miljøa og infrastrukturen som er knytte til klima- og miljøforskinga i Tromsø og på Svalbard gjer òg desse stadene til viktige møteplassar for internasjonalt samarbeid i Arktis.

Nærare om budsjettforslaget

Foreslått løyving knytt til programkategorien for 2017 er på 403,3 mill. kroner. Dette er ein auke på om lag 70 mill. kroner, eller 20,3 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2016. Auken i løyvinga skuldast i hovudsak ei rammeoverføring frå Nærings- og fiskeridepartementet i samband med tilskotet til Kings Bay AS som Klima- og miljødepartementet overtek ansvaret for frå 1.1.2017, ei løyving til ny-bygg i Ny-Ålesund på 20,5 mill. kroner og budsjettering av pensjonsutgiftene i staten.

Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

1471

Norsk Polarinstitutt

278 510

268 547

295 084

9,9

1472

Svalbard miljøvernfond

15 230

14 638

14 638

0,0

1473

Kings Bay AS

41 635

1474

Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking

52 287

52 105

51 985

-0,2

Sum kategori 12.60

346 027

335 290

403 342

20,3

Kap. 1471 Norsk Polarinstitutt

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

216 014

200 506

223 671

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

62 000

67 535

70 910

50

Stipend

496

506

503

Sum kap. 1471

278 510

268 547

295 084

Rolle og oppgåver for Norsk Polarinstitutt:

Norsk Polarinstitutt er den sentrale statsinstitusjonen for kartlegging, miljøovervaking og forvaltningsretta forsking i Arktis og Antarktis, jf. Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard, Meld. St. 32 (2014–2015) Norske interesser og politikk i Antarktis, Meld. St. 33 (2014–2015) Norske interesser og politikk for Bouvetøya, fagleg og strategisk rådgivar overfor den sentrale forvaltninga og fagleg rådgivar for miljødirektorata og Sysselmannen i polarspørsmål.

Instituttet skal vidare:

  • halde ved lag ein brei forskingsbasert kompetanse på område der miljøforvaltninga har eit direkte forvaltningsansvar i nord- og polarområda eller har ei heilt sentral pådrivarrolle både nasjonalt og i internasjonale prosessar. Det omfattar klimaprosessar og klimaendringar og effektane av desse på naturen og viltforvaltning, område- og habitatvern, og miljøgift/forureiningsproblematikk

  • ha ansvar for topografisk og geologisk kartlegging av landområda på Svalbard og norsk biland og territorialkrav i Antarktis

  • utvikle, revidere og leie overvakingsprogram og system for miljøovervaking av norsk Arktis

  • medverke til å stimulere og koordinere nasjonal og internasjonal forsking på Svalbard gjennom å samarbeide om forskingsprosjekt og gi tilgang til instituttet sin infrastruktur, så som forskingsstasjon, feltutstyr og transport mot dekning av instituttet sine kostnader

  • følgje opp og gjennomføre norsk miljølovgiving i Antarktis

  • medverke til at forvaltningas kunnskapsbehov blir teke hand om

  • fremje miljøforsking og forvaltningsrådgiving innan Det bilaterale norsk-russiske miljøsamarbeidet

  • utforske og overvake det marine miljøet i det nordlege Barentshavet

  • delta i Fagleg forum for økosystembasert forvaltning av norske havområde

  • representere Noreg i internasjonale samarbeidsfora og formidle kontakt mellom norske og internasjonale fagmiljø

  • medverke til å styrkje Framsenteret

  • utvikle samarbeidet med dei andre forskingsinstitusjonane i Tromsø og i Nord-Noreg

  • formidle utovervend informasjon om polarområda, blant anna gjennom samarbeid med Polaria

  • vere vertskap og ha ansvaret for å setje i verk forskingsstrategien for Ny-Ålesund

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under denne posten er retta mot resultatområda Naturmangfald, Forureining, Klima og Polarområda.

Posten dekkjer utgifter som Norsk Polarinstitutt har til lønn og godtgjersler for faste og mellombels tilsette. Vidare dekkjer posten ordinære driftsutgifter, drift av forskingsstasjon og luftmålestasjon i Ny-Ålesund og utgifter knytte til instituttets samla forskings- og ekspedisjonsverksemd, inklusive satsinga på ICE (Senter for is, klima og økosystem).

Posten dekkjer elles utgifter knytte til sals- og oppdragsverksemd og drift av polarforskingsfartøyet R/V «Lance». Dei tilhøyrande inntektene er førte under kap. 4471 postane 01 og 03. Løyvinga kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under dei to nemnde postane, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Rapport for 2015:

Polarinstituttet har i 2015 brukt ca. 56 pst. av løyvinga si til lønns- og driftsutgifter knytte til administrasjon, bygningar på Svalbard og i Tromsø, Zeppelinstasjonen i Ny-Ålesund og drift av forskingsfartøyet R/V Lance. Resterande 44 pst. er lønn og andre utgifter knytte til vår forskingsavdeling, områda forvaltningsplan for Barentshavet-Lofoten, miljøgifter og i ICE (Senter for is, klima og økosystem). Av forbruket på denne posten korresponderer omlag 62 mill. kroner med inntekter på kap. 4471. Dette er nesten alt saman knytt til ekstern finansiering av forskingsaktivitet frå mellom anna Forskingsrådet og EU.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Midlane under denne posten er retta mot resultatområde 6 Polarområda. Posten dekkjer utgifter til vitskapeleg samarbeid i Antarktis der midlane gjeld deltaking i det internasjonale Antarktis-samarbeidet og midlar til gjennomføring av dei norske Antarktis-ekspedisjonane.

I tillegg til forskingsaktivitet skal løyvinga dekkje drift av forskingsstasjonen Troll og det internasjonale DROMLAN-prosjektet (Dronning Maud Land Air Network). Noregs nærvær i Antarktis er styrkt betydeleg, og vil i større grad medverke til det internasjonale arbeidet for å bevare Antarktis som det reinaste og minst påverka villmarksområdet i verda.

Posten dekkjer elles utgifter knytte til drift av TrollSat. Dei tilsvarande inntektene er førte under kap. 4471 post 21. Løyvinga kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under den nemnde posten, jf. forslag til vedtak II.

Rapport for 2015:

Av midlane på denne posten vart ca. 90 pst. brukt til lønn for dei som arbeider på Troll-stasjonen og drift av bygningar i Antarktis, fartøyleige, helikopterleige og andre logistikkutgifter. Resterande del av løyvinga, ca. 10 pst. går til forsking. Av forbruket på denne posten korresponderer ca. 16,5 mill. kroner med inntekter på kap. 4471.

Post 50 Stipend

Midlane under denne posten er retta mot resultatområda Forureining, Klima og Polarområda.

Mål

Stipendmidlane skal auke rekrutteringa til og kompetansen innanfor den norske polarforskinga. Midlane er eit viktig og effektivt verkemiddel for å stimulere norsk polarforsking på Svalbard. Støtte blir primært gitt til norske hovudfags- og doktorgradstudentar. Støtta skal dekkje ekstrautgifter ved opphald i felt.

Kriterium for måloppnåing

Talet på hovudfagsoppgåver og doktorgrader med polarforsking som emne.

Tildelingskriterium

Det blir lagt vekt på relevante polare problemstillingar, fagleg kvalitet og i kor stor grad temaet ligg til rette for forsking.

Oppfølging og kontroll

Kravet er rekneskapsoversikt og ein kort fagleg rapport om gjennomføringa.

Rapport for 2015:

Av 77 søknader vart 43 finansierte med totalt 2,5 mill. kroner. Av dette var 0,5 mill. kroner midlar frå Norsk Polarinstitutt og 2 mill. kroner frå Forskingsrådet i Noreg.

Dei viktigaste norske institusjonane som fekk støtte var Noregs Arktiske Universitetet, Universitetsstudia på Svalbard, Noregs Teknisk Naturvitskapelege Universitet og Universitetet i Oslo.

Kap. 4471 Norsk Polarinstitutt

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Sals- og utleigeinntekter

6 919

10 585

10 827

03

Inntekter frå ymse tenesteyting

62 904

58 336

59 669

21

Inntekter, Antarktis

16 578

13 030

13 328

Sum kap. 4471

86 401

81 951

83 824

Post 01 Sals- og utleigeinntekter

Salsinntektene gjeld sal av kart, flybilete og publikasjonar, mens utleigeinntektene gjeld utleige av feltutstyr, transportmiddel, blant anna utleige av forskingsfartøy og andre inntekter. Kap. 1471 post 01 kan overskridast tilsvarande eventuelle meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 03 Inntekter frå diverse tenesteyting

Oppdragsinntektene gjeld inntekter frå eksterne oppdrag for andre offentlege instansar og frå det private næringslivet. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1471 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Inntekter, Antarktis

Posten gjeld refusjon av utgifter Norsk Polarinstitutt har for andre land og verksemder knytte til Antarktis-samarbeidet. I hovudsak gjeld dette refusjon av driftsutgiftene ved TrollSat i medhald av avtale med Kongsberg Satellite Services og inntekter frå flygingar knytte til DROMLAN-samarbeidet. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1471 post 21, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 1472 Svalbard miljøvernfond

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

50

Overføringar til Svalbard miljøvernfond

15 230

14 638

14 638

Sum kap. 1472

15 230

14 638

14 638

Svalbards miljøvernfond er oppretta med heimel i svalbardmiljølova, og departementet etablerte fondet i 2005. Fondet starta si verksemd i 2007 og er eit økonomisk verkemiddel i miljøvernarbeidet på Svalbard. Fondet gjev tilskot til tiltak for å beskytte naturmiljø og kulturminner på øygruppa, i samsvar med svalbardmiljølova § 98 og fondets vedtekter. Fondets midlar skal bidra til å sikre Svalbards særeigne villmarksnatur og kulturminne som grunnlag for oppleiving, kunnskap og verdiskaping.

Inntektene til fondet er sette saman av midlar frå miljøavgift for tilreisande til Svalbard, av midlar kravde inn gjennom avgift for løysing av kort for jakt, fangst eller fiske i samband med hausting og avgift ved jegerprøveeksamen. Både fondskapitalen og avkastninga skal nyttast til tiltak som har til føremål å verne miljøet på Svalbard. Fondet skal sikre si eiga drift, slik at ein mindre del av midlane vil gå til forvaltning av fondsmidlane og til utgifter knytte til innkrevjing av inntektene. Det er utarbeidd eigne vedtekter for verksemda til fondet og gitt forskrift om tilskot frå fondet. Styret for fondet blir utnemnt av departementet og er fondet sitt øvste organ, medan sekretariatet er lagt til Sysselmannen som har ansvar for den daglege leiinga og drifta av miljøvernfondet si verksemd.

Kvart år tildeler fondet no mellom 10–16 mill. kroner til miljøvernprosjekt etter søknad frå organisasjoner, verksemder og privatpersonar. Erfaringa viser at Svalbard miljøvernfond medverkar gjennom tildelingane til eit gradvis skifte til miljøvennleg samfunns- og næringsutvikling på Svalbard.

Rapport for 2015:

I 2015 vart det gitt 65 tilsegner med ei samla tildeling på 15,8 mill. kroner til ulike prosjekt. Opplysningar om desse prosjekta finst på heimesida til fondet: http://www.sysselmannen.no/Svalbards-miljovernfond/. Sidan fondet blei operativt i 2007 og til og med våren 2016, er det gitt støtte til 471 prosjekt med ein samla sum på 97 mill. kroner.

Post 50 Overføringar til fondet

Posten skal berre nyttast til overføring av inntektene frå kap. 5578 post 70 Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond.

Kap. 5578 Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

70

Sektoravgifter under Svalbard miljøvernfond

15 230

14 650

14 650

Sum kap. 5578

15 230

14 650

14 650

Post 70 Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond

Denne posten blir nytta til avgifter som, i samsvar med svalbardmiljølova, skal overførast til Svalbards miljøvernfond. Miljøavgift for reisande til Svalbard er hovudinntektskjelda til fondet, men under denne posten blir det òg budsjettert med sal av jakt- og fiskekort m.m.

Meirinntekter under kap. 5578 post 70 gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter som er budsjetterte under kap. 1472 Svalbards miljøvernfond, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 1473 Kings Bay AS

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

70

Tilskot

41 635

Sum kap. 1473

41 635

Det er rammeoverført 21,135 mill. kroner frå kap. 953 post 70 i budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet. I tillegg aukar løyvinga på posten med 20,5 mill. kroner som blir gitt i tilskot for 2017 til oppføring av eit nytt, felles bygg i Ny-Ålesund.

Ansvaret for forvaltninga av statens eigarskap i Kings Bay AS blir flytt frå Nærings- og fiskeridepartementet til Klima- og miljødepartementet 1. januar 2017 jf. Meld. St.32 (2015–2016) Svalbard.

Midlane under denne posten er retta mot resultatområde 6 Polarområda. Posten dekkjer tilskot til Kings Bay AS. Tilskotet skal gå til investeringar og drift i Kings Bay AS og nødvendige utgifter til administrasjon av Bjørnøen AS.

Kings Bay AS eig grunn og dei fleste av bygningane i Ny-Ålesund og har ansvaret for drift og vedlikehald, og skal medverke til utvikling av infrastrukturen på staden. Vidare skal selskapet ta vare på miljø og kulturminne. I løpet av 2017 vil ein forskingsstrategi for Ny-Ålesund gi føringar for utviklinga av infrastrukturen.

Per 31. desember 2015 var det engasjert 25 personar i Kings Bay AS. Selskapet sitt driftskonsept er å leige ut fasilitetar til forskarar og tilby kost og losji i tillegg til ei rekkje andre tenester under opphaldet. I all hovudsak skjer dette gjennom fleirårige kontraktar med forskingsinstitusjonar frå til saman 10 land. I tillegg nyttar andre norske og utanlandske forskingsinstitusjonar staden utan å drive permanent forsking. Rundt 20 institusjonar har kvart år forskingsprosjekt i Ny-Ålesund.

Staten eig alle aksjane i Kings Bay AS. Selskapet er avhengig av tilskot over statsbudsjettet for å utføre dei samfunnsoppgåvene som det er pålagt. Tilskotet skal dekkje investeringar, eventuelt driftsunderskot i Kings Bay AS og nødvendige utgifter til administrasjon av Bjørnøen AS. Det er krav om at drifta til Kings Bay AS skal gå i balanse og at Ny-Ålesund skal vere ein grøn forskingsstasjon.

Rapport for 2015:

Nytt kap. fra 2017.

Kap. 1474 Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

50

Tilskot til statlege mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 70

26 757

24 105

23 985

70

Tilskot til private mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 50

25 530

28 000

28 000

Sum kap. 1474

52 287

52 105

51 985

Midlane under dette kapitlet skal gå til å styrkje og skaffe framifrå ny kunnskap om klima og miljø og om miljøkonsekvensar av ny næringsverksemd i nord. Kunnskapen skal setje oss i stand til å forvalte hav- og landområda våre i nord, og dei ressursane som finst der, på ein endå betre måte, og sikre at ny næringsverksemd på dette området skjer innanfor miljøforsvarlege rammer. Betre kunnskap om klima og miljø har avgjerande verdi for ressursforvaltning, klimatilpassing, samfunnsplanlegging og beredskap i nord. Betre kunnskap om og forståing av prosessane i Arktis vil òg vere eit svært viktig bidrag til det internasjonale klimaarbeidet. Aktiviteten er delt inn i seks faglege satsingsområde (flaggskip). Dei er:

  • havisen i Polhavet, teknologi og avtaleverk, leiar: Norsk Polarinstitutt

  • effektar av klimaendringar på fjord og kystøkologi i nord, leiar: Havforskingsinstituttet

  • effektar av klimaendringar på terrestre økosystem, landskap, samfunn og urfolk, leiar: Universitetet i Tromsø

  • havforsuring og økosystemeffektar i nordlege farvatn, leiar: Havforskingsinstituttet

  • miljøgifter – effektar på økosystem og helse, leiar: Norsk institutt for luftforsking

  • miljøkonsekvensar av næringsverksemd i nord (MIKON), leiar: Norsk institutt for naturforsking.

Post 50 Tilskot til statlege mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 70

Mål

Midlane skal gå til dei statlege partnarane i Framsenteret, med mål å gjennomføre forvaltningsrelevant klima- og miljøforsking av høg kvalitet i nasjonale og internasjonale nettverk, og til å delta i og utvikle vidare både nasjonalt og internasjonalt tverrfagleg forskingssamarbeid. Midlane skal òg gå til aktiv formidling av forskingsresultat frå klima- og miljøforsking i nord til næringsliv, skuleverk, forvaltningsnivå og eit breitt publikum.

Kriterium for måloppnåing

  • Skaffe fram ny kunnskap av framifrå kvalitet som kan publiserast.

  • Etablert forskarutdanning og mastergradutdanning gjennom samarbeid med relevante institusjonar innan høgre utdanning på klima og miljø.

  • Etablert fagleg forskingssamarbeid mellom relevante nasjonale institusjonar, fylle «kunnskapshol» og gi nasjonal meirverdi.

  • Etablerte gode forskingsretta nettverk nasjonalt og internasjonalt, og samarbeid med dei andre FoU-miljøa i landsdelen.

  • Fleirfaglege og tverrfaglege samarbeidsprosjekt mellom institusjonane og forskarar med naturvitskapleg, teknologisk og samfunnsvitskapleg kompetanse.

  • Faglege produkt i rett tid og form til bruk for politikkutforming, og som kan nyttast til å redusere risiko og sikre at ny verksemd skjer på ein berekraftig måte.

  • Formidle forskingsresultat til brukarane, som til dømes næringsliv, skuleverk, andre relevante brukarar og eit breitt publikum.

Tildelingskriterium

Prosjekta må liggje innanfor dei vedtekne faglege satsingsområda, og vere kvalitetssikra av Noregs Forskingsråd. I tillegg må dei vere tverrfaglege i høgst mogleg grad.

Oppfølging og kontroll

Leiarane for kvar av dei faglege satsingsområda (Flaggskipsleiarane) er pålagt saman med dei andre deltakarane i flaggskipa å rapportere årleg om forskingsaktivitet som er sett i gang og oppnådde resultat innan 30. november.

Post 70 Tilskot til private mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 50

Midlane skal gå til dei ikkje-statlege partnarane i Framsenteret, til dei same føremåla som for post 50, og kriterium for måloppnåing, rapportering og tildeling, oppfølging og kontroll er dei same. Sjå elles omtala under post 50 ovanfor. Posten dekkjer og driftstilskudd til Framsenteret AS.

Rapport for 2015

Framsenteret har vore involvert i betydeleg nasjonal og internasjonal forskingsaktivitet i 2015. Forskingsmiddel frå flaggskipa finansierte 74 forskingsprosjekt, og det vart publisert 29 artiklar i internasjonale tidsskrift. Forskarar frå Framsenteret har delteke og presentert si forsking på ei lang rekkje nasjonale og internasjonale konferansar og arbeidsseminar. Tilslag på eksterne forskingsmidlar har vore betydeleg (utanom ordinær tildeling frå departementa). Gjennom Framsenteret AS har forskinga i Framsenteret vore kommunisert til ei rekkje besøk frå ulike land og ambassadar, forskingsinstitusjonar, statlege organ, utdanningsinstitusjonar og media. Forskingsformidlinga har òg vore betydeleg blant anna gjennom Fram Forum kvart år. Fram Forum er engelskspråkleg og blir utgitt i papirform og i elektronisk utgåve med global distribusjon. I tillegg vert tre nettsider drifta, og forskinga vert formidla gjennom ei rekkje kanalar som Youtube (framshorts.com), framsyningar, dei nasjonale forskingsdagane og stands ved ei rekkje nasjonale og internasjonale konferansar.

Programkategori 12.70 Internasjonalt klimaarbeid

Hovudinnhald og prioriteringar

Utgiftene under programkategori 12.70 gjeld resultatområde 5 Klima. Kategorien omfattar verksemda til Klima- og miljødepartementet med kjøp og sal av kvotar og departementet sitt arbeid med klima- og skogsatsinga.

Klima- og skogsatsinga er Noreg si største internasjonale klimasatsing, og er saman med kjøp av klimakvotar vårt viktigaste bidrag til å redusere utslepp i utviklingsland. Andre hovudinnsatsområde i det internasjonale klimaarbeidet – innrettinga av klimafinansiering i den nye klimaavtala, utviklinga av internasjonale karbonmarknader og utfasing av subsidiar til fossile brensle, og kortlevde klimaforureiningar – er omtala i kap. 7 programkategori 12.20.

Klimakvotar

Regjeringa sitt mål i klimapolitikken er å redusere nasjonale klimagassutslepp samtidig som Noreg medverkar internasjonalt i forhandlingar og gjennom direkte tiltak til å redusere utsleppa av klimagassar i andre land. Gjennom Kyotoprotokollens system er det opna for fleksibel gjennomføring og samarbeid mellom land som supplement til nasjonale tiltak. Denne utvegen har gjort det mogeleg for Noreg å ta på seg større forpliktingar, og dermed større globale reduksjonar, enn ein kunne utan ei slik ordning. Ein viser til Innst. 60S (2013–2014) der ein samla komité (Energi- og miljøkomiteen) skriv følgjande: «Komiteen vil peke på at det gjennom Kyotoprotokollens system åpnes for en fleksibel gjennomføring og samarbeid mellom land som supplement til nasjonale tiltak. Komiteen viser til at dette kan gjøre det mulig for Norge å ta på seg større forpliktelser og bidra til større globale reduksjoner».

For mellom anna å dokumentere verknaden av tiltak i andre land er det etablert eit system med kvotar. Det er FN som utferdar kvotane etter omfattande prosessar med kontroll og godkjenning. Manglande ambisjonar i andre land har ført til at marknaden for slike kvotar langt på veg har falle saman. Resultatet er at pengestraumar frå dei rike landa til utviklingsland er i ferd med å stoppe opp utan at det har komme andre midlar til erstatning.

Noreg er ein av svært få kjøparar av klimakvotar frå Den grøne utviklingsmekanismen. Det blir lagt vekt på at statens kvotekjøp skal gjere ein skilnad. Staten kjøper derfor berre kvotar frå prosjekt som er i ferd med å innstille på grunn av manglande inntekter frå kvotesal, og kvotar frå nye prosjekt. Staten stør òg i noko grad FNs tilpassingsfond gjennom kvotekjøp derifrå. Klima- og miljødepartementet arbeider med sikte på å inngå kontraktar som vil føre til levering av 60 mill. kvotar i perioden fram til utgangen av 2020.

I Parisavtala er det opna for at land kan samarbeide om gjennomføring av tiltak for å redusere utslepp av globale klimagassar. Slikt samarbeid opnar for at enkeltland aukar ambisjonane sine og kan såleis bli viktig for å realisere målet om å halde den globale oppvarminga godt under 2 grader og prøve å avgrense temperaturauken til 1,5 grader.

Gjennom kvotekjøpsprogrammet arbeider Klima- og miljødepartementet med å vidareutvikle dagens kvotesystem med sikte på å prøve ut ordningar som er tilpassa den nye klimaavtala for perioden etter 2020. Klima- og miljødepartementet deltar såleis i Transformative Carbon Asset Facility, TCAF, som blei lansert i tilknyting til klimakonferansen i Paris. Fondet skal utvikle pilotar for nye samarbeidsformer tilpassa ein ny mekanisme under Paris-avtalen. Arbeidet med å utvikle reglar og prosedyrar vil ta tid, og det er ikkje venta at desse vil bli vedtekne før nærare 2020.

Formålet med fondet er å medverke til varig omlegging i utviklingsland gjennom program som stør utvikling av lågutsleppsløysingar for sektorar i eit land. Bruk av økonomiske verkemiddel, mellom anna prising av utslepp av klimagassar, vil vere sentrale element i desse programma.

Boks 7.3 Klimakvotar

Kvotar som verkemiddel for å redusere utslepp av klimagassar

Klimakvotar er eit verkemiddel for å redusere utslepp av klimagassar. Deltakarar i eit kvotesystem må levere inn kvotar tilsvarande utsleppa sine. Kvar kvote er eit løyve til å sleppe ut ei viss mengd klimagassar, og talet på kvotar som er tilgjengelege innanfor eit kvotesystem er avgrensa. Det gjer at også utsleppa innanfor kvotesystemet er avgrensa. Kvotesystemet kan derfor seiast å setje eit øvre «tak» på utsleppa.

Klimakvotane er gjort fritt omsetjelege, slik at deltakarane i systemet kan kjøpe og selje kvotar. Skort på kvotar skaper ein pris på utsleppa. Jo færre kvotar som er tilgjengelege, desto dyrare blir det å forureine. Auka pris gir deltakarane i systemet sterkare insentiv til å redusere utsleppa sine, til dømes gjennom meir effektiv ressursbruk og utvikling og bruk av meir miljøvennleg teknologi.

Klimagassar er skadelege for det globale klimaet. Det viktige er å avgrense dei totale utsleppa. Korleis utsleppa fordeler seg innanfor kvotesystemet er uvesentleg for klimaeffekten.

Auka utslepp frå ein aktør betyr reduserte utslepp frå ein annan. Detaljerte reglar om overvaking og rapportering kombinert med effektive sanksjonar ved manglande oppfylling sikrar at utsleppa blir effektivt avgrensa. Ved at kvotane er fritt omsetjelege vil utsleppsreduksjonane kunne skje hos den som har dei billegaste tiltaka. Poenget er å redusere kostnaden ved å få ned utsleppa i heile systemet.

Skilnaden mellom kvotar og avgifter for klimagassar

Kvotesystem og CO2-avgiftssystem er begge effektive verkemiddel i klimapolitikken, men med enkelte viktige skilnader. I eit kvotesystem fastset styresmaktene den totale mengda av klimagassar som dei kvotepliktige verksemdene til saman kan sleppe ut i ein viss periode. Kvotemengda utgjer då eit øvre tak for utslepp, og prisen på kvotane blir bestemt i marknaden. Prisen blir høg dersom det er få kvotar i forhold til etterspørselen, og låg dersom det er mange. Prisen kan derfor også variere over tid. CO2-avgifta gir derimot føreseieleg pris på utslepp, men det blir ikkje sett eit øvre tak på utslepp på same måten som i eit kvotesystem.

Det europeiske kvotesystemet – EU ETS

Noreg deltek i to klimakvotesystem: Kvotesystemet under Kyotoprotokollen og det europeiske kvotesystemet (EU ETS). Kvotesystemet under Kyotoprotokollen gjeld berre for land, mens EUs kvotesystem gjeld for bedrifter i EØS-området (EU, Liechtenstein, Island og Noreg). Det europeiske kvotesystemet er eitt av EUs viktigaste verkemiddel for å nå sitt klimamål. Systemet dekkjer i underkant av halvparten av EUs utslepp. Noreg inngår som ein integrert del av EUs kvotesystem som ein del av EØS-avtala. Kvotesystemet dekkjer kol- og gasskraftverk og store industribedrifter, totalt over 11 000 verksemde i Europa. Rundt 140 bedrifter er norske. Utsleppa som er omfatta av kvotesystemet skal reduserast med 43 pst. i 2030 i forhold til 2005, og medverke til å nå EUs overordna mål om å redusere klimagassutsleppa med minst 40 pst. i 2030, i forhold til 1990.

Effekten av EUs kvotesystem

Utsleppa vil ikkje kunne overstige utsleppstaket som er sett for verksemdene som er omfatta av EUs kvotesystem. Det årlege utsleppstaket var i 2015 på i underkant av 2 mrd. kvotar, som svarer til like mange tonn CO2-ekvivalentar. Kvart år blir den samla mengda kvotar redusert med vel 1,7 pst. Frå 2020 kan den årlege reduksjonen auke til 2,2 pst., tilsvarande eit årleg kutt på nesten 50 mill. kvotar. Dette svarar omtrent til dei totale norske årlege utsleppa av klimagassar. Den årlege reduksjonen vil resultere i at talet kvotar som i 2030 blir gjort tilgjengeleg for verksemdene som er omfatta av EUs kvotesystem vil vere 43 prosent lågare enn verksemdene sine utslepp i 2005.

I EUs kvotesystem blir kvotane selde til høgstbydande eller tildelt vederlagsfritt. Nærare definerte verksemder har rett til å søkje om å få tildelt kvotar vederlagsfritt.

Andre klimakvotesystem

Dei siste åra har fleire land, byar og regionar innført kvotesystem, og det er i dag klimakvotesystem i blant anna California, Kina (i enkelte byar og provinsar), Sør-Korea, Quebec, og New Zealand. Kina planlegg å innføre eit nasjonalt kvotesystem frå 2017. Ifølgje Verdsbanken er i dag 8 pst. av verdas utslepp dekt av nasjonale eller regionale kvotesystem. Denne delen vil auke når Kina set i verk sitt planlagde nasjonale system.

Kvotesystemet under Kyoto-avtala

Noregs 2020-mål er at utsleppa blir reduserte med 30 prosent i forhold til utsleppa i 1990. Under Kyotoprotokollens andre forpliktingsperiode, 2013–2020, er dette 2020-målet omgjort til eit utsleppsbudsjett for perioden. Under Kyotoprotokollen har Noreg forplikta seg til å redusere dei gjennomsnittlege årlege utsleppa i perioden 2013–2020 med 16 prosent i forhold til utsleppa i 1990.

Det er opna for fleksibilitet i oppfyllinga av forpliktingane ved at landa kan handle kvotar seg imellom, der overoppfylling for eitt land kan seljast til eit anna land som kan bruke kvotane til å dekkje inn eit eventuelt underskot av kvotar. Kyotoprotokollen opnar òg for at industrilanda kan godskrive utsleppsreduksjonar innanfor eigne grenser ved å gjennomføre konkrete utsleppsreduserande prosjekt i utviklingsland (Den grøne utviklingsmekanismen) og i andre industriland (Felles gjennomføring). Bruken av fleksibilitet i oppfyllinga av forpliktingane skal vere eit supplement til nasjonale tiltak.

Noregs oppfylling av Kyotoprotokollens første periode

Noregs utsleppsforplikting under Kyotoprotokollens første forpliktingsperiode var å ikkje auke utsleppa med meir enn ein prosent i perioden 2008–2012, samanlikna med utsleppsnivået i 1990. Rekneskapen for første periode vart gjort opp i november 2015. Noregs gjennomsnittlege årlege utslepp i perioden 2008–2012 vart tolv prosent lågare enn utsleppa i 1990. Overoppfyllinga skjedde gjennom ein kombinasjon av nasjonale utsleppskutt, deltaking i det europeiske kvotesystemet og statlege kvotekjøp. I samsvar med vedtaket om å overoppfylle den norske forpliktinga med 10 prosent, samtidig som ein såg bort frå kvotar som representerer opptak av klimagassar i norsk skog, og dessutan kjøp av kvotar for å dekkje statstilsette sine utanriks flyreiser og utslepp frå teknologisenteret på Mongstad, gjorde at knapt 33 mill. kvotar vart kansellerte. Om lag 20 mill. av desse kvotane skriv seg frå statens kvotekjøpsprogram knytt til Kyotoprotokollens første periode.

Kopling mellom EUs kvotesystem og Kyotoprotokollen

Klimagassutslepp på nasjonalt nivå er regulert av Kyotoprotokollen. Utsleppa frå ei enkeltverksemd som er omfatta av det europeiske kvotesystemet (EU ETS) er samtidig omfatta av utsleppsforpliktinga til det landet der verksemda er lokalisert. Bedriftene sin handel med kvotar internt i det europeiske kvotesystemet påverkar fordelinga av utslepp i Europa. EU-kvotane som bedriftene handlar med kan ikkje brukast til måloppnåing under Kyotoprotokollen. Det må derfor skapast ein parallell flyt av Kyotokvotar på statleg nivå, for å reflektere bedriftene sin handel med EU-kvotar. Eit eksempel er dersom ei norsk verksemd – verksemd A – som er med i EU ETS, eit år ser ut til å ha 100 000 tonn CO2 høgare utslepp enn talet kvotar verksemda har fått utdelt. Bedrift A kan då anten redusere verksemda sine utslepp med 100 000 tonn CO2 – eller kjøpe 100 000 kvotar av bedrift B i land x for å oppfylle sine forpliktingar under EU ETS. Dersom verksemd A kjøper 100 000 kvotar, er det fordi verksemd A slepp ut 100 000 tonn CO2 meir enn dei hadde fått utdelt kvotar for. Bedrift B kan selje 100 000 kvotar fordi den har 100 000 tonn CO2 lågare utslepp enn den hadde fått utdelt kvotar for. Det betyr samtidig, isolert sett, at Noregs totale utslepp aukar med 100 000 tonn CO2 – og at land x, isolert sett, har redusert sine utslepp med 100 000 tonn CO2. For at EU ETS-handel ikkje skal påverke landa si oppfylling av Kyotoforpliktingane, overfører land x 100 000 Kyoto-kvotar til Noreg når bedrift A kjøper 100 000 kvotar av bedrift B.

Første forpliktingsperiode under Kyotoprotokollen

Av eit samla norsk utslepp på ca. 53 mill. tonn per år var ca. 19 mill. tonn omfatta av EUs kvotesystem. Norske verksemder trengte dermed 19 mill. kvotar per år for å dekkje sine utslepp. Noreg bestemte likevel å trykke opp berre ca. 15 mill. EU-kvotar per år til bruk i EU-systemet. Differansen mellom den norske kvotemengda på 15 mill. tonn og dei norske verksemdene sine gjennomsnittlege årlege utslepp på om lag 19 mill. tonn gjorde at norske verksemder kvart år måtte importere 4 mill. kvotar frå andre land for å dekkje sine utslepp. Saman med EU-kvotane vart det importert 4 mill. Kyoto-kvotar per år som staten kunne bruke til å oppfylle Kyotoprotokollen.

Andre forpliktingsperiode under Kyotoprotokollen

Noreg er samd med EU om at EUs kvotesystem og Kyotoprotokollen skal koplast saman for perioden 2013–2020, slik som i perioden 2008–2012. Det er likevel gjort vesentlige endringar i EUs kvotesystem som gjer at samankoplinga no blir meir krevjande. EUs kvotesystem er frå 2013 harmonisert og sentralisert, med ei felleseuropeisk EU-kvotemengd som ikkje er fordelt på land. Det finst dermed ikkje lenger noko offisiell norsk kvotemengd som definerer kor mange Kyoto-kvotar Noreg skal knyte opp mot EU-kvotane i det europeiske kvotesystemet. Noreg må derfor avtale med EU kor mange av dei felleseuropeiske EU-kvotane Noreg skal vere ansvarleg for å dekkje opp med Kyoto-kvotar. Ei slik avtale er enno ikkje på plass. Det er mogleg å sjå for seg ulike løysingar, og det er ikkje semje mellom EU og EFTA-landa om korleis dette skal handterast. Vi veit derfor enno ikkje nøyaktig kor stort bidraget frå EUs kvotesystem vil vere når det gjeld Noregs oppfylling av Kyotoprotokollens andre forpliktingsperiode. At dette ikkje vart avklart allereie før starten av perioden 2013–2020, skuldast at det i 2009 – då EUs kvotesystem for perioden 2013–2020 vart vedteke – enno ikkje var semje i klimaforhandlingane om å føre vidare Kyotoprotokollen i form av ein ny forpliktingsperiode.

Parisavtala

Med felles oppfylling vil det etter alt å dømme ikkje lenger vere nødvendig med eit oppgjer mellom Noreg og EU om korleis oppgjeret under EUs kvotesystem skal handterast. Dette skuldast at Noreg og EU vil rekne effekten av det europeiske kvotesystemet opp mot den samla forpliktinga om at Noregs og EUs utslepp skal kuttast med minst 40 prosent i 2030 samanlikna med 1990. Dette gjeld sjølv om Noreg og EU formelt sett har separate forpliktingar under FN.

Fondet kan bidra til at utviklingslanda aukar sine ambisjonar. I innmeldingar til FNs klimasekretariat før klimakonferansen i Paris har mange utviklingsland indikert klart høgare ambisjonar om dei får internasjonal støtte til å gjennomføre tiltak. TCAF kan bli eit viktig verkemiddel for slike tiltak. Gjennom Parisavtala har alle land forplikta seg til å vurdere sine mål kvart femte år med sikte på å heve ambisjonane. Samarbeid mellom land om gjennomføring av tiltak kan få avgjerande betydning for nivået på ambisjonane.

TCAF skal levere målbare resultat i form av kvotar som deltakarane i fondet eventuelt kan bruke til å oppfylle skyldnader under den nye klimaavtala for perioden etter 2020. Fondet vil vere resultatbasert, betaling for kvotar skal i hovudsak først skje når resultat er dokumentert og godkjende kvotar blir leverte.

Kvotar ein kjøper gjennom marknadsbasert samarbeid under Parisavtala krev avtale med vertslanda om korleis slike kvotar skal bokførast i vertsland og kjøparland slik at ein unngår at verknadene av eit tiltak ikkje blir dobbeltrekna.

I samsvar med Meld. St. 13 (2014–2015) Ny utslippsforpliktelse for 2030, arbeider regjeringa for ei fellesløysing med EU. Denne løysinga føreset at ein reduksjon på 40 pst. blir teken innanfor EU sine grenser utan samarbeid med land utanfor EU. Til liks med EU har Noreg meldt til FNs klimakonvensjon at ein vil forplikte seg til minst 40 pst. reduksjon i utsleppet av klimagassar jamført med 1990. Dersom Noreg ikkje lukkast med å få ei avtale om felles gjennomføring med EU, har ein lagt til grunn at ein òg kan bruke fleksible mekanismar til delvis oppfylling av norske forpliktingar.

Tabell 7.16 Nasjonalt mål under programkategori 12.70.

Resultatområdet

Nasjonale mål

Klima

Reduserte utslepp av klimagassar frå avskoging og skogdegradering i utviklingsland, i samsvar med berekraftig utvikling.

Klima og skogsatsinga

Nasjonalt mål Klima- og skogsatsinga er delt opp i følgjande delmål:

  1. Å medverke til at det internasjonale klimaregimet er eit effektivt verkemiddel for reduserte utslepp frå avskoging og skogdegradering

  2. Å medverke til kostnadseffektive, tidlege og målbare reduksjonar i utslepp av klimagassar

  3. Å medverke til å ta vare på naturskog for å sikre denne skogen si evne til å binde karbon

Frå opprettinga av klima- og skogsatsinga i 2008 til 2015 har det første delmålet for klima- og skogsatsinga vore «Å bidra til at utslipp fra avskoging og skogforringelse i utviklingsland (REDD+) omfattes av en ny klimaavtale» (bl.a. formulert i Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk Klimapolitikk). Under klimatoppmøtet i Paris i desember 2015 vart dette målet nådd. Noreg spelte ei sentral rolle i forhandlingane. Teksten i klimaavtala vektlegg spesielt betaling for dei resultata regnskoglanda oppnår, noko Noreg arbeidde for. Viktig for Noreg har òg vore at rammeverket for REDD+ inneheld sterke sosiale og miljømessige sikringsmekanismar. Dette er særleg viktig for å sikre deltaking og likestilling, ivareta urfolk og andre skogfolk sine rettar og å ta vare på det rike naturmangfaldet i skogen. At regnskoglanda tek vare på desse er ein føresetnad for betaling for resultat.

I 2015 var Noreg med på å forhandle fram FNs nye, globale berekraftsmål. Eitt av berekraftsmåla er at verdas skogar skal forvaltast på ein berekraftig måte og at avskoging skal stoppe heilt innan 2020. I 2020 skal også degraderte skogar vere restaurerte. I tillegg skal arbeidet med påskoging ha auka betrakteleg. Alle desse måla viser ei internasjonal semje om at berekraftig utvikling ikkje er mogeleg utan å verne om og restaurere verdas attverande tropiske skogar. Dette styrkjer grunnlaget for klima- og skogsatsinga sin strategi om å redusere utslepp gjennom skogbevaring og berekraftig utvikling.

Boks 7.4 Overordna endringsteori og strategi for klima- og skogsatsinga

I Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk sluttar regjeringa seg til FNs strategi og mål om å bremse global oppvarming slik at den ikkje overstig to grader. Dette krev både kortsiktige og langsiktige kutt i utslepp av CO2. Redusert avskoging og auka skogrestaurering er avgjerande for å redusere utslepp både raskt og på sikt, og er dermed ein føresetnad for å nå togradersmålet.

Klima heng saman med utvikling i partnarlanda til klima- og skogsatsinga. Skogen er ein sentral ressurs i alle landa satsinga er inne i, og avskoging rammar sårbare folkegrupper som urfolk og andre skogavhengige folkegrupper. Langsiktig skogbevaring føreset at menneska som lever i skogen deltek i forvaltninga av den. Dette ligg til grunn for alle initiativ i klima- og skogsatsinga.

Ei underliggjande og avgjerande årsak til den raske avskoginga vi har sett, og framleis ser, er ein grunnleggjande marknadssvikt. Marknadssvikten inneber at skogane sin faktiske verdi for samfunnet ikkje blir reflektert i den verdi marknadene tillegg dei – både lokalt, nasjonalt og globalt. Enkelt sagt er ein skog «verdt meir død enn levande»: Det er oftast meir å tene på å gjere skogen om til beiteland, plantasjar eller tømmer, enn det er på å bevare intakt eller berekraftig forvalta skog. Med mindre det blir teke kraftfulle grep, vil denne tendensen styrkjast i åra framover. Behovet for auka råvareproduksjon kjem av auka global etterspørsel etter mat, fôr, fiber og energi.

I tillegg til denne marknadssvikten, er det i mange land òg ein betydeleg styringssvikt. Styringssvikt betyr blant anna at forvaltninga av skog og andre naturressursar ofte favoriserer sterke enkeltgrupper sine interesser framfor fellesskapet sine interesser. Fattige og ressurssvake i eit samfunn blir hardast ramma av svak offentleg styring og dårleg forvaltning av naturressursar.

Eit av hovudproblema bak den globale avskoginga er med andre ord den eksisterande insentivstrukturen som påverkar dei relevante aktørane i skoglanda: styresmakter, næringsaktørar og menneske som lever i og av skogen.

Figur 7.1 Strategisk rammeverk for klima- og skogsatsinga

Figur 7.1 Strategisk rammeverk for klima- og skogsatsinga

Dei grunnleggjande grepa for å endre økonomien og politikken i retning av redusert avskoging må takast av nasjonale styresmakter i tropiske skogland, og dei må sjølve vurdere kva som er dei mest føremålstenlege tiltaka for å oppnå dette.

Klima- og skogsatsinga rettar innsatsen mot å endre insentivstrukturen til ulike aktørar, og etablere nye samarbeidsmønster som gjer at alle partar i fellesskap kan endre si åtferd og medverke til å hindre avskoging, samtidig som dei fremjar sine eigne interesser. Verkemiddel som blir nytta er produksjon og distribusjon av kunnskap, betaling for ønska resultat, og støtte til reformer og kapasitetsbygging for betre styresett og forvaltning.

Klima- og skogsatsinga skal medverke til utviklingspolitikkens overordna mål om fattigdomsreduksjon og berekraftig utvikling, og klimapolitikkens mål om å bremse global oppvarming slik at den ikkje overstig 2, eller helst 1,5 grader celsius. Det strategiske rammeverket i figuren over viser kva område klima- og skogsatsinga rettar innsatsen mot for å nå måla for satsinga.

Dei overordna måla kan berre nåast gjennom eit effektivt globalt klimaregime. Innsatsen i klima- og skogsatsinga har som mål å leggje til rette for dette. Eit slikt klimaregime bør omfatte langsiktig og føreseieleg finansiering for skoglanda, og mekanismar for å sikre bl.a. betra styresett og demokratisk deltaking i landa, og bidra til at privat sektor medverkar til verdiskaping basert på god skog- og arealforvaltning.

Eit globalt klimaregime er eit godt utgangpunkt for å oppnå resultat gjennom samarbeid på landnivå. Vilje til endring hos det politiske leiarskapet i det enkelte land er ein føresetnad for eit klima- og skogpartnarskap. Partnarlanda er ulike, og innanfor rammene av Klima- og skogsatsingas overordna strategi blir det utvikla meir detaljerte endringsteoriar for kvart enkelt land/prosjekt.

Mange skogland er i dag ikkje klare til å levere og rapportere resultat i form av målte og verifiserte reduserte utslepp frå skog. Klima- og skogsatsinga rettar derfor betydeleg innsats mot å støtte prosessar som vil leggje til rette for utsleppsreduksjonar og leggje grunnlaget for auka finansiering og vedvarande redusert avskoging. I praksis inneber dette bl.a. å etablere skogovervakingssystem, vedta REDD+-planar og lovverk og å opprette institusjonar for implementering. Deltaking i desse prosessane frå urfolk og andre skogavhengige folkegrupper og sivilsamfunnet elles er avgjerande.

God skog- og arealforvaltning medverkar til berekraftig utvikling. Urfolk og andre skogfolk har gjennom hundreår forvalta skogen på ein berekraftig måte. Urfolk og andre skogfolk sin rett til å eige og forvalte sine område, og deira deltaking i avgjerdsprosessar kan medverke til berekraftig utvikling i mange skogområde. Sivilsamfunnet kan òg ha ein kontrollfunksjon overfor styresmakter og privat sektor. For å styrkje sivilsamfunnet sitt høve til å ivareta denne funksjonen arbeider klima- og skogsatsinga for transparente og deltakande avgjerdsprosessar.

Eit privat næringsliv som medverkar til at råvarer blir produserte på ein berekraftig måte og utan å føre til avskoging er avgjerande. Klima- og skogsatsinga arbeider for at privat sektor skal etablere avskogingsfrie forsyningskjeder, og at den skal satse på berekraftig produksjon av råvarer. Det blir arbeidd med å opprette ambisiøse offentleg-private partnarskap med dette føremål.

Etter klimatoppmøtet i Paris er den norske innsatsen retta inn mot at vi og våre samarbeidsland samla skal klare å etablere ein politikk som resulterer i at vi når avtalas ambisiøse mål om å avgrense oppvarminga av jordkloden til 2, eller aller helst 1,5 grader celsius. Den nye klimaavtala visar at bevaring av skog er ein viktig del av verdas strategi for å nå dette målet, også etter 2020. Som annonsert under klimatoppmøtet i Paris har regjeringa derfor som intensjon å vidareføre klima- og skogsatsinga fram til 2030.

Hittil har klima- og skogsatsinga betalt Brasil og Guyana for store utsleppsreduksjonar frå skog. I 2016 viser skogtala at andre delar av Amazonas, nemleg Colombia og Ecuador, også har klart å redusere sine utslepp frå skog. Gjennom skogavtaler med Noreg og Tyskland vil landa få betalt for desse resultata.

Indonesia har årleg store utslepp av klimagassar på grunn av øydelegging av karbonrik torvmyr. I 2016 har Indonesia mellom anna annonsert eit moratorium mot all øydelegging av torvmyr, og eit moratorium mot nye palmeoljeplantasjelisensar. Eit eige organ for å følgje opp det førstnemnde arbeidet er etablert, og vil bli støtta av Noreg. Implementering av desse tiltaka vil kunne gi betydelege utsleppsreduksjonar.

I landa i Afrika tek det meir tid før våre skogsamarbeid gir resultat i form av verifiserte utsleppsreduksjonar. Men dei gir andre resultat. Etiopia har etablert ein politikk for grøn økonomisk utvikling og for berekraftig skog- og arealbruk. Basert på resultat frå desse reformene utbetaler klima- og skogsatsinga støtte til Etiopia. I Liberia blir det arbeidd tett med privat sektor for å auke private investeringar i berekraftig og avskogingsfri råvareproduksjon. Noreg deltek i finansieringa av dette arbeidet. Både i Etiopia og Kongo-bassenget er ambisiøse reformer under utvikling og i varierande grad under implementering, og på sikt er også desse landa venta å levere utsleppsreduksjonar.

Privat sektor er ein viktig aktør i arbeidet mot avskoging. Skal arbeidet for å unngå avskoging og degradering av skog lykkast, er det ein føresetnad at tiltak for vern av skog blir kombinert med tiltak som gjer at meir mat, fôr, energi og fiber blir produsert på allereie etablert jordbruksland eller andre allereie avskoga område. Gjennom New York Declaration on Forests, inngått hausten 2014, og Lima Challenge, inngått vinteren 2015, har både skogland, donorland og ei rekkje aktørar innan privat sektor forplikta seg til arbeidet mot avskoging.

For å redusere avskoging i regi av privat sektor i land der investeringsklimaet ofte er krevjande vil tett offentleg-privat partnarskap vere ein føresetnad. Regjeringa prioriterer innsats for å auke private investeringar og satsingar på avskogingsfri og berekraftig råvareproduksjon også framover. Dette krev nytenking og innovative løysingar for offentleg-privat samarbeid, for eksempel å bruke offentlege midlar til å redusere risiko i investeringar i avskogingsfri og berekraftig råvareproduksjon.

Sivilsamfunnet er viktige aktørar i arbeidet for redusert avskoging. I 2015 vart ein ny portefølje av sivile samfunnsaktørar valt ut for støtte for perioden 2016–2020. Det vart valt ut 40 prosjekt for støtte, innanfor områda urfolks og andre skogfolks deltaking og rettar, avskogingsfrie forsyningskjeder i næringslivet, handheving av regelverk for skogforvaltning og å etablere internasjonal konsensus om eit nytt klimaregime. Det er òg valt ut prosjekt som retter seg mot å produsere og formidle kunnskap om innsatsen innanfor dei same tema. I utval av organisasjonar er det lagt vekt på å støtte eksisterande reformkrefter innanfor den nasjonale REDD-agendaen i skoglanda. Samla vil støtta til sivile samfunnsorganisasjonar vere noko høgare i perioden 2016–2020 enn den har vore i 2013–2015.

I juni 2016 vart Oslo REDD Exchange arrangert for tredje gang. Rundt 500 aktørar frå det sivile samfunn, myndigheiter og privat sektor møttes for å dele og diskutere erfaringar og kunnskap om REDD+. Også den amerikanske utanriksministeren John Kerry besøkte konferansen. Oslo REDD Exchange er ein viktig arena for utvikling og styrking av den globale REDD-innsatsen.

Fleire av skoglanda som Klima- og skogsatsinga samarbeider med har utfordringar når det gjeld styresett, og fleire inneber betydeleg risiko for økonomisk misleghald. Risikovurderingar og risikohandtering er derfor ein sentral del av alle prosjekt satsinga arbeider med. Som for alle bistandsprosjekt er nulltoleranseprinsippet lagt til grunn for økonomisk misleghald, sjå meir i Prop. 1 S for Utanriksdepartementet.

Nærare om budsjettforslaget

Foreslått løyving knytt til programkategorien for 2017 er på 3,072 mrd. kroner på utgiftsida. Inntektssida som består av inntekter frå kvotesal er sett til 0 (sjå Kap 4481, post 01 for nærare informasjon). Dette er ein auke på 100 mill. kroner eller om lag 3,4 pst. på utgiftsida samanlikna med saldert budsjett for 2016. Auken relaterer seg til auka behov for løyving til statlege kvotekjøp.

Utgifter under programkategori 12.70 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

1481

Klimakvotar

127 817

204 200

264 597

29,6

1482

Internasjonale klima- og utviklingstiltak

2 906 934

2 767 287

2 806 923

1,4

Sum kategori 12.70

3 034 751

2 971 487

3 071 520

3,4

Kap. 1481 Klimakvotar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter, kan overførast

11 872

3 910

4 387

22

Kvotekjøp, generell ordning, kan overførast

115 517

200 000

259 900

23

Kvotekjøp, statstilsette sine flyreiser, kan overførast

428

290

310

Sum kap. 1481

127 817

204 200

264 597

Post 01 Driftsutgifter, kan overførast

Post 01 Posten omfattar utgifter til kjøp av eksterne tenester som kommersiell og juridisk rådgiving, og andre driftsutgifter i samband med arbeidet med kjøp av kvotar. Posten har ei løyving på 4,387 mill. kroner.

Post 22 Kvotekjøp, generell ordning, kan overførast

Gjennom ratifikasjon av endringar i Kyoto-protokollen har Noreg forplikta seg til redusere dei årlege klimagassutsleppa i perioden 2013–2020 med 16 pst. i gjennomsnitt, jamført med Noregs utslepp i 1990. I Innst. 60 S (2013–2014) om samtykke til godkjenning av endring i Kyotoprotokollen peikar energi- og miljøkomiteen på at det gjennom Kyotoprotokollens system blir opna for ei fleksibel gjennomføring og samarbeid mellom land som supplement til nasjonale tiltak. Komiteen viser til at dette gjer det mogeleg for Noreg å ta på seg større forpliktingar og å medverke til større globale reduksjonar i utslepp av klimagassar.

Strategien for kjøp av klimakvotar i perioden 2013–2020 er drøfta i Revidert nasjonalbudsjett 2013. Der legg ein vekt på at staten gjennom sitt kvotekjøp skal medverke til utviklinga og legitimiteten til den internasjonale marknaden for klimakvotar. Kjøpsstrategien byggjer på FN-systemet, og ein fører i store trekk vidare strategien frå første Kyotoperiode (2008–2012). Staten vil i utgangspunktet berre kjøpe kvotar frå allereie registerte prosjekt som står i fare for å avvikle drifta, og frå nye prosjekt. Ein vil som hovudregel ikkje kjøpe kvotar frå registerte prosjekt som har inntekter som dekkjer dagleg drift, sidan slike prosjekt mest truleg vil halde fram å generere utsleppsreduksjonar uavhengig av statens kvotekjøp. I samsvar med EUs regulering av kvotehandelssystemet vil staten ikkje kjøpe kvotar frå hydrofluorkarbonprosjekt, adipinsyreprosjektet, og frå kolbasert energiproduksjon utan karbonfangst og -lagring.

I samsvar med drøftingar i tidlegare års budsjett er også budsjettet for 2017 basert på at ein vil trenge 60 mill. kvotar samla for perioden 2013–2020 for å oppfylle dei norske skyldnadene under Kyotoprotokollen. Det faktiske behovet for kvotar kan bli både høgare og lågare enn dette. Kjøpsbehovet er særleg avhengig av utfallet av ei avklaring med EU om korleis EUs kvotesystem skal medverke til den norske oppfyllinga av Kyotoprotokollen. Det er uklart når prosessen med EU blir avslutta, men ein vurderer det som nødvendig å inngå kontraktar i 2016 og 2017 i samsvar med føresetnadene om eit kjøpsbehov på 60 mill. kvotar for perioden 2013–2020.

Det er svært krevjande å budsjettere utbetalingar for klimakvotekjøp. Kontraktane er utforma slik at ein betaler først når FN har utferda kvotane og prosjekteigar overfører kvotane til statens konto i det internasjonale kvoteregisteret. Før kvotar blir utferda må prosjekttiltaket ha verka over ein viss periode, ofte 6 eller 12 månader, og verknadene i form av reduserte utslepp må vere dokumenterte og verifiserte av eit uavhengig selskap som er godkjent av FN for å utføre denne oppgåva.

Klima- og miljødepartementet foreslår at det blir løyvd 260 mill. kroner til betaling for kvotar som blir leverte i 2017. Løyvinga skal dels gå til kontraktfesta betalingar for avtalar som allereie er inngått under fullmakter Stortinget har gitt departementet. Det er også innarbeidd eit overslag over utbetalingar under nye kontraktar som er planlagt inngått i 2017, og som er nødvendig for å sikre at Noreg oppfyller sine skyldnader under Kyotoavtala og avtala om TCAF.

I visse høve vil det vere ønskjeleg å betale ein viss del på forskot, mellom anna ved deltaking i fond under Verdsbanken. I samsvar med tidlegare praksis kan det òg bli aktuelt å betale eit mindre forskotsbeløp for å dekkje ymse administrasjonskostnader. Forvaltningskostnader, medrekna kostnader til etterkontroll, til NEFCO, Verdsbanken, og eventuelle andre forvaltarar vert òg ført på denne posten.

Det kan vere føremålstenleg å endre samansetjinga av porteføljen til staten. Det kan ein gjere ved å selje vidare kontraktar for enkelte prosjekt, ved å selje framtidige volum frå enkelte prosjekt, eller ved å selje kvotar i marknaden. Den slags sal kan vere ønskjeleg for å gjere tilpassingar i porteføljen, for eksempel for å få betre risikospreiing ved å kjøpe frå prosjekttypar og land som er underrepresenterte i porteføljen, eller for å tilpasse volumet til oppdaterte overslag over levering og kjøpsbehov. Det kan òg vere aktuelt å styre denne eksponeringa gjennom avleidde instrument, for eksempel bytteavtaler. Klima- og miljødepartementet ber derfor om fullmakt til å selje kvotar og å nytte salsinntekta til å kjøpe nye kvotar utover det som er løyvd, jf. forslag til romartalsvedtak III.

Til liks med tidlegare år ber Klima- og miljødepartementet om fullmakt til å inngå avtalar som overstig kjøpsbehovet på 60 mill. kvotar. For å sikre at ein får levert nok kvotar er det nødvendig å inngå avtaler for levering av meir enn 60 mill. kvotar. Basert på erfaringar reknar ein med at ein i gjennomsnitt berre får levert tre firedeler av kontraktvolumet. I første Kyotoperiode fekk ein berre levert om lag halvparten av det volumet ein hadde avtalt. Ein har så langt i hovudsak inngått avtaler med meir modne prosjekt enn tilfellet var i første runde, jamfør at ein større del av avtalene knyter seg til prosjekt som allereie er FN-godkjende. I samsvar med drøftinga i Prop. 122 S (2015–2016) Tilleggsbevilgninger og omprioteringer i statsbudsjettet 2016 skal fullmakta også omfatte skyldnader som knyter seg til perioden etter 2020, jf. deltaking i Verdsbanken nye fond, Transformative Carbon Asset Facility. På denne bakgrunnen ber ein om ei rommeleg fullmakt til å inngå avtaler i 2017. Denne ramma vil omfatte betalingar som knyter seg til avtaler som blir inngått i 2017 og tidlegare år, og som vil gi utbetalingar i 2018 og seinare år, jf. forslag til romartalsvedtak IV.

Rapport 2015

Kvotar blei kjøpte gjennom fond i Verdsbanken (Carbon Partnership Facility), Det nordiske miljøinvesteringsfondet, NEFCO (NEFCO Carbon Fund og Norwegian Carbon Procurement Facility), og ved at departementet inngjekk avtaler direkte med prosjekteigarar. Ved utgangen av august 2016 var det inngått avtaler for levering av 54,8 million kvotar. Ein har då rekna med avtaler som er gjorde med atterhald av ein ekstern etterkontroll av prosjektet. Som nemnt ovanfor reknar ein ikkje med å få levert avtalt volum fullt ut. Kor mykje som faktisk blir levert, er avhengig av utviklinga i det enkelte prosjektet. I tillegg til avtaler som er inngått for levering i perioden 2013–2020 har ein overført om lag 3 mill. kvotar som ikkje vart nytta i den første Kyotoperioden (2008–2012). Ei meir detaljert oversikt over inngåtte avtaler ligg på www.carbonneutralnorway.no og heimesidene til Klima- og miljødepartementet.

Post 23 Kvotekjøp, statstilsette sine flyreiser, kan overførast

Ordninga med kvotekjøp for statstilsette sine flyreiser vart innført på nytt i 2013 etter at EU sitt opplegg for kvoteplikt for fly vart innskrenka til berre å omfatte flyreiser innanfor EØS-området. Det vil derfor verte kjøpt kvotar for statstilsette sine reiser som ikkje er omfatta av kvoteplikt. På bakgrunn av at berre flyreiser innan EØS-området er omfatta av kvoteplikt, er omfanget av reiser det skal kjøpast kvotar for, avgrensa. Regjeringa foreslår at det vert løyvd 310 000 kroner for å dekkje kjøp av kvotar for flyreiser statstilsette gjer på strekningar som ikkje er omfatta av kvoteplikt.

Kap. 4481 Sal av klimakvotar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Salsinntekter

1 854 050

Sum kap. 4481

1 854 050

Post 01 Salsinntekter

EUs reviderte kvotedirektiv, med underordna rettsakter, vart innlemma i EØS-avtala i juli 2012. Reglane er harmoniserte på EU-nivå og inneber m.a. at kvoteplikta skal utvidast til å gjelde fleire sektorar og klimagassar. Kvotar som ikkje vert tildelte gratis, skal seljast i den europeiske marknaden. Kommisjonen har fordelt mengda av kvotar som skal seljast etter ein bestemt fordelingsnøkkel. Noreg sin del av totalt salsvolum er om lag 0,75 pst.

Frå 2013 skal sal av klimakvotar skje ved auksjonar. Noreg skal delta på ei felleseuropeisk auksjonsplattform der kvotane vert selde til høgstbydande gjennom jamlege auksjonar. Prosessen med å knytte seg til denne auksjonsplattforma, som for tida er European Energy Exchange (EEX) i Leipzig, har teke lengre tid enn føresett. Dette skuldast mellom anna diskusjonar omkring EØS-rettslege spørsmål.

Noreg arbeider no med å tiltre den felles innkjøpsavtalen (JPA) som ligg i grunn for anskaffing og etablering av den felleseuropeiske auksjonsplattforma. Ei tiltreding til JPA må ratifiserast i alle EU landa, og ut i frå status i denne prosessen er det grunn til å tru at salet av klimakvotar ikkje vil komme i gang i løpet 2017. Kvotar som ikkje er selde, vil bli overførde til 2018. Basert på Kommisjonens overslag skulle 7,84 mill. kvotar seljast i 2017. Kvotemengda for 2017 vil dermed saman med kvotar for 2013–2016 bli overført til 2018, til saman 33,6 mill. kvotar.

Kap. 1482 Internasjonale klima- og utviklingstiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

87 283

93 689

97 710

73

Klima- og skogsatsinga, kan overførast

2 819 651

2 673 598

2 709 213

Sum kap. 1482

2 906 934

2 767 287

2 806 923

Forvaltinga av klima- og skogsatsinga har frå 1. januar 2014 vore samla i Klima- og miljødepartementet. Dagens organisering der ansvaret for satsinga er samla i eitt departement er vurdert som effektiv og gir klarare ansvarsforhold enn tidlegare delt organisering mellom Klima- og miljødepartementet og Utanriksdepartementet.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar driftsmidlane knytte til regjeringas klima- og skogsatsing. Posten dekkjer alle driftskostnader til satsinga, under dette lønn, administrasjon, reiseutgifter, informasjonsverksemd, evalueringar m.v. i Klima- og miljødepartementet, Utanriksdepartementet (med ambassadane) og Norad. I tillegg dekkjer løyvinga kjøp av varer og tenester knytte til drift, slik som utgreiingar, verifiseringsoppdrag, konsulenttenester, seminar og internasjonale møte m.v. Samanlikna med 2016 er posten redusert med 0,5 mill. kroner på grunn av avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma.

For 2017 er det foreslått ei løyving på 94,37 mill. kroner på posten. Det er lagt inn 2,1 mill. kroner i samband med omlegging av budsjettering av pensjonsutgiftene i staten. I medhald av OECD/ DACs direktiv kan visse utgifter godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjente utgifter). Heile løyvinga på kap. 1482, post 01 er godkjent som utviklingshjelp.

Klima- og skogsatsinga er eit internasjonalt nybrottsarbeid. Å drive dette arbeidet framover er krevjande, både politisk og fagleg. Tilgang til variert og høg kompetanse og kapasitet gjennom målretta bruk av eksterne fagmiljø er avgjerande for å lykkast. Dette gjeld både for å drive det globale arbeidet med løysingsutvikling og klimapolitisk konsensusbygging vidare, og for å kunne støtte partnarland sitt arbeid med å utvikle og implementere sine klima- og skogstrategiar.

Rapport 2015

Kap 1482, post 01 har blitt nytta til løns- og driftsutgifter for klima- og skogsatsinga. Midlane dekkjer løns-, drifts- og reiseutgifter til satsinga i Klima- og miljødepartementet, Norad og ved norske utanriksstasjonar som forvaltar midlar for klima- og skogsatsinga.

I 2015 vart det inngått fleire bilaterale avtaler om skogsamarbeid med tropiske skogland. Klima- og skogsatsinga har etter dette ein brei portefølje av klima- og skogsamarbeid. Som ei følgje av dette har det norske nærværet blitt styrkt i fleire land i 2015. I Indonesia vart nærværet styrkt, og i Vietnam og Colombia vart det oppretta nye spesialutsendingsstillingar for klima og skog.

Klima- og skogsatsinga samarbeider med ei rekkje partnarland og organisasjonar internasjonalt. Dette inneber å delta på og arrangere internasjonale møte og konferansar, og prosessar for å etablere internasjonalt samarbeid, ofte med fleire aktørar. Midlar på posten har vore brukt til å dekkje utgifter knytte til å gjennomføre slike arrangement, medverke til konsensusbygging, utvikle analysar og løysingar m.m. Midlar har òg vore brukte til å innhente eksterne vurderingar av partnarlands framdrifts- og utsleppsrapportar. Klima- og skogsatsinga inngjekk i 2015 fleire bilaterale og multilaterale avtaler om norsk støtte til arbeid for skogbevaring og mot avskoging. Bl.a. for å understøtte avtaleforhandlingane og etablere avtalene har det vore behov for å kjøpe konsulenttenester internasjonalt. Tenestene har i hovudsak vore finansierte over driftsposten.

Post 73 Klima- og skogsatsinga, kan overførast

For 2017 er det foreslått løyvd 2 709,213 mill. kroner på posten. Klima- og skogsatsinga har sidan lanseringa i 2007 inngått ei rekkje samarbeid og partnarskap, i hovudsak med sentrale tropiske skogland med mål om å betale for verifiserte, reduserte utslepp frå skog i løpet av avtaleperioden. Framdrifta i disse initiativa vil bli tilpassa den ramma som er foreslått på posten, noko som i 2017 fører til noko seinare framdrift enn den som opphavleg var planlagt. Det er no ikkje rom for å inngå større nye partnarskap og satsingar på posten.

Det fremjast forslag om ein tilsegnsfullmakt på 2 345 mill. kroner på posten, sjå romartalsvedtak VI. Klima- og skogsatsingas strategi er å inngå langsiktige avtalar om betaling for resultat i skoglanda. I takt med fleire inngådde partnarskap får klima- og skogsatsinga dermed fleire juridiske forpliktingar om utbetalingar i åra framover. Forpliktinga utløysast når partnarlandet leverer resultat som avtalt i form av verifiserte utslippsreduksjonar, eller milestolpar i reformer for betra skogforvaltning og redusert avskoging. Ut over dette dekkjer fullmakta avtalar med organisasjonar som inneber utbetalingsforpliktingar over fleire år.

I medhald av OECD/ DACs direktiv kan visse utgifter godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjente utgifter). Heile løyvinga på kap. 1482, post 73 er godkjent som utviklingshjelp.

Mål

Tilskotet skal medverke til:

  • at det internasjonale klimaregimet er eit effektivt verkemiddel for reduserte utslepp frå avskoging og skogdegradering

  • kostnadseffektive, tidlege og målbare reduksjonar i utslepp av klimagassar frå avskoging og degradering av skog i utviklingsland

  • å bevare naturskog i utviklingsland for å sikre denne skogen si evne til å lagre karbon

Desse måla skal vere styrande for ressursbruk og prioriteringar, og vedtak om igangsetjing, vidareføring eller endring av støtte. Det er eit overordna mål for norsk utanriks- og utviklingspolitikk å medverke til berekraftig utvikling og reduksjon av fattigdom. For norsk klimapolitikk er det eit overordna mål å medverke til eit effektivt globalt regime for reduksjon i utslepp av klimagassar. Desse er derfor naturlege overordna mål for klima- og skogsatsinga. Langsiktig bevaring av skog er avhengig av at det blir oppnådd resultat også på andre område enn reduserte utslepp av klimagassar. Klima- og skogsatsinga skal derfor gjennom arbeidet òg medverke til bevaring av naturskog, berekraftig utvikling og styrking av politisk og økonomisk styresett i naturressursforvaltninga og arbeide for å sikre rettane til lokalsamfunn og urfolksgrupper. I arbeidet for å nå måla skal klimapolitikken og utviklingspolitikken underbyggje kvarandre.

Tildelingskriterium

Tilskotet dekkjer tre kategoriar av tiltak: betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar, finansiering av program- og prosjektporteføljar og fondsoppbygging. I tillegg skal tilskotet medverke til å utvikle og å spreie kunnskap som bidrar til å nå klima- og skogsatsinga sine mål. Kriterium for utbetaling av tilskot i kvar kategori er beskrive under.

Betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar

Eitt av klima- og skogsatsinga sine hovudmål er reduksjon av klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog. Tildelingskriterium for tilskotsmidlar er verifiserte reduksjonar av klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog. I tråd med Stortingets føringar er det eit mål å auke delen av tilskotet som blir utbetalt for verifiserte utsleppsreduksjonar frå skog. Utbetaling er avhengig av effektive og robuste system for å måle og verifisere resultat, og storleiken på utbetalinga må stå i eit rimeleg forhold til det oppnådde resultatet. Blir det ikkje levert dokumentasjon på reduserte utslepp eller auka klimagassopptak i skog, skal midlane ikkje utbetalast. Sjå omtale av måling, rapportering og verifisering (MRV) under rapport for 2015.

Finansiering av program- og prosjektporteføljar

For å nå måla om utsleppsreduksjonar gjennom bevaring av naturskog er det i mange land behov for førebuande innsats for å starte dei nødvendige prosessane, etablere strategiar og arenaer og støtte program for omlegging til nye forretningsmodellar og produksjonsmetodar, inkludert risikoreduksjon. For å få resultat av satsinga og sikre framdrift i arbeidet, er eit godt forvaltningsregime ein føresetnad. Klima- og skogsatsinga vil derfor søkje å styrkje gjennomføringstakten og hindre forseinkingar ved å medverke til reformer og institusjonsbygging i mottakarlanda. Dette vil òg imøtekomme forventningar og behov i mottakarlanda og styrkje moglegheitene for varig betra skogforvaltning.

Målgruppe for tilskot er styresmakter, organisasjonar og grupper som blir påverka av tiltak for reduksjon i avskoging og effektane av reduserte klimagassutslepp. Det er og næringslivsaktørar og andre aktørar som kan medverke til å nå måla.

Midlane skal nyttast til prosjekt eller program som fremjar institusjonsbygging, planprosessar, kartleggingsarbeid, kompetansebygging, kunnskapsutvikling eller liknande, som medverkar til at måla for tilskotsposten blir nådde. Utbetaling direkte til mottakar finn stad når det er behov for å dekkje faktiske utgifter over ein periode på normalt seks månader eller mindre, og vilkåra elles i avtala er oppfylte. Sjå romartalsvedtak knytt til posten for unnatak frå økonomireglementet i visse tilfelle. Midlar kan nyttast til tiltak som fremjar samarbeid med privat sektor og som styrkjer insentiva for privat sektor til å investere i berekraftig og avskogingsfri produksjon av råvarer. Det kan mellom anna gis tilskot til private aktørar for å direkte redusere investors risiko knytt til investeringar i avskogingsfri og berekraftig råvareproduksjon.

Fondsoppbygging (multilaterale satsingar) for framtidige utbetalingar for verifiserte utsleppsreduksjonar

Fondsoppbygging skal vurderast separat for kvart enkelt tilfelle, og berre når følgjande kriterium er oppfylte:

  • Betaling for resultat. Unnatak bør avgrensast til initiativ der Noreg medverkar til å byggje opp fond med eksplisitt formål å betale for framtidige verifiserte utsleppsreduksjonar frå skog.

  • Noregs rolle er ikkje av ei slik art at vi åleine kan bestemme utbetalingspraksis. Nye unntak skal berre vurderast for initiativ der Noreg må ta omsyn til ein eller fleire andre store bidragsytarar og/eller multilaterale samarbeidspartnarar sin praksis og behov. Noreg skal i forhandlingar først ha forsøkt å få gjennomslag for at midlane blir utbetalte til fondet etter at utsleppsreduksjonane er oppnådde.

  • Forsvarleg forvaltning. Det må etablerast juridiske rammeverk knytte til fonda som sikrar god forvaltning av midlane. Dersom midlane er forvalta i felles fond med fleire bidragsytarar skal Noreg forsøke å etablere felles forvaltningskrav som sikrar effektiv forvaltning.

I enkelte internasjonale organisasjonar kan det vere vanskeleg for Noreg å få gjennomslag for å følgje våre reglar om utbetaling etter behov og i terminar. Primært vil dette vere i tilfelle der fondsforvaltar ønskjer forskotsvise utbetalingar for å inngå juridisk forpliktande avtaler med tropiske skogland om framtidig kjøp av verifiserte utsleppsreduksjonar. Når Noreg ikkje finansierer klart avgrensa prosjekt, blir det vurdert om Klima- og miljødepartementet skal få høve til å tilpasse utbetalingane til den enkelte organisasjonen sitt regelverk. Slik utbetaling krev unntak frå føresegnene i stortingsvedtak av 8. november 1984 om utbetaling av gitte tilskotsløyvingar. Sjå forslag til romartalsvedtak VIII for klima- og miljødepartementet. Klima- og skogsatsingas krav om at midlane skal rapporterast som bistand vil stå fast, og andre krav i økonomireglementet til forvaltning av tilskot vil bli følgde.

Utvikle og spreie kunnskap om klima- og skogsatsinga sine mål

Det er eit mål å kommunisere klima- og skogsatsingas mål betre ut til befolkninga i Noreg og globalt. Tiltak som medverkar til å spreie kunnskap som er relevant for klima- og skogsatsingas tre målsetjingar som beskrivne over kan difor få støtte. Det kan søkjast om tilskotsmidlar til kunnskapsformidling retta mot endringsaktørar og premissleverandørar globalt eller nasjonalt, mot marknadsaktørar og mot befolkning i skogland, givarland eller globalt. Tiltak med mål om å formidle kunnskap kan få tilskot. Opplæring og kunnskapsproduksjon kan inngå som ein del av prosjektet.

Oppfølging og kontroll

For kvar utbetaling skal det rapporterast på oppnådde resultat i samsvar med dei inngåtte avtalene og dei klimapolitiske måla. Tilskotsmottakarar skal ha sikringsmekanismar mot korrupsjon og negative sosiale og økonomiske konsekvensar.

Betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar skjer etterskotsvis. Utbetalingane vil skje til fond, som vil vere tilskotsmottakar. I visse høve vil det vere ønskeleg å betale ein viss del på forskot, mellom anna ved deltaking i fond under Verdsbanken. Ved delegert samarbeid om betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar, vil tilskotsmottakar vere den parten som er delegert forvaltninga. Klima- og miljødepartementets ansvar knytte til oppfølging av midlane er derfor avgrensa til oppfølging av avtala mellom Noreg og mottakar. Mottakaren sine vidare tilskotsavtaler er ikkje regulerte av reglane om tilskotsforvaltning i det norske økonomiregelverket. Eit eksempel på eit slikt fond er Brasils Amazonas-fond, administrert av Den brasilianske utviklingsbanken.

Avtaler om utbetalingar til fond må gi høve til kontroll og tilbakebetaling av tilskotet innanfor eit rimeleg tidsrom dersom det ikkje er forvalta i tråd med intensjonen. Alle utbetalingar under klima- og skogsatsinga skal kunne klassifiserast som offisiell utviklingshjelp (ODA). Ved utbetalingar til fond må det avtalast at fondet berre kan bruke norske midlar på tiltak som er godkjente som offisiell bistand. I tillegg skal avtalene fastslå at tilskotsmottakarar skal ha sikringsmekanismar mot korrupsjon og negative sosiale og økonomiske konsekvensar i deira vidare utbetalingar til ODA-godkjente aktivitetar, og at det blir rapportert på oppnådde resultat. Avtalene skal vidare medverke til klima- og skogsatsinga sine mål om reduserte klimagassutslepp, biologisk mangfald og berekraftig utvikling. Dersom midlane er forvalta i felles fond med fleire bidragsytarar skal Noreg forsøke å etablere felles forvaltningskrav som syter for effektiv forvaltning.

Rapport 2015

Utfyllande rapportering om heile innsatsen under klima- og skogsatsinga er samla i ein eigen statusrapport for 2015, publisert i juni 2016. Statusrapporten omfattar eigne temasider om bl.a. urfolk og privat sektor-samarbeid, den omtaler samanhengen mellom utvikling- og klimaeffektar av satsinga, og den gir rapportering på alle landpartnarskapa, også dei som ikkje har medført utbetalingar i 2015 (Colombia og Vietnam). Norad lanserte på same tid ein eigen rapport om sivilsamfunnsporteføljen 2013–2015 under klima- og skogsatsinga. Der er meir utfyllande rapportering på resultat av sivilsamfunnsporteføljen til klima- og skogsatsinga.

I Innst. 9 S (2014–2014) ber fleirtalet i energi- og miljøkomiteen om at satsinga vektlegg bl.a. urfolk og andre skogfolk, utvikling og sikringsmekanismar, likestilling, reformer i styresett og nasjonal tilnærming. Satsinga sitt arbeid med desse forholda er derfor spesielt vektlagt i rapporten under.

Boks 7.5 REDD+ inn i ny klimaavtale

I Paris islutten av 2015 vart landa i verda samde om ei historisk klimaavtale, som omfattar alle land. Parisavtala har eit mål om å halde den globale temperaturauken godt under 2 grader og prøve å avgrense auken til 1,5 grader over førindustrielt nivå, fordi dette vil redusere risikoen og effektane av klimaendringane betydeleg. Avskoging står i dag for ca. 11 pst. av globale klimagassutslepp. Ambisjonane i Parisavtala kan berre oppfyllast ved ein kraftig innsats for bevaring og restaurering av skog.

Mål og rammer for det internasjonale samarbeidet om å redusere utslepp frå skog i utviklingsland (REDD+) vart utvikla i åra fram mot klimakonferansen i Paris. Her vart dei siste delane av dette regelsettet vedtekne og inkluderte i avtala.

Denne avgjerda er eit viktig signal om den politiske oppslutninga om REDD+ og er viktig for å støtte opp under langsiktig finansiering av resultat frå REDD+. Ved at desse skoglanda tek imot betaling for resultat dei sjølve oppnår, blir eigarskapen til arbeidet med å redusere avskoging styrkt. For mange utviklingsland er REDD+ ein del av ein nasjonal utviklings- eller klimastrategi. Etiopia er eit eksempel på dette (sjå eiga omtale under rapportering for 2015).

Når REDD+ har blitt ein del av den nye klimaavtala er den første av Stortingets tre føringar for klima- og skogsatsinga, «å bidra til at utslipp fra skog omfattes av et nytt internasjonalt klimaregime», nådd. Teksten i klimaavtala legg spesiell vekt på betaling for resultata regnskoglanda oppnår, noko Noreg arbeidde for.

Noreg har vore blant dei sterkaste pådrivarane for at rammeverket for samarbeid om å redusere utslepp frå skog i utviklingsland skulle etablerast under FNs klimakonvensjon. Synteserapporten frå Norads uavhengige følgjeevaluering frå 2014 slår fast at Noreg har spela ei betydeleg rolle i arbeidet med å oppnå semje om ei rekkje nøkkelvedtak om REDD+ under klimakonvensjonen. Noreg samarbeider med dei fleste store regnskoglanda i verda og erfaringane frå samarbeid om etablering og gjennomføring av REDD+ har medverka sterkt til oppslutninga om REDD+ i klimaforhandlingane, og til den betydning REDD+ fekk i den endelege klimaavtala i 2015.

Noreg har òg vore ein pådrivar for sterke sosiale og miljømessige sikringsmekanismar i rammeverket for REDD+. Dette er særleg viktig for å sikre deltaking og ivareta urfolk sine rettar og bevaring av det rike naturmangfaldet i skogen. At regnskoglanda tek vare på dette vil vere ein føresetnad for betaling for resultat.

Brasil

Rundt 30 pst. av verdas attverande regnskog finst i Brasil, som dermed er verdas største tropiske skogland. I brasiliansk Amazonas lever over 25 mill. menneske. Mange lokalsamfunn, spesielt urfolk, er avhengig av skogen for å overleve materielt og kulturelt. Sidan 2004 har Brasil redusert avskoginga i Amazonas med over 70 pst. Dette er eit resultat av fleire faktorar. Myndigheitene har ført ein aktiv politikk for å redusere avskoginga, bl.a. gjennom styrkt handheving av lover og reguleringar. Også frivillige tiltak frå privat næringsliv har hatt stor betydning, spesielt soyabransjens eige moratorium mot avskoging i Amazonas.

Noreg innfridde i 2015 løftet om utbetaling av 1 mrd. USD i perioden 2008–2015 for redusert avskoging i Brasil. Siste utbetaling var for redusert avskoging i skogåret 2014, som viste ein nedgang i avskoginga på 15 pst. samanlikna med det føregåande året. Dette resultatet representerer det nest lågaste talet sidan målingane starta i 1988 og inneber ein reduksjon på minst 558 mill. tonn CO2 samanlikna med referansenivået som er etablert. Til saman har Brasil spart atmosfæren for meir enn 3,6 mrd. tonn CO2 i reduserte utslepp i åra etter at samarbeidet vart etablert. Noreg har betalt for 200 mill. av desse tonna. Dette gjer at FNs generalsekretær Ban Ki Moon har kalla samarbeidet for dette tiårets største klimatiltak.

Brasil leverte i 2015 eit svært ambisiøst klimamål til FNs klimakonvensjon for perioden 2020–2030, der landet forplikta seg til å redusere utsleppa av klimagassar med 43 pst. innan 2030. Dersom dette klimamålet blir innfridd, blir Brasil blant dei leiande landa i kampen mot global oppvarming. Under klimatoppmøtet i Paris annonserte Brasil og Noreg på dette grunnlag ei forlenging av skogsamarbeidet for perioden 2016–2020.

I 2015 utbetalte klima- og skogsatsinga 1 173 mill. kroner til Brasil. Av dette vart 1 163 mill. kroner utbetalt til Amazonasfondet, 120 mill. kroner for reduserte utslepp frå avskoging i 2013 og 1 043 for reduserte utslepp frå avskoging i 2014.

Guyana

Avskoginga i Guyana er svært låg både i regional og global samanheng. Målet for samarbeidet mellom Guyana og Noreg er at avskoginga skal halde fram med å vere låg. Guyana har utvikla ein unik utviklingsstrategi som kombinerer utvikling med grøn økonomi og låge utslepp av klimagassar (Low Carbon Development Strategy). I 2015 var det regjeringsskifte i Guyana for første gong på 23 år. Den nye regjeringa vil føre vidare samarbeidet med Noreg.

Guyanas 185 000 km2 med skog dekkjer eit område som er fire gonger så stort som Danmark. Guyana høyrer til ei anna geologisk sone enn Amazonasbassenget og har nokre av verdas best bevarte regnskogsområde. Potensielt store utslepp av klimagassar blir forhindra når skogen blir bevart. Samarbeidet med Guyana er dessutan viktig for å ta vare på eit rikt naturmangfald og for å bidra til berekraftig utvikling for menneska i landet. Betra styresett i Guyanas skogsektor og utvikling av alternative inntektskjelder, som ikkje set skogen i fare, er også viktige mål for samarbeidet.

Landet endra nyleg status frå å vere eit «minst utvikla land» til eit «lågare mellominntektsland» på grunn av vekst i økonomien. Gruvedrift er ei viktig inntektskjelde for landet, men også den største årsaka til avskoging.

Fordi Guyana har halde avskoginga låg, i samsvar med måla for det bilaterale samarbeidet, har Noreg utbetalt i underkant av 400 mill. kroner til eit fond i Verdsbanken (GRIF – Guyana REDD+ Investment Fund) som går til å gjennomføre prosjekt i tråd med landets utviklingsstrategi. Gjennom prosjekta vart fleire små og mellomstore klimavennlege bedrifter etablerte i 2015. Fondet støttar òg utvikling i urfolksområde, og eit nytt prosjekt som skal redusere Guyanas sårbarheit for klimaendringar, som flaum og havnivåstiging, vart sett i gang i 2015.

Gjennom avtala med Guyana skulle Noreg i perioden 2009 til 2015 utbetale opp til 1,5 mrd. kroner. Av desse er rundt 1 mrd. utbetalt. Framdrifta i samarbeidet har vore tregare enn venta. Blant anna er gjennomføringa av styresett-reformer i skogsektoren forseinka. Forseinkingane skuldast blant anna konsultasjonsprosessar som tek tid og at myndigheitene må byggje kapasitet for å gjennomføre endringane. I 2015 vart det bestemt å føre vidare samarbeidet med landet med eitt år om gangen.

Guyana har ein skogkommisjon, som er ansvarleg for overvaking av skogane i landet. Skogkommisjonen har måtta handtere nye utfordringar med skogovervaking og rapportering etter at samarbeidet med Noreg vart innleidd i 2009. I 2015 publiserte kommisjonen resultata for avskoging i 2014. Tala viste at Guyana hadde ein avskoging på 0,65 promille. Det er omtrent det same som året før. På grunn av forseinkingane i reformarbeidet i Guyana vart det likevel ikkje utbetalt midlar for desse resultata i 2015. Utbetalinga vil skje når resultat er leverte i tråd med avtala.

Det vart i 2015 utbetalt til saman 44,5 mill. kroner til Guyana. Over halvparten var uteståande betaling for resultat frå tidlegare skogår (2013), resten var støtte til Guyanas arbeid med måling, rapportering og verifisering av utsleppstal.

Peru

Peru viste i 2015 god framdrift i oppfølginga av regnskogavtala som vart inngått med Noreg i september året før, spesielt innan regelverk for berekraftig skogforvaltning, vern av skog og utvikling av system for måling, rapportering og verifisering av utslepp.

Peru er verdas fjerde største regnskogland med 693 807 km2 naturskog. Samanlikna med andre land i regionen har Peru hatt låg avskoging, men den er likevel betydeleg. Mellom 2001 og 2014 forsvann 16 531 km2 skog. Dette er eit område på størrelse med heile Hordaland fylke. I gjennomsnitt slepp Peru årleg ut 53 mill. tonn CO2, om lag like mykje som Noregs årlege klimagassutslepp, som eit direkte resultat av avskoginga. Avskoginga skuldast landbruk, ulovleg gruvedrift og infrastrukturprosjekt. I tillegg kjem utslepp som følgje av degradering av skog. Ein viktig del av degraderinga skuldast ulovleg, ikkje berekraftig hogst.

Bevaring og berekraftig forvaltning av skogressursane er integrert i den nasjonale utviklingsplanen, der Peru har som mål å avskaffe utslepp frå skog- og arealbruksendringar innan 2021. Peru har vedteke ein nasjonal klimastrategi, og levert sine nasjonale klimamål til FNs klimakonvensjon. I november 2015 leverte Peru også referansenivå for avskoging i Amazonas-biomet til FNs klimakonvensjon. Det vart oppretta ein tverrsektoriell kommisjon for å utarbeide ein nasjonal strategi for skog- og klima. Denne strategien beskriv korleis Peru vil kjempe mot avskoging dei neste åra.

I avtala som Peru, Tyskland og Noreg har inngått forpliktar Peru seg til å bidra til betydelege utsleppsreduksjonar frå avskoging og skogdegradering og til målretta og ambisiøse tiltak for å redusere avskoging, gjere skog- og landbrukssektoren klimanøytral innan 2021, og anerkjenne urfolks krav til skogområde.

I 2015 vedtok peruanske myndigheiter fleire sentrale forskrifter, som gjer implementering av tiltak for berekraftig skogforvaltning mogleg. Forskriftene har blitt utarbeidde med deltaking frå urfolk og andre som bur i Amazonas. I tråd med målet om auka vern av naturskog, fekk området Sierra del Divisor status som nasjonalpark. Peruanske myndigheiter vedtok òg ei lov for å styrkje innsatsen mot ulovleg hogst. Beslag av ulovleg tømmer er trappa opp i kjølvatnet av denne lova.

Indonesia

Noreg inngjekk i 2010 eit klima- og skogpartnarskap med Indonesia for å støtte landets innsats for å redusere klimagassutslepp frå avskoging, skogdegradering og øydelegging av torvmyr. Noreg har lova Indonesia inntil 1 mrd. USD, under føresetnad av at Indonesia oppnår resultat.

Indonesia er eitt av verdas største og mest folkerike land og eit ungt demokrati. På Indonesias 17 000 øyar bur 250 mill. menneske. Ein stor del er fattige. Om lag 60 mill. er urfolk og andre lokalsamfunn som er avhengige av skogen for sitt livsutkomme.

Indonesia rommar verdas tredje største tropiske regnskog, som har eit enormt naturmangfald. Avskoging og øydelegging av karbonrik torvmyr er hovudårsak til årlege utslepp som har vore anslått til rundt to mrd. tonn CO2. Desse utsleppa gjer Indonesia til eitt av landa i verda med høgast klimagassutslepp.

Avskoginga skjer i hovudsak fordi skog blir hoggen eller brent for å etablere plantasjar for produksjon av palmeolje eller hurtigveksande tre til papirmasse. Andre årsaker er gruvedrift, tømmerhogst og skogbrannar. Drenering og konvertering av torvmyrer til landbruksformål er ei svært stor kjelde til klimagassutslepp. Korrupsjon og svakt styresett kombinert med sterk etterspørsel etter palmeolje og andre råvarer er viktige underliggjande årsaker.

Dei store skog- og myrbrannane i Indonesia hausten 2015, som fekk mye internasjonal merksemd, kan ha medført utslepp av opptil 1,6 mrd. tonn CO2. Indonesia må stoppe desse brannane for å nå sine mål om utsleppskutt. Indonesias nasjonale utviklingsmål omfattar òg høg økonomisk vekst, også i landbruket, og omfattande kamp mot fattigdom.

Private selskap er potensielt viktige partnarar i arbeidet for reduserte klimagassutslepp frå skog og torvmyr i Indonesia. Fleire selskap som produserer eller kjøper palmeolje i Indonesia har forplikta seg til å bevare skog ved å sikre at deira forsyningskjeder er avskogingsfrie. Noreg har støtta arbeidet med å integrere tiltak for å foreine skogbevaring og økonomisk vekst i Indonesias utviklingsplanar. Indonesia leverte i desember inn eit nasjonalt referansenivå til FNs klimakonvensjon. Det er eit første steg for å bli samde om kva avskogingsnivå som skal vere utgangspunktet for betaling for utsleppsreduksjonar, basert på oppnådde resultat.

I 2015 har president Joko Widodo, Jokowi på folkemunne, og hans administrasjon teke ei rekkje grep som gir grunn til håp om viktige forbetringar i Indonesias skog og arealbruk. I mai 2015 forlenga president Jokowi eit moratorium mot nye hogstlisensar i naturskog med ytterlegare to år. I desember varsla presidenten at han vil opprette eit eige direktorat for å beskytte og restaurere torvmyr. Han varsla òg midlertidig stans i all konvertering av torvmyr, både i og utanfor konsesjonsområde. Dette kan medføre massive reduksjonar i klimagassutslepp. Ei rekkje indonesiske aktørar som Noreg støttar har medverka til desse avgjerslene.

I 2015 sette staten i gang ei storstilt straffeforfølging av selskap for brannstifting og 56 selskap vart trekte for retten. Over 300 saker er under etterforsking. Miljø- og skogbruksdepartementet har trekt tilbake tre konsesjonar og frose konsesjonane til 16 andre selskap. Det er politisk vilje til reform, men grunna eit stort statsbyråkrati tek reformene tid. Utsleppa er framleis høge, men potensialet for utsleppskutt når reformene trer i kraft og handhevinga av lover blir meir effektiv, er stort.

Sivilsamfunnsgrupper i Indonesia rapporterer om betre kår for deltaking i viktige avgjerdsprosessar. Noreg har støtta arbeidet med å kartleggje urfolksgrupper sine krav til land og skogsområde. I samband med klimatoppmøtet i Paris lanserte indonesiske urfolksorganisasjonar kart over urfolksgrupper sine område som utgjer 7,4 mill. hektar. I mai 2015 varsla presidenten at han vil setje av 12,7 mill. hektar skog til «social forestry», dvs. område der urfolk og andre lokalsamfunn får rett til å forvalte skogen sjølv. Urfolks krav til skogareal vil bli omfatta av dette initiativet.

I 2015 utbetalte Noreg til saman 155 mill. kroner til Indonesia. Midlane vart kanaliserte gjennom UNDP, Global Green Growth Institute og nokre mindre prosjekt gjennom organisasjonar. I tillegg gir klima- og skoginitiativet støtte til ei rekkje miljøorganisasjonar som arbeider for å redusere utslepp frå Indonesias regnskog i samarbeid med indonesiske partnarar gjennom støtta til sivile samfunnsorganisasjonar, sjå omtale nedanfor.

Etiopia

Etiopia og Noreg inngjekk i 2011 eit klimapartnarskap om energi, landbruk og skog. I august 2013 signerte begge land ei avtale for perioden 2013–2020 om gjennomføringa av nasjonale planar for REDD+. Samarbeidet omfattar støtte til utvikling av avskogingsfrie verdikjeder for landbruksprodukt, tiltak for å styrkje skogforvaltninga, til å auke skogdekket og til å gi folk inntekter og energikjelder som ikkje går ut over skogen. I 2015 kom Etiopia langt med sin nasjonale strategi for redusert avskoging, utvikling av eit system for å overvake avskoginga og med å byggje kapasitet i institusjonar som skal medverke til å bevare skogen.

Etiopias landareal er over ein million kvadratkilometer, noko som omtrent svarer til størrelsen på Frankrike og Spania til saman. Det bur om lag 100 mill. menneske i landet. Til trass for ein årleg økonomisk vekst på over 10 pst. dei siste åra, er Etiopia framleis eitt av verdas fattigaste land.

Skogbevaring er tett knytt til utforminga av ein grøn økonomi og utvikling i Etiopia. Landet har ei sterk eigeninteresse av å auke skogdekket og bevare attverande skog, blant anna for å hindre erosjon som trugar landets vasskraftreservoar og vass- og matkjelder. Etiopia viser korleis skogbevaring og auka opptak av karbon i skog kan vere ein del av ein plan for økonomisk vekst. Det gjer landet til eit eksempel for andre utviklingsland. Noreg er eitt av åtte givarland som støttar Etiopias gjennomføring av den nasjonale planen for grøn økonomi.

Etiopia leverte eit ambisiøst klimamål til FNs klimakonvensjon før klimatoppmøtet i Paris i 2015. Målet er å bli eit mellominntektsland innan 2025 samtidig som klimagassutsleppa skal haldast på nivået frå 2010. Tiltak i skogsektoren skal stå for ei reduksjon av om lag 130 mill. tonn CO2-ekvivalentar innan 2030.

Etiopia har fått støtte til å utvikle sin nasjonale strategi for korleis landet skal redusere utslepp frå avskoging og auke opptaket frå karbon i skog. Strategien vart i 2015 sendt til ulike interessegrupper for fråsegn og vil bli ferdigstilt i 2016. Etiopia har også komme langt i å lage eit rammeverk for sikringsmekanismar for gjennomføring av REDD+ programmet. Dette inneber blant anna involvering av lokalsamfunn, kvinner og sivilsamfunn i planlegging og gjennomføring av tiltak for REDD+. I 2015 fekk Etiopia støtte frå Noreg til å utføre ein analyse av drivkreftene bak avskoginga og til å finne ut kor i landet utfordringane er størst.

Noreg støttar Verdsbankens program for berekraftige skoglandskap (BioCarbon Fund Initiative for Sustainable Forest Landscape), som samarbeider med Etiopia om å redusere utslepp og skape nye inntekter frå skogen i regionen Oromia. Oromia er på storleik med Noreg og har 30 mill. innbyggjarar. I 2015 vart det gjort studiar av kva for institusjonar i denne regionen som må styrkjast som ledd i arbeidet med REDD+ og korleis ei avskogingsfri verdikjede for tømmer kan utviklast. Myndigheiter og lokalsamfunn i Oromia har gjennom 2015 fått opplæring i forvaltning og gjennomføring av REDD+ tiltak i regionen. Noreg støttar òg sivilsamfunnsorganisasjonar som Farm Africa og universitet i Etiopia. Ein gjennomgang av Farm Africa sitt prosjekt, gjort i 2015, viser at lokalbefolkninga i Bale-området i Oromia har fått styrkte rettar til skogen og auka inntekter frå sal av kaffi og andre produkt frå skogen.

Global Green Growth Institute (GGGI) har hjelpt Etiopia med å formulere klimamåla i den nasjonale utviklingsplanen for 2016–2020, med støtte frå klima- og skogsatsinga. Planen, som vart vedteken av nasjonalforsamlinga i 2015, inkluderer tiltak for å beskytte skog og restaurere område der skogen er øydelagt. I 2015 utarbeidde Etiopias Miljø- skog- og klimadepartement forslag til endringar i skoglova. Endringane går blant anna ut på at lokalsamfunn skal ha høve til å medverke til avgjerder om forvaltninga av skog. Endringane i loven skal vedtakast av nasjonalforsamlinga i 2016.

Til saman utbetalte klima- og skogsatsinga 42 mill. kroner til Etiopia i 2015.

Kongobassenget

I Kongobassenget finst verdas nest største regnskog, etter Amazonas. Avskoginga i Kongobassenget har historisk vore relativt låg, men er no sterkt aukande. Ifølgje FNs organisasjon for mat- og landbruk (FAO) forsvinn opp mot 5 000 km2 skog årleg. Data frå overvakingssystemet Global Forest Watch indikerer at avskoginga i 2014 var langt høgare (14 000 km2).

Kongobassenget omfattar den demokratiske Republikken Kongo (DR Kongo), Republikken Kongo, Kamerun, Gabon, Ekvatorial-Guinea og Den sentral-afrikanske republikken. Avskoginga er størst i DR Kongo. Ifølge Verdsbanken og FNs klima- og skogprogram(UN REDD) er svedjejordbruk den viktigaste årsaka til avskoging i Kongobassenget, etterfølgt av produksjon av trekol rundt dei største byane. Sterk befolkningsvekst er ei underliggjande årsak. Landa i regionen har store utfordringar. Mange menneske lever i fattigdom, styresettet er svakt og offentlege institusjonar manglar kapasitet. I tillegg er enkelte av landa ramma av konflikt.

Det internasjonale samfunnet ønskjer å unngå ei utvikling med omfattande avskoging i Kongobassenget, slik verda har vore vitne til i Amazonas og i Indonesia. Derfor har Noreg inngått samarbeid med land i regionen. Myndigheitene i fleire av landa ønskjer å leggje til rette for «grøn utvikling», som tek vare på behovet for økonomisk utvikling samtidig som at regnskogen blir bevart.

Gjennom FNs klima- og skogprogram (UN REDD) og Forest Carbon Partnership Facility (FCPF) under Verdsbanken har Noreg støtta førebuingar til å setje i verk REDD+ i DR Kongo, Republikken Kongo, Kamerun og Den sentral-afrikanske republikken.

Myndigheitene i DR Kongo har tidleg vist engasjement for å redusere avskoging og samtidig medverke til betre levekår for befolkninga. I 2012 vart DR Kongos nasjonale strategi for REDD+ vedteken av regjeringa. DR Kongo er eitt av dei første landa i verdan som fekk sin eigen klima- og skogstrategi, og er eitt av fem utvalte pilotland under Verdsbankens Forest Investment Programme. Med støtte frå Noreg og FNs utviklingsprogram (UNDP) har kongolesiske myndigheiter etablert eit nasjonalt fond for REDD+ og utvikla ein nasjonal plan for berekraftige investeringar.

I september 2015 vart Central African Forest Initiative (CAFI) lansert. CAFI er eit samarbeid mellom givarlanda Noreg, Frankrike, EU, Storbritannia og Tyskland og seks skogland i Sentral-Afrika, inkludert DR Kongo. Brasil deltek i CAFI som sør-sør-partnar. Noreg inngjekk i 2015 ei avtale om å støtte CAFI med inntil 400 mill. kroner per år fram til 2020.

Norsk støtte til området har tidlegare bl.a. skjedd gjennom Congo Basin Forest Fund (CBFF). På grunn av treg framdrift og forvaltningsmessige utfordringar i drifta av fondet blir det ikkje utbetalt ny støtte til fondet etter 2014, og midlar som ikkje er forplikta skal tilbakebetalast. Midlar som er avtalefesta i fondet held likevel fram med å finansiere nokre prosjekt som gir resultat. Prosjekt som vart støtta i 2015 medverka blant anna til å utvikle ein nasjonal arealplan for Gabon, og arealplanlegging i DR Kongo, Kamerun og Den sentralafrikanske republikk. Prosjekt støtta av CBFF medverka òg til å utvikle berekraftig skogbruksplanar og sikre landrettar, fremje initiativ for påskoging og berekraftig jord- og skogbrukspraksis, kartlegging av naturressursane i regionen, støtte til energieffektive kokeomnar for å redusere presset på mangroveskogen og kompetansebygging gjennom tildeling av stipend til høgare studium innan skogbruk og miljø. Fondet har òg støtta prosjekt som har som mål å styrkje sivilsamfunnet og høvet til å påverke politikkutvikling i Kongobassenget.

Gjennom Central Africa Regional Programme for the Environment (CARPE), som er leia av USAID, støttar Noreg tiltak for berekraftig skogforvaltning i sju store landskapsområde i Republikken Kongo og DR Kongo med inntil 140 mill. kroner. CARPE støttar berekraftig forvaltning av skog, produksjon og sal av energieffektive kokeomnar, utvikling av betre metodar for å avgrense skogbrannar i savannane og arbeid for å styrkje lokal skogforvaltning.

I 2015 vart 115 mill. kroner utbetalt til tiltak i Kongobassengregionen frå Klima- og skogsatsinga. Midlane vart kanaliserte gjennom CAFI, UNDP og CARPE.

Liberia

I 2014 inngjekk Noreg og Liberia ei avtale om bevaring av Liberias tropiske skog. Noreg skal blant anna medverke til betre forvaltning av skogen og grøn vekst i landet gjennom utvikling av landbruk utan avskoging. Støtta skal medverke til kamp mot fattigdom, redusert avskoging og mindre utslepp av klimagassar. I 2015 har Noreg samarbeidd med Verdsbanken og andre organisasjonar om utviklinga av konkrete prosjekt for å følgje opp avtala. Fram til 2020 skal Noreg betale Liberia opp til 1 mrd. kroner, avhengig av resultata Liberia oppnår.

Til trass for store naturressursar, er Liberia eitt av verdas fattigaste land. Landet har eit prekært behov for økonomisk vekst og velferdsutvikling. Det samla skogarealet i Liberia er på størrelse med Danmark og utgjer omtrent 40 pst. av den attverande vestafrikanske regnskogen. Bevaring av desse skogane vil vere avgjerande for det uerstattelege naturmangfaldet, samtidig som det vil gi store klimagevinstar.

Liberia har store utfordringar med fattigdom, infrastruktur og offentleg forvaltning. Ebola-epidemien i 2014 og 2015 har gjort situasjonen endå meir krevjande, som igjen er blitt forverra av fallande råvareprisar. Akutte sosiale og økonomiske behov gjer det vanskeleg for myndigheitene å prioritere ressursar til styrking av statsadministrasjon og langsiktig skogforvaltning. I 2015 betalte derfor Noreg 40 mill. kroner i budsjettstøtte for å gi myndigheitene handlingsrom til å oppretthalde og styrkje forvaltningskapasiteten og oppretthalde stans i tildeling av konsesjonar. Midlane er kanaliserte gjennom Verdsbanken.

Til trass for den krevjande situasjonen har Liberia teke ei rekkje grep for å få kontroll over den industrielle tømmerhogsten og styrkje skogforvaltninga. Myndigheitene har stansa tildelinga av industrielle hogstkonsesjonar og arbeider med å sikre at alt tømmer som blir hogge industrielt kan sporast. Desse grepa er del av reformprosessen i skogforvaltninga som også går ut på å overføre formelle forvaltningsrettar til befolkninga og menneska som har sitt tradisjonelle levevis i og ved skogen.

Samarbeidsavtala med Liberia er framleis ny. Noreg har i 2015 samarbeidd med Verdsbanken og andre organisasjonar om utviklinga av konkrete prosjekt. Desse skal munne ut i ei rekkje aktivitetar for å styrkje skogforvaltning og stimulere berekraftig økonomisk aktivitet i dei største skoglandskapa. Midlane skal bl.a. bidra til utvikling av avskogingsfri produksjon av palmeolje og gummi, som er viktige inntektskjelder for landet. Som ein del av denne prosessen har dei to største palmeoljeselskapa i landet forplikta seg til å samarbeide om å utvikle delar av konsesjonsområdet gjennom lokalt eigarskap og drift, såkalla «outgrowers», samtidig som viktige skogområde blir bevarte.

Tanzania

I april 2008 underteikna Noreg og Tanzania ein intensjonsavtale om samarbeid for å redusere avskoginga i landet. Noreg lova å støtte Tanzania med inntil 500 mill. kroner over fem år. Støtta har først og fremst gått til pilotprosjekt for redusert avskoging, arbeid med utvikling av ei strategi og handlingsplan for REDD+, forsking og utdanning om klima.

Rundt halvparten av Tanzanias samla areal er dekt av skog. Landet har stor variasjon av skogtypar, frå regnskog til tørr savanneskog. Tanzania er eitt av Afrikas minst urbaniserte land og om lag 80 pst. av befolkninga bur på landsbygda. Tanzania har høg avskoging.

Nokre av dei viktigaste årsakene til avskoging i Tanzania er produksjon av trekol, bruk av ved til matlaging og rydding av skogen for å skaffe nytt jordbruksareal. Landet har ei av verdas raskast veksande befolkningar, og majoriteten av befolkninga brukar ved som si primære energikjelde i hushaldet. Berre 15 pst. av befolkninga har tilgang til straum.

Igangsetjing av REDD+ i Tanzania har teke betydeleg meir tid enn venta. Den politiske støtta til arbeidet med REDD+ i landet vart svakare etter endringar i regjeringa i 2009. Manglande politisk eigarskap har vore ei vedvarande utfordring for gjennomføring av REDD+ i landet. Det vart gjennomført val i Tanzania i oktober 2015 og ny regjering vart utnemnt ved årsskiftet 2015/16. Det er framleis for tidleg å seie om den nye regjeringa vil ha sterkare eigarskap til REDD+, men den har erkjent at avskoging er ei stor utfordring for Tanzania.

Ei evaluering av sju pilotprosjekt i Tanzania vart gjennomført i 2015. Sluttevalueringa av pilotprosjekta anslår at prosjekta har spart miljøet for 730 000 tonn CO2 gjennom reduserte utslepp frå avskoging. Pilotprosjekta medverka til utarbeidinga av 90 arealplanar for landsbyar og gjennom dette avsetjing av totalt 41 skogreservat. Arealplanane er eit viktig bidrag for å få meir kontroll over bruken av skogen og landareal. Pilotprosjekta har gitt betre forståing av korleis REDD+ kan gjennomførast på lokalt nivå. Denne kunnskapen er viktig for Tanzania og andre land, der skogen er livsgrunnlaget for store delar av befolkninga.

Forskingsprogrammet CCIAM vart avslutta i 2015. Dette har vore den største enkeltsatsinga under REDD+ porteføljen, og har medverka til betydeleg kompetanseutvikling knytt til klimaendringar generelt og REDD+ spesielt i Tanzania. Programmet har finansiert ein stor del av eit Climate Change Research and Modelling Laboratory på landbruksuniversitet Sokoine.

I 2015 vart det inngått ei treårig avtale om norsk støtte til et Nasjonalt overvakingssenter (NCMC) for karbon ved Sokoine landbruksuniversitet. Avtala omfattar eit fagleg samarbeid med Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO). NCMC er venta på sikt å kunne levere viktige bidrag til utviklinga av Tanzanias system for måling, rapportering og verifisering av klimagassutslepp frå skog.

I 2015 vart det utbetalt til saman 21 mill. kroner frå klima- og skogsatsinga til Tanzania.

Mexico

Noreg inngjekk eit skogsamarbeid med Mexico i 2011 med varighet til 2015. I perioden har Noreg støtta Mexico med 90 mill. norske kroner. Målet med støtta har vore å betre Mexicos skogfaglege kunnskap og kompetanse, og spreie denne kunnskapen til andre land i regionen.

Samarbeidet har resultert i betre informasjon om Mexicos skogar og korleis dei har endra seg over tid, særleg kva effekt endringar i skogen har på landets klimagassutslepp. Det har blitt utvikla verdsleiande vitskapelege metodar for å kartleggje og overvake klimagassar i ulike skogtypar, og ved forstyrringar som hogst eller brann. Vidare har utvalte lokalsamfunn lært å måle og overvake skogane sine.

Mexico har mange tiårs erfaring med grundige skogtakseringar. Gjennom prosjektets fem år har denne blitt vidareutvikla og modernisert til å for eksempel inkludere høgoppløyselege satellittbilete. No har Mexico sjølv ført vidare arbeidet for betre skogovervaking. Med økonomiske bidrag frå Noreg har Mexicos erfaringar blitt utvikla vidare og gjort tilgjengelege for andre skogland. Gjennom eit regionalt samarbeidsinitiativ, EMSA, har Mexico arbeidd for å dele sin kunnskap og sine erfaringar med andre land i regionen. Slikt sør-sør-samarbeid mellom likesinna land med fleire felles utfordringar har ofte større effekt enn innsats frå fjernare land som Noreg.

Mexico har lenge hatt ei konstruktiv rolle i FNs klimaforhandlingar, og har ofte samarbeidd med Noreg. Landet tar sikte på å få betaling for reduserte klimagassutslepp som følgje av redusert avskoging gjennom Verdsbankens Karbonfond, som Noreg er ein stor bidragsytar til.

I 2015 støtta Noreg Mexicos arbeid for redusert avskoging med 14,5 mill. kroner gjennom klima- og skogsatsinga.

Støtte til sivilt samfunn og kunnskapsproduksjon og -formidling

Sivilsamfunnet er viktige aktørar i arbeidet for redusert avskoging. 2015 var siste året i ein treårig tilskotsperiode for støtte til sivile samfunnsorganisasjonar. For tilskotsperioden 2013–2015 støtta Noreg 42 organisasjonar med om lag 275 mill. kroner årleg. Det er gitt ut ein egen rapport med resultat av porteføljen The Norwegian Climate and Forest funding to civil society – Key results 2013–2015. Rapporten finst på norad.no. Ordninga hadde tre mål for perioden, som gav følgjande hovudresultat:

Mål 1: Ei ny internasjonal klimaavtale som omfattar avskoging: Parisavtala frå desember 2015 anerkjenner redusert avskoging som eit viktig verktøy for å motverke klimaendringar. Målet vart dermed nådd i Paris, med viktige bidrag frå det sivile samfunn. Organisasjonane rapporterer at dei også var aktive i prosessane som leia opp mot Parisavtala, for eksempel i utforminga av Warswarammeverket som gir konkrete retningslinjer for gjennomføringa av REDD. Organisasjonane var spesielt viktige for å få sikringsmekanismar for bl.a. deltaking, urfolks rettar og likestilling inn i rammeverket. Organisasjonar medverka òg til å produsere kunnskap som la grunnlag for semje om Warsawarammeverket og ei ny klimaavtale.

Mål 2: Kunnskapsproduksjon og innovative løysingar for redusert avskoging: Betaling for resultat krev gode system for å måle, verifisere og rapportere resultata. Dette krev kunnskap og innovative tekniske løysingar. 20 av organisasjonane rapporterer at dei har medverka til å utvikle metodikk for måling, rapportering og verifisering (også for å etablere referansenivå) og skogovervaking. Mange organisasjonar har medverka til å utvikle metodar slik at lokale skogsamfunn kan overvake skogen dei lever i og ved.

Mål 3: Auka deltaking og innverknad i skogforvaltninga for urfolk og andre skogfolk: Eit fleirtal av organisasjonane jobba for å auke urfolks og andre skogfolks deltaking. Fleire organisasjonar etablerte inkluderande konsultasjonsprosessar for å betre skogforvaltning, bl.a. i Colombia, Brasil og DR Kongo. Fleire prosjekt retta seg vidare mot å etablere eigarrettar til land og skog, bl.a. fleire prosjekt med gode resultat i Indonesia.

Regjeringas gåve på 40 mill. kroner til TV-aksjonen i 2015 vart dekt over posten. Midlane gjekk til Regnskogsfondets arbeid med å bevare verdas attverande regnskogar og folka som bur der.

I 2015 vart ein ny portefølje av sivile samfunnsaktørar valt ut for støtte for perioden 2016–2020. Meir enn 500 søknader om tilskot vart sende Norad, som valte ut rundt 40 organisasjonar for avtaleinngåing. Prosjekta er innanfor områda urfolks og andre skogfolks deltaking og rettar, avskogingsfrie forsyningskjeder i næringslivet, handheving av regelverk for skogforvaltning og å etablere internasjonal konsensus om eit nytt klimaregime. Det er også valt ut prosjekt som skal produsere og formidle kunnskap innanfor dei same tema. I utval av organisasjonar er det lagt vekt på å støtte eksisterande reformkrefter innanfor den nasjonale REDD-agendaen i skoglanda. Samla er støtta til sivile samfunnsorganisasjonar etter den nye utlysningsrunden noko auka samanlikna med førre runde.

Multilaterale satsingar

Noreg har over fleire år gitt støtte til ulike multilaterale program gjennom FNs klima- og skogprogram (UN-REDD) og Verdsbanken (Forest Carbon Partnership Facility (FCPF) og Forest Investment Program (FIP), og medverka aktivt i utforminga av programma sin policy og gjennomføring. Totalt deltek meir enn 60 skogland i desse initiativa. Viktig for Noreg er at også innsatsen gjennom multilaterale kanalar har eit nasjonal fokus, og er retta mot å gi insentiv for varige nasjonale reformer i tråd med klima- og skogsatsinga sin strategi. Organisasjonane må òg ha gode sikringsmekanismar i avtalene, som å bidra til inkluderande prosessar, styrking av urfolks og andre skogfolks rettar, likestilling og ivaretaking av biologisk mangfald.

Norad sin følgjeevaluering av klima- og skogsatsinga frå 2014 viste at den multilaterale innsatsen medverkar til å nå alle tre måla for klima- og skogsatsinga. Samstundes peiker evalueringa òg på at samarbeidet mellom dei tre FN-organisasjonane (FNs miljøprogram (UNEP), FNs mat- og landbruksorganisasjon (FAO) og FNs utviklingsprogram (UNDP)), og med Verdsbanken sitt FCPF, ikkje er godt nok og har høge transaksjonskostnader. Den norske innsatsen er etter dette retta mot å bruke organisasjonane på ein måte som aukar effekten av innsatsen og reduserer transaksjonskostnadene.

Verdsbankens skogpartnarskaps (FCPF) Karbonfond er den første multinasjonale ordninga som er etablert for å betale utviklingsland for resultat i form av verifiserte utsleppsreduksjonar frå skog. Karbonfondet har ei pionerrolle innan resultatbasert betaling for REDD+ gjennom sitt metoderammeverk. Rammeverket gir skoglanda både rettleiing til korleis program for redusert avskoging bør utviklast, og stiller krav til landa for korleis utsleppsreduksjonar kan lønnast. Klimaeffekt og miljøintegritet er tillagt avgjerande vekt. Saman med 10 andre givarland, organisasjonar og private selskap deltek Noreg i fondet. Noreg har spela ei svært aktiv rolle i utforminga av metoderammeverket og i fondet elles. Rammeverket er no eit referansedokument for det internasjonale samfunnet på viktige temaområde for REDD+, inkludert fastsetjing av referansenivå og sikringsmekanismar for miljø og lokalsamfunn. I 2015 vart det vedteke å forlenge fondet si levetid frå 2020 til 2025. Årsaken til forlenginga er den store interessa rundt fondet frå skoglanda og fordi utforming av programforslag har teke lengre tid enn planlagt. Fondet fikk òg ei påfylling av kapital i form av nye innskot og nye løfte om tilskot. Noreg lova nye 1,1 mrd. kroner til fondet, der 510 mill. kroner av dette vart utbetalt i 2015. Storbritannia lova omtrent det same, og Tyskland om lag 550 mill. kroner. Med utvida kapital vart det opna for nye programforslag. Ti skogrike utviklingsland presenterte konseptnotat for sine framtidige REDD-program, og åtte land vart inviterte til å utvikle vidare fulle programforslag. I 2015 vart òg investorane i fondet samde om ein buffermekanisme som skal sikre at klimaeffekten blir teken vare på sjølv om eitt eller fleire program opplever utslepp av klimagassar som følgje av uføresette hendingar i kontraktperioden. Med påfylling og nye løfte i 2015 har fondet per i dag noko over 700 mill. dollar, tilsvarande nær 6 mrd. kroner, til å inngå kjøpskontraktar for utsleppsreduksjonar. Noreg sin del av fondet er no omlag 40 pst. Med utvidinga i 2015 har til saman meir enn 20 utviklingsland presentert forslag med sikte på å inngå kontraktar for levering av utsleppsreduksjonar, under dette to av dei tre største regnskoglanda i verda, DR Kongo og Indonesia. Planen er at fondet skal inngå 10–12 kjøpskontraktar. Overslag viser at dette samla sett betyr betaling for utsleppsreduksjonar tilsvarande 300–400 mill. tonn CO2 i perioden 2017–2023.

FNs klima- og skogprogram (UN REDD) gjennomgjekk ei endring i 2015. Programmet har tidlegare fokusert innsats på førebuande arbeid for å utvikle nasjonale planar og strategiar for betre skogbevaring. I 2015 har FNs skogprogram i aukande grad medverka til utforming av planar og tiltak for gjennomføring av strategiar. Arbeidet byggjer på den såkalla Warszawa-pakken frå klimakonvensjonen (nasjonal REDD-strategi; nasjonalt skogovervakingssystem; referansenivå for måling av karboninnhald, sikringsmekanismar). FNs skogprogram har medverka til at 18 land har komme vidare i REDD+ prosessar ved framgang i utarbeidinga av nasjonale planar, REDD+ vegkart og fase 2-dokument. For eksempel ferdigstilte Ecuador sin nasjonale REDD+ tiltaksplan og Zambia sin nasjonale REDD+ strategi. FNs skogprogram har òg støtta over 30 samarbeidsland i utarbeidinga av deira informasjonssystem for sikringsmekanismar (SIS). Fleire av landa under FNs skogprogram er med i FCPF og har levert søknader til karbonfondet. FN-organisasjonane har gjennom FNs skogprogram medverka på område der dei har særleg kompetanse, for å drive fram tiltak for å redusere utslepp frå skogsektoren. Noreg overførte 175 mill. kroner til UN REDD i 2015. Dette mogleggjorde at tre nye land kunne ta imot støtte til nasjonale REDD- strategiar. Til saman har 23 land fått støtte til nasjonale strategiar og program, ei formidabel styrking frå 5 landprogram i 2009. Talet skogrike utviklingsland som ønskjer støtte frå FNs skogprogram har auka frå 9 i 2009 til 61 i 2015.

FIP er eitt av klimainvesteringsfonda (Climate Investment Funds) under Verdsbanken. På styremøtet i FIP i mai 2015 vart seks nye land (DR Kongo, Ecuador, Guatemala, Mosambik, Nepal og Elfenbenskysten) tekne opp som pilotland i FIP, i tillegg til dei åtte landa som er knytte til FIP frå før. Dette gjer at FIP no består av til saman 14 pilotland. Ytterlegare 9 land har fått ei delvis tilknyting gjennom å få anledning til å utvikle investeringsplanar, men utan å vere tekne opp som pilotland. Fondet har ein mekanisme som støttar urfolk og lokalsamfunn, denne har fått positiv omtale for måten å involvere urfolk på. Noreg har ikkje utbetalt midlar til FIP i 2015.

Noreg, saman med USA, Storbritannia og Tyskland, medverkar til Initiative for Sustainable Forest Landscape (ISFL) under Verdsbanken. Initiativet vil søkje å oppnå reduserte utslepp av klimagassar frå skog og landbrukssektoren i utviklingsland gjennom å styrkje planarbeid, politikk og praksis i skog og landskap i utvalte land. I første omgang har Etiopia, Zambia, Colombia og Indonesia blitt valde ut som pilotland, men fleire land kan komme til etter kvart. Pilotane skal ha ei heilskapleg landskapstilnærming innanfor ein jurisdiksjon (region, provins eller delstat) samtidig som utslepp frå skog blir reduserte. Samarbeid med privat sektor om etablering av verdikjeder som ikkje medverkar til avskoging og samarbeid med nasjonale og lokale styresmakter er ein viktig del av initiativet. ISFL består av to hovudelement; eit støttefond (BioCarbon Fund Plus) og eit fond for resultatbaserte utbetalingar (Tranche 3). Noreg har ikkje utbetalt midlar til fonda i 2015.

Samarbeid med privat sektor

For å nå målet om å redusere avskoging i tropiske skogland må råvareproduksjon og næringsliv vere medspelarar. Landa sitt mål om økonomisk vekst må nås utan at skogen forsvinn. Dette kan gjerast gjennom effektivisert landbruk, god skogforvaltning, og samarbeid med selskapa som produserer råvarene. I 2014 og 2015 har mange store selskap engasjert seg i kampen mot avskoging. Palmeoljesektoren, som i mange år har medverka til avskoging, har innsett at ein forretningsmodell som byggjer på ekspansjon gjennom ytterlegare avskoging ikkje er haldbar. Anslagsvis 90 pst. av global handel med palmeolje er no underlagt strenge kriterium som skal sikre at produksjonen av varer ikkje medverkar til avskoging. Både i Noreg og internasjonalt har forbrukarar og sivilt samfunn stilt krav til at produksjon og bruk av palmeolje ikkje medverkar til avskoging, men skjer gjennom dyrking av allereie degradert land og effektivisering av eksisterande produksjon.

Fokuset på og medvitet om korleis råvareproduksjon påverkar avskogingsmønster har auka. I fleire råvarekjeder som for eksempel soya, papir og papirmasse, biff, kakao, kaffi og gummi, har selskap implementert tiltak for å sikre at deira varer ikkje medverkar til avskoging. Private selskap har gjennom fora som Consumer Goods Forum og Tropical Forest Alliance 2020, auka sitt engasjement og samarbeid med offentleg sektor og sivilt samfunn for å kjempe mot avskoging. Under FNs generalsekretær sitt klimatoppmøte i New York i september 2014, vart det lansert ei erklæring om skog der over 50 selskap sluttar seg til målet om null avskoging innan 2030 saman med myndigheiter og sivile samfunnsorganisasjonar. Noreg har medverka aktivt og vore ein pådrivar i desse prosessane.

I 2015 starta arbeidet for å materialisere løfta som er gitt om nullavskoging. I samarbeid med den nederlandske organisasjonen The Sustainable Trade Initiative (IDH) er det sett i gang arbeid for å utvikle innovative modellar for offentleg-privat samarbeid for å få til avskogingsfrie forsyningskjeder, bl.a. i Liberia, Brasil og Indonesia. I 2015 vart støtta til Tropical Forest Alliance (TFA) ført vidare.

I 2015 vart det til saman utbetalt om lag 40 mill. kroner til privat sektor-innsats gjennom organisasjonane som er nemnde over.

Fremje skogbevaring gjennom grøn vekst-portefølje

For å få til storskala utsleppsreduksjonar frå tropisk skog må innsatsen setjast inn i ein breiare grøn vekst-agenda. Varige og storskala utsleppsreduksjonar kan berre skje dersom ein får til økonomisk utvikling samtidig med låge utslepp av klimagassar i skoglanda, såkalla grøn vekst.

I 2015 støtta klima- og skoginitiativet New Climate Economy. New Climate Economy har utvikla kunnskap og modellar for korleis økonomisk vekst kan skje på ein måte som samtidig er berekraftig og klimavennleg. NCE har bl.a. leverte rapporten Better Growth, Better Climate, som skapte ein global debatt om vekst og klima som overlappande heller enn konkurrerande agendaer.

Partnership for Action on Green Economy (PAGE) har som formål å leggje til rette for grøn vekst ved å hjelpe partnarland med å setje berekraftig økonomisk vekst i sentrum for økonomisk utvikling. I 2014 har og UNDP slutta seg til partnarskapen som består av UNEP, UNDP, ILO, UNIDO og UNITAR, og deira partnarland. Blant partnarlanda med etablerte styringsorgan finn vi Sør-Afrika, Burkina Faso, Ghana, Mauritius, Mongolia, Peru og Senegal, som langt på veg har identifisert sektorar og utfordringane dei treng å utvikle for grøn vekst. Blant nye partnarar finn vi mellom anna viktige delstatar, Jiangsu i Kina og Mato Grosso i Brazil. I 2015 vidareutvikla PAGE også si omfattande globale verksemd med å dele kunnskap om korleis det grøne skiftet kan gjennomførast i praksis.

Global Green Growth Institute (GGGI) hjelper partnarland til å skape økonomisk vekst som tek omsyn til naturen sine tolegrenser og reduserer klimagassutslepp. GGGI medverkar med fagleg støtte til å gjennomføre analysar, utarbeide planar og strategiar som leier landet mot ein berekraftig vekst. I 2015 gjennomførte GGGI aktivitetar i over 20 land.

Wealth Accounting and the Valuation of Ecosystem Services (WAVES) er eit globalt partnarskap som har som målsetjing å integrere nasjonale rekneskapar for naturkapital inn i planar for utvikling og vekst. Rekneskapane gir styresmaktene betre avgjerdsgrunnlag, og blir nytta ved utforming av politiske føringar om korleis naturressursane best kan forvaltast.

The Economics of Ecosystems and Biodiversity (TEEB) er eit globalt initiativ under UNEP som har som mål å synleggjere dei økonomiske fordelane ved biologisk mangfald. TEEB leverer opp mot klima- og skogsatsingas overordna målsetjing om å ta vare på naturskog, og grøne investeringar og privat/offentleg samarbeid.

I 2015 vart det utbetalt til saman 46 mill. kroner til tiltaka for grøn vekst.

Måling, Rapportering og Verifisering (MRV) og anna metodearbeid

Måling, rapportering og verifisering er ein føresetnad for å kunne betale for utsleppsreduksjonar. Skoglanda må etablere robuste metodar for å måle omfanget av klimagassutslepp frå skog, for så å rapportere tala til dei som skal betale for utsleppsreduksjonar. For at resultata skal vere truverdege må dei verifiserast av ein uavhengig tredjepart. I 2015 vart det gitt støtte til fleire strategiske satsingar for å bidra til dette arbeidet.

Noreg er den største givaren til Global Forest Watch prosjektet, som gjer uavhengige analysar av verdas skogar, basert på satellittdata, gratis tilgjengeleg via sine nettsider. Det blir òg arbeidd for eit betre samarbeid mellom leverandører og brukarar av satellittdata av skog, dette arbeidet blir utført med støtte frå Norsk Romsenter. Eit eksempel på slikt arbeid er å delta i det internasjonale nettverket Global Forest Observation Initiative for å syte for at leverandørane av satellittdata prioriterer å samle inn data om skogen, og at skoglanda har tilgang til god metoderettleiing og kapasitetsbygging. Eit anna eksempel er Noregs støtte til eit prosjekt i FAO som gjer fjernmålingsdata tilgjengelege for tropiske skogland.

I tillegg til dette medverkar fleire av Klima- og skogsatsingas partnarskap til å utvikle system for måling, rapportering og verifisering, som nemnt over i resultat 2015 mellom anna for Brasil, Guyana og Mexico.

Til saman vart det utbetalt 67 mill. kroner til overordna MRV og anna metodearbeid i 2015. Hovuddelen av midlane finansierte WRIs program Global Forest Watch og Restoration Project og FAOs Satellite Data Management System.

Fotnotar

1.

For oversikt over stoffa og stoffgruppene på prioritetslista og status for utslepp og utsleppsreduksjonar, sjå http://www.miljostatus.no/prioritetslisten og vidare lenker derifrå.

Til forsida