Prop. 1 S (2016–2017)

FOR BUDSJETTÅRET 2017 — Utgiftskapittel: 1400–1482 Inntektskapittel: 4400–4471 og 5578

Til innhaldsliste

Del 3
Omtale av særlige tema

8 Omtale av særskilte sektorovergripande klima- og miljøsaker

8.1 Klima- og miljøpolitikk i departementa

8.1.1 Arbeids- og sosialdepartementet

Å sikre eit trygt arbeidsmiljø er ei overordna målsetjing i norsk arbeidsliv som er viktig i alle sektorar og bransjar. I tillegg til dette utgjer førebygging av forureining frå petroleumsverksemda eit viktig bidrag frå Arbeids- og sosialdepartementet til regjeringa sitt heilskaplege arbeid med klima og miljø. Hovudtyngda av ASDs klima- og miljøinnsats ligg på resultatområde for forureining.

Statens arbeidsmiljøinstitutt er det nasjonale forskingsinstituttet for arbeidsmiljø og arbeidshelse. Mykje av kunnskapen knytt til arbeidsmiljø- og helse som instituttet bidreg til vil ein tru at kan overførast til ytre miljø, til dømes når det gjeld kjemiske og biologiske eksponeringar, mekanismar og helseeffektar.

Arbeidsmiljø- og sikkerheitsstyresmaktene sitt tilsyn med petroleumsverksemda på norsk kontinentalsokkel og på enkelte landanlegg blir utført av Petroleumstilsynet. Petroleumsverksemda er strengt regulert når det gjeld helse, miljø og tryggleik. I regelverket stiller ein krav til robust utforming av utstyr og anlegg, som mellom anna inneber krav til barrierar mot ulykker og uønskte hendingar som kan føre til akutt forureining. Petroleumstilsynet si oppfølging av at petroleumsverksemdene følgjer krava i regelverket medverkar til eit høgt nivå på tryggleik og arbeidsmiljø i petroleumsverksemda, og medverkar til å førebyggje akutt forureining til sjø og til luft og samtidig byggje opp om dei nasjonale målsetjingane i klima- og miljøpolitikken.

Risikofaktorar knytte til storulykker utgjer ein sentral del av Petroleumstilsynet si oppfølging av næringa, av dette følgjer også at ein overvakar utviklinga i risiko for ulykker som kan føre til akutte utslepp til sjø. Arbeidet i nettverket «Risikonivå i norsk petroleumsvirksomhet» RNNP, utgjer ei viktig kjelde for informasjon om miljøforholda i petroleumsverksemda.

Petroleumstilsynet vil arbeide vidare med å utvikle og forvalte sikkerheitsregelverket som gjeld for tap av liv, helse, arbeidsmiljø, ytre miljø og økonomiske verdiar slik at krav til teknologi, operasjonar og styring av verksemdene i petroleumssektoren underbyggjer nasjonale og regionale miljømål og klimapolitikken. Arbeidet inkluderer oppdatering av standardar, aktivitetar for å redusere usikkerheit knytt til forsvarleg verksemd, utvikle vidare bruk av resultatrapport om ulykkesfrekvens og følgje opp selskapa si styring av tryggleik og arbeidsmiljø.

Petroleumstilsynet vil føre vidare eit aktivt samarbeid med andre etatar i samband med utvikling og oppfølging av heilskaplege forvaltningsplanar for dei norske havområda.

8.1.2 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Informasjon om miljømessige og sosiale aspekt ved varer og tenester gir forbrukarane høve til å velje produkt som gir minst mogleg belasting på miljøet og ressursane. Gjennom etterspurnad kan forbrukarar påverke næringsdrivande til i større grad å ta omsyn til berekraft ved avgjerder om investeringar og produksjon.

BLDs resultat i 2015

Ved utgangen av 2015 var det 12 589 svanemerkte produkt på den norske marknaden. Dette er ein auke på over 4 000 produkt samanlikna med utgangen av 2014. Nytt digitalt rapporteringssystem og fleire lisensar forklarer den store auka i 2015.

BLDs plan for vidare arbeid

BLD arbeider for å leggje til rette, forenkle og standardisere informasjon om miljømessige aspekt ved forbruket. Departementet vil i 2017 byggje opp under dei offisielle merkeordningane Svana og EU Ecolabel som viktige forbrukarretta verktøy for å gjere miljømedvitne val. Målet er at talet på miljømerkte produkt på den norske marknaden skal auke, og at forbrukarane i større grad skal spørje etter slike.

I Noreg blir det kasta om lag 360 000 tonn mat som kunne vore eten kvart år. Den største delen av matsvinnet, rundt 230 000 tonn, kjem frå private hushald. Departementet vil i 2017 arbeide vidare med LMD, KLD, NFD, HOD og matbransjen gjennom ei bransjeavtale for å redusere matsvinnet i samfunnet. Bransjeavtala skal gjelde frå 2017 og skal omfatte heile verdikjeda for mat.

Skulen er ein viktig arena for å skape sunne haldningar til forbruk. BLDs arbeid med å fremje undervisning i forbrukaremne tek opp spørsmål knytt til dette.

Forbruksforskingsinstituttet SIFO ved Høgskulen i Oslo og Akershus har utvikla ein metode for å evaluere utviklinga i forbruket i Norge frå eit berekraftsperspektiv. Med utgangspunkt i denne forskinga skal SIFO drøfte og gi anbefalingar om tiltak for å redusere miljøbelastninga av forbruket.

8.1.3 Finansdepartementet

I tillegg til avgifter utgjer omsetjelege utsleppskvotar og direkte reguleringar dei mest aktuelle verkemidla for å løyse klima- og forureiningsproblema. Rett utforma miljøavgifter gir tildriv til å minske utsleppa der det er billegast og sikrar at den som forureinar betaler. For at ressursane i samfunnet skal nyttast effektivt må omsyn til klima og miljø og andre eksterne effektar reknast med i økonomiske avgjerder. Økonomiske verkemiddel, som til dømes prising av miljøskadelege utslepp til luft og vatn, gir insentiv til avgjerdstakarar på alle nivå og i alle sektorar om å ta omsyn til miljøet.

I 2015-budsjettet vart CO2-avgifta for innanriks luftfart (både kvotepliktig og ikkje kvotepliktig) og avgiftene på klimagassane HFK og PFK auka. I tillegg vart el-avgifta auka med 1,5 øre pr. kWh utover ordinær prisjustering. Det var òg ei omlegging av avgiftene på autodiesel, der CO2-avgifta vart auka og vegbruksavgifta redusert.

Utforminga av eingongsavgifta motiverer kraftig til val av bil med låge utslepp. Dette er ei av årsakene til at CO2-utsleppa frå nye personbilar har blitt betydeleg redusert. Gjennomsnittleg CO2-utslepp frå nye bilar er redusert frå 177 g/km i 2006 til 100 g/km i 2015. Den sterke nedgangen i CO2-utsleppa for nye personbilar dei siste par åra kjem først og fremst av ein kraftig auke i salet av elbilar.

I dag er over 80 pst. av norske klimagassutslepp underlagt avgifter eller kvoteplikt.

Hovudverkemidla i klimapolitikken er avgifter og deltaking i det europeiske systemet for handel med utsleppskvotar innanfor eit fastlagt tak for utslepp. Desse verkemidla set ein pris på utslepp av klimagassar og medverkar dermed til endringar i produksjons- og forbruksmønster over tid.

8.1.4 Forsvarsdepartementet

Det er eit overordna mål for Forsvarsdepartementet (FD) at forsvarssektoren si verksemd ikkje skal føre til vesentleg skade på miljøet. Forsvaret arbeider blant anna med opprydding i forureina sjøbotn, opprydding av miljøgifter, reduksjon i utleking av metall frå skytefelt, ivaretaking av naturmangfald i samband med bruk og utvikling av område, Kystvaktas miljø- og ressursoppsyn, bevaring av kulturminne i skyte- og øvingsfelt og av dei nasjonale festningsverka, avfallshandtering, reduksjon av støy og redusert klimagassutslepp. Innanfor alle desse områda er det lagt vekt på kunnskapsgrunnlag og overvaking.

FDs resultat i 2015

Ved Bodø hovudflystasjon er det i 2015 teke prøvar i område med mogleg forureina grunn. I tillegg er det teke prøvar rundt flystripa av overvatn, bekkar og sig. I 2015 er det gjennomført risiko- og sårbarheitsanalysar for Terningmoen, Vatne/Svartemyr, Trondenes, Setermoen og Hengsvatn skyte- og øvingsfelt. Det er gjennomført undersøkingar og tiltaksvurderingar av forureina grunn ved Forsvaret sine brannøvingsfelt på flystasjonar.

I 2015 er det gjennomført rydding av sjøbotn ved Hysnes fort. Tiltaksplan er utarbeidd for opprydding av sedimenta på sjøbotnen utanfor ubåtbunkeren i Laksevåg, som er koordinert med Bergen kommune si opprydding av Bergen hamn. I Horten er det samarbeid med kommunen, fylkesmann og industri for planlegging av miljøopprydding i Horten indre hamn.

Det skal utarbeidast forvaltningsplanar for alle skyte- og øvingsfelt og garnisonar. I 2015 vart det ferdigstilt forvaltningsplanar for felta Evjemoen, Mjølfjell og Høybuktmoen, arbeid med Giskås vart sett i gang. I 2015 er det utarbeidd skjøtselsplanar for Karljohansvern og Fredriksten festningar.

Arbeidet med målretta tiltak for energieffektivisering og utfasing av fossil olje til oppvarming er ført vidare i 2015. Forbruket av fyringsolje er redusert med 72 pst. sidan 2006, og utgjorde i 2015 berre seks prosent av energiforbruket. Det er planlagt at fossil fyringsolje til bruk som grunnlast skal fasast ut innan utgangen av 2018.

Kystvakta har lovfesta oppgåver blant anna innan miljøoppsyn, og ein del av Kystvaktas oppdrag har prioritet til verneområde, ulovleg fiske, ulovleg jakt, kulturminne, dykking etc. Fleire av Kystvaktas fartøy har oljevernutstyr om bord, og har ei viktig rolle i den operative nasjonale beredskapen mot oljesøl.

FDs plan for vidare arbeid

I FDs budsjett for 2017 er det foreslått å nytte 673 mill. kroner til arbeid knytt til naturmangfald, 65 mill. kroner til kulturminnearbeid, 599 mill. kroner til tiltak mot forureining og 157 mill. kroner til klimaarbeid.

All militær aktivitet i eit øvingsområde vil påverke miljøet i større eller mindre grad. Det er ein ambisjon å skape eit godt øvingsutbytte samtidig som ein unngår store negative konsekvensar for miljøet.

Hjerkinn skytefelt til sivile formål er truleg Noregshistorias største naturrestaureringsprosjekt. Prosjektet starta i 2006 med mål om sluttføring i 2020. Fylkesmannen i Oppland starta i 2014 prosessen med verneplan for Hjerkinn skytefelt. Den skal leggje til rette for framtidig vern av skytefeltarealet i tråd med Stortingets vedtak i 1999 om nedlegging av skytefeltet. Tilrådinga frå Miljødirektoratet skal liggje føre innan utgangen av 2016.

I det vidare arbeidet blir det gjort følgjande viktige endringar på miljøområdet:

  • Innsats i prosjekt for tilbakeføring av Hjerkinn skytefelt

  • Redusert aktivitet for kulturminnekartlegging i kampflyprosjektet på Ørland ifølgje plan.

  • Opptrapping av tiltak for PFOS-forureining ved brannøvingsfelt på flyplassar.

  • Gjennomføring av miljøsanering av sjøsediment ved UVB-bunker, Laksevåg, Bergen i 2017. Auka ressursbruk til rive, sikre- og miljøtiltak knytt til avhending av eigedommar, bygg og anlegg.

  • Betydeleg auka ressursbruk i samband med støytiltak/innløysing ved kampflyprosjektet på Ørland.

  • Betydeleg auka innsats for utfasing av fossil fyringsolje til oppvarming i forsvarssektorens bygg i 2017.

8.1.5 Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet følgjer opp regjeringas mål om å utvikle eit meir helsefremjande miljø og beskytte befolkninga mot miljøfarar som støy, luftforureining, miljøgifter, stråling, dårleg inneklima, risiko for skadar og ulykker, og mat- og vassborne sjukdommar, jf. Meld. St.19. (2014–1015), Folkehelsemeldinga. Oppfølginga av meldinga omfattar tiltak for at omsynet til befolkninga si helse og trivsel skal få større plass i utviklinga av stader, nærmiljø og lokalsamfunn, under dette at det skal leggjast til rette for helsefremjande transportløysingar. Som oppfølging av Folkehelsemeldinga blir det òg utarbeidd ein ny tverrdepartemental handlingsplan for kosthald, der også miljø- og berekraftsperspektivet er med. Etter folkehelselova har kommunane ansvar for å sikre befolkninga mot skadelege faktorar i miljøet. Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet, og fylkesmennene, er rådgivarar for sentrale og lokale helsestyresmakter, og greier ut og tek del i overvaking av miljøforureining.

Statens strålevern tek vare på direktoratsoppgåver for Klima- og miljødepartementet innanfor området radioaktiv forureining og anna stråling i det ytre miljøet. Strålevernet har vidare ansvar for fagleg utgreiingsarbeid, tilsyn med radioaktiv forureining og for å koordinere nasjonal overvaking av radioaktiv forureining i det ytre miljøet, og internasjonale oppgåver.

Omtale av Helse- og omsorgsdepartementet og klimagassbudsjettet står i kap. 8.2.6 under delkapittel 8.2 Klimagassbudsjett.

8.1.6 Justis- og beredskapsdepartementet

Arbeidet med miljøvern på Justis- og beredskapsdepartementet sitt ansvarsområde gjeld i hovudsak lovgivingsarbeid, kamp mot kriminalitet og koordinering av Regjeringas politikk i polarområda.

Politi- og lensmannsetaten

Politiets viktigaste oppgåver innafor miljøvern er å kjempe mot miljøkriminalitet gjennom førebyggjande verksemd, rask etterforsking og adekvat reaksjon.

Økokrim har ei særleg rolle i kampen mot miljøkriminalitet, både gjennom etterforsking og iretteføring i særleg alvorlege prinsipielle saker, og som rettleiar og bistandsorgan for politidistrikta.

Politidistrikta har ei sentral rolle i arbeidet med å kjempe mot miljøkriminalitet. Det er etablert samarbeidsrutinar og –avtaler med oppsyns- og tilsynsmynde som skal utviklast vidare og utvidast i 2017.

Politidistriktas ordning med miljøkoordinator vart evaluert i 2013-2014, og Politidirektoratet skal på bakgrunn av funna, og i lys av nærpolitireforma, etablere funksjon for etterforsking av økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet i dei nye politidistrikta.

Kontroll- og tilsynsmynde har blitt styrkt dei siste åra, noko som fører til fleire administrative sanksjonar, mellom anna gebyr for brot. Politiet og kontrolletatane har samanfallande overordna målsetjingar for sitt arbeid. Etatane kan dele informasjon, bli samde om eit felles trusselbilde og samordne kontrollaktivitetane, slik at offentlege ressursar blir nytta best mogleg. Sentralt miljøforum, fylkesmiljøforum og lokale miljøforum, som alle vert leia av politiet, legg mellom anna til rette for dette.

Det enkelte politidistrikt og særorgan er pålagt, som ein integrert del av dei ordinære planprosessane, å følgje opp retningslinjer gitt for rådgiving overfor politidistrikta og særorgana innafor eigedom, bygg og anlegg. Mellom anna vert energieffektivitet i bygg vektlagt.

Politidistrikta og særorgana kan gjere innkjøp frå rammeavtaler inngått av Politiets fellestenester på vegner av etaten. I den grad miljøomsyn ikkje er tekne omsyn til i inngåtte avtaler, vert dette teke inn ved inngåing av nye avtaler så langt dette er foreinleg med dei tekniske krava som er stilte til dei produkta som skal nyttast av politiet.

Svalbard – klima og miljøpolitikk

Regjeringas mål om å bevare Svalbards særeigne villmarksnatur ligg til grunn for miljøvernpolitikken på Svalbard. Svalbardmiljølova av 15. juni 2001 med tilhøyrande føresegner tek vare på denne målsetjinga. Ein stor del av Sysselmannen på Svalbard si verksemd er knytt til miljøvernrelatert arbeid. I Sysselmannens organisasjon er det samla både politifagleg og miljøvernfagleg ekspertise. Dette legg til rette for ei effektiv etterforsking av miljøkriminalitet og for eit godt fagleg informasjonsarbeid.

Lokalt er svalbardmiljøloven med føresegner viktige verktyg for å ta vare på miljømåla.

Sysselmannen skal i si miljøforvaltning ta omsyn til endringar i klima, aktivitet og tilførsel av forureining, og sikre at lokal verksemd skjer innafor rammer som sikrar at den samla belastninga på arter og økosystem ikkje blir for stor. Samstundes skal det leggjast til rette for bruk som er i samsvar med måla for bevaring av naturen på Svalbard. Sysselmannen skal vidare leggje betre til rette for reislivet innanfor forvaltningsområde 10, som mellom anna omfattar Isfjord-området og nærområda rundt lokalsamfunna. Dette skal skje i dialog med aktørane på Svalbard. Samstundes skal arbeidet med forvaltningsplanar for verneområda på Svalbard førast vidare.

Eit aktivt førebyggjande arbeid vil kunne påverke haldingar og skape forståing for dei reguleringane som gjeld øygruppa. Aukande turisme og ferdsel på Svalbard viser at det er behov for å halde oppsyn med og avdekkje eventuelle brot på føresegnene om vern av Svalbards natur- og kulturmiljø. Klimaendringane fører til stadig mindre utbreiing av sjøis, som er leveområde for isavhengige arter som isbjørn og sel. Dokumentasjon av utviklinga innan ferdsle og anna verksemd er viktig for å målrette tiltaka. Sysselmannen legg vekt på rask og effektiv etterforsking og oppklaring av moglege straffbare forhold.

Svalbard og Longyearbyen vil på grunn av auka aktivitet få større betydning som base for beredskap mot forureining. Kystverket har ansvaret for oljevernberedskapen i området, med Sysselmannen som lokal ressurs. Lange avstandar og arktisk klima gjer det vanskeleg å handtere oljeutslepp i området. Førebyggjande tiltak for å unngå slike hendingar er difor svært viktig. Der er forbod mot bruk av tungolje som drivstoff i dei store verneområda på Svalbard. For å redusere risikoen for hendingar med miljøskade til følgje, er det innført ei statleg losteneste for all skipsfart i farvatna på Svalbard på same måte som på fastlandet. Ut frå lokale forhold er det gjort enkelte tilpassingar i reglane.

Miljødirektoratet har pålagt Longyearbyen lokalstyre eit reinsekrav på kolkraftverket i Longyearbyen. Arbeidet med å etablere reinseanlegget vert fullført i 2016. Prosjektet er fullfinansiert over svarbardbudsjettet i perioden 2012-2014. Miljødirektoratet har gitt pålegg om å utgreie reinsing av utsleppa til luft for kolkraftverket i Barentsburg.

8.1.7 Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Med utgangspunkt i plan- og bygningslova arbeider Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) for berekraftig planlegging og byutvikling. Dette inneber mellom anna å sikre ein berekraftig bystruktur gjennom effektiv arealbruk og styrkt miljøvennleg transport. Arbeidet med å sikre høg kvalitet i byrom og uteareal og å ta vare på grønstruktur, kulturminne, naturmangfald, og viktige friluftsinteresser er sentralt for å møte miljøpolitiske utfordringar. I tillegg er energieffektivisering i bustader og andre bygg viktig for å redusere den totale energibruken.

Gode kart- og geodata, og å kunne framstille stadfesta (koordinatbestemte) data på ein god måte, er ein viktig føresetnad i arbeidet med klimatilpassing, friluftsliv, forvaltninga av naturmangfaldet og forvaltninga av kulturminne og kulturmiljø.

Byggsektoren står for ein stor del av energibruken, ressursbruken og avfallsmengda i Noreg. Det er store miljøgevinstar å hente i bygge- og eigedomsbransjen. Miljøtiltak i statlege byggeprosjekt kan omhandle redusert energibruk, mindre bruk av fossil energi til oppvarming, lokalisering, gjenbruk og redusert lokal forureining ved sanering, redusert bruk av miljøskadelege materialar og godt vedlikehald.

KMDs rapport for 2015

I 2015 vart det vedteke nye nasjonale forventingar til regional og kommunal planlegging. I tillegg har klima og miljø inngått som viktige aspekt i byutviklingsprogrammet Plansatsing mot store byar,og det blei gitt tilskot til store bykommunar til pilot- og forbildeprosjekt som synleggjer ein berekraftig bustad- og bypolitikk, og til tiltak for å auke plan- og miljøkompetansen i kommunane.

KMD har koordinert statens innsats i samarbeidet om å betre bymiljø og levekår i Groruddalen. KMD har òg gitt midlar til programområde 2 Alna, grønstruktur, idrett og kulturmiljø. Områdesatsingane i indre Oslo øst og Drammen som starta opp i 2014, blei vidareført i 2015.

I 2014 blei det sett i gang eit arbeid for å styrkje rettleiing om kommunal planlegging om verktøy for berekraftig næringsutvikling og rekreasjon i landbruks-, natur-, frilufts-, og reindriftsområde (utmarksområda). Arbeidet med å finne tiltak for betre og meir samordna planlegging i dei kystnære sjøområda blir òg ført vidare. Føremålet er å medverke til betre regionale og kommunale planar som tek omsyn til miljø, klima og samfunn.

Nye energikrav til bygg blei fastsett i 2015 og gjeld frå 1. januar 2016. Dei nye krava gjer at nye bustader og bygg kan bli 20–25 prosent meir energieffektive enn med tidlegare krav. Det er òg forbod mot fossil energi i nye bygg.

Ulike låne- og tilskotsordningar i Husbanken medverkar til fleire bustader og bygg med kvalitetar utover krava i byggteknisk forskrift, blant anna på energi. Eit hovudformål med grunnlånet er å fremje viktige bustadkvalitetar som energieffektivitet og tilgjenge i ny og eksisterande busetnad.

Statsbygg arbeider systematisk med energieffektivisering i eksisterande bygningar og følgjer energiutviklinga for eigedomsmassen tett. Regjeringa har stilt krav til Statsbygg om å fase ut bruken av fossilt brensel som grunnlast i eigen bygningsmasse innan utgangen av 2016. Ved inngangen til 2016 stod det att 8 eigedommar der fossilt brensel skal utfasast.

KMDs plan for vidare arbeid

Regjeringa foreslår å halde fram med å løyve 36 mill. kroner i 2017 til å etablere eit nasjonalt heildekkjande og nøyaktig høgde- og terrengdatasett.

I dei nye nasjonale forventningane til regional og kommunal planlegging er planlegging for klimatilpassing og for å redusere klimagassutslepp vektlagt. Det er stilt forventningar til kunnskapsgrunnlag, risiko- og sårbarheitsanalysar, klimagassreduksjon, energiomlegging og effektivisering. Det er òg konkrete forventningar knytte til samordna bustad-, areal- og transportplanlegging og tilrettelegging for auka bruk av kollektivtransport, sykkel og gange.

Plansatsing mot store byar (2013–2017) skal medverke til framtidsretta byplanlegging, betre bymiljø og tilrettelegging for meir bustadbygging. I ei slik heilskapleg satsing vil både omsynet til klima og andre miljøutfordringar knytte til lokal luftforureining, grønstruktur, bynært friluftsliv, naturmangfald, kulturminne og meir vere viktige premissar.

I 2015 blei det gjort ei avtale om å utvide Groruddalsatsinga med ein ny tiårsperiode, som startar i 2017. Områdesatsingane i indre Oslo øst og Fjell i Drammen skal førast vidare i 2017.

KMD vil medverke til fleire miljøvennlege og energieffektive bustader og bygg. Det er varsla gjennom klimaforliket og klimameldinga at energikrava for nye bygg skal skjerpast til passivhus-nivå i 2015 og nesten nullenergi-nivå i 2020. Regjeringa arbeider med å definere nesten-nullenerginivå.

Statsbygg skal som første byggherre i Noreg, byggje eit nullutsleppsbygg på Evenstad på det høgaste nivå til no, dvs. ZEB-COM.

8.1.8 Kulturdepartementet

God forvalting av kulturminne i form av bygningar og anlegg, i hovudsak enkeltbygningar og bygningsmiljø, men òg tekniske og industrielle kulturminne, bergkunst og kulturlandskap, og kulturminne i form av kyrkjer og gravplassar utgjer Kulturdepartementets bidrag til regjeringas samla klima- og miljøpolitikk.

Det nasjonale museumsnettverket rapporterer om i alt ca. 5 000 kulturhistoriske bygningar i 2015. Museas bevarings- og formidlingsarbeid medverkar til å spreie kunnskap om og oppleving av desse miljøverdiane. Over Kulturdepartementets budsjett blir det no gitt driftstilskot til 64 konsoliderte museum i det nasjonale museumsnettverket.

Norsk kulturråd forvaltar òg tilskotsordninga for sikringstiltak ved musea. Over ordninga vart det i 2015 innanfor ei ramme på 9 mill. kroner gitt tilskot til 48 tiltak fordelt på 21 museum.

Kyrkjebygningane er ein del av nasjonens kulturarv. Gjennom rentekompensasjonsordninga for kyrkjer medverkar KUD til arbeidet med å vedlikehalde kyrkjer. Målet med ordninga er å stimulere til sikring og bevaring av kyrkjene og deira utsmykking og inventar. Sidan ordninga vart etablert i 2005 er det gitt tilsegn om rentekompensasjon for ei investeringsramme på opp mot 3 mrd. kroner.

Sidan storparten av kyrkjene er eldre bygningar, er det høge kostnader knytte til oppvarming. Det er teke initiativ til å finne nye energisparande varmesystem som samtidig betrar bevaringsmiljøa for bygningane og interiøret.

Opplysningsvesenets fond eig og forvaltar ein betydeleg eigedoms- og bygningsmasse. Fleire av dei gamle prestegardane er verdifulle kulturminne og kulturmiljø. Vernet av desse held fram sjølv om buplikta for prestar vart oppheva i 2015.

Tilskot av spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet føreset ei idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning av planane for anlegget. Miljømessige tilhøve skal vurderast ved behandling av slike søknader. Søkarane skal mellom anna gjere greie for miljøstyring, materialval, energi, avfall, transport og naturinngrep.

Frå 1. juli 2016 er tilsette og verksemda i Nasjonalt pilegrimssenter overført frå Riksantikvaren til Kulturdepartementet ved Nidaros domkyrkjes restaureringsarbeid. Ein viser til omtale i Prop. 1 S (2016–2017) Kulturdepartementet under kap. 342 Kirkebygg og gravplasser

8.1.9 Kunnskapsdepartementet

Målet for Kunnskapsdepartementets arbeid på klima- og miljøområdet er at utdanning og forsking skal bidra til berekraftig utvikling og omstilling til lågutsleppssamfunnet gjennom utvikling og formidling av kunnskap som bidrar til ny innsikt, gode løysingar og folk med gode dugleikar.

Formidling av kunnskap og gode haldningar til miljøet er ein integrert del av det pedagogiske opplegget i barnehagane og skulane. Grunnlaget for gode haldningar blir skapt i oppveksten, og det er derfor viktig at natur, miljø og kulturminne også er ein naturleg del av barnehagane og skulane si verksemd. I Meld. St. 28 (2015–2016) Fag-Fordypning-Forståelse – En fornying av Kunnskapsløftet er berekraftig utvikling foreslått som eitt av tre tverrfaglege tema som skal prioriterast i dei faga der det er relevant, når læreplanane i Kunnskapsløftet skal fornyast. Miljøforsking er støtta gjennom ulike satsingar og program i Forskingsrådet. I tillegg finansierer også universiteta og høgskulane mykje miljø- og klimarelevant forsking over grunnløyvinga si.

KDs rapport for 2015

I samarbeid med KLD har KD ført vidare arbeidet med Den naturlege skulesekken. Prosjektet medverkar til å styrkje kvaliteten i opplæringa og auke forståinga for nytten og bruken av naturfaga, og fremjar undervisning for berekraftig utvikling. Bidrag til EUs rammeprogram Horisont 2020 er òg viktig, der klima og berekraftig utvikling er eit gjennomgangstema. 60 pst. av budsjettet i Horisont 2020 skal gå til forsking som medverkar til berekraftig utvikling.

I 2015 er KDs samla finansiering av forsking på miljøområdet gjennom Forskingsrådet anslått til 552 mill. kroner. Talet omfattar forsking finansiert gjennom alle Forskingsrådets verkemiddel, også dei som ikkje er særskilt retta mot miljø. Om lag 35 pst. av midlane har gått til verkemiddel som er målretta mot miljø. Resten er finansiering gjennom dei generelle verkemidla til Forskingsrådet som fri prosjektstøtte, forskingsinfrastruktur, Senter for framifrå forsking (SFF), Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) osb. Auken på 50 mill. kroner frå 2014 skuldast mellom anna at det har kome i gang nye miljørelevante SFI-ar.

Forsking på miljøområdet omfattar både klima-, miljø- og energiforsking. Ein stor del av KDs midlar til miljøforsking gjennom Forskingsrådet går til polarforsking, klimaforsking og forsking på miljøvennleg energi. I tillegg får Senter for klimadynamikk ved Bjerknessenteret 25 mill. kroner årleg. Også Meteorologisk institutt har ei viktig oppgåve i å studere det norske klimaet, gi klimatologiske utgreiingar baserte på observerte og modellerte data for fortid, nåtid og framtid, og formidle resultata av dette arbeidet.

Artsdatabanken skal gi offentleg forvaltning, organisasjonar og andre brukarar oppdatert og lett tilgjengeleg informasjon om biologisk mangfald. Artsdatabanken skal òg vere ein pådrivar i utviklinga av infrastruktur for innsamling og formidling av data om det biologiske mangfaldet i Noreg.

Artsdatabanken samlar data frå ei rekkje institusjonar som universitetsmusea, miljøforskingsinstitutta, forvaltningsorgan og frivillige organisasjonar. I dei seinare åra har dei òg fått tilgang til data som er samla inn i samband med konsekvensutgreiingar, frå konsulentselskap og andre kommersielle verksemder. Viktige produkt og tenester frå Artsdatabanken er Raudlistene for artar og naturtypar, Svartliste for framande artar og ulike tenester som koplar naturkunnskap med elektroniske kart. Tenestene til Artsdatabanken er særleg viktige for miljøforvaltning, undervisning og forsking, men dei har òg vorte svært populære blant allmenta, som opptrer som både brukarar og bidragsytarar. Dei to viktigaste resultata for Artsdatabanken i 2015 var lanseringa av Norsk raudliste for arter 2015 og ein ny versjon av Natur i Noreg (NiN 2.0). Begge viser at Artsdatabanken har godt samarbeid med kunnskapsprodusentane og dataleverandørane og har gitt eit betre grunnlag for kunnskapsbasert forvaltning.

Norsk klimaservicesenter (KSS) er eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt (leiar), Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Uni Research/Bjerknessenteret, der hovudformålet er å få fram og presentere det vitskaplege grunnlaget for klimatilpassing i Noreg. Mykje av arbeidet i KSS har frå 2014 vore finansiert av Klima og miljødepartementet, men dei involverte institusjonane bidreg òg ein heil del. I 2015 publiserte KSS rapporten Klima i Norge 2100, Kunnskapsgrunnlag for klimatilpasning oppdatert i 2015, og ein nettportal (klimaservicesenter.no) med bakgrunnsinformasjon om klimatilpassing. I 2016 skal kunnskapen frå rapporten takast ned på regionalt/lokalt nivå ved at det blir utarbeidd klimaprofilar for ulike fylke. Konseptet er utvikla av NVE og Meteorologisk institutt i samarbeid med brukarar. Klimaprofilane vil bli ein reiskap for lokal/regional planlegging av klimatilpassing.

KDs plan for vidare arbeid

Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning 2015–2024 (Meld. St. 7 (2014–2015) gir dei politiske føringane for KDs satsing på dette området. Langtidsplanen har tiårige mål og prioriteringar, men meir konkrete mål for innsatsen i den første fireårsperioden, der regjeringa forpliktar seg til å følgje opp prioriteringane i dei årlege statsbudsjetta.

KSS vil halde fram med å detaljere klimainformasjon som grunnlag for klimatilpassing lokalt. Mellom anna tek ein sikte på å betre berekningsmetodar og presentasjon av dimensjonerande verdiar for korttidsnedbør, og på å utvikle nye produkt for klimatilpassing i lag med viktige brukarar.

Artsdatabanken er sentral i oppfølginga av Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald under det som er Artsdatabankens ansvarsområde.

8.1.10 Landbruks- og matdepartementet

Norsk landbruk tilbyr forbrukarane mat som er produsert på ein helse- og miljøvennleg måte, forvaltar store innmarks- og utmarksområde som medverkar til natur-, kultur- og friluftsverdiar og forsyner samfunnet med fornybare byggjemateriale og energi.

Berekraftig landbruk er eit av hovudmåla i Landbruks- og matdepartementets (LMD) politikk. Miljøsatsinga i jordbruket skal medverke til å redusere miljøbelastninga frå jordbruket og til å halde ved lag jordbrukets kulturlandskap.

LMDs rapport for 2015

Miljøsatsinga i jordbruket er organisert under Nasjonalt miljøprogram, med nasjonale, regionale og lokale tiltakspakkar. 22 100 føretak fekk utbetalt midlar innanfor dei regionale miljøprogramma (RMP) i 2015 for gjennomførte tiltak i vekstsesongen 2014 for å redusere erosjon og avrenning av næringsstoff, hindre gjengroing eller ta vare på verdifulle kulturlandskap og naturtypar. Totalt vart det løyvd 430 mill. kroner under RMP i 2014. Om lag 61 pst. av dei lokale midlane (Spesielle miljøtiltak i jordbruket) vart løyvde til tiltak for å fremje verdiar i jordbrukets kulturlandskap, kulturmiljø, naturmangfald og friluftsliv, mens 32 pst. av midlane gjekk til tiltak for å redusere forureining til vatn. I tillegg samfinansierer landbrukssektoren og miljøsektoren satsinga Utvalde kulturlandskap i jordbruket kvar med 6 mill. kroner i 2015 (totalt 12 mill. kroner). 22 område som inneheld særskilde verdiar knytte til naturmangfald og kulturminne og kulturmiljø er peikte ut. Liknande samfinansiering er det for verdsarvstadene Vestnorsk fjordlandskap og Vegaøyan, der verdiane i områda m.a. er knytte til jordbrukets kulturlandskap og er avhengige av aktiv jordbruksdrift. LMD bidreg med 3 mill. kroner.

Beitande dyr og aktive setrar er viktig for å ta vare på jordbrukslandskap og for å halde ved lag mange plante-, sopp- og dyrearter. I 2014 blei det gitt tilskot til totalt 2,3 millionar husdyr på utmarksbeite. Ser ein perioden frå år 2000 til 2014, vart det ein nedgang på knapt 3 prosent på beitande dyr.

Stortinget behandla jordvernstrategien til regjeringa den 08.12.2015 og vedtok innstillinga til næringskomiteen, jf. Innst. 56 S (2015–2016). I oppmodingsvedtak 140 fastsette Stortinget det årlege målet for omdisponering av dyrka mark til 4 000 dekar, og bad regjeringa om at målet blir nådd gradvis innan 2020. For 2015 viser KOSTRA-tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) at det blei omdisponert 6 341 dekar dyrka jord til andre formål enn landbruk. Talet på dekar godkjent nydyrka mark gikk ned frå 18 572 dekar i 2014 til 18 139 dekar i 2015, men ligg framleis på eit høgt nivå samanlikna med tala på 2000-talet. I alt blei 878 søknader behandla i 2015. Sidan 2007 er godkjent nydyrka mark 15 870 dekar per år i gjennomsnitt.

Bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar er nødvendig for å sikre variasjon og unngå tap av sortar, arter og rasar. Svalbard globale frøkvelv er etablert av den norske regjeringa for sikker lagring av sikringskopiar av frøa i verdas genbankar. Ved utgangen av 2015 romma frøkvelvet sikkerheitskopiar av 837 858 frøprøvar frå 67 institusjonar verda over. I 2015 vart for første gongen henta ut frø frå frøkvelvet. The International Centre for Agricultural Research in Dry Areas (ICARDA), i Alleppo, Syria bad om å få tilbake 128 boksar med frø av dei totalt 325 boksar med frø som dei har lagra på Svalbard. Føremålet med uttaket var å dyrka fram nye frø for lagring i nabolanda til Syria og å sende nye friske frø tilbake til Svalbard. I tillegg blei det deponert 36 130 ulike nye frø i frøkveldet frå 15 genbankar.

Det blir òg løyvd særleg tilskot til bevaringsverdige husdyrrasar. Tal frå 2015 viser at alle utanom ein av dei bevaringsverdige storferasane har hatt ein auke i talet på avlskyr, medan den kritisk truga storferasen Vestlandsk raudkolle har hatt ein tilbakegang på 5 pst.

Landbruks- og matdepartementet ga òg i 2015 støtte til vidare arbeid med prosjektet Miljøregistreringer i Skog (MiS), som er eit standardisert og godt dokumentert opplegg for registrering av areal som er spesielt viktige for biologiske mangfald i skog. Det vart løyvd 4,4 mill. kroner til dette arbeidet for 2015. I 2015 vart det utarbeidd skogbruksplanar med miljøregistreringar (MiS) for om lag 2,3 mill. dekar skog. Dette er noko mindre enn året før, men fordi desse prosjekta går over fleire år svingar tala frå år til år. Med bakgrunn i dei behova for tilskotsmidlar fylkesmennene melder er det grunn til å tru at aktiviteten vil auke framover.

Areal i økologisk drift utgjorde i 2015 om lag 4,5 pst. av det totale jordbruksarealet i Noreg. Omsetnaden av økologiske matvarer i norsk daglegvarehandel var svært stor i 2015. Samla for alle produktgrupper auka omsetning av økologiske produkt i daglegvarehandelen med nesten 15 pst. pst. frå 2014 til 2015. Totalt vart det omsett økologisk mat for om lag 2 mrd. kroner i 2014, tilsvarande 1,6 pst. av totalmarknaden.

LMDs plan for vidare arbeid

Departementet vil følgje opp arbeidet med genetiske ressursar, Svalbard globale frøkvelv, og delta aktivt i dei aktuelle internasjonale prosessane under FNs organisasjon for mat og landbruk, FAO (Food and Agriculture Organization) og den Internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og jordbruk.

Det er tverrpolitisk semje i Noreg om å arbeide for å avgrense matsvinnet. LMD vidarefører med å førebyggje og redusere matsvinn, blant anna gjennom intensjonsavtala om reduksjon av matsvinn med fire andre departement og matbransjen, som har som mål å lage ei meir forpliktande bransjeavtale innan utgangen av 2016.

LMD vil føre vidare satsinga på bioenergi i 2017 med ei uendra ramme til Bioenergiprogrammet som blir forvalta av Innovasjon Noreg. Det er òg øyremerkte midlar til forsking og utgreiing til klimaformål, og støtta til levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg blir ført vidare. Gjennom eit samarbeid mellom programmet Bionær i Forskingsrådet og Innovasjon Noreg blir det arbeidd aktivt med å utvikle løysingar for å auke biogassproduksjonen basert på husdyrgjødsel. Arbeidet blir koordinert med satsinga på biogass under Bioenergiprogrammet.

LMD vil styrkje verdsarvsatsinga Vestnorsk fjordlandskap med 0,5 mill. kroner i 2017.

Anslaget for naturskadeerstatningar som kjem til utbetaling i 2017 vil minke med omlag 13 mill. kroner.

8.1.11 Nærings- og fiskeridepartementet

Næringsverksemd kan ha miljømessige konsekvensar som naturinngrep, tap av naturmangfald, forureining av jord, luft og vatn og utslepp av klimagassar til atmosfæren. Ein god nærings- og miljøpolitikk vil søkje å avgrense miljøkonsekvensane av næringsverksemd innanfor rammene av ei berekraftig utvikling der òg omsynet til langsiktig verdiskaping blir teke vare på.

Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) sitt overordna mål er størst mogleg samla verdiskaping i norsk økonomi, innanfor berekraftige rammer. NFD arbeider for at norsk næringsliv kan utnytte moglegheitene som ligg i auka vektlegging av klima- og miljømål i politikkutforming og marknader. Ein aktiv innovasjonspolitikk for å fremje utvikling og kommersialisering av meir miljøvenlege teknologiar og tenester er ein viktig del av dette arbeidet.

Hovuddelen av NFDs klima- og miljøinnsats går til miljørelatert ressurs- og næringsforsking, tiltak for å stimulere til utvikling av klima- og miljøteknologi, opprydding etter gruvedrift og industri, tiltak for berekraftig forvalting av fiskeressursar og berekraftig havbruk, og til oppbygging av kunnskap om marine ressursar.

NFDs rapport for 2015

Innovasjon Noreg tildelte i 2015 totalt 1 113 mill. kroner til miljøretta prosjekt. For prosjekt over NFDs budsjett gjekk 47 pst. av tildelingane til miljøretta prosjekt. Den viktigaste ordninga er Miljøteknologiordninga, som gir tilskot til pilot- og demonstrasjonsprosjekt innan miljøteknologi.

Miljøretta forsking innafor marin og maritim sektor inkluderer forsking både på miljøkonsekvensar av påverknad i marine økosystem og korleis verksemder innafor desse sektorane kan drivast med mindre miljøkonsekvensar. Det er òg omfattande forsking på konsekvensen av klimaendringar for marine økosystem og ressursar. Ei rekkje av dei andre næringsretta programma gir òg bidrag til miljørelevant forsking innafor klima, energi og industri.

Klimaendringane har forsterka behovet for reduserte utslepp av klimagassar og partiklar, og å utvikle meir energieffektive fartøy. Miljø er eitt av dei prioriterte satsingsområda i regjeringa sin maritime strategi, som vart lagt fram i mai 2015.

For å utnytte potensialet for sjømatproduksjon frå havbruk, er det avgjerande med ein god miljøtilstand. Driftsmetodar og teknologi må utviklast i takt med auka produksjonsvolum for å hindre uakseptable miljøkonsekvensar. I november 2015 vart det etablert ei ordning med utviklingsløyve for å leggje til rette for å ta i bruk teknologi som kan medverke til å løyse miljø- og arealutfordringane havbruksnæringa står overfor.

NFDs plan for vidare arbeid

NFD vil medverke til å utvikle og ta i bruk miljøteknologi og meir miljøvennlege varer og tenester, mellom anna gjennom miljøteknologiordninga til Innovasjon Noreg.

Innan Noregs forskingsråds program BIA, EnergiX, Nano2021, Bionær, Havet og kysten og Maroff vil det bli gitt støtte til prosjekt som venteleg har eit potensial for å påverke klimagassutslepp på kort og lang sikt. Forskinga på konsekvensen av klimaendringar for marine økosystem og ressursar vil bli ført vidare.

Eit grønt skifte i norsk maritim næring er viktig for norsk klima- og miljøpolitikk, og vil kunne styrkje verdiskapinga i norsk maritim næring og gi konkurransefortrinn. I 2016 er det etablert ei ny kondemnerings- og innovasjonslåneordning for grøn fornying av nærskipsfartsflåten. Denne ordninga blir ført vidare i 2017. Det er lagt opp til å forhandle med næringsorganisasjonane om ei ny avtale som grunnlag for vidare fritak for NOx-avgift etter 2017.

Direktoratet for mineralforvaltning skal arbeide for at Noregs mineralressursar blir forvalta og utnytta til det beste for samfunnet. Dette omfattar også å syte for forsvarleg og berekraftig forvaltning av mineralressursar og redusere miljømessige konsekvensar av tidlegare mineraluttak.

Det er enno ikkje bestemt når nokre av dei norske nukleære anlegga skal avviklast. NFD tok 15. april 2016 i mot to kvalitetssikringsrapportar knytte til dekommisjonering av dei nukleære anlegga i Halden og på Kjeller. Opprydding er berekna å ha ein samla kostnad på 14,5 mrd. kroner over fleire tiår.

Implementering av det nye produksjonsreguleringsregimet i havbruksnæringa er viktig for å sikre at den ønskte auken i havbruksproduksjonen skjer innanfor miljømessig akseptable rammer. Det vil bli prioritert å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag for estimat av fiskesbestandar, og det må sikrast ein tilstrekkeleg kontroll med bestandsuttaket. Det er viktig å utvikle og ta i bruk fiskemetodar som reduserer utkast av fisk og bifangst og gjer mindre skade på botnhabitat. Innsatsen mot ulovleg, ikkje rapportert og ikkje regulert fiske (UUU-fiske) er særleg viktig for å sikre ei berekraftig hausting av dei globale fiskeressursane. NFD vil gå gjennom eksisterande arealtiltak for å vurdere om dei beskyttar eit representativt utval av naturtypar.

8.1.12 Olje- og energidepartementet

Klima- og miljøutfordringar i olje- og gassutvinning er utslepp til luft og til sjø. Vassdragsutbyggingar og andre energirelaterte utbyggingar kan føre med seg inngrep i natur- og kulturmiljø. Omsynet til miljø og berekraftig utvikling er og har alltid vore ein integrert del av den norske petroleums- og energiverksemda. Ei rekkje reguleringar medverkar til at det blir teke omsyn til miljøet i alle fasar av petroleumsverksemda og ved utbygging og produksjon av fornybar energi. Det har gjennom fleire år blitt gjennomført omfattande tiltak.

Olje- og energidepartementet vil i 2017 følgje opp innsatsområde i klimapolitikken og halde fram arbeidet for å følgje opp og forsterke klimaforliket gjennom teknologiutvikling, uttesting, FoU og energiomlegging på olje- og energiområdet.

OEDs rapport for 2015

Enova sitt mandat blei i 2015 utvida til å omfatte transportsektoren. Gjennom denne utvidinga omfattar Enova si verksemd aktivitetar som står for over tre fjerdedelar av energibruken og utslepp av klimagassar i Noreg. Enova har i den samanhengen fått eit nytt sjuande hovudmål som seier at Enova skal medverke til å redusere klimagassutsleppa i transportsektoren.

Gjennomføringa av EU sitt vassdirektiv med tilhøyrande forvaltingsplanar er viktig for å fremje ei heilskapleg forvaltning av vassressursane, og OED har saman med NVE medverka aktivt til dette. NVE har delteke i planarbeidet og bidrege med kunnskap om vassdraga, relevante miljøtiltak, hydrologisk overvaking og oversikt over konsesjonsvilkår. Vidare har NVE hatt ei viktig rolle for å sjå etter at vassregionane har følgt opp nasjonal rettleiing og nasjonale føringar gjevne av OED og KLD for korleis miljømåla skal setjast i regulerte vassdrag. Ved eventuelle framtidige miljøpålegg må samfunnsverdien av miljøomsyn vere større enn samfunnstapet knytt til redusert energiproduksjon.

Regjeringa presenterte i statsbudsjettet for 2015 sin strategi for CO2-handtering. Denne inkluderer forsking, utvikling og demonstrasjon, arbeidet med å realisere fullskala demonstrasjonsanlegg, transport, lagring og alternativ bruk av CO2 og internasjonalt arbeid for å fremje CO2-handtering. Departementet har hatt tett dialog med statsføretaket Gassnova om oppfølginga av teknologisenteret på Mongstad og samarbeidd om å studere aktuelle prosjekt for fullskala CO2-handtering i Norge. Som del av fullskalaambisjonen vart det derfor gjennomført ei idéstudie som vart overlevert departementet mai 2015. Regjeringa foreslo å føre vidare arbeidet med å utgreie muligheiter for fullskala CO2-handtering i statsbudsjettet for 2016 og sette på den bakgrunn i gang arbeid med meir detaljerte moglegheitsstudiar hausten 2015.

CLIMIT er det offentlege støtteprogrammet for FoU og demonstrasjon av teknologiar for fangst og lagring av CO2 frå fossilt basert kraftproduksjon og industri. Programmet er administrert av Gassnova saman med Noregs forskingsråd. På kort sikt er CLIMIT retta mot å få ned kostnader knytte til CO2-handtering og etablere metodar for sikker geologisk lagring av CO2.

Innanfor energisektoren er FoU viktig for å utnytte dei norske energiressursane effektivt og utvikle naudsynt kompetanse for langsiktig verdiskaping og næringsutvikling. Den offentlege innsatsen er retta mot meir effektiv energiproduksjon, energioverføring og energibruk, auka energitilgang basert på miljøvennleg energi, betre tryggleik og fleksibilitet. Satsinga på FoU er eit sentralt element i regjeringa sin intensjon om at Noreg skal vere ein føregangsnasjon innan miljøvennleg energibruk og energiproduksjon.

Energi21 er styresmaktene og næringa sin strategi for FoU i energisektoren. Miljøvennleg energiproduksjon og energieffektivisering står sentralt i mandatet for strategien. Energi21 løfter fram vasskraft og fleksible energisystem som to særleg viktige tilrådde satsingsområde. Vidare vert solkraft, havvind, energieffektivisering og CO2-handtering tilrådde som prioriterte innsatsområde.

ENERGIX er Forskingsrådet sitt store, målretta program for fornybar energi, effektiv energibruk, energisystem og energipolitikk, og miljø- og klimavenleg transport. 62 prosent, 238 mill. kroner, av det samla budsjettet til ENERGIX i 2015 blei finansiert av OED. Programmet skal medverke til utviklinga av eit heilskapleg energisystem som tek omsyn til berekraft og naturmiljøet. ENERGIX er det viktigaste programmet i Noregs forskingsråd for forsking for reduserte utslepp. Dette gjeld òg for forsking for lågare utslepp i og for næringslivet. I 2015 gjekk om lag 282 mill. kroner til dette føremålet.

OED løyver òg midlar til ti av dei elleve forskingssentra for miljøvennleg energi (FME) som vart oppretta i 2009–2010. Det har i 2015 vore høg aktivitet ved sentra, med god deltaking frå brukarpartnarar frå industrien og frå internasjonale forskingspartnarar. Dei samfunnsvitskapelege FME-ane blei midtvegsevaluerte i 2015. Konklusjonen i gjennomgangen var at FME-ordninga har vore viktig både for den samfunnsvitskapelege og den meir teknologisk retta energi- og klimaforskinga i Noreg og for aktørar i privat og offentleg sektor.

For ei meir detaljert omtale av regjeringa sin satsing på FoU for energi og CO2-handtering, viser ein til Olje- og energidepartementet sin budsjettproposisjon, kap. 18.30.

OEDs plan for vidare arbeid

Enova er, i samspel med verkemiddelapparatet elles, eit sentralt verkemiddel i utviklinga av eit energisystem for framtida og lågutsleppsamfunnet. Olje- og energidepartementet vil inngå ei ny styringsavtale med Enova for perioden 2017 til 2020. Enovas overordna mål skal vere reduserte klimagassutslepp, styrkt forsyningssikkerheit for energi og teknologiutvikling som på lengre sikt òg medverkar til reduserte klimagassutslepp.

Regjeringa legg opp til fortsatt styrka satsing gjennom Enova. For å sikre bedra forutsigbarheit for Enovas virksomheit, legg Regjeringa opp til at ordninga med Fond for klima, fornybar energi og energiomlegging avviklast frå og med 2018, og at overføringa til Energifondet frå same tidspunkt erstattas med ein ordinær utgiftspost, overføring til Klima- og energifondet, fråkopla frå rentenivået. Den årlege overføringa trappast opp til 2 mrd. kroner frå og med 2018. I tillegg kjem inntekter frå påslaget på nettariffen. Det visast til nærare omtale under Olje- og energidepartementets budsjettproposisjon, kap. 1825, post 50.

Teknologisenteret for CO2-fangst på Mongstad (TCM) står sentralt i regjeringas satsing på karbonfangst- og lagring. TCM vart offisielt opna i mai 2012 og det har vorte gjennomført kontinuerlege testaktivitetar ved anlegget sidan. Avtala mellom staten, Statoil, Shell og Sasol som regulerer eigarskap og drift av anlegget går ut i august 2017. Staten, Statoil og Shell har blitt samde om rammer for forhandlingar om vidareføring av anlegget, i første omgang i tre år til. Målet er å bli einige om ei avtale innan utgangen av 2016. Det vert arbeidd med å rekruttere fleire eigarar til selskapet.

I 2016 gjennomførte Olje- og energidepartementet i samarbeid med Gassnova og Gassco ei studie av moglegheitene for fullskala CO2-handtering i Noreg. Tre industriaktørar har gjennomført studiar av CO2-fangst; Norcem AS har vurdert moglegheitene for fangst av CO2 frå røykgassen ved sin sementfabrikk i Brevik, Yara Norge AS har vurdert fangst frå tre ulike kjelder ved ammoniakkfabrikken på Herøya i Porsgrunn og Energigjenvinningsetaten i Oslo kommune (EGE) har vurdert fangst frå energigjenvinningsanlegget på Klemetsrud (Klemetsrudanlegget AS). Gassco har studert ulike transportløysingar mens Statoil har gjennomført moglegheitsstudiar av CO2-lagring på ulike lokasjonar på norsk kontinentalsokkel med tilhøyrande utbyggingsalternativ. Studiane syner at fleire alternativ for fangst, transport og lagring er moglege. Regjeringa vil setje i gang konseptstudiar av moglege fullskala demonstrasjonsanlegg for CO2-handtering i Norge. Konseptstudiane vil vare til hausten 2017. Arbeidet inneber å studere løysningar for fangst-, transport- og lagring av CO2 med mål om at eit grunnlag for investeringsavgjerd kan vere utarbeidd hausten 2018.

Regjeringa har foreslått å løyve 286 mill. kroner til ENERGIX i 2017, ein auke på 35 mill. kroner. Auken skal styrkje og vidareutvikle verkemiddel som kan løfte miljøvennlege energiteknologiar frå forskingsfasen og vidare til uttesting. Formålet er å sikre at fleire bedrifter gjennomfører heile teknologiutviklingsløpet frå forskingsidé til kommersialisering. Styrkinga skal medverke til at norsk næringsliv hevdar seg i den internasjonale marknaden for miljøteknologi, og satsinga er difor sentral i regjeringa sitt arbeid med omstilling og grøn vekst.

Dei nye forskingssentra for miljøvennlig energi (FME) blei gjort kjent i mai 2016. Åtte nye senter er etablert innanfor CO2-fangst og -lagring, miljøvenleg transport, vasskraft, biodrivstoff, energieffektivisering i industrien, smarte energisystem, nullutslepp i byområde og solceller. FME-ordninga er ein av dei viktigaste berebjelkane for Noreg si satsing på forsking, utvikling og innovasjon for framtidas berekraftige energisystem. Senterordninga ligg under Noregs forskingsråd og inneber støtte til forskingssenter samansette av forskingsinstitusjonar, næringsliv og forvalting. FME-ane kan vare i inntil åtte år, men blir vurderte etter fem år. For ei nærare omtale av Forskingssenter for miljøvennleg energi viser ein til Olje og energidepartementet sin budsjettproposisjon kap. 18.30.

I samband med statsbudsjettet for 2016, jf. Innst. 2 S (2015–2016), vedtok Stortinget 3. desember 2015 anmodning nr. 69 der Stortinget ba regjeringa førebu opprettinga av Fornybar AS («Greenfund»). Eit fond som saman med private skal kunne investere i selskap som utviklar og nyttar grøn teknologi. Arbeidet med å opprette eit slikt nytt investeringsselskap vart gitt ein omtale i revidert nasjonalbudsjett for 2016, jf. Prop. 122 S (2015–2016). Regjeringa vil opprette eit investeringsselskap. Formålet til investeringsselskapet skal vere å bidra til reduserte klimagassutslepp gjennom investeringar som direkte eller indirekte bidrar til reduserte klimagassutslepp. Innsatsen gjennom investeringsselskapet skal vere eit bidrag til at vi når klimamåla. For nærare omtale av investeringsmandat og organisering av det nye investeringsselskapet samt budsjettmessige konsekvensar, sjå Olje og energidepartementet sin budsjettproposisjon kap. 18.25.

8.1.13 Samferdselsdepartementet

Eitt av Samferdselsdepartementets (SD) hovudmål er å avgrense klimagassutslepp, redusere miljøskadelege verknader av transport, og medverke til å oppfylle nasjonale mål og Noregs internasjonale forpliktingar på helse- og miljøområdet. Bygging, drift og vedlikehald av vegar, jernbane, flyplassar og hamner kan medføre betydelege klimagassutslepp og irreversible endringar i naturmangfaldet. Ei optimal innretting av bygging, drift og vedlikehald, og satsing på jernbane, sykkel, gange og kollektive løysingar, kan likevel avgrense miljøpåverknad frå trafikken.

For å redusere utslepp må det blant anna fasast inn ny og miljøvennleg køyretøyteknologi for alle transportformene. Vidare må det leggjast til rette for meir miljøvennlege transportformer for å nå målet om at vekst i byområda skal takast av kollektiv, sykkel og gange. Det må òg leggjast til rette for at ein ved bygging, drift og vedlikehald tek i bruk miljøvennleg teknologi.

SDs rapport for 2015

Transport er ei av dei største kjeldene til klimagassutslepp i Noreg. Sjå avsnitt 8.1.4 for oversikt over utslepp og utsleppsreduksjonar i transportsektoren.

Klimagassutsleppa frå vegtrafikken har auka med 32,2 pst. sidan 1990. I 2015 var klimagassutsleppa frå vegtrafikken 10,3 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Dette utgjer 19,1 pst. av dei nasjonale klimagassutsleppa. Utsleppauken i 2015 var på 0,8 pst., mens trafikkveksten var 2 pst. Fleire køyretøy og auka køyrelengder aukar utsleppa. Samtidig gir meir energieffektive køyretøy, el-/hybridbilar og innblanding av biodrivstoff lågare utslepp. Ved behandling av klimameldinga sette Stortinget eit mål om at utslepp frå nye personbilar ikkje skal overstige eit gjennomsnitt på 85 g CO2/km i 2020. Utsleppa frå nye bilar er redusert frå 177 til 100 g/km frå 2006 til 2015 og til 94 g/km første halvår 2016.

Talet på elektriske personbilar passerte 50 000 i april 2015, og var 85 054 i første halvår 2016, mot 53 036 på same tid i fjor. I tillegg kjem 1 805 elektriske varebilar. Salet/nyregistreringane av nye og bruktimporterte elektriske personbilar i 2015 var på 30 910. I første halvår av 2016 har 15,1 pst. av nye personbilar vore elbilar. I tillegg kjem bruktimport. Det vart selt 18 355 hybridar første halvår i år mot 8 558 på same tid i fjor. Av desse var 10 279 ladbare hybridar. Ladbare hybridbilar har fått eit kraftig oppsving etter at vektfrådraget i eingongsavgifta vart auka frå og med 1. januar 2015, og utgjer 13,2 pst. av nybilsalet så langt i år. Til saman står elbilar og ladbare hybridbilar for 28,3 pst. av salet i første halvår 2016. Det finst no 85 054 registrerte elektriske personbilar, og 70 594 hybridar der 23 179 er ladbare, samt 1 805 elektriske varebilar med norske skilt.

Transport gir òg lokal luftforureining. Det var ikkje brot på forureiningsforskrifta for svevestøv i 2015. Dei viktigaste kjeldene til svevestøv er eksosutslepp, vegslitasje, vedfyring, og langtransportert forureining. Det var overskridingar av grenseverdiane for NO2 i 2015 i Oslo. Den viktigaste kjelda til lokal luftforureining er vegtrafikk.

Statens vegvesen har i 2015 hatt eit program for å skaffe meir erfaring med støysvake vegdekke. I tillegg til tiltak som gjeld køyretøy, bildekk og støysvake vegdekke, er det viktig å halde ved like eksisterande støyskjermar. Det er blitt utarbeidd eit nytt fartsgrensesystem, der miljø, menneskets tåleevne ved samanstøyt, vegens geometri og trafikantens forståing er grunnpilarar. Støy vil også bli vurdert. Etter planen vil nye kriterium for alle fartsgrenser bli vedtekne i løpet av 2017.

Det kan vere vanskeleg, eller umogleg, å reversere konsekvensane av utbygging av mellom anna infrastruktur for naturmangfaldet. Ein må derfor vere varsam både ved planlegging og bygging av nye samferdselsanlegg og ved drifta av eksisterande anlegg. Det blei i 2015 starta eit samarbeidsprosjekt mellom Statens vegvesen og Jernbaneverket for å kome fram til eit sett av standardiserte metodar for gjennomføring av før- og etterundersøkingar i samferdselsprosjekt.

Vegsalting kan påverke jordsmonn og vegetasjon, grunnvatn og overflatevatn. Tilsig av vegsalt held fram å vere ein betydeleg miljøpåverknad i fleire vegnære innsjøar, gjennom mellom anna saltindusert sjikting og endra oksygentilhøve i vassøyla. Dei seinare åra har det vore ein aukande tendens i samla saltbruk i vegsektoren, trass i at det har vore sett i verk fleire tiltak for å redusere bruken av salt.

For å redusere klimagassutslepp frå flytrafikken, er det framleis viktig med flåtefornying og effektivisering av luftrommet. Dessutan kan innfasing av biodrivstoff i luftfarten bli avgjerande for å redusere dei samla klimagassutsleppa. Frå januar 2016 kan alle flyselskap som tankar på Oslo Lufthamn kjøpe jet biodrivstoff.

Effektivisering i luftrommet og optimalisering av landingar og avgangar er viktige tiltak.

Avinor ønskjer å vere ein pådrivar og leggje til rette for at mest mogleg av transporten til og frå lufthamnene kan skje med kollektive transportmidldel. Avinor har fly- og helikopterstøy som eit av sine viktigaste tiltaksområder innan ytre miljø.

Anlegg, drift og vedlikehald av maritim infrastruktur medfører klimagassutslepp, miljøutslepp og irreversible endringar i naturmangfaldet.

Fleire hamner har innført rabattordningar for miljøvennlege skip basert på Environmental Ship Index (ESI). Kystverket innførte i 2015 ei slik rabattordning knytt til losberedskapsavgifta. Effektivisering av navigering, transport og logistikk bidreg til redusert drivstofforbruk og til å styrkje skipsfarten.

Kystverket har i 2015 samarbeidd med Miljødirektoratet og Sjøfartsdirektoratet om å vurdere miljøeffekten og næringskonsekvensane av å avvise skip frå sentrumsnære hamner som eit tiltak mot akutt luftforureining. Rapporten, som vart levert i 2016, konkluderer med at avvising av skip frå hamn kan ha ein viss effekt som eit akutt tiltak for å betre luftkvaliteten i Bergen og i Stavanger, men det føreset at ei rekkje kriterium er oppfylte.

Kystverket har som målsetjing i løpet av 2017 å innføre krav om etterundersøkingar i alle prosjekt der det kan vere risiko for store negative konsekvensar for naturmangfaldet.

SDs plan for vidare arbeid

Jernbaneverket sin handlingsplan for energieffektivisering (2014–2017) peikar ut tiltak som skal gjennomførast i 2017. Mellom anna vil eit system for energimåling og -oppfølging (EOS) for å følgje opp energibruken i Jernbaneverket vere i drift. Jernbaneverket held fram med å bytte ut anlegg for oljefyr i eigne bygg. Regulering og isolering av sporvekselvarme og skifting til LED-lys vil halde fram i 2017. Jernbaneverket vil halde fram med å berekne utsleppa av klimagassar av utbyggingsprosjekt, og har som mål å utvide verktøyet for berekningar av byggjeutslepp til å omfatte meir enn sjølve bygginga av jernbanetrasear og plattformer. I 2017 vil Jernbaneverket revidere sin handlingsplan for energieffektivisering for perioden etter 2017 og inkludere fleire klimatiltak.

I 2016 starta Jernbaneverket arbeidet med den femårlege rullerande støykartlegginga, som i samsvar med Forureiningsforskrifta og EU sitt rammedirektiv for støy skal leverast i 2017.

Kystverket, Jernbaneverket, Statens vegvesen og Avinor AS deltek alle i arbeidet med å følgje opp vassforskrifta. Jernbaneverket har sett i gang ei omfattande og systematisk kartlegging av forureina grunn. Kartlegginga skal vera ferdigstilt i løpet av 2016, og vil resultere i ei prioriteringsliste som viser kor tiltak må setjast inn. Dei høgst prioriterte tiltaka vil bli gjennomførte i 2017. Jernbaneverket ser behovet for å setje i gang arbeidet med ein handlingsplan på naturmangfald i 2017.

Arbeidet med pilotprosjekt for fysisk kompensasjon for jordbruks- og naturverdiar skal vidareførast i 2017.

Ingen vegprosjekt som opnar i 2017 er vurdert til å ha svært stor negativ konsekvens for naturmiljø, og ingen vegprosjekt som opnar i 2017 vil ha inngrep i eller nærføring til nasjonalparkar eller landskapsvernområde. I 2017 vil ein registrert konflikt mellom veg og naturmangfald bli utbetra. I 2017 skal noko nær halvparten av innsjøane som blei undersøkte i 2015/2016 følgjast opp med vidare prøvetaking for å sjå nærare på utviklinga over tid. Det blir arbeidd vidare med å redusere saltforbruket utan redusert trafikksikkerheit og framkome.

Nye krav til utslepp av NOx og NO2 blir fasa inn i perioden 2014–2016 som følgje av EURO 6-krava. Statens vegvesen har undersøkt utslepp frå Euro 6-bilar ved låge temperaturar. Resultata så langt i arbeidet viser at NOx- og NO2-utslepp frå tunge kjøretøy som bussar og lastebilar blir kraftig redusert for EURO 6-køyretøy, mens dieseldrivne privatbilar ikkje oppnår like god effekt av innføring av EURO 6-krava. Arbeidet med utsleppsmålingar blir ført vidare i 2017.

Det skal vurderast nærare korleis hamnene kan utviklast til energiknutepunkt med tilgang til ladeinfrastruktur, landstraum og klima- og miljøvenlege drivstoff. Gjennom planen for fornying av fartøy vil Kystverket føre vidare arbeidet med overgang til låg- og nullutsleppsløysingar for eigne fartøy og dermed medverke til teknologiutviklinga i sektoren.

SDs arbeid med klimatilpassing 2017

Klimaendringar skapar utfordringar for vegnettet, både med omsyn til tilstanden til vegen og vegens funksjon. I store delar av Noreg er det venta meir intens nedbør og dermed større risiko for flaum, svikt i drenering, erosjon og skred. Dette medfører krevjande tilhøve for drift, og spesielt vinterdrift.

Staten vegvesen vil føre vidare arbeidet med å ta omsyn til dei varsla klimaendringane ved utgreiing, planlegging, utbygging, forvalting, drift og vedlikehald av infrastruktur, og dimensjonera ny infrastruktur til å motstå hardare klimapåkjenningar.

For å styrkje evna til å førebyggja og handtera ikkje ønskte hendingar samarbeider Statens vegvesen med ei rekkje andre verksemder og etatar om mellom anna ei nasjonal skredvarsling for heile landet og vidareutvikling av geo- og klimadata med tilhøyrande databasar.

På bestilling frå departementet, utarbeider Statens vegvesen ein strategi for samfunnstryggleik og klimatilpassing. Strategien skal følgjast opp med ein handlingsplan.

For å tilpasse Avinors verksemd til klimaendringane skal verksemda ha fokus på dei utfordringane klimaendringane kan medføre for drift, vedlikehald og utbygging av infrastruktur for luftfarten.

Hamneoperasjonar må kunne gjerast sikkert og effektivt også med høgare havnivå og bølgjer i kombinasjon med stormflod. I farleia kan forverring av vind-, bølgjer og straumforhold medføre auka ulykkes- og miljørisiko, og dermed få følgjer for sjøsikkerheitstiltak, beredskap mot akutt forureining og dimensjonering av infrastruktur. Kystverket har i 2015 utarbeidd ein klima- og miljøstrategi med følgjande mål: «Kystverket skal forberede og tilpasse vår verksemd til klimaendringane». Denne blir supplert med ny strategi for samfunnstryggleik.

8.1.14 Utanriksdepartementet

Arbeidet med klima har dei siste åra fått ein tydelegare plass i utanriks- og utviklingspolitikken. Satsinga på fornybar energi og støtta til Det grøne klimafondet for tiltak for utsleppsreduksjonar og klimatilpassing er hovudkomponentar i satsinga. Samtidig blir det satsa breitt på integrering av klima- og miljøomsyn i heile den norske utanriks- og utviklingspolitikken. Med vedtak av FNs berekraftsmål fekk verdssamfunnet ein ny agenda for berekraftig utvikling fram mot 2030. I dette arbeidet er det nødvendig å arbeide for synergi og samspel mellom alle måla, følgje opp måla om klima og miljø, og ta vare på dei tre dimensjonane i berekraftig utvikling i arbeidet med alle måla.

Tiltak som reduserer utslepp av kortlevde klimaforureinarar, som sotpartiklar og metan, vil bli prioritert høgare i utviklingssamarbeidet. Regjeringa prioriterer å bistå utviklingsland med å gjennomføre internasjonale miljøavtaler, under dette gjennom støtte til Den globale miljøfasiliteten (GEF) som er finansieringsmekanisme for alle dei viktigaste miljøavtalene. Fokusområda her er biologisk mangfald, klima, internasjonale vasspørsmål, ozonlaget, miljøgifter, forørkning og avskoging. FNs miljøprogram (UNEP) er ein sentral samarbeidspartnar for fleire av regjeringas prioriteringar, både for gjennomføring av Parisavtala om klimaendringar og for dei globale berekraftsmåla mot 2030, for kapasitetsbygging for grønt skifte i u-land og også som pådrivar og medspelar i Noregs innsats for kampen mot marin forsøpling og mikroplast.

Klima- og miljøarbeid er òg ein av hovudpilarane i EØS-ordninga. Programma har som formål å redusere klimagassutslepp og styrkje klimatilpassing, styrkje forvaltninga av biologisk mangfald og kulturarv, hav- og vassressursar og biologisk mangfald, og redusere utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar.

Klima og miljø er dessutan ein viktig del av regjeringas satsing på Nordområda. Departementet jobbar for at Noreg skal vere ein langsiktig og truverdig forvaltar av miljøverdiane også i nord, både nasjonalt, gjennom bilateralt samarbeid, og i regionale forum som Arktisk råd og Barentsrådet.

UDs rapport for 2015

Det vart i 2015 utbetalt ca. 6 mrd. kroner bistandsmidlar til klima- og miljøtiltak. I tillegg var det ved utgangen av 2015 sett av i overkant av 420 mill. euro til program innan klima, miljø og fornybar energi under EØS-ordninga. I tillegg kjem relevante prosjekt innan andre program under ordninga som grøn industriell innovasjon og sivilt samfunnsprogramma.

I oppløpet til FNs klimakonferanse (COP-21) sende utanriksministeren instruks til dei norske utanriksstasjonane om å gjennomføre eit aktivt klimadiplomati for å medverke til å oppnå ei avtale i Paris. Utanriksstasjonane følgde opp ved gjennomføring av mange ulike tiltak tilpassa sine respektive land og regionar. Det vart i 2015 òg utbetalt 28 mill. kroner til FNs Klimakonvensjon for å støtte sekretariatets oppfølging og gjennomføring av avgjerder under Klimakonvensjonen.

Satsinga på fornybar energi skjer gjennom bilateralt og multilateralt samarbeid, Norfund, internasjonale initiativ og støtte til frivillige organisasjonar. Noreg ga i 2015 energibistand til bl.a. Haiti, Liberia, Mosambik, Myanmar, Nepal, Tanzania og Uganda. Nokre døme på kva som er oppnådd i 2015:

  • Liberia: 14 000 nye tilkoplingar til straumnettet, ny energilov og rehabilitering av vasskraftverket Mt. Coffee.

  • Nepal: medverka til at 130 000 fattige hushald fekk tilgang på straum og 300 000 fekk reint brennande omnar og biogass, og støtte til transmisjonslinjer under bygging.

  • Tanzania: medverka til at 700 000 menneske på landsbygda fekk tilgang til moderne energitenester og rehabilitering av vasskraftanlegg.

  • Støtte til Asiabankens Clean Energy Financing Partnership Facility har sidan 2013 medverka til 6,7 TWh spart energi, 734 MW ny fornybar kraft og 7,6 mill. tonn reduserte CO2-utslepp.

  • Norfund investerte 328 mill. kroner i rein energi i 2015, og fullførte bygginga av nye kraftverk med til saman 340 MW produksjonskapasitet med vasskraft, sol og vind i Guatemala, Honduras, Peru, Panama og Sør-Afrika. I følgje Norfund representerer dette 7,4 mill. tonn CO2 i unngått utslepp.

For Det grøne klimafondet var 2015 året då fondet vart operasjonelt. Fondets investeringar i dei første åtte tiltaka, godkjent i november 2015, hadde ei finansiell ramme på 168 mill. dollar (ca. 1,4 mrd. kroner). Noreg støtta fondet med 400 mill. kroner i 2015.

Støtta til UNEP var på 90 mill. kroner i 2015. Det vart bl.a. gitt øyremerkte midlar til UNEPs arbeid med miljøkriminalitet og til fattigdoms- og miljøinitiativet (PEI). Sidan Noreg fremja vedtak om marin forsøpling på FNs miljøforsamling i 2014, har UNEP hjelpt 15 land med å utvikle handlingsplanar mot marin forsøpling, fremja samarbeid mellom FN-organisasjonar og miljøavtalene på dette området, og utarbeidd studie om kjelder til og omfanget av problemet.

Noregs bidrag til den globale miljøfasiliteten (GEF) var i 2015 på 108 mill. kroner. Midlane som blir gitt er ikkje øyremerkte og medverkar til innsatsar innan alle GEFs fokusområde. GEFs årlige prosjektrapport for 2015 fortel om aukande innverknad på politikk, auka grad av samfinansiering og opptrapping av innsats på dei fleste fokusområda.

Det har òg blitt arbeidd med fleire andre miljø- og klimatiltak, bl.a. anna:

  • I 2015 vart det kanalisert 23,3 mill. kroner via Verdsbanken og International Institute for Sustainable Development (IISD) til land sitt arbeid med å reformere og redusere eller eliminere subsidiar som er ineffektive, handelsvridande og lite klima- og miljøvennlege.

  • Verdas meteorologiorganisasjons (WMO) Globale rammeverk for klimatenester (GFCS) vart støtta med til saman 22 mill. kroner i 2015.

  • Verdsbankens program Pollution Management and Environmental Health for betring av luftkvaliteten i utvalte byar i Afrika og Asia (Ghana, Nigeria, Sør-Afrika, Egypt, Kina, India, Vietnam) blir støtta med 20 mill. kroner pr. år i perioden 2014 til 2017.

For dei av EØS-midlane som går til klima- og miljø er det eit mål at programma som er støtta skal redusere CO2-avtrykket med 350 000 tonn CO2-ekvivalentar pr. år. Midlane har bl.a. medverka til utvikling av 26 nasjonale klimatilpassingsplanar og til styrking av offentleg forvaltningskompetanse om klimatilpassing.

I 2015 vart det utbetalt 23 mill. kroner til arktiske miljøvernprosjekt, av dette knapt 13 mill. kroner til prosjekt under Arktisk råd . Midlane har sikra gode resultat i ei rekkje klima- og miljøprosjekt under Arktisk råd, og utgjer eit vesentleg bidrag til Noregs samla innsats i Arktisk råds arbeidsgrupper.

Til prosjektsamarbeid med Russland og miljøprosjekt i Barentsregionen vart det utbetalt vel 25 mill. kroner. Viktige satsingsområde her var samarbeid om heilskapleg forvaltning av Barentshavet og grensenært miljøsamarbeid.

UDs plan for vidare arbeid

Det er anslått at den totale støtta til klima- og miljøområdet med bistandsmidlar (inklusive skog og rein energi) vil bli omtrent 5,3 mrd. kroner i 2016.

For norsk klimapolitikk er fornybar energi i utviklingspolitikken eit viktig bidrag. For å medverke meir effektivt til å nå berekraftsmåla og til utviklingslands arbeid med auka bruk av fornybar energi og energieffektivisering slik dette er nedfelt i landa sine innmelde klimaplanar (NDC) under Parisavtala, vil det bli lagt til grunn nye føringar for bistandssamarbeidet om fornybar energi. Hovudfokus vil vere tiltak som legg til rette for private og kommersielle investeringar. Viktige område vil vere policydialog og samarbeid om reformer, lovverk, institusjonsbygging, planlegging og regionalt samarbeid. Vidare vil regjeringa medverke til å redusere risikoen for private investorar gjennom bl.a. støtte til forstudiar, opplæring og infrastruktur. Bidrag til å sikre fleire tilgang til straum vil òg stå sentralt. Det skal utarbeidast ein metodikk for effektiv måling og rapportering av klimaeffekten av norsk satsing på fornybar energi.

Alle land er avhengig av vel fungerande økosystem. Regjeringa vil medverke, særleg gjennom GEF, til internasjonalt samarbeid som sikrar biologisk mangfald i samsvar med internasjonale mål.

I Paris annonserte Noreg at støtte til Det grøne klimafondet (GCF) kan aukast med inntil ei dobling innan 2020 dersom fondet får på plass ein finansieringsmekanisme for verifiserte utsleppsreduksjonar frå skog. Noreg deltek aktivt i utforminga av fondets portefølje og prioriteringar gjennom sin styreplass, og vil, saman med fleire andre land, halde fram arbeidet med å få på plass ein slik finansieringsmekanisme.

UD vil arbeide for at FNs miljøprogram (UNEP) skal vere FNs fremste miljøaktør, at FN legg vekt på UNEPs rolle som kunnskapsleverandør og at UNEP på sikt skal bli ein medlemsbasert særorganisasjon i FN. Noreg skal òg støtte opp under UNEPs oppfølging av vedtaket på FNs andre miljøforsamling (UNEA-2) i mai 2016 om marin forsøpling. I tillegg vil det vere viktig å sikre at UNEP har ei sterk stemme i oppfølginga av Agenda 2030 og berekraftsmåla. I denne samanhengen underteikna Noreg i august rammeavtale med UNEP.

For EØS-finansieringsordninga er miljø, energi, klimaendringar og lågutsleppsøkonomi blant hovudprioriteringsområda i perioden 2014–2021.

Klimaendringar, havmiljø, reduksjon av forureining, bevaring av biodiversitet og miljøovervaking vil framleis vere viktige satsingsområde for Noregs arbeid i Arktisk råd. Det nye arbeidsprogrammet for 2016–2018 for det bilaterale miljøsamarbeidet med Russland har fokus på vern av havmiljø, forvaltning av biologisk mangfald, reduksjon av forureining, grensenært samarbeid, kulturminnevern og undersøkingar av radioaktiv forureining. Prosjekt som vedgår klimaendringar er innpassa i desse temaområda.

8.2 Klimagassbudsjett

Det går fram av Stortingets klimaforlik (Innst. 390 S (2011–2012), jf. Meld. St. 21 (2011–2012)) at departementa skal vurdere klimakonsekvensar av satsingsforslaga sine til statsbudsjettet. Klimagassbudsjettet har som mål å gi ei oversikt over klimagassutslepp og karbonbinding som følgjer av regjeringas største satsingar i dei mest utsleppsrelevante departementa. I det følgjande er det gitt ei omtale av utsleppseffektar knytte til sentrale tiltak på Klima- og miljødepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Olje- og energidepartementet, Samferdselsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet sine budsjett som kan påverke klimagassutsleppa. Stortinget vedtok i fjor eit forslag knytt til ny klimalov (vedtak 478 frå 24. mars 2015). I vedtaket ber Stortinget om at regjeringa rapporterer på «hvordan budsjettet påvirker Norges klimagassutslipp». Ei slik oversikt er viktig for å kunne vurdere satsingsforslaga og skatte- og avgiftsforslaga opp mot regjeringas klimamål, under dette målet om at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn i 2050.

8.2.1 Klima- og miljødepartementet

Den norske klima- og skogsatsinga skal i aukande grad betale for verifiserte utsleppsreduksjonar frå avskoging og utarming av skog i utviklingsland (REDD+). I 2015 innfridde Noreg løftet om å betale inntil 1 mrd. kroner til Brasil for reduserte utslepp av klimagassar frå Amazonas. Noreg hadde då betalt for om lag 200 mill. tonn redusert utslepp av CO2 frå 2008–2015. I same perioden har Brasil redusert utsleppa sine med meir enn 4 mrd. tonn CO2. Guyana held fram med å levere utsleppsreduksjonar gjennom å halde avskoginga si låg. Av andre årsaker vart det likevel ikkje gjort utbetalingar til Guyana i 2015. Tal frå Colombia og Ecuador viser reduserte utslepp av CO2 frå avskoging i 2015, men desse er enno ikkje verifiserte.

Som eit ledd i regjeringas biogasstrategi frå 2014 vart det sett av 10 mill. kroner til pilotanlegg og følgjeforsking i 2015 og 20 mill. kroner i 2016. Det har vore stor interesse for ordninga. For 2017 foreslår regjeringa å føre vidare løyvinga på 20 mill. kroner. Miljødirektoratet har i ein rapport frå 2013 vurdert at biogass på sikt kan medverke til utsleppsreduksjon i Noreg i storleiksordninga 500 000 tonn CO2-ekvivalentar årleg, blant anna gjennom reduserte utslepp av klimagassar frå husdyrgjødsel og i transportsektoren når biogass erstattar fossilt drivstoff i køyretøy. Kostnadene ved slike utsleppsreduksjonar kan vere høge, og regjeringa er derfor oppteken av å stimulere til teknologiutvikling og reduserte kostnader. Formålet med pilotanlegg er å medverke til auka kunnskap om biogass og teste ut nye løysingar og ny teknologi. Utsleppseffekt i pilotfasen er ikkje berekna.

Skogplanting kan auke skogens opptak av klimagassar til ein svært låg kostnad og med akseptable miljøkonsekvensar. Ein studie gjennomført av Miljødirektoratet, NIBIO (dåverande Skog og landskap) og Landbruksdirektoratet (dåverande Statens landbruksforvaltning) viser at planting på 1 mill. dekar over 20 år vil kunne gi 1,4 mill. tonn CO2 årleg meiropptak i 2100. Regjeringa starta i 2015 opp ein treårig pilotfase for skogplanting som klimatiltak. Samla ressursbruk til pilotfasen er 15,4 mill. kroner i 2017. Dette er eit klimatiltak med lang tidshorisont, der hovuddelen av klimagassopptaket først kjem etter fleire tiår.

8.2.2 Landbruks- og matdepartementet

Jordbrukets utslepp av klimagassar var i 2014 på 4,4 mill. tonn CO2-ekvivalentar, og utgjorde 8,3 pst. av dei samla norske utsleppa. Frå 1990 til 2014 er utsleppa frå jordbruket reduserte med 11,1 pst. Hovudårsaka til nedgangen er redusert bruk av gjødsel og færre storfe. Skogen og andre areal står likevel for eit høgt netto opptak av CO2 tilsvarande 26,7 mill. tonn i 2013. Dette er ein auke på 16,6 mill. tonn frå 1990.

Regjeringa foreslår ei uendra løyving for 2017 i høve til 2016 på 33 mill. kroner til dei tre tiltaka for auka karbonopptak i skog; respektive tettare planting, gjødsling og planteforedling. Klimatiltak i skog vil først ha ein effekt på lang sikt når det gjeld auka nettoopptak av CO2, med unntak av gjødsling der ein vil sjå ein effekt allereie etter 10 år. Det er derfor vanleg å snakke om den potensielle effekten i løpet av eit skogomløp, som normalt er på 70–100 år. Frå tiltaket er gjennomført vil effekten komme gradvis utover i omløpet. Kor stor effekten vil vere i form av auka CO2-opptak, vil avhenge av kor lenge tiltaka varer og grad av opptrapping. Dei tre tiltaka er anslått til potensielt å ville medverke til eit årleg auka opptak på 3–3,3 mill. tonn CO2 i eit langsiktig perspektiv.

Klimagassutslepp knytte til produksjon og distribusjon av mat som blir kasta, er anslått til ca. 535 000 tonn CO2-ekvivalenter, noko som motsvarer årlege utslepp frå ca. 160 000 bilar.

8.2.3 Nærings- og fiskeridepartementet

Maritim sektor

Regjeringa etablerte i 2016 ei kondemnerings- (12 mill. kroner) og innovasjonslåneordning (28 mill. kroner) for grøn fornying av norsk nærskipsfartsflåte. Ordningane blir førte vidare for 2017. Grøn fornying av nærskipsfartsflåten vil gi utsleppsreduksjonar frå norsk skipsfart. For eksempel vil eit moderne nærskipsfartøy på naturgass samanlikna med eit tilsvarande eldre skip og med utgangspunkt i 180 operasjonsdagar i året, medføre ein årleg reduksjon på 2800 tonn CO2, 104 tonn NOx og 10 tonn SOx. Føresetnaden er at skip som blir tekne ut av marknaden er mindre og dermed ikkje så miljøeffektive.

Totalt vil kondemnerings- og innovasjonslåneordninga (40 mill. kroner) kunne medføre at om lag 5–6 (mindre) skip blir kondemnerte, og 2–3 nye (større) skip bygde årleg. Det betyr at ordninga vil kunne medverke til CO2-reduksjonar på ca. 8000–9000 tonn, ca. 300 tonn NOx og ca. 30 tonn SOx i året.

Utrekningane ovanfor er baserte på utsleppsreduksjoner som ordningane kan medverke til, og det vil vere mogleg å rapportere reelle utsleppsreduksjonar etter at Innovasjon Noreg har gitt støtte til prosjekt. Dessutan tek utrekningane berre i betraktning teknologiutskiftinga og ikkje at ein meir moderne flåte vil kunne gjere meir effektivt transportarbeid og såleis redusere utsleppa ytterlegare per transportert godsmengd.

Bioøkonomitiltak

OECD vurderer verdiskapingspotensialet i bioøkonomien som stort. Noreg har rikeleg tilgang på fornybare biologiske ressursar, både i havet og på land. Noreg har òg ein industri- og kompetansebase som er godt eigna til å utnytte potensialet. Auka og meir effektiv ressursutnytting vil både kunne auke verdiskapinga i eksisterande bedrifter og skape grunnlag for nye, og gi grunnlag for nye, kunnskapsbaserte arbeidsplassar i heile landet.

Dei globale klima- og miljøutfordringane og det medfølgjande behovet for eit grønt skifte i økonomien, har aktualisert behovet for å satse på ein moderne bioøkonomi, der framtidig verdiskaping baserer seg på berekraftig utnytting av fornybare biologiske ressursar. Produkt baserte på fornybare biologiske ressursar kan erstatte så godt som alle oljebaserte produkt, og det ligg mange moglegheiter i alternativ bruk av biomasse. I tillegg vil meir effektiv utnytting av desse ressursane ha ein viktig klima- og miljøeffekt. Ei satsing på bioøkonomien vil òg medverke til å løyse utfordringar knytte til bl.a. energi, helse og mattryggleik. Det er vanskeleg å talfeste konkrete reduksjonar eller endringar i klimagassutslepp som bioøkonomitiltak.

Innovasjon Noreg

Innovasjon Noreg arbeider mot heile breidda av næringslivet. Det er gjennomført få spesifikke utsleppsreduserande tiltak i regi av selskapet, sjølv om fleire av verkemidla kan ha ein slik effekt. Innovasjon Noreg utarbeider ikkje overslag over moglege reduksjonar eller endringar i klimagassutslepp som følgje av tilsegner til enkeltprosjekt gjennom ulike verkemiddel. Det er derfor ikkje mogleg å gi ei oversikt over kor vidt venta utsleppsreduksjonar som følgje av støtte til miljøprosjekt vil overstige eventuelle utsleppsauker som skuldast støtte til andre prosjekt.

Den viktigaste ordninga Innovasjon Noreg har som kan føre til endringar i klimagassutsleppa, er Miljøteknologiordninga. Målgruppa for ordninga er små, mellomstore og store bedrifter i heile landet som skal setje i gang pilot- og demonstrasjonsprosjekt innan miljøteknologi. Det kan givast tilskot til prosjekt som siktar mot kommersialisering av ny miljøteknologi, inkludert investeringsstøtte til pilot- og demonstrasjonsanlegg.

8.2.4 Olje- og energidepartementet

Noregs innanlandske energibruk er forbunde med lågare utslepp enn i mange andre land, også når olje- og gassektoren sine utslepp frå energibruk er inkludert. Dette skuldast at norsk elektrisitetsproduksjon er fornybar og at Noreg har ein stor del elektrisitet i sluttforbruket samanlikna med andre land.

Samla norske utslepp av klimagassar var 53,2 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2014. Utsleppa forbunde med innanlandsk energibruk var 34,9 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2014. Dei resterande utsleppa er knytte til olje- og gassutvinning (14,7 mill. tonn CO2-ekvivalentar) og energiproduksjon, inkludert raffinering (3,6 mill. tonn CO2-ekvivalenter). Av dei om lag 34,9 mill. tonn CO2-ekvivalentar forbunde med innanlandske utslepp (i 2014) var om lag 14,3 mill. tonn CO2-ekvivalentar prosessutslepp. Dei resterande 20,6 mill. tonn CO2-ekvivalentane stammar frå energibruk til energiformål.

I perioden 1990–2014 auka netto innanlandsk sluttforbruk inkludert råstoff med over 14 pst., samtidig som dei tilhøyrande utsleppa gjekk ned med nesten 16 pst. Utsleppa per eining energibruk er dermed reduserte med over 26 pst. sidan 1990. Dette speglar at samansetjinga av energiberarar har endra seg. Bruken av energiberarar som er forbundne med lite utslepp eller som er klimanøytrale, slik som elektrisitet, fjernvarme og bioenergi, har auka eller ligg fast. Ei konvertering frå fossile energikjelder til elektrisitet inneber både ei effektivisering av energibruken gjennom betra verknadsgrad, og reduserte utslepp. I tillegg har forbruket av fossile energikjelder endra samansetjing. Bruken av kol og koks og dei tyngste petroleumsprodukta er redusert, mens gass- og dieselforbruket har auka.

Den norske kraftforsyninga har ein normalårsproduksjon på om lag 138 TWh. Av dette står fornybar kraft for om lag 98 pst. Den norske kraftsektoren har dermed den høgaste fornybardelen og dei lågaste utsleppa i Europa. Med ein tilsvarande elektrisitetsmiks som gjennomsnittet i EU, ville Noregs totale utslepp av CO2 vore meir enn det dobbelte av i dag.

Utsleppa av CO2 frå petroleumssektoren er venta å vere relativt stabile dei næraste åra. Fleire felt er under utbygging, og vil komme i drift dei næraste åra. Av desse er fleire tredjepartstilknytingar og har lite eigne utslepp, eller er planlagt med kraft frå land anten frå start eller nokre år ut i levetida. Utsleppa i petroleumssektoren er kvotepliktige og er omfatta av det europeiske kvotesystemet (EU ETS) som innan 2030 skal reduserast med 43 pst. samanlikna med 2005. Reduksjonen vil skje ved at den tilgjengelege kvotemengda i marknaden blir redusert gradvis.

Regjeringa peikte i Meld. St. 13 (2014–2015) om klimamålet for 2030 på fem satsingsområde i klimapolitikken: lågutsleppsutvikling i industrien, grøn skipsfart, fangst- og lagring av CO2, fornybar energi og transportsektoren. OED følgjer opp fleire av innsatsområda i regjeringas klimapolitikk.

Satsinga på energi- og petroleumsforsking og utvikling skal medverke til meir effektiv og miljøvennleg utnytting av norske energiressursar. Vidare skal den medverke til reduksjon av nasjonale og globale utslepp utover det som kan ventast med eksisterande teknologi og løysingar. Den kunnskapen ein kjem fram til i dag vil kunne gi grunnlag for ny forsking og ny kunnskap. Grunna uvisse om omfang og tidspunkt for introdusering og kommersialisering av ny teknologi under utvikling, finst det ingen presise anslag på framtidige utsleppseffektar av teknologi som berre er på forskings- og utviklingsstadiet.

Enova har dei siste åra fått utvida sitt mandat og fått auka overføringar. Enova forvaltar blant anna ei satsing på energi- og klimateknologi. Satsinga er retta inn mot utvikling av ny teknologi og støtte til teknologiar og løysingar nær marknadsintroduksjon, blant anna skal Enova kunne gi støtte til investeringar i fullskala produksjonslinjer i industrien. Enova skal vurdere prosjekt ut frå potensialet for kostnadseffektive utsleppsreduksjonar på lang sikt. Enova skal prioritere støtte til prosjekt og løysingar som har stort spreiingspotensial både nasjonalt og internasjonalt. Enova forvaltar frå 2015 òg ei ny satsing på miljøvennleg transport. Målet er at satsinga skal medverke til reduserte klimagassutslepp i transportsektoren. Arbeidet skal byggje opp under utvikling av ei miljøvennleg omlegging på lang sikt gjennom å utvikle og ta i bruk teknologiar og nye løysingar som kan medverke til dette, under dette pilot- og demonstrasjonsprosjekt. Det er krevjande å kvantifisere den fulle verknaden på klimagassutsleppa av satsingane som følgje av at verknadene i stor grad vil vere indirekte og avhengig av teknologiane si vidare utbreiing i marknaden.

Enova estimerer at dei samla direkte utsleppsreduksjonane knytte til deira kontraktfesta prosjekt i 2015 var 120 000 tonn CO2-ekvivalentar, der 40 000 kom frå bedrifter i kvotepliktig sektor. Desse resultata omfattar berre direkte reduksjonar i klimagassutslepp som ei følgje av tiltak som gir redusert bruk av fossile brensler. Andre effektar, for eksempel som ei følgje av at prosjekt som Enova støttar inneber endring av produksjonsprosessar i industrien, eller spreiing av teknologi, er ikkje med i tala. Ei rekkje hypotesar og føresetnader er lagt til grunn for utrekningane slik at det er ein del uvisse rundt tala. I løpet av 2015 har Enova inngått nye avtaler som gir eit venta kontraktfesta energiresultat på om lag 1 757 GWh/år.

Regjeringa vil hausten 2016 inngå ei ny styringsavtale med Enova for åra 2017 til 2020. Enovas overordna mål skal vere reduserte klimagassutslepp, styrkt forsyningstryggleik for energi og teknologiutvikling som på lengre sikt òg medverkar til reduserte klimagassutslepp.

Regjeringas strategi for arbeidet med CO2-handtering vart lagt fram i Prop. 1 S (2014–2015). Arbeidet med CO2-handtering skal medverke til å utvikle og demonstrere teknologi for fangst og lagring av CO2 med eit spreiingspotensial. Tiltaka omfattar forsking, utvikling og demonstrasjon, arbeid med å realisere fullskala demonstrasjonsanlegg, transport, lagring og alternativ bruk av CO2 og internasjonalt arbeid for å fremje CO2-handtering. Det er ikkje mogleg per i dag å kvantifisere utsleppsreduksjonane som vil kunne realiserast gjennom desse tiltaka. Kor store reduksjonar i CO2-utslepp som kan oppnåast avheng av kor CO2-fangst til slutt blir realisert og blant anna av kva slag tekniske løysingar som blir valde.

8.2.5 Samferdselsdepartementet

Det er utfordrande å berekne klimagassutslepp mellom anna frå transportsektoren, og det er behov for betre utrekningar til klimagassbudsjettet, og til rapporteringa som Stortinget har bede om i samband med behandlinga av representantforslag om klimalov. SD vil delta i arbeidet med å betre utsleppsberekningane for klimagassbudsjett. Transport er ei av dei største kjeldene til klimagassutslepp i Noreg. Vegtrafikken åleine hadde i 2015 klimagassutslepp tilsvarande 10,3 mill. tonn CO2-ekvivalentar, som var 19,1 pst. av dei nasjonale klimagassutsleppa. Klimagassutsleppa frå vegtrafikken har auka med 32,2 pst. sidan 1990. Utsleppauken i 2015 var på 0,8 pst., mens trafikkveksten var 2 pst. Fleire køyretøy og auka køyrelengder aukar utsleppa. Samtidig gir meir energieffektive køyretøy, el-/hybridbilar og innblanding av biodrivstoff lågare utslepp. Ved behandling av klimameldinga sette Stortinget eit mål om at utslepp frå nye personbilar ikkje skal overstige eit gjennomsnitt på 85 g CO2/km i 2020. Utsleppa frå nye bilar er redusert frå 177 til 100 g/km frå 2006 til 2015 og til 94 g/km første halvår 2016. Satsingane på bymiljøavtaler i 2016-budsjettet vil gi reduserte klimagassutslepp. Dette er ikkje talfesta. Dette gjeld sykkelsatsinga òg.

Vegdirektoratet

I Nasjonal transportplan (NTP) 2014–2023 vart det anslått at veginvesteringane gir ein årleg auke på 77 000 tonn CO2. Etatane rekna ut at gjennomsnittlege årlege utslepp for perioden 2014–2023 ved bygging av dei føreslåtte prosjekta er 70 000 tonn CO2 for veg. Utrekningane viser at klimagassutsleppa frå drift og vedlikehald inklusive ferjedrift vil bli reduserte med 85 000 tonn pr. år ved utgangen av planperioden som følgje av dei nye vegprosjekta som er ferdigstilte innan 2023.

Klimaeffektar av igangsetjing av nye prosjekt på veg, pr. år i anleggsfase og ferdig utbygd

Prosjektet Rv 23 Dagslett-Linnes startar bygging i 2017 og er rekna å gi ein auke i utslepp frå trafikken på 514 000 tonn CO2 over analyseperioden på 40 år. Totalt utslepp frå bygginga, inkludert materialar, er grovt estimert å vere 1 400 tonn, der dei direkte utsleppa er estimerte til 100 tonn. Dette er grove overslag som er gjort i ein tidleg fase av prosjektet, og der ikkje alle relevante inngangsdata er kjende.

Prosessen for anbod med relevans for klima fordelt på 2014 og 2015, mellom anna riksvegferjer

For vegprosjekt der utbygginga starta i 2014, er det rekna at det vert ein auke i klimagassutsleppa frå trafikken på 61 000 tonn CO2 over prosjekta si estimerte levetid på 40 år. Tilsvarande tal for prosjekta som starta i 2015 er 543 000 tonn CO2. Tala er usikre. Totalt utslepp frå bygginga, inkludert utslepp frå materialproduksjon, er rekna til å vere 44 000 tonn CO2 for prosjekta som starta i 2014, og 101 000 tonn CO2 for prosjekta som starta i 2015. Dei direkte utsleppa var høvesvis 3 500 tonn og 10 000 tonn CO2. Byggjetida på prosjekta varierer frå eitt til sju år. I tillegg vil det i løpet av prosjektas levetid bli ein samla auke i utslepp frå drift og vedlikehald på om lag 30 000 tonn CO2.

Vegprosjekta som opnar i 2017 gir ein reduksjon i klimagassutsleppa frå trafikken på 310 000 tonn i analyseperioden, i gjennomsnitt 7 700 tonn pr. år. Mesteparten av reduksjonen kjem frå opninga av E6 Hålogalandsbrua. Dei totale klimagassutsleppa (av direkte utslepp og utslepp frå materialar) i byggjefasen var under planlegginga av prosjekta rekna til 44 000 tonn. Dei direkte utsleppa var rekna til 1 800 tonn CO2. Dette er grove overslag som er gjort i ein tidleg fase av prosjektet, der ikkje alle relevante inngangsdata er kjende.

Ny kontrakt for riksvegferjesambandet Moss-Horten vart inngått i 2014, og startar opp i 2017. I utlysinga var det strenge krav til NOx-utslepp, og miljø vart nytta som kriterium for tildeling. Som følgje av kapasitetskravet i kontrakten, vert det no bygd tre nye ferjer. Det er opplyst om at desse vil ha ei ny energieffektiv skrogform som gir 25–30 pst. lågare forbruk av drivstoff, samanlikna med dagens ferjer på sambandet. Grunna kravet til NOx-utslepp, vil det i ny kontrakt bli skifta motor på to av ferjene som vil halde fram med å trafikkere sambandet. Tre nye ferjer og bytte av motor vil ha ein positiv effekt på CO2-utsleppet. Riksvegferjesamband Lavik-Oppdal starta opp i 2015. Ei av dei tre ferjene som trafikkerer sambandet er batteridriven. Berekningar ut frå tilbodne verdiar viser at denne ferja vil ha ein reduksjon i tonn CO2/år på 89 pst. samanlikna med ordinære ferjer.

I 2014 og 2015 vart det lyst ut og inngått tre ferjekontraktar etter at vedtaket om å leggja til rette for låg- og nullutsleppsteknologi vart fatta i november 2014. Riksvegferjesambanda Mannheller-Fodnes og Hella-Vangnes-Dragsvik (Indre Sogn) hadde krav til at utslepp av CO2-ekvivalentar i anboda totalt sett ikkje skulle overstige 500 g CO2-ekvivalentar per kWh. I tilbodet frå vinnande tilbydar, er kravet oppfylt med bruk av biodrivstoff på tre av dei fem ferjene som trafikkerer sambanda på heilårsbasis. Kontrakten starta opp i 2016, og varer i tre år. Riksvegferjesamband Hjelmeland-Nesvik-Skipavik og Lauvik-Oanes vart lyst ut med likelydande krav som på Indre Sogn, men konkurransen vart avlyst på grunn av atterhald i det eine tilbodet som blei motteke. Konkurransen vart lyst ut på nytt utan miljøkrav, og startar opp i 2016 med ei lengd på fire år. Sambandet Anda-Lote vart lyst ut i 2015, med krav til ei elektrisk ferje og ei ferje som kan nytte energikjeldene straum (frå elnettet), biodiesel, biogass eller ein valfri kombinasjon av desse. Tilbodet som vann hadde ei elektrisk ferje i tråd med kravet og ei ferje med ei stor del straum frå el-nettet. Kontrakten for Anda-Lote skal starte opp i 2018 og vare i 10 år. Riksvegferjesambanda Mortavika-Arsvågen og Sandvikvåg-Halhjem vart lyste ut på eigne kontraktar i 2015, og skal starte opp 2019. For begge samband blei det stilt krav til drift basert på løysingar med låge utslepp (LNG eller ikkje-fossile energiberarar). Det er ikkje inngått ny kontrakt for sambanda.

Samla CO2-utslepp for ferjesambanda som det er inngått kontrakt for i perioden 2014–2015, og ny kontrakt som er starta oppi 2015, er 50 227 tonn CO2-ekvivalentar per år. Dette er ein reduksjon i CO2-utslepp på om lag 20 pst., samanlikna med anbod utan miljøkrav. I tråd med grunnlaget for Nasjonal transportplan 2018–2029, skal alle framtidige riksvegferjeanbod innehalde miljøkrav. Ambisjonen er å ha eit stort tal elektriske ferjer i norsk ferjedrift i 2030. Ved hjelp av tiltak kan det vere mogeleg å redusere klimagassutsleppa frå riksvegferjedrifta til ein tredjedel av nivået i dag.

På grunn av at utslepp frå køyretøya blir reduserte år for år vil utsleppa pr. år vere noko ulike frå starten til slutten av perioden. Det ligg inne ei konservativ utvikling i reduksjon av utslepp frå køyretøy. Denne framskrivinga dekkjer for eksempel ikkje dei nye politiske ambisjonane om ikkje å selje fossilbaserte lette køyretøy frå 2025.

Framtidig utvikling – 2020 og 2030

Dei auka utsleppa som kjem som følgje av investeringsprosjekta vil over tid reduserast gjennom at køyretøy i framtida vil ha lågare utslepp. Det vil venteleg ikkje verte ein stor reduksjon til 2020. I grunnlaget for Nasjonal transportplan 2018–2029 er det likevel rekna ut at det er mogeleg å halvere utsleppa frå transportsektoren innan 2030. Dette er avhengig av nivået på avgifter, insitament for kjøp av køyretøy med nullutslepp og teknologisk utvikling.

AVINOR

Ingen av Avinors fortløpande prosjekt er finansiert over Statsbudsjettet og det er i utgangspunktet derfor ikkje relevant for Avinor AS å rapportere på dette spørsmålet.

Prosessar med relevans for klima fordelte på 2014 og 2015

I samband med Nasjonal transportplan har Avinor delteke i utviklinga av den tverretatlege metoden for klimagassbudsjett. I medhald av nemnde metode er det utrekna at klimagassutslepp frå bygging og drift av terminalutvidinga (T2) på Oslo Lufthamn vil vere om lag 34 100 tonn. Det blir òg utarbeidd ein omfattande klimagassrekneskap for sjølve terminalbygget som ein integrert del av prosjekt- og byggjeprosessen.

Framtidig utvikling – 2020 og 2030

I samband med Plangrunnlaget til NTP 2018–29 blei det òg gjort ei berekning av utslepp knytte til bygging og drift av ei eventuell tredje rullebane på OSL (austre alternativ). Etter berekninga vil klimagassutslepp frå bygging av ei eventuell 3. rullebane, inklusiv taksebane og plattformer for avising medføre utslepp av ca. 37 000 tonn CO2-ekvivaltentar. Som utsleppsreduserande tiltak vil det vere aktuelt å nytte klimabetong med lågare utsleppsfaktor og biodiesel i anleggsmaskinene. Det er òg gjort vurderingar knytte til bygging av ny terminal på Bergen lufthamn, Flesland.

I tillegg til klimagassutsleppa frå sjølve byggjeprosjekta blir det diskutert i kva grad vekst i trafikken og terminalutvidingar fører til auka klimagassutslepp frå flytrafikken. Dette er kompliserte problemstillingar som Avinor saman med flyselskapa har analysert i det fortløpande prosjektet «Bærekraftig og samfunnsnyttig luftfart». I den siste rapporten frå prosjektet, publisert i 2011, er hovudkonklusjonane at trass i at det er venta sterk trafikkvekst kan utsleppa frå innanriks flytrafikk vere lågare i 2025 enn i 2007. For utanrikstrafikken isolert visar analysen at utsleppa kan auke fram mot 2025, mens dei samla utsleppa frå både innan- og utanrikstrafikken vil kunne stabiliserast på omlag 2007-nivå i 2025. Hausten 2016 vil det bli utarbeidd nye prognosar.

Kystverket

I Stortingsmelding Nasjonal transportplan (NTP) 2014–2023 er det lagt til grunn at Kystverket ikkje utarbeider klimagassbudsjett. Det kan nok skuldast at det tidlegare er vurdert at prosjekta er for små til å ha ein verknad på dei nasjonale klimagassutsleppa. Det er utarbeidd ein felles metode for å rekne ut klimagassutslepp for bygging, drift og vedlikehald av ny infrastruktur som er nytta av Statens vegvesen og Jernbaneverket. Utdjuping av farleier, e- navigasjon og andre tiltak som påverkar utsegla distanse og ventetid for sjøtransporten vil kunne ha ein klimagasseffekt, men prosjekta har sjeldan ein vesentleg effekt på utsegla distanse og ventetid. Anlegg, drift og vedlikehald av fiskerihamner, farleier og navigasjonsinnretningar medfører utslepp i form av betongforbruk og fartøy. Betongforbruket vil vere lågt samanlikna med andre samferdselsprosjekt. Kystverket nyttar eigne fartøy eller entreprisekontraktar både ved slepebåtberedskap, tilbringartenesta for los, isbryting og gjennom entreprenørane og Kystverkets sitt eige arbeid i sjø. Navigasjonsinnretningar vert i visse høve drifta ved bruk av dieselaggregat, men Kystverket fører vidare arbeidet sitt med overgang til LED, solceller og evt. landstraum. Kystverket gir rabatt i losberedskapsavgifta, men det er ikkje utvikla metode for berekning av effekt på klimagassutslepp for desse.

I 2017 skal ein starte arbeid med å etablere system og rutinar for vurdering av klimagasskonsekvensar knytte til ulike infrastrukturtiltak basert på tilsvarande modellar som vert nytta av dei andre transportetatane. Det omfattar då både trafikale følgjeverknader og klimakonsekvensane i utbyggings-, drifts- og vedlikehaldsfasen.

Jernbaneverket

I NTP 2014–2023 vart det anslått at jernbaneinvesteringane gir ein årleg reduksjon i utslepp frå vegtrafikken på 102 500 tonn CO2 i året frå 2024 og det vart peika på at det særleg er godsprosjekt på jernbane som har stor verknad. Etatane har i NTP 2014–2023 rekna ut at gjennomsnittlege årlege utslepp for perioden 2014–2023 ved bygging av dei føreslåtte prosjekta er 22 700 tonn CO2 for jernbane.

Jernbaneverket sin handlingsplan for energieffektivisering (2014–2017) peikar ut tiltak som skal gjennomførast i 2017. Mellom anna vil eit system for energimåling og -oppfølging (EOS) for å følgje opp energibruken i Jernbaneverket vere i drift. Jernbaneverket held fram med å bytte ut anlegg for oljefyr i bygg, noko som reduserer utsleppa av klimagassar frå eiga verksemd. I mange tilfelle reduserer energiomlegginga også bruken av energi. Regulering og isolering av sporvekselvarme og skifting til LED-lys vil halde fram i 2017. Redusert bruk av elektrisk straum har ein indirekte klimakonsekvens, utan at det er nokon standard måte å rekne utsleppsreduksjonen på.

Jernbaneverket vil halde fram med å berekne utsleppa av klimagassar av utbyggingsprosjekt. Med ei livsløpstilnærming må utsleppa bokførast i fleire sektorar. Ei utfordring er å spore når og kor utsleppa frå eit kjøpt produkt har skjedd. Jernbaneverket har difor som mål å utvide verktøyet for berekningar av byggeutslepp til å omfatte meir enn sjølve bygginga av jernbanetrasear og plattformar.

I 2017 vil Jernbaneverket revidere sin handlingsplan for energieffektivisering for perioden etter 2017 og inkludere fleire klimatiltak. Slike tiltak kan til dømes vere å ta i bruk ein viss del biodrivstoff i våre gule maskiner.

8.2.6 Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet forvaltar statens eigarskap av dei regionale helseføretaka. Departementet har i styringsbodskapen sin til dei regionale helseføretaka bede om at spesialisthelsetenesta gjer ein heilskapleg tilnærming til klima- og miljøutfordringane. Organiseringa av miljø- og klimaprosjektet som eit samarbeidsprosjekt mellom dei fire helseregionane har vist at sektoren har teke eit samla grep for å møte desse utfordringane. Etter prosjektperioden vil dei regionale helseføretaka byggje vidare på den kompetansen og dei erfaringane som er etablerte for å føre vidare ei heilskapleg tilnærming i dette arbeidet. Etablering av miljøleiing inneber at miljøomsyn blir integrerte som ein naturleg del av den overordna verksemdsstyringa i helseføretaka. Hovudmålsetjinga i samarbeidsprosjektet har vore å syte for at det blir etablert miljøleiing og miljøstyringssystem som er sertifiserte i alle helseføretaka. ISO 14001-standarden fastset ikkje miljømål eller standardar for miljøprestasjon. Dette skal kvart helseføretak gjere sjølv med utgangspunkt i eigen situasjon og konkret miljøstatus i verksemda.

Som ein del av regjeringas oppfølging av klimaforliket har ein sett satt som mål å fase ut bruken av fossil olje til fyring i alle offentlege bygningar innan 2018. Dei regionale helseføretaka forvaltar store eigedomsmassar med energikrevjande sjukehusbygningar. Helseføretaka har over tid arbeidd med planar for å fase ut oljefyr i sine bygg. Det står no att berre 30 bygningar der det framleis blir brukt oljefyring som grunnlast, og det er lagt planar for å fase ut desse innan utgangen av 2018. Helse- og omsorgsdepartementet har òg stilt krav om at helseføretaka intensiverer sine tiltak for å sikre målsetjinga om å fase ut fyring med fossil olje innan utløpet av 2018.

Figur 8.1 Energisparing i nye bygg pr. år

Figur 8.1 Energisparing i nye bygg pr. år

8.2.7 Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Bustad- og bygningssektoren

Nye energikrav til bygg er fastsette og gjeld frå 1. januar 2016. Det er ei overgangstid til 1. januar 2017 der byggjenæringa kan velje mellom nye og gamle krav. Dei nye energikrava gjer at nye bustader og bygg kan bli 20–25 prosent meir energieffektive enn med tidlegare krav. Det er og forbod mot fossil energi i nye bygg. Det er utrekna at dei nye krava kan gi ei energieffektivisering på om lag 1 TWh kvart år når krava får full verknad. Forbodet mot fossil energi medverkar til lågare klimagassutslepp frå bygg.

Figur 8.1 viser korleis energisparinga vil auke over tid, ettersom stadig fleire nye bygg blir oppførde etter nye krav.

8.3 Anna klima- og miljøarbeidd i staten

Gode, enkle og effektive miljøleiingssystem, for eksempel ISO 14001, EMAS (Eco Management and Audit Scheme) eller Miljøfyrtårn, sikrar at verksemda har oversikt over dei mest vesentlege miljøbelastningane og har målsetjingar og rutinar for kontinuerleg å redusere desse. For dei fleste statlege verksemdene vil tema som anskaffingar, energibruk i bygg, IKT, transport og avfallshandtering stå sentralt. Miljøstyringssystemet skal medverke til kontinuerleg forbetring av den totale klima- og miljøpåverknaden frå departementsfellesskapet. I tillegg til ei meir klima- og miljøvennleg departementsverksemd, medverkar arbeidet også til modernisering og effektivisering.

Departementas tryggleiks- og serviceorganisasjon (DSS) har leia innføringa av eit felles miljøstyringssystem i departementa i medhald av krava i EMAS. DSS har hovudansvaret for oppfølginga av styringssystemet, men departementa er sjølve ansvarlege for å følgje opp sine interne miljøstyringssystem. Miljøkrav blir rutinevist vurderte ved kvar anskaffing. Av felles-/rammeavtaler inngått av DSS på vegner av departementa er det i 67 pst. av tilfella stilt miljøkrav, og 67 pst. av leverandørane er miljøsertifiserte.

Fleire underliggjande etatar og andre statlege verksemder har miljøleiingssystem og arbeider systematisk med å redusere miljøbelastningar gjennom anskaffingar og dagleg drift. Pr. august 2015 er 456 statlege verksemder Miljøfyrtårnsertifiserte.

9 Fornye, forenkle, forbetre og oppmodingsvedtak

9.1 Forenklingsarbeid, modernisering og betre gjennomføringskraft

Organisering

Klima- og miljødepartementet er overordna etatsstyrer for Miljødirektoratet, Riksantikvaren, Norsk Polarinstitutt, Norsk Kulturminnefond og Svalbards miljøvernfond.

Det statlege miljøarbeidet blir regionalt teke vare på av miljøvernavdelingane hos Fylkesmannen, fylkeskommunane og sysselmannen på Svalbard. Etatar som NORAD, Sjøfartsdirektoratet, Statens strålevern og Folkehelseinstituttet har oppgåver innanfor miljøområdet som Klima- og miljødepartementet styrer.

Forenklingsarbeid, modernisering og betre gjennomføringskraft i departementet

Klima- og miljødepartementet arbeider kontinuerleg med å effektivisere eiga drift.

Regjeringa har bestemt at det skal gjennomførast ein områdegjennomgang av miljøforvaltninga. Gjennomgangen skal blant anna gi tilrådingar om høve til og konsekvensar av innsparing i administrasjonskostnader på minimum 10 prosent. Områdegjennomgangen blir gjennomført med deltaking frå KLD, FIN, KMD samt eksterne, og skal ferdigstillast i midten av desember 2016.

Hausten 2016 avslutta departementet eit prosjekt som har vurdert forenklings- og forbetringsområde i tildelingsbreva til underliggjande verksemder. Prosjektet har resultert i ny struktur på tildelingsbreva, og det er forventa at den nye strukturen vil gi endå betre styring.

IKT-strategi for miljøforvaltninga

Krava til IKT-løysingar og IKT-tryggleik blir stadig viktigare og meir omfattande. Ny IKT-strategi vart ferdigstilt i 2015. Strategien gjeld for perioden 2016–2020 og i tråd med regjeringas overordna fokus for forvaltninga, er det lagt vekt på samordning og effektivisering. I 2016 starta arbeidet med å vurdere og slå saman IKT-driftsmiljøa i miljøforvaltninga. Målet er at det skal opprettast eit felles IKT-driftsmiljø for heile miljøforvaltninga, og samtidig etablerast eit utstrakt samarbeid innanfor IKT-tryggleik. Bakgrunnen for samordninga er å gjere underliggjande verksemder mindre sårbare overfor uønskte IKT-hendingar og i tillegg redusere behovet for auka bemanning som følgje av stadig skjerpa krav til IKT-tryggleik. Samtidig er det viktig å understreke at endringsarbeid er eit utviklingsarbeid, og at gevinstar av tiltak ofte ligg noko fram i tid.

Anbudet med å etablere fellesløysingar på etatsnivå ved bruk av DFØ sine system for løn og rekneskap er starta opp som en del av den nye strategien. Som eit ledd i dette arbeidet skal etatane i miljøforvaltninga nytte Miljødirektoratet si løysing for tilskotsforvaltning innan 1.1.2018. Vidare legg strategien opp til enklare og meir brukarvennlege løysingar gjennom digitalisering, betre tilgjenge og tilpassing av tenestar retta mot brukarane.

Forenklingsarbeid, modernisering og betre gjennomføringskraft i etatane

Miljødirektoratet har dei siste åra fått forvaltningsansvar for ein stadig større oppgåveportefølje. Nye budsjettpostar og auke på ei rekkje eksisterande postar inneber auka arbeidsomfang. Samtidig har det vore ein liten auke i utgifter til drift og tal årsverk. Dette kan indikere at Miljødirektoratet har ei effektiv forvaltning.

I 2015 har Miljødirektoratet fått på plass elektroniske system for deklarering av farleg avfall og deklareringar til Produktregisteret. Dette gir store forbetringar for brukarane.

Miljødirektoratet gjennomfører ein full gjennomgang av sine nettstader, for å effektivisere og strukturere informasjonsarbeidet. Betre nettsider skal gjere det enklare for brukarane å finne relevant informasjon og gi eit meir heilskapleg ansikt utetter.

Klima- og miljødepartementet og Miljødirektoratet har motteke innspel på fleire tidstjuvar som handlar om vassdirektivet. Miljødirektoratet har bestemt å evaluere gjennomføringa av vassdirektivet, og vil gi sine innspel til KLD. KLD og Miljødirektoratet har òg vore involverte i prosjektet «Bedre styring av fylkesmannen». Det tidlegare embetsoppdraget er no erstatta med eit nytt felles tildelingsbrev frå alle departement som styrer fylkesmannen på dei ulike fagområda, og det er gjort omfattande forenklings- og effektiviseringstiltak.

Riksantikvaren førte i 2015 vidare og utvida samarbeidsmodellen med statlege sektorar som effektiviserer saksbehandling for statens bygningar og anlegg. Saker blir no løyste i faste møte med sektorane, og som resultat av denne ordninga blir ca. 200 saker årleg løyste meir effektivt.

Gjennom stadig nye samarbeidsavtaler med statlege sektorar effektiviserer Riksantikvaren forvaltninga av den freda statlege bygningsmassen. I «Kunnskapsløftet» for kulturminneforvaltninga blir kommunane stimulerte til å registrere og verdifastsetje kulturminne av lokal og regional verdi. I «Kunnskapsløftet» arbeider òg Riksantikvaren med å digitalisere eige arkiv, utvikle vidare kulturminnedatabasen «Askeladden», og å etablere ein kulturminneportal. Samarbeidsprosjektet «Kultur- og naturreise» mellom Riksarkivet, Statens kartverk, Kulturrådet og Riksantikvaren vart avslutta i 2015. Samarbeidet viste at det er store gevinstar å hente ved eit tettare samarbeid på IKT-feltet, og det vart bestemt å innleie eit nytt og meir overgripande digitalt etatssamarbeid frå og med 1. januar 2016.

Riksantikvaren har vidare foreslått å overføre mynde etter kulturminnelova der Riksantikvaren i dag er førsteinstans til regionalt nivå. Myndefordelinga på kulturminneområdet kjem då på linje med miljøforvaltninga ellers, og vil innebere ei effektivisering av ressursane i departementet.

I 2015 har Norsk Polarinstitutt hatt særleg merksemd på kostnadseffektiv drift. Arbeidet med organisasjonsutviklinga vil halde fram for å styrkje Polarinstituttets evne til å levere på samfunnsoppdraget framover, både fagleg og økonomisk. Etter krav frå EØS vart alle kartdata og karttenester frå Norsk Polarinstitutt frigitt i 2015. Kartdata ligg lett tilgjengelege for nedlasting på internett. Norsk Polarinstitutt opplever ein merkbar effektiviseringsgevinst ved at instituttet slepp å bruke tid på prisberekning og datauttak.

Kulturminnefondet har fått elektronisk søknadsskjema for alle tilskotsordningar. Omtrent 40 prosent av brukarane tok i bruk denne moglegheita i 2015, noko som fører til betydeleg redusert belastning for administrasjonen. Arbeidet med å implementere saks- og arkivsystemet P360 har gått for fullt i 2015. Kulturminnefondet har no berre elektroniske system for dokumentbehandling. Dette gir større fleksibilitet for brukarar og medarbeidarar.

Nettstader og portalar

Miljøforvaltninga har som mål å formidle påliteleg, aktuell og forståeleg miljøinformasjon. Hovudkanalen for informasjon om miljøets tilstand og utvekling er miljøstatus.no. I tillegg driftar miljøforvaltinga ein rekke nettstader for meir spesifikk informasjon og målgruppetilpassing. Eksempel på dette er askeladden.ra.no, miljokommune.no og klimatilpasning.no.

Askeladden.no inneheld data om kulturminne og kulturmiljø som er freda etter kulturminnelova, verna etter plan- og bygningslova, eller kulturminnefagleg vurdert som verneverdige. Miljokommune.no er ein oversikt over kommunanes myndigheit og plikt, og hjelp til sakshandsaming innan miljøtema. Klimatilpasning.no har samla aktuell kunnskap og informasjon om klimatilpassing på ein stad.

Klima- og miljødepartementet og fleire underliggjande etatar er til stades og kommuniserer aktivt i sosiale medium. På Facebook og Twitter treffer ein både gamle og nye brukarar på nye måtar.

9.2 Samfunnstryggleik og beredskap

Klima- og miljødepartementet er overordna ansvarleg, samordnande departement for områda natur og miljø.

Arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap tek utgangspunkt i dei måla og prioriteringane som er gitt i Meld. St. 29 (2011–2012) Samfunnssikkerhet og Meld. St. 21 (2012–2013) Terrorberedskap.Det er sett som nasjonalt mål at forureining ikkje skal skade helse og miljø. Målet omtaler òg risiko for akutt forureining. Det er òg eit nasjonalt mål at branntilløp og brann i stavkyrkjer, og brannspreiing mellom hus i tette trehusmiljø skal unngåast. Departementet vil halde fram arbeidet med risiko- og sårbarheitsanalysar, overordna risikobilde for miljøsektoren, øvingar og beredskapsplanverk. Erfaringar frå øvingar og hendingar blir lagt til grunn for å utvikle og halde ved like beredskapsplanverket. Alle etatane gjennomfører eigne analysar for å ha oversikt over risiko og sårbarheit innan sitt område.

Miljøforvaltninga stiller krav til kommunar og private verksemder sin beredskap mot akutt forureining, godkjenner beredskapsplanar og kontrollerer at krava blir overhaldne. Samferdselsdepartementet og Kystverket er ansvarleg for den statlege beredskapen mot akutt forureining, her har miljøforvaltninga eit ansvar for å skaffe fram miljøinformasjon og vurdere konsekvensane av utslepp på blant anna natur og dyreliv. Norsk Polarinstitutt stiller krav om beredskap for akutt forureining og tiltak for å ta vare på tryggleiken for liv og helse ved gjennomføring av aktivitetar i Antarktis.

Departementet har eit ansvar etter forureiningslova dersom eit uhell medfører radioaktive utslepp og avfall. Statens strålevern vil kunne treffe tiltak for utslepps- og avfallshandtering, som igjen kan klagast inn til departementet. Helse- og omsorgsdepartementet har det overordna ansvaret for atomulykkeberedskapen.

Statens strålevern utviklar planverk for miljøforvaltninga på atomberedskapsområdet. Aktuelle tiltak som vil vere omfatta av forureiningslova er fjerning og deponering av vegetasjon eller radioaktive massar, fiksering av radioaktivitet i miljøet, handtering av avløpsvatn eller fjerning og deponering av radioaktivt avfall.

I tråd med ansvarsprinsippet har alle departementa ansvar for å ta vare på omsynet til klimaendringar innanfor eigen sektor. Departementet har ansvaret for å leggje til rette regjeringas heilskaplege arbeid med klimatilpassing. Miljødirektoratet er den fagetaten som støttar departementet i arbeidet med klimatilpassing. Miljødirektoratet har blant anna eit ansvar for at departementet har tilgang til det naturvitskaplege kunnskapsgrunnlaget gjennom nasjonal og internasjonal klimaforsking. Dette kunnskapsgrunnlaget skal brukast i gjennomføringa av departementet sitt arbeid med klimatilpassing.

Kulturminneforvaltninga har eit tett samarbeid med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap og kommunane om beredskap og sikring av kulturminne. Samarbeidet er viktig for blant anna branntryggleiken i verneverdig tett trehusbusetnad og stavkyrkjer. Det vil òg bli retta tiltak mot profane bygningar og prioriterte ruinar frå mellomalderen.

Departementet har eit koordinerande ansvar for å sikre tilstrekkelege rammevilkår og verkemiddel for kommunane si handtering av overvatn. Miljødirektoratet er gitt ansvaret for å ha oversikt over regelverk og rammevilkår for kommunane. Noregs vassdrags- og energidirektorat og Meteorologisk Institutt vil gjennom Senter for klimatenester ha ei viktig rolle i å utvikle og formidle kunnskap og informasjon om verknadene av ekstrem nedbør på overvass- og flaumsituasjonar i byar og tettstader.

Akutt overvatn i byar og tettstader vil først og fremst føre til tap av store materielle verdiar og auka forureining. Med venta auke i nedbørsmengdene dei neste åra som følgje av klimaendringar, er det truleg at talet på alvorlege hendingar med overvatn vil auke. Eit utval har vurdert om det er påkravd med nye tiltak for å møte auka nedbørsmengder i framtida. Utvalet overleverte sin NOU 1. desember 2015, og rapporten har vore på høyring. Departementet arbeider no med oppfølginga.

9.3 Informasjonstryggleik

I nasjonal strategi for informasjonstryggleik og handlingsplan er det slått fast at fagdepartementa har eit overordna ansvar for å ivareta tryggleiken i sektoren sin IKT-infrastruktur. I arbeidet med å følgje opp strategien har departementet gitt underliggjande etatar i oppdrag å få på plass eit styringssystem for informasjonstryggleik, (ISMS), som oppfyller krava i ISO 27001-standarden innan 2017. Departementet følgjer opp framdrifta i dette arbeidet. Frå 1.1.2018 skal alle etatar i miljøforvaltninga sertifiserast etter ISO 27001-standarden.

9.4 Rapport om likestilling og mangfald i miljøforvaltninga

Miljøforvaltninga er pålagt å arbeide aktivt, målretta og planvist for likestilling og mot diskriminering innanfor eiga verksemd. Tabellane 9.1, 9.2 og 9.3 viser kvinnedelen i verksemdene, totalt og på ulike stillingsnivå, samanlikning av kvinner og menn si månadlege gjennomsnittslønn på ulike stillingsnivå, statistikk for menn og kvinner sitt sjukefråvær, delen av menn og kvinner på deltid og mellombels stilling og fordeling av uttak av foreldrepermisjon for 2015. Norsk kulturminnefond har svært få medarbeidarar og er derfor ikkje med i oversiktene.

Tabell 9.1 Oversikt over del kvinner i pst. i miljøforvaltninga

Totalt

Topplei.1

Mellomlei.

Høgtlønte rådg.2

Saksbeh.

Kontor

KLD

58,2

42,8

58,3

54,7

69,5

50,0

Miljødirektoratet

54,0

100

47,5

55,2

52,0

100

NP

41,0

50,0

38,0

43,0

54,0

50,0

RA

59,0

100

56,0

56,0

62,5

50,0

1 Toppleiar omfattar øvste leiar og leiar av avdelingar (mellomleiarar er leiarar av seksjonar og einingar under avdelingsnivå), unntatt for Miljødirektoratet der toppleiar berre omfattar øvste leiar.

2 Høgtlønte rådg. omfattar seniorrådgivarar, spesialrådgivarar og tilsvarande stillingar.

Tabell 9.2 Prosentoversikt over kvinnene og mennene si gjennomsnittslønn i miljøforvaltninga

KLD

Miljødirektoratet

NP

RA

K

M

K

M

K

M

K

M

Totalt

94,3

100

94,8

100

94,4

100

100,0

100

Topplei.1

94,5

100

100

0

99,8

100

100

0

Mellomlei.

99,5

100

100

99,9

95,5

100

96,0

100,0

Høgtlønte rådg.

98,8

100

94,2

100

100

92,7

96,0

100

Saksbeh.

91,9

100

95,7

100

100

99,2

100

98,0

Kontor

100

94,5

100

0

95,5

100

100

94,0

1 Toppleiarar i KLD inkluderer berre dei som er på leiarlønnskontraktar. Toppleiinga i RA inkluderer berre avdelingsleiarar.

Tabell 9.3 Oversikt over deltid, mellombelse stillingar, foreldrepermisjon og fråvær fordelt på kvinner og menn i miljøforvaltninga

KLD

Miljødirektoratet

NP

RA

K

M

K

M

K

M

K

M

Deltid1

4,3

2,0

17,6

4,5

3,1

2,5

17,0

13,0

Mellombelse2

10,1

9,1

7,7

3,9

15,2

22,2

16,0

13,0

Legem. fråv. 2015

2,6

1,3

3,8

2,6

1,4

1,6

4,8

4,3

Foreldreperm.3

80,0

20,0

77,0

23,0

29,3

70,7

57,0

43,0

1 Pst. del av kvinner/menn på deltid (av totalt tal kvinner eller menn)

2 Pst. del av kvinner/menn i mellombels stilling (av totalt tal kvinner eller menn)

3 Pst. del av det totale foreldrepermisjonsuttaket som blir teke ut av kvinner/menn

I det følgjande er rapportert status og tiltak i dei enkelte verksemdene.

Klima- og miljødepartementet

Delen kvinner i departementet har auka i kategoriane mellomleiar, høgare lønna rådgivarar og rådgivarar. Lønnsdelen til kvinner er framleis lågare, men det er blitt mindre forskjell blant høgare lønna rådgivarar. På toppleiarnivå i departementet (departementsråd, ekspedisjonssjefar og kommunikasjonssjef) er det tre kvinner og fire menn. Departementet har òg ansvar for tilsetjing av direktørane for underliggjande etatar, og blant desse er det ei kvinne og tre menn. Kjønnsfordelinga blant medarbeidarane i departementet sine avdelingar, og innan dei enkelte fagområda, er stort sett jamn, men det er eit fleirtal av kvinner i kontorstillingane. Rekruttering og ny organisering er viktige verkemiddel for å få jamn fordeling av kjønn på ulike fagområde og nivå i organisasjonen, saman med tilbod om individuell kompetanse- og karriereutvikling. Ein gjennomgang av alle kunngjorde stillingar i 2015 viser at av den totale søkjarmassen var 55 pst. kvinner. Av medarbeidarane som vart tilsette i desse stillingane var 57 pst. kvinner. Eit hovudmål i lønns- og personalpolitikken er å medverke til likestilling mellom kjønna. Eitt av måla i Klima- og miljødepartementets rekrutteringsstrategi er å auke delane av medarbeidarar med innvandrarbakgrunn og medarbeidarar med redusert funksjonsevne. For å oppnå dette skal personar i målgruppene oppmodast til å søkje på stillingar i departementet, og kvalifiserte søkjarar skal innkallast til intervju. Strategien inneheld òg tiltak for å finne fleire aktuelle kandidatar med innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne, blant anna gjennom samarbeid med NAV og utlysning av stillingar på inkludi.no. Det skal òg satsast på haldningsskapande arbeid internt.

Miljødirektoratet

Kjønnsfordelinga på etatsnivå i Miljødirektoratet er relativt jamn med 54 pst. kvinner og 46 pst. menn. Samanlikna med tal for 2014 er dette berre 0,1 pst. skilnad. Direktoratet ser likevel at det i nokre seksjonar er ubalanse i kjønnsfordelinga som det kan vere grunn til å arbeide målretta med for å utlikne.

Innanfor dei enkelte stillingsgruppene er det ei forholdsvis jamn kjønnsfordeling. Unntaket er for gruppa kontorstillingar der det berre er kvinner.

Totalt for verksemda er det lønnsvist noko skilnad mellom kjønna. Kvinner har 5,2 prosentpoeng lågare lønn enn menn. I 2014 var skilnaden på 3,4 prosentpoeng, noko som betyr at den no er litt høgare. På stillingsnivå finn ein den same ubalansen på alle stillingsgrupper unnateke for mellomleiarar, der menn har 0,1 prosentpoeng lågare lønn enn kvinner. I toppleiinga er det berre ei kvinne og derfor ingen å samanlikne med, det same gjeld kontorstillingane der det berre er 2 kvinner. Direktoratet vil gjennom lokale forhandlingar halde fram arbeidet med å utlikne skilnadene for å ta vare på likestillingsperspektivet i lønnsutviklinga.

Det er 13,1 prosentpoeng fleire deltidstilsette blant kvinner enn blant menn, og 3,8 prosentpoeng fleire kvinner enn menn er mellombels tilsett. Dette betyr at delen deltidstilsette kvinner har auka med 3,1 prosentpoeng, og delen mellombels tilsette kvinner har minka med 2,2 prosentpoeng frå 2014.

Miljødirektoratet er IA-bedrift, og har i 2014 inngått ny IA-avtale med målsetjingar for å redusere sjukefråvær, fremje integrering og auke pensjonsalderen. Sjukefråværet er etter måten lågt med eit legemeldt fråvær på 3,3 pst. Kvinner har eit noko høgare fråvær, med 3,8 pst. mot menns fråvær på 2,6 pst. Forskjellen mellom kvinner og menn har gått ned samanlikna med 2014. Det totale fråværet inkludert eigemeldt fråvær er på 4,1 pst. Ei systematisk oppfølging av sjukefråværet i medhald av retningslinjer frå NAV er eit viktig tiltak for å avgrense sjukefråvær og eventuell uførepensjonering. På det førebyggjande området er det etablert gode kartleggingsrutinar for fysisk og psykososialt arbeidsmiljø. På sistnemnte område nyttar ein statens eige kartleggingssystem, Avant, med tilhøyrande oppfølgingsmetodikk på einings- og etatsnivå.

Miljødirektoratet er framleis i ein oppbyggingsfase, og det er enno ikkje utarbeidd eigne handlingsplanar for å fremje likestilling eller auka etnisk mangfald.

Det blir arbeidd for integrering av arbeidstakarar som har falle utanfor arbeidslivet gjennom å tilby praksisplassar, og direktoratet har rutinar på å innkalle arbeidstakarar med redusert funksjonsevne til intervju under føresetnad av at dei er kvalifiserte.

Miljødirektoratet har forplikta seg gjennom si tilpassingsavtale til Hovudavtalen å bruke fordeling av arbeidsoppgåver som kvalifiserer til avansement, under dette teamleiing, prosjektleiaroppgåver, fungering i leiarstillingar mv. som aktive verkemiddel for å fremje likestilling. Vidare legg tilpassingsavtala opp til at det i offentleg oppnemnde styrer, råd og utval skal sikrast at forslag til representantar skjer i medhald av likestillingslovas § 21. I interne arbeidsgrupper og utval blir likestillingslovas intensjonar følgt så langt det er praktisk mogleg både frå dei tillitsvalte og leiinga si side.

Miljødirektoratet legg til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne med bistand frå bedriftshelseteneste/fysioterapeut gjennom arbeidsplasskartleggingar og rådgiving i det enkelte konkrete tilfelle.

I Miljødirektoratets tilpassingsavtale til Hovudavtalen er det teke inn formuleringar om bruk av kjønnsnøytrale kriterium og praksis. Det er i tilpassingsavtala vidare teke inn formuleringar som skal sikre at praktisering av permisjonsreglar og andre rettar ikkje skal føre til at kvinner får dårlegare vilkår enn menn. Direktoratets lønnspolitikk fastset at ved arbeidsstart etter foreldrepermisjon som har vara ut over 6 månader skal arbeidstakar bli tilboden ein samtale om kompetanse, ansvar, lønn og karriereutvikling.

Riksantikvaren (RA)

Totalt for RA er gjennomsnittleg månadslønn lik mellom menn og kvinner i 2015. Tilsvarande tal for 2014 var at menn hadde 99 pst. av gjennomsnittleg månadslønn for kvinner, slik at det er ein liten auke i lønn for menn, på eitt prosentpoeng, samanlikna med føregåande år.

Tala for 2015 viser ei lita endring i kjønnsfordeling hos Riksantikvaren. 42 pst. av dei tilsette er menn. Dette er ein reduksjon på eitt prosentpoeng samanlikna med 2014. Det er ein auke i prosentdel menn på mellomleiarnivå, ein auke på 6 prosentpoeng, mens det er reduksjon i prosentdel menn i kontorstillingar, på 21 prosentpoeng. På leiarnivå er det framleis fleire kvinner enn menn hos Riksantikvaren. RA har innarbeidd mål i handlingsplan for HMS og IA for tilrettelegging og tilsetjing av tilsette med nedsett funksjonsevne.

Norsk Polarinstitutt (NP)

Tal for 2015 viser at Norsk Polarinstitutt no er i ferd med å få ei noko skeiv lønnsfordeling mellom menn og kvinner. Både ved tilsetjingar og i seinare lønnsoppgjer vil NP vere spesielt merksam på problemstillinga.

Norsk Polarinstitutt har som overordna mål å vere ein arbeidsplass der likestillingsperspektivet er ein integrert del av verksemda på alle nivå. Målet er at alle dei tilsette sine erfaringar og kunnskap blir nytta, med det formål å skape ein mest mogleg effektiv arbeidsplass.

Det er utarbeidd ny Handlingsplan for likestilling og mangfald ved Norsk Polarinstitutt for perioden 2014–2017. Instituttet har òg eigen likestillingskontakt som arbeider for likestilling på alle plan i NP.

NP utarbeidde i 2010 plan for universell utforming for lokala sine. Intensjonen med planen er at NP skal vere ein arbeidsplass som fremjar like høve og rettar til samfunnsdeltaking for alle, uavhengig av funksjonsevne, og hindre diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne. Norsk Polarinstitutt fører ein livsfasetilpassa personalpolitikk som gjer mogleg eit livslangt arbeidsliv for alle tilsette og som sikrar ein god balanse mellom familie, fritid og arbeid.

NP skal vere ein likestilt arbeidsplass der kvinner og menn har like høve til medbestemming, påverknad og avansement i alle delar av organisasjonen. Likestilling skal vere integrert i det daglege arbeidet. Eventuelle kjønnsrelaterte lønnsskilnader skal kartleggjast på alle nivå og søkjast utjamna ved dei lokale lønnsforhandlingane. Ny lønnspolitisk plan er utarbeidd i 2012, og likestillingselementet er lagt vekt på i utforminga av planane.

9.5 Likestillingsvurdering på fagbudsjettområda

Offentlege verksemder er i likestillingslova § 1a pålagt å arbeide for likestilling mellom kjønna på alle samfunnsområde. Dette inneber blant anna å vurdere kjønns- og likestillingsperspektivet på departementets fagbudsjettområde der det er relevant og føremålstenleg.

Naturmangfald og friluftsliv

Det er kommunar og organisasjonar som foreslår medlemmene til dei fleste råd og utval på naturforvaltningsområdet. For å få vel fungerande råd og utval med høg grad av legitimitet lokalt og regionalt er det viktig at forslag til medlemmer framleis kjem frå brukarar og interessentar for det arbeidet rådet/utvalet skal gjennomføre, men kommunar og organisasjonar blir bedne om alltid å foreslå ei kvinne og ein mann.

Det blir lagt inn krav i tildelingsbrevet til Miljødirektoratet og til Fylkesmannen om å sikre at likestillingslova blir følgt ved oppnemning til og ny oppnemning av statlege råd og utval som direktoratet eller Fylkesmannen har ansvar for.

I følgje SSBs levekårsundersøking frå 2014 betyr kjønn lite for nordmenn si interesse for natur, miljø og friluftsliv. Dette avspeglar seg i arbeidet for å bevare norsk natur for kommande generasjonar og leggje til rette for natur- og friluftslivsopplevingar. Både menn og kvinner har i store trekk dei same høva til friluftsliv, og likestillingsperspektivet er her godt ivareteke. Ein ser òg at det er god fordeling mellom kvinner og menn som arbeider med desse spørsmåla i offentleg forvaltning.

Å delta i jakt og fiske har tradisjonelt vore eit område med stor dominans av menn. Menn dominerer framleis, men delen av kvinner som deltek i slike aktivitetar aukar. I løpet av dei siste åra har talet på kvinnelege medlemmer i Noregs jeger- og fiskarforbund auka, og det er etablert eigne kvinnenettverk der jakt og fiske er tema.

Dei fleste budsjettpostane som Miljødirektoratet disponerer innanfor sitt verkeområde er ikkje kjønnsrelevante. Nokre av postane kan likevel nyttast til å fremje likestilling mellom kjønna. Nedanfor følgjer ein kort gjennomgang av desse.

Kap. 1425 post 70 Tilskot til fiskeformål og post 71 Tilskot til viltformål

Grunnlaget for desse to postane er inntekter frå fiskaravgifta og jegeravgifta. Tilskot blir tildelt lag og organisasjonar, og kan ytast til tiltak som fremjar auka deltaking av kvinner i jakt og fiske. Midlar frå dei to postane er bl.a. nytta til kurs og opplegg mynta spesielt på kvinner og ikkje minst familiar. Det er innført ei eiga fiskaravgift for familiar som er grunngitt med at fiske er ein fin familieaktivitet.

Kap. 1420 post 30 Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde og post 78 Friluftslivsformål

Desse postane har og indirekte familiefokus ved at midlane dei siste åra har vore retta mot å leggje ut friluftsområde og støtte friluftstiltak i by- og tettstadsnære område, det vil ofte seie i nærleiken av bustader, skular og barnehagar. Ei viktig brukargruppe av desse områda vil vere kvinner og barn. Mange friluftsråd driv aktiv rekruttering av nye befolkningsgrupper gjennom å arrangere turar, kurs o.l. Barn, unge og barnefamiliar er prioritert i tilskotsordningane til friluftslivsaktivitet.

Internasjonalt klimaarbeid

Noreg arbeider aktivt for å sikre at vedtak under Klimakonvensjonen fremjar likestilling og ikkje-diskriminering. Noreg fremjar i forhandlingane aktivt posisjonar som skal styrkje kvinners og urfolk si involvering og deltaking i klimaarbeidet, særleg knytt til klimatilpassing og skog.

I oppbygging av den internasjonale institusjonelle arkitekturen for klimaarbeid, arbeider Noreg for balansert representasjon av kvinner og menn.

Noregs store satsing på å redusere utslepp frå tropisk skog, klima- og skogsatsinga, arbeider òg målretta med å auke likestillingsfokuset. Særleg viktig i klima- og skogsatsinga er det å ha ei forståing av korleis likestilling kan inkorporerast i nasjonale utviklingsplanar, for slik å få ein effekt under implementering av tiltak. I samarbeid med partnarland, slik som Indonesia, er likestilling søkt inkludert både i avtaleverk og i utvikling og implementering av tiltak. Departementet har drive kompetanseheving og utviklingsarbeid innan likestilling og REDD+, bl.a. i samarbeid med Norad og partnarorganisasjonar som FN.

Kulturminne og kulturmiljø

Riksantikvaren legg vekt på mangfald og likestilling i forvaltninga si og fokuserer på å vere representativ når det gjeld å velje ut kva for kulturminne som blir verna. Intensjonen er å femne livet og historia til både kvinner, menn og minoritetar. Dei fleste kulturminna er kjønnsnøytrale og likestillingsaspektet er derfor knytt til kjønnsfunksjonar og roller i heimen og i samfunnet. På nokre område kan det arbeidet som Riksantikvaren gjer, medverke til at det blir sett større fokus på mangfaldet i befolkninga. Som eksempel kan ein nemne verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet. I verdiskapingsprogrammet har Riksantikvaren arbeidd for at aktørar av begge kjønn er involverte i gjennomføringa av tiltak og deltek i nettverket til programmet. Arbeidet med dei sektorvise landsverneplanane medverkar vesentleg til å redusere tapet av verdifulle kulturminne og til å bevare breidda av dei. Dette inneber òg at omsynet til likestilling blir betre teke vare på, for eksempel gjennom bevaring av anlegg med tilknyting til kvinner sin innsats og profesjonalisering innanfor helse- og omsorgssektoren.

Freda bygningar og anlegg har hatt ulike funksjonar og speglar dermed bl.a. kjønnsrollene i familie og samfunn gjennom tidene. Våningshus, stabbur, seteranlegg og tekstilfabrikkar medverkar til å synleggjere typiske rammer for kvinners arbeid. Dette gjeld i stor grad òg bustader generelt.

9.6 Oppfølging av oppmodingsvedtak

Plan for omsetjingskravet for biodrivstoff fram mot 2020 – vedtak nr. 75, 3. desember 2015, vedtak nr. 875, 13. juni 2016, og vedtak nr. 876, 13. juni 2016

Då innstillinga Innst. 2 S (2015–2016) frå finanskomiteen, jf. Meld. St. 1 (2015–2016), Prop. 1 S (2015–2016), Prop. 1 S Tillegg 1 (2015–2016) og Prop. 1 S Tillegg 2 (2015–2016) vart behandla, gjorde Stortinget dette vedtaket, jf. tilråding i innstillinga romartal X: «Stortinget ber regjeringen legge frem en plan for ytterligere opptrapping av omsetningskravet for biodrivstoff frem mot 2020. Planen skal legge opp til en overgang fra biodrivstoff basert på matvekster til mer avansert biodrivstoff med bedre bærekraft. Omsetningskravet for drivstoff til veitransport planlegges i denne forbindelse utvidet til å omfatte avgiftsfri diesel. Stortinget ber regjeringen komme tilbake med planen i forbindelse med statsbudsjettet for 2017.».

Vidare gjorde Stortinget desse vedtaka då innstillinga Innst. 401 S (2015–2016) frå energi- og miljøkomiteen, jf. Meld. St. 25 (2015–2016), vart behandla, jf. tilråding i innstillinga romartala VIII og IX: «Stortinget ber regjeringen i forbindelse med fremleggelsen av statsbudsjettet for 2017 legge frem en gjennomgang av forsyningssituasjonen for biodrivstoff i dagens marked, herunder en faglig vurdering av bærekraften til ulike former for biodrivstoff som er på markedet i dag, samt en plan for en videre opptrapping av omsetningspåbudet for biodrivstoff til opp mot 11 pst. innen 2020.», og «Stortinget ber regjeringen vurdere mulighetene for å innføre E10 (etanol 10 pst.) som ny bensinstandard. I denne forbindelse er det viktig at kravet om sikringskvalitet for bensin ivaretas.».

For å fremje bruk av biodrivstoff finst det i Noreg mellom anna eit omsetjingskrav for biodrivstoff til vegtransport og avgiftsfordelar for biodrivstoff.

Omsetjingskravet inneber at drivstoffomsetjarane skal syte for at ein viss del av totalt omsett mengde drivstoff til vegtrafikk pr. år er biodrivstoff, sjå produktforskrifta kapittel 3. Kravet kan oppfyllast av den enkelte omsetjaren eller fleire omsetjarar samla. Omsetjingskravet vart innført i 2009 og var da på 2,5 pst. I 2010 vart kravet auka til 3,5 pst., og frå 1. oktober 2015 vart det auka til 5,5 pst.

Gjennom forskrift fastsett av Klima- og miljødepartementet i september 2016 blir omsetjingskravet auka vidare til 7,0 pst. frå 1. januar 2017. Det blir då samtidig innført eit delkrav om at 1,5 prosentpoeng skal vere avansert biodrivstoff. I 2017 er dette definert som biodrivstoff framstilt av avfall, restar, lignocellulosemateriale eller cellulosehaldig materiale som ikkje er næringsmiddel. Dette er biodrivstoff av dei same råstoffa som kan telje dobbelt i omsetjingskravet, det vil seie at 1 liter tel som 2 liter når ein vurderer om omsetjingskravet er oppfylt. Frå 2017 blir det òg innført eit delkrav om at 4,0 pst. av omsett drivstoff til veggåande bensinkjøretøy skal vere biodrivstoff.

I motsetnad til fossilt drivstoff, er biodrivstoff ikkje omfatta av CO2-avgift. Frå 1. oktober 2015 er biodrivstoff som blir brukt til å oppfylle omsetjingskravet ilagt same vegbruksavgift som tilsvarande fossilt drivstoff, mens biodrivstoff omsett ut over (eller utanfor) omsetjingskravet ikkje lenger er omfatta av vegbruksavgift.

EØS-regelverk

Fleire rettsakter som er tekne inn i EØS-avtala og er gjennomførte i norsk rett, eller som er under vurdering for å bli tekne inn, er relevante for biodrivstoff.

Fornybardirektivet (2009/28/EF) pålegg landa eit mål om 10 pst. fornybar energi til transport i 2020 (fornybarmålet). Mellom anna tel fornybar elektrisitet og biodrivstoff med i oppfyllinga av fornybarmålet. I fornybarmålet tel biodrivstoff frå visse råstoff dobbelt. Dette er dei same råstoffa som kan dobbelteljast i det norske omsetjingskravet for biodrivstoff til vegtrafikk i produktforskrifta. Omsetjingskravet gjenspeglar dermed innrettinga av fornybarmålet og er eitt av verkemidla for å nå målet.

Drivstoffkvalitetsdirektivet (98/70/EF) stiller visse krav til innhaldet i og kvaliteten på bensin og autodiesel. Dette er gjennomført i produktforskrifta kapittel 2, sjå § 2-20 og vedlegg til kapittelet.

Fornybardirektivet og drivstoffkvalitetsdirektivet inneheld òg likelydande berekraftskriterium for biodrivstoff. Berekraftskriteria er harmoniserte innanfor EØS-området. Desse er gjennomførte i norsk rett i produktforskrifta kapittel 3.

Eit endringsdirektiv til drivstoffkvalitetsdirektivet (2009/30/EF) vart gjennomført i Noreg 2. november 2015, mellom anna i produktforskrifta § 2-21. I direktivet blir det stilt krav overfor omsetjarane om at livsløpsutsleppa pr. energieining drivstoff skal vere minst 6 pst. lågare i 2020 enn gjennomsnittleg EU-nivå i 2010. Kravet vart gjennomført i norsk rett i produktforskrifta § 2-21 i november 2015. Det omfattar omsetjarar av drivstoff til motorvogner, ikkje-veggåande maskiner (mellom dette dieseltog), landbrukstraktorar og fritidsbåtar som ikkje går til sjøs. Ein mogleg måte å oppfylle kravet på, er bruk av biodrivstoff. Det er usikkert om omsetjarane samla sett vil nå kravet med dagens bruk av biodrivstoff åleine. Dei må likevel oppfylle kravet uavhengig av om omsetjingskravet for biodrivstoff blir endra eller ikkje. Eit dotterdirektiv om nærare berekningsmetodikk og rapportering under drivstoffkvalitetsdirektivet (rådsdirektiv (EU) 2015/562), er under vurdering for innlemming i EØS-avtala. Fristen for EU-landa for å gjennomføre direktivet i nasjonal rett er 21. april 2017.

ILUC-direktivet (EU 2015/1513) endrar på fornybardirektivet og drivstoffkvalitetsdirektivet. Indirekte arealbruksendringar (indirect land-use changes, ILUC) blir forårsaka av at jordbruksareal som har vore nytta til matproduksjon i staden blir teke i bruk til å dyrke råstoff for biodrivstoff. Det kan føre til at matproduksjonen blir fortrengt til nye areal for å erstatte det tapte arealet, og dermed klimagassutslepp til dømes frå drenering av myr eller hogging av regnskog. Formålet med direktivet er å ta betre omsyn til klimagassutsleppa frå indirekte arealbruksendringar og å starte ein overgang frå konvensjonelle biodrivstoff produserte av matvekstar til meir avansert biodrivstoff, som gir sikrare og større reduksjonar i klimagassutsleppa. Direktivet er under vurdering for innlemming i EØS-avtala. Gjennomføringsfristen for EU-landa for direktivet er 10. september 2017.

Regjeringa vil vurdere vidare korleis ILUC-direktivet kan gjennomførast i norsk rett og korleis verkemidla for avansert biodrivstoff kan tilpassast avfallshierarkiet. Eventuelle utfordringar knytte til norsk 2030-forplikting, og korleis Finland og Sverige tilpassar seg direktivet, er aktuelle moment i denne vurderinga.

Vurdering av berekrafta ved ulike typar biodrivstoff

Berekraftskriteria for biodrivstoff må vere oppfylte for at biodrivstoffet skal telje med når ein vurderer om omsetjingskravet er oppfylt. Kriteria sikrar ein reduksjon i direkte klimagassutslepp samanlikna med fossilt drivstoff og hindrar at råstoff til biodrivstoffet blir dyrka på areal som er viktige for biodiversitet eller som lagrar mye karbon. I dag blir det stilt krav om at dei direkte livsløpsutsleppa skal vere 35 pst. lågare enn for fossilt drivstoff. Framover vil dette auke til 60 pst. for nye produksjonsanlegg og 50 pst. for gamle produksjonsanlegg. Utslepp frå indirekte arealbruksendringar blir ikkje rekna med i kravet om utsleppsreduksjon i berekraftskriteria. Desse utsleppa vil heller ikkje bli rekna med i kravet etter ei eventuell innlemming av ILUC-direktivet i EØS-avtala, dei vil berre bli rapporterte inn.

ILUC-direktivet fastset verdiar på ILUC-effektar. Når matproduksjon blir fortrengt til nytt areal, kan det ikkje slåast fast konkret til kva areal. Det er krevjande å måle om matproduksjon faktisk blir fortrengd. I dei tilfella kor matproduksjonen blir halde oppe ved meir effektiv produksjon per arealeining, eller når brakklagd areal blir teke i bruk, vil det ikkje bli nokon ILUC-effekt. ILUC-effektane må derfor modellerast. Det inneber at det vil vere ei usikkerheit om nøyaktig nivå, at det vil vere variasjon i estimata og at dei vil måtte fastsetjast sjablongmessig. Verdiane, sjå tabell, blir tekne inn i vedlegg i fornybardirektivet og drivstoffkvalitetsdirektivet.

Tabell 9.4 ILUC-verdiar frå ILUC-direktivet

Gjennomsnittleg ILUC-utslepp (g CO2eq/MJ)

Variasjon i underlagsdata for ILUC-verdiar (g CO2eq/MJ)

Korn og stivelsesrike vekstar

12

8 til 16

Sukkerbete/sukkerrør

13

4 til 17

Oljehaldige vekstar

55

33 til 66

Korn, stivelsesrike vekstar og sukkervekstar blir gjerne brukte til produksjon av bioetanol. Desse råstoffa er estimerte til å gi relativt små ILUC-utslepp. Oljehaldige vekstar blir brukte til produksjon av biodiesel og er estimerte til å gi vesentleg høgare ILUC-utslepp.

Utsleppa frå fossilt drivstoff er estimerte til 83,8 g CO2eq/MJ i eit livsløpsperspektiv. Kravet i berekraftskriteria inneber at biodrivstoff maksimalt kan gi 52 g CO2eq/MJ direkte utslepp. Medrekna dei estimerte ILUC-verdiane for oljehaldige vekstar (55 g CO2eq/MJ) kan dei samla utsleppa frå biodiesel frå oljevekstar derfor bli høgare enn for fossilt drivstoff, sjølv om berekraftskriteria er oppfylte. Tilsvarande gjeld ikkje for bioetanol med desse verdiane. Avansert biodrivstoff produsert av avfall og restar blir ikkje rekna å gi fare for ILUC-effektar, og gjev gjerne også større reduksjon i dei direkte klimagassutsleppa.

I følgje berekraftskriteria blir nest etter avfall og restar, skogsråstoff og anna cellulosehaldig materiale rekna for det mest berekraftige råstoffet til biodrivstoff. Når skog blir hogd, og trevirket blir brote ned eller brent, blir CO2 frigitt til atmosfæren. Dette blir teke opp igjen når skogen veks til på nytt volum. Innanfor eit berekraftig skogbruk, har Noreg relativt store unytta ressursar som kan bli nytta til biodrivstoff. Her ligg eit potensial for å nytte meir av råstoffet innanlands til mellom anna biodrivstoff. Klimaeffekten av å bruke skogsråstoff til substitusjon av fossile produkt, blir best om biomassen blir nytta til materialar med lang levetid, og at restmaterialar og skogsavfall blir nytta til bioenergi/biodrivstoff. Utsleppet frå tømmer som blir eksportert blir bokført i den norske klimagassrekneskapen.

Forsyningssituasjonen for biodrivstoff

Ifølgje Miljødirektoratet vart det i 2015 samla sett rapportert inn 188 mill. liter eller om lag 4,6 pst. biodrivstoff til rapporteringa for omsetjingskravet. Omsetjingskravet var i 2015 på 4,0 pst. for året sett under eitt. Det gjennomsnittlege innblandingsnivået for biodiesel i autodiesel var 6,1 pst., mens innblandingsnivået for bioetanol i bensin var på 1,5 pst. Om lag 90 pst. av omsett biodrivstoff var biodiesel og 10 pst. var bioetanol.

Nesten alt biodrivstoffet (98 pst.) som vart rapportert inn, var framstilt av matvekstar. I underkant av 85 pst. av biodrivstoffet var produsert av raps og rapskake, mens seks prosent av biodrivstoffet var produsert av mais. Dobbelteljande biodrivstoff utgjorde 2 pst. av totalt mengde omsett biodrivstoff. Dette var produsert av brukt frityrolje og skogsavfall. Om lag 99 pst. av biodrivstoffet var importert. Mest vart importert frå Tyskland (60 pst.) og Frankrike (11 pst).

I 2016 er omsetjingskravet på 5,5 pst. Omsetjinga av biodrivstoff i 2016 vil først bli rapportert inn pr. 31. mars 2017, og departementet har derfor ikkje detaljert informasjon om denne no. Bransjen opplyste i høyring sommaren 2016 at innblandinga av bioetanol i bensin har auka til om lag 4 pst.

Kvart prosentpoeng delkrav om avansert biodrivstoff krev tilgang på ca. 20 mill. liter. Biodrivstoff blir omsett i ein internasjonal marknad, der det først og fremst er prisen som avgjer mogleg tilgang. I høyringa framkom det at kostnadene ved avansert biodiesel anslås å være 25-50 pst. høgre enn konvensjonell biodiesel. Blant dei største produsentane av avansert biodrivstoff er svenske Preem (ca. 160 mill. liter), finske UPM (ca. 120 mill. liter) og finske Neste (truleg rundt 1100 liter frå ulike typar avfall/restar, men medrekna ukjent del frå palmestoffet PFAD, som i Noreg ikkje lenger blir rekna som avansert råstoff frå 2017). Overslaga er baserte på kjent informasjon om produksjon og er noko usikre. I høyring sommaren 2016 framheva Preem at produksjonskapasitet blir auka kontinuerleg i tråd med etterspørsel. Varsling i god tid legg truleg best til rette for det. Markedet er begrensa og består foreløpig av få aktørar.

I Noreg produserer Borregaard om lag 20 mill. liter bioetanol frå skogsråstoff, av dette 7 mill. liter vassfri kvalitet eigna for drivstoff. Borregaard varsla i september 2016 investeringar for å auke produksjonen. Andre planar for mogleg ny norsk produksjon kan først og fremst ventast realiserte etter 2020. Biozin (tidlegare Synsel) har likevel opplyst at med investeringsavgjerd i år, er det mogleg at éin fabrikk (120 mill. liter halvfabrikata for biodiesel) står klar i 2020. Dei har også planar for fleire fabrikkar. St1 varsla i august 2016 at dei planlegg ein fabrikk for 50 mill. liter bioetanol på Follum frå 2021. Det finst òg andre planar for norsk produksjon av biodrivstoff, til dømes Silva Green Fuel på Tofte.

Nivå på omsetjingskravet fram mot 2020

Mange EU-land har fastsett nivå på årlege biodrivstoffkrav fram mot 2020. I Noreg har endringar i staden vore forskriftsfesta kort tid før dei har trådt i kraft. Eit hovudformål med å lage ein plan for biodrivstoff fram mot 2020 må vere å bidra til at regelverket blir meir føreseieleg og langsiktig, både for omsetjarar og moglege produsentar og investorar. Det kan gi redusert risiko ved investeringar i nødvendig infrastruktur for distribusjon/lagring og produksjonsanlegg.

Klimaeffekten av biodrivstoff varierer, særleg etter råstoff. Medrekna ILUC-utslepp kan biodiesel frå matvekstar gi høge utslipp, mens bioetanol og avansert biodrivstoff gir sikrare klimaeffekt. Ein plan for bruk av biodrivstoff må også gi reell og sikker utsleppsreduksjon globalt. Òg i lys av EØS-regelverket og signala frå EU om framtidig regelverk, bør det ikkje leggjast opp til auka bruk av biodrivstoff frå matvekstar. Det er i tråd med Stortinget sitt vedtak om ein overgang til avansert biodrivstoff.

Planar for mogleg ny norsk produksjon av biodrivstoff gjeld særleg avansert biodrivstoff frå skog. Det kan gi auka aktivitet i skogrelaterte næringar. Eit delkrav om avansert biodrivstoff kan, i større grad enn ein generell auke i omsetningskravet, bidra til å utvikle ein marknad for avansert biodrivstoff i Noreg. Av klimaforliket framgår det òg at ein skal bidra til å utvikle verdikjeda for avansert biodrivstoff (andregenerasjons biodrivstoff). Dei kjende planane for slik norsk produksjon gjeld i hovudsak for perioden etter 2020.

Regjeringa meiner at ei opptrapping av omsetjingskravet bør skje med avansert biodrivstoff. I dag er produksjonen begrensa, og kostnadene potensielt høye, men usikre. Kravet bør derfor ikkje trappast for raskt opp. Regjeringa meiner at ei opptrapping til opp mot 11 pst. i samla omsetjingskrav, slik Stortinget har skissert, vil vere for rask. Ein meir gradvis auke vil gi tid til å tilpasse produksjon til etterspurnaden og kan dermed òg gi lågare kostnader.

På dette grunnlaget vil regjeringa trappe opp det generelle omsetjingskravet og delkravet for avansert biodrivstoff med 0,5 prosentpoeng pr. år. I 2017 er desse krava på hhv. 7,0 og 1,5 pst. Det generelle omsetjingskravet blir da 7,5 pst. i 2018, 8,0 pst. i 2019 og 8,5 pst. i 2020. Delkravet for avansert biodrivstoff blir tilsvarande 2,0 pst. i 2018, 2,5 pst. i 2019 og 3,0 pst. i 2020.

Denne innrettinga inneber at delen biodrivstoff frå matvekstar som kan brukast til å oppfylle omsetjingskravet, blir halden uendra på 5,5 pst. i perioden fram til 2020. Ved at den vidare opptrappinga av omsetjingskravet skjer med avansert biodrivstoff, blir det lagt opp til ein overgang frå biodrivstoff basert på matvekstar til meir avansert biodrivstoff med betre berekraft.

Figuren viser korleis omsetjingskravet med dette vil ha utvikla seg frå det vart innført i 2009 og fram til 2020.

Figur 9.1 Omsetjingskravet for biodrivstoff til vegtrafikk. Kalenderåra 2009–2020. Prosent

Figur 9.1 Omsetjingskravet for biodrivstoff til vegtrafikk. Kalenderåra 2009–2020. Prosent

Summen av dei svarte og grå søylene viser utviklinga i det generelle omsetjingskravet frå 2,5 pst. i 2009 til 8,5 pst. i 2020. For 2015, då omsetjingskravet vart auka til 5,5 pst. frå 1. oktober, viser figuren det gjennomsnittlege kravet på 4,0 pst. for året sett under eitt. Dei grå søylene viser delkravet om avansert biodrivstoff i 2017 til 2020. Dei svarte søylene viser dermed maksimal resterande del som kan bli oppfylt gjennom omsetjing av biodrivstoff frå matvekstar.

I utsleppsrekneskapen blir biodrivstoff rekna som nullutslepp på forbrenningsstadiet. Dersom biodrivstoffet blir importert, vil det derfor gi 100 pst. utsleppsreduksjon i transportsektoren. I 2015 vart det alt vesentlege av biodrivstoffet importert (99 pst.). Dersom biodrivstoffet blir produsert i Noreg, vil i tillegg utslepp frå produksjonen bli bokførte som norske utslepp.

Den globale utsleppseffekten vil inkludere utslepp frå produksjonen av importert biodrivstoff. Dersom det blir nytta råstoff som gjev opphav til ILUC-effektar, blir det lagt til grunn at dette i hovudsak vil gi globale utslepp utanfor Noreg.

Regjeringa vektleggjar både de global og nasjonale utsleppseffektane. Opptrappinga av omsetjingskravet er estimert å gi ein reduksjon i norske utslepp på om lag 76 000 tonn CO2 og globale utslepp samla sett på 60 000 tonn CO2. Tala gjeld for 2020 samanlikna med om nivået på omsetjingskravet for 2017 vart vidareført.

Til samanlikning er det også rekna på ein modell der det generelle omsetjingskravet blir trappa like raskt opp, men der opptrappinga skjer med biodiesel frå matvekstar. Dette er estimert å gi ein reduksjon i norske utslepp på 151 000 tonn CO2, men ein utsleppsauke globalt på 27 000 tonn CO2. Hovudgrunnen til auka globale utslepp er indirekte arealbrukseffektar. Det er da lagt til grunn verdien på slike effektar frå ILUC-direktivet.

Opptrappinga vil ha kostnader. Som en illustrasjon kan kostnadene reknas med utgangspunkt i dagens marknadsprisar for drivstoff, og høyringsinstansanes anslag på at prisen på avansert biodrivstoff er 25−50 pst. høgare enn for biodiesel frå matvekstar. Meirkostnader for bransjen i 2020 er estimerte til 190–240 mill. kroner samanlikna med 2017. Det utgjer 5–6 øre pr. liter omsett drivstoff ekskl. avgiftsendringar. Dersom meirkostnadene i heilskap blir velta over på forbrukar, vil dette svare til auken i pumpepris. Det må understrekes at anslaget er usikkert.

Målt mot reduserte norske utslepp tilsvarar dette ein kostnad på 2500−3200 kr/tonn CO2. Teknologiutvikling kan redusere meirkostnaden over tid. Meirkostnaden avheng òg mellom anna av utviklinga i prisen på fossilt drivstoff. Auka pris på fossilt drivstoff gir lågare meirkostnad ved bruk av biodrivstoff.

Som nemnt over, er det lagt til grunn at hovudformålet med ein plan fram mot 2020 er å bidra til eit meir føreseieleg og langsiktig regelverk. Ei rask og tidleg forskriftsfesting vil byggje opp under dette. Departementet tek derfor sikte på at dei nødvendige forskriftsendringane for å følgje opp planen blir sende på høyring våren 2017, og deretter fastsette i forskrift.

Utviding til avgiftsfri diesel

Med såkalt «avgiftsfri diesel» legg departementet til grunn at Stortinget har meint diesel som ikkje er ilagt vegbruksavgift. Det gjeld mellom anna diesel til anleggs- og landbruksmaskiner. Tyngre kjøretøy er vanskelegare å elektrifisere enn personbilar, og biodrivstoff er pr. i dag for mange tyngre kjøretøy det mest realistiske alternativet for å redusere klimagassutsleppa.

Regjeringa meiner likevel at omsetjingskravet ikkje bør utvidast til å omfatte «avgiftsfri diesel» no. Mange av brukarane har eigne drivstofftankar som kan måtte oppgraderast. Kjøretøy og maskiner som blir brukte sesongvis, og dermed blir ståande med innblanda biodiesel over tid, vil kunne få problem med utfelling og bakterievekst, med medfølgjande motorproblem. Tilsetjingar og typar biodiesel som hindrar dette gir høgare kostnader. Samtidig er klimaeffekten av biodiesel uavhengig av om det er avgiftslagt eller avgiftsfri fossil diesel som blir erstatta. Dersom virkeområdet for kravet blir utvida samtidig som prosentsatsane i kravet blir haldne uendra, kan dette òg gi auka omsetjing av biodiesel frå matvekstar, som kan gi høgare utslepp enn fossilt drivstoff medrekna ILUC-effektar.

Regjeringa vil derfor ikkje utvide omsetjingskravet til å omfatte avgiftsfri diesel i perioden fram til 2020. Ei slik utviding bør heller vurderast på lengre sikt. Kostnadene må avgjere eit eventuelt omsetjingskrav etter 2020. Regjeringa vil setje i gang eit arbeid for å vurdere kostnadene ved å utvide omsetningskravet til òg å gjelde avgiftsfri diesel nærare.

Departementet viser òg til at ikkje-veggåande maskiner allereie er omfatta av kravet frå drivstoffkvalitetsdirektivet om reduserte utslepp pr. energieining i 2020.

Vurdering av høva til å innføre E10

I dag er det blanda inn 5 pst. etanol i bensin (E5) som blir selt i det meste av Noreg. E5 kan brukast av alle bilar. Frå 2017 vil det gjelde eit delkrav i omsetjingskravet om 4,0 pst. biodrivstoff til veggåande bensinkjøretøy, som er venta å vere på nivå med dagens innblanding av bioetanol i bensin for landet sett under eitt.

I fleire land er det òg innført E10 (10 pst. etanol i bensin). Dette gjeld mellom andre Finland, Tyskland og Frankrike. E10 kan brukast av bilar produserte i 2001 og seinare.

I motsetnad til biodiesel frå matvekstar, gjev bioetanol rimeleg sikker reell klimaeffekt. Innføring av E10 vil gi eit høgare nivå på omsett bioetanol. Innanfor eit uendra omsetjingskrav samla sett, vil denne bioetanolen erstatte biodiesel.

Regjeringa er i utgangspunktet positiv til ei innføring av E10. Slik innføring vil likevel krevje ein del førebuingar, og E10 bør derfor ikkje innførast før om noen år. Norsk petroleumsinstitutt har overfor departementet framheva at ei implementering for heile landet vil ta 1–3 år. Bransjeaktørar har framheva at det er formålstenleg at innføring av E10 skjer ved at det blir implementert som ein bransjestandard for bensin, og at dette blir gjort i samarbeid med bilimportørane. Kommunikasjonen med bileigarar vil truleg vere viktig for å sikre ein god overgang til E10 som hovudprodukt for bensinbilar.

Regjeringa meiner derfor det bør siktast mot 2019 for å gi bransjen tilstrekkeleg tid. Kostnadene er òg usikre, fordi det ikkje er klart om og i tilfelle i kva grad E10 vil krevje tilpassing av tankar og ny infrastruktur på depot. Erfaringane i andre land bør òg vurderast nærare. Innføring av E10 bør derfor utgreiast vidare før det blir teke endeleg stilling.

Regjeringa meiner samtidig at det ikkje bør innførast krav om ein sikringsstandard, det vil seie krav om å tilby E5 i tillegg. Ein bil er i gjennomsnitt om lag 19 år på vegen. I 2019 eller seinare vil det då venteleg vere relativt få bilar som framleis treng E5 (bilar frå 2000 eller tidlegare). Eit krav om ein sikringsstandard er vurdert å påleggje bransjen unødvendige meirkostnader. Kva bensinstasjonar som framleis skal tilby E5, bør vere opp til bransjen og marknaden, til dømes som for 98-oktan bensin i dag.

Perioden etter 2020

Det norske regelverket for biodrivstoff heng nøye saman med EØS-regelverket. Gjeldande regelverk i fornybardirektivet og drivstoffkvalitetsdirektivet vil truleg gjelde fram til 2020. Kommisjonen har skissert at eit forslag til revidert fornybardirektiv for perioden etter 2020 vil bli lagt fram i desember 2016. Innhaldet i dette er ikkje kjent no. I meldinga om ein europeisk strategi for lågutsleppsmobilitet frå Kommisjonen i juli 2016 indikerer dei at matbasert biodrivstoff vil ha ein avgrensa rolle i arbeidet med å nå ein utsleppsfri transportsektor framover og at slikt drivstoff ikkje bør få stønad frå det offentlege etter 2020. Kommisjonen viser til at dei vil legge til grunn økt bruk av avansert biodrivstoff i sitt arbeide med å revidere dagens regelverk på drivstoff og alternativ energi. Dei vil også vurdere effektane og utviklinga av marknaden for avansert biodrivstoff nøye.

I februar 2016 mottok Samferdselsdepartementet eit grunnlagsdokument for Regjeringas arbeid med ny Nasjonal transportplan (NTP) frå transportetatane og Avinor. Gjennom retningslinjene til transportetatane bestilte regjeringa – for første gong i NTP-samanheng – ein klimastrategi. Klimastrategien viser at det ifølgje transportetatane er potensial for å redusere utsleppa frå transport med 50 pst. i 2030, samanlikna med dagens nivå. Regjeringa har ikkje behandla innspelet frå transportetatane no, men klimastrategien vil utgjere eit viktig bidrag i regjeringas arbeid med NTP 2018–2029. Forslaget i klimastrategien er basert på at ein stor del av utsleppsreduksjonane må gjerast moglege av biodrivstoff. Ein overgang til biodrivstoff med betre berekraft bør vere ein føresetnad for eit slikt scenario.

Regjeringa meiner det er for tidleg å gi nærare signal om retning etter 2020 no. Ei eventuell vidare utfasing av biodrivstoff frå matvekstar vil måtte vurderast i lys av revidert fornybardirektiv, NTP, marknadsforhold for avansert biodrivstoff, kostnader og norsk klimaforplikting for 2030.

Oppsummering

Regjeringa vil trappe opp det generelle omsetjingskravet gradvis, frå 7,0 pst. i 2017 til 8,5 pst. i 2020. Delkravet for avansert biodrivstoff blir trappa opp i takt med dette, frå 1,5 pst. i 2017 til 3,0 pst. i 2020.

Regjeringa vil i perioden fram til 2020 ikkje utvide omsetjingskravet til diesel som ikkje er ilagt vegbruksavgift. Det vil bli sett i gang eit vidare arbeid for å vurdere kostnadene ved å utvide omsetjingskravet til slikt drivstoff.

Regjeringa vurderer å innføre E10 i 2019. Krav om ein sikringsstandard i tillegg til E10 blir ikkje innført.

Regjeringa vil vurdere vidare korleis ILUC-direktivet kan gjennomførast i norsk rett og korleis verkemidla for avansert biodrivstoff kan tilpassast avfallshierarkiet.

Delen biodrivstoff frå matvekstar i omsetjingskravet blir halden uendra på maksimalt 5,5 pst. fram til 2020. Eventuell vidare utfasing av biodrivstoff frå matvekstar etter 2020 vil måtte vurderast i lys av revidert fornybardirektiv, Nasjonal transportplan 2018–2029, marknadsforholda for avanserte biodrivstoff, kostnader og norsk forplikting for 2030.

Klima- og miljødepartementet tek sikte på at dei nødvendige forskriftsendringane for å følgje opp planen blir sende på høyring våren 2017.

Vedtaka blir med dette sett på som følgde opp.

Vurdering av GMO – vedtak nr. 507, 28. april 2015

Ein viser til Stortingets oppmoding til regjeringa av 28. april 2015:

«Stortinget ber regjeringen sikre en saksbehandling av GMO-saker som i praksis innebærer at hver GMO blir vurdert opp mot genteknologiloven, og som avklarer om det skal legges ned forbud før GMO-en eventuelt blir lovlig å omsette i Norge.»

Klima- og miljødepartementet og aktuelle departement vil utarbeide nye, forenkla og effektive rutinar for saksbehandlinga som inneber at norske instansar berre blir involverte ein gong, i staden for to gonger som i dag. Dette skal sikre ei forsvarleg og føreseieleg saksbehandling av alle GMO-ar, der føremålet er at direktivgodkjente GMO-ar ikkje vil bli tillatne å omsetje i Noreg før dei er vurderte etter genteknologilova. Ein tek sikte på at eit eventuelt vedtak som forbyr GMO-ar skal kunne fattast av norske styresmakter straks etter vedtak i EU.

EØS-avtala

Noreg er gjennom EØS-avtala tilslutta EUs godkjenningsprosedyrar for utsetjing av levande GMO etter utsetjingsdirektiv 2001/18. I EU er utsetjing av GMO-ar regulert både av direktiv 2001/18 og forordning 1829/2003. Direktivet er implementert i norsk rett gjennom genteknologilova, mens forordninga foreløpig ikkje er teken inn i EØS-avtala eller norsk rett. Norske styresmakter legg opp til at GMO-ar godkjende etter forordninga vil krevje eksplisitte ja-vedtak frå norsk side for å vere tillatne. Ei slik framtidig tilpassing til EØS-avtala vil sikre at GMO godkjent i EU under forordninga ikkje vil vere godkjent i Noreg utan å vere i tråd med norsk regelverk.

I oppmodingsvedtaket ber Stortinget regjeringa om å sikre ei saksbehandling som inneber at Noreg avklarar om det skal leggjast ned forbod før ein GMO eventuelt blir lovleg å omsetje i Noreg. Utfordringa har vore at ein GMO som blir godkjent etter utsetjingsdirektivet automatisk er tillaten omsett i Noreg, med mindre det blir lagt ned eit nasjonalt forbod.

Norsk regelverk

Genteknologilova regulerer alle levande GMO-ar, uavhengig om det dreier seg om utsetjing eller inneslutta bruk. Med utsetjing i loven sin forstand er meint all bruk utanfor laboratoriefasilitetar. Dette betyr ikkje berre dyrking av ei genmodifisert plante på jordet, men også omsetjing, handel og transport av levende GMO-ar er regulert av genteknologilova. Praksis i Noreg er at døde («prosesserte») genmodifiserte varer til mat og fôr blir behandla under matlova. Matlova heimlar behandling av all mat og fôr, både levande og prosessert. For tida er dei fleste GMO-søknader til behandling i EU/EØS-området for genmodifiserte planter til bruksområda industriell prosessering, mat og fôr, ikkje dyrking.

Oppfølging av oppmodingsvedtaket

Klima- og miljødepartementet meiner at oppfølginga av Stortingets oppmodingsvedtak ikkje krev lovendring. Klima- og miljødepartementet og aktuelle departement vil likevel endre saksbehandlinga slik at eit nasjonalt vedtak kan fattast straks etter at EU har teke si avgjerd. For GMO-søknader som blir behandla etter EUs utsetjingsdirektiv, er det i dag to rundar med saksbehandling som inkluderer norske instansar. Det skjer først ei parallell saksbehandling med EU og deretter nok ei saksbehandling i Noreg etter at EU har godkjent ein GMO. Hovudtyngda av saksbehandlinga hos norske instansar skjer etter at EU har godkjent ein GMO. Enkelte, som Bioteknologirådet, Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM), Mattilsynet og Miljødirektoratet, er involverte opptil fleire gonger i prosessen.

Dei nye rutinane inneber at for GMO-ar som følgjer eit saksbehandlingsløp etter utsetjingsdirektivet, kan nasjonale vurderingar gjerast før EU har fatta sine vedtak. Dagens involverte instansar, som Vitskapskomiteen for mattryggleik, Bioteknologirådet og Mattilsynet, vil i all hovudsak bli involverte berre ein gong. Miljødirektoratet vil framleis ha den koordinerande rolla i saksbehandlinga og ei eventuell avgjerd om nasjonalt forbod blir teken av norske styresmakter straks etter vedtak i EU.

Denne presenterte prinsippskissa inneber ei betydeleg forenkling og effektivisering i forhold til dagens ordning, samtidig som direktivgodkjente GMO-ar ikkje kan bli tillatne i Noreg før dei er vurderte opp mot genteknologilova. Regjeringa arbeider no vidare med detaljane i forslaget. Det kan bli aktuelt med andre forvaltningsmodellar for behandling av GMO når forordning 1829/2003 med tilhøyrande tilpassingstekst blir teken inn i EØS-avtala.

Oppfølging av oppmodingane i Parisavtala – vedtak nr. 896, 14. juni 2016

«Stortinget ber regjeringen - på egnet måte innen våren 2017 - lege fram for Stortinget en oppsummering av de oppfordringene Parisavtalen og Paris-beslutningen inneholder, og en oversikt over hvordan oppfordringene skal følges opp videre.»

Til oppmodinga om langsiktige lågutsleppstrategiar har Stortinget bedt Regjeringa om å gjennom-føre ein prosess med sikte på å leggje fram ei sak for Stortinget, og ber Regjeringa komme nærare tilbake til gjennomføringa av denne prosessen i samband med statsbudsjettet for 2015.

Regjeringa visar til Parisavtalas oppmoding om å formulere og melda inn nasjonale langsiktige lågutsleppsstrategiar innan 2020. Regjeringa vil følgje opp denne oppmodinga ved å fremme ein slik strategi i god tid innan fristen. Strategien bør sjåast i samanheng med andre pågåande prosesser på klimaområdet.

I Prop. 115 S (2015–2016) om samtykke til ratifikasjon av Parisavtala blei hovudtrekka i avtala presenterte. I tillegg til sjølve Parisavtala fatta klimakonferansen også andre avgjerder. Parisvedtaket inneheld av-gjerder om kva som skal skje før Parisavtala trer i kraft, omtaler element som ikkje er ein del av sjølve avtala og gir fleire detaljar til nokre av av-gjerdene i Parisavtala. Parisavtala er den første avtala der plikter og oppmodingar gjeld for både industriland og utviklingsland. Noreg har alt følgt opp fleire av oppmodingane som i-landspart i FNs klimakonvensjon og Kyotoprotokollen.

I del III, i tabell 9.4 og 9.5 følgjer ei opp-summering av oppmodingane i Parisavtala og ei oversikt over korleis oppmodingane skal følgjast opp vidare.

Tabell 9.5 Oppsummering av dei viktigaste oppmodingane i Parisavtala og planlagt norsk oppfølging

Artikkel i Parisavtala

Tema

Oppmoding

Planlagt norsk oppfølging

Fortale

Menneskerettar

Som stadfestar at klimaendring er eit felles omsyn for menneskeslekta, bør partane, når dei set i verk tiltak mot klimaendring, respektere, fremje og vurdere menneskerettane dei respektive partane har bunde seg til, rett til helse og rettar for urfolk, migrantar, barn, funksjonshemma og menneske i sårbare situasjonar, og retten til utvikling, kvinners rettar og rettferd mellom generasjonane.

Vil bli følgt opp på dei respektive områda. Regjeringa har forplikta seg til at menneskerettane skal stå sentralt i klima- og miljøpolitikken, jf. Meld. St. 10 (2014–2015) «Muligheter for alle – menneskerettighetene som mål og middel i utenriks- og utviklingspolitikken».

4.4

Utsleppsreduksjonar

I-landspartar bør halde fram med å ta leiinga ved å ta på seg absolutte mål for utsleppsreduksjonar som dekkjer heile økonomien. U-landspartar bør halde fram med å auke innsatsen sin for reduserte klimagassutslepp, og dei blir oppmuntra over tid til å gå i retning av mål for utsleppsreduksjonar eller avgrensing som dekkjer heile økonomien sett i lys av ulike nasjonale tilhøve.

Gjennomført. Noregs indikative nasjonalt fastsette bidrag under Parisavtala (2030-målet) er eit absolutt mål som dekkjer heile økonomien og Noregs eksisterande plikter under Kyotoprotokollen (2020-målet) er på same lest.

4.19

Utsleppsreduksjonar

Alle partar bør søkje å formulere og melde inn langsiktige strategiar for lågutslepp av klimagassar i det dei tek omsyn til artikkel 2, og sett på bakgrunn av deira felles, men differensierte ansvar og respektive mogelegheiter, sett i lys av ulike nasjonale tilhøve.

Regjeringa vil fremje ein langsiktig lågutsleppsstrategi i god tid før 2020. Ein slik strategi bør sjåast i samanheng med andre pågåande prosessar på klimaområdet, og regjeringa vil identifisere ein eigna prosess for å utforme strategien.

5.1

Utsleppsreduksjonar (arealbruk og skog)

Partane bør setje i verk tiltak for å ta vare på og der det er formålstenleg styrkje reservoar og opptak av klimagassar som nemnt i artikkel 4, 1. ledd bokstav d) i Klimakonvensjonen, medrekna skogar.

Vil bli følgt opp gjennom skogarbeidet, både nasjonalt og internasjonalt. Noreg er gjennom klima- og skoginitiativet leiande i verda hva gjeld støtte til å ta vare på skog i utviklingsland.

5.2

Utsleppsreduksjonar (arealbruk og skog)

Partane blir oppmoda til å setje i verk tiltak for å gjennomføre og støtte, mellom anna gjennom resultatbasert betaling, det eksisterande rammeverket som er fastsett i tilknytt rettleiing og avgjerder allereie vedtekne under Klimakonvensjonen for: politikktilnærmingar og positive insitament for reduksjon av utslepp frå avskoging og skogdegradering i utviklingsland, og medrekna rolla til bevaring, berekraftig skogforvaltning og styrking av karbonlagra i skog og andre politikktilnærmingar som heilskapleg og berekraftige skogforvaltning som integrerer utsleppsreduksjonar og klimatilpassing, og samtidig stadfestar at det er viktig å nytte positive insitament der det er formålstenleg for gevinstar utanom karbon knytt til slike tilnærmingar.

Vil bli følgt opp gjennom det internasjonale klima- og skoginitiativet. Noreg har vore ein pådrivar i utforminga av rammeverket for REDD+ som denne artikkelen omhandlar. Gjennom klima- og skoginitiativet betaler Noreg allereie for oppnådde resultat i samsvar med det internasjonale rammeverket, og vil i åra som kjem i stadig større grad betale for oppnådde verifiserte utsleppsreduksjonar frå skog. Sjå programområde 12.70 for nærare omtale av klima- og skogsatsinga og den strategiske innretninga.

7.7

Tilpassing

Partane bør styrkje samarbeidet om å auke innsatsen for tilpassing, i det det blir teke omsyn til Cancun-rammeverket for tilpassing, mellom anna med omsyn til å:

  • (a) dele informasjon, god praksis, erfaringar og lærdommar, medrekna, der det er aktuelt, tilknytt vitskapleg kunnskap, planlegging, politikk og gjennomføring av tiltak for tilpassing

  • (b) styrkje institusjonelle ordningar, og ordningane som tener denne avtala, for å støtte samanstilling av relevant informasjon og teknisk støtte og rettleiing gitt til partane

  • (c) styrkje den vitskaplege kunnskapen om klimaet, medrekna forsking, systematisk observasjon av klimasystemet og system for tidleg varsling, på ein måte som styrkjer klimatenestene og støttar opp under avgjerder

  • (d) støtte u-landspartar med å identifisere effektiv tilpassingspraksis, behov for prioriteringar innan tilpassing, støtte som blir gitt og motteken til tiltak og innsats for tilpassing, og utfordringar og manglar, på ein måte som er eigna til å fremje god praksis

  • (e) gjere tiltaka for tilpassing meir effektive og varige.

Vil bli vurdert i årlege budsjett og følgt opp gjennom Noregs nasjonale rapportering til klimakonvensjonen. Noreg støttar regionalt samarbeid gjennom tilskot til multilaterale organisasjonar.

7.10

Tilpassing

Kvar part bør leggje fram og jamleg oppdatere ein formålstenleg tilpassingskommunikasjon, som kan inkludere prioriteringane, gjennomføring og behov for støtte, planar og tiltak, utan å skape nokon tilleggsbyrde for u-landspartar.

Noreg rapporterer allereie om tilpassing i eit eige kapittel i vår nasjonale rapport til FNs klimakonvensjon.

9.3

Finansiering

Som del av ein global innsats bør i-landspartar halde fram med å ta leiinga i å mobilisere klimafinansiering frå eit breitt spekter av kjelder, instrument og kanalar, i det ein merker seg den viktige rolla offentlege middel spelar, gjennom ei rekkje tiltak, medrekna støtte til landdrivne strategiar og at det blir teke omsyn til behova og prioriteringane til u-landspartar. Slik mobilisering av klimafinansiering bør utgjere ein progresjon utover tidlegare innsats.

Noreg er ein stor givar av klimafinansiering internasjonalt. Oppmodinga vil bli vurdert i dei årlege budsjetta.

11.3

Kapasitetsbygging

Alle partar bør samarbeide om å setje u-landspartar betre i stand til å gjennomføre denne avtala. I-landspartar bør auke støtta si til kapasitetsbygging i u-landspartar.

Vil bli vurdert i dei årlege budsjetta.

13.8

Måling og rapportering

Kvar part bør også gi formålstenleg informasjon knytt til verknader av klimaendringar og tilpassing etter artikkel 7.

Noreg rapporterer allereie om klimaendring og tilpassing i eit eige kapittel i vår nasjonale rapport til FNs klimakonvensjon.

I tabell 9.5 følgjer ei oppsummering av oppmodingane i Parisavgjerda og ei oversikt over korleis oppmodingane skal følgjast opp vidare.

Tabell 9.6 Oppsummering av dei viktigaste oppmodingane i Parisvedtaket og planlagt norsk oppfølging

Paragraf i Parisvedtaket

Tema

Oppmoding

Planlagt norsk oppfølging

5

Generelt

Godtar at partane til Klimakonvensjonen kan etterleve alle avgjerdene i Parisavtala på foreløpig basis før den tek til å gjelde og ber partane om å informere om slik foreløpig etterleving til depositaren.

Mest aktuelt for partar som ikkje har plikter i dag. Noreg har alt plikter under Kyotoprotokollen (2020-målet) og det er rekna med at Parisavtala trer i kraft før Noregs nasjonalt fastsette bidrag for perioden 2021–2030 tek til å gjelde. Regjeringa arbeider for at fleire land ratifiserer avtala raskt.

15

Finansiering

Gjentek oppmodinga til i-landspartar, dei operasjonelle einingane til finansieringsmekanismen og ein kvar annan organisasjon som er i stand til det, om å gi støtte til førebuingane og innmeldinga av dei indikative nasjonalt fastsette bidraga til partar som kan trenge slik støtte.

Noreg gir støtte til slike førebuingar hos u-landspartar gjennom fleire internasjonale initiativ.

36

Utsleppsreduksjonar

Inviterer partane til å melde inn til sekretariatet innan 2020 langsiktige strategiar for lågutsleppsutvikling i samsvar med artikkel 4.19 i avtala, og ber sekretariatet om å leggje ut strategiane for lågutsleppsutvikling til partane på UNFCCCs heimeside, slik dei er melde inn.

Sjå òg omtala av artikkel 4.19 i avtalen ovanfor: Stortinget har bedt regjeringa om å gjennomføre ein prosess med sikte på å leggje fram ei sak for Stortinget og ber regjeringa komme nærare tilbake til gjennomføringa av denne prosessen i samband med statsbudsjettet for 2015 (Innst. 407 S (2015–2016).

45

Tilpassing

Ber partane om å styrkje regionalt samarbeid om tilpassing der det er føremålstenleg og når det er naudsynt etablere regionale senter og nettverk, særleg i utviklingsland, med omsyn til vedtak 1/CP.16, paragraf 13.

Noreg støttar regionalt samarbeid gjennom tilskot til multilaterale organisasjonar.

54

Finansiering

Vedtar også, i samsvar med artikkel 9, paragraf 3 i avtala at industriland har som mål å halde fram deira eksisterande kollektive mobiliseringsmål til og med 2025 innanfor ramma av meiningsfylte tiltak for utsleppsreduksjonar og måling og rapportering av gjennomføring; etablere eit nytt kollektivt, kvantitativt mål opp frå eit golv på USD 100 milliardar per år før partskonferansen for Parisavtala i 2025, med omsyn til behova og prioriteringane til utviklingsland.

Noreg er ein stor givar av klimafinansiering internasjonalt og vil delta aktivt i førebuingane av eit nytt, kollektivt finansieringsmål frå 2025.

83

Kapasitetsbygging

Ber alle partar om å sikre at utdanning, opplæring og folkeleg merksemd, som reflektert i artikkel 6 i Klimakonvensjonen og artikkel 12 i avtala er tilstrekkeleg teke omsyn til i deira bidrag til kapasitetsbygging.

Vil bli vurdert i samband med Noregs bidrag til internasjonal kapasitetsbygging.

106 a)

Utsleppsreduksjonar før 2020

Tilrår alle partar til Kyotoprotokollen som ikkje allereie har gjort det, om å ratifisere og gjennomføre Doha-tillegget til Kyotoprotokollen.

Gjennomført. Noreg har ratifisert Kyotoprotokollens andre avtaleperiode (Doha-tillegget).

106 e)

Utsleppsreduksjonar

før 2020

Tilrår alle partar om å delta i dei eksisterande prosessane under Cancun-avtala for rapportering og verifikasjon, i rett tid og med sikte på å vise framdrift i gjennomføringa av deira lovnader om reduserte utslepp.

Mest aktuelt for partar som ikkje har plikter under Kyotoprotokollen. Noreg følgjer opp alle våre plikter til rapportering og verifikasjon.

107

Utsleppsreduksjonar

før 2020

Oppmuntre partane om å fremje frivillig kansellering frå partane og aktørar som ikkje er partar, utan å telje dobbelt einingar som er skrivne ut under Kyotoprotokollen, inkludert stadfesta utsleppsreduksjonar som er gyldige under den andre avtaleperioden.

108

Måling og rapportering før 2020

Tilrår partar som er vertar og kjøparar om å rapportere på ein open måte om internasjonalt overførte resultat frå utsleppsreduksjonar, inkludert resultat nytta til å møte internasjonale lovnader, og einingar for utsleppsreduksjonar skrivne ut under Kyotoprotokollen med sikte på å fremje miljømessig integritet og å unngå dobbeltteljing.

Noreg følgjer alle våre plikter til rapportering og verifikasjon. Noreg vil vere ein aktiv pådrivar for godt regelverk for dei nye fleksible mekanismane under Parisavtala: Noreg vil leggje særleg vekt på reglar og sikre at det å telje utsleppsreduksjonar dobbelt (både i vertspart og kjøpar) ikkje skal kunne skje og at internasjonalt overførte resultat frå utsleppsreduksjonar fremjar miljømessig integritet.

110a)

Måling og rapportering før 2020

Oppmuntrar partar, konvensjonsorgan og internasjonale organisasjonar om å delta i denne prosessen, inkludert i samarbeid med aktørar som ikkje er partar der det er føremålstenleg, for å dele deira erfaringar og forslag, inkludert frå regionale arrangement og samarbeide om å leggje til rette for gjennomføring av politikk, praksis og tiltak som blir identifisert i denne prosessen i samsvar med nasjonale berekraftige utviklingsprioriteringar.

Vil bli følgt opp i det vidare arbeidet med Parisavtala.

115

Finansiering og kapasitetsbygging før 2020

Vedtar å styrkje tilgangen på rask og tilstrekkeleg finansiering og støtte til teknologi og kapasitetsbygging frå i-landspartar for å styrkje partane sine ambisjonsnivå før 2020, og i denne samanhengen tilrår sterkt at i-landspartar skalerer opp sine nivå på finansieringsstøtta med eit konkret vegkart for å nå målet i FCCC/CP/2015/l.9/Rev. 1 17 om saman å gi USD 100 milliardar årleg innan 2020 for utsleppsreduksjonar og tilpassing, samtidig som finansiering til tilpassing blir auka betydeleg frå nivået i dag og vidare gi passande støtte til teknologi og kapasitetsbygging.

Noregs er ein stor givar av klimafinansiering internasjonalt. Nivået på norsk klimafinansiering vil bli vurdert i dei årlege budsjetta.

119

Generelt (før 2020)

Oppmuntrar partar å arbeide tett med aktørar som ikkje er partar for å katalysere arbeidet med å styrkje tiltaka for utsleppsreduksjonar og tilpassing.

Vil bli følgt opp i det vidare arbeidet med Parisavtala.

124

Generelt (før 2020)

Inviterer alle interesserte partar og relevante organisasjonar om å gi støtte til arbeidet til pådrivarane som er omtalt i paragraf 122 over. (I paragraf 122 vedtek partane at to høgnivåpådrivarar skal bli utnemnde for å leggje til rette for auka innsats i perioden 2016–2020).

Vil bli følgt opp i det vidare arbeidet med Parisavtala.

Felles oppfylling av 2030-forpliktinga med EU

I samband med behandlinga av Meld. St. 25 (2015-2016) Kraft til endring – energipolitikken mot 2030 gjorde Stortinget følgjande vedtak, jf. vedtak 868 og 888 i Innst- 401 S (2015-2016):

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med fremleggelsen av statsbudsjettet for 2017 – etter at EU-kommisjonens forslag til innsatsfordeling for ikke-kvotepliktig sektor er lagt frem – synliggjøre utslippsbaner for de enkelte sektorer innenfor ikke-kvotepliktig sektor. Fremleggelsen må omtale målsettinger for hver enkelt sektor basert på en vurdering av hva dette forslaget vil innebære for Norge.»
«Stortinget ber regjeringen i utarbeidelsen av ny klimalov om årlig å synliggjøre utslippsbaner for de ulike områdene innenfor ikke-kvotepliktig sektor, og hvilke type tiltak som vil være nødvendig for å nå disse målene.»

Oppmodingsvedtak 888 vil bli følgt opp i samband med klimalova. Den årlege omtala av kor vi skal vere i 2030, og korleis vi kjem oss dit, vil vere meir omfattande frå og med neste års budsjett. I dette avsnittet følgjer Regjeringas svar på Stortingets vedtak 868, jf. over. Ein tilsvarande tekst finst i Nasjonalbudsjettet 2017.

Det norske 2030-målet for ikkje kvotepliktig sektor, som Noreg vil få ved ei felles oppfylling med EU, vil etter alt å døme kunne nåast med ein kombinasjon av utsleppsreduksjonar nasjonalt og utnytting av fleksibiliteten for samarbeid med andre europeiske land om utsleppsreduksjonar. Dette er i tråd med Meld St 13 (2015-2015) der det går fram at utsleppa i Noreg skal reduserast fram mot 2030, og at Noreg vil nytte fleksibiliteten i EU-regelverket på lik linje med EU-land. Berekningar frå SSB viser at samarbeid om utsleppsreduksjonar kan redusere kostnadene ved å nå klimamålet for 2030. Balansen mellom tiltak i Noreg og ute må blant anna vurderast ut frå EU-regelverket og Noregs mål for utsleppsreduksjonar i ikkje kvotepliktig sektor, og potensialet for utsleppsreduksjonar i Noreg og kostnader ved innanlandske reduksjonar og ved bruk av EU-intern fleksibilitet. Av omsyn til ein mest mogeleg effektiv klimapolitikk for Europa som heilskap er det positivt at regelverket legg til rette for fleksibilitet og samarbeid mellom europeiske land om utsleppsreduksjonar. Det er likevel usikkert om enkeltland som reduserer utsleppa meir enn måltalet vil ønskje å selje overskotet sitt og i tilfelle til kva pris. Det er eit overordna mål for Regjeringa at norske utslepp skal reduserast mot 2030. Vurderinga av kva type tiltak som skal setjast i verk nasjonalt, må òg vurderast i lys av målet om at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn i 2050. Politikken nasjonalt skal leggje til rette for ei langsiktig omstilling av samfunnet i klimavennleg retning. Eit slikt langsiktig perspektiv inneber ei krevjande omlegging av den norske økonomien. Utvikling og bruk av lågutsleppsteknologi er viktig for omstilling i klimavennleg retning. Samtidig kan det ta tid før viktige investeringar i teknologiutvikling og omstilling i Noreg gir resultat i form av konkrete utsleppsreduksjonar. Noreg vil parallelt med utvikling av nasjonale verkemiddel, ta sikte på å samarbeide med andre europeiske land om utsleppsreduksjonar. Det vil i sin tur òg medverke til at dei europeiske landa samla reduserer utsleppa til ein lågare kostnad. Regjeringas klimapolitikk er nærare omtalt i del I og II av KLDs budsjettproposisjon, i Meld. St. 1 (2016–2017) Nasjonalbudsjettet og i Prop. 1 LS (2016–2017) Skatter, avgifter og toll.

Felles oppfylling av klimamålet for 2030 med EU

Noreg er i dialog med EU om ei avtale om felles oppfylling av klimamåla for 2030. Ei slik avtale mellom EU og Noreg vil ha ulike implikasjonar for kvotepliktig og ikkje kvotepliktig sektor. Kvotepliktig sektor omfattar utslepp frå landbasert industri, petroleumsverksemda og luftfart. Ikkje kvotepliktig sektor omfattar utslepp frå transport, jordbruk, oppvarming av bygg, avfallshandtering og ein del andre mindre kjelder. Ei avtale vil innebere at Noreg vil medverke til gjennomføring av utsleppsreduksjonar på 43 pst. samanlikna med 2005 innanfor EU sitt kvotesystem (kvotepliktig sektor). Norge vil òg medverke til utsleppsreduksjonar i ikkje kvotepliktig sektor, der dei samla utsleppa i EU skal ned med 30 pst. frå 2005 til 2030. Innsatsen som er naudsynt for å få til dette, skal fordelast mellom landa gjennom bindande nasjonale utsleppsmål. Måla til kvart land er i spennet 0 til 40 pst. Fordelinga vert gjort ut frå BNP per innbyggjar, der landa med høgast BNP får dei høgaste måla, justert ut frå omsynet til kostnadseffektivitet, slik at måla til landa med høgast kostnader knytt til å kutte eigne utslepp, vert lågare. Regjeringa legg til grunn at Noreg vil få eit nasjonalt utsleppsmål for ikkje kvotepliktig sektor på linje med samanliknbare EU-land. EU-kommisjonen sitt forslag opnar for at landa kan nytte såkalla fleksible mekanismar til å oppfylle måla i ikkje kvotepliktig sektor. Noreg vil nytte denne fleksibiliteten på lik linje med EU-landa.

EU-kommisjonens forslag til innsatsfordeling

EU-kommisjonen la 20. juli fram forslag til utsleppsmål for ikkje kvotepliktig sektor for dei ulike EU-landa. Reglar for fleksibilitet og for bokføring av utslepp og opptak frå landsektoren (skog), vart òg lagt fram. Dei høgaste måltala for ikkje kvotepliktig sektor får Luxembourg og Sverige med 40 pst. Deretter følgjer Danmark og Finland med ein reduksjon på 39 pst., Tyskland med 38 pst. og Storbritannia og Frankrike med 37 pst., jf. figur 1. Utsleppsmåla gjeld heile ikkje kvotepliktig sektor, og forslaget legg ingen føringar på i kva delar av ikkje kvotepliktig sektor tiltak må setjast inn for å nå måla. Det er opp til det enkelte land.

Forslag til måltal for 2030 vil bli omgjort til eit budsjett for heile perioden 2021-2030, med oppgjer kvart femte år. Sanksjonar inntreff dersom land ikkje leverer nok utsleppseiningar til oppgjer. Dersom eit land ligg an til å ikkje ha nok utsleppseiningar å levere kvart femte år i dei årlege utsleppsrapporteringane, vil EU be om ein plan for korleis landet planlegg å oppfylle målet. Desse reglane vil gjelde både for Noreg og det enkelte EU-land.

Kommisjonen peiker på at gjeldande regelverk opnar for stor grad av samarbeid om utsleppsreduksjonar mellom land og foreslår ikkje store endringar. Til no er ikkje denne moglegheita nytta av EU-landa. Regjeringa legg til grunn at Noreg vil få same høve til å bruke denne moglegheita til å samarbeide om utsleppsreduksjonar som EU-landa. Det er uvisst om enkeltland som reduserer utsleppa meir enn måltalet vil ønske å selje eit slikt overskot, om dei ønskjer å selje til Noreg og i tilfelle til kva pris. For å auke kostnadseffektiviteten i måloppnåinga foreslår Kommisjonen to nye alternativ for fleksibilitet. For det første skal små land med høge nasjonale utsleppsmål få moglegheit til å nytte eit avgrensa tal kvotar frå EUs kvotesystem for å nå målet for ikkje kvotepliktig sektor. I tillegg foreslår Kommisjonen ein avgrensa bruk av kredittar frå tiltak i skog- og arealbrukssektoren, men at moglegheita til å nytte slike kredittar må sjåast i samanheng med landa sine utslepp frå jordbruket.

Kommisjonen erkjenner òg at det i jordbruket og arealbrukssektoren er eit lågare reduksjonspotensiale og at mål om matsikkerheit og klimamåla må sjåast i samanhang.

EU-kommisjonen har lagt fram berekningar som viser at EU-landa sett under eitt kan nå 2030-målet for ikkje kvotepliktig sektor med ein relativt liten årleg nedgang i utsleppa, men med store forskjellar mellom enkeltland. Berekningane viser at samla utslepp i ikkje kvotepliktig sektor i EU kan gå ned med rundt 24 pst. frå 2005 til 2030 ved ei vidareføring av gjeldande politikk. Av det resterande behovet for utsleppsreduksjonar på 6 pst. i 2030 vil dei to nye formene for fleksibilitet, eingongskjøp frå EU sitt kvotesystem og kredittar frå enkelte skogtiltak, kunne redusere kuttebehovet med 2-2½ prosentpoeng. Det inneber at det for EU-landa samla trengst nye tiltak eller samarbeid om nye utsleppsreduksjonar svarande til 3½-4 pst. av utsleppa i 2005. Dette svarer til ein årleg reduksjon i utsleppa på mellom 1/3 og 1/2 pst. i perioden 2021–2030.

I Kommisjonen sitt forslag kvalifiserer ni land til eingongsuttak frå EU sitt kvotesystem, og moglegheit til slike uttak er relativt sett størst for dei landa som ifølgje Kommisjonen har dei høgaste reduksjonskostnadene. Luxembourg og Irland har fått høve til årleg å levere EU-kvotar tilsvarande 4 pst. av sine ikkje kvotepliktige 2005-utslepp, mens våre naboland Sverige, Danmark og Finland, har fått høve til årleg å nytte EU-kvotar tilsvarande 2 pst. av sine 2005-utslepp. Kor stor moglegheit Noreg får, vil bli fastsett etter at innretninga av EU-regelverket er avklart i 2017.

EU-kommisjonen sitt forslag til bokføring av opptak og utslepp frå skog- og arealbrukssektoren i perioden 2021-2025 og 2026-2030 inneber ei forplikting for landa til å sikre at utsleppa frå skog og andre areal ikkje er større enn opptaket. For at skogkvotar skal kunne bli nytta som alternativ til tiltak i ikkje kvotepliktig sektor, må summen av opptak som følgje av planting av skog på areal som tidlegare ikkje har vore dekte av skog, utslepp som følgje av at skogarealer blir endra til for eksempel busetnad (avskoging), utslepp og opptak frå dyrka mark og beite samla sett gi netto opptak. I tillegg er det sett eit øvre tak på kor stort opptak som kan bli bokført. Tiltak i den ståande skogen, som auka CO2-opptak frå gjødsling eller tettare planting i gammal skog, kan nyttast til å innfri forpliktinga om null utslepp frå sektoren, men slike tiltak kan ikkje generere kredittar til oppfylling av målet under forordninga for innsatsfordeling. Det er ei opning for at EU-kommisjonen kan revurdere dette på eit seinare tidspunkt. Det er uvisse om og i kva grad kvart enkelt land kan nytte potensialet for fleksibilitet. Kommisjonens forslag inneber til dømes at både Irland og Danmark har høve til å oppfylle mesteparten av gjenverande tiltak for ikkje-kvotepliktig sektor, i skog- og arealsektoren. Våre naboland Finland og Sverige kan i liten grad nytte skogkvotar. Det er uvisse om Noreg får netto utslepp eller opptak med dei nye reglene.

Figur 1 viser behov for tiltak for å nå måla (blå søyle), kor mykje fleksibilitet landa til saman kan bruke frå skog- og arealbrukssektoren og frå kvotepliktig sektor (grå søyle) og kor mykje lågare utsleppa ville vere i 2030 samanlikna med 2005 utan ny politikk (orange søyle). Utsleppsmåla for dei ulike landa er summen av dei tre søylene. Berekningane, som er utførte av EU-kommisjonen, viser at Luxembourg er i ei særstilling. Etter at Luxembourg har nytta fleksibiliteten må dei redusere utsleppa i 2030 tilsvarande om lag 35 pst. av utsleppsnivået i 2005, anten ved eigne utsleppsreduskjonar eller ved samarbeid om utsleppsreduksjonar i ikkje kvotepliktig sektor med andre land. I den andre enden er Sverige som har eit gjenståande behov for utsleppsreduksjonar på om lag 5 prosentpoeng av utsleppa i 2005. Danmark, Tyskland og Irland vil ifølgje desse overslaga ha eit behov for utsleppsreduksjoner på om lag 10 prosentpoeng. Sjølv om Noreg ikkje inngår i Kommisjonens berekningar er det grunn til å tru at Noreg vil vere i om lag same situasjon som Luxembourg.

EU-kommisjonen sitt forslag skal behandlast vidare i Rådet og i Europaparlamentet. Det kan difor verte endringar før det endelege regelverket vert fastsett, mellom anna i reglane for fastsetjing av mål for landa og regelane for fleksibilitet. Ei avtale mellom Noreg og EU kan ikkje ventast før i 2017/2018, etter at EU har vedteke sitt regelverk endeleg.

Figur 9.2 Utsleppsmål for ikkje kvotepliktig sektor for 2030, inkludert fleksibilitet og behov for utsleppsreduksjonar samanlikna med utsleppsframskrivingar.

Figur 9.2 Utsleppsmål for ikkje kvotepliktig sektor for 2030, inkludert fleksibilitet og behov for utsleppsreduksjonar samanlikna med utsleppsframskrivingar.

Forskjellar i samansetjinga av utslepp mellom Noreg og EU

Av dei samla utsleppa i ikkje kvotepliktig sektor i Noreg på 27,5 mill. tonn i 2014, kom 56 pst. frå transport, 16 pst. frå jordbruket og om lag 5 pst. frå kvar av sektorane oppvarming av bygg og avfallshandtering. I EU kjem 34 pst. av utsleppa frå transport, 19 pst. frå jordbruk og 26 pst. frå oppvarming av bygg. Det kan vere betydelege variasjonar mellom EU-land. Noreg har låge utslepp frå bygningar fordi norske bygningar for ein stor del er varma opp med elektrisitet frå fossilfri vasskraft. Dei relativt høge utsleppa frå transportnæringa i Noreg må sjåast i samanheng med den spreidde busetnaden vår og høgt velstandsnivå. I tillegg medverkar fiskeflåten vår og transportbehov knytte til petroleumsverksemda til transportutsleppa. Alt i alt er transportutsleppa per person noko høgare i Noreg enn i EU.

I Noreg har utsleppa i ikkje kvotepliktig sektor vore om lag uendra sidan 2005, mens dei er reduserte med om lag 14 pst. i EU. Høgare økonomisk vekst og høgare folkevekst i Noreg enn i EU har medverka til denne ulike utviklinga. Sidan 2005 har BNP-veksten i Fastlands-Noreg samla sett vore om lag 20 prosentpoeng høgare enn BNP-veksten i EU-landa sett under eitt. Tilsvarande har folkeveksten vore rundt 10 prosentpoeng høgare i Noreg enn i EU sidan 2005. Størstedelen av folkeveksten i Noreg skriv seg frå innvandring. Dersom befolkninga i Noreg hadde utvikla seg om lag som i EU, viser utrekningar frå Statistisk sentralbyrå1 at utsleppa frå ikkje kvotepliktig sektor i Noreg rundt rekna kunne ha vore om lag 6 pst. lågare.

I vegtransport, som står for over 1/3 av dei samla utsleppa i ikkje kvotepliktig sektor, har Noreg sterke verkemiddel. Dei samla avgiftene på fossilt drivstoff ligg ifølgje OECD om lag 20 pst. høgare i Noreg enn gjennomsnittet for EU. I tillegg gir eingongsavgifta, som vart lagt om i 2007, sterke insentiv til å velje personbil med låge eller ingen utslepp. Omlegginga i 2007 har gitt resultat. Mens utslepp frå nyregistrerte personbilar låg om lag 10 pst. høgare i Noreg enn i EU i åra før 2007, ligg dei no vel 15 pst. lågare. I Noreg var gjennomsnittsutsleppa frå nye personbilar nede i 94 gram per kilometer i dei sju første månadene i år. Det er under EUs mål for 2020 om 95 g/km og godt på veg til vårt 2020-mål om 85 g/km.

I EU stod utsleppa frå jordbruket i 2014 for litt under 10 pst. av utsleppa av klimagassar, og sidan 1990 er utsleppa reduserte med vel 20 pst. Jordbruket sin del av norske klimagassutslepp var i overkant av 8 pst., og er redusert med nesten 11 pst. frå 1990. Utslepp frå jordbruket er tett knytte til husdyrhaldet og talet på drøvtyggjarar har stor betydning for utsleppsnivået. Derfor varierer jordbrukets utsleppsdel òg mykje mellom landa, avhengig av ressursgrunnlag og struktur. Typiske verkemiddel både i Noreg og EU er reguleringar for handtering av gjødsel og rådgivning og informasjonstiltak. God agronomi og effektiv matproduksjon er viktig for å minimere utslepp per produsert eining. I Noreg og enkelte andre land er det innført CO2-avgift på bruk av fossilt brensel i jordbruket.

Utslepp i ikkje kvotepliktig sektor i Noreg

Noreg inngår ikkje i Kommisjonens forslag til innsatsfordeling, men Noreg sitt mål er omtalt i eit innleiande avsnitt i EU-kommisjonens forslag til forordning for innsatsfordeling. Kommisjonen peiker på at Noregs høge brutto nasjonalprodukt per innbyggjar tilseier at Noreg får mål om å redusere utsleppa i ikkje kvotepliktig sektor med 40 pst. Det endelege talet vil òg bli sett i lys av kva det kostar å redusere utslepp i Noreg samanlikna med kostnadene i andre europeiske land. EU-kommisjonens forslag inneber at Noreg får eit utsleppsbudsjett for kvart av åra i perioden 2021-2030, med oppgjer kvart femte år. Basert på framskrivingar i Nasjonalbudsjettet 2015, vil Noreg med eit mål på 40 pst. anslagsvis måtte medverke med utsleppsreduksjonar på til saman oppmot 60 millionar tonn CO2-ekvivalentar over heile perioden. Anslaget er usikkert og kan bli endra når ein får meir informasjon om utsleppsutviklinga. I omtala av Noreg i innleiinga til Kommisjonens forslag går det fram at Noreg vil få tilgang til fleksibilitet på linje med EU-landa. På bakgrunn av storleiken vår og høge kostnader må ein rekne med at Noreg får høve til eingongsuttak av kvotar i det europeiske kvotesystemet for å møte ei forplikting for ikkje kvotepliktig sektor. Forslaget til regelverk for bokføring av utslepp, netto opptak og bruk av skogkredittar er komplekst, og per i dag er det usikkert om og i kor stor grad Noreg vil kvalifisere for bruk av slike kredittar.

Kommisjonen har førebels ikkje gjennomført berekningar for Noreg, men våre eigne framskrivingar viser at utsleppa i 2030 kan bli liggjande 2¼ pst. lågare enn i 2005 med ei vidareføring av politikken som vart ført på berekningstidspunktet i 2014, jf. tabell 9.7. Tabellen viser òg korleis Miljødirektoratet, med utgangspunkt i utsleppsframskrivingane i Nasjonalbudsjettet 2015, har anslått utsleppa i 2030 fordelte på enkeltsektorar. Det er betydeleg uvisse knytt til slike anslag for utsleppsbaner i enkeltsektorar, og tala må sjåast på som grove illustrasjonar. Det må òg takast omsyn til at framskrivingane ikkje fangar opp ny informasjon eller endringar i klimapolitikken gjennom dei to siste åra. For eksempel har auka bruk av nullutsleppsbilar gått vesentleg raskare enn det framskrivingane byggjer på, og reglane for bruk av mineralolje til oppvarming av bygningar skal strammast inn. Oppdaterte utsleppsframskrivingar vil bli presenterte i Perspektivmeldinga 2017.

Tabell 9.7 Utslepp av klimagassar1 og framskrivingar for ikkje kvotepliktig sektor. Mill. tonn CO2-ekvivalentar

1990

2005

2014

2030

Prosentvis endring 2005–2030

I alt

28,8

27,8

27,5

27,2

-2,1

Transport

12,5

14,9

15,4

16,1

7,7

Vegtransport

7,8

9,7

10,2

10,4

7,4

sjøfart/fiske

3,3

3,5

3,0

3,4

-1,8

innanriks luftfart

0,2

0,2

0,3

0,3

12,7

andre mobile utslepp

1,3

1,6

2,0

2,0

29,6

Jordbruk

4,9

4,7

4,4

4,4

-6,1

Oppvarming av bygningar

2,7

1,9

1,3

1,3

-34,0

Avfall

2,1

1,4

1,2

0,5

-59,9

Avfallsforbrenning/Energiforsyning

0,4

0,5

1,0

0,8

50,8

Andre ikkje kvotepliktige utslepp

6,1

4,3

4,3

4,1

-5,5

memo:

Opptak i skog

-10,1

-25,1

-25,4

-21,2

-15,5

Befolkning (mill. personar)

4,3

4,6

5,2

6,0

29,1

1 Fremskrivingane bygger på nasjonalbudsjettet for 2015, justert for oppdaterte GWP-verdiar.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå, Miljødirektoratet og Finansdepartementet.

Dei ikkje kvotepliktige utsleppa frå transport og jordbruk er i framskrivingane venta å halde seg om lag på dagens nivå fram mot 2030.

Utsleppa frå transportsektoren inkluderer vegtrafikk, kysttrafikk, fiske, anleggsmaskiner og traktorar med meir. Vegtrafikken står for meir enn 60 pst. av utsleppa frå transport. Desse utsleppa har vore forholdsvis stabile sidan 2007 etter ein vekst på 30 pst. frå 1990 til 2007. I framskrivinga er det føresett at utviklinga sidan 2007 held fram. Det inneber at personbiltrafikken aukar med folketalet, men utsleppa held seg ganske uendra som følgje av mindre utsleppsintensiv bilpark. I framskrivinga er det venta svak nedgang i utsleppa frå kysttrafikk, fiske og anleggsmaskiner og traktorar. Då framskrivinga vart utarbeidd i 2014 vart det lagt til grunn 70-80 000 nullutsleppsbilar i 2030. Innfasinga har gått vesentleg fortare enn lagt til grunn. Det medverkar til lågare utslepp framover.

I framskrivinga er det lagt til grunn at utsleppa frå jordbruket aukar marginalt frå 2014 til 2030 – etter ein nedgang på 11 pst. frå 1990. Metangass frå husdyra si fordøying (stort sett frå storfe og sau) står for noko over 50 pst. av utsleppa. I framskrivinga er det føresett at jordbruket skal dekkje matbehovet til 6,7 mill. menneske og at sjølvforsyningsgraden vert halden ved lag på dagens nivå.

Ikkje kvotepliktig sektor omfattar òg mindre kjelder i petroleumsverksemd og industri, oppvarming i hushald og andre næringar, avfallsdeponigass, fluorgassar, energiforsyning med fleire. Det er først og fremst utsleppa av avfallsdeponigassar og fluorgassar som står for nedgangen i utsleppa etter 2014 og fram mot 2030.

Opptaket av karbon i norsk skog var i 2014 på 30,8 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Dei andre fem arealkategoriane i sektoren står til saman for eit utslepp på om lag 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar; dyrka mark, beite, vatn og myr, busetnader og anna utmark. For heile sektoren var det samla netto opptaket i 2014 på 25,4 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Framskrivingar viser venta lågare opptak av karbon i norsk skog framover og dermed lågare samla CO2-opptak i sektoren. Kommisjonens forslag inneber at det skal leggjast til grunn ei referansebane for ståande skog og at berre nye tiltak utover referansebana kan krediterast, og då innanfor eit tak på 3,5 pst. av landets samla utslepp i referanseåret. Eit lågare opptak enn basislinja vil gå fram som eit utslepp.

Illustrasjon av utsleppsreduksjonar og kostnader ved å nå klimamål

Alle større internasjonale analysar av klimautfordringa viser at å etablere ein pris på utslepp av klimagassar er heilt avgjerande for å redusere utsleppa i tilstrekkeleg omfang. Når forureinar betaler, medverkar det til utsleppsreduserande endringar i produksjons- og forbruksmønster og til utvikling og spreiing av klimavennleg teknolog. For at dei globale kostnadene ved å nå ambisiøse klimamål skal bli så låge som mogleg, er det viktig å innføre ein tilstrekkeleg høg CO2-pris som omfattar flest mogleg kjelder og område. Prinsippet om kostnadseffektivitet er nedfelt i FNs klimakonvensjon.

Det finst ei rekkje ulike utrekningar om kva som er nødvendig karbonpris for å nå togradersmålet. Den siste hovudrapporten frå FNs klimapanel inneheld ei oppsummering av slike analysar. Dei modellberekna prisbanene spriker, spesielt langt fram i tid. For 2030 varierer anslaget frå 200 kroner til 3000 kroner. Nivået er spesielt avhengig av ulike føresetnader om teknologiutvikling. Gjennomsnittsprisen i desse analysane er 770 kroner i 2030, sjå NOU 2015:15 Sett pris på miljøet. Tilsvarande tal for 2050 er 1950 kroner.

For eit lite land som Noreg vil utviklinga av teknologi internasjonalt vere heilt avgjerande for høvet vårt til å kunne redusere utsleppa i særleg omfang. Noreg medverkar allereie og vil òg framover medverke til slik teknologiutvikling. I ein studie frå 2013 finn Statistisk sentralbyrå at utsleppsreduksjonane i Noreg blir tre gonger så store dersom heile verda tilpassar seg prisar på utslepp i tråd med eit togradersmål enn i ein situasjon der Noreg åleine innfører slike prisar. Dette skuldast i hovudsak at høg pris i berre eitt land berre gir små insentiv for omverda til å utvikle ny, klimavennleg teknologi, fordi marknaden for slike løysingar då er liten. Rapporten peiker vidare på at ein strengare klimapolitikk i Noreg enn i andre land vil svekke konkurranseevna til norske verksemder som opererer i internasjonale marknader.

Dei årlege utsleppa i norsk ikkje kvotepliktig sektor er i dag om lag 27 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Ein utsleppsreduksjon på 40 pst. frå 2005 til 2030 inneber at utsleppa ikkje skal overstige 16,6 mill. tonn i 2030. Dette er om lag 10,5 mill. tonn lågare enn anslått i 2030. Utsleppa kan reduserast med ein kombinasjon av utsleppsreduksjonar nasjonalt og i andre europeiske land.

Nedanfor er omtalt moglegheitsrommet for ein slik reduksjon med utgangspunkt i makroanalysar frå Statistisk sentralbyrå, og ei sektorvis utgreiing basert på Miljødirektoratet2 sine rapportar. Både størrelsen på reduksjonane og anslag for kostnader er omtalte.

I ein studie frå 2016 analyserer Statistisk sentralbyrå, ved hjelp av endringer i CO2-avgifta, kor høg kostnaden på marginen kan bli dersom utsleppa i ikkje kvotepliktig sektor i Noreg skal reduserast med rundt 40 pst. i 2030 i forhold til 2005. Aktørane blir stilte overfor valet mellom å betale avgift, bruke innsatsfaktorar som forureinar mindre (for eksempel elektrisitet), skalere ned produksjon eller forbruk eller investere i ny teknologi med lågare eller ingen utslepp. Utrekningane viser på den måten at avgifta på alle kjelder gradvis må aukast til 4800 kroner flatt per tonn CO2 for at utsleppa i ikkje kvotepliktig sektor skal kunne reduserast med rundt 10 mill. tonn i 2030, tilsvarande om lag 40 pst. reduksjon frå 2005. Det er då lagt til grunn at denne einskapelege CO2-avgifta erstattar andre verkemiddel i ikkje kvotepliktig sektor som for eksempel fritaket for meirverdiavgift på elbilar og andre subsidieordningar. Ei einsidig samanlikning av Statistisk sentralbyrås resultat med dagens avgiftsnivå overvurderer dermed anslaget på meirkonstnadene ved å redusere utsleppa med 40 pst. i 2030. Dersom ein anslår at desse tiltaka med kostnader på opp mot 4800 kroner per tonn skal utløysast gjennom CO2-avgifta åleine, vil nivået på CO2-avgifta i 2030 tilsvare at drivstoffprisane blir meir enn dobla frå dagens nivå. Eit slikt avgiftsnivå i Noreg åleine vil kunne føre til betydeleg karbonlekkasje og påleggje norsk næringsliv, særleg den delen som er lokalisert i distrikta, betydelege ekstrakostnader.

Av analysen går det fram at utsleppsreduksjonar innanlands på 30 og 20 pst. i 2030 samanlikna med 2005 reduserer marginalkostnaden til respektive 3000 kroner og 1800 kroner per tonn. Rapporten er utarbeidd før forslaget til forordning om innsatsfordeling kom, og ingen scenario reflekterer forslaget fullt ut. Modellen er aggregert og eignar seg ikkje til å vurdere kostnader ved verkemiddel som er retta mot enkeltsektorar. Avgifter er uansett eit hovudelement i ein kostnadseffektiv bruk av verkemiddel. Analysen anslår kva det på marginen kan koste å redusere utsleppa i Noreg i eit slikt omfang på ein kostnadseffektiv måte. Gjennomsnittskostnadene vil vere lågare. Resultatet er følsamt for modelleringa av kostnadene ved å investere i ny teknologi, særleg i transportsektoren. Modellen har ei summarisk beskriving av desse forholda. Raskare teknologiutvikling enn lagt til grunn vil bringe kostnadene ned. Ei forenkling i modellen er at venta produksjonsnivå i landbruket i Noreg er anteke å vere upåverka av CO2-avgiftsnivået. Dette vil kunne påverke resultata.

Ved å samarbeide om utsleppsreduksjoner med land i EU vil kostnadene ved slike reduksjonar kunne jamnast ut mellom land og etterspørselen etter nye teknologiar bli større. Dersom heile EU samarbeider for å nå 2030-målet for ikkje kvotepliktig sektor, vil kostnaden på marginen ifølgje Statistisk sentralbyrå kunne liggje på rundt 2000 kroner per tonn i 2030, utan bruk av annan fleksibilitet. Studien til Statistisk sentralbyrå viser vidare at med full fleksibilitet mellom kvotepliktig sektor og ikkje kvotepliktig sektor kan 2030-måla for både EU og Noreg bli nådde til ein kostnad av 450 kroner i 2030. EU-kommisjonen anslo i 2014 at forslaget om 40 pst. utsleppsreduksjon samanlikna med 1990 kunne nåast til ein marginalkostnad på 360-470 kroner per tonn.

Figur 9.3 Utsleppsbaner for tiltakspakkar 1, 2 og 3 mot 2030 for ikkje kvotepliktig sektor.

Figur 9.3 Utsleppsbaner for tiltakspakkar 1, 2 og 3 mot 2030 for ikkje kvotepliktig sektor.

Figuren er henta frå Miljødirektoratets rapport M229 og er basert på den kunnskapen ein hadde i 2014, med tilhøyrande uvisse. Nyare kunnskap tyder for eksempel på at det er mogleg å oppnå same reduksjonar frå transportsektoren med vesentleg mindre biodrivstoff. Det er òg verd å merke seg at tiltakspakkane ikkje er sortert på kostnader aleine, men på kostnadar og gjennomførbarhet. Til dømes ligg tiltaket «Personbilar: 100 pst. av nybilsalet i 2025 er el- eller hydrogenbiler» i tiltakspakke 3 sjølv om tiltaket ligg i kostnadskategori 2 (500–1500 kr).

Kjelde: Miljødirektoratet

Miljødirektoratet har utarbeidd anslag for dei samfunnsøkonomiske kostnadene ved utsleppsreduserande tiltak, med utgangspunkt i analysar av det tekniske potensialet for utsleppsreduksjonar på detaljert nivå, såkalla tiltaksanalysar. I rapporten "Kunnskapsgrunnlag for lavutslippsutvikling" (rapport M229, 2014) delte Miljødirektoratet tiltaka inn i tre kategoriar. I tiltakspakke 1 la dei tiltak med venta kostnadar opp til 500 kroner per tonn CO2-ekvivalent redusert, og som samtidig er vurderte som forholdsvis enkle å gjennomføre. Tiltakspakke 2 inkluderer tiltak med venta kostnadar opp til 1 500 kroner per tonn CO2-ekvivalent og som er vurderte som enkle eller middels krevjande å gjennomføre. Tiltakspakke 3 inkluderer nesten alle tiltaka som har blitt utgreidde, òg tiltak med kostnadar over 1 500 kroner per tonn og som vil vere krevjande å gjennomføre. Dei tre tiltakspakkane blei vurderte å kunne gi høvesvis 24 pst., 37 pst. og 44 pst. utsleppsreduksjon i 2030, jf. figur 2. Omtala nedanfor gjeld tiltakspakke 2.

Miljødirektoratet legg til grunn at utsleppa i ikkje kvotepliktig sektor kan reduserast med 37 pst. i 2030 samanlikna med nivået i 2005 til ein kostnad på maksimalt 1500 kroner per tonn CO2. Reduksjonen i 2030 svarer til 9,6 mill. tonn, og der heile 80 pst. er føresett gjennomført i transportsektoren. Det nest største bidraget kan komme frå utfasinga av bruk av mineralolje til oppvarming av bygningar.

Analysane frå Statistisk sentralbyrå og Miljødirektoratet viser at det er stor uvisse knytt til talfesting av kostnadene for å nå ambisiøse mål for ein liten økonomi som i Noreg. Det ein legg til grunn både for innretninga av klimapolitikken internasjonalt og for utviklinga av klimavennleg teknologi er avgjerande. For ikkje kvotepliktig sektor, der transport er den dominerande utsleppskjelda, er Noreg heilt avhengig av den teknologiutviklinga som skjer i andre land og kostnadene ved slik teknologi vil vere avgjerande for kostnadene også i Noreg. For eksempel er kostnadene ved elbilsatsinga betydeleg i dag. Skulle elbilar bli konkurransedyktige med fossile bilar allereie i 2022, slik Bloomberg New Energy Finance ventar, vil sjølvsagt kostnadene bli lågare.

Nærare om enkeltsektorar

Transport

Miljødirektoratet legg i sin analyse blant anna til grunn at alle personbilar, varebilar og bybussar som blir selde i 2030 må vere utsleppsfrie. Til samanlikning har delen nullutsleppsbilar vore på 10-15 pst. av nybilsalet hittil i år. Også bruken av biodrivstoff er føresett å auke betydeleg, med ei innblanding på 20 pst. i både vegtrafikk og i innanriks luftfart. Transportutsleppa blir halverte frå 2005 til 2030 i denne tiltakspakken. Transportetatane har lagt Miljødirektoratets analysar til grunn i sin klimastrategi, som vart utarbeidd som eit innspel til nasjonal transportplan for 2018-2029. Klimastrategien gir slik uttrykk for eit anteke teknisk potensial for utsleppsreduksjonar. Både Miljødirektoratet og transportetatane understrekar uvissa i overslaga.

På bakgrunn av salsutviklinga dei siste åra kan det vere realistisk at ein når målet om at nye bilar som blir selde i 2020 ikkje skal sleppe ut meir enn 85 gram CO2 per kilometer.

Våren 2017 skal forslaget til Nasjonal transportplan 2018-2029 leggjast fram for Stortinget. Klima vil vere eit viktig tema i meldinga, og behovet for tiltak og verkemiddel i transportsektoren vil mellom anna drøftast der. Stortinget har i meldinga bede Regjeringa om å setje måltal for talet på låg- og nullutsleppskøyretøy i vegtrafikken, under dette personbilar, varebilar, buss og tunge køyretøy, i 2025, som følgjer vedtekne klimamål og det teknologiske potensialet frå fagetatane. I alle storbyområde skal auken i persontransporten skje med kollektiv transport, sykkel og gange (nullvekstmålet). Nullvekstmålet legg òg sterke føringar på planlegginga av framtidas transportløysningar. Kommunar og fylke spelar ei viktig rolle for å lykkast med klimapolitikken. Gjennom bymiljøavtalene kan staten medverke i tillegg til dei generelle rammevilkåra.

Jordbruk

Reduserte utslepp av klimagassar, auka lagring av karbon og gode klimatilpassingar inngår i målstrukturen for landbrukspolitikken, jf. Prop. 1 S 2015-2016. Jordbruket sine utslepp av metan og lystgass var i 2014 om lag 4,4 mill. tonn CO2-ekvivalentar, ein nedgang på om lag 11 pst. sidan 1990. I tillegg kjem utslepp kategoriserte i arealbruksektoren (karbontap frå organisk jord), og utslepp frå bruk av fossilt drivstoff til traktorar og andre maskiner. I ein rapport frå februar 2016 om landbruk og klimaendringar3 vart potensialet for utsleppskutt i jordbrukssektoren anslege til 15 pst. frå 2015 og fram til 2030, gitt dagens jordbruksstruktur og matproduksjon. Når utslepp frå transport, bygningar og areal i jordbruket vert inkludert er potensialet for utsleppsreduksjon anslege til å vere inntil 20 pst. fram til 2030. Rapporten omtaler ulike tiltak for å realisere potensialet for utsleppsreduksjonar, blant anna klimavennleg husdyrdrift og miljøvennleg gjødselhandtering. Det er stor uvisse knytt til desse tiltaka, og dei må utgreiast nærare for å finne kostnader, og i kor stor grad dei kan gjennomførast og målast. Miljødirektoratet legg i sin analyse til grunn at overgang til eit meir klimavennleg kosthald med redusert bruk av raudt kjøt vil kunne medverke til reduserte utslepp, dersom det òg fører til redusert norsk produksjon av raudt kjøt. I Noreg blir det i dag produsert mindre storfekjøt enn det som blir brukt, og om lag 12 pst. av konsumet er dekt av import. Ein del av klimapåverknaden frå jordbruket er knytt til arealbruken. Utslepp frå dyrka myr (organisk jord) utgjorde om lag 1,75 mill. tonn CO2 i 2013. Tilførsel av biokol til jordsmonn, restaurering av myr og stans i nydyrking av myr er tiltak som er utgreidde for å redusere tapet av karbon frå jordbruksjord. Behovet for styrkt verkemiddelbruk vil bli vurdert blant anna i arbeidet med den varsla stortingsmeldinga om jordbrukspolitikken.

Andre ikkje kvotepliktige utslepp

Det største potensialet for utsleppsreduksjonar frå oppvarming av bygningar er i å implementere det varsla forbodet mot å fyre med mineralolje i bygningar frå 2020. I industrien er det potensial for utsleppsreduksjonar blant anna gjennom energieffektivisering, omlegging frå fossil til fornybar energi og auka bruk av trekol i silisiumkarbidindustrien. Nye tiltak som potensielt kan redusere utsleppa av HFK-gass er implementering av EUs reviderte f-gassforordning og ei eventuell internasjonal regulering under Montrealprotokollen. I petroleumssektoren kan mellom anna tiltak for å gjenvinne metangass og til ein viss grad ulike tekniske tiltak for å redusere lekkasjar m.v, redusere utsleppa. Auka materialgjenvinning av plast og tekstilar kan gjere mogleg utsleppsreduksjonar frå avfallsforbrenning/energiforsyning.

Utfasing av fossil fyringsolje som grunnlast i statlege bygg – vedtak nr. 43, 1. desember 2014

1. desember 2014, ved behandlinga av tilleggsinnstilling frå finanskomiteen (Innst. 2 S Tillegg 1 (2014–2015)), jf. Meld. St. 1 (2014–2015), Prop. 1 S (2014–2015), Prop. 1 S Tillegg 1 (2014–2015), Prop. 1 S Tillegg 2 (2014–2015) og Prop. 1 S Tillegg 3 (2014–2015) fatta Stortinget vedtak nr. 43:

«Stortinget ber regjeringen lage en helhetlig plan for utfasing av fossil grunnlast i alle statlige bygg.»

Det følgjer av klimaforliket, jf. Innst. 390 S (2011–2012), at fossil fyringsolje som grunnlast skal fasast ut av alle statlege bygg innan 2018. Det er lagt til grunn at dette skal forståast som at utfasinga skal gjennomførast innan utgangen av 2018. Med statlege bygg blir det i denne samanhengen forstått bygg som departementa eller underliggjande etatar/verksemder eig. Bygg som er eigde av statlege aksjeselskap blir i denne samanhengen ikkje rekna som statlege bygg. Fossil grunnlast er i denne samanhengen avgrensa til fossil olje brukt til grunnlast. Grunnlast er den varmekjelda som dekkjer hovuddelen av bygningane sitt varmebehov over året. Ofte dekkjer grunnlasta ca. 50 pst. av effektbehovet på dei kaldaste dagane og 85 pst. av varmebehovet over året. Anlegg der fossil olje berre blir brukt til spisslast, dvs. for å dekkje det varmebehovet grunnlasta ikkje dekkjer, inngår i hovudsak ikkje i oversikta under. Det er likevel ikkje alltid mogleg å skilje mellom grunnlast og spisslast, så tala kan også inkludere noko olje brukt til spisslast.

Det enkelte departementet har ansvar for å planleggje og gjennomføre utfasing i bygg som departementet eller underliggjande etatar/verksemder eig. Departementa har rapportert kor mange anlegg med fossil olje som grunnlast det enkelte departement eig og kor mykje olje som vart brukt i desse anlegga i 2014 og 2015, og dertil kor mange anlegg som er planlagt utfasa og kor mykje dette vil redusere bruken av olje. Under følgjer ei samanstilling av status ved utgangen av 2015 og planlagt utfasing frå og med 2016 til og med 2018, basert på rapportering frå departementa. Regjeringa tek sikte på å komme tilbake årleg med ei oppdatert oversikt over status og planar fram til utfasinga er fullført.

Status per 31.12.2015

Åtte departement eig sjølv, eller har underliggjande etatar/verksemder som eig bygg som har fossil fyringsolje som grunnlast.

Totalt er det rapportert om 219 fyringsanlegg med fossil olje som grunnlast ved utgangen av 2015. Det er 49 anlegg færre enn ved utgangen av 2014.

Utsleppa frå dei aktuelle anlegga er berekna til om lag 13 316 tonn CO2 i 2015. Det er en reduksjon på 2 800 tonn CO2 samanlikna med 2014. Utsleppa er berekna av Klima- og miljødepartementet på grunnlag av opplysningar om oljeforbruk rapporterte frå dei aktuelle departementa4. Fleire departement opplyser at det er noko usikkerheit i dei rapporterte tala. Metodikk og føresetnader som ligg til grunn for rapporteringane varierer òg mellom departementa. Tala som blir presenterte her, må derfor sjåast på som omtrentlege.

Tabellen under viser talet på fyringsanlegg med fossil olje som grunnlast og utsleppa frå desse anlegga, fordelt på dei ulike departementa.

Tabell 9.8 Fyring med fossil olje som grunnlast i statlege bygg, status per 31.12.2014 og 31.12.2015:

Departement

Tal anlegg med fossil olje som grunnlast per 31.12.14

Utslepp i 2014 (tonn CO2)

Tal anlegg med fossil olje som grunnlast per 31.12.15

Utslepp i 2015 (tonn CO2)

Forsvarsdepartementet1

117

10 861

128

10 278

Helse- og omsorgsdepartementet

42

2 018

29

1 550

Justisdepartementet

4

37

4

54

Kommunal- og moderniseringsdepartementet

22

1 559

6

224

Kulturdepartementet

45

482

25

268

Kunnskapsdepartementet

7

278

0

175

Landbruks- og matdepartementet

3

123

1

119

Samferdselsdepartementet

28

767

26

649

Sum

268

16 125

219

13 316

1 Tal anlegg i Forsvarsdepartementet er høgare i 2015 enn i 2014 fordi detaljkartleggjing har synleggjort fleire mindre anlegg.

Planar for utfasing

I 2016 er det fasa ut, eller planlagt fasa ut, 34 anlegg med fossil grunnlast. For 2017 og 2018 er det planlagt fasa ut 37 og 55 anlegg. Det er totalt rapportert om planar for utfasing av 126 av dei 219 anlegga som brukte fossil olje som grunnlast per 31.12.2015 innan utgangen av 2018. Dei aller fleste anlegga som ikkje er planlagt fasa ut innan 2018 er det Forsvarsdepartementet som eig. Justisdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet eig noen få anlegg der det ikkje er lagt planer for utfasing innan utgangen av 2018.

Forsvarsdepartementet har 83 anlegg som er planlagt fasa ut etter 2018. Det er planlagt at 28 anlegg blir fasa ut i 2019, og at 55 anlegg blir fasa ut i 2020. Resterande oljeforbruk etter 2020 vil berre utgjere spisslast. Planen for utfasing vil vere avhengig av resultat av behandling av langtidsplanen for Forsvaret, som blir behandla i Stortinget hausten 2016, og årlege løyvingar.

Justisdepartementet har 3 anlegg og Helse- og omsorgsdepartementet 7 anlegg der det ikkje ligg føre konkrete planar om utfasing. Helse- og omsorgsdepartementet grunngir dette med at det ikkje finst alternativ til olje til oppvarming av bygg på dei aktuelle lokasjonane.

Anlegga som blir fasa ut i 2016 er venta å gi ein årleg utsleppsreduksjon på om lag 2 600 tonn CO2. Anlegga som er planlagde fasa ut i 2017 og 2018 er venta å redusere dei årlege utsleppa med 3 800 og 3 500 tonn CO2. Når utfasinga er gjennomført i alle anlegga som det per i dag er lagt planar for, vil samla årleg utsleppsreduksjon vere om lag 9 900 tonn CO2. Det er ikkje teke omsyn til ev. utslepp frå dei energiberarane som erstattar fyringsoljen (f.eks. ved omlegging til gass eller fjernvarme).

Tabellen under viser talet på anlegg som er planlagt fasa ut i åra 2016–2018 og venta utsleppsreduksjonar som følgje av utfasinga, fordelt på dei ulike departementa. Venta utsleppsreduksjon er oppgitt som årleg reduksjon etter at utfasinga av dei aktuelle anlegga er gjennomført, dvs. at anlegg som blir fasa ut i 2016 vil gi ein utsleppsreduksjon som oppgitt i tabellen årleg frå og med 2017 mens utsleppsreduksjonen i 2016 vil vere mindre, avhengig av når anlegga blir fasa ut i løpet av året.

Tabell 9.9 Planlagt utfasing av fossil olje som grunnlast 2015–2018:

2016

2017

2018

Departement

Tal anlegg som er planlagt fasa ut

Årleg utsleppsreduksjon (tonn CO2)

Tal anlegg som er planlagt fasa ut

Årleg utsleppsreduksjon (tonn CO2)

Tal anlegg som er planlagt fasa ut

Årleg utsleppsreduksjon (tonn CO2)

Forsvarsdepartementet

1

1 713

13

3 212

31

2 677

Helse- og omsorgsdepartementet

4

94

8

431

10

552

Justisdepartementet

1

-

-

-

-

-

Kommunal- og moderniseringsdepartementet

6

224

-

-

-

-

Kulturdepartementet

8

86

8

86

9

96

Kunnskapsdepartementet

-

-

-

-

-

-

Landbruks- og matdepartementet

1

76

-

-

-

-

Samferdselsdepartementet

13

389

8

94

5

166

Sum

34

2 582

37

3 822

55

3 491

Verkemiddel for reduksjon av lokal luftforureining – vedtak 574, 2. juni 2015 og vedtak nr. 101, 3. desember 2015:

Ved behandlinga av innstilling frå energi- og miljøkomiteen om representantforslag frå stortingsrepresentant Une Aina Bastholm om forsvarlege grenseverdiar for svevestøv, gjorde Stortinget den 2. juni 2015 følgjande vedtak nr. 574:

«Stortinget ber regjeringen legge frem en sak for Stortinget med tiltak for å redusere svevestøv og annen luftforurensning til nye grenseverdier og videre til et trygt nivå – i tråd med Miljødirektoratets anbefalinger til nasjonale mål i brev av 28. februar 2014. Tiltakene må utarbeides i tett samarbeid med berørte kommuner.»

I oppmodingsvedtaket blir regjeringa bedt om å gjere greie for tiltak for å redusere svevestøv og anna luftforureining til nye grenseverdiar. Frå januar 2016 trådde det i kraft nye grenseverdiar for svevestøv. Tilvisinga til anna luftforureining i denne samanhengen er noko uklar. Det er naturleg å tolke vedtaket slik at det blir bedt om ei utgreiing om tiltak som kan redusere både svevestøv og konsentrasjonane av NO2 ned til nogjeldande grenseverdiar.

I oppmodingsvedtak 574 blir regjeringa også bedt om å gjere greie for tiltak for å redusere svevestøv og anna luftforureining til eit trygt nivå – i tråd med Miljødirektoratets tilrådingar til nasjonale mål i brev av 28. februar 2014. Tilvisinga til brevet av 28. februar 2014 er ei tilvising til ein rapport utarbeidd av Miljødirektoratet, Vegdirektoratet, Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet (heretter rapport M-129), der direktorata kom med forslag til langsiktige helsebaserte nasjonale mål og reviderte grenseverdiar for lokal luftkvalitet. I denne rapporten foreslo direktorata nye nasjonale mål for svevestøv og NO2, fastsett på eit nivå som blir sett på som trygg luft.

Oppmodingsvedtaket må forståast slik at regjeringa skal gjere greie for tiltak for å redusere svevestøv og anna luftforureining ned til desse føreslåtte nye nasjonale måla for lokal luftkvalitet.

Regjeringa har endra det nasjonale målet for lokal luftkvalitet frå 1. januar 2017 i tråd med tilrådinga frå direktorata.

Nytt nasjonalt mål for lokal luftkvalitet frå 1. januar 2017 er som følgjer:

Å sikre trygg luft. Basert på dagens kunnskapsstatus blir følgjande nivå sett på som trygg luft:

  • Årsmiddel PM10: 20 µg/m3

  • Årsmiddel PM2,5: 8 µg/m3

  • Årsmiddel NO2: 40 µg/m3

Det er anleggseigaren som medverkar til forureininga som er ansvarleg for å setje i verk tiltak, og som avgjer kva tiltak som skal setjast i verk. Det er anleggseigaren som etter forureiningsforskrifta § 7-3 har ansvar for å gjennomføre nødvendige tiltak for å sikre at grenseverdiane blir overhaldne. Kommunane er forureiningsstyresmakt etter forureiningsforskrifta og kan utferde pålegg og påleggje sanksjonar.5 Kommunane kan likevel ikkje påleggje konkrete tiltak eller verkemiddel. Ettersom det er anleggseigaren som avgjer kva konkrete tiltak som skal setjast i verk, er det ikkje mogleg å føreseie kva slag tiltak som vil bli nytta.

Det er ikkje fastsett målår, verken for gjeldande eller nye nasjonale mål.

Det at det ikkje er knytt eit målår til måla gjer at det er vanskeleg å seie noko konkret om kva tiltak som vil måtte setjast i verk for at måla skal nåast. Det er eksempelvis truleg at teknologiutviklinga for køyretøy på sikt vil medføre ei viss betring av luftkvaliteten uavhengig av om det blir sett i verk tiltak eller ikkje. Ei oppfylling av måla i 2020, som er relativt nær i tid, vil dermed føresetje at det blir sett i verk fleire tiltak enn ei måloppnåing lenger fram i tid.

Det er dermed utfordringar knytte til å seie noko om kva konkrete tiltak som vil vere nødvendige for å nå dei nye nasjonale måla, men vi kan seie noko om kva tiltak som kan vere aktuelle.

Miljødirektoratet og Vegdirektoratet fekk som ledd i oppfølging av oppmodingsvedtaket eit felles oppdrag frå Samferdselsdepartementet og Klima- og miljødepartementet om å beskrive kva tiltak som må til for å nå dei nye nasjonale måla (notat frå 4. mai 2016). NILU har i samband med oppdraget rekna ut effekten av reduksjonar i tal forureinande dieselbilar og reduksjonar i vedfyring, når det gjeld NO2 og PM2,5 (sjå NILUs notat «Vurdering av oppnåelse av forslag til reviderte nasjonale mål –modellering av scenarier») PM10 er allereie godt beskrive i rapport M-129.

Direktorata har i sine rapportar gjort utrekningar opp mot år 2020 og 2024. Verken eksisterande nasjonale mål eller nye mål er knytte til eit bestemt år. Direktorata har derfor i sine utgreiingar teke utgangspunkt i år som dei hadde tilgjengeleg talmateriale for. Det er viktig å vere klar over at direktorata i sine utgreiingar har teke utgangspunkt i målår som er relativt nær i tid, ettersom dette vil kunne ha betydning blant anna for kostnadsnivået som er lagt til grunn. Det er ikkje fastsett eit slikt målår for dei nasjonale måla.

Tiltak for å redusere konsentrasjonane av NO2

Forureiningsforskriftas grenseverdi og nye nasjonale mål for NO2 årsmiddel er 40 µg/m3. Områda markert med rødt i figur 9.4 markerer nivå over grenseverdi jf. nye nasjonale mål.

Grenseverdien for NO2 timesmiddel er 18 timar over 200 µg/m3. Det er berre Oslo som har brot på NO2 timesmiddelkonsentrasjon. Oslo har hatt overskridingar i alle år utanom 2014, og hadde 23 overskridingar i 2015 – tillate tal er 18.

Figur 9.4 Årsmiddel NO2
 2010–2015

Figur 9.4 Årsmiddel NO2 2010–2015

Vurderingane som er gjennomførte av direktorata i «Notat – anmodningsvedtak vedrørende nye grenseverdier og anbefalte nasjonale mål for svevestøv» og NILU viser at for Oslo kommune vil tiltak som medverkar til ei rask utskifting av tunge eldre kjøretøy og ein reduksjon i talet på dieselbilar, og auka del av el-bilar og plug-in hybridbilar gi ein betydeleg reduksjon i årsmiddelverdiane for NO2.

Gjennomføring av slike tiltak vil langt på veg medverke til å nå dei nasjonale måla og grenseverdien innan referanseåret 2020. Verkemiddel som kan medverke til å nå nye nasjonale mål er blant anna lågutsleppsoner, miljødifferensierte bompengar, generelle trafikkreduserande tiltak og tiltak som medverkar til reduserte utslepp frå skip (for eksempel landstraum). Det er dermed framleis behov for å implementere verkemiddel for å nå målet og grenseverdien i fleire norske byar. Det er særleg verkemiddel retta mot køyretøyparken som er aktuelle for å redusere utslepp av NO2.

Tiltak for å redusere konsentrasjonane av PM10

Trafikk utgjer det største bidraget til PM10-konsentrasjonane, og det relative bidraget er for eksempel i Oslo 37 pst. mens vedfyring medverkar med 18 pst.

Grenseverdien for døgnmiddelkonsentrasjonen av PM10 er frå 1. januar 2016 30 dagar over 50 µg/m³. I 2015 hadde ingen byar overskridingar av denne grenseverdien. Grenseverdien for årsmiddelkonsentrasjonen av PM10 er frå 1. januar 2016 25 µg/m3. Nye nasjonale mål er 20 µg/m3. I figur 9.5 markerer områda markert med rødt nivå av grenseverdi og områda markert med oransje nivå av nye nasjonale mål.

Figur 9.5 Årsmiddel PM10
 2010–2015

Figur 9.5 Årsmiddel PM10 2010–2015

Av rapport M-129 går fram at direktorata vurderte det slik at ei innskjerping av grenseverdien for PM10 til 25 µg/m3 i årsmiddel, og maksimalt 30 tillatne overskridingar av døgnmiddelkonsentrasjon på 50 µg/m3 ville vere samfunnsøkonomisk lønnsam. Grenseverdien vart skjerpa inn i tråd med forslaget frå 1. januar 2016. Direktorata vurderte det slik at innskjerpinga av grenseverdiane for PM10 berre ville utløyse tiltak for Trondheim og verste stasjon i Oslo, og direktorata venta at svært få tiltak ville bli utløyste av denne grenseverdien.

I rapport M-129 går fram at direktorata meinte ein årsmiddelkonsentrasjon av PM10 på 20µg/m3 å vere trygg luft.

Det følgjer av rapport M-129 at det er mogleg å redusere årsmiddelkonsentrasjonen av PM10 ned til ca. 22 µg/m3 ved hjelp av samfunnsøkonomisk lønnsame tiltak, med unntak for den verste stasjonen i Trondheim. Sjølv om tiltaka mot verste stasjon i Trondheim potensielt kan vise seg å vere ulønnsame isolert sett, såg direktorata det slik at ein reduksjon av grenseverdien til 22 µg/m3 ville utløyse såpass mange lønnsame tiltak i dei andre byane at den totale effekten likevel kunne ventast å vere positiv. Dei aktuelle tiltaka som vart vurderte som samfunnsøkonomisk lønnsame var betre støvfjerning kombinert med støvbinding, redusert bruk av piggdekk, ettermontering av partikkelfilter på bygg- og anleggsmaskiner, forsert utskifting av gamle vedomnar med overgang til reint brennande omnar/pelletskamin. I tillegg vart redusert fart på utvalte vegar om vinteren vurdert å vere eit lønnsamt tiltak i Oslo.

Det nye nasjonale målet er sett til ein årsmiddelverdi for PM10 på 20 µg/m3, og det skil såleis berre 2 µg/m3 mellom det nyemålet og 22 µg/m3 som direktorata vurderte i rapport M-129. Det vil alltid vere ei viss usikkerheit knytt til denne typen utrekningar, og ein forskjell på 2 µg/m3 må antakast å liggje innanfor eit pårekneleg usikkerheitsintervall. Det er dermed mogleg at tiltaka beskrivne i M-129 vil vere tilstrekkelege for å nå ein årsmiddelkonsentrasjon av PM10 på 20µg/m3, men det vil kunne vere nødvendig å setje i verk ytterlegare tiltak.

Miljødirektoratet har på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet gjort enkelte tilleggsutrekningar som viser at det er sannsynleg at nye nasjonale mål for PM10 og PM2,5 kan nåast ved auka feiing og vasking og vedfyringstiltak.

Tiltak for å redusere konsentrasjonane av PM2,5

Grenseverdi for PM2,5 frå 1. januar 2016 er 15 µg/m3. Nye nasjonale mål er 8 µg/m3. Områda markert med rødt i figur 9.6 markerar nivå over grenseverdi og områda markert med oransje markerer også nivå over nye nasjonale mål.

I notatet utarbeidd av Miljødirektoratet og Vegdirektoratet6 peiker direktorata på at følgjande verkemiddel særleg kan medverke til å nå nytt helsebasert nasjonalt mål for PM2,5: Forsert utskifting av gamle vedomnar til nye vedomnar og pelletskaminar, betra fyringsteknikk, ettersyn og vedlikehald av nye vedomnar, redusert bruk av vedomnar, partikkelfilter på anleggsmaskiner, og trafikkrelaterte tiltak.

Figur 9.6 Årsmiddel PM2,5
 2010–2015

Figur 9.6 Årsmiddel PM2,5 2010–2015

1 Merk at dette ikkje er reele brot på grenseverdien, då denne trådde i kraft 1. januar 2016

Av notatet går fram at utrekningar viser at ved å redusere vedfyring med 30 pst. i Oslo vil talet eksponerte for PM2,5 bli redusert frå 420.000 til 180.000.

Utrekningane viser likevel at sjølv med 30 pst. reduksjon av utslepp frå vedfyring i Oslo, og vesentlege utsleppsreduksjonar knytte til trafikk, vil Oslo framleis ha overskridingar av dei nye nasjonale måla for PM2,5 i 2020. Dette skuldast hovudsakleg at bidraget frå omkringliggjande kommunar er betydeleg, særleg som følgje av vedfyringsutslepp.

Som nemnt under omtala av PM10 har Miljødirektoratet gjort tilleggsutrekningar som viser at det er sannsynleg at nye nasjonale mål for PM10 og PM2,5 kan nåast ved auka feiing og vasking og vedfyringstiltak.

Innspel frå aktuelle kommunar

Av oppmodingsvedtak 574 går fram at «Tiltakene må utarbeides i tett samarbeid med berørte kommuner.» I den samanhengen har Miljødirektoratet kontakta kommunar som inngår i målenettverket, og bedt om innspel på direktorata sine utgreiingar om tiltak som kan medverke til å nå dei nye nasjonale måla. I alt syv byområde har komme med innspel:

Trondheim, Stavanger, Bærum, Grenland (Porsgrunn og Skien), Nedre Glomma (Fredrikstad og Sarpsborg),Kristiansand og Bergen.

Det har komme ei rekkje innspel til tiltaka som er beskrivne av direktorata. Når det gjeld støvfjerning og støvbinding har det komme innspel knytte til at det er behov for rettleiingsmateriell om gjennomføring og «best practice» frå sentrale styresmakter. Kommunane peiker òg på at det ikkje nødvendigvis vil vere stor effekt av lågare fartsgrense i alle byane, då fartsgrensene kan vere låge i utgangspunktet. Vidare viser kommunane til at det er vanskelig å sjå effekt av areal- og transporttiltak allereie i 2020. Det er òg komme inn innspel knytte til at støtteordningar for å skifte ut vedomnar strider mot prinsippet «forureinar betaler», at effekten av informasjonstiltak retta mot betre fyringsteknikk, ettersyn og vedlikehald er usikker og at det er problematisk å avgrense vedfyring i dei kaldaste periodane om vinteren. Kommunane trekkjer fram at det er positivt at det kjem tydeleg fram at teknologiutvikling åleine ikkje kan medverke til reduserte NO2-nivå, men saknar meir om trafikkreduserande tiltak: kollektivsatsing, parkeringsrestriksjonar, innfartsparkering og auka satsing på gang og sykkel. Kommunane meiner at det er viktig at byane får høve til å ta verkemiddel i bruk raskast mogleg, og at dei kan nyttast i kombinasjon. I tillegg blir det i innspela stilt spørsmål ved at plug-in hybridbilar blir framheva som ein del av verkemidla for betre lokal luftkvalitet.

Kommunane spela òg inn følgjande forslag til tiltak som ikkje er omtalte i direktorata sine utgreiingar:

  • Tilrettelegging for tilkopling til fjernvarme (redusere vedfyring)

  • Støvdemping ved byggje- og anleggsarbeid

  • Tiltak som reduserer piggdekkbruken utanfor piggdekksesongen

  • Vegetasjon ved vegbana

Arbeid med nye verkemiddel

Ved behandling av innstilling frå finanskomiteen Innst. 2 S (2015–2016), jf. Meld. St. 1 (2015–2016), Prop. 1 S (2015–2016), Prop. 1 S Tillegg 1 (2015–2016) og Prop. 1 S Tillegg 2 (2015–2016) fatta Stortinget følgjande vedtak nr. 101:

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan kommunene kan få flere verktøy for å håndtere lokal luftforurensning som følge av biltrafikk m.m. i perioder der luftforurensningsverdiene overskrider eller står i fare for å overskride grenseverdiene angitt i forurensningsforskriftens kapittel 7 om lokal luftkvalitet.»

I oppmodingsvedtak 101 blir regjeringa bedt om å vurdere korleis kommunane kan få fleire verktøy for å handtere lokal luftforureining mv. Vi forstår vedtaket slik at det med fleire verktøy er sikta til kva slag verkemiddel kommunane har tilgjengeleg.

Det går føre arbeid i Samferdselsdepartementet for å få plass nye verkemiddel som kommunane kan ta i bruk i arbeidet for betre lokal luftkvalitet.

Samferdselsdepartementet jobbar blant anna med å gi kommunane høve til å miljødifferensiere via AutoPass, og leggje til rette for at det kan etablerast lågutsleppssoner med oblatordning. Det er i dag allereie heimel til å etablere lågutsleppssoner i form av forbod, men Samferdselsdepartementet sende den 28. juni 2016 eit forslag om sentral forskrift om lågutsleppssone for bilar på høyring. Forskriftsutkastet er basert på lovheimelen for lågutsleppssoner vedteken av Stortinget 3. mai 2016, og opnar for at kommunane kan innføre gebyrbaserte lågutsleppssoner. I tillegg har Samferdselsdepartementet fremja ein proposisjon for Stortinget (Prop. 140 L (2015–2016)) med forslag om å etablere ein heimel for løyvemyndigheitene som gjer det mogleg å fastsetje krav om at den som har, eller får tildelt, drosjeløyve må nytte køyretøy som har ei øvre grense for miljøskadelege utslepp. Vi anser vedtaket som utkvittert gjennom denne omtalen

Vedtak nr. 380, 3. februar 2015

Ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen (Innst. 145 S (2014–2015), jf. Dok. 8:55 S (2014–2015), fatta Stortinget 3. februar 2015 vedtak nr. 380:

«Stortinget ber regjeringen følge utviklingen i bruk av blyhagl, og innhente mer kunnskap om de helsemessige konsekvenser ved bruk av blyhagl på jakt.»

Klima- og miljødepartementet har gitt Miljødirektoratet i oppdrag å følgje utviklinga i bruk av blyhagl. Den beste måten å følgje utviklinga på er å følgje importmengda av blyhagl framover og setje utviklinga i samanheng med generell informasjon om trendar frå den fortløpande miljøovervakinga. Importen av blyhagl har auka sidan det generelle forbodet vart oppheva i juli 2015, men det er foreløpig for tidleg å seie noko om trendar og kor importnivåa vil leggje seg som følgje av at regelverket vart endra i 2015.

Bly inngår i fleire overvakingsprogram som måler nivå i vatn, luft, fisk, fugl, landlevande dyr mm, som seier noko generelt om spreiing av stoff som bly.

Dei helsemessige konsekvensane ved bruk av blyhagl til jakt er først og fremst knytte til at blyhagla i viltet fører til auka nivå av bly i viltkjøtet som seinare blir innteke som mat. Det er stor otte for helsemessige konsekvensar av sjølv svært låge konsentrasjonar av bly i blodet. Miljødirektoratet kjem til å følgje kunnskapsutviklinga om dei helsemessige konsekvensane. Regjeringa meiner at vedtaket er utkvittert.

Vedtak nr. 383, 3. februar 2015

I samband med behandling av Dok. 8:104 S (2013–2014), jf. tilråding romertal II i Innst. 146 S (2014–2015), fatta Stortinget 3.2.2015 vedtak nr. 383:

«Stortinget ber regjeringa arbeide for snarast mogleg internasjonal regulering og forbod mot dei farlegaste ikkje-regulerte giftstoffa i produkt tilgjengelege i Noreg, basert på oppdaterte faglege anbefalingar frå Miljødirektoratet. I tillegg ber ein regjeringa om å arbeide internasjonalt for at alle produkt som inneheld skadelege kjemikaliar, skal ha ein innhaldsdeklarasjon som viser kva slag stoff og mengda av desse som produkta inneheld.».

Regjeringa viser til foreløpig tilbakemelding i Revidert nasjonalbudsjett for 2016, sjå omtale side 100-101 i Prop. 122 S (2015–2016) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2016 av 11. mai 2016, som vart behandla i Stortinget 17. juni 2016 jf. Innst. 400 S (2015–2016) av 10. juni 2016.

Det blir gjort greie for oppfølging av vedtaket her, og med dette meiner regjeringa at vedtaket er utkvittert.

Om regulering av miljøgifter

Miljøgiftene på den norske prioritetslista omfattar dei farlegaste helse- og miljøfarlege kjemikaliane. Dei aller fleste av desse stoffa og stoffgruppene er allereie regulerte, i hovudsak gjennom EU/EØS-regelverket. Miljømyndigheitene arbeider kontinuerleg med å få på plass ytterlegare internasjonal regulering og forbod mot miljøgifter i produkt innanfor EU/EØS-området, med vekt på dei farlegaste stoffa og bruksområde der det er risiko for alvorlege helse- eller miljøeffektar. Miljødirektoratet har ei heilt sentral rolle i kjemikaliearbeidet nasjonalt og internasjonalt. Deira faglege vurderingar er førande for Noregs innsats på dette området.

Noreg medverkar aktivt til vidare utvikling av EUs kjemikalieregelverk og globale kjemikaliekonvensjonar, og er initiativtakar til ei rekkje nye reguleringar av farlege stoff. Ved deltaking i komitear og ekspertgrupper under dei globale konvensjonane og i det europeiske kjemikaliebyrået ECHA medverkar Noreg tungt i samarbeidet med andre lands myndigheiter for å få på plass nye reguleringar. Slikt internasjonalt arbeid er ressurskrevjande og tek tid, men det har samtidig stor effekt når ei regulering kjem på plass som gjeld i heile EU/EØS eller globalt.

Under det europeiske kjemikalieregelverket REACH kan styresmaktene forby eller på annan måte regulere bruk av helse- og miljøfarlege stoff, stoffblandingar og produkt. Noreg er aktivt i arbeidet med å få stoff regulerte under REACH. Noreg har medverka sterkt til at det har komme forbod mot fleire kvikksølvsambindingar. Vi har blant anna fremja forslag om forbod mot ein bromert flammehemmar og mot den perfluorerte sambindingen PFOA som er brukt i vanlege forbrukarprodukt som teppe, allvêrsjakkar og andre tekstilar. Noreg medverkar i EU med overvakingsdata, som blant anna ligg til grunn for at EU arbeider med forbod mot miljøfarlege stoff i sjampo og såpe. Noreg jobbar no med europeisk forbod mot fleire perfluorerte stoff og samarbeider med andre land om forbod mot farlege tatoveringskjemikaliar.

Stoff med svært uønskte eigenskapar er under REACH førde opp på den såkalla kandidatlista. For alle stoff på kandidatlista har verksemdene plikt til å informere kundar, forbrukarar og styresmakter om produkt som inneheld stoffa. Vidare kan desse stoffa bli underlagt krav om godkjenning. Hittil er 169 stoff inkludert på kandidatlista og over 30 av desse stoffa er forbodne å bruke med mindre det er gitt godkjenning til enkeltaktørar. Noreg har foreslått åtte stoff som er komne på kandidatlista, og utgreier no grunnlag for blant anna å foreslå nye hormonforstyrrande stoff til lista.

Biocidprodukt, dvs. produkt for kamp mot uønskte organismar, er regulerte av biocidforordninga i EU. Føremålet er å sikre trygg bruk av desse produkta på EU/EØS-marknaden. Noreg deltek som rapportør for fleire aktive biocidstoff der fysisk-kjemiske og helse- og miljøeigenskapar og effektivitet blir vurderte for alle biocidstoff på EU/EØS-marknaden i ein felles EU-dugnad. På sikt skal alle biocidprodukt på marknaden i Noreg vere godkjende av norske styresmakter (Miljødirektoratet).

Andre europeiske kjemikalieregelverk regulerer farlege stoff i produkt som leiketøy, batteri og elektriske og elektroniske produkt. Noreg er bidragsytar i arbeidet med strengare regelverk for leiketøy, eksempelvis til at fleire sterkt allergiframkallande stoff nyleg er forbodne i slike produkt. Noreg er også aktiv i arbeidet med fastsetjing av bindande fareklassifisering for stoff og stoffblandingar med eigenskaper som kreftframkallande, arvestoffskadelege, skadelege for forplantningsevne/foster og dei mest potente allergiframkallande stoffa. Dette inngår som ein viktig del av dei risikoreduserande tiltaka mot farlege kjemikaliar.

Noreg er oppteke av samanhengen mellom ulike internasjonale kjemikalieregelverk, nytteverdien av å jobbe parallelt i EU og globalt, og å jobbe med regulering av grupper av stoff. Eksempelvis gjeld dette tidlegare nemnde PFOA der Noreg har medverka til at stoffet vart oppført på kandidatlista, er foreslått forbode under REACH og har fått ei streng europeisk helsefareklassifisering. Dette arbeidet var med på å leggje grunnlaget for EU-kommisjonen då den foreslo globalt forbod mot PFOA. Noreg arbeider òg parallelt for forbod mot den bromerte flammehemmaren deka-BDE i EU/EØS under REACH og globalt i Stockholmkonvensjonen om farlege organiske miljøgifter. Vidare arbeider Noreg no med grunnlaget for å nominere eit nytt stoff i 2017 til Stockholmkonvensjonen.

Om informasjon om innhald av farlege stoff i produkt

Informasjon til forbrukarane kan gis på fleire måtar, både som generelle råd for å kunne orientere seg før eit kjøp og som informasjon på det enkelte produktet i kjøpssituasjonen.

Godt etablerte frivillige merkeordningar som Svanen og EU-Blomsten hjelper forbrukarane til å velje miljøvennlege alternativ. Det er òg mogleg for forbrukarane å få informasjon om farlege stoff i produkt ved hjelp av miljøinformasjonslova eller ved å krevje opplysningar om produkta inneheld stoff som er førte opp på kandidatlista i REACH. Nettstaden erdetfarlig.no gir generelle råd om åtferd og val for å beskytte eiga helse og miljøet.

Visse typar forbrukarprodukt skal ha ein detaljert innhaldsdeklarasjon som viser kva produktet inneheld, og også ein indikasjon av mengder ved at ingrediensar skal listast i mengderekkefølgje. Dette gjeld i dag for ferdigpakka matvarer og for kosmetikk og kroppspleieprodukt som sminke, deodorantar, sjampo og hudkrem. Kravet om slik detaljert innhaldsoversikt følgjer av EØS-regelverk, og er pliktig for alle produkt av desse typane. Det er òg liknande krav for vaske- og reingjeringsmidel gjennom vaskemiddelforordninga.

Det er òg andre internasjonale ordningar for merking av produkt. Farlege kjemikaliar som vaskemiddel, lim og maling som blir selt i Noreg skal ha faremerker og åtvaringar på norsk, og innhald av dei farlege stoffa skal førast opp. For produkt som er behandla med biocid og blir marknadsførte som f.eks. antibakterielle eller luktfrie skal det gis informasjon om at produktet er behandla med eit biocid. Denne informasjonen skal stå på produktet eller på emballasje/bruksrettleiing som følgjer med. For elektriske og elektroniske produkt sikrar systemet med CEmerking at produkta ikkje inneheld farlege stoff som er regulerte i EU/EØS.

Særleg ut frå forbrukaromsyn bør det arbeidast for at det blir stilt strengare krav til informasjon om stoff i produkt som blir importerte til EU/EØS-området, inkludert å arbeide for innhaldsdeklarasjonar for fleire produktgrupper som inneheld miljøgifter. Dette vil bli følgt opp i det internasjonale arbeidet på kjemikaliefeltet der det er aktuelt. Det er krav under REACH at produsentar og importører av artiklar skal gi informasjon til det europeiske kjemikaliebyrået ECHA om innhald av kandidatlistestoff. Det vil bli vurdert høve til at slik informasjon blir betre kjent og brukt aktivt til å gi forbrukarar kunnskap om innhaldet i produkta dei kjøper. For produkt som plast og tekstilar finst det i dag ingen generelle merkekrav om innhald av farlege stoff. I samband med regulering av farlege stoff i EU i eksempelvis tekstilar blir merkeordningar diskuterte som eit mogleg alternativ. Noreg vil delta i slike prosessar. Vidare støttar Noreg, gjennom sin deltaking i den globale kjemikaliestrategien SAICM, programmet Kjemikaliar i produkt (CiP). Programmet er leia av FNs miljøprogram UNEP og har analysert behovet for å betre tilgangen til informasjon om kjemikaliar i produkt. Arbeidet har vore konsentrert om produkt innanfor elektronikk, leiketøy, bygningsmaterial og tekstilar. UNEP ser no på korleis informasjonstilgangen kan betrast for alle aktuelle grupper. Noreg vil følgje dette arbeidet og sjå på vidare høve til utvikling.

Vedtak nr. 576, 2. juni 2015

I samband med behandlinga av Dok. 8:80 S (2014–2015), jf. tilråding romartal I i Innst. 300 S (2014–2015), fatta Stortinget 2. juni 2015 vedtak nr. 576:

«Stortinget ber regjeringa om å stille krav om at dei ulike alternativa for deponiløysing blir konsekvensutgreidde, slik at alle relevante faglege vurderingar kjem fram før det blir fatta avgjerd ved nye søknader om løyve til mineralsk aktivitet.»

Uttak av mineral må skje innan ramma av ein reguleringsplan godkjent av kommunen etter plan- og bygningslova, jf. § 12-1 flg. Det følgjer av forskrift om konsekvensutgreiingar for planar etter plan- og bygningslova at uttak av malmar, mineral, stein, grus, sand, leire eller andre massar alltid skal konsekvensutgreiast dersom minst 200 dekar samla overflate er involvert eller samla uttak omfattar meir enn 2 mill. kubikkmeter masse (punkt 2 vedlegg I). Mindre mineraluttak skal konsekvensutgreiast dersom dei kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn (punkt 2a vedlegg II). Forskriftas vedlegg I og vedlegg II er samanfallande med det relevante EU-direktivet på området.

Formålet med føresegnene om konsekvensutgreiingar er å sikre at omsynet til miljø og samfunn blir vurdert under førebuinga av planar, og når det blir teke stilling til om, og på kva vilkår, planar skal gjennomførast.

For planar som skal konsekvensutgreiast, er det krav om planprogram tidleg i planprosessen. I planprogrammet skal relevante og realistiske alternativ beskrivast og det skal gå fram korleis behandlinga av desse skal takast vare på i planarbeidet. Dette inneber at det allereie i planprogrammet skal gå tydeleg fram kva ulike alternativ for deponiløysing som er aktuelle å konsekvensutgreie. Forslag til planprogram skal sendast på høyring til aktuelle myndigheiter og interesseorganisasjonar og leggjast ut til offentleg ettersyn.

Regjeringa meiner at vedtaket er utkvittert gjennom eksisterande regelverk som stiller tydelege og gode krav om at realistiske og relevante alternativ for deponiløysingar ved ny mineralverksemd skal konsekvensutgreiast, og det er ikkje vurdert å vere behov for å endre regelverket for å ta vare på dette.

Vedtak nr. 577, 2. juni 2015

I samband med behandlinga av Dok. 8:80 S (2014–2015), jf. tilråding romartal II i Innst. 300 S (2014–2015), fatta Stortinget 2. juni 2015 vedtak nr. 576:

«Stortinget ber regjeringa om å setje i gang eit arbeid for å utgreie høva til å redusere deponeringsbehovet ved framtidig utvinning av mineralressursar.»

Utvinning av metall og industrimineral omfattar uttak av gråberg for å komme til ressursane, og knusing av stein for å ta ut malmen eller mineralet. Denne prosessen gir finkorna restmassar kalla avgangsmassar. Handtering av gråberg og avgangsmassar er derfor sentrale problemstillingar ved planlegging av mineraluttak. Det er eit viktig mål å redusere mengda slike restmassar ved at massane i størst mogleg grad blir brukte til andre nyttige formål. Det kan etter fleire regelverk stillast krav knytte til restmassar.

Det er etter plan- og bygningslova og forureiningslova nødvendig at ein tiltakshavar som har planar om utvinning av mineralressursar må greie ut korleis avgangsmassar og gråberg som går til deponi kan reduserast. Ulike bruksområde er aktuelle, som forsterkning av bygningsmaterialar, tildekking av forureiningar i havet, fyllmassar i byggjeprosjekt m.v. Det dreier seg ofte om store mengder massar som det kan vere utfordrande å finne alternativ bruk av, og med store transportkostnader. Kva slag bruksområde restmassar kan ha, vil òg kunne variere betydeleg, avhengig av bergarta som blir teken ut. I samband med omfattande utgreiingsarbeid i verksemdene blir det sondert nye løysingar for alternativ bruk av massar og nye teknologiar blir prøvde ut.

Reguleringsplanar for mineraluttak gjer det klart kva areal som kan nyttast til å deponere avgangsmassar. Planane kan ha føresegner om korleis deponiet skal utformast og korleis områda skal setjast i stand når oppfyllinga er avslutta. I løyve til ny utvinning av mineralressursar etter forureiningslova er det sett ei rekkje ulike vilkår for å redusere miljøulempene frå verksemda. Det er òg sett vilkår om at verksemda kontinuerleg skal arbeide med å redusere mengda avgang/gråberg som må deponerast gjennom å finne alternativ bruk for avgangen og elles i størst mogleg grad føre massar tilbake til holrom som gruvedrifta etterlet seg. Det er stilt vilkår om rapportering om utviklinga til Miljødirektoratet. Slike vilkår er bl.a. fastsette i løyve til gruveverksemd i Engebøfjellet.

Direktoratet for mineralforvaltning legg vekt på at uttak av mineralførekomstar skal skje slik at førekomsten blir utnytta best mogleg og at restmassane som må deponerast blir avgrensa. Med innføring av minerallova i 2010 vart det stilt ei rekkje nye krav til blant anna kompetanse i verksemdene, omsyn til omgivnader under drift og til planvis avslutning av uttaket. Direktoratet kan i samband med driftskonsesjonar etter minerallova stille krav om at delen restmassar som går til deponi skal minimerast. Det kan òg krevjast at restmassar skal nyttast til å setje i stand område som er nytta til mineraluttak, og at dei skal fyllast tilbake i gruverom, dagbrot mv. i så stor grad som mogleg.

I tillegg til utviklingsarbeidet ved dei enkelte mineralverksemdene, medverkar også Norsk Bergindustri og Mineralklynge Noreg i stor grad i arbeidet med å finne fram til løysingar for å redusere behovet for å deponere restmassar ved verksemdene. Næringa er opptekne av ei berekraftig utvikling i næringa og samarbeider med forsking, miljøorganisasjonar og styresmakter om korleis mineralnæringa kan medverke i den sirkulære økonomien og det grøne skiftet.

Regjeringa er oppteken av at metodar og teknologi som kan redusere deponibehovet ved mineralverksemd blir utvikla vidare og tekne i bruk og meiner at vedtaket er utkvittert. Ein viser til det store utviklingsarbeidet som skjer gjennom samarbeid mellom styresmakter, næringsverksemder og forskingsmiljø, bl.a. i prosjektet «Ny kunnskap om Sjødeponering» (NYKOS) i regi av Noregs forskingsråd.

Vedtak nr. 579, 2. juni 2015

I samband med Dok. 8:80 S (2014–2015), Innst 300. S (2014–2015), fatta Stortinget dessutan følgjande oppmoding:

«Stortinget ber regjeringa sjå til at miljøfaglege råd er grunnlaget for ei heilskapleg avgjerd når endeleg utsleppsløyve blir gitt i samband med utvinning av mineralressursar, og at denne sikrar berekraftig utvikling og ikkje utarmar miljø og/eller ressursgrunnlaget over tid.»

Utvinning av mineralressursar har verknader for miljøet og utgreiing av konsekvensar for miljø og samfunn er sentralt ved behandling av ny mineralverksemd etter ulike regelverk.

Uttak av mineral må skje innanfor ramma av ein reguleringsplan godkjent av kommunen i medhald av plan- og bygningslova. Det følgjer av forskrift om konsekvensutgreiingar for planar etter plan- og bygningslova at uttak av malmar, mineral, stein, grus, sand, leire eller andre massar alltid skal konsekvensutgreiast dersom minst 200 dekar samla overflate blir involvert eller samla uttak omfattar meir enn 2 mill. kubikkmeter masse (punkt 2 vedlegg I). Mindre mineraluttak skal konsekvensutgreiast dersom dei kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn (punkt 2a vedlegg II). Forskriftas vedlegg I og vedlegg II er samanfallande med det relevante EU-direktivet på området.

Formålet med føresegnene om konsekvensutgreiingar er å sikre at omsynet til miljø og samfunn blir teke i betraktning under førebuinga av planar, og når det blir teke stilling til om, og på kva vilkår planar skal gjennomførast. I planprogrammet skal relevante og realistiske alternativ beskrivast, og det skal gå fram korleis behandlinga av desse skal takast vare på i planarbeidet.

Ny mineralverksemd må ha løyve av forureiningsmyndigheita etter forureiningslova. For å avgjere ein søknad om løyve etter forureiningslova stiller forureiningsmyndigheita krav om at miljøverknader som ikkje er tilstrekkeleg belyste i konsekvensutgreiinga, blir utgreidde. Forureiningsmyndigheita utfører dei miljøfaglege vurderingane og stiller i nødvendig grad vilkår i eit utsleppsløyve for å redusere miljøulemper og for å sjå til at drifta av ei verksemd over tid er i tråd med dei vilkåra som er fastsette for å ta vare på miljøet. Det går fram av forureiningslova § 11 at når forureiningsmyndigheita avgjer om løyve skal gis og fastset vilkår etter § 16, skal det leggjast vekt på dei forureiningsvise ulempene ved tiltaket samanhalde med dei fordelar og ulemper som tiltaket elles vil medføre.

Ei mineralverksemd må òg innhente løyve etter lov om erverv og utvinning av mineralressursar som er forvalta av Direktoratet for mineralforvaltning. Formålet med minerallova er å fremje og sikre samfunnsmessig forsvarleg forvaltning og bruk av mineralressursane i samsvar med prinsippet om berekraftig utvikling.

Regjeringa meiner at dei lovene som gjeld for utvinning av mineralressursar gir eit godt grunnlag for å vurdere og stille krav til miljøfaglege utgreiingar ved slik utvinning. I kvar sak må tiltakshavar utgreie miljøverknadene av verksemda og ulike offentlege og private fagmiljø tek stilling til utgreiingane i samband med høyring og vidare behandling av saka. Det kan òg krevjast tilleggsutgreiingar eller ytterlegare dokumentasjon ved behov. Sakene blir følgde nøye over tid, noko som sikrar at erfaringar og ny kunnskap blir tekne med i vurdering av nye saker.

Regjeringa legg vekt på at verknader for miljø og samfunn i nødvendig grad er utgreidde og vurderte før ei heilskapleg avgjerd blir teken om løyve til utvinning av mineralressursar. Regjeringa meiner at vedtaket er utkvittert.

Fotnotar

1.

Greaker og Rosnes Robuste norske klimamålsetninger. Samfunnsøkonomen nr. 1 2015.

2.

http://www.miljodirektoratet.no/Documents/publikasjoner/M386/M386.pdf

3.

Rapport Landbruk og klimaendringer, 19. februar 2016,

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/landbruk-og-klimaendringer/id2476389/

4.

Det er nytta ein utsleppsfaktor på 2,68 kg CO2/l fyringsolje.

5.

Merk at i enkelte tilfelle vil kommunen både vere anleggseigar (eksempelvis som eiga av kommunale vegar) og forureiningsmyndigheit.

6.

«Notat – oppmodingsvedtak angåande nye grenseverdiar og tilrådde nasjonale mål for svevestøv» frå 4. mai 2016.

Til forsida