Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 1 S (2015–2016)

FOR BUDSJETTÅRET 2016 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4162, 5576, 5651, 5652

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiande del

1 Oversikt over budsjettframlegget på programområde 15 Landbruk og mat

1.1 Status og hovudprioriteringar

I 2014 var i overkant av 95 400 personar, eller om lag 3,6 pst. av arbeidsstokken, sysselsette i jordbruk, reindrift, skogbruk, skogbasert industri og matindustrien utanom fiskeindustrien. Jordbruket aleine sysselsette om lag 47 000 årsverk. Nærings- og nytelsesmiddelindustrien, inklusive fisk, drikkevarer og tobakk, hadde ein produksjon på om lag 185 mrd. kroner, ein auke på 7,7 pst. frå året før, mens næringsmiddelindustrien aleine, inklusive fisk, bidrog med 42,4 mrd. kroner i verdiskaping. Skogbruk og trebasert industri hadde ein omsetnadsverdi på om lag 37,9 mrd. kroner.

Regjeringa vil stimulere til auka matproduksjon. Den norske jordbruksproduksjonen har særskilde utfordringar knytt til kort vekstsesong, spreidde landbruksareal, kjøleg klima og eit høgt kostnadsnivå. Landbruks- og matpolitikken må difor leggje til rette for eit meir effektivt landbruk, for å styrkje konkurransekrafta for norske jordbruksprodukt og for å gi incitament til innovasjon og nyskaping i heile sektoren. I jordbruksoppgjera har regjeringa vore oppteken av å rette inn overføringane slik at produksjon i større grad skal styre kor mykje kvar enkelt får i støtte. Departementet vil følgje opp dette i ei ny melding til Stortinget om jordbruket.

Betydelege delar av næringsmiddelindustrien foredlar norskproduserte råvarer, men er også i aukande grad eksponert for internasjonal konkurranse. Heimemarknadsdelen for norsk næringsmiddelindustri utanom fiskeribransjen er i dag på om lag 80 pst., mot 89 pst. i 1995. Det er difor viktig å styrkje konkurransekrafta i heile verdikjeda, og bidra til å gjere næringa til ein meir attraktiv arbeidsplass for å kunne stimulere fleire unge til å velje landbruk og matproduksjon som yrke.

Regjeringa vil byggje ned hindringane for dei som vil auke matproduksjonen. Jordbruksavtalen og andre landbrukspolitiske reiskapar må også leggje til rette for dei som vil auke produksjonen. Konsesjons- og kvotegrenser og andre reglar må ikkje leggje urimelege hindringar for bøndene som sjølvstendig næringsdrivande. Forenklingar er viktig både for den sjølvstendige næringsdrivande og for forvaltninga. I jordbruksoppgjeret i 2015 blei det semje om 14 nye større og mindre forenklingstiltak. Desse kjem i tillegg til dei 26 forenklingstiltaka som blei vedtekne i samband med jordbruksoppgjeret i 2014.

Regjeringa vil styrkje bondens rett til fritt å disponere over sin eigen eigedom. Regjeringa vil styrkje den private eigedomsretten og leggje til rette for auka omsetnad av landbrukseigedommar. Som eit ledd i arbeidet med forenkling av eigedomslovgivinga har regjeringa sendt Stortinget eit forslag om oppheving av priskontrollen i konsesjonslova, jf. Prop. 124 L (2013–2014) Endringer i konsesjonsloven og tvangsfullbyrdelsesloven. Eit forslag om å oppheve konsesjonslova og buplikta har vore på høyring. I tillegg arbeider departementet med spørsmål knytte til leigejord og driveplikt.

Regjeringa vil bruke matpolitikken til å sikre trygg mat. Forvaltninga arbeider kontinuerleg for å vere budd på hendingar som kan utgjere eit trugsmål mot trygg mat og mot matsikkerheita. God dyrehelse og god dyrevelferd er viktig for produksjon av trygg mat og for omdømmet til norsk matproduksjon. Sett i internasjonal samanheng er antibiotikabruken til husdyr i Noreg på eit svært lågt nivå. Dette skuldast mellom anna god dyrehelse, at vi har dyktige og ansvarlege bønder og veterinærar og at det er eit godt samarbeid mellom næringa og styresmaktene. Det er likevel funne antibiotikaresistente bakteriar i svine- og fjørfehaldet. Noreg har, som første land i verda, sett i verk omfattande tiltak mot MRSA (meticillinresistente Staphylococcus aureus-bakteriar) hos svin. For å redusere bøndenes tap etter utslakting på grunn av denne bakterien, har departementet innført ei ordning der delar av produksjonstapet blir kompensert. Det er også sett i gang to større forskingsprosjekt for å auke kunnskapen om resistente bakteriar i fjørfehaldet og om kva dei betyr for helsa til folk. Overvakinga på dette området er også styrkt.

Regjeringa vil styrkje dyrevelferda. I samband med Stortinget si handsaming av Prop. 119 S (2014–2015) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2015 blei det sett av 3 mill. kroner til oppstart av eit 3-årig prøveprosjekt for å bidra til best mogleg handsaming av straffesaker som gjeld overgrep mot dyr, også omtalt som dyrepoliti. Prosjektet er lagt til Sør-Trøndelag politidistrikt i samarbeid med Mattilsynets region Midt.

Stortinget har gitt tilslutning til gjennomføring av EU-direktiv 2010/63/EU, som har som formål å sikre velferda og betre forholda for forsøksdyr. Ny forskrift er no fastsett.

I desember 2014 la pelsdyrutvalet fram NOU 2014:15 Norsk pelsdyrhold – bærekraftig utvikling eller styrt avvikling? Fleirtalet i utvalet går inn for ei berekraftig utvikling av næringa der velferda blir ivareteke. Høyringa blei avslutta i april 2015, og det kom inn over 100 svar. Regjeringa tek sikte på å komme tilbake til Stortinget med eiga sak om oppfølging av NOU om norsk pelsdyrhold hausten 2016.

Regjeringa vil føre ein offensiv skogpolitikk. Eit aktivt skogbruk gir sysselsetting og verdiskaping. Skog og tre lagrar karbon, samstundes som biomasse kan vere eit klima- og miljøvennleg alternativ til energi og produkt som i dag blir produserte av fossilt råstoff.

God dekning av skogsvegar er nødvendig for lønsam skogsdrift og eit aktivt skogbruk. Noreg har den lågaste skogsvegdekninga i Skandinavia, og utbygginga har vore låg dei seinare åra. Om lag 75 pst. av dei eksisterande skogsvegane er meir enn 25 år gamle. For mange av desse vegane er det behov for ombygging for å halde dei krava som tømmertransporten og transportutstyret set i dag. Ny forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksvegar tok til å gjelde 1. juli 2015, og vil liggje til grunn for vidare vegbygging. Det er også behov for fleire og betre kaiterminalar til bruk i tømmertransporten langs kysten, noko som også er viktig for skogbruket på Sør- og Austlandet. Regjeringa har dobla dei ordinære løyvingane til infrastrukturtiltak samanlikna med Regjeringa Stoltenberg. Departementet legg opp til å vidareføre satsinga i 2016.

Regjeringa vil i 2016 også følgje opp fleire punkt i klimaforliket for skogsektoren som tettare planting etter hogst, gjødsling av skog og styrking av skogplanteforedlinga, og gjer framlegg om ei auka løyving på 33 mill. kroner til klimatiltak i skog. Alle tiltaka vil bidra til auka volumproduksjon og dermed auka CO2-opptak, samstundes som dei gir grunnlag for auka verdiskaping i skognæringa.

Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei melding til Stortinget om skog- og trenæringa våren 2016. Hovudmålet i meldinga skal vere å leggje til rette for auka verdiskaping frå skogen. Meldinga om skog- og trenæringa i Noreg skal ha eit verdikjedeperspektiv og peike på moglegheitene for å byggje opp under det grøne skiftet i norsk økonomi. Innspela frå SKOG 22-strategien for skog- og trenæringa vil bli vurdert i arbeidet. Regjeringa tek også sikte på å leggje fram ein bioøkonomistrategi. Meldinga skal koordinerast med denne.

Regjeringa vil satse på alternativ næringsutvikling for å gi grunnlag for ein meir framtidsretta landbruksproduksjon. Våren 2015 la regjeringa fram Meld. St. 31 (2014–2015) Garden som ressurs – marknaden som mål. Meldinga synleggjer korleis potensialet kan utløysast for auka verdiskaping innan dei landbruksbaserte næringane utanom tradisjonelt jord- og skogbruk. Politikken skal leggje til rette for vekst og utvikling uavhengig av storleiken på gardsbruket, og bidra til at landbruksgründerar skal kunne utnytte det totale ressursgrunnlaget i inn- og utmark på landbrukseigedommen utan unødige hinder.

Regjeringa vil leggje til rette for å få fleire unge til å ønskje seg inn i landbruket. Det skal vere mogleg å drive på heiltid for dei som vil satse på gardsdrift. Tal frå Norsk Landbruksrådgiving viser at 86 pst. av dagens bønder ser positivt på moglegheiter for utvikling og vidare drift av garden.

Landbruk er ei kompetansekrevjande næring. Forventingar om auka produksjon, betre lønsemd og evne til gründerskap krev rett kompetanse. Eit godt tilbod av landbruksfagleg utdanning og etter- og vidareutdanning av god kvalitet er difor viktig. Det trengs fleire kandidatar med kompetanse som landbrukssektoren etterspør frå alle utdanningsnivå – frå yrkesfagleg opplæring og fagskular til høgskule og universitet.

Søkjartala til landbruksutdanning i vidaregåande opplæring viser ein positiv tendens, og i 2015 var innsøkinga til vidaregåande trinn 1 i naturbruk den høgaste sidan 2012. Det er også ein positiv vekst i talet på søknader til høgare utdanning ved høgskular/universet som tilbyr landbruksfaglege studie. Talet på søkjarar som har skogfag ved NMBU som førsteval er meir enn dobla, og talet på søkjarar som har husdyrvitskap ved NMBU som førsteval har også ein stor auke.

Forsking, innovasjon og kompetanse er nødvendig for å nå dei overordna måla i landbruks- og matpolitikken. Landbruks- og matdepartementet legg vekt på forsking for auka berekraftig produksjon av nok og trygg mat i eit endra klima. Dette vil leggje grunnlag for omstilling til eit meir kostnadseffektivt og lønsamt landbruk over heile landet, og auka innovasjon og konkurransekraft i bioøkonomien. Regjeringa sette våren 2015 i gang eit arbeid for ein ny nasjonal bioøkonomistrategi. Strategien vil vere retta inn mot å gjere oss i stand til å utnytte ressursane våre på ein betre måte, skaping av nye arbeidsplassar og fornying og effektivisering i primærnæringane.

Bioforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking og Norsk institutt for skog og landskap blei 1.7.2015 slått saman til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Det nye instituttet skal vere eit fagleg og økonomisk sterkt forskings- og utviklingsmiljø som leverer kunnskap av høg kvalitet og relevans til næring og forvaltning. Samanslåinga har til hensikt å styrkje det tverrfaglege samarbeidet og samarbeidet med universitets- og høgskulesektoren. NIBIO skal vere det nasjonalt leiande instituttet for utvikling av kunnskap om bioøkonomi, bidra til matsikkerheit, berekraftig ressursforvaltning, innovasjon og verdiskaping innanfor verdikjedene for mat, skog og andre biobaserte næringar. Vidare skal NIBIO levere forsking, forvaltningsstøtte, og kunnskap til bruk i nasjonal beredskap, forvaltning, næringsliv og samfunn. Det skal nyttast meir ressursar på utvikling av ny kunnskap, innovasjonsretta arbeid og forvaltningsstøtte, og mindre ressursar skal gå til administrasjon, drift og vedlikehald.

Forenkling og modernisering av forvaltning og byråkrati står sentralt i regjeringa sitt arbeid, og departementet er i gang med fleire prosessar på eige fagområde. Stortinget vedtok i samband med handsaminga av Prop. 106 S (2013–2014) Jordbruksoppgjøret 2014 – endringer i statsbudsjettet 2014 m.m. at det skulle setjast ned ei partssamansett gruppe for å sjå nærare på verkemidla i jordbruksavtalen og foreslå forenklingar for næringsdrivande og forvaltning. Gruppa leverte ein delrapport som innspel til jordbruksoppgjeret i 2015, og skal levere ein samla rapport innan utgangen av 2015. Det blei også sett ned ei gruppe som skulle sjå nærare på marknadsbalansen innanfor jordbruket. Rapporten deira blei lagt fram sommaren 2015, med høyringsfrist 16.10.2015.

Stortinget slutta seg våren 2014 til regjeringa sitt forslag til ny lov om erstatning for naturskadar. Landbruksdirektoratet arbeider no med utvikling av eit nytt IKT-system, som skal sikre rask og effektiv sakshandsaming.

Stortinget gav hausten 2014 tilslutning også til regjeringa sitt framlegg om endringar i matlova for å kunne redusere talet på organisatoriske nivå frå tre til to, jf. Prop. 3 L (2014–2015) Endringer i matloven. Samstundes blei det lagt opp til å redusere talet på regionar i Mattilsynet frå åtte til fem. Den nye organisasjonsmodellen blei implementert 1. februar 2015. Endringane gjer det mogleg å rette ein større del av ressursane inn mot utøvande tilsyn. Dei vil også bidra til sterkare kompetansemiljø og leggje til rette for betre utnytting av spesialkompetanse, samt meir einskapleg og effektiv forvaltning og betre styring.

Landbruksdirektoratet blei oppretta 1.7.2014 gjennom å slå saman Statens landbruksforvaltning og Statens reindriftsforvaltning. Departementet ventar at verksemda held fram med eit omstillingsarbeid som bidreg til avbyråkratisering, effektivisering og ein enklare kvardag for brukarane.

Regjeringa vil byggje sin politikk på ein effektiv bruk av fellesskapet sine ressursar. Som i næringslivet er det også i offentleg forvaltning eit potensial for å bli meir effektiv. Regjeringa har difor innført ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform, og legg til grunn at alle statlege verksemder gjer tiltak for å bli meir effektive. Reforma vil gi insentiv til meir effektiv statleg drift og skaper handlingsrom for prioriteringar i statsbudsjettet. Verksemdene har moglegheit til å planleggje og gjennomføre tiltak for å effektivisere drifta når reforma er eit årleg krav. Delar av gevinsten frå mindre byråkrati og meir effektiv bruk av pengane overførast til fellesskapet i dei årlege budsjetta. Den årlege overføringa er sett til 0,5 pst. av alle driftsutgifter som løyvast over statsbudsjettet. For Landbruks- og matdepartementet utgjer dette for 2016 at eit kutt på totalt 11,8 mill. kroner, som er fordelt på relevante postar.

1.2 Målstrukturen for Landbruks- og matdepartementet

Figur 1.1 Målstruktur for Landbruks- og matdepartementet

Figur 1.1 Målstruktur for Landbruks- og matdepartementet

Nedanfor følgjer ei kort oversikt over gjeldande målstruktur. I del III er det gjort greie for utviklinga på dei enkelte mål og delmål.

Matsikkerheit

Produsere og sikre tilgang til maten forbrukarane etterspør

Hovudoppgåva til jordbruket er å produsere mat forbrukarane etterspør. Verkemidla til styresmaktene skal innrettast slik at dei bidreg til auka produksjon.

Sjølvforsyningsgraden viser kor stor del av matvareforbruket på engrosnivå, rekna på energibasis, som kjem frå norsk produksjon av jordbruksprodukt. I 2014 var sjølvforsyningsgraden på 44 pst. målt i energi. Eit anna mål er heimemarknadsdelen, det vil seie produksjon for heimemarknaden som del av totalmarknaden målt i kroner (verdi). I dag ligg heimemarknadsdelen for matindustrien på 80 pst. For sentrale produkt, som ost, kjøtt og mjølk, er heimemarknadsdelen 88, 93 og 100 pst.

Sikre forbrukarane trygg mat

All mat som blir seld i Noreg skal vere trygg. Produksjon av trygg mat skapar tillit og sikrar avsetnad av varer og legitimitet for eit levande landbruk og næringsmiddelindustri. Godt utval av sunn og helsefremjande mat er viktig for forbrukarane. Noreg har få førekomstar av matboren sjukdom samanlikna med andre land, og regjeringa vil bidra til å oppretthalde denne gunstige situasjonen. Ansvaret for å kjenne til regelverket og finne løysingar som gjer at regelverket blir etterlevd, kviler på den enkelte verksemda. Mattilsynet har hovudansvaret for å føre tilsyn med at regelverket blir følgt. Regjeringa vil vidareføre arbeidet med effektivisering i Mattilsynet slik at meir av ressursane kan nyttast til rettleiing og tilsyn i verksemdene.

God dyre- og plantehelse samt god dyrevelferd

God plante- og dyrehelse er viktig for mattryggleik, kostnadseffektivitet og ein langsiktig og berekraftig matproduksjon. Ein stor del av det globale potensialet for matproduksjon blir ikkje utnytta i dag på grunn av skadegjerarar i planteproduksjon og dyresjukdommar. Klimaendringar og auka ferdsel over landegrenser er risikofaktorar for både plante- og dyrehelsa. Dyrehelsa er god i Noreg. Det vil bli lagt vekt på å vidareføre godt førebyggjande arbeid og god samhandling mellom styresmaktene og næringa for å oppretthalde den gode dyrehelsa. Dyrevelferden er jamt over god i Noreg samanlikna med mange andre land. Mattilsynet har prioritert tilsyn med dyrevelferd, men det er framleis utfordringar på enkelte område. Sjølv om regelverket stiller klare krav, er det avgjerande at Mattilsynet er i stand til å følgje opp dette gjennom målretta og godt tilsyn.

Landbruk over heile landet

Balansert geografisk utvikling i landbruket

Vilkåra for jordbruksdrift varierer mellom ulike delar av landet, og jordbruket bidreg og til andre viktige samfunnsgode enn mat, som mellom anna ivaretaking av kulturlandskap, reiseliv og spreidd busetjing. Regjeringa vil leggje til rette for landbruk over heile landet. Dette krev ei geografisk differensiering av verkemidla. Over jordbruksavtalen er det er det ei rekkje verkemiddel som legg til rette for ei balansert geografisk utvikling i landbruket. Det skal også leggjast til rette for alternativ næringsutvikling for å gi grunnlag for ein meir solid og framtidsretta landbruksproduksjon over heile landet, jf. Meld. St. 31 (2014–2015) Garden som ressurs – marknaden som mål.

Sterkt og effektivt landbruk

Investeringsbehovet i landbruket er stort. Skal ein nå sentrale landbrukspolitiske målsetjingar som landbruk over heile landet og auka verdiskaping, er det nødvendig med gode investeringsordningar som kan stimulere til vidare utvikling og effektivisering av den landbruksbaserte produksjonen. Bedriftsretta midlar til investering og utvikling over Landbrukets utviklingsfond (LUF) er dei mest sentrale verkemidla på dette området.

Ei økologisk og økonomisk berekraftig reindrift

Reindrifta er ei urfolksnæring som er unik i både nasjonal og internasjonal samanheng. Reindrifta er også ein forvaltar av ein sentral nasjonal og samisk kulturarv. Det er ei politisk målsetjing å vidareføre og styrkje arbeidet med å utvikle reindriftsnæringa som ei rasjonell og marknadsorientert næring som er berekraftig i eit langsiktig perspektiv. Reindriftsavtalen legg til rette for dette ved fleire målretta tiltak. Regjeringa vil sikre økonomisk berekraft i reindrifta gjennom auka slakteuttak og betre lønsemd. I tillegg ønskjer regjeringa også å stimulere til auka inntening gjennom etablering av tilleggsnæringar i reindrifta. Eit tilpassa beitetrykk til beitegrunnlaget er den mest alvorlege og krevjande utfordringa reindrifta står overfor. Den er særleg alvorleg fordi ei forsvarleg ressursutnytting er avgjerande for den samiske reindrifta si framtid i store delar av Finnmark. Oppfølging av dei siidaandelane som ikkje har følgt opp gitte vedtak om ein reduksjon av talet på rein, har difor høgste prioritet i 2016.

Auka verdiskaping

Konkurransedyktig råvareproduksjon og næringsmiddelindustri

Landbrukspolitikken skal leggje til rette for ein kostnadseffektiv matproduksjon. Regjeringa vil styrkje landbruket gjennom forenkling av lover, reglar og støtteordningar og sikre landbruket føreseielege rammevilkår som kan bidra til at næringa si samla lønsemd kan bli betre i åra som kjem. Det er avgjerande at utøvarane i landbruket skal kunne ha ei inntektsutvikling og sosiale vilkår på line med andre grupper.

Det er ei gjensidig binding mellom norsk næringsmiddelindustri og norsk landbruk. Det er viktig å halde ved lag norsk matproduksjon som kan sikre tilgang på norske råvarer til næringsmiddelindustrien over heile landet, for å sikre at norske forbrukarar får den maten dei ønskjer.

Lønsam utnytting av gardens samla ressursar

Potensialet for auka verdiskaping basert på landbruksressursane er stort. Landbruket er ei innovasjonsdriven næring som har vore god til å ta i bruk ny teknologi og nye produksjonsmåtar for å auke produktiviteten og effektivisere drifta. Landbruks- og matpolitikken skal bidra til lønsam utnytting av dei samla ressursane på garden. Innanfor det tradisjonelle landbruket er det særskilt behov for verkemiddel som kan stimulere til modernisering av driftsapparatet, skape rasjonelle driftseiningar og effektivisere produksjonen. Innanfor andre landbruksbaserte næringar er det behov for verkemiddel som kan stimulere til meir entreprenørskap, auka lønsemd og sysselsetjing.

Meld. St. 31 (2014–2015) synleggjer regjeringa sin politikk for vekst og gründerskap innanfor landbruksbasert næringsutvikling utanom tradisjonelt jord- og skogbruk. Målet er at den enkelte næringsutøvar skal bli stimulert til, og få best mogleg vilkår for å utvikle garden og bedrifta etter eigne behov og ønskjer. Ein liten eigedom kan vere utgangspunkt for ein like god forretningsidè som ein større eigedom. Politikken skal difor leggje til rette for vekst og utvikling uavhengig av storleiken på gardsbruket. Dei bedriftsretta verkemidla over Landbrukets utviklingsfond er m.a. innretta mot å styrkje lønsemd, sysselsetjing og produktivitet innanfor landbruksbasert næringsutvikling.

Berekraftig skogbruk og konkurransedyktige skog- og trebaserte verdikjeder

Skogbruk og trebasert industri er viktig både som næring og som bidrag til å løyse klimautfordringane. Tre er viktig som råstoff til energi og som bygningsmateriale. Noreg er langt framme når det gjeld innovativ bruk av tre, mellom anna i bruer. Skog og tre bind karbon, samstundes som biomasse kan vere eit klima- og miljøvennleg alternativ til energi og produkt som i dag blir produserte med råstoff frå oljeindustrien.

Det er også stort behov for ein tidsmessig infrastruktur som sikrar tilgang til ressursane. Noreg har framleis den lågaste dekninga av skogsbilvegar i Skandinavia, og det er også eit betydeleg behov for tømmerterminalar og tømmerkaier. Regjeringa vil også i 2016 bidra til å forbetre infrastrukturen, og gjennom dette gjere det enklare for dei næringsdrivande å avverke tømmer og plante ny skog.

Berekraftig landbruk

Ivareta landbrukets kulturlandskap

Kulturlandskapet er i kontinuerleg endring, og er blitt til gjennom menneskeleg aktivitet. Aktiv drift i landbruket utviklar og held ved like kulturlandskapet. Eit variert og godt ivareteke kulturlandskap er attraktivt for turistnæringa, friluftsliv, rekreasjon, jakt og fiske. Det kan utgjere grunnlag for etablering av ny næringsverksemd og formidling av viktige verdiar, historie, tradisjonar og naturkunnskap. Særleg vil beitebruk ha stor nytte for å hindre gjengroing og for å utnytte fôrverdiane i både inn- og utmark.

Landbruks- og matdepartementet har, saman med Klima- og miljødepartementet, valt ut 22 ulike kulturlandskap, der det blir lagt særskilt vekt på å bevare viktige landskap og kulturmiljø gjennom langsiktig skjøtsel og vedlikehald. Dette arbeidet vil bli ført vidare også i 2016. Departementet vil også føre vidare ordningar for å oppretthalde kulturlandskapet i utmark gjennom beite.

I jordbruksoppgjeret 2015 blei det semje om å etablere ei ny ordning for rydding av kulturlandskap, vegkantar og utsiktspunkt av særleg verdifull karakter sett frå landbrukets- og reiselivsnæringa si side. 20 mill. kroner er sett av til prosjekt i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Berekraftig bruk av og vern om landbrukets areal og ressursgrunnlag

Rett bruk av og vern om arealressursane er ein føresetnad for å oppnå ein høgast mogleg sjølvforsyning av mat og god matvareberedskap. Både mengda av og kvaliteten på jord er avgjerande for landbruket og måloppnåinga i landbruket. Det er difor viktig å ta vare på gode jordbruksareal og matjord. Samstundes må jordvernet balanserast mot storsamfunnets behov.

Regjeringa sitt arbeid for ei meir lønsam landbruksnæring med auka matproduksjon og styrkt eigedomsrett, er også retta inn mot å halde omdisponeringa av dyrka mark på eit lågt nivå.

Klimaendringar og press på ressursgrunnlaget utgjer eit trugsmål mot målet om auka matproduksjon. Desse utfordringane krev gode tilpassingar i landbruket. Dei genetiske ressursane innanfor husdyr og matvekstar er ein vesentleg del av det biologiske grunnlaget for auka matproduksjon. God forvaltning av dei genetiske ressursane gjennom bruk og vern er viktig for god måloppnåing i landbruket.

Reduserte utslepp av klimagassar, auka lagring av karbon og gode klimatilpassingar

Regjeringa vil føre ein offensiv klimapolitikk og forsterke klimaforliket. Alt landbruk startar med og føreset opptak av CO2. Landbruket er også opphav til utslepp av klimagassar, men gir samstundes positive bidrag gjennom lagring av karbon i skog og jord. Klimaendringane vil endre føresetnadene for planteproduksjon i Noreg og globalt. God tilpassing til eit klima i endring blir viktig for å bli mindre sårbare og for utnytte moglegheitene som følgjer med klimaendringane. Regjeringa vil i 2016 starte med å følgje opp fleire punkt i klimaforliket for skogsektoren. Departementet vil også føre vidare arbeidet med utsleppsreduserande tiltak i jordbruket og generelt leggje større vekt på klimapolitiske mål i forvaltninga av norske skogar, mellom anna ved å bidra til auka aktivitet i skogbruket.

Ei effektiv landbruks- og matforvaltning

På landbruks- og matområdet har regjeringa gjennomført fleire store organisasjonsendringar som legg grunnlag for ei meir effektiv forvaltning. Talet på verksemder som rapporterer til Landbruks- og matdepartementet er redusert frå 7 til 4 sidan 2014:

  • Landbruksdirektoratet er etablert ved at Statens reindriftsforvaltning og Statens landbruksforvaltning blei slått saman.

  • Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er etablert ved at Norsk institutt for skog og landskap, Bioforsk og Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking er slått saman.

  • Mattilsynet har gått frå tre til to nivå i organisasjonsstrukturen. I samband med omorganiseringa er talet på leiarstillingar redusert med om lag 30 pst.

Dette gir større einingar, meir effektiv samling av kompetanse, og redusert administrasjon.

Den nye jordskiftelova trer i kraft 1.1.2016. Lova legg til rette for ei enklare sakshandsaming samstundes som ho vil gi auka rettstryggleik for partane. Etter forslag frå Regjeringa vedtok Stortinget våren 2014 ny lov om erstatning for naturskadar. Lova legg til rette for rask og effektiv sakshandsaming.

Samfunnstryggleik og beredskap

Landbruks- og matdepartementet sitt ansvar for samfunnstryggleik og beredskap er hovudsakleg knytt til matproduksjon og mattryggleik, sjå omtale under del II, programkategori 15.10 Matpolitikk og kap. 1115 Mattilsynet. Landbruks- og matdepartementet er førebudd på å møte kriser i eigen sektor og på å yte bistand til andre departement i sektorovergripande kriser. Viktige element i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap er å sikre personell og kritisk infrastruktur på best mogleg vis, slik at departementet og underliggjande verksemder i størst mogleg grad kan drive sine verksemder vidare, uavhengig av uønskte hendingar og kriser.

Forsking, innovasjon og kompetanse skal bidra til at hovudmåla for landbruks- og matpolitikken blir nådde

Målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon, kunnskap og kompetanse som er tilgjengeleg for næring og forvaltning, og ein effektiv og solid instituttsektor i samspel med andre, er nødvendig for å nå dei landbruks- og matpolitiske hovudmåla.

Det er nødvendig med ein forsterka internasjonal forskingsinnsats på landbruks- og matområdet for å løyse felles utfordringar, fornye norsk forsking og for å kunne forstå og utnytte forskingsresultat frå andre land. Dette krev internasjonal spisskompetanse i forskingsmiljøa. Landbruks- og matforskinga må også følgjast opp med målretta formidling slik at ny kunnskap på ein rask og effektiv måte når ut til aktørane som kan ta kunnskapen i bruk. For å lukkast med dette er det nødvendig å sikre eit godt samarbeid mellom dei ulike aktørane i landbruks- og matnæringa.

Ivareta norske interesser og sikre framgang i internasjonale prosessar

Utviklinga i norsk landbruk og matindustri heng nøye saman med utviklinga internasjonalt. Det er ei rekkje internasjonale avtalar som dekkjer mellom anna handel, plante- og dyrehelse, skog og klima. Mange avtalar blir fornya med jamne mellomrom. Noreg har i fleire av desse særeigne nasjonale interesser som må inkluderast i avtaleverket, mellom anna med basis i naturgitte forhold, kostnadsnivå og nasjonale landbruks- og matpolitiske mål.

WTO-regelverket, inkludert landbruksavtalen, legg rammer for utforminga av verkemidla i landbrukspolitikken. Vidare legg EØS-avtalen klare føringar på regelverket for mat og innsatsfaktorar i Noreg. Det norske regelverket er harmonisert med regelverk i EU på matområdet. Regjeringa legg vekt på å ivareta norske interesser ved å bidra tidlegare i prosesser og politikkutforming i EU i dei formelle og uformelle foruma EØS-avtalen gir tilgang til. Regjeringa vil innanfor gitte rammer for landbrukspolitikken arbeide for ein friare handel med landbruksvarer. Arbeidet med multilaterale avtalar gjennom Verdas handelsorganisasjon (WTO) og innanfor EØS-avtalen vil bli prioritert.

Noreg deltek også i ei rekkje andre internasjonale forum på landbruks- og matområdet, både globale og regionale, og både innanfor og utanfor FN-systemet. Departementet vil bidra aktivt i desse, mellom anna for å bidra til berekraftig utvikling, global matsikkerheit, berekraftig skogforvaltning, bevaring av genetiske ressursar, styrking av landbruket og bønder si stilling i den tredje verda og auka handel mellom land.

1.3 Hovudtrekk ved budsjettframlegget

mill. kr

Nemning

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

15.00 Administrasjon m.m.

149,1

150,1

0,7

15.10 Matpolitikk1

1 380,0

1 289,6

-6,6

15.20 Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling1

450,7

681,8

51,3

15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak1

15 308,7

15 298,5

-0,1

Sum Landbruks- og matdepartementet

17 288,5

17 420,1

0,8

1 I budsjettet for 2016 er det gjort enkelte endringar i budsjettstrukturen. Det inneber at forslaget for 2016 ikkje kan samanliknas direkte med Saldert budsjett 2015 for programkategori 15.10, 15.20 og 15.30.

Regjeringa gjer framlegg om å løyve om lag 17,4 mrd. kroner på Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett. Dette er ein auke på 131,6 mill. kroner, eller 0,8 pst., frå saldert budsjett 2015. Auken skuldast i hovudsak endringar som følgje av løns- og prisvekst.

Hovudprioriteringane i budsjettframlegg for Landbruks- og matdepartementet:

  • auka matproduksjon

  • klimatiltak i skogbruket

  • innsats mot antibiotikaresistente bakteriar

Innretninga av verkemidla over jordbruksavtalen skal leggje til rette for auka matproduksjon. Løyvingar som følgjer av jordbruksavtalen utgjer ein betydeleg del av budsjettet. Årets avtale gir grunnlag for ein inntektsauke for jordbruket på 3,75 pst. per årsverk. Løyvingane er foreslått auka med 83,1 mill. kroner inkludert kvantumsjusteringar.

Regjeringa foreslår ei auka løyving på 33 mill. kroner til auka skogplanting, gjødsling av skog og skogplanteforedling. Desse tiltaka er i følgje FNs klimapanel dei mest kostnadseffektive klimatiltaka i skogen. Regjeringa legg også opp til ein auka innsats mot utvikling av antibiotikaresistente bakteriar og vidarefører pilotprosjektet med dyrepoliti i Sør-Trøndelag.

Regjeringa vil prioritere breie verkemiddel framfor næringsspesifikke program. Dette bidreg til at det er dei beste prosjekta som mottek støtte og til at ein mindre del av løyvingane blir nytta til administrasjon. Det blir difor gjort framlegg om å avvikle løyvinga til trebasert innovasjonsprogram. Skog- og tresektoren har moglegheit til å søkje midlar under dei breie ordningane som Innovasjon Noreg har.

1.4 Oppmodingsvedtak

Vedtak nr. 393, 8. april 2014

«Stortinget ber regjeringen i egnet form fremme forslag for Stortinget om jordvernstrategi.»

Regjeringa la våren 2015 fram Nasjonal jordvernstrategi. For nærare omtale, sjå Prop. 127 S (2014–2015) Jordbruksoppgjøret 2015 – endringer i statsbudsjettet 2015 m.m.

Vedtak nr. 58, 1. desember 2014

«Stortinget ber regjeringen vurdere forbud mot norsk pelsdyroppdrett i arbeidet med oppfølging av pelsdyrutvalget.»

Den same ordlyden blei også vedteke i vedtak nr. 254 den 11. desember 2014. Regjeringa tek sikte på å komme tilbake til Stortinget med eigen sak om oppfølging av NOU om norsk pelsdyrhald hausten 2016.

Vedtak nr. 254, 11 desember 2014

«Stortinget ber om at Landbruks- og matdepartementets ordning med samarbeidsavtaler med frivillige organisasjoner videreføres.

Ordninga er vidareført, jf. omtale under kap. 1138, post 70.

Vedtak nr. 416, 12. februar 2015

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag til virkemidler for å bedre konkurransen og effektiviteten i dagligvaremarkedet.»

Arbeidet med å finne verkemiddel for å betre konkurransen og effektivteten i daglegvaremarknaden skjer i eit samarbeid mellom Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Arbeidet har utgangspunkt i Daglegvarelovutvalets analysar og konklusjonar, og det blir sett på ulike forslag til løysingar. Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet blir jamnleg oppdatert.

Vedtak nr. 437, 3. mars 2015

«Stortinget ber regjeringen sørge for å ta initiativ til bedre merkeordninger for mat, som også stiller krav til opprinnelsesmerking på bearbeidede kjøttprodukter og meieriprodukter.»

Regelverket for merking av mat er i hovudsak harmonisert gjennom EØS-avtalen. Vedtaket må difor følgjast opp gjennom å medverke i regelverksprosessar i EU. Mattilsynet er sentral i dette arbeidet frå norsk side og vil følgje opp i arbeidet sitt i internasjonale fora.

Vedtak nr. 451, 12. mars 2015

«Stortinget ber regjeringen sørge for at det i tilknytning til den tverrsektorielle strategien mot antibiotikaresistens utarbeides en handlingsplan som viser hvordan offentlige myndigheter, veterinærer, fagmiljøer og næringen sammen kan jobbe mot utbredelse av antibiotikaresistente bakterier innenfor husdyrnæringen.»

Den tverrsektorielle strategien blei lansert våren 2015. Landbruks- og matdepartementet har inhenta innspel til handlingsplan frå relevante organisasjonar og verksemder samt Mattilsynet og Veterinærinstituttet. Departementet tek sikte på å ferdigstille handlingsplanen i løpet av 2015.

Vedtak nr. 573, 2. juni 2015

«Stortinget ber regjeringen i stortingsmelding om handlingsplan for naturmangfold, stortingsmelding om landbruk og stortingsmelding om skog- og trenæring gjøre en vurdering av aktuelle problemstillinger knyttet til myr.»

Problemstillingar knytt til myr vil bli følgt opp i arbeidet med desse meldingane.

1.5 Oversiktstabellar

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

01-24

Driftsutgifter

1 673 392

1 588 332

1 579 225

-0,6

30-49

Investeringar

9 145

9 417

4 536

-51,8

50-59

Overføringar til andre statsrekneskap

2 100 289

1 995 120

2 024 562

1,5

60-69

Overføringar til kommunesektoren

131 335

134 933

138 846

2,9

70-89

Overføringar til private

13 544 858

13 560 676

13 672 889

0,8

Sum under departementet

17 459 019

17 288 478

17 420 058

0,8

Utgifter fordelte på programkategoriar

(i 1 000 kr)

Kat.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Budsjettets stilling pr 1. halvår

Forslag 2016

15.00

Administrasjon m.m.

156 140

149 075

149 075

150 117

15.10

Matpolitikk

1 459 184

1 379 972

1 379 972

1 289 571

15.20

Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling

438 483

450 699

450 699

681 821

15.30

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

15 405 212

15 308 732

15 308 732

15 298 549

Sum programområde 15

17 459 019

17 288 478

17 288 478

17 420 058

Inntekter fordelte på programkategoriar

(i 1 000 kr)

Kat.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Budsjettets stilling pr 1. halvår

Forslag 2016

15.00

Administrasjon m.m.

4 182

113

113

1 002

15.10

Matpolitikk

183 389

186 859

186 859

162 839

15.20

Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling

19 775

15.30

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

210 063

204 701

204 701

175 649

15.40

Forretningsdrift

78 959

50 588

50 588

24 500

Sum programområde 15

476 593

442 261

442 261

383 765

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

Administrasjon m.m.

1100

Landbruks- og matdepartementet

156 140

149 075

150 117

0,7

Sum kategori 15.00

156 140

149 075

150 117

0,7

Matpolitikk

1112

Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

189 034

172 194

92 507

-46,3

1115

Mattilsynet

1 270 150

1 207 778

1 197 064

-0,9

Sum kategori 15.10

1 459 184

1 379 972

1 289 571

-6,6

Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling

1136

Kunnskapsutvikling m.m.

222 870

1137

Forsking og innovasjon

438 483

450 699

458 951

1,8

Sum kategori 15.20

438 483

450 699

681 821

51,3

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

1138

Støtte til organisasjonar m.m.

30 514

30 515

36 400

19,3

1139

Genressursar, miljø- og ressursregistreringar

36 935

35 177

22 519

-36,0

1141

Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket

125 631

129 002

-100,0

1142

Landbruksdirektoratet

419 830

428 213

2,0

1143

Statens landbruksforvaltning

354 453

1144

Regionale og lokale tiltak i landbruket

5 862

4 002

4 118

2,9

1147

Statens reindriftsforvaltning

59 329

1148

Naturskade – erstatningar

225 450

169 200

188 744

11,6

1149

Verdiskapings- og utviklingstiltak i skogbruket

86 859

79 351

91 759

15,6

1150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

14 348 239

14 306 304

14 389 377

0,6

1151

Til gjennomføring av reindriftsavtalen

108 452

111 500

113 000

1,3

1161

Myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn

23 488

23 851

24 419

2,4

Sum kategori 15.30

15 405 212

15 308 732

15 298 549

-0,1

Sum utgifter

17 459 019

17 288 478

17 420 058

0,8

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

Administrasjon m.m.

4100

Landbruks- og matdepartementet

4 182

113

1 002

786,7

Sum kategori 15.00 4 182 113 1 002 786,7

Matpolitikk

4112

Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

19 180

19 464

-100,0

4115

Mattilsynet

164 209

167 395

162 839

-2,7

Sum kategori 15.10 183 389 186 859 162 839 -12,9

Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling

4136

Kunnskapsutvikling m.m.

19 775

Sum kategori 15.20 19 775

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

4142

Landbruksdirektoratet

39 701

40 649

2,4

4143

Statens landbruksforvaltning

58 734

4147

Statens reindriftsforvaltning

866

4150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

36

30 000

-100,0

4162

Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap

15 926

10 000

10 000

0,0

5576

Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet

134 501

125 000

125 000

0,0

Sum kategori 15.30 210 063 204 701 175 649 -14,2

Forretningsdrift

5651

Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet

2 933

5 000

-100,0

5652

Statskog SF – renter og utbytte

76 026

45 588

24 500

-46,3

Sum kategori 15.40

78 959

50 588

24 500

-51,6

Sum inntekter

476 593

442 261

383 765

-13,2

1.6 Oversikt over stikkordet «kan overførast»

Under Landbruks- og matdepartementet blir stikkordet foreslått knytt til desse postane utanom postgruppe 30–49

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2015

Forslag 2016

1100

21

Spesielle driftsutgifter

964

1138

70

Støtte til organisasjonar

27 109

1138

71

Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar

2 423

4 291

1139

71

Tilskott til genressursforvaltning og miljøtiltak

2 901

22 693

1142

22

Digitale markslagskart

7 616

1142

71

Omstillingstiltak i Indre Finnmark

9 519

1142

80

Radioaktivitetstiltak

9 260

2 500

1144

77

Regionale og lokale tiltak i landbruket

10 016

4 118

1148

22

Naturskade, administrasjon

6 544

1149

71

Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket

79 684

43 675

1149

73

Tilskott til skog-, klima- og energitiltak

10 012

8 664

1149

74

Tilskott til industriell bruk av biomasse

4 360

2 742

1150

21

Særskilte driftsutgifter

12 500

1150

70

Marknadsregulering

2 508

291 600

1150

74

Direkte tilskott

9 795

8 139 710

1150

77

Utviklingstiltak

9 785

246 880

1150

78

Velferdsordningar

3 500

1 582 454

1151

75

Kostnadssenkande og direkte tilskott

8 762

68 700

1151

79

Velferdsordningar

1 436

2 600

Til toppen
Til forsida av dokumentet