Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 1 S (2015–2016)

FOR BUDSJETTÅRET 2016 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4162, 5576, 5651, 5652

Til innhaldsliste

Del 2
Budsjettframlegg

2 Nærare omtale av løyvingsforslaga

Programområde 15 Landbruk og mat

Programkategori 15.00 Administrasjon m.m.

Utgifter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

1100

Landbruks- og matdepartementet

156 140

149 075

150 117

0,7

Sum kategori 15.00

156 140

149 075

150 117

0,7

Inntekter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

4100

Landbruks- og matdepartementet

4 182

113

1 002

786,7

Sum kategori 15.00

4 182

113

1 002

786,7

Mål og strategiar

Departementet sitt ansvarsområde dekkjer heile verdikjeda frå primærprodusent til forbrukar, medrekna juridiske og økonomiske verkemiddel for mat, jordbruk, skogbruk, reindrift, klima, miljøtiltak i sektoren og nye landbruksbaserte næringar. Landbruks- og matdepartementet har som tverrgåande mål at forvaltninga skal vere effektiv. Det vil i praksis seie at forvaltninga skal tilby enkle og brukarvennlege løysinga, og vere kjenneteikna av å ha god kvalitet.

Sjå også omtale under del III.

Prioriteringar

Arbeidet med forenkling av byråkratiske prosessar og oppgåver, som har som mål å gi effektive ringverknadar og reduserte totalkostnader for samfunnet, vil ha høg prioritet også i 2016. I tillegg vil viktige prioriteringar for departementet på det administrative området vere å vidareføre arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap og føre vidare arbeidet med å utvikle god styring av underliggjande verksemder.

Sjå også omtale av prioriteringane på dei ulike fagområda under dei respektive budsjettkapitla i proposisjonen.

Kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter

150 068

145 263

146 206

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

1 053

942

964

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald – ordinære forvaltningsorgan, kan overførast, kan nyttast under post 50

4 922

2 590

2 660

50

Større utstyrskjøp og vedlikehald – forvaltningsorgan med særskilde fullmakter

97

280

287

Sum kap. 1100

156 140

149 075

150 117

Post 01 Driftsutgifter

Formål med løyvinga

Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for eit breitt forvaltningsområde. Posten dekkjer dei ordinære driftsutgiftene til departementet. Dei tilsette utgjer den viktigaste ressursen for departementet, og det blir lagt stor vekt på at dei har god samfunnsforståing, samarbeidsevne, effektivitet i oppgåveløysinga og høg fagleg kompetanse.

Rapportering 2014

Det blei nytta om lag 150 mill. kroner til drift av Landbruks- og matdepartementet i 2014. Om lag 70 pst. av løyvinga blei nytta til lønsmidlar, mens resten blei nytta til husleige, inventar, drift og utvikling av IKT, reiseutgifter, kurs og konferanseverksemd og tiltak for kompetanseutvikling. Departementet hadde per 1.1.2015 145 årsverk. Dette er ein nedgang på 3 årsverk samanlikna med 2014.

Budsjettframlegg 2016

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 146,206 mill. kroner til drift av departementet.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Formål med løyvinga

Midlane på posten blir nytta til godtgjering til utgreiingsutval og andre særskilde prosjektrelaterte kostnader i Landbruks- og matdepartementet.

Rapportering 2014

Det blei nytta om lag 1 mill. kroner til godtgjering og reiseutgifter til marknadsbalanseringsutvalet.

Budsjettframlegg 2016

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 964 000 kroner til særskilde prosjekt.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald – ordinære forvaltningsorgan

Formål med løyvinga

Løyvinga kan nyttast til finansiering av store nyinnkjøp og ekstraordinære utgifter i departementet, ved eigedommane til departementet og til delvis dekking av tilsvarande utgifter ved dei ordinære forvaltningsorgana under departementet. Løyvinga kan også nyttast til utgifter i samband med sal og taksering av eigedommar.

I samband med opprettinga av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), vedtok departementet ein regional struktur for instituttet som skil seg frå strukturen dei enkelte institutta har hatt tidlegare. Det kan difor bli aktuelt å avhende heile eller delar av eigedommar som departementet står som eigar av. Utgifter til arbeid med dette kan også førast over posten.

Rapportering 2014

I 2014 blei det nytta om lag 4,9 mill. kroner til større utstyrskjøp og vedlikehald. Dei største utgiftene var knytte til vedlikehald ved departementet sin eigedom i Sikkilsdalen i Nord-Fron, oppfølging av landsverneplan for Bioforsk og utgifter til å klargjere departementet sin eigedom på Kjeller i Skedsmo for sal.

Budsjettframlegg 2016

Departementet vil gjennomføre nødvendige oppgraderingar og reparasjonar ved ulike eigedommar som departementet har ansvar for. Departementet gjer framlegg om ei løyving over posten på 2,660 mill. kroner.

Det kan også i 2015 bli aktuelt å selje festetomter, tomter, bygningar, areal m.m. Departementet gjer difor framlegg til Stortinget om fullmakt til å selje opphavleg og innkjøpt statseigedom for inntil 25 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V, og at departementet kan overskride løyvinga tilsvarande meirinntekter frå sal av eigedom, jf. forslag til vedtak II. Departementet gjer også framlegg om at unytta meirinntekter frå sal av eigedom kan reknast med ved utrekning av beløp som kan overførast på posten. Eventuelle inntekter frå sal av eigedommar kan også nyttast til å dekkje større utgifter som følgje av omorganiseringar i ytre etatar og institutt.

Posten blir sett i samanheng med og kan nyttast under post 50.

Post 50 Større utstyrskjøp og vedlikehald – forvaltningsorgan med særskilde fullmakter

Formål med løyvinga

Løyvinga kan nyttast til finansiering av store nyinnkjøp og ekstraordinært vedlikehald ved dei nettobudsjetterte institutta under departementet.

Rapportering 2014

Midlane blei nytta til kulturfagleg bistand ved eigedommar under Bioforsk og til konsulentbistand i samband med verdivurderingar knytt til departementet sin eigedom på Adamstua i Oslo.

Budsjettframlegg 2016

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 287 000 kroner over posten i 2016. Midlane vil nyttast ut frå dokumenterte behov i instituttsektoren.

Kap. 4100 Landbruks- og matdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Refusjonar m.m.

180

113

115

16

Refusjon av foreldrepengar

1 472

18

Refusjon av sjukepengar

2 530

30

Husleige

887

Sum kap. 4100

4 182

113

1 002

Post 30 Husleige

Veterinærmedisinsk oppdragssenter AS (VESO) stilte i 1994 med kapital for å realisere Fiskehelsebygningen på staten sin eigedom Adamstua i Oslo. Innskottet blei nedskrive som leigeutgift over 20 år, til 1.7.2014. Departementet har no inngått ordinær husleigeavtale med VESO og gjer, i tråd med avtalen, framlegg om ei inntekt på 887 000 kroner for 2016.

Programkategori 15.10 Matpolitikk

Utgifter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

1112

Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

189 034

172 194

92 507

-46,3

1115

Mattilsynet

1 270 150

1 207 778

1 197 064

-0,9

Sum kategori 15.10

1 459 184

1 379 972

1 289 571

-6,6

Inntekter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

4112

Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

19 180

19 464

-100,0

4115

Mattilsynet

164 209

167 395

162 839

-2,7

Sum kategori 15.10

183 389

186 859

162 839

-12,9

Mål og strategiar

Budsjettframlegget omfattar Mattilsynet og grunnløyvinga til oppgåver innanfor kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap ved Veterinærinstituttet. Sjå også Prop. 1 S (2015–2016) frå Nærings- og fiskeridepartementet for nærare omtale av Veterinærinstituttet. Budsjettframlegget er viktig for arbeidet med å nå matpolitiske mål, og skal særleg bidra til å nå måla i matlova, dyrevelferdslova og dyrehelsepersonellova. Ein del av desse måla har ikkje direkte samanheng med matproduksjon. Framlegget omfattar i tillegg Mattilsynet sitt arbeid for å nå måla i kosmetikklova, husdyravlslova og planteforedlarlova.

Det faglege ansvaret på matområdet er delt mellom Helse- og omsorgsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Det er eit omfattande og nært samarbeid mellom desse departementa.

Matpolitikken til regjeringa dekkjer heile matproduksjonskjeda frå jord og fjord til bord. Målstrukturen på dette politikkområdet avvik difor noko frå måla for landbruks- og matpolitikken, slik dei er omtalte i andre kapittel i denne budsjettproposisjonen.

Hovudmåla på det matpolitiske området er:

  • å sikre trygg mat og trygt drikkevatn

  • å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn

  • å fremje god plantehelse og god helse og velferd hos landdyr og fisk

Andre viktige omsyn er:

  • tilrettelegging for marknadstilgang for norske produkt

  • sunt kosthald og gode matopplevingar

  • nyskaping, mangfald, matkultur og verdiskaping

  • langsiktig matforsyning og berekraftig og miljøvennleg produksjon

I forvaltninga av matlova skal omsynet til trygg mat og trygt drikkevatn vege tyngst.

Regjeringa legg vekt på ønskje og behov hos forbrukarane. Ein mangfaldig matmarknad og lovfesta matinformasjon som er rett, relevant og lett tilgjengeleg, er viktige føresetnader for at forbrukarane skal kunne gjere informerte val og utøve makt i matmarknaden. Offentleg regulerte frivillige merkeordningar for mat skal også bidra til dette.

Regjeringa legg vekt på at rammevilkåra for næringsaktørane, mellom anna regelverk og tilsyn, blir fastsette og utøvde på ein slik måte at ein ikkje skapar konkurransevridingar, samstundes som verksemdene må kunne nytte den fleksibiliteten som ligg i regelverket.

Omfattande handel med innsatsvarer, planter, dyr og mat over landegrensene krev eit sterkt internasjonalt samarbeid. Difor blir krava på matområdet i stor grad utforma internasjonalt. Handelen må skje i samsvar med internasjonale avtalar og basert på internasjonale standardar. Dette er viktig for å sikre at varene vi importerer, er trygge og møter krava til forbrukarane, og for å fremje god plante- og dyrehelse. For at norsk eksport ikkje skal bli hindra av urettvise krav frå importlanda, må Noreg vere leiande på overvaking, risikovurderingar og forsking, særleg når det gjeld sjømat og fiskehelse. Dette legg grunnlaget for at norske synspunkt blir høyrde i internasjonale fora som utformar regelverk og standardar. Aktiv norsk deltaking i internasjonale fora er nødvendig, både for å påverke innhaldet i standardar og regelverk og for å utveksle og utvikle kunnskap og erfaring.

Noreg tek aktivt del i internasjonalt samarbeid på matområdet, mellom anna i Codex Alimentarius Commission (FN sin organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) og Verdas helseorganisasjon (WHO) sin organisasjon for matvarestandardar), Verdas dyrehelseorganisasjon (OIE) og den internasjonale plantevernkonvensjonen (IPPC). Organisasjonane utviklar standardar som blir lagt til grunn i avtaleverket om mattryggleik, helse og miljø under Verdas handelsorganisasjon (WTO) (SPS-avtalen og TBT-avtalen). Desse avtalane legg også premissar for regelverket i EU/EØS.

Hovuddelen av regelverket på matområdet er harmonisert innanfor EØS. EØS-avtalen er basert på at regelverket i EU og Noreg så raskt som mogleg skal vere felles. Effektive og gode EØS-rutinar er difor svært viktige. Regjeringa legg vekt på ein open og aktiv europapolitikk med tidleg involvering av interessentane, tydelege posisjonar og målretta innsats i dei fasane av den løpande regelverksutviklinga der EØS-avtalen gir Noreg best tilgang. For større eller viktige rammerettsakter som blir handsama i Europaparlamentet eller Rådet, blir det lagt vekt på aktiv påverknad opp mot desse organa.

Feil bruk av antibiotika til folk og dyr har ført til ein betydeleg auke av motstandsdyktige (resistente) bakteriar som no utgjer ein alvorleg global helsetrussel. Regjeringa har stor merksemd på området og har mellom anna utarbeidd ein tverrsektoriell nasjonal strategi mot antibiotikaresistens for perioden 2015–2020. Strategien har særleg merksemd på redusert bruk av antibiotika, rett bruk av antibiotika og utvikling av kunnskap. Aktiv deltaking i internasjonale fora er viktig for å bidra til betre tilgang til antibiotika og ansvarleg bruk, samt for utvikling av nye antibiotika, vaksiner og betre diagnostiske hjelpemiddel.

I internasjonal samanheng er antibiotikabruken til husdyr i Noreg på eit svært lågt nivå. Dette skuldast mellom anna god dyrehelse, at vi har dyktige og ansvarlege bønder og veterinærar, og at det er eit godt samarbeid mellom næringa og styresmaktene. Grunna utvikling av gode vaksinar, er antibiotikabruken til fisk minimal.

Noreg har, som første land i verda, sett i verk omfattande tiltak mot MRSA (meticillinresistente Staphylococcus aureus-bakteriar) hos svin. Førekomsten av antibiotikaresistente tarmbakteriar (ESBL-produserande og kinolinresistente E. coli) i norsk fjørfe og fjørfekjøtt krev auka merksemd. Det er sett i gang fleire forskingsprosjekt for å auke kunnskapen om resistente bakteriar i fjørfehaldet, og kva desse betyr for helsa til folk og dyr. Overvakinga på området er også styrkt.

For matproduserande landdyr, fisk og kjæledyr er det fastsett følgjande sektormål i strategien:

  • Det er utarbeidd oversikt over oppsamlingsstader for antibiotikaresistente bakteriar i dei mest relevante dyrepopulasjonane og planter av verdi for mattryggleiken.

  • Meticillinresistente gule stafylokokk-bakteriar (LA-MRSA) er ikkje etablert i norsk svinehald.

  • Førekomsten av Extended spectrum betalactamase (ESBL, resistensmekanismar hos bakteriar som hemmar effekten av dei vanlegaste typane antibiotika)i norske fjørfebesetningar er redusert til eit minimum.

  • Forbruket av antibiotika til matproduserande landdyr er redusert med minst 10 pst. samanlikna med forbruket i 2013.

  • Forbruket av antibiotika til kjæledyr er redusert med minst 30 pst. samanlikna med forbruket i 2013.

  • Narasin og andre koksidiostatika med antibakteriell verknad er fasa ut av kyllingproduksjonen så framt dette ikkje går ut over dyrehelsa og dyrevelferda eller aukar bruken av antibiotika til behandling.

  • Totalbruken av antibiotika i fiskeoppdrett er i 2020 på same nivå eller lågare enn for perioden 2004–2014, målt i kilo antibiotika.

I tilknyting til den tverrsektorielle strategien har departementet innhenta innspel til ein handlingsplan om korleis styresmakter, veterinærar, næring og fagmiljø kan arbeide mot utbreiing av antibiotikaresistente bakteriar innan husdyrnæringa. Departementet tek sikte på å ferdigstille handlingsplanen i løpet av 2015.

I 2016 vil departementet styrkje kunnskapsutvikling og forsking knytt til antibiotikaresistens med 7 mill. kroner innanfor gjeldande budsjettrammer.

Mattilsynet er den sentrale norske myndigheitsaktøren i gjennomføringa av matpolitikken. Oppgåvene omfattar regelverksutvikling, tilsyn, rettleiing, kartlegging og overvaking i heile matproduksjonskjeda, frå innsatsvarer og primærproduksjon til omsetnad til forbrukarane.

Ei større omorganisering av Mattilsynet blei sett i verk 1. februar 2015. Med den nye organiseringa blei det færre forvaltningsnivå, færre administrative einingar og færre leiarar. Det blei dermed frigjort ressursar frå administrative oppgåver til regelverksutvikling og til utøvande tilsyn og rettleiing i direkte kontakt med verksemdene. Mattilsynet vil arbeide for å bli meir effektive og synlege, mellom anna ved meir bruk av målretta inspeksjonar med færre kontrollpunkt, såkalla «punkttilsyn». Slike tilsyn dannar grunnlaget for utvikling av store og små tilsynskampanjar, og er eit satsingsområde for å auke synleggjeringa av Mattilsynet.

Ansvaret for å kjenne til regelverket og finne løysingar som gjer at dei etterlever regelverket, kviler på den enkelte verksemda. Mattilsynet har hovudansvaret for å føre tilsyn med at regelverket blir etterlevd. Samstundes er aktiv rettleiing om regelverket viktig. Mattilsynet vil framover auke innsatsen for å informere betre om regelverket og gjere det lettare tilgjengeleg. Når det er nødvendig for å nå måla, vil Mattilsynet handheve regelverket ved å nytte dei verkemidla lovverket stiller til rådvelde.

God kunnskap og vitskapeleg dokumentasjon er avgjerande for å nå måla i matpolitikken. Som ledd i regelverksutviklinga på matområdet utfører Vitskapskomiteen for mattryggleik uavhengige faglege risikovurderingar for Mattilsynet. Arbeidet krev god samhandling med Mattilsynet og andre kunnskapsinstitusjonar og god kontakt med European Food Safety Authority (EFSA). Sjå også Prop. 1 S (2015–2016) for Helse- og omsorgsdepartementet kap. 703 og 710.

Kunnskapsstøtte frå institusjonar som Norsk institutt for bioøkonomi, Havforskingsinstituttet, Nasjonalt folkehelseinstitutt, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking og Veterinærinstituttet er viktig for at forvaltninga er godt fagleg og vitskapeleg fundert.

Prioriteringar

Målet om å sikre trygg mat og trygt drikkevatn

Noreg har ein gunstig situasjon samanlikna med andre land når det gjeld matboren sjukdom. Dette skuldast mellom anna at førekomsten av smittestoff i mat og hos husdyr er relativt låg. Dette er nærare omtalt i kap. 1115 og i del III. Sjølv om mattryggleiken i Noreg generelt er god, krev det kontinuerleg innsats for å halde den ved like og for å forbetre den på område der Mattilsynet finn regelbrott og manglar.

Innsatsvarene og matvarene skal vere trygge, uavhengig av om dei er framstilte i Noreg eller er importerte. Regelverket og tilsynet skal leggjast opp slik at ein gjennom innsats i alle ledd i matproduksjonskjeda bidreg til at sluttprodukta er trygge. I arbeidet for å sikre trygg mat er det viktig å redusere risikoen for sjukdom eller helseskade som kan oppstå på grunn av smittestoff eller framandstoff i innsatsvarer, mat eller drikkevatn.

Det er nødvendig med kontinuerleg innsats frå verksemdene for å halde oppe og sikre god hygiene i heile matproduksjonskjeda. Verksemder som produserer og omset innsatsvarer og mat, varierer mykje i storleik og karakter. Mange aktørar har god kunnskap og gode rutinar og system for å sikre at dei etterlever regelverket slik at innsatsvarene, maten og drikkevatnet blir trygge. Samstundes viser resultata frå tilsyn at det er stort rom for forbetringar hos mange.

Effektive hygienetiltak og gode arbeidsrutinar i verksemder som framstiller lett forderveleg mat eller som handterer mat som ikkje er innpakka, er særleg viktig. Det er framleis grunn til å ha stor merksemd på dei hygieniske forholda i omsetnadsledda og i serveringsnæringa.

Resultat frå pilotprosjektet med ei smilefjesordning i serveringsnæringa i Trøndelag og Møre og Romsdal, har vist at etterlevinga av regelverket der har blitt langt betre. Ordninga er godt motteke av forbrukarane og verksemdene. Ordninga blir landsdekkjande frå 1. januar 2016.

Noreg har slutta seg til Verdas helseorganisasjon (WHO)/FNs økonomiske kommisjon for Europa (UNECE) sin protokoll om vatn og helse. Regjeringa har i 2014 fastsett nasjonale mål for vatn og helse, som del av den norske gjennomføringa av protokollen. Måla omfattar miljø-, sanitær- og drikkevassområdet. Formålet er å bringe norsk forsyning av vatn og handsaming av avløp i samsvar med krava som ligg i regelverket. Det er utarbeidd ein gjennomføringsplan for å nå måla på drikkevassområdet. Eit av punkta er å revidere drikkevassforskrifta for å få tydelegare krav til vedlikehald/utskifting av leidningsnett, førebyggjande sikring og beredskap ved vassforsyningssystema og betre kvalitet ved og kontroll med dei små vassverka.

Fleire tilfelle dei siste åra viser den nære samanhengen mellom sjukdom hos dyr og menneske. Tal frå WHO viser at om lag 75 pst. av nye eller kjente infeksjonar som har vore i vekst hos menneske dei siste 30 åra, skuldast smittestoff som kjem frå dyr. Å halde oppe den gode norske dyrehelsa, som er eit resultat av systematisk arbeid gjennom mange år, er viktig både for mattryggleiken og for god helsetilstand i landet.

Overvaking av inntaket av framandstoff og næringsstoff er viktig i folkehelsearbeidet og som grunnlag for faglege risikovurderingar. For å kunne overvake inntaket må ein ha kunnskap om kor mykje folk bruker av ulike matvarer og om innhaldet av framandstoff og næringsstoff i matvarene. Mattilsynet samarbeider mellom anna med Helsedirektoratet for å oppdatere eksisterande inntaksdata og for å utvide talet på matvarer som ein har inntaksdata for. Det er også viktig med kunnskap om innhaldet av framandstoff i innsatsvarer og råvarer, og om det er miljøforureining i vatn eller jordsmonn som kan påverke innhaldet i fisk, dyr og planter.

Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn

Ernæringsarbeidet er omtalt i Prop. 1 S (2015–2016) for Helse- og omsorgsdepartementet og ligg i hovudsak under Helsedirektoratet. Mattilsynet har også ei viktig rolle, særleg når det gjeld merking av næringsinnhald, ernærings- og helsepåstandar og frivillig sunnheitsmerking (Nøkkelholet). Mattilsynet og Helsedirektoratet vil samarbeide om å vidareutvikle kostberekningsprogrammet Kostplanleggeren.

Forbrukarane, matbransjen og styresmaktene ser merking av mat som eit viktig forbrukaromsyn. Merking er viktig for at forbrukarane skal få rett informasjon om matvarene, mellom anna om kva dei inneheld, korleis dei skal handterast, kor dei kjem frå og kor mykje næring dei gir.

Det vil bli lagt vekt på å følgje opp den nye matinformasjonsforskrifta. Forskrifta oppdaterer og vidareutviklar viktige krav til merking av mat. Ulike delar av forskrifta tek til å gjelde i tida frå 2014 til 2016. Det blir mellom anna krav om obligatorisk merking av næringsinnhald for dei fleste matvarene som blir selde til forbrukarane. Det blir også strengare krav til merking av kor matvarene kjem frå, mellom anna for frukt og grønt og for fleire kjøttslag enn storfe. Departementet vil arbeide vidare opp mot EU med sikte på at matinformasjonsforordninga sine reglar om merking av ingrediensar og næringsinnhald også skal gjelde for alkoholhaldige drikkevarer.

Den felles nordiske ordninga med frivillig sunnheitsmerking av mat (Nøkkelholet) har gitt forbrukarane eit større tilbod av matvarer som kan bidra til sunnare kosthald. Ordninga blei utvida frå 1. mars 2015, mellom anna ved at nye produktgrupper blei tekne inn og ved at det blei sett strengare grenser for salt i visse produktgrupper. Ytterlegare nedgang i saltinntaket er viktig for folkehelsa.

Helse- og omsorgsministeren har etablert ei eiga samarbeidsgruppe med leiarar innanfor ulike delar av næringslivet på matområdet. Merking som kan gjere det enklare å setje saman eit sunnare kosthald, er også eit aktuelt tema for denne næringslivsgruppa. Andre aktuelle tema for gruppa er å arbeide for lågare innhald av salt, sukker og metta feitt i vanlege matvarer.

Frå 1. januar 2016 trer eit enklare regelverk for kvalitet i kraft. Det gamle regelverket var komplisert og hadde mange detaljerte spesialreglar som kunne verke hemmande på innovasjon i næringa. Dei fleste av desse reglane blir fjerna ved at fem forskrifter er oppheva og erstatta av eit meir avgrensa og mindre detaljert kvalitetsregelverk som berre gjeld for mjølk og mjølkeprodukt. Dette gir meir fleksible rammer og gjer det enklare å utvikle nye produkt, noko som særleg kjem forbrukarane til gode.

Interessa veks for lokal mat og matprodukt med særpreg. Regjeringa legg vekt på å leggje til rette for slik produksjon, jf. Meld. St. 31 (2014–2015) Garden som ressurs – marknaden som mål. Gjennom merkeordninga Beskytta nemningar får produsentane eit rettsleg vern mot kopiering av produktnamnet.

Matdepartementa legg vekt på å bidra i utviklinga av regelverk i EU, slik at ein får minst mogleg innblanding av genmodifiserte organismar (GMO) i tradisjonelt GMO-frie innsatsvarer. Mellom anna blir det arbeidd for ei nullgrense når det gjeld innblanding i såfrø.

Målet om å fremje god plantehelse og god helse og velferd hos landdyr og fisk

Noreg har generelt god plantehelse, men aukande import av planter og plantemateriale kan auke risikoen for introduksjon av nye sjukdommar og skadegjerarar.

Landdyrhelsa i Noreg er framleis generelt god. Dei siste åra er det likevel påvist fleire nye sjukdommar, til dømes blåtunge hos storfe og svineinfluensa hos gris.

Det er viktig med god overvaking og høg beredskap mot mange plante- og dyresjukdommar, planteskadegjerarar og sjukdommar som smittar mellom dyr og menneske (zoonosar).

Det blir lagt stor vekt på å følgje opp dei sektorspesifikke måla i den nasjonale strategien mot antibiotikaresistens 2015–2020. Desse måla er lista opp og nærare omtalt tidlegare.

Evna til å løyse sjukdomsutfordringane i havbruket er viktig for å kunne ta ut det langsiktige vekstpotensialet. Kontroll med sjukdom er også viktig for å minske smittepresset i miljøet, og dermed redusere bruk og utslepp av medikament. Lakselus er for tida den største utfordringa. Lakselus er primært eit problem for villfisken.

Meld. St. 16 (2014–2015) om vekst i havbruksnæringen, vil bli følgt opp mellom anna med innføring av ein indikator for lakseluspåverknad på villfisk og inndeling av kysten i spesifikke produksjonsområde.

Produksjonssvinnet i sjøfasen er framleis for høgt. Det skuldast dels dårleg smoltkvalitet, dels forhold ved den enkelte lokaliteten og dels sjukdom. Det må arbeidast for å redusere verknaden av alle tre årsakene.

Arbeidet med å fremje god dyrevelferd er viktig. Det er nødvendig med merksemd både mot hald av produksjonsdyr og sports- og familiedyr.

For produksjonsdyrehald med mange dyr eller der risikoen for dårleg dyrevelferd er venta å vere høg, blir det gjennomført tilsyn som i størst mogleg grad er uvarsla. Besetningar der venta risiko for brot på regelverket er størst, blir prioritert. Auka tilsyn retta mot landdyr i primærproduksjon bidreg også til å førebyggje dyretragediar, ved at Mattilsynet tidlegare kan sjå faresignal for manglande stell. Godt samarbeid mellom Mattilsynet og næringa, mellom anna landbruket si HMS-teneste og slakteria, bidreg også til at dyrehald i risikosona kan bli oppdaga tidleg.

Utvikling av kunnskap om effektar på dyrevelferda av avlstiltak, ulike driftsformer og system er også viktig.

For å få utvikla eit best mogleg system og klare rutinar for handsaming av alvorlege saker som gjeld mishandling og vanrøkt av dyr, er det frå hausten 2015 sett i gang eit treårig prøveprosjekt med dyrepoliti i Sør-Trøndelag.

Hovuddelen av auken i tap av dyr på beite dei siste 15–20 åra skuldast rovvilt. Rovviltforliket i Stortinget i 2011 legg grunnlag for meir effektiv måloppnåing for både rovviltbestandane og moglegheit for levedyktig næringsdrift basert på beitebruk. Regjeringa vil praktisere ein låg terskel for uttak av rovvilt i prioriterte beiteområde.

Andre omsyn

Tilrettelegging for marknadstilgang for norske produkt

Kontakt med aktuelle styresmakter i andre land er avgjerande for å betre marknadstilgangen.

Norsk sjømat skal vere trygg og av god kvalitet slik at den blir føretrekt på den globale marknaden. Dei seinare åra har det vore ein auke i krava til dokumentasjon på at produkta som blir eksportert, er trygge. For Noreg som stor eksportør av sjømat, er det avgjerande å kunne dokumentere mattryggleik og kvalitet gjennom heile produksjonskjeda. Rolla til Mattilsynet som tilsynsmyndigheit og evne til kommunikasjon med styresmaktene i importlanda er avgjerande for tilliten.

Den gode norske dyrehelsa blir utnytta i eksportsamanheng, mellom anna når det gjeld ein aukande eksport av avlsprodukt frå husdyr. Også for ein del andre landbruksprodukt er det viktig med marknadstilgang i utlandet.

Sunt kosthald og gode matopplevingar

Det er viktig at fagleg og vitskapeleg basert informasjon om samanhengen mellom kosthald og helse når fram til forbrukarane på tenleg måte. Kostråda til helsestyresmaktene for å fremje folkehelsa og førebyggje kroniske sjukdommar er viktige. Dei nye råda frå 2014 legg større vekt på helseeffektane av heilskapen i kosthaldet og mat som bidreg med sunne feittsyrer, fullkorn og kostfiber.

Folkehelsepolitikken legg mellom anna vekt på tiltak for å gjere det enklare å velje sunt, å leggje til rette for gode måltid i barnehagar, skolar og blant eldre og å styrkje kunnskapen om mat, matlaging, kosthald og ernæring. For å følgje opp folkehelsemeldinga og handsaminga i Stortinget, vil ein starte arbeidet med ein ny heilskapleg nasjonal handlingsplan for betre kosthald.

Merksemd på matglede og god matkvalitet er også viktig for at forbrukarane skal kjenne til kor maten kjem frå, korleis han blir produsert og samanhengen mellom mat og helse.

Regjeringa arbeider for å få betre matomsorg på norske sjuke- og aldersinstitusjonar. Departementa vil at måltid for eldre på institusjonar skal vere tilpassa slik at måltida gir matglede og matlyst. Som del av dette er alle landets sjuke- og aldersinstitusjonar hausten 2015 invitert til å delta i ein konkurranse for å løfte fram måltidsstundene.

Nyskaping, mangfald, matkultur og verdiskaping

Innovasjon og næringsutvikling knytt til produksjon av mat med lokal identitet er viktig for å kunne ha sterke og innovative små og store verksemder. Som varsla i Meld. St. 31 (2014–2015) Garden som ressurs – marknaden som mål, vil regjeringa auke tilgangen til lokale matprodukt for forbrukarane (sjå nærare omtale under kat. 15.30).

Mattilsynet vil auke innsatsen for å informere betre om regelverket og for å gjere det lettare tilgjengeleg. Å kommunisere og dele kunnskap med verksemder, bransjeorganisasjonar og kompetansenettverk er viktig for utviklinga på lokalmatområdet.

Langsiktig matforsyning og berekraftig og miljøvennleg produksjon

Arbeidet for å sikre langsiktig matforsyning av landbruksprodukt og berekraftig og miljøvennleg produksjon av landbruksprodukt er hovudsakleg omtalt i kat. 15.30.

Departementa legg vekt på å følgje opp arbeidet med reduksjon i matsvinn i samsvar med intensjonsavtalen som er inngått med aktørane i matbransjen, mellom anna med sikte på å utvikle ein konkret avtale om reduksjon i matsvinn med aktørane innan sommaren 2016.

Det vil bli arbeidd med å redusere risiko ved bruk av plantevernmiddel. Ein ny handlingsplan for perioden 2016–2020 er under utarbeiding.

For omtale av sjømat, sjå Prop. 1 S (2015–2016) for Nærings- og fiskeridepartementet.

Kap. 1112 Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

50

Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Veterinærinstituttet

109 338

90 359

92 507

51

Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Bioforsk

62 823

81 835

52

Støtte til fagsentra, Bioforsk

16 873

Sum kap. 1112

189 034

172 194

92 507

Post 50 Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Veterinærinstituttet

Veterinærinstituttet er eit biomedisinsk beredskaps- og forskingsinstitutt innan dyrehelse, dyrevelferd, fôr- og mattryggleik. For styresmaktene er Veterinærinstituttet den viktigaste kunnskapsleverandøren ved førebygging, oppklaring og handtering av zoonosar og alvorlege smittsame sjukdommar hos fisk og landdyr. Kunnskapsutvikling og formidling innan fagområda er også viktig som grunnlag for utvikling av lovverk og som støtte til utvikling av ulike samfunnssektorar. Veterinærinstituttet bidreg også i førebygging og handtering av kriser som skuldast smittestoff og andre helseskadelege stoff i fôr og mat.

Veterinærinstituttet er eit forvaltningsorgan med særskilt fullmakt. Veterinærinstituttet får løyvingar til oppgåvene sine innan dyrehelse, fôrtryggleik, dyrevelferd og mattryggleik frå Landbruks- og matdepartementet. Løyvingane til oppgåvene innan fiskehelse og enkelte område innan sjømattryggleik ligg på budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet, sjå kap. 928, post 50 i deira Prop. 1 S (2015–2016). Forsking er ein sentral del av verksemda til Veterinærinstituttet og er omtala under kap. 1137. Instituttet har ei fri og uavhengig stilling i alle faglege spørsmål.

Veterinærinstituttet yter også tenester og formidlar kunnskap til næring, fagpersonell og dyreeigarar og arbeider for at ny kunnskap blir teken i bruk.

Formål med løyvinga

Dei tildelte midlane under kap. 1112, post 50 blir nytta til Veterinærinstituttet sitt arbeid med å gi fagleg støtte til forvaltninga, mellom anna ved å utvikle kunnskap innan kjerneområda.

Desse er:

  • Beredskap, diagnostikk og rådgiving

  • Helseovervaking

  • Fôr- og mattryggleik

  • Dyrevelferd

  • Referansefunksjonar

Mattilsynet er den viktigaste brukaren av kompetansen til instituttet. Veterinærinstituttet vil difor leggje stor vekt på å møte dei behova Mattilsynet har for kunnskap, råd og laboratoriestøtte innan kjerneområda til instituttet.

Vitskapskomiteen for mattryggleik har også behov for kompetanse og data som grunnlag for sine risikovurderingar. Veterinærinstituttet vil vere ein sentral kunnskapsbase og oppdragstakar for komiteen.

Rapportering 2014

Veterinærinstituttet har i 2014 bidrege med diagnostikk, forsking og faglege råd innan fiskehelse, dyrehelse, dyrevelferd og fôr- og mattryggleik til Mattilsynet og andre forvaltningsorgan.

Beredskap, diagnostikk og rådgiving

I samband med at den nasjonale terrorberedskapen blei styrkt sommaren 2014, sette Veterinærinstituttet straks i verk tiltak for å sikre kritisk infrastruktur. Instituttet mobiliserte raskt og hadde kvalifisert personell på plass i alle kritiske posisjonar innan få timar.

Veterinærinstituttet tok i mot færre prøver frå landdyr i 2014 enn tidlegare år. Nedgangen var størst for kjæledyr og fjørfe.

Det blei ikkje registrert større utbrott av alvorleg sjukdom hos landdyr i 2014. På bakgrunn av funn ved kliniske undersøkingar eller laboratoriefunn, fekk ein ved fleire høve mistanke om førekomst av alvorleg smittsam eksotisk sjukdom. Veterinærinstituttet har mellom anna bidrege til å avkrefte mistanke om tuberkulose hos alpakka og svinepest hos gris.

Veterinærinstituttet har påvist fleire tilfelle av infeksjon forårsaka av Salmonellabakteriar, ringorm hos kjøttfe, alvorlege virusinfeksjonar hos hobbyfjørfe og antibiotikaresistente stafylokokkar hos gris. Hos storfe gir smittsam diaré og smittsam luftvegsinfeksjon problem. Det vanlegaste smittestoffet hos småfe var Salmonella diarizona. Hos gris utgjer smittsame luftvegslidingar ei utfordring.

Arbeid med diagnostikk av og rådgiving kring multiresistente bakteriar slik som Livestock-Associated Methicillin-Resistant Staphylococcus aureus (LA-MRSA) hos gris, kinolonresistente E. coli i fjørfe og ESBL i fjørfe, hadde svært høg prioritet ved Veterinærinstituttet i 2014. Arbeidet blei utført i tett samarbeid med Mattilsynet.

Veterinærinstituttet legg stadig meir vekt på prosjektbasert diagnostikk. I 2014 gjennomførte instituttet slik diagnostikk innan transportdød hos småfe, beinlidingar hos fjørfe og dødsårsak hos lam på beite. Prosjekta blei gjennomførte i samarbeid med næringane.

Helseovervaking

Helsetilstanden hos fisk og landdyr blir overvaka kontinuerleg. Dette blir gjort ved at Veterinærinstituttet set saman data frå diagnostiske undersøkingar med data frå nasjonale overvakingsprogram som Mattilsynet har ansvar for. Veterinærinstituttet planlegg, koordinerer og rapporterer overvakingsprogramma på oppdrag frå Mattilsynet og utfører analysane i dei fleste programma.

Fôr- og mattryggleik

Mattilsynet har aukande behov for kunnskapsstøtte innan mattryggleik. Det var likevel ingen større alvorlege utbrot av smitte gjennom mat i 2014.

Veterinærinstituttet har gjennom fleire år delteke aktivt i EU si forsking innan mattryggleik. To store prosjekt innan mikrobiologisk mattryggleik blei avslutta i 2014. I det eine prosjektet (BASELINE) blei det utvikla nye metodar for prøvetaking og design som skal bidra til å forbetre kvaliteten på framtidige risikovurderingar. I det andre prosjektet (Veg-i-trade) vurderte ein korleis forventa klimaendringar og globalisering påverkar tryggleiksaspekt for ferskproduserte og prosesserte vegetabiler.

Dyrevelferd

Veterinærinstituttet har også i 2014 gitt fleire råd til styresmaktene innan dyrevelferd. Veterinærinstituttet sine tilsette blir regelmessig nytta som ekspertar i dyrevernsaker, og instituttet tek i mot eit stort tal på prøver for diagnostiske undersøkingar som er teke ut i samband med dyrevelferdssaker. Rettsmedisinske diagnostiske undersøkingar er tidkrevjande, og krev solid og nøyaktig dokumentasjon av prosess og funn. Veterinærinstituttet opplever eit aukande behov for kompetanse innan rettsmedisin.

Veterinærinstituttet har også i 2014 drifta sekretariatet for Rådet for dyreetikk og NORECOPA.

Referansefunksjonar og kvalitetssikring

Veterinærinstituttet har 29 nasjonale referansefunksjonar. Deltaking i samanliknande laboratorietestar er ein del av dei nasjonale laboratoriefunksjonane. Veterinærinstituttet deltok i 2014 i mange slike testar.

Administrative og organisatoriske forhold

Planlegginga av nytt bygg for Veterinærinstituttet på Ås heldt fram i 2014. I tillegg er samarbeidet med Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) og institutta på Campus Ås styrkt.

Budsjettframlegg 2016

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 92,507 mill. kroner i 2016.

Beredskap, diagnostikk og rådgiving

Kvalitetssikra diagnostikk legg grunnlaget for dei oppgåvene som Veterinærinstituttet har innan beredskap, overvaking og oppklaring av sjukdomstilfelle, kunnskapsutvikling og som nasjonal referanseinstitusjon.

Arbeidet med beredskap, helseovervaking, dyrevelferd og forsking blir vidareført. Instituttet vil styrkje beredskapsevna innanfor biotryggleik og antibiotikaresistens.

Veterinærinstituttet vil vidareutvikle den landsdekkjande beredskapsevna gjennom modernisering av diagnostikken. Instituttet vil prioritere å utvikle og ta i bruk nye laboratoriemetodar for trugande og eksisterande alvorlege sjukdommar, slik at Mattilsynet kan få raske og sikre resultat ved utbrott.

Resultat frå overvaking og diagnostisk verksemd skal nyttast i arbeidet med å gi forskingsbaserte råd som grunnlag for tiltak innan forvaltning og næring.

Veterinærinstituttet yter tenester og kunnskap som medverkar til ei berekraftig næringsverksemd, gjennom faglege råd og utgreiingar og eit godt diagnostisk tilbod.

Helseovervaking

Veterinærinstituttet vil vere budd på at nye sjukdommar kan bli introduserte i Noreg. Instituttet vil framleis overvake helsa til husdyra slik at nye sjukdommar kan bli oppdaga så raskt og sikkert som mogleg. Arbeidet med zoonosar og nye smittestoff som kjem til landet, vil ha høg merksemd.

I tillegg vil viltlevande dyr vere eit reservoar for nye sjukdommar og zoonotiske smittestoff. Overvaking av viltlevande dyr med tanke på sjukdommar som kan smitte til andre viltlevande dyr, husdyr eller menneske, vil difor halde fram.

Feil bruk av antibiotika til folk og dyr har ført til motstandsdyktige bakteriar som no utgjer ein alvorleg global helsetrussel. Veterinærinstituttet vil bidra i arbeidet med å følgje opp regjeringa sin strategi mot antibiotikaresistens. Det er viktig å få betre oversikt over førekomst og korleis resistente bakteriar spreier seg i miljøet, mellom dyr og mellom dyr og menneske. Departementet vil styrkje dette arbeidet med ytterlegare 2 mill. kroner innanfor gjeldande budsjettramme.

Overvaking av MRSA (methicillinresistente Staphylococcus aureus – bakteriar) vil bli vidareført. Likeeins vil instituttet overvake antibiotikaresistente tarmbakteriar i norsk fjørfe og fjørfekjøtt. Veterinærinstituttet deltek i forskingsprosjekt for å auke kunnskapen om antibiotikaresistens hos kylling og betyding av smitte til menneske. Det er og sett i gang eit prosjekt som skal greie ut om det er mogleg å produsere kylling utan tilskot av narasin i fôret utan at dyrehelsa og dyrevelferden blir redusert, eller at det fører til auka bruk av antibiotika. Veterinærinstituttet vil også ta del i internasjonale fora som arbeider for å redusere utviklinga av antibiotikaresistens.

Referansefunksjonar

Veterinærinstituttet vil arbeide vidare med å utvikle rolla si med dei nasjonale referansefunksjonane. Innan zoonosearbeidet dekkjer desse funksjonane matvarer, fôr og dyr, og instituttet vil arbeide for å samle og presentere epidemiologiske data gjennom heile verdikjeda.

Fôr- og mattryggleik

Veterinærinstituttet vil halde fram arbeidet med å vidareutvikle diagnostikk og kunnskap omkring smittestoff og kjemiske stoff som kan truge fôr- og mattryggleiken.

Veterinærinstituttet vil prioritere å utvikle uavhengige, vitskapeleg funderte, faglege råd som set styresmaktene i stand til å utvikle lovverket og til å handtere og førebyggje sjukdom hos dyr og fisk og helseskadelege stoff og smittestoff i mat og fôr. Veterinærinstituttet vil arbeide vidare med å profesjonalisere rådgivarrolla si for Mattilsynet og styrkje kompetansen innan mattryggleik. Veterinærinstituttet vil vidareutvikle kunnskap omkring hygieniske forhold i biprodukt frå matproduksjon, slik at desse ressursane kan nyttast betre.

Dyrevelferd

Veterinærinstituttet har merka seg at behovet for dyrevelferdskompetanse er aukande. Instituttet vil difor auke kunnskapsutviklinga innan dyrevelferd i 2016. Instituttet vil prioritere å gi styresmaktene kunnskap innan velferd og vidareføre arbeidet med å utvikle indikatorar for velferd hos husdyr. Det er også viktig med støtte til tilsynsarbeidet til Mattilsynet gjennom å utvikle gode teknikkar for å sikre dokumentasjon av brott på regelverket. Veterinærinstituttet vil halde fram med å drifte sekretariata for Rådet for dyreetikk og NORECOPA.

Kommunikasjon

Veterinærinstituttet vil vidareutvikle kommunikasjon med tanke på å effektivisere kunnskapsoverføring til brukarar og allmenta. Nettsider skal leggje til rette for effektiv og målretta kommunikasjon i beredskapssituasjonar og ved formidling av forsking.

Administrative og organisatoriske forhold

Veterinærinstituttet vil føre vidare arbeidet med å effektivisere verksemda og gjere prioriteringar innan ansvarsområdet. Den samla kompetansen skal utviklast og nyttast enda betre. Det vil bli lagt vekt på å vidareutvikle samarbeidet med miljøa på Campus Ås og etablering av nybygget for Veterinærinstituttet.

Veterinærinstituttet vil mellom anna modernisere beredskapen og obduksjonsverksemda for landdyr. Moderne teknologi gjer det mogleg å erstatte dagens rutinar med innsending av heile dyr til obduksjon, og det kan vere aktuelt å redusere talet på laboratorium som driv med obduksjon av landdyr. Veterinærinstituttet vil arbeide for at sjukdomsberedskap og helseovervaking for landdyr kjem styrkt ut av endringane. Dagens tilbod i Tromsø blir vidareført inntil Veterinærinstituttet har etablert eit nytt og betre system for diagnostikk og helseovervaking.

Veterinærinstituttet vil leggje til rette for å styrkje forskinga si med utgangspunkt i Nord-Noreg ved å vidareutvikle samarbeidet med landbruks- og matinstitutta og andre forskings- og fagmiljø i landsdelen.

Post 51 Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Bioforsk

Bioforsk, som frå 1.7.2015 er ein del av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), var eit nasjonalt forskingsinstitutt innan landbruk og matproduksjon, plantebiologi og plantehelse og miljø- og ressursforvaltning. Instituttet har fått løyvingar til kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap direkte frå Landbruks- og matdepartementet og basisløyvingar frå Noregs forskingsråd over kap. 1137. Bioforsk har også henta inntekter i konkurranse, både nasjonalt og internasjonalt.

Bioforsk har vore ein viktig leverandør av kunnskapsstøtte til styresmaktene og ulike forvaltningsorgan for å sikre nasjonal kapasitet og beredskap på matområdet. Beredskapsperspektivet har vore særleg retta mot evna til å oppretthalde ein høg nasjonal matproduksjon, standardar og tiltak som sikrar trygg mat. Bioforsk har også hatt beredskap for å kunne handtere sjukdommar og skadeorganismar som trugar god norsk plantehelse, og som kan utgjere ein alvorleg risiko for norsk matproduksjon og norsk natur.

Ein viktig del av verksemda ved instituttet har vore å levere kunnskap, tenester og løysningar til rådgivingseiningane og landbruksnæringa over heile landet. Denne aktiviteten har bidrege til utvikling av lokalt og regionalt næringsliv. Bioforsk har også arbeidd internasjonalt, i første rekkje gjennom forskingsprogramma til EU og FoU-samarbeid i Asia.

Formål med løyvinga

Midlar over kap. 1112, post 51, har vore nytta til ei styrking av fagleg beredskap, utvikling av kompetanse og formidling av kunnskap innan følgjande område:

  • Effektiv og konkurransedyktig plante- og husdyrproduksjon i heile landet

  • Berekraftig og miljøvennleg landbruk

  • Klimavennleg og energiproduserande landbruk

  • God plantehelse

  • Trygg mat

Rapportering 2014

Arbeidet med kunnskapsutvikling og beredskap for matproduksjon og nasjonal mattryggleik har vore sentrale aktivitetar for verksemda. Løyvinga har i 2014 gitt resultat fordelte på seks område.

Effektiv og konkurransedyktig plante- og husdyrproduksjon i heile landet.

Bioforsk gjennomførte i 2014 eit utprøvings- og rettleingsprogram for å etablere kunnskap og dokumentasjon om plantesortar som er tilpassa norsk jord- og hagebruk, under ulike produksjonstilhøve. Ei lang rekkje forsøksfelt er følgt opp. Resultata blei gjort tilgjengelege. Bioforsk har utvikle metodar og tiltak for innanlandsk frøproduksjon.

Utviklingstiltak for jordbruket i Nord-Noreg har vore sentralt gjennom fleire prosjekt, med vekt på mellom anna lokal mat, utnytting av utmarksressursane og dei agronomiske utfordringane i næringa.

Bioforsk har utvikla kunnskap innan økologisk landbruk for å bidra til auka produksjonspotensial.

Bioforsk har og bidrege til driftsgrunnlag for Senter for husdyrforsøk (SHF) ved Noregs miljø og biovitskapelege universitet (NMBU).

Berekraftig og miljøvennleg landbruk

Langvarige målingar frå forsøksfelt og modellgarder har bidrege til å klarleggje langtidsverknadene av ulike produksjonar og produksjonsmetodar på avling, jord og vatn. Resultata har gitt grunnlag for praktisk rådgiving og utforming av tiltak og offentlege verkemiddel for å sikre berekraftig ressursforvaltning. Det er sett i gang eit arbeid for å beskrive avlingsutviklinga i norsk grovfôrproduksjon og skaffe fram eit grunnlag for å analysere moglege årsaker til ein stagnasjon dei seinare åra. Det er også vidareutvikla fleire nettbaserte rådgivingsverktøy. Instituttet har også utvikla ny kunnskap om hydroteknikk, grøfting og reinsetiltak i jordbrukslandskapet.

Bioforsk har vidareført programmet Jord- og vassovervåkning i landbruket (JOVA), som er eit verktøy for å skaffe kunnskap for utvikling av miljøvennlege tiltak i landbruket. Verksemda har i 2014 vidareført arbeidet med trendanalysar på målte JOVA-data, og det er retta særleg merksemd på informasjon og formidling. Det er starta eit arbeid med effektivisering, auka driftssikkerheit og kvalitetssikring av dette programmet.

Drifta av tenesta Varsling Innen PlanteSkadegjørere er vidareført. Dette er ei fritt tilgjengeleg nettbasert, teknologisk teneste for varsling av angrep, utvikling og overvaking av viktige planteskadegjerarar. Bioforsk har også utvikla kunnskapsgrunnlaget for rådgiving til styresmaktene og til dyrkarar om Integrert plantevern (IPV).

Klimavennleg og energiproduserande landbruk

Bioforsk har vidareført Landbruksmeteorologisk teneste (LMT) og samla data frå 83 vêrstasjonar i dei viktigaste jord- og hagebruksdistrikta i landet i samarbeid med Meteorologisk Institutt (MET). Meteorologiske data har blitt brukt for å drifte VIPS (sjå ovanfor) og lage nitrogenprognosar for optimaliserte gjødselmengder i landbruket. Vêrobservasjonane og modellane er fritt tilgjengelege, og det har i 2014 vore satsa på profileringstiltak for tenesta.

Det har blitt lagt vekt på å utvikle og etablere datagrunnlag eigna for modellering som grunnlag for å setje i verk og evaluere tiltak og aktivitetar for eit klima- og energivennleg landbruk. Bioforsk har vore aktive nasjonalt og internasjonalt i spørsmål om landbruk og klima. Det er utvikla kompetanse på omfang og effektar av utslepp av klimagassar frå landbruket og potensialet for karbonbinding i jord knytt til dette. Dette gir grunnlag for teknologiske og strukturelle val innan landbruket og for eit sterkt og klimasmart landbruk.

Bioforsk har ansvar for biogasslaboratoriet i samarbeid med NMBU, og deltek i Bioenergisenteret på Campus Ås. Dette er viktige arenaer for kunnskapsutvikling knytt til det energiproduserande landbruket. I 2014 blei det mellom anna gitt eit bidrag for Regjeringas tverrsektorielle biogass-strategi.

God plantehelse

Status for plantehelsa i Noreg er framleis god samanlikna med mange andre land i Europa. Friskt plantemateriale, beredskap og tiltak mot nye skadegjerarar og førebyggjande tiltak i vekstsesongen, gjer det mogleg å halde bruken av kjemiske plantevernmiddel på eit lågt nivå.

Planteklinikken har levert plantehelsefagleg støtte til Mattilsynet for forvaltning av nasjonalt og internasjonalt regelverk nedfelt i matlova, jf. kap. 1115, post 01. Rådgivarfunksjonen har bidrege til god plantehelse ved at det raskt gir grunnlag for å setje i verk nødvendige tiltak.

Bioforsk har også gitt kunnskapsstøtte til Mattilsynet med agronomisk vurdering ved godkjenning av nye plantevernmiddel, bruksutviding av allereie godkjente plantevernmiddel og revurdering av allereie godkjente preparat samt preparat søkt brukt på dispensasjon.

Kompetansen i Planteklinikken er nødvendig for sal av analyser av nær 10 000 prøver det siste året til Mattilsynet og andre kundar. Her blei det gjort fleire funn av karanteneorganismar (farlege skadegjerarar). Bioforsk har arbeidd med å utvikle og ta i bruk DNA-teknologi.

Trygg mat

Overvaking og kontroll gjennomført av Bioforsk viser gjennomgåande svært låge restverdiar av plantevernmiddel og deira nedbrytingsprodukt i maten.

Bioforsk har gjennomført beredskapsanalyser og nødvendige analyser for å oppretthalde referansefunksjon og akkreditering, som eit element i den nasjonale beredskapen for å sikre trygg mat. Sist år blei det, inkludert prøver finansiert av Mattilsynet, analysert 1 390 prøver i overvakingsprogrammet Rester av plantevernmidler i næringsmidler. Alle prøvene blei analyserte for 330 ulike plantevernmiddel. Av dei 864 prøvene av utanlandske produkt hadde 22 prøver høgare innhald av plantevernmiddel enn tillate, mens 1 av dei 526 prøvene av norskproduserte produkt hadde høgare innhald enn det som er tillate.

Verksemda har også i 2014 retta innsats mot årsaksforhold, risikovurderingar og metodeutvekling knytt til fusarium (sopp) og mykotoksin (soppgifter) i korn for å kunne støtte opp om næringa og forvaltninga med kunnskap om konkrete dyrkingstiltak og andre åtgjerder. Formidling på dette feltet er styrkt.

Bioforsk har arbeidd saman med Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM), og delteke i kriseutvalet for atomberedskap.

Kommunikasjon og samfunnskontakt

Bioforsk har opplevd ei stadig aukande interesse frå norsk presse, og satsar på stor breidde i kunnskapsformidlinga. Innan dei ulike formidlingstiltaka er det brukt både eigenfinansiering og samfinansiering i tillegg til denne løyvinga.

Bioforsk har i 2014 gitt ut ei rekkje artiklar i eigne formidlingsseriar, og har gitt over 500 foredrag. Plantevernleksikonet og Plantevernguiden er begge oppdaterte og forbetra i 2014, og er hovudinformasjonskjelde til dyrkerar, rettleiarar og andre som jobbar med skadegjerarar og plantevernmiddel. Nettavisen Jord og miljø Info! har formidla kunnskap innan jord-, vatn- og miljørelaterte tema.

Norsk Landbruksrådgiving har vore ein viktig samarbeidspart i kunnskapsformidlinga til dei enkelte næringsutøvarane. Bioforsk har hatt tett dialog med Mattilsynet og andre forvaltningsetatar for å sikre effektiv kunnskapsflyt. Den årlege Bioforsk-konferansen hadde nær 500 deltakarar frå rådgiving, forvaltning og næring.

Post 52 Støtte til fagsentra, Bioforsk

Formål med løyvinga

Formålet med løyvinga har vore å styrkje lokal og regional næringsutvikling innan landbruk og miljø gjennom utvikling og formidling av kunnskap i vertsfylka Sogn og Fjordane, Nordland og Finnmark. I samband med ny fagleg organisering i Bioforsk frå 1. januar 2015, vedtok Stortinget at heile løyvinga til Bioforsk over kap. 1112 skulle samlast på kap. 1112, post 51.

Rapportering 2014

Støtta til fagsentra under Bioforsk har vore supplert med finansiering frå andre kjelder og eigenfinansiering når det gjelder nokre av resultata for 2014.

Bioforsk Vest Fureneset har hatt samarbeid med dei tre vestlandsfylka Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal. Dei landbruksfaglege prioriteringane har mellom anna omfatta problemstillingar knytt til drenering, husdyrgjødsel, klimagassemisjon, klimatilpassa grovfôrdyrking, skjøtsel av kulturlandskap og karbonbinding i jord og skog. Viktige satsingar i 2014 har vore fagleg kunnskapsoppbygging om drenering og klimagass, særleg lystgasstap knytt til jord- og klimaforhold på Vestlandet, og dei utfordringar som jordsmonn og regnrikt klima gir. Det er innan grovfôrdyrking retta særskilt merksemd mot små grovfôravlingar og utfordringar med at gras og kløver i enga ikkje klarer seg gjennom vinteren, siv som eit problemugras, samt utfordingar knyta til dårleg drenert jord.

Aktiviteten til Bioforsk Nord Tjøtta har vore forankra i regionale planar og strategiar innan landbruk og miljø. Fagsenteret har sluttført forsøk og halde seminar om gamalnorsk sau som beitedyr i verdifulle kulturlandskap, for å bidra til auka økologisk kjøttproduksjon. Det nettverksbaserte Norsk viltskadesenter har hatt til oppgåve å bidra til gode løysingar av konfliktar mellom vilt og næringsutøving, spesielt landbruksdrift. Senteret har drive rådgiving, forsking og utvikling innanfor førebyggande tiltak mot rovviltskadar og beiteskadar. Det er også arbeidd med avlingstap som skuldast hjortevilt og gjæser, kartlegging av tapsårsaker hos beitedyr, samt konfliktdempande tiltak. Det har vore utført forsøk med å utvikle og utprøve elektronisk utstyr til overvaking av reinsdyr, som skal leggje grunnlag for meir berekraftige driftsrutinar i reindrifta. Mellom anna er eit system for varsling av rein ved jernbane og veg blitt prøvd ut i samarbeid med aktørar frå teknologimiljøa. Det er også sluttført eit prosjekt der ein har undersøkt bruk av beite og luftegard i automatiserte lausdriftsfjøs for mjølkekyr.

Bioforsk Jord og miljø Svanhovd har brukt delar av løyvinga til å støtte drifta av den botaniske hagen, som mellom anna fungerer som genbank for truga artar. Løyvinga har også sikra vedlikehald av eigedom og verna bygningar. Vidareutvikling av kompetanse ved DNA-laboratoriet har i 2014 gjort det mogleg å ta i bruk nye genetiske metodar for å studere både skogskadeinsekt og nytteplanter, med stor forventa overføringsverdi til primærnæringen. Svanhovd har arrangert kurs i hagestell og dyrking av grønsaker tilpassa nordleg klima for småskalaprodusentar og andre interesserte. Det er gjennomført formidling, kursing og opplæring av ulike alders- og brukargrupper i natur-, landbruks- og miljøspørsmål og rovdyrproblematikk.

Budsjettframlegg 2016

Posten blei i 2015 slått saman med post 51. Bioforsk blei 1.7.2015 ein del av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). For omtale av samanslåingsprosessen og budsjettframlegg for 2016, sjå kap. 1136.

Kap. 4112 Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

30

Husleige, Bioforsk

19 180

19 464

Sum kap. 4112

19 180

19 464

Post 30 Husleige, Bioforsk

Ein stor del av eigedommane som har blitt nytta av Bioforsk inngår i leigeavtale med staten ved Landbruks- og matdepartementet. Frå 1.7.2015 har denne blitt flytta til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), jf. Kap. 4136, post 30.

Kap. 1115 Mattilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter

1 254 142

1 190 562

1 179 537

22

Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser

11 298

13 016

13 327

23

eSporingsløysinga, kan overførast

615

71

Tilskott til erstatningar, overslagsløyving

4 095

4 200

4 200

Sum kap. 1115

1 270 150

1 207 778

1 197 064

Post 01 Driftsutgifter

Formål med løyvinga

Mattilsynet har hovudansvaret for å føre tilsyn med at regelverket om mattryggleik, plantehelse, dyrehelse, dyrevelferd samt helse, kvalitet og forbrukaromsyn blir etterlevd i heile matproduksjonskjeda. Mattilsynet har også oppgåver knytt til regelverksutvikling og internasjonalt arbeid. Området er sterkt prega av internasjonale rammevilkår.

Mattilsynet fører også tilsyn med at regelverk blir etterlevd på område som ikkje har direkte samanheng med matproduksjon. Dette gjeld mellom anna regelverk om planter og dyr som ikkje inngår i matproduksjon, om kosmetikk og kroppspleieprodukt, om dyrehelsepersonell og om omsetnad av reseptfrie legemiddel utanom apotek.

Den enkelte verksemda har ansvaret for å kjenne til og etterleve regelverket. Aktiv rettleiing frå Mattilsynet om regelverket er viktig. Mattilsynet skal nytte dei verkemidla lovverket stiller til rådvelde, når dette er nødvendig for å sikre etterleving av regelverket.

Mattilsynet skal arbeide etter følgjande mål:

  • sikre helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn

  • fremje god helse hos planter, landdyr og fisk

  • fremje god dyrevelferd og respekt for dyr

  • fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn

  • ivareta miljøvennleg produksjon

Ved forvaltning av matlova skal omsynet til trygg mat og trygt drikkevatn vege tyngst.

Innanfor rammene av dei måla som er sett, skal Mattilsynet arbeide på ein slik måte at omsynet til aktørane langs heile matproduksjonskjeda blir teke i vare, under dette marknadstilgang i utlandet.

Hovudverkemidla i arbeidet er å:

  • utvikle og påverke regelverk

  • rettleie om regelverk

  • handheve regelverk

  • overvake status og utvikling på området

  • ha god beredskap for handtering av hendingar og kriser

Norsk institutt for bioøkonomi, Havforskingsinstituttet, Nasjonalt folkehelseinstitutt, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking og Veterinærinstituttet yter kunnskapsstøtte til Mattilsynet og har fagleg beredskap med grunnlag i løyvingar frå dei ansvarlege departementa.

Mattilsynet vil føre vidare den gode kontakten med Vitskapskomiteen for mattryggleik, slik at uavhengige risikovurderingar frå komiteen blir lagt til grunn for Mattilsynet sitt arbeid når dette er nødvendig.

Rapportering 2014

Målet om helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn

Generelt er smittestoff i maten årsak til lite sjukdom i Noreg. Vi har låg førekomst av smittestoff i mat og husdyr samanlikna med mange andre europeiske land. Campylobacter er det smittestoffet som det blir registrert flest sjukdomstilfelle av i Noreg. Talet på registrerte tilfelle var høgare i 2014 enn åra før. Dette var til tross for at Noreg har streng handtering av fjørfekjøtt, som er ei viktig smittekjelde. Talet på sjukdomstilfelle på grunn av EHEC (enterohemoragisk E. coli) auka også i 2014. Auken kjem truleg av større merksemd retta mot dette smittestoffet og at det difor blir diagnostisert oftare enn før.

Tilsynet med næringsmiddelverksemder har avdekt til dels store skilnader i ulike bransjar når det gjeld kompetanse om hygiene og internkontroll. Tilsynet med serveringsverksemder blei i 2014 intensivert. Talet på tilsyn auka betydeleg samanlikna med åra før. Dette er gjort for å nærme seg smilefjestilsyn, slik at Mattilsynet blir meir synleg for bransjen. Mattilsynet samarbeider med andre etatar, til dømes Politiet, Tolldirektoratet og Skatteetaten når dette er formålstenleg. Det er auka merksemd retta mot matsvindel, som til dømes å avdekkje ulovleg import av kjøtt og ulovleg transport av kjøtt og kjøttvarer.

Den nye matinformasjonsforskrifta er det regelverksområdet der kontakten med bransjen har vore størst i 2014. Mattilsynet har informert om den nye forskrifta i foredrag og på nettsidene. I 2014 utarbeidde Mattilsynet rettleiingsmateriale til produsentar av lokalmat som resultat av eit fleirårig samarbeid med Innovasjon Norge.

Som oppfølging av VKM si risikovurdering av muggsoppgifter i norsk korn blei det i 2014 teke ut 144 prøver av ulike kornprodukt og andre aktuelle matvarer med risiko for innhald av muggsoppgifter. Ingen av prøvene hadde innhald som låg over grenseverdiane.

Det blir jamt over teke ut omlag 4 000 prøver årleg for analyse av framandstoff i næringsmiddel frå landdyr. Den delen av prøvene av norskproduserte næringsmiddel frå landdyr som låg over grenseverdiane, er framleis låg (0,8 pst. i 2014). Det blei teke ut over 13 000 prøver av oppdrettsfisk produsert i Noreg. Det blei ikkje funne ulovlege stoff i nokon av prøvene. Det blei heller ikkje funne restar av lovlege stoff over grenseverdiane i nokon av prøvene. Dette er i tråd med resultata dei siste åra.

Arbeidet med å sikre trygt drikkevatn går føre seg på fleire måtar. I tillegg til tradisjonelt tilsyn tek Mattilsynet del i prosessar knytt til vassforskrifta og gir uttale til ulike planar etter plan- og bygningslova. Mattilsynet har hatt ein sentral funksjon i arbeidet med å utforme nasjonale mål for vatn og helse og ein plan for å gjennomføre måla. Mattilsynet gjennomførte fleire tilsyn med drikkevatn i 2014 enn i åra før. Tala for regelverksetterleving viser ei positiv utvikling. Dei største utfordringane er dårleg leidningsnett og stort lekkasjetap, samt at om lag 10 pst. av innbyggjarane får vatnet sitt frå svært små vassforsyningar som det ikkje blir ført tilsyn med.

Omsetnad av kosttilskott er eit område der Mattilsynet har liten kontroll, spesielt på grunn av auka netthandel. Marknadsføringa og merkinga av kosttilskott som blir selt via internett, er ofte mangelfull og ikkje i samsvar med regelverket. Bruk av legemiddelpåstandar er ikkje uvanleg og i nokre tilfelle inneheld også produkta stoff som er rekna som legemiddel. Det er stor fare for at forbrukarane ikkje får rett informasjon.

Tilsynet med sjømatverksemder var i 2014 i hovudsak retta mot å følgje opp kvitfisknæringa på områda hygiene, orden og vedlikehald. Aktørar som ikkje driv seriøst skadar næringa sitt omdøme og øydelegg for alle dei verksemdene som følgjer regelverket. Tilsynet med fiskefartøy, hovudsakleg i Nordland, Troms og Finnmark, har særleg retta seg mot hygieniske forhold ved førstehandshandsaminga av fisk.

Fiskekvalitetsforskrifta blei endra frå årsskiftet 2014/2015 slik at fiskesalslaga no har ei rolle i å sjå til at næringa sjølv tek ansvar for å fremje kvaliteten på råstoff som blir landa. Formålet er å betre kvaliteten på norsk sjømat, ved å sikre at råstoffkvaliteten held rett standard.

Tilsyn med primærprodusentar av frukt, bær og grønsaker var eit prioritert område for Mattilsynet i 2014. Tilsynet har særleg retta seg mot generell hygiene, kvaliteten på vatn nytta til vatning og vasking av produkt, bruk av plantevernmiddel og om spreieutstyret var funksjonstesta. Mattilsynet vurderer at tilstanden hos primærprodusentar er generelt god, men at det kan vere behov for haldningsskapande arbeid når det gjeld rutinar for opplæring av arbeidstakarar og kva ein skal gjere ved sjukdom.

Målet om å fremje god helse hos planter, fisk og landdyr

Plantehelse

Plantehelsa i Noreg er god samanlikna med mange andre europeiske land. Av dei skadegjerarane som den europeiske plantehelseorganisasjonen (EPPO) har tilrådd sine medlemsland å verne seg mot, er det få som har etablert seg i Noreg. Av 137 alvorlege skadegjerarar er det 12 som ved utgangen av 2014 er under nedkjemping i Noreg. Situasjonen er dermed uendra samanlikna med åra før.

For å leggje til rette for større verdiskaping i produksjonen av frukt og bær blei det etter konsekvensanalysar opna for import av eple- og pæretre på dispensasjon og for import av jordbærplanter.

Mattilsynet har greidd ut korleis ein kan utvikle og modernisere tilsynet med planter og arbeider vidare med dette.

Fiskehelse

Spreiinga av virussjukdommen PD (pancreas disease) er den største utfordringa når det gjeld fiskehelse. Talet på påvisingar auka frå 99 i 2013 til 142 i 2014. Situasjonen i Midt-Noreg har vore stabil, mens auken har skjedd i Rogaland og Hordaland. Nokre av utbrota av PD var utanfor dei eksisterande sjukdomssonene. Situasjonen har blitt handtert ved utslakting og flytting av fisk inn i smitta sone.

Talet på utbrot av infeksiøs lakseanemi (ILA) var på same nivå som i 2013. ILA er i hovudsak eit problem i nordlege delar av Nordland og Troms.

Gjellesjukdom er ein hyppigare årsak til tap i lakseoppdrettet. Amøbegjellesjukdom (AGD)kom i 2014 tidlegare i sesongen, ramma fleire lokalitetar og førekom i eit større geografisk område enn i 2013.

Infeksjon med Gyrodactylus salaris kan føre til at heile bestandar av villaks i elver går tapt. Parasitten angrip ikkje laks i sjø. Fram til no er det påvist Gyrodactylus salaris i 50 vassdrag i Noreg. Per 1. mai 2015 er 19 vassdrag friskmelde etter behandling. Alle oppdrettsanlegg som ligg innlands, er smittefrie. I 2014 blei det påvist Gyrodactylus salaris i Rana-vassdraget, og tiltak for å hindre smitte blei sett inn. Steinkjer-vassdraga blei erklært smittefrie hausten 2014, mens Romsdalselvene blei behandla med rotenon. Mattilsynet har eit godt samarbeid med Miljødirektoratet og Veterinærinstituttet på feltet.

Landdyrhelse

Dyrehelsa i Noreg er god. Samanlikna med dei fleste andre europeiske landa er førekomsten av smittsame sjukdommar låg. Sjukdommar av meir alvorleg karakter blir påvist særs sjeldan.

Trass i lågt forbruk av antibiotika og ein generelt mykje lågare førekomst av resistens hos dyr samanlikna med andre land, er det også i Noreg utfordringar når det gjeld førekomsten av resistente bakteriar.

Det blei i 2014 gjennomført ei omfattande kartlegging av smitte med gule stafylokokkar som er motstandsdyktige mot fleire typar antibiotika, LA-MRSA i norske grisebesetningar. Mattilsynet gjennomførte ein samfunnsøkonomisk analyse som grunnlag for val av strategi for å motarbeide LA-MRSA. Som det einaste landet i verda har Noreg vedteke å motarbeide MRSA hos gris på besetningsnivå. Bekjempinga av MRSA byggjer på eit godt samarbeid mellom Mattilsynet, Veterinærinstituttet, næringa og landbruksstyresmaktene.

Når det gjeld den påviste førekomsten av antibiotikaresistente bakteriar i fjørfe og svin, har Mattilsynet og Folkehelseinstituttet vore aktive overfor media og har lagt vekt på rettleiing til publikum om god hygiene. Mattilsynet har også delteke i nasjonalt og internasjonalt arbeid på området. For å få meir kunnskap har Mattilsynet bedt om tre utgreiingar frå Vitskapskomiteen for mattryggleik for å vurdere risikoen for overføring av resistens gjennom matkjeda, for overføring av resistens frå kjæledyr til menneske og for utvikling av resistens ved bruk av koksidiostatika som narasin i fjørfefôr.

Noreg har tradisjonar for godt samarbeid mellom forvaltninga og næringa for nedkjemping av sjukdommar. I 2014 avslutta næringa nedkjempingsprogramma for ondarta fotråte hos sau og paratuberkulose hos geit. Mattilsynet tek no over dette arbeidet og handterer dei få tilfella som står att.

Uoversiktleg og omfattande sal av livdyr og dyr på utstillingar gir også dyrehelsemessige utfordringar hos hobbyfjørfe.

Ein viktig føresetnad for trygg mat og god dyrehelse er god tilgang til fôr utan smittestoff og framandstoff. Det var i 2014 få påvisingar av smittestoff og framandstoff over grenseverdiane.

Målet om å fremje god dyrevelferd og respekt for dyr

Sjølv om dyrevelferda gjennomgåande blir vurdert som god i Noreg, er det framleis nokre utfordringar som skaper merksemd i samfunnet. Det blei også i 2014 avdekt alvorlege hendingar der dyr var utsett for manglande stell og fôring. Mattilsynet samarbeider med fleire næringar for å hindre at det skjer slike dyretragediar.

Enkeltsaker som gjeld dyrevelferd, kan vere ressurskrevjande. Fleire punkttilsyn gjorde at Mattilsynet gjennomførte fleire tilsyn i 2014 enn i 2013. Den delen av dei kontrollerte verksemdene som handterer levande dyr og fisk som hadde manglande etterleving av dyrevelferdslova, er redusert frå 49 pst. i 2012 til 45 pst. i 2013 og 23 pst. i 2014.

For produksjonsdyrehald med mange dyr eller der risikoen for dårleg dyrevelferd er forventa å vere høg, blir det gjennomført tilsyn som i størst mogleg grad er uvarsla. Mattilsynet har hatt særleg merksemd på tilsyn med det nye regelverket for hald av slaktekylling.

Verkemidla for å fremje dyrevelferd er styrkt. Våren 2014 etablerte Mattilsynet og Landbruksdirektoratet nye rutinar for informasjonsutveksling i dyrevelferdssaker med sikte på at brot på regelverket for dyrevelferd skal få konsekvensar for utmåling av tilskott. Det er også fastsett forskrift om lovbrottsgebyr etter dyrevelferdslova.

Mattilsynet har arbeidd aktivt med å betre samarbeidet med politiet. Som eit resultat av dette har politiet og Mattilsynet blitt samde om eit betre og meir effektivt samarbeid sentralt og lokalt i saker om dyrevelferd.

Mattilsynet gjennomførde 255 tilsyn med pelsdyrhald. Om lag 68 pst. av desse var uvarsla tilsyn. Det blei gitt varsel om vedtak i 70 tilfelle og fatta 33 hastevedtak. Ingen avvik var så alvorlege at det blei fatta vedtak om aktivitetsnekt eller at dei blei melde til politiet.

Rovviltforliket frå 2011 ligg til grunn for arbeidet til Mattilsynet for å sikre dyrevelferda for småfe og tamrein på beite. Det blir gjort eit stort arbeid for å redusere tapa. Det var ein klar reduksjon i talet på sau og lam som blei teke av freda rovvilt i 2014, sjølv om tapa i enkelte område var store.

Det var i 2014 framleis utfordringar knytt til dyrevelferd hos reinsdyr. I hovudsak er dette knytt til vanskelege beiteforhold og eit for stort tal dyr i forhold til beitegrunnlaget.

Tap i fiskeoppdrett er ein indikator for fiskevelferd, og eit indirekte mål for fiskehelse. Tapet i matfiskproduksjonen er framleis høgt, men etter å ha vore på over 20 pst. i sjøfasen i ei rekkje år, har likevel utviklinga vore meir positiv frå 2012 med eit årlig tap på 13–14 pst. for laks. Tapsprosenten for regnbogeaure var også 14 pst. målt i forhold til talet fisk satt ut same år. Dei to viktigaste tapsårsakene er infeksjonar og tilhøve knytt til settefiskanlegg. Mattilsynet retta i 2014 søkelyset mot kvaliteten på settefisk og intensiverte arbeidet med fiskevelferd, mellom anna gjennom utvikling av rettleiingsmateriell og gjennomføring av eit nasjonalt tilsynsprosjekt på vasskvalitet og vasshandsaming i settefiskanlegg.

For kjæledyr baserer tilsynet seg først og fremst på meldingar frå publikum. Omlag 70 pst. av meldingane som Mattilsynet har motteke frå publikum, gjeld dyrevelferd. Ein stor del av desse er knytt til hald av kjæledyr og hest.

Mattilsynet hadde i 2014 ei særskilt satsing på hald av hund og katt. I prosjektet blei det utarbeidd hjelpemiddel for inspektørane og det blei arbeidd for å auke medvitet blant folk om krava i dyrevelferdslova om akseptabelt hald av hund og katt. Mattilsynet har samarbeidd med aktuelle interesseorganisasjonar i utarbeidinga av informasjonsmateriell.

Nasjonalt tilsynsprosjekt om velferd for hest viste eit overordna inntrykk av godt hestehald.

Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn

Gjennom fleire tilsynskampanjar har Mattilsynet følgt opp verksemdene si merking av ulike matvarer. Delen produkt med villeiande varenemning går ned frå år til år. I tilsynskampanjen Merkesjekken 2014 blei kvardagsmaten vurdert. Nær 500 matprodukt blei kontrollerte. I over halvparten av produkta blei det påvist merkefeil. Det blei også gjennomført eit landsdekkande tilsynsprosjekt retta mot bruken av ernærings- og helsepåstandar om matvarer. Til saman 243 produkt blei vurdert. I over halvparten av produkta blei det påvist feil. Resultata stadfestar at dette er eit vanskeleg regelverk for verksemdene, men også at det er vilje til å rette opp feil.

Mattilsynet har saman med andre europeiske matstyresmakter DNA-testa produkt merka med storfekjøtt for å sjå om dei inneheldt hestekjøtt. Det blei ikkje påvist hestekjøtt i dei norske produkta. Mattilsynet har i tillegg teke prøver for innhald av udeklarert svinekjøtt. Det blei påvist udeklarert svinekjøtt i fem kjøttprodukt på den norske marknaden.

I 2014 blei ein ny versjon av Kosthaldsplanleggeren publisert og Matvaretabellen blei utvida og oppdatert. Begge blei etter kort tid populære hos publikum, i helsevesenet og i skuleverket til bruk i kosthaldsplanlegging. Nøkkelholforskrifta var under revisjon i 2014 med sikte på å bli betre ut frå ein ernæringsmessig synsstad.

Mattilsynet samarbeider med Miljødirektoratet for å oppgradere faginformasjon og kart over miljøgifter i fisk og skaldyr frå forureina fjordar og hamner. Varsel blir publisert løpande på Matportalen.no.

Av 121 uttekne prøver blei det i 2014 gjort funn av genmodifisert materiale i sju av prøvene. Alle desse funna var i næringsmiddel, og desse blei teke ut av marknaden av importørane.

Det var også i 2014 nedgang i talet på gardsbruk som driv økologisk produksjon, mens det var ein auke i talet på verksemder som driv foredling, import og omsetnad. Debio er delegert ansvaret for å føre tilsyn og fatte enkeltvedtak etter økologiforskrifta. Det blir gjennomført årlege tilsyn i alle verksemder knytt til kontrollordninga. Dette utgjorde i 2014 totalt 3 010 revisjonar. I tillegg blei det gjennomført 120 uvarsla tilleggsrevisjonar.

Målet om å ivareta miljøvenleg produksjon

Plantevernmiddel kan vere til ulempe for miljøet. Statistikk for omsetnad viser at det var ein auke på 10 pst. i importen av plantevernmiddel frå 2013 til 2014. Det er yrkespreparat og primært ugrasmiddel som forklarar auken. Importen av hobbypreparat er redusert med nesten 40 pst. i 2014.

Nedkjemping av lakselus er ei av dei største utfordringane i oppdrettsnæringa. Stor fisketettleik i ein del område, høge sjøtemperaturar og mangel på ikkje-medikamentelle behandlingsmetodar har gjort situasjonen spesielt utfordrande. Talet på behandlingar og forbruket av legemiddel auka i 2014, sjølv om fleire valde frivillig utslakting i staden for ny behandling. Den auka legemiddelbruken har gitt auka resistens mot lakselusmiddel. Mindre effekt av lakselusmiddel blir forsøkt kompensert med kombinasjonsbehandlingar, auka doseringar og lengre behandlingstid. Mattilsynet har forsterka innsatsen mot uforsvarleg bruk av legemiddel mot lakselus og legg no ytterlegare til rette for utvikling og bruk av ikkje-medikamentelle metodar. I november 2014 sette Mattilsynet inn fleire tiltak retta mot lakselus. Målet med tiltaka er for det første å redusere, eventuelt fjerne heilt, biomassen i lokalitetar som utgjer ein stor smittefare.

Produksjonen av oppdrettsfisk er meir enn dobla i løpet av dei ti siste åra. Dette har gitt oppdrettarane utfordringar med beredskapsplanar og -rutinar for å kunne handtere problem knytt til fisk som døyr, svekka fiskevelferd og negativ påverknad på miljøet. Mattilsynet har difor auka innsatsen i arbeidet for å få på plass internkontroll i akvakultursektoren.

Internasjonalt arbeid og regelverksutvikling

Aktiviteten innanfor regelverksutvikling var stor også i 2014. Til saman blei det fastsett 122 forskrifter på forvaltningsområdet til Mattilsynet. Av desse var 99 forskrifter gjennomføring av EØS-regelverk.

Mattilsynet forvaltar eit regelverk som utgjer ein stor del av regelverket i EØS-avtalen. Difor er effektiv og rettidig gjennomføring av EØS-regelverk i norsk regelverk høgt prioritert. I 2014 blei 74 pst. av EØS-regelverket implementert innan frist.

Mattilsynet legg vekt på tydelege prioriteringar i det internasjonale arbeidet, der dei viktigaste sakene for Noreg blir vektlagde. Av dei regelverksprosessane i EU som blei prioritert høgast i 2014, var forordninga om matinformasjon. Mattilsynet har lagt vekt på å informere og rettleie om ny forskrift om matinformasjon både overfor verksemdene og forbrukarane.

Hygieneregelverket i EØS-avtalen er meir fleksibelt enn tidlegare. Til dømes er reglane for norsk tørrfiskproduksjon formalisert gjennom høvet til fleksibilitet som ligg i EØS-reglane.

Mattilsynet legg vekt på å utarbeide eit regelverk det er enkelt å forstå, og forenkle der det er mogleg når regelverk blir revidert. Døme på dette frå 2014 er den nya forskrifta om varsel og melding av sjukdom hos dyr, forslaget om endringar i plantehelseforskrifta når det gjeld mellom anna import av jordbær og kjernefrukt og forenkling av kvalitetsregelverket for matvarer.

Mattilsynet har prioritert å informere betre om regelverket og gjere det meir tilgjengeleg. Innhaldet i nettløysingane er utvikla slik at internett er blitt ein god inngangsport for høyringsinstansar og andre for å gi innspel på eit tidleg tidspunkt.

Marknadstilgang

Eksportverdien av norsk sjømat var i 2014 på 68,8 mrd. kroner. Eit høgt norsk vernenivå når det gjeld mattryggleik for norsk sjømat, og dermed problemfri marknadstilgang til storparten av Europa, er sikra gjennom EØS-avtalen.

Fleire andre importland stiller særeigne krav utover krava som er nedfelt i globale standardar og dette gir utfordringar. Hovudinnsatsen for Mattilsynet i 2014 var retta mot utvikling av attestformular, oppfølging av notifikasjonar, internasjonal møteverksemd og førebuing, gjennomføring og oppfølging av utanlandske inspeksjonar i Noreg. Det har særleg vore utfordringar knytt til eksport til Russland og Kina.

Tilsyn, rettleiing og områdeovervaking

Talet for inspeksjonar og revisjonar auka med 22 pst. i 2014 samanlikna med året før. Dette var eit resultat av målretta arbeid for å bli meir synleg og tydleg, eit strategisk satsingsområde for Mattilsynet. Den største auken var på områda servering, dyrehelse og dyrevelferd. Mange av tilsyna er gjennomførte som kampanjar på regionalt nivå. Målet med eit meir synleg tilsyn er at hyppigare kontrollerer av verksemdene vil auke regeletterlevinga. Mattilsynet har arbeidd med å utvikle ein modell for eit effektivt og synleg tilsyn med basis i målretta inspeksjonar med færre kontrollpunkt, såkalla punkttilsyn.

Oppfølging av regelverksetterlevinga viser at manglande regelverksetterleving syner ei positiv utvikling som det er grunn til å tru er uttrykk for at ein byrjar å sjå effekt av langsiktig arbeid.

Mattilsynet har framleis stor merksemd retta mot å utvikle eit meir einskapleg tilsyn. Gjennomføring av nasjonale og regionale tilsynsprosjekt er viktig i utviklinga av tilsynet og er samstundes eit verkemiddel for kompetanseutvikling og einskapleg tilsyn.

Det var også i 2014 stor merksemd retta mot å betre datakvaliteten i MATS. God datakvalitet er ein føresetnad for gode risikovurderingar og faglege analysar.

Mattilsynet har arbeidd vidare med å styrkje beredskapsorganisasjonen gjennom øvingar og forbetringsarbeid.

Mattilsynet har målretta den nasjonale områdeovervakinga ytterlegare. Kartlegging av nye truslar som følgje av endra risikobilete og overvakingsprogram knytt til plikter etter internasjonale avtalar eller norske tilleggsgarantiar, blei prioritert.

Tilsynsverksemda er elles omtalt under måla som Mattilsynet arbeider etter.

Kommunikasjon

Kommunikasjon er eit viktig verkemiddel for å nå måla til Mattilsynet. Mattilsynet brukte i 2014 eit breitt spekter av kommunikasjonskanalar og -tiltak for å vere ein open og tilgjengeleg organisasjon. Mattilsynet har etablert ein god dialog med viktige interessegrupper og gjennomførte i 2014 ei brukarundersøking blant husdyrprodusentar, som er følgd opp med tiltak og dialog med næringa om resultata.

Eit godt døme på digital oppgåveløysing er kjæledyrkalkulatoren som gjer det mogleg for kjæledyreigarar å sjekke kva for reglar som gjeld for reiser med kjæledyr over landegrensene. Tenesta var mest brukt av alt innhaldet på mattilsynet.no med nesten 154 000 besøk i 2014. Varslingsknappen, som gjer det mogleg for folk å varsle om til dømes frykt for at dyr lir eller ved mistanke om utbrot av matboren sjukdom, blei brukt til å varsle Mattilsynet 5 942 gonger i 2014. Dette utgjorde 89 pst. av alle varsla som Mattilsynet tok i mot i 2014.

Det er stor mediemerksemd mot ei rekkje saker. I 2014 har til dømes antibiotikaresistens, dyrevelferd, inkludert spørsmål om dyrepoliti, og forbrukarsaker som uønskte stoff i mat (plantevernmiddelrestar) og matmerking, vore i søkelyset.

Organisatoriske forhold

I 2014 blei det starta eit omfattande arbeid med å justere organisasjonen. Endringsprosessen omfatta alle delar av organisasjonen. Den nye organisasjonsmodellen blei sett i verk 1. februar 2015. Mattilsynet er etter dette organisert i to forvaltningsnivå der regionane utgjer eitt forvaltningsnivå og hovudkontoret det andre. Førsteinstansvedtaka blir fatta av regionane, mens klager på slike vedtak blir handsama av hovudkontoret. Talet på regionar er redusert frå åtte til fem og hovudkontoret er i tillegg omorganisert.

Mattilsynet har følgt opp føringane frå regjeringa om å identifisere og fjerne tidstjuvar i arbeidskvardagen. Mattilsynet såg arbeidet i samanheng med ny strategi og organiserte arbeidet som eit eige prosjekt. I tillegg til å rapportere om eksterne tidstjuvar blei dei største interne tidstjuvane identifiserte. Funna i prosjektet blir nytta til å forbetre og forenkle drifta.

Mattilsynets årsrapport for 2014 er tilgjengeleg på www.mattilsynet.no

Budsjettframlegg 2016

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 1 179,537 mill. kroner.

Regelverksutvikling og internasjonalt arbeid

Regelverket på matområdet er i stor grad harmonisert over landegrensene. Codex Alimentarius Commission, OIE og IPPC legg viktige premissar for regelverksutviklinga internasjonalt. Som følgje av EØS-avtalen blir grunnlaget for det norske regelverket hovudsakleg utvikla i EU. Nærare 90 pst. av alle nye forskrifter og forskriftsendringar på Mattilsynet sitt ansvarsområde er knytt til oppfølging av EØS-avtalen. Mattilsynet vil følgje aktivt med i dei sentrale delane av arbeidet i desse organisasjonane.

Matdepartementa legg vekt på samordna og godt førebudd deltaking i alle internasjonale fora. I det internasjonale regelverksarbeidet er det viktig med tidleg og god dialog med relevante interessentar. Mattilsynet skal også bidra til at oppfølging av dei internasjonale pliktene skjer til rett tid og til at gjennomføring i norsk rett blir gjort på mest mogleg formålstenleg og brukarvennleg vis.

Mattilsynet vil ta aktivt del i arbeidet i EU med å utvikle nytt regelverk i samsvar med norske synspunkt på utvalde område. Mattilsynet vil prioritere område med særlege norske interesser i regelverksarbeidet. Dette omfattar mellom anna EU sitt arbeid med å utvikle eit nytt felles regelverk om offentleg kontroll på matområdet og arbeidet med dei nye felles regelverka om dyrehelse, dyrevelferd, veterinære legemiddel, medisinfôr, økologi, plantehelse og såvarer.

EU er i ferd med å utarbeide ei ny forordning om offentleg kontroll som skal dekkje større delar av matområdet enn den kontrollforordninga som gjeld i dag. I denne samanhengen blir det også vurdert ei harmonisering av organiseringa og finansieringa av kontrollverksemda. Dette arbeidet blir også sett i samanheng med dei pågåande revisjonane av regelverket om plantehelse, dyrehelse, økologi og såvarer.

Regjeringa legg vekt på forenkling for næringane og brukarane. Mattilsynet vil ha særleg merksemd på å forenkle og rydde i regelverket. Mattilsynet vil også leggje vekt på å fremje desse omsyna når dei deltek i internasjonal regelverksutvikling, mellom anna i arbeidsgruppene i EU, og i dei aktuelle internasjonale organisasjonane på matområdet. Mattilsynet vil også leggje vekt på å informere betre om regelverket og gjere det lettare tilgjengeleg.

Mattilsynet har også oppgåver med å skape gjensidig kunnskap og tillit med matstyresmakter i andre land for å leggje til rette for marknadstilgang i utlandet for norske varer.

Tilsyn, rettleiing og områdeovervaking

Rettleiing og utøvande tilsyn i dei enkelte verksemdene er kjerneverksemda til Mattilsynet.

Nærleik til verksemdene og god kunnskap om lokale forhold skal sikre eit effektivt, målretta og godt synleg tilsyn. Mattilsynet vil ved bruk av fagleg skjønn vere løysingsorientert i møtet med verksemdene. Det er verksemdene sitt eige ansvar å kjenne til og finne løysingar som gjer at dei etterlever regelverket. Mattilsynet fører tilsyn med at slik etterleving skjer. Når det er nødvendig for å sikre at måla blir nådde, vil Mattilsynet nytte dei verkemidla lovverket stiller til rådvelde.

Mattilsynet vil arbeide for å bli meir effektive og synlege, mellom anna ved meir bruk av målretta inspeksjonar med færre kontrollpunkt, såkalla «punkttilsyn». Slike tilsyn dannar grunnlaget for utvikling av store og små tilsynskampanjar, og er eit satsingsområde for å auke synleggjeringa av Mattilsynet.

Regelverket om kontroll krev at det skal vere eit effektivt, einskapleg og heilskapleg tilsyn. Regelverket legg vidare vekt på at tilsynet skal skje på det leddet i matproduksjonskjeda der effekten er størst. På mange område betyr dette at tilsyn bør skje tidleg i matproduksjonskjeda. Mattilsynet vil også prioritere tilsyn retta mot dyrevelferd.

Omfanget av tilsyn med verksemdene blir tilpassa risikoen for og konsekvensar av regelbrott både generelt og i den enkelte verksemda. Dette krev god kunnskap om tilstanden på dei ulike områda. Nasjonale kontrollplanar skal liggje til grunn for prioritering og rapportering.

Mattilsynet forvaltar også regelverk som ikkje er direkte knytt til risiko for helse hos folk, planter og dyr. Også på desse områda er det viktig med målretta og effektivt tilsyn.

Mattilsynet vil innrette arbeidet med kartlegging og overvaking slik at det blir målretta og kostnadseffektivt. Overvakings- og kontrollprogram knytt til plikter etter internasjonale avtalar eller norske tilleggsgarantiar, vil ha prioritet.

Mattilsynet vil arbeide vidare for å motverke matsvindel nasjonalt og internasjonalt. Arbeidet er prioritert i EU, mellom anna ved gjennomføring av årlege koordinerte kontrollprogram for nærare bestemte varegrupper der alle medlemsstatane og Noreg deltek.

Målet om å sikre helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn

Mattilsynet vil arbeide for at maten og drikkevatnet skal vere trygt med omsyn til folkehelse.

Arbeidet med å halde ved like gode hygieniske forhold i alle verksemder i matproduksjonskjeda krev kontinuerleg innsats frå verksemdene og aktiv og målretta innsats frå Mattilsynet.

Regelverket om hygiene og kontroll legg vekt på verksemdene sitt eige ansvar for å etterleve krava, og for å ha system og rutinar som sikrar mattryggleiken i heile matproduksjonskjeda frå og med innsatsvarer og primærproduksjon til og med omsetnad til forbrukarane. Dette gjeld også ved import.

Mattilsynet starta i 2014 arbeidet med å gjere smilefjesordninga i serveringsnæringa landsdekkjande. Ein tek sikte på å innføre ei landsdekkjande smilefjesordning frå 1.1.2016.

Noreg har slutta seg til Protokollen for vatn og helse i regi av Verdas helseorganisasjon sitt europakontor og FN sin økonomiske kommisjon for Europa (UNECE). Protokollen krev at kvart tilslutta land skal utarbeide nasjonale mål for å betre forholda knytt til vatn og avløp. Slike mål blei fastsette av regjeringa i 2014. Mattilsynet og Folkehelseinstituttet har ansvar for å følgje opp måla på Helse- og omsorgsdepartementet sitt ansvarsområde og har laga ein gjennomføringsplan for å nå dei. Formålet er å bringe norsk forsyning av vatn og handsaming av avløp i samsvar med dei krava som allereie ligg i regelverket om vatn og avløp.

Mattilsynet vil vurdere utvikling av nytt regelverk og tilsynsmetodar som kan bidra til å skape tryggare forhold rundt import og omsetnad av kosttilskott og liknande næringsmiddel.

Målet om å fremje god helse hos planter, landdyr og fisk

God plante-, landdyr- og fiskehelse er viktige føresetnader for produksjon av trygg mat og for verdiskaping i næringane. Tiltak og rutinar i næringane for å førebyggje introduksjon og spreiing av sjukdom og skadegjerarar, er viktig.

Mattilsynet vil arbeide for at helsetilstanden hos planter, landdyr og fisk framleis skal vere god. Det er viktig med førebyggjande tiltak og god beredskap mot dei mest frykta planteskadegjerarane og smittsame sjukdommane hos landdyr og fisk. Dette er også viktig for å hindre utbrott av dyresjukdom, som også kan smitte over og gi sjukdom hos menneske (zoonosar).

Det er viktig å overvake og gjere tiltak som betrar og sikrar ein gunstig resistenssituasjon i norsk husdyrhald. Overvaking, sanering og smitteførebyggjande tiltak mot LA-MRSA (dyreassosierte methicillinresistente Staphylococcus aureusbakteriar) i svinebesetningar vil bli vidareført. Likeeins vil ein sjå på tiltak mot resistente bakteriar i fjørfehaldet.

Oppfølging av det harmoniserte forenkla EØS-regelverket for innførsel av kjæledyr vil vere krevjande. Det er nødvendig med god informasjon til publikum og styrkja tilsyn.

Mattilsynet vil framleis ha merksemd på arbeidet med fiskehelse og fiskevelferd, mellom anna arbeidet for å redusere førekomsten av lakselus og tap i oppdrettsnæringa. Mattilsynet vil følgje opp den vidare tilsynsinnsatsen knytt til dei strengare miljøkrava ved høve til auka produksjon i havbruksnæringa. Mattilsynet vil bidra til å følgje opp arbeidet med Meld. St. 16 (2014–2015) om vekst i havbruksnæringa, mellom anna ved innføring av ein indikator for påverknad av lakselus på villfisk og inndeling av kysten i spesifikke produksjonsområde.

Målet om å fremje god dyrevelferd og respekt for dyr

Mattilsynet vil ha merksemd på tilsynet med dyrevelferd, både for produksjonsdyr og familie- og sportsdyr. Mattilsynet vil leggje vekt på å utnytte verkemidla i dyrevelferdslova for å fremje god dyrevelferd.

Mattilsynet vil samarbeide med politiet om å gjennomføre eit pilotprosjekt for eit dyrepoliti, der ein skal arbeide for å få best mogleg handsaming av saker som gjeld alvorleg omsorgssvikt og overgrep mot dyr. Målet er å utvikle system og rutinar for handsaming av slike saker, slik at alvorleg kriminalitet mot dyr skal føre til straffesak og domfelling. Pilotprosjektet blir lagt til Sør-Trøndelag politidistrikt, der Mattilsynet region Midt er samarbeidspartnar. Det er lagt opp til eit treårig prosjektet som startar opp hausten 2015.

Mattilsynet har bedt om ei risikovurdering frå Vitskapskomiteen for mattryggleik med sikte på å finne tiltak for å styrkje dyrevelferda i kalkunproduksjonen.

Lidingar hos og tap av dyr på beite har ulike årsaker og er ei stor utfordring som Mattilsynet vil ha merksemd på. Mattilsynet vil vidareføre god samhandling med miljøstyresmaktene når det gjeld tap som skuldast rovvilt, jf. rovviltforliket i Stortinget 2011.

Oppdrettsfisk skal haldast, transporterast og slaktast under etisk akseptable forhold.

Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn

Mattilsynet skal arbeide for at mat, drikkevatn og innsatsvarer har rett kvalitet og rett innhald, og at regelverket om merking og ærleg omsetnad blir følgt. Regelverket om merking av mat skal sikre at forbrukarane har tilgang til rett informasjon om eigenskapane til maten.

Mattilsynet vil framleis leggje vekt på å følgje opp den nye forskrifta om matinformasjon som er basert på EU si forordning om matinformasjon. Forskrifta trådde i kraft i desember 2014 og avløyste mykje av det tidlegare regelverket om merking. Nye delar av forskrifta tek til å gjelde fram mot utgangen av 2016. Det blir også utvikla nye gjennomføringsreglar og nye rettleiingar som har verknad på korleis ein skal forstå krava i forskrifta. Mattilsynet vil også greie ut kva krav til merking i EU si nye marknadsordning for fisk og akvakulturprodukt som er ønskjelege å gjennomføre i den norske fiskekvalitetsforskrifta.

Mattilsynet har også viktige oppgåver i ernæringsarbeidet, særleg når det gjeld tilsyn med merking, ernærings- og helsepåstandar og frivillig sunnheitsmerking (Nøkkelholet).

Innhaldet av ulovlege mengder av genmodifisert materiale i næringsmiddel og fôr på den norske marknaden, ser ut til å vere lågt. Problema knytt til sporforureining av genmodifisert materiale synest størst i fôrvarer. Mattilsynet vil føre vidare overvakinga av genmodifisert materiale i både fôr og næringsmiddel.

Målet om å ivareta miljøvennleg produksjon

Mattilsynet vil bidra til at matlova sitt formål om å ivareta miljøvennleg produksjon blir oppfylt. Kvaliteten på innsatsvarer som såvarer, gjødsel, plantevernmiddel og fôrvarer er avgjerande for miljøvennleg produksjon, og verkar også inn på kvaliteten på maten.

Arbeidet for å redusere bruken og risikoen ved bruk av plantevernmiddel, vil bli ført vidare. Ein ny handlingplan på området er under utarbeiding og arbeidet vil ta utgangspunkt i den nye planen og det nye regelverket på området. For 2016 er det gjort framlegg om ei løyving knytt til oppfølging av Handlingsplan plantevernmiddel, jf. kap. 1150, post 77.15.

Marknadstilgang

Mattilsynet har ei viktig rolle i arbeidet med å leggje til rette for marknadstilgang for norske produkt, og kontakt med aktuelle styresmakter i andre land er avgjerande for å betre marknadstilgangen.

Dei seinare åra har det vore ein auke i krava til dokumentasjon på at norsk sjømat er trygg og har rett kvalitet. For Noreg som stor eksportør av sjømat er det avgjerande å kunne dokumentere mattryggleik og kvalitet gjennom heile produksjonskjeda.

Andre område

Dyrehelsepersonell

Mattilsynet forvaltar lovgivinga som skal sikre forsvarleg yrkesutøving hos dyrehelsepersonell. Mattilsynet vil leggje vekt på at dyrehelsepersonell driv forsvarleg verksemd, særleg i samband med utlevering og bruk av antibiotika. Det vil også bli lagt vekt på å få betre kvalitet på registeret over bruken av legemiddel til dyr.

Kosmetikk

Mattilsynet vil føre tilsyn og følgje opp arbeidet med å utvikle regelverket som skal sikre at kosmetikk og kroppspleieprodukt er helsemessig sikre for menneske og dyr. Mattilsynet vil samarbeide med Folkehelseinstituttet om å overvake helseskadelege biverknader ved bruk av kosmetikk og kroppspleieprodukt.

Post 22 Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser

Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 13,3 mill. kroner. Løyvinga skal dekkje utgiftene for Mattilsynet til reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser.

Post 71 Tilskott til erstatningar

Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 4,2 mill. kroner. På posten vil det bli ført utbetalingar til personar som har ytt naudhjelp til dyr etter dyrevelferdslova § 4 der det ikkje er nokon eigar av dyret som kan dekkje kostnaden. På posten vil det også bli ført kostnader for tiltak sett i verk av Mattilsynet i medhald av matlova, dyrehelsepersonellova og dyrevelferdslova i dei tilfella der kostnaden ikkje kan drivast inn frå eigar.

Kap. 4115 Mattilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Gebyr m.m.

121 572

161 886

157 210

02

Driftsinntekter og refusjonar m.m.

10 859

5 509

5 629

15

Refusjon av arbeidsmarknadstiltak

724

16

Refusjon av foreldrepengar

11 507

18

Refusjon av sjukepengar

19 547

Sum kap. 4115

164 209

167 395

162 839

Post 01 Gebyr m.m.

På posten blir gebyrordningane under Mattilsynet ført. Dette omfattar gebyr for særskilte ytingar som Mattilsynet gjer for konkrete brukarar og gebyr for visse tilsyns- og kontrolloppgåver der desse eintydig rettar seg mot konkrete brukarar.

Det er ved budsjettering lagt til grunn at gebyrsatsane blir ordinært løns- og prisjustert.

Post 02 Driftsinntekter og refusjonar m.m.

På posten blir det mellom anna ført diverse driftsinntekter frå oppgåver som Mattilsynet gjer for anna forvaltning, til dømes for tilsyn med omsetnad av reseptfrie legemiddel utanfor apotek, tilsyn med levande GMO, samt oppgåver knytt til miljøretta helsevern for kommunane. Her vil det også bli ført inntekter frå gebyr for særskilte ytingar som Mattilsynet av omsyn til næringsutøvarane yter utanom ordinær arbeidstid.

Programkategori 15.20 Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling

Utgifter under programkategori 15.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

1136

Kunnskapsutvikling m.m.

222 870

1137

Forsking og innovasjon

438 483

450 699

458 951

1,8

Sum kategori 15.20

438 483

450 699

681 821

51,3

Inntekter under programkategori 15.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

4136

Kunnskapsutvikling m.m.

19 775

Sum kategori 15.20

19 775

Forsking, innovasjon og kompetanse skal bidra til at dei landbruks- og matpolitiske hovudmåla – matsikkerheit, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk blir nådde. For å sikre effektiv bruk av midlane, legg departementet vekt på målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon, og at kunnskap og kompetanse gjerast lett tilgjengeleg for næring og forvaltning. I tillegg vil det vere viktig med ein effektiv og sterk instituttsektor. Dette fordrar eit godt samspel mellom instituttsektoren, relevante kunnskapsmiljø, ulike næringsaktørar og forvaltninga.

Norsk landbruk har eit stort potensial for å vidareutviklast, men står også overfor utfordringar. Forsking og ny kunnskap er ein føresetnad for at Noreg skal lukkast med å utvikle landbruket til å bli meir effektivt og lønsamt, og for å sikre stabil leveranse av trygg kvalitetsmat. Kunnskap er også berebjelken i bioøkononomien – der framtidig vekst og verdiskaping i større grad er basert på berekraftig produksjon og utnytting av biomasse frå landbruk, skogbruk, havbruk og fiskeri.

Målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon

Både nasjonale og internasjonale utviklingstrekk er viktige bakteppe for landbruks- og matforskinga, og for dei prioriteringane sektoren gjer på forskingsområdet. Regjeringa vil stimulere til auka matproduksjon mellom anna av omsyn til norske forbrukarar og beredskap. Med bakgrunn i dette legg Landbruks- og matdepartementet til grunn at forskinga skal gi viktige bidrag til auka matproduksjon, samstundes som det skal takast nødvendige omsyn til miljø og klima. Dette krev kunnskap som sikrar auka produktivitet og best mogleg utnytting av tilgjengelege ressurar, herunder kunnskap om korleis matproduksjonen blir påverka og best kan tilpassast eit endra klima. Ny kunnskap er også heilt avgjerande for å oppretthalde ei god plante- og dyrehelse og god dyrevelferd i Noreg. Særleg er det nødvendig med ein forsterka innsats retta mot antibiotikaresistens, eit behov som mellom anna er stadfesta i regjeringas nasjonale strategi mot antibiotikaresistens (2015–2020). Strategien er omtala nærare under programkategori 15.10.

Befolkningsvekst og klimaendringar inneber store utfordringar, men også betydelege moglegheiter for sektoren. Forsking og ny kunnskap er viktig for å møte utfordringane og for å realisere potensiala. Kunnskap som kan bidra til å løyse store samfunnsutfordringar, mellom anna utfordringar knytt til klima, miljø, energi og matsikkerheit, er også eit av dei tre overordna måla i Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024. I tråd med dei prioriterte innsatsområda i langtidsplanen, vil forsking som bidreg til betre forståing av klimaendringane og god tilpassing til dei, samt næringsutvikling basert på samfunnsutfordringane, vere viktige kunnskapsområde for sektoren.

Landbruket rår over eit betydeleg ressursgrunnlag. Dette gir potensial for økonomisk vekst innanfor ei rekkje næringar og innanfor heile verdikjeda, frå primærleddet til forbrukarane. Kunnskap som bidreg til optimal utnytting av dei omfattande biologiske ressursane i sektoren vil vere sentralt både for å ta ut potensialet i eksisterande næringar og som grunnlag for innovasjonar og ny næringsverksemd. Forsking og innovasjon skal bidra til å ta ut det store verdiskapingspotensialet innan bioøkonomien. Bioøkonomisatsinga til Innovasjon Noreg, mellom anna Bioraffineringsprogrammet, vil også vere eit sentralt verkemiddel på dette området, jf. nærare omtale under kap. 1149 post 74.

Regjeringa vil leggje til rette for alternativ næringsutvikling som grunnlag for ein meir solid og framtidsretta landbruksproduksjon over heile landet. I Meld. St. 31 (2014–2015) Garden som ressurs – marknaden som mål blir verdien av kunnskap, forsking og innovasjon som drivkraft for verdiskaping og utvikling av vekstkraftige regionar i heile landet understreka. Behovet for eit kunnskapsintensivt næringsliv og tiltak som legg til rette for nye og innovative næringar og framtidige arbeidsplassar, vil ha ein sentral plass i den kommande nasjonale bioøkonomistrategien. Behovet for forsking og innovasjon når det gjeld å utnytte skogens potensial innan bioøkonomien er også synleggjort i SKOG22 – nasjonal strategi for skog– og trenæringa. Ei samla skog- og trenæring står bak SKOG22, og strategien er eit viktig innspel til utforminga av regjeringas skogpolitikk, mellom anna gjennom den kommande meldinga til Stortinget om skog- og trenæringa.

SKOG 22- strategien viser til eit stort potensial for auka avverking av skog, og at skog– og trenæringa kan gi vesentlege bidrag til auka verdiskaping og sysselsetjing i Noreg. Ny kunnskap er nødvendig for å sikre stabil og langsiktig råstoffleveranse og som grunnlag for alternativ utnytting av trevirke med sikte på utvikling av nye produkt og produksjonsmetodar. Næringsretta forsking og høg grad av innovasjon, både i skog- og trenæringas verksemder og i FoU-miljøa, vil vere avgjerande for å sikre ei framtidsretta skog – og trenæring i Noreg. Skogen spelar også ei sentral rolle for å redusere klimagassutsleppa, både gjennom opptak av karbon, bruk av tre i bygningsmateriale, som erstatning for fossilt råstoff i ulike produkt og som fornybar energi.

Landbruks- og matforskinga skal i større grad utløyse innovasjon og verdiskaping. Det er eit mål å vidareutvikle ein kunnskapsbasert landbruks- og matsektor gjennom å stimulere næringane i sektoren til å forske meir og til å nytte seg av forskinga til andre, både nasjonalt og internasjonalt. Nye produkt og produksjonsmåtar, nye tenester, nye måtar å samarbeide på, nye måtar å organisere næringsverksemd på m.m. vil framover kunne gi moglegheiter for vekst i sektoren. Departementet legg til grunn at kommersialisering og innovasjon i sektoren skal aukast.

Dei utfordringane og kunnskapsbehova som sektoren står overfor er i stor grad felles med andre land, både Europa og elles. Norsk deltaking i internasjonal forsking på landbruks- og matområdet er difor nødvendig for å løyse felles utfordringar, heve kvaliteten på forskinga her i landet, fornye norsk forsking og for å kunne forstå og nytte forskingsresultat frå andre land. Regjeringa har gjennom Strategi for forsking- og innovasjonssamarbeid med EU sett seg som mål at to pst. av dei konkurranseutsette midlane i Horisont 2020 skal tilfalle norske aktørar. Ei slik målsetjing krev ei omfattande mobilisering og eit godt samspel mellom nasjonale og europeiske forskingsmidlar. Internasjonal spisskompetanse hos forskingsmiljøa i sektoren er ein føresetnad for å delta i internasjonalt forskingssamarbeid.

Kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning

Sektoren har lange tradisjonar for samarbeid mellom styresmakter, næringsaktørar og kunnskapsmiljø når det gjeld kunnskapsutvikling og forskings- og utviklingsarbeid. Gjennom dette har sektoren eit godt utgangspunkt for at forskinga er relevant og at ny kunnskap kjem til nytte. Samstundes er det viktig med eit omfattande samspel mellom landbruket og andre sektorar i arbeidet med å fremje forsking og innovasjon. Dette vil leggje grunnlaget for synergiar mellom landbruks- og matnæringane og andre næringar, gjennom utveksling av kunnskap, teknologi og idear. Ikkje minst vil vidareutvikling av bioøkonomien, der eit av Noregs fortrinn ligg i eit tett samarbeid mellom blå og grøn sektor, krevje samarbeid på tvers av fagområde og ulike næringar.

Ei målretta politikkutforming med gode avgjerder for landbruks- og matsektoren krev kontinuerleg tilgang på oppdatert kunnskap. Forskingsbasert kunnskap bør i størst mogleg grad liggje til grunn for politikkutvikling og forvaltning. Samfunnsvitskapeleg forsking skal bidra med kunnskap om landbruket si rolle, fremje lokal og regional utvikling, og gi kunnskap om korleis ulike drivkrefter påverkar utviklinga i landbruket. Det same gjeld forholdet mellom landbruket og samfunnet elles. Samfunnsvitskapeleg forsking vil også gi meir kunnskap om samspelet mellom politik, forvaltning og næring.

Landbruks- og matforskinga må følgjast opp med målretta spreiing av kunnskap slik at resultata av forskinga raskt og effektivt når ut til aktørane som kan ha nytte av den, og til allmenta elles. Noregs forskingsråd set krav til at formidlingsaktivtet er ein integrert del av forskingsprosjekta. For å lukkast er det også nødvendig å sikre eit godt samarbeid mellom dei ulike aktørane i landbruks- og matnæringa. Mellom anna er Norsk Landbruksrådgiving eit viktig bindeledd mellom kunnskapsmiljøa og primærjordbruket. Tilsvarande er Skogbrukets Kursinstitutt ein sentral aktør for opplæring og formidling i skogsektoren.

Både primærleddet i landbruket og industri som foredlar mat og fiber, er høgteknologisk og kunnskapskrevjande. Dette sett høge krav til kompetanse både hos næringsutøvarar og hos rådgivarar. God rekruttering både til yrkesutdanning og til høgare landbruks- og matfagleg utdanning vil vere viktig for utdanne kompetent arbeidskraft til eit framtidsretta landbruk.

Ein effektiv instituttsektor i samspel med andre

Det er eit mål å ha ein effektiv instituttsektor i landbruket, som driv forsking av høg kvalitet og relevans, som har godt omdømme og høg internasjonal konkurransekraft. Nasjonale og internasjonale konkurransearenaer, strategiske løyvingar og systematisk oppbygging av kompetanse skal leggje til rette for auka kvalitet i forskingsinstitutta i landbruket.

Den 1.7.2015 blei Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) oppretta. Instituttet har teke over oppgåver og tilsette frå Bioforsk, Norsk institutt for skog og landskap og Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking. Formålet med fusjonen har vore å etablere eit fagleg og økonomisk solid forskings- og utviklingsmiljø, som leverer kunnskap av høg kvalitet og relevans til næring og forvaltning. Meir ressursar skal nyttast til utvikling av ny kunnskap, innovasjonsretta arbeid og forvaltningsstøtte, og færre ressursar skal gå til administrasjon, drift og vedlikehald. Departementet vil vidareføre arbeidet med å leggje til rette for faglege og administrative synergiar mellom landbruks- og matforskingsinstitutta. Det skal også bli større grad av tverrfaglegheit og auka samarbeid med universitets- og høgskulesektoren, ikkje minst for å gi betre moglegheit for utvikling av bioøkonomien. Veterinærinstituttet og NIBIO er dei viktige bioøkonomiske og biomedisinske institutta i landbruks- og matsektoren.

Etablering av kunnskapsklynger er eit viktig verkemiddel for kompetanse og kunnskapsutvikling. Den felles lokaliseringa av NIBIOs hovudsete, Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) og frå 2019 Veterinærinstituttet (VI) på Campus Ås, vil skape grunnlag for eit kunnskapsbasert kraftsentrum innanfor undervisning, forsking og innovasjon, både innanfor dei eksisterande bionæringane og i utvikling av ny næringsverksemd innanfor bioøkonomien.

Den felles lokaliseringa av NIBIO, NMBU og VI på Ås, legg også eit godt grunnlag for vidare samarbeid mellom desse miljøa og Nofima. Dette instituttet har kompetanse som er sentral for å vidareutvikle og auke konkurranseevna i norsk næringsmiddelindustri. I tillegg er den tverrfaglege tilnærminga til Nofima sentral for å ta ut det potensialet som ligg i samarbeid mellom blå og grøn sektor på matområdet.

Landbruks- og matdepartementet vil vidareføre arbeidet med å byggje opp sterke kunnskapsmiljø og sikre eit godt samarbeid mellom dei ulike aktørane innanfor landbruks- og matforskinga og andre relevante samarbeidspartnare. God rekruttering og moderne infrastruktur for forskinga vil også vere viktig for å oppnå auka kvalitet.

Kap. 1136 Kunnskapsutvikling m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

50

Kunnskapsutvikling, formidling og beredskap, Norsk institutt for bioøkonomi

222 870

Sum kap. 1136

222 870

Post 50 Kunnskapsutvikling, formidling og beredskap, Norsk institutt for bioøkonomi

19. juni 2014 vedtok Regjeringa å slå saman Bioforsk, Norsk institutt for skog og landskap og Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking til eit institutt frå 1. juli 2015. Instituttet har fått namnet Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

Formålet med fusjonen var å etablere eit fagleg og økonomisk solid forskings- og utviklingsmiljø, som leverer kunnskap av høg kvalitet og relevans til næring og forvaltning. Det skal nyttast meir ressursar på utvikling av ny kunnskap, innovasjonsretta arbeid og forvaltningsstøtte, og mindre ressursar skal gå til administrasjon, drift og vedlikehald.

I august 2014 utnemnde Landbruks- og matdepartementet eit interimsstyre som fekk som overordna oppdrag å sikre etablering av eit styringsdyktig institutt frå og med 1. juli 2015. Dette styret har vore samansett av representantar frå næringsliv, brukarar, det offentlege og dei tilsette.

Gjennom hausten 2014 og første halvdel av 2015 har interimsstyret mellom anna utarbeidd og vedteke strategiar for det nye instituttets samla verksemd med utgangspunkt i samfunnsoppdrag frå departementet og hovudmål for instituttet. Andre viktige oppgåver for interimsstyret har vore å lage ein plan for samlokalisering av det nye instituttet basert på effektiv utnytting av bygningar samt å gjere framlegg om regional struktur for NIBIO.

Arbeidet med å etablere instituttet har skjedd i samarbeid med dei tilsette, og i tråd med ei omstillingsavtale som blei inngått med dei tilsette sine organisasjonar i august 2014.

Instituttet er organisert som eit forvaltningsorgan med særskilt fullmakt underlagt Landbruks- og matdepartementet. NIBIO har hovudkontor på Ås og er til stades i alle landsdelar. Instituttet får løyvingar til kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap direkte frå Landbruks- og matdepartementet og basisløyvingar frå Noregs forskingsråd over kap. 1137.

Departementet legg til grunn at instituttet skal vere marknadsretta, både nasjonalt og internasjonalt, og at det arbeider for å auke oppdragsmengda frå næringslivet. Vidare skal arbeidet med å effektivisere drifta av NIBIO førast vidare.

Landbruks- og matdepartementet har gitt NIBIO eit samfunnsoppdrag som inneber at det skal:

  • vere det nasjonalt ledande instituttet for utvikling av kunnskap om bioøkonomi.

  • bidra til matsikkerheit, berekraftig ressursforvaltning, innovasjon og verdiskaping innanfor verdikjedene for mat, skog og andre biobaserte næringar.

  • levere forsking, forvaltningsstøtte, og kunnskap til bruk i nasjonal beredskap, forvaltning, næringsliv og samfunn.

NIBIO skal levere kunnskap av høg kvalitet og relevans og vere nasjonalt og internasjonalt konkurransedyktig. Instituttet skal ha ei viktig rolle i realisering av Noregs moglegheiter innan bioøkonomien, og bidra til å leggje grunnlaget for det grøne skiftet.

Hovudinnsatsområda er å levere gode vedtaksgrunnlag for forvaltning, næring og samfunn. Dette gjeld innanfor mat, miljø, klima, kart og geodata, arealressursar, genressursar og skogbruk og føretaks-, nærings- og samfunnsøkonomi. Vidare er NIBIO ein viktig leverandør av kunnskapsstøtte til styresmaktene og ulike forvaltningsorgan for å ivareta nasjonal fagleg beredskap innanfor matsikkerheit, mattryggleik, skog- og plantehelse.

Det er flytta 5 mill. kroner frå posten til kap. 1138 post, 70 Støtte til organisasjonar. Desse midlane skal gå til Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK) sitt arbeid for å fremje produksjon og forbruk av økologisk mat.

Formål med løyvinga

Midlar over kap. 1136, post 50, skal nyttast til kunnskapsutvikling, fagleg beredskap, utvikling av kompetanse, analyse og dokumentasjon samt formidling av kunnskap innan følgjande område:

  • Effektiv og konkurransedyktig mat- og planteproduksjon i heile landet

  • Eit miljøvennleg landbruk

  • Forbetre klimarapportering og kunnskap som grunnlag for klimatiltak

  • Kart og geodata

  • Arealressursar

  • Genressursar

  • Berekraftig skogbruk og utmarksforvaltning

  • Føretaks-, nærings- og samfunnsøkonomi

Budsjettframlegg 2016

Effektiv og konkurransedyktig mat- og planteproduksjon i heile landet

NIBIO skal utvikle kompetanse for auka produktivitet, betre kvalitet og lønsam planteproduksjon under ulike dyrkings- og klimaforhold i Noreg. Næringa skal også ha tilgang til forskingsbasert kunnskap om økologisk produksjon. Innsatsen retta mot samanhengen mellom planteproduksjon og husdyrproduksjon for å styrkje kunnskapsgrunnlaget for husdyrproduksjonen skal vidareførast.

NIBIO skal ha kompetanse på ulike planteskadegjerarar og ha merksemd på beredskap som kan bidra til friske planter i jord- og hagebruket. Det er særleg viktig å møte utfordringane knytt til risiko for innføring og spreiing av nye skadegjerarar ved endringar i klima, auka handel og transport over landegrenser.

NIBIO er ein viktig leverandør av kunnskapsstøtte til styresmaktene og ulike forvaltningsorgan for å sikre nasjonal kapasitet og beredskap på matområdet. Beredskapsperspektivet er særleg retta mot evna til å oppretthalde ein høg nasjonal matproduksjon, standardar og tiltak som sikrar trygg mat. NIBIO skal også ha beredskap for å kunne handtere sjukdommar og skadeorganismar som trugar god norsk plantehelse, og som kan utgjere ein alvorleg risiko for norsk matproduksjon og norsk natur.

NIBIO skal ha beredskap og kompetanse på verkemåtar og effektar av ulike plantevernmiddel og andre innhaldsstoff i planter med potensielt uheldig verknad. NIBIO skal ha tilstrekkeleg kapasitet til å utføre analysar som nasjonalt referanselaboratorium.

Eit miljøvennleg landbruk

NIBIO skal ha kompetanse og dokumentasjon på dei langsiktige konsekvensane av ulike dyrkingssystem og metodar for å sikre god ressursutnytting og framtidig produksjonspotensial. Det er særleg behov for dokumentasjon om korleis variasjon i klima og dyrkingsmetodar verker på erosjon, forureining, biologisk mangfald og genetiske ressursar, og kva tiltak som kan bli sett i verk. Det er behov for kunnskap som gir grunnlag for å redusere det å vere avhengig av kjemiske plantevernmiddel.

Forbetra klimarapportering og kunnskap som grunnlag for klimatiltak

NIBIO skal bidra til at forvaltninga har tilgang til kunnskap som gir grunnlag for utforming av effektive verkemiddel for å nå klimapolitiske målsetjingar.

Instituttet skal ha kompetanse på omfang og effektar av utslepp av klimagassar frå landbruket og potensialet for karbonbinding i jord og skog. Dette gir grunnlag for framtidige teknologiske og strukturelle val innanfor landbruket, samstundes som landbruket kan produsere energi av eige råstoff og anna avfallsmateriale.

NIBIO skal bidra til å skaffe fram informasjon om korleis klimaendringane verkar på naturen og landbruket. Instituttet skal gi råd om klimatilpassing, og kva for bidrag landbruket kan gi i arbeidet med å løyse klimautfordringane. Endringar i lager av karbon, tilgangen på fornybar energi og byggeråstoff må vurderast i samanheng. Instituttet skal få betre fram data om karbonlager og karbonendringar i jordsmonn og skog. Instituttet skal utvikle metodar og opplegg for forbetring av bidraga til klimagassrekneskapen, slik at rekneskapen byggjer på best moglege data. Det er eit mål at instituttet vidareutviklar sin klimasenterfunksjon og rolla det har innanfor internasjonal klimagassrapportering.

Kart og geodata

NIBIO skal utvikle sine kart og geodatatenester med sikte på å løyse oppgåver og utvikle forskinga, næringa og forvaltninga. Instituttet skal sørgje for sikker forvaltning av data frå ressursundersøkingane, arbeide med analyse og utvikling av nye statistikk og temakart, og leggje til rette for digitale kart- og tenesteløysingar på Internett.

Instituttet skal ivareta og koordinere landbruket sitt bidrag til Geovekst. Geovekstmidlane skal forvaltast saman med midlar til arealressurskart og flybilete, med sikte på at landbruket skal få rett til å nytte alle kartdata som blir etablerte innanfor Geovekst. Instituttet må ha god kontakt med brukarane som nyttar produkta frå kart- og datasamarbeidet. Saman med vidareføring av satsinga, vedlikehald av arealressurskarta, løysinga for Norge i bilete og regelmessig nasjonal omløpsfotografering, skal dette vere med på å gi ei god dekning av detaljerte kart og flybilete av jord- og skogbruksareala. Instituttet skal gi kommunane kunnskapsstøtte til oppdatering og vedlikehald av karta.

Instituttet skal støtte SSB sitt arbeid med nasjonal arealstatistikk og EEA sitt arbeid med europeisk arealovervaking. Instituttet skal utvikle løysingar som viser arealendringar i kartet og som statistikk. Instituttet skal også bidra i internasjonale prosessar for auka samordning av og samhandling om geodata på tema instituttet har ansvar for.

Data samla inn frå satellittar har eit potensial for å bli nytta i overvaking av skog- og arealressursar. Satellittbaserte tenester for navigasjon og posisjonering blir også nytta til mange formål innanfor landbruksnæringane. Noreg har slutta seg til den innleiande driftsfasen av Copernicus, EU sitt program for jordobservasjon, og instituttet skal saman med Statens kartverk ta del i utviklinga av landtenesta i Copernicus. Gjennom å vere med i European Space Agency (ESA), er Noreg også med på utviklinga av Galileo; eit europeisk system for satellittnavigasjon. Instituttet skal i denne samanhengen yte kompetansestøtte på landbruksrelaterte tema.

Instituttet skal samarbeide med Landbruksdirektoratet om å forvalte, vedlikehalde og gjere kartdata frå reindrifta tilgjengeleg. I tillegg skal instituttet bidra til at reindrifta sitt ansvar for kartleveransar inn i den nasjonale infrastrukturen blir gjennomført.

Arealressursar

Ressursundersøking og overvaking er langsiktige program som skaffar informasjon om tilstand og utvikling av ressursar landbruket nyttar og forvaltar. Dette er nødvendig kunnskap for å nå måla i landbruks- og matpolitikken. Sentrale oppgåver er vedlikehald av det nasjonale arealressurskartet (AR5), Landsskogtakseringa og Arealrekneskapen for utmark. Vidare omfattar programma mellom anna systematisk overvaking av kulturlandskapet og kulturminne, kartlegging av jordsmonn, eit internasjonalt forankra overvakingsopplegg for skogskadar (OPS) og vegetasjonskartlegging for å betre utnyttinga av beiteressursane. Det siste er viktig for å auke matproduksjonen ut frå ressursar i utmarka. Kunnskapen om areal og jordsmonn er også viktig i arbeidet med ein heilskapleg jordvernstrategi.

Genressursar

Arbeidet med forvaltninga av landbruket sine genetiske ressursar er samla i Norsk genressurssenter og forankra i den strategiske planen til senteret. Over posten blir det løyvd midlar til drift av senteret, som også har ansvar for å gi råd til departementet og Landbruksdirektoratet om genressursforvaltning.

Genressurssenteret skal arbeide i nær kontakt med Nordisk Genressurssenter (NordGen), jf. kap. 1139, post 71. Senteret er nasjonalt kontaktpunkt for oppfølging av internasjonale prosessar innanfor fagområda og møte i ulike samarbeidsforum på nordisk, europeisk og globalt nivå. Senteret skal bidra til nasjonal oppfølging av internasjonale avtalar og prosessar som gjeld genressursar, mellom anna rapportering til FAO sin kommisjon for genetiske ressursar for mat og landbruk (CGRFA) og Den internasjonale traktaten om plantegenetiske ressursar for mat og jordbruk (ITPGRFA).

Genressurssenteret skal også følgje opp nasjonale handlingsplanar for vern og bruk av genetiske ressursar innanfor kulturplanter, skogstre og husdyr og samarbeider med mange aktørar om dette. Samarbeidet med foredlings- og avlsorganisasjonane om berekraftig avl og foredling og med miljøforvaltninga om in situ ivaretaking er viktig. Informasjonsverksemd skal ha høg prioritet.

Berekraftig skogbruk og utmarksforvaltning

NIBIO skal vere leiande på kunnskap om berekraftig skogbruk og utvikle ny kunnskap om utnytting av ressursane i utmarka. Dette er viktig både for ressursforvaltning, verdiskaping og politikkutforming.

Instituttet skal som del av dette vedlikehalde og utvikle kart- og innsynsløysing med sikte på samle og tilby relevante data om skog og arealressursar til brukarar og samarbeidspartar. NIBIO skal vidare oppretthalde Landsskogtakseringen og drifte FoU-prosjektet Miljøregistreringer i skog, og samarbeide med Landbruksdirektoratet om kartlegging av behov og prioritering av tiltak.

Det er nødvendig å ha høg beredskap for å oppdage skadar på skog i ein tidleg fase og for å førebyggje mellom anna at nye og skadegjerande soppar og insekt etablerer seg i Noreg. Dette blir stadig viktigare på grunn av klimaendringane. Instituttet skal difor gi informasjon og drive rettleiing og rådgiving om patologiske og entomologiske skadar på skog, mellom anna gjennom nordisk samarbeid og formidling av informasjon. Det er viktig at instituttet arbeider for å sikre ei effektiv og heilskapleg organisering og drift av relevant skogskadeovervaking og beredskap. Internasjonalt samarbeid er viktig, som til dømes arbeidet under konvensjonen om langtransporterte grenseoverskridande luftforureiningar.

Informasjon og tilgjengeleg kunnskap om skog og skogbruk, klima, biologisk mangfald og ulike miljøverdiar er omfattande, og kjem frå mange ulike kjelder. Norsk institutt for skog og landskap gav i 2014 ut rapporten Bærekraftig skogbruk i Norge. NIBIO skal oppdatere rapporten regelmessig på eigna måte. I samband med dette skal instituttet saman med departementet og Landbruksdirektoratet evaluere den første versjonen av rapporten.

Instituttet skal føre vidare langsiktige feltforsøk på viktige norske treslag. Desse feltforsøka er viktige for historisk dokumentasjon av skogutviklinga, som grunnlag for vidare utvikling av eit berekraftig skogbruk og som grunnlag for kunnskap om skogen si rolle i klimapolitikken.

Føretaks-, nærings- og samfunnsøkonomi

NIBIO skal levere eit godt grunnlag for økonomiske og politiske avgjerder med stor betyding for produksjon og omsetnad av landbruksprodukt, næringsmiddelindustri og matvaremarknader, bygdenæringar og landbruket si rolle i samfunnet. NIBIO skal også utarbeide materiale som grunnlag for arbeidet til Budsjettnemnda for jordbruket, og er sekretariat for nemnda etter avtale med Landbruks- og matdepartementet. Instituttet har i tillegg ein del særskilte utgreiingsprosjekt der departementet er oppdragsgjevar.

NIBIO skal ha eit samfunnsperspektiv i arbeidet sitt med landbruks- og matsektoren. Utviklinga i internasjonale råvaremarknader, endringar i handelspolitiske rammevilkår og konsekvensane av dette for norsk landbrukspolitikk og matproduksjon, er også viktige tema. Departementet legg vidare vekt på auka bruk av data frå driftsgranskingane til forsking og utgreiing, og på at det framleis er ei vesentleg brukarfinansiering av mellom anna kursverksemd innan driftsøkonomisk rettleiing og styring.

Kap. 4136 Kunnskapsutvikling m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

30

Husleige, Norsk institutt for bioøkonomi

19 775

Sum kap. 4136

19 775

Post 30 Husleige NIBIO

Ein stor del av eigedommane som blir nytta av NIBIO inngår i leigeavtale med staten ved Landbruks- og matdepartementet. Leiga blir justert etter endringar i talet på eigedommar i avtalen og årleg med 80 pst. av endringa i konsumprisindeksen. Departementet gjer i tråd med dette framlegg om ei samla husleige på 19,775 mill. kroner for 2016.

Leigeavtalen gjeld inntil 1.1.2017. Ny leigeavtale vil bli sett i samanheng med vurderinga av struktur for det nye instituttet og andre eigedommar som blir forvalta av departementet og nytta for det nye instituttet.

Kap. 1137 Forsking og innovasjon

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

50

Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd

251 651

258 662

263 583

51

Basisløyvingar m.m., Noregs forskingsråd

177 774

183 433

186 559

52

Innovasjonsaktivitet m.m.

5 000

5 134

5 256

53

Omstillingsmidlar instituttsektoren mv.

4 058

3 470

3 553

Sum kap. 1137

438 483

450 699

458 951

Post 50 Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd

Formål med løyvinga

Løyvinga skal bidra til at dei landbruks- og matpolitiske hovudmåla samt delmåla på forskingsområdet blir nådde. Posten omfattar løyvingar til forskingsaktivitet i regi av Noregs forskingsråd.

Rapportering 2014

Målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon

Forskingsløyvingar over Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett har i hovudsak blitt disponert gjennom Forskingsrådet sitt program Berekraftig verdiskaping i mat- og biobaserte næringar – BIONÆR. Programmet si tematiske avgrensing er jordbruk-, skogbruk- og naturbaserte verdikjeder. BIONÆR finansierer både grunnleggjande og næringsretta forsking, i tillegg til strategisk arbeid med satsingsområdet bioøkonomi. BIONÆR skal utløyse forsking og innovasjon som fremjar Noreg som eit meir biobasert samfunn. Ved å finansiere langsiktige kunnskaps- og kompetansebyggjande forskingsprosjekt bidreg programmet til å byggje kompetanse på tverrfaglege område.

I 2014 var hovudprioriteringa i BIONÆR retta mot langsiktig kompetanseoppbygging gjennom utlysing av midlar til forskarprosjekt og til meir kortsiktige innovasjonsprosjekt i næringslivet. Hovudutlysinga var retta mot innovative prosjekt med bioøkonomisk innretning. Det blei innvilga 13 nye forskar- og KPN-prosjekt og 21 nye innovasjonsprosjekt i 2014.

I 2014 var det 95 pågåande forskingsprosjekt innan tema som planteproduksjon, husdyrbruk og næringsmiddelindustri, med eit samla budsjett på om lag 108 mill. kroner over Landbruks- og matdepartementets løyvingar. Mange av prosjekta har element av klimaforsking i seg. Innan temaområdet husdyr blei prosjektet FeedMileage ved Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) starta opp i 2014. Prosjektet, som har ei løyving på 40 mill. kroner, tek sikte på å gjere husdyra meir robuste slik at dei betre kan utnytte lokale fôrressursar. Prosjektet har eit breitt tverrfagleg samarbeid med sentrale næringslivspartnarar. Også andre prosjekt innan temaområda agronomi, matproduksjon og dyrevelferd starta opp i 2014.

Eit aktivt og lønsamt skogbruk og konkurransedyktig skogindustri er viktig for busetjing, sysselsetjing og næringsutvikling. Det er nødvendig med forsking for ytterlegare å styrkje skogen sitt bidrag til verdiskaping i heile landet, og for å nå energi-, klima- og miljømåla. Viktige innsatsområde er auka bruk av trevirke, energiproduksjon basert på tre og aktiv utnytting av skogen i nærings- og klimasamanheng. Det er i første rekkje BIONÆR som har hatt forskingsprosjekt på desse områda, men forskingsprosjekt i NORKLIMA og Miljø 2015 gir også viktige bidrag. Forskingsprosjekt innan temaet berekraftig skogproduksjon og auka trebruk utgjorde i 2014 om lag 39 mill. kroner av løyvinga frå Landbruks- og matdepartementet. Mellom anna har fleire prosjekt arbeidd med utfordringane knytt til effektive og betre logistikk-løysingar og infrastruktur i skogbruket. Det er oppnådd gode resultat knytt til ressursregistreringar og driftsløysingar i ulikt terreng.

Ein vesentleg del av Landbruks- og matdepartementet si løyving er retta mot forskingsinnsats for å redusere utslepp til luft og vatn og auka opptaket av CO2 i skog og jord. Samla forskingsinnsats knytt til desse områda har i 2014 vore på om lag 55 mill. kroner. Den største delen går til området bioenergi og blir forvalta av ENERGIX som er Forskingsrådets store program innan miljøvennleg energi. Innsatsen til forskingsprogrammet ENERGIX (2013–2022) dekkjer alle områda til Landbruks- og matdepartementet innanfor bioenergi; biovarme, avfall til biogass og biodrivstoff. Produksjon av fornybar energi er eit næringstungt område, og innovasjonsprosjekt dominerer porteføljen. Gjennom BIONÆR blei det i 2014 starta opp to prosjekt som tek for seg utfordringar knytt til berekraftig skogproduksjon og målsetjinga om auka uttak av bioenergi frå norsk skog.

Løyvinga til KLIMAFORSK over departementets budsjett var i 2014 på 7 mill. kroner, og var retta mot prosjekt som skal auke kunnskapen om tilpassing av landbruket til eit endra klima, samt kunnskap om korleis utslepp av klimagassar frå landbruket kan reduserast.

Ein stor del av løyvinga til Forskingsrådet over Landbruks- og matdepartementets budsjett går til forsking for å auke innovasjonsgraden og konkurranseevna innan næringane i landbrukssektoren. Tematisk innretta program som BIONÆR og Store program i Forskingsrådet, samt SkatteFUNN og Virkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI-ordninga), har vore viktige verkemiddel for å mobilisere næringslivet til å investere meir i FoU. Den brukarstyrte forskinga løyser også ut betydelege private midlar til forsking. For 2014 viser tal frå Forskingsrådet høg aktivitet og evne til å implementere forskingsresultata i praksis, gjennom nye produkt, prosessar, tenester, bedriftsetableringar og liknande som er eit resultat av IPN-prosjekta. Næringslivets forskingsinnsats på departementets område er nærare omtala i del 3.

Løyvingane frå Landbruks- og matdepartementet blei i 2014 mellom anna nytta til ei felles utlysing om innovasjonsprosjekt i næringslivet, i samarbeid med Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt (FFL) og forskingsmiddel over Jordbruksavtalen (JA). Utlysinga resulterte i fem innvilga innovasjonsprosjekt.

Løyvinga er vidare nytta til målretta arbeid med å få forsking høgare opp på dagsorden i regionane, gjennom VRI-satsingar på grøn næring i sju regionar, som har høvesvis mat, landbruk eller bioenergi som innsatsområde. Næringsretta prosjekt innan landbruk og næringsmiddelindustri treff også godt i SkatteFUNN. I 2014 blei det registrert 43 pågåande prosjekt innan skog- og tresektoren, og 267 prosjekt innan jordbruk og mat, ein auke på 60 prosjekt frå 2013.

BIONÆR stiller krav om internasjonalt samarbeid i sine utlysingar av langsiktig forsking. Det er no norske deltakarar i fleire ERA-Net-prosjekt. Løyvingar frå Landbruks- og matdepartementet gjorde det mogleg for norske FoU-miljø å delta i konkurranse om internasjonale forskingsmidlar innan mange ERA-Net, på så vidt ulike område som økologisk landbruk, dyrehelse og velferd, matproduksjon og forbruk og foredling og bruk av tre som råvare. Ved utgangen av 2014 hadde BIONÆR 11 ulike ERA-Net-prosjekt relevant for landbruks- og matpolitiske prioriteringar. På landbruks- og matområdet er JPIen Agriculture, Food Security and Climate Change (FACCE) vidareført.

Norsk matforsking er også representert i internasjonalt samarbeid gjennom nordisk samarbeid og bilaterale forskingsprosjekt. Forskingsrådet og Landbruks- og matdepartementet deltek i arbeidet i The European Agricultural Research (EURAGRI) og i Standing Committee for Agricultural Research (SCAR).

Kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning

Dei handlings- og næringsretta programma til Forskingsrådet er i sin heilskap retta mot kunnskapsbehov i både sektoren og i forvaltninga. Forskingsprogramma BIONÆR, Miljø 2015 (MILJØFORSK frå 2016), KLIMAFORSK, og ENERGIX er viktige verkemiddel for kunnskapsutviklinga for forvaltninga, og for å nå målet om høg kvalitet og relevans i forskinga. I tillegg til porteføljen av samfunnsfaglege prosjekt på rammevilkår og næringspolitikk, har det dei siste åra blitt lagt vekt på at samfunnsfaglege problemstillingar må integrerast i prosjekt der dette er relevant.

Det er pågåande innsats for å auke kvalitet og relevans i forskinga. Innsatsen skjer mellom anna gjennom forsking på nasjonalt prioriterte område, forskingsbasert innovasjon, forsking i næringslivet, forsking i tråd med kunnskapsbehov i sektoren og forvaltninga i tillegg til internasjonalt forskingssamarbeid.

Det er eit aktivt samarbeid mellom Forskingsrådet og Forskingsmidlene for jordbruk og matindustri. Fonda finansierer i hovudsak open forsking til nytte for aktørane i bransjen. Samarbeidet med næringsfonda har som formål å bidra til ei heilskapleg og effektiv forvaltning av dei samla forskingsmidla innan landbruks- og marin sektor, og å sikre forskingsfagleg kvalitet i prosjekta.

God og tilpassa forskingsformidling er viktig for at resultata frå forskinga kan takast i bruk, både av primærprodusentane og resten av ledda i verdikjeda. Formidling er i stor grad integrert i forskingsaktivitetane og programverksemda. Gjennom VRI-programmet blir det samarbeidd med regionale partnarskap, FoU-miljø og andre relevante utviklingsaktørar for å stimulere til læring, innovasjon og verdiskaping i verksemder med liten FoU-erfaring. Norsk landbruksrådgiving er eit bindeledd mellom forskinga og landbruket, og har ei viktig rolle i å formidle kunnskap til næringsutøvarane. Forskingskommunikasjonen omfattar tiltak for å fremje dialog mellom forsking og samfunn, og for å bidra til at forsking blir brukt i politikk, forvaltning og næringsutvikling. Forskingsprogramma arbeider målretta med nyheiter om forskingsresultat gjennom heile året. Programma gir også viktige bidrag til formidling av ny kunnskap mellom anna gjennom konferansar, utlysing av konferansestøtte, og stipendiatsamlingar.

Budsjettframlegg 2016

Frå 2015 er det sett nye mål for Noregs forskingsråd. Sjå Prop. 1 S (2015–2016) frå Kunnskapsdepartementet for ei nærare omtale av desse måla.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 263,583 mill. kroner over kap. 1137, post 50 i 2016. Løyvinga følgjer dei fire hovudmålområda, samt dei tre delmåla på forsking, omtalt i kat. 15.20.

For regjeringa er det viktig å prioritere den forskinga som bidreg til matsikkerheit, og som sikrar god plante- og dyrehelse, dyrevelferd og trygg mat.

Noreg har i dag ein gunstig situasjon innan mattryggleik, som følgje av mellom anna god dyrehelse og Europas lågaste antibiotikaforbruk i husdyrproduksjonen. Konsekvensar av auka antibiotikaresistens i norsk landbruk, vil dels vere svekking av norsk matproduksjon sitt konkurransefortrinn, dels dårlegare folkehelse med betydelege kostnader for samfunnet som resultat.

Landbruks- og matdepartementet vil i 2016 fortsett ha merksemd på forskingsinnsats innan dyrehelse og mattryggleik. Innsatsen knytt til antibiotikaresistens skal difor styrkjast ytterlegare med 5 mill. kroner innanfor gjeldande budsjettramme. Landbruks- og matdepartementet er særleg oppteken av situasjonen knytt til ESBL-produserande (resistente) E.coli- bakteriar og kinolonresistens hos fjørfe og i kyllingkjøtt samt LA-MRSA i svinebesetningar. Det er behov for forsterka innsats både når det gjeld overvaking og kunnskapsutvikling, jf. omtale under kap. 1112 post 50.

Departementet vil fortsetje å ha høg merksemd på forsking på områda betre agronomi, auka lønsemd i sektoren og auka matproduksjon, samt eit landbruk som tek nødvendige omsyn til natur og miljø. For å oppnå dette er tverrfaglegheit sentralt. Forskingsinnsatsen på klima og fornybar energi er ein viktig del av regjeringas klimapolitikk, og vil bli vidareført. Innsatsen på områda berekraftig skogbruk og auka bruk av trevirke skal også oppretthaldast.

Klimaendringane skapar utfordringar, men også betydelege moglegheiter for det norske landbruket. Avlingsnivået kan auke, eksisterande plantesortar kan få auka utbreiing og nye plantesortar og artar kan takast i bruk. Forskinga skal synleggjere moglegheiter, og bidra til auka lønsemd i norsk landbruk innanfor eit endra klima. Auka kunnskap om alt frå grunnleggjande agronomi til bruk av bioteknologi i sortsutvikling og avlsarbeid vil danne grunnlag for ein meir ressurseffektiv, berekraftig og lønsam matproduksjon. Løyvinga må sjåast i samanheng med internasjonal forskingsaktivitet på desse områda.

Det er viktig at landbruks- og matforskinga bidreg til auka innovasjon og konkurranseevne innanfor dei mange næringane i landbruket. I dette arbeidet står den brukarstyrte forskinga og den kunnskapsbaserte bioøkonomien sentralt, der produksjon av mat og biomasse i landbruket og næringar som baserer seg på denne biomassen vil spele ei sentral rolle.

Landbruks- og matdepartementet legg også vekt på god samordning av midlar til forsking over statsbudsjettet og midlar frå Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt. Løyvingar til forsking over departementet sitt budsjett må også sjåast i samanheng med dei ulike innovasjonsverkemidla i sektoren, jf. nærare omtale under kat. 15.30.

Landbruks- og matdepartementet legg vekt på auka kommersialisering av forskingsresultat. For å oppnå dette er det viktig at Innovasjon Noreg, forskingsinstitutta, Siva – Selskapet for industrivekst og Forskingsrådet samarbeider om å auke innovasjonsgraden i sektoren. Departementet vil vidareføre arbeidet med å leggje til rette for auka samarbeid mellom dei landbruksfaglege institutta og andre kunnskapsmiljø på Campus Ås med sikte på auka kommersialisering av kunnskap frå forsking. Støtta til programmet Virkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI) i Noregs forskingsråd blir vidareført i 2016.

Høg internasjonalisering av landbruks- og matforskinga er eit mål. Noregs forskingsråd skal sikre at dei nasjonale forskingsprogramma vidareutviklar sitt strategiske, tematiske og finansielle samspel med EU-forskinga, inkludert det nye programmet Horisont 2020. Aktiviteten innanfor fellesprogrammet JPI FACCE (Agriculture, Food Security and Climate Change) skal vidareførast. I tråd med regjeringa si satsing på Horisont 2020, skal dei landbruks- og matfaglege forskingsinstitutta utarbeide strategiar for eigen EU-satsing.

Nordisk komité for jordbruks- og matforsking skal støtte opp under forskings- og innovasjonssystema i dei nordiske landa og vere ei felles plattform for nordiske initiativ internasjonalt. Departementet vil også i 2016 vidareføre det nordiske samarbeidet.

Offentlege og private aktørar står i stor grad overfor dei same kunnskapsutfordringane innanfor område som nok og trygg mat, betre ressursutnytting og auka verdiskaping og sysselsetjing i landbruks- og matnæringane. Det er difor nødvendig med god dialog mellom næring og forvaltning om forskingsprioriteringane. Siktemålet er at felles kunnskapsbehov skal sjåast i samanheng, og at ressursane til forsking skal utnyttast effektivt. Det vil difor vere behov for både brukarstyrt forsking og forsking for forvaltning på landbruks- og matområdet.

Forskingsprosjekta må følgjast opp med målretta formidling slik at ny kunnskap på ein rask og effektiv måte når ut til aktørane som kan ha nytte av den. Formidlinga skal vere tilpassa både spesifikke brukargrupper og allmenta, og framstilt slik at den kan bli forstått og brukt raskt.

Forsking er sentralt for å støtte opp under forvaltninga sitt behov for kunnskap, og som ledd i utvikling av dei mange verdikjedene til landbruket. Sentralt står departementet sitt ansvar for å sikre nok og trygg mat. Andre område der forsking dannar eit viktig grunnlag er dyre- og plantehelse, dyrevelferd, miljøomsyn og ressursforvaltning, genetiske ressursar, verknad av økonomisk støtte til sektoren m.m. Vidare vil samfunnsvitskapeleg forsking bidra med kunnskap om landbruket si rolle, fremje lokal og regional utvikling og gi kunnskap om korleis ulike drivkrefter påverkar utviklinga i landbruket.

Post 51 Basisløyvingar m.m., Noregs forskingsråd

Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet er ansvarlege for basisløyvingane til primærnæringsarenaen. Arenaen omfattar frå 1. juli 2015 Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Nofima, Veterinærinstituttet, SINTEF Fiskeri og havbruk og Bygdeforskning. Endringa skuldast etableringa av NIBIO, sjå kap. 1136 post 50.

Forskingsrådet har ansvar for tildeling av basisløyvinga til forskingsinstitutta under Landbruks- og matdepartementet sitt ansvarsområde: Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Norsk senter for bygdeforskning (Bygdeforskning) og Veterinærinstituttet. I tillegg får Nofima AS strategiske midlar frå basisløyvinga til Landbruks- og matdepartementet.

Dei underliggjande forvaltningsorgana Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Veterinærinstituttet blir omtalt nærare i kap. 1136 post 50 og kap. 1112 post 50. Bygdeforskning er ein frittståande nasjonal forskingsstiftelse som bidreg med samfunnsvitskapeleg forsking innanfor bygdesosiologi og fleirfaglege bygdestudiar. Nofima er eit av Europas største næringsretta institutt med forskingskompetanse innanfor heile verdikjeda for utvikling av mat- og næringsmiddelproduksjon innan grøn og blå sektor (sjå kap. 928 post 72 i Prop. 1 S Nærings- og fiskeridepartementet).

Formål med løyvinga

Formålet med denne basisløyvinga er å sikre ein sterk instituttsektor som kan tilby brukarretta forsking av høg internasjonal kvalitet til næringslivet og forvaltninga på landbruks- og matområda. Løyvingane skal nyttast til langsiktig kunnskaps- og kompetansebygging, og skal stimulere til vitskapeleg kvalitet, internasjonalisering og samarbeid, og nyttast i tråd med retningslinene for statleg basisløyving av forskingsinstitutt.

Rapportering 2014

Primærnæringsarenaen omfatta i 2014 og fram til og med 30. juni 2015 dei sju institutta Nofima, Veterinærinstituttet, Bioforsk, SINTEF Fiskeri og havbruk, Norsk institutt for skog og landskap, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning, og Bygdeforskning. For omtale av Landbruks- og matdepartementets delmål 3 Ein effektiv instituttsektor i samspill med andre, sjå Del III i denne fagproposisjonen.

Totalt blei det tildelt 265 mill. kroner i samla basisløyving til primærnæringsinstitutta (unnateke den strategiske matsatsinga og husleiekompensasjon). Av dette blei 164 mill. kroner gitt over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet og 101 mill. kroner over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet (kap. 920 post 52).

Tabell 2.1 Økonomiske nøkkeltal for landbruks- og matforskingsinstitutta for 2014

Driftsinntekter1

Driftsresultat

Basisløyving

Basis disponert til strategiske instituttsatsingar

Basisløyving per forskarårsverk

Basisløyving i pst. av driftsinntektene

Mill. kr.

Mill. kr.

Mill. kr.

Mill. kr.

Forholdstal

Pst.

Bioforsk

419

-7,5

80,8

30

0,366

19

Veterinærinstituttet

323

-18,4

21,5

7,1

0,153

7

Norsk institutt for skog og landskap

207

1,6

37,6

12,8

0,489

18

NILF

58

0,1

11,3

3,8

0,493

20

Bygdeforskning

31

-0,3

8,1

2,5

0,426

26

Sum

1039

-24,5

159,3

56,2

Vekta gjennomsnitt

0,332

15

1 Samla inntekter eksklusive finansinntekter og ekstraordinære inntekter.

Kjelde: Forskingsrådet. Årsrapport 2014, Primærnæringsinstitutta

Dei samla driftsinntektene for dei fem landbruks- og matforskingsinstitutta sank for andre året på rad. Dei var i fjor 1 038 mill. kroner, ein reduksjon på 3,5 pst. frå sist år og samanlikna med 2012 på 6,8 pst. Det samla driftsresultatet for institutta var negativt for tredje år på rad.

Basisløyvinga utgjer i snitt 15 pst. av inntektene til institutta, der Veterinærinstituttet har lågare del enn dei andre institutta. Institutta disponerer samla sett største delen av basisløyvinga til strategiske instituttsatsingar og nettverkbygging, men også til forprosjekt/idéutvikling og eigen del i forskingsprosjekter.

Tabell 2.2 Oversikt over personale og publisering ved landbruks- og matforskingsinstitutta for 2014

Samla årsverk

Forskarårsverk i pst. av samla årsverk

Tilsette med dr. grad. per forskarårsverk

Talet på publikasjonspoeng

Publikasjonspoeng per forskarårsverk1

Tal

Pst.

Forh. tal

Tal

Forh. tal

Bioforsk

388

57

0,69

98,8

0,45

Veterinærinstituttet

296

47

0,81

92,7

0,66

Norsk institutt for skog og landskap

198

39

0,88

56,6

0,74

NILF

61

38

0,65

14,9

0,65

Bygdeforskning

25

76

0,79

22,9

1,20

Sum

968

285,9

Gjennomsnitt (vekta)

50

0,758

0,596

1 Publikasjonspoeng er eit vekta uttrykk for publiseringsaktivitet og nivå, som gir eit mål på vitskapeleg produksjon av fagfellevurderte artiklar i tidsskrift/antologiar og monografiar.

Kjelde: Forskingsrådet. Årsrapport 2014, Primærnæringsinstitutta

Dei fem landbruks- og matforskingsinstitutta har til saman redusert 79 årsverk frå sist år til i fjor. Dette skuldast mellom anna at det vore gjennomført kostnadsreduserande tiltak i nokre av institutta. Delen forskerårsverk har auka til 480 i fjor. Talet på tilsette med doktorgrad har minska.

Den vitskapelege produksjonen omrekna til publikasjonspoeng visar at dei fem institutta til saman produserte 286 poeng i fjor, ein reduksjon frå året før (288). Da dette er levert med lågare tal på forskarar har den vitskapelege publiseringa per forskarårsverk auka. Bioforsk og Veterinærinstituttet leverte kvar for seg ca. 1/3 av publiseringspoenga til dei fem institutta.

Bioforsk

Bioforsk hadde i 2014 eit driftsunderskott for tredje året på rad med 7,5 mill. kroner. Over 1/5 av driftsinntektene kjem frå næringslivet som er ein auke frå i fjor. Dette gjer Bioforsk til det mest næringsretta av dei fem institutta.

Instituttet har nytta 80,8 mill. kroner i basisløyving frå Forskingsrådet. Bioforsk disponerte 30 mill. kroner til eigendefinerte strategiske instituttsatsingar. Basisløyvinga utgjorde 19 pst. av inntektene. Om lag 0,2 mill. kroner blei omfordelt til andre institutt gjennom den resultatbaserte omfordelinga.

I 2014 hadde Bioforsk 388 årsverk, som var ein reduksjon med 28 årsverk frå året før, som følgje av nedbemanning. Til saman 221 av årsverka var forskarar, ein reduksjon frå 231 året før. Den vitskapelege produksjonen resulterte i 167 artiklar i periodika og seriar, 9 artiklar i antologiar og 1 monografi. Bioforsk oppnådde 0,45 publikasjonspoeng per forskarårsverk. Den samla vitskapelege publiseringa minska i fjor, men som effekt av nedbemanninga har publiseringa per forskerårsverk likevel auka.

Bygdeforskning

Bygdeforskning hadde eit driftsunderskott på 0,3 mill. kroner i 2014. Det økonomiske resultatet har vore negativt fire av dei fem siste åra. Instituttet hentar 57 pst. av driftsinntekta frå program i Forskingsrådet.

Instituttet har nytta 8,1 mill. kroner i basisløyving frå Forskingsrådet, som utgjer 26 pst. av driftsinntektene. Bygdeforskning disponerte 2,5 mill. kroner til eigendefinerte strategiske instituttsatsingar.

Det var 25 årsverk i Bygdeforskning der 19 av årsverka var forskarar. Den vitskapelege produksjonen resulterte i 16 artiklar i periodika og seriar. Bygdeforskning oppnådde 1,20 publikasjonspoeng per forskarårsverk. Dette var det høgaste resultatet på arenaen.

Norsk Institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF)

NILF hadde eit driftsoverskott på 0,1 mill. kroner i fjor, mot eit underskott på 0,4 mill. kroner i året før. Over 40 pst. av driftsinntekta kjem frå forvaltningsoppdrag.

Instituttet har nytta 11,3 mill. kroner i basisløyving frå Forskingsrådet. Basisløyvinga utgjorde 20 pst. av inntektene. Om lag 0,1 mill. kroner blei omfordelt til andre institutt i den resultatbaserte omfordelinga. NILF disponerte 3,8 mill. kroner til eigendefinerte strategiske instituttsatsingar.

Talet på årsverk var 61. Til saman 23 av årsverka var forskarar. Den vitskapelege produksjonen resulterte i 26 artiklar i periodika og seriar. NILF oppnådde 0,65 publikasjonspoeng per forskarårsverk, eit høgare resultat enn året før.

Norsk institutt for skog og landskap

Norsk institutt for skog og landskap er det einaste instituttet på arenaen som over fleire år har hatt eit driftsoverskott og i fjor var det på 1,6 mill. kroner.

Instituttet nytta ei basisfinansiering frå Forskingsrådet på 37,6 mill. kroner. Det blei disponert 12,8 mill. kroner til eigendefinerte strategiske instituttsatsingar. Basisløyvinga til Norsk institutt for skog og landskap utgjorde 18 pst. av inntektene. Om lag 0,1 mill. kroner blei omfordelt til andre institutt i den resultatbaserte omfordelinga.

Instituttet hadde 198 årsverk, mot 212 året før. Forskarar utgjorde 77 årsverk, ein reduksjon på 9 årsverk. Den vitskapelege produksjonen resulterte i 90 artiklar i periodika og seriar. Instituttet oppnådde 0,74 publikasjonspoeng per forskarårsverk.

Veterinærinstituttet

Veterinærinstituttet hadde eit driftsunderskott på 18,4 mill. kroner, mot eit overskott på 1,5 mill. kroner året før.

Instituttet nytta ei basisfinansiering på 21,5 mill. kroner frå Forskingsrådet. Veterinærinstituttet disponerte 7,1 mill. kroner til eigendefinerte strategiske instituttsatsingar. Basisløyvinga utgjorde 7 pst. av driftsinntektene til instituttet, det lågaste talet på arenaen. Om lag 0,3 mill. kroner blei omfordelt til Veterinærinstituttet frå andre institutt på arenaen i den resultatbaserte omfordelinga.

Instituttet hadde 296 årsverk, mot 332 året før. Forskarar utgjorde 140 årsverk. Veterinærinstituttet leverte 0,66 publikasjonspoeng per forskarårsverk.

Budsjettframlegg 2016

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei samla løyving på 186,559 mill. kroner til basisløyvingar til forskingsinstitutt.

Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet er ansvarlege for basisløyvingane til primærnæringsarenaen. Arenaen omfattar Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Nofima, Veterinærinstituttet, SINTEF Fiskeri og havbruk og Bygdeforskning.

Basisløyvinga blir fordelt på primærnæringsarenaen i tråd med formålet slik det går fram av retningslinene og Prop. 1 S (2014–2015). Det betyr at alle dei fem institutta er med i konkurransen om den resultatbaserte omfordelinga av løyvinga. Den statlege basisfinansieringa av forskingsinstitutta er samansett av ei grunnløyving og strategiske løyvingar. Av grunnløyvingsramma blir 2,5 pst. fordelt blant primærnæringsinstitutta. Ordninga med strategisk instituttsatsingar vidareførast med eit tak på 30 pst.

Post 52 Innovasjonsaktivitet m.m.

Formål med løyvinga

Løyvinga skal støtte opp under eit sterkare og meir framtidsretta landbruk over heile landet gjennom å tilby inkubatortenester til vekstbedrifter i ein tidleg fase. Satsinga skal fremje auka innovasjon gjennom å vidareutvikle målretta tilbod til nyetablerte bedrifter innan fagleg rådgiving og forretningsutvikling, samt gi tilgang til nødvendig kompetanse, nettverk og lokale. Tilboda skal tilpassast verksemdenes behov for individuell oppfølging og skje i eit miljø med høg kompetanse på innovasjon og næringsutvikling. Løyvinga skal mellom anna fremje kommersialisering av kunnskap frå forsking i landbruks- og matsektoren.

Rapportering 2014

Løyvinga har gått til satsing på inkubatorar i regi av Selskapet for industrivekst SF (Siva). Til saman fire miljø har motteke støtte med bakgrunn i denne løyvinga. I tillegg har midla støtta opp under Siva sin bistand til inkubatorane; å yte kompetanse, utvikling og implementering av beste praksis, ulike verktøy, nettverksaktivitetar med meir.

Inkubator Ås blei etablert hausten 2014 med formål om å utvikle forskingsbaserte verksemder innanfor bioøkonomi, med hovudmerksemd på FoU-miljøa på Ås. Det er 8 bedrifter i inkubatoren. Siva har tildelt 1,5 mill. kr til arbeidet. Hedmark Kunnskapspark AS er lokalisert på Hamar og har ein inkubator beståande av 8 verksemder innanfor landbrukssektoren. Siva har tildelt 0,5 mill. kr til inkubatoren. Proneo AS har motteke 0,5 mill. kr til drift av inkubator i Verdal. Her er til saman 10 bedrifter, i hovudsak innanfor lokal matproduksjon. Siva har også støtta Ipark AS med 0,5 mill. kr. Ipark har etablert ein regional modell for inkubatorsamarbeid, med fire lokasjonar. Ipark Stavanger, Ipark Haugesundregionen, Ipark Dalane og Ipark Jæren som samarbeider tett. Ipark AS har 13 inkubatorbedrifter innanfor landbrukssektoren.

Budsjettframlegg 2016

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 5,256 mill. kroner til innovasjonsaktivitet mv.

Post 53 Omstillingsmidlar instituttsektoren m.v.

Formål med løyvinga

Løyvinga skal bidra til omstilling i landbrukets instituttsektor i retning av meir faglege og økonomisk solide institutt. I første rekkje skal løyvinga bidra til å realisere regjeringa sitt formål med oppretting av Norsk institutt for bioøkonomi, og til å dekkje delar av kostnadene til Veterinærinstituttet i samband med flyttinga til Ås.

Rapportering 2014

I 2014 blei det løyvd 2,534 mill. kroner til interimsstyret sitt arbeid med å førebu etablering av NIBIO som eit styringsdyktig institutt 1. juli 2015. 1,3 mill. kroner blei løyvd til å dekkje delar av kostnadene knytt til planlegging av nytt bygg og organisasjonsutviklingsprosessar for Veterinærinstituttet i samband med den vedtekne flyttinga til Ås.

Hausten 2013 oppnemnde Landbruks- og matdepartementet ei arbeidsgruppe, som fekk i mandat å utreie moglegheitsrom og fagleg innhald i eit midtnorsk kompetansesenter for landbruk ved Høgskulen i Nord-Trøndelag (HiNT) i Steinkjer. Rapporten blei levert Landbruks- og matdepartementet i 2014.

Budsjettframlegg 2016

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 3,553 mill. kroner. Løyvinga skal gå til å vidareutvikle NIBIO som eit sterkt og effektivt forskingsinstitutt. Mellom anna er dette å utgreie samlokalisering på Ås og vidareutvikle instituttet sin regionale struktur. Vidare kan løyvinga bidra til å førebu flytting av Veterinærinstituttet til Ås. Løyvinga kan også nyttast til å fremje auka samarbeid mellom forskingsinstitutt på landbruks- og matområdet for å hente ut faglege og økonomiske gevinstar.

Programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

Utgifter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

1138

Støtte til organisasjonar m.m.

30 514

30 515

36 400

19,3

1139

Genressursar, miljø- og ressursregistreringar

36 935

35 177

22 519

-36,0

1141

Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket

125 631

129 002

-100,0

1142

Landbruksdirektoratet

419 830

428 213

2,0

1143

Statens landbruksforvaltning

354 453

1144

Regionale og lokale tiltak i landbruket

5 862

4 002

4 118

2,9

1147

Statens reindriftsforvaltning

59 329

1148

Naturskade – erstatningar

225 450

169 200

188 744

11,6

1149

Verdiskapings- og utviklingstiltak i skogbruket

86 859

79 351

91 759

15,6

1150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

14 348 239

14 306 304

14 389 377

0,6

1151

Til gjennomføring av reindriftsavtalen

108 452

111 500

113 000

1,3

1161

Myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn

23 488

23 851

24 419

2,4

Sum kategori 15.30

15 405 212

15 308 732

15 298 549

-0,1

Inntekter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

4142

Landbruksdirektoratet

39 701

40 649

2,4

4143

Statens landbruksforvaltning

58 734

4147

Statens reindriftsforvaltning

866

4150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

36

30 000

-100,0

4162

Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap

15 926

10 000

10 000

0,0

5576

Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet

134 501

125 000

125 000

0,0

Sum kategori 15.30

210 063

204 701

175 649

-14,2

Prioriteringar i 2016

Internasjonale prosessar

Regjeringa vil innanfor gitte landbrukspolitiske rammer arbeide for ein friare handel med landbruksvarer. Noreg forhandlar om marknadstilgang for landbruksvarer innanfor Verdas handelsorganisasjon (WTO), EØS-avtalen og EFTA-samarbeidet.

I WTO-forhandlingane var det i 2013 framgang i den breie forhandlingsrunden som starta opp på ministerkonferansen i Doha i 2001. På ministerkonferansen på Bali i desember 2013 blei ministrane samde om vidare arbeid på fleire område, mellom anna at det i løpet av 2014 skulle utarbeidast eit arbeidsprogram for dei vidare forhandlingane. I dette ligg også forhandlingar om kjerneområda i Doha-runden som marknadstilgang, landbruksstøtte og eksportstøtte. Arbeidet med arbeidsprogrammet har teke tid. På møtet i WTOs Hovudråd i juli blei fristen for å sluttføre landbruksforhandlingane forlenga til neste ministerkonferanse i WTO som skal vere i Nairobi i desember 2015. Regjeringa prioriterer arbeidet med å få på plass ein ny multilateral avtale, og vil bidra aktivt gjennom ulike initiativ. Når det gjeld forpliktingane i eksisterande WTO-avtale, vil departementet tilpasse verkemiddelbruken i landbruket slik at Noreg held seg innanfor avgrensingane for produksjonsretta landbruksstøtte.

EØS-avtalen opnar for avtalar mellom Noreg og EU om handel med landbruksvarer. I februar 2015 starta forhandlingar om ein ny avtale om handel med landbruksvarer (artikkel 19 i EØS-avtalen). Regjeringa Stoltenberg II opna for slike forhandlingar på møtet i EØS-rådet hausten 2012. Siste artikkel 19-avtale blei sett i verk 1. januar 2012. EFTA forhandlar i 2015 med ei rekkje land om inngåing av handelsavtalar, mellom andre India, Malaysia, Indonesia, Vietnam, Filippinane og Georgia. Handel med både uforedla og foredla landbruksvarer inngår i EFTA-forhandlingane.

På klimaområdet er arbeidet med ein ny global klimaavtale frå 2020 det viktigaste framover. Noreg skal forhandle med EU om å inngå ein avtale om felles oppfylling av klimamåla for 2030. Regelverket for korleis ein skal inkludere skog, blir ein viktig del av dei vedtaka EU skal gjere i denne samanhengen. I Meld. St. 13 (2014–2015) Ny utslippsforpliktelse for 2030 – en felles løsning med EU blir det lagt til grunn at eit nytt klimaregime bør byggje på det positive klimabidraget frå skog både på kort og lang sikt, og slik gi insentiv til nye tiltak for auka opptak i og reduserte utslepp frå landsektoren. Utsleppsreduserande tiltak i andre sektorar vil komme i tillegg.

I forhandlingane med EU om felles oppfylling av klimamåla, vil departementet særleg følgje arbeidet med fordeling av innsatsen i ikkje-kvotepliktig sektor som mellom anna omfattar skog og annan arealbruk og jordbruk. Under klimakonferansen i Warszawa i november 2013, blei det teke eit viktig initiativ for å integrere jordbruk og matsikkerheit. Departementet vil halde fram med å engasjere seg i dette arbeidet, der ein i første omgang ser på tilpassing til eit endra klima og på effektiv produksjon av mat. Det er viktig å sikre eit godt samarbeid mellom FN sin klimaorganisasjon (UNFCCC), FN sin organisasjon for ernæring og landbruk (FAO), Verdsbanken og aktuelle samarbeidsland på dette området.

Arbeidet FN gjer er viktig for global utvikling og effektiv internasjonal samhandling, og er førande for politikkutforminga i Noreg.

FN sin organisasjon for mat og landbruk, FAO, er den viktigaste globale organisasjonen og arenaen for fagleg og politisk samarbeid omkring jordbruk, mat, skogforvaltning og fiskeri. Tusenårsmåla blir frå 2016 erstatta av dei nye universelle Berekraftsmåla, som blei vedtekne av Generalforsamlinga i FN i september 2015. Desse måla og 2030-agendaen inneber ambisiøse mål om å utrydde svolt og fattigdom innan 2030. Dei nye måla er universelle og vil difor krevje oppfølging også i Noreg. I 2016 vil ein arbeide innanfor FN-systemet med utvikling av indikatorar som skal operasjonalisere måla. Her vil FAO måtte spele ei viktig rolle på landbruksområdet. Den norske strategien for arbeid med mat og landbruk i u-land vil bli teken vidare gjennom det generelle utviklingsarbeidet. Den internasjonale alliansen for klimasmart landbruk, GACSA, er etablert med eige sekretariat og arbeidsplanar. I den vidare utviklinga av GACSA blir det viktig å bidra til gode synergiar med FN-systemet og anna internasjonalt arbeid for landbruk og matsikkerheit.

Departementet vil framleis ta aktivt del i og støtte opp om FAO sitt arbeid med berekraftig skogforvaltning. FAO har ei særleg viktig rolle i samarbeidet med land om ressursoversikter og kartlegging av utviklinga i forvaltning av skogressursane. Departementet vil også ta aktivt del i arbeidet under FAO sin kommisjon for genetiske ressursar og den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og landbruk. Dette inneber også vidareutvikling av det globale frølageret på Svalbard. Departementet arbeider spesielt for forbetringar av det multilaterale systemet for tilgang og fordelsdeling knytt til genressursar i plantetraktaten. Dette vil bidra til meir effektiv planteforedling og høgare matproduksjon både i Noreg og i andre land.

Det er behov for eit sterkt og forpliktande internasjonalt samarbeid for å løyse grenseoverskridande skogpolitiske utfordringar og for å sikre ei berekraftig forvaltning av skog internasjonalt. FN sitt skogforum (UNFF) har ei rolle i å leggje premissar for berekraftig skogforvaltning globalt. I 2016 skal ein utarbeide ein ny strategisk plan for UNFF. Noreg vil ta del i dette arbeidet. I Europa samarbeider landa om berekraftig forvaltning av skog gjennom FOREST EUROPE, og Noreg vil framleis delta aktivt i dette arbeidet.

Ministerrådet for fiskeri, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk (MR-FJLS) arbeider for ein berekraftig og konkurransedyktig bruk av naturressursar. Det er eit mål å skape meirverdi gjennom felles nordisk innsats for dei enkelte nordiske landa og innbyggjarane deira. Nidarosdeklarasjonen, som blei vedteken på ministermøtet i Trondheim i 2012, har blitt følgt opp av Island i formannskapsprogrammet deira i 2014 gjennom satsing på bioøkonomi og det tverrfaglege prosjektet NorBio og av det danske formannskapet i 2015. Når det gjeld FJLS-sektoren har den danske formannskapen arbeidd med bioøkonomi, merkevarebygging av Norden og problema rundt antibiotikaresistens. Dette vil vere aktuelle tema også under den finske formannskapen i 2016.

Matsikkerheit og landbruk over heile landet

Regjeringa vil arbeide for ein landbrukspolitikk som gir trygg og sikker mat, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og ei berekraftig næring.

Regjeringa vil stimulere til auka matproduksjon av omsyn til mellom anna norske forbrukarar og til beredskap. Verkemidla skal innrettast slik at dei bidreg til auka produksjon. Tilrettelegging for landbruk over heile landet krev framleis differensiering av verkemidla. Regjeringa vil sikre ein effektiv bruk av statlege overføringar, redusere kostnadsnivået og gi bonden nye og betre inntektsmoglegheiter. Det skal satsast på alternativ næringsutvikling for å gi grunnlag for ein meir robust og framtidsretta landbruksproduksjon over heile landet.

Risiko- og sårbarhetsanalyse for norsk kornforsyning

I budsjettproposisjonen til Landbruks- og matdepartementet for 2015, Prop. 1 S (2014–2015), kapitla 1.5 og 13, gav regjeringa tilbakemelding til Stortinget på oppmodningsvedtak nr. 34 av 26.11.2013: «Stortinget ber regjeringen utrede behovet for ei ordning med kornlager.»

Under handsaminga av saka i Næringskomiteen uttalte fleirtalet følgjande, jf. Innst. 8 S (2014–2015):

«Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, mener det er behov for en mer omfattende risiko- og sårbarhetsanalyse.»

På denne bakgrunn bad Landbruks- og matdepartementet i brev av 25.3.2015 Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) om å utarbeide ein risiko- og sårbarheitsanalyse for matkornforsyning. Landbruks- og matdepartementet tok 30.6.2015 imot rapporten Notat 2015-11 Risiko- og sårbarhetsanalyse for norsk matkornforsyning: Grunn til å styrke systemforståelse og –overvåkning frå NILF. Konklusjonen i rapporten er at forsyningsevna for matkorn er god. Risikoen for brå og uventa forsyningssvikt av matkorn blir vurdert som svært liten. På den bakgrunnen konkluderer rapporten med at det per i dag ikkje er behov for kriseberedskap for norsk matkornforsyning. Rapporten tilrår vidare styrkt overvaking av grunnlaget for norsk matsikkerheit generelt, dvs. handelssystem, produksjon og produksjonsgrunnlag.

Det blir vist til vurderingane som blei gjort om beredskapslagring av matkorn i budsjettproposisjonen til Landbruks- og matdepartementet for 2015. ROS-analysen frå NILF gir ikkje grunnlag for å endre planføresetnadene som beredskapspolitikken byggjer på, og som legg til grunn at Noreg ikkje vil vere avsperra frå internasjonale marknader over tid. Som det blei gjort greie for i budsjettproposisjonen for 2015, er det likevel nokre forhold som kan føre til både auka prisnivå på matkorn og større prisrisiko i framtida. Landbruks- og matdepartementet vil ha auka merksemd på desse forholda framover.

Jordbruksoppgjeret

Verkemidla i jordbruksavtalen må utformast slik at den enkelte bonde finn rom for utvikling og auka matproduksjon. Regjeringa legg vekt på å gjennomføre tiltak som aukar moglegheitene for tilpassing på det enkelte bruket. Det lokale ressursgrunnlaget og kompetansen til bonden bør i større grad avgjere tilpassingane, ikkje offentlege avgrensingar og komplekse tilskottsordningar.

Regjeringa vil sikre landbruket føreseielege rammevilkår som kan bidra til at den samla lønsemda i næringa kan bli betre i åra som kjem. Utøvarane i landbruket skal kunne ha ei inntektsutvikling og sosiale vilkår på line med andre grupper. Gode inntektsmoglegheiter er ein føresetnad for auka matproduksjon, og nødvendig for at næringa skal rekruttere kompetent arbeidskraft og at unge menneske skal finne ei framtid innan jordbruket. Ramma i jordbruksoppgjeret i 2015 legg til rette for ein inntektsvekst på 3,75 pst. frå 2015, før oppgjer, til 2016. Dette utgjer om lag 13 000 kroner per årsverk. Delar av ramma fekk inntektseffekt frå 1.7.2015, og om prisauken blir realisert fullt ut, vil inntektene kunne auke med om lag 1,75 pst. i 2015 og ytterlegare 2 pst. i 2016.

Oppgjeret i 2015 vidarefører fordelingsprofilen frå fjorårets jordbruksoppgjer. Produksjonsavhengig støtte, heving av produksjonstak og fjerning av andre avgrensingar legg til rette for auka matproduksjon i Noreg. Regjeringa vil fortsetje å styrkje landbruket gjennom forenkling av lover, reglar og støtteordningar, og oppheve avgrensingar som hindrar effektiv utnytting av kapasiteten på enkeltbruk. Forenkling av verkemiddelapparatet forenklar kvardagen til bonden og bidreg til effektivitet, betre forvaltning og oversikt. I fjorårets jordbruksoppgjer blei det gjennomført 26 større og mindre forenklingar. I oppgjeret i 2015 blei partane einige om 14 forenklingstiltak.

Oppgjeret gir ein auke i målprisane på 315 mill. kroner frå 1.7.2015, og regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga til gjennomføring av jordbruksavtalen over kap. 1150 i 2016 med om lag 80 mill. kroner.

Eigedoms- og busetjingspolitikk

Dei om lag 150 000 landbrukseigedommane med bustadhus i Noreg utgjer eit viktig grunnlag for sysselsetjing og busetjing, og for utvikling og produksjon av varer og tenester med utgangspunkt i landbruket.

Det er dei seinare åra gjort ein del endringar i eigedomslovene i landbruket. Regjeringa meiner likevel det er behov for fleire endringar. Regjeringa vil gi den enkelte bonden større råderett over eigen eigedom, mellom anna ved å fjerne reglar som hindrar investeringar og ein velfungerande marknad for omsetjing av landbrukseigedommar. Dette vil gi grunnlag for å utnytte landbruksressursane på ein betre måte og stimulere til auka matproduksjon. Det vil også leggje til rette for å få ned delen leigejord og for at areala kan drivast av dei som satsar på landbruket og ønskjer å styrkje ressursgrunnlaget på eige bruk.

Som eit ledd i arbeidet med forenkling av eigedomslovgivinga har regjeringa sendt Stortinget eit forslag om oppheving av priskontrollen i konsesjonslova, jf. Prop. 124 L (2013–2014) Endringer i konsesjonsloven og tvangsfullbyrdelsesloven (opphevelse av priskontroll). Eit forslag om å oppheve konsesjonslova og buplikta har vore på høyring. I tillegg arbeider departementet med spørsmål knytte til leigejord og driveplikt.

Økonomisk og økologisk berekraftig reindrift

Reindrifta er ei urfolksnæring som er unik både i nasjonal og internasjonal samanheng. Reindrifta bidreg til eit levande landbruk gjennom beitebruk i fjellområde og utmark og har eit stort potensial for auka verdiskaping. Treårsperioden Reindriftsstyret har sett for reduksjon av reintalet er no over. Gjennomgangen av Melding om reindrift viser at reintalet no ligg under det fastsette i Aust-Finnmark reinbeiteområde. For Vest-Finnmark reinbeiteområde ligg reintalet om lag 2 000 rein over det fastsette. 15 av om lag 300 siidaandelar har ikkje følgt opp gitte vedtak om reduksjon av reintalet. Det er no særleg viktig at Reindriftsstyret aktivt og effektivt følgjer opp dei siidaandelane som ikkje har teke ansvar og redusert reintalet sitt i samsvar med det som er fastsett. Reduksjonen er nødvendig for å sikre god dyrevelferd, for å auke innteninga til den enkelte reineigaren og for å sikre grunnlaget for framtidige reindriftsgenerasjonar. I tillegg er det rettferdig overfor alle dei som no lojalt har redusert reintalet i samsvar med gitte vedtak.

For å nå dei reindriftspolitiske måla er det nødvendig at reindriftslova og reindriftsavtalen utfyller kvarandre. Gjennom reindriftsavtalen 2015/2016 er det lagt til rette for dette, mellom anna ved at det no blir mogleg å nytte økonomiske verkemiddel for å følgje opp godkjende bruksreglar. I dette ligg det at siidaandelar som ikkje reduserer talet på dyr i samsvar med reduksjonsplanane, eller følgjer opp med ein forholdsmessig reduksjon gjennom slaktesesongen 2015/2016, vil få ei betydelig avkorting i tilskotta. Reindriftsavtalen 2015/2016 legg til rette for auka slakting og omsetnad av reinkjøtt i alle ledda i verdikjeda. På denne måten bidreg avtalen til ei positiv utvikling og inntening hos den enkelte reindriftsutøvaren. Samstundes underbyggjer avtalen den dreiinga ein har hatt dei siste åra, der ein har lagt til rette for dei reindriftsutøvarane som har reindrift som hovudverksemd.

Reindrifta er svært arealavhengig, og inngrep og uro innanfor reinbeiteområda har auka dei siste tiåra. Plan- og bygningslova har fleire verkemiddel som gir moglegheit for ei meir heilskapleg forvaltning av areal i det enkelte reinbeitedistriktet. For å leggje til rette for ei betre sikring av areal nytta i reindrifta, vil det vere viktig at fylkeskommunar og kommunar i dei samiske reinbeiteområda følgjer opp nasjonale føringar og tek plan- og bygningslova sine verkemiddel i bruk.

Regjeringa har starta opp arbeidet med ei ny stortingsmelding om reindriftspolitikken. Regjeringa vil fremje ei næringsretta melding. I arbeidet med meldinga vil departementet leggje opp til dialog med næringa, Norske reindriftsamers landsforbund (NRL) og Sametinget.

Verdiskaping og berekraft

Konkurransekraft og lønsam utnytting av ressursane i landbruket

Regjeringa vil bidra til eit levedyktig landbruk ved å styrkje moglegheitene for verdiskaping. Det er nødvendig med ein tydelegare politikk overfor dei som produserer varer og tenester med utgangspunkt i landbruket sine ressursar utanom tradisjonelt jord- og skogbruk. Meld. St. 31 (2014–2015) Garden som ressurs- marknaden som mål blei lagt fram for Stortinget våren 2015. Stortingsmeldinga peikar på generelle tiltak knytte til stimulering til gründerskap, vekst og innovative næringsmiljø, stimulering til vidare vekst og utvikling innanfor områda lokalmat og drikke, landbruks- og utmarksbasert reiseliv, Inn på tunet, bioenergi og juletreproduksjon. Meldinga synleggjer også verkemiddelapparatet si betyding for å skape ei positiv utvikling. Ein vesentleg del av løyvingane under Landbrukets utviklingsfond (LUF) er difor prioritert til ordningar som skal stimulere til næringsutvikling i landbruket, der investerings- og bedriftsutviklingsmidlane i landbruket (IBU-midlane) og Utviklingsprogrammet – landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping er dei største ordningane. I jordbruksoppgjeret for 2016 blei særskilt avsetjinga til investerings- og bedriftsutviklingsordninga prioritert.

Dei regionale bygdeutviklingsprogramma synleggjer prioriteringar og tilpassingar av verkemiddelbruken innanfor næringsutvikling. Samspelet mellom forvaltning, forsking og næringa sjølv er avgjerande for å oppnå gode resultat på dette området.

Regjeringa er oppteken av konkurranse og berekraft i verdikjeda for mat. Verdikjeda er prega av ein sterk marknadskonsentrasjon både på leverandørsida og daglegvaresida. I Noreg har vi hatt to offentlege utval som har utgreidd konkurranseforholda. Det er gjort framlegg om tiltak for å sikre sunn konkurranse i alle ledd og ei velfungerande verdikjede til beste for forbrukarane. Konkurransekraft og forbrukarinteresser er eit område regjeringa vil prioritere framover.

Marknadsbalansering i jordbruket er evaluert av Hjelmengutvalet som la fram sin rapport i juni 2015. Rapporten er på høyring til oktober 2015. Regjeringa vil følgje opp forslaga frå utvalet for å leggje til rette for auka konkurranse og betre ressursutnytting i verdikjeda.

Regjeringa vil arbeide for å få fleire til å velje landbruk som yrke, under dette yrke i jord- og skogbruk, industri, rådgiving, forvaltning, utdanning og forsking. Landbruks- og matsektoren sitt arbeid for å sikre god og rett kompetanse i landbruket står sentralt i arbeidet for å sikre eit aktivt landbruk, verdiskaping og busetjing i heile landet. Auka produksjon av mat i tider med endring i klima krev kompetanse i heile verdikjeda. Eit styrkt skogbruk som skal bidra til å nå viktige klimamål, vil også innebere behov for auka rekruttering til næringa. Skognæringa har gått saman om eit nasjonalt prosjekt for å møte rekrutterings- og kompetanseutfordringar i skogbruket – Velg Skog. Visjonen for prosjektet er å sikre samfunnet tilstrekkeleg tilgang på framtidsretta kompetanse for berekraftig forvaltning av skogressursane. Departementet har støtta opp om dette prosjektet.

Økologiske driftsmåtar kan bidra med kunnskap og erfaringar for meir miljøvennleg produksjon, samstundes som økologiske produkt representerer eit mangfald forbrukarane etterspør. Løyvingane over jordbruksavtalen skal sikre stabilitet for produsentar med økologisk drift, uavhengig av svingingar i marknaden. Samla for alle produktgrupper auka omsetnaden av økologiske produkt med 26 pst. frå 2013 til 2014. Den samla satsinga på økologisk produksjon over jordbruksavtalen i 2016 er på om lag 155 mill. kroner.

Verkemidla i nasjonalt og regionale miljøprogram skal bidra til at jordbruksproduksjonen fører til minst mogleg forureining og tap av næringsstoff. Arbeidet med å redusere utslepp til jord, vatn og luft blir følgt opp gjennom dei regionale miljøprogramma.

Departementet legg opp til ei vidare satsing for å redusere forureininga av fosfor, nitrogen og erosjon til vassdrag og kystområde. Departementet har sett i verk ein gjennomgang av regelverket om lagring og bruk av husdyrgjødsel der målet er ei betre utnytting av næringsstoffa.

Til jordbruksoppgjeret 2015 blei det det gjennomført ei utgreiing av miljøverkemidla under miljøprogramma med sikte på målretting og forenklingar for miljø, næring og forvaltning, og på å redusere talet støtteordningar og auke formålseffektiviteten ved verkemiddelbruken. Utgreiinga viste at m.a. at graden av måloppnåing varierer, at det er potensial for å betre målrettinga av enkelte ordningar og at andre ordningar kan forenklast.

Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel (2010–2014) fastset mål og tiltak på plantevernmiddelområdet. Arbeidet blir ført vidare i 2015, samstundes som det blir utforma ny handlingsplan for perioden 2016–2020.

Berekraftig skogbruk og konkurransedyktige skog- og trebaserte verdikjeder

Regjeringa vil føre ein offensiv skogpolitikk og legg til grunn at verdiskapinga i skogsektoren kan auke ytterlegare.

Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei melding til Stortinget om skog- og trenæringa våren 2016. Meldinga skal ha eit verdikjedeperspektiv og peike på moglegheitene for å byggje opp under det grøne skiftet i norsk økonomi. Arbeidet med meldinga skal mellom anna byggje på Sundvoldenerklæringa, regjeringas klimapolitikk og satsing på auka konkurransekraft. Auka aktivitet i skogbruket skal kombinerast med betre kunnskap om miljøverdiane i skog og styrkte miljøomsyn i skogbruket. Innspela frå SKOG22-strategien for skog- og trenæringa vil bli vurdert i arbeidet. Regjeringa tek også sikte på å leggje fram ein bioøkonomistrategi. Meldinga skal koordinerast med denne.

Skogsektoren er ein del av ein open, global marknad. Ein konkurransedyktig skogindustri i Noreg er avgjerande for velfungerande verdikjeder og for størst mogleg verdiskaping knytt til norsk tømmer. Etter fleire år med nedlegging av treforedlingsindustri i Noreg, har det vore ein sterk auke i tømmereksporten. Dette har førebels løyst dei største utfordringane med avsetnad av massevirke og flis og har ført til at norske sagbruk har nødvendige leveransar av tømmer, men det er eit mål at større delar av avverkinga kan bli foredla i Noreg.

Departementet vil arbeide vidare med oppbygging av skogressursane og leggje rammevilkåra til rette for å styrkje konkurransekrafta i verdikjedene i skogsektoren. Nye klimatiltak i skog vil bidra til auka skogvolum i eit langsiktig perspektiv og vil såleis bidra til å tryggje ressurstilgangen, og dermed grunnlaget for verdiskaping, for skog- og trenæringa i framtida, sjå nærare omtale nedanfor. Dei viktigaste verkemidla i skogpolitikken er skogfond, tilskott til nærings- og miljøtiltak, tilskott til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar, tilskott til skogplanteforedling og produksjon av bioenergi. Verkemiddelbruken knytt til forbetring av infrastrukturen i skogbruket har høg prioritet. Ein god infrastruktur i form av vegar, jernbane og kaier er viktig for å auke verdiskapinga og styrkje konkurransekrafta til fastlandsindustrien. Departementet vil leggje til rette for vidareutvikling av skogsvegnettet gjennom bygging av nye vegar og modernisering av eksisterande skogsvegar. Ny forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksvegar tok til å gjelde 1. juli 2015. Departementet vil føre vidare satsinga på prosjektet Miljøregistreringar i skog (MiS-prosjektet) og innsatsen for skogbruksplanlegging, for å sikre eit fortsatt godt grunnlag for berekraftig skogbruk. Vidare står skogplanteforedling fram som eit viktig område. Foredlingsarbeidet gir grunnlag for auka verdiskaping, klimatilpassing og auka opptak av CO2 i skog.

Skogen har ei viktig rolle i klimapolitikken, og regjeringa vil styrkje dei klimapolitiske målsetjingane i forvaltninga av norsk skog. Klimaforliket legg opp til ei aktiv forvaltning av skogressursane for å sikre eit høgt opptak av CO2 i skog slik at karbonlageret i skogen stadig aukar. Tilveksten i skogen er no på sitt høgaste, men tilveksten vil gå ned framover fordi mykje av skogen har nådd hogstmoden alder og at vi legg bak oss ein periode med låge investeringar i skog. Regjeringa vil i 2016 starte oppfølginga av fleire av klimatiltaka i skogsektoren frå klimaforliket. Det er sett av middel til tilskott til tettare planting etter hogst og til gjødsling av skog. Vidare vil ein sikre at dei beste og mest vekstkraftige skogplantane blir ala fram, ved ein auke i løyvinga til skogplanteforedling. I tillegg vil pilotprosjektet for planting av skog på nye areal som starta opp i 2015, bli vidareført over budsjettet til Klima- og miljødepartementet. Utarbeiding av miljøkriterium er ein viktig del av arbeidet med å realisere klimapolitikken for skogsektoren, som ein no har gjort for planting på nye areal og gjødsling.

Auka bruk av fornybar bioenergi og auka bruk av tre framfor innsatsfaktorar basert på fossile ressursar, kan gi viktige bidrag til energiforsyninga og minske utsleppa av klimagassar. Auka produksjon av bioenergi skal bidra til å nå målet til regjeringa om større produksjon av fornybar energi og til å redusere utsleppa av klimagassar. Det viktigaste verkemidlet for å nå dette målet er Bioenergiprogrammet. Regjeringa vil styrkje satsinga på bioenergi gjennom jordbruksavtalen for 2016. Auka bruk av tre er også viktig for utviklinga av skognæringa. Bruk av tre som materiale i bygningar er også eit viktig bidrag til å redusere utslepp av klimagassar mellom anna fordi treprodukt lagrar karbon gjennom heile si levetid.

I eit lågutsleppssamfunn vil utnyttinga av fornybare biologiske ressursar, der karbonet følgjer eit berekraftig kretsløp, bli langt viktigare. Dette kretsløpet utgjer eit vesentleg potensial for fangst og lagring av CO2 samstundes som råstoff frå skogen kan erstatte fossile ressursar. Verdiskaping basert på biomasse frå jord-, skog- og havbruk – bioøkonomien – kan difor få ein betydeleg større plass i næringslivet i framtida. Noreg har god tilgang på bioråstoff. Basert på fornybar energi og relevant kompetanse frå prosessindustri og petroleumsrelatert verksemd, kan norsk biomasse frå jordbruk, skog og hav bli omdanna til eit breitt spekter av høgverdige produkt som vil bli etterspurd frå ei sterkt veksande verdsbefolkning. I tillegg vil ein i ei rekkje nye samanhengar sjå nye gjennombrott i bruksmåtar for bioteknologi.

Arealressursane, kulturlandskapet og klima

Berre 3 pst. av arealet i Noreg er jordbruksareal. Det er viktig å ta vare på gode jordbruksareal og matjord. Samstundes må jordvernet balanserast mot storsamfunnet sine behov.

Aktiv drift i landbruket er den viktigaste føresetnaden for å ta vare på kulturlandskapet. Kulturlandskap forma av landbruket er viktige for identitet og tilknyting. Dei gir ei ramme for satsingar på kultur, lokal mat, friluftsliv, busetjing og turisme, og er leveområde for mange artar av planter og dyr. Variasjonen i dette kulturlandskapet må oppretthaldast, og ei målretta forvaltning kan bidra til å nå målet om å stoppe tapet av biologisk mangfald og ta vare på kulturminne. Dei kommunale miljøverkemidla og dei regionale miljøprogramma over jordbruksavtalen skal bidra til å oppretthalde det biologiske mangfaldet og kulturminna i kulturlandskapet. I tillegg er det viktig at kommunane forvaltar landskapsverdiane i den kommunale planlegginga og lagar planar som kan liggje til grunn for god forvaltning.

Landbruks- og matdepartementet vil også framover samarbeide med Klima- og miljødepartementet om dei 22 utvalde kulturlandskapa i jordbruket.

Fleirårige handlingsplanar for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar blant planter, husdyr og skogstre skal følgjast opp.

Departementet driftar Svalbard globale frøhvelv som har som mål å lagre sikkerheitskopiar av frø frå verdas viktigaste matvekstar. Frølageret har også ei viktig rolle når det gjeld å skape auka forståing for genetiske ressursar og det internasjonale samarbeidet om dette, og departementet vil styrkje arbeidet med å gjere frøhvelvet kjent internasjonalt. Departementet vil leggje vekt på å sikre eit effektivt nordisk samarbeid om bevaring av genetiske ressursar i Nordisk genressurssenter (NordGen) og det nordiske partnarskapet for frøforedling, som har som mål å styrkje planteforedlinga og nytte dei nordiske genressursane betre.

Verkemidla i nasjonalt og regionale miljøprogram skal bidra til at jordbruksproduksjonen fører til minst mogleg forureining og tap av næringsstoff. Arbeidet med å redusere utslepp til jord, vatn og luft blir følgt opp gjennom dei regionale miljøprogramma.

Skogen har ei viktig rolle i klimapolitikken til regjeringa. Regjeringa vil bruke skogen for å sikre eit høgt opptak av CO2 slik at karbonlageret i skogen stadig aukar. Dette skal mellom anna skje ved å leggje til rette for tettare planting av ny skog etter hogst, etablering av skog på nye areal, meir og betre skogplanteforedling og målretta gjødsling av skog. Det er utvikla miljøkriterium for planting av skog på nye areal og for målretta gjødsling. Samstundes skal skogressursane nyttast til å produsere meir fornybar energi og tremateriale. Vidare vil departementet fortsetje arbeidet med å redusere klimagassutsleppa frå jordbruket, mellom anna ved satsing på biogass. Det skal gjennomførast ei partssamansett utgreiing om utfordringane i landbruket i møte med klimaendringane fram mot jordbruksoppgjeret 2016.

Klimaendringar aukar risikoen for at nye plante- og dyresjukdommar og zoonosar etablerer seg i Noreg. Det forventa smittepresset må bli møtt med god beredskap og førebyggjande tiltak. Departementet vil også prioritere midlar til planteforedling og utvikling av sortar, med sikte på betre klimatilpassing. Det er eit særs langsiktig arbeid å prøve ut eller utvikle nye sortar til bruk i landbruket i Noreg.

Noreg skal vere blant dei leiande landa i arbeidet med produksjon av kunnskap for eit klimatilpassa landbruk, jf. mellom anna Meld. St. 33 (2012–2013) Klimatilpasning i Norge. Departementet legg opp til ein koordinert og målretta innsats innanfor forsking og utvikling (FoU). Departementet vil utvikle det internasjonale forskingssamarbeidet vidare.

Kap. 1138 Støtte til organisasjonar m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

70

Støtte til organisasjonar, kan overførast

25 603

26 345

32 109

71

Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar, kan overførast

4 911

4 170

4 291

Sum kap. 1138

30 514

30 515

36 400

Post 70 Støtte til organisasjonar

Formål med løyvinga

Formålet med løyvinga er å bidra til å halde oppe aktiviteten i organisasjonar som arbeider innanfor landbruks- og matpolitiske satsingsområde. Departementet kan gi støtte til organisasjonar på nasjonalt nivå innan landbruks- og matområdet som:

  • formidlar kunnskap, interesse og positive haldningar til landbruks- og matsektoren

  • fremjar forståing for grøne verdiar hos ungdom spesielt og allmenta generelt

  • bidreg til å synleggjere yrkesmoglegheiter knytte til gardsbruk og bygdenæringar

  • fremjar miljøarbeid, verdiskaping og næringsutvikling knytt til grøn tenesteproduksjon

  • fremjar likestilling i arbeidet sitt

Storleiken på tilskotta blir mellom anna fastsett ut frå ei vurdering av aktivitetsnivået til organisasjonane, den finansielle situasjonen deira og anna finansiering som organisasjonane mottek.

Innsendte årsmeldingar og revisorgodkjende rekneskap er grunnlag for oppfølging og kontroll. Eventuelle andre vilkår som blir lagde til grunn i tilskottsbrev til den enkelte organisasjonen, blir også følgde opp.

Rapportering 2014

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om løyvingar til organisasjonar direkte i budsjettproposisjonen. I 2014 blei det fordelt 25,603 mill. kroner i støtte til 25 organisasjonar, jf. Tabell 2.3.

Tabell 2.3 Oversikt over støtte til organisasjonar, 2014

Organisasjon

Støtte 2014 (kroner)

Biologisk-dynamisk Foreining

150 000

Bondens marked

500 000

Det norske Skogselskap

1 140 000

Dyrevernalliansen

400 000

Dyrevern Ung

100 000

Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk

1 500 000

Geitmyra matkultursenter for barn

400 000

Hageselskapet

1 100 000

Hanen

2 050 000

Hest og Helse

200 000

Kvinner i skogbruket

172 000

Natur og Ungdom

100 000

NOBIO – Norsk bioenergiforening

170 000

Norges Birøkterlag

221 000

Norges Bygdekvinnelag

400 000

Norges Vel

2 000 000

Norske lakseelver

500 000

Norsk Gardsost

250 000

Norsk Kulturarv

350 000

OIKOS – Økologisk Norge

2 900 000

Slipp oss til – ungdom inn i landbruket

250 000

Spire

100 000

TreSenteret

300 000

Vitenparken

3 250 000

4H Norge

7 100 000

Sum

25 603 000

Budsjettframlegg 2016

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 32,109 mill. kroner for 2016. Landbruks- og matdepartementet har handsama søknadar frå 34 organisasjonar, i tillegg til dei 14 organisasjonane som har samarbeidsavtale med departementet, og som difor ikkje søkjer årleg. I tillegg er det flytta 5 mill. kroner frå kap. 1136, post 50. Desse midlane skal gå til stiftinga Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK) sitt arbeid for å fremje produksjon og forbruk av økologisk mat, og på den måten støtte opp under Stortinget sitt mål om 15 pst. økologisk mat. Dette er oppfølging av overtaking av verksemd frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) til NORSØK frå 1. januar 2016.

Samarbeidsavtalane med Norges Vel, 4H Norge, Vitenparken, OIKOS – økologisk landslag, Slipp oss til – ungdom inn i landbruket, Norges Bygdekvinnelag, Norsk Kulturarv, Hageselskapet, Kvinner i skogbruket, Det Norske Skogselskap, Hest og Helse, Hanen, Norske lakseelver og Bondens marked blei inngått for perioden 2013–2015.

Landbruks- og matdepartementet har følgt opp Stortingets oppmodingsvedtak om å vidareføre ordninga med samarbeidsavtalar, og dei inngåtte samarbeidsavtalar blir vidareført i 2016. Dei organisasjonane dette gjeld er orientert om vidareføringa i tilskottsbrev for 2015.

Departementet vil foreta ein gjennomgang av tilskotta til utvalde organisasjonar.

Løyvinga for 2016 er fordelt på 30 organisasjonar, jf. Tabell 2.4. Organisasjonar på nasjonalt nivå som arbeider innanfor landbruks- og matpolitiske satsingsområde er prioriterte i framlegget.

Tabell 2.4 Oversikt over støtte i 2015 og budsjettframlegg for 2016

Organisasjon

Støtte 2015

Forslag 2016

Biologisk-dynamisk Foreining

151 500

151 500

Bondens marked

505 000

505 000

Det norske Skogselskap

1 151 400

1 151 400

Dyrebeskyttelsen

404 000

404 000

Dyrevernalliansen

404 000

404 000

Dyrevern Ung

101 000

101 000

Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk

1 515 000

1 515 000

Geitmyra matkultursenter for barn

404 000

404 000

Hageselskapet

1 111 000

1 111 000

Hanen

2 070 500

2 070 500

Hest og Helse

202 000

202 000

Kvinner i skogbruket

173 720

173 720

Matvett AS

-

415 000

Natur og Ungdom

101 000

101 000

Norges Birøkterlag

223 210

223 210

Norges Bygdekvinnelag

404 000

404 000

Norges Bygdeungdomslag

101 000

101 000

Norges Vel

2 020 000

2 020 000

Norske lakseelver

505 000

505 000

Norsk Gardsost

252 500

252 500

Norsk Kulturarv

353 500

353 500

Norsk seterkultur

151 500

151 500

OIKOS – Økologisk Norge

2 929 000

2 929 000

Slipp oss til – ungdom inn i landbruket

252 500

252 500

Spire

101 000

101 000

Stiftelsen norsk senter for økologisk landbruk

-

5 000 000

TreSenteret

303 000

303 000

Ungt entreprenørskap

-

350 000

Vitenparken

3 282 500

3 282 500

4H Norge

7 171 000

7 171 000

Sum

26 343 830

32 108 830

Post 71 Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar

Formål med løyvinga

Posten omfattar midlar som skal dekkje Noreg sin del av finansieringa av internasjonale skogpolitiske prosessar, tilskott til organisasjonar, kostnader til rapportering og anna. Departementet vil leggje opp til å nytte kompetanse og personar ved norske institusjonar, som til dømes Norsk institutt for bioøkonomi, i det internasjonale skogpolitiske arbeidet.

Noreg arbeider for eit sterkt og forpliktande internasjonalt samarbeid for å løyse grenseoverskridande skogpolitiske utfordringar og for å sikre ei berekraftig forvaltning av skog internasjonalt. FN sitt skogforum (UNFF) er ein viktig arena for dette globalt, mens FOREST EUROPE er den sentrale arenaen for samarbeid om skogpolitikk på regionalt nivå i Europa. FOREST EUROPE samlar dei europeiske landa og ei rekkje internasjonale og frivillige organisasjonar om strategiar for å møte utfordringar og moglegheiter som skogsektoren i Europa står overfor.

Løyvinga skal også nyttast til medverknad frå Noreg i andre forum for internasjonalt samarbeid om skogspørsmål, som til dømes FN sin organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) og European Forest Institute (EFI).

Rapportering 2014

Over posten blei det løyvd midlar til internasjonalt skogpolitisk arbeid. Noreg har lagt stor vekt på det skogpolitiske samarbeidet i FOREST EUROPE, og hadde formannskapet for samarbeidet mellom 2008 og 2011. I 2014 blei det arbeidd med å følgje opp vedtaka frå ministerkonferansen i Oslo i 2011. Noreg bidreg til finansieringa av prosessen gjennom ein årleg kontingent. I 2014 var denne på om lag 500 000 kroner, tilsvarande 8 pst. av det samla budsjettet for sekretariatet.

Løyvinga på denne posten blei også nytta til å støtte medverknad frå Noreg i United Nations Economic Commission for Europe (UNECE). UNECE har ein tømmerkomité som legg til rette informasjon og statistikk om mellom anna skogressursane og marknadsforhold for skogprodukt. Departementet gav tilskott til norske institusjonar og organisasjonar som tok del i dette arbeidet.

Noreg har i 2014 bidrege med 1 mill. kroner til eit nytt fond oppretta av medlemslanda i EFI, som skal finansiere verksemda i Foresight and Policy Support Programme. Programmet skal bidra til å kople forsking og politikkutvikling, og vil vere nyttig i utviklinga av nasjonal skogpolitikk og europeisk skogpolitisk samarbeid.

Noreg har støtta opp om forhandlingane om ein europeisk avtale om berekraftig skogforvaltning. Det var satt av midlar til å støtte dette arbeidet vidare i 2014, men landa blei ikkje einige om ein avtale. Det var difor overførte midlar på posten frå 2014 til 2015.

Budsjettframlegg 2016

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,291 mill. kroner til internasjonalt skogpolitisk arbeid.

Landa i Europa samarbeider framleis i FOREST EUROPE og vil utvikle dette samarbeidet vidare. Spania arrangerer ein ministerkonferanse i oktober 2015 og avsluttar vervet som formannskap i løpet av 2015. Budsjettet til sekretariatet for FOREST EUROPE blir finansiert av ei gruppe land som inngår i koordineringsgruppa for FOREST EUROPE. Medlemskap i koordineringsgruppa går på omgang blant landa i FOREST EUROPE. Etter Spania er det Slovakia som overtek formannskapet for prosessen. Noreg vil frå 2016 ikkje lengre vere medlem av koordineringskomiteen for FOREST EUROPE, men vil framleis vere aktiv i samarbeidet. Det vil vere aktuelt for Noreg å gi tilskott til særskilte delar av arbeidet i FOREST EUROPE i 2016.

Forhandlingskomiteen for ein rettsleg bindande avtale om berekraftig skogforvaltning avslutta arbeidet sitt i 2013. Arbeidet skal leggjast fram for ministrane i FOREST EUROPE på ein ekstraordinær ministerkonferanse i oktober 2015. Dersom landa skulle bli einige om å ta opp igjen forhandlingane, vil det bli aktuelt med løyvingar til å følgje opp dette arbeidet også i 2016.

Løyvinga kan også nyttast til å støtte opp om EFI. EFI er ein internasjonal organisasjon, der Noreg er medlemsstat og deltek i møte i styrande organ. EFI driv forsking og utgreiing av europeiske skogspørsmål, og er ein sentral aktør i å skaffe fram kunnskapsgrunnlag for utvikling av skogpolitikk både nasjonalt og internasjonalt.

UNFF er del av ein struktur som er kalla International Arrangement on Forests (IAF), og som også omfattar eit nettverk av organisasjonar som arbeider med skog, Collaborative Partnership on Forests (CPF). Den 11. sesjonen av UNFF blei halden i mai 2015. Her blei landa einige om korleis forumet skal arbeide i tida som kjem. Arbeidet skal konkretiserast i ein strategisk plan og ein legg opp til ei betre deltaking frå frivillige organisasjonar i arbeidet til forumet. I 2016 skal ein utarbeide ein ny strategisk plan for UNFF. Noreg vil ta del i dette arbeidet.

I tillegg deltek Noreg i ei rekkje andre forum for internasjonalt samarbeid om skogspørsmål, mellom anna i UNECE, FAO. Løyvinga vil difor også bli nytta til medverknad frå Noreg i slike forum. For å nytte kompetanse og kunnskap i Noreg på ein effektiv måte i internasjonalt samarbeid er det aktuelt å nytte løyvinga til oppdrag til norske institusjonar og organisasjonar.

Kap. 1139 Genressursar, miljø- og ressursregistreringar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

70

Tilskott til miljø- og ressurstiltak, kan overførast

15 440

12 423

71

Tilskott til genressursforvaltning og miljøtiltak, kan overførast

21 495

22 754

22 519

Sum kap. 1139

36 935

35 177

22 519

Post 70 Tilskott til miljø- og ressurstiltak

Formål med løyvinga

Over post 70 er det gitt støtte til tiltak og spreiing av kunnskap på hovudmålet berekraftig landbruk, med særskilt vekt på delmålet berekraftig bruk av og vern om landbruket sitt areal og ressursgrunnlag. Det er nødvendig med god kunnskap om og godt oversyn over miljøverdiar og ressursar for å få til berekraftig arealbruk og næringsverksemd. Utarbeiding av arealressurskart, som gir næringsdrivande og forvaltninga tilgang til arealinformasjon av høg kvalitet, og kartlegging og overvakingsprogram for biologisk mangfald i skog er støtta over posten. Det er også gitt støtte til rapportering og resultatkontroll som reknar på effektar av miljøtiltak slik at ein kan vurdere omfanget av miljøforbetringane og måloppnåing i jordbruk og skogbruk. Posten utgår frå 2016 og midlane blir flytta til andre postar.

Rapportering 2014

Det blei løyvd 8,071 mill. kroner til vedlikehald av arealressurskart, som gir næringsdrivande og forvaltninga tilgang til arealinformasjon av høg kvalitet. Midlane er, i tråd med jordbruksavtalen inngått i 2011, knytte til framtidig vedlikehald av AR5-kartgrunnlaget, som landbruket bidreg med i det nasjonale kartsamarbeidet Geovekst. Dette sikrar at føretaka i landbruket har rett til gratis kartdata og flybilete. Karta ligg til grunn for tenesta Gardskart på internett frå Norsk institutt for skog og landskap (Norsk institutt for bioøkonomi frå 1.7.2015), og gir alle eigarar av landbrukseigedom tilgang til kart og arealstatistikk for eigedommen sin. I 2014 har Norsk institutt for skog og landskap utført periodisk ajourhald av kartgrunnlaget i 40 kommunar, med eit jordbruksareal på til saman 1 369 km2. Det er no gjennomført andre gongs periodisk ajourhald av 140 kommunar, mens 5 kommunar har fått gjennomført eit tredje gongs ajourhald. Arealressurskarta blir mellom anna nytta ved søknad om og kontroll av arealtilskott.

Landbruks- og matdepartementet gav også i 2014 støtte til vidare utvikling av eit standardisert og godt dokumentert miljøregistreringsopplegg for biologiske miljøverdiar i skog – Miljøregistreringar i skog (MiS). Totalt blei det gitt 4,422 mill. kroner til dette arbeidet.

Miljøregistreringane blir i hovudsak utført saman med andre ressursregistreringar i samband med utforming av skogbruksplanar for skogeigedommane. Norsk institutt for skog og landskap har i 2014 henta inn kunnskap for å forbetre miljøregistreringane og arbeidd med praktisk oppfølging av miljøregistreringsarbeidet. MiS-livsmiljøa blir også registrerte i Landsskogtakseringa, noko som gir god statistikk for omfang og utvikling av livsmiljø på nasjonalt og regionalt nivå. Resultata gir såleis eit godt grunnlag for arbeidet med politikkutvikling både for styresmaktene og skognæringa. I MiS-delprosjektet om kulturminne har Norsk institutt for skog og landskap i 2014 samarbeidd med Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU) om bruk av fjernmålingsdata for kulturminneregistreringar.

I 2014 blei det løyvd 640 000 kroner til Bioforsk (Norsk institutt for bioøkonomi frå 1.7.2015) til gjennomføring av informasjonstiltak for å redusere bruken av og risikoen ved bruk av plantevernmiddel, med særleg vekt på området integrert plantevern. Midlane har mellom anna blitt nytta til formidling av kunnskap retta mot brukarane, rettleiingstenesta og allmenta. Temasider om integrert plantevern og plantevernleksikonet blei vidare utvikla, og det blei utarbeidd og formidla informasjon om plantevernmiddelresistens. Bioforsk fekk også prosjektstøtte for å sjå nærare på karakteriseringa av vassførekomstar i jordbruksområde.

Det blei løyvd 600 000 kroner til produksjon av den årlege rapporten Jordbruk og miljø – resultatkontroll jordbruk frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Tilskottet til miljøinformasjonstiltak i skogbruket, medrekna mellom anna økologi i fjellskogen på Hirkjølen i Oppland fylke, blei vidareført. Posten er også nytta til å finansiere resultatkontroll i skogbruket. Kontrollen er knytt til overvaking av utviklinga av skogtilstanden og til planlegging og gjennomføring av konkrete tiltak i skog, slik som skogkultur, vegbygging og skogbruksplanlegging, jf. nærare omtale under kap. 1150. Resultatkontrollen krev innsats frå kommunane og fylkesmennene, og resultata blir samordna fagleg av Norsk institutt for skog og landskap i nær kontakt med Landbruksdirektoratet. Resultatkontrollen viser mellom anna at det blir gjort for lite for å forynge skogen etter hogst.

Departementet utlyste også midlar frå denne posten til prosjekt for å betre og formidle miljø- og ressurskunnskap innanfor jordbruk, kulturlandskap og skogbruk, med sikte på meir berekraftig forvaltning av ressursane på landbruksareala. I alt 1,49 mill. kroner blei gitt i støtte til 13 organisasjonar og føretak til prosjekt i tråd med kriteria i kunngjeringa.

Budsjettframlegg 2016

Frå 2016 er midlane til arealressurskart og resultatrapportering på miljøverkemiddel tekne inn under kapittel 1142, postane 50 og 01. Midlane til Miljøregistreringar i skog vil frå 2016 inngå under kapittel 1139, post 71. Endringane har si årsak i etablering av Norsk institutt for bioøkonomi frå 1.7.2015. Post 70 vil dermed gå ut frå 2016.

Post 71 Tilskott til genressursforvaltning og miljøtiltak

Formål med løyvinga

Over post 71 blir det gitt støtte til tiltak innanfor delmålet berekraftig bruk av og vern om landbruket sitt areal og ressursgrunnlag som ligg under hovudmålet berekraftig landbruk. Tiltaka vil også kunne lenkast til det tverrgåande målet om å ta vare på norske interesser og sikre framgang i internasjonale prosessar. For å tilpasse matproduksjonen til nye behov, sikre biologisk mangfald og matsikkerheit, livskvalitet og velferd i framtidige generasjonar, er det avgjerande å ta vare på genetiske ressursar og sikre ei berekraftig forvaltning av desse. Genressursane kan spele ei viktig rolle ved tilpassing av landbruket til klimaendringane. Løyvingar over posten omfattar tiltak til styrking av arbeid nasjonalt og internasjonalt med å ta vare på og sikre berekraftig bruk av genressursar i jord- og skogbruket. Frå 2016 inngår også midlar til Miljøregistreringar i skog under denne posten.

Rapportering 2014

Koordineringa av det nasjonale arbeidet med genressursforvaltning er lagt til Norsk genressurssenter, som er ei eining ved Norsk institutt for skog og landskap (Norsk institutt for bioøkonomi frå 1.7.2015). Det er gjort greie for verksemda i senteret under kap. 1141, post 52.

Over post 71 blei det løyvd tilskott til tiltak og aktivitetar i genressursforvaltninga etter råd frå genressursutvala for planter, skogstre og husdyr og på grunnlag av handlingsplanar for vern og berekraftig bruk av genetiske ressursar i dei tre sektorane. Handlingsplanane er rullerte for ein ny fireårsperiode 2015–2018. Fleire aktivitetar er faste frå år til år, mellom anna tilskott til klonarkiv, ulike genbankar, interesselag for verneverdige husdyrrasar og vernebuskapar. I tillegg blei det lyst ut prosjektmidlar. Gjennom desse fører Genressurssenteret vidare eit aktivt samarbeid med mange ulike aktørar. Dei siste åra er det gitt tilskott til fleire prosjekt som har som mål å utvikle ny og lokal næringsverksemd basert på nasjonale genressursar. Samarbeidet med regional forvaltning er også forsterka, spesielt i samband med in situ bevaring (bevaring i oppvekstmiljø) av plante- og skogtregenetiske ressursar.

Ved tildeling av tilskott i 2014 innanfor husdyrsektoren blei tiltak for dei verneverdige storferasane prioritert høgt, med fleire prosjekt og eit nasjonalt seminar. Det er også etablert eit samarbeid med NordGen husdyr om dokumentasjonsprosjektet for Genbanken for verpehøns på Hvam vidaregåande skule som skal ferdigstillast i 2017.

Innanfor plantesektoren har vern og bruk av genetisk mangfald hos viktige fôr- og matplanter hatt høg prioritet. Som den norske fruktnæringa har også Genressurssenteret sine samlingar med eplesortar hatt store problem med skadegjeraren heksekost. I 2014 blei eit omfattande samarbeid med Mattilsynet om testing og produksjon av nye friske tre avslutta, og ein har no tre klonarkiv med kontrollerte tre som igjen kan levere podekvist av dei gamle sortane.

For skogstre blei det i 2014 gitt midlar til prosjekt som skal gi eit grunnlag for kunnskapsbaserte val for ei berekraftig skogplanteforedling på gran. Sluttrapporten for eit prosjekt for registrering og genetisk karakterisering av villeple gir eit godt grunnlag for forvaltning av villeple i norsk natur. Det er gitt støtte også til to andre kartleggingsprosjekt; for villgran og storlind.

Resultat frå prosjekta blir publiserte på heimesidene til Norsk Genressurssenter og ofte vidare i ymse media. Dette gir verdifull informasjon til næringsaktørar og forvaltning, i tillegg til generell informasjon om genetiske ressursar til allmenta.

Norsk genressurssenter fekk i 2014 ei ekstra løyving for å skrive Nasjonal rapport for biologisk mangfald for mat og landbruk, som blei organisert som eit prosjekt med ei referansegruppe med representantar frå ulike nasjonale fagmiljø. Rapporten blei ferdigstilt første halvår 2015. Landrapporten er eit bidrag til FAO sin State of the World's Biodiversity for Food and Agriculture. Den globale rapporten skal publiserast i 2017.

Det blei også løyvd midlar frå post 71 til tiltak med særleg relevans for kunnskapsspreiing om genetiske ressursar ved utlysinga av prosjektmidlar nemnde under post 70.

Det nordiske genressursarbeidet er samla i NordGen, som har sete med administrasjon og plantegenetisk verksemd i Alnarp, Sverige, mens faglege oppgåver knytte til husdyr og skogstre er samlokaliserte med Norsk genressurssenter på Ås. NordGen fekk 1,7 mill. kroner i støtte til denne delen av verksemda. Symposiet om offentleg-privat samarbeid for planteforedling og pre-breeding som NordGen organiserte i samarbeid med FAO, den internasjonale plantetraktaten og andre organisasjonar, med støtte over posten, blei avvikla i februar 2015. NordGen er sekretariat for den nordiske offentleg-private partnarskapen for planteforedling, som er oppretta for å få i stand meir samarbeid og utnytte ressursane hos planteforedlingsinstitusjonane i Norden på ein slagkraftig måte. Partnarskapsmodellen har vekt internasjonal merksemd som eit nordisk døme på regionalt samarbeid mellom offentlege og private interessentar som skal fremje rettferdig og likeverdig samarbeid for å møte klimaendringar og miljøutfordringar.

Det blei utbetalt 688 862 kroner over posten til den internasjonale plantetraktaten sitt fond for nyttefordeling (Benefit Sharing Fund). Dette svarar til 0,1 pst. av verdien av omsett såvare i Noreg i 2013.

Svalbard globale frøhvelv er eit sikringstiltak for å ta vare på det biologiske mangfaldet i landbruket, særskilt vekstar av stor verdi for den globale matforsyninga. Dette spesialbygde fryselageret, som er lagt inn i permafrosten i fjellet, husar sikkerheitskopiar av frø frå heile verda. 15 institusjonar la til saman inn 38 052 nye frøprøver i 2014. Ved utgangen av året var 8 000 sikkerheitsprøver deponert frå totalt 61 genbankar. Det var ein auke i samlinga på 5 pst. frå 2013.

Frølageret har ei viktig rolle i det internasjonale samarbeidet om genetiske ressursar. Midlane i 2014 gjekk til drift av frølageret som mellom anna inkluderer husleige, deponering av frø, møte i det internasjonale rådet for frøhvelvet og informasjonsarbeid.

Departementet gav også, over post 71, økonomisk støtte på 4,3 mill. kroner til Stiftelsen Det norske Skogfrøverk til forvaltningsoppgåver. Oppgåvene omfattar kontrolloppgåver etter forskrift om skogfrø og skogplanter, produksjons- og utviklingsoppgåver og informasjons- og opplæringstiltak knytte til anlegg for frøproduksjon. Løyvinga er avtalefesta med Skogfrøverket, jf. ein avtale om forvaltningsoppdrag frå 1995. Departementet gav også ei ekstraløyving til Skogfrøverket frå kap. 1149, post 71 for å styrkje arbeidet med langsiktig skogplanteforedling.

Norsk Fjordhestsenter og Nord-Norsk Hestesenter fekk til saman 2,867 mill. kroner i 2014. Sentera har ansvar for allsidig verksemd for å fremje dei to nasjonale rasane fjordhest og nordlandshest/lyngshest. Talet på føl mellom dei nasjonale rasane er urovekkjande lågt, og trenden har vart i ein del år. I 2014 var det 111 (119) fjordhestføl, 129 (150) dølahestføl og 79 (69) nordlandshest-/lyngshestføl (tal i parentes frå 2013). Nordlandshest/lyngshest har vist ein liten auke i føltalet. Dei andre viser framleis nedgang. Sentera er engasjerte i arbeidet med å ta vare på rasane og har mellom anna delteke i arbeid med å spesifisere eigenskapar der rasane har fortrinn (signaturaktivitetar) framfor andre rasar. Desse blir nytta i nye tevlingsformer (skeid) for dei nasjonale rasane, som kan fremje interessa for rasane og i neste omgang auke etterspørselen.

Over posten blei det også løyvd 0,4 mill. kroner til stiftinga Det norske arboret til arbeidet med samlingar av tre og busker eigna for norske forhold og til formidlingsverksemd.

Stiftinga Norsk Hjortesenter fekk tildelt 1,124 mill. kroner for å vedlikehalde og vidareutvikle seg som kompetansesenter for hjort både i vill tilstand og i oppdrett. Hjortesenteret bidreg til kunnskapsutvikling og auka kompetanse om hjort som ressurs hos private, rettshavarar og i forvaltninga.

Budsjettframlegg 2016

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 22,519 mill. kroner på post 71. Departementet legg opp til ei fordeling av løyvinga slik Tabell 2.5 viser. Budsjettframlegget på posten, saman med midlar som er flytta til andre postar, sikrar midlar til genressursar og miljøtiltak på om lag same nivå som i 2015.

Det er i 2016 overført 4,550 mill. kroner frå kap. 1139, post 70 til denne posten til vidareføring av prosjektet Miljøregistreringar i skog (MiS-prosjektet), mens 566 000 kroner til kontrollutvalet for frøforsyninga er ført frå post 71 til kap. 1136, post 50. For å samle midlane til Det norske skogfrøverk på ein post, er 4,579 mill. kroner ført over til kap. 1149, post 73.

Tabell 2.5 Budsjett for kap. 1139, post 71 i 2014 og budsjettframlegg for 2016

Tiltak

Budsjett 2015

Framlegg 2016

Genressurstiltak

7 550

7 040

Svalbard globale frøhvelv

4 363

4 363

Nordisk genressurssenter (NordGen)

1 800

1 850

Prosjektet Miljøregistreringar i skog (MiS-prosjektet)1

0

4 550

Skogfrøforsyninga2

4 450

0

Nord-Norsk Hestesenter og Norsk Fjordhestsenter

3 067

3 147

Stiftelsen Det norske arboret og Norsk Hjortesenter

1 524

1 569

Sum genressursforvaltning og miljøtiltak

22 754

22 519

1 Midlane blei tidlegare løyvde over kap. 1139, post 70.

2 Midlane er flytta til kap. 1149, post 73.

Dei genetiske ressursane er ein vesentleg del av det biologiske grunnlaget for auka matproduksjon og tilpassing til nye behov og utfordringar for landbruket. I eit internasjonalt perspektiv vil trugsmåla mot genetisk variasjon hindre utvikling av eit berekraftig landbruk. Einsrettinga av planteutvalet i moderne jordbruk trugar den genetiske variasjonen blant matplanter som er utvikla gjennom tusenårig jordbruksdrift. Internasjonal dominans av nokre få husdyrrasar trugar likeeins dei husdyrgenetiske ressursane. Ein ser at enkelte husdyrrasar har problem med helse og fertilitet grunna einsidig avl på få produksjonseigenskapar. Avskoging, marginalisering av populasjonar, sjukdomsutbrott og i aukande grad klimaendringar trugar dei skogstregenetiske ressursane. Endra klima er ei utfordring for alle tre sektorane og vil krevje tilpassa plante- og dyremateriale. Internasjonale konvensjonar og avtalar stadfestar at Noreg har eit ansvar for å forvalte dei genetiske ressursane sine på ein berekraftig måte.

Over post 71 blir det løyvd midlar til ei rekkje tiltak og prosjekt som er viktige for å følgje opp strategiplan og handlingsplanane for vern og berekraftig bruk av genetiske ressursar i kulturplanter, husdyr og skogstre for ein ny fireårsperiode 2015–2018. Landbruksdirektoratet vil få i oppgåve å lyse ut prosjektmidlar. Sikker drift og utviding av genbankar og kartlegging av nasjonale genressursar innanfor planter, husdyr og skogstre er sentrale oppgåver for bruken av desse midlane. Dei skal også bidra til berekraftige avlsprogram for små populasjonar av nasjonale husdyrrasar og rett skjøtsel av klonarkiv og av det genetiske og biologiske mangfaldet i kulturlandskapet. Det skal også leggjast vekt på mellom anna klargjering av rett til, tilgang til og handsaming av genetiske ressursar i tråd med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar, og utgreiing av følgjene av nye utfordringar som t.d. klimaendringar.

Det er viktig å ta del i nordisk og internasjonalt samarbeid om genetiske ressursar for å sikre ein mest mogleg effektiv bruk av desse ressursane. Departementet vil aktivt følgje opp samarbeidet under Nordisk ministerråd og i NordGen, mellom anna det nordiske samarbeidet om frøforedling som er eit viktig langsiktig tiltak for å utvikle klimatilpassa plantemateriale. Innanfor NordGen er den faglege verksemda knytt til husdyr og skogstre lokalisert i Noreg og departementet gjer framlegg om støtte til denne verksemda i NordGen med 1,85 mill. kroner. Det er eit mål å utnytte synergieffektar som ligg i samlokalisering med Norsk genressurssenter. Det er også sett av midlar på posten til plantetraktaten sitt fond for nyttefordeling til oppfølging av lovnaden Noreg gav ved opninga av Svalbard globale frøhvelv, om å gi ei årleg støtte som svarar til 0,1 pst. av verdien av årleg omsett såvare til dette fondet. Midlane går til bønder i utviklingsland og den berekraftige bruken deira av plantemangfald for å sikre lokal matsikkerheit.

Over posten vil det bli gitt tilskott til drift av Svalbard globale frøhvelv og til informasjonsverksemd. Oppslutninga om frølageret på Svalbard blant verda sine genbankar er god, og det er innleidd langsiktig samarbeid med mange av desse. Den store interessa for det globale frølageret i internasjonale media og hos allmenta held fram. Dette viser at Svalbard globale frøhvelv er eigna til å gi auka forståing og medvit om plantemangfald og matvaresikring, og det er ei viktig oppgåve å følgje opp denne rolla.

Kunnskapsoppbygging i MiS-prosjekta om biologisk mangfald og om kulturminne og miljøregistreringar i skogbruksplanlegginga held fram i 2016, og departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,55 mill. kroner til dette. Det er viktig at skogbruket og utmarksnæringa har best mogleg kunnskap om miljøverdiane i skogen og kan ta omsyn til desse. Prosjektet arrangerer i 2015 ein større konferanse for relevante aktørar om oppnådde resultat, og tek sikte på å følgje opp resultat og erfaringar i vidare arbeid med å utvikle best mogleg konkrete råd om særskilde miljøomsyn i skogbruket.

Departementet gjer også framlegg om ei løyving på 3,147 mill. kroner til Norsk Fjordhestsenter og Nord-Norsk Hestesenter til oppgåver dei utfører mellom anna i samarbeid med raselaga, for å fremje og bevare dei to nasjonale rasane fjordhest og nordlandshest/lyngshest. Desse sentera fekk saman 1,5 mill. kroner i eingongsstøtte under handsaminga av revidert budsjett i 2015. Departementet har sett ned ei gruppe som skal vurdere bruk av genbevaringsmidla og komme med forslag som skal vere retningsgivande for budsjettposten.

Departementet vil føre vidare støtta til stiftingane Det norske arboret og Norsk Hjortesenter. Norsk Hjortesenter skal arbeide vidare med kunnskapsspreiing og kompetanseheving om vill hjort og hjort i oppdrett som grunnlag for auka næringsutvikling og verdiskaping knytt til hjorteressursen generelt, og i landbruket spesielt.

Kap. 1141 Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

50

Næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse

24 743

25 406

52

Kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling om arealressursar, skog og landskap

100 888

103 596

Sum kap. 1141

125 631

129 002

Post 50 Næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse

Formål med løyvinga

Midlane på posten er nytta til å få fram kunnskap om føretaksøkonomi, nasjonal og internasjonal landbrukspolitikk og verdikjeda for matvarer. Dette er viktig i arbeidet for å nå landbrukspolitiske mål om matsikkerheit, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk. Sjå elles omtalen av hovudmåla til departementet i innleiinga i proposisjonen.

Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF)

Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) blei 1.7.2015 ein del av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). For omtale av samanslåingsprosessen og budsjettframlegg for 2016, sjå kap. 1136.

Rapportering 2014

NILF har i 2014 utarbeidd driftsgranskingar for 2013 med rekneskapsstatistikk frå 888 gardsbruk og 33 samdrifter i mjølkeproduksjon over heile landet. Denne rekneskapsstatistikken er mellom anna basis for referansebruksutrekningane som blir nytta i samband med jordbruksforhandlingane. Driftsgranskingane viser saman med spesialundersøkingar både gjennomsnittstal for og variasjonar i lønsemd mellom ulike bruksstorleikar, produksjonsformer og regionar.

NILF har utarbeidd grunnlagsdokument for mellom anna nasjonalbudsjettet og nasjonalrekneskapen, matvareforbruksutrekningar og rapportering til internasjonale organisasjonar. Som sekretariat for budsjettnemnda for jordbruket har NILF i 2014 utarbeidd grunnlagsmateriale for jordbruksforhandlingane.

I 2014 har NILF på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet også hatt oppgåver knytte til mellom anna førebuing og deltaking på OECD-møte, dokumentasjon av prisutviklinga på ulike ledd i matvarekjeda, oppfølging av internasjonale råvareprisar, rapportering om utviklinga i næringsmiddelindustrien og vurdert statlege lagringstiltak for sikker matkornforsyning.

Rapport og budsjettframlegg for forskinga ved Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking er omtalt under kap. 1137, post 51.

Budsjettframlegg 2016

Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking blei 1.7.2015 ein del av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). For omtale av samanslåingsprosessen og budsjettframlegg for 2016, sjå kap. 1136.

Post 52 Kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling om arealressursar, skog og landskap

Formål med løyvinga

Midlane på posten er nytta til å få fram kunnskap om ressursar og miljøverdiar. Slik kunnskap er ein føresetnad for å sikre berekraftig verdiskaping og næringsutvikling basert på arealressursane og for ei god forvaltning av genressursane. Dette er viktig for å nå landbrukspolitiske mål om nok og trygg mat, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk.

Norsk institutt for skog og landskap

Posten har omfatta løyvingar til kunnskapsutvikling om ressursar og areal ved Norsk institutt for skog og landskap. Norsk institutt for skog og landskap blei 1.7.2015 ein del av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). For omtale av samanslåingsprosessen og budsjettframlegg for 2016, sjå kap. 1136.

Rapportering 2014

Midlane på posten blei i 2014 tildelte Norsk institutt for skog og landskap.

Ressursundersøkingar og overvaking

Norsk institutt for skog og landskap har i 2014 ført vidare dei nasjonale ressursundersøkingane. Desse undersøkingane gir viktige data om tilstand og utvikling av arealressursane og er såleis eit viktig grunnlag for næringsutvikling og politikkutforming både i landbruket og innanfor andre sektorar. Dei nasjonale oppgåvene er knytte til kartlegging og overvaking av arealressursar, som også omfattar jordsmonn, utmarksbeite, kulturlandskap og skog.

Instituttet tek gjennom klimasenterfunksjonen del i rapporteringa frå Noreg til Klimakonvensjonen og Kyoto-protokollen. Gjennom metode- og modellutvikling har instituttet auka kunnskapen om historisk og framtidig opptak av karbon i skogen i Noreg.

Arealressurskarta ligg mellom anna til grunn for produksjon av tenesta Gardskart på internett. Dette detaljerte kartverket gir næringsdrivande og forvaltninga fri tilgang til arealinformasjon av høg kvalitet. Arealressurskarta blir nytta ved søknad om og kontroll av arealtilskotta i landbruket. Karta blir også brukte i forvaltning og planlegging innanfor andre sektorar. Kartbasen over markslag og arealforhold er ajourført for alt jordbruksareal.

Jordsmonndata blir mellom anna nytta til å fremje auka og kostnadseffektiv matproduksjon, redusere erosjon, styrkje jordvernet, fremje nisjeprodukt og arbeide med klimatiltak. Om lag halvparten av jordbruksarealet er no kartlagt. Kart over jordkvalitet blir ein del av det offentlege kartgrunnlaget. Kart og informasjon er gjort enkelt tilgjengeleg på internett.

Instituttet kartlegg ressursgrunnlaget for beite i utmark og gir råd om beitebruk. Utmarksbeite er ein viktig del av fôrgrunnlaget i landbruket og ein viktig reiskap for skjøtsel av landskapet. Denne informasjonen synleggjer beiteinteressene i utmarka og gir auka avkastning for beitebrukarane gjennom tilrettelegging for betre beitebruk.

Gjennom Landsskogtakseringa skaffar instituttet fram informasjon om tilstanden til og utviklinga av skogressursane i Noreg. Dei lange tidsseriane med informasjon frå Landsskogtakseringa står sentralt i arbeidet med politikkutvikling og berekraftig forvaltning av skogressursane, og er samstundes sentrale for skogforsking knytt til skogen si utvikling, biologisk mangfald og klimaeffektar på skog. Landsskogtakseringa gir, saman med annan arealressursinformasjon frå instituttet, eit viktig grunnlag for rapporteringa under Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen om karbon i skog og arealbruk i sektoren.

Overvakingsprogrammet for skogskadar (OPS) blei ført vidare i 2014. OPS er ein del av den generelle skogovervakinga i Noreg. Metodar og resultat frå OPS blir koordinerte på europeisk nivå under FN-konvensjonen om langtransporterte grenseoverskridande luftforureiningar (LRTAP) og nytta i rapportering til FN. Instituttet arbeider også med overvaking for å førebyggje skogskadar knytte til klimaendringar, sopp- og insektangrep og anna, og har også sett på faren for at det blir ført nye artar inn til landet.

For å dokumentere og styrkje grunnlaget for kulturminnearbeidet i landbruket, rapporterer instituttet på status for kulturminne i jordbrukslandskapet. Granskinga av status i seterlandskapet blei ført vidare i 2014, og 95 pst. av feltarbeidet er no ferdig. Dei første resultata er mellom anna levert Riksantikvaren. Status og utvikling i jordbruket sitt kulturlandskap blir også dokumentert gjennom det nasjonale programmet for overvaking og resultatkontroll. Data frå overvakinga blir nytta til dokumentasjon av utviklinga i landskapa og i utforminga av verkemiddel i dei regionale miljøprogramma.

I arbeidet med å fremje næringsutvikling over heile landet treng brukarane og forvaltninga på regionalt og lokalt nivå kunnskap om ressursane. Norsk institutt for skog og landskap innleidde i 2004 eit samarbeid med SSB for å lage eit nasjonalt arealrekneskap for Noreg. I 2014 blei feltarbeidet ferdig for heile landet. Publisering av data skjer mellom anna ved utarbeiding av fylkesvise rapportar. Arealrekneskapen er eit nasjonalt, statistisk representativt oversyn over norsk natur og utmarksressursar, og har eit stort potensial som informasjonsgrunnlag for arealpolitikken innanfor fleire samfunnssektorar enn landbruket.

Norsk institutt for skog og landskap har vore med i fleire internasjonale samarbeidsorgan som faginstans på vegne av Noreg. Instituttet tek også del i internasjonale prosessar og samarbeider med liknande organisasjonar i andre europeiske land om harmonisering av metodar og utvikling av meir effektive rutinar for kartlegging og overvaking. Instituttet samarbeider med SSB om å utarbeide representativ nasjonal arealstatistikk. Instituttet har rolla som National Reference Centre for arealovervaking innanfor Det europeiske miljøbyrået (EEA) sitt nettverk Eionet og ansvar for det norske bidraget til det europeiske arealdekkekartet (Corine Land Cover). I 2014 avslutta instituttet arbeidet med ei oppdatering av dette kartverket.

Geodatatenestene

Data frå kartleggingsprogramma og ressursundersøkingane blir gjort tilgjengelege for forvaltninga og dei næringsdrivande. Systematisk og langsiktig arbeid med lagring og dokumentasjon av geodata i databasar er ein føresetnad for desse tenestene og for deling av data med dei andre partane i Noreg Digitalt-samarbeidet.

Den internettbaserte tenesta Gardskart på internett gir alle eigarar av landbrukseigedom fri tilgang til kart og arealstatistikk for eigen eigedom. I den internettbaserte karttenesta Kilden får landbruket, forvaltninga og allmenta innsyn i ei rekkje elektroniske kart. Dette er instituttet sine eigne kartdata, flybilete og data frå andre offentlege leverandørar av kartdata.

Det nasjonale programmet for flyfotografering av heile landet er ført vidare. Bilete og andre data frå fotograferinga blir forvalta og distribuerte i samarbeid med partane i Noreg digitalt. Det er etablert ei samordna nasjonal løysing, Norge i bilder, for forvaltning og distribusjon av både flybilete og ortofoto. I samarbeidet mellom offentleg og privat sektor om etablering av geodata, Geovekst, er instituttet ansvarleg for landbruksparten sine bidrag og går inn med arealressurskartet AR5 i samarbeidet, jf. Geodataloven. Instituttet har i 2014 arbeidd for å samordne landbruket og sikre at landbruket både dekkjer pliktene sine og får tilgang til kartdata i Geovekstprosjekt i kommunane. Dataa og løysingane blir også brukte av andre verksemder under Landbruks- og matdepartementet. Instituttet representerer landbruket i faggruppa for satellittbilete i Noreg digitalt. Denne gruppa har utarbeidd eit framlegg for Norsk Romsenter til korleis ein kan organisere eit nasjonalt senter for mottak av satellittbilete frå EU sitt program for jordobservasjon, Copernicus. Eit slikt mottakssenter vil lette tilgangen for norske brukarar, til dømes innanfor landbruket.

Forsking

Rapport og budsjettframlegg for forskinga ved Norsk institutt for skog og landskap er omtalt under kap. 1137, post 51.

Rådgiving, kunnskapsformidling og forvaltning

Instituttet har ytt kompetansetenester innanfor skogbruksplanlegging. Informasjon om status og omfang av skogbruksplanlegginga med miljøregistreringar blir lagt ut i innsynsløysingar på internett. Dette arbeidet er viktig for å sikre eit godt fundament for berekraftig auka bruk av skogressursane og auka oppbygging av skog. I 2014 blei det vedteke å overføre skogbruksplanoppgåver til Landbruksdirektoratet. Instituttet vil framover vedlikehalde nødvendig fagleg kompetanse innanfor skogbruksplanlegging, og aktuelle oppgåver vil bli utført på oppdrag frå Landbruksdirektoratet som har ansvar for forvaltninga. Endringa skjer frå 2015, og tilhøyrande midlar, 1,5 mill. kroner, er overførte til Landbruksdirektoratet, kap. 1142, post 01.

Informasjonsverksemda og rådgivinga omkring sopp- og insektskadar på skog har vore god, og Norsk institutt for skog og landskap har levert informasjon både til allmenta og forvaltninga. Instituttet har også hatt ei omfattande informasjonsverksemd knytt til kunnskap om bruk av skogråstoff til bioenergi og bruk av tre som byggjemateriale. Instituttet har formidla resultat frå både overvaking, ressursundersøkingar og forsking.

Norsk genressurssenter

Genressurssenteret registrerer og overvaker status for nasjonale genressursar og er eit fagleg ressurssenter for eit nettverk innanfor nasjonalt genressursarbeid. Hausten 2014 lanserte Genressurssenteret indikatorar for genressursarbeidet på sine nettsider www.genressurser.no. Genressurssenteret driftar slektskapsdatabasen Kuregisteret som blir brukt til kontroll av produksjonstilskott til verneverdige storferasar, til overvaking av utviklinga av rasane og som grunnlag for berekraftig avl. Senteret har også ein database over alle verneområde i skog i Noreg. I samarbeid med Miljødirektoratet er det etablert 23 genressursreservat for ulike treslag.

Auka sortsmangfald innanfor plantesektoren er viktig for å gjere norsk landbruk meir robust. Genressurssenteret har merka aukande etterspørsel etter sortar frå genbanksamlingane. Gamle potetsortar er særleg etterspurt, også av bønder og småskalaprodusentar som leverer til lokal marknad og til stader som serverer mat. Andre planteslag som det er særleg interesse for no, er gamle humletypar til ølbrygging og historiske rabarbraslag.

Senteret koordinerer vidare nasjonale genressursaktivitetar innanfor husdyr, kulturplanter og bevaring av skogstre og deltek aktivt i internasjonalt samarbeid om genetiske ressursar. Genressurssenteret har også gitt fagleg støtte til Landbruks- og matdepartementet ved førebuingar til og representasjon ved møte i arbeidsgruppene til FN sin organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) og kommisjonen for genetiske ressursar for mat og landbruk.

Genressurssenteret har i 2014 halde fram med å publisere informasjon frå genressursarbeidet på nettsida som nyhendeinnslag og fagartiklar, og i faglege føredrag.

Budsjettframlegg 2016

Norsk institutt for skog og landskap blei 1.7.2015 ein del av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). For omtale av samanslåingsprosessen og budsjettframlegg for 2016, sjå kap. 1136.

Kap. 1142 Landbruksdirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter

218 049

220 147

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

6 827

1 876

50

Arealressurskart

7 616

60

Tilskott til veterinærdekning

134 933

138 846

70

Tilskott til fjellstover

775

797

71

Omstillingstiltak i Indre Finnmark, kan overførast

9 834

9 519

72

Erstatningar, overslagsløyving

302

302

73

Tilskott til erstatningar m.m., overslagsløyving

45 610

45 610

74

Kompensasjon til dyreeigarar som blir pålagt beitenekt

1 000

1 000

80

Radioaktivitetstiltak, kan overførast

2 500

2 500

Sum kap. 1142

419 830

428 213

Kap. 1142 blei oppretta i samband med at Statens landbruksforvaltning (SLF) og Statens reindriftsforvaltning (SRF) 01.07.2014 blei slått saman til eit direktorat under namnet Landbruksdirektoratet. Det blei ikkje gjort endringar i poststrukturen for 2014, og Landbruksdirektoratet belasta difor dei eksisterande postane under kapitla 1143 og 1147. Driftsutgiftene blei frå samanslåinga sett under eitt, og er difor omtala under kap. 1142. Dei andre ordningane er vidareføringar av gamle ordningar finansiert over kapitla 1143 og 1147. Aktiviteten i 2014 er av enkelheitsomsyn omtala under kap. 1142.

Post 01 Driftsutgifter

Formål med løyvinga

Hovudformålet med løyvinga er drift av Landbruksdirektoratet.

Landbruksdirektoratet er eit utøvande forvaltningsorgan for dei sentrale landbrukspolitiske verkemidla og eit støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet. Landbruksdirektoratet er også sekretariat for Omsetningsrådet, Reindriftsstyret, Styret for Statens naturskadeordning, Styret for fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, Styret for forskingsmiddel over jordbruksavtalen, Styret for Utviklingsfondet for skogbruket, Styret for Reindriftens utviklingsfond og Markedsutvalget for reinsdyrkjøtt.

Hovudoppgåva til Landbruksdirektoratet er samordna, heilskapleg og effektiv forvaltning av økonomiske og juridiske verkemiddel retta mot primærlandbruket, landbruksbasert næringsmiddelindustri og handel. Verkemidla på området, som Landbruksdirektoratet skal forvalte i samsvar med lov/forskrift/regelverk for ordningane, skal bidra til god måloppnåing innanfor hovudmåla for landbruks- og matpolitikken. Landbruksdirektoratet skal gjennom kontroll og oppfølging ved avvik bidra til å sikre at verkemidla blir forvalta trygt og effektivt i samsvar med regelverket.

Landbruksdirektoratet skal i tillegg til å administrere dei ulike ordningane, også vere eit støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet. Landbruksdirektoratet skal ha oversikt over utviklingstrekk i ressursgrunnlaget og heile verdikjeda, bidra til erfaringsutveksling med næringa og samarbeid med anna forvaltning, ha god kunnskap om resultatoppnåing mot gjeldande politiske mål og gi innspel til Landbruks- og matdepartementet om utvikling av verkemiddel, under dette forenkling. Landbruksdirektoratet skal drive formidling av fag- og forvaltningskompetanse og av landbruks- og matpolitikk til regional og lokal forvaltning. Landbruksdirektoratet skal samarbeide med fylkesmennene for å bidra til god lov- og tilskottsforvaltning på regionalt og lokalt nivå, mellom anna kontroll.

Landbruksdirektoratet har følgjande forvaltningsområde:

  • Areal, skogbruk, ressursforvaltning og økologisk landbruk

  • Reindrift

  • Inntekts- og velferdspolitiske tiltak

  • Marknadstiltak, handel og industri

  • Administrasjon

Rapportering 2014

2014 var eit år med store endringar for den sentrale landbruksforvaltninga. Frå 1. juli blei Statens landbruksforvaltning (SLF) og Statens reindriftsforvaltning (SRF) slått saman til Landbruksdirektoratet. Verksemda har prioritert høgt arbeidet med å slå saman og følgje opp etableringa av det nye Landbruksdirektoratet. Sjølv om direktoratet har vore under omstilling og nokre oppgåver har blitt skyvd ut i tid, har ein likevel hatt stabil og jamn drift.

Ein stadig større del av brukarane kommuniserer elektronisk med Landbruksdirektoratet, mellom anna ved søknad om produksjonstilskott, søknad om tilskott over regionale miljøprogram, søknad om tollnedsetjingar og ved Melding om reindrift. Resultatet er ei meir effektiv forvaltning. Både for søknad om og sakshandsaming for produksjonstilskott og regionalt miljøtilskott, veks delen elektroniske søknadar. I 2014 fekk Landbruksdirektoratet 86 pst. av søknadene om produksjonstilskott levert digitalt, mens 75 pst. av søknadene om regionalt miljøtilskott blei levert digitalt. Tilsvarande blei om lag 90 pst. av søknadene om tollnedsetjingar levert digitalt. Arbeidet med å lage regelverk og digitalt søknads- og sakshandsamingsverktøy for den nye naturskadelova, som skal tre i kraft i 2017, blei sett i gang i 2014.

Den viktigaste kanalen for å kommunisere med brukarane er nettportalen www.landbruksdirektoratet.no.

Landbruksdirektoratet er sekretariat for styra i Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt (FFL) og Forskingsmidlar over jordbruksavtalen (JA) som har fått fellesnamnet Forskingsmidlane for jordbruk og matindustri. Styra er samordna for å sikre heilskapleg og effektiv forvaltning av forskingsmidlane. Av 27 søknader om kompetanseprosjekt blei 16 tildelt midlar. Av 71 prosjektsøknader til forsking og utgreiingar blei 38 tildelt midlar frå Forskingsmidlane for jordbruk og matindustri. Styra har mellom anna vore opptekne av å bidra til kunnskap for auka matproduksjon.

Landbruksdirektoratet skreiv ut 15 500 tollnedsetjingar for industrielt tilarbeidde jordbruksvarer i 2014. Det var ein nedgang i talet på søknader på 21 pst. frå året før, og kjem av fleire forhold, mellom anna oppsplitting i tolltariffen. For andre landbruksvarer blei det innvilga 5 802 tollnedsetjingar og løyvingar til import innanfor tollkvotar. Dette er omtrent på same nivået som i 2013. Det blei fordelt 82 tollkvotar, 78 av desse blei omsette på auksjon. Totalt gav salet av tollkvotar nesten 235 mill. kroner. Det er det høgste nivået nokon gong, og ein auke på 5 mill. kroner frå 2013. I 2014 utgjorde importen av matvarer 53 150 mill. kroner, opp frå 49 563 millionar i 2013.

Direktoratet har prioritert sluttføring av arbeidet med bruksreglar for reinbeitedistrikta. Ved utgangen av 2014 var dette fullført i alle reinbeitedistrikta med unntak av eitt av fellesdistrikta i Vest-Finnmark. Vidare er vedtak for siidaandelar med pålegg om reduksjon til fastsett reintal følgd opp. Av fem distrikt som skulle ha gjennomført planane i løpet av 2013–2014, viste oppsummeringa eit for høgt reintall for eitt distrikt. Ved kontrollen hausten 2014 hadde også dette distriktet eit lågare reintal enn fastsett maksimum.

Landbruksdirektoratet følgjer opp at fylkesmennene utfører det regionale kontrollansvaret på landbruksområdet på ein god måte. Fylkesmannen utfører forvaltningskontrollar av kommunane og føretakskontrollar. Også innan reindriftsforvaltninga har fylkesmennene ei sentral rolle, mellom anna med kontroll av Melding om reindrift frå alle reindriftsutøvarane.

Landbruksdirektoratet har kontrollrutinar og system som bidreg til at dei økonomiske og juridiske verkemidla blir forvalta i tråd med føresetnader gitt av Stortinget. Det blei i 2014 gjennomført 35 kontrollar knytt til 10 ulike ordningar. Av desse var 2 forvaltningskontrollar hos fylkesmenn, 7 føretakskontrollar og 26 dokumentkontrollar. Nokre av desse kontrollane avdekkjer at det er gitt urette opplysningar ved rapportering eller søknader. Auka kontrollaktivitet hos kommunar og fylkesmenn har medført eit auka omfang av til dels kompliserte klagesaker. Sakshandsamingstida for slike saker er redusert i 2014.

Store naturskadehendingar i 2014, og seint innkomne saker frå hendingar tidlegare år, førte til at det i 2014 blei gjort vedtak om statleg naturskadeerstatning i 2 114 saker. Dette er ein nedgang på 455 frå 2013, men ligg framleis langt over det som er rekna som eit gjennomsnittleg år som er på vel 1 200 saker. Styret i Naturskadeordninga har gitt nye tilsegn om erstatning på om lag 177 mill. kroner i 2014 og utbetalt 216 mill. kroner i erstatning. Også i 2014 førte naturskadehendingane til at Landbruksdirektoratet fekk meir arbeid med informasjonstiltak og deltaking i synfaringar, folkemøte med vidare.

I samarbeid med Miljødirektoratet og Norsk institutt for skog og landskap utarbeidde Landbruksdirektoratet i 2014 ein rapport om gjødsling av skog som klimatiltak. Gjødsling med nitrogen i skogen aukar trea sin vekst og opptak av CO2. Når skoggjødsling blir teke i bruk som klimatiltak, er det nødvendig med tydelege miljøkriterium, slik at omsynet til naturmangfald, vassmiljø og andre miljøverdiar blir ivaretekne. Rapporten greier ut kor og korleis dette kan bli gjennomført.

God infrastruktur er viktig for eit kostnadseffektivt skogbruk. Løyvingane til skogsvegar auka i 2014 med 30 mill. kroner, til 99 mill. kroner, og det blei brukt 22 mill. kroner til viktige tømmerkaier. Dei siste tre åra har til saman ti tømmerkaiprosjekt fått tilsegn om løyvingar.

I 2014 leverte SLF eit omfattande utgreiingsmateriale til jordbruksoppgjeret.

Det er avklart rutinar med Mattilsynet i samband med dyrevelferdssaker, og det er inngått avtale om informasjonsutveksling i slike saker.

Nærare omtale av aktiviteten i Landbruksdirektoratet i 2014 finst i årsrapporten for 2014 på www.landbruksdirektoratet.no.

Budsjettframlegg 2016

Løyvinga skal dekkje driftsutgiftene til Landbruksdirektoratet. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 220,147 mill. kroner i 2016. I tillegg til endringar som følgje av løns- og prisvekst og regjeringa si avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform, er løyvinga auka som følgje av flytting av skogbruksplanoppgåver og administrasjon av tilskottsmidla til genressurstiltak frå Norsk institutt for skog og landskap til Landbruksdirektoratet og flytting av midlar til resultatrapportering for miljøverkemiddel.

Under følgjer nærare omtale av viktige oppgåver innanfor dei enkelte forvaltningsområda i 2016.

Areal, skogbruk, ressursforvaltning og økologisk landbruk

Landbruksdirektoratet vil i 2016 vidareføre arbeidet med å sikre eit berekraftig skogbruk. Landbruksdirektoratet vil særskilt følgje opp satsinga på infrastrukturtiltak i skogbruket, jf. kap 1149, post 71. Arbeidet med klimatiltak i skog vil bli følgd opp i samarbeid med Miljødirektoratet.

Når det gjeld klima- og miljøomsyn i jordbruket, vil Landbruksdirektoratet vidareutvikle tiltaka med sikte på forenkling og målretting til det beste for klima, miljø og næring. Regional og lokal oppfølging av vassforskrifta, samt arbeid med kulturlandskap vil også vere viktige oppgåver for Landbruksdirektoratet i 2016. Landbruksdirektoratet skal ha oversikt over praktiseringa av naturmangfaldlova på landbruksområdet. Det er nødvendig med merksemd på jordvern både lokalt og sentralt for å ta vare på god matjord. Direktoratet vil arbeide med å følgje opp regjeringa sin jordvernstrategi. Landbruksdirektoratet vil vidareføre samarbeidet med Miljødirektoratet på klima- og miljøområdet.

Landbruksdirektoratet vil følgje opp utviklinga når det gjeld produksjon og omsetnad av økologiske landbruksvarer retta mot målet om 15 pst. produksjon og forbruk innan 2020.

Landbruksdirektoratet vil også i 2016 nytte betydelege ressursar til førebuing av den nye naturskadelova. Ny IKT-løysing er under utvikling og vil vere på plass frå 1.1.2017, jf. kap. 1148, post 22. Landbruksdirektoratet vil i tillegg leggje vekt på å ha tilstrekkelege ressursar til god og effektiv handsaming av søknader om naturskadeerstatning.

Reindrift

Eit tilpassa beitetrykk til beitegrunnlaget er den mest alvorlege og krevjande utfordringa reindrifta står overfor. Den er særleg alvorleg fordi ei forsvarleg ressursutnytting er avgjerande for den samiske reindrifta si framtid i store delar av Finnmark. Oppfølging av dei siidaandelane som har eit for høgt reintal, har difor høgaste prioritet også i 2016. Gjennomgangen av Melding om reindrift for driftsåret 2014/2015 viser at reintalet no ligg under det fastsette i Aust-Finnmark reinbeiteområde. For Vest-Finnmark reinbeiteområde viser tala at reintalet ligg om lag 2 000 rein over det fastsette. 14 av om lag 300 andelar har ikkje følgt opp gitte vedtak. Reindriftsstyret vil følgje opp desse i samsvar med reindriftslova sitt kapittel om sanksjonar. Det vil også bli gjennomført offentleg kontrollerte teljingar frå og med hausten 2015. Ved større avvik mellom teljing og rapporteringane til reineigarane, vil det bli sett inn tiltak.

Det er nødvendig med auka kunnskap om dei ulike årsakene til tap i reindrifta og om samspelet mellom desse. Det er difor viktig at direktoratet hjelper aktivt til med å auke kunnskapsgrunnlaget om tapa. Vidare er det viktig å vidareføre arbeidet med å stimulere til auka slakting og til ein reduksjon av talet på rein i Finnmark. For å ha kontroll med utviklinga i reindrifta, skal forvaltninga hente inn og gjere tilgjengeleg nødvendige grunnlagsdata, mellom anna om beitetilhøva og slaktevekter.

Direktoratet skal halde fram med å etablere nettverk og alliansar med andre offentlege organ og gjere desse kjende med behovet i reindrifta for samanhengande areal og konsekvensane av ulike tiltak innanfor reinbeiteland for reindrifta. Vidare skal Landbruksdirektoratet arbeide aktivt for ei betre sikring av areala til reindrifta og arbeide for å dokumentere arealbruken i reindrifta og gjere denne kjent for kommunar og fylke.

Landbruksdirektoratet skal vere ein bidragsytar for auka verdiskaping i reindrifta og stimulere næringa til auka produksjon og produksjonsoptimalisering. Saman med organa til næringa og andre aktørar, skal direktoratet bidra til at dei økonomiske ressursane over reindriftsavtalen blir nytta på ein formålstenleg måte som gir størst effekt og verdiskaping. Ei viktig oppgåve for direktoratet er å leggje til rette for samspel i verdikjeda. Det er difor nødvendig å prioritere fellestiltak i reindrifta framover.

Landbruks- og matdepartementet ber om fullmakt til å overskride løyvinga under posten med inntil 0,5 mill. kroner ved forskottering av utgifter til tvangsflytting av rein, jf. framlegg til vedtak III.

Inntekts- og velferdspolitiske tiltak

Innspel til forenkling og forbetringar av verkemidla i jordbruksavtalen er viktig også i 2016.

I 2016 vil Landbruksdirektoratet leggje vekt på å vidareutvikle den nettbaserte forvaltninga av tilskott og kvoteordninga for mjølk, med sikte på å bli meir brukarvennleg og å auke kvaliteten i forvaltninga.

For å ivareta nødvendig grad av driftssikkerheit og auka effektivitet i forvaltninga av produksjonstilskotta og tilskott til avløysing ved ferie og fritid, vil Landbruksdirektoratet fram til 2017 utvikle eit nytt IKT-system for produksjons- og avløysartilskotta. Dette skal byggje på forvaltningssystemet eStil, som er teke i bruk i forvaltninga av regionale miljøprogram, jf. kap. 1150, post 21.

Marknadstiltak, handel og industri

Landbruksdirektoratet vil i 2016 arbeide for å sikre ei god forvaltning av dei ulike marknadsordningane for jordbruksråvarer. Å sikre like vilkår for aktørane i prisutjamningsordninga for mjølk, vil vere ei prioritert oppgåve. Landbruksdirektoratet vil vidareføre arbeidet med faglege analysar og grunnlagsmateriale til bruk i internasjonale forhandlingar (WTO, EU, EFTA). Marknadsovervaking med rapportering og analyse av nasjonale og internasjonale marknader for jordbruksråvarer er viktig.

Landbruksdirektoratet vil halde fram med å følgje nøye med på konkurransesituasjonen til den mest konkurranseutsette industrien som foredlar jordbruksråvarer (RÅK-industrien).

Landbruksdirektoratet vil forvalte importvernet for landbruksvarer i tråd med unilaterale, bilaterale og multilaterale forpliktingar, med mål om å sikre avsetning for norske landbruksvarer.

Administrasjon

Landbruksdirektoratet vil i 2016 halde fram med å vidareutvikle datasystema slik at desse blir meir brukarvennlege, men også for å redusere risiko og sikre ei stabil drift. I tillegg ønskjer direktoratet å tilby brukarane nye elektroniske tenester gjennom Altinn. Landbruksdirektoratet har som mål å levere alle tenestene sine digitalt der det er formålstenleg, og avvikle manuelle tenester som ikkje krev nærleik til brukaren.

Landbruksdirektoratet vil halde fram med arbeidet med informasjonssikkerheit, der haldningsskapande arbeid vil vere ein sentral del. Beredskapsarbeidet vil også vere eit viktig område i 2016. Landbruksdirektoratet skal og vidareutvikle styringssystema i verksemda og halde fram arbeidet med å effektivisere verksemda og tenestene.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald

Formål med løyvinga

Løyvinga skal dekkje utgiftene til ei oppfølging av Noreg sitt ansvar for grensegjerda mot Sverige, Finland og Russland. Posten skal også dekkje utgiftene til oppfølging av reinbeiteavtalar i Rørosregionen. I tillegg skal posten dekkje eventuelle erstatningskrav frå finske styringsmakter i samsvar med den gjeldande reingjerdekonvensjonen mellom Noreg og Finland, samt etablering av eit samla informasjonssystem for areal- og ressursovervaking for reindrifta.

Rapportering 2014

Vedlikehald av grensegjerde er gjennomført i 2014.

Budsjettframlegg 2016

Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 1,876 mill. kroner. Løyvinga har blitt redusert med 5 mill. kroner grunna eit mindreforbruk på posten over fleire år.

Post 50 Arealressurskart

Formål med løyvinga

Over posten, som er ny, blir det gitt støtte til vedlikehald av arealressurskart (AR5) som gir næringsdrivande og forvaltninga tilgang til arealinformasjon av høg kvalitet. Løyvinga er flytta frå kap. 1139 post 70. Sjå denne for rapportering for 2014.

Budsjettframlegg 2016

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 7,616 mill. kroner i 2016.

Post 60 Tilskott til veterinærdekning

Formål med løyvinga

Formålet med tilskottet er å bidra til tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell. Tilskottet blir gitt til kommunane, som etter dyrehelsepersonellova skal sørgje for tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell (veterinærar).

Rapportering 2014

Hovuddelen av midlane har blitt nytta til vaktgodtgjering for veterinærar som deltek i klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid. Midlane har blitt fordelte mellom kommunane ut i frå vaktinndeling. Ein mindre del av løyvinga har vore nytta til stimuleringstiltak for å sikre generell tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake distrikt. Eit mindre beløp har tilsvarande vore nytta på Svalbard.

Budsjettframlegg 2016

Departementet gjer framlegg om 138,846 mill. kroner i tilskott til veterinærdekning i kommunane.

Hovuddelen av den føreslåtte løyvinga på posten, om lag 120 mill. kroner, er tilskott til klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid. Midlane blir fordelt til kommunane ut i frå fastsett vaktinndeling.

Framlegget til løyving omfattar også om lag 13 mill. kroner som kommunane kan nytte til stimuleringstiltak for å sikre tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake distrikt. Midlane vil bli prioriterte til kommunar som har problem med å få stabil tilgang til veterinærtenester, og som legg planar for gode, lokale løysingar. Departementet legg til grunn at om lag ein firedel av kommunane i landet vil fylle kriteria for å kunne søkje midlar frå denne delen av løyvinga. Eit mindre beløp kan tilsvarande nyttast på Svalbard.

I framlegget er det også lagt inn om lag 5 mill. kroner til administrative kostnader for kommunane.

Post 70 Tilskott til fjellstover

Formål med løyvinga

Formålet med løyvinga er å halde oppe tryggleiken i veglaust terreng for mellom anna reingjetarar. Departementet har i dag tre statseigde fjellstover og i tillegg kontrakt med fire private om fjellstovehald. Fjellstovene blir drivne på kontrakt med Landbruksdirektoratet. Fjellstovene har plikt til å halde ope heile året.

Rapportering 2014

Det er gitt tilskott til alle fjellstovene.

Budsjettframlegg 2016

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 797 000 kroner.

Post 71 Omstillingstiltak i Indre Finnmark

Formål med løyvinga

Formålet med løyvinga er å finansiere ulike tilpassingar og tiltak for å leggje til rette for ei berekraftig reindrift i Finnmark.

Auka kunnskap om produksjon og tap vil vere viktig, både for å dempe konfliktar og for ei berekraftig forvaltning av reindriftsnæringa. Utgifter til auka kunnskap om produksjon og tap i reindrifta, blir dekte over denne posten.

Utover dette har formålet med løyvinga vore å dekkje ei rekkje tiltak for å følgje opp reindriftslova av 2007, samt enkelte utviklings- og utgreiingskostnader.

Rapportering 2014

Det er gjennomført reinteljing i Finnmark i 2014. Arbeidet med arealbrukskart blir vidareført i 2015.

Budsjettframlegg 2016

Departementet gjer framlegg om ei samla løyving på 9,519 mill. kroner til omstillingstiltak i Indre Finnmark.

Utfordringa med å følgje opp godkjende bruksreglar er størst i dei distrikta i Finnmark der talet på rein ikkje er i samsvar med beiteressursane og der talet på utøvarar er for høgt til at målet om økonomisk berekraft blir nådd. Det krev ekstra innsats å følgje opp desse distrikta. Utover bruk av reglane etter reindriftslova, inneber oppfølginga mellom anna at ein skal leggje til rette for fellestiltak for betre infrastruktur og at ein framleis stimulerer aktivt til auka slakting og omsetnad av reinkjøtt. Kva for tiltak som blir sette i verk og finansierte over posten, vil vere avhengig av mellom anna situasjonen i det enkelte distriktet og den til ei kvar tid gjeldande marknadssituasjonen.

Utgifter til teljing av rein og digitalisering av kart i Finnmark, nettverks- og kompetansetiltak i samband med at fylkesmennene blei regional reindriftsmyndigheit frå 1. januar 2014, og enkelte utviklings- og utgreiingskostnader blir også dekte over posten.

Post 72 Erstatningar

Formål med løyvinga

Løyvinga skal dekkje erstatningar ved ekspropriasjon av rett til reinbeite i Trollheimen, jf. føresetnadene i overskjønnet heimla av Frostating lagmannsrett 2. september 1999. Dei årlege erstatningane på posten blir i tråd med Trollheimen-skjønnet oppjusterte kvart femte år.

Rapportering 2014

Det blei i 2014 utbetalt fastsette årlege erstatningar til 45 personar.

Budsjettframlegg 2016

Departementet gjer framlegg om ei overslagsløyving på 302 000 kroner.

Post 73 Tilskott til erstatningar m.m.

Formål med løyvinga

Formålet med tilskottet er å gi produsentar erstatning for tap og dekning av visse utgifter i samband med pålagde tiltak mot sjukdommar, smittestoff og skadegjerarar hos dyr og planter, jf. § 22 i Ot.prp. nr. 100 (2002–2003) Om lov om matproduksjon og mattryggleik mv. (matlova). Tilskottet skal også dekkje tap i samband med tiltak som blir sette i verk som følgje av antibiotikaresistente bakteriar (MRSA) i svinehaldet, tiltak for å redusere innhaldet av radioaktivitet i storfe og småfe, samt visse andre kompensasjonar for å lette etterleving av krava i matlova og plikter i primærproduksjonen, jf. matlova § 31.

Rapportering 2014

Det blei i 2014 utbetalt i underkant av 5,8 mill. kroner i erstatning etter utbrott av planteskadegjerarar. Hovuddelen av erstatninga dekte tap grunna heksekost på frukttre, lys ringråte i potet og skadegjerarar i veksthusproduksjonen. Landbruksdirektoratet utbetalte om lag 9,3 mill. kroner i erstatning grunna sjukdom hos husdyr. Sanering av MRSA i svinebesetningar gav størst total utbetaling av erstatning.

Budsjettframlegg 2016

Departementet gjer framlegg om ei overslagsløyving på 45,610 mill. kroner.

Post 74 Kompensasjon til dyreeigarar som blir pålagt beitenekt

Formål med løyvinga

Løyvinga på posten blir nytta til å gi dyreeigarar økonomisk kompensasjon når Mattilsynet som følgje av fare for rovviltangrep, med heimel i dyrevelferdslova, har gjort vedtak om beiterestriksjonar for storfe og småfe.

Rapportering 2014

I 2014 blei det utbetalt kompensasjon etter vedtak om restriksjonar i Nord-Trøndelag og i Sogn og Fjordane.

Budsjettframlegg 2016

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 mill. kroner.

Post 80 Radioaktivitetstiltak

Formål med løyvinga

Staten sitt ansvar for å dekkje kostnader som følgje av radioaktivt nedfall etter Tsjernobyl-ulykka har som prinsipielt utgangspunkt det vedtaket som regjeringa fatta om økonomisk skadesløyse 31. juli 1986. Regelverket for radioaktivitetstiltak i reindrifta blir fastsett etter dei same prosedyrane som forskriftene etter reindriftsavtalen.

Rapportering 2014

Behovet for radioaktivitetstiltak varierer. Det har vore avgrensa behov i 2014.

Budsjettframlegg 2016

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 2,5 mill. kroner.

Kap. 4142 Landbruksdirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsinntekter, refusjonar m.m.

39 701

40 649

Sum kap. 4142

39 701

40 649

Post 01 Driftsinntekter, refusjonar m.m.

Posten gjeld driftsinntekter som Landbruksdirektoratet har knytt til m.a. sekretariatet for Omsetningsrådet, Styret for fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og Utviklingsfondet for skogbruket, administrasjon av ulike fond, prisutjamningsordninga og kvoteordninga for mjølk og sal av tenester. Inntekter frå gebyr blir også førte på posten.

Kap. 1143 Statens landbruksforvaltning

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter

205 127

60

Tilskott til veterinærdekning

131 335

70

Tilskott til beredskap i kornsektoren, kan overførast

11

72

Erstatningar, overslagsløyving

270

73

Tilskott til erstatningar m.m. ved tiltak mot dyre- og plantesjukdommar, overslagsløyving

17 593

75

Kompensasjon til dyreeigarar som blir pålagd beitenekt

117

Sum kap. 1143

354 453

Statens landbruksforvaltning blei slått saman med Statens reindriftsforvaltning 1.7.2014 til Landbruksdirektoratet. Det blei ikkje gjort endringar i poststrukturen for 2014, og Landbruksdirektoratet belasta difor dei eksisterande postane under kapitla 1143 og 1147. Driftsutgiftene blei frå samanslåinga sett under eitt, og er difor omtala under kap. 1142, post 01. Postane 60, 72, 73 og 75 er vidareførte under kap. 1142, postane 60, 72, 73 og 74. Aktiviteten i 2014 er av omsyn til oversikta omtala under kap. 1142.

Kap. 4143 Statens landbruksforvaltning

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsinntekter m.m.

55 771

16

Refusjon av foreldrepengar

907

18

Refusjon av sjukepengar

2 056

Sum kap. 4143

58 734

Kap. 1144 Regionale og lokale tiltak i landbruket

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

77

Regionale og lokale tiltak i landbruket, kan overførast

5 862

4 002

4 118

Sum kap. 1144

5 862

4 002

4 118

Post 77 Regionale og lokale tiltak i landbruket

Formål med løyvinga

Formålet med løyvinga er å:

  • styrkje Fylkesmannen si rolle som kompetansesenter for kommunane

  • bidra til desentralisering av ansvar og myndigheit til kommunane på landbruksområdet

Rapportering 2014

I 2014 blei det nytta 5,9 mill. kroner til kommuneretta arbeid og til arbeid innan miljø- og ressursforvaltning over kap. 1144, post 77.

Det er brukt midlar for å styrkje dialogen mellom Fylkesmannen og den politiske og administrative leiinga i kommunane innan landbruk, og til kompetansehevande tiltak for den kommunale landbruksforvaltninga.

Kommunane rapporterer på forvaltning av landbruksareal etter jordlova, plan- og bygningslova, konsesjonslova og odelslova gjennom KOSTRA. Det har i 2014 blitt nytta midlar til vidareutvikling og oppfølging av dette rapporteringssystemet. Det blei også løyvd midlar til heving av kompetanse i samfunnsplanlegging via Sekretariat for etter- og vidareutdanning i samfunnsplanlegging (Samplan/SEVS).

Det blei i 2014 løyvd midlar til Fylkesmannen sitt arbeid innanfor rovviltforvaltning, og til å følgje opp EU sitt rammedirektiv for vatn i fylke med mykje arealavrenning. Midlar har også gått til prosjektsamarbeid på landbruksområdet mellom Noreg og Russland. Fylkesmannen i Finnmark har koordineringsansvaret for norsk-russiske landbruksprosjekt.

Samarbeidet med KS blei i 2014 vidareført gjennom prosjektet Landbruk som en aktiv del av lokal samfunnsutvikling. Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet starta i 2013 eit prosjekt for å styrkje den samla kompetansen i kommunane innanfor plan, miljø og landbruk. I samband med dette er det også i 2014 gitt støtte til eit pilotprosjekt i Sør-Trøndelag for å styrkje plan-, miljø- og landbrukskompetansen i kommunane i fylket.

Budsjettframlegg 2016

Departementet gjer for 2016 framlegg om ei løyving på 4,118 mill. kroner. Det vil for 2016 bli sett av midlar til fylkesmannen si samhandling og dialog med kommunane på landbruksområdet. Det blir teke sikte på å vidareføre støtta til fylkespilot for å styrkje plan-, miljø- og landbrukskompetansen i kommunane i Sør-Trøndelag.

Løyvinga til Sekretariat for etter- og vidareutdanning i samfunnsplanlegging (Samplan/SEVS) og midlar til oppfølging og drift av rapporteringssystemet KOSTRA vil bli vidareført.

Det vil også bli løyvd midlar til prosjektsamarbeidet på landbruksområdet mellom Noreg og Russland, som Fylkesmannen i Finnmark koordinerer.

Kap. 1147 Statens reindriftsforvaltning

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter

48 294

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

4 223

70

Tilskott til fjellstover

720

71

Omstillingstiltak i Indre Finnmark, kan overførast

5 560

82

Radioaktivitetstiltak, kan overførast

532

Sum kap. 1147

59 329

Statens reindriftsforvaltning blei slått saman med Statens landbruksforvaltning 1.7.2014. Det blei ikkje gjort endringar i poststrukturen for 2014, og Landbruksdirektoratet belasta difor dei eksisterande postane under kapitla 1143 og 1147. Driftsutgiftene blei frå samanslåinga sett under eitt, og er difor omtala under kap. 1142, post 01. Postane 45, 70, 71 og 82 er vidareførte under kap. 1142, postane 45, 70, 71 og 80. Aktiviteten i 2014 er av omsyn til oversikta omtala under kap. 1142.

Kap. 4147 Statens reindriftsforvaltning

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Refusjonar m.m.

12

16

Refusjon av foreldrepengar

765

18

Refusjon av sjukepengar

89

Sum kap. 4147

866

Kap. 1148 Naturskade – erstatningar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

22

Naturskade, administrasjon, kan overførast

8 000

6 544

71

Naturskade, erstatningar, overslagsløyving

225 450

161 200

182 200

Sum kap. 1148

225 450

169 200

188 744

Post 22 Naturskade, administrasjon

Formål med løyvinga

Stortinget vedtok våren 2014 ny lov om erstatning for naturskadar (naturskadeerstatningslova). Lova vil erstatte gjeldande naturskadelov med unntak av reglane om sikring mot naturskadar og vil tre i kraft 1.1.2017. Landbruksdirektoratet vil ha det administrative ansvaret for statens naturskadeordning også etter den nye lova. Handsaminga av skadesakene vil skje etter ein rein forvaltningsmodell. Dette vil krevje utvikling av nytt sakshandsamingsverktøy og løyvinga skal brukast til dette.

Budsjettframlegg 2016

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 6,544 mill. kroner. Midlane vil bli tildelte Landbruksdirektoratet.

Post 71 Naturskade, erstatningar

Formål med løyvinga

Statens naturskadeordning gir erstatning for dei naturskadane det ikkje er mogleg å forsikre seg mot gjennom ei alminneleg forsikringsordning og løyvinga skal nyttast til å dekkje desse utgiftene. Fram til den nye naturskadeerstatningslova trer i kraft vil ordninga vere organisert etter dagens lov med eit styre og ei ankenemnd. Landbruksdirektoratet er sekretariat for styret og ankenemnda, og førebur sakene for styret og ankenemnda og gjer etterarbeidet som følgjer av vedtaka. Direktoratet har også det administrative ansvaret for ordninga. Styret og direktoratet skal sørgje for at krav om erstatning for naturskadar blir handsama raskt og forsvarleg. Direktoratet skal dessutan raskt kunne setje inn ein målretta og utvida innsats når naturkatastrofar oppstår.

Rapportering 2014

I 2014 blei det handsama 2 114 krav om erstatning med samla skadetakst på 263,8 mill. kroner. Totalt utgjorde utbetalingane 215,8 mill. kroner. I tillegg blei det utbetalt 8,5 mill. kroner til dekning av takseringskostnader og FoU-tiltak. Størstedelen av erstatningsvedtaka i 2014 skreiv seg frå naturskadehendingar i 2013 og 2014. Dei mest omfattande av desse hendingane var flaumen i Midt-Gudbrandsdal og fleire stormar som særleg gjorde stor skade langs kysten frå Vestlandet og nordover.

Budsjettframlegg 2016

Klimaframskrivingar viser at vi i Noreg må rekne med meir ekstremvèr. Med ei slik utvikling kan det bli fleire og meir omfattande naturskadar i åra framover. Dei som blir råka av naturskade har på visse vilkår rett til erstatning etter lova. Posten dekkjer erstatningar i samsvar med naturskadelova. I tillegg blir det dekt rettferdsvederlag, utgifter til mellom anna taksering av skadar, og nødvendige utgifter til ekstrahjelp og utvikling av IKT-system for erstatningsordninga.

Erstatninga blir utbetalt etter at skaden er utbetra. Fristen for utbetring er tre år, og dette verkar inn på den årlege utbetalinga. Styret skal gi ei rask og forsvarleg handsaming av krav om erstatning som er heimla i naturskadelova. Landbruks- og matdepartementet følgjer opp ordninga på bakgrunn av mellom anna styringsdialog, rapportar og informasjon om økonomi.

Styret kan totalt gi tilsegn for inntil 2 mill. kroner til forskingsprosjekt, informasjonstiltak og andre aktivitetar som bidreg til å redusere skadeverknadene av framtidige naturulykker, eller å auke effekten av dei ressursane som blir nytta på naturskadeområdet.

Etter naturskadelova kan det bli sett som vilkår for utbetaling av erstatning at skaden blir utbetra på ein slik måte at faren for naturskade minkar. Dette gjeld både utbetringar på skadeobjektet og gjennomføring av mindre sikringstiltak som er knytt til skadeutbetringa. For slike sikringstiltak kan ein også over denne posten gi tilskott på maksimalt 30 000 kroner per sak til den skadelidne til dekning av desse meirkostnadene.

Løyvinga skal dekkje innfriing av både nye tilsegner og uteståande tilsegner frå tidlegare år.

Trysil og delar av Gudbrandsdalen opplevde vårflaum i mai 2014. I august same året blei Rogaland ramma av flaum og jordskred etter kraftig lokal nedbør, mens store nedbørsmengder i oktober førte til flaum på Vestlandet der Odda, Aurland, Lærdal og Voss blei særleg ramma. Erstatningssakene etter desse naturskadehendingane vil føre til at behovet for løyving for 2016 vil vere større enn for eit gjennomsnittsår.

Ut frå dette gjer departementet framlegg om ei løyving på 182,2 mill. kroner og ei tilsegnsfullmakt på 63,9 mill. kroner for 2016, jf. Tabell 2.7 og forslag til vedtak IV.

Tabell 2.6 Tilsegnsfullmakt naturskadeerstatningar i 2016

(mill. kroner)

Ansvar per 1.1.2015

118,9

+

Forventa tilsegn i 2015

135,0

=

Sum

253,9

-

Forventa erstatningsutbetalingar 2015

164,8

=

Ansvar per 31.12.2015

89,1

+

FoU-tilskott, takseringskostnader o.a.

7,0

+

Forventa nye tilsegn i 2016

150,0

=

Sum

246,1

Forslag til løyving i 2016

182,2

Tilsegnsfullmakt i 2016

63,9

Kap. 1149 Verdiskapings- og utviklingstiltak i skogbruket

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

51

Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket

3 497

3 592

3 678

71

Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket, kan overførast

39 030

42 444

43 675

72

Tilskott til auka bruk av tre, kan overførast

30 325

26 680

73

Tilskott til skog-, klima- og energitiltak, kan overførast

13 507

3 970

41 664

74

Tiltak for industriell bruk av biomasse, kan overførast

500

2 665

2 742

Sum kap. 1149

86 859

79 351

91 759

Post 51 Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket

Formål med løyvinga

Bakgrunnen for opprettinga av Utviklingsfondet for skogbruket var ein avtale mellom Finansdepartementet og Skogbrukets Arbeidsgiverforening om kompensasjon for opphevinga av refusjon for bensinavgift ved bruk av motorsag i skogbruket.

Vedtektene for Utviklingsfondet for skogbruket blei fastsette ved kgl. res. datert 25.2.1977, med endringar sist av 4.12.2014. Fondet skal støtte opp om forsking, utvikling, informasjon og opplæring innanfor skogbruket. I styret for fondet er offentleg forvaltning og private organisasjonar innanfor skogsektoren representerte. Landbruksdirektoratet er sekretær for fondet.

Rapportering 2014

I 2014 blei fondet styrkt med 3,497 mill. kroner, og det blei gitt tilskott på 3,870 mill. kroner til elleve prosjekt og eit reisestipend.

Budsjettframlegg 2016

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 3,678 mill. kroner for 2016. Midlane frå fondet vil i første rekkje bli retta mot brukarretta FoU-verksemd med klare problemstillingar og mål. Fondet skal bidra til prosjekt som utviklar og styrkjer skogbruket som ei rasjonell, økonomisk og berekraftig næring.

Post 71 Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket

Formål med løyvinga

Regjeringa vil leggje til rette for å styrkje bidraget frå skogen til verdiskaping i heile landet og utvikle dei positive nærings-, energi- og klimabidraga frå skogen. Dette føreset at ein større del av det produktive skogarealet som kan drivast lønsamt, blir teke aktivt i bruk, med omsyn til mellom anna auka hogst, hausting av biobrensle og oppbygging av ny skog. Ein hensiktsmessig infrastruktur, frå skog til industri og vidare til marknadene, er avgjerande for at skogsektoren skal kunne drive konkurransedyktig næringsverksemd, og på denne måten vidarefører sektoren som ei viktig næring for distrikta og landet. Løyvinga skal bidra til modernisering og vidareutvikling av infrastruktur for transport, samt andre verdiskapingstiltak i skogbruket.

Rapportering 2014

Det blei i 2014 nytta 1,5 mill. kroner til arbeidet med ein strategi for auka konkurranseevne i skogsektoren – Skog22. Rapporten frå strategigruppa blei levert i januar 2015.

Skog22-rapporten inneheld fleire råd om korleis næringa skal nå måla som er satt i strategien, og peiker samstundes på at konkurransedyktige rammevilkår er nødvendig for å leggje til rette for auka verdiskaping og sysselsetting frå bruk og foredling av norske skogressursar. Rapporten viser at skog- og trenæringa har store moglegheiter til å styrkje verdiskapinga. Næringa har sett som eit langsiktig mål å firedoble verdien av omsetnaden innan 2045.

Skog22 viser at skog- og trenæringa kan bidra til eit grønt skifte i norsk økonomi, og innspela frå Skog22 vil bli vurderte i regjeringa sitt arbeid med å betre konkurransekrafta for norske arbeidsplassar, den kommande bioøkonomistrategien og den nye meldinga til Stortinget om skog- og trenæringa i Noreg.

Det blei løyvd 10 mill. kroner til infrastrukturtiltak i skogbruket i 2014. Desse midlane må sjåast i samanheng med midlar til same formålet over kapittel 1150, post 50.

Det er ei overordna målsetjing å flytte ein større del av godstransporten frå veg til bane og båt. Løyvinga til tømmerkaiar var på 22,4 mill. kroner i 2014, i tillegg kom nokre overførte midlar frå året før. Det blei løyvd totalt 22,9 mill. kroner i tilskott til to tømmerkaiar i 2014. Desse er lokalisert til Herre i Telemark og Søndenåneset i Rogaland.

Budsjettframlegg 2016

Frå posten vil det bli gitt tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket med vekt på tiltak som kan bidra til å redusere transportkostnadene i skogsektoren.

Behova for investeringar i infrastruktur er store over heile landet, men utfordringane er ulike i kyst- og innlandsfylka. Mykje av den skogen som i dag er hogstmoden eller eldre produksjonsskog, står langt frå veg eller i bratt og vanskeleg tilgjengeleg terreng. Dette gjeld særleg i mange av kystfylka. I innlandsfylka er rundt 75 pst. av skogsvegane meir enn 25 år gamle. Mange av desse vegane, med mellom anna bruer og snuplassar, treng opprusting for å tene dei transportbehova og dei krava som moderne transportutstyr stiller i dag. Kommunale hovudplanar for skogsvegar er eit godt verktøy for å vidareutvikle skogsvegnettet. Tilskott til investeringar i nybygging og ombygging av skogsvegnettet er eit målretta og prioritert tiltak for ein aktiv skogforvaltning, med auka hogst og meir kostnadseffektiv tømmertransport på større delar av det produktive skogarealet. Desse investeringane vil også bidra til betre klimatilpassing av vegnettet i skogbruket, gjennom tiltak som reduserer faren for flaum, erosjon og lausmasseskred ved kraftig nedbør.

Endringar i avsetnaden av virke og marknadene for tømmer og treprodukt dei siste åra har gjort tilgangen til kai og sjøtransport viktig, også i etablerte skogområde på Sør- og Austlandet. Ein tenleg kaistruktur langs kysten er avgjerande for å sikre både kostnadseffektive leveransar av trevirke til foredlingsindustri i Noreg og produktflyt til marknader nasjonalt og internasjonalt. Dette vil vere positivt for sysselsetjing og verdiskaping. Satsinga på infrastrukturtiltak er i tråd med tilrådingar frå Skog22 for å effektivisere transportarbeidet og styrkje konkurransekrafta i skognæringa.

Departementet vil vidareføre satsinga på infrastruktur i skogbruket, og gjer framlegg om ei løyving på denne posten på 43,675 mill. kroner for 2016.

Departementet viser til at midlar til infrastruktur mellom anna går til veg- og kaiprosjekt som det kan ta fleire år å realisere, og at dette kan innebere utfordringar i budsjetteringa av utbetalingane kvart enkelt år. For å sikre ei effektiv forvaltning og god økonomistyring er det aktuelt å sjå nærare på organisering av fullmaktene for forvaltning av midla.

Post 72 Tilskott til auka bruk av tre

Formål med løyvinga

Auka bruk av tre er eit viktig tiltak både i nærings- og klimasamanheng. Tre utgjer framleis ein liten del av materialbruken innan bygg- og anleggsbransjen, særleg i byar og tettstader der den største delen av byggjeaktiviteten skjer.

For at tre i aukande grad skal brukast i byar og tettstadar, er det behov for auka produktutvikling og kompetansebygging som gjer det rasjonelt og sikkert å byggje trehus i fleire etasjar. Slik bruk av tre krev utvikling av nye industrielle løysingar. Utvikling av konkurransedyktige løysingar på dette området kan gi auka verdiskaping og energi- og klimagevinstar. Det er departementet sitt syn at slik produktutvikling i aukande grad må vere næringa sitt eige ansvar understøtta av dei ulike støtteordningane Innovasjon Noreg og andre verkemiddelaktørar forvaltar.

Rapportering 2014

Verkeområdet for programmet ligg innanfor alle dei tre delmåla til Innovasjon Noreg (IN), men det er retta ein ekstra innsats mot vekst i bedrifter og forprosjekt med stor grad av innovasjon og nyskaping.

Løyvinga til programmet var på 25 mill. kroner i 2014. I tillegg blei det overført frå tidlegare år 7,4 mill. kroner slik at samla beløp til formålet i 2014 var på 32,4 mill. kroner. Totalt forbruk var på vel 29 mill. kroner. Totale utgifter til administrasjon var 4,6 mill. kroner.

Aktiviteten i programmet har vore stor også i 2014. I 2014 har ein i aukande grad i tillegg nytta andre verkemiddel til formålet i IN, som distriktsvise utviklingsmidlar, nettverksmidlar, miljømidlar.

Den relative delen av bedriftsretta prosjekt samanlikna med bransjesaker har auka og i 2014. I tillegg har finansiering av mobiliseringsaktivitetar auka i 2014. I samsvar med Landbruks- og matdepartementet sitt oppdragsbrev er den ekstra innsatsen for å styrkje tre som byggjemateriale i byar og bruk av tre innanfor samferdselsektoren vidareført. Dette er blitt gjort gjennom eigne nasjonale mobiliseringsprosjekt som no har bidrege til ei rekkje innovative forbilde- og leverandørutviklingsprosjekt.

Arbeidet med formidling av resultat blei styrkt i 2014. Mange oppslag i media om konkrete prosjekt har synleggjort nye bruksområde for tre. Programmet har vore heilt avgjerande for mange prosjekt der nye løysingar med bruk av tre har vore krevjande. Det er og gjort eit arbeid som skal dokumentere og synleggjere resultat frå arbeidet i programmet. Dette arbeidet blei avslutta sommaren 2015.

Fleire sentrale aktørar i byggmarknaden er no med i utviklingsprosessar som vil kunne bidra til auka bruk av tre i tida framover. Det er også viktig at forbildeprosjekta no i aukande grad bidreg til at løysingane blir repetert i nye bygg. Studenthybelbygg er eit godt døme på dette. Det er også eit aukande tal prosjekt knytt til utvikling av industrialiserte prosessar som til dømes system- og modulbygg. Programmet har lagt eit godt grunnlag for at private aktørar kan drive arbeidet med å auke bruken av tre vidare.

Budsjettframlegg 2016

Departementet gjer ikkje framlegg om ei eiga løyving til auka bruk av tre i 2016. Det er naturleg at næringa – etter 15 år med offentleg innsats gjennom Trebasert Innovasjonsprogram og tidlegare ordningar – no sjølv tar hand om utvikling av verdikjeda og nye produkt som kan styrkje lønsemda og konkurranseevna i næringa. Departementet legg til grunn at det framleis vil vere rom for å gi støtte til innovative prosjekt som fremjar bruken av tre som bygningsmateriale gjennom andre program i Innovasjon Noreg. Departementet legg også til grunn at næringa og IN vil arbeide tett saman for å utnytte slike ordningar til beste for næringa og auka bruk av tre.

Post 73 Tilskott til skog-, klima- og energitiltak

Formål med løyvinga

Regjeringa vil styrkje dei klimapolitiske målsetjingane i forvaltninga av skog. Skogen i Noreg har eit årleg opptak av CO2 som svarar til meir enn halvparten av dei samla norske utsleppa av klimagassar. Skogtiltaka i klimaforliket samsvarer godt med konklusjonane kring skog i klimapanelet sin siste hovudrapport. Med bakgrunn i klimaforliket legg regjeringa opp til å føre ein aktiv berekraftig skogpolitikk gjennom tiltak som skal bidra til å auke karbonlageret i skogen. Skogplanting, gjødsling av skog og skogplanteforedling vil ha direkte innverknad på framtidig opptak og lagring av karbon i norske skogar. Samstundes skal skogressursane bli nytta til å produsere meir fornybar energi og byggjematerialar av tre for å redusere utsleppa av klimagassar. Skogtiltak er blant dei mest kostnadseffektive klimatiltaka, og har samstundes ein positiv effekt for næringa.

Foredling av skogplantematerialet gir auka vekst og betre kvalitet og er eit viktig tiltak i skogpolitikken. Forsking viser at bruk av foredla materiale kan auke karbonopptaket i skogen med meir enn 20 pst. Skogplanteforedling er difor også eit viktig klimapolitisk tiltak, både for å auke opptaket av karbon i skog, og for tilpassing av skogen til endra klima.

Rapportering 2014

For 2014 blei det avsett 6 mill. kroner til ordninga for tilskott til investeringar i flisproduksjonsutstyr. Talet på prosjekt som fekk tilskott blei halvert samanlikna med 2013, og den samla løyvinga var på 3,2 mill. kroner. Dette har samanheng med at ordninga med tilskott til produksjon av skogsflis blei avvikla frå 2014. Innovasjon Noreg har i 2014 prioritert tilskott til lagertak for flis for å sikre kvaliteten til flisa som brenselråstoff.

Det blei i 2014 gitt ei ekstraløyving på 3,97 mill. kroner til Stiftelsen Det norske Skogfrøverk for å styrkje skogplanteforedlinga. Skogplanteforedling har som mål å betre evna skogen har til å tilpasse seg eit endra klima, og for å auke opptaket av CO2 og dermed lageret av karbon i norske skogar. Foredling gir auka vekst og betre kvalitet på trea, og gir eit viktig insentiv for skogeigarane. Av desse midlane gjekk om lag 1 mill. kroner til langsiktige foredlingsoppgåver i samarbeid med Norsk institutt for skog og landskap.

Budsjettframlegg 2016

Løyvinga til Skogfrøverket frå kap. 1139, post 71, blir frå 2016 flytta til kapittel 1149 post 73. Dette vil gi ein meir heilskapleg framstilling av det offentlege engasjementet i skogfrøforsyninga.

Stiftelsen Det norske Skogfrøverk skal sikre forsyninga av skogfrø i Noreg. Frøforsyning i tilstrekkeleg mengde og av god nok kvalitet er viktig for oppbygginga av ny skog. Skogfrøverket utførar desse oppgåvene i samsvar med ein avtale om forvaltningsoppdrag frå 1995. Oppgåvene omfattar kontrolloppgåver etter forskrift om skogfrø og skogplanter, produksjons- og utviklingsoppgåver og informasjons- og opplæringstiltak knytt til anlegg for frøproduksjon. Skogfrøverket har førebudd arbeidet med nødvendig fornying av skogfrøplantasjar etablert på 1960- og -70-talet gjennom etablering av andre generasjon frøplantasjar basert på det beste materialet frå plantasjane.

Fornying av skogfrøplantasjar dei neste 10 åra er avgjerande for å halde oppe produksjonen av foredla frø som i dag. Det er også ønskjeleg at større delar av landet får tilgang til foredla frø gjennom etablering av nye frøplantasjar. Som del av ei satsing på planteforedling og fleire frøplantasjar, er det og behov for midlar til ei større modernisering av lokalane til Skogfrøverket i tida framover.

Departementet vil difor vidareføre arbeidet med langsiktig skogplanteforedling og utviklinga av Skogfrøverket.

Regjeringa vil i 2016 starte oppfølginga av klimaforliket innanfor skogsektoren på fleire område. Til saman blir det sett av 33 mill. kroner til tettare planting ved forynging av skog, gjødsling av skog og til styrking av skogplanteforedlinga. Midlane blir fordelt til etablering av ei tilskottsordning for tettare planting etter hogst, på eksisterande skogareal. Formålet er å auke karbonopptaket i skogen. Tilskottet skal dekkje skilnaden mellom det som er optimal plantetettleik ut frå ein bedriftsøkonomisk ståstad og det som er optimalt i ein klimasamanheng. Tiltaket kan bidra til opp mot 1,5 mill. tonn auka årleg opptak av CO2 i eit hundreårsperspektiv. Departementet vil også innføre eit tilskott til gjødsling av skog. Ein har erfaring for at skogeigarane i liten grad gjødsler skogen. Gjødsling bidreg til auka vekst og dermed auka karbonopptak. Dette er det tiltaket i skogen som gir raskast gevinst, og etter 10 år er det berekna eit potensial for auka opptak kring 0,1-0,3 mill. tonn CO2. Regjeringa vil styrkje arbeidet med skogplanteforedling, og forsere etableringa av nye plantasjer, slik at ein utnytter potensialet for auka volumproduksjon gjennom bruk av foredla frø. Auka dekning av foredla frø, kan potensielt gi 20 pst. auka volumproduksjon og eit auka CO2-opptak anslått til 1,4 mill. tonn årleg i eit langsiktig perspektiv. Samstundes vil ein sikre at det blir nytta trær som er betre tilpassa framtidige klimaendringar. Klimatiltaka i skog vil motverke trenden ein ser framover med lågare samla tilvekst, og dermed styrkje ressursgrunnlaget – og grunnlaget for verdiskaping, for skog- og trenæringa i eit langsiktig perspektiv.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 41,664 mill. kroner på denne posten.

Post 74 Tilskott til industriell bruk av biomasse

Formål med løyvinga

Eit mest mogleg omstillingsdyktig og tilstrekkelig diversifisert næringsliv vil vere avgjerande for å sikre norsk konkurransekraft og framtidige arbeidsplassar. Landbruks- og matdepartementet ser eit stort potensial i å stimulere til vidareutvikling av produksjonsprosessar og ny næringsverksemd med utgangspunkt i fornybar biomasse frå primærnæringane.

Avansert teknologi gjer det mogleg å foredle råvarer frå primærnæringane, som til dømes trevirke, husdyrgjødsel og bipodukter frå slakteri- og fiskeforedling, til eit vidt spekter av verdifulle produkt som ingrediensar, kjemikaliar, materiale og energi. Det er mellom anna mogleg å auke bruken av fornybar biomasse, til dømes trevirke, som erstatning for meir ressurskrevjande eller oljebaserte produkt.

I Skog22 er det peika på at det er store moglegheiter for å gjere meir med trevirke enn det ein klarar i dag. Departementet ser mellom anna eit stort potensial i alternativ bruk av trevirke med sikte på utvikling av nye produkt og produksjonsmetodar. Ved å leggje til rette for ny næringsverksemd basert på skogressursane, vil ein finne nye marknader for trevirke og auke verdien av tømmeret. Dette vil vere viktig for å auke aktiviteten i skogbruket i tråd med måla for skogpolitikken.

Rapportering 2014

Innovasjon Noregs Bioraffineringsprogram blei starta i 2013, og det blei i 2014 løyvd 5 mill. kroner til programmet over Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett. Midlane har, mellom anna, gått til mobilisering og bevisstgjering av næringslivet om nye moglegheiter knytt til bruk av nye råvarer og ny teknologi for foredling. Samla tilskott frå Bioraffineringsprogrammet til bedriftsleda forsking og utvikling var 20,275 mill. kroner over budsjetta til Landbruks- og matdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Av dette var drygt 25 pst. retta inn mot landbrukssektoren.

Budsjettframlegg 2016

Bioraffineringsprogrammet har som mål at fleire norske bedrifter skal ta marknadsposisjonar innan prosessering av fornybare bioråvarer til ingrediensar, materialar og kjemikaliar.

Bioraffineringsprogrammet kan bidra til å lette kommersialiseringa og kan gi større økonomisk utbytte av dei investeringane som er gjort i forsking i seinare år. Programmet skal gi tilskott til å utvikle teknologi, demonstrasjonsanlegg, produkt, nettverk og marknadskunnskap og kunne tilby risikoavlastning.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 2,742 mill. kroner for 2016.

Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter

2 795

12 500

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

12 500

50

Fondsavsetningar

1 301 547

1 205 653

1 203 053

70

Marknadsregulering, kan overførast

240 507

256 500

291 600

71

Tilskott til erstatningar m.m., overslagsløyving

84 278

49 100

43 000

73

Pristilskott, overslagsløyving

2 465 222

2 500 607

2 870 180

74

Direkte tilskott, kan overførast

8 397 491

8 421 110

8 139 710

77

Utviklingstiltak, kan overførast

267 063

263 080

246 880

78

Velferdsordningar, kan overførast

1 589 336

1 597 754

1 582 454

Sum kap. 1150

14 348 239

14 306 304

14 389 377

Formål med løyvingane

Kap. 1150 og kap. 4150 om jordbruksavtalen er basert på at jordbruket har forhandlingsrett med staten om prisar, tilskott og andre reglar for produksjon og omsetnad innanfor jordbruket. Ordningane under jordbruksavtalen er nokre av dei viktigaste verkemidla for å følgje opp måla og retningslinene i landbrukspolitikken.

For mange av postane er det underpostar der løyvinga er styrt av satsar per eining og omsøkt volum. Volumet på dei enkelte underpostane vil variere frå år til år. Difor ser departementet det som naturleg at eit auka behov for midlar på ein underpost kan dekkjast inn med unytta midlar på ein annan underpost under løyvinga på same posten.

Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. skal bidra til at måla for landbruks- og matpolitikken blir nådd. For meir om måla i jordbrukspolitikken for kommande budsjettperiode, sjå omtalen av dette i innleiinga i denne proposisjonen.

Fleire faktorar, som klima, topografi, at produksjonen etter internasjonale mål skjer i ein småskalastruktur og norsk pris- og kostnadsnivå generelt, bidreg til at jordbruket i Noreg har eit høgt kostnadsnivå. Difor er mange av dei økonomiske verkemidla retta inn mot å sikre lønsam produksjon over heile landet, og for å stimulere til god agronomi og berekraftig produksjon. Mange av tilskottsordningane verkar mot fleire av måla samstundes. Det gjeld mellom anna tilskott som skal sikre det økonomiske grunnlaget for produksjon og velferd for næringsutøvarane. Verkemiddel som er meir målspesifikke vil også kunne påverke andre mål. Dette gjer at resultatmåling som følgje av eit konkret tiltak eller tilskott ikkje gir nokon fullgod informasjon.

Tilpassing til økonomiregelverket i staten

Av både budsjettekniske omsyn og av omsyn til verkemåten til dei ulike økonomiske verkemidla, kan ein ikkje vurdere hovudmåla post for post på budsjettkapitlet. Difor er det heller ikkje mogleg å ha ei isolert særeigen resultatrapportering på enkelte ordningar. Verkemidla under jordbruksavtalen skal samla sett gje rammevilkår som gir ei god måloppnåing både for næringa og samfunnet.

Det er behov for tilpassingar når det gjeld normal prosedyre for tilskottforvaltning. I omtalen under dette kapitlet gjer departementet årleg greie for hovudtrekka i tilpassingane for ulike ordningar, samt bruken av ulike aktørar i forvaltninga av ordningane.

Marknadsregulering og pristilskott/frakttilskott

Tilskott til produsert volum, til marknadsregulering og til frakt blir dekte over fleire ordningar under kap. 1150, postane 70 og 73, i nokon grad også under post 77. Satsane er baserte på fastsette kriterium, som produktgruppe, levert volum, distrikt m.m. Grunnlaget for tilskotta som blir utbetalte til produsentane via eit omsetnadsledd, vil normalt vere det same som grunnlaget for oppgjeret mellom omsetnadsledd og produsent. Ordningane utgjer ein del av avtalesystemet med fleire mål og verkemiddel som verkar samstundes mot dei same måla. Resultatrapporteringa skjer difor samla basert på rapportering frå Budsjettnemnda for jordbruket i samband med den årlege proposisjonen om jordbruksavtalen. Rapporteringa blir i tillegg supplert av vurderingsrapportar og statusnotat frå heile forvaltninga som grunnlag for å vurdere korleis dei enkelte ordningane verkar.

Tilskott som blir utbetalte via eit omsetnadsledd avvik også frå normalprosedyren ved at tilskottsmottakarane normalt ikkje søkjer om tilskottet. Storleiken på tilskotta er ei direkte følgje av levert vare til omsetnadsleddet. Omsetnadsledda gjer ikkje eigne vurderingar ved forvaltninga av tilskotta. Dei blir difor ikkje rekna som tilskottsforvaltarar, men som medhjelparar. Vidare blir det ikkje sendt eigne tilskottsbrev til produsentane. Tilskottsbeløpet går normalt fram av avrekninga for kvar leveranse. Det blir heller ikkje kravd rapport, og det blir ikkje utført kontroll hos tilskottsmottakarane (produsentane) fordi tilskottet blir gitt mot levert vare. Nødvendig kontroll blir sikra ved kontroll hos omsetnadsledda som leverer grunnlaget for utbetalingane og som formidlar tilskottet til den enkelte produsenten. Samla sett verkar dette til ei kostnadseffektiv forvaltning av ordningane.

Direkte tilskott og tilskott til velferdsordningar m.m.

Desse ordningane ligg under jordbruksavtalen kap. 1150, postane 74 og 78. Også under post 77 har ein slike ordningar. Dei direkte tilskotta er baserte på objektive kriterium som talet på dyr, areal, produksjonstype, mengd og distrikt. Satsane står i forhold til løyvd beløp og prioriteringar mellom ulike produksjonstypar, produksjonsomfang og lokalisering av driftseiningane. Velferdsordningane består i hovudsak av refusjon av utgifter til avløysing for sjukdom og ferie/fritid. Ein står her overfor same problemstillinga når det gjeld målformulering og kriterium for måloppnåing som for tilskott til marknadsregulering, pris og frakt, sjå ovanfor. For ordningane med direkte tilskott og velferdsordningar, vil resultatrapporteringa også i hovudsak finne stad i rapporteringa i samband med proposisjonen om jordbruksoppgjeret. Det er heller ikkje for denne gruppa av ordningar aktuelt å hente inn rapport frå tilskottsmottakarane. Det gjelder også ordninga med tilskott til veterinære reiser der tilskott blir utbetalt etter søknad om refusjon av utgifter som allereie er påløypt. Det kan da ikkje stillast vilkår for kva midlane skal nyttas til, eller krevje rapportering om bruken av midla.

Kollektive overføringar

På enkelte område er det administrativt meir effektivt å overføre tilskott samla frå departementet og/eller Landbruksdirektoratet og direkte til ein felles mottakar framfor først å utbetale tilskott til kvar produsent som igjen betalar inn til same sluttmottakar. Den auka godtgjersla i sjukepengeordninga for bønder er finansiert gjennom ei kollektiv overføring frå jordbruksavtalen til folketrygdfondet. Ei anna kollektiv overføring er innbetaling av omsetnadsavgift for frukt og grønt på post 70. Oppfølginga av desse ordningane vil vere å føre over løyvde beløp til rett mottakar. I tillegg må ein med mellomrom vurdere om ordningane verkar som føresett, og om overføringane gir eit rett uttrykk for reelle utgifter.

Tilskott til skogkultur og miljøtiltak

Tilskott til skogkultur og miljøtiltak som skal utbetalast med heimel i forskrift om nærings- og miljøtiltak i skogbruket, blir utbetalte som ein refusjon av dokumenterte utgifter basert på ein søknad sendt kommunen etter at tiltaket er gjennomført. Det blir ikkje søkt om tilsegn på førehand, og kommunens tilskottsbrev inneheld ikkje spesifikke vilkår om kva tilskottet skal nyttast til eller om rapporteringskrav.

Kommunane utarbeider retningsliner for prioritering av tilskotta. Årlege kunngjeringar inneheld informasjon om kva for tiltak som er rettkomne for tilskott og om den maksimale delen av tiltaket som tilskottet dekkjer. Kontroll av at tilskottet skjer ved søknadshandsaminga. Ved avgrensa løyvingssramme kan tilskottsdelen bli redusert. Den delen av tiltakskostnaden som ikkje blir dekt av tilskott kan dekkast av skogfondsmidla til skogeigaren. Det dreier seg årleg om mange tusen tiltak, og tilskottsbeløpa er ofte relativt små. Rapporteringskravet blir dekt ved at spesifiseringa av tiltaket er registrert i Landbruksdirektoratets fagsystem for skogtiltak

Forvaltning

Hovuddelen av tilskottsforvaltninga er delegert til Landbruksdirektoratet. Størsteparten av dei administrative kostnadane til forvaltning av tilskottsordningane blir direkte dekte innanfor løyvingane over kap. 1142, til fylkesmennene over Kommunal- og moderniseringsdepartementets kap. 525 og til kommunane gjennom rammetilskottet frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Frå 2013 blei det etablert ei særskilt løyving på kap. 1150, post 01 som skal dekkje kostnader i samband med utgreiingar i arbeidsgrupper og evalueringar. Det er ut frå erfaring usikkerhet knytt til kva for eit år disse kostnadane kjem til betaling. Departementet gjer difor framlegg om at løyvinga blir gjort overførbar på varig basis, og at midlane til formålet for 2016 blir løyvde over post 21.For å kunne ha nødvendig fleksibilitet, kan det likevel fortsett vere aktuelt å trekkje nokre utviklings- og utgreiingskostnader på enkelte av tilskottsordningane.

På nokre område skjer forvaltninga av tilskott gjennom organ som ikkje er ein del av statsforvaltninga. Dette gjeld særleg Innovasjon Noreg. Kommunane er førstelinemyndighet for dei fleste økonomiske verkemidla på landbruks- og matområdet, og omsetnadsledda har som nemnt ovanfor, ei medhjelparrolle i utbetalinga av tilskott til produsentane. I samband med ikkje-statleg tilskottsforvaltning har departementet klargjort ansvar og oppgåver for desse aktørane. På nokre område er det fastsett at eit oppnemnd styre, utval eller råd, skal tildele tilskottsmidlar, mens Landbruksdirektoratet er sekretariat og har ansvar for alle dei andre forvaltningsoppgåvene. I desse samanhengane er det departementet si vurdering at tilskottsforvaltninga framleis skjer innanfor statsforvaltninga.

Departementet og forvaltninga arbeider kontinuerleg med å få eit så velfungerande kontrollsystem som mogleg. Det blir arbeidd med å styrkje fylkesmennene sin kontrollfunksjon på landbruksområdet, og det blir mellom anna stilt krav til fylkesmannsembeta om at det kvart år skal utarbeidast ein risikobasert kontrollplan og bli gjennomført forvaltningskontroll av kommunar og føretakskontroll. Når det gjeld kompetanse i landbruksforvaltninga, har fylkesmannen og Landbruksdirektoratet ein kontinuerleg oppfølging gjennom kontinuerleg rettleiing og rådgiving, kommunebesøk, særskilte kommunesamlingar og kompetansetiltak retta mot dei landbruksansvarlege i kommunane.

Samla sett har det målretta arbeidet med kontroll og oppfølginga av kontroll dei siste fem åra gitt gode resultat, men det er framleis utfordringar knytt til kontroll og vidareutvikling av kontrollsystema i landbruket, spesielt rundt å sikre at kommunane har tilstrekkeleg kompetanse og ressursar og at fylkesmannen og kommunane får ein meir systematisk oppfølging av avvik. Departementet legg til grunn at det er eit kontinuerleg behov for forbetring av kontrollsystema.

Riksrevisjonen har i fleire samanhengar peika på svakheiter knytt til systemet for kontroll med utbetalingar av tilskott over jordbruksavtalen og kommunane si rolle i tilskottsforvaltninga. Landbruks- og matdepartementet deler Riksrevisjonen sitt syn på saka, og vil følgje opp dette området vidare framover.

Rapportering 2014

Dei fire hovudmåla for norsk landbruks- og matpolitikk er matsikkerheit, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk. Ved sidan av å produsere varer og tenester for ein marknad, er norsk landbruks- og matsektor leverandør av ei rekkje fellesgode, dvs. gode som ikkje kan omsettast i ein marknad. Dei fire hovudmåla blir nådde gjennom at landbruket bidreg med produksjon av varer og tenester for ein marknad i kombinasjon med produksjon av fellesgode.

Mål vil i stor grad verke inn på kvarandre gjennom å vere samanfallande og forsterke kvarandre, eller å vere motstridande på kort eller lang sikt. For å oppnå hovudmåla for politikken er mange av dei økonomiske verkemidla retta inn mot å sikre lønsam produksjon over heile landet, og for å påverke måten produksjonen skjer på. Mange av tilskottsordningane er horisontale ordningar, dvs. at dei verkar inn på fleire av måla samstundes. Det gjeld mellom anna tilskott som skal sikre det økonomiske grunnlaget for produksjon og velferd for næringsutøvarane. Verkemiddel som er meir målspesifikke vil også kunne påverke andre mål. Dette gjer at tradisjonell resultatmåling som følgje av eit konkret tiltak eller tilskott ikkje gir fullgod informasjon.

I tilknyting til måla for landbrukspolitikken, som omtalt mellom anna i innleiinga, finst det verkemiddel for å nå fleire av desse, både over jordbruksavtalen og på andre kapittel i budsjettet. Dette omfattar mellom anna økonomiske tiltak retta mot næringsutvikling, busetjing og sysselsetjing, samt verkemidla for mattryggleik m.m. Produksjon av trygg mat er ein grunnleggjande føresetnad også for næringspolitikken i jordbruket, men dei spesifikke verkemidla er i stor grad av ikkje-økonomisk karakter, og dei matpolitiske verkemidla ligg utanfor avtalen. Det finst også fleire juridiske verkemiddel som kan verke mot same mål som dei økonomiske. Saman med at dette er tiltak og rammer for sjølvstendige næringsutøvarar, gjer dette at måloppnåinga ikkje kan bli målt på enkelttiltak, men må gjerast på indikatorar som viser utviklingstrekka i næringa samla sett. For denne resultatrapporteringa, sjå del III.

Jordbruksoppgjeret 2015

Grunnlaget for jordbruksoppgjeret 2015 er Regjeringas politiske plattform og Stortingets handsaming av kap. 1150 og 4150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. i Innst. 285 S (2013–2014) og avtalen mellom regjeringspartia og samarbeidspartia av 28. mai 2014.

Jordbruksavtalen 2014–2015 som blei inngått mellom staten og Norges Bondelag 15. mai, etter at Norsk Bonde- og Småbrukarlag braut forhandlingane, omfattar målprisane for perioden 1.7.2015 til 30.6.2016 samt tilskott som blir utbetalte i 2016.

Avtaleverket for jordbruket har til formål å regulere tiltak som er eigna til å fremje fastlagte mål for jordbruket, og som ikkje er uttømmande regulert ved lov, stortingsvedtak eller forskrift. Resultatet av jordbruksoppgjeret i 2015 blei lagt fram for Stortinget i Prop. 127 S (2014–2015) Jordbruksoppgjøret 2015 – endringer i statsbudsjettet 2015 m.m. den 29. mai 2015, jf. Innst. 385 S (2014–2015).

Budsjettframlegg 2016

I jordbruksoppgjeret blei den samla løyvinga på kap. 1150 auka med 45,0 mill. kroner. Postane 71 og 73 er overslagsløyvingar der satsar og volum styrer løyvingsbehovet. Over ordningane på post 73 er det lagt til grunn eit auka volum som inneber at den samla løyvinga på kap. 1150 blir auka med 38,1 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2015. Samla løyving blir etter det 14 389,4 mill. kroner, mot 14 306,3 i saldert budsjett 2015.

Post 01 Driftskostnader

Formål med løyvinga

Posten var ny frå 2013. Posten blei oppretta for å kunne ha finansiering av kostnader knytt til evalueringar og arbeidsgrupper sett ned av avtalepartane eller vedteke av Stortinget der kostnadene ikkje er direkte relatert til konkrete tilskottsordningar. Frå 2016 gjer departementet framlegg om å flytte midlane til post 21, jf. denne.

Rapportering 2014

Det blei utbetalt 2,8 mill. kroner til driftskostnader, utgreiingar og evalueringar i 2014. Midlane har blitt brukt til gjennomføring av:

  • Implementering av ny innfraktordning for slakt

  • Fagsystema eStil (elektronisk system for tilskottforvaltning i landbruket), PT (produksjonstilskot) og avløysartilskott ved ferie

  • Leveransedatabase for kjøtt og kraftfôr – utvikling

  • Evaluering av tilskott til økologisk landbruk

  • Evaluering av tilskott til avløysing ved sjukdom

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Formål med løyvinga

Posten er ny frå 2015. Formålet med løyvinga er å kunne ha finansiering av kostnader knytt til utvikling av fagsystem, evalueringar og arbeidsgrupper sett ned av avtalepartane eller vedteke av Stortinget der kostnadene ikkje er direkte relatert til konkrete tilskottsordningar.

Budsjettframlegg 2016

I samband med handsaminga av Prop. 28 S (2014–2015) Endringar i statsbudsjettet 2014 under Landbruks- og matdepartementet blei 4,4 mill. kroner av løyvinga til eStil på post 01 flytta til post 21. Bakgrunnen var at prosjektet blei noko forsinka og at utbetalingar for utgreiingar blei forskyvd frå 2014 til 2015.

Post 01 blei oppretta for å kunne ha finansiering av kostnader knytt til evalueringar og arbeidsgrupper sett ned av avtalepartane eller vedteke av Stortinget der kostnadene ikkje er direkte relatert til konkrete tilskottsordningar. Det er ut frå erfaring usikkerhet knytt til kva for eit år disse kostnadane kjem til betaling. Departementet gjer difor framlegg om at løyvinga blir gjort overførbar på varig basis, og at midlane til formålet for 2016 blir løyvde over post 21.

Post 50 Fondsavsetningar

Formål med løyvinga

Midlane over posten blir løyvde til Landbrukets Utviklingsfond (LUF). I tråd med vedtektene til LUF kan fondsmidlane nyttast til tiltak som tek sikte på å styrkje og å byggje ut næringsgrunnlaget på dei enkelte landbruksføretaka. Ordningane under LUF omfattar verkemiddel knytt til næringsutvikling og miljøtiltak, irekna tilskottordningar, program og utviklingsmidlar. Auka verdiskaping er eit av hovudmåla for landbruks- og matpolitikken, og fleire av verkemidla under LUF skal bidra til lønsam utnytting av dei samla ressursane på garden. For ordningane som blir forvalta av Innovasjon Noreg er målsetjingane om fleire gode gründerar, fleire vekstkraftige bedrifter og fleire innovative næringsmiljø sentrale.

Dei regionale bygdeutviklingsprogramma, irekna regionale næringsprogram, regionale miljøprogram og regionale skog- og klimaprogram bidreg til at det blir laga regionale strategiar for verkemiddelbruken.

Rapportering 2014

Departementet viser til Prop. 127 S for ei detaljert omtale av dei enkelte ordningane som er finansierte over LUF. Ordningane det er gitt støtte til kan grovt sett delast inn i åtte område:

  • Bedriftsretta midlar og støtte til Matmerk

  • Tilrettelegging for næringsutvikling

  • Rekrutterings- og kompetansetiltak

  • Forskingsmidlar

  • Skogbruk og bioenergi

  • Kompensasjonstilskott for sanerte geiter innanfor prosjektet Friskere geiter

  • Konfliktførebyggjande tiltak jordbruk/reindrift

  • Verkemiddel innan miljø og økologisk jordbruk

Budsjettframlegg 2016

Med bakgrunn i Prop. 127 S (2014–2015) og Stortinget si handsaming av denne gjer departementet framlegg om ei løyving for budsjettåret 2015 på 1 203,1 mill. kroner under kapittel 1150, post 50.Vel 28,6 mill. kroner av løyvinga for 2015 blir overført til post 73 for å bidra til finansiering av prisnedskriving korn. Løyvingsramma blir fastsett ut frå løyvingsframlegg på kap. 1150, renteinntekter, fondskapitalen, rentestøtte og administrative kostnader. Tabell 2.7 gir ei oversikt over kontantstraumane for fondet i 2015 og 2016. Det er lagt opp til ei belastning av kapitalen i fondet med 220,8 mill. kroner i 2016.

Tabell 2.7 Prognose for kontantstraumar i LUF1

(mill. kr.)

2015

2016

Finansiering:

Løyving kap. 1150 post 50 m.m.

1 205,7

1 203,1

Eingongsoverføring

-28,6

Renteinntekter

19,3

19,4

Andre inntekter

12,0

12,0

Sum finansiering

1 208,3

1 234,5

Utbetalingar:

Utbetaling av tilskott

1 350,9

1 395,8

Rentestøtte

60,0

60,0

Endring i innvilgningsramme ekskl. rentestøtte

-4,0

Andre kostnader

3,5

3,5

Sum utbetalingar:

1 414,4

1 455,3

Endring i fondskapital

-206,1

-220,8

1 Prognosane er baserte på Landbruksdirektoratet sin rekneskapsrapport for LUF 2014, justert med endringar som følgje av jordbruksoppgjeret 2015 og Stortinget si handsaming av Prop. 127 S.

Samla innvilgningsramme i 2016 blir på 1 380,5 ekskl. rentestøtte, jf.Tabell 2.8. Ein vesentleg del av innvilgningsramma for LUF for 2016 er avsett til ordningar som skal stimulere til næringsutvikling i landbruket, irekna særskilt midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket, og Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping. Ordningar knytt til klima- og miljøtiltak utgjer ein annan sentral del av innvilgningsramma til fondet. Tiltak som kan bidra til reduserte klimagassutslepp frå jordbruket blir prioritert i 2016.

Tabell 2.8 Oversikt over innvilgningsramme for LUF 2015–2016 (mill. kroner)

Ordning

2015

2016

Endring 2015–2016

Bedriftsretta midlar til investering og utvikling

528,00

548,00

20,00

Tilrettelegging for næringsutvikling og verdiskaping

Utgreiings- og tilretteleggingsmidlar (fylkesvise)

67,00

60,00

-7,00

Omdømmemidlar (nasjonale)

4,00

0,00

-4,00

Områderetta innsats 1

6,00

6,00

0,00

Rekruttering og kompetanse i landbruket2

30,00

26,00

-4,00

Forsking

53,00

53,00

0,00

Matmerk

52,00

52,00

0,00

Utviklingsprogram for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping

90,00

90,00

0,00

Bioenergiprogrammet

60,00

67,00

7,00

Skogbruk

214,00

214,00

0,00

Friskare geiter- kompensasjonstilskott3

15,00

0,00

-15,00

Midlar til konfliktførebyggjande tiltak jordbruk/reindrift

1,50

1,50

0,00

Utsiktsrydding

0,00

20,00

20,00

Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)4

195,00

175,00

-20,00

Investeringsstøtte organisert beitebruk

9,00

9,00

0,00

Klima- og miljøprogram

18,00

18,00

0,00

Biogass

2,00

2,00

0,00

Støtte til verdsarvområda og utvalde kulturlandskap

9,00

9,00

0,00

Spesialrådgiving energi veksthusnæringen5

1,00

0,00

-1,00

Utviklingstiltak innan økologisk landbruk

30,00

30,00

0,00

SUM innvilgningsramme

1 384,50

1 380,50

-4,00

Rentestøtte – utbetalingar6

62,30

60,00

-2,30

SUM innvilgningsramme inkl. utbetalingar rentestøtte

1 446,80

1 440,50

-6,30

1 Avsetninga i 2016 går i sin heilskap til fjellandbruket.

2 Reduksjon i avsetninga til rekruttering og kompetanse i landbruket for 2016 skuldast at det i 2015 blei avsett 4 mill. kroner i eingongsløyving til ei fleirårleg satsing på rekruttering og gründerskap. Arbeidet blir sett i verk i 2015. Avsetninga for 2016 omfattar 20 mill. kroner til fylkesvise midlar til rekruttering og kompetanseheving, og 6 mill. kroner til KIL.

3 Det blir ikkje avsett midlar til ordninga i 2016 ettersom det står igjen unytta midlar for ordninga frå 2014 og det er venta eit mindreforbruk på midlane avsett i 2015.

4 80 mill. kroner av ordninga er øyremerka tilskott til drenering.

5 Løyvinga blir vidareført over avsetninga til Bioenergiprogrammet.

6 Prognose for 2015 er basert på Statusrapport for Landbrukets utviklingsfond 2014.

Investering og bedriftsutvikling i landbruket

Midlane til investering og bedriftsutvikling i landbruket har eit todelt formål; å bidra til utvikling av ny næringsverksemd på landbrukseigedomen, med mål om auka sysselsetjing, og å bidra til utvikling og modernisering av det tradisjonelle landbruket, med særskilt mål om auka effektivisering av produksjonen.

Investeringsbehovet i landbruket er stort, og investeringsverkemidla utgjer eit viktig risikoavlastande bidrag for å stimulere til auka investeringar. I jordbruksoppgjeret blei det semje om at avsetninga til investering og bedriftsutvikling blir auka med 20 mill. kroner i 2016 til totalt 548 mill. kroner. Maksimal prosentsats for tilskott til investeringar blir vidareført med inntil 33 pst. av kostnadsoverslaget for investeringa. Skal vi nå målet om auka produksjon, er det viktig å støtte opp om dei som ønskjer å vekse. Støtte til investeringsprosjekt som gir auka matproduksjon skal prioriterast. Lønsemdsvurdering av prosjekta skal liggje til grunn for tildeling av midlar. Ulike eigarformer skal likestillast ved prioritering av søknader. Det skal leggjast vekt på nye krav til dyrevelferd, irekna kravet om lausdriftsfjøs. Energiomsyn og miljøvennleg teknologi skal inngå i vurderinga av søknader om tilskott der det er relevant. Ordninga med risikolån blir vidareført innanfor ramma av denne ordninga. I tråd med fleirtalsmerknader frå Næringskomiteen i Innst. 385 S – 2014–2015 vil departementet vurdere om investeringsverkemidlane frå Innovasjon Noreg kan tildelast på hausten, sjølv om løyvinga over statsbudsjettet og utbetaling fyrst skjer året etter.

Ny forskrift som regulerer bruken av midlane blei verksam frå 1.1.2015. I denne forskrifta er tiltaksområdet «andre tiltak» fjerna, og det er ikkje lenger ein klar heimel i forskrifta til å gi støtte til investeringar i konvensjonelle frukttrefelt. Det skal presiserast i forskrifta at Innovasjon Noreg også kan gi støtte til enkelte investeringar innanfor frukt- og bærproduksjon. I ny forskrift er det vidare eit krav om at tiltak ikkje kan vere starta opp før skriftleg søknad er sendt. Av omsyn til søkjarane sine planleggingsbehov, er Innovasjon Noreg gitt anledning til å praktisere regelverket etter gamal føring ut 2015.

Ordninga med rentestøtte, som er ein del av ordninga med investerings- og bedriftsutviklingsmidlane i landbruket, blir avvikla.Formålet med ordninga kan i stor grad dekkjast innanfor dei andre tilskotta til investerings- og bedriftsutvikling. Det vil ikkje bli gitt nye tilsegn om rentestøtte frå 1.1.2016. Staten vil likevel vere forplikta til å utbetale rentestøtte for alle avtalar om tilsegn gitt før denne datoen.

Fylkesvise midlar til utgreiings- og tilretteleggingstiltak

Dei fylkesvise midlane til utgreiings- og tilretteleggingstiltak blir forvalta av fylkesmannen og har som formål å bidra til utvikling og fornying av det tradisjonelle landbruket og å understøtte utvikling av andre landbruksbaserte næringar. Det er semje om at avsetninga til utgreiings- og tilretteleggingstiltak blir redusert til 60 mill. kroner i 2016. Ved årsskifte 2014/2015 hadde ordninga ein god del unytta midlar, og foreslått ramme for 2016 blir sett på som tilstrekkeleg for å oppretthalde god aktivitet på området. Det er ein føresetnad at den strategiske innretninga på bruken av midlane er godt samordna med innretninga på dei bedriftsretta verkemidla regionalt.

Omdømmemidlar til nasjonale tiltak

Ordninga med omdømmemidlar til nasjonale tiltak forvalta av Landbruks- og matdepartementet blir avvikla. Forslaget er i tråd med tilrådingane i delrapport frå arbeidsgruppa som ser på forenklingar i jordbruksavtalen.

Områderetta innsats – fjellandbruket

Som eit ledd i ein områderetta innsats blei det i jordbruksoppgjeret i 2013 sett av 6 mill. kroner årleg til ei treårig satsing på fjellandbruket frå 2014 for å styrkje grunnlaget for berekraftig verdiskaping i fjellområda basert på landbruket sine ressursar. Satsinga er avgrensa til seks fylke i fjellområda, Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Oppland, Hedmark, Buskerud og Telemark. Satsinga blir vidareført med 6 mill. kroner i 2016.

Fylkesvise midlar til rekruttering og kompetanseheving

Fylkeskommunane forvaltar verkemiddel til styrking av innsatsen innanfor rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket. Dette ansvaret må sjåast i samband med fylkeskommunane sitt ansvar som skuleeigarar og regionale utviklingsaktørar. Avsetninga til ordninga blir vidareført med ei ramme på 20 mill. kroner for 2016 til fylkesvise midlar til rekruttering og kompetanseheving. Prioriterte område for ordninga er tiltak for å auke kompetansen i landbruket, irekna støtte til etter- og vidareutdanningstilbod for yrkesutøvarar i landbruket.

Kompetanseutviklingsprogrammet i landbruket

Stifttinga Matmerk forvaltar Kompetanseutviklingsprogrammet i landbruket (KIL). Programmet skal bidra til kompetanseutvikling for yrkesutøvarar innan primærlandbruket eller innanfor andre næringar i tilknyting til landbruket, gjennom utvikling av kompetansetilbod. Ramma på 6 mill. kroner til KIL blir vidareført for 2016.

Forsking

Forskingsmidlar over jordbruksavtalen skal bringe fram kunnskap som byggjer opp under dei landbruks- og matpolitiske måla. Midlane skal i større grad enn tidlegare prioriterast til å styrkje kunnskap om prosessar og tiltak i jordbruket som bidreg til betre karbonbalanse og redusert klimabelastning, til dømes betre kunnskap om reduserte utslepp av klimagassar frå matproduksjon og jord som lagringsmedium for karbon. Forsking som fremjar mattryggleik, god dyrehelse og god dyrevelferd, er også prioriterte område. Ny kunnskap på desse områda er viktig for å ivareta berekraftig jordbruksdrift, mattryggleik, sikre kostnadseffektiv produksjon og for å imøtekomme forbrukarane sine krav til norsk matproduksjon.

For å sikre ei effektiv ressursutnytting må disponering av midlane sjåast i samband med Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og programma i Noregs forskingsråd, jf. kap. 1137, post 50. Avsetjinga til forsking i 2016 blir vidareført med 53 mill. kroner.

Matmerk

Stifttinga Matmerk har som mål å styrkje konkurranseevna til norsk matproduksjon og å skape preferanse for norskprodusert mat. Det skjer gjennom arbeid med kvalitetssikring, kompetanse og synleggjering av norske konkurransefortrinn og opphav ovanfor matprodusentar, handel og forbrukarar. Stiftinga har i oppgåve å administrere og vidareutvikle Kvalitetssystem i landbruket (KSL), godkjennings- og merkeordninga for Inn på tunet, merkeordningane Nyt Norge, Beskytta nemning og Spesialitet, Kompetanseutviklingsprogrammet i landbruket (KIL), samt generisk marknadsføring av økologisk mat og enkelte utviklingsprosjekt. Stiftinga har også ei viktig oppgåve i å bidra til profilering og marknadstilgang for norske matspesialitetar og drifte den nasjonale nettstaden for Inn på tunet.

Avsetninga til Matmerk blir vidareført i 2016 med 52 mill. kroner. Matmerk får høve til å omdisponere 2 mill. kroner i unytta midlar frå 2014 til oppgåver i 2015 og 2016. Matmerk skal prioritere arbeidet med å etablere ei database for lokalmatprodusentar, samt følgje opp Inn på tunet- arbeidet i tråd med Handlingsplan for Inn på tunet, innanfor denne ramma. Eit vilkår for etablering av database for lokalmatprodusentar er samfinansiering med m.a. daglegvarehandelen og HORECA (Hotell, restaurant og catering). Etableringa av lokalmatdatabasen vil vere eit viktig bidrag til å lette marknadstilgangen for produsentar og auke tilgangen på lokalmatprodukt for forbrukarane.

Utviklingsprogrammet – landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping

Utviklingsprogrammet er eit sentralt verkemiddel for å bidra til næringsutvikling basert på landbruket sine ressursar. Verkemidla i programmet skal særskilt bidra til å få opp fleire gode gründerar og vekstkraftige bedrifter. Programmet tilbyr tilpassa kompetansetiltak til bedriftene, finansiering til bedrifter som ønskjer å vekse og støtte til etablering av økonomisk forpliktande produsentnettverk. Programmet skal også bidra til å skape nettverk for utvikling av innovasjon og kompetanse og til omdømmeaktivitetar.

I jordbruksoppgjeret 2014 blei innvilgningsramma til Utviklingsprogrammet auka med i overkant av 36 pst. Den samla avsetninga til Utviklingsprogrammet i 2016 blir vidareført på 90 mill. kroner. Det blir arbeidd vidare med å utvikle programmet i tråd med føringane frå fjorårets jordbruksoppgjer, samt styringsgruppa sine signaler.

I tråd med føringane i Reindriftsavtalen 2015/2016 blir det avsett det 8,2 mill. kroner frå reindriftsavtalen til Utviklingsprogrammet. Innretning og satsingsområde innanfor Reinprogrammet blir vidareført i Utviklingsprogrammet jf. føringar i Prop. 68 S (2014–2015) Reindriftsavtalen 2015/2016.

Bioenergiprogrammet

Auka produksjon av biobrensel og leveransar av biovarme frå landbruket gir auka verdiskaping og bidreg til å nå regjeringa sine mål i klima- og energipolitikken.

Utviklinga av gardsbaserte biogassanlegg har også vore eit prioritert område innanfor Bioenergiprogrammet og den nasjonale klimapolitikken. Biogassprosjekta blir vurdert med utgangspunkt i dei vanlege energi- og lønsemdskriteria.

Avsetninga til Bioenergiprogrammet blir auka med 7 mill. kroner, til 67 mill. kroner for 2016. Det blir lagt opp til å vidareføre gjeldande målområder og prioriteringskriterier. Norsk Gartnerforbund blir tildelt midlar for å stimulere til vidare satsing på klimavennleg produksjon innanfor avsetninga til Bioenergiprogrammet.

Skogbruk

Skogressursane er ei viktig kjelde til fornybar energi og til produksjon av trematerialar som erstattar meir klimabelastande materialar. Samstundes utgjer skogane eit stort karbonlager, som kan oppretthaldast gjennom ein aktiv, berekraftig skogpolitikk. Det totale nettoopptaket i skogen i Noreg er på om lag 26 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Dette svarar til om lag halvparten av dei samla utsleppa frå andre sektorar.

Regjeringa vil leggje større vekt på klimapolitiske målsetjingar i forvaltninga av norske skogar. For å sikre overgangen til eit lågutsleppssamfunn, både i Noreg og andre land, må opptak av CO2 i skog og på andre areal som ikkje er eit resultat av nye tiltak, komme i tillegg til utsleppsreduksjonar i andre sektorar. Regjeringa vil vurdere tiltak som kan ivareta eller styrkje karbonlageret i skog, og tiltak som gjer at trevirke kan erstatte meir utsleppsintensive materialar, samt utnytte råstoff frå skogen til bioenergi om mogleg til erstatning for fossil energi. For å bidra til auka bruk av trevirke, ønskjer Regjeringa å leggje til rette for å auke avvirkninga av skog.

Eit velfungerande skogsvegnett er avgjerande for lønsam skogsdrift, og for utvikling av positive nærings-, klima- og energibidrag frå skogen. Investeringsnivået til veg har auka dei siste åra, med både offentlege og private midlar. Skognæringa har i samband med strategiarbeidet SKOG22 berekna at investeringane i skogsvegnettet må aukast betydeleg, både for å få tilgang til haustbare skogressursar og for nødvendig modernisering av vegnettet.

Berekraftig skogbruk krev eit godt kunnskapsgrunnlag for å gjere vurderingar mellom økonomi og miljø. Eventuell auka aktivitet i skogbruket skal kombinerast med styrkt ivaretaking av miljøomsyn. Det er viktig at avgjerder blir tekne med grunnlag i kunnskap som gir dokumenterbar og etterprøvbar informasjon om dei naturressursane næringa skal forvalte. Ei viktig kjelde til denne kunnskapen er Landsskogtakseringa.

Skogbruksplanlegging med miljøregistreringar er eit sentralt verkemiddel for miljøarbeid i skogbruket. Gjennom dette arbeidet kan skogeigarane sjølve gjere rette vektingar mellom bruk og vern i sine prioriteringar.

Kompetansehevande tiltak er sentralt for gjennomføringa av skogpolitikken. Skogbrukets Kursinstitutt (Skogkurs) er ein sentral aktør i samband med dette.

Løyvinga til skogbruk auka med 10 mill. kroner i 2015. I 2016 blir løyvinga til skogbruk over jordbruksavtalen vidareført med 214 mill. kroner. Fordelinga mellom dei ulike verkemidla vil bli gjort etter drøftingar mellom avtalepartane på eit drøftingsmøte, der skogbruket sine næringsorganisasjonar også blir invitert til å delta.

Friskere geiter – kompensasjonstilskott

For dei besetningane som har delteke i saneringsprosjektet Friskere geiter har det blitt gitt kompensasjon for bortfall av produksjonstilskott innanfor ein maksimal periode på tre år etter gjennomført sanering. Dei siste saneringane i prosjektet blei gjennomførte i 2013, og det er difor framleis besetningar innanfor ordninga som har rett på eit slikt kompensasjonstilskott. Samla utbetaling i 2014 var på 11 mill. kroner. Ordninga hadde eit mindreforbruk på 8 mill. kroner ved årsskiftet 2014/2015, og det er venta eit mindreforbruk på avsette midlar til formålet i 2015. På bakgrunn av dette er det ikkje behov for å løyve meir midlar til ordninga. Det er semje mellom avtalepartane at unytta midlar på ordninga kan nyttast til utbetaling av kompensasjonstilskott for 2016.

Konfliktførebyggjande tiltak jordbruk/reindrift

Avsetninga til konfliktførebyggjande tiltak mellom jordbruk og reindrift blir vidareført med 1,5 mill. kroner i 2016. Denne avsetninga er på nivå med tilsvarande avsetning over reindriftsavtalen. Midlane frå dei to næringsavtalene blir forvalta samla av Fylkesmannen i Sør-Trøndelag.

Miljøverkemiddel over LUF

Ein stor del av miljøverkemidla over jordbruksavtalen er finansierte under LUF. Ei heilskapleg utgreiing av miljøverkemidla i jordbruket blei levert til jordbruksoppgjeret 2015. Formålet for utgreiinga var betre målretting og forenklingar for miljø, næring og forvaltning, redusere talet på støtteordningar og ein auke i formålseffektiviteten ved verkemiddelbruket. Utgreiinga viste m.a. at graden av måloppnåing varierer, at det er potensial for å betre målrettinga av enkelte ordningar og at andre ordningar kan forenklast.

Utsiktsrydding i kulturlandskapet

Gjengroing av kulturlandskapet og vegkantar er ei aukande utfordring mange stader i Noreg. Gjengroing er ei ulempe for landbruket, og vil svekke grunnlaget for mellom anna reiselivet som er ei næring i vekst. I jordbruksoppgjeret 2015 blei det vedteke å etablere ei ny tilskottsordning med formål å bidra til utsyn og fremje verdiar knytt til kulturlandskapet, samt å gje klimagevinst ved at rydningsvirket kan nyttas til bioenergiformål der dette er mogleg. Det er avsett 20 mill. kroner til tiltaket i 2016 og ordninga er avgrensa til Hordaland, Sogn- og Fjordane og Møre- og Romsdal.

Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

I jordbruksoppgjeret 2015 blei det avsett 175 mill. kroner for 2016, 80 mill. kroner av desse er øyremerka tilskott til drenering. Moglegheiten til å gje tilskott over SMIL-ordninga til freda bygningar blir avvikla frå 2016. Vidare blir dreneringsordninga utvida til også å omfatte planerte areal som ikkje har vorte drenert tidlegare.

Investeringsstøtte til tiltak i beiteområder (organisert beitebruk)

Ordninga stimulerer til effektivt samarbeid mellom dyreeigarar og realisering av nødvendig infrastruktur for effektiv utnytting av utmarksbeite til husdyrproduksjon. Beitebasert næringsdrift har utfordringar med ajourføring av samarbeidsformer til endringar i buskapsstruktur og andre samfunnsinteresser. Dette er krevjande prosessar som også kan innvilge støtte til prosjektleiing og juridisk kompetanse. Det er sett av 9 mill. kroner for 2016 til formålet.

Klima- og miljøprogram

Avsetninga til Klima- og miljøprogrammet blir vidareført i 2016 med 18 mill. kroner. Midlane skal i større grad prioriterast til prosjekt med formål å bidra til reduserte klimagassutslepp, kunnskap om klimatilpassing, samt rådgjeving og informasjon om klimasmart landbruk.

Biogass

Forskrift om tilskott for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg blei sett i verk i desember 2014. Det er sett av 2 mill. kroner i 2016.

Støtte til verdsarvområda og til utvalde kulturlandskap

Det blei i jordbruksoppgjeret 2015 bestemt å slå saman dei to ordningane frå 2016. Den samla avsetjinga til ordningane blir vidareført med 9 mill. kroner. Midlane til verdsarvområda og utvalde kulturlandskap skal sjåast i samanheng med midlar på budsjettet til Klima- og miljødepartementet.

Utviklingstiltak for økologisk landbruk

Avsetjinga til utviklingstiltak blir vidareført med 30 mill. kroner i 2015.

Post 70 Marknadsregulering, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

70.11

Avsetningstiltak

32 400

24 400

24 400

70.12

Tilskott til råvareprisutjevningsordninga m.m.

168 631

189 700

227 200

70.13

Tilskott til potetsprit og potetstivelse

39 476

42 400

40 000

Sum post 70

240 507

256 500

291 600

Underpost 70.11 Tilskott til marknadstiltak

Formålet med marknadstiltaka er å bidra til å nå målprisane for dei ulike jordbruksprodukta, jamne ut produsentpris og pris til forbrukarar over heile landet, skape avsetjing for produsert vare og bidra til å sikre forsyningar i alle forbruksområde. I grøntsektoren blir kostnadene ved marknadsregulering og faglege tiltak dekte av løyvinga til marknadstiltak, mens dei blir dekte gjennom omsetnadsavgift for andre produksjonar.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 24,4 mill. kroner i 2016.

Underpost 70.12 Tilskott til råvareprisordninga

Formålet med råvareprisordninga (RÅK-ordninga) er å jamne ut skilnader i råvarekostnader mellom norske og utanlandske ferdigvarer som blir omsette i Noreg, og for norske varer som blir eksporterte. Det er viktig at løyvingane over denne ordninga er avpassa engrosprisane på norskproduserte jordbruksvarer.

Prisane på verdsmarknaden kan variere mykje i løpet av kort tid. Det påverkar løyvingsbehovet til RÅK-ordninga. Endringane i målprisar i jordbruksoppgjeret påverkar også løyvingsbehovet. Den samla effekten av endringar i målprisar som følgje av jordbruksoppgjeret og prisutviklinga på verdmarknaden aukar løyvingsbehovet med 37,5 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 227,2 mill. kroner i 2016.

Underpost 70.13 Tilskott til prisnedskriving av potetsprit og potetstivelse

Formålet med prisnedskrivingstilskottet er å sikre avsetning av norsk potetsprit og potetstivelse gjennom marknadsordninga for potet. Det blei ikkje gjort satsendringar i jordbruksoppgjeret.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 40,0 mill. kroner til ordninga i 2016.

Post 71 Tilskott til erstatningar m.m.

Formål med løyvinga

Formålet med løyvinga er å redusere økonomiske tap som oppstår ved produksjon forårsaka av klimatiske forhold det ikkje er mogleg å sikre seg mot. Posten omfattar følgjande ordningar som følgje av klimatiske årsaker:

  1. erstatning ved avlingssvikt i planteproduksjon

  2. erstatning ved svikt i honningproduksjon

I jordbruksoppgjeret 2015 blei det vedteke å avvikle ordninga med tilskott til reparasjon av vinterskadd eng og ordninga med erstatning for tap bifolk.

Erstatningsordningane som dekkjer kostnader i samband med statlege pålegg blir løyvde utanfor jordbruksavtalen, jf. kap. 1142, post 73.

Rapportering 2014

Dei samla utbetalingane over ordninga i 2014 var på 84,3 mill. kroner mot om lag 50 mill. kroner i eit normalår. Dette meirforbruket skuldast at tilskott ved avlingssvikt i 2013 som kom til utbetaling i 2014.

Budsjettframlegg 2016

Skader som oppstår i avlingsåret 2015 vil påverke løyvinga i 2016 fordi mykje av utbetalingane først kjem året etter skaden. På det noverande tidspunkt har ikkje departementet grunnlag for å vurdere at skadeomfanget i 2015 vil avvike frå eit normalt år. Som følgje av at talet på erstatningsordningar ved klimatiske forhold har blitt redusert dei seinare åra, blir behovet for løyving redusert med 6,1 mill. kroner.

Departementet gjer etter dette framlegg om ei løyving på 43 mill. kroner i 2016.

Post 73 Pristilskott, overslagsløyving

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

73.11

Tilskott til norsk ull

122 812

126 400

124 500

73.13

Pristilskott mjølk

587 614

589 907

610 900

73.15

Pristilskott kjøtt

787 679

806 200

1 072 600

73.16

Distriktstilskott egg

7 847

8 100

5 425

73.17

Distriktstilskott, frukt, bær, grønsaker og potet

79 115

89 100

86 400

73.18

Frakttilskott

315 092

329 500

346 855

73.19

Tilskott til prisnedskriving av norsk korn

527 205

502 800

573 000

73.20

Tilskott matkorn

37 857

48 600

50 500

Sum post 73

2 465 222

2 500 607

2 870 180

Budsjettframlegg 2016

For pristilskotta under jordbruksavtalen blir det fastsett satsar per eining. Løyvinga vil difor variere som følgje av endra volum under dei enkelte ordningane. For post 73 samla inneber ei volumjustering av prognosane i 2016 at forbruket på posten vil auke med 38,1 mill. kroner samanlikna med saldert budsjettet for 2015. Dei justerte satsane i jordbruksoppgjeret gir ein auke på 89,0 mill. kroner.

I jordbruksoppgjeret blei partane samde om å endra utbetalinga av tilskott til lammeslakt og kjelakt. Som følgje av omlegginga blir 242,5 mill. kroner i midlar frå post 74.14 flytta til post 73.15 i 2016.

Samla gir dette ei auka løyving i 2016 på 369,6 mill. kroner samanlikna med budsjett 2015.

Underpost 73.11 Tilskott til norsk ull

Formålet med tilskottet er å bidra til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i sauehaldet som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris og andre tilskott. Tilskottet skal også bidra til betring av kvaliteten på norsk ull, samt å sikre avsetning i marknaden for norsk ull av god kvalitet.

I jordbruksoppgjeret blei det ikkje gjort satsendringar på ordninga. Mindre volum gir grunnlag for ei redusert løyving på 1,9 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 124,5 mill. kroner for 2016.

Underpost 73.13 Pristilskott mjølk

Løyvinga omfattar ordningane med grunntilskott til geitmjølk og distriktstilskott for mjølk og mjølkeprodukt.

Formålet med pristilskott til mjølk er å bidra til ei inntekts- og produksjonsutvikling i mjølkeproduksjonen som bidreg til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i heile landet gjennom å jamne ut skilnader i lønsemda i produksjonen.

Distriktstilskottet blir gitt med ulike satsar for mjølk produsert i vanskelegstilte område i Sør-Noreg og for all mjølk i Nord-Noreg. Satsane for distriktstilskott varierer frå null og opp til 180 øre per liter.

I jordbruksoppgjeret blei distriktsdifferensieringa i tilskottet oppretthalde på same nivå, mens satsen for grunntilskott til geitemjølk blei økt med 10 øre per liter. Dette gir ei auka løyve på 1,9 mill. kroner i 2016.

Volumprognosen gir eit auka løyvingsbehov på 19,1 mill. kroner i forhold til budsjett 2015.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 610,9 mill. kroner til pristilskott for mjølk for 2016. Denne er fordelt med 63,9 mill. kroner til grunntilskott geitmjølk og 547,0 mill. kroner i distriktstilskott til all mjølk.

Underpost 73.15 Pristilskott kjøtt

Ordninga omfattar grunntilskott og distriktstilskott for kjøtt samt distriktstilskott for fjørfeslakt og kvalitetstilskott for storfekjøtt.

Formålet med distriktstilskotta er å bidra til ei inntekts- og produksjonsutvikling i produksjonen som bidreg til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i heile landet gjennom å jamne ut skilnader i lønsemda i produksjonen. Distriktstilskott går i hovudsak til kjøtt frå grovfôrbaserte produksjonar differensiert på 5 soner. Det blir også gitt distriktstilskott til produksjon av gris i Nord-Noreg, Agder og Vestlandet unnateke Rogaland.

Formålet med grunntilskottet er å bidra til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i kjøttproduksjonen som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris. Grunntilskottet skal vidare bidra til rimelegare kjøtt og foredla kjøttprodukt til forbrukaren. Grunntilskottet for kjøtt blir berre gitt til slakt av sau/lam og geit/kje.

I jordbruksoppgjeret blei distriktstilskottet for kylling/kalkun Agder og Vestlandet unnateke Rogaland fjerna. Satsen for kvalitetstillegg for storfekjøtt blei bestemt auka frå 3,70 til 4 kroner per kg. Den samla effekten av endringane i satsane aukar løyvingsbehovet med 13,1 mill. kroner.

Volumprognosen viser ein viss auke i produksjonen av storfe og gris, mens produksjonen av småfe er venta å bli noko redusert. Samla effekt tilsvarande om lag 19,1 mill. kroner i auka pristilskott til kjøtt.

I jordbruksoppgjeret blei partane også samde om å endre utbetalinga av produksjonstilskott til lammeslakt og kjeslakt. Endringa inneber at slakteria skal utbetale tilskottet til produsent ved slakteoppgjeret saman med grunntilskott til sau/lam og geit/kje. Med grunnlag i prognosert tal på lam- og kjeslakt blir samla utbetaling 485 mill. kroner i 2016. Året 2016 blir eit overgqngsår der halvparten av tilskottet blir utbetalt via slakteria på bakgrunn av dyr levert til slakt i 2016, og halvparten utbetales med bakgrunn i søknad om produksjonstilskott. Dette inneber at 242,5 mill. kroner blir flytta frå direkte tilskott på post 74.14 til pristilskott på post 73.15.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 072,6 mill. kroner i 2016. Av dette utgjer grunntilskottet til sau/lam og geit/kje 89 mill. kroner, kvalitetstilskottet til storfekjøtt 165 mill. kroner, distriktstilskottet 563 mill. kroner og tilskott til lammeslakt og kjeslakt 242,5 mill. kroner.

Underpost 73.16 Distriktstilskott egg

Formålet med ordninga er å bidra til ei inntekts- og produksjonsutvikling i eggproduksjonen som bidreg til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i heile landet gjennom å jamne ut skilnader i lønsemda i produksjonen. Tilskottet omfattar Nord-Noreg og Vestlandet unnateken Rogaland. I jordbruksoppgjeret blei ordninga utfasa for Trøndelag, noko som svarar til ein reduksjon på 3,0 mill. kroner. I tillegg er det prognosert ein volumauke tilsvarande 0,3 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 5,1 mill. kroner i 2016.

Underpost 73.17 Distriktstilskott frukt, bær, grønsaker og potet

Formålet med ordningane er å betre inntekta for yrkesprodusentane innan grøntsektoren, bidra til ein geografisk spreidd produksjon og skal stimulere til ordna omsetnadforhold.

Ordninga heitte tidlegare distrikts- og kvalitetstilskott til frukt, bær og veksthusgrønsaker og distriktstilskott for potetproduksjon i Nord-Noreg. I ordninga er det ikkje lenger andre formelle krav til kvalitet enn at produkta skal vere omsett gjennom godkjend omsetnadsledd som mat, og ikkje vere kassert. Også frukt og bær som går til industriformål kan få tilskott.

Distriktsdifferensieringa følgjer dei same sonene som tilskott til areal- og kulturlandskap.

I jordbruksoppgjeret blei satsane for distriktstilskott for frukt, bær og veksthusgrønsaker auka med 5 øre per kg tilsvarande 1,9 mill. kroner i auka utbetaling. I tillegg er det prognosert med redusert volum tilsvarande om lag 4,6 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 86,4 mill. kroner i 2016.

Underpost 73.18 Frakttilskott

Ordninga omfattar tilskott til frakt av kjøtt, egg, korn, kraftfôrråvarer og kraftfôr. Frakttilskotta skal bidra til å jamne ut prisane til produsent og forbrukar. Frakttilskott for egg blir berre gitt til produksjon i Nord-Noreg, mens dei andre ordningane er baserte på at produsentane må dekkje ein eigendel av kostnadane.

I jordbruksoppgjeret blei tilskottet til frakt av kjøtt auka med 3,0 mill. kroner. Volumprognosen gir i tillegg ei auka løyving på om lag 14,3 mill. kroner. Aukinga skuldast i hovudsak at parametrane for berekninga av satsane for tilskott til frakt av kraftfôr skal oppdaterast i 2015. Satsane bereknast med utgangspunkt i reelle fraktkostnader. Dette vil føre til auka utgifter sidan kostnadene til frakt har auka sidan 2011, som er kostnadsnivået dagens parameter byggar på.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 346,9 mill. kroner i 2016, fordelt med 133,0 mill. kroner til kjøtt, 8,9 mill. kroner til egg og 205,0 mill. kroner til korn og kraftfôr.

Underpost 73.19 Tilskott til prisnedskriving av norsk korn

Formålet med prisnedskrivingstilskottet er å sikre avsetjing av norskprodusert korn, erter og oljefrø gjennom marknadsordninga, og å skrive ned prisen på råvarer til matmjøl og kraftfôr. For å fremje avsetjinga av økologisk korn og erter, blir det der gitt høgare satsar.

I jordbruksoppgjeret blei målprisane på matkveite auka med 10 øre/kg, bygg fôrkorn med 8 øre/kg, havre fôrkorn med 6 øre/kg og oljefrø med 8 øre/kg. Samstundes blei prisnedskrivingstilskottet auke med 7,3 øre/kg for å avgrense prisauke på matmel og kraftfôr som følgje av målprisendringane. Endringa i prisnedskrivingstilskottet gir auka løyvingsbehov på 70,2 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 573,0 mill. kroner for 2016.

Underpost 73.20 Tilskott til matkorn

Formålet med ordninga er å gi grunnlag for ein rekningssvarande pris norsk matkorn og samstundes halde prisen på matmjøl på eit nivå som kan sikre konkurransekrafta til norskprodusert matmjøl og bakevarer i forhold til import. Tilskottet blir gitt til norske matmjølprodusentar på grunnlag av forbruk av norskprodusert matkorn. Tollsatsen på import av matkorn blir administrert ned til det same nivået som prisen på norsk matkorn minus prisnedskriving.

I jordbruksoppgjeret blei satsen auka med 1 øre/kg, tilsvarande 1,9 mill. kroner i auka løyve.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 50,5 mill. kroner i 2016.

Post 74 Direkte tilskott, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

74.11

Driftstilskott, mjølkeproduksjon og kjøttfeproduksjon

1 372 906

1 353 300

1 312 600

74.14

Tilskott til husdyr

2 503 614

2 585 210

2 351 110

74.16

Beitetilskott

787 251

788 700

803 000

74.17

Areal- og kulturlandskapstilskott

3 198 002

3 149 200

3 137 300

74.19

Regionale miljøprogram

430 875

436 500

428 500

74.20

Tilskott til økologisk landbruk

104 843

108 200

107 200

Sum post 74

8 397 491

8 421 110

8 139 710

Budsjettframlegg 2016

Ordningane under denne posten blir gjerne omtalt som produksjonstilskotta. Det er 2 søknadsomgangar per år. Jordbruksoppgjeret i 2015 ligg til grunn for søknaden i august 2015 som blir betalt ut i februar 2016, og søknaden i januar 2016 som blir betalt ut i juni 2016.

I jordbruksoppgjeret blei partane samde om å endra utbetalinga av tilskott til lammeslakt og kjeslakt. Som følgje av omlegginga blir 242,5 mill. kroner i midlar frå post 74.14 flytta til post 73.15 i 2016.

Underpost 74.11 Driftstilskott, mjølkeproduksjon og kjøttfeproduksjon

Formålet med driftstilskottet i mjølkeproduksjonen er å styrkje økonomien i mjølkeproduksjonen og å jamne ut skilnader i lønsemd mellom føretak av ulik storleik og mellom bruk i Sør-Noreg og Nord-Noreg og mellom Jæren og resten av Sør-Noreg. Formålet med driftstilskottet i spesialisert kjøttfeproduksjon er å styrkje økonomien i spesialisert kjøttfeproduksjon.

I jordbruksoppgjeret blei satsane for driftstilskott til mjølkeproduksjon auka med 200 kroner per ku. Kombinert med ein fortsatt nedgang i antall mjølkebruk er effekten ei redusert løyving på om lag 42,8 mill. kroner til driftstilskott til mjølkeproduksjon. Driftstilskott til kjøttfeproduksjon blei auka med 1 000 kroner for føretak med meir enn 40 kyr. Det svarar til ei auka løyving på 2,1 mill. kroner.

For underposten samla inneber endringa som følgje av jordbruksavtalen og reduksjonen i talet på føretak ei innsparing på 40,7 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 312,6 mill. kroner for 2016.

Underpost 74.14 Tilskott til husdyr

Tilskottet skal bidra til å styrkje og jamne ut inntektene til føretak med ulike husdyrproduksjonar og etter storleiken på husdyrhaldet. Ordninga skal også støtte birøkt og husdyrhald med dyr av storferasar som er definert som verneverdige.

Tilskottet blir gitt per dyr/slakt/bikube. Satsane per dyreslag blir avtrappa med aukande dyretal per føretak. I jordbruksoppgjeret blei satsane for tilskott til avlsgris og slaktegris redusert og tilskott til sauehold blei auka med 30 kroner per sau. I jordbruksoppgjeret blei det også gjort justeringar i satsane for tilskott til birøkt så det ikkje lenger er ei grense for kvar mange bikubar det kan gis tilskott til, og satsen for tilskott til bevaringsverdige storferaser blei auka med 200 kroner per dyr. Ordninga for tilskott til unghestar under tre år blei bestemt avvikla.

Den samla effekten som følgje av endra satsar i jordbruksoppgjeret og tilpassing av løyvingsbehovet til dyretalet aukar løyvingsbehovet med 8,4 mill. kroner.

I jordbruksoppgjeret blei partane også samde om å endre utbetalinga av produksjonstilskott til lammeslakt og kjeslakt. Endringa inneber at slakteria skal utbetale tilskottet til produsent ved slakteoppgjeret saman med grunntilskott til sau/lam og geit/kje. Med grunnlag i prognosert tal på lam- og kjeslakt blir samla utbetaling 485 mill. kroner i 2016. Året 2016 blir eit overgangsår der halvparten av tilskottet blir utbetalt via slakteria på bakgrunn av dyr levert til slakt i 2016, og halvparten med bakgrunn i søknad om produksjonstilskott. Dette inneberer at 242,5 mill. kroner blir flytta frå direkte tilskott på post 74.14 til pristilskott på post 73.15.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 2 351,1 mill. kroner i 2016.

Underpost 74.16 Beitetilskott

Ordninga består av eit tilskott for dyr som beitar i utmark, og eit tilskott for dyr som beitar i kulturlandskapet (innmark og/eller utmark). Det er krav til minimum beitetid for å få rett til tilskotta, og dei som får tilskott for dyr som beitar i utmark kan også få det generelle beitetilskottet for dei same dyra. Formålet med ordningane er å stimulere til pleie av kulturlandskap, samt å oppnå ei god utnytting av utmarksbeiteressursane. Beiting har også ein positiv effekt på dyrevelferda.

I jordbruksoppgjeret blei det ikkje gjort nokre endringar i tilskottssatsane. Som følgje av prognosane for forbruket av tilskott til beite aukar løyvingsbehovet med om 14,3 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 803,0 mill. kroner i 2016, som fordeler seg med 389 mill. kroner til dyr på utmarksbeite og 414 mill. kroner i generelt beitetilskott.

Underpost 74.17 Areal- og kulturlandskapstilskott

Ordninga består av eit kulturlandskapstilskott med den same satsen per dekar til alt jordbruksareal som fyller vilkåra for arealtilskott, og eit arealtilskott der satsane per dekar er differensiert ut frå type produksjon, kvar i landet produksjonen skjer og storleiken på areala av dei enkelte produksjonane per føretak. Formålet med tilskottet er å bidra til å skjøtte, vedlikehalde og utvikle kulturlandskapet gjennom aktiv drift, og til å halde jordbruksareal i drift i samsvar med gjeldande landbrukspolitiske mål. Tilskottet er ein del av det nasjonale miljøprogrammet, og må kunne dokumentere oppfølging miljøkrav knytt til produksjonen for å oppnå maksimalt tilskott.

Som eit viktig tiltak for å nå målet om aktivt jordbruk over heile landet, blir det i tillegg gitt tilskott per dekar til grovfôr, korn, potet, frukt, bær og grønsaker og hagebruksvekstar med varierande satsar etter geografisk plassering. Dette skal bidra til å styrkje og jamne ut inntektene mellom ulike produksjonar og mellom distrikta.

I jordbruksoppgjeret blei arealtilskottet til korn auka for tre av sonene. Elles blei det ikkje gjort endringar.

Tilpassing av løyvinga til den gjeldande arealfordelinga gir ei innsparing på 11,9 mill. kroner for posten sett under eitt.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 3 137,3 mill. kroner i 2016. Dette fordeler seg med om lag 1 626,0 mill. kroner i kulturlandskapstilskott og 1 511,3 mill. kroner i arealtilskott.

Underpost 74.19 Regionale miljøprogram (RMP)

Formålet med ordninga er å sikre miljøkvalitetar og kulturlandskap og å hindre erosjon og avrenning av næringssalt til vatn gjennom regionalt og lokalt tilpassa regelverk for økonomisk støtte.

Ordninga opnar for at fylka kan støtte dei tiltaka som er mest målretta i sitt område, og vil bidra til å hindre gjengroing og stimulerer beiting og auka opplevingskvalitetar i kulturlandskapet. Rapportering tyder på stor aktivitet omkring arbeidet i fylka og at det gir auka målretting og differensiering av miljøarbeidet.

Regionale miljøprogram har bidrege til gjennomføring av mange regionalt tilpassa miljøtiltak. Dette gir betre måloppnåing fordi miljøutfordringane varierer frå fylke til fylke.

Som ei oppfølging av miljøutgreiinga blei det vedteke i jordbruksoppgjeret 2015 å avvikle enkelte enkelttiltak under RMP, jf. Prop. 127 S (2014–2015).

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 428,5 mill. kroner i 2016, som er ei tilpassing av løyvinga til prognosane for 2016 og som gir ei redusert løyving med 8,0 mill. kroner.

Underpost 74.20 Tilskott til økologisk landbruk

Ordninga omfattar ekstra arealtilskott og husdyrtilskott til økologisk produksjon. 2016 er det siste året det blir gitt omleggingstilskott.

Formålet med posten er å stimulere til at ein større del av jordbruksproduksjonen skjer i form av økologisk produksjon.

I jordbruksoppgjeret blei satsane for tilskott til økologisk produksjon av grønsaker, frukt og bær auka med 275 kroner per dekar. Tilpassing av den totale løyvinga til det omsøkte volumet gir ei reduksjon på 1 mill. kroner. Tilskottet til omlegging blei avvikla i 2013, men det blir løyvd tilskott til det arealet som var under omlegging før endringa.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 107,2 mill. kroner i 2016. Dette fordeler seg med 1,0 mill. kroner i tilskott til omlegging, 64,0 mill. kroner i husdyrtilskott og 42,4 mill. kroner i arealtilskott.

Post 77 Utviklingstiltak, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

77.11

Tilskott til dyreavl m.m.

85 926

84 900

86 500

77.12

Tilskott til frøavl m.m.

9 989

13 720

13 720

77.13

Tilskott til rådgjeving

82 500

82 500

82 500

77.14

Tilskott til pelsdyrfôrlag

23 200

17 800

77.15

Tilskott til kvalitetstiltak

52 448

51 160

51 160

77.17

Tilskott til fruktlager

13 000

13 000

13 000

Sum post 77

267 063

263 080

246 880

Underpost 77.11 Tilskott til dyreavl m.m.

Tilskott til dyreavl m.m. skal bidra til avlsmessig framgang og populasjonar av friske og sunne husdyr tilpassa miljøet. Ordninga skal også sikre genetisk variasjon i populasjonane og byggje på berekraftige prinsipp basert på ein tilstrekkeleg stor effektiv avlspopulasjon og inkludering av funksjonelle eigenskapar i avlsmålet.

Løyvinga skal sørgje for at kostnadene med inseminering av ku og svin kan haldast på om lag same nivå i heile landet og bidra til å jamne ut kostnadene mellom husdyrbrukarar som nyttar veterinærtenester.

I jordbruksoppgjeret blei det vedteke å gjere innstrammingar i ordninga med tilskott til semin tilsvarande 6,1 mill. kroner. Det blei også vedteke aukingar i satsane for reisetilskott og satsen for reise- og ventetid i samband med veterinærreiser. Desse endringane svarar til 7,7 mill. kroner i auka løyvingsbehov.

For 2016 er det prognosert 24,6 mill. kroner i tilskott til semintenester, 47,7 mill. kroner til veterinærreiser og 14,2 mill. kroner til avlsorganisasjonar.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på om lag 86,5 mill. kroner for 2016.

Underpost 77.12 Tilskott til frøavl m.m.

Formålet med ordninga er å fremje frøforsyning av gras, belgvekstar, rotvekstar og grønsaker med klimatilpassa sortar. Det kan nyttast tre ulike typar tilskott under ordninga; pristilskott, arealtilskott og lagringstilskott. For å sikre tilgang av klimatilpassa såvare blir det også gitt tilskott til overlagring av såkorn mellom kornsesongar.

Tilskottet til frøavl blir gitt til sertifisert frøavl av godkjende sorter. Landbruksdirektoratet har gjennomgått ordninga og foreslår enkelte forskrifts- og satsendringar. I Jordbruksoppgjeret blei partane einige om at satsendringane blir sendt på høyring, og at avsetninga til frøavl på om lag 10,0 mill. kroner vidareførast i 2016. Eventuelle endringar i reglar og satsar tilpassas løyvinga.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 13,7 mill. kroner for 2015. Dette fordeler seg på om lag 10,0 mill. kroner til pris-, areal- og lagringstilskott til frøavl og 3,7 mill. kroner til tilskott til lagring av såkorn. Tilskott til lagring av såkorn utbetales med ein sats på 0,60 kroner per kg til maksimalt 6200 tonn såkorn.

Underpost 77.13 Tilskott til rådgjeving

Formålet med ordninga er å bidra til kunnskapsoppbygging hos bøndene ved å leggje eit økonomisk grunnlag for drift i dei lokale rådgivingseiningane hos Norsk Landbruksrådgiving (NLR). Rammevilkåra og utfordringane for landbruket krev både næringspolitiske tilpassingar, produksjonstilpassingar og faglege tilpassingar. Løyvinga over jordbruksavtalen er med på å sikre eit likeverdig rådgivingstilbod over heile landet.

Rådgivingseiningane utgjer eit fagleg bindeledd mellom landbruksforskinga og landbruket, og NLR si verksemd er viktig for å utvikle god agronomi og auka kompetanse i næringa. NLR har kjernekompetanse på god agronomi og gir råd innan planteproduksjon, maskin- og byggteknikk, næringsutvikling, føretaksøkonomi, økologisk landbruk, miljøtiltak og HMS.

Minst 14 mill. kroner av dei tildelte midlane skal gå til HMS-rådgjeving, minst 5,5 mill. kroner skal nyttas til byggteknisk rådgjeving og inntil 2 mill. kroner kan nyttast til prosessen med ny organisasjonsstruktur. Utover dette blir rådgivingsaktiviteten i NLR oppretthalde på same nivå som i dag innan alle rådgivingsområda NLR har ansvaret for.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 82,5 mill. kroner for 2015.

Underpost 77.14 Tilskott til pelsdyrfôr

Pelsdyrnæringa er gjennomgått i NOU 2014:15 Norsk pelsdyrhold – berekraftig utvikling eller styrt avvikling?. På bakgrunn av gjennomgangen blei partane i jordbruksoppgjeret einige om at ordninga med tilskott til utjamning av kostnadene til frakt av pelsdyrfôr skal avviklast.

Underpost 77.15 Tilskott til kvalitetstiltak

Ordninga skal bidra til å gjere norske jordbruksprodukt meir konkurransedyktige på heimemarknaden og på eksportmarknadene.

Formålet med framavlsarbeidet og det offentlege engasjementet i dette er å skaffe den norske potet- og grøntnæringa plantemateriale som er kontrollert for bestemte skadegjerarar, og med definerte eigenskapar tilpassa norske forhold. Formålet med å gi tilskott til statskontrollert settepotetavl er å stimulere til auka bruk av settepoteter av høg kvalitet.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 51,16 mill. kroner i 2015 som er fordelt på følgjande tilskottsordningar:

Utvikling av plantemateriale – oppformering

11,00 mill. kroner

Utvikling av plantemateriale – Graminor

22,46 mill. kroner

Utvikling av plantemateriale – «Pre-breeding«

1,20 mill. kroner

Kvalitetstiltak settepotetavl

7,50 mill. kroner

Handlingsplan plantevernmiddel

9,00 mill. kroner

Underpost 77.17 Tilskott til fruktlager

Formålet med tilskottet til fruktlager er å fremje eit forpliktande samarbeid om felles lagring, sortering, pakking og omsetnad av frukt som bidreg til å sikre forbrukarane tilgang på norsk kvalitetsfrukt. Det blei ikkje gjort endringar i jordbruksoppgjeret.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 13 mill. kroner til ordninga i 2016.

Post 78 Velferdsordningar, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

78.11

Tilskott til avløysing for ferie/fritid

1 176 592

1 188 919

1 177 719

78.12

Tilskott til avløysing for sjukdom m.m.

175 654

165 600

167 700

78.14

Tilskott til sjukepengeordninga i jordbruket

88 000

88 000

88 000

78.15

Tilskott til landbruksvikarordninga

61 846

64 000

64 000

78.16

Tilskott til tidlegpensjonsordning for jordbrukarar

87 244

91 235

85 035

Sum post 78

1 589 336

1 597 754

1 582 454

Underpost 78.11 Tilskott til avløysing for ferie/fritid

Formålet med ordninga er å leggje til rette for at husdyrbrukarar skal kunne ta ferie og få ordna fritid og hjelp til avlasting gjennom å bidra til finansiering av leige av arbeidskraft.

Tilskottet blir rekna ut på grunnlag av satsar per dyr. Satsane er differensierte etter dyreslag og dyretal på føretaka. Tilskottet blir gitt for faktiske lønsutgifter etter rekneskap og løns- og trekkoppgåver.

I jordbruksoppgjeret blei satsane auka med 1 pst., og det maksimale tilskottet per føretak blei auka med 700 kroner til 74 200 kroner per føretak. Det gir ei auka løyving på om lag 11,7 mill. kroner, mens reduksjon i talet på dyr og i talet på føretak gir ei innsparing på 22,9 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 177,7 mill. kroner for 2016.

Underpost 78.12 Tilskott til avløysing for sjukdom m.m.

Formålet med ordninga er å bidra til å finansiere avløysing på føretak med husdyrproduksjon, honningproduksjon eller heilårs veksthusproduksjon, og til føretak med planteproduksjon i onneperiodar, når brukaren på grunn av sjukdom eller andre særlege grunnar ikkje kan ta del i arbeidet på bruket.

Tilskottet til husdyrbrukarar blir fastsett ut frå utrekna maksimalt tilskott i ordninga med tilskott til avløysarutgifter for ferie og fritid. For veksthusprodusentar blir tilskottet fastsett ut frå veksthusarealet. Ut frå dette grunnlaget blir det rekna ut maksimale dagsatsar for tilskottet. Tilskottet blir gitt for faktiske utgifter til avløysing, opp til maksimal dagsats for det enkelte bruk.

Dagsatsen på 1 500 kroner blei ikkje endra i jordbruksoppgjeret. Auka bruk av ordninga gir likevel grunnlag for ei auka løyving på 2,1 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 167,7 mill. kroner for 2016.

Underpost 78.14 Tilskott til sjukepengeordninga i landbruket

Den kollektive innbetalinga over jordbruksavtalen til sjukepengeordninga dekkjer NAV sine kostnader knytt til auke av sjukepengane frå 65 til 100 pst. av sjukepengegrunnlaget ved sjukdom utover 16 dagar. Tilskottet blir utbetalt av NAV til jord- og skogbrukarar som oppfyll dei generelle vilkåra for utbetaling av sjukepengar. Løyvinga blir fastsett ut frå NAV si utbetaling over ordninga dei seinare åra. Midlane blir overførte sentralt til Folketrygda.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 88 mill. kroner til ordninga for 2016.

Underpost 78.15 Tilskott til landbruksvikarordninga

Formålet med landbruksvikarordninga er å sikre at primærprodusentane over heile landet har tilgang på arbeidshjelp når dei treng det ved akutt sjukdom eller i andre krisesituasjonar. Det er eit mål at ordninga vil nå eit omfang på 240 årsverk. Maksimal støtte per årsverk er 270 200 kroner.

Det er ikkje prognosert auka bruk av ordninga i 2016.

Departementet gjer framlegg om ei samla løyving på 64 mill. kroner for 2016.

Underpost 78.16 Tilskott til tidlegpensjonsordning for jordbrukarar

Formålet med ordninga er å bidra til lettare generasjonsskifte for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk. Det er prognosert ein fortsatt reduksjon i talet på tidlegpensjonistar, tilsvarande 6,2 mill. kroner i redusert løyvingsbehov.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 85,0 mill. kroner for 2016.

Kap. 4150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

85

Marknadsordninga for korn

36

30 000

Sum kap. 4150

36

30 000

Post 85 Marknadsordninga for korn

Formål med løyvinga

Ordninga har som formål å sikre tilnærma like konkurransevilkår mellom korn og andre råvarer i kraftfôr til husdyr. I jordbruksavtalen blir det rekna ut målprisar for protein og fett som gir om lag den same råvareprisen for energien i desse varene som for norsk korn. Råvarer som til dømes soya blir ikkje pålagt toll når dei blir importert til mat. Den delen av dette som blir brukt til produksjon av kraftfôr til husdyr blir da pålagt ei prisutjamning. Posten omfattar inntektene frå prisutjamningsbeløp på kraftfôrråvarer.

Rapportering 2014

Verdsmarknadsprisane på protein og fett til kraftfôr var i heile året høgare enn norsk målpris. Det blei difor ikkje kravd inn prisutjamningsbeløp på desse. Det var fastset prisutjamningsbeløp på erteavrens i januar og februar 2014, tilsvarande 36 000 kroner totalt.

Budsjettframlegg 2016

Prisauke på norsk korn i jordbruksoppgjeret gir auka målpris på protein og høgare prisutjamningsbeløp. Prisutjamningsbeløpet er også påverka av prisane på verdsmarknaden. Prisane på verdmarknaden for fett, og proteinråvare til kraftfôr har i fleire år vore så høg at det no ikkje blir innkravd prisutjamningsbeløp. Prognoser for prisutviklinga på verdmarknaden er usikker, og departementet har lagt til grunn at det ikkje blir ført inntekter over posten i 2016.

Kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

51

Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet

42 000

33 700

35 600

72

Tilskott til organisasjonsarbeid

6 100

6 100

6 100

75

Kostnadssenkande og direkte tilskott, kan overførast

58 943

69 100

68 700

79

Velferdsordningar, kan overførast

1 409

2 600

2 600

Sum kap. 1151

108 452

111 500

113 000

Formål med løyvinga

Kapittelet omfattar løyvingar til gjennomføring av reindriftsavtalen.

Reindriftsavtalen er, ved sida av reindriftslova, det viktigaste verkemiddelet for å følgje opp måla og retningslinene i reindriftspolitikken. I forhandlingane om reindriftsavtalen blir dei sentrale økonomiske verkemidla drøfta, mellom anna ut frå dei behova og utfordringane næringa til ei kvar tid står overfor.

For nærare omtale av mål og strategiar i reindriftspolitikken, og resultata frå dei ulike tiltaka som sorterer under reindriftsavtalen, sjå omtale under kat. 15.30, Prop. 68 S (2014–2015) Reindriftsavtalen 2015/2016 og Innst. 255 S (2014–2015). Nærare omtale av målsetjingane for dei enkelte ordningane på kapittelet går fram av budsjettframlegg for 2016.

Tilpassing til økonomiregelverket i staten

Tilsvarande som for tilskotforvaltninga under kap. 1150, er det også behov for tilpassingar til dei normale prosedyrane for ordningar under kap. 1151. Kostnadssenkande og direkte tilskott under post 75 og velferdsordningar under post 79 er baserte på fastsette kriterium. Ordningane utgjer ein del av avtalesystemet med fleire mål og ei rekkje verkemiddel som verkar samstundes mot dei same måla. Resultatrapporteringa skjer difor samla basert på rapportering frå Økonomisk utval for reindrifta i forkant av dei årlege forhandlingane om reindriftsavtalen. Rapporteringa blir i tillegg supplert av vurderingsrapportar og statusnotat frå forvaltninga som grunnlag for å vurdere korleis dei enkelte ordningane verkar. For ordningane under postane 75 og 79 er det ikkje aktuelt å hente inn rapport frå tilskottsmottakarane.

Hovuddelen av tilskottsforvaltninga er delegert til Landbruksdirektoratet. Størsteparten av dei administrative kostnadene til forvaltning av tilskotsordningane blir direkte dekte innanfor løyvingane over kap. 1142. For å kunne ha nødvendig fleksibilitet, vil det likevel vere aktuelt å trekkje nokre utviklings- og utgreiingskostnader på nokre av tilskottsordningane. Det same gjeld store evalueringar. På enkelte område skjer forvaltninga av tilskott gjennom Innovasjon Noreg. I samband med dette har departementet klargjort ansvar og oppgåver for Innovasjon Noreg. Vidare er det på ein del område eit styre som forvaltar ordningar. Dette styret er partssamansett. Styret skal tildele tilskottsmidlar, mens Landbruksdirektoratet er sekretariat for styret.

Rapportering 2014

Reindriftslova av 2007 skal gi grunnlag for ei god indre organisering og forvaltning av reindrifta. I tillegg skal reindriftsnæringa etter lova, gjennom internt sjølvstyre, sjølv spele ei aktiv rolle og ha ansvaret for at reindrifta er berekraftig. Eit sentralt verktøy i denne samanhengen er bruksreglane. Dei siste åra har styresmaktene sitt arbeid vore prega av bistand og tett oppfølging av næringa sitt arbeid med å utarbeide bruksreglar. Sjå kap. 1142 for nærare omtale.

Tal frå rekneskapet i totalkalkylen viser ein nedgang i resultatoppnåinga frå 2012 til 2013. Det totale vederlaget for arbeid og eigenkapital er redusert frå 80,5 mill. kroner til 59,1 mill. kroner. Denne reduksjonen skuldast i hovudsak ein nedgang i kjøtinntektene og i tilskotta. Førebelse tal viser ei meir positiv utvikling i 2014. Hovudårsaka til dette er ein auke i slakteuttaket og i gjennomsnittsprisen til reineigar.

Marknadssituasjonen for reinsdyrkjøtt er god. Alt av kjøtt på lager er bortimot seld ved inngangen til sommaren 2015. I motsetning til i 2010 og 2011 inneber dette at reineigarane ikkje har problem med å få levert rein til slakteri.

Budsjettframlegg 2016

Den 17. februar kom staten og Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) fram til ein avtale for 2015/2016. Reindriftsavtalen for 2015/2016 har ei ordinær ramme på 113,0 mill. kroner. Dette er ein auke på 1,5 mill. kroner samanlikna med reindriftsavtalen 2014/2015.

Hovudmålet med reindriftsavtalen 2015/2016 er å leggje til rette for å utvikle reindriftsnæringa som ei rasjonell marknadsorientert næring som er berekraftig i eit langsiktig perspektiv. I sluttfasen av pågåande prosess med tilpassing av reintalet har det vore viktig å oppretthalde hovudlinene i det gjeldande tilskottsystemet derdei direkte tilskotta er knytt til verdien av det som produserast. Dette vil bidra til å skape stabilitet og føreseielegheit kring ordningane over reindriftsavtalen. I tillegg vil ei vidareføring støtte opp om dei utøvarane som følgjer opp gitte vedtak. Dette er i tråd med fleirtallet sin merknad i samanheng med Stortingets handsaming av statsbudsjettet for 2015, jf. Innst.8 S. (2014–2015). I den samanhengen må det også påpeikast at dei som ikkje følgjer reduksjonskrava, ikkje vil ha rett på tilskott.

For å få betre oversikt over og enklare kontroll av det som slaktast, og å leggje til rette for auka inntening hos den enkelte reineigar, er det naudsynt å sjå på heile verdikjeda frå vidde til bord. I den samanhengen er det eit mål å innføre eit nytt rapporterings- og klassifiseringssystem som er operativt frå og med slaktesesongen 2015/2016. Eit nytt rapporteringssystem vil både bidra til ein meir effektiv rapportering og ein betydeleg forenkling av dagens system. Nytt klassifiseringssytem vil på si side bidra til å premiere levering av slakterein med god kjøttfylde, og dermed stimulere reineigarane til å auke innteninga av den enkelte rein.

Infrastrukturen i reindrifta blir styrkt. Reineigarane blir stimulerte til auka slakteutak gjennom ein ekstraordinær auke av dei produksjonsretta tilskotta. Samstundes blir det tilrettelagt for at Marknadsutvalet sitt arbeid kan vidareførast.

Som eit viktig tiltak og verktøy i arbeidet med å sikre reindrifta sine areal utviklast no reindriftas arealbrukskart. Karta vil vere effektive underlag i arbeidet med å synleggjere reindrifta si bruk av areal, og utviklinga av ulike type inngrep som har funne sted innanfor reinbeiteområda.

Den framforhandla avtalen forsterkar ytterlegare den næringsretta merksemda og stør opp om forvaltninga av reindrifta som ei næring. Ved at avtalen legg til rette for auka slakting og omsetnad av reinkjøtt i alle ledd i verdikjeda, gir avtalen grunnlag for ein positiv utvikling og auka inntening hos den enkelte reineigaren. Samstundes underbyggjer den framforhandla avtalen den dreiinga ein har hatt i reindriftsavtalen sine verkemiddel dei siste åra, med ei tilrettelegging for dei reindriftsutøvarane som har reindrift som hovudverksemd.

Departementet gjer framlegg om løyvingar under kap. 1151 for 2016 i samsvar med Stortinget si handsaming av reindriftsavtalen for 2015/2016, jf. Innst. 255 S (2014–2015). I omtalen av dei enkelte postane er det gjort kort greie for føremål og innhald i dei ulike ordningane. Nærare omtale finst i Prop. 68 S (2014–2015) Reindriftsavtalen 2015/2016 og endringer i statsbudsjettet 2015 m.m. og Innst. 255 S (2014–2015).

Post 51 Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet

Reindriftas Utviklingsfond (RUF) skal gjennom bruk av økonomiske verkemiddel bidra til å utvikle reindriftsnæringa i samsvar med dei reindriftspolitiske måla. Frå fondet blei det gjort følgjande avsetjingar:

  • 1,45 mill. kroner til konfliktførebyggjande tiltak,

  • 8,2 mill. kroner over RUF til Utviklingsprogrammet

  • 2,0 mill. kroner til vidareføring av fagbrevordninga,

  • 3,0 mill. kroner til ulike marknadsføringstiltak,

  • 5,3 mill. kroner til pramming av rein,

  • 1,0 mill. kroner lærings- og omsorgsbaserte tenester

  • 0,6 mill. kroner til drift av nytt klassifiseringssystem

  • 0,5 mill. kroner til reindriftsfagleg medverknad i regional forvaltning

Avsetjingane over midlane til RUF utgjer totalt 35,6 mill. kroner. Dette er ein auke på 1,9 mill. kroner samanlikna med Reindriftsavtalen 2014/2015.

Post 72 Tilskott til organisasjonsarbeid

Dei store utfordringane reindriftsnæringa står overfor krev ei aktiv deltaking frå næringa sjølv. Organisasjonstilskottet til Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) er sett til 6,1 mill. kroner, av dette 200 000 kroner til HMS-tiltak i reindrifta.

Post 75 Kostnadssenkande og direkte tilskott, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

75.11

Frakttilskott

1 047

3 000

3 000

75.12

Tilskott til driftseiningar og tamreinlag

47 778

55 800

55 400

75.13

Distriktstilskott

10 118

10 300

10 300

Sum post 75

58 943

69 100

68 700

Tilskota skal bidra til å fremje berekraft, kvalitet og produktivitet i reindrifta, heve inntekta og verke utjamnande mellom einingar i næringa. Regjeringa gjer framlegg om ei samla løyving under posten på 68,7 mill. kroner for 2016, jf. omtalen nedanfor.

Underpost 75.11 Frakttilskott

Formålet med frakttilskottet er å bidra til å jamne ut prisane på reinkjøtt til reineigarane i ulike distrikt og å bidra til utjamning av fraktkostnader til marknaden. Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 3,0 mill. kroner.

Underpost 75.12 Tilskott til siidaandelar og tamreinlag

Dette tilskottet er inndelt i følgjande ordningar:

Produksjonspremie: Formålet med produksjonspremien er å premiere innsats, produksjon og vidareforedling i næringa. Produksjonspremien til siidaandelane blir rekna med 37 pst. av avgiftspliktig sal av kjøtt og biprodukt frå rein. Vidare blir det utbetalt produksjonspremie for andre avgiftspliktige inntekter frå vidareforedla produkt frå reinen. Det blir ikkje utbetalt produksjonspremie for avgiftspliktig inntekt som overstig 0,6 mill. kroner per siidaandel og 1 mill. kroner per tamreinlag. Produksjonspremien blir utbetalt til eigaren av siidaandelen. For tamreinlaga vil årsrekneskapen danne grunnlaget for utrekninga av produksjonspremien. Det er sett av 31,3 mill. kroner til produksjonspremie.

Etableringstilskott: Ordninga med tilskott ved overdraging av siidaandel blir vidareført med ein sats på 80 000 kroner det første året, deretter blir satsen sett til 65 000 kroner dei to påfølgande åra. Det er sett av 2,2 mill. kroner til etableringstilskott.

Særskilt driftstilskott til ungdom: Det blir gitt eit særskilt driftstilskott på 25 000 kroner til leiar av siidaandelar som er under 30 år per 1. januar 2016. Der er sett av 1,8 mill. kroner til ordninga med særskilt driftstilskott til ungdom.

Kalveslaktetilskott: Satsen for tilskottet er 400 kroner per kalv. Tilskottet er gjort gjeldande frå 15. august 2015 til 31. mars 2016. Det er sett av 18,0 mill. kroner til ordninga med kalveslaktetilskott.

Ektefelletillegg: Ordninga med tillegg til siidaandelar der begge ektefellane eller sambuarane driv aktiv reindrift er fastsett med ein sats på 30 000 kroner. Det er sett av 1,8 mill. kroner til ordninga med ektefelletillegg.

Totalt blir det gjort framlegg om ei løyving på 68,7 mill. kroner.

Underpost 75.13 Distriktstilskott

Formålet med distriktstilskottet er å bidra til at reinbeitedistrikta skal kunne ta auka ansvar for utvikling av næringa i ei berekraftig retning. Dette inneber å få talet på rein i balanse med beitegrunnlaget, sikring av areala til reindrifta, auka lønsemd og tilretteleggjing for kriseberedskap.

Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 10,3 mill. kroner.

Post 79 Velferdsordningar

Det er sett av 1,0 mill. kroner til ordninga med tidlegpensjon. Satsen for einbrukarpensjon er 100 000 kroner per år, og tobrukarpensjon er sett til 160 000 kroner. Posten omfattar ordninga med medlemsavgift til folketrygda og sjukepengeordninga. Det gjeldande regelverket og dei gjeldande satsane blir førde vidare.

Det er sett av 1,0 mill. kroner til ordninga med særskilt tilskott for leigd hjelp ved svangerskap/fødsel. Tilskottet skal bidra til å styrkje stillinga til kvinner i reindrifta. Det gjeldande regelverket og dei gjeldande satsane blir førde vidare.

Det er sett av 0,6 mill. kroner til sjukepengeordninga. Den kollektive innbetalinga over reindriftsavtalen til sjukepengeordninga dekkjer tilleggspremien for ei auke av sjukepengane frå 65 pst. til 100 pst. av inntektsgrunnlaget for sjukdom utover 16 dagar. Fødselspengar blir også gitt med 100 pst. av inntektsgrunnlaget. Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i samla næringsinntekt for dei utøvarane i reindrifta som går inn under ordninga. Midlane blir overførte sentralt til folketrygda.

Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 2,6 mill. kroner.

Kap. 1161 Myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

70

Tilskott til Statskog SFs myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver

13 549

13 912

14 243

75

Tilskott til oppsyn i statsalmenningar

9 939

9 939

10 176

Sum kap. 1161

23 488

23 851

24 419

Post 70 Tilskott til Statskog SFs myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver

Formål med løyvinga

Posten omfattar tilskott til Statskog SF sitt arbeid med dei oppgåvene som er omtalte i avtale mellom Statskog SF og Landbruks- og matdepartementet om delegerte myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver.

Statskog SF skal sørge for at dei rettane bruksrettshavarar og andre har på eigedommane blir sikra i samsvar med lover, forskrifter og politiske retningsliner. Føretaket skal arbeide for ei areal- og ressursdisponering som er tenleg for samfunnet, for dei distrikta der eigedommane ligg og for staten som eigar. Innanfor skogbruket følgjer oppgåvene av lov om skogsdrift i statsallmenningar, og oppgåvene er særleg knytte til utvising av virke i statsallmenningar til dekking av bruksrettar. I tillegg inngår arbeid med salsvirke til inntekt for allmenningsfonda.

Vidare utfører Statskog SF offentlegrettslege oppgåver der føretaket handlar som offentleg styresmakt, handsamar saker og gjer vedtak i samsvar med fjellova og lov om skogsdrift m.v. i statsallmenningane. Statskog SF sine utgifter til tilskottsforvaltninga for post 75 Oppsyn i statsallmenningar blir også dekte av denne posten.

I tillegg til dei lovpålagde oppgåvene, har Statskog SF ei rekkje oppgåver som har grunnlag i pålegg og retningsliner frå departementet. Statskog SF skal vere til stades på eigedommane og ha oppsyn og kontakt med brukarar av areala. Statskog SF har eit eige feltapparat for naturoppsyn og forvaltning av statleg grunn i Nordland og Troms. Tenesta skal gjennom informasjon og rettleiing, overvaking, skjøtsel og tilrettelegging bidra til å sikre naturverdiar og bevaring av biologisk mangfald. Fjelltenesta sel tenester til fleire oppdragsgivarar, mellom anna miljøvernstyresmaktene. Statskog SF har inngått ein samarbeidsavtale med Statens naturoppsyn (SNO) om at Fjelltenesta skal utføre offentlegrettsleg naturoppsyn for SNO.

Statskog SF skal leggje til rette for at folk flest skal kunne drive eit aktivt friluftsliv på føretaket sine areal. Som ledd i dette arbeidet held føretaket opne husvære i fjellet, merkar stiar og løyper og byggjer og driv vedlikehald av bruer, klopper, rasteplassar og fiskebrygger. Tiltaka har ofte innslag av kulturminnevern. Statskog SF har eit nært samarbeid med miljøvern-, landbruks- og helsestyresmakter og dei frivillige organisasjonane i dette arbeidet.

Rapportering 2014

På post 70 er det i 2014 rekneskapsført 13,549 mill. kroner, som er i samsvar med løyvinga. Rekneskapen viser at det er nytta 1,7 mill. kroner på skogbruksverksemd i statsallmenningane i 2014. Dette er om lag på same nivået som året før. Om lag 18 000 m3 tømmer og ved er utvist til bruksrettshavarane eller seld til inntekt for allmenningsfonda. Totalt utgjer avverka kvantum i 2014 om lag 33 pst. av balansekvantum. Det blei brukt 0,2 mill. kroner til offentlegrettslege oppgåver der føretaket har handla som offentleg styresmakt. Dette er ein halvering frå året før, og skuldast mellom anna færre klagesaker.

Vidare viser rekneskapen at det i 2014 blei brukt 5 mill. kroner til oppsyn, og dette er om lag på same nivå som året før. Oppsynet rettar seg mot førebyggjande verksemd, ordinært oppsyn, vedlikehald og skjøtsel av areala. I 2014 har mykje av oppsynet retta seg mot fjerning av søppel, riving av ulovlege bygg og opprydding.

Til arbeidet med friluftsliv blei det i 2014 brukt om lag 5,8 mill. kroner, ein auke på om lag 0,8 mill. kroner i forhold til 2013. Tiltaka er utførte i samsvar med føretaket sin eigen Handlingsplan for friluftslivet 2013–2015. I 2014 har Statskog SF mellom anna arbeida med å førebu markeringa av friluftslivets år i 2015.

Grunneigarfondet

Statskog SF har ansvaret for forvaltninga av grunneigarinntektene frå statsallmenningane. Inntektene går inn på eit eige fond, Grunneigarfondet. Hovuddelen av inntektene er frå festekontraktar i statsallmenningane, i tillegg kjem inntekter frå fallretter, eigedomsutvikling og andre grunndisponeringstiltak. Bruken av Grunneigarfondet er regulert i § 12 i fjellova. Inntektene skal nyttes til dekning av utgifter til administrasjon av statsallmenningane og til stønad til ein fellesorganisasjon for fjellstyra (Noregs Fjellstyresamband). Fondet skal også nyttast til tiltak i statsallmenningane, med sikte på verdiskaping og lønsame arbeidsplassar. Slike tiltak skal gjennomførast i samråd med Noregs Fjellstyresamband.

Behaldninga i Grunneigarfondet var per 31.12.2014 på 8 mill. kroner. Dette er ein dobling samanlikna med 2013. Inntektene var på 25,3 mill. kroner, og kostnadene på 21,3 mill. kroner. Resultatet for 2014 var på 4,1 mill. kroner. Økonomien i Grunneigarfondet er viktig for omfanget av og kvaliteten på Statskog SF sin administrasjon og forvaltning og føretaket si moglegheit for å bruke midlar til tiltak. Tilskottet til Noregs Fjellstyresamband var i 2014 på 2,5 mill. kroner. Tilskottet blir fastsett for to år av gangen, og er i 2015 fastsett til 2,6 mill. kroner.

Allmenningsfonda var per 31.12.2014 på 85 mill. kroner. Fonda skal saman med avsett skogfond på opp mot 1 mill. kroner nyttast til investeringar i skogbruket i den enkelte allmenningen.

Av Innst. 8 S (2014–2015) går det fram at medlemmane av næringskomiteen frå Høgre og Framstegspartiet «mener det vil være naturlig å foreta en gjennomgang av fordelingen av de løpende grunneierinntektene i statsallmenningene mellom vedkommende fjellkasse og grunneierfondet». Departementet vil følgje dette opp på eigna måte.

Budsjettframlegg 2016

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 14 243 mill. kroner.

Statskog SF sine oppgåver knytte til skogbruk i statsallmenningar omfattar planlegging og gjennomføring av arbeidet med utvising av virke til dei med bruksrett, skogbruksplanar, miljøregistreringar i skog, landskapsplanar med vidare.

Statskog SF har i 2015 ferdigstilt arbeidet med å utvide sitt verktøy for planlegging for skogbruket til også å omfatte statsallmenningar med fond. Det vil i 2016 vere behov for å retaksere dei eigedommane som ikkje har digitale takster.

Det vil også i 2016 vere behov for å føre tilsyn med Statskog SF sine areal for å ivareta staten sine rettar som grunneigar. Fjelltenesta tek dette i vare på statsgrunn i Nordland og Troms gjennom oppsyn, nærvær og brukarkontakt.

Statskog SF skal i 2016 fortsetje arbeidet med å leggje til rette for allmenta si bruk av og tilgang til areala. Innsatsen skal i hovudsak rettast mot kvalitetssikring og vedlikehald av eksisterande anlegg og tilbod som fremjar sikkerheit for og vern av kulturminne, og informasjon om tilboda. Det er behov for vedlikehald av opne husvære for allmenta. Mange av desse blei tidlegare nytta i næringsverksemd og er viktige kulturelement som bør haldast i stand så langt som mogleg. Statskog SF er no i ferd med å selje ein del av desse husværa, men det vil framleis vere utfordringar knytt til vedlikehald av damanlegg, husvære o.a. som treng opprusting. Departementet ber Statskog SF halde fram med å samarbeide med andre aktørar for å bidra til auka merksemd om friluftsliv og allmentas omfattande moglegheiter for friluftsliv i statsallmenningane og på anna statsgrunn.

Statskog må også i 2016 prioritere arbeid med forvaltningsplanar for Statens kulturhistoriske eigedommar (SKE).

I samband med kommunevalet i 2015 blir det valt nye fjellstyre. Statskog har ein viktig oppgåve med opplæring av nye fjellstyremedlem i samarbeid med Noregs Fjellstyresamband og Landbruksdirektoratet. Statskog skal prioritere dette i 2016.

Post 75 Tilskott til oppsyn i statsallmenningar

Formål med løyvinga

Posten dekkjer tilskott til fjellstyra sine oppsynsordningar i statsallmenningane i samsvar med § 36 i fjellova. Fjellstyra kan tilsetje oppsynsmenn til å føre tilsyn med statsallmenningen. Oppsynsmenn blir lønte av fjellkassa. Når tilsetjinga av oppsynsmenn er skjedd i samsvar med oppsynsordninga som departementet har godkjent og innanfor årlege budsjett, har fjellstyra krav på å få refundert halvparten av lønsutgiftene frå denne posten. Ordninga skal leggje til rette for å ivareta samfunnsinteresser, oppsyn og tilrettelegging der staten som grunneigar har eit spesielt ansvar. Fjellstyret gir ein instruks for oppsynstenesta, som blir godkjend av Statskog SF. Forvaltninga av tilskottsordninga er delegert til Statskog SF.

Statsallmenningane i Sør- og Midt-Noreg utgjer om lag 27 mill. dekar, tilsvarande 11 pst. av alt utmarksareal i Noreg. Dette er viktige område for befolkninga sin rekreasjon og lokal næringsutvikling. Fjelloppsynet har til oppgåve å bidra til berekraftig bruk av statsallmenningane. Dei skal førebyggje miljøkriminalitet og bidra til at offentlegrettslege vedtak blir overhaldne, utføre oppgåver for grunneigaren (Statskog SF) m.m. Som eit ledd i dette arbeidet, driv fjelloppsynet informasjon, tilrettelegging, skjøtsel, naturovervaking og kontroll. Oppsynsmenn kan bli gitt politifullmakt etter politilova § 20.

Rapportering 2014

I 2014 blei det gitt 9,9 mill. kroner i tilskott til fjellstyra for oppsynsordningar i statsallmenningane. Statskog SF har fordelt midlane på grunnlag av fjellstyra sine budsjett, rekneskap og rapportering og etter ein nøkkel som mellom anna tilgodeser små fjellstyre. 65 av 95 fjellstyrer mottek tilskott. Noko under halvparten av tilskottet er brukt på feltarbeid knytt til oppsyn og skjøtsel, mens dei resterande midlane er brukte til sakshandsaming og anna innearbeid som gir rett til tilskott. For 2014 er det rapportert om i underkant av 7 000 kontrollar. Det er knytt noko usikkerheit til tala, då rapporteringa ikkje har vore heilt lik frå år til år. Det er rapportert om 70 ulovlege forhold. Dette er ei nedgang samanlikna med 2013, og svært lågt samanlikna med situasjonen tidleg på 2000-talet.

Budsjettframlegg 2016

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 10,176 mill. kroner. Fjelloppsynet utgjer i dag om lag 60 årsverk, og av dette er det 48 årsverk som utløyser rett på tilskott. Løyvinga på posten gir grunnlag for eit synleg oppsyn i statsallmenningane og rom for vidare tilrettelegging for friluftslivet.

Oppsyn i statsallmenning skjer både gjennom fjelloppsynet og det offentlegrettslege oppsynet Statens naturoppsyn (SNO) driv. Fjelloppsynet si lokale forankring og kunnskap er eit viktig bidrag i det samla oppsynet. Det er nødvendig med eit godt samarbeid mellom fjelloppsynet og SNO.

Kap. 4162 Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

90

Avdrag på lån

15 926

10 000

10 000

Sum kap. 4162

15 926

10 000

10 000

Post 90 Avdrag på lån

Budsjettframlegg 2016

Departementet legg til grunn at auka likviditet frå arronderingssalet som starta hausten 2011, blir nytta til avdrag på det statlege lånet Statskog SF fekk i samband med oppkjøpet av Borregaard Skoger AS, Borregaard Vafos AS og Børresen AS frå Orkla ASA, jf. Prop. 11 S (2010–2011) Kapitalforhøyelse og statlig lån til Statskog SF. Føretaket står fritt til å betale avdrag ut over årleg minimumsavdrag på 10 mill. kroner. Med utgangspunkt i prognosane for salet i 2016 er forventa avdrag sett til 10 mill. kroner.

Kap. 5576 Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

71

Totalisatoravgift

134 501

125 000

125 000

Sum kap. 5576

134 501

125 000

125 000

Post 71 Totalisatoravgift

Under posten blir det ført inntekter frå avgift på totalisatorspel.

I 2014 var den samla omsetnaden på totalisatorspel 3 649 mill. kroner. Dette var 3,3 pst. lågare enn året før. For 2016 er det budsjettert ut frå ein samla omsetnad på om lag 3 400 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om ei løyving under posten på 125 mill. kroner. Det er i framlegget lagt til grunn ein uendra avgiftssats på 3,7 pst. av omsetnaden.

Kap. 5651 Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

85

Utbytte

2 933

5 000

5 000

Sum kap. 5651

2 933

5 000

5 000

Post 85 Utbytte

Landbruks- og matdepartementet med underliggjande verksemder forvaltar den statlege eigarskapen i Graminor AS, Intrumenttjenesten AS, ITAS Eierdrift AS, Staur Gård AS, Kimen Såvarelaboratoriet AS og Veterinærmedisinsk oppdragssenter AS (VESO). Det blir budsjettert med eit utbetalt utbytte på 5 mill. kroner frå VESO i 2016, mens det ikkje blir budsjettert med utbytte frå dei andre selskapa.

Det er eit mål for den statlege eigarskapen at selskapa oppnår langsiktig avkastning på den investerte kapitalen. For selskap der staten har forretningsmessige mål med eigarskapen er slik avkastning det sentrale omsynet i eigarskapsforvaltninga, jf. Meld. St. nr. 27 (2013–2014) Et mangfoldig og verdiskapende eierskap der regjeringa sine forventningar til utbytte og avkastning er omtalte under pkt. 8.3.1.

Statleg investering i selskapa under Landbruks- og matdepartementet er ikkje gjort av forretningsmessige grunnar, men med andre føremål enn avkastning og utbytte til eigarane. Sentralt for dei fleste selskapa er at dei kan tilby gode varer og tenester til sektoren. Det har difor ikkje vore sett nærare på avkastningskrav eller utvikla ein eigen utbyttepolitikk for desse selskapa, bortsett frå for Graminor AS, som har utarbeidd ein strategi basert på at ein stor del av det årlege overskottet skal haldast tilbake til finansiering av planteforedlingsaktivitet.

Tabell 2.9 Oversikt over aksjeselskap under Landbruks- og matdepartementet

(i 1000 kroner)

Eigardel 31.12.2014

Resultat 2014

Utbytte utbetalt 2015

Venta utbytte utbetalt 2016

Graminor AS

34,0 %

4 632

0

0

Instrumenttjenesten AS

100,0%

36

0

0

ITAS Eierdrift AS

100,0 %

- 163

0

0

Kimen såvarelaboratoriet AS

51,0 %

290

0

0

Staur gård AS

100,0 %

- 429

0

0

Veterinærmedisinsk oppdragssenter AS

34,0 %

29 564

7 650

5 000

Sum

33 930

7 650

0

Graminor AS

Graminor AS driv planteforedling, sortsrepresentasjon og oppformering for å sikre at norsk jord- og hagebruk får tilgang på klimatilpassa, variert og sjukdomsfritt plantemateriale. Selskapet tek imot lisens- og foredlaravgift ved omsetnad av sjukdomsfritt plantemateriale i marknaden, forskingsmidlar frå jordbruksavtalen og tilskott, jf. omtale under kap. 1150, post 77.

Staten eig 34 pst. av aksjane i selskapet. Av dette forvaltar departementet 28,2 pst., mens Norsk institutt for bioøkonomi forvaltar 5 pst. og Noregs miljø- og biovitskapelege universitet 0,8 pst. Dette skal sikre eigar- og samfunnsinteressene i planteforedling og oppformering av plantemateriale i Noreg.

Graminor AS hadde i 2014 ein omsetnad på 59 mill. kroner og eit resultat etter skatt på 4,6 mill. kroner. Det blei ikkje utbetalt utbytte for 2014.

Graminor AS har utarbeidd ein strategi for verksemda, og den er lagt til grunn for budsjettet for 2016. I strategien blir verksemda skissert som ei forretningsmessig verksemd basert på planteforedling, representasjon og prebasisproduksjon, samt planteforedling på vegne av staten. I strategien til verksemda er det lagt til grunn ein langsiktig utbyttepolitikk basert på stabilitet og på at ein stor del av det årlege overskottet skal haldast tilbake til finansiering av planteforedlingsaktivitet. Det blir difor ikkje budsjettert med utbetalt utbytte i 2016.

Instrumenttjenesten AS

Instrumenttjenesten AS blei etablert i 1991 for å levere datatenester til seks forskingsinstitusjonar som også var eigarar. Kundeforholdet til eigarane blei i 2010 overført til ITAS Eierdrift AS.

Instrumenttjenesten AS leverer tenester, system og utstyr til forskingsinstitusjonar, næringsliv og forvaltning for bruk innanfor miljøovervaking, meteorologi, hydrologi og geoteknikk. Statens formål med eigarskapen er å leggje til rette for effektiv forsking og utvikling i sektoren. Staten eig heile selskapet. Verksemder under Landbruks- og matdepartementet forvaltar 60 pst. av aksjane, mens verksemder under Kunnskapsdepartementet forvaltar dei resterande 40 prosentane.

Instrumenttjenesten AS hadde i 2014 ein omsetnad på 23,1 mill. kroner og eit resultat etter skatt på 0,036 mill. kroner. Det blir ikkje budsjettert med utbytte i 2016.

ITAS Eierdrift AS

ITAS Eierdrift AS blei etablert i 2009 og driftar sentrale datasystem og system og utstyr for klimamålingar for eigarane. Slike tenester blei før 2010 utført av Instrumenttjenesten AS.

Staten eig heile selskapet. Verksemder under Landbruks- og matdepartementet forvaltar 76 pst. av aksjane, mens verksemder under Kunnskapsdepartementet forvaltar dei resterande 24 prosentane.

ITAS Eierdrift AS hadde i 2014 ein omsetnad på 7,7 mill. kroner og eit resultat etter skatt på minus 0,2 mill. kroner. Det blir ikkje budsjettert med utbytte i 2016.

Kimen Såvarelaboratoriet AS

Kimen Såvarelaboratoriet AS er eit lite selskap med ein omsetnad på om lag 12 mill. kroner og der staten eig 51 pst. av aksjane. Dei to andre eigarane, Felleskjøpet Agri BA og Strand Unikorn AS, eiger 34 og 15 pst. Statens innskott ved etableringa var 4,08 mill. kr. Felleskjøpet Agri BA og Strand Unikorn AS har skote inn 2,72 og 1,2 mill. kr.

Selskapets har eit sektorpolitisk føremål ved å drive såvareanalyser av frø og såkorn for å sikre at den norske såvarebransjen får utført dei nødvendige produksjons- og forvaltningsanalyser som er fastsett i forskriftene for såvare, floghavre, plantehelse og planteproduksjonsområdet. Selskapet har også som formål å halde opp eit nasjonalt kompetansesenter og fagmiljø innan såvareanalyser, samt å drive verksemd innan områder som grenser opp til dette.

Statens innskott i selskapet er ikkje gjort av forretningsmessige grunnar, og det er difor ikkje sett nærare avkastningskrav eller utvikla ein utbyttepolitikk for selskapet. Selskapet er på fleire område einaste tilbydar i den norske marknaden og det er ikkje ønskjeleg at høge prisar på tenestene reduserer talet på analyser. Statens føremål med eigarskapet i selskapet er, saman med dei to mest sentrale aktørane innan såvaremarknaden, å bidra til at det finnest eit selskap som fyller selskapet sitt formål. Statens føremål vil også vere å sjå til at prisar på tenestene er rimelege samanlikna med kostnadene samstundes som at selskapet har ein tilstrekkeleg solid økonomi til å tåle variasjonar i etterspørselen etter tenestene.

Forventa framtidig reduksjon i oppdragsmengda gjer også at det bør føres ein forsiktig utbyttepolitikk, slik at selskapet har ein eigenkapital som gir moglegheit for omstilling.

Staur gård AS

Staur gård AS har ansvar for å drive eigedommen Staur i Stange. Eigedommen er eigd av staten, og forholdet mellom staten som eigar og selskapet som leigetakar av eigedommen er regulert i eigen leigeavtale frå 2013. Staur gård AS har eit sektorpolitisk ansvar for å leggje til rette for forskings- og forsøksverksemd i jordbruket og å drive eigedommen på ein best mogleg måte. Av dei viktigaste funksjonane på garden er teststasjonen for storfe, seminstasjonen for sau og korn- og planteforsøk i regi av Graminor AS. Selskapet driv også gjestegarden på Staur, som særleg er retta mot lokale og nasjonale samfunnsinstitusjonar. Eigedommen Staur gård AS driv, er spesiell og eigenarta, og hagen, parkanlegget og fleire bygningar er freda av Riksantikvaren. Selskapet har til oppgåve å drive eigedommen på ein rasjonell måte innanfor ramma av desse omsyna.

Staur gård AS hadde i 2014 ein omsetnad på om lag 8,0 mill. kroner, ein nedgang på om lag 10 pst. frå 2013, og eit underskott på om lag 429 000 kroner. Underskottet er i hovudsak knytt til redusert omsetnad ved gjestegarden, mens resultatet frå forsøksverksemda viser eit lite overskott. Departementet ventar at verksemda i 2015 går i balanse, og det blir difor ikkje budsjettert med utbetalt utbytte i 2016.

Veterinærmedisinsk oppdragssenter AS – VESO

VESO er ei kunnskapsbedrift med fagleg fundament i norske veterinærmedisinske miljø. Selskapet er ein betydeleg grossist og distributør av veterinære legemiddel i den norske marknaden og driv eit av dei leiande kliniske smittelaboratoria for fisk.

Totalmarknaden for legemiddel til dyr har auka også i 2014. VESO har auka marknadsandelen sin innanfor dyrehelse, men hatt ein nedgang innanfor fiskehelse på grunn av midlertidig bortfall av eit produkt. Etterspørselen etter smitteforsøk har vært stabil gjennom 2014.

Selskapet arbeidar i ein konkurranseutsett og skiftande marknad, som mellom anna svingar i takt med utviklinga av fiskesjukdommar og fiskeparasittar. Verksemda innanfor fisk er prega av store og få kundar. Den auka marknadsandelen og sal til det varmblodige segmentet gir selskapet fleire kundar og ein betre balanse mellom små og store kundar.

Selskapet sin omsetnad av legemiddel til alle typar dyr har auka dei siste åra. Samla omsetnad i 2014 var 548 mill. kroner, ein auke frå vel 540 mill. kroner i 2013. Resultatet etter skatt auka frå 25,5 mill. kroner i 2013 til 29,6 mill. kroner i 2014. Det blei utbetalt eit utbytte på 22,5 mill. kroner. Av dette blei 7,65 mill. kroner utbetalt til Landbruks- og matdepartementet.

VESO har i 2015 seld selskapa Akvaforsk Genetics Center AS og Akvaforsk Genetics Center Inc.

Departementet budsjetterer med eit utbytte på 5 mill. kroner for 2016.

Kap. 5652 Statskog SF – renter og utbytte

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

80

Renter

5 926

5 588

4 500

85

Utbytte

70 100

40 000

20 000

Sum kap. 5652

76 026

45 588

24 500

Mål og strategiar

Statskog SF forvaltar om lag ein femdel av landarealet i Noreg. Statskog SF er den største skogeigaren i landet med om lag 7 pst. av det samla skogarealet. Resten er fjell- og utmarksareal, for det meste i Troms og Nordland. I Sør-Noreg er ein stor del av arealet (om lag 27 000 km2) statsallmenning, der lokalbefolkninga har ulike bruksrettar slik som tømmer, ved, beite med vidare.

Statskog SF er med sin kompetanse og si erfaring innanfor skog- og utmarksområdet, ein sentral aktør i ei berekraftig forvaltning av dei norske skog- og utmarksressursane. Føretaket er også viktig for å løyse oppgåver knytte til skog- og utmarksspørsmål. Statskog SF skal ut frå vedtektene forvalte, drive og utvikle statlege skog- og fjelleigedommar med tilhøyrande ressursar, det som står i samband med dette og anna naturleg tilgrensande verksemd. Innanfor ramma av målsetjinga kan Statskog SF også drive andre eigedommar og yte andre former for tenester. Statskog SF skal leggje vekt på å oppnå eit tilfredsstillande økonomisk resultat, drive aktivt naturvern og ta omsyn til friluftsinteresser. Ressursane skal utnyttast balansert.

Skogbruk er det viktigaste forretningsområdet til Statskog SF. Etter kjøpet av skogeigedommane frå Orkla ASA, jf. Prop. 11 S (2010–2011) Kapitalforhøyelse og statlig lån til Statskog SF, har den samla hogsten til Statskog SF auka frå om lag 150 000 m3 til 400 000 m3. Statskog har som mål å utnytte skogproduksjonen som grunnlag for verdiskaping og høge skogverdiar, og føretaket har ambisjon om å vere den dyktigaste industrielle skogeigaren i landet. Skogbruket i Statskog SF rettar seg mellom anna etter Norsk PEFC skogstandard for eit berekraftig skogbruk.

Departementet si styring, oppfølging og kontroll av Statskog SF

Departementet si styring og kontroll av Statskog SF følgjer reglane i lov om statsføretak og vedtektene til føretaket. Alle avgjerder frå eigaren som er bindande for føretaket sitt styre, skjer som vedtak i føretaksmøte. Det ordinære føretaksmøtet i Statskog SF er i juni, og utover dette blir det kalla inn til ekstraordinært føretaksmøte ved behov.

Spørsmål om korleis føretaket handsamar myndigheita som er delegert gjennom fjellova og allmenningslova, ligg utanfor sjølve eigarstyringa, og blir handtert gjennom eigne kontaktmøte og tildelingsbrev, jf. kap. 1161.

Departementet har kontakt med og får informasjon frå føretaket i aktuelle saker. For å styrkje eigarstyringa blei det i 2011 innført regelmessige kontaktmøte mellom departementet og Statskog SF knytt til mellom anna Statskog SF si framlegging av kvartalsresultat. Økonomien i verksemda og viktige hendingar blir gjennomgått på kontaktmøta og på ordinært føretaksmøte.

Landbruks- og matdepartementet ventar at Statskog SF skal drive eigedommane effektivt, og nytte ressursane og produksjonsgrunnlaget berekraftig. Ved verdsetjing av føretakets verksemder, og ved nyinvesteringar skal det nyttas avkastningskrav som elles i marknaden. For å kunne vurdere den økonomiske utviklinga over tid kan verdsetjingar ved ulike tidspunkt vere hjelpemiddel, men grunna den lange tidshorisonten i inntektsstraumane frå skogbruket vil dei vere lite samanliknbare dersom avkastningskrava blir endra mellom tidspunkta. Vurdering av dei årlege resultata frå føretaket opp mot eit avkastningskrav til verksemda vil vere vanskeleg ettersom avverkinga vil variere etter skogtilstand og drifts- og marknadsforhold, noko som gjer at ein stor del av verdiauka som skjer i skogen ikkje blir realisert årleg.

Landbruks- og matdepartementet meiner difor at oppfølging av dei økonomiske resultata frå skogverksemda til foretaket best skjer gjennom å vurdere avverkinga og investeringsnivå ut frå tilstanden i skogen, aldersfordeling, produksjonsevne og tilgjenge for skogsdrift. Vidare vil departementet følgje opp driftkostnader i føretaket og tømmerpriser samanlikna med gjennomsnittstal for marknaden. Oppfølging av større enkeltinvesteringar, som til dømes kjøpet av skog frå Orkla ASA i 2010, der det blei skote inn ny kapital og statleg lån, jf. Prop. 11 S. (2010–2011) skjer ut frå det som blei lagt til grunn ved investeringstidspunktet og marknadsutviklinga sidan. Departementet ventar at Statskog SF følgjer anerkjente kriterium for berekraftig skogbruk, og rutinar som mellom anna innkjøpsordninga for statleg verksemd, slik at føretaket vel dei beste og mest effektive løysningane ved kjøp av utstyr og tenester.

Departementet ventar at Statskog SF, som andre statleg eigde verksemder, innarbeider sosiale og miljømessige omsyn i den daglege drifta og overfor interessentane sine.

Vidareføring av arronderingssalet frå Statskog SF

Arronderingssalet, som er ein del av oppfølginga av Statskog SF sitt skogkjøp i 2010, jf. Prop. 11 S (2010–2011), kom i gang i 2011. Salet omfattar spreidde skogeigedommar på om lag 600 000 dekar som Statskog SF eigde før 2010, og skal etter planen vere gjennomført innan 2017. Det er så langt seld 146 eigedommar som til saman utgjer 264 303 dekar fordelt på 71 kommunar i 16 fylke. 70 pst. av eigedommane er selde til lokale kjøparar, mens 20 pst. er selde til kommunar og til Miljødirektoratet. Regjeringa vil styrkje det private skogbruket ved å selje areal frå Statskog SF tilsvarande det Statskog SF har kjøpt dei siste åra, jf. Sundvolden-erklæringa. Som ei oppfølging av dette, vedtok det ekstraordinære føretaksmøtet i Statskog SF i oktober 2014 å utgreie ulike modellar for organisering og privatisering av Statskog SF si skogverksemd. Utgreiinga omfattar ei vidareføring og eventuelt også ei utviding av arronderingssalet. Utgreingane skulle også kartleggje korleis allmentas tilgang og vilkår for jakt, fiske og friluftsliv kan påverkast av privatiseringa og korleis ein kan sikre at dette ikkje blir dårlegare. Statskog SF sin rapport frå utgreiinga blei lagt fram for ekstraordinært føretaksmøte i mars 2015, og er sidan offentleggjort.

Utreiinga frå Statskog SF konkluderte med at det kan vere fornuftig å auke arronderingssalet med 150 000 dekar utover det pågåande salet på om lag 600 000 dekar som blei sett i gang av Regjeringa Stoltenberg i 2011. Dette vil bidra til å styrkje det private skogbruket og samstundes betre føretaket sin eigedomsstruktur. Styret i Statskog SF peikar på at ytterlegare privatisering kan gjerast ved å skipe eit eller fleire aksjeselskap som skal eige skog. Statskog SF vurderer at ein modell med eitt regionalt og to lokale skogselskap vil maksimere staten sine verdiar. Omsynet til jakt, fiske og friluftsliv i nye selskap kan sikrast ved å vedtektsfeste allmentas tilgang og vilkår, og ved at staten sidan held på ein kontrollerande eigardel. Utreiinga viser at skiping og privatisering av nye skogselskap reiser fleire problemstillingar, mellom anna knytt til den framtidige organiseringa og økonomien til Statskog SF.

På grunnlag av utgreiinga frå Statskog SF har regjeringa vedteke å vidareføre arronderingssalet på 600 000 dekar som starta i 2011 og å opne for at Statskog SF kan utvide dette salet med inntil 150 000 dekar der dette gir arronderingsgevinst for føretaket.

Rapportering 2014

Resultatet etter skatt var på 130,134 mill. kroner i 2014. Resultatet er 112 mill. kroner høgare enn i 2013, noko som i hovudsak skuldast eingongsinntekter frå skogvern og sal av eigedommar. Den underliggande drifta gav også eit betre resultat enn i 2013. Hovudgrunnen til dette har vore høgare tømmerprisar og at Statskog har styrkt lønsemda i skogbruket gjennom lågare driftskostnader.

Post 80 Renter

I samband med at Statskog SF kjøpte selskapa Borregaard skoger AS, Borregaard Vafos AS og Børresen AS frå Orkla ASA, fekk føretaket eit statleg lån på 475 mill. kroner, jf. Prop. 11 S (2010–2011). I 2014 blei det betalt 5,926 mill. kroner i renter på lånet. Saldo på lånet var på 159,074 mill. kroner 31.12.2014.

Post 85 Utbytte

Utbetalt utbytte til staten frå Statskog SF i 2014 var 70,1 mill. kroner, av dette var 13,5 mill. kroner sett av til utbytte frå årsresultatet for Statskog SF i 2013, og 56,6 mill. kroner var ekstraordinært utbytte, jf. Prop. 93 S (2013–2014).

Budsjettframlegg 2016

Utbyttepolitikken for Statskog SF blei endra i 2014, jf. Prop. 1 S (2014–2015), med verknad frå resultatåret 2014. Utbyttesatsen er 40 pst. for perioden 2014–2016, for deretter å auke til 75 pst. Utbyttet frå føretaket for 2015 blir sett til 40 pst. av årsresultatet etter skatt. Det blir budsjettert med eit ordinært utbytte for 2015 på 20 mill. kroner. Endeleg forslag til ordinært utbytte vil bli fastsett når årsresultatet for 2015 ligg føre, og vil bli lagt fram i den ordinære budsjettprosessen. Vedtak om utbytte blir gjort på ordinært føretaksmøte første halvår 2016. Rentene på lånet vil vere på om lag 4 mill. kroner i 2016. Avdrag på lånet er omtala under kap. 4162.

Til toppen
Til forsida av dokumentet